Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
(BLD) har eit overordna sektoransvar for familie og samliv, kjønnslikestilling,
ikkje- diskriminering, barn og unges oppvekst og levekår, forbrukarinteresser
og integrering og inkludering av innvandrarar.
Målet for regjeringas politikk på barne- og ungdomsområdet
er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og å leggje til
rette for at alle barn og unge har like gode moglegheiter til å
utvikle seg, utan omsyn til bakgrunn og livssituasjon til foreldre
og kor i landet dei bur.
Der familien
ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å sikre barn og unge
gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Det er eit viktig mål for
regjeringa at barnevernet over heile landet skal kunne gi rett hjelp
til utsette barn og unge tidleg. For å nå dette målet vil regjeringa
i 2011 styrkje det kommunale barnevernet. Barn og unges rettar, slik
dei kjem til utrykk i FNs konvensjon om barnerettane, skal liggje
til grunn for utforminga av politikken på området.
Alle innbyggjarar i Noreg skal ha like moglegheiter
til å engasjere seg i nærmiljø, i fritidsaktivitetar til barna
og politisk liv og det sivile samfunn. Frivillige organisasjonar
er viktige aktørar i eit demokratisk og inkluderande samfunn.
For å hindre at det utviklar seg eit klassedelt samfunn
der innvandrarar og barna deira har dårlegare levekår enn andre,
vil regjeringa kjempe mot forskjellsbehandling og byggje ned barrierar mot
deltaking.
Politikken skal bidra til
tillit til institusjonar i samfunnet og innbyggjarar imellom. Slik
tillit er viktig for å støtte opp under ordningar i velferdsamfunnet
og styrkje fellesskap og samhald.
Ein
heilskapleg og langsiktig politikk skal bidra til ei stabil og bærekraftig
samfunnsutvikling. Den skal også bidra til at samfunnet kan møte
ein meir internasjonal arbeidsmarknad og auka migrasjon.
Regjeringa vil i forbrukarpolitikken sikre forbrukarane
ei sterk stilling, og gjere det enklare for forbrukarane å ta etiske
og miljøvennlege val, og slik medverke til eit meir etisk og miljøforsvarleg
forbruk.
Departementet arbeider for likestilling
mellom kvinner og menn, for likestilt foreldreskap og gode vilkår
for barnefamiliane. Departementet arbeider òg med å hindre diskriminering
på grunnlag av mellom anna kjønn, seksuell orientering, etnisitet
og funksjonsevne. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg
samfunnsproblem, og departementet arbeider både for å førebyggje
valden og for å sikre gode tilbod til personar utsette for vald.
Å sikre gode tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar
er òg viktige oppgåver for departementet.
Departementet
arbeider for å leggje til rette for at innvandrarar og barna deira
på lik linje med alle andre innbyggjarar kan delta og bidra med sine
ressursar i arbeidslivet og i samfunnet elles.
Forslaget til statsbudsjett for 2011 for BLD omfattar
programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde
28 Foreldrepengar.
BLD har følgjande
hovudmål for sine politikkområde:
-
God og open forvalting
-
Like moglegheiter, rettar og plikter for
innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids-
og samfunnsliv
-
Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids-
og samfunnsliv
-
Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle
uavhengig av bl.a. kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og
etnisitet
-
Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom
-
Eit barnevern som gir barn og unge omsorg
og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine
-
Ei sterk stilling for forbrukarane
-
Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk
1.1 God og open forvalting
Departementet vil sikre ei kvalitetsbevisst,
effektiv og open forvalting gjennom effektiv styring, organisering
og drift av sektoren.
Gode etatar er
viktige for å nå måla for sektoren. Departementet vil føre vidare
arbeidet med å få til ei god mål- og resultatstyring av verksemdene.
1.2 Like moglegheiter, rettar og plikter for
innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv
Politikken til regjeringa er tufta på likeverd,
solidaritet og rettferd. Alle som bur i Noreg skal ha same plikter,
rettar og moglegheiter til å bidra og delta i fellesskapet.
Innvandrarar er omfatta av dei rettar og plikter som
gjeld for alle. I tillegg kjem særskilde rettar og plikter for
nykomne innvandrarar. Desse skal vere godt grunngjevne og avgrensa
til den første tida i Noreg, men er naudsynte for å få til god
integrering. Introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap
er sentrale tiltak retta mot nykomne innvandrarar.
