5 Omtale av særlege emne

5.1 Oppmodingsvedtak nr. 247

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for å øke takten i bredbåndsutbyggingen slik at målet om bredbånd til alle husstander, bedrifter og offentlige institusjoner kan nås i løpet av 2007. Regjeringen bes kommentere status for framdrift i budsjettene.»

Konsulentselskapet Nexia har på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet oppdatert status og prognosar for breibandsutviklinga i Noreg per 30.6.2009. Det er henta inn informasjon frå dei fleste utbyggjarar/tilbydarar som har eigen infrastruktur for breiband. Det er òg henta inn informasjon om dekning og breibandsutbygging frå ansvarlege for forvaltning av statlege midlar knytte til breibandsutbygging i fylke og kommunar. Undersøkinga gir estimat for breibandsdekninga i alle norske kommunar per 30.6. og 31.12.2009.

Nexia har i undersøkinga definert breiband som kapasitetar over 640 kbit/s (nedstrøms). Kapasitetsgrensa er ei tolking av den bruksorienterte breibandsdefinisjonen Stortinget vedtok i samband med handsaming av breibandsmeldinga, St.meld. nr. 49 (2002-2003) Breiband for kunnskap og vekst . Denne definisjonen stiller krav til moglegheit til å overføre levande bilete, og Nexia har lagt til grunn den kapasiteten som trengst for å overføre direkte sendingar frå Stortinget – 640 kbit/s. Same definisjon er lagt til grunn i tidlegare undersøkingar.

Rapporten frå Nexia viser at 99,9 pst. av husstandane i Noreg hadde tilbod om breiband i juni 2009. Dette talet inkluderer mobilt breiband. Undersøkinga viser òg at 99,2 pst. av husstandane per juni 2009 hadde tilbod om fast breibandsaksess. Breibandsdekning (inkludert mobilt breiband) per 31.12.2009 er estimert til framleis å være 99,9 pst., mens breibandsdekning i form av fast aksess er estimert til 99,3 pst. på same tidspunkt.

Tabellen under viser breibandsdekning per fylke 31.12.2008, 30.6.2009 og 31.12.2009.

 

Breibandsdekning 31.12.2008

Breibandsdekning 30.06.2009

Breibandsdekning 31.12.2009

 

Fast aksess

Inkl. mobilt breiband

Fast aksess

Inkl. mobilt breiband

Fast aksess

Inkl. mobilt breiband

Akershus

99,1%

≈100,0%

99,2%

≈100,0%

99,4%

≈100,0%

Aust-Agder

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

Buskerud

98,8%

≈100,0%

99,3%

≈100,0%

99,6%

≈100,0%

Finnmark

98,9%

≈100,0%

98,9%

≈100,0%

98,9%

≈100,0%

Hedemark

98,7%

≈100,0%

98,8%

≈100,0%

99,2%

≈100,0%

Hordaland

98,5%

≈100,0%

98,6%

≈100,0%

98,7%

≈100,0%

Møre og Romsdal

99,4%

≈100,0%

99,5%

≈100,0%

99,5%

≈100,0%

Nordland

97,2%

99,3%

97,4%

99,4%

97,7%

99,4%

Nord-Trøndelag

98,4%

≈100,0%

98,7%

≈100,0%

98,8%

≈100,0%

Oppland

97,7%

≈100,0%

97,9%

≈100,0%

98,0%

≈100,0%

Oslo

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

Rogaland

99,6%

≈100,0%

99,6%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

Sogn og Fjordane

97,6%

99,3%

98,5%

99,3%

98,6%

99,4%

Sør-Trøndelag

99,5%

≈100,0%

99,5%

≈100,0%

99,5%

≈100,0%

Telemark

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

Troms

98,1%

99,1%

98,2

99,1%

98,2%

99,1%

Vest-Agder

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

≈100,0%

Vestfold

99,3%

≈100,0%

99,4%

≈100,0%

99,5%

≈100,0%

Østfold

99,1%

≈100,0%

99,4%

≈100,0%

99,5%

≈100,0%

Noreg Totalt

99,0%

99,9%

99,2%

99,9%

99,3%

99,9%

Kjelde: Nexia og Econ Pöyry (I den fylkesvise oversikta er alle estimat >99,6% satt lik ≈100%)

Rapporten viser også at breibandsdekninga vert lågare dersom ein ser på høgare kapasitetar. Til dømes er dekninga for 12 Mbit/s (eller meir) nedstraumshastigheit estimert til om lag 77 pst. per 30.6.2009, mens dekninga for 25 Mbit/s (eller meir) nedstraumshastigheit er estimert til 54 pst. på same tidspunkt. Dekninga for dei høgare kapasitetane er betre rundt dei største byene enn i utkantstrøka.

Det primære målet til regjeringa har vore at heile landet skal ha tilgang til breiband. Det målet er no så godt som nådd med ei estimert breibandsdekning på 99,9 pst, men framleis manglar truleg rundt 2-3000 husstandar eit tilfredsstillande tilbod. I tillegg til å fullføre jobben med å gi tilbod om breiband til alle, vil regjeringa arbeide vidare med to hovudutfordringar:

  • Få opp bruken av breiband.

  • Høgare kapasitet i nettet.

Få opp bruken av breiband

Den mest nærliggjande utfordringa utover full dekning er å få opp bruken. Det er ei prioritert oppgåve både for å motverke digitale skilje og for å utløyse heile samfunnsnytten og det økonomiske potensialet som følgjer av å få (tilnærma) alle på nett. Eit digitalt skilje er uheldig ettersom stadig meir av den sosiale kontakten, skulearbeidet og anna skjer via nettet.

