Programområde 11
Programkategori
11.00 Administrasjon
Hovudinnhald
og prioriteringar
Under programkategori
11.00 Administrasjon ligg lønns- og driftsutgifter til departementet
og utgifter til stillingar som departementet finansierer i Europakommisjonen.
Mål
For 2011 blir følgjande mål prioriterte:
Hovedmål
|
Delmål
|
-
God og open forvalting
|
|
|
|
|
|
Resultatrapport og strategiar
Delmål
1.1: Effektiv organisering og drift av departementet
Resultatrapport
2009/2010
Departementet har sett
i verk tiltak for å gi eit best mogleg samsvar mellom oppgåveprioritering, ressursallokering
og bruk av den samla kompetansen i departementet.
Ved overføringa av ansvaret for integreringspolitikken
til BLD blei det i røyndomen skipa eit nytt departement. Våren
2010 blei det derfor sett i gang eit prosjekt (
Nye
BLD
) som skal sikre at departementet når dei politiske måla
gjennom god organisering og effektive arbeidsprosessar. Det inneber
mellom anna ein gjennomgang av arbeids- og oppgåvedelinga mellom
departement og etatar og av den interne organiseringa i departementet.
Strategiar
og tiltak for 2011
Prosjektet
Nye BLD
, somvil
gå utover i 2011, har tre vidt definerte utviklingsområde med
ulike tiltak knytte til kvart av dei:
-
utvikling og styrking av rolla som sekretariat for
den politiske leiinga
-
evne til å handtere skiftande politiske
prioriteringar og nye oppgåver
-
betre samhandling/samordning og deling av kunnskap
på tvers av avdelingar
Det
overordna målet er å sikre at dei politiske måla blir nådde
gjennom god organisering og effektive arbeidsprosessar.
Innføringa av nytt system for elektronisk sakshandsaming
har blitt utsett til 2011. Det nye systemet skal effektivisere arbeidsprosessane
og lette samhandlinga på tvers av avdelings- og departementsgrenser.
Delmål
1.2: Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i dei delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Departementet har lagt vekt på at styringa
stimulerer verksemdene til å leggje opp drifta rasjonelt og målretta.
Under følgjer omtale av to av BLDs verksemder som begge har eit
særskilt arbeid på gang innan organisering.
Organisering
og drift av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)
Etaten blei oppretta mellom anna for å utvikle
eit betre barnevern og familievern med god økonomisk kontroll.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) skal sikre at regionane
utnyttar ressursane godt, og er ansvarleg for at regionane når
sine mål. Det er direktoratet si oppgåve å nå måla med reforma
frå 2004, og å oppfylle dei måla som er vedtekne av Stortinget
med dei ressursane som står til disposisjon. Det har vore ein sterk auke
i utgiftene til det statlege barnevernet frå 2005 til 2009.
Direktoratet har i 2009 gjennomført fleire
analysar av den økonomiske situasjonen i Bufetat. Analysane har
danna grunnlag for ei felles forståing av utfordringane i etaten.
I 2009 blei det sett i verk fleire utgiftsreduserande tiltak. Bufdir arbeidde
med å fortsetje vridinga frå bruk av institusjon til meir bruk
av fosterheim og hjelpetiltak i heimen. Dessutan blei det sett i
verk tiltak for å redusere opphaldstida i institusjonar og for
å sikre ei betre kapasitetsutnytting i statlege institusjonar. Som
følgje av det har ein òg klart å redusere kjøp av private institusjonsplassar.
Bufdir arbeider òg med å utvikle og etablere felles
faglege standardar og normer på ei rekkje område. Målet er å
sikre einskapleg styring på alle saksområda. Det blei sett i gang
prosjektering av eit nytt fag- og rapporteringssystem (BIRK) tidleg
i 2009. I tilegg til å gjennomføre eigne analysar av utgiftsutviklinga
gav direktoratet i 2009 eit konsulentfirma i oppdrag å sjå på
utgiftsutviklinga i etaten. Arbeidet dreidde seg i hovudsak om å
analysere og vurdere årsakene til styringsmessige og økonomiske
utfordringar. Dette innebar mellom anna å tydeleggjere eventuelle
eksterne faktorar som gjer kontroll og styring vanskelegare, og
å identifisere kva slags faktorar som Bufetat har innverknad på
for å sikre kontroll og styring. Det blei føreslått konkrete
tiltak som vil påverke utgiftsutviklinga. Direktoratet har i samband
med dette arbeidet oppretta
Program for økonomisk
balanse og god praksis i statleg barnevern i 2010
(Program 2010)
for å følgje opp analysen. Måla for Program 2010 er budsjettbalanse
i 2010 og i åra framover og auka fagleg måloppnåing gjennom eit
likeverdig og kunnskapsbasert barnevern med einsarta praksis.
Direktoratet arbeider spesielt med desse tre hovudinnsatsområda:
-
Inntak og val av tiltak:
Ein ønskjer å få til ein einsarta praksis i etaten for kva slags
problem barn som kjem inn i det statlege barnevernet har, og kva
slags tiltak dei får. Dette skal ein sikre ved å etablere faste
rutinar for arbeidet overfor kommunane og ved å styrkje samarbeidet
mellom kommunalt og statleg barnevern.
-
Institusjonsutgifter: Målet er å redusere
institusjonsutgiftene, mellom anna ved å auke kapasitetsutnyttinga
i statlege institusjonar.
-
Opphaldstid: Etaten skal gå gjennom og
følgje opp alle institusjonsopphalda som varer lenger enn to år.
Dessutan har direktoratet gjennomført utviklingsarbeid
for å få til betre internkontroll og økonomistyring. Bufdir har
òg arbeidd med rettleiing til forskrift for internkontroll i barnevernsinstitusjonar
og rettleiing for oppfølging av barn og unge sin skolegang.
God,
forsvarleg og effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for barnevern
og sosiale saker
Fylkesnemndene
for barnevern og sosiale saker har administrativt vore ein del av
departementet sidan dei blei oppretta i 1993, men i 2009 gjekk departementet
inn for å skilje dei ut. Dette arbeidet held fram, og verksemda
vil vere skild ut frå departementet frå 1. januar 2011.
Ny direktør for fylkesnemndene blei tilsett
i slutten av 2009 og starta arbeidet i mars 2010. Direktøren har
budsjett- og resultatansvar for fylkesnemndene og skal mellom anna
arbeide for å senke sakshandsamingstida og sikre betre utnytting
av ressursane i regionane. Hovudoppgåva til direktøren i 2010
er å etablere ei robust eining som kan ta over dei administrative
oppgåvene som tidlegare blei utførte i departementet.
Den fremste resultatindikatoren til fylkesnemndene
er gjennomsnittleg sakshandsamingstid. Landsgjennomsnittet var i
2009 på 56 dagar, og i første kvartal av 2010 var handsamingstida
på 46 dagar i gjennomsnitt. Dette er ein nedgang frå 66 dagar
i 2008 og 77 dagar i 2007.
Strategiar og tiltak
for 2011
Effektive etatar er viktige
for å nå måla for sektoren. Departementet vil føre vidare arbeidet
med å få til ei god mål- og resultatstyring av verksemdene med
risikostyring som ein integrert del og sjå til at verksemdene har
gode system for dette.
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Arbeidet med å skape ei felles fagleg og økonomisk
forståing i etaten er ein føresetnad for å nå måla med etableringa
av etaten. Riktig ressursbruk og effektiv organisering er avgjerande. Departementet
vil leggje vekt på at arbeidet som starta i 2010 gjennom Program
2010, blir ført vidare. Programmet inneberer at mønster for samarbeid,
arbeidsformer og faglege vurderingar i etaten må endrast. For å
utnytte potensialet for gjensidig læring, skal direktoratet leggje
til rette for eit miljø for utveksling av erfaringar mellom regionane.
Direktoratet skal vidare leggje til rette for effektive arbeidsprosessar
og betre utnytting av ressursane i etaten. For å få til varige
endringar er det viktig å involvere og forankre arbeidet i heile
organisasjonen. Etaten utviklar òg eit felles og gjennomgåande
styringssystem basert på felles normer og standardar som vil bidra
til meir heilskapleg styring av etaten.
Departementet
legg vekt på å utvikle tiltaka i det statlege barnevernet
.
Samstundes er eit godt samarbeid mellom
statleg og kommunalt barnevern ein føresetnad for å få til gode
tiltak, sjå omtale under delmål 6.1
Gode
tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern.
Etaten
vil i 2011 halde fram arbeidet med å auke kvaliteten på statlege
tiltak og styrkje samarbeidet mellom statleg og kommunalt barnevern.
Departementet sette i 2010 i gang ei evaluering
av barnevernsreforma, sjå omtale under delmål 6.1
Gode
tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern.
Evalueringa
vil mellom anna sjå på oppgåve- og finansieringsansvaret i statleg
og kommunalt barnevern. Etter at resultata frå evalueringa er klare,
vil departementet vurdere om det er behov for endringar i organiseringa
og oppgåvefordelinga i barnevernet.
Fylkesnemndene
for barnevern og sosiale saker
Fylkesnemndene
for barnevern og sosiale saker er ein viktig del av det statlege
barnevernet. Barn som er råka av omsorgssvikt, er i ein særs vond situasjon,
og det er viktig at sakene deira blir avgjorde så fort som mogleg.
Rask avgjerd i saker er òg viktig for at andre delar av det kommunale og
statlege barnevernet skal kunne nytta ressursane effektivt. Fylkesnemndene
har gjennom fleire år redusert den gjennomsnittlege sakshandsamingstida.
Målet for 2011 er at utviklinga held fram, og at sakshandsamingstida
går enda meir ned.
Sidan fylkesnemndene
blei oppretta i 1993, har dei vore ein del av BLD. Frå 1. januar
2011 skal dei formelt skiljast ut, og den nye verksemda skal overta
dei administrative oppgåvene som tidlegare låg i departementet.
Departementet ventar auka effektivitet som følgje av at det blir
oppretta ein ny sentraladministrasjon, mellom anna takka vere ei
styrkt administrativ leiing som arbeider nærmare nemndene. Ei styrkt
leiing skal gjere fylkesnemndene betre rusta til å møte utfordringane verksemda
står overfor, og til å nytte gevinstar frå beste praksis. Med
den nye organiseringa blir det òg mogleg å nytte fylkesnemndene
sitt system for utveksling av nemndsleiarressursar på ein betre måte,
og dette legg til rette for mindre variasjon i sakshandsamingstid
mellom nemndene.
Departementet føreslår
å auke løyvinga til fylkesnemndene med 10 mill. kroner for å
styrkje sakshandsamingskapasiteten og den administrative styringa
av nemndene.
Delmål 1.3: God og målretta informasjon
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i dei delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
BLD har gjennomført informasjons- og kommunikasjonstiltak
i samband med dei ulike aktivitetane innanfor departementet sine
fagområde. Departementet kartlegg systematisk dei sakene der informasjons-
og kommunikasjonstiltak er nødvendige og viktige verkemiddel. Dette
gjer BLD overordna og langsiktig gjennom kvartalsvise strategisamlingar,
og kvar veke på eit meir detaljert nivå.
Departementet
legg vekt på publikumsvennleg, open og korrekt informasjon som
skal vere forståeleg og i rett tid for dei ulike målgruppene.
Kommunikasjonsverksemda til BLD skjer i stor
grad gjennom eigne initiativ, men òg for å handsame informasjonsbehov
i media. Dette er ein viktig kanal til publikum. Den 1. januar 2010 fekk
departementet eit nytt fagområde gjennom inkluderingsfeltet. Dette
har òg gitt større merksemd frå publikum og media og har ført
til auka aktivitet med informasjon og kommunikasjon.
Departementet har dessutan ein jamn pågang frå
internasjonal presse, som særleg interesserer seg for Noreg som
likestillingsnasjon.
Det er òg ei viktig
prioritering å syte for at heimesida til departementet på
regjeringen
.
no
er
korrekt og aktuell. Gjennom året er sosiale medium nytta i ei viss
grad ved særskilde høve.
Strategiar og tiltak
for 2011
BLD skal drive god og
målretta informasjons- og kommunikasjonsverksemd innan dei ulike
fagområda til departementet. Ein går gjennom planane og aktivitetane
til avdelingane for å avklare og kartleggje behovet og strategien
for informasjons- og kommunikasjonsverksemd. BLDs kommunikasjonsverksemd
skal vere tufta på eigne initiativ vurdert kontinuerleg ut frå
aktivitetane innanfor fagområda.
Media
og departementets nettsider er sentrale kanalar for å nå ut til
dei ulike målgruppene. Dei sosiale media er eigna kanalar ved nokre
konkrete prosjekt og aktivitetar. Informasjonen på nettsidene skal
vere korrekt og aktuell. Handsaming av informasjonsbehov i media
skal utgjere ein vesentleg del av kommunikasjonsaktivitetane.
Nærmare
om budsjettforslaget:
Kap.
800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
|
114 995
|
136 598
|
146 350
|
21
|
Spesielle driftsutgifter
|
5 175
|
6 151
|
14 692
|
|
Sum
kap. 800
|
120 170
|
142 749
|
161 042
|
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje lønn til stillingar og
andre driftsutgiftar i departementet. Det vert føreslått ei auke
i løyvinga på 2,4 mill. kroner til dekning av to nye stillingar
og gjennomføring av interne lønnsforhandlingar. Det blir føreslått
å flytte 2,3 mill. kroner til posten frå Arbeidsdepartementets
kap. 600 Arbeidsdepartementet, post 01 Driftsutgifter. Midlane skal
dekkje auka utgifter i BLD som følgje av endra departementsstruktur
frå 1.1.2010 utover tidlegare flytting av midlar.
Post
21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga
skal dekkje utgifter til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen
på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet, utvalsarbeid og andre tidsavgrensa
oppdrag. Det er føreslått ein auke av posten på 8,1 mill. kroner
for å dekkje utgifter til to utval og oppfølgjing av eit tredje.
Det er i tillegg flytt 0,2 mill. kroner til posten frå kap. 857
Barne og ungdomstiltak, post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid
mv. for å gjere postbruken meir korrekt.
Kap.
3800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Tilfeldige
inntekter
|
824
|
|
|
15
|
Refusjon
av arbeidsmarkedstiltak
|
74
|
|
|
16
|
Refusjon
av foreldrepengar
|
1 206
|
|
|
18
|
Refusjon av sykepengar
|
1 539
|
|
|
|
Sum
kap. 3800
|
3 643
|
|
|
Programkategori
11.05 Integrering og mangfald
Hovudinnhald
og prioriteringar
BLD har
eit overordna ansvar for samordning av politikken og tiltak på
integrerings- og inkluderingsområdet og for å sikre samanheng
mellom integrerings- og inkluderingspolitikken og andre politikkområde.
