1 Ein sterk offentleg sektor og eit trygt velferdssamfunn

Ein sterk offentleg sektor er med på å gi innbyggjarane den grunnleggjande tryggleiken som alle treng for å leve eit godt liv. Regjeringa vil utvikle det norske velferdssamfunnet vidare.

Regjeringa byggjer politikken sin på den nordiske velferdsmodellen. Eit samfunn med mange og godt fungerande fellesskapsløysingar har gitt innbyggjarane nødvendig tryggleik, samtidig som næringslivet har hatt gode vilkår for vekst og utvikling. Dette samspelet er ein viktig føresetnad for at den positive utviklinga av det norske samfunnet skal halde fram. Regjeringa går imot konkurranseutsetjing og privatisering innanfor viktige velferdsområde som utdanning, helse og omsorg.

1.1 Ei framtidsretta, open og tilgjengeleg forvaltning

Behov for fornying

For å sikre god oppslutning om fellesskapsløysingar òg i framtida, må offentleg sektor kontinuerleg forbetre og fornye seg i dialog med innbyggjarane. Det er kva brukarane ønskjer og treng som må stå i fremste rekkje når offentlege tenester skal utviklast vidare.

Regjeringa la i 2007 fram sin strategi for fornying av offentleg sektor. Offentleg sektor skal fornyast gjennom tverrgåande reformer og store og små tiltak i verksemdene. Offentleg sektor skal vise veg og vere eit førebilete, mellom anna på følgjande område:

  • Offentleg sektor skal vere ein ansvarleg forbrukar som kjøper miljøvennlege varer og tenester.

  • Alle statlege verksemder skal ha høg etisk standard.

  • Offentleg sektor skal ha ein mangfaldig arbeidsstyrke og tilpasse tenestene til ei mangfaldig befolkning.

  • Arbeidet med å fornye og forbetre offentleg sektor skal skje i nært samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar. Ein aktiv arbeidsgivarpolitikk der leiarar og tilsette speler på lag, ligg til grunn for regjeringas arbeid. Gjennom plattform for leiing i staten har regjeringa sett leiarskapen i fokus. Eit eige leiarprogram – Ledersats – skal sørgje for at statleg leiarskap vert ytterlegare styrkt.

I fornyingsarbeidet legg Regjeringa vekt på desse prinsippa:

  • Brukarretting.

  • Openheit.

  • Effektivisering.

  • Kvalitet.

  • Medverknad.

Kvart enkelt departement har ansvar for å gjennomføre Regjeringa sin fornyingspolitikk innanfor sine område. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har det overordna ansvaret for å koordinere fornyingsarbeidet på vegner av Regjeringa. Følgjande fornyingstiltak er planlagt gjennomførte i 2010:

  • Auka satsing på elektronisk handel.

  • Realisering av ny statleg kommunikasjonspolitikk.

  • Oppfølging av resultata frå Innbyggjarundersøkinga hausten 2009.

  • Vidareutvikling av StatRes, mellom anna for å dekkje fleire sektorar.

  • Førebuing av moglegheit til og krav om elektronisk faktura til staten.

  • Ei rekkje tiltak for samordning og felles IKT-tilbod frå det offentlege, mellom anna elektronisk ID i nasjonalt ID-kort.

Ei forvaltning for demokrati og fellesskap

Regjeringa har lagt fram St.meld. nr. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap . Meldinga presenterer prinsipp, hovudlinjer og prioriteringar i forvaltningspolitikken. I Stortingsmeldinga vert det slått fast at den norske statsforvaltninga byggjer på fire grunnleggjande forvaltningsverdiar: Demokrati, rettstryggleik, fagleg integritet og effektivitet. Regjeringa vil utvikle statsforvaltninga i tråd med verdiane, prinsippa og måla i meldinga.

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor med evne til kontinuerlig forbetring og fornying. Statsforvaltninga må utviklast for å sikre meir demokrati og betre tenester samtidig som forvaltninga skal dele kunnskap og tryggje felles samfunnsinteresser. Statsforvaltninga må endre seg i takt med samfunnsutviklinga, i samspel med det innbyggjarane treng og i tråd med endra politiske mål.

Regjeringa ønskjer ein forvaltningspolitikk som byggjer på kunnskap om korleis ulike verkemiddel faktisk fungerer. For å kunne nå dei høge ambisjonane til regjeringa, må staten vere samordna og ryddig og effektivt organisert. Organisering og organisasjonsform må veljast ut frå behovet for politisk styring, omsynet til ryddig ansvars- og arbeidsdeling, oppgåvene sin eigenart og dei rammevilkåra som gjeld i sektorane. Forvaltninga skal vere lett å finne fram i for innbyggjarar og næringsliv. Samtidig må styringssystem og arbeidsformer fremje samordning av dei politikkområda og verkemidla som må sjåast i samanheng – òg dersom dei ligg til ulike departement eller ulike underliggjande verksemder. Forvaltninga skal løyse oppgåvene effektivt og fagleg forsvarleg. Regjeringa meiner samhandlinga mellom forvaltninga og innbyggjarar og næringsliv skal vere prega av

  • Openheit, respekt, raske svar, god dialog og tett kontakt.

