Nr.:

56/2008

Dato:

07.10.2008

Kontaktpersoner:

Finansdepartementets pressetelefon , Telefon +47 22 24 44 11
Lovrådgjevar Elisabeth Frankrig , Telefon 22 24 42 36

Løna arbeid i heim og fritidsbustad

- Hevar fri grensa frå 2000 til 4000 kroner

Regjeringa gjer framlegg om å heve grensa for meldeplikt for private arbeidsgjevarar som betaler løn for arbeid i heim og fritidsbustad frå 2 000 kroner til 4 000 kroner.- Endringa vil gjere det enklare for privatpersonar å få utført små tenester i heimen eller på hytta, seier finansminister Kristin Halvorsen.


Grensa for lønnsmeldeplikt ved arbeid i heim og fritidsbustad aukar frå 2 000 kroner til 4 000 kroner. Dette betyr at private arbeidsgjevarar ikkje treng å rapportere lønnsutbetalingar til skattestyresmaktene dersom summen ikkje overstig 4 000 kroner i løpet av året. – Regjeringa har fleire gangar endra reglane for private arbeidsgjevarar slik at det har vorte enklare å få oversikt over dei, seier Kristin Halvorsen.

Frå og med 2009 vil lønnsutbetalingar til ein arbeidstakar på inntil 4 000 kroner i løpet av året vere fritekne frå meldeplikt. Dersom grensa på 4 000 kroner overskridast, skal arbeidsgjevaren rapportere heile summen til skattestyresmaktene og gjennomføre forskotstrekk i utbetalinga til arbeidstakaren. Desse pliktene kan oppfyllast ved å bruke ei forenkla oppgjersordning, dersom arbeidsgjevaren si samla lønnsutbetaling i løpet av året ikkje overstig 60 000 kroner. Ein slepp då blant anna å opprette skattetrekkskonto og skaffe seg organisasjonsnummer, slik vanlege arbeidsgjevarar må.

Huslydar som har årlege lønnsutbetalingar som ikkje overstig 60 000 kroner, slepp å betale arbeidsgjevaravgift. Dersom arbeidet gjeld pass av barn under 12 år eller barn med særlege behov, er óg utbetalingar over 60 000 kroner fritekne for arbeidsgjevaravgift.