Den enkelte fagstyresmakt har ansvar for tenestetilbodet
til alle, medrekna innvandrarar og barna deira. I tråd med dette
skal dei enkelte fagstyresmaktene følgje opp og vurdere situasjonen også
for desse på sine ansvarsområde.
Handlingsplan for integrering og inkludering
av innvandrarbefolkninga (2007-2010)
har verka som ein viktig
reiskap for samordning og samhandling mellom dei ansvarlege fagdepartementa. Regjeringas
offensive arbeid på integrerings- og inkluderingsområdet held
fram. Nye satsingar på området i 2011 er:
-
Ei heilskapeleg satsing
på busetjingsområdet for å få til rask busetjing av flyktningar.
Satsinga inneheld midlar til integreringstilskot, utleigebustadar
for flyktningar og nye IKT-løysingar for å utvikle eit effektivt
busetjings- og tilskotsforvaltningssystem.
-
Ei utviding av målgruppa for integreringstilskotet.
-
Ei vidareføring og utviding av forsøksordninga med
gratis kjernetid i barnehage.
-
Ei styrking av entreprenørskap for innvandrarar.
Regjeringa har sett av midlar til etablering av eit nasjonalt senter.
Regjeringa er vidare oppteken av å sikre
god kvalitet i dei store ordningane for nykomne flyktningar; introduksjonsprogram
og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Departementet
tek sikte på å leggje fram forslag til endringar i introduksjonslova
som utvikling av obligatoriske avsluttande prøver og utviding av personkrinsen
for introduksjonsprogrammet. Departementet vurderer òg eit forslag
om at dei innvandrarane som i dag har rett og plikt til norskopplæring
får utvida timeramma.
Samordninga mellom
departementa kjem òg til uttrykk gjennom
Mål
for inkludering av innvandrarbefolkninga
. Måla skal bidra
til å synleggjere utviklinga og vere eit grunnlag for å vurdere resultata
av det arbeidet styremaktene gjer. Det er formulert 17 mål med
tilhøyrande indikatorar på ansvarsområde for åtte departement.
Rapporteringa på måla og dei tilhøyrande indikatorane gir eit
bilete av utviklinga og dermed eit grunnlag for vidare politikkutvikling.
Departementet skal sørgje for at politikken
på integrerings- og inkluderingsområdet blir sett i verk gjennom
ulike aktørar, der kommunane spelar ei vesentleg rolle. Departementet
har òg eit sektoransvar for mellom anna forvalting av introduksjonslova
og statsborgarlova.
Ansvaret for utlendingsfeltet
er delt mellom fleire departement og etatar. Ei heilskapeleg utlendingsforvaltning
med god flyt i heile tiltakskjeda og samarbeid mellom dei ulike
forvaltningsledda er ein føresetnad for rask busetjing av flyktningar
og legg premissar for det vidare integreringsarbeidet.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) skal
setje i verk integrerings- og inkluderingspolitikken på ansvarsområdet
til departementet. IMDi skal gi faglege råd og vere eit kompetansesenter for
kommunane og sektorstyresmaktene.
Vox
– nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk har det pedagogiske
ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap på oppdrag
frå departementet. Vox har ansvar for læreplan, norskprøver,
læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene
(KIM) er eit rådgivande organ for styresmaktene og eit forum som
kan fremme synspunkt frå innvandrarar til det offentlege.
Noreg har endra seg raskt frå å vere eit utvandringsland
til å bli eit innvandringsland. Etter ein periode med open arbeidsinnvandring
fram til 1975 har innvandringa til Noreg frå land utanfor Norden
i hovudsak vore humanitær, det vil seie flyktninginnvandring og
familieinnvandring. Ei endring kom med EØS-utvidinga i 2004, og
i 2006 blei arbeid den viktigaste innvandringsårsaka med den store
auken av arbeidsinnvandrarar frå dei nye medlemslanda i Sentral-
og Aust-Europa. I perioden 1990 til 2008 fekk i alt 377 000 personar med
statsborgarskap frå eit land utanfor Norden opphald. I heile perioden
kom 24 prosent som flyktningar, 40 prosent som familieinnvandrarar, 24
prosent som arbeidsinnvandrarar og 11 prosent på grunnlag av utdanning.
Auken dei seinaste åra gjeld særleg sameining av familie til arbeidsinnvandrarar
frå nye EØS-land, særleg Polen. Blant familieinnvandrarane er
det flest kvinner og barn.
Talet på
personar med innvandrarbakgrunn har auka frå 1,5 prosent i 1970
til 11,4 prosent i 2010. Per i dag bur det om lag 552 000 personar
i Noreg som enten har innvandra sjølve, eller som er fødde i Noreg
av to innvandrarforeldre. Av desse har ca. 459 000 innvandra til
Noreg sjølve, medan om lag 93 000 er fødde i Noreg av innvandrarforeldre.
Dei største gruppene har bakgrunn frå Polen, Sverige, Tyskland
og Irak. Totalt sett er det om lag like mange kvinner som menn.
Kjønnsfordelinga varierer likevel mykje. Det er flest menn med
opphav frå Polen, Storbritannia, Irak og Afghanistan, medan dei
fleste personane med bakgrunn frå Thailand, Filippinane og Russland
er kvinner.
Det bur innvandrarar og norskfødde
med innvandrarbakgrunn i alle kommunane i Noreg. Flest er det i
Oslo med 160 500 personar, noko som svarer til 27 prosent av innbyggjarane.
Innvandringa til Noreg har eit større mangfald enn
i mange andre europeiske land. Det er stor variasjon i kven det
er som innvandrar, årsakene til innvandringa, kor lenge dei har
vore i landet, og korleis livet deira vil sjå ut i eit livsløpsperspektiv.
Dei aller fleste innvandrarane i Noreg og dei norskfødde
barna deira tek aktivt del i arbeidsliv og utdanning, er økonomisk
sjølvstendige, snakkar norsk og deltek og bidreg på ulike arenaer
i samfunnet. På viktige område er det framleis systematiske skilnader
mellom innbyggjarane generelt og innvandrarar. Dette gjeld arbeid,
utdanning, helse og deltaking i val.
OECD-rapporten
Labour market integration of immigrants and
their children in Norway
frå 2009 viser at innvandrarar i
Noreg i høgare grad er i arbeid enn innvandrarar i nabolanda. Den
norske innsatsen for å auke deltakinga på arbeidsmarknaden blir
trekt fram som særleg positiv.
Nye
tal frå SSB stadfester mønsteret frå tidlegare undersøkingar,
som viser at unge som er fødde i Noreg med innvandrarforeldre,
tek del i utdanning og arbeid som annan ungdom.
Eit tydeleg trekk i rapportar om levekår frå SSB
dei seinare åra er at skilnadene mellom innvandrarar og resten
av befolkninga på sentrale område er mindre enn for eit tiår
tilbake. Levekåra og deltakinga på viktige samfunnsarenaer blir også
betre på fleire område med auka butid.
Biletet
blir mykje meir variert når ein samanliknar ulike innvandrargrupper.
Levekår og deltaking varierer med landbakgrunn, innvandringsårsak,
kjønn, alder, utdanningsbakgrunn og ikkje minst med butid i Noreg.
Arbeidsløysa for innvandrarar som gruppe er om
lag tre gonger høgare enn for resten av innbyggjarane, og innvandrarar
er i større grad overkvalifiserte for jobbane dei har. Låg sysselsetjing blant
kvinner i nokre innvandrargrupper og lågare sysselsetjing blant
nykomne flyktningar påverkar dei totale sysselsetjingstala for
innvandrarar.
Tal frå SSBs rapport om
levekår og kjønnsforskjellar frå 2010 viser at det i dei fleste
innvandrargruppene er store levekårsforskjellar mellom menn og
kvinner. Menn har oftare røynsle frå yrkeslivet i opphavslandet.
Kvinner står i høgare grad enn menn utanfor arbeidslivet i Noreg,
har færre norske venner og opplever meir einsemd. Tal frå SSB
viser òg at innvandrarar oppfattar helsa som dårlegare enn folk
elles. Innvandrarkvinner oppfattar helsa si som dårlegare enn innvandrarmenn.
Rapportar om økonomi og levekår blant låginntektsgrupper
viser at innvandrarar og innvandrarfamiliar oftare bur i hushald
med lågare inntekt enn innbyggjarane elles. Ein ny studie har kartlagt
vedvarande økonomisk fattigdom blant ulike innvandrargrupper, etter
kjenneteikn som landbakgrunn, innvandringsårsak og butid i tidsrommet
1993–2007. Også denne studien dokumenterer at innvandrarar er
meir utsette for vedvarande økonomisk fattigdom og økonomisk langtidsfattigdom
enn innbyggjarane elles.
Utvalet for
gjennomgang av opplæringstilbodet for minoritetsspråkelige barn
(Østbergutvalet) peiker på at det går bra for mange av dei elevane
som har eit anna morsmål enn norsk i det norske opplæringssystemet.
Det er mellom anna fleire jenter fødde i Noreg med innvandrarbakgrunn
som begynner å studere, enn jenter med norsk bakgrunn. Samstundes
finst det utfordringar, særleg for ungdom som kjem til Noreg seint
i utdanningsløpet. Det er òg potensial for å auke læringsutbytet
i skolen, hindre fråfall frå vidaregåande skole og auke deltakinga
blant dei yngste barna i barnehagen. Sluttinnstillinga til utvalet, NOU
2010:7
Mangfold og mestring
er sendt
på offentleg høyring med høyringsfrist 1. november 2010.
Valdeltakinga for innvandrarar med norsk statsborgarskap
er lågare enn deltakinga for innbyggjarane sett under eitt. Av
innvandrarane var det 52 prosent som deltok ved stortingsvalet i 2009,
mot 76 prosent av innbyggjarane samla sett. Valdeltakinga for personar
med innvandrarbakgrunn var marginalt lågare enn ved valet i 2005, da
ho var 53 prosent.
Desse variasjonane
og nyansane i biletet er sentrale for å forstå korleis det går
med integreringa i Noreg i dag, og dei må takast med i utforminga
av politikken og verkemidla framover. Det må systematisk samlast
inn kunnskap som kan danne grunnlag for politikkutvikling og forvalting. Ein
opplyst, levande og open debatt fremmar inkludering og bidreg òg
til ein treffsikker politikk på området.
Mål
For 2011 blir desse måla prioriterte:
Hovudmål
|
Delmål
|
2.
Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira
til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv
|
2.1
Rask busetjing til kommunane
|
|
2.2
God opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
|
|
2.3
Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram
|
|
2.4
Kjennskap til og oppslutning om lover og grunnleggjande rettar og
plikter
|
|
2.5
Høgare sysselsetjing blant innvandrarar
|
|
2.6
Høg deltaking i samfunnslivet blant innvandrarar og barna
deira
|
|
2.7
God kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken blant
innbyggjarane
|
|
2.8
Offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet blant innbyggjarane
|
Resultatrapport og strategiar
Delmål
2.1: Rask busetjing til kommunane
Resultatrapport
2009/2010
I 2010 er det behov
for å busetje om lag 6 500 flyktningar i norske kommunar. Talet
inkluderer personar som blir busette frå mottak og omsorgssenter
og overføringsflyktningar som blir busette når dei kjem til landet.
I tillegg reknar ein med at det vil kome om lag 1 800 familiesameinte
desse gruppenetil i kommunane. I 2010 er det behov for å busetje
770 einslege mindreårige frå mottak og omsorgssenter.
Den 31. juli 2010 hadde kommunane busett 2 588
personar. Den gjennomsnittlege ventetida frå vedtak om opphald
til busetjing for dei som blei busette i dei sju første månadene,
var 5,9 månader. Overføringsflyktningar blir busette innan 6 månader
etter at dei har fått innreiseløyve. Den 31. juli 2010 venta 2
088 personar i mottak på å bli busette. Dette var om lag like
mange som på same tid i 2009.
Den 31.
juli 2010 hadde kommunane busett 203 einslege mindreårige under
18 år frå mottak og omsorgssenter. Av desse blei 17 prosent busette
innan tre månader etter at dei fekk vedtak om opphald. Einslege
mindreårige som er busette frå mottak og omsorgssenter, hadde
i gjennomsnitt venta på å bli busette i ein kommune i 6,1 månader
etter vedtak om opphald. Dette er ein auke på 0,6 frå 31. juli
2009, da den gjennomsnittlege ventetida var 5,5 månader.
Tabellen viser gjennomsnittleg ventetid på busetjing
frå mottak i månader.
|
Per 31.12.2008
|
Per 31.12.2009
|
Per 31.07.2010
|
Frå
vedtak til busettingbusetjing
|
5,9
|
5,3
|
5,9
|
Frå
saksoppretting til busettingbusetjing
|
25,3
|
14,3
|
16,0
|
Tabellen viser talet på busette
flyktningar i kommunane og familiesameinte med desse.
Busetjingsår
|
2006
|
2007
|
2008
|
2009
|
Per 31.07.2010
|
Flyktningar
|
2 686
|
2 668
|
3 597
|
4 622
|
2 084
3
|
Overføringsflyktningar
1
|
994
|
1 109
|
743
|
1 387
|
484
|
Familiesameinte
2
|
1 212
|
954
|
1 260
|
1 425
|
490
|
Sum
|
4 892
|
4 731
|
5 600
|
7 434
|
3 058
|
Einslege
mindreårige av desse
|
145
|
148
|
207
|
606
|
208
|
1
Personar som har
kome til landet. Fem personar er einslege mindreårige.
2
Personar som kommunane får integreringstilskot
for. Søknad må vere innlevert i integreringstilskotsperioden til
den ein søkjer om familiesameining med.
3
Talet på busette på 2 588 omfattar
2 084 flyktningar og 484 overføringsflyktningar, i tillegg til
20 sameinte personar som har vore i mottak før busetjing.
Tala i tabellen er baserte på årsrapporten
til IMDi. Etterregistreringar er ikkje tekne med.
Strategiar
og tiltak for 2011
Den sterke
auken i behovet for å busetje flyktningar har ført til at eksisterande
busetjingskommunar må ta imot fleire flyktningar. Det har i tillegg vore
nødvendig å be fleire kommunar om å busetje flyktningar. Sjølv
om det no kjem færre asylsøkjarar til landet, vil behovet for
busetjing vere stort også neste år. I 2011 er det behov for at kommunane
buset 5 100 flyktningar (frå mottak og omsorgssenter og overføringsflyktningar).
I tillegg må kommunane ta imot 1 800 familiesameinte.
Busetjing av einslege, mindreårige vil vere ei særleg utfordring.
I 2008 blei det busett 207, og i 2009 blei det busett 606. I 2011
er det behov for å busetje om lag 730 einslege mindreårige frå
mottak og omsorgssenter.