Høg sysselsetjing og verdiskaping dannar grunnlaget
for utvikling av velferdssamfunnet. Arbeid gir den einskilde økonomisk
sjølvstende, motverker fattigdom, jamnar ut sosiale skilnader og
fremmer likestilling mellom kvinner og menn. Arbeidsplassen er ein
viktig møteplass mellom innvandrarar og resten av befolkninga.
Regjeringa ønskjer å sikre betre bruk av den ressursen innvandrarar
og norskfødde med innvandrarforeldre representerer, og å leggje
til rette for at næringslivet tek denne ressursen i bruk.
BLD har eit overordna ansvar for samordning av
politikken og tiltak på feltet og for å sikre samanheng mellom
integrerings- og inkluderingspolitikken og andre politikkområde.
Departementet skal sørgje for at politikken på integrerings- og inkluderingsområdet
blir sett i verk gjennom utøvande aktørar, der kommunane
spelar ei vesentleg rolle. Departementet har òg eit sektoransvar
for mellom anna forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova.
Samordninga mellom departementa kjem til uttrykk
gjennom mål for inkludering av innvandrarbefolkninga og dei ulike
handlingsplanane på området. Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga
skal bidra til å synleggjere utviklinga og vere eit grunnlag for
å vurdere resultata av det arbeidet styresmaktene gjer. Det er
formulert 17 mål med tilhøyrande indikatorar på ansvarsområde
til åtte departement, sjå omtale i del III.
Den
einskilde fagstyresmakt har ansvar for tenestetilbodet til alle,
medrekna innvandrarar og barna deira. I tråd med dette skal dei
einskilde fagstyresmakter følgje opp og vurdere situasjonen også
for desse på sine ansvarsområde.
Noreg
har endra seg raskt frå å vere eit utvandringsland til eit innvandringsland.
Delen personar med innvandrarbakgrunn har auka frå 1,5 prosent
i 1970 til 11,4 prosent i 2010. Per i dag er det om lag 552 000
personar busett i Noreg som enten har innvandra sjølv eller som
er født i Noreg av to innvandrarforeldre. Av desse har ca. 459
000 sjølv innvandra til Noreg, medan ca. 93 000 er fødd her i
landet. Det bur innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn
i alle kommunane i Noreg. Størst del er det i Oslo med 160 500, tilsvarande
27 prosent av befolkninga.
Innvandringa
til Noreg har eit større mangfald enn i mange andre europeiske
land. Det er stor variasjon i kven som innvandrar, årsak til innvandringa,
kor lenge dei har vore i landet og korleis liva deira vil sjå ut
i eit livsløpsperspektiv.
Langt dei
fleste innvandrarar til Noreg og dei norskfødde barna deira er
aktive deltakarar i arbeidsliv og i utdanning, er økonomisk sjølvstendige,
snakkar norsk og deltek og bidrar på ulike arenaer i samfunnet.
På viktige område er det framleis systematiske skilnader mellom
befolkninga generelt og innvandrarar. Dette gjeld områdar som arbeid,
utdanning, deltaking i val og helse.
Nye
tal frå SSB stadfester mønstret frå tidlegare undersøkingar
der unge fødd i Noreg med innvandrarforeldre deltek i utdanning
og arbeid som anna ungdom.
Eit tydeleg
trekk i rapportar om levekår frå SSB dei seinare åra er at skilnadene
mellom innvandrarar og resten av befolkninga på sentrale område
er mindre enn for eit tiår tilbake. Levekår og deltaking blir
også betre på fleire område med auka butid.
Biletet blir mykje meir variert når ein samanliknar
ulike innvandrargrupper. Levekår og deltaking varierer med landbakgrunn,
innvandringsårsak, kjønn, alder, utdanningsbakgrunn og ikkje minst
med butid i Noreg. Desse variasjonane er sentrale for å forstå
korleis det går med integreringa i Noreg i dag og er viktige å
vere merksam på i utforminga av politikk og verkemiddel framover.
Regjeringa føreslår ei rekkje satsingar på
integrerings- og inkluderingsområdet i 2011.
Sjølv om det no kjem færre asylsøkjarar til
landet, vil behovet for å busetje vere stort også i 2011. Regjeringa
er oppteken av å leggje til rette for rask busetjing til kommunane.
