Programområde 01 Fellesadministrasjon

Programkategori 01.00 Administrasjon mv.

Utgifter under programkategori 01.00 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1500

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

257 849

233 500

227 972

-2,4

1502

Tilskot til kompetanseutvikling

16 418

14 000

 

-100,0

1503

Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde

113 015

113 086

126 707

12,0

 

Sum kategori 01.00

387 282

360 586

354 679

-1,6

Kap. 1500 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

151 996

150 028

149 489

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

99 173

70 472

65 067

22

Forsking , kan overførast

6 680

13 000

13 416

 

Sum kap. 1500

257 849

233 500

227 972

Rapport 2008

Betre kunnskap om omstilling

For å betre kunnskapsgrunnlaget i forvaltningspolitikken, spesielt innanfor endring og omstilling, har Fornyings- og administrasjonsdepartementet i 2008 mellom anna utarbeidd metodegrunnlag for evaluering av tilsynsutflyttingane, og starta opp ei ekstern evaluering av tilsynsutflyttingane som vart levert i 2009 (Evaluering av utflytting av statlige tilsyn, Asplan Viak 2009). Departementet har òg laga ein rapport om betre samordning og styring av store og/eller strategisk viktige IKT-prosjekt i staten, mellom anna for å sikre betre vinstrealisering ved IKT-investeringar.

Direktoratet for forvaltning og IKT er fagorgan på området endring og omstilling. I 2008 har direktoratet mellom anna

  • Gitt ut rettleiar i utrekning av vinstar og kostnader ved omstilling (Omstilling av statlege verksemder. Rettleiar i berekning av samfunnsøkonomiske gevinstar og kostnader, Direktoratet for forvaltning og IKT og Senter for statlig økonomistyring 2008).

  • Arbeidd med ulike sider ved forholdet mellom departement og underliggjande verksemder som ein del av underlaget for stortingsmeldinga om forvaltningspolitikk, St.meld. nr. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap . Direktoratet har laga rapportane Organisasjonsendringar i staten 1992–2007 Difi- rapport 2008:3, og Direktoratenes faglige rolle: En rolle under økende press? Difi-rapport 2008:14.

  • Gitt ut den årlege publikasjonen om endringar i forvaltninga (Forvaltningsutsyn 2007: Staten – Fakta om størrelse, struktur og endring, Difi rapport 2008:10).

Styring og leiing for å fremje kvalitet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet gjennomførte i 2007 ei spørjeundersøking blant medarbeidarane i staten om arbeidslivsforhold, motivasjon og trivsel. Om lag 4500 medarbeidarar tok del i undersøkinga. Undersøkinga syner eit behov for å styrkje leiarskap og kompetanseutvikling i staten. Resultata frå undersøkinga vart presenterte i ein rapport som vart lagt fram i februar 2008. Undersøkinga har gitt utvida kunnskap som er nytta i arbeidet med utarbeiding av kapitlet om arbeidsgivarpolitikk og leiing i St.meld. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap .

Eit meir inkluderande arbeidsliv (IA)

Samarbeidet mellom regjeringa og partane i arbeidslivet har vore avgjerande for å nå resultat i arbeidet for eit meir inkluderande arbeidsliv. Det gjeld òg det statlege tariffområdet. Staten er den sektoren der venta avgangsalder har auka mest.

Avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv vart vidareført med justeringar frå 2006. Delmåla har vore dei same som i intensjonsavtalen frå 2001.

Delmål 1: Sjukefråværet i staten

Staten har så langt ikkje nådd målet for redusert sjukefråvær. Det har vore uendra frå 2005 til 2008 på om lag 5,6 pst. Målet om 20 pst. reduksjon i 2009 vert difor vanskeleg å nå. Fornyings- og administrasjonsdepartementet informerer alle departementa om sjukefråværsstatistikken i dei ulike departementsområda kvart kvartal.

Frå departementet si side er det retta auka merksemd mot delmål to og tre i avtalen etter 2006. Det er førebels ikkje mogleg å seie noko om samfunnsøkonomiske konsekvensar av redusert arbeidstid.

Delmål 2: Personar med nedsett funksjonsevne

På nasjonalt nivå er ikkje målet i IA-avtalen om å auke rekrutteringa av personar med nedsett funksjonsevne nådd. Staten har hatt ein eigen tiltaksplan for å auke rekrutteringa frå denne gruppa. I denne tiltaksplanen har målet mellom anna vore at 5 pst. av alle nytilsette skal komme frå denne gruppa. Det ligg ikkje føre rapporteringar for 2008, men dei fyrste åra av tiltaksplanen viste at målet ikkje vart nådd. Departementet har sett i verk fleire tiltak for å auke rekrutteringa av personar med nedsett funksjonsevne. Slike tiltak har vore aktiv informasjon om lover, forskrifter og verkemiddel, mellom anna trainee-program, fagpanel med brukarorganisasjonar og partar i arbeidslivet, krav til stillingsannonsering, fylkesvise møte og rettleiing i IA-arbeid. I mai 2007 starta Fornyings- og administrasjonsdepartementet eit eitt-årig trainee-program i sentralforvaltninga for personar med høg utdanning og nedsett funksjonsevne. Det var 126 søkjarar til dei 17 trainee-plassane. Evalueringa synte at tiltaket var vellukka og gav viktig erfaring og lærdom.

Delmål 3: Auke av avgangsalderen

Den venta pensjoneringsalderen i det statlege tariffområdet steig frå 61,3 til 62,4 år i perioden 2002 til 2007. Tala inkluderer avgang ved særaldersgrenser, uførepensjon, alderspensjon, AFP og førtidspensjon. Auken er høgare enn målet på 6 månader som var sett i IA-avtalen. Auken utgjer om lag 1 mrd. kroner i kostnadsreduksjon. Regjeringa vil halde fram med arbeidet og vil i samarbeid med partane i arbeidslivet vidareføre innsatsen for eit meir inkluderande arbeidsliv.

Inkludering av innvandrargruppene

I oktober 2008 hadde 6,9 pst. av dei tilsette i statsadministrasjonen innvandrarbakgrunn. Dette er ei auke samanlikna med Statistisk Sentralbyrå sine justerte tal for 2007, som viste 6,3 pst. Av desse var 3,7 pst. frå EU/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia og New-Zealand og 3,2 pst. frå Europa utanom EU/EFTA, Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika.

Det er noko færre med innvandrarbakgrunn i staten enn i privat sektor. Dette kjem mellom anna av at berre 25 pst. av stillingane i privat sektor krev høgare utdanning, medan 70 pst. av stillingane i staten krev dette. Det er ein del fleire blant innvandrarar som har mellomutdanning eller berre obligatorisk utdanning.

Den siste kartlegginga av om arbeidsgivarane følgjer opp pålegget om å kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn til jobbintervju, viste at 33 pst. av dei med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn som blei kalla inn til intervju, blei tilsette. Av alle som blei tilsette hadde 5,1 pst. ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn. Fornyings- og administrasjonsdepartementet gjennomfører i 2008 og 2009 eit toårig forsøk med moderat kvotering av personar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn i 12 statlege verksemder. Moderat kvotering tyder i denne samanhengen at arbeidsgivaren, i samsvar med diskrimineringslova og blant søkjarar med om lag like kvalifikasjonar, kan tilsetje ein søkjar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn, sjølv om han ville blitt rangert etter den best kvalifiserte søkjaren. Institutt for samfunnsforsking gjennomfører ei følgjeevaluering av forsøket.

Forsøk med redusert arbeidstid

Forsøk med redusert arbeidstid for seniorar starta hausten 2007 og vart avslutta 31.7.2009. Forsøket innebar at utvalde tilsette som var 62 år eller eldre i 2007, fekk tilbod om redusert arbeidstid (80 pst.) med full lønnsmessig kompensasjon. Forsøket omfatta grupper av tilsette i Vegvesenet, Skatteetaten og nokre fylkesmannsembete og bispedøme (prestar). Hovudhensikta med forsøket var å finne ut om redusert arbeidstid ville føre til at seniorar utsette pensjoneringstidspunktet sitt. Sluttrapporten skal liggje føre i februar 2010. Ein førebels rapport som byggjer på data som er samla inn fram til desember 2008, viser at deltakarane meiner at:

  • Arbeidstidsreduksjonen har positiv effekt på helse, generell trivsel og innsats på jobben.

  • Om lag to tredelar har valt å ta fri ein dag per veke eller andre samansetjingar som gir heile fridagar. Svært få har valt redusert dagleg arbeidstid (6 timars dag).

  • Moglegheitene for lønnsauke er reduserte, men at dei framleis får interessante arbeidsoppgåver og har god innverknad på jobben. Arbeidsmengda opplever dei gjennomgåande som jamn og ikkje for høg.

  • Forsøksdeltakarane i gjennomsnitt utset pensjoneringstidspunktet sitt.

Auka tillit til statsforvaltninga

Hausten 2007 la Fornyings- og administrasjonsdepartementet fram retningslinjer for korleis arbeidsgivarane i staten skulle utarbeide lokale varslingsrutinar. Det vart gitt ut eit eige hefte med retningslinjene, P-0939 B. Retningslinjene ligg òg på Fornyings- og administrasjonsdepartementet si heimeside.

Klimagasskvotar

Regjeringa vedtok i 2007 at staten skal kjøpe klimagasskvotar for å dekkje CO2-utslepp ved statstilsette sine tenestereiser med fly internasjonalt. For 2. halvår 2008 har Direktoratet for forvaltning og IKT rekna ut at reiseaktiviteten for alle tilsette i staten er 87 396 reiser og 176 497 226 km reist distanse. Finansdepartementet bruker denne informasjonen som grunnlag for kjøp av klimagasskvotar, jf. omtale i Prop. S 1 (2009–2010) Finansdepartementet , kap. 1638 Kjøp av klimagasskvoter.

Betre dokumentasjon av statleg ressursbruk og resultat (StatRes)

StatRes utviklar og formidlar statistikk om staten. Systemet skal auke kunnskapen om ressursbruk og om kvalitet og resultat av statleg tenesteproduksjon. Via internett (www.ssb.no/statres) kan innbyggjarar, offentleg tilsette, forskarar og andre følgje med i ressursbruken og i utviklinga i indikatorar for statlege sektorar og verksemder.

Statistisk sentralbyrå har utvikla StatRes på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og i nært samarbeid med involverte fagdepartement og etatar. Prosjektet bruker i stor grad internasjonale standardar, noko som legg til rette for framtidige samanlikningar med andre land. På følgjande område gir StatRes tal utover ressursinnsats: Universitet og høgskular, spesialisthelsetenesta, statleg barnevern, toll- og avgiftsetaten, politi og påtalemakt, Jernbaneverket og Kriminalomsorga. StatRes er i ein utviklingsfase fram til ut 2012.

Offentleg elektronisk postjournal

Offentleg elektronisk postjournal (OEP) vil gjerne forvaltninga sine dokument meir tilgjengelege for allmenta. Meininga var å lansere offentleg elektronisk postjournal i 2008. Ordninga er heimla i offentlegforskrifta. Sidan arbeidet med forskrifta tok lenger tid enn ein rekna med, er lanseringa utsett til hausten 2009.

Ny undersøking om tilfredsheit med offentlege tenester

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i samarbeid med andre departement sett i gang arbeidet med ei stor ny undersøking av kor tilfredse innbyggjarane er med offentlege tenester. Undersøkinga skal gi tenesteytarar og styresmakter betre grunnlag for å utvikle kvaliteten på tenestene. I 2008 har Departementet og samarbeidspartnarane utvikla metodikk og spørjeskjema saman med ei fagleg styringsgruppe. Ein pilot vart utvikla saman med TNS Gallup. Departementet har samarbeidd med KS for at nokre spørsmål kan gjere det mogleg å samanlikne resultata med den undersøkinga som vert gjennomført for kommunal sektor.

Forenkla offentleg innkrevjing

NOU 2007:12 Offentleg innkrevjing kom med omfattande forslag til endringar i organisering og verkemåte for statleg innkrevjing. Utgreiinga var på offentleg høyring i 2008. Det kom inn 202 høyringssvar og oppsummering av desse er tilgjengeleg på regjeringa.no. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vurderer saman med Finansdepartementet korleis forslaga skal følgjast opp.

Forsking

Departementet si forskingsinnsats har vore innretta mot betre tryggleik innanfor IKT-området. Satsinga vart mellom anna kanalisert gjennom forskingsrådets program SOS-IKT.

Mål og prioriteringar 2010

Det er gjort greie for departementet sine overordna politiske prioriteringar for 2010 i innleiinga til proposisjonen. Utgiftene under kap. 1500 dekkjer driftsutgiftene i departementet, og dessutan særskilte driftsutgifter som understøttar dei overordna prioriteringane i 2010. Nedanfor vert viktige enkeltprosjekt for 2010 presenterte.

Departementa sitt fagpanel for samfunnsøkonomiske konsekvensanalysar

Fagpanelet for samfunnsøkonomiske konsekvensanalysar er eit samarbeid mellom departementa, under leiing av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Fagpanelet skal heve kunnskapen om samfunnsøkonomiske analysar i departementsfellesskapet og bidra til auka kvalitet på konsekvensanalysar. Fagpanelet skal gi råd og arrangere seminar for tilsette i departementa som arbeider med konsekvensanalysar. Fagpanelet skal òg gjennomføre eigne analysar.

Dokumentasjon om statleg ressursbruk og resultat (StatRes)

Etter planen skal StatRes i 2009 publisere tal og resultatinformasjon frå fem nye område; NAV, forsvaret, domstolane, Statens vegvesen og Grøn stat. Det er planlagt å publisere tal for ressursbruk for alle resterande statlege områder i 2009. StatRes skal i 2010 gi informasjon om meir enn ressursbruk for fleire område enn systemet gjer i dag. Samstundes skal dei eksisterande pilotane få betre indikatorar og tal, og SSB skal utvikle dei tekniske løysingane vidare.

Brukarretting, brukarmedverknad og innbyggjarundersøking

Brukarmedverknad og brukarretting av offentlege tenester er eit sentralt mål for regjeringa, jf. St.meld. nr. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap . Alle statlege verksemder skal med jamne mellomrom gjennomføre brukarundersøkingar, og resultata av dei skal normalt vere offentleg tilgjengelege. Nokre etatar etablerer brukarråd eller andre fora for at representantar for brukarane kan vere med på å forme tenestene. Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Direktoratet for forvaltning og IKT vil i 2010 kartleggje omfanget av brukarundersøkingar, brukarråd og andre tiltak for brukarretting og brukarmedverknad.

Innbyggjarundersøkinga 2009 vart send ut til 30 000 tilfeldig valde personar for å måle kva innbyggjarane meiner om over 20 av dei viktigaste offentlege tenestene, mellom anna samferdsle, skule, sjukehus, eldreomsorg og politi. Resultata vil liggje føre seinhausten 2009 og vil danne grunnlaget for eit vidare analysearbeid i 2010. Direktoratet for forvaltning og IKT skal på bakgrunn av dette kunne gi råd til departement og underliggjande verksemder om korleis dei kan følgje opp innbyggjarundersøkinga. Departementet vil i samarbeid med Direktoratet for forvaltning og IKT leggje til rette for at verksemder kan utveksle erfaringar om kva for tiltak som gir den beste brukarrettinga av tenestene og best legg til rette for brukarmedverknad.

Kommunikasjonspolitikk

Ny statleg kommunikasjonspolitikk vart lagt fram hausten 2009. Direktoratet for forvaltning og IKT skal forvalte politikken på vegner av departementet. Direktoratet vil orientere om den nye politikken, gi råd om iverksetjing og utarbeide rettleiingar.

Den nye politikken legg vekt på openheit, demokrati og medverknad. Statlege verksemder skal invitere innbyggjarane til å ta del i utforminga av politikk og tenester. Informasjon frå statlege verksemder skal nå alle så langt råd er. Det same gjeld kommunikasjonen. Statlege verksemder skal nytte dei informasjons- og kommunikasjonskanalane og dei verkemidla som mest effektivt når ulike målgrupper. Statlege verksemder skal sjølve vere aktive i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet, og dei skal samordne seg med andre verksemder der det er til nytte for innbyggjarane. Offentlege styresmakter må sjå på innbyggjarane som likeverdige partar i kommunikasjonsverksemda. Styresmaktene skal gi innsyn i verksemda si, ta omsyn til at Noreg har eit meir samansett folk enn før og bruke eit enkelt og forståeleg språk. Prosjektet «Klart språk i staten» (jf. nettsida www.klarspråk.no ) vil vare ut 2010. Viktige delprosjekt er utdeling av Statens klarspråkpris 2010, og støtte til lokale statlege klarspråksprosjekt.

Utvikle, behalde og rekruttere kompetente leiarar og medarbeidarar

Ei partssamansett arbeidsgruppe på sentralt nivå har sett på korleis statlege verksemder møter utfordringane med å rekruttere og halde på kvalifisert arbeidskraft, og arbeidsgruppa har kome med ei rekkje forslag til tiltak for å gjere staten til ein meir attraktiv arbeidsgivar. Arbeidsgruppa har lagt fram sin rapport som syner at staten har eit behov for å styrkje sitt omdømme som arbeidsgivar, styrkje arbeidet overfor studentar på universitet og høgskular og styrkje arbeidet med utviklingstiltak blant dei tilsette i staten. Departementet vil saman med organisasjonane arbeide vidare med dei ulike forslaga til tiltak.

Heilskapleg strategi for kompetanseutvikling i statsforvaltninga

Opplæringstilbodet i statlege verksemder skal styrkjast. Direktoratet for forvaltning og IKT har fått i oppdrag å lage ein sentral heilskapleg strategi for kompetanseutvikling i staten. Den sentrale opplæringa skal i fyrste rekkje sikre tilbod av felles, tverrgåande kompetansetiltak innanfor valde område, nå breitt ut til store målgrupper, vere pådrivar for utvikling og gi opplæring på tvers av statlege etatar. Departementet har bedt Direktoratet for forvaltning og IKT om å utvikla veleigna opplæringstilbod i ein felles infrastruktur, og systematisk bruk av e-læring vil vere ein del av satsinga. Som ein del av ein heilskapleg kompetansestrategi vil Direktoratet for forvaltning og IKT i løpet av 2010 setje i verk forsøksprosjekt i nokre statlege verksemder.

Utvikling av leiing og leiarskapen i staten

Departementet vil auke satsinga på utvikling av leiing og leiarane i staten i tråd med signala i St.meld. nr. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap . Direktoratet for forvaltning og IKT vil få i oppdrag – i eit forpliktande samarbeid med statlege verksemder og leiarutviklingsmiljø i og utanfor staten – å utvikle tilbod til leiarar på alle nivå og i alle fasar av leiarkarrieren. I tilbodet må det verte gitt rom for det som er spesifikt for leiing i staten og for overgripande kompetansekrav til leiarar i staten. Ulike kunnskapsmodular, innhaldsplattformer og læringspakkar skal rettast mot førstelinjeleiarar, mellomleiarar og toppleiarar. Programma bør innehalde kombinasjonar av e-læring og andre, meir tradisjonelle læringsformer. Som eit første steg skal Direktoratet for forvaltning og IKT utvikle eit e-læringsverktøy for nye leiarar i staten.

Deltaking i internasjonal kartlegging av vaksne sine kvalifikasjonar (Programme for International Assessment of Adult Competencies – PIAAC)

Det skal i regi av OECD gjennomførast ei undersøking av vaksne sine kvalifikasjonar. PIAAC (Programme for International Assessment of Adult Competencies – PIAAC). PIAAC vil blant anna kartleggje kvalifikasjonar som verkar inn på verdiskaping og økonomisk vekst. Undersøkinga vil òg innehalde delar som ein ventar vil gi ny innsikt for politikkutforming i forhold til innbyggjarane sine ferdigheiter og evne til å bruke moderne informasjonsteknologiske verkemiddel. 1500 respondentar skal testast i 2010. Deretter vil ein vurdere vidare deltaking i undersøkinga. Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit samarbeid om Noreg si deltaking i PIAAC. I tillegg til Noreg er det 27 land som skal delta i undersøkinga.

Eit meir inkluderande arbeidsliv (IA)

I samarbeid med partane i arbeidslivet vil regjeringa vidareføre positive erfaringar frå innsatsen for eit meir inkluderande arbeidsliv. Fram mot 1.1.2010 vil styresmaktene i samråd med partane utforme det konkrete innhaldet i den nye IA-avtalen og gi nye signal til verksemdene. I samsvar med dette skal dei statlege verksemdene setje mål, følgje opp og styrkje det kontinuerlege arbeidet med å redusere sjukefråvær, inkludere personar med nedsett funksjonsevne og heve avgangsalderen frå arbeidslivet. Regjeringa legg stor vekt på at dei statlege verksemdene for eigen del tek ansvar for å realisere måla i IA-avtalen.

Mangfald i statlege verksemder

Det er eit viktig mål å sørgje for mangfald ved rekruttering av medarbeidarar i staten. Staten må utnytte heile breidda av kompetanse og livserfaring i befolkninga. Mangfald på arbeidsplassane gir grunnlag for fornying, kreativitet og betre oppgåveløysing i statlege verksemder. Staten skal sjølv spegle mangfaldet i det samfunnet den skal tene. Det er ei viktig oppgåve for verksemdene og statlege leiarar å leggje til rette for mangfald blant dei tilsette i verksemda, særleg i forhold til kjønn, etnisitet, religion og livssyn, politisk syn, funksjonsevne, alder og seksuell orientering.

Auka rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne

Personar med nedsett funksjonsevne har mykje lågare deltaking i arbeidslivet enn befolkninga elles, og mange er svært godt utdanna og ønskjer å komme i arbeid. Det er eit viktig mål for staten å auke sysselsettinga blant personar med nedsett funksjonsevne, og staten kan sjølv bidra ved rekruttering til statlege stillingar. Trainee-programmet for personar med nedsett funksjonsevne, som vart gjennomført i 2007–2008, har vist at funksjonsnedsetjing ofte får mindre å seie for utføringa av arbeidsoppgåvene enn ein trudde på førehand. Det er viktig at fleire verksemder tek desse erfaringane på alvor og skaffar seg erfaring og kompetanse i å rekruttere og halde på personar med nedsett funksjonsevne. Departementet tek sikte på å følgje opp tiltaksplanen for å rekruttere fleire personar med nedsett funksjonsevne i staten, mellom anna basert på ei evaluering av planen.

Rekruttering av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Deltaking i arbeidslivet er ein viktig nøkkel for å få til integrering. Det er eit overordna mål for regjeringa å få til auka deltaking i arbeidslivet blant personar med innvandrarbakgrunn. Det er eit mål at personalsamansetjinga i statsforvaltninga speglar samfunnet. Staten skal òg rekruttere best mogleg kompetanse frå alle grupper i befolkninga, for å møte framtidige utfordringar i eit stadig meir kulturelt samansett samfunn. Staten skal difor arbeide systematisk med å rekruttere og halde på kompetente medarbeidarar med innvandrarbakgrunn.

Departementet vil dra nytte av erfaring og læring frå forsøket med moderat kvotering av personar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn. Vi viser elles til omtalen av Handlingsplanen for integrering av innvandrarbefolkninga i Prop. S 1 (2009–2010) Arbeids- og inkluderingsdepartementet , resultatområde 4; delmål 2.2.

Medarbeidarutvikling – MU’09

Det skal gjennomførast ei ny medarbeidarundersøking i staten hausten 2009. Formålet med medarbeidarundersøkinga er å setje medarbeidarutvikling på dagsorden, gi motivasjon og engasjement, leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø og heve kvaliteten på statlege tenester. Resultatet vil utgjere eit kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle personal- og leiarpolitikken i det statlege tariffområdet. I tillegg skal det utarbeidast eit nettbasert verktøy for medarbeidarkartlegging tilpassa statlege verksemder.

Direktoratet for forvaltning og IKT har fått ansvaret for planlegging, igangsetjing og oppfølging av medarbeidarundersøkinga 2009/2010.

Offentleg tenestepensjon og AFP i offentleg sektor

I tariffoppgjeret i 2008 vart partane i offentleg sektor einige om å føre forhandlingar om tilpassing av ny tenestepensjon og AFP til ny folketrygd i andre avtaleår. I 2009 inngjekk partane ein avtale om offentleg tenestepensjon og AFP i offentleg sektor, St.prp. nr. 88 (2008–2009) Om lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2009 mv . Reglane i dag for offentleg tenestepensjon (bruttoordning) og AFP i offentleg sektor vart vidareførte med naudsynte tilpassingar. I brev frå Statsministeren til Riksmeklingsmannen av 3.6.2009 syner statsministeren til at regjeringa er innstilt på å fremje forslag for Stortinget om endringar i dei lovbestemte offentlege tenestepensjonsordningane i tråd med innhaldet i dokumentet det vart semje om. I 2010 vil departementet fremje naudsynte lovforslag om desse endringane.

Rammeverk for samarbeid og medverknad

Eit godt samarbeid mellom leiing og tilsette er avgjerande for at forvaltninga skal kunne utføre oppgåvene sine på ein god måte. Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen i staten er sentrale avtalar som legg rammeverket for dette samarbeidet. Som sentral avtalepart i det statlege tariffområdet er Fornyings- og administrasjonsdepartementet ansvarleg for desse avtalane. I 2008 vart det inngått ny Hovudtariffavtale for perioden 2008–2010. Ny Hovudavtale vart inngått i 2009 for perioden 1.2.2009 til 31.12.2012. I 2010 skal det forhandlast om ny Hovudtariffavtale for perioden 2010-2012. Det er viktig for staten at desse avtalane sikrar at samarbeidet mellom leiinga og organisasjonane, både sentralt og på kvar einskild arbeidsplass, vert best mogeleg og slik gjer at forvaltninga kan utføre sine oppgåver på ein god måte.

Forsking

Departementet sin forskingsinnsats vil i særleg grad vere innretta mot område som medverkar til ny kunnskap om korleis offentleg sektor kan fornyast utan å svekkje dei verdiane som utgjer grunnlaget for den norske velferdsstatsmodellen.

Eit viktig siktemål er at forskinga skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for å treffe gode avgjerder og medverke til å auke kvaliteten og effektiviteten i offentleg sektor.

Fornyings- og administrasjonsdepartementets forsking vil i hovudsak bli retta inn mot desse politikkområda:

eForvaltning og vinstrealisering

Fornying av offentleg sektor med IKT som verkemiddel vil gi store kvalitets- og effektiviseringsvinstar. Det trengst forsking på korleis IKT endrar forvaltninga sine arbeidsmetodar, organisering, ressursutnytting, kommunikasjon og prioriteringar. Det er òg av interesse å kartleggje i kva grad ulike styringsmekanismar legg til rette eller er til hinder for verksemdene si realisering av vinstane ved ny, avansert bruk av IKT.

Fri programvare

Det er ei politisk målsetjing om meir bruk av fri programvare i offentleg sektor. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil ha meir systematisk kunnskap om effektar ved bruk av fri programvare. Departementet er særleg interessert i:

  • Kortsiktige og langsiktige kostnader knytte til innkjøp og vedlikehald av programvare.

  • Samhandlings- og samarbeidsmønster i offentleg sektor og mellom privat sektor og offentleg sektor.

  • Kvalitet, mellom anna tryggleik på offentlege elektroniske tenester og IKT-system.

Departementet sitt forskingsarbeid skal leggje stor vekt på formidling av forskingsresultat slik at desse medverkar til at forvaltninga samla sett utviklar evne til læring og systematisk forbetring innan og mellom sektorar.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter

Forslaget til løyving dekkjer mellom anna departementet sine lønns- og driftsutgifter.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Forslaget til løyving skal mellom anna dekkje utgifter til gjennomføring av større analysar, departementet sitt arbeid med fornying og sikring av regjeringsbygningane og områda rundt.

Post 22 Forsking, kan overførast

Forslaget til løyving dekkjer departementet sine forskingsoppgåver, mellom anna på områda eForvaltning og vinstrealisering og fri programvare.

Kap. 1502 Tilskot til kompetanseutvikling

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskot , kan overførast

16 418

14 000

 

 

Sum kap. 1502

16 418

14 000

 

Allmenn omtale

Staten og hovudsamanslutningane sette i lønnsoppgjeret 2008 av til saman 28 mill. kroner til kompetanseutvikling for tariffperioden, jf. Hovudtariffavtalen i staten og St.prp. nr. 68 (2007–2008).

Avsetninga er følgd opp med løyvingar på 14 mill. kroner i 2008 og 14 mill. kroner i 2009, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009).

Rapport 2008

Av løyvinga er 25 mill. kroner sett av for å stimulere til forsøks- og utviklingsprosjekt med ulike kompetansetiltak retta mot større mangfald og oppfølging av intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv og betre nyttiggjering av kompetansen til personar med etnisk minoritetsbakgrunn. I tillegg kjem organisasjons- og leiarutvikling, metodar og verktøy for kompetanse- og karriereutvikling og kompetanseutvikling for å hindre utstøyting mellom anna ved omstillingar.

Det er blitt sett av 3 mill. kroner til vidareføring av felles opplærings- og utviklingstiltak i samarbeidskompetanse og medverknad for leiing og tillitsvalde, med særleg utgangspunkt i Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen i staten.

Dei avsette midlane er fordelte etter utlysing til ei rekkje prosjekt i ulike statlege verksemder, og til felles opplærings- og utviklingstiltak.

Mål og prioriteringar 2010

Departementet og hovudsamanslutningane vil evaluere avsetninga fram mot lønnsoppgjeret våren 2010.

Kap. 1503 Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskot

86 070

86 141

126 707

71

Bidrag frå arbeidstakarane

26 945

26 945

 

 

Sum kap. 1503

113 015

113 086

126 707

Allmenn omtale

Staten og organisasjonane har i Hovudtariffavtalen 2008 – 2010 avtale om at staten skal løyve tilskot til tenestemannsorganisasjonane sine opplærings- og utviklingstiltak. Avtalen vart oppretta etter mønster av tilsvarande avtale mellom LO og NHO, og vidareført i seinare oppgjer. Ordninga er òg etablert i andre tariffområde i privat sektor og i kommunesektoren.

Rapport 2008

Midlane er nytta i samsvar med målsetjinga.

Mål og prioriteringar 2010

Etter gjeldande tariffavtale 2008–2010 skal midlane nyttast på same måte som i førre tariffperiode. Stønad til organisasjonane si opplæring av tillitsvalde i staten, mellom anna i organisasjons- og tillitsvaldsarbeid, miljø- og vernearbeid, sjukefråvær, medråderett, personalpolitiske spørsmål, omstilling, effektivisering og samfunnsøkonomi.

Staten er pliktig til å følje opp avtalen med tilsvarande opplærings- og informasjonstiltak på arbeidsgivarsida. Desse utgiftene må dekkjast av kvar einskild verksemd.

Budsjett 2010

Etter gjeldande tariffavtale er prosentsatsen for tilskotet fastsett til totalt 0,24 pst. av årleg utbetalt lønn etter hovudregulativet (A-tabell). Summen vert rekna ut når lønns- og sysselsetjingsstatistikken per 1.10.2009 ligg føre våren 2010. Justering av løyvinga vert fremja i ein eigen proposisjon.

Post 70 Tilskot

Avsetjing av midlane til opplærings- og utviklingstiltak er berekna og fastsett sentralt. Arbeidstakarane medverkar til finansiering med 200 kroner per årsverk av bruttolønn etter A-tabellen. Av løyvinga er staten sitt tilskot på 100,946 mill. kroner og arbeidstakarane sitt tilskot på 25,761 mill. kroner.

Programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta

Utgifter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1510

Fylkesmannsembeta

1 481 582

1 343 379

1 362 818

1,4

 

Sum kategori 01.10

1 481 582

1 343 379

1 362 818

1,4

Inntekter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

4510

Fylkesmannsembeta

322 441

149 961

154 760

3,2

 

Sum kategori 01.10

322 441

149 961

154 760

3,2

Hovudfunksjon for fylkesmannsembeta

Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket. Fylkesmannen skal setje i verk statleg sektorpolitikk lokalt og regionalt – rettsleg korrekt, heilskapleg og samordna. For å gjere dette har Fylkesmannen mynde på fleire sentrale politikkområde som skal sjåast i samanheng. Fylkesmannen har ein særleg viktig funksjon i grenseflata mellom statleg sektorpolitikk og kommunalt sjølvstyre, og mellom kommunane og innbyggjarane.

Politikkområda omfattar oppgåver frå til saman 12 departement. Fagområda er nærare omtalte i fagproposisjonane til dei respektive departementa. Kvart fagdepartement er fagleg overordna embeta på det aktuelle fagområdet, medan Fornyings- og administrasjonsdepartementet er administrativt overordna fylkesmannsembeta. Ansvaret for Fylkesmannens verksemd er dermed delt mellom fleire statsrådar.

I arbeidet med å setje i verk politikken til regjeringa, tek Fylkesmannen hand om fleire funksjonar:

  • Er bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjarar.

  • Utøver mynde, rettstryggleiks- og kontrollfunksjon.

  • Tek hand om fornyings- og utviklingsverksemd.

Riksrevisjonen var kritisk til delar av styringa og finansieringa av fylkesmannsembeta i Dokument nr. 3:14 (2006–2007). For å sikre godt samsvar mellom oppgåver og ressursar i embeta, er det utarbeidd nye retningslinjer for finansiering av Fylkesmannen. I den nye ordninga er ansvarsforholda mellom fagdepartementa og Fornyings- og administrasjonsdepartementet tydeleggjort. Vidare er det etablert ordningar for innhenting og oppfølging av ressursbruk på dei ulike fagområda, på nasjonalt nivå og over tid. Departementa og det einskilde embetet vil lettare kunne følgje utviklinga av forholdet mellom oppgåver og ressursar på fagområda.

Figur 4.1 Årsverk fordelte etter departementsområde.

Figur 4.1 Årsverk fordelte etter departementsområde.

Kjelde: Fylkesmannsembeta. Data gjeld 2008. I kategorien «Andre» inngår Kultur- og kyrkjedepartementet, Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet. Fornyings- og administrasjonsdepartementet sin del er i all hovudsak dei administrative årsverka.

Boks 4.1 Fylkesmannsembeta

  • Utfører oppgåver for 12 departement og 8 direktorat/tilsyn.

  • Har 2 324 tilsette (per 1. mars 2009).

  • 8 av 18 fylkesmenn er kvinner, medan 40 pst. av anna leiing i Fylkesmannsembeta er kvinner.

Forvaltningsreforma

Stortinget vedtok hausten 2008 naudsynte lovendringar for å gjennomføre forvaltningsreforma frå 1.1.2010, jf. Ot.prp. nr. 10 (2008–2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen mv. (gjennomføring av forvaltningsreformen ). For fylkesmannen vil forvaltningsreforma føre til at nokre fagoppgåver på miljø- og landbruksområdet vert overførte frå fylkesmannen til fylkeskommunen frå 1.1.2010. Fylkesmannen vil sørgje for ei smidig overføring av oppgåvene, og medverke til eit godt samarbeid med fylkeskommunane.

På bakgrunn av regjeringa si avgjerd om at staten skal ha det overordna ansvaret for områdevernet gir ikkje forvaltningsreforma grunnlag for overføring av ytterlegare oppgåver til fylkeskommunen på miljø- og landbruksområdet. Dette er i tråd med føresetnadene gitte i Ot.prp. nr. 10 (2008–2009). For omtale av nye modellar for forvaltning av verneområde vert det synt til Prop. 1 S (2009–2010) Miljøverndepartementet .

Det økonomiske opplegget for forvaltningsreforma vart presentert i St.prp. nr. 68 (2008–2009) Kommuneproposisjonen 2010. Opplegget inkluderer 117,5 mill. kroner til årsverkkostnader. Av dette er 17,5 mill. kroner løyving som har vore brukte av statlege aktørar i 2009. På landbruks- og miljøområdet vert det føreslått å overføre 7,2 mill. kroner frå kap. 1510 Fylkesmannsembeta, post 01 Driftsutgifter. Av overføringa er 4,6 mill. kroner knytte til miljøområdet og 2,6 mill. kroner er knytte til landbruksområdet. Som varsla i Kommuneproposisjonen 2010 vil fylkeskommunane få meirkostnader til årsverk utover dei midlane som blir overførte frå statlege aktørar. Det vert difor foreslått å auke fylkeskommunane sitt rammetilskot med 100 mill. kroner til dekning av slike meirkostnader. Desse midlane omfattar ein auke i løyvinga på 80 mill. kroner og ei rammeoverføring frå løyvingsområda til aktuelle departement på til saman 20 mill. kroner. På landbruks- og matområdet vert det foreslått å overføre yttarlegare 0,5 mill. kroner frå Fornyings- og administrasjonsdepartementets kap. 1510, post 01 til fylkeskommunane sitt rammetilskot, kap. 572, post 60. Frå Miljøverndepartementet si løyving vert det foreslått å overføre 3,5 mill. kroner. Samla vert det difor foreslått 117,5 mill. kroner til årsverk lagt inn i fylkeskommunane sitt rammetilskot, fordelt etter kriteria i inntektssystemet. Årsverksmidlane og heilskapen i forvaltningsreforma er nærare omtalt i Prop. 1 S (2009–2010) Kommunal- og regionaldepartementet .

Bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjarar

Fylkesmannen har ei viktig rolle i å formidle heilskapleg statleg politikk og forventingar til kommunane, på tvers av alle politikkområda. I den samanhengen er Fylkesmannen bindeledd og samordnar mellom staten og kommunane. Fylkesmannen skal òg vere meklar mellom ulike statlege sektorar, kommunar og fylkeskommunar. Endringane som følgjer av forvaltningsreforma understrekar behovet for auka samarbeid i dei regionale partnarskapa.

Fylkesmannen medverkar til samordning av kommuneretta verksemd i regionale statsetatar. Fylkesmannen arbeider for å vidareutvikle møteplassar der Fylkesmannen, fylkeskommunane, kommunane, KS – kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon – og andre regionale aktørar kan møtast og gjensidig utveksle erfaringar, tilbakemeldingar og formidle forventningar. Fylkesmannen er ein sentral informasjonskanal frå kommunane og innbyggjarane attende til staten og departementa.

Fylkesmannen har ei viktig oppgåve i å gi kommunane rettleiing – juridisk og fagleg. Dette omfattar mellom anna å hjelpe til med kunnskap om bruk av lover og rettleiing om generell sakshandsaming i kommunane slik at kvaliteten vert sikra. Fylkesmannen førebur saker for direktorat og departement og har oppgåver knytte til innsamling og samordning av data.

På miljø- og landbruksområdet varetek Fylkesmannen nasjonal politikk og målsetjingar som er fastsette av Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen medverkar til å omsetje desse til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen gjennomfører nasjonal miljø- og landbrukspolitikk der staten er forplikta etter internasjonale avtalar.

Fylkesmannen, saman med Helsetilsynet i fylka, medverkar til utveksling av erfaringar med samhandling mellom kommunale helse- og sosialtenester og dei andre helsetenestene (spesialisttenester og tannhelsetenesta). Fylkesmannen medverkar til at gode løysingar vert gjort kjende, og skaper møteplassar som stimulerer til auka samarbeid på tvers av sektorar og fagområde.

Oppvekst og levekår for barn og unge har stor innverknad på deira fysiske, psykiske og sosiale utvikling. Gjennom ansvaret for samordning gir Fylkesmannen råd til og motiverer kommunane til samarbeid mellom tenester og ulike institusjonar som arbeider for og med barn og unge og deira familiar. Dette gjeld mellom anna helsestasjonar, skulehelsetenesta, barnehagar, skular, barnevern og ulike frivillige organisasjonar.

Fylkesmannens oppgåver i samband med kommune- og fylkesplanlegginga er sentrale verkemiddel for formidling av statleg sektorpolitikk på viktige område. Samstundes fremmer Fylkesmannen heilskapleg statleg politikk i planleggingsarbeidet og medverkar med heilskapleg formidling av statleg arealpolitikk slik at dei nasjonale måla for lokal og regional omstilling og utvikling på kvart område er i samsvar med andre nasjonale mål. I høve til innbyggjarane og næringslivet sikrar Fylkesmannen som klageinstans at kommunale planvedtak prosessuelt og innhaldsmessig er i samsvar med plan- og bygningslovgivinga og nasjonale interesser.

Fylkesmannen samordnar samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i fylket, og har ei rolle som pådrivar og rettleiar i dette arbeidet. Fylkesmannen har eit regionalt samordningsansvar ved kriser, katastrofar, ved krig og liknande forhold. Fylkesmannen rettleier kommunane og arbeider nært med Forsvaret og andre statsetatar i dette.

Utøving av myndigheits-, rettstryggleiks- og kontrollfunksjonen

Fylkesmannen er forvaltings- og tilsynsstyresmakt etter fleire lover. Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunane og andre offentlege og private verksemder etterlever nasjonalt regelverk. Fylkesmannen er vidare ein viktig rettstryggleiksinstans for innbyggjarane i klagesaker der kommunane fattar rettsleg bindande vedtak. Innbyggjarane skal oppleve Fylkesmannen som ein uhilda instans som vektlegg rettstryggleik som grunnlag for vedtaka sine. Ved handsaminga av søknader om fri saksførsel og fritt rettsråd sikrar Fylkesmannen innbyggjarar med mindre god økonomi naudsynt juridisk bistand i saker som har mykje å seie for dei personleg eller for velferda deira. For å sikre betre løysingar for innbyggjarane på rettshjelpsområdet, har regjeringa i St.meld. nr 26 (2008–2009) Om offentleg rettshjelp foreslått å etablere ei juridisk førstelinjeteneste der alle, uavhengig av inntekt og formue, får tilgang til ein gratis førstegongskonsultasjon på inntil ein time. I meldinga går regjeringa inn for at kompetansen til å gi rettshjelp på sakførselstadiet blir samla hos fylkesmennene for å sikre ei einsarta handsaming. Fylkesmannen vil mellom anna som følgje av dette kunne få fleire arbeidsoppgåver knytte til rettshjelp.

Fylkesmannens oppgåver knytte til verksemda til overformynderia er òg med på å sikre hjelp til dei som treng det for å ivareta interessene sine på det økonomiske og/eller det personlege området. Regjeringa har i Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) Om lov om vergemål lagt fram forslag om ny verjemållov.

Fylkesmannen rettleier kommunane i økonomisk planlegging og forvalting og sørgjer for at kommunar som er i økonomisk ubalanse eller har store innsparingskrav vert fylgde opp spesielt. Fylkesmannen rettleier og formidlar kunnskap om regelverk på økonomi, planlegging og rapportering til kommunane. Fylkesmannen godkjenner garantivedtak over 500 000 kroner og gjennomfører lovlegkontroll av budsjett og godkjenner vedtak om låneopptak i kommunar som er under vilkårsbunden kontroll (ROBEK).

Fylkesmannen har ei omfattande og viktig oppgåve med å føre tilsyn på ulike samfunnsområde som er viktige for velferd, helse og tryggleik for innbyggjarane og for miljøtilhøva i fylket. For å utøve tilsyn og kontroll med at verksemdene følgjer lover og reglar, nyttar Fylkesmannen seg av ulike metodar i høve til ulike tilsynsobjekt og tenesteområde. Det er eit mål at Fylkesmannen utviklar ei foremålstenleg samordna tilsynsverksemd og -metodikk. I kap. 10A i kommuneloven er Fylkesmannen tillagd ei lovfesta rolle som samordnar av statleg tilsynsverksemd retta mot kommunane. Samordninga skal medverke til at staten sitt tilsyn med kommunane vert oversiktleg, einskapleg og føreseieleg.

Fylkesmannen har ein viktig kontrollfunksjon knytt til tilskotsordningane i landbruket. Det er eit mål at Fylkesmannen gjennom regionale risikovurderingar skal sikre ei kvalitativt god og effektiv forvalting av tilskotsordningane. Arbeidet er viktig for tilliten til forvaltninga og for legitimiteten til ordningane.

Fornyings- og utviklingsverksemd

Fylkesmennene stimulerer til lokalt omstillings- og fornyingsarbeid. Fylkesmennene sitt arbeid med omstilling og fornying må òg sjåast i samanheng med arbeidet knytt til rettleiing, samordning og skjønstildeling, og med regjeringa sitt arbeid med fornying i kommunesektoren, der Kvalitetskommuneprogrammet har inngått som ei viktig satsing i perioden 2006–2009. Programmet vert avslutta 1. halvår 2010.

