Nr.:

79/2009

Dato:

13.10.2009

Kontaktperson:

Kraftig auke i miljøtiltak i statsbudsjettet for 2010

Miljøpolitikken er ei av regjeringa sine hovudprioriteringar. Det kan vi sjå att på dei fleste departementa sine budsjett. Det er berekna at dei samla miljøpolitiske løyvingane vil auke med om lag 17 prosent frå 2009 til 2010, til i alt 37,5 milliardar kroner. Sentralt i regjeringa si miljøpolitikk i 2010 står klimatiltak mot øydelegging av skog i utviklingsland, investeringar i kollektivtrafikk og jernbaneutbygging, fornybar energi, energieffektivisering og miljøteknologi.

Regjeringa si sterke miljøsatsing aukar ytterlegare i 2010. Satsinga skjer gjennom viktige tiltak på dei fleste departementa sine budsjett. I 2010 er dei samla miljørelaterte løyvingane berekna til 37,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 17 prosent frå inneverande år. Tala må tolkast med stor varsemd, sjølv om endringane frå år til år er høgst reelle.

Miljøverndepartementet sitt samla budsjett er på 4,28 milliardar. kroner i 2010. I røynda inneber dette ein auke på om lag 370 millionar kroner eller 9,4 prosent. om eingongsløyvinga i 2009 til fondskapital i Kulturminnefondet haldast utanfor. Regjeringa styrkar innsatsen til naturmangfald med forslag om meir pengar til forvaltning av verneområde og arts- og naturtypeforvaltning. Det blir òg foreslått meir til klima, kulturminne og miljøgifter. Forskingsinnsatsen aukar med 32,7 millionar kroner.

Utanriksdepartementet vil nytte vel seks milliardar kroner til miljørelaterte tiltak i 2010. Regjeringa føreslår å auke løyvingane til klima- og skogsatsinga med om lag 650 millionar kroner, til over 2,1 milliardar kroner. I tillegg blir det gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 1,4 milliardar. kroner. Satsinga skal medverke til varige, kostnadseffektive reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og øydelegging av skog. Prosjektet skal fremje berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom.

Samarbeidet med Russland om klimaendringar skal byggjast opp, blant anna for å auke kunnskapen om klimaendringane sine verknader på havmiljø og naturmangfald. Samarbeidet om miljøforvaltning i grenseområdet og overvaking av forureiningane frå Nikel går vidare.

På Samferdsledepartementet sitt budsjett vil det bli brukt meir enn 8,3 milliardar kroner til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet. Den store utbygginga i Vestkorridoren (Oslo-Asker) går mot slutten. I løpet av 2010 vil fleire store moderniseringsprosjekt på Vestfoldbanen vere i gang eller nærme seg oppstart: Dobbelt-sporet Barkåker–Tønsberg, planlegging og mogleg oppstart av 13 kilometer dobbeltspor Holm-Holmestrand-Nykirke og planlegging av ny linje Farriseidet-Porsgrunn. Oslo-Ski får 80 millionar kroner i planleggings-midlar i 2010. Beløningsordninga for å stimulere til auka kollektivtrafikk i dei større byområda blir tilført 332,8 millionar kroner.

Olje- og energidepartementet vil bruke vel fem milliardar mrd. kroner til miljørelaterte tiltak i 2010. Til forsking på miljørelevant teknologi (i energisektoren, i petroleumssektoren og til karbonfangst og lagring (CCS) er det føreslått om lag 524 millionar kroner over Noregs forskingsråd sitt budsjett. Til demonstrasjon av miljørelevant CCS-teknologi er det i tillegg føreslått om lag 82 millionar kroner. Til satsinga og oppfølginga av CO2-handteringsprosjektene på blant anna Mongstad (fangst, transport og lagring) er det samla føreslått om lag 3,3 milliardar kroner.

Dei økonomiske rammene for fornybar energi og energieffektivisering aukar sterkt. Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering som no er på 20milliardar kroner, vil få tilført ytterlegare fem milliardar kroner i 2010. Avkastinga frå Grunnfondet er venta å bli nesten ein milliard kroner frå 2011.