Høgare kapasitet i nettet

Eit mål om høgare kapasitet må byggje på ei vurdering av kva kapasitet det er sannsynleg at brukarane vil ha behov for framover, kva kapasitet marknaden vil levere, og kva styresmaktene skal gjere der marknaden ikkje vil levere tilstrekkeleg kapasitet. Utviklinga av og behovet for kapasitet er usikker. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har derfor fått utarbeidd ein studie som har vurdert framtidig kapasitetsutvikling og kapasitetsbehov for breiband i Noreg. Vidare har Fornyings- og administrasjonsdepartementet sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som mellom anna har vurdert mål og verkemiddel på breibandsområdet framover. Rapporten frå arbeidsgruppa ble lagt fram 4. september 2009.

5.2 Sektorovergripande miljøpolitikk

Servicesenteret for departementa

Servicesenteret for departementa har i fleire år hatt eit eige system for miljøleiing innan ramma av Grøn stat og i 2008 vart systemet integrert med verksemda sitt HMS-system. I tråd med dette systemet vert det fastsett mål for HMS-arbeidet som òg inkluderer mål innan miljøområdet. Som ein del av systemet vert utfordringane kartlagde og identifiserte miljøtiltak vert førte inn ein spesifikk miljøhandlingsplan. Døme på tiltak i 2008:

  • Det er utarbeidd sorteringsguidar for avfallshandtering til bruk i verksemda og departementa, i tillegg til at det er etablert ein eigen miljøstasjon der ulike avfallsfraksjonar vert sorterte.

  • Ein del produkt og varer som skal avhendast vert òg gjenbrukte. Krava i regjeringa sin handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp er implementerte. Det vert stilt krav om miljøvennleg drift hos underleverandørar.

  • Verksemda har eit eige hustrykkeri som er svanemerkt. Reinhaldstenesta nyttar berre svanemerkte produkt. I produksjon av publikasjonar vert det nytta miljøvennleg papir.

Målsetjingar

Ambisjonsnivå og satsingar innan miljøområdet er nedfelt i verksemda sin strategiske plan for perioden 2008–2010. Hovudprinsippet i strategien er at miljøsatsingar skal innarbeidast i tenesteytinga og spesifikt vere ein del av tenesteområda Web, tryggleik, IKT og e-sakshandsaming. Fleire av tiltaka har effektiviseringsgevinstar i tillegg til miljøgevinstane. Døme på dette er:

  • Tilbod om elektroniske støttesystem til departementsfellesskapet vil fremje elektronisk kommunikasjon og dermed redusere papirforbruket.

  • Satsing på elektronisk publisering og rådgiving til departementa for å få ned prenteopplag og auke delen av elektronisk publisering.

  • Bruk av elektroniske skjema i staden for papirbaserte blankettar.

  • Omlegging til elektroniske tidsskrift i biblioteket.

  • Ny abonnementsordning for elektroniske publikasjonar.

  • Fokus på miljøaspektet (avhending, straumforbruk med meir) i samband med innkjøp av IKT- utstyr.

I samsvar med strategien har verksemda spesielt arbeidd med følgjande:

  • Utgreiing av behovet for dokumentasjon innan miljøområdet (miljøstatistikk).

  • Miljøhandlingsplan for 2009 og 2010.

  • Vurdering om verksemda skal innføre ei ordning med miljøsertifisering .

  • Førebu ei brukarundersøking innan miljøområdet for å få skaffe meir kunnskap om miljøutfordringane. I samband med undersøkinga er det planlagt å gjennomføre målretta informasjonskampanjar.

  • Tiltak for å redusere papirforbruket i regjeringskvartalet; det gjeld spesielt omlegging av abonnementsordninga for offentlige publikasjonar.

  • Utgreiing av om verksemda skal knyte seg til Grønt punkt ordninga for emballasjeretur.

Som intern tenesteleverandør for Statsministerens kontor og departementa arbeider verksemda for at tenesteproduksjonen i minst mogeleg grad skal ha negativ innverknad på miljøet, og at miljøarbeidet kan medverke til effektiv bruk av ressursar i all intern tenesteproduksjon.

Aktuelle tiltak på kort og lang sikt

Verksemda vil vidareutvikle miljøretta arbeid. Miljøfokus er innarbeidd i strategisk plan for 2008–2010.

Grøn stat-satsinga vil halde fram mellom anna gjennom:

  • Arbeide vidare med å ta i bruk miljøkriteria for innkjøp i samsvar med handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp.

  • Vurdere korleis problemstillingar kring etisk handel skal implementerast i innkjøpsprosessar.

  • Førebu gradvis innføring av ei ordning med miljøsertifisering av verksemda.

  • Følgje opp miljøundersøkinga hausten 2009. Målet er å etablere eit kunnskapsgrunnlag for ei vidareutvikling av innsatsområda i Grøn stat, og å gi meir informasjon om gode miljøtiltak til brukarane.

  • Samarbeide med Statsbygg for å gjennomføre tiltak for å sikre ein reduksjon av straumforbruket både når det gjeld drift av eiga verksemd og blant brukarane av tenestene.

Som eit ledd i å styrkje miljøarbeidet på lang sikt skal verksemda arbeide med å vidareutvikle rolla som pådrivar overfor departementa. Mellom anna vil Servicesenteret for departementa bidra med informasjon til departementa om miljøleiingssystem, i tillegg til at det etterkvart kan opprettast eit eige brukarforum for departementa på miljøområdet.