  • At krav, plikter og rettar vert kunngjorde på ein målretta, enkel og forståeleg måte.

  • At rettstryggleiken for den enkelte vert ivareteken, og at dei som ikkje er like flinke til å fremje interessene sine i forvaltningssaker, får spesiell merksemd.

  • Nettløysingar og elektroniske tenester som er enkle å forstå og bruke.

  • Ny teknologi og nye kommunikasjonskanalar som styrkjer rettstryggleiken eller andre grunnleggjande forvaltningsverdiar.

  • At personvernet vert ivareteke.

  • At det vert mogleg for enkeltpersonar å ta vare på eigne interesser sjølv om dei ikkje meistrar eller ønskjer å bruke digitale medium.

God ressursutnytting og godt utgreiingsarbeid

I ein godt fungerande velferdsstat utnyttar det offentlege ressursane slik at ressursinnsatsen gir størst mogleg velferd for innbyggjarane. Fornying av offentleg sektor handlar om å realisere velferdsgevinstar.

I 2005 etablerte Fornyings- og administrasjonsdepartementet departementa sitt fagpanel for økonomiske konsekvensanalysar som ei forsøksordning. Departementet reetablerte fagpanelet i 2009 som eit samarbeidsforum for departementa. Målet er å betre kvaliteten på departementa sine samfunnsøkonomiske konsekvensanalysar.

Ein ny kommunikasjonspolitikk og klart språk

Regjeringa vil leggje til rette for at folk kan ta del i utviklinga av offentleg sektor, mellom anna ved å utvikle nye elektroniske møteplassar. Dei statlege verksemdene skal invitere innbyggjarane til å delta i utforminga av statlege tenester.

Den nye statlege kommunikasjonspolitikken legg vekt på openheit, demokrati og medverknad. Statlege verksemder skal kommunisere slik at dei når alle, og dei skal aktivt informere innbyggjarane. Statleg informasjon skal ikkje vere sprikande og motstridande. Statlege verksemder skal samarbeide om informasjonen når det er til beste for innbyggjarar og næringsliv.

Ei viktig tilbakemelding frå deltakarane på regjeringa sin innbyggjarkonferanse i 2007 var at forvaltninga må handsame folk med respekt og skrive klart og enkelt. Ei undersøking Fornyings- og administrasjonsdepartementet gjorde våren 2009, viser at ein av tre nordmenn har vanskar med å forstå offentlege skriv og skjema. Alle verksemder bør aktivt arbeide med å gjere språket så enkelt som mogleg på nettet, i brev og i skjema.

Regjeringa sette i 2009 i gang prosjektet «Klart språk i staten» (klarspråk.no). Prosjektet er eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT og Språkrådet. Prosjektet er eit godt døme på eit tiltak som både er med på å fornye offentleg sektor og å gjere forvaltninga betre. Sosiale medium, brukarskapte tenester på nett (ulike nettsamfunn og bloggar som i Facebook, Twitter og YouTube), har utvikla seg raskt. Dei har fått stor gjennomslagskraft blant innbyggjarane, verksemder og organisasjonar. Ein tredel av innbyggjarane på nett i Noreg les bloggar. Over halvparten av innbyggjarane på nettet har lagt ut bilete på internett og 10 pst. har lagt ut videoklipp. Kvar veke besøkjer nesten halvparten av internettbrukarane i Noreg Facebook. Regjeringa vil arbeide for at forvaltninga i auka grad tar i bruk sosiale medium for å skape ein open, effektiv og brukarrette offentleg sektor. Fleire etatar, kommunar og departement er allereie i gang. Men for at fleire skal med, og fleire skal lukkast fullt ut, trengs det meir kunnskap. Regjeringa vil vidareutvikle kunnskapen om fenomena, og stimulere til innovasjon og utvikling av nye digitale tenester med utgangspunkt i den delekulturen som pregar mange av desse nettsamfunna. Regjeringa har sett i gang tiltak for å kartleggje potensialet nye sosiale medium har for innovasjon i offentleg sektor og i næringslivet, særleg med vekt på brukarmedverknad og demokratisk deltaking.