Nærings- og handelsdepartementets område går om lag 655 millionar kroner til miljørelaterte tiltak i 2010. Løyvinga til forsking på fornybar energi og energieffektivisering vil bli styrkt med 23 millionar. kroner. Det blir og løyvd 100 millionar kroner til ei ny ordning som skal stimulere til pilot- og demonstrasjonsprosjekt innanfor miljøteknologi, i samarbeid med Miljøverndepartementet.

Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett går om lag 1,9 milliardar kroner til ulike miljøtiltak i 2010. Dette er ein svært stor auke frå 2009, som i hovudsak er knytt til handteringa av vraka etter den russiske kryssaren Murmansk i Finnmark og ubåten U-864 utanfor Fedje i Hordaland. I tillegg er det auka løyvingar til slepefartøy både i Nord- og Sør-Noreg og til auka tilsyn og kontroll med havbruksnæringa.

Kommunal- og regionaldepartementet vil i 2010 nytte om lag 86 millionar kroner på miljørelaterte tiltak, i hovudsak knytt til redusert energibruk i bustader og bygningar. Det er sendt ut forslag til skjerpa krav til energiforsyning i bygg. Dei nye krava skal tre i kraft i 2010.

Forsvarsdepartementet sitt budsjett er det berekna at i alt 1,1 milliardar kroner går til miljøtiltak i 2010. Kystvakta sine miljø- og ressursoppgåver utgjer om lag halvdelen av desse utgiftene. Opprydding i tidlegare skyte- og øvingsfelt og andre eigedomar som blir avhenda, blant anna det store Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell, blir ført vidare og får ein budsjettauke på om lag 70 millionar kroner i 2010.

Landbruks- og matdepartementet aukar miljøinnsatsen til 4,9 milliardar kroner i 2010. Om lag 90 prosent av desse løyvingane går over jordbruksavtala. Kulturlandskap, vassmiljø og klima er prioriterte område. Avtala sine løyvingar til miljø- og klimatiltak har gått opp med 170 millionar kroner, blant anna til tiltak for å sikre eit ope og variert jordbruks- og kulturlandskap, redusert forureining frå jordbruket og betring av vasskvaliteten i det sentrale austlandsområdet.

Finansdepartementet legg ytterlegare vekt på CO2-komponenten i eingångsavgifta for å stimulera til kjøp av miljøvennlege bilar. Dette blir gjort ved å auke frådraget i avgiften for bilar med CO2-utslipp under 120 g/km med 100 kroner per g/km reelt. Dei andre satsane i CO2-komponenten blir auka med 190 kroner per g/km reelt. Konkret betyr dette at ein bil med CO2-utslipp på 100 g/km og effekt på 70 kW får ein reell avgiftslette på om lag 7150 kroner, mens ein bil med CO2-utslipp på 200 g/km og effekt på 110 får ei reell avgiftsskjerping på om lag 8850 kroner. Dette er eit viktig bidrag til å nå regjeringas mål om at at gjennomsnittleg CO2-utslipp for nye bilar skal vere 120 g/km i 2012.

For 2010 blir det føreslått ei løyving på 1,2 milliardar kroner til kjøp av klimakvotar på Finansdepartementet sitt budsjett og ei fullmakt til å inngå avtaler om kvotekjøp utover denne løyvinga for inntil 3,7 milliardar kroner. Til kjøp av klimakvotar for statstilsette sine internasjonale tenestereiser med fly, blir det føreslått 10,5 millionar kroner.

Det er viktig å hugse at miljøpolitikk ikkje berre handlar om løyvingar og direkte utgifter over statsbudsjettet. Arbeidet omfattar òg avgjerder som i vel så stor grad bidreg til eit betre miljø. Miljøbegrunna avgifter og handel med klimagasskvotar gir sterke motiv til meir miljøvennlig forbruk og produksjon. Andre regelendringar hindrar miljøskadelege inngrep i naturen og reduserar miljøskadeleg utslepp, og reformer gjer det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging.