Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


T

Trafikktryggleik

Regjeringa gjer framlegg om ein auke i statlege midlar på om lag 450 millionar kroner eller 95 prosent frå 2008 til særskilte tiltak for trafikktryggleik langs eksisterande vegar. Totalt vil Regjeringa i 2009 nytte om lag 1 030 millionar kroner til dette føremålet. Av desse er om lag 930 millionar kroner statlege midlar. Ein har prioritert tiltak som er retta mot dei mest alvorlege ulukkene. Dette vil vere tiltak som midtrekkverk, veglys og utbetring av kurvar, kryss og sideterreng.

Av andre hovudelement i trafikktryggleikspakka inngår òg ei auka satsing på trafikant- og køyretøyområdet og drift og vedlikehald på vegnettet. Regjeringa satsar i 2009 òg på utbygging av fleire nye gang- og sykkelvegar som vil vere viktig for trafikktryggleiken. I tillegg til desse særskilte tiltaka aukar ein trafikktryggleiken ved bygging av nye vegstrekningar, rassikring og anna utbetring.

Til Trygg Trafikk er det foreslått å setje av 21,4 millionar kroner. Til Syklistenes Landsforening er det avsett ein million kroner, og til ITS Noreg er det avsett 1,2 million kroner.

Les meir i Samferdselsdepartementet sin fagproposisjon.

Sjå og pressemelding frå Samferdselsdepartementet om trafikktryggleik.

Sjå og Gang- og sykkelvegar, Rassikring og Midtdelarar.