IKT – ei drivkraft for fornying og innovasjon

IKT er ein viktig reiskap for forvaltninga i arbeidet med å fornye og effektivisere offentleg sektor. Avansert bruk av IKT frigjer store ressursar som kan overførast frå administrasjon til tenesteproduksjon tilpassa det brukarane ønskjer og treng. Slik medverkar bruk av IKT til fornying av offentleg sektor og til effektiv ressursbruk i samfunnet elles. Regjeringa ønskjer eit digitalt samfunn der alle er med òg der meir av tenesteproduksjonen er basert på nett og sjølvhjelpsløysingar.

Gjennom avansert bruk og utvikling av IKT vil regjeringa skape gode rammevilkår for nasjonal innovasjon som kjem både næringslivet og det offentlege til nytte. Samspelet mellom næringslivet og offentleg sektor innan IKT er ei viktig drivkraft for framtidig verdiskaping og innovasjon.

Regjeringa har satsa på felles standardar for utveksling av data, felles infrastruktur som gir einskapleg kontaktflate for brukarar og tilrettelegging for gjenbruk av offentlege informasjonsressursar. Offentlege verksemder skal sjå eigne IKT-investeringar i samanheng med IKT-investeringar andre verksemder gjer. Det sikrar god ressursutnytting og læring på tvers.

Regjeringa har støtta etableringa og drifta av Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare. Gjennom denne støtta har regjeringa medverka til å spreie meir kunnskap om fri programvare og stilt ressursar til rådvelde for offentlege verksemder som ønskjer å ta fri programvare i bruk.

Velfungerande konkurranse i IKT-marknadene er sentralt for at IKT skal medverke til fornying og innovasjon. Saker frå konkurransestyresmaktene i både Noreg og EU viser at aktivt tilsyn og effektiv handheving av konkurransereglane er viktig for å hindre misbruk av marknadsmakt. I tillegg kan andre verkemiddel, slik som offentleg bruk av opne standardar, vere viktig for å fremje konkurranse.

I 2006–2009 er det totalt løyvd 766 mill. kroner for å sikre at heile landet har tilgang til breiband. No som dette målet er så godt som nådd, vil regjeringa arbeide vidare med å få fleire til å ta nettet i bruk.

1.2 Digital fornying av offentleg sektor og sterkt personvern

Deling og gjenbruk av erfaringar, kunnskap og løysingar medverkar til ei betre ressursutnytting. Bruk av fri programvare kan medverke til deling og gjenbruk av IKT-løysingar i offentleg sektor.

For å utvikle avanserte elektroniske kommunikasjonskanalar mellom forvaltninga og innbyggjarane og mellom forvaltninga og næringslivet, krevst det ei sikker løysing for elektronisk identitet (eID). Regjeringa vil ta ansvar for ein samfunnskritisk infrastruktur som har mykje å seie for vidare utvikling av tenester på nett og vil utvikle denne infrastrukturen i offentleg regi. Med denne satsinga får innbyggjarane tilgang til tenester med eit høgt tryggleiksnivå. Det er avgjerande for vern av personopplysningar.

Det digitale samfunnet har store fordelar, men set òg personvernet under press. Gjennom kampanjar som «Du bestemmer» har Datatilsynet nådd ut til mange unge og fått til auka merksemd og diskusjon om utfordringar for personvernet knytte til mellom anna, chatting (tekstprat), sosiale medium, lyd og bilete på nettet. For å betre personvernet på nettet har Stortinget løyvd pengar til igangsetjing av ei teneste som skal hjelpe dei som opplever å bli krenkte gjennom tekst eller bilete på nettet.

Datatilsynet spelar ei heilt avgjerande rolle for å gjere folk meir medvitne om personvernspørsmål. Tilsynet rettar til dømes merksemda mot bruk av fødselsnummer til innlogging på ulike tenester og på kameraovervaking på stadig fleire område i samfunnet.

Utvikling av elektronisk forvaltning og ein felles eID er viktige brikker i fornyingsarbeidet til regjeringa. Det er heilt vesentleg for å kunne tilby betre tenester og effektivisere offentleg sektor. Målet er at innbyggjarane skal kunne logge seg på offentlege tenester med same elektroniske identifikasjon uavhengig av om tenester dei loggar seg på kjem frå til dømes Skatteetaten, NAV eller kommunen. Dette vil skape grunnlag for ei vidare utvikling av ei elektronisk forvaltning som vil gjere det enklare og raskare for innbyggjarane å få avgjort saker dei tek opp med forvaltninga.

Regjeringa vil ta i bruk IKT på ein måte som tek omsyn til det brukarane treng. I årets statsbudsjett presenterer regjeringa mellom anna følgjande tiltak som medverkar til digital fornying:

  • eID (Fornyings- og administrasjonsdepartementet).

  • Altinn.

  • eResept.