Arbeidet med styrking av lokalt miljøvern skal vidareførast. Regjeringa ser dette i samanheng med fornyingsarbeidet i kommunal sektor med sterkare fokus på kommunane si rolle som samfunnsutviklarar. Fylkesmannen medverkar i gjennomføringa med fagleg støtte og deltaking i nettverkssamarbeid, rettleiing og kompetanseutvikling. Arbeidet vert samordna med det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet.

I St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen , framhever ein fylkesmennene si rolle som medspelar for kommunal- og privat sektor på klimaområdet, og som forvaltingsmyndigheit i forhold til landbrukspolitiske verkemiddel. Fylkesmannen har saman med fylkeskommunane ei viktig oppgåve som pådrivarar for at kommunane utnyttar landbruket sitt potensial i klimaarbeidet gjennom sine klimaplanar og næringsstrategiar.

Handlingsplan for auka tilkomst gjennom universell utforming gjeld for perioden 2009–2013. Fylkesmannen integrerer universell utforming som strategi i verksemda si og legg særleg vekt på å rettleie kommunane om universell utforming på alle relevante politikkområde.

Regjeringa legg vekt på å betre barnevernstenesta si evne til å setje inn eigna hjelpe- og omsorgstiltak for barn som vert utsette for omsorgssvikt og mishandling. Gjennom kontakt med kommunane, stimulerer Fylkesmannen til nytenking, organisasjons- og tiltaksutvikling og kompetanseutvikling i barnevernstenesta.

Dei neste tiåra vil Noreg oppleve demografiske endringar med ei gradvis aldrande befolkning. Gruppa av eldre innvandrarar vil òg auke i åra som kjem. Fylkesmannen medverkar til å førebu kommunane på dei auka oppgåvene dette kan føre til på helse- og sosialtenesta sitt område og sørgjer for at dette vert sett på dagsordenen i kommunal planlegging. Fylkesmannen gir råd og stimulerer til auka brukarstyring og aktiv deltaking frå dei eldre. Den kommunale omsorgstenesta dekkjer etter kvart heile livsløpet, og har dei siste åra fått mange nye brukargrupper med langvarige og samansette problem og lidingar. Dette krev ein annan fagleg kompetanse enn det heimetenestene tradisjonelt har rådd over. Fylkesmannen hjelper kommunane i det utviklings- og omstillingsarbeidet desse nye utfordringane krev, spesielt i høve til kompetanse og fagleg breidd.

Oppgåver på dei einskilde politikkområda

Velferd, helse og personleg tenesteyting

Fylkesmannen fører tilsyn med at innbyggjarane får dei tenester av kommunane som dei i følgje lov og andre føresegner har krav på innan helse- og sosialtenester, barnevern, rusomsorg, utdanning og verjemål.

Gjennom handsaming av klagesaker på tildeling av sosiale tenester, medrekna økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsstønad, sikrar Fylkesmannen at innbyggjarane mottek forsvarlege tenester og ytingar i samsvar med lov og forskrift. Dette ansvaret blir vidareført i forslaget til ny lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga.

Fylkesmannen legg til grunn føringar i rettleiarar og retningslinjer frå Statens helsetilsyn i rettstryggleiksarbeidet sitt. Desse dokumenta er utforma for å sikre einsarta og forsvarleg sakshandsaming i heile landet, både ved Fylkesmannen si handsaming av klager, prøving av vedtak om bruk av tvang og makt etter sosialtenestelova kap. 4 A og i tilsynsarbeid etter sosialtenestelova.

Som ledd i ein heilskapeleg plan for tilsyn med helse- og sosialtenester til eldre for perioden 2009–2012, skal det i 2010 gjennomførast tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til eldre. I samband med satsinga skal det prøvast ut nye tilsynsverktøy. Bruk av umeldt tilsyn vil vere sentralt i denne samanheng. Satsinga vil omfatte tilsyn med kommunar, spesialisthelsetenesta og samhandling mellom tenestene. Det skjer svikt i alle delar av helse- og sosialtenesta, og satsinga vil difor ha eit breitt nedslagsfelt.

Fylkesmannen medverkar til å setje i verk Opptrappingsplanen for rusfeltet (2007–2010) og bidrar til at innsatsen til kommunane vert utvikla i tråd med intensjonane og tiltaka i planen. Fylkesmannen vil i samarbeid med dei regionale kompetansesentra, mellom anna støtte kommunane i arbeidet med å betre kvalitet og kompetanse på rusfeltet. Embeta sine rådgivarar innan rusfeltet vert finansierte over Helse- og omsorgsdepartementet si løyving og rusarbeidet skal sjåast i samanheng med Fylkesmannen sitt arbeid innan det psykiske helsefeltet og NAV.

Opptrappingsplanen for psykisk helse vart avslutta i 2008. I 2010 har Fylkesmannen ei viktig rolle i å medverke til at tiltak og arbeidsmåtar som er sette i verk i planperioden, vert vidareførte og vidareutvikla. Fylkesmannen følgjer opp og kvalitetssikrar kommunane si rapportering om utviklinga av det psykiske helsearbeidet. Embeta sine rådgivarar innan det psykiske helsefeltet er finansierte over Helse- og omsorgsdepartementet si løyving, og arbeidet med psykisk helse skal sjåast i samanheng med Fylkesmannen sitt arbeid på rusfeltet.

Fylkesmannen følgjer opp Nasjonal strategi for habilitering og rehabilitering 2008–2011 overfor kommunane på oppdrag frå Helsedirektoratet. Sentrale tiltak er etablering av koordinerande eining for habilitering og rehabilitering, jf. forskrift om habilitering og rehabilitering av 19.12.2001 og utvikling av god praksis i arbeidet med individuelle planar til tenestemottakarar med behov for langvarige og koordinerte tenester, jf. forskrift om individuell plan av 23.12.2004.

Kap. 4A i lov om pasientrettar om helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, trådde i kraft 1.1.2009. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket er tillagde oppgåver knytte til klagehandsaming, overprøving og kontroll av einskildvedtak og tilsynsoppgåver. Embeta er styrkte over Helse- og omsorgsdepartementet si løyving til oppgåva.

Fylkesmannen medverkar til utvikling av kompetanse og kvalitet i sosialtenesta og legg til rette for utvikling av bustadsosialt arbeid, rettleiing i personleg økonomi og andre oppgåver i kommunane knytte til innsatsen mot fattigdom. Saman med Arbeids- og velferdsetaten og representantar frå kommunane i fylket deltek Fylkesmannen i den regionale samordninga av NAV-reforma. Fylkesmannen har ei sentral oppgåve i å gi råd i arbeidet med å etablere dei lokale NAV-kontora.

Fylkesmannen meklar i tvistar som hindrar Arbeids- og velferdsetaten og kommunane i å inngå avtale om felles, lokale NAV-kontor, jf. forskrift til arbeids- og velferdsforvaltingslova av 12.3.2007. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylka skal følgje omorganiseringa når det gjeld integrering av andre helse- og sosialtenester med tanke på å identifisere område med fare for svikt.

Kvalifiseringsprogram med tilhøyrande kvalifiseringsstønad for utsette grupper blir forvalta av NAV-kontoret. Fylkesmannen vil òg i 2010 arbeide med implementering av programmet.

Regjeringa vil betre rettstryggleiken til personar som søkjer om stønad til livsopphald frå kommunen, og i tillegg det arbeidsretta kvalifiseringsprogrammet frå NAV-kontora. Som følgje av dette får fylkesmannsembeta heimel i lov til å føre tilsyn med tenestene samstundes som Statens helsetilsyn skal ha ansvar for det overordna faglege tilsynet, jf. Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen . Kommunane blir samstundes pålagde å føre internkontroll med tenestene. Tilsyn og internkontroll vil til saman betre kvaliteten på tenestene og medverke til at dei vert retta inn mot dei rette målgruppene.

Fylkesmannen formidlar nasjonale satsingar i folkehelsepolitikken, deltek i den regionale partnarskapen for folkehelse og medverkar til samordning av ulike politikkområde som har innverknad på folkehelsa. Fylkesmannen syter for helsefagleg kunnskap, rådgiving og rettleiing i folkehelsespørsmål regionalt og lokalt, og medverkar i arbeidet for ei jamnare sosial fordeling av helse i befolkninga. For å bidra til ei styrking av det førebyggjande arbeidet i kommunane, foreslår regjeringa i løyvinga for 2010 ein auke på 230 mill. kroner i kommunane sine frie inntekter til formålet. Satsinga må sjåast i samanheng med stortingsmeldinga om samhandlingsreforma. Oppfølginga av den kommunale satsinga på førebyggjande helsetenester vil vere ei viktig oppgåve for Fylkesmannen. I samarbeid med Helsedirektoratet vil Fylkesmannen formidle tilgjengeleg kunnskap om gode førebyggjande tiltak til kommunane. Fylkesmannen medverkar med oversikt over kommunens aktivitet for å styrkje det førebyggjande arbeidet i helsetenesta.

I tråd med St.meld. nr. 25 (2005–2006) Mestring, muligheter og mening vil Fylkesmannen syte for at dei kommande omsorgsutfordringane vert sette på dagsorden i kommunane. Fylkesmannen vil initiere og følgje opp planarbeidet i kommunane for å møte desse utfordringane. I tråd med krava til framtidas omsorgsteneste medverkar Fylkesmannen i arbeidet med å utvikle både institusjonstenestene og heimetenestene. Omsorgsplan 2015 lyfter fram fire store prosjekt: 10 000 nye årsverk i pleie- og omsorgstenesta, 12 000 nye omsorgsplassar, Demensplan 2015 og Kompetanseløftet 2015. I samarbeid med mellom anna KS og Husbanken, sikrar Fylkesmannen at alle tiltaka og delplanane i Omsorgsplan 2015 vert følgde opp som ein heilskapleg plan. Embeta vert tilførde ressursar over Helse- og omsorgsdepartementet si løyving for å følgje opp Omsorgsplan 2015.

Oppvekst, barnehagar, utdanning og likestilling

Tilsyn er hovudoppgåva til Fylkesmannen på barnevernsområdet. Gjennom individretta og systemretta tilsyn arbeider Fylkesmannen for at rettstryggleiken for barn og unge vert sikra i samsvar med regelverket. I 2010 vil embeta prioritere samtalar med barn og unge på institusjon. Frå 2010 vil Fylkesmannen òg få i oppgåve å føre tilsyn med senter for foreldre og barn, jf. Ot.prp. nr. 69 (2008–2009) Om lov om endringar i barnevernsloven.

Fylkesmannen rettleier og følgjer opp kommunane i arbeidet deira på barnevernsområdet og fører tilsyn med den kommunale barnevernstenesta. Fylkesmannen medverkar til at kontakt og samarbeid mellom det statlege barnevernet og kommunane vert til beste for barn og unge. Frå 2010 tek Statens helsetilsyn over ansvaret for det faglege overordna tilsynet med barnevernet. Barne- og likestillingsdepartementet vil framleis vere ansvarleg departement for tilsynet.

Fylkesmannen vil syte for at dei kommunane som var omfatta av det landsomfattande tilsynet i 2008, «Utsette barn og unge – behov for betre samarbeid», får kunnskap om dette tilsynet.

Oppgåva med å føre tilsyn med omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar vert vidareført i dei aktuelle fylkesmannsembeta i 2010.

Frå 2010 vil Fylkesmannen få i oppgåve å føre tilsyn med at kommunen oppfyller pliktene pålagde etter krisesenterlova, jf. Ot.prp. nr. 96 (2008–2009) Om lov om kommunale krisesentertilbod .

Fylkesmannen har sakshandsamings- og informasjonsoppgåver etter ekteskapslova og barnelova, og fører tilsyn med familievernkontora. Fylkesmannen arbeider aktivt og målretta både sjølv som offentleg myndigheit og arbeidsgivar og i eigen region for å fremje likestilling og motverke diskriminering knytt til mellom anna kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne og seksuell orientering på alle politikkområda. Fylkesmannen fører tilsyn og kontroll med at kommunane følgjer opp dei lovpålagde aktivitets- og rapporteringspliktene og gir kommunane rettleiing om kva pliktene inneber.

Barnehagesektoren står framfor monalege strukturendringar når retten til barnehageplass no er innført, og tilskotta til barnehagar vert innlemma i rammetilskottet til kommunane i 2011. Fylkesmannen si rolle som formidlar av nasjonale styringssignal vil bli svært viktig dei nærmaste åra. Fylkesmannen følgjer opp alle kommunane i arbeidet med å dimensjonere for ein lovfesta rett til barnehageplass og har eit særleg fokus på at kommunane opprettheld full barnehagedekning. Fylkesmannen medverkar i oppfølginga av barnehagelova, rammeplanen for barnehagar og kompetansestrategien for barnehagesektoren og forvaltar dei statlege midlane til lokale kompetansetiltak. Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er ei prioritert oppgåve for Fylkesmannen i 2010. Føremålet med tilsynet er å sikre at krava i barnehagelova vert oppfylte og å medverke til å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet.

På utdanningsområdet vil tilsyn vere hovudoppgåva for Fylkesmannen i 2010. Tilsynet medverkar til at grunnopplæringa vert gjennomført i samsvar med opplæringslova og privatskolelova med tilhøyrande forskrifter. Fylkesmannen rettar særleg merksemd mot skular og skuleeigarar der det er grunn til å tru at rettane til elevane ikkje er oppfylte. Fylkesmannen gjennomfører nasjonalt tilsyn med felles metodikk (systemrevisjon) på utvalde område innanfor utdanningssektoren. Fylkesmannen vil òg følgje opp tiltak for auka kvalitet i grunnopplæringa, jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen , spesielt på områda kompetanseutvikling, erfarings- og kunnskapsinnhenting og regelverksetterleving. Embeta vert tilførte ressursar over Kunnskapsdepartementet si løyving til dette.

Arealdisponering og byggjesaker

Fylkesmannen har ansvar for at nasjonal politikk vert formidla og teke vare på i handsaminga av kommunale og regionale planar. Fylkesmannen har ei viktig rolle i høve til å gjennomføre nasjonale mål, setje i verk ny plan- og bygningslov og til å synleggjere kommunane sitt handlingsrom på plan- og miljøområdet. Fylkesmannen legg til rette for ein differensiert arealpolitikk for å oppretthalde busetjinga i distrikta.

Fylkesmannen legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, gode bustader og bumiljø og gode oppvekst- og levevilkår i alle delar av landet. Fylkesmannen legg universell utforming til grunn som strategi for inkludering og likeverd på alle relevante område.

Fylkesmannen samordnar statlege forventningar og interesser i høve til kommunar og fylkeskommunar. Vidare er Fylkesmannen ansvarleg for at regional stat medverkar i regionale planprosessar og i gjennomføring av godkjende planar, mellom anna ved å følgje opp godkjende fylkesplanar og fylkesdelplanar for samordna areal- og transportplanlegging, irekna planar for kjøpesenter. Fylkesmannen og regionale statsetatar deltek òg i ulike partnarskapar for å stimulere den regionale utviklinga.

Fylkesmannen har særleg merksemd på at kommunane held fram med ein streng praksis ved handsaming av plansaker i strandsona og i fjellområda. Fylkesmannen har òg ei viktig oppgåve i å sjå til at kommunane sikrar miljøverdiar i vassdragsnaturen. Ved handsaming av plansaker medverkar Fylkesmannen til at kommunane tek omsyn til truga naturtypar og truga og sårbare artar, mellom anna i arbeidet med å sikre villreinen sine leveområde gjennom regionale planprosessar.

Fylkesmannen formidlar dei nasjonale måla for bygningspolitikken og arbeider med sikte på god kvalitet i byggmiljø og effektiv byggjeprosess både når det gjeld si eiga handsaming av klager og når det gjeld sakshandsaming i kommunane. I Ot. prp. nr. 45 (2007–2008) Om lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) er det føresett at det skal vere tidsfrist for Fylkesmannen si sakshandsaming, og den nye plan- og bygningslova inneheld heimel for å regulere dette i forskrift. Det er i byggjeforskrifta foreslått 12 veker for Fylkesmannsembeta si behandling av klagesaker etter plan- og bygningslova.

Regjeringa har lagt opp til ei meir restriktiv linje når det gjeld omdisponering av dyrka og dyrkbar mark. Fylkesmannen har ei viktig rolle i å følgje opp dei nasjonale føringane for jordvern, der målet er å halvere den årlege omdisponeringa av jordressursar innan 2010. Fylkeslandbruksstyret vert avvikla frå 1.1.2010. Frå same tidspunkt vil Fylkesmannen kunne fremje fråsegn i plansaker ut frå landbruks- og jordvernsinteresse. Det er viktig at Fylkesmannen medverkar til at ivaretaking av viktige landbruksområde vert sett på den politiske dagsordenen i kommunane og til at kommunane utarbeider kjerneområde for landbruk i plansamanheng.

I 2010 vil Fylkesmannen starte ei langsiktig forvalting av 20 utvalde kulturlandskap i jordbruket. Dette vil mellom anna omfatte etablering av avtaleverk, forvalting av økonomiske midlar og dialog med grunneigarar og kommunar.

Fylkesmannen følgjer òg med på kommunane si praktisering av reglane i jord- og konsesjonslovgivinga, mellom anna i saker om deling, omdisponering og buplikt. Gjennom Stortinget si handsaming av Ot.prp. nr. 44 (2008–2009) Om lov om endring av lov om odelsretten og åsetesretten , lov om konsesjon ved erverv av fast eiendom mv. og lov om jord mv ., er det vedteke ei rekkje endringar i odelsloven, konsesjonsloven og jordloven. Fylkesmannen si oppfølging av kommunen sine vedtak i første instans er styrkt gjennom innføring av ein heimel som gir Fylkesmannen mynde til å påleggje kommunane å rapportere om vedtaka sine. I dialogen med kommunane vil Fylkesmannen framleis ha auka merksemd på priskontroll i konsesjonssaker, slik at prisane på landbrukseigedomar held ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling.

Landbruksbasert forvalting og næringsutvikling, naturressursforvalting og miljøvern

Regjeringa har som mål å stanse tapet av naturmangfald innan 2010, og Fylkesmannen sitt arbeid for å sikre leveområde, naturressursar og artar er ein føresetnad for å kunne komme nærare dette målet. Fylkesmannen har òg ei viktig rolle i arbeidet med tilrettelegging for verdiskaping knytt til verneområda. Den nye naturmangfaldlova tredde i kraft 1.7.2009. Fylkesmannen har ei viktig rolle i implementeringa av den nye lova, mellom anna opplæring av kommunane og arbeid med prioriterte artar og utvalde naturtypar.

Det er ei målsetjing å få til eit taktskifte for etablering av ny næringsverksemd i landbruket, mellom anna ved at Fylkesmannen i samspel med kommunar og den regionale partnarskapen arbeider med næringsutvikling og innovasjon. Det er viktig å få til eit godt samspel mellom næringsliv, forsking og forvalting. Fylkesmannen, saman med Innovasjon Norge og fylkeskommunen, samarbeider med kommunane når det gjeld styrking av det kommunale næringsapparatet. Fellesprosjektet «Kommunane som førstelinje for næringsutvikling» held fram, og første del av arbeidet skal vare ut 2010.

Fylkesmannen har ansvar for gjennomføring av regionale miljøprogram i jordbruket for planperioden 2009–2012. Programmet er mellom anna retta mot bevaring av kulturlandskap og reduksjon i forureininga frå landbruket.

Regjeringa har sett som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Fylkesmannen medverkar i satsinga til regjeringa på dette området gjennom å følgje opp tiltak i dei fylkesvise handlingsplanane på økologisk landbruk. Det er oppretta økologiske føregangsfylke, der Fylkesmannen vil få eit særskilt ansvar for utvikling innan økologisk produksjon og forbruk.

Regjeringa har eit mål om berekraftig forvalting, auka verdiskaping og miljø- og energigevinstar gjennom betre utnytting av skogressursane. Fylkesmannen er ein pådrivar for auka bruk av trevirke og treprodukt og biomasse til bioenergi. Fylkesmannen har òg eit ansvar knytt til dei skogpolitiske verkemidla.

Inn på tunet er styrkt gjennom den særskilde 3-årige satsinga «Inn på tunet-løftet i kommunene». Målet er å forankre og styrkje Inn på tunet-tilbodet i plan- og strategiarbeidet til kommunane og å finne gode samarbeidsformer og modellar i tenesteutviklinga. Satsinga skal skje ved involvering av kommunane, den regionale partnarskapen og andre aktuelle verksemder. Fylkesmannen vil ha ei sentral rolle innanfor mange av tenesteområda for Inn på tunet som tilsynsmyndigheit og rådgivar for kommunane.

Fylkesmannen har ei viktig rolle i arbeidet med å sikre truga, sårbare og spesielt verdifulle naturtypar. Det arbeidet som Fylkesmannen utfører legg grunnlaget for å halde oppe tempoet i verneplanarbeidet, både i nasjonalparkplanen, skogvernet og i marin verneplan. Regjeringa har styrkt arbeidet med å lage forvaltingsplanar og få til betre skjøtsel av verneområda. Innsatsen til Fylkesmannen er avgjerande for å få til ei forvalting slik at verneverdiane kan haldast oppe. Auka næringsutvikling i verneområde er eit viktig mål for regjeringa.

Innanfor artsforvalting er arbeid for å ta vare på villaksen, rovviltforvalting og betre villreinforvalting viktige oppgåver for Fylkesmannen. Fylkesmannen medverkar til samordning av landbrukspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel i område der det kan oppstå konflikt mellom beiteinteresser og vern av rovvilt, og arbeider for å sikre god oppfølging og eit godt samarbeid med rovviltnemndene i regionen. I område med reindrift må reindrifta sine interesser ivaretakast. Fylkesmannen medverkar til å betre kunnskapen om truga artar i sitt fylke og til utarbeiding og gjennomføring av handlingsplanar for truga artar. Fylkesmannen sitt arbeid knytt til kartlegging av naturmangfald og kvalitetssikring av data gir viktig informasjon til nasjonale databasar og grunnlag for meir effektiv og målretta forvalting av artar og naturtypar. Fylkesmannen formidlar òg data for tilstand og utvikling av miljøet i sitt fylke gjennom Miljøstatus, og medverkar generelt til vidare utvikling av Miljøstatus.

Frå 2010 får fylkeskommunen overført Fylkesmannen si rolle som vassregionmyndigheit. Fylkeskommunen overtek dermed rolla som prosessleiar. Fylkesmannen vil framleis ha det miljøfaglege ansvaret for vassforvalting regionalt, og ei tilfredsstillande oppfølging av vassforvaltingsforskrifta krev at Fylkesmannen og Fylkeskommunen samarbeider tett. Fylkesmannen ser til at miljøverdiane og omsynet til landbruket i vassdraga blir ivaretekne i forvaltings- og tiltaksplanar.

Regjeringa si målsetjing er at utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar ikkje skal føre til helseskade eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Fylkesmannen har ei rekkje viktige oppgåver knytte til helse- og miljøfarlege kjemikaliar, mellom anna tilsyn, sanksjonar og oppfølging av industriverksemder og avfallsanlegg. Arbeidet med ureina grunn og opprydding i ureina sediment er òg ei viktig satsing for å nå desse måla. Fylkesmannen sitt arbeid med grunnforureining og nedlagde avfallsdeponi blir vidareført. Fylkesmannen syter vidare for at utslepp frå kommunal avløpssektor er i samsvar med nye avløpsreglar, og arbeider for å redusere utslepp ytterlegare for å medverke til å sikre god økologisk tilstand i vassførekomstane innan 2021, jf. vassforvaltingsforskrifta.

Innanfor klimaområdet gjer Fylkesmannen eit viktig arbeid i å formidle nasjonale klimamål, rettleie kommunane og syte for at arealplanar tek klimaomsyn i høve til busetjings- og utbyggingsmønster, transport, behov for energi og tilrettelegging for fornybar energi.

Arbeidet knytt til dei tekniske planleggingstenestene i landbruket skal utfasast i Fylkesmannsembeta, og oppgåva vil frå 2010 bli overført til Norsk Landbruksrådgiving.

Samfunnstryggleik og beredskap

Regjeringa legg vekt på samarbeid, samvirke og informasjonsutveksling for å sikre ei heilskapeleg og samordna krisehandtering på sentralt, regionalt og lokalt nivå, jf. St.meld. nr. 22 (2007–2008) Samfunnsikkerhet . Regjeringa vil gjennom Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap halde fram med innføringa av krisestøtteverktøy hos fylkesmennene. Krisestøtteverktøyet er eit system for loggføring og rapportering som mellom anna gir eit meir sameint situasjonsbilete.

Regjeringa ser det som viktig at den nasjonale satsinga på tilpassing til klimaendringar vert reflektert i regional og lokal beredskapsførebuing og krisehandtering. Dette arbeidet vil halde fram i 2010. Som del av regjeringa sitt arbeid vil Fylkesmannen sjå til at analysar av risiko og sårbarheit vert gjennomførte, beredskapsplanar vert vidareutvikla og øvingar og opplæring vert sette i verk. Rett dimensjonerte og øvde rednings- og beredskapsorganisasjonar er viktige føresetnader for god handtering. Regjeringa legg òg vekt på at erfaringar frå tilsyn, øvingar, aktuelle hendingar og annan aktivitet skal dokumenterast og kunne nyttast blant alle fylkesmannsembeta. Stortinget har vedteke lov om kommunal beredskapsplikt. Dette fører ikkje til nye oppgåver for Fylkesmannen, men formaliserer nokon av dei tradisjonelle oppgåvene Fylkesmannen har i forhold til kommunane.

I ein situasjon med pandemisk influensa i Noreg, ser regjeringa det som svært viktig at Fylkesmannen er i stand til å ivareta koordinert rapportering og formidling av informasjon mellom kommunar og den sentrale helse- og sosialforvalting, mellom anna om behov for assistanse til kommunane og samhandling mellom kommunane og helseføretaka.

Rapport 2008

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Fylkesmennene har i 2008:

  • Gitt rettleiing og informasjon til sosialtenesta i kommunane.

  • Handsama 2809 klager på kommunale vedtak om økonomisk stønad etter sosialtenestelova.

  • Arbeidd med oppfølginga av Handlingsplan mot fattigdom.

  • Teke del i arbeidet med nedbygging av hinder for personar med nedsett funksjonsevne mellom anna gjennom å sjå til at universell utforming vert brukt som strategisk verkemiddel for betre tilkomst til helse- og omsorgstenester.

  • Informert om dei økonomiske og juridiske rammevilkåra for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og introduksjonsordninga.

  • Handsama om lag 40 klager på kommunale vedtak etter lov om norskopplæring og introduksjonsordning for nykomne innvandrarar (introduksjonslova).

  • Gjennomført 26 seremoniar for meir enn 2000 nye statsborgarar. Oppslutninga om ordninga var på om lag 20 pst. av dei som vart inviterte til seremoni.

Barne- og likestillingsdepartementet

Fylkesmennene har i 2008:

  • Ført tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barnevernstenesta i kommunane. I det individretta tilsynet i institusjonane er måloppnåinga med få unnatak over 95 pst. Fylkesmennene har i ulik grad følgt opp krav om systemrevisjon i institusjonane.

  • Saman med Helsetilsynet i fylka gjennomført eit felles landsomfattande tilsyn med tema om korleis kommunane samordnar tenester og tiltak til utsette barn og unge som treng hjelp frå kommunale tenester regulerte i barneverns-, helse-, og sosiallovgivinga. Av 114 kommunar var det berre 11 kommunar som ikkje fekk avvik.

  • Setje i verk kompetansehevande tiltak i det kommunale barnevernet etter behov.

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus har ført tilsyn med omsorgsenter for einslege mindreårige asylsøkjarar.

  • Gjennom kurs og møte arbeidd med aktivitetsplikta i likestillingslova med sikte på å styrkje embetas kunnskap og rettleiingsrolle i høve til kommunane.

  • Handsama søknader om separasjon og skilsmisse. I 2008 vart det innvilga 11 742 separasjonar og 10 158 skilsmisser.

Helse- og omsorgsdepartementet

Fylkesmennene har i 2008:

  • Gjennomført 179 tilsyn som systemrevisjonar. Av desse var 176 retta mot kommunar og 3 mot andre verksemder. I 143 av tilsyna blei det konstatert brot på lov eller forskrift. I 139 av tilsyna blei det undersøkt om krav både i sosialtenestelova og helselovgivinga blei følgde. Dei 65 systemrevisjonane som ikkje var ein del av dei landsomfattande tilsyna vart gjennomførte på bakgrunn av informasjon som Fylkesmannen hadde om mellom anna risiko og sårbarheit i eige fylke.

  • Gjennomført til saman 224 stadlege tilsyn knytte til bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming i medhald av sosialtenestelova kap. 4A. I tillegg blei det gjennomført 50 andre stadlege tilsyn. Det er ein auke frå året før.

  • Handsama 3865 klagesaker etter sosialtenestelova. 87 pst. av sakene vart handsama innan 3 månader. 11 embete oppfylte kravet om at 90 pst. av klagesakene skulle handsamast innan tre månader. Talet på klagesaker etter sosialtenestelova er noko lågare enn tidlegare år.

  • Medverka til ei styrking av folkehelsearbeidet i fylke og kommunar gjennom betre samordning mellom fleire politikkområde, fagleg rådgiving og rettleiing på ulike nasjonale tematiske satsingsområde.

  • Drive rådgiving og rettleiing om alkohollova til kommunane, og handsama klagesaker etter same lov.

  • Drive rådgiving og informasjonsverksemd overfor helsetenesta, sosialtenesta og pleie- og omsorgstenesta.

  • Medverka i arbeidet med Omsorgsplan 2015 irekna Demensplan 2015 og Kompetanseløftet 2015, slik at dei framstår som ein heilskapleg plan.

  • Medverka i oppgåver knytte til Opptrappingsplanen for rusfeltet.

  • Medverka i arbeidet med Opptrappingsplanen for psykisk helse gjennom rettleiing til kommunane, og medverka til god samhandling på individ- og systemnivå. Fylkesmannen har formidla oversikt og status på feltet til sentrale styresmakter.

  • Medverka i oppfølging av tiltak i Nasjonal strategi for habilitering og rehabilitering 2008–2011 overfor kommunane.

Helsetilsynet i fylka har i 2008:

  • Gjennomført 303 tilsyn som systemrevisjonar med helsetenester. Av desse tilsyna var 215 retta mot kommunane og 78 retta mot spesialisthelsetenesta. I 223 av tilsyna blei det funne brot på lov eller forskrift.

  • Avslutta 1998 saker(enkeltsaker) om mogleg svikt i helsetenesta. Det er framleis store forskjellar i sakshandsamingstida mellom embeta.

  • Avslutta 773 klagesaker om manglande oppfylling av rettskrav på helsetenester. Om lag 40 pst. av sakene er knytte til dekning av naudsynte reiseutgifter mellom heim og behandlingsstad (pasientrettlova § 2-6).

For ein nærmare presentasjon av resultata av tilsyn viser ein til Prop. 1 S (2009–2010) Helse- og omsorgsdepartementet , kap. 721 Statens helsetilsyn.

Justis- og politidepartementet

Fylkesmennene har i 2008:

  • Gjennomført 88 tilsyn med samfunnstryggleik og beredskapsarbeid i kommunane.

  • Halde 255 kriseøvingar knytte til kommunane.

  • Ytterlegare 2 fylke har utarbeidd risiko og sårbarheitsanalysar for fylket (fylkes-ROS). Det er no berre to fylke som ikkje har ferdigstilt fylkes-ROS.

  • Handsama mange kommuneplanar for å sikre at samfunnstryggleik og beredskap vert teke omsyn til i den kommunale planlegginga.

  • Med bakgrunn i omsynet til samfunnstryggleik og beredskap, reist/varsla motsegn til arealdelen i kommuneplanane i 10 tilfelle, og til 102 reguleringsplanar.

  • 15 embete har gjennomført møte i fylkesberedskapsrådet i 2008.

  • Handsama til saman 321 klagesaker etter verjemålslova.

  • Ført tilsyn med og halde kurs for overformynderia i kommunane.

  • Handsama om lag 21 000 saker om fritt rettsråd. Dei fleste av desse sakene er innvilga av advokat. Fylkesmannen har òg handsama om lag 150 saker om fri sakførsel.

Kommunal- og regionaldepartementet

Fylkesmennene har i 2008:

  • Arbeidd for at statleg forvalting fungerer mest mogleg samordna i sin dialog med kommunane.

  • Stimulert kommunane i omstillings- og fornyingsarbeidet deira og medverka til å skape kultur for omstilling i kommunane. Fylkesmannen har i 2008 gitt om lag 110 mill. kroner i skjønnsmidlar til 386 utviklingsprosjekt. Prosjekta har vore gjennomførte i einskildkommunar og interkommunale samarbeid, og har mellom anna omhandla politiske og administrative endringar, utvikling av serviceerklæringar og brukarundersøkingar og prosjekt med arbeidsmiljø- og personalforvaltingstiltak.

  • Rettleidd kommunane i økonomiforvaltinga. Fylkesmennene kontrollerte og godkjende budsjett og låneopptak for kommunar som er førde opp i Register om vilkårsbunden godkjenning og kontroll (ROBEK). I 2008 blei det sett i verk 49 lovlegkontrollar av budsjett, der 4 ikkje blei godkjende. Av 141 søknader om låneopptak frå ROBEK-kommunane blei 127 godkjende. Embeta følgde òg opp arbeidet med forpliktande plan for omstilling og kostnadsreduksjonar i ROBEK- kommunane.

  • Hatt fokus på finansforvalting i kommunane.

  • Godkjent til saman 129 kommunale garantiar av dei 133 som det vart fatta vedtak om.

  • Rettleidd kommunane om rapportering og bruk av KOSTRA-data.

  • Utført lovlegkontroll av kommunale vedtak. I 2008 vart til saman 102 saker handsama. 35 kommunale vedtak vart kjende ugyldige i 2008.

  • Handsama 4481 klagesaker etter plan- og bygningslova i 2008 noko som er tilnærma likt som i 2007. Sakshandsamingstida er på gjennomsnittleg 3,4 månader, mot 3 månader i 2007.

Kunnskapsdepartementet

Fylkesmennene har i 2008:

  • Prioritert arbeidet med full barnehagedekning gjennom møte og samlingar med kommunane og informasjons- og rettleiingsarbeid. Embeta har hatt særleg fokus på kommunar som har hatt utfordringar med å skulle oppfylle retten til barnehageplass.

  • Gjennomført tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Det er variasjonar mellom embeta i omfanget av tilsynet, men alle embete har arbeidd målretta med tilsyn.

  • Medverka i oppfølginga av Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010) gjennom å forvalte statlege midlar til lokale kompetansetiltak og rette innsatsen mot at aktørane i sektoren følgjer opp aktuelle satsingar for kvalitet i barnehagane.

  • Ført tilsyn og kontroll med at skuleeigarane følgjer lover og anna regelverk på utdanningsområdet. Rapporteringa viser framleis variasjonar mellom embeta i kvaliteten på tilsynet, men totalt har det vore ei positiv utvikling.

  • Gjennomført felles nasjonalt tilsyn på utdanningsområdet med systemrevisjon som metode. Temaet var om skuleeigar oppfyller kravet i opplæringslova om tilpassa opplæring og spesialundervisning, inkludert tilpassa opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar og spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder. I tillegg vart det ført tilsyn med om skuleeigar i samband med dette har eit forsvarleg system for vurdering av om krava i lov og forskrift vert oppfylde. Tilsynet omfatta både offentlege og private skuleeigarar, og resultata viste at 86 pst. av skuleigarane hadde avvik. Vidare vart det ført nasjonalt tilsyn med om fylkeskommunane har eit forsvarleg system for å sikre retten for elevane til eit minste årstimetal. Resultatet viste at ingen fylkeskommunar oppfylde lovkravet. Utdanningsdirektoratet følgjer opp resultata.

  • Medverka til oppfølging av reforma Kunnskapsløftet, mellom anna gjennom informasjonsarbeid.

  • Medverka til gjennomføring av Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008.

  • Utført faste oppgåver knytte til nasjonale prøver, eksamen, klagehandsaming (2699 klagesaker, ein reduksjon på 9,7 pst. frå 2007) og tilskottsforvalting.

Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmennene har i 2008:

  • Gitt råd og rettleiing på landbruksområdet generelt, og særleg overfor kommunane gjennom kompetansetiltak og møteverksemd.

  • Gjennomført forvaltningskontroll i overkant av 90 kommunar og besøkskontroll på om lag 50 jordbruksføretak. Kontrollane viser at det er stor variasjon særleg når det gjeld formelle krav knytte til sakshandsaminga i kommunane. Det er funne avvik der ein har pålagt endra rutinar. I nokre tilfelle har fylkesmannen kravd at tilskot utbetalte på feil grunnlag skal tilbakebetalast.

  • Styrkt samarbeidet med rådmenn og ordførarar slik at landbrukspolitikken vert sett på dagsordenen i kommunane.

  • Revidert og følgt opp dei regionale strategiane for landbruksbasert næringsutvikling og gitt innspel til evalueringa av regionale miljøprogram. Næringsorganisasjonane og den regionale partnarskapen har delteke i arbeidet.

  • Stimulert til samarbeid, innovasjon og verdiskaping gjennom dei fire programma for matproduksjon, reiseliv, trebasert innovasjon og bioenergi.

  • Gjennomført ei revidering av dei regionale miljøprogramma.

  • Følgt opp regjeringa si satsing på skogbruk og bioenergi ved å utarbeide regionale strategiar for auka avverking og auka verdiskaping i samarbeid med næringa og kommunane og regionale partnarskapar.

  • Medverka i regjeringa si satsing på økologisk landbruk gjennom revidering av fylkesvise handlingsplanar for økologisk landbruk.

  • Utarbeidd tiltak for å redusere forureininga i landbruket.

  • Medverka til auka samordning av landbruks- og miljøpolitiske verkemiddel i område med beiting og rovvilt, mellom anna ved oppfølging av rovviltnemndene.

  • Samarbeidd med statleg forvalting, fylkeskommunar, kommunar og anna statleg forvalting om utviklingsprosjekt, fylkesplanar, kommuneplanar, og andre strategiske næringsplanar.

  • Arbeidd for å hindre at kulturlandskap gror att og nedbygging av dyrka jord gjennom dialog med kommunane og deltaking i planprosessar.

  • Utforma fagleg underlag for kåring av 20 utvalde kulturlandskap.

  • Følgt opp ordninga som skal syte for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell ved å tildele tilskot til særskilde tiltak i aktuelle kommunar.

Miljøverndepartementet

Fylkesmannen har i 2008:

  • Arbeidd med gjennomføring av verneplanar knytte til nasjonalparkplanen og utvida skogvern, og med forvalting av verneområda.

  • Medverka i arbeidet med gjennomføring av statleg rovviltpolitikk og -forvalting, mellom anna gjennom å sikre bestandar av bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn i tråd med etablerte bestandsmål i regionen, og ved å medverke til å minimere dei skadar desse rovviltartane har valda husdyr og tamrein. Arbeidet har vore i tråd med føringar frå rovviltnemnda i kvar einskild region.

  • Medverka i arbeidet med å utrydde lakseparasitten Gyrodactylus salaris i aktuelle fylke.

  • Arbeidd med kartlegging av naturmangfald i kommunane, mellom anna fordelt tilskot og gitt fagleg rettleiing med spesiell fokus på kvalitetssikring og nasjonale standardar. Fylkesmannen har oppdatert og kvalitetssikra databasar som Naturbase, Rovbase, INON, Vanninfo og Hjorteviltregisteret.

  • Formidla og handsama nasjonal miljøpolitikk i høve til sektormyndigheiter og kommunar, og medverka til samordning av statlege interesser i handsaming av kommunale og fylkeskommunale planar.

  • I tråd med regjeringa sin politikk ført ein streng praksis ved handsaming av plansaker i strandsona og fjellområda.

  • Medverka i gjennomføring av det femårige utviklingsprogrammet på lokalt miljøvern og samfunnsutvikling.

  • Hatt fokus på universell utforming i høve til planlegging, og rettleidd kommunane om dette i arbeidet med kommuneplanar og reguleringsplanar.

  • Teke hand om rolla som forureiningsmyndigheit, både mot næringsliv og kommunale verksemder.

  • Auka sitt eigeinitierte tilsynsarbeid og delteke i tre landsdekkjande og tre regionale kontrollaksjonar på forureiningsområdet. Aksjonane har vist at det framleis er stort behov for meir tilsyn, særleg knytt til miljøgifter og farleg avfall.

  • Delteke i arbeidet med karakterisering, forvaltingsplanar, tiltaksprogram og overvaking knytt til gjennomføringa av vassforskrifta.

  • I dei 9 vassregionane i Noreg leidde det tverrsektorielle vassregionutvalet som har utarbeidd høyringsutkast til forvaltingsplan med tiltaksprogram.

  • Arbeidd med å følgje opp kommunane i å etterkomme krava i nytt avløpsregelverk, mellom anna kursa kommunane i det nye regelverket.

  • Arbeidd med å gjennomføre tiltaksplanar for forureina sediment i dei prioriterte fjordområda, arbeidd med å gi nye løyve til dei avfallsdeponia som skal oppretthalde drifta etter 2009 og vidareført arbeidet med å avslutte dei deponia som ikkje skal drive vidare.

  • Arbeidd med å hente inn miljødata og formidle miljøtilstand og utvikling.

  • Styrkt arbeidet med klimaspørsmål i eige fylke og formidla statlege forventningar til kommunane, formidla klimainformasjon på eigen nettstad og samordna dei regionale aktørane sitt arbeid på området.

Kap. 1510 Fylkesmannsembeta

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

1 200 883

1 193 379

1 208 018

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

280 699

150 000

154 800

 

Sum kap. 1510

1 481 582

1 343 379

1 362 818

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje ordinære lønns- og driftsutgifter for fylkesmannsembeta.

Som følgje av ein forventa auke i talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år i 2010, vert det foreslått å styrkje posten med 2,8 mill. kroner for Fylkesmannen sitt tilsyn med omsorgssenter. Det vert vidare foreslått å auke posten med 3 mill. kroner i samband med Fylkesmannen sitt ansvar for tilsyn med krisesentertilbodet i kommunane frå 2010.

Det vert foreslått å overføre 0,415 mill. kroner frå kap. 1510 Fylkesmannsembeta, post 01 Driftsutgifter til Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt kap. 650 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, post 01 Driftsutgifter i samband med at ansvaret for sentral annonsering av opplæring i norsk og samfunnskunnskap blir overført frå Fylkesmannen i Buskerud til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet i 2010.

Det vert foreslått å overføre 8,5 mill. kroner frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, post 75 Bedring av funksjonsevnen, hjelpemidler til kap. 1510 Fylkesmannsembeta, post 01 Driftsutgifter i samband med at Fylkesmannens tilsynsansvar òg omfattar tilsyn med økonomisk stønad og kvalifiseringsprogram/ kvalifiseringsstønad frå 1.1.2010, jf. Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsordningen .

I samband med at forvalting av tilskot til kompletterande undervisning og tilskot til private skular i utlandet hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus vert flytta til Utdanningsdirektoratet frå 1.1.2010, vert det foreslått å overføre 0,8 mill. kroner frå kap. 1510 Fylkesmannsembeta, post 01 Driftsutgifter til Kunnskapsdepartementet sitt kap. 220 Utdanningsdirektoratet, post 01 Driftsutgifter.

Det vert foreslått å overføre 7,7 mill. kroner frå kap. 1510 Fylkesmannsembeta, post 01 Driftsutgifter til Kommunal- og regionaldepartementet sitt kap. 572 Rammetilskudd til fylkeskommuner i samband med at enkelte oppgåver på landbruks- og miljøområdet skal overførast frå Fylkesmannen til fylkeskommunane frå 1.1.2010 som følgje av forvaltingsreforma. Av overføringa er 4,6 mill. kroner knytte til miljøområdet. Dette gjeld overføring av dei noverande oppgåvene til fylkesmannsembeta knytte til friluftsliv og forvalting av haustbare, ikkje truga artar av vilt og innlandsfisk. 3,1 mill. kroner er knytte til landbruksområdet som omfattar overføring av enkelte av Fylkesmannen sine oppgåver innanfor rekruttering og kompetanseheving i landbruket, næringsutvikling, klima og samfunnsplanlegging, i tillegg til enkelte oppgåver som tidlegare låg til fylkeslandbruksstyret. Av beløpet på 3,1 mill. kroner er 0,5 mill. kroner til inndekking av meirkostnader til årsverk i Fylkeskommunen.