Statsbygg

Viktige miljøutfordringar

Farlege stoff

Bygg- og anleggsnæringa nyttar rundt 50 000 ulike produkt og 19 pst. av desse er klassifiserte som helse- og miljøskadelege. Styresmaktene har prioritert å redusere eller fase ut bruken av eit utval av desse stoffa.

Energiforbruk

Oppføring av nybygg er ein viktig årsak til auka energibruk i Noreg. Det er utfordringar knytte til utforming og tekniske løysingar for nye bygg, og til energieffektivisering av eksisterande bygningsmasse. Bruk av fossilt brennstoff som energikjelde for oppvarming i offentlege bygg har ein klimapåverknad.

Material- og ressursforbruk

Byggjenæringa bruker store mengder byggjematerialar og er årleg opphav til over 1,5 mill. tonn byggavfall, eller om lag 15 pst. av dei totale avfallsmengdene i Noreg. Byggavfallet er svært ulikt samansett, noko av dette har uheldig miljøpåverknad om det ikkje vert teke hand om på ein riktig måte. Det beste tiltaket for å redusere avfallsmengdene er å hindre at avfall oppstår. Det kan bli gjort gjennom betre planlegging og prosjektering, betre utføring av arbeid på byggjeplass, betre lagring og organisering av byggjevarer på byggjeplass, o.a.

Frå 1.1.2008 er det krav om minst 60 pst. kjeldesortering ved nybygg og rehabilitering av eldre bygg. Statsbygg har hatt dette som eit internt mål i fleire år, og nådd det med til dels god margin. Kjeldesorteringsprosenten per 20.3.2009 var 71 pst. Dei tyngste avfallskomponentane er betong, tegl, tre og metall.

Store mengder materialar vert skifta ut etter kort tid som følgje av vass- og fuktskadar. Byggjekostnadsprogrammet har vurdert at fukt- og vassrelaterte byggjeskadar årleg kostar 12-15 mrd. kroner. Byggjematerialar med rett kvalitet og innslag av resirkulerte materialar er viktige element for å få ned ressursbruken i byggjenæringa.

Klimaendring

Noreg skal redusere utslepp av klimagassar. Undersøkingar viser at bygg- og anleggsnæringa står for 13,5 pst. av klimapåverknaden i landet, under føresetnad av at ein ikkje reknar utslepp på bruk av elektrisk straum. Om lag. 7 pst. av klimagassutsleppa i Noreg kjem frå produksjonen av byggjematerialar. Om lag 4 pst. av klimagassutsleppa kjem frå drift av bygg. Mange offentlege bygg nyttar olje som oppvarmingskjelde. Utbygging av fjernvarme og betre marknadsvilkår for bruk av varmepumper og biobrenselanlegg vil gjere det mogleg å redusere desse utsleppa. Heile 40 pst. av Noregs el-forbruk går til drift av bygningar.

Oppføring av nybygg er ei viktig årsak til auka energibruk i Noreg. Det er utfordringar knytte til utforming og tekniske løysingar for nye bygg, og til energieffektivisering av eksisterande bygningsmasse. Trass i stort fokus på energibruk i både offentlege og private bygg dei siste 20-30 åra, har utviklinga i hovudsak gått i retning av auka energibruk per kvadratmeter.

Målsetjingar

For perioden 2005–2009 har Statsbygg følgjande mål:

  • Avgrense miljøbelasting ved val av produkt og materiale.

  • Redusere miljøbelastinga som følgje av avfallsproduksjon og –handtering.

  • Redusere energibehov og energibruk i bygg.

  • Implementere eit miljøstyringssystem som er sertifisert etter NS-EN ISO 14001.

Statsbygg utarbeider miljømål for verksemda i eigne fireårige strategiar og arbeider no med ein ny strategi for 2010-2014.

Resultat i 2008 i høve til fastsette mål

Det er utarbeidd ein miljørekneskap for Statsbygg for 2008. Verksemda gjennomfører ei vurdering av dei oppnådde resultata kvart år og tilpassar om det trengst tiltak, mål og styringssystem. Gjennomgangen viser at Statsbygg når dei delmål som er knytte til miljømål 2 og 4. Organisasjonen har ei utfordring i å nå dei delmål som støttar opp om miljømål 3. Statsbygg intensiverer derfor innsatsen sin her mellom anna gjennom deltaking i Lågenergiprogrammet.

Statsbyggs miljømål skal evaluerast og reviderast i 2009. Evalueringa av miljømåla saman med Statsbygg sine eigne analyser «Grunnlag for utvikling av miljøområdet 2007–2012» og «Klimautfordringene for Statsbygg», vil vere viktige innspel i arbeide med å utarbeide miljømål for neste periode.

FoU- satsing

Statsbygg si FOU-satsing var i 2008 på om lag 12 mill. kroner. Om lag 15 pst. av desse midlane var øyremerkt prosjekt som kan vere til hjelp for ei berekraftig utvikling innan byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa.

  • Innan miljøområdet har Statsbygg i 2008 prioritert klimautfordringa. Hovudsatsinga i 2008 var knytt til avslutning, vidareutvikling og bruk av resultata frå vårt fleirårige FoU-prosjekt knytte til utviklinga av ein klimagassmodell.

  • I tillegg vart FoU-prosjekt Statsbyggs klimastrategi, et kunnskapsgrunnlag gjennomført i 2008.