Det er særleg
viktig at dei mange einslege mindreårige under 18 år som ventar
i mottak, kan bli busette i ein kommune så raskt som mogleg. I tillegg
er det viktig at kommunane får støtte og hjelp til å utvikle
kvaliteten på introduksjonsprogrammet og norskopplæringa. Det
skal sikre at dei som tek del i introduksjonsprogrammet, kjem raskt
over i arbeid eller vidare utdanning og kvalifisering. Kommunane
treng òg nødvendig informasjon og støtte til å etablere og utvikle
passande bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige. IMDi og
Bufdir vil samarbeide vidare for å hjelpe kommunane med dette.
Arbeidet med busetjing av flyktningar blir regulert
gjennom ei samarbeidsavtale mellom staten ved BLD, Justis- og politidepartementet
og kommunane ved KS. Avtala skal sikre rask, god og stabil busetjing
i tråd med busetjingsbehovet.
Nasjonalt
utval for mottak og busetjing av flyktningar slår fast det samla
behovet for kommuneplassar til busetjing i det kommande året og
fordeler kommuneplassane på det enkelte fylket. Utvalet drøftar
òg tiltak som skal sikre best mogleg måloppnåing i mottaks- og
busetjingsarbeidet. Utvalet har fem representantar for staten og
fem for kommunesektoren. IMDi er sekretariat for utvalet.
Gjennom Husbanken får kommunane tilbod om økonomiske
verkemiddel som kan nyttast til bustader for flyktningar. Kommunane
kan få lån og tilskot til etablering av kommunale utleigebustader,
og alle som tek del i introduksjonsprogrammet kan søkje bustøtte.
Husbanken er representert i Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar
og samarbeider med IMDi, Utlendingsdirektoratet (UDI), fylkesmennene
og KS om informasjon og tiltak for å styrkje kompetansen i kommunane
på dei verkemidla Husbanken har.
Integreringstilskotet
skal dekkje dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing
og integrering av flyktningar det året dei blir busett og dei fire
neste åra. Saman med tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap
er det det viktigaste verkemiddelet for å få busett alle som får
opphald.
Regjeringa har sett i verk
fleire tiltak for å auke busetjinga av flyktingar i dei siste åra.
Viktigast har det vore å styrkje IMDi og å auke integreringstilskotet
og tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Som eit
ledd i å få fleire kommunar til å busetje einslege mindreårige,
blei det i revidert nasjonalbudsjett for 2010 løyvt midlar til
å auke integreringstilskotet til kommunane med 20 000 kroner per
einslege mindreårig som blir busett der i 2010.
Regjeringa vil leggje til rette for rask busetjing til
kommunane. I 2011 foreslår regjeringa derfor følgjande heilskapeleg
satsing på busetjingsområdet:
-
Endring av integreringstilskotet for å stimulere til
raskare busetjing av einslege vaksne og einslege mindreårige flyktningar.
-
Barn som blir født inntil 6 månader etter
at mor er busett i ein kommune vil være omfatta av målgruppa for
integreringstilskot.
-
Styrking av Husbankens bustadtilskot
for ytterlegare å auke tilgangen på utleigebustadar til flyktningar,
jf. Prop. 1 S (2010-2011) for Kommunal- og regionaldepartementet.
-
Forprosjekt for nye IKT-løysingar for eit
effektivt busetjings- og tilskotsforvaltningssystem.
Delmål
2.2: God opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Resultatrapport
2009/2010
Norskkunnskapar og deltaking
i arbeidslivet er ein nøkkel til inkludering. Målet for opplæringa
i norsk og samfunnskunnskap er at vaksne innvandrarar så snart
som mogleg skal lære norsk slik at dei kan ta del i yrkes- og samfunnslivet.
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar blir
regulert av introduksjonslova (lov av 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning
og norskopplæring for nyankomne innvandrarar). Opphaldsgrunnlaget
og alderen til innvandraren avgjer kva for rettar og plikter ho
eller han har til norskopplæring. Tabellen under viser kva for rettar
og plikter dei ulike gruppene har.
Personkrins
1
|
Rett
|
Plikt
|
Gratis
|
Omfang
|
1)
Personar som har fått asyl, personar med opphald på humanitært
grunnlag
og familiesameinte med desse gruppene og dei med kollektivt vern,
16–55 år.
|
x
|
x
|
x
|
300
timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov
opp til 2700 norsktimar i tillegg.
|
2)
Familiesameinte med norske og
nordiske borgarar busett i Noreg,
16–55 år.
|
x
|
x
|
x
|
300
timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov
opp til 2700 norsktimar i tillegg.
|
3)
Personar frå gruppe 1) eller 2) i
alderen 55–67 år.
|
x
|
|
x
|
300
timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov
opp til 2700 norsktimar i tillegg.
|
4)
Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS- /EFTA-regelverket, 16–55 år.
|
|
x
|
|
300
timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap).
|
1
Gjeld personar som
har fått løyve etter 1. september 2005 som gir grunnlag for permanent
opphaldsløyve etter utlendingslova.
Det er eit mål at personar med rett og/eller
plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap startar raskt i
opplæringa. Av dei som fekk opphald i første halvår av 2009,
hadde 80 prosent starta opplæringa halvåret etter, og 85 prosent
det neste halvåret.
Rett til 300 timar
gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap gjeld dei tre første
åra i Noreg. Totalt var det 8 130 personar som hadde rett og plikt
eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i 2006. Av
dei hadde 62 prosent gjennomført 300 timar opplæring ved utgangen
av 2010. 56,6 prosent hadde gjennomført 300 timar opplæring innan
tre år. Kvinner gjennomførte opplæringa i noko høgare grad enn
menn. Tala er baserte på registreringar i Nasjonalt introduksjonsregister
(NIR).
Det er viktig at kommunane gir
informasjon om opplæringa til dei som har rett og/eller plikt til opplæring
i norsk og samfunnkunnskap. IMDi har kartlagt korleis kommunane
informerer. Av dei 295 kommunane som svarte, var det 94 prosent som
informerte. IMDi har òg utforma ei annonseringsløysing på 16
språk som kommunane kan laste ned gratis frå internettet.
Deltakarar i norskopplæringa kan gå opp til
ei avsluttande prøve i norsk. Det finst to nasjonale avsluttande
prøver som måler kunnskapar i norsk på forskjellige nivå, Norskprøve
2 og 3. Norskprøve 3 prøver kunnskapar på eit høgare nivå enn Norskprøve
2. Tabellen under viser dei samla prøveresultata dei siste tre
åra.
Norskprøve 2 og 3
|
Munnleg del
|
Skriftleg del
|
|
Talet på møtte
|
Talet på beståtte
|
Beståtte i prosent
|
Mål i
prosent
|
Talet på møtte
|
Talet på beståtte
|
Beståtte i prosent
|
Mål i
prosent
|
2009
|
11461
|
10108
|
88,2
|
95
|
11791
|
7029
|
59,6
|
60
|
2008
|
9039
|
8032
|
88,8
|
|
9179
|
4780
|
52,0
|
|
2007
|
6907
|
6370
|
92,2
|
|
7194
|
3555
|
49,4
|
|
Tabellen viser at stadig fleire
har gått opp til norskprøvene dei siste åra. Fleire står på
dei skriftlege prøvene, og i 2009 var det ein auke på 7,6 prosentpoeng
frå året før. Det var omtrent like stor del som sto på den munnlege
prøva i 2009 som året før.
Deltakarar
med lita eller inga utdanning går i mindre grad opp til avsluttande
prøve enn andre. Årsaka kan vere at dei ikkje når det dugleiksnivået som
prøvene måler. Kvinner har noko betre resultat på prøvene, særleg
på dei skriftlege prøvene. I 2009 besto 62,5 prosent av kvinnene
og 54,6 prosent av mennene skriftlig, og til munnleg besto 88,4
prosent av kvinnene og 87,8 prosent av mennene.
Vox har fått delegert ansvaret for læreplan, norskprøver,
læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. For
å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap gjennomførte
IMDi og Vox i 2009 etterutdanningskurs for lærarar, fagdagar og
leiarsamlingar med til saman rundt 3 400 deltakarar. Vox har gjort
avtale med Universitetet i Bergen om å tilby vidareutdanning (fjernundervisning)
i norsk som andrespråk retta mot lærarar som underviser vaksne
innvandrarar i norsk, frå hausten 2010. Det er grunn til å tru
at slik etter- og vidareutdanning medverkar til at resultata blir
betre.
Kommunane skal tilby opplæring
i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår. Dette kravet
har vist seg å vere vanskeleg å oppfylle for mange kommunar. For
å støtte kommunane i implementeringa har Vox utvikla ein database over
tospråklege lærarar som kan undervise i samfunnskunnskap. Databasen
inneheld òg ei oversikt over kurs i samfunnskunnskap som kommunane
kan kjøpe frå andre kommunar. Det er gitt støtte til videokonferansar
med deltakarar frå ulike opplæringsstader.
Vox
har på oppdrag frå departementet etablert ei godkjenningsordning
for private tilbydarar av opplæring for å sikre forsvarleg kvalitet
på opplæringa. Godkjenningsordninga vil også vere ei støtte
for innvandrarar som sjølve skal betale for opplæringa, og som
kan velje mellom tilbydarar.
Asylsøkjarar
over 16 år som bur på mottak, kan få inntil 250 timar norskopplæring.
Av dei som kom i 2008, har 66 prosent delteke i norskopplæring,
og av dei som kom i 2009, har 74 prosent delteke. Om lag 90 prosent
gjennomfører mindre enn 250 timar.
Gode
økonomiske rammevilkår for kommunane er viktig for å sikre eit
godt opplæringstilbod. Inntil 2010 blei tilskotet fordelt over
fem år. Bakgrunnen for det er at kommunane har plikt til å tilby
opplæring i inntil fem år frå den enkelte har fått opphalds-
eller arbeidsløyve første gong. Tilbakemeldinga frå kommunane
viser at dei fleste gjennomfører opplæringa dei første to–tre
åra i Noreg, og det er da kommunane har utgiftene. I samsvar med
dette blei det i 2010 innført utbetaling over tre år. Tilskotsordninga
er omtalt under kap. 822, post 60.
Personar
over 16 år som har fått løyve som dannar grunnlag for permanent
opphaldsløyve etter utlendingslova før 1. september 2005, har gjennom
overgangsordninga fått høve til gratis norskopplæring dersom
dei ikkje har teke ut dei timane dei treng for å lære norsk. Overgangsordninga
tok slutt 1. september 2010.
Strategiar og tiltak
Gode norskkunnskapar og ein grunnleggjande kjennskap
til det norske samfunnet er ein føresetnad for å kunne skaffe
seg arbeid og utdanning. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
er derfor eit sentralt integreringstiltak, og introduksjonslova
gir innvandrarar rett og/eller plikt til slik opplæring. Det har
dei siste åra vore stor merksemd kring resultata i norskopplæringa,
og departementet har sett søkjelyset på god kvalitet, høg deltaking,
god gjennomføring og betre resultat på avsluttande prøver, mellom
anna gjennom etter- og vidareutdanning av lærarar, rektorsamlingar
og utvikling av læremiddel.
For å leggje
enda betre til rette for at innvandrarar skal lære norsk, føreslo
departementet i eit høyringsbrev i juni 2009 mellom anna å utvide
retten og plikta til opplæring frå 300 til 600 timar. I det same
høyringsbrevet er det føreslått at alle som er omfatta av rett
og plikt til opplæring, skal avslutte opplæringa med ei prøve.
I dag er dette frivillig. Det er viktig for samfunnet og den enkelte
at kunnskapar i norsk blir dokumenterte. Departementet tek sikte
på å leggje fram forslag til endringar i introduksjonslova som
utvikling av obligatoriske avsluttande prøver og utviding av personkrinsen
for introduksjonsprogrammet. Departementet vurderer òg eit forslag
om at dei innvandrarane som i dag har rett og plikt til norskopplæring
får utvida timeramma.
Asylsøkjarar
i ordinære mottak får tilbod om inntil 250 timar norskopplæring.
Tilbodet gjeld ikkje asylsøkjarar over 18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren.
Dei som får opphaldsløyve, vil raskare kunne delta i yrkes- og
samfunnslivet når dei allereie kan noko norsk. Asylsøkjarar som
kan noko norsk, vil også lettare kunne kommunisere med andre i
lokalmiljøet, og opplæringa kan bidra til å betre dei psykososiale
tilhøva i asylmottaka. Ein vil vurdere fortløpande korleis ein
gjennom tilrettelegging og informasjon kan medverke til at fleire
asylsøkjarar tek norskopplæring.
Delmål
2.3: Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram
Resultatrapport
2009/2010
Introduksjonsordninga
skal gi deltakarane eit individuelt kvalifiseringstilbod som skal
bidra til rask overgang til arbeid eller vidare utdanning. Introduksjonslova
gir nykomne innvandrarar mellom 18 og 55 år både rett og plikt
til å delta i introduksjonsprogram om dei har behov for grunnleggjande
kvalifisering. Personkrinsen for rett og plikt til introduksjonsprogram
består av personar som har fått asyl, kollektivt vern i massefluktsituasjon,
er overføringsflyktningar eller har fått opphaldsløyve på humanitært
grunnlag etter søknad om asyl. I tillegg kjem familiemedlemmer
til personar i desse gruppene.
På oppdrag
frå departementet utarbeider SSB kvart år ein monitor for deltakarar
i introduksjonsprogrammet. Tala viser at 63 prosent av dei som gjekk
ut av introduksjonsordninga i 2007, var sysselsette eller under
utdanning i november 2008. Delen for menn var 75 prosent, medan
delen for kvinner var 51 prosent. 13 prosent var registrerte arbeidsledige
eller på tiltak.
Kjønn og landbakgrunn
har mykje å seie for resultata i introduksjonsprogrammet. Til dømes viser
tala frå SSB at av menn frå Afghanistan går 81 prosent over til
ordinært arbeid eller utdanning etter introduksjonsprogrammet.
Tilsvarande resultat for kvinner frå Somalia er 34 prosent.
Resultata varierer også mellom ulike kommunar.
Innvandrarane si tilknyting til arbeidsmarknaden
blir sterkare med auka butid. Det gjeld også tidlegare deltakarar
i introduksjonsprogrammet, særleg kvinner. Av kvinnene som var
ferdige med programmet i 2005, var 43 prosent i arbeid og/eller
utdanning i november 2006, og talet auka til 57 prosent i november
2008. Mennene har ikkje hatt ei tilsvarande positiv utvikling, men
dei hadde høgare deltaking like etter at dei var ferdige med programmet.
Resultata i introduksjonsordninga er gode, sett på
bakgrunn av at sysselsetjinga i Noreg var på ca. 72 prosent på
tidspunktet for rapporteringa og sysselsetjinga blant innvandrarar
i Noreg var på ca. 64 prosent. Undersøkingar frå IMDi indikerer likevel
at resultata er i negativ utvikling. Det er derfor viktig å følgje
utviklinga tett framover, og IMDi vil få analysert årsaker til
at resultata ser ut til å bli dårlegare.