Det vert foreslått å overføre 2,5 mill. kroner frå kap. 1510 Fylkesmannsembeta, post 01 Driftsutgifter til Landbruks- og matdepartementet sitt kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m., post 77 Utviklingstiltak i samband med at arbeidet knytt til tekniske planleggingstenester i landbruket skal utfasast i Fylkesmannsembeta, og oppgåva skal frå 2010 overførast til Norsk landbruksrådgivning, jf. St.prp. nr. 69 (2007–2008) Om jordbruksoppgjeret 2008 .

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

I løpet av året får Fylkesmannen ekstra oppdrag frå andre departement og direktorat/ tilsyn som det ikkje er avsett ressursar til innanfor post 01. Oppdraga har som hovudregel ikkje lengd over 4 år. Oppdraga er knytte til mellom anna handlingsplanar og prosjekt, eller det vert gjort ei førebels styrking av eit fagområde gjennom overføring av midlar frå løyvinga til det ansvarlege fagdepartementet. Tilleggsfinansieringa vert ført på kap. 4510 Fylkesmannsembeta, post 01 Inntekter ved oppdrag.

Kap. 4510 Fylkesmannsembeta

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Inntekter ved oppdrag

266 392

149 961

154 760

02

Ymse inntekter

23 161

 

 

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

1 683

 

 

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

8 975

 

 

17

Refusjon lærlingar

1 096

 

 

18

Refusjon sjukepengar

21 134

 

 

 

Sum kap. 4510

322 441

149 961

154 760

Post 01 Inntekter ved oppdrag

Det vert vist til omtale under kap. 1510 post 21.

Programkategori 01.20 Fellestenester i regjeringskvartalet

Utgifter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1520

Servicesenteret for departementa

467 127

455 932

476 086

4,4

 

Sum kategori 01.20

467 127

455 932

476 086

4,4

Inntekter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

4520

Servicesenteret for departementa

179 024

90 887

87 647

-3,6

 

Sum kategori 01.20

179 024

90 887

87 647

-3,6

Allmenn omtale

Utfordringar og utviklingstrekk

Det har vore store omstillingar på fellestenesteområdet dei seinare åra. Eit viktig utviklingstrekk har vore at fleire administrative støttetenester i departementsfellesskapet har blitt samla på ein stad. Føremålet har vore å oppnå stordriftsfordelar og best mogleg kvalitet på tenestene. Utviklinga går mot fleire standardiserte systemløysingar og arbeidsprosessar. Ei sentral utfordring i tida framover er å dra fordel av ny teknologi og halde fram arbeidet med standardisering.

Mål og strategiar

  • Det er viktig at Statsministerens kontor og departementa har velfungerande støttefunksjonar, ein robust infrastruktur og tilfredsstillande trygging og sikring.

  • Drift og vedlikehald skal ta omsyn til både miljøet og tryggleiken i regjeringskvartalet.

  • Departementsfellesskapet skal ha ei effektiv drift innanfor administrasjon og fellestenester.

Kap. 1520 Servicesenteret for departementa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

373 836

339 366

350 397

22

Fellesutgifter i regjeringskvartalet

75 648

80 512

81 818

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

17 643

36 054

43 871

 

Sum kap. 1520

467 127

455 932

476 086

Allmenn omtale

Servicesenteret for departementa er ein intern tenesteleverandør for Statsministerens kontor og departementa. Det overordna målet til Servicesenteret for departementa er føremålstenlege og kostnadseffektive fellestenester til dei nemnde brukarane. Drifta skal vere kjenneteikna av effektiv ressursbruk og ta omsyn til miljø og kvalitet. Verksemda skal òg vere pådrivar for framtidsretta arbeidsverktøy i departementsfellesskapet.

Tenesteleveransane er delte inn i fem hovudområde: IKT, sikring og trygging, kontortenester, informasjonsforvaltning og fellestenester.

Verksemda utfører eit mangfald av oppgåver, mellom anna:

  • Teknisk og fysisk trygging av tilgjengekontroll og vakt- og resepsjonsteneste.

  • Sentralbord og basis infrastruktur for datanettverk og telefoni.

  • Utvikling og drift av regjeringa.no, dessutan interne web-tenester.

  • IKT (inkludert tryggleik).

  • Økonomitenester.

  • Innkjøpstenester.

  • Reinhald, intern postfordeling og kopiteneste.

  • Produksjon av publikasjonar i tråd med designprogrammet for departementa.

  • Lagerhald og utsending av regjeringas publikasjonar.

  • Bedriftshelseteneste.

  • Fellesbibliotek.

Fleirtalet av departementa nyttar desse tenestene og Regjeringsadvokaten nyttar økonomitenestene. Bygnings- og arealforvaltninga i regjeringskvartalet vert utført av Statsbygg og det er felles forvaltning med omsyn til infrastruktur og sikringstiltak. Servicesenteret for departementa har òg eit ansvar for drifta av Det statlege servicesenteret i Engerdal.

Brukarane vert involverte i tenesteutviklinga. Samarbeidet med departementa vert mellom anna teke hand om i Brukarrådet og i dei ulike brukarfora.

Finansieringsmodellen til Servicesenteret for departementa er ei blanding av løyvings- og brukarfinansiering. Frå og med 2009 er hovuddelen av tenestene løyvingsfinansiert.

Rapport 2008

Brukarretting og kvalitetsutvikling

Det vart gjennomført tre ulike brukarundersøkingar. Brukarane sine oppfatningar og innspel til forbetringar vert nytta i tenesteutviklinga.

Felles departementsplattform og IKT-tenester

Prosjektet er avslutta og 13 departement er blitt fasa inn på ei felles departementsplattform. Eit nytt sentralt driftsmiljø inneber at fleirtalet av departementa no har felles IKT-arkitektur. Det vart òg gjennomført fleire andre utviklingsprosjekt, mellom anna utvida fjernaksess og kontorstøtteløysing for gradert informasjon.

Arbeidet med å skaffe ei ny løysing for elektronisk arkiv- og sakshandsaming for departementa er i gang og prosessen vil vere sluttført i 2009.

Vakthald og tryggleik

Nivået på vakthald og tryggleik, irekna IKT-tryggleik, har vore i samsvar med dei gjeldande trusselvurderingane. Tidlegare tenesteavtalar er erstatta av ein ny fellesavtale for basis sikringstenester som er betre tilpassa dagens tryggingsnivå og tryggingsobjekt. Ansvarsområdet vart utvida med døgnkontinuerleg vakthald og trygging av regjeringas representasjonsanlegg.

Økonomitenester

Verksemda har arbeidd med å skaffe departementa ei ny løysing for elektronisk sakshandsaming av reiserekningar.

Vidareutvikling av nettstaden regjeringa.no

Hovudkanalen på internett for kommunikasjon mellom innbyggjarane og regjeringa vert stadig vidareutvikla og styrka.

  • Det vart sett i gang eit prosjekt for å gjere det lettare å finne fram til saker som er eller har vore på høyring. Løysinga skal òg leggje til rette for å abonnere på nye høyringssaker frå 2009.

Ei plattformuavhengig utgåve av elektronisk reiserekning for staten var klar til bruk hausten 2008 og er no tilgjengeleg på regjeringa.no. Løysinga fungerer for alle nettlesarar og plattformer, og er betre tilpassa synshemma brukarar enn den gamle versjonen.

EØS-notat er no tilgjengelege gjennom eigne nettsider på regjeringa.no.

Bruk av lyd og bilete har auka mellom anna i form av auka produksjon av eigne reportasjar og direkteoverføring av pressekonferansar frå regjeringa og departementa.

Infrastruktur i regjeringskvartalet

Arbeidet med å skaffe ei framtidsretta og brukarvennleg telefoniløysing i regjeringskvartalet tok til i 2008. Anskaffing og implementering vil gå føre seg i heile 2009. Arbeidet med å skaffe eit nytt sikringsanlegg tok òg til i 2008 og vil verte fullført i 2010. Prosjektet omfattar utskifting av det gamle anlegget til eit alarm- og tilgangskontrollsystem med høg tryggleik, mellom anna med nye tilgangskort, kortlesarar, styringssystem og nettverksløysing basert på tidsriktig og framtidsretta teknologi.

Prioriteringar 2010

Servicesenteret for departementa skal fortsetje arbeidet med å styrkje fellestenestene og støttefunksjonane til Statsministerens kontor og departementa. Tenestene skal utførast effektivt og ha best mogleg kvalitet for brukarane. I 2010 skal verksemda prioritere:

Brukarretting og kvalitetsutvikling

Servicesenteret for departementa skal ha ei viktig samordnings- og utviklingsrolle på fellestenesteområdet. Samordningsrolla er særs viktig for å vidareutvikle tenestetilbodet til departementa, slik at standardiseringsarbeidet vert ytterlegare styrkt.

Trygging og kvalitet for IKT-tenestene

Servicesenteret for departementa skal halde fram arbeidet for å sikre IKT-tenestene for departementa både med omsyn til teknisk vern og for å styrkje tryggleiken generelt. Det er òg ei prioritert oppgåve å sjå til at IKT-infrastrukturen heile tida er robust, oppdatert og forsvarleg driven, slik at tenestene ikkje vert utsette for avbrot.

Sikringsanlegg og tilgangskontrollsystem

Vakthald og tryggleik skal alltid vere i samsvar med dei gjeldande trusselvurderingane. Det skal gjerast fortløpande vurderingar av om sikringstiltak kan fasast ut eller erstattast av nye. Prioritering av sikringstiltak skal sikre optimal ressursutnytting sett i forhold til dei definerte truslane.

Arbeidet med nytt sikringsanlegg og tilgangskontrollsystem skal halde fram, og prosjekta skal avsluttast i samsvar med dei etablerte planane. Som ein del av oppgraderinga på sikringsområdet skal òg låsesystem i regjeringskvartalet og frittliggjande departement skiftast ut over ein fire års periode.

Ny løysing for elektronisk arkiv- og sakshandsaming – Depsak II

Servicesenteret for departementa skal arbeide for brei oppslutnad om ny fellesløysing. Målet er å få eit felles system som alle departementa kan bruke, og som kan leggje til rette for meir elektronisk sakshandsaming mellom departementa. I spesifikasjonen for ei ny løysing er det innarbeidd krav om opne standardar. Servicesenteret skal starte opp med pilotprosjekt og implementering av den nye løysinga.

Lønnssystem

Servicesenteret for departementa skal arbeide for å få på plass eit nytt lønnssystem som vil oppfylle framtidig behov for eit sikkert og effektivt system. Ei ny løysing skal medverke til at departementa bruker mindre administrative ressursar på dette området.

Nettstaden regjeringa.no

Servicesenteret for departementa skal vidareutvikle regjeringa.no i samsvar med vedtekne visjon om at regjeringa.no skal vere den viktigaste møteplassen på nett mellom regjeringa, departementa og innbyggjarane. Dette inneber at nettstaden aktivt legg til rette for godt samspel med brukarane, og at det er gode løysingar for mellom anna utvida bruk av lyd og bilete.

Servicesenteret skal leggje særskilt vekt på å vidareutvikle video, lyd og bilete som ein integrert del av innhaldet på regjeringa.no. I samband med interaktive tenester vil det verte tilbode verktøy for kommunikasjon og diskusjonar, og i tillegg moglegheiter for å dele innhald med andre nettstader og sosiale medium. Vidare skal servicesenteret sikre at regjeringa.no er tilgjengeleg for innbyggjarane sjølv i kritiske situasjonar.

Miljø

Servicesenteret for departementa skal ha ei viktig pådrivarrolle for meir miljøvenleg drift i regjeringskvartalet. Miljøsatsingar skal innarbeidast i tenesteytinga og spesifikt vere ein del av tenesteområda web, tryggleik, IKT og e-sakshandsaming. Verksemda skal innarbeide samfunns- og miljøomsyn i eigne innkjøp, jf. miljøkriteria ved offentlege innkjøp.

For ytterlegare å styrkje miljøarbeidet skal verksemda:

  • Utvikle miljøstatistikkar i regjeringskvartalet for identifisering og dokumentasjon av miljøtiltak.

  • Førebu gradvis innføring av ei ordning med miljøsertifisering av verksemda.

  • Gjennomføre tiltak for å redusere papirforbruket i regjeringskvartalet ytterlegare.

  • Samarbeide med Statsbygg om konkrete tiltak for å sikre ein reduksjon av straumforbruket både når det gjeld drift av eiga verksemd og blant brukarane av tenestene.

Det statlege servicesenteret i Engerdal

Servicesenteret for departementa skal leggje til rette for pålitelege og kostnadseffektive tenester ved Det statlege servicesenteret i Engerdal. Elleve statlege verksemder nyttar no sentralbordtenestene.

Budsjett 2010

Tenestene som Servicesenteret for departementa tilbyr, er delte inn i standardytingar og tilleggsytingar. Frå budsjettåret 2010 vert alle utgifter til tilleggsytingar dekte av brukarane.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til lønn og drift av verksemda. Posten dekkjer òg utgifter verksemda har i samband med tilverkinga av tenestene. Servicesenteret for departementa hadde per 1.3.2009 ei bemanning tilsvarande 480 årsverk.

Driftsløyvinga foreslår ein å styrkje med om lag 10 mill. kroner, mellom anna for å betre IKT-tryggleiken.

Post 22 Fellesutgifter i regjeringskvartalet

Løyvinga dekkjer fellesutgifter for regjeringskvartalet, medrekna husleige for fellesareal og statsforvaltninga sin avtale med Kopinor. Posten dekkjer tilverkings- og utviklingskostnader som er knytte til nettstaden regjeringa.no. Frå og med 2010 foreslår ein å styrkje posten med 7 mill. kroner knytte til regjeringa.no og samisk omsetjingsteneste.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga dekkjer utskifting av større utstyr og vedlikehald. For 2010 er løyvinga auka med 11,6 mill. kroner for å dekkje utskifting av dørlåsar i regjeringsbygningane og med 5 mill. kroner til rehabilitering av regjeringskvartalet sine fellesareal. I tillegg er det avsett 8,5 mill. kroner til sluttføring av nytt sikringsanlegg.

Kap. 4520 Servicesenteret for departementa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

02

Ymse inntekter

900

2 578

19 974

03

Brukarbetaling for tilleggsytingar frå departementa

167 974

86 833

65 860

07

Parkeringsinntekter

1 263

1 476

1 813

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

120

 

 

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 877

 

 

18

Refusjon sjukepengar

6 890

 

 

 

Sum kap. 4520

179 024

90 887

87 647

Post 02 Ymse inntekter

På posten vert det mellom anna ført betaling for standard- og tilleggsytingar til Regjeringsadvokaten og driftsinntekter for Det statlege senteret i Engerdal. Frå 2010 foreslår ein at det på post 03 utelukkande skal verte ført inntekter frå departementa. Post 02 aukar derfor med 17,6 mill. kroner og post 03 vert redusert med tilsvarande beløp.

Post 03 Brukarbetaling for tilleggsytingar frå departementa

På posten vert det ført brukarbetaling for tilleggsytingar frå Statsministerens kontor og departementa.

Det vert føreslått å definere lønn- og rekneskapstenesta som standardyting. Det inneber ei overføring av 11 mill. kroner frå departementa til Servicesenteret for departementa og eit tilsvarande bortfall av inntekter.

Som følgje av at det er berekna fullkostprising på tilleggsytingane, vert det føreslått å auke posten med 5,2 mill. kroner.

Post 07 Parkeringsinntekter

På posten vert det ført inntekter frå avgift på parkeringsplassar i regjeringskvartalet.

Programkategori 01.30 Partistøtte

Kap. 1530 Tilskot til dei politiske partia

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

1 083

990

1 350

70

Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar

211 004

220 493

227 209

71

Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar

26 558

28 665

29 582

73

Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar

59 970

62 609

64 612

75

Tilskot til dei politiske partia sine fylkesungdomsorganisasjonar

16 067

17 797

18 367

76

Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar

6 311

6 649

6 862

 

Sum kap. 1530

320 993

337 203

347 982

Allmenn omtale

Dei administrative oppgåvene knytte til partilova ligg til Fornyings- og administrasjonsdepartementet og fylkesmennene. Statistisk sentralbyrå skal hente inn, behandle og offentleggjere informasjon om partia sine inntekter.

Europarådet si evaluering av den norske partifinansieringa

GRECO (Group of States against Corruption) vart etablert i 1999 under Europarådet som ein internasjonal samarbeidsavtale og eit verktøy for oppfølging av antikorrupsjonsarbeidet i medlemslanda. GRECO har tilsyn med at landa set i verk dei rettslege instrumenta som Ministerkomiteen har vedteke. Dei aller fleste landa i Europa deltek i GRECO-samarbeidet (46 land i alt inkl. USA). Noreg har vore medlem av GRECO sidan 2001. Medlemskapen inneber ei plikt til å delta i evalueringa av medlemslanda og sjølv la seg evaluere. I tredje evalueringsrunde, som har gått føre seg sidan 1.1.2007, har tema vore reglane om korrupsjon i straffelova og openheit rundt finansiering av dei politiske partia. Det siste med utgangspunkt i Ministerkomiteen sin rekommandasjon 2003/4 «Felles reglar mot korrupsjon i finansieringa av politiske parti og valkampanjar». Noreg vart evaluert hausten 2008. Grunnlaget for evalueringa har vore ei skriftleg utgreiing rundt det norske systemet for finansiering av partia i form av svar på GRECO sitt spørjeskjema, inkludert ei omsetjing av relevante lover, føresegner og lovforarbeid. I tillegg vitja eit evalueringsteam frå GRECO Noreg i 2008 for å intervjue ansvarlege myndigheiter, politiske parti og andre private aktørar.

Elektronisk kopi av rapporten om Noreg ligg på:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/pressesenter/pressemeldinger/2009/partiregnskap-skal-bli-apnere.

Som eit resultat av evalueringa har GRECO gitt Noreg ein frist til 30.8.2010 til å følgje opp desse rekommandasjonane:

  1. i) At partiorganisasjonane vert pålagde å gi årlege rapportar om utgifter, i tillegg til ordninga i dag med inntektsrekneskapar, ii) at partiorganisasjonane pliktar å sende inn informasjon om eignedelar og gjeld i høveleg grad, iii) at det vert etablert eit standardisert skjema for å gi denne informasjonen.

  2. At det vert utarbeidd nærare retningslinjer om rapportering av ikkje-monetære gåver i tillegg til «politiske avtalar» som det i dag er krav om å innrapportere etter partilova.

  3. At det vert vurdert å innføre ei plikt til å rapportere inntekter og utgifter under valkampanjar.

  4. At det vert etablert klåre reglar for å sikre naudsynt sjølvstende for revisorar som reviderer rekneskapen til politiske parti.

  5. At det vert sytt for ei høveleg, uavhengig monitorering av partifinansieringa, som òg omfattar valkampanjar, i samsvar med Artikkel 14 i Rec 2003/4.

  6. At det vert innført høvelege, fleksible sanksjonar for alle slags brot på partilova, i tillegg til sanksjonane som finst i dag.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil i samarbeid med aktuelle fagmiljø lage eit forslag til om og korleis rekommandasjonane bør implementerast i partilova. Moglegheiter for å gjere tilpassingar i andre lover og føresegner vil òg bli vurdert.

Elektronisk system for handtering av søknader

Departementet har i samarbeid med Statistisk sentralbyrå og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane etablert eit prosjekt for å utvikle ei elektronisk søknads- og rapporteringsordning for alle registrerte politiske parti og partilag. Systemet vart teke i bruk 1.1.2008 og gjer det enklare for partia å søkje om stønad. Systemet har òg gjort administreringa av partilova meir effektiv for fylkesmannsembeta, Statistisk Sentralbyrå og departementet. Systemet vart i 2009 utvida til òg å omfatte eit system for handsaming av saker under Partilovnemnda. Departementet vil i samband med forslag om endring av partilova vurdere når stortingspartia og dei sentrale ungdomsorganisasjonane òg skal omfattast av systemet.

Partilovnemndas handheving av partilova

Partilovnemnda har for 2008 lagt til grunn ei streng handheving av partia si plikt til å innrapportere inntektsrekneskapar etter kap. 4 i partilova. Nemnda har i om lag 70 tilfelle halde tilbake stønad for eit år der rapporteringa ikkje har vore i samsvar med lova. Departementet meiner at ein streng handhevingspraksis er viktig og vil vonleg på sikt føre til auka etterleving av lova.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer mellom anna utgifter til drift av Partilovnemnda, den elektroniske søknadsordninga (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane) og Partiregisteret (Brønnøysund). Regjeringa foreslår å omdisponere løyving frå post 70 til post 01 grunna auke av utgifter i samband med utvikling og drift av den elektroniske søknadsordninga.

Post 70 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar

Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og er delt mellom Stemmestønad (9/10) og Grunnstønad (1/ 10).

Stemmestønad

Stemmestønad vert fordelt som ein fast sats per stemme rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå sist føregåande stortingsval.

Grunnstønad

Grunnstønad vert betalt ut til partiet sin hovudorganisasjon dersom partiet fekk minst 2,5 pst. oppslutning på landsbasis eller vann minst ein stortingsrepresentant ved siste stortingsval. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.

Post 71 Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar

Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og vert delt mellom Stemmestønad (9/10) og Grunnstønad (1/10). Det er eit krav om at kommunepartia må ha ein organisasjon i den respektive kommunen for å få stemmestønad og grunnstønad. Fylkesmannen utbetaler tilskotet.

Stemmestønad

Stemmestønad vert betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen vert rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå sist føregåande kommunestyreval.

Grunnstønad

Grunnstønad vert løyvd til partia sine kommuneorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4,0 pst. oppslutning i kommunen eller vann minst ein representant ved kommunestyrevalet. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.

Post 73 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar

Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og vert delt mellom Stemmestønad (9/10) og Grunnstønad (1/10). Det er eit krav om at fylkespartia må ha ein organisasjon i gjeldande fylke for å få stemmestønad og grunnstønad. Fylkesmannen utbetaler tilskotet.

Stemmestønad

Stemmestønad vert betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen vert rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå sist føregåande fylkestingsval.

Grunnstønad

Grunnstønad vert løyvd til partia sine fylkesorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4,0 pst. oppslutning i kommunen eller vann minst éin representant ved fylkestingsvalet. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.

Post 75 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesungdomsorganisasjonar

Løyvinga vert delt i samsvar med morpartiet sin del av det totale talet på stemmer som gjekk til parti med fylkesungdomsorganisasjon. Fylkesmannen utbetaler tilskotet.

Post 76 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar

Løyvinga vert delt i samsvar med morpartiet sin del av det totale talet på stemmer som gjekk til parti med sentral ungdomsorganisasjon. Departementet utbetaler tilskotet.

Programkategori 01.40 Pensjonar m.m.

Utgifter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1541

Pensjonar av statskassa

21 946

21 700

21 600

-0,5

1542

Tilskot til Statens Pensjonskasse

9 126 342

8 357 000

8 138 000

-2,6

1543

Arbeidsgivaravgift til folketrygda

852 000

921 000

762 000

-17,3

1544

Bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse

5 052 098

3 400 000

6 033 000

77,4

1546

Yrkesskadeforsikring

73 749

94 000

92 000

-2,1

1547

Gruppelivsforsikring

99 152

126 000

131 000

4,0

2470

Statens Pensjonskasse

57 415

315 910

312 571

-1,1

 

Sum kategori 01.40

15 282 702

13 235 610

15 490 171

17,0

Inntekter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

4544

Bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse

 

 

3 518 000

 

4546

Yrkesskadeforsikring

132 906

127 000

136 000

7,1

4547

Gruppelivsforsikring

56 448

47 000

98 000

108,5

5470

Statens Pensjonskasse

22 459

17 059

18 069

5,9

5607

Renter av bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse

1 050 219

1 223 000

734 000

-40,0

 

Sum kategori 01.40

1 262 032

1 414 059

4 504 069

218,5

Allmenn omtale

Kategorien omhandlar både den administrative drifta av Statens Pensjonskasse og dei ytingane som ordningane til Statens Pensjonskasse gir rett til. Statens Pensjonskasse forvaltar Noregs største tenestepensjonsordning, og er ein statsgarantert pensjonskasse. Dette gir staten ansvaret for å finansiere dei pensjonane som vert tente opp. Verdien av desse rettane er estimert til om lag 330 mrd. kroner.

Medlemmer og regelverk

Staten har sidan 1917 hatt ei lovheimla tenestepensjonsordning for sine embets- og tenestemenn og for skuleverket. Per 31.12.2008 var om lag 960 000 medlemmer knytte til pensjonsordningane som Statens Pensjonskasse administrerer. Av desse er det om lag 240 000 pensjonistar og 290 000 yrkesaktive medlemmer, mens 430 000 har rett til såkalla oppsett pensjon, dvs. at dei tidlegare har opparbeidd pensjonsrettar i Statens Pensjonskasse, men at dei for tida ikkje er tilsette i ei medlemsverksemd.

Medlemskap er obligatorisk for statstilsette (tilsette i staten som juridisk eining), som utgjer om lag halvparten av dei 290 000 yrkesaktive medlemmene. Dei yrkesaktive medlemmene kan delast inn i fire hovudgrupper med omsyn til arbeidsgivar:

  • Statsforvaltninga, Stortingets organ og domstolane (51 pst.).

  • Skuleverket i kommunal og fylkeskommunal sektor (36 pst.).

  • Selskap/føretak (9 pst.).

  • Stiftingar/organisasjonar mv. (4 pst.).

Ytingane frå Statens Pensjonskasse omfattar:

  • Alderspensjon.

  • Uførepensjon.

  • Enkje- og enkjemannspensjon.

  • Barnepensjon.

I tillegg administrerer Statens Pensjonskasse:

  • Gruppelivsforsikring.

  • Erstatning ved yrkesskade.

  • Vartpengar.

  • Pensjonar av statskassa.

  • Førtidspensjon.

  • Avtalefesta pensjon (AFP).

  • Bustadlån.

Statens Pensjonskasse administrerer òg eigne pensjonsordningar for mellom anna apotekverksemd, statsrådar, stortingsrepresentantar, kunstnarleg personale ved Den norske opera og følgjepersonar i utanrikstenesta.

Pensjonsytingane vert samordna med ytingane frå folketrygda og andre offentlege tenestepensjonsordningar. Samordninga med dei andre offentlege tenestepensjonsordningane skjer gjennom Overføringsavtalen. Overføringsavtalen er inngått mellom Statens Pensjonskasse og andre leverandørar av offentlege tenestepensjonsordningar i kommunale pensjonskassar, livforsikringsselskap og lovfesta pensjonsordningar, og skal sikre at medlemmene sin pensjon ikkje vert påverka når dei skiftar arbeidsgivar i offentleg sektor. Overføringsavtalen stiller mellom anna krav om at det skal vere eit felles pensjonsprodukt, og at pensjonane skal regulerast på same måten som i Statens Pensjonskasse. Dette sikrar dei tilsette årleg regulering av opptente pensjonsrettar òg etter eit skifte frå statleg til privat sektor. Statens Pensjonskasse er koordinerande organ for Overføringsavtalen, og handhevar mellom anna regelverket for oppgjer mellom pensjonsordningane.

Premiebetaling i Statens Pensjonskasse

Hovudprinsippet for dei statlege verksemdene er at det ikkje vert betalt pensjonspremie. Som hovudprinsipp betaler nettobudsjetterte statlege verksemder premie, medan dei bruttobudsjetterte ikkje betaler premie. Blant dei ikkje-statlege medlemsverksemdene er premiebetaling eit hovudprinsipp. Ei rekkje ideelle organisasjonar, religiøse organisasjonar og arbeidslivorganisasjonar utgjer likevel eit unntak frå hovudregelen, då dei berre betaler medlemsinnskot.

Samla sett vert det ikkje betalt premie (korkje arbeidsgivarpremie eller medlemsinnskot) for om lag 30 pst. av dei yrkesaktive medlemmene. Dei resterande 70 pst. som det vert betalt premie for, kan delast inn i fire hovudkategoriar:

  • Berre medlemsavgift (1 pst.).

  • Berre medlemsavgift og AFP-ordning (1 pst.).

  • Full premiebetaling utan bruk av fiktive fond/forsikringstekniske oppgjer (58 pst.). Gruppebasert oppfølging som hovudprinsipp.

  • Full premiebetaling med bruk av fiktive fond/forsikringstekniske oppgjer (10 pst.). Individuell oppfølging.

Oppfølging med bruk av fiktive fond inneber at ein simulerer avsetning av pensjonsmidlar. Bakgrunnen for denne ordninga er målet om å kunne få ei mest mogleg korrekt aktuariell premieoppfølging av medlemsverksemdene. Medlemsverksemdene betaler til kvar tid det pensjonsordninga kostar og ein unngår at verksemdene anten får overdekning eller vert subsidierte. Ei slik målsetjing er mellom anna uttrykt i St.meld. nr. 33 (1993-1994) Om medlemskap i Statens Pensjonskasse , jf. Innst.S. nr. 159 (1993-1994). Ordninga mogleggjer at Statens Pensjonskasse kan gjere forsikringstekniske oppgjer.

Ordninga med fiktive fond har til no berre vore nytta til å følgje opp om lag 100 verksemder. Dette kjem mellom anna av at det er meir ressurskrevjande å følgje opp verksemdene med slike fond. Ein har derfor prioritert denne typen oppfølging særskilt der dette har vore sett på som viktig ut frå konkurranseomsyn. Den nye forsikringstekniske systemløysinga til Statens Pensjonskasse (jf. omtale nedanfor) gjer det mogleg med ei meir effektiv og automatisert oppfølging av dei fiktive fonda. Departementet vil derfor vurdere nærmare om fleire premiebetalande verksemder bør følgjast opp på denne måten i framtida. I denne samanhang vil departementet òg vurdere ei eventuell endring av avkastningsmodellen.

Det nye forsikringstekniske systemet gjer det òg mogleg å følgje opp verksemdene på andre måtar enn tidlegare. Fram til no har ein berre nytta premiar som er fastsette på førehand. Frå 2009 var det lagt opp til å innføre såkalla hendingsbaserte premiar for alle aksjeselskap som har eigne fiktive fond. Denne innføringa er utsett då den systemtekniske løysinga i Statens Pensjonskasse enno ikkje er slik at den oppfyller kvalitetskrava for slik premieoppfølging. Departementet vil kome tilbake til når ei slik endring vil verte innført på eit seinare tidspunkt.

Hovudutfordringar og utviklingstrekk

Statens Pensjonskasse vil få ein markert auke i arbeidsoppgåver framover. Det er tre hovudårsaker til dette:

  • Pensjonsreforma og justert statleg tenestepensjonsordning.

  • Tilpassing av IKT-system til pensjonsreforma og regelverket for ny offentleg tenestepensjon vil gi store investeringskostnader og driftskostnader slik at Statens Pensjonskasse skal kunne halde fram med å utbetale rett pensjon til rett tid.

  • Talet på pensjonar, eksklusive AFP-pensjonar * vil auke frå om lag 240 000 til om lag 300 000 i løpet av dei neste 10 åra.

Veksten i talet på pensjonistar

Talet på pensjonistar i Statens Pensjonskasse har auka kraftig frå 1980 og fram til i dag. Veksten vil truleg skyte fart i tida framover. Talet på alderspensjonistar auka frå om lag 50 000 i 1980 til om lag 119 000 i 2008. Som tabellen nedanfor viser, kan talet på alderspensjonistar kome opp i om lag 200 000 i år 2020 og om lag 260 000 i år 2050.

Figur 4.2 Venta utvikling i talet på pensjonistar i SPK

Figur 4.2 Venta utvikling i talet på pensjonistar i SPK

Pensjonsreforma og avtale om offentleg tenestepensjon og AFP i offentleg sektor

Stortinget har gjennom vedtak i mai 2005 og april 2007 klargjort hovudtrekka i eit nytt pensjonssystem. Alderspensjonen skal framleis vere grunnpilaren i pensjonssystemet. Ny alderspensjon skal sikre ein pensjon rekna ut frå inntekta gjennom heile livet. Samstundes skal alderspensjonen sikre ei minsteinntekt (garantipensjon) i alderdommen for alle.

Stortinget har vedteke at ein kan ta ut fleksibel alderspensjon frå 62 år. Det er òg opna for å kombinere uttak av alderspensjon og arbeid, utan avkorting av pensjonen. Opparbeidde pensjonsrettar skal regulerast i tråd med lønene, medan pensjonar under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av lønns- og prisveksten. Stortinget har òg vedteke å innføre ei ordning med levealdersjustering i alderspensjonen i folketrygda, som inneber at ein må arbeide noko lenger for same pensjon når levealderen i befolkninga aukar.

Stortinget vedtok lov av 5. juni 2009 nr. 32 om endringar i folketrygdloven (ny alderspensjon), der det mellom anna vart innført nye oppteningsreglar, levealdersjustering, fleksibelt uttak frå 62 år og nye reglar for regulering av alderspensjon. Det vart i tillegg vedteke tilpassingar i alderspensjon opptent etter dagens reglar. Desse pensjonane skal frå 1.1.2011 vere omfatta av nye reglar om fleksibelt uttak, levealdersjustering og ny regulering.

Innføring av fleksibel alderspensjon frå folketrygda gjer det naudsynt med tilpassingar i reglane om pensjon til gjenlevande ektefelle og barn. På bakgrunn av dette fremja Regjeringa 26. juni 2009 lovforslaget Ot.prp. nr. 106 (2008–2009) Om lov om endringer i folketrygdloven mv. (tilpasninger i folketrygdens regelverk som følge av pensjonsreformen ) til Stortinget.

Det er avgjerande at pensjonane kan utbetalast til rett tid og med korrekt beløp til den enkelte. Regjeringa vil sikre at pensjonsreforma vert sett i verk på forsvarleg vis med tilstrekkeleg tid til å setje i verk nytt regelverk, mellom anna med omsyn til naudsynte systemløysingar. Regjeringa foreslo derfor for Stortinget i St.prp. nr. 1 (2008–2009) Fornyings- og administrasjonsdepartementet å utsetje iverksetjinga av fleksibelt uttak av ny alderspensjon og ny regulering av løpande pensjonar til 2011.

Endringane i folketrygda som følgje av pensjonsreforma gjer at det er behov for tilpassingar i pensjonsordningane for offentleg tilsette. I lønnsoppgjeret i 2009 vart det inngått avtale om offentleg tenestepensjon og AFP i offentleg sektor. Avtalen inneber at dagens reglar for offentleg tenestepensjon (bruttoordninga) og AFP i offentleg sektor vert vidareført med naudsynte tilpassingar til innføring av fleksibel alderspensjon i folketrygda frå 2011, og tilpassa Stortingets vedtak frå mai 2005.

I samsvar med Stortingets vedtak skal alderspensjon frå offentlege tenestepensjonsordningar levealdersjusterast og regulerast etter nye reglar, på same måte og frå same tidspunkt som alderspensjonen frå folketrygden. Levealdersjusteringa av dagens offentlege tenestepensjon må gjennomførast slik at grunnlovsvernet er sikra. I avtalen vert det gitt ein individuell garanti for opptente rettar i tenestepensjonsordningar per 1.1.2011, som garanterer at medlemmer av offentlege tenestepensjonsordningar med 15 år eller mindre igjen til 67 år er sikra 66 pst. av pensjonsgrunnlagt ved 67 år etter 30 års opptening. Medlemmer av offentleg tenestepensjonsordning som vel å ta ut alderspensjon frå folketrygda før 67 år kan ikkje i tillegg ta ut folketrygd- eller tenestepensjonsberekna AFP.

Utrekninga av tenestepensjon, inkludert samordning med alderspensjon frå folketrygda, skal skje slik at tenestepensjonen ikkje vert påverka av når den nye fleksible alderspensjonen frå folketrygda vert teken ut. Det er opna for å kompensere for levealdersjusteringa av tenestepensjonen ved å stå i stilling ut over 67 år. Det vart ikkje avtalt endringar i gjeldande særaldersgrenser i lønnsoppgjeret for 2009.

Etter forhandlingsresultatet er det naudsynt å utarbeide eit samordningsregelverk som tek omsyn til fleksibel folketrygd frå 2011. Regjeringa vil fremje naudsynte lovendringar i samordningsregelverket og i lov om Statens Pensjonskasse (tilpassing til levealdersjustering og regulering) til Stortinget, jf. innføring av ny folketrygd frå 2011.

Statens Pensjonskasse må skifte ut pensjonssystemet sitt for å vere i stand til å halde fram med den daglege drifta og implementere maskinell støtte for endringane i pensjonsreforma. Det må òg gjerast fleire naudsynte endringar i Statens Pensjonskasse sin IKT-infrastruktur som følgje av nytt pensjonssystem, irekna produksjons-, drifts-, test- og sikringssystem. Ein vesentleg del av dei endringane som må gjerast, kjem av at Statens Pensjonskasse må tilpasse seg systemtekniske endringar som NAV implementerer i sitt pensjonsprogram. Eit døme er utbetalingsløysinga. Sidan Statens Pensjonskasse utbetalar tenestepensjonane gjennom NAV, må IKT-løysingane i NAV og Statens Pensjonskasse vere samkjørte. Pensjonsreforma vil i tillegg føre til utfordringar knytte til administrativt meirarbeid gjennom forvaltning av fleire regelverk og overgangsordningar.

PERFORM

På same måte som NAV gjennomfører sitt pensjonsprogram, har Statens Pensjonskasse sett i verk sitt pensjonsprosjekt (PERFORM). Målet med PERFORM er å tilpasse IKT-systema i Statens Pensjonskasse til det nye pensjonsregelverket og sikre den daglege drifta. Ved ombygging og utvikling av nye IKT-system i Statens Pensjonskasse vert det lagt til rette for auka digitalisering av arbeidsprosessane, elektronisk utveksling av data med Statens Pensjonskasse sine samarbeidspartnarar og fleire og betre elektroniske tenester til medlemmer og medlemsverksemder. Det er såleis ikkje berre pensjonsreforma som gjer det naudsynt med ei fornying av IKT-systema i Statens Pensjonskasse. Det vert lagt til grunn at PERFORM vil vere avslutta innan utgangen av 2011. Prosjektet starta opp i fyrste halvdel av 2008. Det vart løyvd 59,4 mill. kroner i 2008 og 300 mill. kroner i 2009 til PERFORM-prosjektet.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av PERFORM. Kostnadsramma for PERFORM vart vedteken av Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2009 til 888 mill. kroner (2010-kroner), jf. romartalsfullmakt. Styringsramma vart fastsett til 664 mill. kroner (2010-kroner).

Det står att fleire regelverksavklaringar som vil kunne auke kostnadene til PERFORM, jf. behovet for å utarbeide eit nytt samordningsregelverk. I tillegg har utsetjinga av pensjonsreforma med eitt år auka kostnadene. Departementet vil følgje PERFORM særskilt tett og vil vurdere behovet for ei revidert styringsramme når det endelege pensjonsregelverket er avklart. I denne samanheng vil departementet òg vurdere om det er naudsynt å komme tilbake til Stortinget med forslag til justert kostnadsramme for PERFORM i ein eigen proposisjon.

Statens Pensjonskasse nyttar vesentlege linjeressursar i arbeidet med PERFORM. Denne kostnaden er ein del av samla prosjektkostnader. Dette skaper behov for å erstatte dei linjeressursane som vert brukte i arbeidet med PERFORM for å sikre god drift av dagens system og tenester. Linjekostnadene utgjer om lag 224 mill. kroner av styringsramma på 664 mill. kroner.

Synleggjering av pensjonskostnader

I Statens Pensjonskasse sin medlemsdatabase finst detaljert informasjon om dei opptente pensjonsrettane til kvart medlem. Det nye systemet for premieutrekning (utrekning av forsikringstekniske avsetningar) som er implementert av Statens Pensjonskasse, vil kunne gi eit nytt og betre grunnlag for å få fram systematisk kostnadsinformasjon for analyse, planleggings- og styringsmål innanfor statsforvaltninga. Dette vil mellom anna vere relevant kostnadsinformasjon for statlege verksemder som vel å føre ein periodisert verksemdsrekneskap i tillegg til kontantrekneskapen.

Stortingspensjonar

Statens Pensjonskasse har teke over administrasjonen av Stortinget sin pensjonsordning. For 2010 legg ein til grunn ei vidareføring av dagens budsjettmessige handtering, ved at utbetalingane vert dekte over Stortinget sitt budsjettkapittel 41 via belastningsfullmakt til Statens Pensjonskasse.

Hovudmål i 2010

  • Statens Pensjonskasse skal forvalte og administrere statens tenestepensjonsordning slik at medlemene og medlemsverksemdene får tenester av høg kvalitet.

  • Statens Pensjonskasse skal levere kostnadseffektive tenester for staten med mellom anna bruk av gode tekniske løysingar.

  • Statens Pensjonskasse skal medverke til at pensjonsreforma vert sett i verk på forsvarleg vis innan 1.1.2011.

Resultatmål og prioriteringar til det einskilde hovudmål er nærare omtalt under kap. 2470 Statens Pensjonskasse.

Kap. 1541 Pensjonar av statskassa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

21 946

21 700

21 600

 

Sum kap. 1541

21 946

21 700

21 600

Allmenn omtale

Pensjonar av statskassa er heimla i Grunnlova § 75 bokstav i. Ordninga omfattar grupper som ikkje har tent opp pensjonsrettar i Statens Pensjonskasse, men får utbetalt pensjonar likevel. Det er særleg to hovudgrupper som er omfatta av ordninga:

  • Arbeidstakarar som har hatt statlege tenesteforhold utan høve til å verte medlem av Statens Pensjonskasse, kan få tilleggspensjon når dei seinare har vorte medlem med rett til pensjon. Det finst særlege retningslinjer om pensjon for krigsteneste.

  • Stadleg tilsette arbeidstakarar ved norske utanriksstasjonar kan få vederlagspensjon av statskassa ut frå tilhøva på staden. Denne ordninga vert administrert i samarbeid med Utanriksdepartementet og pensjonen vert utbetalt gjennom utanrikstenesta.

Rapport 2008

Fornyings- og administrasjonsdepartementet gir tilsegn om Pensjonar av statskassa etter søknad. Det har over tid vorte gitt tilsegner om færre nye pensjonar. Det vart gitt tilsegn om 9 nye pensjonar av statskassa i 2008 mot 10 nye pensjonar i 2007.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter , overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje forventa utbetalingar til pensjonar av statskassa.

Kap. 1542 Tilskot til Statens Pensjonskasse

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

8 189 654

8 265 000

8 048 000

22

Sluttoppgjer , overslagsløyving

845 600

 

 

70

For andre medlemer av Statens Pensjonskasse , overslagsløyving

91 088

92 000

90 000

 

Sum kap. 1542

9 126 342

8 357 000

8 138 000

Allmenn omtale

Kapittelet er nettobudsjettert. Dei årlege pensjonsutbetalingane vert delvis finansierte av Statens Pensjonskasse sine inntekter. Dette er regulert i lov om Statens Pensjonskasse § 41, der det òg går fram at den delen av netto pensjonsutgifter som ikkje vert finansiert av pensjonsinnskot og fondsavkastning, skal dekkjast av staten ved årlege tilskot. Inntektssida er mellom anna regulert i § 16, som seier at alle medlemmer skal betale innskot med 2 pst. av pensjonsgrunnlaget. I tillegg er ei rekkje verksemder pålagde å yte ein del frå arbeidsgivar. Det vert betalt arbeidsgivardel for om lag 70 pst. av alle medlemmer, mellom anna for nesten alle som ikkje er statstilsette.

Inntektssida utgjer i fyrste rekkje medlemsinnskot og arbeidsgivarpremie frå dei av medlemsverksemdene som er premiebetalande. Dette er innskot for pensjonsrettar som skal utbetalast langt fram i tid, mens utbetalingane er til dei som tidlegare har vore yrkesaktive. Det er derfor ikkje nokon direkte samanheng mellom utgiftene og inntektene på kapitlet i det einskilde budsjettåret. Arbeidsgivardelen vert i dei fleste tilfelle rekna ut som ein fellessats for grupper av verksemder. Ein del verksemder får likevel premien rekna ut individuelt, mellom anna dei fleste aksjeselskapa. Arbeidsgivardelen vil derfor variere frå verksemd til verksemd, eller for ulike grupper av verksemder, avhengig av til dømes lønnsnivå, aldersfordeling og pensjonsalder. I tillegg vert inntekter førte frå refusjon for mellom anna yrkesskadeutbetalingar og førtidspensjonar.

Utgiftssida utgjer i fyrste rekkje utbetalingar til alderspensjon, uførepensjon, enkje- og enkjemannspensjon, barnepensjon og avtalefesta førtidspensjon (AFP). I tillegg vert det budsjettert avskrivingar, administrasjonsutgifter og refusjonspensjonar. Det vert òg budsjettert utbetalingar til yrkesskadeforsikring som ikkje vert dekte av det nye premiesystemet frå 1996.