  • Elektronisk faktura (Fornyings- og administrasjonsdepartementet).

  • Opne standardar (Fornyings- og administrasjonsdepartementet).

  • Automatisk frikort for helsetjenester.

  • Fri programvare (Fornyings- og administrasjonsdepartementet).

I samband med store IKT-prosjekt i offentleg sektor arbeider regjeringa med å betre metodane for å sikre uttak av vinst ved IKT-investeringar.

1.3 Informasjonssamfunn med god og trygg infrastruktur, sterk digital kompetanse

IKT er ein sentral og viktig del av kvardagen for dei fleste, og eit svært viktig verktøy i regjeringa sitt arbeid for å gjere offentleg sektor meir effektiv.

Tryggleik og tillit

Informasjonstryggleik er ein føresetnad for næringsutvikling, offentleg e-forvaltning og vern av innbyggjarane sin integritet. Informasjonstryggleik omfattar vern av personlege og sensitive opplysningar Arbeidet for informasjonstryggleik er primært retta inn mot å utvikle informasjonssystem og nett. I tillegg handlar informasjonstryggleik om å utvikle ein tryggleikskultur.

I samsvar med ansvars-, likskaps- og nærleiksprinsippa skjer hovudtyngda av alt IKT-tryggleiksarbeid i sektorane , og då primært i kvar enkelt verksemd. Sikring av sektorane sin samfunnskritiske IKT-infrastruktur har høgaste prioritet. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har eit samordningsansvar for det førebyggjande arbeidet med IKT-tryggleiken.

Som ledd i samordningsansvaret gir departementet eit årleg driftstilskott til Norsk senter for informasjonssikring. Det overordna målet for Norsk senter for informasjonssikring er å styrkje den generelle informasjonstryggleiken i landet og å medverke til at verksemdene sin IKT vert mindre sårbar for trugsmål og åtak. Senteret har no fått auka løyvinga slik at drifta av senteret er finansiert. Det vil gjere Norsk senter for informasjonssikring si hovudverksemd uavhengig av bidrag frå næringslivet. Det vil gjere det heilt klart at NorSIS gir uavhengige råd, og vil gjere at verksemda ikkje må vere oppteken med å skaffe kortsiktig finansiering for å ivareta samfunnsoppgåva si. Ved gjennomføring av konkrete prosjekt kan NorSIS hente inn bidrag frå offentlege og private aktørar.

eID og eSignatur

Utviklinga av ein felles elektronisk ID (eID) er kanskje det viktigaste enkelttiltaket i den digitale fornyinga av Noreg dei neste åra. Med denne satsinga tek regjeringa òg eit samfunnsansvar når det gjeld tryggleik i vern av personopplysningar. Innbyggjarane vil få tilbod om gode felles eID-løysingar og kan dermed få tilgang til tenester som krev eit høgt tryggleiksnivå. Samtidig tek regjeringa ansvar for ein samfunnskritisk infrastruktur som vil ha mykje å seie for digital deltaking i samfunnet, mellom anna gjennom elektronisk val.

Breiband

Regjeringa har medverka til at så godt som alle i Noreg kan kople seg til breiband. Regjeringa er i gang med å greie ut kva som trengst av breiband i framtida og kva styresmaktene bør gjere for å sørgje for at heile landet til kvar tid har den breibandsinfrastrukturen vi treng. Fleire departement har derfor saman greidd ut og foreslått nye mål for tilbod om breiband og gitt forslag til korleis desse måla kan realiserast. Eksterne aktørar frå næringsliv og offentleg sektor har vore med i arbeidet. Regjeringa vil ta stilling til nye mål og verkemiddel for breiband med utgangspunkt i dette arbeidet.

IKT og klima

IKT står for to prosent av dei globale CO 2 -utsleppa, ein like stor del som luftfarten, i følgje ein studie analysebyrået Gartner publiserte i 2007. Med ein stor og IKT-intensiv offentleg sektor, er grøn IKT viktig for å oppfylle norske klimapolitiske mål. Ein innkjøpspolitikk for IKT som vektlegg miljøkriterium, datasentralar som krev mindre energi og auka bruk av videokonferansar, medverkar til ein grøn IKT-politikk. Det offentlege vil som ein stor marknadsaktør òg gi viktige signal til marknaden. I tillegg vil bruk av IKT kunne hjelpe til å redusere dei 98 prosentane av utsleppa som ikkje kjem frå IKT direkte, til dømes ved å betre styring av trafikk og energibruk, og redusert person- og varetransport (til dømes ved videokonferansar og digitale medium).