Ein sentral del av Statsbygg si FoU-verksemd óg i 2008 har vore BIM-satsinga (bygningsinformasjonsmodellar). BIM-teknologien vil endre og effektivisere samhandlinga i heile bygg-, anlegg- og eigedomsnæringa (BAE-næringa). I april 2008 passerte Statsbygg ein viktig milepæl ved å gå ut med si første oppdragsinnbyding der ein krev at rådgivarane nyttar BIM frå starten av.

Kompetanseheving

Statsbygg sine miljømål inneheld delmål knytte til kompetanseheving. Det er i 2008 gjennomført omfattande opplæringstiltak i organisasjonen for å auke kompetansen rundt alle tema i miljømåla.

Avgrensing av miljøbelasting ved val av produkt og materiale

  • Statsbygg sine standardkontraktar set krav til å unngå bruk av farlege stoff som er oppførde på styresmaktene si obs-liste. Det skal rapporterast til Statsbygg dersom leverandørar ønskjer å nytte slike stoff.

  • Statsbygg har innført forbod mot bruk av tropisk trevirke i bygg og på byggjeplassar for å redusere faren for bruk av trevirke frå regnskog.

  • Slike miljøkrav er no óg innførte for «mindre prosjekt», dvs. investeringsprosjekt og vedlikehaldsprosjekt med ei kostnadsramme under 10 mill. kroner.

Redusere miljøbelastinga som følgje av avfallsproduksjon og -handtering

  • Det er utvikla eigne prosjekteringsrettleiingar for riveoppdrag. Desse rettleiingane vert nytta i alle relevante prosjekt.

  • Det er innført krav til kjeldesortering, avfallsmengder og kvartalsvise avfallsrekneskapar i alle byggjeprosjekta. Resultat frå 2008 viser at ein ligg godt an i høve til målsetjinga om 60 pst. kjeldesortering.

Redusere energibehov og energibruk i bygg

Statsbygg vedtok i 2007 å ta i bruk ny teknisk forskrift før overgangsperioden til juli 2009 var over. Det vart òg vedteke å bruke tiltaksmetoden i forskrifta som basis for energikrav. Det er innført krav om energimål for alle nye byggjeprosjekt. I snitt ligg måla for alle kategoriar bygg på 180 kwh/m 2 . Statsbygg har lagt desse krava til grunn i sin miljøhandlingsplan. Statsbygg har også eit resultatkrav for energibruk i heile eigedomsmassen, jf. omtalen under programkategori 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk. Energibruken skal vere maksimalt 210 kwh/m 2 . Energiforbruket var i 2008 om lag 206,4 kwh/m 2 , som er lågare enn resultatkravet.

Aktuelle miljøtiltak på kort og lang sikt

I 2010 er følgjande tiltak planlagde:

  • Ytterlegare styrking av miljøkompetansen internt i organisasjonen, hos eksterne samarbeidspartnarar og leigetakarar. Miljøkompetanse i Statsbygg sin eigen organisasjon er viktig, men Statsbygg er òg avhengig av miljøkompetansen i bransjen og hos leverandørar. Utvikling av miljøkompetanse i bransjen er derfor eit fokusområde.

  • Vidareutvikle og vedlikehalde miljøstyringssystemet.

  • Medverke til berekraftig utvikling.

  • Implementere nye miljømål for perioden 2010-2014.

  • Vidareutvikle systematikk i høve til miljøvern ved innkjøp av varer og tenester i statlege bygg.

  • Vidareutvikle miljøomsyn i kontraktrutinar.

Budsjett for miljøsatsing

Statsbygg si FOU-satsing var i 2008 på om lag 12 mill. kroner. Om lag 15 pst. av desse midlane var øyremerkt prosjekt som kan vere til hjelp for ei berekraftig utvikling innan byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa. Ut over dette vil miljøsatsingar på ulike område vere innarbeidde i dei ulike prosjekta Statsbygg arbeider med.

5.3 Grøn stat

Servicesenteret for departementa

Servicesenteret for departementa har i lang tid arbeidd med miljøspørsmål og for å leggje til rette for ein heilskap i miljøarbeidet vart arbeidet med Grøn stat og miljøleiing i 2008 integrert med verksemda sitt HMS- system. Hovudelementa i arbeide med Grøn stat er knytte til områda avfall, transport, energi og innkjøp.

Avfall

Forbruket av papir i regjeringskvartalet er redusert frå 364 tonn i 2006, til 297 tonn i 2008. Årsaka til dette kan vere at dokument i større grad vert lesne elektronisk og at det i mindre grad vert teke papirutskrifter. I tillegg er det fleire publikasjonar som no vert lagra elektronisk og berre vert trykte opp dersom det er behov for det. Difor vert det mindre behov for å sende utgåtte publikasjonar frå lager til makulering.

Mengda restavfall er òg redusert dei siste åra, frå 161 tonn i 2006 til 145 tonn i 2008. Det er noko usikkert kva årsakene til dette er, men dette heng truleg saman med at det no vert resirkulert fleire fraksjonar enn tidlegare.

Transport

Eit bidrag til å redusere CO 2 -utslepp frå aktivitet knytt til regjeringskvartalet vil vere å redusere bruk av bil og flyreiser. Reiseverksemda kan reduserast mellom anna ved auka bruk av videokonferansar. Dei felles videokonferansesystema har langt større kapasitet enn det som vert utnytta i dag. Det kan sjå ut som terskelen for å nytte slike system framleis er ganske høg i departementa. Servicesenteret for departementa arbeider med å vidareutvikle videokonferanseteknologien og redusere terskelen for bruk av utstyret.