I 2011 føreslår regjeringa derfor følgjande satsing på busetjingsområdet:
-
Vriding av integreringstilskotet
mot enkelte grupper med flyktningar. Tiltaket skal stimulera til
raskare busetjing av einslege vaksne og einslege mindreårige flyktningar.
-
Barn som blir født inntil 6 månader etter
at mor er busett i ein kommune vil være omfatta av målgruppa for
integreringstilskot.
-
Styrking av Husbankens bustadtilskot for
å auke tilgangen på utleigebustadar til flyktningar, jf. Prop.
1 S (2010-2011) for Kommunal- og regionaldepartementet.
-
Forprosjekt for nye IKT-løysingar for eit
effektivt busetjings- og tilskotsforvaltningssystem.
Regjeringa er oppteken av å sikre ei god kvalitet
i dei store ordningane for nykomne flyktningar; introduksjonsprogram
og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Departementet
tek sikte på å leggje fram forslag til endringar i introduksjonslova
som utvikling av obligatoriske avsluttande prøver og utviding av
personkrinsen for introduksjonsprogrammet. Departementet vurderer
òg eit forslag om at dei innvandrarane som i dag har rett og plikt
til norskopplæring får utvida timeramma.
Barnehagen
er ein viktig arena for inkludering og språkopplæring. Regjeringa
føreslår å vidareføre og utvide forsøksordninga med gratis
kjernetid i barnehage.
Innvandrarar
som ønskjer å etablere eigen verksemd møter særlege utfordringar
samanlikna med etablerarar i befolkninga generelt. Dei har behov
for tilrettelagd opplæring, rettleiing og støtte under og etter
etableringa. Regjeringa føreslår å styrkje entreprenørskap for
innvandrarar, og har sett av midlar til etablering av eit nasjonalt
senter.
1.3 Likestilling
mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv
Regjeringa skal ha ein tydeleg profil når det
gjeld likestilling mellom kjønna, både nasjonalt og internasjonalt.
Ein god likestillingspolitikk er òg god økonomisk politikk. Høg
yrkesdeltaking blant begge kjønn bidreg vesentleg til utvikling
av velferdsstaten. Noreg sin gode økonomiske status er mellom anna
eit resultat av målretta satsing på ordningar som gjer det mogleg
for både menn og kvinner å kombinere yrkesliv og familieliv og
oppretthalde tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen. Likestillingspolitikken
må vere i stadig utvikling for å møte dei utfordringane vi står
ovanfor, og politikken må vere basert på god kunnskap. Makt og
ressursar er framleis skeivt fordelt mellom kjønna. Det er eit
satsingsområde for regjeringa å styrkje kunnskapen om norsk likestillingspolitikk
og om dei utfordringane vi står ovanfor på dette feltet.
Regjeringa har sett ned eit offentleg utval,
Likestillingsutvalet, som har fått i mandat å greie ut norsk likestillingspolitikk
med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse. Målet med utgreiinga
er å leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert likestillingspolitikk
for framtida. Utvalet skal levere utgreiinga til BLD innan 1. august
2012. Departementet har i 2010 også etablert eit breitt samansett
Kvinnepanel som er oppmoda om å gi innspel til regjeringa sin likestillingspolitikk,
og sett ned ein komité for markering av 100 års- jubileet for allmenn
stemmerett i 2013. For å tydeleggjere politikken på likestillingsfeltet
tek regjeringa sikte på å leggje fram ein handlingsplan for kjønnslikestilling hausten
2010 som skal gjelde for perioden 2011-2014. Handlingsplanen skal
mellom anna stimulere til auka merksemd på integrering av eit likestillingsperspektiv
i all offentleg politikk.
For å nå
målet om eit familievennleg arbeidsliv er det nødvendig å sjå
familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng. Regjeringa arbeider
for at både kvinner og menn skal kunne ta del i yrkeslivet gjennom
ulike livsfasar. Noreg har høg yrkesdeltaking blant kvinner. Dette
betyr mykje for verdiskaping og økonomisk vekst. Det å sikre høg
sysselsetting blant foreldre krev tilrettelegging i arbeidslivet
og likestilling mellom kvinner og menn i fordeling av omsorgsoppgåvene
i heimen.