Nye sosiale medium

Nye sosiale medium, som nettsamfunn og brukarskapte tenester, gir nye høve til samfunnsdeltaking og brukarinvolvering. Dei representerer nye måtar for kommunikasjon og informasjon, og dei er viktige for tenesteutvikling, innovasjon og kunnskapsdeling, for både offentleg og privat sektor.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil vurdere bruken av nye medium og korleis dei kan nyttast for å støtte opp under demokratiutviklinga og korleis dette kan bidra til å skape kunnskapsintensive arbeidsplassar gjennom nye, innovative tenester. Samstundes er det nødvendig å fange opp dei meir generelle samfunnskonsekvensane ved utviklinga, som til dømes spørsmål knytte til personvern og informasjonstryggleik.

Digital kompetanse og inkludering

Fleire avanserte digitale tenester og digitale plattformer gjer det viktigare at folk har den kompetansen som trengst for å utføre tenestene. Det er viktig for å meistre kvardagen og for å delta i eit arbeidsliv som vert meir digitalisert. For mange er det òg viktig for å kunne følgje med på den digitale kvardagen til ungane heime og på skulen.

Regjeringa vil følgje med på utviklinga i tilgang og bruk av teknologi i befolkninga og vidareføre innsatsen som er omtalt mellom anna i St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle . Tiltak som støtte til Seniornett og utvikling av biblioteka si rolle som digital møteplass i lokalsamfunn, vil vere sentrale i arbeidet.

Universell utforming av IKT

Universell utforming av IKT-løysingar er viktig i arbeidet for å gjere informasjonssamfunnet tilgjengeleg for alle. Regjeringa vil framleis prioritere dette området og vil utforme forskrifter til Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne med krav til universell utforming av mellom anna automatar, nettsider og andre IKT-løysingar. Regjeringa har valt å leggje denne tilsynsfunksjonen til Direktoratet for forvaltning og IKT, som vil byggje opp denne i Leikanger. Andre land arbeider også med krav til universell utforming av IKT-varer og -tenester. Om norsk næringsliv er tidleg ute med å tilpasse seg slike krav, vil det kunne gi eit konkurransefortrinn i europeiske og andre internasjonale marknader.

1.4 Ei forvaltning med kompetente leiarar og medarbeidarar

Regjeringa vil utvikle, fornye og forbetre offentleg sektor både for brukarar og tilsette. Utvikling og fornying vil vere ein naturleg og nødvendig del av kvardagen for tilsette i ei open og serviceorientert statsforvaltning. Derfor er det behov for kompetente og engasjerte medarbeidarar i forvaltninga og leiarar som gir retning og motiverer til innsats. Statlege verksemder må vere attraktive og konkurransedyktige på arbeidsmarknaden. Derfor vil regjeringa føre ein arbeidsgivarpolitikk som både sikrar dei tilsette gode lønns- og arbeidsvilkår og meiningsfylte oppgåver, jobbutvikling og gode moglegheiter for å vidareutvikle kunnskapar og ferdigheiter. Gjennom St.meld. nr. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap , har regjeringa gjort nærare greie for prioriteringar for arbeidsgivarpolitikken i staten.

Regjeringa legg vekt på å utvikle statleg sektor i nær dialog med leiarar og medarbeidarar. Medråderett, medverknad og samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar er viktig for å oppnå gode resultat og lykkast i fornyingsarbeidet. Dette gjeld både i det daglege arbeidet og i omstillingsprosessar. Det skal vere eit kjenneteikn ved forvaltninga at medarbeidarane og leiarane saman tek ansvar både for å nå måla til verksemda og for arbeidsmiljøet og slik utviklar ein god medarbeidarskap.

Leiarane i staten skal bidra til å nå politiske mål, oppnå gode resultat i eiga verksemd og utvikle ei sterk og effektiv forvaltning. Leiarane skal invitere medarbeidarane og organisasjonane deira med i fornyingsarbeidet og spele på deira erfaringar og kunnskap. Regjeringa legg Plattform for leiing i staten til grunn for eit aktivt arbeid med å utvikle ein betre leiarskap. Plattforma fastset basis, rammer og prinsipp som blir lagde til grunn for leiarskapen i staten. Politikken for leiing i staten skal ta utgangspunkt i statens særpreg, verdigrunnlag og overordna mål som skil seg frå private verksemder. Plattforma skal vere ein viktig reiskap for alle som har eit leiaransvar i statleg verksemd, men òg medarbeidarane, tillitsvalde og andre som er opptekne av leiing i det offentlege vil kunne ha nytte av plattforma. I 2010 vil Direktoratet for forvaltning og IKT starte opp eit eige leiarprogram – Ledersats. Leiarprogrammet skal medverke til å utvikle leiarar og leiing i staten i tråd med føringane i Stortingsmeldinga og i Plattform for leiing.