Energiforbruk

Det samla straumforbruket i Regjeringskvartalet viser ein nedgang i perioden 2006–2008, frå 28 929 834 kWh til 25 857 577 kWh. Statsbygg har hovudansvaret for forvaltninga av straum og fjernvarme i regjeringskvartalet, men Servicesenteret for departementa har, som største brukar, stor merksemd knytt til straumforbruk i samband med tenesteproduksjonen sin, i tillegg til at brukarar av tenestene medverkar til å halde forbruket nede.

Innkjøp

Servicesenteret for departementa har ei nøkkelrolle i å medverke til at miljøvennlege produkt vert valde, sidan verksemda har ansvar for avtalar som kan påverke forbruket i regjeringskvartalet. Det gjeld til dømes kopipapiravtale og møbelavtalar. Vidare har verksemda ei sentral rådgivingsrolle overfor departementa i samband med offentlege innkjøp.

Statsbygg

Statsbygg er miljøsertifisert etter miljøstandarden ISO 14001 og arbeider kontinuerleg med oppfølging av miljømåla, interne miljørevisjonar, kompetanseoppbygging og ikkje minst med vidareutvikling av prosedyrar, miljøkrav i kontraktar og rapporteringsmalar.

Direktoratet for forvaltning og IKT

Det offentlege skal føre an når det gjeld å etterspørje miljøvenlege varer og tenester. Direktoratet for forvaltning og IKT har ansvaret for å følgje opp ein treårig handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp frå Regjeringa. Regjeringa sin handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar sørgjer for at klima- og energitiltak vert prioriterte i statlege innkjøp. Handlingsplanen er utarbeidd av Miljøverndepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet, og Direktoratet for forvaltning og IKT har oppfølgingsansvaret.

Det er eit mål at forbruk og produksjon skal vere mest mogleg berekraftig. Offentleg sektor må gå føre og vise veg når dei handlar. Auka vekt på miljø, livsløpskostnader og positivt omdøme kan òg medverke til ein betre og meir økonomisk effektiv offentleg sektor.

Direktoratet for forvaltning og IKT sette i 2008 i gang eit prosjekt om miljøleiing for å kartleggje og styre direktoratet sin direkte og indirekte påverknad på det ytre miljøet. Målet vart å sertifisere verksemda som Miljøfyrtårn i 2009. Ved å innføre miljøleiing gjennom eit sertifisert system vil direktoratet òg få fagleg autoritet i arbeidet med å innføre miljøleiing i andre offentlege verksemder. Kriterium og bransjekrav for sertifisering av offentlege verksemder er ikkje klare enno, så derfor ventar verksemda med eiga innføring til desse krava ligg føre.

Konkurransetilsynet

Arbeidet med miljøleiing og Grøn Stat i Konkurransetilsynet inngår som ein del av det ordinære arbeidet og utforming av resultatmål for tilsynet si verksemd. Hovudelementa i arbeide med miljøleiing er knytt til områda avfall, transport, energi og innkjøp.

Avfall

Avfallsmengda av papir frå tilsynets verksemd er beskjeden. Det er likevel gjennomført ein del tiltak på dette området. Konkurransetilsynet har for fullt teke i bruk elektroniske rutinar for inngåande post, fakturahandsaming og elektronisk reiserekningssystem. Dette medverkar òg til å redusere forbruket av papir. Tilsynet har mellom anna innført eit nytt system for å redusere omfanget av utskrifter og det er innført dobbeltsidig utskrift som standard ved all kopiering og utskrift. Dette tiltaket åleine vil redusere papirforbruket vesentleg i høve til dagens nivå.

Transport

Tilsynet har ei omfattande reiseverksemd, både innanlands og utanlands, og gode tiltak på dette området vil gi vesentlege miljøeffektar. Dei viktigaste tiltaka så langt har vore etablering av moglegheiter for videomøte mellom tilsynet sine kontor i Oslo og Bergen. Dette tiltaket vert vurdert som ein suksess og Konkurransetilsynet arbeider med å utvide bruken av videokonferansar òg i høve til eksterne aktørar.

Energiforbruk

Tilsynet sine kontorlokale er utstyrte med moderne løysingar for optimalisering av energibruk.

Innkjøp

Konkurransetilsynet har etablert eit innkjøpssamarbeid med Bergen kommune. Dette medfører at Tilsynet får tilgang på alle rammeavtalar som Bergen kommune inngår. Konkurransetilsynet har teke opp spørsmålet om miljøsertifisering og miljømerking i samband med innkjøp med Bergen kommune og dei ønskjer òg å leggje vekt på innkjøp som er miljøvennlege.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse er ei rein kontorbasert verksemd, der aktiviteten i liten grad skaper miljømessig risiko. Statens pensjonskasse har likevel gjennomført fleire mindre tiltak på miljøsida, spesielt knytte til avfallshandtering og energiøkonomisering:

  • Det er etablert ordningar for forskriftsmessig gjenvinning av PC-ar og elektronisk materiell i tillegg til returpapir.

  • Avfall som inneheld skadelege stoff (mellom anna PCB i lysrøyr) vert deponert på forskriftsmessig måte.

  • Det vert kravd at innkjøp knytte til reinhald, papir o.a. skal vere miljømerkte.

  • Det er etablert døgnstyring på energikrevjande system, som ventilasjon, oppvarming og PC-ar o.a.