Vi har ei rekkje ordningar
retta mot familien, der formålet er å styrkje fedrane si omsorgsrolle og
kvinner si deltaking i yrkeslivet og gjere det mogleg for begge
foreldre å oppretthalde tilknytinga til arbeidslivet. Ei god og
fleksibel foreldrepengeordning gjer det mogleg for både mødrer
og fedrar å oppretthalde tilknytinga til arbeidslivet i småbarnfasen
og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. Arbeidet med å leggje til
rette for og stimulere fedrane til å ta meir permisjon held fram. Fedrekvoten
er det viktigaste tiltaket for å auke fedrars uttak av foreldrepengar.
I 2011 vil regjeringa utvide fedrekvoten frå 10 til 12 veker. Den totale
stønadsperioden vert utvida med ei veke øyremerka for far. Fedrekvoten
vert òg utvida med ei veke innanfor gjeldande stønadsperiode. Den
delen av perioden som er til valfri fordeling mellom foreldra vert
dermed ei veke kortare enn i dag. Etter endringa vert fedrekvoten
tolv veker av ein samla stønadsperiode på 47 eller 57 veker, avhengig
av dekningsgrad.
Ein del fedrar med
eiga opptening kan ikkje ta ut foreldrepengar fordi mor ikkje har
opptent rett til foreldrepengar og heller ikkje går ut i arbeid eller
utdanning etter fødselen. Ei gruppe som vert ramma av dette, er
familiar der mor får uførepensjon. Dei kan ikkje tilpasse seg
regelverket ved at mor begynner å arbeide eller studere. Regjeringa føreslår
derfor at far med opptent rett til foreldrepengar skal få rett
til permisjon i same veketal som fedrekvoten i tilfelle der mor
mottek uførepensjon.
Regjeringa vil
leggje fram ei stortingsmelding om likelønn hausten 2010. Meldinga
er ei oppfølgjing av Likelønnskommisjonen si utgreiing som blei
lagt fram i 2008.
Det vil bli fremma
ein lovproposisjon med forslag til endringar i barnelova om morskap
og farskap, som ei oppfølgjing av NOU 2009:5
Farskap og
annen morskap. Fastsetting og endring av foreldreskap.
Regjeringa har som mål å auke vernet av barn og
styrkje rettar til foreldre i internasjonale saker om foreldreansvar
og tiltak for vern av barn. Stadig fleire barn og foreldre har forankring
i fleire land på grunn av global mobilitet. Regjeringa vil derfor
leggje til rette for gjennomføring av Haagkonvensjonen 1996 om
foreldreansvar og tiltak for vern av barn.
Familievernet
skal sikre eit likeverdig tenestetilbod til brukarane, høg kvalitet
på det faglege arbeidet og effektiv ressursutnytting. Departementet
vil føre vidare kvalitetsprogrammet for å måle resultata av verksemda
gjennom brukarmedverking. Familievernet skal styrkje sitt samarbeid
med tenesteapparatet i familiesaker og med domstolane i meklingssaker.
Departementet vil gjennom kompetanseheving, haldningsskapande arbeid
og samarbeid på tvers av profesjonar søke å sikre at fleire foreldre
med høgt konfliktnivå kjem fram til ei løysing gjennom mekling.
Departementet vil sjå på behovet for endringar i familieverntenesta
hausten 2010.
Krisesenterlova slår fast
at kommunane har plikt til å gi eit tilbod til valdsutsette. Det
øyremerkte statstilskotet til krisesenter blir avvikla i 2011,
og midlane vert lagt inn i rammetilskotet til kommunane. Det er
eit mål å betre tilgjenge til incestsentra og valdtektssentra
for alle aktuelle brukargrupper, inkludert personar med nedsett
funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, og å styrkje
tilbodet til gutar og menn utsette for incest og seksuelle overgrep.
BLD har ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak i
Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2008-2011)
Vendepunkt
. Arbeidet med å etablere eit landsdekkjande hjelpe-
og behandlingstilbod til valdsutøvarar skal halde fram, mellom
anna gjennom oppretting av fleire Alternativ til vold (ATV) kontor.
Frå 2011 vil BLD ta over ansvaret for forvaltinga av det statlege
tilskotet til ATV. Menn skal også med i kampen mot vald mot kvinner
gjennom eigne tiltak retta mot menn på menn sine eigne arenaer.