Kvar enkelt medarbeidar er ein ressurs for staten og sit på verdfull kompetanse. Kontinuerleg utvikling av medarbeidarane og deira kompetanse står sentralt i regjeringas arbeidsgivarpolitikk. Det er eit krav til leiarane i statlege verksemder at det blir utarbeidd ein kompetansestrategi for verksemda og utviklingsplanar for kvar enkelt medarbeidar. Direktoratet for forvaltning og IKT utviklar ein heilskapleg strategi for kompetanseutvikling. Denne vil bidra til ei meir målretta og effektiv kompetanseutvikling i staten og sikre tilbod av felles og tverrgåande kompetansetiltak for verksemdene.

Staten vil alltid ha behov for kompetent og engasjert arbeidskraft. Forvaltninga må stå godt rusta til å rekruttere den kompetansen det trengst meir av i framtida og aktivisere den arbeidskrafta som i dag ikkje blir brukt, eller brukt på feil stad. Det må leggjast til rette for mangfald og fleksibilitet i arbeidslivet. Staten skal gå føre som ein god og ansvarleg arbeidsgivar.

Målet er eit samfunn og dermed eit arbeidsliv prega av mangfald, openheit, toleranse og inkludering. Derfor har regjeringa mellom anna sett i gang forsøk med kvotering av innvandrarar i fleire statlege verksemder. Det har òg vore gjennomført ulike trainee-program for å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne til jobb i staten. Det er forventa at verksemdene følgjer opp og medverkar til auka mangfald på arbeidsplassane. Med målsetjing om å utnytte dei tilgjengelege arbeidskraftsressursane på ein effektiv og god måte, har regjeringa ein offensiv seniorpolitikk. Det skal leggjast til rette for at seniorar kan stå lenger i jobb. Gjennom avtalar med partane i arbeidslivet har dei kollektive ordningane for seniorar i staten blitt ytterlegare betra. Ei undersøking gjort av Norsk institutt for oppvekst, velferd og aldring som blei lagt fram i vinter, syner at forventa avgangsalder i staten er auka med 1,1 år i perioden 2002 til 2007 og forventa avgangsalder er no 62,4 år.

I lønnsoppgjeret i 2009 vart partane i offentleg sektor samde om å vidareføre dagens reglar for offentleg tenestepensjon og AFP i offentleg sektor med enkelte tilpassingar. Alderspensjon frå offentlege tenestepensjonsordningar skal levealderjusterast og regulerast etter nye reglar på same måte og frå same tidspunkt som alderspensjon frå folketrygda. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil fremje forslag for Stortinget om endringar i dei lovbestemte offentlege tenestepensjonsordningane i tråd med innhaldet i semjedokumentet.

Partene vart i tariffoppgjeret 2009 enige om å vidareføre arbeidet med likelønn i statleg sektor. Følgjande protokoll vart vedtatt:

«Det nedsettes en partssammensatt arbeidsgruppe med representanter fra FAD og hovedsammenslutningene, som skal utarbeide konkrete forslag til tiltak for å sikre likelønn i staten. Arbeidsgruppen skal gjøre nødvendige undersøkelser og vurderinger for å fremme forslag til tiltak. Tiltakene skal gi grunnlag for et likelønnsløft i tilknytning til hovedoppgjøret 2010. Tiltakene må tilpasses statens særpreg, og blant annet bygge på likelønnskommisjonens rapport. Arbeidsgruppens rapport må foreligge senest 1. februar 2010.»

Eit godt arbeidsmiljø er ein viktig føresetnad for at forvaltninga skal nå sine mål. Hausten 2009 skal det gjennomførast ei ny og omfattande medarbeidarundersøking blant tilsette i staten. Resultata frå denne vil gi eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidareutvikling og iverksetjing av personalpolitiske tiltak i staten.

1.5 Konkurranse for effektiv ressursbruk

Gjennom ein aktiv konkurransepolitikk ønskjer regjeringa å stimulere til effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Ressursane må nyttast der dei kastar mest av seg. Marknader med velfungerande konkurranse er eit godt grunnlag for å bidra til at dette skjer.

Konkurranse medverkar til eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv som produserer varer og tenester på ein effektiv måte. Dette styrkjer Noregs konkurranseevne internasjonalt. For forbrukarane er konkurranse med på å sikre eit breitt tilbod av varer og tenester med god kvalitet til låg pris i samsvar med den enkelte sine behov.