Rapport 2008

Tabell 4.1 Auke i talet på pensjonar 2007–2008

Pensjonsart

2007

2008

Endring 07/08

Pst. endring 07/08

Alderspensjon

114 047

119 117

5 070

2,22

Avtalefesta pensjon

11 073

12 001

928

0,41

Førtidspensjon

1 456

1 203

-253

-0,11

Uførepensjon

54 124

56 111

1 987

0,87

Ektefellepensjon

46 026

46 553

527

0,23

Barnepensjon

2 149

2 162

13

0,01

Alle pensjonsartar

228 875

237 147

8 272

3,61

Netto auke i talet på pensjonar var på 8 272 i 2008 eller 3,6 pst., frå 228 875 per 31.12.2007 til 237 147 per 31.12.2008.

Budsjett 2010

Det er rekna med at netto utbetalingar i 2010 vil bli på 8138 mill. kroner, fordelt med 8048 mill. kroner på post 01 og 90 mill. kroner på post 70. Dette er om lag 988 mill. kroner lågare enn rekneskap 2008, og om lag 219 mill. kroner lågare enn saldert budsjett 2009. Reduksjonen i 2010 i forhold til saldert budsjett 2009 kjem i fyrste rekkje av auka premieinntekter. Det er lagt til grunn ein vekst på 2,8 pst. når det gjeld pensjonar eksklusive AFP og uførepensjon.

Pensjonsutbetalingar

Kategorien «pensjonsutbetalingar» i tabellen nedanfor inkluderer alderspensjon, enkje- og enkjemannspensjon og barnepensjon, uførepensjon og vartpengar. Utbetalingane vil venteleg utgjere 16 137 mill. kroner i 2010. Dette er ein auke på 1687 mill. kroner samanlikna med rekneskap 2008, og 759 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2009. Av denne differansen utgjer trygdeoppgjeret i 2009 581 mill. kroner.

Som eit ledd i forbetring av rutinane for kvalitetssikring av oppsette uførepensjonar skal Statens Pensjonskasse gjennomføre jamlege kontrollkøyringar mot NAV sitt pensjonsregister. Det er lagt inn 10 mill. kroner i 2010-budsjettet til utbetalingar knytte til handsaminga av saker som vert avdekte ved slike kontrollkøyringar.

AFP-pensjonar

Det er budsjettert med ei utbetaling på 2970 mill. kroner i 2010. Dette er ein auke på 464 mill. kroner samanlikna med rekneskap 2008, og 148 mill. kroner samanlikna med det som er lagt til grunn i saldert budsjett 2009. Trygdeoppgjeret i 2009 er berekna å medføre ein auke i utbetalingane i 2010 på 107 mill. kroner.

Førtidspensjonar

Utbetalingane til førtidspensjonar er rekna ut til 237 mill. kroner i 2010. Dette er ein nedgang med 89 mill. kroner samanlikna med rekneskap 2008 og ein nedgang med 36 mill. kroner samanlikna med det som vart lagt til grunn i saldert budsjett 2009.

Fordi utgiftene til førtidspensjonar vert refunderte frå verksemdene, er nettoeffekten på kap. 1542 tilnærma budsjettnøytral. Samla sett er det budsjettert med ei netto innbetaling på 2 mill. kroner i 2010 på kap. 1542.

Premieinntekter – medlemsinnskot

Overslaget for medlemsinnskot er på 1545 mill. kroner. Dette er 81 mill. kroner høgare enn rekneskap 2008 og 41 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2009. Av dette medfører lønnsoppgjeret i 2009 ei auking i utbetalingane med 19 mill. kroner.

Premieinntekter – arbeidsgivarandel

Overslaget for innbetaling av arbeidsgivardel er 9650 mill. kroner. Dette er 2217 mill. kroner høgare enn rekneskap 2008 og 1084 mill. kroner høgare enn i saldert budsjett 2009. Auken samanlikna med saldert budsjett 2009 skriv seg frå fleire forhold:

  • Premiesatsane for 2010 er auka, i hovudsak som følgje av redusert avkasting på dei fiktive fonda i 2008.

  • Premiegrunnlaget som ligg til grunn for faktureringa er auka. Premiegrunnlaget vert oppdatert jamleg på bakgrunn av rapportering frå arbeidsgivarane.

  • Effekten av lønnsoppgjeret i 2009 er venta å auke premieinntektene i 2010 med 120 mill. kroner.

  • Premieinntektene er reduserte som følgje av at fleire verksemder har meldt seg ut av Statens Pensjonskasse med verknad frå 1.1.2009. Som følgje av at ansvaret for helserefusjonsområdet (Helfo) er overført frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til Helsedirektoratet, er premie for helserefusjonsområdet (Helfo) òg trekt ut av premiegrunnlaget, jf. St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009.

Av andre endringar kan det nemnast at administrasjonspremien er auka frå 0,31 pst. til 0,35 pst. av premiegrunnlaget. Auken i administrasjonspremie skal i hovudsak dekkje følgjekostnader i samband med pensjonsreforma og PERFORM, jf. omtale under kap. 2470, post 24.

I St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 vart det omtalt korleis systemtekniske og tariffmessige avvik skal handsamast av Statens Pensjonskasse. Det framgjekk at budsjetteffekt for verksemder som netto (etter motrekning) vil få betra solvens, og som følgje av dette lågare premie i eitt eller fleire år, ville kome i 2010. Denne effekten vil fyrst kome i 2011-budsjettet då avvikssaka vil verte handsama i samband med forsikringstekniske oppgjer for 2009 som vert gjennomførte våren 2010.

Tabell 4.2 Inntekter og utgifter til Statens Pensjonskasse

 

 

 

(i 1000 kroner)

 

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Sluttoppgjer

845 600

0

0

Pensjonsutbetalingar

14 449 590

15 377 678

16 137 000

AFP-pensjonar

2 506 130

2 822 105

2 970 000

Førtidspensjonar

325 621

272 656

237 000

Yrkesskadeforsikring

3 424

8 412

8 000

Renter pensjonsutbetalingar

27 438

5 493

5 000

Renter refusjonspensjonar

0

1 158

2 000

Avskrivingar

39 844

35 696

37 000

Renter lån av statskassen

1 050 219

1 223 000

0

Administrasjonsutgifter

349 277

359 000

375 000

Utgifter i alt

19 597 143

20 105 198

19 771 000

Medlemsinnskot

1 463 938

1 503 898

1 545 000

Kapitalavkasting

1 022 415

1 195 000

0

Arbeidsgivarinnskot inkl. AFP

7 432 989

8 565 792

9 650 000

Refusjon yrkesskade

2 541

9 215

8 000

Refusjon førtidspensjonar

351 271

275 238

239 000

Refusjonspensjonar andre ordningar

176 742

181 512

189 000

Renteinntekter refusjonspensjonar andre ordningar

0

0

2 000

Gebyr Lån

20 905

18 000

0

Inntekter i alt

10 470 801

11 748 655

11 631 000

Samla tilskot (utgifter – inntekter)

9 126 342

8 356 543

8 138 000

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tidlegare opptente rettar for medlemmer i Statens Pensjonskasse. Ein auke i premieinntektene pluss ein forventa auke av utbetalte pensjonar i 2010 og heilårseffekten av lønns- og trygdeoppgjeret i 2009 (medrekna G-regulering av pensjonsytingane) påverkar storleiken på tilskotet.

Til og med statsbudsjettet 2009 har utgiftene knytte til administrasjon av bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse vorte løyvde over kap. 1542 Tilskot til Statens Pensjonskasse, post 01 Driftsutgifter. Tilskot til å dekkje anslått tap/avskrivingar relaterte til bustadlåneordninga har òg vorte løyvd under kap. 1542, som del av dei totale avskrivingane. Frå og med statsbudsjettet 2010, vert administrasjonsutgiftene i staden løyvde på ein nyoppretta post 01 Driftsutgifter under kap. 1544 Bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse. Avskrivingane vert løyvde under ein nyoppretta post 70 under det same kapitlet, medan renteinntektene vert løyvde under kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse. Gebyr innbetalt frå lånekundar, som tidlegare vart budsjettert under kap. 1542, vert frå og med statsbudsjettet 2010 løyvd over eit nytt kap. 4544 Bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse.

Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving

Det er ikkje varsla utmeldingar frå Statens Pensjonskasse i 2010. Det er såleis ikkje budsjettert med utbetalingar eller innbetalingar til sluttoppgjer.

Post 70 For andre medlemer av Statens Pensjonskasse , overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tilsette i ikkje-statlege sosiale og humanitære institusjonar som er medlemmer av Statens Pensjonskasse.

Kap. 1543 Arbeidsgivaravgift til folketrygda

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

843 000

911 000

754 000

70

For andre medlemer av Statens Pensjonskasse , overslagsløyving

9 000

10 000

8 000

 

Sum kap. 1543

852 000

921 000

762 000

Allmenn omtale

Postane omfattar arbeidsgivaravgift til folketrygda av utrekna arbeidsgivardel og medlemsinnskot for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivardel og medlemsinnskot direkte til Statens Pensjonskasse. Avgifta omfattar arbeidsgivaravgift for statsforvaltninga og for andre medlemmer i Statens Pensjonskasse som ikkje betaler premie til Pensjonskassen.

Endringa i utrekna tilskot i forhold til føregåande år kjem av oppdatert utrekna premiegrunnlag for dei ikkje-premiebetalande medlemsverksemdene i Statens Pensjonskasse. Kapitlet utgjer ei teknisk utrekning av arbeidsgivaravgifta.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Posten gjeld utrekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for statsforvaltninga, for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivardel og medlemsinnskot direkte til Statens Pensjonskasse. Arbeidsgivaravgift i 2010 er utrekna til 754 mill. kroner. Dette er 89 mill. kroner lågare enn rekneskap 2008, og 157 mill. kroner lågare enn saldert budsjett 2009. Reduksjonen i 2010 i høve til saldert budsjett 2009 skriv seg i fyrste rekkje frå auka premiebetaling i samband med at Aetat etter NAV-reforma har vorte ei premiebetalande verksemd som ein del av NAV.

Post 70 For andre medlemer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving

Posten gjeld utrekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for andre medlemer i Statens Pensjonskasse som ikkje betaler slikt innskot direkte til Statens Pensjonskasse.

Kap. 1544 Bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

 

 

31 000

70

Tap/avskrivningar

 

 

2 000

90

Utlån , overslagsløyving

5 052 098

3 400 000

6 000 000

 

Sum kap. 1544

5 052 098

3 400 000

6 033 000

Allmenn omtale

I hovudtariffavtalen i staten går det fram at bustadlån kan ytast med inntil 1,5 mill. kroner, etter reglar fastsette av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Lån kan givast til pensjonistar og yrkesaktive medlemmer av Statens Pensjonskasse etter Lov om Statens Pensjonskasse med tilleggslover. Dersom det ligg føre særskilde grunnar, kan Statens Pensjonskasse òg gi lån til barn som grunna begge foreldra sin død må flytte frå tenestebustad. Statsrådar og stortingsrepresentantar kan òg få lån.

Ordninga vert finansiert ved hjelp av fondet til Statens Pensjonskasse og ved løyvingar over statsbudsjettet når midlane i fondet ikkje strekk til. Lån vert gitt for å skaffe bustad eller for å refinansiere bustadlån. Lån vert gitt mot sikring innanfor 80 pst. av marknadsverdien til bustaden. Lånet har ei maksimal nedbetalingstid på 30 år, der fem år kan vere avdragsfrie.

Renta på bustadlån i Statens Pensjonskasse følgjer normalrenta for rimelege lån i arbeidsforhold (normrenta). Rentesatsen kan endrast inntil 6 gonger per år. Det vert ikkje tilbudt faste renter knytta til bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse.

Regjeringa har teke initiativ til å få vurdert noverande praksis og behov for å etablere felles løysingar for kapitalforvaltning og rekneskapsføring i forvaltningseiningane Statens lånekasse for utdanning, Husbanken og bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse, jf omtale i Gul bok, kap. 9.4.

Vidare er det gjort ei vurdering av eit meir einsarta teknisk rammeverk for fastsetjing av flytande og faste renter i statlege utlånsordningar i desse tre forvaltningseiningane.

På denne bakgrunnen er det i statsbudsjettet for 2010 mellom anna lagt til grunn at:

  • Det vert frå budsjettåret 2010 lagt til grunn ei bruttobudsjettering av bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse, jf. nytt kapittel 4544.

  • Renteinntekter vert budsjettert og ført i rekneskapen ut i frå opptente renter basert på kalenderåret. Under kvar enkelt post vert det gjort greie for samanhengen mellom opptente og innbetalte renter. Alle kostnader og andre inntekter enn renter vert ført etter kontantprinsippet.

  • Det vert oppretta ein eigen tilskotspost (70-post) for å dekkje tap/kostnader knytta til manglande innbetaling frå kundane i budsjetterminen. Under posten vert det gjort greie for kva som vil gå til dekning av manglande avdrag og kva som går til dekning av opptente, ikkje betalte renter i tidlegare og inneverande budsjettermin.

  • Konkrete definisjonar og metodeskildringar for berekning av flytande rente vert presentert på forvaltningseiningane sine internettsider, saman med kvalitetssikra renteobservasjonar av flytande rente. Med utgangpunkt i renteobservasjonane vert det utrekna ei årleg effektiv rente og aktuelle nominelle renter etter betalingsfrekvens.

Rapport 2008

Tabell 4.3 Utviklinga i bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse

 

Tal på lån

(i mill. kroner)

År

Nye lån

Talet på lån totalt

Total utlåns-portef. 31.12.

Brutto utlån

Avdrag

Kapitalbehov

1999

9 424

23 970

4 075

2 970

325

2 645

2000

7 411

26 566

6 038

2 768

812

1 956

2001

13 713

34 069

10 624

6 227

1 633

4 594

2002

10 581

38 181

14 293

6 159

2 499

3 660

2003

4 296

33 640

13 108

2 710

3 895

-1 185

2004

2 320

30 467

11 935

1 447

2 620

-1 173

2005

3 947

29 985

12 205

2 529

2 259

270

2006

4 620

29 368

13 100

3 859

2 964

895

2007

6 564

30 206

16 100

6 395

3 395

3 000

2008

7 552

33 442

21 100

8 184

3 134

5 050

I 2008 utbetalte Statens Pensjonskasse 7552 nye lån. Den totale porteføljen av utlån var ved utgangen av 2008 på 21,1 mrd. kroner, noko som utgjer ein auke på 31,1 pst. frå 2007. Talet på lån var 33 442 og utgjer ein auke på 10,7 pst. Auken kjem i hovudsak av større etterspurnad etter lån. Resultatkravet for 2008 var ei sakshandsamingstid på ein månad for søknader om nye lån og for søknader om refinansiering. Ved utgangen av 2008 var Statens Pensjonskasses sakshandsamingstid under ein månad for søknader om nye lån og 12 veker for søknader om refinansiering. Avviket skriv seg i fyrste rekkje frå auka etterspurnad etter refinansiering av lån.

Løyvinga på kap. 1544 har til og med statsbudsjettet 2009 vore nettobudsjettert og inkludert både utbetaling av nye lån og innbetaling av avdrag og innfriingar. Frå og med 2010 vert det innført eit bruttobudsjetteringssystem, jf. nyoppretta kap. 4544.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter

Posten er nyoppretta og skal dekkje kostnadene til Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift for å administrere bustadlåneordninga. Til og med statsbudsjettet for 2009 har administrasjonskostnadene vore løyvde under kap. 1542, som del av dei totale administrasjonskostnadene til Statens Pensjonskasse, jf. omtale under kap. 1542.

Hovuddelen av kostnadene knytte til administrering av bustadlåneordninga vert dekte av lånekundane gjennom betaling av ulike former for gebyr, jf. gebyrinntekter under kap. 4544, post 01, og av avkastning på fondet til Statens Pensjonskasse, jf. kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse, post 80 Renter.

Post 70 Tap/avskrivingar

Posten er nyoppretta og skal dekkje venta tap på utlån. Til og med statsbudsjettet for 2009 har tilskot til å dekkje utrekna tap/avskrivingar relatert til bustadlåneordninga vore løyvde under kap. 1542, som del av dei totale avskrivingane til Statens Pensjonskasse, jf. omtale under kap. 1542. Tap på hovudstol utgjer 1,5 mill. kroner og opparbeid rentegjeld utgjer 0,5 mill. kroner.

Post 90 Utlån, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje venta brutto utlån til bustadlån. Brutto innbetalingar vert løyvde på kap. 4544, post 90, jf. omtale under denne posten. Til og med statsbudsjettet for 2009 har løyvinga på posten dekt venta netto utlån til bustadlån ut over det som vert dekt av fondet til Statens Pensjonskasse. Løyvinga på posten har med andre ord tidlegare vist endringa i hovudstol lån det einskilde året. I samband med tilrettelegging for meir systematisk og betre informasjon om statlege utlån vert renteinntektene frå og med statsbudsjettet 2010 løyvd og rekneskapsført ut frå opptente renter basert på kalenderåret, jf. omtale under kapittel 5607.

Overslaget på brutto utbetalingar er på 6000 mill. kroner i 2010. I dette overslaget er det, i samband med innføringa av føringsprinsippet om at renteinntekter vert løyvd og rekneskapsført ut frå opptente renter basert på kalenderåret, inkludert utlån til opptente, men ikkje betalte renter per 31.12.2010, med 91 mill. kroner. Forventa hovudstol per 31.12.2010 utgjer 1 mrd. kroner. Uteståande lån per 31.12.2009 utgjer 23 500 lån. Det er lagt til grunn ei oppdatering av forventa gjennomsnittleg utbetalt beløp i forhold til saldert budsjett 2009. Vidare er det lagt til grunn ein prognose på 100 utbetalte lån per veke i heile budsjettperioden.

Kap. 4544 Bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Gebyrinntekter, lån

 

 

18 000

90

Tilbakebetaling av lån

 

 

3 500 000

 

Sum kap. 4544

 

 

3 518 000

Post 01 Gebyrinntekter, lån

Posten er nyoppretta og skal dekkje gebyrinntekter frå låntakarane i bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse. Til og med statsbudsjettet 2009 vart innbetalte gebyr frå lånekundane, i form av termingebyr, etableringsgebyr, purregebyr og liknande, løyvde under kap. 1542, jf. omtale under same kapittel. Gebyrprisane vert godkjende av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Post 90 Tilbakebetaling av lån

Posten er nyoppretta skal dekkje venta innbetaling av avdrag på og innfriingar av bustadlån. I tillegg skal løyvinga dekkje tilbakeføring av utrekna opptente, men ikkje betalte renteinntekter ved inngangen til året som er ført under kap. 1544, post 90 Utlån. Til og med statsbudsjettet for 2009 har innbetaling frå lånekundane ved terminforfall og innløysingar vore budsjetterte under kap.1544, post 90, jf. omtale under kap. 1544, post 90. For budsjettåret 2010 er det lagt til grunn årlege innbetalingar på 3 500 mill. kroner, inkludert 61 mill. kroner i tilbakeføring av utrekna opptente renter per 1.1.2010, og 2 mill. kroner i tilbakeføring av tap/kostnadsløyving. Overslaget er basert på ein auke i forventa gjennomsnittleg innløyst sum, pluss årlege forventa avdrag i forhold til saldert budsjett 2009. Føresetnaden om 350 innløysingar per månad i heile budsjettperioden er den same som i saldert budsjett 2009.

Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

80

Renter

1 050 219

1 223 000

734 000

 

Sum kap. 5607

1 050 219

1 223 000

734 000

Allmenn omtale

Kapitlet gjeld renteinntekter knytte til bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse, jf. kap. 1544 og 4544. Renta på bustadlån i Statens Pensjonskasse følgjer normalrenta for skattlegging av fordel av rimelege lån i arbeidsforhold, òg kalla normrenta. Det er Finansdepartementet som fastset normrenta. Renta kan justerast inntil seks gonger i året.

Budsjett 2010

Post 80 Renter

Posten gjeld renteinntekter knytte til bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse, jf. kap. 1544 og 4544. Overslaget på renteinntekter er på 734 mill. kroner i 2010. I dette overslaget er det, i samband med innføringa av føringsprinsippet om at renteinntekter vert løyvd og rekneskapsførde ut frå opptente renter basert på kalenderåret, jf. omtale under kap. 1544, post 90, inkludert utrekna opptente renter per 31.12.2010 med 91 mill. kroner. Nedgangen i utrekna renteinntekter i 2010 i forhold til saldert budsjett 2009, kjem mellom anna av oppdaterte prognoser for utlånsveksten i 2010, i tillegg til rentereduksjon.

Det vert òg lagt til grunn ei innføring av utrekna nominelle renter ut frå betalingsfrekvens/terminstruktur frå 1.1.2010, på grunnlag av den til kvar tid gjeldande effektive normrenta, jf. omtale i Gul bok, kap. 9.4 relatert til eit meir einsarta rammeverk for fastsetjing/utrekning av renter i statlege låneordningar.

Grunna endra føringsprinsipp for renter vil det oppstå visse budsjettekniske overgangseffektar. For bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse vil det oppstå ein eingongseffekt knytt til dette. Bustadlåneordninga under Statens Pensjonskasse har i rapporteringa til statsrekneskapen til no bokført renter basert på kontantprinsippet. Ei omlegging av føringa av rekneskapen der opptente renter skal bokførast ut frå kalenderåret, vil tilnærma innebere ein auke på 61 mill. kroner i oppsamla renter. Dette vil føre til ein auke av den bokførte verdien av utlånsmassen i bustadlåneordninga under Statens Pensjonskasse per 1.1.2010. Denne eingongseffekten er av rein rekneskapsmessig art og har ikkje nokon innverknad på staten sin reelle økonomiske situasjon.

Av omsyn til konsistens i budsjett og rekneskap, jamføring mellom åra og lik handsaming av omlegginga for alle forvaltningseiningane for statlege utlån, blir det foreslått at slike eingongseffektar blir handterte via staten sin sentrale balansekonto (konto for forskyving i balansen). Det blir foreslått at dette blir gjennomført ved at inngåande balanse for bustadlånordninga i Statens Pensjonskasse sitt utlån i statsrekneskapen for 2010 blir regulert i samsvar med det som er totale utlån ved utgangen av 2009, basert på det endra føringsprinsippet. Ei slik regulering av inngåande balanse i statsrekneskapen per 1.1. 2010 vil krevje eiga romartalsfullmakt frå Stortinget, jf. forslag til romartalsvedtak.

Kap. 1546 Yrkesskadeforsikring

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

73 749

94 000

92 000

 

Sum kap. 1546

73 749

94 000

92 000

Allmenn omtale

Alle som arbeider i teneste for arbeidsgivar er omfatta av lov av 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring. Staten som arbeidsgivar er sjølvassurandør, men arbeidstakarar i staten har dei same rettane etter lova som andre arbeidstakarar. Arbeidstakarar som er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, er i tillegg dekte av reglane i avtalen om ytingar ved yrkesskadar. Utbetalingar frå desse to regelverka vert samordna, slik at arbeidstakar får erstatning etter det regelverket som gir høgast sum. Yrkesskadeordninga omfattar personskadar som kjem av arbeidsulykker og sjukdomar som følgje av påverknad frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar. Erstatning skal ytast utan omsyn til om nokon har skyld i skaden. Vilkåret er at skaden/sjukdomen skjer i arbeid på arbeidsstaden og i arbeidstida.

Frå 1.1.1996 er yrkesskadeforsikringa i staten basert på eit premiesystem. Dette inneber at det vert kravd ein premie av arbeidsgivarar kvart år som skal dekkje kostnadene for dei skadane som vert konstaterte dette året. Det gjeld òg om skaden vert meld og gjord opp fleire år seinare. Når Statens Pensjonskasse handsamar saker der skaden vart konstatert før 1.1.1996, utbetaler Statens Pensjonskasse erstatninga for deretter å krevje summen refundert frå den aktuelle arbeidsgivaren, med tillegg av eit administrasjonsgebyr. Skadar konstaterte etter 1.1.1996 vert dekte av innbetalt premie.

Etter lov om yrkesskadeforsikring er staten som sjølvassurandør ansvarleg for ei rekkje andre grupper som er definerte som arbeidstakarar. Dette er grupper som er sysselsette av staten, men som likevel fell utanom tenestemannslova og hovudtariffavtalen.

For nokre grupper av personar som ikkje er arbeidstakarar, men som er i arbeidsliknande tilhøve, har krav om yrkesskadeerstatning vorte handsama av dei ulike fagdepartementa. Frå 1.1.2004 skal alle krav om erstatning etter yrkesskadeforsikringslova handsamast av Statens Pensjonskasse.

Skadeomfanget for gruppene er moderat. Overføringa får administrative og økonomiske verknader både for Statens Pensjonskasse og for dei departementa saker vert overførte frå. I gjennomsnitt har Statens Pensjonskasse avslutta ni slike saker per år etter at dei overtok handsaminga av desse sakene.

Rapport 2008

I 2008 hadde Statens Pensjonskasse 204 utbetalingar i yrkesskadesaker mot 198 i 2007, noko som utgjer ein auke på 3 pst. I omlag 86 pst. av sakene vart erstatningane utbetalte innan fire veker etter at naudsynt dokumentasjon låg føre. Resultatkravet for 2008 var at minst 80 pst. av erstatningane skulle utbetalast innan fire veker.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Framlegget til løyving på denne posten skal dekkje utgiftene til yrkesskadeutbetalingane i 2010. Løyvinga skal òg dekkje kostnadene til Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift for å administrere yrkesskadeordninga, jf. omtalen under kap. 2470.

Kap. 4546 Yrkesskadeforsikring

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Premieinntekter

132 906

127 000

136 000

 

Sum kap. 4546

132 906

127 000

136 000

Post 01 Premieinntekter

Framlegget til løyving gjeld innbetaling av yrkesskadeforsikringspremie frå alle arbeidsgivarane som er omfatta av ordninga. Utrekna innbetalt premie er monaleg høgare enn venta utbetalt erstatning i 2010. Dette har samanheng med at det ofte kan ta fleire år før skadetidspunktet vert konstatert, og utbetalingane kjem dermed ofte fleire år etter at premien er innbetalt.

Kap. 1547 Gruppelivsforsikring

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

99 152

126 000

131 000

 

Sum kap. 1547

99 152

126 000

131 000

Allmenn omtale

Løyvinga gjeld § 23 i hovudtariffavtalen.

Rapport 2008

I 2008 vart det utbetalt forsikring etter 187 personar med til saman 99,2 mill. kroner, mot 213 personar med til saman 84,3 mill. kroner i 2007. Resultatkravet for 2008 var at eingongsbeløpa etter gruppelivsordninga skulle utbetalast innan sju dagar etter at alle opplysningane vert mottekne. Seks saker av 187 vart utbetalte meir enn sju dagar etter at alle opplysningar var mottekne. I snitt vart eingongsbeløpa utbetalte etter fire dagar.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga gjeld erstatningsutbetalingar og kostnadene til Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift for å administrere gruppelivsordninga, jf. omtale under kap. 2470. Overslaget for 2010 er på 131 mill. kroner. Dette er 5 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2009. Auken i 2010 i forhold til saldert budsjett 2009 er i fyrste rekkje ein effekt av trygdeoppgjeret i 2009.

Kap. 4547 Gruppelivsforsikring

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Premieinntekter

56 448

47 000

98 000

 

Sum kap. 4547

56 448

47 000

98 000

Post 01 Premieinntekter

Posten gjeld verksemder som betaler gruppelivspremie direkte til Statens Pensjonskasse. Budsjetterte premieinntekter i 2010 er 98 mill. kroner. Dette er 51 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2009. Auken i 2010 i forhold til saldert budsjett 2009 skriv seg i fyrste rekkje frå endringar i ordninga i samband med tariffoppgjeret 2008 ved at ytingane er betra, hovudsakleg som følgje av at avkortinga for aukande alder er fjerna.

Kap. 2470 Statens Pensjonskasse

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

24

Driftsresultat

-34 484

-11 532

26 628

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

91 899

327 442

285 943

 

Sum kap. 2470

57 415

315 910

312 571

Allmenn omtale

Statens Pensjonskasse er ei forvaltningsbedrift. Det går eit klart skilje mellom pensjons- og forsikringsordningane og det administrative apparatet i verksemda som forvaltar og administrerer ordningane. Rekneskapsmessig er det skipa ei eining for pensjons- og forsikringsordningane (Statens Pensjonskasse Forsikring) og ei anna eining for administrasjonsapparatet (Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift). Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift har ein aktivitetsbasert økonomimodell der verksemda får betalt for dei einskilde tenestene som vert utførte for pensjonsordningane. Fornyings- og administrasjonsdepartementet fastset prisane for tenestene.

Rapport 2008

Statens Pensjonskasse skal utbetale korrekt utrekna pensjon til rett tid. I 2008 vart alle nye pensjonar som er omfatta av utbetalingsgarantien til pensjonskassen, utbetalte til rett tid. Utbetalingsgarantien seier at dersom ein søkjer om pensjon i tide, skal pensjonen utbetalast fyrste månad etter lønnsopphøyr. Dette gjeld alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar.

Statens Pensjonskasse har prioritert arbeidet med å auke kvaliteten i pensjonsutrekninga, dvs. sørgje for korrekt utrekning og utbetaling av pensjon. Resultatmålet for 2008 var at minst 96 pst. av nye pensjonar skal utbetalast rett ved fyrste gongs utbetaling. Resultatet vart 95,6 pst. Generelt kjem feilutbetalingar i hovudsak av feil i grunnlagsdata og i samordning av pensjonar. For 2008 kan ein òg vise til mange nyrekrutteringar og utfordringar knytte til å opparbeide naudsynt kompetanse. Arbeidet med pensjonsreforma har òg medført eit stort press på dei tilsette i forhold til å levere linjeoppgåver til rett tid og av god kvalitet, samstundes som dei skal støtte opp om PERFORM-prosjektet. Statens Pensjonskasse har fokus på kvaliteten i pensjonsutbetalingane, og arbeider heile tida med å analysere avvik og setje i verk tiltak for å stabilisere kvaliteten.

I 2008 vart det utbetalt renter for til saman 27,4 mill. kroner. Av dei totale pensjonsutbetalingane tilsvarer dette 1,6 promille, noko som var i tråd med resultatkravet. Av dette utgjorde renteutbetalingar til statsarbeidarane om lag 11,9 mill. kroner.

For dei andre ordningane som Statens Pensjonskasse administrerer, vert det vist til rapportdelen under dei respektive kapitla.

Statens Pensjonskasse har gjennomført forsikringstekniske oppgjer innan fastsett frist for verksemder med fiktive fond i pensjonskassen.

Informasjon og service

Kundesenteret i Statens Pensjonskasse svarte på om lag 140 800 telefonar i 2008. I tillegg kom det drygt 22 700 e-postmeldingar og 2300 brev. Gjennom utvikling av internettløysingar arbeider Statens Pensjonskasse med å betre tilgang til og flyt av informasjon. Somme arbeidsgivarar har direkte tilgang til å kontrollere og rette opp eigne data i systemet til Statens Pensjonskasse. Medlemene har høve til å kontrollere si eiga pensjonsopptening, og alle lånesøknader kan sendast elektronisk til Statens Pensjonskasse.

Om lag 93,7 pst. av alle telefonar vart svarte på ved fyrste gongs oppringing, det same som i 2007. Brev vart i hovudsak svarte på innan fire veker, eller med førebels svar innan fire veker.

Statens Pensjonskasse har prioritert ulike informasjonstiltak knytte til utviklinga i pensjonsordninga til dei ulike medlemsverksemdene. Verksemder med tildelte fond får no betre oppfølging og informasjon enn tidlegare, jf. innføring av nytt premiebereknings og kontoføringsssystem.

Kvalitetssikring av medlemsdata

Ei viktig oppgåve for Statens Pensjonskasse er å registrere og oppdatere medlemsdata. Kvar einskild arbeidsgivar har plikt til å sende inn naudsynte medlemsdata til Statens Pensjonskasse. Totalt omfattar dette i overkant av 1600 arbeidsgivarar.

Medlemsdata vert nytta til fleire formål. Dei vert brukte til å rekne ut korrekt pensjonspremie for arbeidsgivarane, rekne ut korrekt pensjon for pensjonistane og gi informasjon om framtidig pensjon til medlemene. Vidare er medlemsdata kritisk for utrekning av forpliktingane og andre analyseformål. Kvaliteten på medlemsdata er heilt sentral for at Statens Pensjonskasse skal kunne vere ein profesjonell, brukarretta aktør.

Kvaliteten på medlemsdata er framleis ikkje god nok. Statens Pensjonskasse har i fleire år arbeidd med å betre kvaliteten på historiske data. I tillegg til det interne arbeidet med å rette opp data, arbeider Statens Pensjonskasse saman med medlemsverksemdene for å betre rutinane for innrapportering.

Prosjektet i Statens Pensjonskasse for kvalitetssikring av historiske medlemsdata har gradvis vorte utvida dei seinare åra, og planen for dette arbeidet omfattar no alle medlemer (aktive og oppsette) i pensjonskassen. Aktive medlemer er no i hovudsak ferdig kvalitetssikra. Det gjenståande kvalitetssikringsarbeidet er i hovudsak retta mot oppsette medlemer, der Statens Pensjonskasse prioriterer etter alder og har teke dei eldste medlemmene først. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har stramma inn tidsplanen for arbeidet med kvalitetssikringa av medlemsdata og kvalitetssikringa skal vere sluttført seinast 1.7.2010. Då skal data for om lag 720 000 medlemer vere kvalitetssikra.

Driftsstabilitet

Statens Pensjonskasse sitt pensjonssystem (MP) har vore driftstilgjengeleg 99,57 pst. av tida i 2008. I 2007 var tilsvarande tal 99,34 pst. Målsetjinga er at systemet er tilgjengeleg minst 99,5 pst. av tida. Den stabile tilgjengelegheita i 2008 viser at dei tiltak som er gjennomførte dei siste åra på opprydding i basis infrastruktur og etablering av eit godt driftsfundament, har gitt gode resultat.

Hovudoppgåva til IKT-området i 2008 har vore knytt til å førebu og klargjere organisasjonen for PERFORM-prosjektet. Dette prosjektet har vist seg å verte meir omfattande enn først venta. For å handtere PERFORM både på kort og lang sikt, har IKT-området vorte omorganisert og fått fleire tilsette. Det er inngått avtalar med leverandørar om ekstern forvaltning av ein del av Statens Pensjonskasse sin systemportefølje. I tillegg har PERFORM medført etablering av ny ekstern lokalisering og ei tilnærma dobling av talet på IKT-brukarar i Statens Pensjonskasse (inkludert konsulentar).

Pensjonsreforma – PERFORM

PERFORM-prosjektet har i oppgåve å implementere pensjonsreforma i Statens Pensjonskasse. I tillegg til å implementere nytt regelverk skal prosjektet òg sikre at nye og eksisterande systemløysningar blir lagde over på ei ny og moderne teknisk plattform. Prosjektet har ei total kostnadsramme på 888 mill. kroner, og ei styringsramme på 664 mill. kroner.

I 2008 og fyrste halvår av 2009 har dei viktigaste aktivitetane vore prega av tilpassingar i systemløysningane mot nye og endra systemløysningar i NAV. I 2010 og 2011 vil prosjektet sitt hovudfokus vere å implementere nytt regelverk knytt til pensjonsreforma for å sikre at nye ytingar kan reknast ut korrekt og med høg kvalitet når reforma trer i kraft.

Resultatmål og prioriteringar i 2010

Statens Pensjonskasse skal forvalte og administrere statens tenestepensjonsordning slik at medlemene og medlemsverksemdene får tenester av høg kvalitet.

  • Statens Pensjonskasse skal utbetale korrekt pensjon til rett tid. Av nye pensjonar skal minst 96 pst. vere korrekte ved fyrste gongs utbetaling.

  • Av endra pensjonar (til dømes endra pensjonsstatus gjennom året) skal minst 94 pst. vere korrekte ved fyrste gongs utbetaling.

  • Statens Pensjonskasse skal vidareføre arbeidet med å betre kvaliteten i medlemsdatabasen mellom anna ved å sørgje for at jamleg rapportering om medlemene vert henta inn og lagde i medlemsdatabasen.

  • Statens Pensjonskasse skal innan 1.7.2010 vere ferdig med å kvalitetssikre medlemsdata frå tilbake i tid.

  • Statens Pensjonskasse skal drive målretta informasjon til medlemer og medlemsverksemder om rettar og plikter.

  • Statens Pensjonskasse skal sikre god driftsstabilitet i kjerneverksemda sine systemløysingar og med det redusere risikoen for brot i tenesteproduksjonen.

  • Statens Pensjonskasse skal yte god service mot medlemene målt i høve til låge restansar og god brukarretting av tenestene med gode nettbaserte tenester og tilgjengelege telefontenester.

  • Statens Pensjonskasse skal utbetale forsikringsbeløpa under gruppelivsforsikring innan sju dagar etter at naudsynt dokumentasjon er motteken.

  • Statens Pensjonskasse skal utbetale minst 85 pst. av forsikringsbeløpa under yrkesskadeforsikringa innan fire veker etter at naudsynt dokumentasjon er motteken.

  • Statens Pensjonskasse skal handsame søknader om nye lån og refinansiering innan ein månad.

Statens Pensjonskasse skal levere kostnadseffektive tenester for staten med mellom anna bruk av gode tekniske løysingar.

  • Statens Pensjonskasse skal gjennomføre årlege forsikringstekniske oppgjer innan 15. mai for medlemsverksemder med fiktive fond.

  • Statens Pensjonskasse skal syte for god kostnadskontroll av PERFORM-prosjektet innanfor gjeldande styrings- og kostnadsrammer.

  • Statens Pensjonskasse skal nå eit driftsresultat på 26,6 mill. kroner i 2010.

Statens Pensjonskasse skal medverke til at pensjonsreforma vert sett i verk på forsvarleg vis innan 1.1.2011.

  • Statens Pensjonskasse skal sikre framdrift og leveransar innan PERFORM-prosjektet i 2010 slik at pensjonsreforma kan setjast i verk 1.1.2011.

Budsjett 2010

Post 24 Driftsresultat

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

24.1

Driftsinntekter , overslagsløyving

-397 859

-400 253

-447 090

24.2

Driftsutgifter , overslagsløyving

318 517

325 498

371 326

24.3

Avskrivingar

16 447

46 164

69 674

24.4

Renter av staten sin kapital

-474

 

14 649

24.5

Til investeringsformål

22 459

17 059

18 069

24.6

Til reguleringsfond

6 426

 

 

 

Sum post 24

-34 484

-11 532

26 628

Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving

Inntekta til Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift er knytt til betaling for dei administrative tenestene av pensjonsordningar og andre produkt i Statens Pensjonskasse Forsikring. Om lag 90 pst. av inntekta kjem frå administrasjon av dei ulike pensjonsordningane, der inntekt knytt til den statlege pensjonsordninga etter lov om Statens Pensjonskasse utgjer det aller meste. Inntektsauken kjem i hovudsak av auka volum, justerte administrative prisar som følgje av kostnadsutviklinga og behov for inndekking av følgjekostnader knytte til PERFORM-prosjektet.

Statens Pensjonskasse har frå 2009 teke over sakshandsaminga av Stortinget si pensjonsordning frå Stortingets Pensjonsstyre. Dette fører til ein auke i driftsinntektene med om lag 1 mill. kroner i 2010.

Ny systemløysing for utbetaling av pensjonar er teken i bruk frå 2009. Dette har ført til at prisane på dei tenestene NAV utfører som rekneskapsførar for Statens Pensjonskasse i samband med pensjonsutbetalingane, har vorte reduserte. Tenesteprisane til Statens Pensjonskasse skal nedjusterast i samsvar med dette.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Per 31.12.2008 hadde Statens Pensjonskasse Forvaltningsbedrift om lag 342 årsverk. Lønnskostnader utgjer omlag halvparten av verksemdas driftskostnader.

Dei auka driftsutgiftene kjem i hovudsak av venta pris- og lønnsvekst i tillegg til auka kostnader som følgje av pensjonsreforma. Inkludert i driftsutgiftene er òg kostnader knytte til investeringsprosjekta som ikkje kan aktiverast.

Pensjonsreforma og PERFORM-prosjektet ber med seg følgjekostnader på 47,5 mill. kroner i 2010. Det er lagt inn ein tilsvarande auke i tenesteprisane jf. omtale under underpost 24.1 Driftsinntekter. Auken gjeld kostnader som ikkje er inkluderte i styringsramma for PERFORM, slik som følgjekostnader i samband med nye IKT-system, kompliserande sakshandsaming som følgje av fleire ulike regelverk og større informasjonsbehov blant medlemene i Statens Pensjonskasse. Auken i driftskostnader blir delvis dekt gjennom høgre administrasjonspremie for dei av medlemsverksemdene som er premiebetalande, jf. omtale under kap. 1542.

Underpost 24.3 Avskrivingar

Statens Pensjonskasse avskriv aktiverte driftsmidlar. Avskrivingane startar året etter kjøpsåret. Det vert nytta lineære avskrivingar der historisk kostpris på aktiverte driftsmidlar vert avskriven med satsar på 15 pst. for inventar og 25 pst. for kontormaskinar (inkludert IKT-utstyr og programvare). Prosjektet PERFORM vert avskrive med ein sats på 10 pst. Dette fordi prosjektet når det er avslutta vil ha ei venta lengre levetid enn det som er normalt for andre investeringar. Det er lagt til grunn at det vil skje kontinuerlege leveransar i PERFORM i prosjektperioden der avskrivingane startar året etter ferdigstilt delleveranse.

Underpost 24.4 Renter av staten sin kapital

I samsvar med reglane for forvaltningsbedrifter, skal det svarast rente for den kapital som er investert i bedrifta. Det høge nivået på investeringar i budsjettperioden medfører ein auke i rentekostnadene.

Underpost 24.5 Til investeringsformål

Posten omfattar avsetning til eigenfinansierte investeringar, jf. kap. 5470, post 30.

Underpost 24.6 Til reguleringsfondet

Reguleringsfondet skal nyttast til å dekkje svingingar i verksemda sin økonomi mellom ulike år, og til å dekkje effektane av lønnsoppgjer og uføresette utgifter i det einskilde budsjettåret. Fondet er ein del av eigenkapitalen til forvaltningsbedrifta. Ein legg til grunn at fondet kan nyttast til gjenkjøp av mellom anna systemløysingar. Det vert gjort framlegg om at det vert gitt høve til å omdisponere inntil 10 mill. kroner frå reguleringsfondet til investeringsformål, jf. forslag til romartalsfullmakt.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingsforslaget under posten skal gå til investeringar knytte til pensjonsreforma, PERFORM og til investeringar knytte til dei ulike kundeområde i Statens Pensjonskasse. Det er i forslaget til løyving sett av 256,8 mill. kroner til Statens Pensjonskasses pensjonsprosjekt (PERFORM) i 2010. Ein viser til omtale av prosjektet under kategoriomtalen.

Tabell 4.4 Balanse Statens Pensjonskasse

 

 

(i 1000 kroner)

 

Rekneskap 2007

Rekneskap 2008

Eigedelar

 

 

Anleggsmidlar

 

 

Driftsmidlar, eigedommar

109 904 038

185 356 299

Sum anleggsmidlar

109 904 038

185 356 299

Omløpsmidlar

 

 

Varebehaldningar, varer i arbeid

0

0

Kortsiktige fordringar

102 468

93 081

Kortsiktige plasseringar

0

0

Mellomvære med statskassen

18 181 120

24 253 597

Sum omløpsmidlar

18 283 588

24 346 678

Sum eigedelar

128 187 626

209 702 977

Eigenkapital og gjeld

 

 

Eigenkapital

 

 

Eigenkapital utan reguleringsfond

120 021 113

142 480 113

Reguleringsfondet

9 707 138

16 132 909

Sum eigenkapital

129 728 251

158 613 022

Langsiktig gjeld

 

 

Statens renteberande kapital

-10 117 075

42 876 186

Anna langsiktig gjeld

0

0

Sum langsiktig gjeld

-10 117 075

42 876 186

Kortsiktig gjeld

 

 

Kortsiktig gjeld

8 576 450

8 213 769

Sum kortsiktig gjeld

8 576 450

8 213 769

Sum eigenkapital og gjeld

128 187 626

209 702 977

Kap. 5470 Statens Pensjonskasse

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

30

Avsetning til investeringsformål

22 459

17 059

18 069

 

Sum kap. 5470

22 459

17 059

18 069

Post 30 Avsetning til investeringsformål

Løyvinga gjeld avsetningar til investeringsformål til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.5.