For
å redusere fråværet til mor, for å gi far høve til å ta ein
større del av samværet med barnet i det første leveåret, og
for å ha ei ordning som samsvarer mest mogleg med det andre fedrar
har, har departementet innført fedrekvote i omsorgspermisjonen
for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Kvota er innført for
fedrar med barn som er fødde eller adopterte etter 1. september 2010.
I 2009 deltok 10 000 personar i introduksjonsprogrammet,
ein auke på 15 prosent frå året før. SSB skal publisere nye
tal for overgang til arbeid og utdanning i november 2010.
Strategiar
og tiltak
Det er viktig å vidareføre
dei gode resultata i introduksjonsordninga. Introduksjonsprogram
er eit av dei sentrale integreringstiltaka for nykomne innvandrarar,
og kvaliteten skal vere best mogleg. Tal frå SSB viser at kvinner
i mindre grad enn menn kjem ut i arbeid eller utdanning etter at
dei har avslutta introduksjonsprogrammet. Det blir sett i gang eit
prosjekt som undersøkjer kvifor enkelte grupper av kvinner i liten
grad kjem i arbeid eller utdanning etter at dei er ferdige med programmet. Undersøkinga
skal gi meir kunnskap om kvalifiseringa til kvinner frå utvalde
land, om lokale føresetnader for god måloppnåing i eit utval
kommunar, og om erfaringar i kommunane om kva som fremmar og hemmar
progresjonen til kvinnene i programmet og overgangen deira til arbeid
eller utdanning. Det er også sett i gang eit prosjekt som skal analysere
resultata i 2009. I samarbeid med NAV skal eit anna prosjekt kartleggje
og førebu ein analyse av kommunar som har organisert forvaltinga av
introduksjonsordninga i NAV.
I samband
med høyringa i 2009 om endringar i introduksjonslova, gjorde ein
òg framlegg om mellom anna å utvide personkrinsen for kven som har
rett og plikt til å ta del i introduksjonsordninga. Departementet
tek sikte på å leggje fram ein proposisjon med framlegg om endringar
i introduksjonslova.
Delmål 2.4: Kjennskap
til og oppslutning om lover og grunnleggjande rettar og plikter
Resultatrapport
2009/2010
Ordninga med frivillig
statsborgarseremoni blei innført i samband med at ny lov om statsborgarskap
tok til å gjelde frå september 2006. Seremonideltakarar får boka
Velkomen som ny statsborgar
. Under seremonien
gir deltakarar over 18 år eit truskapsløfte. Ansvaret for å arrangere
seremoniane er lagt til fylkesmannsembeta. IMDi har ansvar for å
gi råd til fylkesmennene.
Målet for
2009 var at fleire skulle delta i seremonien. Etter tre år med
statsborgarseremoniar med frivillig deltaking har det vore ein viss
årleg auke i kor mange som deltek, frå 20 prosent i 2007 til 22
prosent i 2009.
Det er til saman gjennomført
25 seremoniar i alle fylka i 2009. Samla har ca. 5 000 nye statsborgarar
teke del i statsborgarseremoniane sidan ordninga starta.
Om lag halvdelen av dei 10 846 nye norske statsborgarane
i 2009 kom opphavleg på grunn av familieinnvandring, medan ein
tredel kom som asylsøkjarar. Personar frå Somalia, Irak og Afghanistan
var dei største gruppene i 2009.
Dokumentasjon
av identitet er framleis ei utfordring i statsborgarsakene. Dette
gjeld mange flyktningar og personar frå land utan ein sentral administrasjon.
Dei kan like fullt bli norske statsborgarar dersom det ikkje er
grunn til å tvile på opplysningane som er gitt. Der søkjaren
gir motstridande opplysningar om eigen identitet, kan ein ikkje
gi norsk statsborgarskap.
Det er eit
mål at valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn skal
vere den same som for gjennomsnittet i befolkninga. IMDi har, med finansiering
frå Kommunal- og regionaldepartementet, i samarbeid med KIM, frivillige
organisasjonar og politiske parti, gjennomført ei rekkje informasjons-
og mobiliseringstiltak for å auke valdeltakinga.
Ved stortingsvalet i 2009 låg valdeltakinga
for innbyggjarane sett under eitt på 76 prosent, medan ho låg
på 52 prosent for personar med innvandrarbakgrunn. Deltakinga blant
innvandrarar har gått marginalt ned samanlikna med vala i 2001 og
2005 (53 prosent).
Valdeltakinga blant
innvandrarar har stor samanheng med kor lenge dei har budd i landet. Dei
med lengst butid har høgast valdeltaking. Både blant innvandrarar
og innbyggjarane elles aukar valdeltakinga med alder. Noko av forskjellen
i valdeltaking mellom innvandrarar og gjennomsnittet for befolkninga
kan derfor forklarast med ulik alderssamansetjing.
Sidan 2007 har Universitetet i Oslo på oppdrag frå
departementet halde kurset
Å vere religiøs leiar
i Noreg
. Det er gjennomført éi kursrekkje, og den andre
blir avslutta hausten 2010. Det har vore om lag 20 deltakarar på
kvart kurs, og dei har kome frå forskjellige trussamfunn. Alle
har hatt utanlandsk bakgrunn, og dei fleste har vore muslimar og
kristne.
Handlingsplanen
mot kjønnslemlesting
(2008–2011)
og
Handlingsplan mot tvangsekteskap
(2008–2011)
har som mål å motverke
kjønnslemslesting og tvangsekteskap. Handlingsplanane omfattar
seks departement, og BLD koordinerer arbeidet. Det er i stor grad
underliggjande etatar som er ansvarlege for gjennomføringa av tiltaka. Halvårsrapportane
viser at tiltaka i planen i stor grad blir gjennomførte som planlagt.
Handlingsplanen
mot kjønnslemlesting (2008–2011)
Nasjonalt
kompetansesenter om vald og traumatisk (NKVTS) stress fyller ein
nasjonal kompetansefunksjon i arbeidet mot kjønnslemlesting. NKVTS har
utvikla eit program for forsking om kjønnslemlesting i Noreg.
I sommarhalvåret aukar reiseaktiviteten til område
som praktiserer kjønnslemlesting, og derfor er det viktig å styrkje
informasjonsarbeidet før sommarferien. Kommunane Bergen, Trondheim og
Tromsø og Bjerke bydel i Oslo fekk tildelt midlar til dette i 2009.
Selvhjelp for innvandrere og flyktninger
(SEIF)
drifta informasjonstelefon i 2007 og Raudekrossen i 2008. I 2009
fekk Raudekrossen i oppdrag å drive informasjonstelefonen på heilårsbasis
ut 2011. Tenesta er ein del av Raudekrossen si telefonteneste for
tvangsekteskap, som no heiter
Raudekross-telefonen
om tvangsekteskap og kjønnslemlesting
.
Det er etablert ei eiga tilskotsordning til
frivillige organisasjonar sitt førebyggjande arbeid mot kjønnslemlesting
i planperioden 2008–2011. Det blei tildelt midlar til 16 prosjekt
i 2009.
Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011)
IMDi har tilsett 30 minoritetsrådgivarar som
skal hjelpe ungdom som blir utsette for press og tvang i samband
med ekteskapsinngåing. Dei skal òg bidra til å heve kompetansen
om tvangsekteskap og relaterte tema på vidaregåande skolar, jf.
tiltak 4 i handlingsplanen. IMDi har òg tilsett seks integreringsrådgivarar
for å bidra til å styrkje handsaminga av familiesaker og auke
kompetansen om tvangsekteskap ved aktuelle utanriksstasjonar, jf. tiltak
31 i handlingsplanen. I 2009 arbeidde minoritets- og integreringsrådgivarane
med til saman 438 sakar som omhandla problematikk knytt til tvangsekteskap,
vald og ekstrem kontroll.
Kompetanseteam
mot tvangsekteskap gir førstelinjetenesta råd og rettleiing i
konkrete saker. Kompetanseteamet arbeidde med 276 saker i 2009.
Talet på saker til minoritets- og integreringsrådgivarane og Kompetanseteam
mot tvangsekteskap tyder på at tiltaka i handlingsplanen møter
eit behov. Kompetanseteamet har ansvar for å tildele plassar i
det nasjonale butilbodet for unge over 18 år som er utsette for
tvangsekteskap eller truslar om tvangsgifte, jf. tiltak 27 i handlingsplanen. Kompetanseteamet
tek òg hand om ordninga med refusjon av utanriksstasjonane sine
utgifter til heimsending der ungdom er blitt utsette for freistnader
på tvangsgifte eller kjønnslemlesting i opphavslandet.
Bufdir har fått i oppdrag å utvikle butilbod
til ungdom som er utsette for tvangsekteskap, deriblant par og unge
gutar. Kommunane og frivillige organisasjonar har sentrale oppgåver
her. Dei krisebustadene som dei frivillige organisasjonane tidlegare
har disponert, vil i 2010 bli innlemma i det offentlege tilbodet.
IMDi gav i 2009 støtte til 22 frivillige organisasjonar
som driv førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap. Midlar blei fordelte
på 23 prosjekt, av dette var eitt i Nord-Irak og to i Pakistan.
14 prosjekt blei førte vidare frå 2008. Så langt i 2010 har 23
organisasjonar fått støtte til 24 prosjekt.
Det
går føre seg arbeid med kunnskapsutvikling, metodeutvikling og
kompetanseheving.
Brobyggerprosjektet
ved
Aker familievernkontor har kunnskap om og erfaring med arbeidet
mot tvangsekteskap. Kunnskapen i dette prosjektet og i andre kommunar
vil danne grunnlag for kompetansehevinga framover.
Kompetanseheving for resten av tenesteapparatet
skjer mellom anna gjennom dei regionale nettverkssamlingane om tvangsekteskap
og kjønnslemlesting i regi av Bufetat.
Bufdir
har, i samarbeid med Institutt for samfunnsforsking (ISF), gjennomført
eit prosjekt om å utvikle metodar for å arbeide med familien til unge
som har brote med eller blir utstøytte frå familien. Målet har
vore å samle og systematisere erfaringar for å kunne identifisere
utfordringar, dilemma og moglege framgangsmåtar i denne typen arbeid.
Drammen kommune sitt tverrfaglege og tverretatlege
pilotprosjekt om arbeidet mot æresrelatert vald, medrekna tvangsekteskap,
blei avslutta i september 2010. Stavanger kommune har fått støtte
til å starte arbeidet med å etablere eit nettverk mot tvangsekteskap
i kommunen. IMDi har fått i oppdrag å utvikle ein modell for formidling
av erfaringar frå prosjektet i Drammen. De har òg fått ansvar
for den faglige oppfølginga av prosjektet i Stavanger.
Vox har utarbeidd ei lærarrettleiing og elevbok
om temaa tvangsekteskap, kjønnslemlesting og vald i nære relasjonar.
Ho kan nyttast i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for nykomne innvandrarar.
ISF evaluerer følgjene av handlingsplanen mot tvangsekteskap.
Den første delrapporten kom i juni 2009 og den andre i juni 2010.
Rapporten viser at fleire av tiltaka i planen har ein effekt. Rapporten
kan lastast ned frå
tvangsekteskap.no.
Strategiar
og tiltak
Gjennom statsborgarseremonien
skal ein sikre ei høgtidleg og verdig markering av overgangen til norsk
statsborgarskap. Seremonien skal markere at nye statsborgarar sluttar
seg til dei grunnleggjande verdiane som statsborgarskapet kviler
på, med like rettar og plikter. Seremonien vil også gi lokalsamfunnet
og storsamfunnet høve til å ønskje nye statsborgarar velkomne.
Det er eit mål at deltakinga i statsborgarseremonien skal auke.
IMDi har ein rettleiarfunksjon, medan midlar til
å arrangere seremoniane går inn i fylkesmannsembeta sine årlege
tildelingar frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Det er ønskeleg at personar som er fast busette
i landet kjenner ei tilknyting til Noreg og kjenner seg inkluderte
i samfunnet. Sambandet mellom integrering og statsborgarskap er
noko ein framleis vil leggje stor vekt på. I løpet av hausten
2010 vil det liggje føre ei utgreiing om sambandet mellom reglane
om statsborgarskap og ulike sider ved integreringa. Rapporten vil
vere ein del av grunnlaget for det vidare arbeidet. Samstundes er
det viktig at identiteten til dei som blir norske statsborgarar
er klarlagt i størst mogleg grad.
Erfaringane
frå dei gjennomførte tiltaka for å auke valdeltakinga blant innvandrarar
vil liggje til grunn for arbeidet med å betre valdeltakinga ved kommune-
og fylkestingsvalet i 2011.
Det er viktig
at leiarar med innvandrarbakgrunn i trussamfunn har kunnskap om
det norske samfunnet og innsikt i dei grunnleggjande verdiane det
norske samfunnet byggjer på, og at dei har tenkt over kva det vil
seie å vere leiar i eit trussamfunn i Noreg. Kurset
Å vere religiøs leiar i Noreg
vil derfor
bli vidareført.
Gjennom handlingsplanane
mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap har ein styrkt forankringa av
dette arbeidet i offentlege etatar og organ som skal førebyggje
og sikre den enkelte vern mot tvangsgifte og kjønnslemlesting.
I planperioden (2008–2011) vil ein arbeide med å utvikle gode system
og god kompetanse i tenesteapparatet for å sørgje for at dei som
står i fare for å bli utsette for slike overgrep, får informasjon
og oppfølging. På bakgrunn av evalueringane av effektar vil ein vurdere
å vidareføre tiltaka.
Delmål 2.5: Høgare
sysselsetjing blant innvandrarar
Resultatrapport
2009/2010
Delen innvandrarar som
var sysselsette, gjekk ned frå 64,2 prosent i 4. kvartal av 2008
til 61,7 prosent i 4. kvartal av 2009. I heile befolkninga gjekk han
ned frå 71,6 til 69,7 prosent i det same tidsrommet. Trass i ein
redusert prosentdel sysselsette hadde innvandrargruppa likevel ein
vekst i talet på sysselsette på 10 100 personar. I befolkninga
totalt ser vi derimot ein nedgang på 28 000. Når sysselsetjingsprosenten
likevel har gått ned også blant innvandrarar, er det på grunn av
ein relativt stor vekst i befolkningsgrunnlaget som følgje av auka
innvandring.
Høgast var sysselsetjinga
blant dei nordiske innvandrarane med 74,6 prosent. Dernest kom dei frå
Vest-Europa elles med 71,7 prosent og dei frå EU-landa i Aust-Europa
med 70,6 prosent. For innvandrargruppene elles var sysselsetjingsprosentane
slik: Nord-Amerika og Oseania 64,7 prosent, Sør- og Mellom-Amerika
62,8 prosent, Aust-Europa utanom EU 61 prosent, Asia 53,9 prosent og
Afrika 45,3 prosent. Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar
gjekk opp frå 6,5 prosent i februar 2009 til 7,9 prosent i februar
2010. I resten av folket gjekk den registrerte arbeidsløysa opp frå
2,1 til 2,5 prosent. Innvandrarar frå Afrika og EU-land i Aust-Europa
hadde den høgste arbeidsløysa med respektive 13,7 og 10,9 prosent. Arbeidsløysa
blant innvandrarar frå Asia, Sør- og Mellom-Amerika og Aust-Europa
utanom EU ligg rundt gjennomsnittet for innvandrarar; på 7,9 prosent.