Det er gjort justeringar av talet på lyspunkt, slik at straumforbruket vert lågare, mellom anna vert det ikkje nytta utvendig flombelysning

Fylkesmennene

Alle fylkesmannsembete har innarbeidd system for miljøleiing anten som del av Grøn stat eller gjennom eigne ordningar for miljøsertifisering. I handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp heiter det at statlege verksemder med vesentlege miljøutslepp bør innføre tredjeparts sertifisert miljøleiingssystem og at andre verksemder skal ha enkle miljøleiingssystem. Det er viktig at embeta har eit godt omdømme i fylket og går føre også i miljø- og klimaarbeidet. Departementet bad difor Fylkesmennene i tildelingsbrevet for 2009 om å vurdere å innføre ei tredjeparts sertifisering tilpassa verksemda, til dømes Miljøfyrtårnet si ordning og fleire embete har alt innført dette.

På oppdrag frå Miljøverndepartementet skal fylkesmennene ta initiativ til å etablere innkjøpsnettverkt rundt om i fylka. I samband med dette skal det mellom anna gis opplæring i bruk av dei nye kriteria for miljøomsyn i offentlege innkjøp.

5.4 Oppfølging av § 1a i likestillingslova

Nedanfor følgjer ein omtale av arbeidet med likestilling i staten, likestilling internt i departementet og likestilling i Fornyings- og administrasjonsdepartementets underliggjande etatar.

Likestilling i staten

Likestilling mellom kvinner og menn i det statlege tariffområdet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet er overordna arbeidsgivar og tariffpart i det statlege tariffområdet. Departementet har som overordna statleg arbeidsgivar eit særleg ansvar for å leggje til rette for at den statlege personalpolitikken fører til likestilling mellom kjønna. Det at arbeidslivet legg til rette for at alle får høve til å utfalde seg, er ein viktig føresetnad for likestilling mellom kvinner og menn.

Likestillingstiltaka innan det statlege området har dei siste åra særleg vore retta mot å fremje likelønn mellom kvinner og menn, og mot målet om 40 pst. representasjon av begge kjønn i leiande stillingar i staten.

Likelønn i staten

Når det gjeld lønn og kjønn, syner tal frå Statens Sentrale Tenestemannsregister (SST) for perioden 1.10.2004 til 1.10.2008 at kvinner tilsette i staten har hatt ein høgare vekst enn menn i gjennomsnittleg inntening i månaden. I same periode har kvinnene auka sin del av utførte årsverk frå 44,2 pst. til 46,8 pst.

Tabell 5.1 Tal årsverk og gjennomsnittleg månadsforteneste per årsverk 1.10.2004–1.10.2008

 

Tal årsverk

Endring 2004-08

Gjennomsnittleg mnd.forteneste per årsverk

Endring 2004-08

 

1.10.04

1.10.08

 

1.10.04

1.10.08

 

Alle

119 260

127 198

6,7%

28 494

34 927

22,6%

Kvinner

52 726

59 548

12,9%

26 743

33 102

23,8%

Menn

66 534

67 650

1,7%

29 882

36 533

22,3%

Det statlege tariffområdet er den sektoren som har minst skilnad i lønn mellom kvinner og menn. Nokre delar av andre sektorar har mindre skilnad, men her er kvinnedelen av samla tal tilsette høgare. Rapport frå Statistikk og berekningsutvalet i staten 2009 syner at kvinner har ei gjennomsnittleg årslønn på 91,5 pst. av det menn har. Berekningane byggjer på heiltidstilsette/heiltidsekvivalentar.

I hovudtariffoppgjeret for 2008–2010 vart dei sentrale partane i staten einige om å leggje større tyngd på likelønnsutfordringane i samanheng med den lokale lønnsdanninga i tariffområdet. Dette vart gjort i samband med at Likelønnskommisjonen la fram sin rapport, NOU 2008:6 Kjønn og lønn. Fakta, analyser og verkemiddel for likelønn. Hovudtariffavtalen har mellom anna denne ordlyden: «den lokale lønnspolitikken utformes slik at likelønn, midlertidig ansatte og ansatte i permisjon skal ivaretas».

I samband med dei lokale forhandlingane skal kvinner ha ein større del av potten enn ei pro rata fordeling vil måtte gi. I forhandlingane bør det leggjast særleg vekt på å vurdere tilhøvet mellom innplassering av kvinner og menn i/og mellom stillingskodar ut frå tilsvarande kvalifikasjonar, oppgåver og ansvar. I tillegg skal arbeidstakarar som har permisjon med lønn, kome inn under forhandlingane, og skal vurderast med omsyn til lønn. Arbeidstakarar som før verknadstidspunktet har teke til att i tenesta etter foreldrepermisjon utan lønn, jf. arbeidsmiljølova § 12-5, eller omsorgspermisjon utan lønn, jf. fellesføresegnene § 20 nr. 6, skal vurderast med omsyn til lønn.

Nytt i hovudtariffavtalen for perioden 2008–2010 er òg at verksemdene skal ta sjølvstendig ansvar med å rette opp forskjell i lønn som har samanheng med kjønn, slik at der dokumenterte lønnsskilnader ikkje kan forklarast med anna enn kjønn, skal arbeidsgivaren i samråd med dei tillitsvalde rette opp lønnsskilnadene i medhald av likestillingslova § 5.

I tariffoppgjeret i 2009 vart dei sentrale partane einige om å nedsetje ei partssamansett arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til tiltak for å sikre likelønn i staten. Tiltaka skal gi grunnlag for eit likelønnsløft i tilknyting til hovudoppgjeret i 2010. Tiltaka skal òg tilpassast staten sitt særpreg og mellom anna byggje på likelønnskommisjonen sin rapport. Rapporten frå arbeidsgruppa skal leggjast fram innan 1.2.2010.