Programkategori 01.50 Konkurransepolitikk

Utgifter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1550

Konkurransetilsynet

93 924

85 277

86 321

1,2

 

Sum kategori 01.50

93 924

85 277

86 321

1,2

Inntekter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

4550

Konkurransetilsynet

7 231

210

217

3,3

 

Sum kategori 01.50

7 231

210

217

3,3

Allmenn omtale

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har det overordna ansvaret for gjennomføringa av dei sektorovergripande verkemidla i konkurransepolitikken. Dette inneber mellom anna eit ansvar for:

  • Utforming og forvaltning av den norske konkurranselova, pristiltakslova og EØS-konkurranselova med forskrifter, og i tillegg lov om offentlige anskaffelser og lov om offentleg støtte med forskrifter m.m.

  • Deltaking i arbeidet med utvikling av nytt EØS-relevant konkurranseregelverk for føretak i EU og gjennomføring av slikt regelverk som vert vedteke.

  • Styring av Konkurransetilsynet, medrekna sekretariatet til Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA).

  • Å syte for at det vert lagt tilstrekkeleg vekt på konkurranseomsyn innanfor andre politikkområde.

Det er i hovudsak Konkurransetilsynet som står for den daglege utøvinga av konkurransepolitikken gjennom handheving av konkurranselova og andre føresegner. I det følgjande er det i all hovudsak departementet sitt arbeid på det konkurransepolitiske området som skal omtalast. Verksemda til Konkurransetilsynet vert omtalt under kap. 1550. Direktoratet for forvaltning og IKT har ei viktig rolle i kompetansehevinga på innkjøpsområdet gjennom eit styrkt kompetansetilbod for offentlege innkjøp. Verksemda til direktoratet vert omtalt under kap. 1560 Direktoratet for forvaltning og IKT.

Konkurranselova

Føremålet med konkurranselova er å fremje konkurranse for effektiv bruk av ressursane i samfunnet, med særleg vekt på forbrukarane sine interesser. Viktige trekk ved konkurranselova er at:

  • Lova forbyr samarbeid som avgrensar konkurransen mellom føretak og forbyr føretak å utnytte ei dominerande stilling på ein utilbørleg måte.

  • Lova pålegg Konkurransetilsynet å gripe inn mot føretakssamanslutningar som tilsynet finn vil føre til eller forsterke ei vesentleg innskrenking av konkurransen. Meldeplikta for føretakssamanslutningar gir Konkurransetilsynet høve til å oppdage slike potensielt konkurranseregulerande fusjonar og oppkjøp av føretak.

EØS-konkurransereglane for føretak

Konkurransetilsynet skal handheve forboda i EØS-avtalen mot samarbeid som minskar konkurransen mellom føretak og mot utilbørleg utnytting av eit føretak sin dominerande posisjon. Konkurransereglane i EØS og Noreg svarar til konkurransereglane i EU.

Reglane om offentlege innkjøp

Offentlege innkjøp spelar ei stor rolle for bruken av ressursar i offentleg sektor, og er ein viktig marknad for næringsdrivande. I 2007 utgjorde samla innkjøp av varer og tenester i offentleg sektor om lag 272 mrd. kroner (ekskl. oljesektoren). Reglane om offentlege innkjøp har som mål å medverke til at offentlege midlar vert utnytta best mogeleg gjennom kostnadseffektive innkjøp, samstundes som allmenta har tillit til at offentlege innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte. Regelverket er eit prosessuelt rammeverk som mellom anna stiller krav til konkurranse, god forretningsskikk, at innkjøpa er forholdsmessige, at leverandørar vert handsama likt, og at oppdrag er føreseielege, transparente og kan etterprøvast.

God bruk av reglane gir effektive offentlege innkjøp, der det offentlege må opptre profesjonelt og sørgje for at ein får mest mogleg igjen for fellesskapet sine pengar. Dermed kan ein frigjere ressursar som kan brukast til fornying og auka velferd. Gjennom å vere ein krevjande og konstruktiv innkjøpar kan ein òg sikre andre samfunnsomsyn, som sosiale og miljømessige omsyn.

Reglane om offentleg støtte

Hovudregelen i EØS-avtalen artikkel 61 er at offentleg støtte til næringsverksemd ikkje er tillate. Det er likevel gjort ei rekkje unntak frå hovudregelen. I 2007 vart det totalt tildelt om lag 15 mrd. kroner i statsstøtte. Det finst ulike retningslinjer som nedfeller unntak frå støtteforbodet. Mellom anna kan støtte til føremål som forsking, utvikling og innovasjon, miljø, kompetanseheving og region vere tillate dersom den er notifisert til og godkjend av EFTA sitt overvakingsorgan, ESA.

Dessutan finst det eit såkalla gruppeunntak for støttetiltak som generelt vert vurderte å vere i tråd med EØS-avtalen. For tiltak som oppfyller kriteria i unntaket gjeld ikkje notifikasjonsplikta, men støtta må meldast til ESA innan 20 dagar etter at den er sett i verk.

Støttegivar, det vil seie mellom anna departement, fylkeskommune eller kommune, har ansvar for at støtte vert gitt i samsvar med reglane, og for at støtte vert godkjend av ESA når det er påkravd. Departementet sikrar norske interesser i saker (notifikasjons- og klagesaker) mellom norske styresmakter og ESA på området og samordnar sakshandsaminga og korrespondansen med ESA. I samband med dette hjelper Fornyings- og administrasjonsdepartementet støttegivarar ved utarbeidinga av nye støtteordningar og notifikasjonar.

Sommaren 2009 hadde ESA 8 norske notifikasjonar og 34 norske klagesaker til handsaming.

Departementet har dessutan ansvar for å sikre at norske interesser vert ivaretekne ved utforminga av nye reglar i EU-kommisjonen.

Hovudlinjer i konkurransepolitikken

Styresmaktene legg rammene for kvar det skal vere konkurranse og korleis konkurransen skal verke på ulike område ved utforming og handheving av konkurranseregelverket og ved utforming av andre offentlege reglar og tiltak som påverkar konkurransen.

Konkurranse gir i hovudsak positive verknader. Ressursane vert utnytta godt, marknadsaktørane vert meir effektive og vert dermed meir konkurransedugande på internasjonale marknader. Konkurranse gir forbrukarane eit breitt tilbod på varer og tenester med god kvalitet til låg pris.

Samstundes er det viktig å hugse på at konkurranse ikkje alltid er eit riktig verkemiddel for å nå viktige samfunnsmål. For å løyse problem knytte til svikt i marknaden som til dømes forureiningar, naturlege monopol som i kraftnettet og tilverking av kollektive gode som vegar, er det òg påkravd med anna offentleg styring og kontroll enn tilsyn med marknadene. Marknaden åleine tek heller ikkje tilstrekkeleg omsyn til fordeling av velferd. Difor har Regjeringa slått fast at ein innan viktige område som helse, omsorg, utdanning og tryggleik mellom anna i jernbanesektoren, skal byggje på fellesskapsløysingar og styrkje ansvaret til det offentlege.

I mange marknader treng ein ikkje å setje i verk særskilde tiltak for å nå særlege samfunnsmål. I slike marknader vert sunn konkurranse fremja gjennom konkurranselova. I tillegg gjer reglane for offentlege innkjøp sitt til å stimulere konkurransen.

I omregulerte marknader, som til dømes i telesektoren, er det særlege konkurransereglar som vert handsama av sektorstyresmaktene, i tillegg til reglane i konkurranselova som er Konkurransetilsynet sitt ansvar. Når marknader vert omregulerte og opna for konkurranse, inneber det ei utviding av det praktiske verkeområdet til konkurranselova. Då er det viktig med ei god samordning mellom sektorstyresmakter og konkurransemyndigheitene for å unngå motstridande politiske signal og motstridande verknader av handheving av regelverket.

På ein del område er det påkravd å setje i verk offentlege tiltak for å fremje ulike samfunnsmål. Offentlege tiltak kan gjennomførast for å korrigere marknadssvikt utan stor innverknad på konkurransen. Avgift på forureiningar er eit døme på korrigering av svikt i marknaden. I andre høve vert det sett i verk tiltak som grip inn i marknads- og konkurransetilhøva. Det kan til dømes vere konsesjonsordningar som skal sikre at aktørane i marknaden har tilstrekkelege kvalifikasjonar, men som gjer det vanskelegare å etablere seg for nye konkurrentar. Her set både konkurranselova og dei offentlege reguleringane rammer for konkurransen.

Konkurransestyresmaktene skal peike på konkurranseskadelege verknader av offentlege reguleringar og foreslå tiltak som kan avgrense dei skadelege verknadene. I mange konkurransesaker vil verknadene vere små for den einskilde forbrukaren og større for den næringsdrivande. Dei sistnemnde vil òg drive meir aktiv lobbyverksemd. I utøvinga av konkurransepolitikken må styresmaktene difor vere særleg merksame på veginga av omsyn til forbrukarane opp mot næringsomsyn. Dei offentlege tiltaka må òg liggje innanfor rammene av konkurransereglane i EØS-avtalen og EØS-regelverket om offentlege innkjøp og offentleg støtte.

Sunne konkurransemarknader vert best sikra gjennom ei streng konkurranselov og eit effektivt tilsyn frå konkurransestyresmaktene. Konkurranselova og EØS-konkurranselova skal motverke handlingar som hindrar marknadsmekanismane i å fungere, slik som misbruk av marknadsmakt og konkurranseavgrensande avtalar mellom føretak. Saman med regelverket for offentleg støtte til næringslivet og regelverket for offentlege innkjøp skaper dette ein heilskapleg konkurransepolitikk.

Hovudmål og strategiar

I dei marknadene der Regjeringa ønskjer konkurranse, skal konkurransestyresmaktene føre ein aktiv konkurransepolitikk for å sikre gode og rimelege varer og tenester til forbrukarane og fremje effektivitet i desse marknadene.

For å oppnå dette arbeider regjeringa mot desse hovudmåla på det konkurransepolitiske området:

  • Konkurranselova, EØS-konkurranselova, regelverket om offentlege innkjøp og regelverket om offentleg støtte skal utviklast i samsvar med internasjonale reglar og plikter slik at dei vert effektive verkemiddel for å fremje konkurranse.

  • Regelverket om offentlege innkjøp skal sikre at offentlege midlar vert utnytta best mogeleg gjennom kostnadseffektive innkjøp samstundes som allmenta har tillit til at offentleg innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte, mellom anna ved at ein tek miljø- og samfunnsansvar.

  • Etatsstyringa av Konkurransetilsynet skal ha klare mål, gi ei tydeleg rollefordeling mellom departement og tilsyn, og ei resultatoppfølging som sikrar ei effektiv utøving av konkurransepolitikken og handheving av lovene.

  • Norske interesser skal takast omsyn til når ESA handsamar klager og notifikasjonar etter regelverket om offentleg støtte.

  • Departementet og Konkurransetilsynet skal saman syte for at det vert lagt vekt på konkurranseomsyn der Regjeringa ynskjer konkurranse. Mellom anna skal departementet:

    • Hindre tildeling av ulovleg offentleg støtte og motverke skadeleg støtte

    • Synleggjere omsynet til konkurransen ved offentlege tiltak.

Vidareutvikling av lover og føresegner

Konkurranselova

I St.prp. nr. 1 (2008–2009) Fornyings- og administrasjonsdepartementet vart det informert om at regjeringa på ulikt vis hadde styrkt innsatsen for å kjempe mot kartell og motverke konkurransekriminalitet. Departementet varsla om at det hadde bede Konkurransetilsynet om å leggje fram forslag til lovendringar som er naudsynte for å styrkje handhevinga av konkurranselova. Forslaga Konkurransetilsynet la fram, gjaldt endring av reglane om sanksjonslempe i konkurranselova og forskrift 22. august 2005 nr. 909 om utmåling og lemping av lovbrotsgebyr og i tillegg reglane om utmåling av lovbrotsgebyr i forskrifta.

Ordninga med lempe i konkurranselova § 31 er innført for å gi tilstrekkeleg motiv for deltakarar i ulovlege kartell til å hjelpe styresmaktene med å avsløre slik verksemd og bryte ut av kartellet. Deltakarane i kartell er i utgangspunktet i eit konkurranseforhold med kvarandre, men vel å delta i kartellet fordi dette løner seg betre enn å konkurrere. Seljarane kan koordinere åtferda si til skade for kjøparane, som er forbrukarar, offentlege innkjøparar eller private føretak. Typiske døme er avtalar om ikkje å konkurrere på pris, eller at konkurrentar deler marknader eller kundar mellom seg.

Føretak som tilstår eige lovbrot for Konkurransetilsynet, har krav på at sanksjonen vert minka eller heilt fell bort. Sidan lovbrotet består i ulovleg samarbeid med andre føretak, vil tilståinga samstundes gi informasjon om lovbrot frå dei andre involverte. Utan slike tilståingar og tips frå tilsette, konkurrentar eller kjøparar er det særs vanskeleg å oppdage kartellsamarbeid fordi prova som regel er få og fragmentariske. Ofte er det hemmelege avtaler mellom nokre få involverte personar.

Det er difor viktig å ha effektive føresegner som kan medverke til oppdaging og oppklåring av slike lovbrot. Noverande lempingsreglar har ikkje hatt den forventa effekten. Gjennom endringar som kan gi dei som varslar Konkurransetilsynet anonymitet og gi involverte personar tryggleik for at dei i same mon som føretaket dei er tilknytte, får nedsett sanksjon, er det von om at reglane verkar meir effektivt.

Gjennom høyringsnotat av 12.12.2008 kom departementet med forslag som var tufta på framlegget frå tilsynet om å styrkje programmet for lemping og vern av identitet for varslarar av ulike slag. Departementet arbeider no med forslag om lovendringar grunna på høyringsnotatet og merknadene frå høyringsinstansane som truleg vil verte presentert for Stortinget hausten 2009. Samstundes vert det òg arbeidd med endringar av reglane om utmåling og dei nærare vilkåra for lemping i forskrift 22.8.2005 nr. 909 om utmåling og lemping av lovbrotsgebyr.

Etter § 16 har Konkurransetilsynet rett til å peike ut ein forvaltar til å hjelpe seg ved gjennomføringa av inngrep mot føretakssamanslutningar. Bakgrunnen for føresegna var mellom anna eit ønske om å konsentrere ressursane til tilsynet om kjerneverksemda og nytte forvaltar til oppgåver der tilsynet ikkje hadde kompetanse. Departementet sende sommaren 2007 på høyring eit framlegg om forskrift i medhald av konkurranselova § 16 om verksemda til ein forvaltar. Departementet vedtok forskrift om forvaltar 15.9.2008.

Ein rapport med evaluering av bokavtalen vart levert til statsråden i Kultur- og kyrkjedepartementet 27.5.2009. Det er lagt til grunn at den skal vere utgangspunktet for eventuelle nye endringar i konkurranseregelverket i 2011.

Departementet har òg bede Konkurransetilsynet greie ut unntak frå konkurranselova § 10, slik at busselskap kan samarbeide om fylkeskryssande ekspressbussruter. Eit forslag vart sendt på allmenn høyring sommaren 2008 med frist 1.10.2008. Etter at saka var sendt på høyring, gjennomførte ESA bevissikring hos fleire ekspressbusselskap i Noreg. Undersøkingane er framleis i gang. Departementet meiner det er lite formålstenleg å gi ei unntaksforskrift så lenge det er usikkert kva som vil verte utfallet av ESA sine undersøkingar.

Konkurransetilsynet har vedteke ei føresegn om delvis unntak frå gjennomføringsforbodet i konkurranselova § 19 første ledd for visse typar erverv av verdipapir. Føresegna vart iverksatt 1.4.2009. Føresegna inneber at eit offentleg overtakingstilbod eller ein serie transaksjonar i verdipapir som vert omsett i ein regulert marknad slik som Oslo Børs og Oslo Axess, delvis kan gjennomførast utan hinder av regelen om gjennomføringsforbod i konkurranselova § 19 første ledd.

Reglane om offentlege innkjøp

Reglane om offentlege innkjøp må vere i samsvar med internasjonale forpliktingar. Samstundes har ein eit spelerom i den konkrete utforminga av dei nasjonale reglane. Styresmaktene skal sørgje for rett og tenleg utforming og fortolking av regelverket, og skal følgje opp det internasjonale samarbeidet om offentlege innkjøp i EØS og WTO.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal greie ut korleis ein best kan gjennomføre nye EØS-reglar for handheving av reglane om offentlege innkjøp. Føremålet er at ein skal etterleve innkjøpsreglane betre, mellom anna ved å sikre leverandørar betre høve til inngrep før ein inngår offentlege kontraktar. Reglane har særleg merksemd på handheving av ulovlege direkte innkjøp. Utvalet skal òg vurdere korleis det samla norske handhevingssystemet best kan organiserast. I denne samanheng vil det vere aktuelt å vurdere kva oppgåver som skal liggje til Klagenemnda for offentlige anskaffelser i framtida. I 2010 skal nye reglar om handheving av innkjøpsreglane på allmenn høyring.

Reglane om offentleg støtte

På bakgrunn av finanskrisa opna EU-kommisjonen i 2008 for nye støttetiltak som skal gjelde fram til 31.12.2010. Føremålet med dei mellombelse reglane er mellom anna å medverke til at bedrifter får lettare tilgang til kapital. I løpet av dei næraste to åra skal dei einskilde verksemdene kunne få ein samla stønad på opptil 500 000 euro. I tillegg kan dei få støtte i form av redusert garantipremie, subsidierte renter på alle lån, og ytterleg reduserte renter for lån til investeringar knytte til grøne produkt. Det skal bli lettare å la små og mellomstore bedrifter få meir risikokapital. Krava til kortsiktig eksportkredittforsikring vert òg enklare. Det er òg eit utvida rom for å gi støtte til finansinstitusjonar. Offentleg støtte må framleis førehandsmeldast til ESA før den kan løyvast, men dersom støtta er i tråd med dei nye reglane, vert den godkjend.

EU-kommisjonen vedtok òg ei ny kommisjonsforordning i 2008, om eitt stort gruppeunntak for forskjellige typar støtte, det såkalla supergruppeunntaket. Forordninga vart innlemma i EØS-avtalen og deretter i norsk rett i løpet av hausten 2008. Dette «supergruppeunntaket» samlar eksisterande og nokre nye gruppeunntak i ei felles forordning. Denne forordninga omfattar visse typar regionalstøtte, støtte til små og mellomstore bedrifter, miljøstøtte, støtte i form av risikokapital, forskings-, utviklings- og innovasjonsstøtte, opplæringsstøtte og sysselsetjingsstøtte. Regelverket skal nyttast på alle sektorar av næringslivet og skal sikre at støtta er transparent og har ein insentiveffekt. Supergruppeunntaket gir norske styresmaktar utvida rom til å gi offentleg støtte.

Internasjonalt arbeid

Som følgje av Noregs plikter og rettar etter EØS-avtalen er departementet ansvarleg for saksførebuing, utforming av norske posisjonar og gjennomføring av avgjerder i EØS-organ på konkurranseområdet. Difor er det viktig og naudsynt for konkurransemyndigheitene å delta både i EU- og EØS- fora for å vareta Noregs interesser, både direkte i enkeltsaker og ved utvikling av regelverk som er EØS-relevante. Avgjerder og regelverk gir rammer for norske politikarar, forvaltninga og norsk næringsliv.

I samband med utforminga av nye reglar i EU-kommisjonen, vil departementet sitt arbeid med å sikre norske interesser i prosessen, innebere både at departementet syter for å klårgjere og samordne norske interesser internt i den norske forvaltninga og freistar å påverke regelverksutforminga i Kommisjonen. Det skjer ved høyringar og møte med norske føretak og styresmakter, deltaking i Kommisjonen og ESA sine rådgivande komitear og arbeidsgrupper, samarbeid med andre nordiske styresmakter og gjennom skriftlege kommentarar. Departementet har òg ansvar for at reglane vert innlemma i EØS-avtalen og vert gjennomførte i norsk rett.

Vidare er konkurransestyresmaktene sentrale i arbeidet med å sikre norske interesser i einskildsaker (notifikasjons- og klagesaker om offentleg støtte) mellom norske styresmaktar og ESA/Kommisjonen på området og samordning av sakshandsaminga.

Konkurransestyresmaktene deltek òg i OECD. Men deltaking her har ein heilt annan karakter enn i EØS-samanheng. Diskusjonar inneber både utveksling av erfaringar og utarbeiding av rekommandasjonar baserte på beste praksis. Arbeidet føregår i større grad på premissane til dei nasjonale fagmyndigheitene og munnar ikkje ut i bindande normer eller vedtak som vert handheva overfor statar og føretak. Deltaking i OECD gir norske konkurransestyresmakter ei ytterlegare moglegheit til å påverke politikk- og regelverksutforminga i EØS. Eksempel på tema som har vore handsama i 2009, er konkurransepolitikk i økonomiske krisetider, konkurranse i revisjonsbransjen, standardar for å vurdere fusjonar mellom føretak, konkurransepolitikk i nettverksmarknader og korleis patentsystemet kan nyttast av aktørar til å hindre konkurranse og innovasjon.

Dei nordiske konkurransemyndigheitene har årlege konferansar og drøftar saker av felles interesse.

Prioriterte område

Auka innsats mot konkurransekriminalitet

Brot på konkurranselova (konkurransekriminalitet) fører med seg omfattande kostnader for samfunnet, men er vanskeleg å avdekkje. Konkurransekriminalitet vert kjenneteikna ved at seljarane på ulike måtar koordinerer åtferda si til skade for kjøparane, som er innbyggjarar, offentlege innkjøparar eller private føretak. Typiske døme på dette er at konkurrentar avtaler å ikkje konkurrere på pris, eller deler marknader eller kundar mellom seg.

Regjeringa har styrkt innsatsen mot kartell og konkurransekriminalitet. Det er både i 2008 og 2009 gitt ekstra løyvingar til Konkurransetilsynet for å styrkje dette arbeidet. Forutan å auke evna til etterforsking, analysar og oppbygging av nye avanserte IKT-system, har Konkurransetilsynet sett i verk særskild overvaking av bygg- og anleggssektoren i samband med regjeringa si tiltakspakke, ei særskild overvaking av marknaden for asfalt våren 2009, og ein informasjonskampanje om ulovleg kartellverksemd og lempingsprogrammet i konkurranselova. Konkurransetilsynet har og offentleggjort ei sjekkliste for innkjøparar som rettar søkjelyset mot kva ein skal sjå etter for å avsløre brot på konkurranselova i vurderingar av tilbod.

IKT-sektoren

IKT er sentralt for effektivisering og fornying av offentleg sektor og samfunnet generelt. Regjeringa er oppteken av at det er god konkurranse i marknadene for IKT, og då er eit aktivt tilsyn og effektiv handheving av konkurranselova sentralt. Vidare kan det offentlege medverke til auka konkurranse i desse marknadene ved til dømes å gjere bruk av opne standardar. Konkurransetilsynet skal gjere ein gjennomgang av desse marknadene. Gjennomgangen er støtta av ei ekstern utgreiing som skal liggje føre 1.11.2009.

Ein offensiv innkjøpspolitikk

Regjeringa har ansvaret for at reglane for offentlege innkjøp er så gode som mogleg, og at handhevingssystemet er formålstenleg utforma og sikrar god etterleving.

Klagenemnda for offentlige anskaffelser er eit uavhengig organ som handsamar klager om brot på innkjøpsregelverket. Nemnda skal sikre eit raskt og rimeleg klagealternativ på eit lågt konfliktnivå og medverke til auka kompetanse og rettsavklaringar på området. I 2007 vart handhevinga skjerpa ved at nemnda fekk høve til å fastsetje gebyr ved ulovlege direkte innkjøp.

Regjeringa er oppteken av at Klagenemnda for offentlige anskaffelser skal vere eit godt alternativ til domstolen når det gjeld behandling av brot på reglane om offentlege innkjøp. I 2008 vart det difor innført krav om sakshandsamingstid på 3 og 4 månader (gebyrsaker) i Klagenemnda for offentlige anskaffelser. Desse krava er førte vidare i 2009. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2009 vart nemnda sitt budsjett styrkt mellom anna for å sikre at sakshandsamingstida for klagesaker held seg innanfor fristane. Sjå elles omtale under kap.1550 Konkurransetilsynet og omtalen av utgreiinga av nye reglar for handheving av innkjøpsreglane.

I St.meld. nr. 36 (2008–2009) Det gode innkjøp går det fram at gode reglar om innkjøp og eit godt handhevingssystem ikkje aleine er nok for å unngå brot på innkjøpsregelverket og for å få til vellykka innkjøp. Innkjøpsfagleg kompetanse og planlegging av kvart enkelt innkjøp er òg vesentleg.

Gjennom etableringa av Direktoratet for forvaltning og IKT, med ei eiga avdeling for offentlege innkjøp, la regjeringa i 2008 grunnlaget for eit nasjonalt kompetansesenter for offentlege innkjøp og arbeidet med å sikre betre, enklare og sikrare offentlege innkjøp vart intensivert. Direktoratet skal ha ei heilskapleg tilnærming til å forbetre og effektivisere offentlege innkjøp. Dette skal mellom anna gjerast ved rettleiing og kurs, gjennom å ha fokus på å leggje til rette for samfunnsnyttige innkjøp og gjennom ei sterkare satsing på elektroniske handelsløysingar, til dømes elektronisk faktura og konkurransegjennomføringsverktøy. For å auke bruken av e-handel blant offentlege oppdragsgivarar og leverandørar legg ein opp til at løyvingane under kap. 1560 Direktoratet for forvaltning og IKT, post 01 Driftsutgifter vert auka over ein fem-årsperiode. Den auka løyvinga til elektronisk handel skal nyttast til å finansiere ulike kostnader brukarane har ved bruk av e-handelsplattforma Ehandel.no. Regjeringa vil vidareutvikle tilbodet i direktoratet, og særleg ha fokus på innkjøpsfag og kompetanse om styring og organisering av offentlege innkjøp. Jf. omtale under kap. 1560 Direktoratet for forvaltning og IKT.

Leiarfokus og god forankring av innkjøpsaktiviteten i verksemdene er saman med formålstenleg organisering sentrale føresetnader for profesjonelle, effektive og korrekte innkjøp. Utan dette vil òg andre tiltak, som til dømes kompetansetiltak, ha avgrensa effekt. Regjeringa vil styrkje rettleiingstilbodet om organisering av offentlege innkjøp, og greie ut auka samordning om offentlege innkjøp. På bakgrunn av utgreiinga vil Regjeringa vurdere organisatoriske tiltak for auka samordning av offentlege innkjøp.

Kap. 1550 Konkurransetilsynet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

88 808

80 057

80 934

23

Klagenemnda for offentlige anskaffelser

5 116

5 220

5 387

 

Sum kap. 1550

93 924

85 277

86 321

Allmenn omtale

Konkurransetilsynet skal føre tilsyn med konkurranseforholda i norsk økonomi. Det rettslege grunnlaget for tilsynet si verksemd er konkurranselova og EØS-konkurranselova. Tilsynet skal mellom anna føre kontroll med føretakssamanslutningar og handheve forbod mot misbruk av dominerande stilling og konkurransehemmande samarbeid. Konkurransetilsynet skal òg peike på konkurransehemmande verknader av offentlege tiltak.

Konkurransetilsynet har ansvaret for handhevinga av lova. Lova har strenge sanksjonsføresegner mot ulovlege kartellavtalar og misbruk av dominerande stilling, og dette fører til at verksemdene konkurrerer til fordel for forbrukarane og til fremje av eit effektivt næringsliv.

Konkurransetilsynet har òg det administrative ansvaret for verksemda i Klagenemnda for offentlige anskaffelser, medrekna ansvaret for eit sekretariat som utgreier og klargjer sakene for behandling i klagenemnda. Saksmengda til Klagenemnda for offentlige anskaffelser har auka jamt sidan tilsynet fekk ansvaret for nemnda i 2005, og saksområdet har omfattande politisk og offentleg merksemd.

Rapport 2008

Handheving av forboda i konkurranselova

Konkurranselova forbyr i § 10 samarbeid som avgrensar konkurransen og i § 11 misbruk av dominerande stilling. Avdekking av ulovleg prissamarbeid, tilbodssamarbeid og marknadsdeling er ei høgt prioritert oppgåve for Konkurransetilsynet.

Forboda i konkurranselova §§ 10 og 11 vert sanksjonerte av Konkurransetilsynet ved idømming av lovbrotsgebyr eller ved at forholdet vert meldt til politiet. Vidare legg tilsynet stor vekt på å auke dei førebyggjande og preventive verknadene av arbeidet sitt:

  • Målretta informasjons- og rettleiingsverksemd om konkurranselovgivinga.

  • Kontinuerleg arbeid for å avdekkje konkurransekriminalitet gjennom ulike metodar for etterforsking og overvaking.

  • Gode samarbeidsrelasjonar med offentlege innkjøparar og påtalemakta.

  • Effektive insentivordningar, der lempingsordninga står sentralt.

Internasjonale studiar tyder på at ulovleg kartellverksemd kan føre til prisar som ligg 15–40 pst. over det nivået ein ville hatt med sunn konkurranse. Kartell fører til auka kostnader, dårlegare produkt og svakare vekst og innovasjonsevne i økonomien på lang sikt. Kartellnedkjemping har i 2008 vore høgt prioritert i tilsynet sitt arbeid, med styrkt fokus og kompetanse på å etterforske brot på konkurranselova. I tråd med dette, og den tilleggsløyvinga som tilsynet fekk for å gjennomføre tiltak for å styrkje arbeidet med å avdekkje kartell, er det etablert ein eigen etterforskingsseksjon bemanna med medarbeidarar med særleg kompetanse innan teknisk og taktisk etterforsking. Eit nytt laboratorium for sikring og analyse av beslaglagt digital informasjon er kome på plass.

Omdømmeundersøkinga i 2008 viser at tilsynet framleis har ei utfordring når det gjeld å gi auka kunnskap om lempingsordninga. Tilsynet har i samarbeid med NHO gjennomført ein informasjonskampanje retta mot NHO sine medlemmer. Gjennom ein serie seminar for NHO sine region- og bransjeforeiningar har Konkurransetilsynet spreidd kunnskap om konkurranselova og lempingsordninga.

Risikoen for å verte avslørt og straffa påverkar marknadsåtferda hos verksemda, og fører til at færre tek sjansen på å bryte konkurranselova. Slike allmennpreventive effektar av tilsynet si handheving og sanksjonering kan ikkje målast gjennom dei sakene som tilsynet faktisk handsamar. Avdekking av eit kartell i ein marknad verkar avskrekkande på eksisterande kartell i andre marknader, og fører difor til færre kartell i framtida. Arbeidet med avdekking av denne typen lovbrot er krevjande, og stiller krav til både taktiske og tekniske sider ved etterforskingsfunksjonen i tilsynet.

Av saker som tilsynet har arbeidd med i 2008 er det fatta vedtak i tre saker som omhandlar ulovleg samarbeid:

  • Marknadsdeling i marknaden for eddiksyre der aktørane fekk pålegg om opphøyr og lovbrotsgebyr på samla 2,9 mill. kroner.

  • Tilbodssamarbeid i røyrleggjarmarknaden, med vedtak om lovbrotsgebyr på i alt 750 000 kroner.

  • Tilbodssamarbeid mellom to legespesialistar, med vedtak om pålegg om opphøyr av konkurranseskadeleg samarbeid.

I tillegg er eit tilbodssamarbeid (etter gammal lov) innanfor ventilasjonsbransjen meldt påtalemakta.

Oslo tingrett sin dom i mars 2009 oppheva Konkurransetilsynet sitt vedtak om å gi Tine BA eit gebyr på 45 mill. kroner for misbruk av dominerande stilling og for samarbeid som avgrensar konkurransen. Konkurransetilsynet har anka dommen inn for Borgarting lagmannsrett.

Tilsynet har vidare etablert overvakingsordningar knytte til daglegvarekjedene sine avtalar med dei største leverandørane, Tines bruttomarginar, og prisutviklinga i engrosmarknaden for kraft.

På oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet har Konkurransetilsynet vurdert om det er behov for å gi ei forskrift etter konkurranselova § 14 for å regulere tilgangen til bustadannonsar på internett. Tilsynet sitt forslag var at departementet fastset ei forskrift som pålegg nettportalane å gi alle tilgang til bustadannonsering på vilkår som er ikkje-diskriminerande. Føremålet er å auke konkurransen på marknaden for eigedomsmekling ved å gjere det lettare for andre enn eigedomsmeklarar å tilby tenester i samband med kjøp og sal av bustad. Forskrifta er vedteke hausten 2009 og trer i kraft 1.1.2010.

Kontroll med føretakssamanslutningar

Konkurransetilsynet skal gripe inn mot fusjonar og oppkjøp som vil føre til eller forsterke ei vesentleg avgrensing av konkurransen i strid med konkurranselova sitt føremål. I Noreg gjeld meldeplikt ved føretakssamanslutningar for føretak. Desse har plikt til å melde frå til Konkurransetilsynet dersom dei ved samanslåinga får ei samla årleg omsetning som overstig 50 mill. kroner, og begge føretaka omset for meir enn 20 mill. kroner årleg. Frå 1.7.2008 vart det forbode å gjennomføre fusjonar og oppkjøp som er meldepliktige etter konkurranselova, før Konkurransetilsynet har handsama saka. Samtidig vart det opp til partane sjølve å fastsetje når dei vil gi tilsynet melding om føretakssamanslutninga.

Tilsynet handsama 444 meldingar om fusjonar og oppkjøp i 2008 etter § 16 i konkurranselova. Dei aller fleste føretakssamanslutningane som vert melde til Konkurransetilsynet er uproblematiske, og heile 96 pst. av alle fusjonar og oppkjøp som vart melde til Konkurransetilsynet i 2008 vart gjennomførte utan innvendingar frå tilsynet. Dette er oppkjøp eller fusjonar som medverkar til omstrukturering i norsk næringsliv, utan å ha konsekvensar som strid mot føremålet til konkurranselova. Tilsynet si handsaming er effektiv, ved at saker som ikkje gir grunn for uro i høve til konkurransen vert avslutta raskt, og på denne måten vert ressursane prioriterte til handsaming av dei sakene som er viktige ut frå konkurranseomsyn.

Omdømmeundersøkingane til tilsynet viser at Konkurranselovgivinga, eksistensen av eit Konkurransetilsyn, og den presedens som vert skapt gjennom dei konkurransesakene tilsynet handsamar, medverkar til at føretakssamanslutningar som openbert er konkurranseskadelege ikkje vert gjennomførte.

Av dei sakene som fekk ei grundigare handsaming av Konkurransetilsynet i 2008 er det særleg 4 saker som kan trekkjast fram:

  • Shell/YX og

  • Rema 1000/Lidl, som begge vart tillatne på vilkår knytte til verknader i enkelte lokale marknader.

  • Eurofins oppkjøp av Lantmännen vart godteke på vilkår av at Eurofins Danmark selde dotterselskapet LabNett AS til ein ekstern, uavhengig aktør.

  • Konkurransetilsynet vedtok forbod mot føretakssamanslutninga mellom Opplysningen Mobil AS og Aspiro Søk AS. Avgjerda i denne saka vart anka, men Fornyings- og administrasjonsdepartementet har oppretthalde Konkurransetilsynet sitt vedtak om å forby Opplysningen Mobil AS sitt kjøp av Aspiro Søk.

Dei to fyrstnemnde sakene er døme på at tilsynet i fusjonskontrollen er oppteke av at konkurransen fungerer i lokale marknader til beste for forbrukarane. Eit anna døme på den lokale dimensjonen i tilsynet sitt arbeid er at tilsynet i 2008 assisterte EU-kommisjonen i vurderinga av Statoil/JET-saka. Den norske delen av oppkjøpet vart godkjend på vilkår av at StatoilHydro skil ut og vidaresel alle JET-stasjonar i Noreg, for å oppretthalde konkurransen i lokale marknader med JET-nærvær.

Som ledd i arbeidet med å forbetre handteringa av saker om inngrep mot føretakssamanslutningar, vedtok Konkurransetilsynet i august 2009 «Veileder til saksbehandling i saker om foretakssammenslutninger». Føremålet med rettleiaren er å betre kjennskapen til Konkurransetilsynets sakshandsaming ved kontroll med føretakssamanslutningar.

EØS-arbeidet

EØS-enkeltsaker er handtert i samsvar med notifikasjonsreglane for «EFTA Network». Det er eit tett samarbeid mellom Konkurransetilsynet og ESA. Dette sikrar riktig handsaming av EØS-saker i samsvar med EØS-konkurranselova sine føresegner. Vidare har Konkurransetilsynet aktivt delteke i DG Comp/ECN sitt arbeid når det gjeld generelle policyspørsmål, i samsvar med Noreg sine rettar etter EØS-avtalen sin protokoll 23 artikkel 1 a. Konkurransetilsynet har òg samarbeidt direkte med DG Comp i EU/EØS-saker som vedkjem norske aktørar og norske marknader.

Effektiv etterspurnadsside i marknadene

Etter konkurranselova § 9 c skal Konkurransetilsynet føre tilsyn med dei forskjellige marknadene. Dette inneber mellom anna å setje i verk tiltak for å gjere marknadene meir gjennomsynlege.

Kraftprisoversikta på tilsynet si heimeside gjer det mogleg for forbrukarane å samanlikne kraftprisar, og har jamleg fleire tusen brukarar per veke. Det er gjennomført mange byte av straumleverandør i 2008, og omtrent like mange har no spotpris kontrakt som standard variabel kontrakt.

I drosjemarknaden har somme fylkeskommunar endra reglane og gitt utvida plikt til å opplyse om prisar etter at tilsynet i ei påpeiking av konkurranseavgrensande tilhøve i drosjemarknaden oppmoda fylkeskommunane om å treffe tiltak som kan betre prisopplysninga i drosjemarknaden.

I 2007 deltok tilsynet i ei arbeidsgruppe leia av Kredittilsynet med medlemmer frå næringa og andre styresmakter. Arbeidsgruppa foreslo at det vert etablert ei bransjenorm, som skal gjere det enklare for kundane å byte bank. Dette arbeidet har ført til dei nye reglane om bankbyte som tredde i kraft i mai 2008.

Konkurranseomsyn i marknader der Regjeringa ynskjer konkurranse

Etter konkurranselova § 9 e skal Konkurransetilsynet peike på konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak, og fremje moglege tiltak for å bøte på desse. I rapporten «Konkurransen i Norge» vert konkurransesituasjonen presentert i seks utvalde norske marknader, med forslag til tiltak som kan betre konkurransen. Ein viser til omtale av rapporten nedanfor.

I 2008 har tilsynet kome med 3 påpeikingar etter § 9 e:

  • Konkurransetilsynet oppmoda Statens Forureiningstilsyn om å vurdere tiltak for å styrkje konkurransen mellom retursystem og mellom underleverandørane deira gjennom å gjere endringar i det gjeldande regelverket.

  • Konkurransetilsynet tilrådde at formidlingsplikta for TV 2 med heimel i kringkastingsforskrifta § 4-2 vert oppheva.

  • Konkurransetilsynet viste i ei påpeiking til Voss kommune til at det i vurderinga av om eit område skulle endrast frå industriformål til forretningsformål, òg burde leggjast vekt på konkurransen i daglegvaremarknaden som eit sjølvstendig positivt moment. Kommunestyret på Voss vedtok i etterkant av Konkurransetilsynet si påpeiking ei endring i reguleringsplanen for det aktuelle området, slik at det vart opna for å etablere daglegvareforretning i eit handelssenter.

Konkurransetilsynet har vidare assistert departementet mellom anna i vurdering av prisreguleringa for drosjetenester, og om det skal gjennomførast ei utjamning av fraktkostnader for drivstoff.

Konkurransetilsynet skal òg prioritere tilsynet med konkurransen i IKT-sektoren og gjennomføre ei vurdering av marknads- og konkurransetilhøva og behovet for tiltak. Som eit ledd i arbeidet med oppfølging og gjennomgang av konkurransetilhøva i marknadene for programvare vart rapporten «Konkurranse og innovasjon i programvaremarkedene» utarbeidd i 2008. Vidare arrangerte Konkurransetilsynet våren 2008 eit seminar med fokus på potensielle problemstillingar i den norske marknaden.

Konkurransetilsynet kan òg gjennom direkte rådgiving medverke til å oppnå endringar som skal gi betre konkurranse utan at tilsynet gjennomførar formelle inngrep. Viktige saker som reforhandling av avtalen mellom TV2 og Canal Digital på satellittplattform og den nye avtalen om medierettar for norsk toppfotball er viktige døme. Reforhandling av avtalen mellom TV2 og Canal Digital førte til at både Canal Digital og Viasat sine sjåarar fekk tilgang til fleire av dei viktigaste TV-kanalane. Avtale om medierettar for norsk toppfotball inneber at rettane vert fordelte på fleire kringkastarar og formidla på ulike plattformer.

Klagenemnda for offentlige anskaffelser

Gjennomsnittleg sakshandsamingstid var 118 dagar ved årsskiftet 2008/ 2009 for vanlege klagesaker, og 144 dagar for saker der det er påstand om ulovleg direktekjøp, òg kalla gebyrsaker. Sakshandsamingstida i Klagenemnda for offentlige anskaffelser er i dag med andre ord høgare enn kravet i tildelingsbrevet. Dette har samanheng med at saksmengda har auka i 2008 samanlikna med 2007. I 2008 kom det inn 224 saker , mens det til samanlikning kom inn 157 saker i 2007. I tillegg har gebyrsakene vist seg å vere svært ressurskrevjande, og sakshandsamingsprosessen tek lengre tid enn dei vanlege klagesakene. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2009 vart budsjettet til nemnda styrkt, mellom anna for å sikre ei kort sakshandsamingstid på klagesaker.

I løpet av 2008 avgjorde klagenemnda for offentlige anskaffelser 172 saker. Nemnda handsama 28 gebyrsaker i 2008.

Auken i mengda saker til Klagenemnda for offentlige anskaffelser har halde fram inn i 2009, og det må forventast at saksmengda vil etablere seg på eit nivå som er dobbelt så høgt som i 2006 og 2007. Dette kan tyde på at tiltrua til nemnda som eit raskt og effektivt alternativ til domstolshandsaming er aukande. Det er likevel viktig å leggje til rette for at sakshandsamingstida held seg innanfor dei krava som er sette. Bemanninga i sekretariatet er difor auka i 2008, og dei tiltaka som er sette i verk er forventa å bringe sakshandsamingstida innanfor kravet på 3 månader i løpet av 2009.

Synleggjering av verknadene av konkurransepolitikken

Rapporten «Konkurransen i Norge» tek for seg konkurransesituasjonen i seks viktige marknader med særlege utfordringar, med tilråding om tiltak som kan betre konkurransen. Rapporten er ein del av tilsynet sitt arbeid med å evaluere og synleggjere verknadene av verksemda til tilsynet. Rapporten tek for seg verknader av konkurransepolitikken i viktige marknader som:

  • Sluttbrukarmarknaden for elektrisk kraft.

  • TV-marknaden.

  • Marknaden for betalingskort.

  • Apotek- og legemiddelmarknaden.

  • Daglegvaremarknaden.

  • Meierimarknaden.

Vidare trekkjer rapporten fram nokre konkrete saker tilsynet har arbeidt med, for å vise kva verknad konkurransepolitikken har hatt i viktige marknader, mellom anna luftfartsmarknaden, ferjemarknaden, TV-marknaden og bokmarknaden.

Det er òg ei viktig oppgåve for Konkurransetilsynet å gi informasjon til næringslivet, forbrukarane og det offentlege om konkurranselova og tilsynet si handheving av denne. Ein viktig måte å gjere dette på, er å informere om avgjerda i konkrete saker. Alle vedtak og avgjerder vert difor lagde ut på tilsynet si heimeside. Vidare vert sakene ofte omtalte i media. Tilsynet har òg inngått eit samarbeid med NHO og andre næringslivsorganisasjonar med sikte på å auke næringslivet sin kunnskap om konkurranselova.

Mål og prioriteringer 2010

Hovudmåla for Konkurransetilsynet sitt arbeid i 2010 vil vere:

  • Effektiv handheving av konkurranselova med tilhøyrande forskrifter og oppfølging av EØS-konkurranselova.

