Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programkategori 00.10 Det kongelege hus

Utgifter under programkategori 00.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1

H.M. Kongen og H.M. Dronninga

149 346

152 212

151 540

-0,4

2

H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa

20 287

21 289

23 243

9,2

 

Sum kategori 00.10

169 633

173 501

174 783

0,7

Allmenn omtale

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for løyvingane til kongehuset. I tillegg til løyvingane under kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga og kap. 2 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa, vert følgjande midlar nytta til kongelege føremål i 2010:

(i 1000 kroner)

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

 

Kap. 1581 Eigedomar til kongelege føremål

43 337

Utanriksdepartementet

 

Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet

8 413

Forsvarsdepartementet

 

Div. kapittel (H.M. Kongens adjutantstab)

5 000

Kap. 1732 Sjøforsvaret (Kongeskipet og K/B Stjernen)

30 000

Justisdepartementet

 

Kap. 441 Oslo politidistrikt (eskortetjeneste)

Vert ikkje oppgitt

Kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Apanasje

8 256

8 751

9 031

50

Det kongelege hoff

125 715

127 778

142 509

51

Særskilde prosjekt ved Det kongelege hoff

15 375

15 683

 

 

Sum kap. 1

149 346

152 212

151 540

Post 01 Apanasje

Løyvinga vert nytta til personlege utgifter for H.M. Kongen og H.M. Dronninga, medrekna utgifter i samband med diverse offisielle oppgåver, og til drift og vedlikehald av eigne eigedomar.

Post 50 Det kongelege hoff

Løyvinga vert nytta til kongehuset sine utgifter til offisielle oppgåver, drift av organisasjonen, infrastruktur og mindre investeringar til vedlikehald.

Løyvinga skal òg dekkje utgifter til jamleg indre vedlikehald og utvikling av dei statlege kongelege eigedomane, Det Kgl. Slott, Bygdøy Kongsgard (hovudhuset m/sidebygning og park) og Oscarshall.

Den foreslåtte auken i løyvinga på posten kjem i hovudsak av at det er utarbeidd nye kalkylar for utgifter knytte til forvaltning, drift og vedlikehald av dei nemnde eigedommane, samstundes med at det er utført rehabiliteringsarbeid ved Bygdøy kongsgard og Oscarshall som inneber eit høgare vedlikehaldsnivå.

Post 51 Særskilte prosjekt ved Det kongelege hoff

Rehabiliteringa av Oscarshall vert sluttført i 2009. Det vert difor ikkje gjort framlegg om løyving på denne posten i 2010.

Kap. 2 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Apanasje

6 166

6 536

7 515

50

H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa sin stab mv.

14 121

14 753

15 728

 

Sum kap. 2

20 287

21 289

23 243

Post 01 Apanasje

Løyvinga skal dekkje kronprinsparet sine personlege utgifter, medrekna utgifter til drift og vedlikehald av eigne eigedomar.

Det vert foreslått å auke løyvinga på posten grunna nye kalkylar for vedlikehald av Skaugum.

Post 50 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa sin stab mv.

Løyvinga skal dekkje utgifter til kronprinsparet sin stab på Det Kgl. Slott og betening på Skaugum, og utgifter i samband med kronprinsparet sine offisielle oppgåver.

Løyvinga vert foreslått auka grunna behov for å styrkje staben ved Skaugum.