Velfungerande marknader oppstår ikkje av seg sjølve, og det er heller ikkje sjølvsagt at ein marknad blir verande velfungerande. Næringslivet kan tene store summar på å samarbeide om prisar, fordele marknader seg i mellom eller på annan måte skaffe seg og utnytte marknadsmakt til skade for samfunnet som heilskap og forbrukarane spesielt. Konkurransekriminalitet fører til auka kostnader, høgare prisar, produkt med lågare kvalitet og mindre produktutvikling. Det er derfor nødvendig å ha ei konkurranselovgiving som forbyr slik skadeleg åtferd og som blir handheva strengt. I tillegg til at handheving vil ha ein direkte effekt i marknadene, vil ein konkurransepolitikk òg ha ein avskrekkande effekt på konkurranseskadeleg åtferd.

Regjeringa har styrkt innsatsen for å motarbeide kartell og motverke konkurransekriminalitet. I samband med den internasjonale finanskrisa har regjeringa i 2009 lagt til rette for at Konkurransetilsynet kan føre aktivt tilsyn med om det oppstår uheldige konsekvensar for konkurransen som følgje av tiltaka som er gjennomførte. Større etterforskingskapasitet, betre analysar og oppbygging av nye, avanserte IKT-system har stått sentralt i Konkurransetilsynet sitt arbeid med å motarbeide konkurransekriminalitet.

For å få til ein effektiv bruk av fellesskapet sine midlar er det òg viktig at konkurransen fungerer når det gjeld offentlege innkjøp. Dette sikrar ein best gjennom eit samspel mellom eit tydeleg regelverk, kontroll med at regelverket blir følgt og ei effektiv overvaking av at det eksisterer velfungerande konkurranse blant tilbydarane av varer og tenester til offentleg sektor.

St.meld. nr. 36 (2008–2009) Det gode innkjøp , vart lagt fram i 2009. Det offentlege handlar for om lag 270 mrd. kroner kvart år. Då vil og små forbetringar i offentlege innkjøpsrutinar innebere at store beløp kan frigjerast til andre formål. Regelverket for offentlege innkjøp skal medverke til auka verdiskaping i samfunnet ved å sikre mest mogleg effektiv ressursbruk ved offentlege innkjøp med utgangspunkt i forretningsmessige vurderingar og likehandsaming. Det offentlege skal få god kvalitet og riktig pris på innkjøpa, samtidig som allmenta skal ha tillit til at offentlege innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte. Innkjøpsnettverk i det offentlege skal vidareutviklast og det skal stimulerast til at den kunnskap og erfaring som offentlege innkjøparar har, blir delt og vidareutvikla.

Rapportar frå Riksrevisjonen har i fleire år påvist at reglane ofte blir brotne. Funn i kommunale og fylkeskommunale revisjonar og saker til handsaming i Klagenemnda for offentlige anskaffelser underbyggjer at brot på reglane er eit samfunnsproblem. Dette er ikkje god samfunnsøkonomi og er òg med på å svekkje tilliten til offentleg forvaltning. Klagenemnda for offentlige anskaffelser spelar ei sentral rolle for å skjerpe offentlege innkjøparar til å gjere innkjøp i tråd med lovar og reglar. Auka saksmengd i nemnda, og mange overtredingsgebyr som følgje av brot på innkjøpsregelverket, er eit teikn på at regelverket ikkje blir etterlevd i stor nok grad.

Regjeringa meiner det er nødvendig med auka profesjonalisering av offentlege innkjøp. Korrekte og gode innkjøp er eit leiaransvar. Leiarane må ta dette ansvaret og gi innkjøpsområdet meir merksemd. Både leiarar og innkjøparar på alle nivå skal få tilgang på meir kompetanse og rettleiing. I tillegg skal det satsast sterkt på elektroniske løysingar. Effektive elektroniske løysingar, som til dømes elektronisk faktura og konkurransegjennomføringsverktøy, kan frigjere ressursar som kan brukast til både fornying av offentleg sektor og meir velferd. Regjeringa vil derfor styrkje innsatsen på elektroniske løysingar gjennom auka løyvingar.

Når det gjeld konkurransen om offentlege innkjøpskontraktar, er det Konkurransetilsynets oppgåve å sørgje for at denne fungerer. Dersom denne konkurransen blir sett ut av spel gjennom ulovleg samarbeid om prisar eller marknadsdeling mellom tilbydarar, er det til lita nytte at regelverket for offentlege innkjøp er godt og blir følgd.

1.6 Godt organisert stat med gode fellestenester

Stortingsmeldinga om forvaltningspolitikken gir hovudlinjene i regjeringas politikk for statsforvaltninga. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvar for samordning av statsforvaltningas arbeid på sektorovergripande område. Gode tenester på disse fellesområda er viktig for at dei ulike verksemdene skal kunne fokusere og prioritere innsatsen sin på å utvikle gode tenester til det beste for brukarane. Regjeringa meiner det på mange område er behov for meir samordning. Det gjeld ikkje minst på IKT-området der det er mykje å hente på å utnytte kunnskap og løysingar frå ulike sektorar.