  • Overvaking av sentrale marknader for å avdekkje ulovleg pris- og tilbodssamarbeid.

  • Vektlegging av konkurranseomsyn innanfor andre politikkområde der Regjeringa ønskjer konkurranse.

  • Effektiv sakshandsaming i sekretariatet for Klagenemnda for offentlige anskaffelser.

Konkurransetilsynet har dei seinaste åra styrkt arbeidet med å avdekkje og førebyggje ulovleg samarbeid. Denne satsinga skjer som ledd i ei langsiktig prioritering frå tilsynet si side. Konkurransetilsynet har òg sett i gang ei styrking og systematisert overvaking av sentrale marknader i Noreg, og vil prioritere dette arbeidet i 2010.

Konkurransetilsynet vil i 2010 halde fram med arbeidet med å få gjennomslag for nødvendige endringar i konkrete saker utan formelle vedtak, og samtidig leggje vekt på å avgrense ressursbruken i tilknyting til handsaming av klagar over mogelege brot på konkurranselova som tilsynet ikkje finn grunnlag for å prioritere.

Det er eit mål at sakshandsaminga til sekretariatet for Klagenemnda for offentlige anskaffelser i 2010 skal gjennomførast innanfor fastsette fristar, og at den faglege standarden skal halde same høge nivå som tidlegare.

I 2010 vil Konkurransetilsynet òg prioritere tiltak for å betre kjennskapen til konkurranselova og Konkurransetilsynets arbeid.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønns- og driftsutgiftar for vanleg drift i Konkurransetilsynet. Tilsynet hadde 93 årsverk per 1.7.2009.

Post 23 Klagenemnda for offentlige anskaffelser

Posten dekkjer utgifter til lønn og drift av sekretariatet for klagenemnda. Vidare vert det dekt honorar og andre utgifter for medlemmene av nemnda.

Kap. 4550 Konkurransetilsynet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

02

Ymse inntekter

1 127

210

217

03

Lovbrotsgebyr

3 665

 

 

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

63

 

 

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 834

 

 

17

Refusjon lærlinger

36

 

 

18

Refusjon sjukepengar

506

 

 

 

Sum kap. 4550

7 231

210

217

Post 02 Ymse inntekter

Posten gjeld inntekter for gebyr i tilknyting til Klagenemnda for offentlige anskaffelser.

Post 03 Lovbrotsgebyr

Gebyr kan mellom anna tildømmast ved brot på konkurranselova sitt forbod mot samarbeid som avgrensar konkurransen, forbodet mot utilbørleg utnytting av dominerande stilling og påbodet om alminneleg melding av føretakssamanslutningar. Etter at EØS-konkurranselova av 2004 vart sett i verk, kan Konkurransetilsynet òg tildømme gebyr ved brot på dei tilsvarande føresegnene i EØS-avtalen artikkel 53 og 54.

Ved dei alvorlegaste brota kan det tildømmast gebyr på inntil 10 pst. av den årlege omsetnaden til eit føretak.

For å tvinge fram oppretthalding av einskiltvedtak etter konkurranselova av 2004, kan Konkurransetilsynet gi tvangsmulkt som lauper inntil tilhøvet er retta. Det same gjeld for å sikre at pålegg om å gi opplysningar etter krava i lova vert oppfylte.

Det er uvisst kor stor den samla summen for gebyr og tvangsmulkt kan bli. Det er difor ikkje gjort framlegg om løyving på denne posten.

Programkategori 01.60 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk

Utgifter under programkategori 01.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1560

Direktoratet for forvaltning og IKT

135 589

252 825

263 652

4,3

1561

IKT-politikk

44 956

26 877

27 238

1,3

1562

Internasjonalt IKT-samarbeid og utviklingsprogram

15 558

20 149

20 821

3,3

 

Sum kategori 01.60

196 103

299 851

311 711

4,0

Allmenn omtale

Regjeringa ønskjer ein sterk offentleg sektor der ein løyser dei store fellesoppgåvene i offentleg regi. Då er vidare utvikling og fornying av forvaltninga heilt naudsynt. I åra som kjem er bruk av IKT den viktigaste enkeltfaktoren som kan fornye offentleg sektor. Samstundes er IKT-politikken drivar for utviklinga i heile samfunnet, mellom anna ved at IKT stimulerer verdiskaping i næringslivet.

Noreg har ein velfungerande og omstillingsdyktig offentleg sektor. Samfunnet endrar seg raskt, og statsforvaltninga har òg tilpassa seg og endra seg mykje dei siste tiåra. Framover møter vi fleire utfordringar som set krav til forvaltninga, mellom anna:

Samfunnet vert meir differensiert, mangfaldig og individualisert. Då må forvaltninga gjere krevjande val mellom kva for tenester som kan vere standardiserte og kva for tenester som må vere spesialtilpassa.

Internasjonaliseringa set nye krav til kva kunnskap vi treng og aukar tilfanget på kunnskap. Samstundes vert det endå viktigare at statsforvaltninga er ein kompetent deltakar i internasjonale samarbeidsorgan.

Innbyggjarane forventar kvalitet, effektivitet og service. Forvaltninga må leggje til rette for at brukarane kan vere med og forme tenestene.

Ny teknologi legg til rette for effektiv sakshandsaming og samhandling med innbyggjarane. Det krev meir standardiserte elektroniske løysingar i offentleg sektor. Nyskapande og gode løysingar ein stad bør kome til nytte andre stader. Folk må få informasjon på ein sikker og effektiv måte, og dei må i større grad kunne få avgjort sakene sine elektronisk. Forvaltninga må utnytte dei effektiviseringsvinstane som IKT opnar for.

Nye utfordringar krev ei forvaltning med høg kompetanse og godt leiarskap. Samordna og heilskapleg tenking må prege forvaltningsutviklinga. Det er ofte komplekse og usikre samanhengar mellom offentleg innsats og resultata av innsatsen. Treffsikker verkemiddelbruk og betre kunnskap om mål og verkemiddel er ei stor utfordring for forvaltninga. God og gjennomtenkt forvaltningsutvikling på tvers av sektorar krev eit fagleg sterkt forvaltningspolitisk apparat som kan kartleggje utviklingstrekk, peike på område der det trengst forbetringar og medverke til fornying av offentleg sektor.

Ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi endrar ikkje berre rammevilkåra for forvaltninga. IKT har i aukande grad blitt ein drivande faktor i samfunnsutviklinga meir generelt. Teknologien i seg sjølv endrar seg radikalt på få år, og det same gjer bruksområda og bruksomfanget. Det påverkar næringsliv, privatsfæren, offentleg sektor og heile samfunnet ved å gjere ny næringsutvikling, nye offentlege tenester, og nye former for sosialt samspel mogleg. Smart bruk av IKT er ein av dei viktigaste grunnane til auka produktivitet.

Det er spesielt den omfattande bruken av internett som no gir opphav til ei rekkje nye utfordringar, og som krev at ein må finne nye løysingar på eksisterande problemstillingar. Det gjeld mellom anna på område som elektronisk kommunikasjon og breiband, informasjonstryggleik og personvern, elektronisk identifikasjon, opphavsrett, helse, kompetanse og utdanning, miljø, standardisering, inkludering og demokratiutvikling. For å dra nytte av dei nye moglege fordelane og handtere dei nye problema, må ein sjå desse utfordringane i samanheng, og koordinere politikk og tiltak.

Mål og strategiar

Statsforvaltninga og resten av offentleg sektor skal vere prega av kvalitet, effektivitet, brukarretting, openheit og medverknad. St.meld. nr. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap , St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle og regjeringa sin strategi for fornying av offentleg sektor frå oktober 2007 legg desse måla til grunn.

I Innst.S. nr. 321 (2008- 2009) slutta Stortinget seg til at forvaltninga skal fremje demokrati og rettstryggleik og stå for fagleg integritet og effektivitet. Å verkeleggjere desse verdiane krev eit målretta arbeid i statsforvaltninga for effektiv organisering, gode arbeidsformer og kompetanseheving blant leiarar og andre tilsette. Demokrati og deltaking frå folk krev at forvaltninga er open og legg til rette for at innbyggjarar og brukarar av offentlege tenester kan kome fram med synet sitt. Forvaltninga må arbeide med god informasjon og kommunikasjon, skrive klart og ha god kunnskap om korleis brukarane og innbyggjarane opplever møtet med statsforvaltninga. Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Direktoratet for forvaltning og IKT vil i 2010 leggje vekt på arbeidet med tenlege organisasjons- og arbeidsformer og brukarretta offentlege tenester.

Verksemdene i offentleg sektor kjøper inn varer og tenester for meir enn 270 mrd. kroner i året. Dette er fellesskapet sine midlar som skal nyttast på ein best mogleg måte. Regelverket for offentlege innkjøp skal sikre best moglege innkjøp gjennom konkurranse og openheit, fremje viktige samfunnsomsyn og bidra til miljøvennlege og innovative løysingar. For å gjere korrekte og gode innkjøp må verksemdene ha tilstrekkeleg kunnskap om regelverk og kompetanse i innkjøpsfag. I St.meld. nr. 36 (2008–2009) Det gode innkjøp la regjeringa fram forslag om styrkt innkjøpskompetanse og utvikling av nettverk for auka profesjonalisering av innkjøpsfunksjonen i offentleg sektor. Direktoratet for forvaltning og IKT har ei sentral rolle i dette arbeidet, og skal i 2010 vidareutvikle kompetanse- og rettleiingstilbodet sitt for verksemdsleiarar og innkjøparar i statlege og kommunale verksemder.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal gjere det enklare å få informasjon frå staten og for staten å hente inn informasjon elektronisk frå folk, organisasjonar og verksemder. IKT legg òg til rette for effektiv sakshandsaming og informasjonsutveksling mellom offentlege etatar, innanfor dei grensene som omsynet til personvernet set. Utviklinga av elektronisk ID og bruken av elektronisk signatur er grunnleggjande føresetnader for utviklinga av ei elektronisk forvaltning og papirlaus kommunikasjon internt i staten. Det vil vere grunnlaget for at informasjonsutvekslinga vert meir effektiv, sakshandsaminga raskare og at offentleg sektor kan utvikle meir avanserte tenester. eID og e-signatur aukar samstundes tryggleiken for den som gir informasjon til forvaltninga.

Regjeringa har innført klare krav til statlege verksemder om betre samordning av IKT-investeringane. Alle statlege IKT-investeringar skal gjerast i tråd med dei statlege arkitekturprinsippa som Direktoratet for forvaltningsutvikling og IKT forvaltar. Det vert stilt krav i budsjettprosessen om at det ikkje vert løyvd midlar til nye IKT-prosjekt utan at det i forkant er gjort ei vurdering av om delar av funksjonaliteten allereie er utvikla andre stader i staten og korleis det nye systemet vil kunne spele saman med andre IKT-system. Mellom anna skal Altinn, MiSide og felles eID som hovudregel takast i bruk i alle relevante tilfelle. Opne standardar gir lik tilgang til offentlege tenester, uavhengig av kva slags datautstyr brukaren har. Det opnar for gjenbruk av løysingar og kan redusere offentlege verksemder si binding til IKT-leverandørar. For å kunne bruke IKT meir effektivt i staten, må statlege etatar støtte seg på felleskomponentar, felles arkitekturprinsipp og felles standardar. Saman med eID og elektronisk signatur er etablering av felleskomponentar, gjennomføringa av felles arkitekturprinsipp og standardar på tvers av etatsgrensene dei viktigaste fellestiltaka for IKT-utviklinga i staten i 2010.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi påverkar utviklinga i fleire sektorar. Regjeringa vil utnytte potensialet IKT kan ha i klimapolitikken. Fornuftig bruk av IKT vil støtte opp under arbeidet for berekraftig økonomisk vekst som både sikrar velferda og skånar miljøet.

IKT påverkar òg samfunnsdeltakinga, mellom anna gjennom bruk av sosiale medium og brukarskapt innhald på Internett. IKT-politikken skal leggje til rette for at alle kan meistre det digitale samfunnet. Regjeringa vil prioritere universell utforming av IKT-løysingar. Tryggleik og tillit i elektronisk kommunikasjon og sikring mot identitetstjuveri er avgjerande for at folk og verksemder kan utnytte IKT fullt ut. IKT-politikken må leggje til rette for at alle har tilbod om breiband med tilfredsstillande kapasitet. Satsing på IKT-forsking og utvikling skal bidra til at verksemder, organisasjonar og innbyggjarar kan nytte IKT til fordel for seg og samfunnet som heilskap.

IKT-politikken er i høg grad internasjonalt orientert og er eit viktig område for internasjonalt samarbeid og koordinering. Noregs innsats er særleg retta mot arbeidet som skjer i EU og OECD. Noreg deltek i fleire IKT-program, som er eit av dei mest omfattande samarbeidsområda innan EU/EØS. I det europeiske samarbeidet vert det mellom anna arbeidd med utvikling og spreiing av felleseuropeiske elektroniske løysingar og analysar og statistikk ved hjelp av tematiske nettverk. Eit EU-program, IDABC, som Noreg deltek i, skal fremje elektroniske tenester mellom forvaltningane, næringsliv og innbyggjarar.

Kap. 1560 Direktoratet for forvaltning og IKT

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

108 292

116 354

157 714

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

27 297

56 471

44 978

23

Elektronisk ID , kan overførast

 

80 000

60 960

 

Sum kap. 1560

135 589

252 825

263 652

Allmenn omtale

Det overordna målet for Direktoratet for forvaltning og IKT er å sikre ei systematisk og kontinuerleg utvikling av statleg sektor i tråd med dei måla Stortinget og regjeringa set. Direktoratet si verksemd skal føre til at statsforvaltninga er kjenneteikna av kvalitet, effektivitet, brukarretting, openheit og medverknad, og at den er organisert og leidd på ein god og målretta måte.

Direktoratet for forvaltning og IKT skal utføre oppgåver for Fornyings- og administrasjonsdepartementet og for andre departement og underliggjande verksemder. Direktoratet skal òg på eige initiativ ta opp problemstillingar som gjeld forvaltninga.

Direktoratet tilbyr kompetansetiltak, metodar og verktøy, rettleiing, rådgiving, analysar og informasjonsformidling innanfor sitt ansvarsområde. Fagområda omfattar mellom anna:

  • Organisering og omstilling i staten.

  • Utvikling av leiarar og medarbeidarar i staten.

  • Styring og samordning av IKT i offentleg sektor, inklusive å utvikle og forvalte felles IKT-løysingar og å koordinere nasjonal deltaking i internasjonale IKT-program.

  • Offentlege innkjøp.

  • Statleg kommunikasjon overfor innbyggjarar og andre.

Direktoratet må ha nært samarbeid med mellom anna Senter for statleg økonomistyring og samarbeide tett med miljø som driv med IKT-utvikling i forvaltninga for å sørgje for at ulike sektorovergripande initiativ utfyller kvarandre og er godt koordinerte.

Direktoratet for forvaltning og IKT vart oppretta 1.1.2008 og innebar at Statskonsult AS, Noreg.no. og Ehandelssekretariatet vart samla. Somme oppgåver og medarbeidarar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet har òg gått inn i den nye verksemda. Direktoratet er lokalisert i Oslo og Leikanger og har om lag 150 tilsette.

Rapport 2008

Medverke til ein god offentleg sektor

Direktoratet skulle gjennom utgreiing og analyse utvikle og formidle kunnskap om forvaltningsutviklinga og om organisering, leiing og andre verkemiddel for forbetring av offentleg sektor.

I 2008 har direktoratet mellom anna gjennomført to større områdegjennomgangar. Den eine var om utviklinga i direktorata si faglege rolle, og vart presentert på ein konferanse i desember 2008. Den andre var om korleis innkjøpsverksemda er organisert i 13 statlege verksemder. Her gjekk direktoratet òg gjennom avgjerder i Klagenemnda for offentlige anskaffelser og Riksrevisjonen sine merknader.

Direktoratet har samla inn og formidla kunnskap om organisasjonsutviklinga i staten, mellom anna i Forvaltningsutsyn (Rapport 2008:10) og Organisasjonsendringer i staten 1992–2007 (Rapport 2008:3). Direktoratet for forvaltning og IKT har medverka i arbeidet med stortingsmeldinga om forvaltningspolitikk og i arbeidet med ny statleg kommunikasjonspolitikk. Direktoratet har gitt råd til og gjennomført utgreiingar for ei rekkje departement og statlege verksemder om fornying, omstilling og organisering, og har saman med Senter for statlig økonomistyring utarbeidd ein rettleiar i utrekning av samfunnsøkonomiske kostnader og vinstar ved statlege omstillingar.

Direktoratet for forvaltning og IKT har leia prosjektet Klart språk i staten der òg Språkrådet er med. Prosjektet skal stimulere til at alt staten skriv skal vere enkelt å forstå. Prosjektet har utvikla ein språkleg verktøykasse på internett (www.klarspråk.no), ei støtteordning for verksemder som vil forbetre språket sitt, ein klarspråkspris og tre kampanjefilmar. Direktoratet lanserte prosjektet for innbyggjarar og statstilsette tidleg i 2009.

Assistere i ei aktiv personal- og kompetanseutvikling

Direktoratet skulle mellom anna medverke til tverrgåande kompetanse og forankring av felles verdiar i statsforvaltninga og til utvikling av god leiarskap i statlege verksemder.

I 2008 har Direktoratet for forvaltning og IKT mellom anna teke del i utarbeidinga av den nye plattforma for leiing i staten og har utvikla ei rekkje tiltak som skal medverke til formidling og gjennomføring av leiarplattforma. Direktoratet har gjennomført fleire verksemdsinterne og opne leiarprogram, mellom dei programmet «Ny som leiar», mellomleiarprogram og mentorprogram, og har vidareutvikla karriereprogrammet i staten. Desse tiltaka skal utvikle leiarkompetansen og styrkje medarbeidarskapen i staten.

Direktoratet har støtta og gitt råd til verksemder under omstilling og har etablert nettverk for å samle og dele kunnskap om og erfaring med gode omstillingsprosessar. Direktoratet driftar òg nettverk for nye arbeidsformer i departementsfellesskapet.

Direktoratet for forvaltning og IKT har arbeidd med Kvoteringsprosjektet (opplæring og nettverksbygging om mangfald) og eit traineeprogram i direktorata. Prosjekta held fram i 2009. Direktoratet har laga eit e-læringsprogram om mangfaldsleiing i samarbeid med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Programmet ligg på nettstaden www.mangfoldsportalen.no.

Leggje til rette for koordinert og kostnadseffektiv IKT-bruk i offentleg sektor

Regjeringa varsla i St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle ei sterkare samordning og styring av IKT i offentleg sektor. Direktoratet si oppgåve har vore å medverke til god utnytting av IKT i forvaltninga og til effektiv elektronisk samhandling internt i forvaltninga og med innbyggjarar og næringsliv. Direktoratet skulle gjennomføre analysar og utgreiingar som grunnlag for strategiutforming i departementa.

I 2008 har Direktoratet for forvaltning og IKT mellom anna teke del i Skattedirektoratet sitt arbeid med kravspesifikasjon for eID på tryggleiksnivå 3. Utviklings- og forvaltningsorganisasjonen for eit felles samtrafikknav for eID er etablert. Førebuande arbeid for etablering og oppstart av eit eID-program i 2009 er gjennomført.

Direktoratet har teke over ansvaret for Standardiseringssekretariatet og har utarbeidd versjon 2 av referansekatalogen, med standardar for mellom anna dokumentutveksling og multimedieinnhald.

Direktoratet for forvaltning og IKT har forvaltningsansvar for nettportalen noreg.no, som er ein samla inngang til offentleg informasjon og tenester, og for Miside, som er den personlege delen av Noreg.no. Gjennom Miside kan innbyggjarane få utført offentlege tenester og få innsyn i informasjon om seg sjølve i offentlege register. Miside er utvikla slik at ho etter vel to år i drift gir tilgang til meir enn 400 elektroniske tenester frå 65 kommunar og 12 statlege etatar. Ved årsskiftet var det om lag ein halv million registrerte brukarar av Miside.

Direktoratet driftar svartenesta som er knytt til Noreg.no. Svartenesta og brukarstøtta på Miside/MinID hadde samla i gjennomsnitt 4300 kontaktar per månad i 2008 mot 3200 i 2007.

Direktoratet har gjennomført ei kvalitetsvurdering av 693 offentlege nettstader. Vurderinga viser at kvaliteten er høgare i 2008 enn i 2007. I tillegg har direktoratet, i samarbeid med Helsedirektoratet, arbeidd med universell utforming av nettstader.

Direktoratet har vorte nasjonalt kontaktpunkt for EU-programma CIP-ICT og IDABC og har etablert eit nasjonalt nett for tilknyting til det felleseuropeiske kommunikasjonsnettverket sTesta.

Høykom var eit program for breibandbaserte tenester og breibandsinfrastruktur med sekretariat i Forskningsrådet. Direktoratet har registrert Høykom-erfaringar frå kommunesektoren, og har i samarbeid med KS sett i gang tiltak for betre elektronisk samhandling i kommunesektoren.

Leggje til rette for samfunnstenlege, kostnadseffektive og kvalitetsretta innkjøp

Direktoratet skulle medverke til auka verdiskaping gjennom mest mogleg effektiv ressursbruk ved offentlege innkjøp og til at offentlege innkjøp skjer på ein ryddig og samfunnstenleg måte. Direktoratet skulle òg medverke til at offentlege innkjøparar følgjer regelverk for innkjøp og sikrar effektiv og miljøvenleg bruk av offentlege ressursar.

I 2008 har hovudaktivitetane til Direktoratet for forvaltning og IKT på dette området vore konsentrert om det brukarane treng av innkjøpsstøtte, og korleis direktoratet best skal leggje til rette for informasjonsdeling gjennom dei nettverka direktoratet skal opprette og drifte.

Direktoratet for forvaltning og IKT har saman med Miljøverndepartement arbeidd for at miljøbelastninga knytt til offentlege innkjøp vert minimert. Arbeidet med innføring av heilskaplege elektroniske innkjøpsprosessar i offentleg sektor har lagt til rette for betre, enklare og sikrare offentlege innkjøp.

Direktoratet for forvaltning og IKT har ansvaret for drift av Doffin og Ehandel.no, og har starta arbeidet med ny e-handelsplattform til Ehandel.no. Direktoratet leier PEPPOL (Pan European Public Procurement Online), som er eit storskala pilotprosjekt for tilrettelegging av elektronisk handel på tvers av landegrenser i Europa. Leiarrolla gir direktoratet ansvar for fagleg og administrativ koordinering av prosjektet overfor eit konsortium med 14 deltakarar frå åtte land, EU-kommisjonen og involverte tredjepartar.

Mål og prioriteringar 2010

Hovudmåla for Direktoratet for forvaltning og IKT i 2010 er :

  • Ei betre organisert, brukarretta og effektiv statsforvaltning.

  • Kompetente leiarar og medarbeidarar i staten.

  • Ein felles infrastruktur for eID i offentleg sektor.

  • Koordinert, brukarretta og kostnadseffektiv IKT-bruk i offentleg sektor.

  • Samfunnsnyttige, kostnadseffektive og kvalitetsretta innkjøp.

Ei betre organisert, brukarretta og effektiv statsforvaltning

Direktoratet skal utvikle, systematisere og formidle kunnskap om organisering, leiing og andre verkemiddel for fornying og effektivisering av statsforvaltninga. Direktoratet skal leggje vekt på kva for effektar ulike endringar har på sektorpolitikken og på overordna politiske mål, og skal særleg arbeide med problemstillingar der det er viktig å overføre erfaringar til andre delar av forvaltninga. Direktoratet skal gi råd og rettleiing i tråd med organisasjonsprinsippa som er trekte opp i St.meld. nr. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap . Direktoratet skal hjelpe departement og underliggjande verksemder i utviklingsarbeidet og medverke til gode omstillingsprosessar. Direktoratet skal vere ein pådrivar for at brukarretting og brukarmedverknad får ein sentral plass i utviklingsarbeidet.

Direktoratet skal medverke til at offentleg informasjon og nettstader er tilgjengelege og universelt utforma og skal stå for den praktiske oppfølginga av staten sin kommunikasjonspolitikk og av prosjektet «Klart språk i staten». Direktoratet skal gjennom tenestene knytte til Noreg.no og Miside gi innbyggjarane rettleiing og råd i kontakten med offentleg sektor.

Kompetente leiarar og medarbeidarar i staten

Direktoratet skal vere ein pådrivar og ei støtte for departementa og underliggjande verksemder i arbeidet med å styrkje leiarskapen og utvikle individuelle leiarar og medarbeidarar. Ei av oppgåvene er å gi statlege verksemder eit godt tilbod av felles og målretta kurs- og kompetansetiltak tilpassa det statleg tilsette treng. Direktoratet skal følgje opp arbeidet med å utvikle ein strategi for kompetanseutvikling i staten. Direktoratet for forvaltning og IKT skal byggje opp eit fagmiljø på leiing i staten. Direktoratet skal utfordre etablert praksis og trekkje fram døme på nye arbeidsformer og metodar for kompetanseutvikling.

Direktoratet for forvaltning og IKT skal etablere ein felles infrastruktur for e-læring og tilby eit e-læringsverktøy for nye leiarar i staten. Tilbodet til leiarane skal både styrkje leiarskapen i staten og den individuelle dugleiken. Det skal famne leiarar på alle nivå og i alle fasar av leiarkarrieren. Direktoratet skal følgje opp medarbeidarundersøkinga frå hausten 2009 og skal gi støtte til verksemder som vil gjennomføre undersøkingar i eiga verksemd.

Koordinert, brukarretta og kostnadseffektiv bruk av IKT i offentleg sektor

Direktoratet skal arbeide for betre samordning og styring av IKT i offentleg sektor og medverke til effektiv elektronisk samhandling mellom ulike delar av forvaltninga og mellom forvaltninga og innbyggjarar og næringsliv jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle .

Direktoratet skal etablere eit program for felles IKT-infrastruktur og skal forvalte og vidareutvikle felles arkitekturprinsipp i forvaltninga. Direktoratet skal identifisere kva som trengst av nye fellesløysingar og felleskomponentar og skal medverke til bruk av opne standardar, mellom anna vidareutvike referansekatalogen over forvaltningsstandardar.

Direktoratet for forvaltning og IKT skal forvalte Noreg.no og Miside. Direktoratet skal vere ansvarleg for å utvikle og gjennomføre viktige IKT-prosjekt og tilby statlege verksemder eit nettbasert rettleiingsopplegg for gjennomføring av IKT-prosjekt.

Direktoratet for forvaltning og IKT skal førebu seg på frå 2011 å ha tilsyn med krava til universell utforming av IKT-løysingar, jf. diskriminerings- og tilgjengeleglova. Direktoratet skal understøtte norsk deltaking i det internasjonale IKT-samarbeidet, mellom anna ved å vere nasjonalt kontaktpunkt for EU-programma CIP-ICT og IDABC.

Drive og vidareutvikle ein felles infrastruktur for eID i offentleg sektor

Direktoratet skal arbeide fram tiltak for å støtte opp under utviklinga av elektronisk forvaltning, jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle . Direktoratet skal etablere ein robust og framtidsretta infrastruktur for eID som gjer det mogleg for innbyggjarane å logge seg på offentlege tenester med same elektroniske identifikasjon, uavhengig av kor tenestene kjem frå. Direktoratet skal i 2010 drive og vidareutvikle infrastrukturen, mellom anna distribuere felles eID og drifte ID-porten (samtrafikknavet). Direktoratet skal gi innbyggjarar og næringsliv hjelp i bruk av eID og skal gi råd og tilby kompetansehevande tiltak i innføring av eID til offentlege etatar.

Samfunnsnyttige, kostnadseffektive og kvalitetsretta innkjøp

Direktoratet skal medverke til at offentlege innkjøp skjer på ein ryddig og samfunnstenleg måte. Direktoratet skal følgje opp regjeringa sin handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp i samsvar med oppdrag frå Miljøverndepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet. Direktoratet skal arbeide for at miljøbelastninga ved offentlege innkjøp vert minst mogleg.

Direktoratet for forvaltning og IKT skal gi statlege verksemder rettleiing i innkjøp og utvikle tilbod som kan hjelpe leiarar å organisere og styre innkjøpsområdet på ein god og formålstenleg måte. Direktoratet skal sjå til at statleg tilsette har eit kurstilbod tilpassa ulike innkjøpsoppgåver og skal leggje til rette for deling av kompetanse, erfaring og verktøy gjennom å utvikle og styrkje nettverk av innkjøparar.

Direktoratet skal vidareutvikle det nettbaserte rettleiingstilbodet og forvalte og vidareutvikle tenestetilbodet på Ehandel.no og Doffin.

Bruk av elektroniske løysingar vil gjere offentlege innkjøp betre, enklare og sikrare. Direktoratet skal difor ha ei sterkare satsing på elektroniske løysingar. For å auke bruken av e-handel blant offentlege oppdragsgjevarar og leverandørar legg ein opp til at løyvingane vert auka over ein fem-årsperiode, slik at bruken av e-handelsplattforma i større grad vert finansiert over direktoratet sitt budsjett, framfor av brukarane som i dag.

Direktoratet skal i tillegg leggje til rette for ei felles løysing for elektronisk faktura i offentleg sektor. Direktoratet skal leie PEPPOL-prosjektet om tilrettelegging for offentlege innkjøp på tvers av landegrenser i tråd med avtale med EU.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter

Posten skal mellom anna dekkje lønns- og driftsutgifter, kurs- og kompetansetiltak, områdegjennomgangar og prioriterte oppgåver som vert fastsette i tildelingsbrev. Auken i løyvinga er mellom anna knytt til at lønns- og driftsutgiftene til tidlegare E-handelsekretariatet og svartenesta for Miside/Noreg.no er overførte frå postane 21 og 22. Den auka løyvinga til elektronisk handel skal nyttast til å finansiere ulike kostnader brukarane har ved bruk av e-handelsplattforma Ehandel.no. Direktoratet gjennomfører konkurranse om drift og eventuell vidareutvikling av ei ny e-handelsplattform. Departementet vil ta endeleg stilling til innrettinga av ordninga når konkurransen er avslutta.

Av løyvingsforslaget er om lag 3 mill. kroner knytte til internasjonalt samarbeid om forvaltningsutvikling og institusjonsbygging i samarbeid med Utanriksdepartementet og Norad. Utgiftene vert dekte ved tilsvarande inntekter under ny inntektspost 04 Internasjonale oppdrag.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten skal mellom anna dekkje drift og vidareutvikling av Miside, EU-prosjektet Pan-European Public Procurement Online (PEPPOL) og IKT- prosjekta i direktoratet. Utgiftene til Miside vart tidlegare løyvde under post 22.

Post 23 Elektronisk ID, kan overførast

Posten skal dekkje utgiftene til det vidare arbeidet med å utvikle og drive ein felles infrastruktur for elektronisk ID og e-signatur for offentleg sektor. Posten skal mellom anna nyttast til å drifte og vidareutvikle ID-porten (samtrafikknavet), vidareutvikle samspel med private aktørar som tilbyr eID, samt arbeidet med å utvikle funksjonar for signering og utvikle fellesfunksjonar for bruk av verksemdssertifikat i kommunikasjon med og i offentleg sektor og nasjonal eID.

Kap. 4560 Direktoratet for forvaltning og IKT

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Sal av informasjonsmateriell

75

 

 

02

Andre inntekter

6 893

 

 

03

Diverse inntekter

4 268

4 620

9 268

04

Internasjonale oppdrag

 

3 000

3 096

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

316

 

 

18

Refusjon sjukepengar

958

 

 

 

Sum kap. 4560

12 510

7 620

12 364

Post 02 Andre inntekter

Kurs- og kompetansetiltaka skal underbyggje hovudmåla for direktoratet, og er som regel dekte gjennom ordinær rammefinansiering. Direktoratet kan likevel krevje inndekking av reise- og opphaldsutgifter mv. Dekking av verksemda sine kostnader knytte til store konferansar og liknande kan førast under posten.

Post 03 Diverse inntekter

Direktoratet for forvaltning og IKT er prosjektkoordinator for EU-prosjektet Pan-European Public Procurement Online (PEPPOL). Direktoratet skal mellom anna fordele og refundere midlar som deltakarlanda har nytta i prosjektdeltakinga, og budsjetterte inntekter frå dette arbeidet er i 2010 9 mill. kroner. Inntekter frå sal av informasjonstenester er budsjetterte med 0,3 mill. kroner.

Post 04 Internasjonale oppdrag

Forslaget er knytt til direktoratet sitt arbeid med internasjonalt samarbeid om forvaltningsutvikling og institusjonsbygging i samarbeid med Utanriksdepartementet og Norad, i tillegg til assistanse til dei andre departementa og direktorata sitt internasjonale arbeid. Samla utgifter i direktoratet til internasjonale oppdrag skal ikkje overstige inntektene under denne posten.

Kap. 1561 IKT-politikk

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

22

Samordning av IKT-politikken , kan overførast

29 406

17 463

16 022

50

Breiband , kan overførast

10 150

 

 

70

Tilskot til standardisering (NorStella)

1 400

1 062

596

71

Tilskot til fri programvare (FriProg)

 

4 176

4 310

72

Tilskot til førebyggjande informasjonssikring (NorSIS)

4 000

4 176

6 310

 

Sum kap. 1561

44 956

26 877

27 238

Allmenn omtale

Måla i IKT-politikken er lagde fram i St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle . Fornyings- og administrasjonsdepartementet utformer og sørgjer for ei samordna gjennomføring av IKT-politikken. Dette inneber ansvar for å samordne og leggje premissar for utvikling og bruk av IKT på alle samfunnsområde. Samordningsansvaret omfattar òg koordinering av Noreg si internasjonale deltaking på IKT-området, i tillegg til utarbeiding av samfunnsanalysar, oversikter og statistikk for utvikling og bruk av IKT i Noreg.

For offentleg sektor vil departementet prioritere betre styring og samordning av bruken av IKT. Det inneber satsing på opne standardar, felles IKT-arkitektur, bruk av felleskomponentar og felles retningslinjer for bruk av fri programvare. Departementet skal særleg identifisere, koordinere og følgje opp område der tverrgåande initiativ er nødvendige.

Rapport 2008

IKT-arkitektur og opne standardar

Departementet har arbeidd for at IKT-utviklinga i offentleg sektor skal skje innafor ei felles overordna ramme. For at innbyggjarar og næringsliv skal kunne møte ei effektiv og brukarvennleg elektronisk forvaltning, må offentlege verksemder ha nokre overordna prinsipp som regulerer korleis dei utviklar IKT-systema sine. Det offentlege må utvikle fellesløysingar som alle offentlege verksemder nyttar i tenesteytinga.

Departementet har gjennomført ei høyring på forslag til eit arkitektur-rammeverk. Forslaget inneheldt mellom anna utkast til prinsipp som skal leggjast til grunn for utviklinga av offentlege IKT-system og forslag til felles IKT-løysingar som bør utviklast sentralt for heile offentleg sektor. Forslaget inneheldt òg tilrådingar om styring og finansiering av ein felles offentleg IKT-arkitektur. Konklusjonane frå høyringa er mellom anna omtalte i St.meld. nr. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap.

Opne standardar legg til rette for lik tilgang til offentlege tenester for brukarane og for betre elektronisk samhandling, både internt i offentleg sektor og i kommunikasjonen med innbyggjarar og næringsliv. I tillegg reduserer opne standardar bindingane til IKT-leverandørar, (jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007), tiltak 7.5, 7.11). Fornyings- og administrasjonsdepartementet har etablert eit breitt samansett råd som gir departementet tilrådingar om bruk av opne standardar i det offentlege, såkalla forvaltningsstandardar. Direktoratet for forvaltning og IKT er sekretariat for Standardiseringsrådet.

Retningsliner for konkrete standardar som offentlege verksemder skal leggje til grunn i IKT-systema sine, er samla i Referansekatalog for IT-standardar i offentleg sektor. Katalogen er tilgjengeleg på regjeringa.no. Standardiseringsrådet leverte i desember 2008 innstilling til versjon 2 av referansekatalogen. Innstillinga omfattar tilrådingar og obligatoriske krav om bruk av opne standardar ved publisering av dokument og multimedie-innhald på offentlege internettsider, ved utveksling av elektroniske dokument som vedlegg til e-post og for teiknsett som skal nyttast ved elektronisk informasjonsutveksling. Med utgangspunkt i forslaget, og etter ei brei høyring, lanserte departementet versjon 2 av katalogen i 2009.

Fri programvare

Departementet har arbeidd for at offentlege verksemder tek i bruk fri programvare. Deling av programvare kjem organisasjonar, verksemder og innbyggjarar til gode. Meir bruk av fri programvare i offentleg sektor kan redusere leverandørbindingar som kan vere usunne for konkurransen i programvaremarknaden. Fri programvare kan òg skape grunnlag for auka kompetanseutvikling og innovasjon i samfunnet.

Departementet har i 2008 gjennomført ulike utgreiingar knytte til å få opp bruken av fri programvare i offentleg sektor. Departementet har støtta til forsking og utviklingsprosjekt som har til formål å fremje bruk av fri programvare i offentleg sektor.

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare

Kompetansesenteret vart oppretta i 2007. Senteret har i tråd med føringane i tilskottsbrev frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet, gjennomført ei rekkje tiltak for kompetanseutvikling i bruk av fri programvare i offentleg sektor. Mellom anna har senteret arrangert og delteke på nasjonale og regionale konferansar og har publisert informasjonsmateriale om fri programvare.

Elektronisk ID og signatur i offentleg sektor

Fornyings- og administrasjonsdepartementet offentleggjorde våren 2008 tiltak for bruk av eID og e-signatur i offentleg sektor. Departementet gav Direktoratet for forvaltning og IKT i oppdrag å starte opp arbeidet med å gjennomføre tiltaka. Skattedirektoratet fekk i oppdrag å greie nærare ut enkelte av tiltaka. Direktoratet for forvaltning og IKT etablerte saman med Skattedirektoratet ein første versjon av ein felles eID på mellomhøgt tryggleiksnivå, og Skattedirektoratet leverte ein omfattande kravspesifikasjon og eit planverk for vidare arbeid med denne versjonen. Direktoratet planla og utgreidde òg oppstart av eit program for vidareutvikling og drift av den felles infrastrukturen for eID i offentleg sektor. Dette arbeidet vert integrert i eID-programmet som Direktoratet gjennomfører.

Digital deltaking og inkludering

Utviklinga i informasjons- og kommunikasjonsteknologien går raskt, med stadig nye tenester. Det er mogleg å fornye, utvikle og tilby fleire elektroniske tenester i takt med at fleire tek dei i bruk. Å bidra til at fleire får digital kompetanse og hindre at eit digitalt skilje forsterkar seg, har stått sentralt for departementet. Noreg er blant dei landa i verda som har høgast digital deltaking og kompetanse i befolkninga, særleg blant seniorar (Europe's Digital Competitiveness Report Volume 2: i2010 – ICT Country Profiles {COM(2009) 390} ). Auken i bruk av breiband har vore sterkast i den gruppa som tradisjonelt heng etter, nemleg husstandar med låg inntekt (Statistisk Sentralbyrå, IKT i husholdningene, 2. kvartal 2008). Fornyings- og administrasjonsdepartementet har mellom anna auka støtta til foreininga Seniornett, som arbeider for å auke den digitale kompetansen blant seniorar. I tillegg har departementet støtta eit pilotprosjekt, leidd av Senter for seniorpolitikk, om arbeidslivet som læringsarena for eldre tilsette. Departementet har òg satsa på barnehagane som digital læringsarena. I tillegg har departementet støtta opplæring og informasjon retta mot kvinner med innvandringsbakgrunn og tiltak for å betre folkebiblioteka si rolle i utviklinga av digital kompetanse.

Universell utforming

IKT-løysingar kan ofte vere unødvendig kompliserte å bruke for personar med nedsett rørsleevne eller sansar. Alle skal ha lik rett til å nytte seg av informasjonsteknologiar som er allment utbreidde i samfunnet. IKT-løysingar som er tilgjengelege for alle, skal ha grensesnitt som ikkje ekskluderer eller diskriminerer innbyggjarar eller samfunnsgrupper.

Som oppfølging av St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle , er krav til universell utforming av IKT teke inn i diskriminerings- og tilgjengeleglova av 2008. Fornyings- og administrasjonsdepartementet gjennomførte i 2008 eit forprosjekt for å klargjere korleis krava skal operasjonaliserast i forskrift.

Mogleg innføring av elektronisk faktura til staten

Ei arbeidsgruppe la våren 2008 fram ein rapport om ei mogleg felles løysing for elektronisk faktura i staten. Rapporten var på brei høyring hausten 2008 og det var allmenn støtte til dei fleste av forslaga.

Andre gjennomførte IKT-tiltak

Vidarebruk av offentleg informasjon

Vidarebruksdirektivet (direktiv 2003/98/EF) er gjennomført i ny offentleglov med forskrift, med verknad frå 1.1.2009. Arbeidet med vidarebruk av offentleg informasjon er òg følgt opp ved at departementet har delteke i Public Sector Information Group. Gruppa vart etablert av EU-kommisjonen i 2002 og følgjer gjennomføringa av vidarebruksdirektivet i dei ulike EU/EØS-landa. I regi av arbeidsgruppa arrangerte departementet eit møte i Noreg der Fornyings- og administrasjonsdepartementet gjorde greie for status for Noreg.

Vinstrealisering og verdiskaping ved bruk av IKT

Offentleg sektor investerer store summar i IKT. Dei samfunnsøkonomiske vinstane ved IKT-investeringane i offentleg sektor er truleg store, særleg verknadene av effektivisering, betra kvalitet og nye tenester. Sommaren 2008 sette departementet i gang ei utgreiing om å gi betre oversikt over noverande vinstmålingar og utvikle betre metodar for måling og realisering av vinstar ved utvikling av elektronisk forvaltning, jf. òg omtalen av samordning av IKT-investeringar og felles arkitektur. Statistisk sentralbyrå analyserte på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet samanhengane mellom utdanningsnivå, bruk av IKT og verdiskaping i norske bedrifter. Resultata viser mellom anna at bruk av IKT er viktig for auka produktivitet i verksemder, og at effekten av IKT-bruk er større når arbeidskrafta har høg utdanning. Analysane er dei første av sitt slag i Noreg.

Web 2.0 og sosiale media

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har lagt vekt på å følgje opp og vidareutvikle politikken for det som blir omtalt som web 2.0, eller sosiale medium. Departementet initierte og støtta konkrete analysar på feltet i 2008, med rapportane eBorger 2.0, Den alminnelige borger som leverandør av offentlig informasjon (Sintef IKT) og Nye nettfenomener, staten og delekulturen (Universitetet i Oslo). I tillegg til å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget, har departementet lagt vekt på nær dialog med innbyggjarane og aktuelle utviklar- og forskarmiljø. Dette har skapt debatt og auka medvit om utviklinga.

Breiband

Fornyings- og administrasjonsdepartementet lyste ut tilskott til breibandsutbygging på til saman 35 mill. kroner i 2008. Pengane vart øyremerkte Oslo, Akershus og Vestfold fordi desse fylka ikkje var omfatta av breibandspengane over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. Pengane frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet vart fordelte av Høykom-sekretariatet i Forskingsrådet. Det kom inn søknader frå Akershus og Vestfold på til saman om lag 22,5 mill. kroner. Oslo søkte ikkje. Søknadene frå Akershus og Vestfold vart godkjende, og det er venta at prosjekta vil gi om lag 6000 nye breibandsliner i dei to fylka.

NorStella

NorStella har òg i 2008 vore sekretariat for e2b-forumet og for Samtrafikkgruppa for utveksling av standardiserte e-handelsmeldingar. NorStella deltok i internasjonale fora som driv med standardisering av e-handelsmeldingar og i nasjonale grupper for standardisering av elektronisk samhandling og programvare som høyrer med.

NorStella har frå og med 2008 arbeidd med å etablere og gjennomføre konkrete, eksternt finansierte prosjekt som kan vise praktisk bruk av opne internasjonale standardar for elektronisk samhandling med høg verdi for deltakarane.

Norsk Senter for Informasjonssikring

Norsk Senter for Informasjonssikring spreier kunnskap om informasjonstryggleik i det offentlege rommet. Senteret har gjennomført fleire tiltak for å betre tryggleiken og gjere bruken av IKT i samfunnet mindre sårbar. Norsk Senter for Informasjonssikring har utvikla fleire haldningsskapande filmar, foredrag og kurs. Saman med private og offentlege verksemder har senteret gjennomført fleire aktivitetar for å auke kompetansen om informasjonstryggleik, mellom anna «Nasjonal sikkerhetsdag», sikkerhetskonferansen «sikker.info» og NRK sitt barne-tv-konsept «Klar-Ferdig-Gå». I tillegg har Norsk Senter for Informasjonssikring gjennomført eigne spørjeundersøkingar og prosjekt for samarbeidspartnarar.