1.4 Eit ikkje-diskriminerande samfunn for
alle uavhengig av bl.a. kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne
og etnisitet
Regjeringa vil
føre vidare arbeidet for eit samfunn med likestilling og fråvær
av diskriminering for alle. Diskriminering er eit brot på menneskerettane
som rammer både den einskilde og heile samfunnet. Likestilling
tyder at alle skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle
område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet,
religion, seksuell orientering og funksjonsevne. BLD har ei pådrivar-
og rettleiarrolle for å fremme likestilling og hindre diskriminering
på ulike grunnlag overfor andre departement.
BLD vil arbeide med å sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga
meir i samanheng. Oppfølging av forslaget om ei samla lov mot diskriminering
på ulike grunnlag (NOU 2009:14), og arbeidet med å sikre at aktivitets-
og rapporteringspliktene i likestillingslova, diskrimineringslova
og diskriminerings- og tilgjengelova blir følgde opp av aktørane som
er omfatta av pliktene, er viktige oppgåver.
Innsatsen
for å sikre rettane til lesbiske og homofile, støtte homofile
og lesbiske i å leve ope og aktivt motarbeide diskriminering, blir
ført vidare i 2011. Regjeringa sin
Handlingsplan
for betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar
(2009-2012)
er det viktigaste grunnlaget for innsatsen i perioden. Auka kunnskap, integrering
av lhbt-kompetanse i ulike sektorar og betre tilbod på fleire samfunnsområde
er sentrale mål i handlingsplanen. For å betre kunne nå desse måla
vil BLD starte arbeidet med å etablere eit ressurssenter for lhbt-spørsmål
i 2011.
Den auka innsatsen til regjeringa
for å fremme likestilling og hindre diskriminering, særleg retta mot
samar, nasjonale minoritetar og innvandrarar og barna deira, blir
ført vidare i 2011. Regjeringa sin
Handlingsplan
for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering
(2009–2012)
er det viktigaste verkemiddelet på dette feltet i perioden. BLD
koordinerer arbeidet med oppfølging av planen og samarbeider med
hovudorganisasjonane i arbeidslivet om felles tiltak for å hindre
diskriminering i arbeidslivet. Ved årsskiftet 2009/2010 var 47
av 66 tiltak sett i verk.
Det er eit
mål å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett
funksjonsevne. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere universelt utforma
innan 2025. Eit viktig verkemiddel på området er oppfølgjing
av
Handlingsplanen for universell utforming
og aukt tilgjenge
(2009-2013), som skal støtte opp under
implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan og
bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming.
BLD vil følgje opp det nyleg framlagte informasjons-
og utviklingsprogrammet om politikken for utviklingshemma (2010-2013)
og gjennomgangen av strategiplan for familiar med barn som har nedsett
funksjonsevne. Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering
av personar med nedsett funksjonsevne i alle aldersgrupper må sjåast
i samanheng med andre diskrimineringsgrunnlag som kjønn, seksuell
legning og etnisk bakgrunn.
1.5 Gode oppvekst- og levekår for barn og
ungdom
Måla for barne- og
ungdomspolitikken skal ha sitt utgangspunkt i likeverd, respekt
for mangfald og ulikskap, solidaritet og medansvar for fellesskapet og
omsyn for menneskeverdet. Det er særs viktig å leggje til rette
for aktiv medverknad frå barn og unge tidleg, slik at vi òg for
framtida sikrar eit kritisk, levande demokrati. Målretta innsats
og gode fellesskapsløysingar er avgjerande for utvikling av eit
godt og inkluderande oppvekstmiljø.
BLD
har eit ansvar for samordninga av den statlege politikken på barne-
og ungdomsområdet. Samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande
politikk for barn og unge vil bli ført vidare. Dette skjer mellom
anna gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks-
og utviklingsarbeid og konferansar.
Arbeidet
med oppfølging av FNs konvensjon om barnerettane og anbefalingane
frå FNs barnekomité vil halde fram i 2011.
BLD
ser det som viktig at barn og unge sikrast høve til deltaking og
innverknad, både i samfunnet og i eige liv. Departementet vil stimulere
til at enda fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn
og unge. Departementet vil bidra til utveksling av idear og røynsle,
mellom anna gjennom kåring av
Årets barne-
og ungdomskommune
, og ved at temaet vert diskutert på konferansar
og samlingar.
Regjeringa vil hausten
2010 sette ned eit offentleg utval som skal greie ut unges makt
og deltaking i samfunnet. Utvalet skal ha eit breitt perspektiv
på arbeidet og greie ut ulike gruppers moglegheiter og barrierar
for makt og deltaking. Utvalet skal i hovudsak konsentrere seg om
ungdomsbefolkninga i alderen 12-26 år, og leggje fram utgreiinga
hausten 2011.