Arbeidsløysa blant innvandrarar frå Vest-Europa ligg på 4,3 prosent.
Blant innvandrarar frå Norden er arbeidsløysa 3,5 prosent.
I alt var 21 822 personar registrerte som deltakarar
på arbeidsmarknadstiltak i 1. kvartal av 2010, og 38 prosent av
dei var innvandrarar. Av innvandrarane som deltok på arbeidsmarknadstiltak
hadde 65 prosent bakgrunn frå Asia eller Afrika.
Det er eit mål at delen av personar med innvandrarbakgrunn
som er tilsette i staten, skal auke. Innan statsforvaltinga er det
innført ei ordning med at minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn
skal kallast inn til intervju dersom han eller ho er kvalifisert
for stillinga. Ei kartlegging som Fornyings-, administrasjons- og
kyrkjedepartementet gjorde i 2008, syner at 33 prosent av dei med
innvandrarbakgrunn som blei kalla inn til intervju, blei tilsett
i stillinga.
I 2008 starta eit toårig
forsøk med moderat kvotering av personar med innvandrarbakgrunn
i stillingar i 12 statlege verksemder. Sluttevalueringa syner at
høvet til å kvotere i lita grad er nytta, og er dårleg implementert
i nokre av verksemdene. Det kan sjå ut som om to år er for lite
til å implementere og sjå effekten av tiltaket. Samstundes viser
evalueringa at tiltaket har skapt auka merksemd og medvit kring
rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Fornyings-, administrasjons-
og kyrkjedepartementet vurderer korleis forsøket skal følgjast
opp.
Sidan 2006 har arbeids- og inkluderingsministeren,
no barne-, likestillings- og inkluderingsministeren, halde årlege
møte med leiarane i dei statleg heileigde verksemdene for å diskutere
korleis talet på tilsette med innvandrarbakgrunn kan aukast. Verksemdene
er mellom anna blitt oppfordra til å auke talet på leiarar med
innvandrarbakgrunn og til å motverke at innvandrarar fell først ut
i samband med nedbemanning. IMDi følgjer opp verksemdene mellom
møta og lager statusrapport for arbeidet.
Mangfaldsløft
er eitt av fleire tiltak
som ei partssamansett arbeidsgruppe gjorde forslag om i 2009 for
å auke rekrutteringa av innvandrarar til arbeidslivet. For å sikre
auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er det utvikla lokale
samarbeidsprosjekt i Fredrikstad, Skien og Søndre Nordstrand i
Oslo med deltakarar frå kommunane, NAV-kontor og partane i arbeidslivet. Følgjene
av tiltaket blir evaluerte. Resultata frå prosjektet vil bli omtalt
i neste års budsjettproposisjon.
Mangfoldsportalen.no
blei lansert i mars
2009, i samarbeid med partane i arbeidslivet. Portalen rettar seg
mot arbeidsgivarar, tillitsvalde og ansvarlege for opplæring og
HR i verksemder i offentleg og privat sektor. Han gir informasjon
og rettleiing om rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn
og mangfaldsarbeid. IMDi er ansvarleg for portalen.
Ny sjanse
prøver
ut eit kvalifiseringsprogram, etter den same modellen som introduksjonsprogrammet,
for innvandrarar som har teke imot sosialhjelp i fleire år fordi
dei manglar tilknyting til arbeidslivet. Målgruppa er innvandrarar
frå landgrupper med låg sysselsetjing eller høg arbeidsløyse,
innvandrarkvinner som er heime med barn, og som ikkje får sosialhjelp,
arbeidslause innvandrarungdom mellom 18 og 25 år som er avhengige
av sosialhjelp, og langtidsledige innvandrarar som får sosialhjelp.
Resultatrapporten frå IMDi for 2009 viser at 626
personar frå 60 land tok del i
Ny sjanse
i
2009. Meir enn 50 prosent hadde bakgrunn frå Somalia (40 prosent)
eller Irak (17 prosent). Den tredje største gruppa hadde bakgrunn
frå Pakistan (10 prosent). Av dei var 71 prosent kvinner. I snitt gjekk
42 prosent av alle deltakarane i 2009 til arbeid eller utdanning
(40 prosent av kvinnene og 46 prosent av mennene). Resultata held
seg på eit stabilt og høgt nivå. Frå starten i 2005 og fram
til 2009 gjekk totalt 43 prosent av deltakarane over til arbeid
eller utdanning.
Kvart år har det vore
ein forholdsvis stor del som har avbrote deltakinga i prosjekta.
I perioden 2005–2007 var delen 47 prosent, 42 prosent i 2008 og
32 prosent i 2009. Det er ei klar positiv utvikling, og årsaka
er at ein har jobba særskilt for å hindre at deltakarane avbryt
kvalifiseringa. Grunnane til at kvar tredje avbryt varierer, det
kan mellom anna vere samansette helseproblem eller at dei ikkje
kan ta del i eit program på heiltid.
Ny sjanse
er
òg omtalt under kap. 821, post 62.
Gründerverksemd
blant innvandrarar er eit positivt bidrag til verdiskapinga i samfunnet.
Erfaringar frå forsøksverksemda tyder på at innvandrarar kan
ha særlege utfordringar når dei skal etablere eiga bedrift fordi
dei har vanskar med å få lån og manglande kjennskap til norske
rutinar og prosessar. Det er få målretta tilbod om rettleiing for
etablerarar som tek omsyn til dei særlege behova denne gruppa har.
For å få meir kunnskap om tilrettelegging blei det i 2010 gitt
økonomisk støtte til Norsk senter for fleirkulturell verdiskaping
(NSVF) i Drammen. NSVF tilbyr etablerarkurs, rettleiing og nettverksbygging.
I 2010 fekk IMDi i oppgåve å leie ei arbeidsgruppe for å greie ut
behov for tiltak, under det ei permanent ordning som kan leggje
til rette for at innvandrarar lettare kan etablere bedrift.
Ei kartlegging har gitt betre oversikt over
godkjenningsordningane for lovregulerte yrke, og eit betre grunnlag
for å vurdere om det er behov for tiltak for å unngå at desse
ordningane skaper utilsikta hindringar for innpass på arbeidsmarknaden for
innvandrarar.
Det er viktig at arbeidsinnvandrarar
som har busett seg i landet, får same høve til å ta del i yrkes-
og samfunnslivet som resten av folket. Startpakka
Ny
i Norge
for arbeidsinnvandrarar om nøkkelspørsmål ved arbeid
og opphald i landet er utarbeidd av IMDi og har vore distribuert
sidan 15. september 2009. Tilbakemeldingane tyder på at
Ny i Norge
har treft informasjonsbehovet.
Strategiar
og tiltak
Regjeringa vil hindre
at vi over tid får eit samfunn der systematiske skilnader i levekår
følgjer etniske skiljelinjer. Arbeid er det viktigaste verkemidlet
for å sikre den enkelte gode levekår. Auka deltaking i arbeidslivet
skal vere hovudstrategien for å sikre ei god samfunnsutvikling.
Over fleire år har vi registrert ein tendens
der enkelte innvandrargrupper har dårlegare levekår og i større
grad er avhengige av offentlege velferdsordningar enn resten av
befolkninga. Den siste økonomiske høgkonjunkturen har i lita grad jamna
ut desse skilnadene. Dette gjeld særleg innvandrarar frå land
i Asia og Afrika som har kome som flyktningar og familieinnvandrarar.
Lågare sysselsetjing og høgare arbeidsløyse samanlikna med befolkninga
elles er ein viktig grunn til skilnadene. Det er av særleg vekt
å få fleire i denne gruppa i arbeid og motverke utstøyting frå
arbeidslivet. Det er viktig å auke sysselsetjinga blant kvinnene
og at ungdommen får arbeid på lik linje med annan ungdom og i
samsvar med kvalifikasjonane sine.
Det
er lagt opp til ein brei innsats for å få personar som står utanfor
arbeidsmarknaden, deriblant innvandrarar, over i arbeid. Denne innsatsen er
omtalt i Prop. 1 S (2010–2011) for Arbeidsdepartementet.
Låg kompetanse og svake grunnleggjande dugleikar
i høve til krava i arbeidsmarknaden er ei utfordring og gjer at
mange innvandrarar òg i 2011 vil ha behov for tilpassa opplæring
og særskild bistand for å kome i varig arbeid.
Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar
og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er viktige ordningar som
skal bidra til å auke deltakinga til yrkes- og samfunnslivet. Evalueringar
som vart gjort i 2007 viser at vi er på rett veg. Departementet
har allereie innført fedrekvote i omsorgspermisjonen for deltakarar
i introduksjonsprogrammet som eit ledd i dette arbeidet. Kvoten
er innført for fedrar med barn som er født etter 1. september
2010.
Forsøket med
Ny
sjanse
blir ført vidare i 2011. Det blir retta særleg inn
mot utvalde landgrupper med spesielt høg arbeidsløyse eller låg
sysselsetjing. Kvinner frå desse utvalde landgruppene vil vere
ei hovudmålgruppe.
Det er viktig med
ein bevisst og aktiv politikk blant alle arbeidsgjevarar for å
auke rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn. Regjeringa ser
det som viktig at offentleg sektor skal gå føre med eit godt eksempel.
Plikta i staten til å intervjue minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn dersom
han eller ho er kvalifisert for stillinga, vil bli ført vidare.
Forsøket med moderat kvotering er evaluert. Fornyings-,
administrasjons- og kyrkjedepartementet vurderer korleis forsøket
skal følgjast opp.
Gründerverksemda
blant innvandrarar i Noreg er eit positivt bidrag til verdiskapinga
i samfunnet. Innvandrarar som ønskjer å etablere eigen verksemd
møter særlege utfordringar samanlikna med etablerarar i befolkninga
generelt. Dei har behov for tilrettelagt opplæring, rettleiing og
støtte under og etter etableringa. Regjeringa føreslår å styrkje
entreprenørskap for innvandrarar, og har sett av midlar til etablering
av eit nasjonalt senter, jf. resultatrapporten under dette delmålet.
Delmål
2.6: Høg deltaking i samfunnslivet blant innvandrarar og barna
deira
Resultatrapport 2009/2010
Rolla til frivillige organisasjonar i integrerings-
og inkluderingsarbeidet blir styrkt gjennom ordningar med tilskot,
sjå rapportering på kap. 821, post 71
Tilskot
til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd
. Det
blir gitt tilskot til lokale innvandrarorganisasjonar, til aktivitet
i lokalsamfunn, til landsdekkjande organisasjonar på feltet, til organisasjonar
og miljø som arbeider mot tvangsekteskap og til organisasjonar
og grupper som gir målretta informasjon om det norske samfunnet
til nye innvandrarar.
For å sikre at
måla med tilskota blir oppnådde på ein god måte, har departementet
i tildelingsbrev bedt IMDi om å lage eit heilskapleg system for
rapportering på måloppnåing for alle tilskota som blir gitt over
kap. 821, post 71. Departementet har også gått særskilt gjennom
kriteria for tildeling og fastsetjing av tilskot til landsdekkjande organisasjonar
på innvandrarfeltet.
IMDi har samarbeidsavtaler
med til saman seks frivillige organisasjonar med mål om å gjere det
lettare for kommunar å ta imot og busetje nykomne innvandrarar.
Desse organisasjonane er Frivillighet Norge, Norges Fotballforbund,
Raudekrossen i Noreg, Norske Kvinners Sanitetsforening, Norsk Folkehjelp
og Redd Barna. Gjennom avtalene er det gitt støtte til ei rekkje
lokale prosjekt over heile landet som skal bidra til utvikling av
lokalt integreringsarbeid og lokale møteplassar mellom minoritets-
og majoritetsbefolkninga. Avtalene skal i tillegg bidra til metodeutvikling
og auka kunnskap om frivillig integreringsarbeid og til at det blir
rekruttert fleire innvandrarar som medlemmer, tillitsvalde og tilsette
i organisasjonane.
Gjennom støtte til
innvandrarorganisasjonar, både nasjonale og lokale, legg departementet grunnlaget
for aktiv deltaking for personar med innvandrarbakgrunn.
Departementet har hatt møte med ulike landsdekkjande
organisasjonar som arbeider for integrering og inkludering, og andre
frivillige organisasjonar og miljø.
KIM
er ein viktig reiskap for å få fleire stemmer inn i integreringsdebatten.
Utvalet gir råd til styresmaktene i saker som vedkjem innvandrarar. I
2009 hadde KIM særleg fokus på å auke deltakinga i stortingsvalet
blant norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. I samarbeid med
IMDi, og med økonomisk stønad frå KRD, arrangerte KIM mellom
anna ei rekkje valmøte og debattar med det som formål.
Eit nytt utval blei oppnemnt av Kongen i statsråd
frå 1. januar 2010 for ein periode på fire år. Utvalet er styrkt
ved at det er oppnemnt fleire medlemmer med innvandrarbakgrunn.
KIM består no av 23 medlemmer med innvandrarbakgrunn, frå alle
fylka i Noreg, i tillegg til leiaren.
Forsøk
med systematisk språkkartlegging av alle barn på fireårskontrollen
ved hjelp av kartleggingsverktøyet Språk 4 blei avslutta i 2009.
Dette året blei det prøvd ut modellar for overføring av kunnskap
og erfaringar til kommunar som ikkje var med i forsøket, og det
blei utvikla opplegg for betre språkkartlegging av barn med mangelfulle norskkunnskapar.
IMDi har laga ein guide for korleis nye kommunar kan ta kartleggingsverktøyet
i bruk. Bruk av Språk 4 er no i stor grad innarbeidd i dei ordinære
rammene for fireårskontrollen, og Helsedirektoratet tilrår bruk
av Språk 4 i sine retningslinjer. Fleire høgskolar har teke bruk
av Språk 4 inn i utdanninga for helsesøstrer.
Barnehagen er ein viktig arena for inkludering og
språkopplæring, der barn òg kan lære norsk. Forsøk med gratis
kjernetid i barnehage for fire- og femåringar i område med ein
høg del minoritetsspråklege barn starta i Stovner bydel i Oslo
i 2006 og er gradvis blitt utvida. Sidan 1. august 2007 har forsøket
omfatta dei fire bydelane i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand
i Oslo. Forsøket inneber tilbod om gratis opphald i barnehage fire
timar om dagen, totalt inntil 20 timar per veke. Midlane til tiltaket
skal også kunne brukast til arbeid med å rekruttere minoritetsspråklege barn
som ikkje har søkt barnehageplass, til å heve kompetansen til
personalet i barnehagen og til tiltak retta mot foreldre. Både
i 2008, 2009 og 2010 er det blitt tildelt 50 mill. kroner til Oslo
kommune til forsøket for fire- og femåringar. I tillegg er det
i 2010 sett av 10 mill. kroner til eit forsøk for treåringar i
nokre område i Drammen og i bydelen Gamle Oslo.