Arbeidet er prega av at målgruppa for senteret har mange og vanskelege tryggleiksutfordringar. Norsk Senter for Informasjonssikring har derfor satsa på opplæring og på å heve kompetansen heilt ut til sluttbrukarane, og har laga rettleiingar, foreslått tiltak og gitt råd som målgruppa kan bruke på ein konkret måte i arbeidet for å auke tryggleiken.

Mål og prioriteringar 2010

Å følgje opp St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle krev koordinering av IKT-politikken på tvers av sektorar og område, og regjeringa vil i 2010 prioritere følgjande område innanfor IKT-politikken:

Arkitektur – samordna utvikling av IKT i offentleg sektor

IKT-arkitektur er eit rammeverk for å byggje opp IKT-system som kan samhandle med kvarandre slik at tenesteytinga frå det offentlege vert brukarvennleg og effektiv. Å etablere ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor skal framleis vere ei prioritert oppgåve for departementet. Arkitekturprinsipp, felles offentlege IKT-løysingar (til dømes eID), felles standardar, og nye rutiner for planlegging og samordning av IKT-tiltak utgjer rammeverket. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil saman med andre departement og Direktoratet for forvaltning og IKT etablere rutiner for planlegging og samordning av IKT-tiltak. Arbeidet vil føre vidare tiltaka regjeringa signaliserte i St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle , tiltak 7.4, 7.6 og 7.7 og St.meld. nr. 19 (2008–2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap.

Opne standardar

Regjeringa skal framleis prioritere arbeidet med å auke bruken av opne standardar. Opne IKT-standardar gjer det enklare for det offentlege å samhandle internt, og folk slepp å kjøpe ein spesiell programvare for å få tilgang til offentleg informasjon. Standardiseringsrådet, som er oppnemnt av Fornyings- og administrasjonsdepartementet, tek sikte på å leggje fram versjon 3 av referansekatalogen i 2010. Den vil venteleg inkludere retningsliner for bruk av IKT-standardar på fleire nye bruksområde og vil oppdatere krava og tilrådingane som allereie finst i referansekatalogen. Forskrifta om bruk av obligatoriske IKT-standardar i forvaltninga skal etter planen tre i kraft frå 1.1.2010. Departementet vil i 2010 etablere reviderings- og vedlikehaldsregimet for forskrifta.

Fri programvare

Regjeringa vil arbeide for at det offentlege tek i bruk meir fri programvare. Slik vil det offentlege verte mindre bunde av programvareleverandørane og det kan skjerpe konkurransen i marknaden for programvare. Bruk av fri programvare vil òg leggje grunnlaget for innovasjon. Departementet vurderer ulike tiltak for å stimulere til meir deling av programvare i det offentlege.

Elektronisk ID og e-signatur

Departementet vil vidareutvikle og revidere regelverket for bruk av eID og e-signatur i tråd med regjeringa sitt mål om effektiv bruk av eID og e-signatur. Departementet vil saman med Nærings- og handelsdepartementet og Post- og teletilsynet vurdere tiltak for styrkt tilsyn på området. Vidare vil departementet følgje utviklinga i marknaden for eID-løysingane og greie ut tiltak som kan leggje til rette for at eID kan brukast òg der det er ønskjeleg med anonymitet for dei personane som kommuniserer elektronisk.

Elektronisk faktura

Regjeringa vil innføre eit felles standardformat for elektronisk faktura, jf. St.meld. nr. 36 (2008–2009) Det gode innkjøp . Det framtidige målet er at heile offentleg sektor brukar elektronisk faktura og at ordninga gjeld for alle typar faktura og betalingskrav. Departementet vil i dialog med næringslivet vurdere nærare kva som er den beste måten å forankre eit slikt pålegg på og om det skal gjelde unnatak for visse betalingskrav. Departementet vil òg vurdere ei forskrift som gjer standardformatet gjeldande for kommunar og fylkeskommunar.

I god tid før eit eventuelt pålegg om bruk av elektronisk faktura, vil departementet etablere ein nett-portal til bruk for alle verksemder som enno ikkje har ei elektronisk løysing til å handtere elektronisk faktura. Nett-portalen skal vere tilpassa krav om universell utforming.

Digital inkludering og kompetanse

Arbeidet for at alle som ønskjer det kan ta del i informasjonssamfunnet, vil halde fram. Dei siste åra har langt fleire teke i bruk internett. 84 pst. av husstandane har tilgang til internett, og 73 pst. av husstandane koplar seg til via breiband (Statistisk Sentralbyrå, 2. kvartal 2008). Tre av fire brukte i 2008 PC dagleg eller nesten kvar dag. Det er ein auke på 73 pst. frå året før. Framleis er det fleire menn enn kvinner som dagleg bruker PC. Personar med høg utdanning bruker PC meir enn dei med låg utdanning.

Departementet vil utvikle kunnskapsgrunnlaget som konkrete prosjekt og initiativ har gitt. Ut frå kunnskap om kva som hindrar ulike grupper av innbyggjarar i å bli effektive IKT-brukarar, vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet arbeide nært saman med andre departement og sentrale aktørar for å utvikle og gi støtte til målretta tiltak retta mot aktuelle grupper, mellom anna Seniornett. Seniornett er drive fram av eldsjeler som arbeider for å utvikle den digitale kompetansen hos dei mest livserfarne innbyggjarane i Noreg.

Web 2.0 og sosiale nettmedium

Sjølv om oppslutninga om konkrete tenester som Facebook, Nettby og Twitter kan variere over tid, har denne måten å dele, publisere og kommunisere på vorte meir vanleg, særleg blant dei yngre. Nye generasjonar vil ha med seg desse medievanane inn i arbeids- og organisasjonsliv. Sosiale medium gir rom for deltaking, medverknad og innovasjon. På den andre sida kan dei setje personvernet under press og representere ei utfordring for informasjonstryggleiken. Endra bruksvanar og den teknologiske utviklinga utfordrar òg dei forretningsmessige modellane.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil ta initiativ til at forvaltninga tek i bruk sosiale nettmedium. Nokre etatar, kommunar og departement har allereie gått føre, men det er framleis eit stort potensial for å utvikle forvaltninga til å bli meir open og brukarretta ved å bruke nye sosial nettmedium. Samstundes er det krevjande å finne løysingar som gir dei fordelane ein ønskjer å oppnå, mellom anna fordi teknologi og bruksmønster endrar seg raskt. Departementet vil difor følgje utviklinga og ta initiativ til analysar og betre statistikk. Å utnytte dei fordelane dei nye tenestene kan gi, krev nær dialog med fleire aktørar, både tradisjonelle innhaldsprodusentar og nye utviklarar. For å stimulere til nye tenester, innovasjon og nye former for demokratisk deltaking, vil departementet vurdere å gi støtte til konkrete prosjekt som tek opp i seg denne nye måten å utvikle tenester på.

IKT og klima

Smart bruk av IKT kan medverke til reduserte utslepp av klimagassar og kan leggje grunnlaget for langsiktig verdiskaping i norsk næringsliv. Departementet vil særleg arbeide med korleis forvaltninga kan ta i bruk IKT på ein betre måte, som til dømes videokonferansar og grøne innkjøpsreglar for IKT-utstyr og -tenester. Departementet vil òg greie ut føresetnader for grøne datasenter, som er senter som reduserer energiforbruket til IKT ved å utnytte fordelar ved samlokalisering, lokal kjøling og nærleik til energikjelder eller kan nytte overskottsvarme til oppvarming.

Særleg satsinga på «smart grøn vekst» kan ha stort potensial for positive klimaeffektar på sikt. I dette omgrepet ligg store tverrsektorielle område som smarte bygg, energinett og transportnett på den eine sida, og ein politikk for å fremje avmaterialiserte (virtuelle) varer og tenester på den andre sida. Politikken byggjer vidare på regjeringa si satsing på breiband og neste generasjons nett, ENØK og koordinering av IKT i offentleg sektor. Innsatsen kan på sikt innebere vidareutvikling av regelverk på sektorområde, vidare arbeid med standardisering, satsing på nødvendig infrastruktur for elektronisk kommunikasjon og samarbeid med aktuelle aktører om incentivordninger. Områda må vidareutviklast i samarbeid med andre departement og etablerte aktørar.

Universell utforming av IKT-løysingar

Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelova) gjeld frå 1.1.2009. Formålet med lova er å styrkje det rettslege vernet mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Det inneber mellom anna ei plikt til at nye IKT-løysingar skal vere universelt utforma innan 2011 og seinast eitt år etter at forskrifta er trådd i kraft. Eksisterande IKT-løysingar skal vere universelt utforma innan 2021.

I løpet av 2010 vil departementet leggje fram ei forskrift for universell utforming av allment tilgjengelege IKT-løysingar. Forskrifta vil regulere grensesnittet for nye IKT-løysingar som er tilgjengelege for allmenta. Dette vil bety at nye løysingar må følgje nærmare bestemte prinsipp, standardar og rettleiingar for universell utforming. Departementet tek sikte på at forskrifta skal omfatte løysingar som vert tilgjengelege gjennom opne nettverk, som webløysingar, og IKT-løysingar som vert allment tilgjengelege gjennom automatar og liknande. Krava vil gjelde både privat og offentleg sektor. Regjeringa vil òg arbeide med informasjonstiltak og andre tiltak for å fremje universell utforming av IKT-løysingar. Departementet forventar at forskrifta må oppdaterast etter rundt to til tre år, for å ta inn over seg nye standardar som har kome til, og for å utvide verkeområdet om det er praktisk og ønskjeleg. Direktoratet for forvaltning og IKT vil føre tilsyn med at forskrifta vert etterlevd.

IKT-forsking

Ei arbeidsgruppe leidd av Fornyings- og administrasjonsdepartementet og med representantar frå Kunnskapsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Samferdsledepartementet og Forskingsrådet skal våren 2010 leggje fram forslag til ein samla strategi for IKT-forsking. Strategien skal byggje på St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for endring (Forskingsmeldinga).

Vidarebruk av offentleg informasjon

Den nye offentleglova med forskrifter trådde i kraft 1.1.2009. Den inneheld nye reglar om vidarebruk av offentleg informasjon og gjennomfører EU-direktiv 2003/98/EF. Bakgrunnen for direktivet er eit ønskje om å leggje til rette for innovasjon og verdiskaping gjennom forskrifter om like vilkår og prinsipp for prising av vidarebruk av offentleg informasjon. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil i 2010 greie ut kor stort potensialet for verdiskaping er i utvalde sektorar og vil vurdere kva for tiltak som skal til for å utløyse innovasjonseffekten og verdiskapingspotensialet som ligg i vidarebruk av offentlege data. Departementet vil òg kartleggje kva for informasjon som finst tilgjengeleg i dei forskjellige etatane og til kva vilkår. Ein del av dette er å fullføre og evaluere igangsette pilotprosjekt. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil følgje med på korleis nye prisingsprinsipp utviklar seg og på utviklinga av nye reglar og forbod mot avtalar om einerett for distribusjon av offentleg informasjon.

Breiband

Regjeringa sitt mål om tilbod om breiband til heile landet er så godt som nådd. Breibandsdekninga var i juni 2009 på 99,9 prosent. Regjeringa ønskjer at Noreg til kvar tid har ein velutbygd og framtidsretta infrastruktur for breiband. Det gjer utbygginga av breiband til ein kontinuerleg prosess. Regjeringa foreslår i 2010 å setje av midlar til utbygging av breiband over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.(kap. 551 post 61). Løyvinga skriv seg frå at fleire kommunar frå og med 2007 fekk gjeninnført differensiert arbeidsgivaravgift og dermed fell utanfor verkeområdet for næringsretta utviklingsmidlar. Då oppstod det såkalla restbeløpet ved at avgiftsfordelen frå og med 2007 følgjer adressa til verksemda og ikkje adressa til arbeidstakaren, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kommunal- og regionaldepartementet . Vidare er det bestemt at denne ramma skulle nyttast til utbygging av breibandnettet innanfor det distriktspolitiske verkeområdet, jf. St. prp. nr. 69 (2006–2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007 . Restbeløpet for 2010 vil først vere avklart tidleg i 2010.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i 2009 kartlagd kor stor kapasitet Noreg treng i framtida og korleis den forventa framtidige kapasitetsutviklinga for breiband vil vere. Departementet arbeider òg med å utvikle eit faktagrunnlag som kan resultere i nye mål og ny politikk på området. Som ein del av arbeidet greier Fornyings- og administrasjonsdepartementet og dei andre involverte departementa ut mellom anna verkemiddel, utbyggingsmodellar og kostnader.

NorStella

NorStella vart oppretta i januar 2003 og er ei medlemsstyrt, nøytral, privat stifting med ikkje-kommersielle formål. NorStella er ein pådrivar for standardisert elektronisk samhandling i og med offentleg sektor og for forenkling av forretningsprosessar i næringslivet nasjonalt og på tvers av grensene. Målet for arbeidet i 2010 er å føre vidare arbeidet med å representere norske interesser i internasjonal standardisering, spreie kunnskap om verdien av felles standardar, og demonstrere nytta av opne standardar for elektronisk samhandling i praktiske prosjekt med eksterne deltakarar.

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare (Friprog-senteret) vart oppretta i 2007. Bak kompetansesenteret står ulike offentlege verksemder og interesseorganisasjonar. Senteret har som mål å spreie informasjon og betre kompetansen om fri programvare i offentleg sektor, for slik å fremje bruken av fri programvare. Hovudmålgruppa for senteret er offentleg sektor, men senteret skal òg vere ein pådrivar for bruk av fri programvare for heile samfunnet. Senteret har arbeidd aktivt med å betre kompetansen om fri programvare i offentleg sektor ved å formidle kunnskap, byggje nettverk og etablere arenaer for deling av programvare og kunnskap.

For offentleg sektor skal Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare ha ei rolle som tilretteleggjar og pådrivar for å kvalitetssikre fri programvare og gjere den tilgjengeleg for alle. Sentret skal rettleie og informere om fri programvare og arrangere internasjonale, nasjonale og regionale konferansar. I tillegg skal sentret drive kompetansenettverk og utvikle, finansiere og realisere innovasjonsprosjekt. Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare skal arbeide i lag med tilsvarande senter i andre land og relevante utdannings- og forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt.

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS)

Norsk senter for informasjonssikring har vore i permanent drift sidan januar 2006. Norsk Senter for Informasjonssikring har som overordna mål å betre tryggleiken og gjere informasjons- og kommunikasjonsteknologi i samfunnet mindre sårbar. Senteret har markert seg som ein fagleg uhilda aktør innan informasjonssikring og arbeider målretta for å auke kompetansen og merksemda om informasjonstryggleik.

Norsk Senter for Informasjonssikring skal gjere brukarane medvitne om truslar og sårbare punkt, opplyse om sikringstiltak og påverke til gode haldningar gjennom førebyggjande kompetanseutvikling og informasjonsutveksling. Dei primære målgruppene er norske verksemder i privat og offentleg sektor, inkludert kommunane. Senteret skal prioritere dei små og mellomstore verksemdene. Norsk Senter for Informasjonssikring skal òg, så langt råd er, auke tryggleikskompetansen hos innbyggjarane generelt. Det er eit viktig prinsipp at informasjonen skal vere open. Alle samfunnsgrupper skal kunne dra nytte av sentret sine tenester og informasjon. Norsk Senter for Informasjonssikring er eit sentralt ledd i regjeringa si satsing på informasjonssikring. Sentret samarbeider og utfyller NorCERT (Norwegian Computer Emergency Response Team) i Nasjonalt tryggingsorgan (Nasjonal sikkerhetsmyndighet NSM).

Det er viktig at verksemder, media og det offentlege har ein nøytral offentleg instans som arbeider med informasjonstryggleik. Stadig fleire verksemder tar kontakt for råd og rettleiing. Sentret må derfor ha tilstrekkeleg spelerom, kompetanse og ressursar til å løyse oppgåvene og møte etterspurnaden.

Auka bruk av IKT generelt og internett spesielt i alle lag av samfunnet gjer det nødvendig å intensivere arbeidet med sikring av informasjon og nett. Derfor auka Fornyings- og administrasjonsdepartementet løyvinga til Norsk Senter for Informasjonssikring på Gjøvik med 2 mill. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2009. Departementet foreslår å føre vidare dette nivået i 2010. Løyvinga vil gjere NorSIS si hovudverksemd uavhengig av bidrag frå næringslivet. Det vil gjere det heilt klart at NorSIS gir uavhengige råd, og vil gjere at verksemda ikkje må ha fokus på å skaffe kortsiktig finansiering.

Utveksling av grunndata på personinformasjonsområdet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet sette saman med Finansdepartementet ned ei arbeidsgruppe i 2006 for å kartleggje kva som trengst av data frå folkeregisteret og krav til innhald og kvalitet for slike data. Eit overordna mål for dette arbeidet er å sikre at eit framtidig folkeregister framleis vil vere staten sitt sentrale register med nøkkelinformasjon om kvar enkelt innbyggjar. Rapporten frå arbeidsgruppa har vore på alminneleg høyring og Fornyings- og administrasjonsdepartementet, i samarbeid med Finansdepartementet, arbeider med oppfølginga av rapporten og mandat for det vidare arbeidet. Nokre av forslaga frå arbeidsgruppa må greiast ut vidare.

Budsjett 2010

Post 22 Samordning av IKT-politikken, kan overførast

Løyvinga vert nytta til politikkutvikling og styrings- og samordningstiltak på IKT-området. Mellom anna dekkjer løyvinga støtte til foreininga Seniornett og andre tiltak for å inkludere alle i informasjonssamfunnet. Departementet sitt arbeid med utgreiingar mellom anna av breibandsutviklinga, utvikling av og eksperimentering med nye digitale tenester, arbeidet med IKT-standardar for forvaltninga, IKT-tryggleik og regelverksarbeid med vidare vert utgiftsført på posten.

Post 70 Tilskot til standardisering (NorStella)

Løyvinga skal nyttast til å delta i internasjonal standardisering av elektroniske handelsmeldingar og elektroniske forretningsprosessar, med mål om å fremje norske synspunkt og interesser. Vidare skal løyvinga dekkje arbeidet med å leggje til rette for nasjonal standardisering av utveksling av elektroniske handelsmeldingar, med samhandling mellom næringslivet og forvaltninga som kjerneområde.

I lys av at Direktoratet for forvaltning og IKT skal arbeide med standardar i forvaltninga, vert løyvinga trappa ned frå og med 2009 og avvikla i 2012.

Post 71 Tilskot til fri programvare (FriProg)

Løyvinga skal nyttast til driftstilskott til Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare. Kompetansesenteret arbeider for å fremje kompetanse og informasjon om fri programvare i offentleg sektor, for slik å auke bruken av fri programvare. Senteret skal mellom anna rettleie og informere offentlege verksemder om fri programvare. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell kontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.

Post 72 Tilskot til førebyggjande informasjonssikring (NorSIS)

Regjeringa foreslår å auke driftstilskottet til Norsk senter for informasjonssikring med 2 mill. kroner og samstundes frita senteret frå kravet om at ein tredel av driftsutgiftene i Norsk Senter for Informasjonssikring skal komme frå private aktørar.

Kap. 1562 Internasjonalt IKT-samarbeid og utviklingsprogram

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

 

 

4 027

70

Tilskot til internasjonale program , kan overførast

15 558

20 149

16 794

 

Sum kap. 1562

15 558

20 149

20 821

Allmenn omtale

IKT-politikken er internasjonalt orientert og er eit viktig område for internasjonalt samarbeid og koordinering. Noreg sin innsats er særleg retta mot EU og OECD. Utfordringane ligg mellom anna i å tilpasse regelverk, løysingar og strategiar til allmenne utviklingstrekk som konvergens, dvs. samansmelting av teknologiar som kringkasting og breiband, framveksten av nye tenester og det at tenester, næringar og innbyggjarar vert stadig meir grensekryssande. Vidare er arbeidsplassane i stigande grad IKT- og høgkunnskapsbaserte. Informasjonsteknologien speler òg ei viktig rolle i å møte den globale miljøutfordringa.

EU legg sterk vekt på verdien av IKT som drivar for økonomisk vekst. EU-kommisjonen meiner IKT er grunnlag for nesten 50 pst. av produktivitetsveksten i EU. IKT er òg ein hovudkomponent i EU sin tiltakspakke for å dempe dei negative effektane av finanskrisa. EU sin overordna plan for IKT-politikk er i2010, A European Information Society for Growth and Employment . Planen er ein sentral del av den «nye Lisboa-strategien». Noreg deltek aktivt i ulike fora for å setje i verk og vidareutvikle i2010-initiativet. i2010-planen er under revisjon, og det er venta at EU vil leggje fram ein ny plan våren 2010.

i2010-planen har gitt mange viktige resultat: auka utbygging av breiband, Europa som leiande på mobil kommunikasjon, lågare prisar på mobilsamtalar i Europa, felles europeisk nødnummer-112 og arbeid med ein tryggare nettbruk for barn og unge. Sentralt i arbeidet med ein ny europeisk IKT- strategi er IKT som grunnlag for nye arbeidsplassar og vekst, IKT si rolle for ein lågkarbon-økonomi, høghastig internett, eit ope internett og skaping av europeisk innhald på nettet.

Forslaget til løyving gjeld program i regi av EU som Noreg tek del i etter EØS-avtalen, og som er knytte til utviklinga av informasjonssamfunnet og elektronisk forvaltning. Løyvingsforslaget dekkjer programkontingentar og andre utgifter til følgjande EU-program:

  • CIP (rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon).

  • IDABC/ISA (Elektroniske tenester mellom forvaltning, næringsliv og innbyggjarar).

  • ENISA (Europeisk nettverks- og informasjonstryggleiksbyrå).

  • Safer Internet Programme (program for trygg bruk av internett for barn og unge).

Noreg si deltaking i det omfattande europeiske samarbeidet på IKT-området, irekna statistisk samarbeid og politiske samarbeidsarenaer, er i hovudsak knytt til desse programma og forankra i i2010-strategien. Løyvinga dekkjer òg tilskot til andre IKT-relaterte aktivitetar og samarbeidsområde, nasjonale oppfølgingsaktivitetar og utgifter til nasjonale ekspertar i EU-kommisjonen. Dei norske nasjonale ekspertane innan IKT-politikken er knytte til arbeidet med eGovernment, eInclusion og arbeidet med samordning av IKT- politikken i EU (i2010).

For å medverke til at aktuelle norske miljø kan dra nytte av EU-programma IDABC og CIP og få utteljing i prosjektløyvingar, har Direktoratet for forvaltning og IKT teke over som nasjonalt kontaktpunkt for CIP- og IDABC-programmet frå 2009.

OECD er ein arena for globalt samarbeid om viktige prinsipp i IKT- politikken. I 2008 heldt OECD ein ministerkonferanse om framtida for internettøkonomien. Konferansen vedtok ein deklarasjon for utvikling av ein politikk for bruk og utvikling av internett til å møte framtidas sosiale behov, berekraftig økonomisk vekst og tryggleik og personvern ved kommunikasjon over nettet. Noreg deltek aktivt i OECD sitt arbeid med å utforme politikk.

Rapport 2008

CIP – EU sitt rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon – IKT-politisk støtteprogram (2007–2013)

CIP er eit omfattande program som legg til rette for nye IKT-satsingar og stimulerer til brei bruk av IKT blant innbyggjarar, næringsliv og styresmakter. Programmet skal i første rekkje gjennomføre pilotprosjekt for å utvikle og setje i verk felles europeiske elektroniske løysingar. I 2008 var programmet retta mot mellom anna offentlege elektroniske tenester, digital inkludering og IKT for energieffektivisering og miljø.

Resultatet frå utlysingane har så langt vore positive for Noreg. Noreg er med i fleire tematiske nettverk og prosjekt. Noreg leier eit prosjekt som skal gjere det enklare for offentleg sektor i europeiske land å kjøpe inn på tvers av landegrensene. Prosjektet – Pan European Public Procurement Online (PEPPOL) – er eit nøkkelprosjekt for å byggje den indre marknaden i EU.

Frå 2009 vart den tematiske vidareføringa av EU-programmet eContent innlemma i IKT-programmet (Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjettkapittel, jf. St.prp. nr. 61 (2004–2005) Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent plus).

Ansvaret for nasjonal oppfølging vart ført over til Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Departementet har peikt ut Direktoratet for forvaltning og IKT til nasjonalt kontaktpunkt for CIP-IKT. Direktoratet utformar verkemiddel for å stimulere til norsk deltaking i søkjarkonsortium, mellom anna ei støtteordning for utarbeiding av prosjektsøknader til CIP.

Elektroniske tenester mellom forvaltning, næringsliv og innbyggjarar (IDABC-programmet – 2005–2009)

Noreg har teke del i det tidlegare IDA-programmet sidan 1997. Det var i 2008 stor aktivitet både i dei støtteaktivitetane som gjeld fleire sektorar og i dei særskilte sektorprosjekta.

Særleg viktig for Noreg var overgangen til ei ny sikker plattform for elektronisk kommunikasjon, det såkalla sTESTA-nettverket. sTESTA er ein tverrgåande aktivitet innan IDABC. Målet er å etablere eit sikkert nettverk mellom forvaltninga i deltakarlanda. I 2008 vart det etablert eit felles aksesspunkt til kvart land. Desse aksesspunkta er avgjerande for den kommunikasjonen ei rekkje statlege verksemder har med EU-land. Mellom anna politiet, NAV, Utlendingsdirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap kommuniserer med EU gjennom dette nettverket. Fleire andre statlege verksemder vil verte kopla opp i løpet av 2009.

ENISA

Det europeiske nettverks- og informasjonstryggleiksbyrået (ENISA) vart formelt oppretta i mars 2004. ENISA har som føremål å betre EU si evne til å ta opp og svare på nettverks- og informasjonstryggleiksproblem.

ENISA har tre langsiktige innsatsområde: gjere europeiske nett meir robuste, utvikle og drive samarbeidsmodellar, og identifisere nye truslar og skape tillit. Innafor ramma av desse tre områda har byrået i 2008 mellom anna kartlagt nasjonale regime for robuste nett og analysert operatørane sine tiltak, hatt særskilt merksemd på kompetanseutvikling og erfaringsdeling mellom landa når det gjeld CERT-verksemd (Computer Emergency Response Teams), og etablert rammeverk for å vurdere nye truslar.

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), NorCERT og Post- og teletilsynet har etter oppstarten av ENISA teke aktivt del i og medverka til byrået sine faglege aktivitetar. Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Samferdsledepartementet har veksla på å vere observatør i ENISAs Management Board.

Mål og prioriteringar 2010

Noreg skal påverke og bidra i det internasjonale arbeidet på IKT-området. Det er eit mål at norsk næringsliv og norske fagmiljø dreg nytte av den norske deltakinga i EU-program og at dei kan delta i prosjekt og nytte høvet til internasjonal eksponering. Dette krev at Noreg deltek aktivt, koordinert og målretta.

CIP – EU sitt rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon – IKT-politisk støtteprogram (2007–2013)

CIP-programmet omfattar fleire politikkområde og tre sjølvstendige delprogram med eigne budsjett og styringsgrupper:

  • Entreprenørskaps- og innovasjonsprogrammet (hovudansvar Nærings- og handelsdepartementet).

  • Energiprogrammet (hovudansvar Olje- og energidepartementet).

  • IKT-programmet (hovudansvar Fornyings- og administrasjonsdepartementet).

Regjeringa vil sikre at det vert etablert ordningar for samarbeid slik at dei nasjonale initiativa er best mogleg samordna, ikkje minst fordi bruk av IKT står sentralt i alle delprogramma.

IKT-programmet rettar særleg merksemda mot finansiering av større pilotprosjekt som tek sikte på å utvikle felles europeiske elektroniske løysingar. I tillegg til dei større transnasjonale pilotane, vil ei rekkje tematiske nettverk verte etablerte innan ulike IKT-politiske fagområde. Programmet vil òg finansiere samarbeid om statistikk og analysar av IKT-utviklinga.

Gjennom å delta i programmet ønskjer departementet mellom anna å få til ei meir strategisk tilnærming til IKT- og forvaltningsutvikling. For næringslivet gir norsk deltaking høve til å vise produkta sine i ein europeisk samanheng og å nå nye marknader.

Som del av programdeltakinga dekkjer Noreg òg oppfølgingsaktivitetar nasjonalt og tre nasjonale ekspertar i Europakommisjonen sitt generaldirektorat for informasjonssamfunnet (DG INFSO).

ISA – EU sitt program for felles elektroniske løysningar for europeisk forvaltning

Noreg har teke del i EU-programmet IDABC (Interoperable Delivery of European eGovernment Services to public Administrations, Businesses and Citizens) frå og med 2006, jf. St.prp. nr. 54 (2005–2006). Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet IDABC.

Programmet er det tredje i rekkja, og arbeidsprogrammet for IDABC går ut i 2009.

Programmet ISA (2010-2015) - «Interoperability Solutions for European Public Administrations» vil frå 2010 erstatte IDABC. Programmet skal bidra til elektroniske løysingar som kan støtte opp under samhandling mellom europeiske forvaltningsorgan. Programmet skal dessutan støtte opp under gjennomføring av felles europeisk politikk og aktivitetar. Det er ikkje enno teke stilling til norsk deltaking i ISA.

ENISA

Mandatet til ENISA gjekk opphavleg ut 13.3.2009, men EU-parlamentet og Rådet valde å forlengje byrået sitt mandat til 13.3.2012. Noreg deltek i ENISA sitt Management Board med representantar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Samferdsledepartementet. Dei to departementa deler likt dei årlege kostnadene for å delta i ENISA. I 2010 og åra framover vil ENISA prioritere arbeid med å gjere europeiske elektroniske kommunikasjonsnettverk meir robuste, utvikle og forbetre modellar for samarbeid mellom landa, identifisere risikomoment og styrkje informasjonsaktiviteten mot små og mellomstore bedrifter.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn og drift for nasjonale ekspertar som deltek i EU-programma. Utgiftene har tidlegare vore budsjetterte under post 70.

Post 70 Tilskot til internasjonale program, kan overførast

Løyvinga skal dekkje norsk deltaking i IKT-delen av CIP-programmet og norsk deltaking i EU-programma IDABC, Safer Internet Plus og EU-byrået ENISA. Løyvinga vil dekkje estimert kontingent for norsk deltaking.

Programkategori 01.70 Personvern

Utgifter under programkategori 01.70 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1570

Datatilsynet

27 252

27 955

30 989

10,9

1571

Personvernnemnda

979

1 650

1 683

2,0

 

Sum kategori 01.70

28 231

29 605

32 672

10,4

Allmenn omtale

Personvern inneber å verne om den enkelte sin integritet og privatliv. Individuelle og kollektive personverninteresser skal ikkje krenkjast gjennom handsaming i verken offentleg eller privat sektor. Ut frå kvar enkelt innbyggjar si legitime interesse, skal handsaminga av personopplysningar vere relevant, forholdsmessig og nøyaktig, i tillegg til å representere kvalitet og aktualitet. Handsaminga skal òg innrettast slik at den enkelte er i stand til å kontrollere opplysningar om seg sjølv.

Nokre prinsipp står sentralt i oppbygginga av personvernlovgivinga. Prinsippa byggjer på eit grunnleggjande ideal om at alle skal ha råderett over personopplysningar om seg sjølv. Av dei sentrale prinsippa er:

  • Det skal vere saklege grunnar for innsamling og bruk av personopplysningar. Opplysningane skal samlast inn til klare og legitime føremål og brukast i samsvar med desse.

  • Registrering av personopplysningar skal i størst mogleg grad vere basert på frivillig, tydeleg og informert samtykke. Opplysningar i offentlege register, der registrering er pliktig, skal vere lovheimla.

  • Ved innhenting av personopplysningar har alle rett til å få opplyst om det er frivillig eller obligatorisk å gi frå seg personopplysningane, kva føremål opplysningane skal brukast til og om dei vil bli utleverte til andre.

  • Den som er ansvarleg for at data vert registrerte, skal hjelpe den registrerte med å få innsyn i kva for opplysningar som er lagra, kva dei skal brukast til og kvar dei er henta frå.

  • Opplysningar som vert registrerte, skal vere korrekte. Ukorrekte opplysningar skal endrast, slettast eller sperrast. Overskotsinformasjon og opplysningar som ikkje lenger trengst for føremålet med registreringa, skal slettast.

  • Informasjonstryggleik skal sikrast.

  • Når nye teknologiske løysingar vert tekne i bruk, bør det leggjast til rette for anonyme eller sporfrie alternativ.

Hovudutfordringar og utviklingstrekk

Personvernspørsmål har kome sterkt i fokus dei seinare åra og i aukande omfang har det vorte gjennomført tiltak for å verne om den enkelte sitt personvern. I Personvernkommisjonen sin rapport «Individ og integritet» NOU 2009:1, er det likevel peikt på ei rekkje utfordringar for personvernet som regjeringa vil arbeide vidare med. Verksemdene sin kunnskap om personvernreglar og deira etterleving av desse er lite tilfredsstillande. Det vert stadig avdekt manglande internkontroll og informasjonstryggleik, spesielt med omsyn til manglande sletting av personopplysningar når formålet er oppfylt. Verksemdene sitt kunnskapsnivå og etterleving av personvernregelverket må aukast. Bruk av personvernombod er eit tiltak som vil kunne føre til at regelverket vert overhalde på ein betre måte. I St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 vart det løyvd midlar til å utgreie og eventuelt utvikle ordninga vidare.

Personvern blant barn og unge byr på spesielle utfordringar. Barn og unge er i mange høve sjølve ikkje kompetente nok til å forstå kva personvernkonsekvensar deira handlingar kan få. Barn og unge og deira føresette treng difor rettleiing for god bruk av internett, og i tillegg hjelp til å rette opp dersom det har skjedd nettkrenking eller uønskt nettytring. I tillegg har det vist seg å vere utfordringar knytte til personvernet i grunnskulen. Det er behov for utgreiing av om elevar vert overvaka og kontrollerte meir enn nødvendig, kor omfattande dette i så fall er, og på kva område innan skulesektoren det er viktigast å gjere noko. Det er sett i gang både eit prosjekt som vil etablere ei rettleiingsteneste for fjerning av uønskte nettytringar/ internettkrenkingar og eit prosjekt om korleis personvernet i grunnskulen kan styrkjast, jf. St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 .

Den teknologiske utviklinga set personvernet under press. Nye kommunikasjonsmetodar, forskingsmetodar og registreringsmetodar er noko av det som byr på personvernutfordringar. Overvaking og registrering av internettbruk, registrering i samband med offentleg transport og innsamling av biometrisk materiale gjer det mogleg å framskaffe detaljert oversikt over den enkelte sine handlingar, rørslemønster og fysiske eigenskapar. Utviklinga krev personvernfremjande teknologiar som kan handtere den massive informasjonsmengda desse teknologiske hjelpemidla fangar opp. Det må arbeidast for løysingar som tek omsyn til ei konstant teknologisk utvikling. I tillegg treng vi eit regelverk som famnar om dagens og framtidige teknologiske trendar.

Mål og strategiar

Hovudmålet er at alle skal ha personvern slik det er heimla i Personopplysningslova og tilhøyrande forskrift.

Personopplysningslova gjeld for alle som handterer personopplysningar. Alle statlege organ vil såleis bidra til å sikre personverninteressene, men Datatilsynet står likevel i ei særstilling når det gjeld det statlege arbeidet for å nå hovudmålet. Verksemda i Datatilsynet er bygd opp kring tre hovudstrategiar; tilsyn, opplysning/rettleiing, og deltaking i råd/utval og høyringsarbeid. Tidlegare var løyve og konsesjonar ein viktig strategi, men denne måten å sikre personvernet på har dei seinare åra vorte mindre vektlagd.

Kap. 1570 Datatilsynet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

27 252

27 955

30 989

 

Sum kap. 1570

27 252

27 955

30 989

Allmenn omtale

Datatilsynet skal gjennom tilsyn og sakshandsaming kontrollere at lover og forskrifter om handsaming av personopplysningar blir følgde, og at feil og manglar vert retta. Datatilsynet skal informere om utviklinga i samfunnet og aktuelle problemstillingar som gjeld handsaming av personopplysningar. Datatilsynet har ei viktig rolle i å skape aktiv debatt og merksemd om sentrale personvernspørsmål, og gi råd og rettleiing både til privatpersonar, verksemder og styresmakter. Tilsynet skal også overvake personvernet si stilling i samfunnet på område der Datatilsynet ikkje har direkte vedtakskompetanse. Datatilsynet har 35 årsverk og er lokalisert i Oslo.

Rapport 2008

St.meld. nr. 5 (2008–2009) Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2007 gir utfyllande informasjon. Årsmeldingar for 2008 vert lagde fram i ei stortingsmelding hausten 2009.

Tilsynsaktiviteten

Målet for 2008 var å gjennomføre minst 130 tilsyn innan prioriterte område. Datatilsynet gjennomførte 141 kontrollar i 2008. Av desse var 139 stadlege kontrollar. Omfanget var noko høgare enn i 2007, då det vart gjennomført 134 tilsyn. Tilsyna har avdekt omfattande brot på regelverket, i den forstand at tilsynet har varsla eller fatta vedtak mot 50 til 60 pst. av verksemdene som var gjenstand for kontroll. Oftast ser ein brot på reglar om:

  • Krav om ryddig handsaming av personopplysningar (internkontroll).

  • Krav om informasjonstryggleik.

  • Krav til sletting av opplysningar.

Deltaking i råd og utval med meir

Som deltaking i norske offentlege råd og utval, er også deltaking på internasjonale møte og arbeidsgrupper ein viktig arena for å påverke personvernutviklinga. Målet for 2008 var å medverke til tilstrekkeleg vektlegging av personvernet gjennom aktiv deltaking i slike fora, i tillegg til høyringsarbeid. I 2008 har Datatilsynet teke del i nærare tjue nasjonale/internasjonale råd, utval, årlege konferansar og liknande. Datatilsynet mottok i alt 136 høyringssaker i 2008. I 55 tilfelle hadde Datatilsynet merknader til forslaga.

Satsing på kommunikasjonstiltak

Målet for kommunikasjonsverksemda var å skape merksemd og å gi kunnskap om plikter og rettar etter personvernlovgivinga. Målet er nådd mellom anna ved hjelp av Datatilsynet si heimeside, ei juridisk svarteneste på telefon og e-post, og gjennom mediekontakt. Datatilsynet har utvikla ein organisasjon der mange medarbeidarar har god medietrening og deltek i debattar på radio og fjernsyn. På denne måten er Datatilsynet aktiv i den offentlege debatten og har stor kapasitet til å kunne tale personvernet si sak når sjansen byr seg. Regjeringa har auka ressursane til informasjonstiltak dei seinare og dette har sett Datatilsynet i stand til å auke informasjonsarbeidet i 2008.

Undervisingsopplegget «Du bestemmer» er vidareført og det er satsa vidare på mellomtrinnet i skulen. Basert på ein manuskonkurranse vart det i 2008 produsert ulike filmar som no er blitt ein del av undervisningsopplegget. Vidare vart det i 2008 utarbeidd ein rettleiar om bilete av barn på Internett. Denne vart send ut til alle barnehagane i heile landet og skular med 1.-7. trinn. Datatilsynet har i 2008 også gjennomført eit prosjekt der personvern vart uttrykt gjennom kunst. Resultatet av dette arbeidet vart presentert på Oslo S i samarbeid med KORO (Kunst i offentlige rom, tidlegare Statens utsmykkingsfond).

Sakshandsaming

Målet for 2008 var at enkle saker skulle verte handsama innan 5 veker og kompliserte saker i gjennomsnitt innan 10 veker. For ein mindre del av sakene var sakshandsamingstida lenger enn målsetjinga. Ved utgangen av august hadde Datatilsynet 108 saker til handsaming som var eldre enn 10 veker. Datatilsynet auka ressursinnsatsen til sakshandsaming utover hausten og utgangen av året viste såleis eit betre resultat. Talet på saker til handsaming som var eldre enn 10 veker, vart redusert til 68 saker.

Mål og prioriteringar 2010

Datatilsynet skal bidra til realisering av hovudmålet om at alle skal ha personvern slik det er heimla i Personopplysningslova og tilhøyrande forskrift. I 2010 vil styrkt personvern for barn og unge vere eit mål med særskilt merksemd. Dei prosjekta som fekk løyving i St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 , vil verte vidareførte i 2010.

I 2010 skal følgjande aktivitetar ha prioritet i Datatilsynet:

  • Gjennomføre risikobasert tilsyn innan prioriterte område for å redusere talet på lovbrot.

  • Medverke til at personvernet vert vektlagt, mellom anna ved å delta i råd, utval og samarbeidsfora og gjennom høyringsfråsegner.

  • Vidareføre satsinga på kommunikasjonstiltak for å skape merksemd om personvernet og auke kunnskapen om plikter og rettar etter lovgivinga og god skikk.

  • Syte for korrekt og effektiv sakshandsaming i samsvar med føremål og krav i forvaltningslova. Som hovudregel skal innkomne saker svarast på innan ti veker.

  • Etablere ei prøveordning med rettleiingsteneste for sletting av uønskte nettytringar og internettkrenkingar.

  • Utvide personvernombodsordninga og heve kunnskapen om personvern, internkontroll og informasjonstryggleik i norske verksemder.

  • Utgreie og setje i verk tiltak for å styrkje personvernet for elevar i grunnskulen.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter

Løyvingsforslaget dekkjer lønns- og driftsutgifter for Datatilsynet. Regjeringa foreslår ei styrking av løyvinga til drift med 3 mill. kroner.

Kap. 1571 Personvernnemnda

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

979

1 650

1 683

 

Sum kap. 1571

979

1 650

1 683

Allmenn omtale

Personvernnemnda har sju medlemer med personlege varamedlemer. Per 1.1.2009 var det eit skifte av leiar og nestleiar, og to av dei andre medlemmene i nemnda. Funksjonstida er fire år. Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet og nemnda behandlar klagene fortløpande.

Rapport 2008

I løpet av året kom det inn seks klager til handsaming i Personvernnemnda. Alle vart handsama ferdig. I tillegg vart tre saker frå 2007 handsama ferdig. I tre av sakene er Datatilsynet sine vedtak heilt eller delvis omgjorde. Talet på klager svingar frå år til år, men har gått noko ned dei siste åra. Fleire av sakene i 2008 har i staden vore komplekse og prinsipielle. Alle vedtak som personvernnemnda fattar, vert publiserte på nemnda si heimeside og i ein eigen database i lovdata.

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter

Forslaget til løyving dekkjer utgifter til sekretariatet for nemnda, ei stilling, og godtgjersle for medlemmene.

Programkategori 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk

Utgifter under programkategori 01.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1580

Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga

1 761 189

1 065 490

874 000

-18,0

1581

Eigedomar til kongelege føremål

59 248

61 586

43 337

-29,6

1582

Utvikling av Fornebuområdet

22 112

7 000

11 000

57,1

1583

Utvikling av Pilestredet Park

1 773

 

 

 

2445

Statsbygg

844 732

1 218 531

1 491 867

22,4

 

Sum kategori 01.80

2 689 054

2 352 607

2 420 204

2,9

Inntekter under programkategori 01.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

4581

Eigedomar til kongelege føremål

137

131

135

3,1

5445

Statsbygg

940 700

900 000

916 545

1,8

5446

Sal av eigedom, Fornebu

120 284

23 600

23 600

0,0

 

Sum kategori 01.80

1 061 121

923 731

940 280

1,8

Allmenn omtale

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har eit overordna ansvar for byggje- og eigedomspolitikken i staten. Dette inkluderer mellom anna gjennomføring av byggjeprosjekt i regi av Statsbygg, forvaltning av eigedommar som inngår i den statlege husleigeordninga, og ansvar for utforming av retningsliner for statens interne handtering av byggje- og eigedomssaker.

Statsbygg er eit viktig verkemiddel i regjeringa sin byggje- og eigedomspolitikk. Nærare omtale av Statsbygg si verksemd er gitt under kap. 2445 Statsbygg.

Departementet har for 2010 gjort strukturelle endringar i ulike delar av programkategori 01.80, og gitt kategorien nytt namn. Det er lagt til grunn ein meir overordna målstruktur i proposisjonen. Denne dannar grunnlaget for vidare operasjonalisering og utforming av resultatkrav i tildelingsbrevet frå departementet til Statsbygg.

