Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


R

Rassikring

Regjeringa gjer framlegg om at det neste år skal brukast i alt 650 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Dette er ein auke på 130 millionar kroner eller 25 prosent frå 2008.

Av den samla summen kjem 442,5 millionar kroner som løyvingar over den særlege budsjettposten ”Rassikring”, om lag 60 millionar kroner blir dekt ved midlar frå dei ordinære løyvingane til riksveginvesteringar, medan nærare 150 millionar kroner er bompengar. Auken på posten ”Rassikring” er 34,5 prosent samanlikna med 2008.

Desse store prosjekta er særleg prioritert i forslaget, og har alle eit kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

  • E39 Gammelseter – Nipetjørn, Lindås kommune i Hordaland
  • Rv 13 Ulvundsøyne, Voss kommune i Hordaland
  • Rv 13 Bugjelet – Brimnes, Eidfjord og Ullensvang kommunar i Hordaland
  • Rv 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrovi – Stølsneset), Jølster kommune i Sogn og Fjordane
  • Rv 53 Naustbukttunnelen, Årdal kommune i Sogn og Fjordane
  • Rv 55 Fatlaberget, Leikanger og Sogndal kommunar i Sogn og Fjordane
  • Rv 55 Gullringen, Luster kommune i Sogn og Fjordane
  • Rv 60 Hellesylt – Strekanetunnelen, Stranda kommune i Møre og Romsdal
  • E10 Fjøsdalen, Flakstad kommune i Nordland
  • Fv 15 Dale – Alvestad, Harstad kommune i Troms
  • Fv 347 Arnøya, Skjervøy kommune i Troms

Les meir i Samferdselsdepartementet sin fagproposisjon.

Sjå og pressemelding frå Samferdselsdepartementet om rassikring.

Sjå og Trafikktryggleik.