Dei frivillige barne- og
ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken
og BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet
til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre
barn og unges deltaking og engasjement.
BLD
vil bidra til at barn og unge i område med levekårsproblem kan
få høve til deltaking på lik linje med andre. Tilskotsordninga
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
blir
ført vidare og vil i 2011 omfatte 23 bykommunar. Ordninga er todelt,
ei særskilt satsing retta mot ungdom og ei særskilt satsing retta
mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem. Gjennom fattigdomssatsinga
blir det gitt stønad til ferie- og fritidstiltak og til tiltak
som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med
lite eller mangelfull utdanning, og stønad til meir langsiktige
og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge
som er råka av fattigdomsproblem.
BLD
vil føre vidare den særskilte satsinga retta mot ungdom i alderen
15-25 år som står utanfor opplæring og arbeidsliv (
Unge utenfor
). Arbeidet starta i 2007.
Satsinga vil i 2011 omfatte innsats på fleire område for å utvikle,
støtte og styrkje bruk av arbeidsmåtar og samarbeidsformer som gjer
at ungdom kjem i opplæring eller arbeid. Erfaringar og kunnskap
frå arbeidet vil bli spreidd gjennom konferansar og publikasjonar.
1.6 Eit barnevern som gir barn og unge omsorg
og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine
Regjeringas mål for barnevernet er at tenesta
skal sikre alle barn og unge ein trygg og god oppvekst, enten dei
veks opp med hjelp i familien eller gjennom aktiv hjelp utanfor
heimen i dei høve der foreldra ikkje maktar å gi nødvendig omsorg
og utviklingsmogelegheiter for barna. Politikken på barnevernsområdet
heng saman med korleis den generelle oppvekst- og familiepolitikken
blir forma, men tek først og fremst utgangspunkt i dei behova det
enkelte barn og ungdommen har for hjelp, støtte og endring i kvardagen.
Fleire barn og unge får hjelp frå barnevernet no
enn tidlegare. Dei siste åra har om lag 46 000 barn og unge i Noreg
fått bistand frå barnevernet kvart år. Dei aller fleste får
hjelp i heimen for å stimulere til betre oppvekstvilkår. For nokon
er det best å bu i fosterheim eller på institusjon.
Det har vore ei jamn auke i talet på nye meldingar
til barnevernet, fleire saker har blitt undersøkte og fleire barn
og unge har fått hjelp frå barnevernet. Det har òg skjedd ei
utvikling av kompetanse innan barnevernsfeltet, fleire tiltak er
i dag tufta på kunnskap om kva som verkar. Talet på tilsette i
barnevernet har auka både i det kommunale og statlege barnevernet,
men særleg innan det kommunale barnevernet har det ikkje vore ein
vekst i talet på tilsette som har møtt auken i nye saker. Det
er eit viktig mål for regjeringa at barnevernet over heile landet
skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. For å
nå dette målet vil regjeringa i 2011 øyremerke 240 millionar
kroner til ei styrking av det kommunale barnevernet. Hovuddelen
av denne løyvinga skal gå til nye stillingar, men det vil og vere
mogleg å søke om midlar til enkelte andre tiltak som styrkjer
barnevernet lokalt. Fylkesmannsembeta, som kjenner kommunane godt,
vil handsame søknadene frå kommunane.
I
2011 ventar ein framleis ein auke i talet på opphaldsdagar i det
statlege barnevernet. Løyvingane til det statlege barnevernet blir
styrkt som følgje av dette.
Nye standardkontraktar
for statlege familie- og beredskapsheimar blei tekne i bruk våren
2010. Standardkontraktane gir oppdragstakarane gode og føreseielege
rammevilkår, mellom anna rett til tenestepensjon etter lov om pensjonsordning
for oppdragstakarar i statlege beredskaps- eller familieheimar,
rett til refusjon av utgifter til yrkesskadeforsikring, rett til
fri under og mellom plasseringar, opplæring og rettleiing, beredskap
i akuttsituasjonar og vern mot oppseiing av kontrakten. Regjeringa
føreslår at løyvinga til det statlege barnevernet blir auka med
120 mill. kroner til å dekkje utgiftene knytt til kontraktane i
2011.