Kvinner til leiarstillingar

I det statlege tariffområdet har kvinnedelen samla sett vore aukande frå 2001 til 2008, frå 29 pst. i 2001 til 39 pst. ved utgangen av 2008. Det totale talet på kvinner har hatt ein svak auke. Kjønnsfordelinga i statleg sektor sett under eitt er tilfredstillande og utviklinga er positiv frå eit likestillingsperspektiv. Det har difor ikkje vore naudsynt å gjere noko for å auke delen av kvinner i statleg forvaltning generelt. Nokre statlege etatar kan likevel ha utfordringar i høve til ei god fordeling mellom kjønna, og tiltak må difor skje på kvar einskild arbeidsplass. Tilpassingsavtalen som gjeld i den einskilde verksemda skal innehalde regler om dette.

Ulike regjeringar har sett det som lite tilfredstillande at kvinnedelen i leiande stillingar i statleg sektor har vore for låg. Det har sidan 2001 vore ein auke i kvinner i leiande stillingar i staten, og det vert arbeidd vidare for å auke prosentdelen. Ved utgangen av 2008 var 39 pst. av dei om lag 10 000 leiarane i staten kvinner. I toppleiarstillingane er kjønnsfordelinga dårlegare. Av dei om lag 300 toppleiarane med leiarlønnskontrakt i staten, var 28 pst. kvinner ved utgangen av 2008. Innsatsen dei siste åra har derfor særleg vore retta mot å auke kvinnedelen i desse viktige stillingane.

Tabell 5.2 Prosentdelen kvinner og menn i alle leiarstillingar og toppleiarstillingar i statleg sektor 2005–2008

Leiargrupper

Kjønn

1.1.2005

1.1.2006

1.1.2007

1.1.2008

Alle leiarar i staten

Kvinner

36

37

38

39

 

Menn

64

63

62

61

Toppleiarar

Kvinner

25

27

27

28

 

Menn

75

73

73

72

Kjelde: Statens sentrale tenestemannsregister

Likestilling internt i Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Departementet tilstrevar likestilling gjennom rekrutterings- og lønnspolitikk, kompetanseutvikling, og i form av fleksibilitet og tilrettelegging av arbeidssituasjonen. Per 31.12.2008 var det 201 tilsette, 108 menn og 93 kvinner. I løpet av 2008 vart det tilsett 15 medarbeidarar i faste stillingar, av desse var 10 kvinner og 5 menn. Kjønnsfordelinga innåt i dei ulike avdelingane varierer, og har eksempelvis ein prosentdel kvinner frå 23,1 pst. til 61,9 pst.

Kjønn fordelt på ulike stillingskategoriar

Departementet har ei overvekt av menn i leiarstillingar med personalansvar. I toppleiargruppa var det høvesvis 57 pst. menn og 43 pst. kvinner, medan det i mellomleiargruppa var høvesvis 75 pst. menn og 25 pst. kvinner per 31.12.2008. Det var likeeins ei overvekt av menn i gruppa av seniorrådgivarar, medan kjønnsfordelinga i gruppa av rådgivarar var relativt jamn. Det var vidare ei klår overvekt av kvinner i dei lågaste stillingskategoriane.

Lønn

Per 31.12.08 var gjennomsnittslønna for menn 8 lønnstrinn høgare enn gjennomsnittslønna for kvinner. Forskjellen i gjennomsnittslønn kan i hovudsak forklarast med ei overvekt av menn i dei øvste stillingskategoriane, og høgare gjennomsnittsalder for menn. Innåt i dei ulike stillingskategoriane der begge kjønn var representerte, hadde menn høgare gjennomsnittslønn i gruppa av avdelingsdirektørar, underdirektørar og seniorrådgivarar, medan kvinner hadde høgare gjennomsnittslønn i gruppa av rådgivarar, førstekonsulentar og konsulentar. Dei lokale lønnsforhandlingane etter HTA pkt. 2.3.3 medførte lønnsopprykk for 42 kvinner og 41 menn. Av dei totale lønnsmidlane i dei lokale lønnsforhandlingane gjekk 49 pst. til kvinner. Det var fleire menn enn kvinner som fekk lønnsopprykk etter HTA pkt. 2.3.4 i 2008.

Deltaking i prosjekt og arbeidsgrupper

Fleire tilsette i departementet deltek i ulike interne, interdepartementale, nasjonale og internasjonale prosjekt og arbeidsgrupper. Den samla oversikten for 2008 viser ei overvekt av menn i slike prosjekt og arbeidsgrupper.

Overtid

Menn arbeidde meir overtid enn kvinner i 2008, både med omsyn til tal på overtidstimar og tal på medarbeidarar som arbeidde overtid.

Deltid

Ved utgangen av 2008 arbeidde høvesvis 20,4 pst. av kvinnene og 4,6 pst. av mennene deltid.

Likestilling i politikkområda under Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Nedanfor følgjer ei nærmare orientering om arbeidet med likestilling i enkelte av departementets underliggjande etatar.

Datatilsynet/personvernområdet

Personvern handlar om å verne om den personlege integriteten og privatlivet til det einskilde menneske, uavhengig av kjønn. Oppdraget til Datatilsynet er såleis kjønnsnøytralt. Datatilsynet må likevel vere merksam på at det ikkje oppstår utilsikta kjønnsforskjellar mellom menn og kvinner når det gjeld arbeidet med å fremje personverninteressene.