Rapporteringa frå Oslo kommune seier at gratis
kjernetid har medverka til at talet på minoritetsspråklege barn
i barnehage har auka. Ved inngangen til 2010 hadde nesten alle fire-
og femåringar i Groruddalen og Søndre Nordstrand erfaring frå
barnehage. Det ser no ut til å vere meir akseptert at barnehagen
er ein del av utdanningsløpet til barnet, og fleire foreldre oppsøkjer
sjølv eit barnehagetilbod. Fleire søkjer heildagsplass for barnet
sitt, og fleire søkjer barnehageplass tidlegare for mindre søsken.
Gratistilbodet når familiar som elles ikkje ville brukt barnehagen.
Dei tilsette har fått meir kompetanse i å jobbe systematisk med språkutviklinga
til det enkelte barnet. Det er stor deltaking i ulike tilbod for
foreldre. Skolar i dei aktuelle bydelane melder at det språklege
nivået til barna som startar på skolen, er betre enn tidlegare.
Sidan 2007 er det òg gjort ei mindre utprøving av
forsøket for fire- og femåringar i Drammen kommune. Midlane er
brukte til 60 barnehageplassar for minoritetsspråklege barn med
eit gratis korttidstilbod 17 timar per veke, og til tilbod om norskopplæring
og fysisk aktivitet for mødrer. Forsøket for fire- og femåringar
i Drammen er fasa ut frå og med barnehageåret 2010/2011.
I 2010 er forsøket med gratis kjernetid utvida til
treåringar i nokre område i Drammen og i bydelen Gamle Oslo. Den
systematiske språkstimuleringa som skjer i barnehagane i Oslo,
har vist seg å gi barna betre sjansar til å klare seg på skolen,
både språkleg og sosialt. Med eitt ekstra år i barnehage kan
barn få eit enda betre grunnlag for skolegangen.
Staten og Oslo kommune gjorde i januar 2007 avtale
om ei brei og heilskapleg satsing for å betre miljø- og levekåra
i Groruddalen over ein periode på ti år. BLD har det overordna
ansvaret for statens innsats på programområde 4 i satsinga, som omhandlar
oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering.
IMDi samordnar det statlege arbeidet.
Til
Groruddalssatsinga blei det på programområde fire i 2010 sett
av ca. 50 mill. kroner frå staten til ekstraordinære tiltak på
fleire departement sine ansvarsområde. Summen er lågare enn i
2009 fordi tidlegare øyremerka tiltaksplassar for innvandrarkvinner
er teke ut i 2010.
Hovudfokuset på
barn, unge og foreldre frå 2009 har halde fram i 2010, og det viktigaste enkelttiltaket
i satsinga er gratis kjernetid i barnehage. I tillegg er det tildelt
midlar til
Språkløftet
og
Utviklingsprosjektet i skolar med meir enn 25
prosent minoritetsspråklege elevar
. Prosjekta har gitt auka
kompetanse om språkstimulering og språkopplæring og betre rutinar
for samarbeid mellom helsestasjon, barnehage og skole. Tiltaket
Kompetanse 16–24
i Grorud og Stovner,
retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande skole, var fullt i 2009
og blei utvida i 2010.
Oppstartdokumentasjonen
som blei utarbeidd da Groruddalssatsinga kom i gang, viste store levekårsutfordringar
i enkelte delbydelar, og det mangla systematisert kunnskap om kva
tiltak som best kunne betre levekåra i desse delbydelane. Det blei
bestemt at det skulle lagast eit betre kunnskapsgrunnlag for å
betre levekåra gjennom både individretta og områderetta tiltak.
Dette arbeidet starta i desember 2009 og blir koordinert av IMDi.
I mars 2008 underteikna staten ved Arbeids- og
inkluderingsdepartementet og Oslo kommune ei intensjonsavtale om
Handlingsprogram Oslo Sør. Handlingsprogram Oslo Sør er eit forpliktande
samarbeid for å betre oppvekst- og levekåra i bydel Søndre Nordstrand
dei nærmaste ti årane. I tillegg til dei ordinære midlane som
går til bydelen, er det tildelt 16,3 mill. kroner frå staten i ekstraordinære
midlar til dette handlingsprogrammet i 2010. Også i Handlingsprogram
Oslo Sør har ein sidan oppstarten arbeidd med barn og oppveksttiltak,
særleg når det gjeld språk og skole, og med styrking av foreldrerolla,
i tillegg til auka deltaking i arbeidslivet. IMDi samordnar den
statlege innsatsen innanfor satsinga.
Strategiar
og tiltak
Eit velfungerande demokrati
krev at alle har høve til å delta på ulike samfunnsarenaer, i
politiske og frivillige organisasjonar, i skolegangen til barna og
i lokalsamfunna.
Alle har eit sjølvstendig
ansvar for å delta på dei arenaene som finst i det norske samfunnet. Samstundes
må institusjonane og dei felles arenaene i samfunnet ta høgde
for at innbyggjarane er ulike, med ulike utgangspunkt.
Deltaking i frivillige organisasjonar har ein eigenverdi,
mellom anna ved å gjere det mogleg for folk å bruke engasjementet
sitt. Samstundes er frivillige organisasjonar viktige sosiale arenaer der
det blir danna nettverk som kan verke positivt på anna deltaking
i samfunnet. Frivillige organisasjonar er òg sentrale aktørar
i arbeidet med inkludering og deltaking. Arbeidet med å leggje
til rette for meir samarbeid på tvers av frivillige organisasjonar
og mellom innvandrarorganisasjonar og styresmaktene held fram. Frivillige
organisasjonar er vidare ein viktig ressurs i arbeidet retta mot
nykomne innvandrarar og kan opne dører i lokalsamfunn.
Ei ny undersøking utført av Virtuelt senter
for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, viser at sjølv
om personar med bakgrunn frå Asia og Afrika i mindre grad enn innbyggjarane
elles er medlemmer i frivillige organisasjonar, deltek meir enn
ein tredjedel av dei i frivillig arbeid over ein eittårsperiode.
I internasjonal samanheng er dette eit godt resultat. Undersøkinga
dokumenterer at personar med innvandrarbakgrunn er meir aktive enn
andre nordmenn i mellom anna religiøse organisasjonar, men mindre
i kultur- og fritidssektoren.
For å
stimulere til auka deltaking gir regjeringa mellom anna støtte
til landsdekkjande organisasjonar på innvandrarfeltet og til drift
av lokale innvandrarorganisasjonar.
Målet
med tilskotsordninga til landsdekkjande organisasjonar er å leggje
til rette for organisasjonar som arbeider for å sikre at alle har
dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å ta
del i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar. Tilskotsordninga
skal mellom anna bidra til å byggje opp kunnskap basert på erfaring
og kompetanse om kva som fremmar inkludering og auka deltaking frå
innvandrarbefolkninga i samfunnet.
Som
eit ledd i eit større arbeid for å sikre god måloppnåing på
budsjettposten, har departementet gått gjennom kriteria for tildeling
av tilskot og fastsetjing av tilskotbeløp. Målet har vore å få betre
samanheng mellom formåla og kriteria i handsaminga av søknader
frå landsdekkjande organisasjonar på innvandrarfeltet. Organisasjonane
må, som hovudregel, representere interessene til innvandrarar i
Noreg på tvers av nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Organisasjonane
må opparbeide og formidle kunnskap basert på erfaring og på ei
brei kontaktflate og ei solid forankring i ulike innvandrarmiljø.
Nye organisasjonar må ha andre arbeidsformer eller andre målgrupper
enn organisasjonar som alt får tilskot frå tilskotsordninga.
Dei justerte kriteria vil gå fram av Integrerings-
og mangfaldsdirektoratet sitt rundskriv om ordninga.
Kap. 821, post 71 er fordelt på fire ordningar og
diverse mindre tilskot. I det vidare arbeidet med å betre måloppnåinga
på posten vil departementet gå gjennom alle ordningane og gjere
ei samla vurdering av innretninga på løyvinga. Organisasjonane
vil bli konsulterte i prosessen.
KIM
skal sjølv ta initiativ til å ta opp saker som opptek innvandrarbefolkninga.
Utvalet skal delta aktivt og vere synleg i samfunnsdebatten, og, gjennom
medlemmene sine, vere i kontakt med og utveksle synspunkt og erfaringar
med innvandrarorganisasjonar regionalt.
Enkelte
område i større byar har særskilde utfordringar med levekår
av eit slikt omfang at det er behov for særlege satsingar. Personar
med innvandrarbakgrunn er ofte overrepresenterte i desse områda.
Regjeringa har gjort langsiktige samarbeidsavtaler med Oslo kommune
om felles områdesatsingar for å betre levekåra i fire bydelar i
Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand.
Å
meistre språk er ein viktig føresetnad for deltaking i samfunnet.
Ein del barn har svake dugleikar i norsk når dei startar på skolen.
Deltaking i barnehage førebur barn på skolestart, betrar norskkunnskapane
for minoritetsspråklege barn og medverkar til sosialisering generelt. Forsøksordninga
med gratis kjernetid i barnehage vil derfor bli vidareført og utvida
i 2011. Ordninga for fire- og femåringar vil halde fram i Oslo.
Forsøket i Bydel Gamle Oslo blir vidareført i dialog med Oslo
kommune. Forsøket for treåringar i område i Drammen blir vidareført,
og det blir foreslått å utvide satsinga til å omfatte fireåringar
i dei same områda i kommunen. BLD foreslår vidare å utvide satsinga
til område i Bergen med høg del barn med innvandrarbakgrunn. Satsinga
i Bergen må sjåast i samanheng med forslag i Prop. 1 S (2010-2011)
for Kommunal- og regionaldepartementet om ei områdesatsing same
stad. Departementet vil evaluere forsøket.
Språkkartlegging
på helsestasjon, gratis kjernetid i barnehage,
Språkløftet
og
Utviklingsprosjektet i skolar med meir enn 25
prosent minoritetsspråklege elevar
, som er tiltak i regi
av Kunnskapsdepartementet, utgjer ei tiltakskjede som mellom anna
skal sikre tilstrekkelege språkkunnskapar hos førskolebarn og
ein betre førebudd skolestart. Tiltakskjeda er ein sentral del
av regjeringas områdesatsing i fire bydelar i Groruddalen og i bydelen
Søndre Nordstrand i Oslo.
Delmål 2.7: God
kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken i befolkninga
Resultatrapport
2009/2010
Det er viktig at innbyggjarane
har god kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken. IMDi har
ei sentral rolle i å spreie informasjon om politikken og bidra
med kunnskapsutvikling. Informasjonsverksemda til IMDi er nært
knytt til den rolla direktoratet har som kunnskapsutviklar og samordnar
på integreringsfeltet. Informasjonsverksemda til IMDi har i 2009
og 2010 særleg vore retta mot dei fire tiltaka i
Handlingsplan
mot tvangsekteskap
som IMDi har ansvaret for, busetjing av
flyktningar i kommunane, arbeidsinnvandring og likestilling for
innvandrarkvinner. Resultata frå IMDi sine kartleggingar og analysar og
IMDi si verksemd retta mot kommunane har blitt formidla breitt gjennom
ulike aktivitetar, publikasjonar og informasjonskanalar, mellom anna
nettsidene
imdi.no
og
nyinorge.no
og
nyhendebrevet
i-nytt
.
Integreringskartet kjem årleg og skal gi ein kunnskapsstatus
for eit aktuelt tema. Integreringskartet i 2009 omhandla integrering
i økonomisk nedgangstid, og i 2010 er temaet norskopplæring for
vaksne innvandrarar.
BLD har i kunnskapsarbeidet
sitt i 2010 vidareført samarbeidet med SSB om utvikling og vedlikehald
av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår,
jf.
ssb.no/innvandring.
Statistikken
er ein plattform for vidare analyse og for politikkutforming, men
er òg viktig for å oppnå ein faktabasert og konstruktiv debatt
om integrering. Det same gjeld kunnskapen som kjem ut av forsking
som omhandlar internasjonal migrasjon og etniske relasjonar.
BLD støttar programmet for forsking på
Velferd
,
arbeidsliv
og migrasjon
(VAM) i regi av Noregs forskingsråd og forskingsprogrammet
Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn
og frivillig sektor
.
I 2008 sette
regjeringa av midlar for å prøve ut ei ordning der frivillige
organisasjonar gir målretta informasjon og rettleiing til innvandrarar
for å styrkje deltakinga deira i lokalsamfunn og utvikle nettverk.
Denne ordninga blei styrkt i 2009 og vidareført i 2010, jf. omtale
under kap. 821, post 71
Tilskot til innvandrarorganisasjonar
og anna frivillig verksemd
.
For
å skape debatt og engasjement om inkludering av innvandrarar i
arbeidslivet og i samfunnet elles held inkluderingsministeren fire
folkemøte på ulike stader i Noreg i 2010. Statsråden vil vite
kva folk er opptekne av, og kva for erfaringar og idear folk har
på området.
Det første av folkemøta
blei halde i Bergen den 18. mai, og bortimot 300 møtte fram for
høyre Statsråden og dei andre i panelet diskutere inkludering.
«Kan arbeid og utdanning løyse alle inkluderingsutfordringane?»
var spørsmålet statsråden stilte på dette møtet. Statsråden
planlegg å halde tre nye folkemøte hausten 2010; eit i Groruddalen, eit
ein annan stad på Austlandet og eit i Nord-Noreg. Inkludering i
arbeidslivet og segregering vil vere hovudtema for dei neste debattane.
Strategiar
og tiltak
Politikkutviklinga på
integrerings- og inkluderingsområdet skal byggje på kunnskap,
både evalueringar av verkemidla på området, utvikling av nasjonale
grunnlagsdata og generell forsking og kunnskapsutvikling nasjonalt
og internasjonalt.
Gjennom kunnskap blir
det lagt til rette for ein brei offentleg debatt om integrering
og inkludering. Kunnskap og informasjon må formidlast til både
innvandrarar og innbyggjarane generelt. Dette skal gjerast gjennom
vidareføring av IMDi sin innsats.
IMDi
spelar ei avgjerande rolle som kompetansesenter på integrerings-
og inkluderingsområdet. Direktoratet skal ha oversikt over og formidle kunnskap,
metodar og verkemiddel som kommunar og statlege etatar kan nytte
i arbeidet overfor innvandrarbefolkninga. I kunnskapsarbeidet legg IMDi
vekt på at kunnskapen skal ha ei tett kopling mellom teori og praksis.