I 2011 vil BLD få evaluert den organisatoriske reforma
i barnevernet som skjedde i 2004, da det fylkeskommunale barnevernet
blei statleg. Det var tverrpolitisk semje i Stortinget om denne reforma
då ho vart vedteken, men seinare har det kome fram kritikk som
mellom anna peiker på svikt i samarbeidet mellom kommunalt og statleg barnevern.
I 2011 vil det bli utarbeidd fire deloppdrag om samarbeid og samordning
av barneverntenestene, institusjonstilbodet, fagleg/økonomisk styring
i det statlege barnevernet og oppgåve- og finansieringsansvar mellom
kommune og stat. Det vil òg vere ein dialog med brukarar, foreldre, organisasjonar,
tilsette, tillitsvalte og andre fagmiljø for å få fram ulike
syn på korleis barnevernet best kan fylle sin rolle og det vil
bli halde dialogkonferansar rundt i landet.
For
å sikre kvaliteten i dei sakkunnige rapportane som blir nytta i
barnevernet, vart det i 2010 oppretta ein eigen barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen
har til oppgåve å gå gjennom alle sakkunnigrapportar som vert
lagt fram i barnevernssaker. Departementet samlar no informasjon
om kva som er kjenneteikn ved desse rapportane og vil i 2011 samanstille
denne informasjonen slik at vi får betre kunnskap om innhald og
kvalitet i rapportane frå dei som vert nytta som sakkunnige i barnevernsaker.
Ved tilbod til barn som treng tiltak både etter barnevernlova
og andre velferdslover, kan det oppstå usemje mellom stat og kommune
om kven som har ansvar for å dekkje utgiftene ved tiltaka. I 2010
vart det difor skipa eit forsøk med ei eiga tvisteløysingsnemnd
for barnevernsaker. Denne tvisteløysingsnemnda er partssamansett
med representantar oppnemnde frå KS og BLD. I 2011 vil røynslene
frå det første året av arbeidet til denne nemnda bli samla. Det
som kjem fram her vil kunne vere til hjelp i det vidare arbeidet
for å gi barn og unge rett hjelp utan at usemje mellom forvaltningsnivå
skal vere eit hinder.
BLD har det generelle
overordna ansvaret for barnevernet. Departementet har forvaltingsansvaret
for barnevernlova, og fører tilsyn med at lov og regelverk blir
brukt riktig. Departementet sørgjer for at ein evaluerer erfaringar
med lova og gjer nødvendige endringar. Departementet har òg ansvar
for å gi retningslinjer og instruksar, setje i gang forsking på
området, utvikle den generelle barnevernpolitikken og leggje til
rette for at informasjon om barnevernet er tilgjengeleg.
Fylkesmannen er statleg barnevernstyresmakt
på fylkesnivå. Fylkesmannen skal føre tilsyn med barneverntenesta
i den enkelte kommune og er klageinstans for dei enkeltvedtaka barneverntenesta
fattar som ikkje høyrer inn under fylkesnemndas styringsområde.
Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker er fagleg frittståande organ
som mellom anna skal avgjere saker om omsorgsovertaking av barn,
og saker om tiltak for barn med alvorlege åtferdsvanskar.
Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar
det statlege barnevernet. Bufetat består av fem regionale barnevernstyresmaktar
og ein sentral barnevernstyresmakt (Bufdir). 26 fagteam er bindeleddet
til det kommunale barnevernet. Dei regionale barnevernstyresmaktane
har ansvar for mellom anna å hjelpe kommunane med plassering av
barn utanfor heimen, rekruttering og formidling av fosterheimar,
å gi fosterheimane nødvendig opplæring og rettleiing og for å
etablere og drive statlege institusjonar.
Alle
kommunane har ei barnevernteneste som er ansvarleg for å utføre
dei oppgåver etter lova som ikkje er lagt til eit statleg organ.
Kommunal barnevernteneste har mellom anna ansvar for å gjere undersøkingar,
treffe vedtak om hjelpetiltak i heimen, forebu saker for Fylkesnemnda,
følgje opp barn som er plasserte utanfor heimen, godkjenne fosterheim
for det enkelte barn, drive førebyggjande arbeid og å fatte akuttvedtak.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
har avgjerdsrett i dei såkalla tvangssakene etter barnevernlova
og avgjer mellom anna saker om omsorgsovertaking. Det er avgjerande
for rettstryggleiken og for eit velfungerande barnevern at fylkesnemndene
har tilstrekkeleg kapasitet og arbeider effektivt. BLD føreslår
derfor å auke løyvinga til fylkesnemndene med 10 mill. kroner
til å styrkje sakshandsamingskapasiteten og den administrative
styringa av fylkesnemndene.