I styringa av underliggjande verksemder blir det lagt vekt på at kvar enkelt verksemd må styrast og utviklast i tråd med verksemdas eigenart, oppgåvene som skal løysast og dei overordna føringane slik dei kjem til uttrykk i blant anna stortingsmeldinga om forvaltningspolitikken.

Regjeringa er særleg oppteken av korleis statleg sektor med sine verksemder og ikkje minst leiarar og medarbeidarar kan medverke til ei meir miljøvennleg drift og forvaltning. Miljø har derfor eit særleg fokus i samband med innkjøp til det offentlege.

Statsbygg har ei sentral rolle som ein stor statleg eigedomsforvaltar og byggherre. Det er viktig at Statsbygg går føre og viser veg i byggjesektoren gjennom å stille krav til miljøvennlege løysingar, både i eksisterande bygningsmasse og i nye prosjekt.

I løpet av 2009 fekk Statsbygg tilført ressursar i samband med regjeringas tiltakspakke mot finanskrisa. Statsbygg har stor aktivitet over heile landet knytt til gjennomføring av vedlikehaldstiltak, prosjektering og bygging. Innlemminga av fengselseigedommar i husleigeordninga vart gjennomført på ein god måte. For Statsbygg vil store prosjekt innan kultursektoren, undervisningssektoren og fengselssektoren krevje stor merksemd òg i 2010. Staten fører ein aktiv byggje- og eigedomspolitikk og aktiviteten er stor. Forvaltninga av statlege bygningar og eigedom er viktig for å sikre effektive løysingar tilpassa dei statlege verksemdene sine ønske og behov.

Fylkesmannen er eit viktig knutepunkt mellom stat og kommune, særleg for å samordne og formidle statleg politikk til kommunane på område der nasjonale omsyn veg tungt. I tillegg har fylkesmennene ei viktig oppgåve i å ta vare på omsynet til rettstryggleiken gjennom handsaming av klager og gjennom tilsynsfunksjonane embetet har i høve til kommunane. Fylkesmennene er òg viktige ved at dei sender signal frå kommunane til departementa. Stortinget har gjennom handsaming av St.meld. nr. 12 (2006–2007) Regionale fortrinn – regional framtid , slutta seg til at kjernen i Fylkesmannen si rolle framleis ligg fast. Rolla og funksjonen til Fylkesmannen må utvikle seg slik at offentleg sektor på regionalt og lokalt plan vert best mogleg i stand til å møte framtidige utfordringar. Fornyings- og administrasjonsdepartementet gjennomgår no korleis mellom anna forvaltningsreforma og samfunnsutfordringar påverkar hovudfunksjonane og rollene til fylkesmannsembeta. Eit viktig siktemål med arbeidet er å klargjere Fylkesmannen si rolle og utviklingsretning framover.

I Statens Pensjonskasse går det føre seg eit omfattande og komplisert arbeid med å tilpasse system og arbeidsprosessar til endringar i offentleg tenestepensjon og ny folketrygd (prosjekt PERFORM). Prosjektet skal etter planen vere ferdig innan 1.1.2011. Ein slik tidsplan er svært krevjande som følgje av pågåande tilpassingar i samordningsregelverket, tilpassingar i folketrygdas uføre- og etterlatnereglar, og tilpassingar av særaldersreglar. Samtidig skal Statens Pensjonskasse sørgje for at datasystem og arbeidsprosessar er tilpassa nye regelverk, sørgje for utbetalingar av korrekt pensjon til rett tid samt sikre ei god oppfølging av andre driftsrelaterte oppgåver. Dette stiller etaten overfor store utfordringar når det gjeld prosjektstyring og drift. Dette er eit viktig og krevjande arbeid som departementet følgjer tett, både i den jamlege etatsstyringa og gjennom eit særskilt oppfølgingssystem for PERFORM-prosjektet. Det er mellom anna gjennomført ei oppdatert KS2-evaluering av PERFORM i byrjinga av 2009, og departementet vil vurdere behovet for ein ny KS2-gjennomgang når dei aktuelle regelverka er avklarte i løpet av hausten 2009.

Felles administrative støttefunksjonar utnyttar stordriftsfordelar samtidig som det medverkar til større grad av kvalitet og profesjonalitet i tenesteytingane. Servicesenteret for departementa leverer fellestenester og administrative støttetenester til Statsministerens kontor og departementa og har ei viktig oppgåve i å påverke til utvikling og bruk av framtidsretta arbeidsverktøy i departementsfellesskapet. Dei seinare år har etaten òg fått ei viktig pådrivarrolle for meir miljøvennleg drift i regjeringskvartalet.