Utfordringar og utviklingstrekk

Regjeringa har som mål å redusere den negative miljøpåverknaden frå byggje- og eigedomsverksemda. Blant dei viktigaste utfordringane i åra framover er ytterlegare reduksjon i energibruken og energiomlegging i eksisterande bygningsmasse. Statsbygg har i 2009 laga ein miljøanalyse som grunnlag for det vidare arbeidet på området.

Statleg omstilling og fornying inneber òg eit auka behov for endringar i bygningar og lokale der statlege verksemder held til. Dette gjeld både lokale som staten eig og lokale som vert leigde i marknaden. Fleksible ordningar for gjennomføring av ombyggingar og tilpassingar i staten sine eigne lokale er difor viktig. Ein forenkla budsjettprosess for prosjekt der leigetakar kan dekkje leiga innanfor sine økonomiske rammer (såkalla kurante byggjeprosjekt) er viktig for denne fleksibiliteten. Ved tilpassing og forhandling av kontraktar i marknaden kan Statsbygg gi råd til statlege verksemder. Departementet meiner at ei slik rådgivingsteneste, basert på det statlege verksemder har behov for, bør styrkjast i kommande periode.

Staten sine eigedommar representerer store verdiar, både økonomisk og kulturelt. Eit verdibevarande vedlikehald er særs viktig, ikkje berre av økonomiske årsaker, men òg av omsyn til kulturhistoriske og arkitektoniske verdiar. Mange statlege bygg oppførde i 60- og 70-åra vil i åra som kjem måtte skifte ut større tekniske anlegg. Dette krev store investeringar som gjer det naudsynt å vurdere kor store krav ein skal stille til driftsresultat frå Statsbygg i komande år, dersom ein skal klare å finansiere investeringane innanfor Statsbyggs budsjett.

Regjeringa la 14.5.2009 fram ein ny handlingsplan for universell utforming og auka tilkomst for perioden 2009–2013. Regjeringa sin visjon er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Den største utfordringa er knytt til utbetring av eksisterande omgivnader. Dette gjeld også for statlege bygg. Forvaltninga av statlege bygg er fordelt på fleire departement og underliggjande etatar. I handlingsplanen er det planlagt gjennomført tiltak som skal medverke til at visjonen vert realisert. Bygg forvalta av Statsbygg vert oppgraderte i tråd med Statsbyggs handlingsplan. Desse tiltaka vil halde fram til krava om universell utforming er innfridde i tråd med visjonen.

Regjeringa la i august 2009 fram ein handlingsplan for arkitektur. Der er det stadfesta at staten skal vere eit førebilete i arbeidet med arkitektonisk kvalitet. Statsbygg vil som stor statleg byggherre og eigedomsforvaltar spele ei sentral rolle i denne samanhengen. Departementet vil i styringsdialogen følgje opp dei tiltaka som er relevante for Statsbygg.

Mål og strategiar

Regjeringa har følgjande overordna mål for staten si byggje- og eigedomsdrift:

Hovudmål 1

Byggeprosjekta vert gjennomførte i tråd med godkjende økonomiske rammer og avtalt framdrift.

Strategi

For å lukkast med hovudmål 1 er det viktig å utnytte marknaden godt, ha gode anbodsprosessar ved kjøp av både konsulent- og entreprenørtenester, og ein godt utvikla prosjektmetodikk. Gjennomført forprosjekt ligg til grunn for utrekning av kostnadsrammene. Dette skal sikre at prosjektet er godt gjennomarbeidd når ein gjer vedtak om oppstart, slik at risikoen for avvik vert redusert.

Hovudmål 2

Eigedomsforvaltninga er kostnadseffektiv.

Strategi

For å nå hovudmål 2 er det vesentleg å leggje til grunn eit verdibevarande vedlikehald. Brorparten av eigedommane som Statsbygg forvaltar inngår i den statlege husleigeordninga. Denne ordninga dannar det økonomiske grunnlaget for eit regelmessig vedlikehald. Effektivitet og kvalitet i eigedomsforvaltninga skal sikrast gjennom ein kombinasjon av innkjøpte vedlikehaldstenester og eige driftspersonell med inngåande kjennskap til bygningane.

Oversikt over staten sine eigedommar

I eit eige vedlegg til proposisjonen følgjer ei oversikt over staten sine eigedommar.

Kap. 1580 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

30

Prosjektering av bygg , kan overførast

23 944

40 000

84 000

31

Igangsetjing av byggjeprosjekt , kan overførast

7 190

60 000

 

33

Vidareføring av byggjeprosjekt , kan overførast

1 608 356

953 000

773 000

36

Kunstnarisk utsmykking , kan overførast

14 817

12 490

13 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

106 882

 

4 000

 

Sum kap. 1580

1 761 189

1 065 490

874 000

Allmenn omtale

Løyvingsforslaga gjeld investeringar i bygg utanfor husleigeordninga der Statsbygg er byggherre, medan oppdragsgivaren sjølv skal forvalte eigedommen etter at prosjektet er ferdig.

Rapport 2008

Følgjande byggjeprosjekt vart ferdigstilte i 2008:

Nytt Operahus, Oslo

Det nye operahuset vart opna 12. april 2008. Bygget har fått mykje positiv omtale og er godt besøkt, både som operahus og som attraksjon. Forventa sluttkostnad er på 4 278 mill. kroner. Dette er om lag 78 mill. kroner lågare enn kostnadsramma på 4 356 mill. kroner. Sluttarbeida er venta ferdige i løpet av 2010. Siste del av sluttoppgjera vil bli utbetalt i 2010 og 2011.

Operabygningen vert forvalta av Statsbygg under kap. 2445 Statsbygg. Husleiga skal dekkje forvaltning, drift og vedlikehald, men ikkje avkastning på investert kapital, jf. føresetnadene i St.prp. nr. 48 (1998–99) Om nytt operahus (II) og Innst. S. nr. 213 (1998–99)

Universitet i Bergen, Studentsenteret

Studentsenteret vart teke i bruk frå semesterstart 2008, drygt eitt år seinare enn planlagt. Forventa sluttkostnad for prosjektet er 410 mill. kroner, noko som er om lag 58 mill. kroner høgare enn kostnadsramma. Av denne summen er 15 mill. kroner finansiert av Universitetet i Bergen for ekstra funksjonar utover det vedtekne forprosjektet. Det har vore store problem knytte til grunnforhold og fundamenteringsarbeidet. Senteret inneheld mellom anna rom for trening, symjehall, kafé, restaurant, butikk og andre tilbod for auka studentvelferd ved Universitetet i Bergen. Trass i utfordringane med gjennomføringa av prosjektet, verkar det no som om senteret fungerer godt , og at det utgjer eit viktig og populært tilbod til studentar og tilsette.

Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), Sørhellinga

Overlevering til brukar skjedde i august 2008 i tråd med plan. Opphavleg bygning frå 1979 er bygd om og rehabilitert. Kostnadsramma var på 227,1 mill. kroner. Forventa sluttkostnad er 190 mill. kroner. Formålet med rehabiliteringa var å opne bygningen og tilpasse den til framtidig bruk, mellom anna for å samle Institutt for naturforvaltning i eitt bygg. Det er lagt stor vekt på miljøvennleg teknologi i prosjektet.

Mål og prioriteringar 2010

Målet er at byggjeprosjekta på kap. 1580 vert gjennomførte i tråd med godkjende økonomiske rammer og avtalt framdrift. Det er ikkje foreslått oppstart av nye byggjeprosjekt i 2010.

Følgjande prosjekt på kap. 1580 har tidlegare fått oppstartløyving og er under arbeid i 2010, jf. løyvinga på post 33 Vidareføring av byggjeprosjekt:

Tabell 4.5 Oppstarta byggjeprosjekt under kap. 1580 (i mill. kroner)

Prosjekt

Oppstart

Avtalt ferdigstilling

Kostnads-ramme per 1.7.2010

Forslag 2010

Bygg under KKD:

 

 

 

 

Prosjekt Nytt Operahus

2002

2008

1 4 356,0

6,0

Prosjekt under KD:

 

 

 

 

UiO, Institutt for informatikk II (IFI II)

2006

2010

1 372,1

285,0

UiO, Domus Media

2008

2012

534,4

138,0

UiB, Nytt Odontologibygg

2009

2012

822,4

175,0

Prosjekt under LMD:

 

 

 

 

Bioforsk, Plantevernbygningen, fase 2

2008

2010

51,4

12,0

Prosjekt under JD:

 

 

 

 

Halden fengsel

2007

2010

1 551,1

150,0

Prosjekt i reklamasjonsfase

 

 

 

7,0

Samla forslag post 33

 

 

 

773,0

1 Prisnivå per 1.7.2008. Justering av kostnadsramma er i tråd med føresetnadene i St.prp. nr. 48 (2001-2002).

Statsbygg har fullmakt til å fordele midlane på posten på dei ulike prosjekta. Statsbygg gjer jamlege vurderingar av behov for likviditet i prosjekta, basert på framdrift og utbetalingstakt. Den skisserte fordelinga av budsjettposten på enkeltprosjekt må difor ikkje oppfattast som bindande.

Løyvinga til Prosjekt Nytt Operahus vil gå til sluttoppgjer. Siste del av oppgjera er venta å kome til utbetaling i 2011.

Universitetet i Oslo, Institutt for informatikk II i Gaustadbekkdalen, er venta ferdig i 3. kvartal 2010. Prosjektet er i ein krevjande økonomisk situasjon. I St.prp. nr. 87 (2008–2009) Om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2) vart det difor foreslått å auke kostnadsramma til 1372,1 mill. kroner (prisnivå 1.7.2010). Bygget er planlagt teke i bruk til semesterstart 2010.

Domus Media ved Universitetet i Oslo skal rehabiliterast. Prosjektet starta opp i 2008. Fase 1 omfattar istandsetjing av Domus Media (Aulaen og Vestfløya). Rehabilitering av Aulaen hadde byggjestart i juni 2009. Målet er å bli ferdig med rehabilitering av Aulaen til universitetet sitt 200-års jubileum i 2011. Dei resterande arbeida i fase 1 er venta ferdige i slutten av 2012.

Målet med nytt Odontologibygg ved Universitetet i Bergen er å etablere ein moderne studiestad for odontologi. Venta byggjestart er ultimo 2009 med ferdigstilling våren 2012.

Renovering av Plantevernbygningen ved Bioforsk, fase 2, vart starta opp i 2008. Fase 1 av renoveringa vart ferdigstilt i 2004. Formålet med fase 2 er å fullføre rehabiliteringa av bygningen, og leggje til rette for eit velfungerande forskings- og utviklingsmiljø. Venta ferdigstilling er første halvdel 2010.

Halden fengsel blir Noregs mest moderne fengselsbygning og skal vere ferdig i april 2010. Statsbygg overtok forvaltninga av dei statlege fengselseigedommane frå 1.1.2009. Halden fengsel vil difor komme inn under den statlege husleigeordninga og skal forvaltast av Statsbygg.

Budsjett 2010

Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast

Posten vert nytta til prosjektering av prioriterte byggjesaker som ikkje har øyremerkt prosjekteringsløyving. I 2010 er det mellom anna lagt opp til å nytte midlane til prosjektering av Noregs Idrettshøgskule, nytt teknologibygg ved Universitetet i Tromsø og utvikling av bygningsmassen ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Det vert gjort førebuingar til ein plan- og designkonkurranse for Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Midlane vil dessutan bli nytta til ferdigstilling av forprosjekt for rehabilitering av tunbygningane ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), og til oppstart av forprosjekt for samlokalisering av Noregs veterinærhøgskule og Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås. I tillegg skal det nyttast midlar til prosjektering av universitetsutbygginga i Gaustadbekkdalen i Oslo.

Post 31 Igangsetjing av byggjeprosjekt, kan overførast

Posten vert nytta til oppstart av nye byggjeprosjekt. Det er ikkje forslag om å setje i gang prosjekt i 2010.

Post 33 Vidareføring av byggjeprosjekt, kan overførast

Posten inneheld løyvingar til vidareføring av byggjeprosjekt som Stortinget tidlegare har vedteke å starte opp. Løyvinga skal sikre optimal framdrift i dei pågåande prosjekta. Prosjekta er lista i eigen tabell over.

Post 36 Kunstnarisk utsmykking, kan overførast

Posten inneheld løyvingar til kunstnarisk utsmykking i statlege bygg. Ettersom midlar til kunstnarisk utsmykking ikkje vert tekne med ved utrekninga av husleige, gjeld løyvinga òg byggjeprosjekt som vert finansierte over kap. 2445 Statsbygg. Tildelinga til kvart prosjekt skjer etter føresegner i kongeleg resolusjon av 5.9.1997, der ulike typar bygg er klassifiserte i fem kategoriar. Løyvingane til kunstnarisk utsmykking varierer mellom 0,5 pst. og 1,5 pst. av kostnadsramma, avhengig av kva kategori bygget tilhøyrer.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til innkjøp av laust inventar og utstyr i nytt bygg, R6 i regjeringskvartalet. Prosjektet omfattar alt utstyr som ikkje inngår i byggeprosjektet og som trengst for at brukarane; Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Servicesenteret for departementa, skal kunne ta bygget i bruk. Det vert foreslått ei kostnadsramme på 77 mill. kroner (prisnivå 1.7.2010).

Kap. 1581 Eigedomar til kongelege føremål

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

21 646

22 028

22 429

30

Ekstraordinært vedlikehald, Bygdøy Kongsgard , kan overførast

3 520

 

 

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

34 082

39 558

20 908

 

Sum kap. 1581

59 248

61 586

43 337

Allmenn omtale

H.M. Kongen har disposisjonsrett til Det kgl. slott, Bygdøy kongsgard (hovudbygning med sidebygning og omkringliggjande park) og Oscarshall slott i Oslo, i tillegg til Stiftsgarden i Trondheim og Gamlehaugen i Bergen. Ved Stiftsgarden og Gamlehaugen har staten v/Statsbygg ansvaret for bygningar, interiør og utomhusareal. Ved eigedommane i Oslo har Statsbygg ansvar for ytre vedlikehald, tekniske installasjonar og større vedlikehaldsarbeid, medan Det kgl. hoff har ansvar for innvendig vedlikehald og parkanlegg. Det er inngått eigne avtalar mellom staten v/Statsbygg og Det kgl. hoff basert på denne ansvarsdelinga.

Alle eigedommane under kap. 1581 har stor nasjonal verdi. Dette stiller særskilte krav til forvaltninga av eigedommane. Alle bygningsmessige tiltak skjer i nært samarbeid med Det kgl. hoff og Riksantikvaren.

Rapport 2008

Ei prioritert oppgåve i 2008 var rehabiliteringa av Oscarshall slott. Slottet ligg ved Frognerkilen på Bygdøy i Oslo. Oscarshall er rekna for å vere eit av nygotikkens hovudverk i Noreg. Oscarshall har vore stengd for publikum under oppussinga. Slottet vart gjenopna i august 2009.

Mål og prioriteringar 2010

Målet er at Statsbygg skal syte for god forvaltning og drift av dei kongelege eigedommane, i tråd med inngåtte forvaltningsavtaler og antikvariske prinsipp. Byggjeprosjekta skal gjennomførast i tråd med godkjende økonomiske rammer og avtalt framdrift.

I 2010 er det ei prioritert oppgåve å rehabilitere Sæterhytta på Bygdøy kongsgard. Sæterhytta skal vere ferdig rehabilitert i 2011. Kostnadsramma er på 29,9 mill. kroner (prisnivå 1.7.2010).

Budsjett 2010

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje Statsbygg sine kostnader til forvaltning, drift og vedlikehald av statlege eigedommar som vert nytta til kongelege føremål.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekkje bygningsmessige arbeid av investeringsmessig karakter. I 2010 vil løyvinga i hovudsak gå til rehabilitering av Sæterhytta på Bygdøy kongsgard, som vart gitt i gåve til kongeparet i samanheng med deira 70-årsdagar. I tillegg vil det verte utført andre mindre tiltak på kongelege eigedommar, mellom anna vil arbeida på Stiftsgarden i Trondheim verte fullførte, jf. St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid.

Kap. 4581 Eigedomar til kongelege føremål

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Ymse inntekter

137

131

135

 

Sum kap. 4581

137

131

135

Post 01 Ymse inntekter

Posten omfattar publikumsinntekter frå omvisningar i Stiftsgarden og Gamlehaugen.

Kap. 1582 Utvikling av Fornebuområdet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

529

 

500

30

Investeringar, Fornebu , kan overførast

19 543

7 000

10 500

70

Erstatningar og oppgjer , kan overførast

2 040

 

 

 

Sum kap. 1582

22 112

7 000

11 000

Allmenn omtale

Staten sin eigedom på Fornebu i Bærum kommune utgjorde ein vesentleg del av det arealet som vart endra frå tidlegare hovudflyplass til eit område for bustader, næringsverksemd, rekreasjon m.m. Budsjettkapitelet vart etablert for å dekkje staten sine utgifter i samband med dette eigedomsutviklingsprosjektet. Løyvingane har gått ned dei seinare åra, men staten v/Statsbygg vil ha mindre utgifter i samband med oppfølging av prosjektet fram til 2016.

Rapport 2008

Statsbygg ferdigstilte i 2008 hovuddelen av utviklingsprosjektet på Fornebu, medrekna opprydding i forureina grunn og sal av staten sine tomter. I 2008 var det aktivitet i samband med oppfølging av kontraktar og frådeling av tomter etter regulering. Det meste av utbygginga av vegar, teknisk infrastruktur og grøntområde vart ferdigstilt i 2008, men noko vil stå att til seinare år i påvente av at andre utbyggjarar får avslutta prosjekta sine. Alle offentlege vegar vart overleverte til Statens vegvesen eller Bærum kommune innan utgangen av 2008.

Mål og prioriteringar 2010

Målet er å sikre naudsynt oppfølging av eigedomsutviklingsprosjektet på Fornebu, i tråd med føringane som er lagde. I 2010 vil det i hovudsak vere arbeid med oppfølging av kjøpekontraktar og frådeling og overskøyting av eigedommar etter kvart som områda vert ferdig regulerte.

Budsjett 2010

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga skal dekkje Statsbygg sine administrative utgifter i arbeidet med etterbruk av Fornebu.

Post 30 Investeringar, Fornebu, kan overførast

Løyvinga skal dekkje staten sin del av investeringar i infrastruktur og grøntområde på Fornebu og kostnader for frådeling av tomter etter regulering. Kostnadsramma for infrastrukturprosjektet på Fornebu er 1 317 mill. kroner (per 1.7.2009). Det er inngått avtale mellom staten og Oslo kommune, som tidlegare grunneigarar, om deling av kostnadene.

Kap. 2445 Statsbygg

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

24

Driftsresultat

-447 422

-548 456

-548 456

30

Prosjektering av bygg , kan overførast

74 316

71 000

96 000

31

Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt , kan overførast

89 697

227 500

 

32

Igangsetjing av kurantprosjekt , kan overførast

84 814

82 000

48 000

33

Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt , kan overførast

473 013

576 287

908 800

34

Vidareføring av kurantprosjekt , kan overførast

385 860

610 200

787 523

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

85 210

100 000

100 000

49

Kjøp av eigedomar , kan overførast

99 244

100 000

100 000

 

Sum kap. 2445

844 732

1 218 531

1 491 867

Allmenn omtale

Kap. 2445 gjeld Statsbygg sitt driftsbudsjett, som mellom anna omfattar administrasjon, drift og vedlikehald av eigedommane. I tillegg inneheld kapitlet investeringsbudsjett med løyvingar til byggjeprosjekt som skal inngå i den statlege husleigeordninga, og løyvingar til kjøp av eigedommar.

Statsbygg er eit viktig verkemiddel i regjeringa si gjennomføring av byggje- og eigedomspolitikken. Statsbygg har som hovudoppgåve å utføre byggherretenester, forvalte eigedomsmassen og gi råd til statlege verksemder i spørsmål om lokalbruk og utvikling av eigedom. Statsbygg skal òg implementere og ivareta sektorpolitiske føringar retta mot byggje- og anleggsnæringa. Regjeringa vil at Statsbygg skal utvikle kostnadseffektive, funksjonelle og gode lokale for statlege verksemder, der miljøomsyn, universell utforming og arkitektonisk kvalitet står sentralt. Statsbygg må samarbeide med byggjebransjen om å nå ambisiøse mål på miljøområdet, og leggje til rette for teknologisk utvikling og fornying gjennom bruk av nye digitale verktøy for prosjektering og forvaltning av bygg. Statsbygg har ansvar for å forvalte store nasjonale verdiar på vegner av staten. Dei kulturhistoriske verdiane ved fleire av anlegga er uerstattelege, og må difor handsamast med høg fagleg kompetanse, i nært samarbeid med antikvariske styresmakter.

Statsbygg er ei forvaltningsbedrift underlagd Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Statsbygg har om lag 780 tilsette. I tillegg til hovudkontoret, som er lokalisert i Oslo, har Statsbygg fem regionkontor. Statsbygg er i stor grad ein innkjøpsorganisasjon. I byggjeprosjekta vert nesten alle innsatsfaktorane kjøpte etter konkurranse i marknaden. Statsbygg organiserer, planlegg og gjennomfører for tida om lag 200 større og mindre prosjekt i ulike fasar.

Innan eigedomsforvaltninga vert om lag 70 pst. av dei utførde tenestene kjøpte i marknaden. Eigenproduksjonen innanfor eigedomsforvaltninga utgjer med andre ord om lag 30 pst., og omfattar i hovudsak driftspersonell med ansvar for den daglege drifta på eigedommane.

Inntektene til Statsbygg er i hovudsak leigeinntekter frå statlege verksemder og utgjer i 2010 nær 3,4 mrd. kroner.

Byggjeprosjekta som Statsbygg er byggherre for vert finansierte etter to ulike modellar; ordinære byggjeprosjekt og kurantprosjekt. Ordinære byggjeprosjekt vert fremja enkeltvis for Stortinget, med kostnadsramme per prosjekt og moglegheit for heil eller delvis husleigekompensasjon for brukaren. Kurantprosjekta er prosjekt der dei statlege oppdragsgivarane sjølve dekkjer husleigekostnadene innanfor eksisterande budsjettrammer. Dei vert handsama etter forenkla budsjettprosedyrar, etter særskild fullmakt frå Stortinget.

Kostnadsrammene for alle prosjekt vert kalkulerte på bakgrunn av eit gjennomført forprosjekt og fastsette på eit nivå der det er 85 pst. sannsynleg at kostnadsrammene vert haldne. Kostnadsramma vert kvalitetssikra gjennom særskilte uvisseanalysar gjennomførde av uavhengige konsulentar. Kostnadsramma utgjer den øvre ramma for prosjektet, medan kostnadsstyringa i prosjekta vert basert på ei styringsramme som ligg under dette, tilsvarande 50 pst. risiko for overskridingar. Differansen mellom kostnadsramma og styringsramma utgjer uvisseavsetjinga i prosjektet.

Rapport 2008

Nedanfor følgjer rapportering på dei måla som vart sette for Statsbygg i 2008:

Mål: God budsjettdisiplin – riktig styring innanfor kostnadsramma

Kravet var at samla sluttkostnad for alle prosjekt ikkje skulle overskride styringsramma med meir enn 1 pst. I 2008 vart resultatet 16,7 pst. Målet vart dermed ikkje nådd. Hovudårsaka til dette er at Prosjekt Nytt Operahus, Studentsenteret ved Universitetet i Bergen og Norsk Arkitekturmuseum av ulike grunnar vart dyrare enn dei opphavleg fastsette styringsrammene. Resultatet i 2008 er utrekna på bakgrunn av estimert sluttkostnad, sidan alle sluttoppgjer ikkje var ferdige ved utgangen av 2008.

Mål: God budsjettdisiplin – låge overføringar frå ein termin til den neste

Det vart sett som krav at overføringane av budsjettmidlar til neste termin ikkje skulle overstige 7,5 pst. av disponibel tildeling. Resultatet for 2008 vart 7,4 pst.

Mål: Tilfredsstillande avkastning på totalkapitalen

Det var sett som krav at resultat før finanskostnader i prosent av gjennomsnittlig investert kapital for året skulle utgjere minimum 6 pst. Resultatet for 2008 blei 6 pst.

Mål: Høg utleigegrad

Kravet var at utleigd areal i forhold til totalarealet skulle utgjere minimum 98 pst. Utleigd areal var i 2008 på 98,6 pst.

Mål: Nøgde leigetakarar

I 2008 gjennomførte Statsbygg ei ny undersøking av kor nøgde leigetakarane er. Denne undersøkinga kan ikkje samanliknast med tidlegare undersøkingar gjennomførte i Statsbygg. Den nye undersøkinga er gjennomført av ein ekstern leverandør, og det er nytta ein metode som følgjer internasjonal standard for å måle kor nøgde leigetakarane er. Ut i frå målemetoden i undersøkinga ligg resultata på grensa mellom middels og svakt. Statsbygg vil søkje å forbetre resultatet ved å setje i verk ulike tiltak. Tilsvarande undersøking vil bli gjennomført på nytt i 2010.

Mål: Effektiv energibruk i bygningar forvalta av Statsbygg

Klimakorrigert energiforbruk i bygningar forvalta av Statsbygg skulle i 2008 ikkje overstige 210 kWh/kvm. Justert for normert driftstid vart klimakorrigert energiforbruk i 2008 201,7 kWh/kvm. For å redusere energibruken i eksisterande bygningsmasse har Statsbygg i 2008 gjennomført 17 tiltak med ein berekna energireduksjon på 1 118 000 kWh. På grunnlag av energiregistreringar i energioppfølgingssystemet på eigedommane, vert det utarbeidd ein årleg rapport om energibruken i eigedommar forvalta av Statsbygg.

Mål: Ivaretaking av samfunnsmessige føringar

Delmål: Universell utforming

Statsbygg følgjer opp intensjonen i regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjengelegheit 2009–2013. I tråd med Statsbygg sin handlingsplan for universell utforming 2007–2010 skal minimum 6 pst. av vedlikehaldsmidlane nyttast til tiltak for å gjere eksisterande bygningar betre tilgjengelege. I 2008 vart det i tråd med målsetjinga gjennomført tiltak for om lag 20 mill. kroner. Alle tiltak vert gjennomførte i samarbeid med leigetakarane. Store tiltak vert koordinerte og gjennomførte i samband med ombygnings- og rehabiliteringsprosjekt. Statsbygg sitt system for registrering og publisering av tilgjengelegheit i bygningane på nettstaden www.byggforalle.no vert nytta av både Statsbygg og andre offentlege forvaltarar. Statsbygg har meir enn 350 av sine publikumsretta bygningar registrerte på nettstaden.

Delmål: FOU-arbeid

FoU-arbeidet i Statsbygg var i 2008 på omlag 12 mill. kroner. Delar av desse midlane vart nytta på prosjekt som skal gi ei berekraftig utvikling innan byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa. Tyngda av forskings- og utviklingstiltaka i 2008 har vore retta mot fagområda byggjeprosess (inkludert BIM = bygningsinformasjonsmodellar), eigedomsforvaltning, miljø og energi. Arbeidet med utvikling av BIM har stått for den største FoU-satsinga til Statsbygg i 2008, med i underkant av halvparten av midlane.

Energibruk og klimapåverking har vore viktige tema for Statsbygg det siste året. Statsbygg har teke i bruk den såkalla tiltaksmodellen i forskrifta og teke omsyn til signala som styresmaktene har gitt om klimautfordringar. Mellom anna er det utarbeidd eit fagleg grunnlag for å utforme ein klimastrategi og gode klimamål for Statsbygg.

Delmål: Arkitektur

Statens byggeskikkpris 2008 blei tildelt arkitektkontoret Snøhetta for nybygget til Den norske opera og ballett med Statsbygg som byggherre. Operahuset blei òg kåra til det beste kulturbygget i 2008 under World Architecture Festival i Barcelona. Time Magazine kåra Svalbard globale frøkvelv til den sjette beste nyskapinga i verda i 2008. Den høgaste arkitekturprisen i Noreg, A.C. Houens diplom for framifrå arkitektur, vart tildelt fem byggverk i 2008, mellom anna Ivar Aasen-tunet frå 2000 med Sverre Fehn som arkitekt og Statsbygg som byggherre. Høgskolen i Molde, ein av dei 40 høgskulane som Statsbygg forvaltar, mottok Fagrørslas miljøpris for Møre og Romsdal 2008.

Delmål: Kulturminne

Statsbygg har gjennom heile 2008 halde fram med utarbeiding av sektorvise landsverneplanar og teke del i den interdepartementale referansegruppa i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar. Det er òg utarbeidd ein strategi for korleis kulturhistoriske eigedommar som Statsbygg forvaltar skal sikrast aktiv bruk i framtida. Arbeidet med eigne forvaltningsplanar for kulturhistoriske eigedommar er starta opp.

Ferdigstilte byggjeprosjekt i 2008

I 2008 vart 13 kurantprosjekt ferdigstilte, med ein samla sluttkostnad på om lag 752 mill. kroner. Dette gjeld mellom anna Sentralarrest i Oslo, Arkitekturmuseet i Oslo, Svalbard globale frølager, Norway House i Brussel, Bodø fengsel, avdeling Fauske, Nye Alta ungdomsheim og ambassaden i Katmandu i Nepal.

Det var ingen såkalla ordinære byggjeprosjekt som vart avslutta i 2008 (prosjekt med særskilte løyvingar innanfor den statlege husleigeordninga som Statsbygg skal forvalte etter ferdigstilling). Sluttførte prosjekt utanfor husleigeordninga, som skal forvaltast av sektorane sjølve, er rapporterte under kap. 1580 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga.

Mål og prioriteringar 2010

Det er sett mål for Statsbygg innanfor dei oppgåvene dei utfører som byggherre, eigedomsforvaltar og rådgivar. Måla for 2010 vil verte operasjonaliserte i tildelingsbrevet til Statsbygg.

Mål:

Byggherrefunksjonen (gjeld alle prosjekt der Statsbygg er byggherre):

  • Byggjeprosjekta vert gjennomførte i tråd med godkjende økonomiske rammer og avtalt framdrift.

  • Nybygg overoppfyller krav til energibruk i lov og forskrift.

  • Nybygg overoppfyller krav til universell utforming i lov og forskrift.

  • Oppdragsgivarane er tilfredse med Statsbygg som byggherre.

Eigedomsforvaltning:

  • Eigedomsforvaltninga er kostnadseffektiv og miljøvennleg.

  • Leigetakarane er tilfredse med Statsbygg si forvaltning av eigedommane.

  • Bygga som Statsbygg forvaltar er universelt utforma innan 2025.

Rådgiving:

  • Statsbygg si rådgiving overfor statlege verksemder i lokalspørsmål er styrkt.

Prioriteringar:

Det er ikkje foreslått oppstart av nye ordinære byggjeprosjekt i 2010 under kap. 2445. Kurantprosjekt vil bli gjennomførte med bakgrunn i bestillingar frå statlege verksemder, innanfor dei fullmaktene som gjeld.

Stortinget har tidlegare gitt oppstartløyving til fylgjande prosjekt på kap. 2445 som vil vere under arbeid i 2010, jf. løyvinga på post 33 Vidareføring av byggjeprosjekt:

Tabell 4.6 Oppstarta ordinære byggjeprosjekt under kap. 2445 (i mill. kroner)

Prosjekt

Oppstart

Avtalt ferdigstilling

Kostands-ramme per 1.7.2010

Forslag 2010

Bygg under KD:

 

 

 

 

Høgskolen i Vestfold, samlokalisering

2008

2010

798,2

175,0

Samisk vitskapsbygg i Kautokeino

2006

2009

452,0

19,8

Høgskolen i Oslo, Patologibygget i Pilestredet Park (sjukepleieutdanninga) 1

2009

2013

755,4 1

80,0

Høgskolen i Bergen, samlokalisering 1

2009

2014

2 341,6 1

140,0

Høgskulen i Sogn og Fjordane, sentralbygg i Sogndal

2009

2012

357,9

50,0

Bygg under JD:

 

 

 

 

Gulating Lagmannsrett

2009

2011

432,6

145,0

Steinkjer Tinghus

2009

2011

100,0

50,0

Oslo fengsel, aktivitetsbygg

2009

 

 

0

Bygg under FAD:

 

 

 

 

Regjeringskvartalet, R6

2008

2012

1 016,2

220,0

Regjeringskvartalet, fellesarbeid

 

 

 

9,0

Prosjekt i reklamasjonsfasen

 

 

 

20,0

Samla forslag post 33

 

 

 

908,8

1 Oppdatering av kostnadsrammene er under arbeid. Dei vil etter planen bli lagde fram for Stortinget hausten 2009.

Statsbygg har fullmakt til å fordele midlane på posten på dei ulike prosjekta og gjer jamleg vurderingar av likviditetsbehovet i prosjekta, basert på framdrift og utbetalingstakt. Den skisserte fordelinga av budsjettposten på enkeltprosjekt kan difor bli endra. Sjå nærare omtale i budsjettproposisjonane til dei respektive fagdepartementa.

Høgskolen i Vestfold skal samlast på Bakkenteigen i Horten kommune. Ved handsaminga av St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 vart det vedteke å utvide kostnadsramma med 8 mill. kroner for å installere varmepumpe som varmeløysing.

Samisk vitskapsbygg i Kautokeino var ferdig til skulestart haustsemesteret 2009. Det er venta at sluttkostnaden vil liggje under kostnadsramma.

Høgskolen i Oslo, sjukepleieutdanninga, omfattar ombygging og rehabilitering av det tidlegare Patologibygget ved det gamle rikshospitalet i Pilestredet Park. Bygget skal innehalde nye lokale for sjukepleieutdanninga. I St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 vart det orientert om at regjeringa ville komme tilbake til Stortinget med forslag til endeleg kostnadsramme. Forslag vil etter planen bli lagt fram seinare i haust. Forslaget til løyving skal sikre at det ikkje vert unødig opphald i prosjektgjennomføringa.

Høgskulen i Bergen, samlokalisering, omfattar nybygging på Kronstad for å samle høgskulen i eitt anlegg. I St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 vart det orientert om at regjeringa ville komme tilbake til Stortinget med forslag til endeleg kostnadsramme. Forslag vil etter planen bli lagt fram seinare i haust. Forslaget til løyving skal sikre at det ikkje vert unødig opphald i prosjektgjennomføringa.

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal, skal det oppførast eit sentralbygg for å samle høgskulen sine aktivitetar i Sogndal på Fosshaugane Campus. Forventa byggjestart er 2. kvartal 2010 med ferdigstilling 2. kvartal 2012.

Nybygg for Gulating Lagmannsrett i Bergen har planlagd byggjestart i juni 2009 og ferdigstilling sommaren 2011.

Steinkjer tinghus skal utvidast for å slå saman Stjør- og Verdal og Inderøy tingrett til ein domstol. Byggjestart var september 2009 og prosjektet er planlagt ferdigstilt i første halvår 2011.

Det skal oppførast nytt aktivitetsbygg ved Oslo fengsel, jf. St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid , men forprosjektet er ikkje ferdigstilt. Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med forslag om kostnadsramme. Det vert derfor ikkje fremja forslag om løyving til vidareføring på noverande tidspunkt.

Utviding av regjeringskvartalet (R6) skal gi nye kontorlokale for Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. I tillegg vil Servicesenteret for departementa ha nokre funksjonar i bygget som skal tene heile regjeringskvartalet. Prosjektet fekk oppstartløyving ved handsaminga av statsbudsjettet for 2008. Prosjektet omfattar eigedommane i Keysersgate 6-8 og Teatergata 9. Riving er gjennomførd og byggjestart skjer hausten 2009. R6 vil venteleg stå ferdig fyrste halvår 2012. Det er forslag om eiga løyving til inventar og utstyr under kap. 1580, post 45.

Budsjett 2010

Post 24 Driftsresultat

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

24.1

Driftsinntekter , overslagsløyving

-2 856 010

-3 227 519

-3 393 100

24.2

Driftsutgifter , overslagsløyving

1 163 513

1 156 002

1 279 847

24.3

Avskrivningar

405 043

594 011

618 000

24.4

Renter av staten sin kapital

3 947

52 298

53 500

24.5

Til investeringsformål

940 700

900 000

916 545

24.6

Til reguleringsfondet

-104 615

-23 248

-23 248

 

Sum post 24

-447 422

-548 456

-548 456

Resultatrekneskapen omfattar berre den delen av drifta som kjem inn under Statsbyggs eige kapittel (kap. 2445 Statsbygg) i statsrekneskapen. På same måte omfattar balansen berre dei bygningane som Statsbygg forvaltar, der nesten alle er inntektsgivande eigedommar innanfor statens husleigeordning.

Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving

Inntektene er i hovudsak husleige frå statlege leigetakarar og inntekter frå sal av eigedommar. Auken i inntekter kjem i hovudsak av indeksregulering av eksisterande leigeavtalar og nye leigeinntekter frå ferdigstilte byggjeprosjekt og kjøpte eigedommar.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Driftsutgiftene dekkjer utgifter til Statsbyggs administrasjon og drift, planlagt vedlikehald og forvaltning av eigedomsmassen. Statsbygg har òg ansvar for å forvalte einskilde ikkje-inntektsgivande eigedommar utan særskild løyving. Utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av denne eigedomsmassen vert i hovudsak dekte av midlar frå dei inntektsgivande eigedommane. Auken i driftsutgifter kjem i hovudsak av pris- og lønnsauke, auka vedlikehaldsinnsats og styrking av organisasjonen innanfor eigedomsforvaltning og prosjektgjennomføring.

Underpost 24.3 Avskrivingar

Alle aktiva som kan avskrivast, vert avskrivne lineært, men med ulik avskrivingstid.

Underpost 24.4 Renter av staten sin kapital

Løyvinga er i samsvar med gjeldande retningsliner for utrekning av renter i statlege forvaltningsbedrifter.

Underpost 24.5 Til investeringsformål

Posten gjeld avsetjing til investeringsføremål, jf. omtale under kap. 5445 post 39. Avsetjinga utgjer Statsbygg si eigenfinansiering av byggjeprosjekta. Gevinst ved sal av eigedom vert òg ført på denne posten.

Underpost 24.6 Til reguleringsfondet

I 2010 er det lagt opp til å bruke 23,2 mill. kroner av reguleringsfondet. Fondet vert nytta til å kompensere eventuelle avvik i driftsinntekter og driftsutgifter. Vidare skal fondet dekkje eventuelle skadetilfelle på eigedommane Statsbygg forvaltar. Med heimel i fullmakta som gir Statsbygg løyve til å overskride årlege løyvingar, kan Statsbygg òg nytte midlar frå fondet til å utvide ramma for investeringsbudsjettet under kap. 2445 Statsbygg.

Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast

Posten vert nytta til prosjektering av prioriterte byggjesaker som ikkje har øyremerkt prosjekteringsløyving. Løyvinga dekkjer prosjektering av bygg fram til fullført forprosjekt og gjeld både kurantprosjekt og ordinære prosjekt. I 2010 er det mellom anna lagt opp til prosjektering av ulike tiltak ved Ullersmo fengsel, Drammen og Stavanger tinghus, Samisk kunstmuseum, Noregs Handelshøgskule og Huseby kompetansesenter, i tillegg til ei rekkje andre prosjekt. Innafor løyvinga på posten er det avsett 25 mill. kroner til vidare prosjektering av nytt Nasjonalmuseum.

Post 31 Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast

Posten vert nytta til igangsetjing av prosjekt som Statsbygg skal leige ut og forvalte. Det vert ikkje foreslått oppstart av nye ordinære byggjeprosjekt i 2010.

Post 32 Igangsetjing av kurantprosjekt, kan overførast

Løyvinga omfattar midlar til byggjestart for prosjekt som skal forvaltast av Statsbygg, der leigetakaren eller det ansvarlege fagdepartementet dekkjer den tilhøyrande husleiga innanfor eksisterande økonomiske rammer (kurante byggjeprosjekt). Prosjekta vert gjennomførte med bakgrunn i husleigeavtalar mellom Statsbygg og leigetakarane. Ordninga vert regulert i fullmakta som omhandlar gjennomføring av byggjeprosjekt utan framlegging av eiga kostnadsramme for Stortinget (kurantprosjektordninga).

Post 33 Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast

Posten inneheld vidareføringsløyvingar til ordinære prosjekt som Stortinget tidlegare har vedteke å setje i gang. Bygga skal leigast ut og forvaltast av Statsbygg. Løyvinga for 2010 skal sikre optimal framdrift i dei pågåande prosjekta, jf. oversikt over.

Post 34 Vidareføring av kurantprosjekt, kan overførast

Løyvinga vert nytta til vidareføring av kurantprosjekt som er starta opp i tidlegare budsjetterminar. Prosjekta inkluderer så vel tilpassing/rehabilitering av eksisterande lokale som tilbygg og nybygg. Det er for tida om lag 60 slike byggjeprosjekt under arbeid.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekkje kostnader til mindre ombyggingar, utvidingar, brukartilpassingar og installering av tekniske anlegg av investeringskarakter på alle eigedommar som Statsbygg forvaltar.

Post 49 Kjøp av eigedomar, kan overførast

Løyvinga vert nytta til kjøp av eigedommar og tomter i tilknyting til aktuelle byggjeprosjekt.

Tabell 4.7 Statsbyggs balanse

 

Rekneskap 2007

Rekneskap 2008

Overslag

2009

Overslag

2010

Eigedelar :

 

 

 

 

Omløpsmidlar

510 580

358 447

434 514

396 480

Sum omløpsmidlar

510 580

358 447

434 514

396 480

Inntektsgivande eigedommar:

 

 

 

 

Bygg under arbeid

1 298 159

1 443 797

2 326 884

3 583 382

Ferdigstilte bygg/eigedommar

19 140 741

19 876 687

26 911 235

27 383 034

Sum inntektsgivande eigedommar

20 483 900

21 320 484

29 238 119

30 966 416

Ikkje-inntektsgivande eigedommar:

 

 

 

 

Bygg under arbeid

39 869

43 143

43 143

43 143

Ferdigstilte bygg/eigedommar

83 630

83 630

83 630

83 630

Obligasjonar/leigebuarinnskot

30 865

30 864

30 864

30 864

Sum ikkje-inntektsgivande eigedommar

154 634

157 637

157 637

157 637

Inventar og utstyr

32 052

34 306

70 663

85 851

Sum anleggsmidlar

20 625 316

21 512 427

29 466 419

31 209 904

Sum eigedelar

21 135 896

21 870 874

29 900 932

31 606 384

Gjeld og eigenkapital:

 

 

 

 

Kortsiktig gjeld

206 980

159 462

159 462

159 462

Renteberande gjeld staten

822 122

765 259

1 491 430

2 283 369

Ikkje renteberandre gjeld staten

253 206

256 480

256 480

256 480

Sum langsiktig gjeld

1 075 328

1 021 739

1 747 910

2 539 849

Reguleringsfond

303 600

198 985

175 737

152 489

Eigenkapital elles

19 549 988

29 490 688

27 817 823

28 754 584

Sum eigenkapital

19 853 588

20 689 673

27 993 560

28 907 073

Sum gjeld og eigenkapital

21 135 896

21 870 874

29 900 932

31 606 384

Auken i samla eigedelar utgjer 1,7 mrd. kroner frå 2009 til 2010. Av dette utgjer bygg under arbeid 1,3 mrd. kroner, medan resten er ferdigstilte bygg og kjøp av eigedom. Auken på 1,7 mrd. kroner vert dekt med eigenkapitalfinansiering på 900 mill. kroner og auking av langsiktig gjeld med 800 mill. kroner.

Kap. 5445 Statsbygg

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

39

Avsetning til investeringsformål

940 700

900 000

916 545

 

Sum kap. 5445

940 700

900 000

916 545

Post 39 Avsetning til investeringsformål

Under denne posten er det ført avsetningar frå driftsrekneskapen som vert nytta til investeringsføremål. Midlane vert førte til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2445 post 24, underpost 24.5.

Kap. 5446 Sal av eigedom, Fornebu

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

40

Salsinntekter, Fornebu

120 284

23 600

23 600

 

Sum kap. 5446

120 284

23 600

23 600

Post 40 Salsinntekter, Fornebu

Alle kjøparar av eigedom på Fornebu skal vere med å betale for utbygginga av infrastruktur etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Inntektene omfattar innbetalingar i samband med infrastrukturbidrag frå tidlegare sal av eigedommar.