Ny kunnskap blir formidla breitt og nytta i det praktiske arbeidet.
Sentrale målgrupper for informasjonsarbeidet til IMDi er kommunar
og statlege etatar sentralt og lokalt, frivillige organisasjonar,
innvandrarar og media nasjonalt, regionalt og lokalt.
IMDi administrerer Nasjonalt introduksjonsregister
(NIR), som inneheld opplysningar om alle vedtak om arbeids- og opphaldsløyve
etter 1. september 2005, og som er omfatta av introduksjonslova.
Registeret gir oversikt over deltakarar i introduksjonsordninga
og deltakarar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Samarbeidet
med SSB om statistikk som gjeld innvandring, integrering og inkludering
av innvandrarar og barna deira, blir ført vidare.
BLD vil gi støtte til programmet for forsking på
Velferd, arbeidsliv og migrasjon
(VAM)
også i 2011.
Forsking og analysar er
av særleg interesse mellom anna for å kunne samanlikne situasjonen for
innvandrarar og barna deira med situasjonen i land med ein tilnærma
lik innvandringspolitikk, liknande datagrunnlag og innvandrarar
frå dei same opphavslanda, jf. omtale av internasjonalt arbeid
i del III.
I lys av utviklinga dei seinare
åra er det viktig å få ein brei og heilskapleg gjennomgang av
politikken, og ein debatt om framtidige grunnsyn og tiltak.
Utvalet for integrerings- og inkluderingspolitikken
blei
sett ned våren 2010 og skal sjå på utfordringar og opningar i
eit fleirkulturelt Noreg. Gjennom debattmøte rundt om i landet
skal utvalet hente innspel frå ulike grupper. Utvalet skal leggje
fram innstillinga si i 2011.
Gjennom
støtte til landsdekkjande organisasjonar blir det bygd opp ulike
kompetansemiljø når det gjeld kva som fremmar og kva som hindrar inkludering.
Slike miljø formidlar òg erfaringar og kompetanse om dette til
styresmaktene og til innbyggjarane elles. KIM bidreg òg til å
få fram ulike erfaringar og få til ein brei offentleg debatt om integrering
og inkludering.
Delmål 2.8: Offentlege tenester
som er tilpassa mangfaldet i befolkninga
Resultatrapport
2009/2010
Offentlege sektorstyresmakter
skal gi alle innbyggjarane gode, tilpassa tenester. Det er dei enkelte sektorstyresmaktene
sitt ansvar å sikre dette.
På direktoratsnivå
har IMDi ei sentral rolle i å koordinere arbeid for at personar
med innvandrarbakgrunn skal få tilbod om likeverdige offentlege tenester.
IMDi leier mellom anna
Forum for integrering
og mangfald
(FIM), som er eit forum der ni direktorat samarbeider
om spørsmål knytt til integrering. IMDi har også gjort samarbeidsavtaler
med fleire direktorat og etatar som har ansvaret for viktige velferdsoppgåver.
Kommunane har ansvaret for ein vesentleg del av velferdstenesta. IMDi
har gjort avtaler med fleire kommunar om å tilpasse dei kommunale
tenestene.
Per 31. juli 2010 var det
registrert 1146 tolkar i 66 språk i Nasjonalt tolkeregister. Av
desse har 56 prosent statsautorisasjon og/eller tolkeutdanning. For
å sikre at dei som er førte opp i registeret har minimumskompetanse
i tolking, må praktiserande tolkar som ønskjer å bli registrerte,
og som ikkje har fullført utdanning eller har statsautorisasjon,
ta ei språkprøve og gjennomføre eit innføringskurs i kva for
ansvar tolken har. Det er mogleg å kvalifisere seg til registeret
i 73 språk. IMDi oppfordrar offentlege tolkebrukarar og tolkeformidlarar
til å sende personar som blir brukte som tolkar i dag, til språkprøve
og utdanning. Hittil har 3 778 personar som tolkar på 68 språk,
teke språkprøven. Av desse var det 65 prosent som ikkje greidde
krava.
Universitetet i Oslo administrerer
statsautorisasjonsordninga for tolkar. Autorisasjonsprøven er krevjande,
og 86 prosent av kandidatane strauk i 2009. Strykprosenten er noko
lågare for kandidatar med grunnutdanning i tolking. Per 31. juli
2010 har 175 tolkar i 21 språk fått løyve som statsautorisert
tolk, 61 prosent av dei er kvinner.
Satsinga
på utdanning for tolkar dei siste åra har medverka til at fleire
tolkar har auka kompetansen sin. I 2007 blei det etablert ei permanent tolkeutdanning
ved Høgskolen i Oslo (HiO). Per 31. juli 2010 har totalt 236 studentar
i 40 språk bestått grunnutdanninga
Tolking
i offentleg sektor
(30 studiepoeng) ved høgskolen. Den første påbyggingsmodulen
(Tolking i retts- og nemndsmøte)
i retning
av eit bachelorstudium blei tilbydd ved HiO i 2009. 124 tolkar har
teke studiet og bestått eksamen. IMDi samarbeider med høgskolen
for å sikre at utdanningstilbodet er tilpassa det behovet samfunnet
har for tolkar på ulike språk.
Det
er ei utfordring at ulike sektorar ikkje bruker kvalifiserte tolkar
i tilstrekkeleg grad. Ei undersøking om bruk av tolk i straffesakskjeda (IMDi-rapport
6-2009) viser at berre éin av tre i kriminalomsorga bruker tolk
når det er behov for det, og sjølv om domstolane som oftast bruker tolk
ved behov, har berre éin av tre i domstolane faste rutinar for
å kontrollere kvalifikasjonane til tolken. I ei undersøking om
bruk av tolk i grunnskolen i Oslo svarer éin av tre at barn av
og til eller ofte blir nytta som tolk for foreldra.
Brukarundersøkingar er eit verkemiddel for
å kunne tilby offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet i
befolkninga. På oppdrag frå IMDi og Fornyings-, administrasjons-
og kyrkjedepartementet blei det derfor i 2010 utarbeidd ein rettleiar
for at ein lettare skal kunne inkludere heile befolkninga i brukarundersøkingar
som blir gjennomførte for å måle kvaliteten på offentlege tenester.
Som eit ledd i arbeidet for personar med somalisk
bakgrunn i Noreg skal det setjast i verk eit prosjekt for å vidareutvikle
ei ordning med bruk av såkalla linkarbeidarar – det vil seie
personar med det same språket og den same erfaringsbakgrunnen som
brukarane – i formidlinga av informasjon til somaliarar som kjem
i kontakt med det offentlege hjelpeapparatet. Formålet er å finne gode
metodar som sikrar at brukarar med somalisk bakgrunn får den informasjonen
dei har krav på.
Regjeringa har gjennom
Handlingsplan for integrering og inkludering
av innvandrarbefolkninga
styrkt innsatsen for at innvandrarar raskt
kan kome ut i inntektsgivande arbeid og delta aktivt i samfunnet.
Handlingsplanen for 2007–2010 inneheldt tiltak innanfor ansvarsområda
til sju departement, og innsatsområda var arbeid og busetjing,
oppvekst, utdanning og språk, likestilling og deltaking. I 2010
blei
Handlingsplan for integrering og inkludering
av innvandrarbefolkninga
ført vidare og styrkt. Tiltaka for 2007,
2008 og 2009 blei ført vidare. Det same gjorde styrkinga av integreringstilskotet
i Revidert nasjonalbudsjett 2009. Grunntilskotet til opplæring
i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar blei òg betra.
Den samla styrkinga på integrerings- og inkluderingsfeltet var
på 890 mill. kroner i perioden 2006-2010.
Regjeringa
har i perioden sin lagt fram fleire handlingsplanar på ulike område.
Alle trekkjer mot eit felles mål om eit inkluderande samfunn der
alle har like høve til å bidra og delta.
Handlingsplan
mot fattigdom
,
Handlingsplan mot tvangsekteskap
,
Handlingsplanen mot kjønnslemlesting
og
Handlingsplan for å fremme likestilling og
hindre etnisk diskriminering
er alle planar med tiltak som verkar
saman med
Handlingsplan for integrering og
inkludering av innvandrarbefolkninga
.
Regjeringa
har ført vidare
Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga
,
som måler effektar av inkluderingspolitikken. Måla for inkludering
er langsiktige. Ein kan ikkje vente store endringar på kort tid.
For dei fleste måla er det snakk om små endringar, men på områda
til fleire departement kan ein sjå at utviklinga går i riktig
retning. Rapporteringa viser mellom anna at fleire vaksne innvandrarar
går opp til og består norskprøver, og at fleire barn med innvandrarbakgrunn
går i barnehagar. Men rapporteringa viser òg at barn med innvandrarbakgrunn
er klart overrepresenterte blant barn som lever med vedvarande låg
inntekt. Den samla rapporteringa på utviklingstrekk og trendar
når det gjeld
Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga
,
er å finne i del III.
Regjeringa sette
i 2009 ned eit offentleg utval som skal gi meir kunnskap om korleis
den norske velferdsmodellen fungerer i ei tid med auka inn- og utvandring.
Høg yrkesdeltaking er ein føresetnad for å finansiere gode velferdsordningar,
og utvalet skal mellom anna sjå på trygdeordningar og verkemiddel
i integrerings- og arbeidsmarknadspolitikken. Utvalet skal i tillegg
sjå på om det er sider ved innvandringspolitikken som er spesielt
relevante for utforminga av den norske velferdsmodellen i framtida.
Utvalet skal leggje fram utgreiinga si for Barne-, likestillings-
og inkluderingsdepartementet i første halvår av 2011.
Strategiar
og tiltak
For at ein skal få
likeverdige tenester, må desse vere tilpassa befolkninga sine behov.
Dette inneber at dei enkelte fagstyresmaktene har ansvar for tenestetilboda
til alle gruppene innanfor sitt område, også innvandrarar og barna
deira. Oppgåver knytte til helse, utdanning, bustad og arbeidsliv, ligg
innanfor ansvarsområda til andre departement.
For å sikre ei heilskapleg og målretta politikkutvikling
har BLD eit særskilt samordnings- og pådrivaransvar i integrerings-
og inkluderingspolitikken. På direktoratsnivå er det IMDi som
har denne oppgåva.
Ein reiskap for
samordning er måla for inkludering, jf. omtale i del III.
Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga
blei
introduserte i statsbudsjettet for 2006. I alt er det 17 mål som omfattar
ansvarsområda til åtte departement. Siktemålet er å måle effektane
av inkluderingspolitikken. Kvart mål har ein eller fleire indikatorar. Desse
skal vise kva retning utviklinga går i. I budsjettet for 2011 rapporterer
departementa på måloppnåing for sjette året på rad. Dei ansvarlege departementa
rapporterer årleg i samsvar med sektoransvarsprisnippet. Målsetjinga
er at regelmessige rapporteringar over tid skal kunne gi eit godt
bilete av utviklinga når det gjeld inkludering av innvandrarbefolkninga
på dei ulike samfunnsområda, og gjere tydeleg for det enkelte
sektororganet kva ansvar det har overfor innvandrarane. Eit
arbeid med å vurdere måla for inkludering, indikatorane og kor
treffsikre dei er, blei starta i 2010.
Rapporteringa
frå dei ansvarlege departementa syner mellom anna at det har blitt
vanskeleg for mange innvandrarar å komme inn i arbeidsmarknaden.
Samstundes er auka i arbeidslause blant innvandrarar den same som
auka i samla arbeidslause.
Det har vore
ein auke i talet på minoritetsspråkelige barn i barnehagar dei
siste åra. For femåringar er delen minoritetsspråkelige nesten
like høg som for andre barn. Det er positivt at valdeltakinga i
2009 auka blant veljarar med afrikansk, iransk, irakisk og pakistansk
bakgrunn, sjølv om gjennomsnittleg deltaking blant innvandrar er
på same nivå som i 2005. Også positivt er det å registrere at
det har vore ein jamn stigning i delen tilsette i politi- og påtalemakta
med innvandrarbakgrunn.
På området
til BLD blir det rapportert på desse måla:
-
Vaksne innvandrarar skal
lære tilstrekkeleg norsk dei første fem åra dei bur i landet.
-
BLD skal medverke til å auke prosentdelen
tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta.
-
Prosentdelen personar med innvandrarbakgrunn
som er tilsette i staten, skal auke (i samarbeid med Fornyings-,
administrasjons- og kyrkjedepartementet).
IMDi har eit særskilt ansvar for å utvikle
og formidle kunnskap om og metodar for å tilpasse offentlege tenester
for alle brukargrupper. Det inneber mellom anna å leggje til rette
for bruk av tolk dersom brukarar har behov for det.
Arbeidet for at likeverd og rettsvern i offentleg tenesteyting
ikkje blir svekt ved språkbarrierar, vil bli ført vidare. Tilgang
på kvalifiserte tolkar medverkar til å styrkje rettstryggleiken
til individet. Sjølv om norskopplæringa for nykomne innvandrarar
er styrkt, vil behovet for tolking halde ved. Innsatsen blir retta
mot desse områda:
-
kvalifiserte tolkar som er tilgjengelege over heile
landet, og som dekkjer behovet
-
god utdanningskapasitet som held høg kvalitet og
dekkjer behovet når det gjeld språk og volum
-
god kunnskap om bruk av tolk i offentleg
sektor
-
formålstenleg og kunnskapsbasert regulering av
tolkefeltet
For å auke
tilgangen på kvalifiserte tolkar og stimulere tolkane til å dokumentere
og auke kompetansen sin blei det i 2005 oppretta eit nasjonalt tolkeregister.
Registeret skal også leggje til rette for at dei som bestiller
tolk, bruker kvalifiserte tolkar. Det langsiktige målet er at flest
mogleg av tolkane i registeret skal ha statsautorisasjon og tolkeutdanning.
IMDi er nasjonal fagstyresmakt for tolking i offentleg sektor og
eig og driv registeret.
Utdanningstilbodet
for tolkar skal vere godt og funksjonelt. Tolkeutdanning blei eit
permanent tilbod ved Høgskolen i Oslo frå hausten 2007, og oppbygging
av eit bachelorstudium vil bidra til å profesjonalisere tolkeyrket
enda meir. Arbeidet for auka kunnskap i offentleg sektor om samanhengen
mellom rettsvern og kvaliteten på tolkinga held fram. Sektorstyresmaktene
og kommunane har sjølvstendig ansvar for å utvikle gode rutinar
for bestilling, betaling og bruk av kvalifisert tolk. Det er den
offentlege tolkebrukaren som har ansvaret for å kvalitetssikre
tolkinga.
IMDi har leidd ei arbeidsgruppe
som har sett på behovet for å regulere tolkefeltet. Arbeidsgruppa
har kome med forslag til korleis det offentlege kan betre praksisen
for bruk av tolk. Eit tiltak i handlingsplanen for å fremme likestilling
og hindre etnisk diskriminering er at ein skal vurdere å innføre
felles retningslinjer for bruk av kvalifisert tolk i offentleg sektor.