Fylkesmannsembeta

Fylkesmannen arbeider innanfor ei rekkje fagområde som har stor relevans for kommunane sitt arbeid og i høve til tenesteyting til borgarane, til dømes innanfor miljø, jordbruk, utdanning, helse og på barne- og familieområdet. Fylkesmannen skal arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og påverke kommunane til det same på alle politikkområda. Det vil òg i 2009 verte arbeidd med informasjonstiltak, mellom anna i form av kurs, for å betre innsatsen til Fylkesmannen etter kravet i likestillingslova om aktivitetsplikt.

Fylkesmannen skal stimulere til lokalt omstillings- og fornyingsarbeid og medverke til å skape ein kultur for omstilling i kommunane. Fylkesmennene sitt arbeid med omstilling og fornying må òg sjåast i samanheng med arbeidet knytt til likestilling.

Det må gjerast ei særskild vurdering innanfor dei spesifikke fagområda for å sjå om det trengst kjønnsspesifikke tiltak. Dette er delegert til fylkesmennene.

Statsbygg

Statsbygg er ein viktig bidragsytar innan statleg tenesteproduksjon og forvaltning, mellom anna gjennom rådgiving, byggherrearbeid, forvaltning av statleg eigedom, utviklingsprosjekt og arealplanlegging. Det er ei sentral utfordring å tilpasse eigedomsmassen til det brukarane til kvar tid treng, men ivaretaking av likestillingsomsyn er ikkje noka stor problemstilling. Det at eigedommar skal vere lagde til rette for begge kjønn, er sjølvsagt. Derimot rettar etaten no fokus mot ivaretaking av personar med nedsett funksjonsevne og universell utforming av dei bygga Statsbygg byggjer og/eller forvaltar.

Statens pensjonskasse

Det er fleire aspekt knytte til kjønnsnøytralitet innanfor pensjon og forsikring. I hovudtrekk går det på to element; kostnader for arbeidsgivar og storleiken på ytinga for mottakar. For at ei ordning skal kunne kallast kjønnsnøytral må:

  • dei faste ytingane vere like for begge kjønn

  • arbeidsgivar betale lik premie uavhengig av kjønn.

Utfordringa ligg på risikoelementa. Kvinner lever lenger og har høgare risiko for å verte uføre. Dette fører til at krava til forsikringsmessig avsetning til alders- og uførepensjon er høgare for kvinner enn for menn. Når det gjeld etterlatnedekning er situasjonen motsett. Fordi kvinner lever lenger enn menn er kostnaden for etterlatnedekning for ein kvinneleg tilsett lågare enn for ein mannleg tilsett. Dette vert fanga opp forsikringsmessig gjennom bransjetariffen. Ut frå reelle erfaringsbaserte skilnader i risikoelementa mellom kvinner og menn, er det ein motsetnad mellom det å ha like faste ytingar for begge kjønn og det at arbeidsgivar skal betale lik premie uavhengig av kjønn. Skal premien vere lik må krava til dei forsikringsmessige avsetningane vere like. Kvinner vil i så fall få ei lågare fast yting, men over fleire år enn menn. Skal den faste ytinga vere lik, vert premien ulik.

Bruttoordninga i Statens Pensjonskasse er kjønnsnøytral for medlemene fordi den faste pensjonen er lik for kvinner og menn. Det same gjeld for netto ytingsbaserte pensjonar i marknaden elles. Når det gjeld kostnaden for arbeidsgivar er den ikkje kjønnsnøytral. For dei av Statens Pensjonskasse sine kundar som har fiktive fond vil den einskilde kunden kunne påverke premien gjennom å endre kjønnsfordelinga blant dei tilsette. Tilsvarande vil det vere for netto ytingsordningar i marknaden elles. For dei av Statens Pensjonskasse sine kundar som er ein del av eit premiefellesskap, vil ikkje kvar kunde sjølv kunne påverke kostnaden for si verksemd direkte, men for fellesskapet. Kjønnsnøytraliteten ligg i synleggjeringa av tala og kunden sitt høve til å påverke/diskriminere på grunnlag av kjønn. Dei reelle underliggjande skilnadene i levealder og uføreuttak er gjeldande og vert tekne omsyn til, men på eit aggregert nivå.

Nedanfor blir storleikar viste frå Statens Pensjonskasse sin statistikk for 2008, fordelte på kjønn.

Pensjonsart

Brutto utbetalt %

Mengda pensjonar

Mengda pensjonar %

Uførepensjon

 

 

 

Menn

8,2%

17 981

7,6%

Kvinner

12,9%

38 130

16,1%

Enkje/enkjemannspensjon

 

 

 

Menn

0,7%

6 267

2,6%

Kvinner

13,5%

40 286

17,0%

Annan pensjon

 

 

 

Menn

41,7%

71 459

30,1%

Kvinner

23,0%

63 024

26,6%

Sum

 

 

 

Menn

50,6%

95 707

40,3%

Kvinner

49,4%

141 440

59,7%

Totalt

100,0%

237 147

100,0%

Annan pensjon består av alderspensjon, avtalefesta pensjon, spesiell førtidspensjon og barnepensjon.

EFTA-domstolen krev i ein dom av 30.10.2007 at enkjer og enkjemenn etter medlem i Statens Pensjonskasse vert likestilte. Bakgrunnen for saka er ei endring i lov om Statens Pensjonskasse frå 1.10.1976. Regjeringa er einig i dommen, og det vart 12.6.2009 vedteke ei endring i mellom anna lov om Statens Pensjonskasse for å sikre at enkjer og enkjemenn etter medlem i Statens Pensjonskasse blir likestilte. Endringa gjeld pensjonsrettar opptente etter 1.1.1994. Ikrafttredingstidspunkt for endringa vil bli fastsett seinare.