1.7 Ei sterk stilling for forbrukarane
Samanlikna med mange andre land, har Noreg gode
rammevilkår og rettar for forbrukarane. BLD vil både nasjonalt
og internasjonalt arbeide for å tryggje og utvikle desse vidare
i tråd med nye behov og utviklingstrekk. I tråd med dette vil departementet
arbeide vidare med å sikre at det nye europeiske direktivet om
forbrukarrettar som no er under handsaming blir mest mogleg i samsvar
med norske forbrukarinteresser. Nye og reviderte forskrifter til
marknadsføringslova skal utformast.
Retten
til korrekt og relevant informasjon er grunnleggjande. Det er viktig
at forbrukarane ikkje berre har god informasjon om varene og tenestene
dei kjøper, men også kjenner rettane og pliktene sine. Slik informasjon
er ein føresetnad for forbrukarmakt og for at konkurransen i marknaden
skal fungere betre. I tråd med dette vil BLD medverke til å vidareutvikle
Finansportalen (
finansportalen.no
) med
mellom anna eigne informasjonssider for forsikringstenester. Ved
utforminga av ulike informasjonstiltak vil det bli teke omsyn til
at enkelte grupper av forbrukarar, som til dømes innvandrarar og
personar med nedsett funksjonsevne, kan ha behov for informasjon
som er spesielt tilrettelagt.
Det er
eit mål at det utanrettslege systemet for tvisteløysing gjennom
Forbrukartvistutvalet og frivillige nemnder skal verke mest mogleg
heilskapleg og effektivt. Dette er viktig både for forbrukarane
og for konkurranseforholda mellom dei næringsdrivande. Sakshandsaminga
skal vere rask og god, samstundes som sentrale prinsipp om rettstryggleik
blir tekne vare på. Så snart rapporten frå utvalet som er i gang
med å greie ut det utanrettslege tvisteløysingssystemet for forbrukarsaker
har vore ute på høyring, vil BLD gå i gang med å vurdere tiltak
som kan gjere systemet meir heilskapleg og effektivt.
Ein aktiv forbrukarpolitikk føreset god dokumentasjon
om tilhøva for forbrukarane. Undersøkinga frå 2008 av kor tilfredse
forbrukarane var med ulike marknader skal derfor følgjast opp med nye
undersøkingar. BLD vil arbeide for at flest mogleg av dei europeiske
undersøkingane om forbrukarforhold også skal inkludere data frå
Noreg. Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) vil framleis
ha ei sentral rolle i å frambringe, forvalte og formidle kunnskap
som er viktige for forbrukarane. I tillegg vil kontakten som Forbrukarrådet har
med forbrukarar vere ein viktig del av grunnlaget for prioriteringane
av arbeids- og satsingsområde på forbrukarområdet.
1.8 Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk
Skal ein lukkast med å få til eit meir etisk
og miljøforsvarleg forbruk, må det være enkelt for forbrukarane
å ta etiske og miljøvennlege val. BLD vil i tråd med dette arbeide
for at forbrukarane i kjøpssituasjonar, i tillegg til å få informasjon
om prisar og kvaliteten på varene og tenestene, også skal få informasjon
om miljø- og klimabelastinga knytt til desse, og om kva standardar
produsentar og leverandørar representerer når det gjeld etikk
og samfunnsansvar. BLD vil framleis medverke til å styrkje og utvikle
dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen. For å få grunnlag
for eit betre system for offentlege merkeordningar, vil BLD få
kartlagt korleis merkeordningar fungerer som verkemiddel til å
påverke åtferda til forbrukarane. BLD vil òg bidra til å framstille
målemetodar for den samla miljøbelastinga frå det private forbruket.
Forbrukarrådet vil spele ei aktiv rolle i arbeidet
med å gjere det enklare for forbrukarane å ta etiske og miljøforsvarlege
val, mellom anna ved å gjennomføre produkttestar og ved å gi
informasjon på Forbrukarportalen (
forbrukerportalen.no
). Forbrukarombodet
vil sjå til at næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargument
på ein uriktig eller villleiande måte i marknadsføringa.