Det skal vidare vurderast å innføre sektorspesifikke retningslinjer
for dei delane av offentleg sektor som har mykje å seie for velferda
til brukarane.
Nærmare om budsjettforslaget
Utgifter
under programkategori 11.05 fordelt på kapitler
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Kap.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
820
|
Integrerings-
og mangfaldsdirektoratet
|
174 024
|
170 649
|
179 939
|
5,4
|
821
|
Busetjing
av flyktningar og tiltak for innvandrarar
|
3 483 292
|
4 406 390
|
4 781 244
|
8,5
|
822
|
Opplæring
i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
|
1 523 076
|
1 710 316
|
1 664 649
|
-2,7
|
823
|
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene
|
5 581
|
6 060
|
6 312
|
4,2
|
|
Sum
kategori 11.05
|
5 185 973
|
6 293 415
|
6 632 144
|
5,4
|
Inntekter under programkategori 11.05 fordelt
på kapitler
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Kap.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
3820
|
Inkluderings-
og mangfaldsdirektoratet
|
6 457
|
|
|
|
3821
|
Busetjing
av flyktningar og tiltak for innvandrarar
|
71 767
|
74 000
|
101 334
|
36,9
|
3822
|
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
for vaksne innvandrarar
|
142 884
|
175 731
|
94 320
|
-46,3
|
|
Sum
kategori 11.05
|
221 108
|
249 731
|
195 654
|
-21,7
|
Utgifter under programkategori 11.05 fordelt
på postgrupper
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post-gr.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
01-23
|
Drift
|
228 609
|
240 406
|
268 049
|
11,5
|
50-59
|
Overføringar
til andre statsrekneskapar
|
|
6 000
|
6 000
|
0,0
|
60-69
|
Overføringar
til kommunar
|
4 901 873
|
5 992 329
|
6 298 624
|
5,1
|
70-98
|
Overføringar til private
|
55 491
|
54 680
|
59 471
|
8,8
|
|
Sum
kategori 11.05
|
5 185 973
|
6 293 415
|
6 632 144
|
5,4
|
Kap. 820 Integrerings- og
mangfaldsdirektoratet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
|
174 024
|
170 649
|
179 939
|
|
Sum
kap. 820
|
174 024
|
170 649
|
179 939
|
Rekneskapstala er flytta frå
kap 650 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Status
for verksemda
Integrerings-
og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er BLD sitt utøvande organ for
statens integrerings- og inkluderingspolitikk, og er ein premissleverandør
for utvikling av politikken på feltet. Dei viktigaste oppgåvene
til IMDi er:
-
å
bidra til at kommunane buset flyktningar som får opphald i Noreg
i tråd med intensjonane i busetjingsordninga.
-
å bidra til rask overgang frå introduksjonsprogram
til arbeid eller utdanning.
-
å bidra til å utvikle og setje i verk
integrerings- og inkluderingspolitikken.
-
å vere eit kompetansesenter for kommunane og
andre samarbeidspartnarar som arbeider med integrering og inkludering.
-
å ta initiativ overfor sektorstyresmakter
om kva høve og barrierar som ulike grupper av innvandrarar står
overfor, og å gi departementet råd og rettleiing.
-
å bidra til å førebyggje og motverke
tvangsekteskap.
-
å ta initiativ overfor og å samarbeide
med næringsliv og organisasjonar for å auke innvandrarar si deltaking
i arbeids- og samfunnsliv.
IMDi
sitt arbeid skal byggje opp under fagstyresmaktene si ivaretaking
av sektoransvaret.
Målgrupper
Kommunane er den viktigaste målgruppa og samhandlingspartnaren
til IMDi. Andre målgrupper er mellom anna næringsliv og arbeidsgivarar,
statlege sektororgan på både direktoratsnivå og lokalt nivå,
ulike organisasjonar, nykomne innvandrarar og meir etablerte innvandrargrupper,
innbyggjarane generelt og personar i utlandet som skal busetje seg
i Noreg.
Verkemidla
Dei
viktigaste verkemidla til IMDi er lover og forskrifter, kunnskap
og kunnskapsutvikling, dokumentasjon, spreiing av erfaring, informasjon
og haldningsskapande arbeid. I tillegg disponerer direktoratet økonomiske
verkemiddel som tilskotsordningar, prosjektmidlar og utviklings-
og forskingsmidlar.
IMDi held til i Oslo
og har regionale kontor i Oslo, Gjøvik, Kristiansand, Bergen, Trondheim
og Narvik. I 2011 vil IMDi møte dei største utfordringane på
følgjande område:
Busetjing
IMDi skal, i samarbeid med KS og kommunane, bidra
til rask busetjing av personar som har fått vedtak om opphald i
Noreg etter søknad om asyl, jf. omtale under delmål 2.1. Busetjing
av einslege mindreårige vil vere ei særleg utfordring.
Arbeid
og kvalifisering
-
auka sysselsetjing blant innvandrarar, særleg blant
kvinner med låg sysselsetjing.
-
rask overgang frå introduksjonsprogram
til arbeid og/eller utdanning.
-
vidareutvikling av ordningane i introduksjonslova.
-
integreringsutfordringar knytte til arbeidsinnvandring.
Særlege
satsingar
-
tiltak
for å motverke og førebyggje tvangsekteskap.
-
områdesatsingar i Groruddalen og bydelen Søndre
Nordstrand i Oslo.
-
ei auking i talet på kvalifiserte tolkar
og sikring av tilgang til tolkar som dekkjer fleire språk.
Post
01 Driftsutgifter
I samsvar med
Statens sentrale tenestemannsregister hadde IMDi ei bemanning per
1. mars 2010 som tilsvara 186 årsverk.
Departementet
føreslår å flytte 350 000 kroner frå denne posten til kap. 821,
post 70 til arbeidet med kartlegginga til Berekningsutvalet. Vidare føreslår
ein å flytte 150 000 kroner frå denne posten til kap. 821, post
72.
Posten er redusert med 2 mill. kroner
som følgje av interne omprioriteringar.
Løyvinga
på posten skal dekkje utgifter til drift av IMDi. Departementet
føreslår ei løyving på 180 mill. kroner i 2011.
Innanfor ramma ligg oppgåver knytte til arbeidet
med uttak og busetjing av overføringsflyktningar, mellom anna til
kulturorienteringsprogram og til informasjonsverksemd om flyktningar.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten
med 5 mill. kroner til et forprosjekt for nye IKT-løysingar for
eit effektivt busetjings- og tilskotsforvaltningssystem.
Kap.
3820 Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Diverse
inntekter
|
1 284
|
|
|
15
|
Refusjon
av arbeidstiltak
|
3
|
|
|
16
|
Refusjon
av foreldrepengar
|
2 407
|
|
|
18
|
Refusjon av sykepengar
|
2 763
|
|
|
|
Sum
kap. 3820
|
6 457
|
|
|
Rekneskapstala er flytta frå
kap 3650 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Kap.
821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter, kunnskapsutvikling
,
kan overførast
|
22 195
|
33 067
|
45 218
|
50
|
Noregs
forskingsråd
|
|
6 000
|
6 000
|
60
|
Integreringstilskot
, kan overførast
|
3 307 659
|
4 226 450
|
4 304 872
|
61
|
Særskilt
tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar
og flyktningar
, overslagsløyving
|
147 871
|
185 752
|
258 504
|
62
|
Kommunale
innvandrartiltak
|
97 947
|
86 193
|
107 179
|
70
|
Busetjingsordninga
og integreringstilskot,
oppfølging
|
3 447
|
3 560
|
4 020
|
71
|
Tilskot
til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd
|
49 959
|
47 488
|
48 460
|
72
|
Statsautorisasjonsordninga
for tolkar m.m.
|
2 085
|
2 152
|
2 369
|
73
|
Tilskot
|
|
1 480
|
4 622
|
|
Sum
kap. 821
|
3 486 292
|
4 406 390
|
4 781 244
|
Rekneskapstala er flytta frå
kap 651 og 854 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Post
21 Spesielle driftsutgifter – kunnskapsutvikling, integrering
og mangfald, kan overførast
Målet
for løyvinga er å få god og relevant kunnskap om integrering
og inkludering i samfunnet, bidra til formidling av slik kunnskap
og utvikle gode metodar og god praksis til bruk for kommunar og
statleg forvalting. Kunnskapsutviklinga skal ha eit kjønnsperspektiv.
Både departementet og IMDi nyttar midlar under denne posten.
Resultatrapport
2009/2010
I 2009 og 2010 har
sentrale tema for prosjekt og utiklingsarbeid vore opplæring i
norsk, utvikling av eit opplæringsopplegg retta mot opplæringa
i 50 timer samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, kvalifisering,
busetjing, dei økonomiske verkemidla til kommunane i busetjingsarbeidet, vurdering
av stønadsordninga for einslege forsørgjarar, arbeidsinnvandring,
sysselsetjing, tolkebruk, etablerarverksemd, fråfall i vidaregåande opplæring
og tvangsekteskap.
Det er vidare nytta
midlar til evaluering av Groruddalssatsinga og av statsborgarreglane
og statsborgarseremonien. Det er òg gitt midlar til deltaking i
forskingsprogrammet
Virtuelt senter for forsking
på sivilsamfunn og frivillig sektor.
Det
er utvikla ei rettleiing retta mot offentleg sektor for å sikre
inkludering av innvandrarar i brukarundersøkingar. I 2010 vil det
bli gjennomført ei brukarundersøking om norskopplæring for vaksne
innvandrarar, og ei undersøking blant busette flyktningar er sett
i gang.
Norsk senter for fleirkulturell
verdiskaping har motteke midlar under denne posten i 2010.
Budsjettforslag
for 2011
Departementet føreslår
å flytte 3 967 000 kroner frå kap. 840, post 21 og 2 223 000 kroner
frå kap. 840, post 70 til denne posten knytt til arbeidet mot tvangsekteskap
og kjønnslemlesting. Vidare føreslår ein å flytte 186 000 kroner
frå kap. 821, post 50 til denne posten.
Departementet
føreslår ei løyving på 45,218 mill. kroner i 2011. Løyvinga
vil bli nytta til faste prosjekt, evalueringar, statistikkprosjekt
innanfor samarbeidsavtala med SSB om utvikling og vedlikehald av
statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, utviklingsarbeid,
utvikling av dataverktøy og til formidling av kunnskap. Departementet
føreslår å løyve 3,25 mill. kroner til ein styrking av entreprenørskap
for innvandrar. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med
1,5 mill. kroner til kartlegging av kommunane sine utgifter knytt
til busetjing og integrering av flyktningar. Evalueringar, statistikkprosjekt
og prosjekt knytte til handlingsplanar og satsingar skal prioriterast.
I kunnskapsarbeidet skal det vere eit kjønnsperspektiv.
Post
50 Noregs forskingsråd
Midlane
på denne posten skal nyttast til programmet
Velferd,
arbeidsliv og migrasjon
(VAM) under Noregs forskingsråd.
Budsjettforslag
for 2011
Departementet føreslår
å flytte 186 000 kroner frå denne posten til kap. 821, post 21.
Departementet føreslår ei løyving på 6 mill. kroner
i 2011.
Post 60 Integreringstilskot,
kan overførast
Formål
Formålet med integreringstilskotet er å medverke til
rask busetjing. Målet er at flyktningane skal bli busette i ein
kommune innan seks månader etter at dei har fått opphaldsløyve
(innan tre månader for einslege mindreårige). Tilskotet skal dekkje dei
gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering
av flyktningane i busetjingsåret og dei fire neste åra. Tilskotet
skal medverke til at kommunane har eit planmessig og aktivt busetjings-
og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får
arbeid og kan forsørgje seg sjølve. Tilskotet skal også medverke
til rask busetjing av eldre og funksjonshemma flyktningar.
Tildelingskriterium
Integreringstilskot
Kommunane får utbetalt integreringstilskot
ved busetjing av flyktningar og personar med opphald på humanitært
grunnlag og familiesameining med flyktningar i fem år. For familiesameining
med personar som har opphald på humanitært grunnlag, får kommunane
utbetalt integreringstilskot for dei tre første åra.
Barn som blir født inntil 6 månader etter
at mor er busett i ein kommune vil bli omfatta av målgruppa for
integreringstilskot. Dette omfattar ikkje familiesameinte.
Departementet tek sikte på å gjere framlegg om
å utvide personkrinsen for introduksjonsprogrammet til å omfatte
personar som får opphald på grunnlag av mishandling i samlivsforhold
eller fordi dei ikkje kan returnere til heimlandet på grunn av
sosiale eller kulturelle forhold eller fordi dei har vore utsett
for tvangsekteskap.
Integreringstilskotet
kan, i enkelte tilfelle og når særlege grunnar taler for det,
bli utbetalt for personar som blir busette frå mottak sjølv om
dei ikkje har opphald på grunnlag av søknad om asyl, er overføringsflyktningar
eller har kollektivt vern. Ein føresetnad er at dei blir busette
etter avtale med kommunen.
Alle kommunane
får tilskot etter same satsstruktur og nivå. Kommunane får frå
2011 eit høgare tilskot for einslege vaksne enn for andre vaksne.
Kommunane får òg eit høgare tilskot for einslege mindreårige
enn for andre barn. Satsane er vist i tabellen under. Tilskotet
blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte flyktningen måtte
ha for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen.
Tabell 3.1 Satsar for integreringstilskotet
Busetjingsår
|
Satsar 2007
|
Satsar 2008
|
Satsar 2009
|
Satsar 2010
|
Satsar 2011
|
År
1 (einslege vaksne)
|
|
|
|
|
200 000
|
År
1 (andre vaksne)
|
130 000
|
130 000
|
143 500
2
|
147 500
|
150 000
|
År
1 (einslege mindreårige)
|
|
|
|
|
150 000
|
År
1 (barn)
|
110 000
|
110 000
|
123 500
|
127 500
|
130 000
|
År
2
|
113 000
|
123 400
1
|
142 000
2
|
146 400
|
150 000
|
År
3
|
92 000
|
99 600
1
|
126 000
2
|
130 400
|
131 500
|
År
4
|
71 000
|
73 000
|
75 000
|
80 000
|
80 000
|
År
5
|
70 000
|
70 000
|
70 000
|
70 000
|
70 000
|
Sum
(einslege vaksne)
|
476 000
|
496 000
|
556 500
|
574 300
|
631 500
|
Sum
(andre vaksne)
|
|
|
|
|
581 500
|
Sum
(einslege mindreårige)
|
|
|
|
|
581 500
|
Sum
(barn)
|
456 000
|
476 000
|
536 500
|
554 300
|
561 500
|
1
I samband med revidert
nasjonalbudsjett for 2008 blei satsane for integreringstilskotet
i år 2 og år 3 auka til høvesvis 130 000 kroner og 112 000 kroner.
Aukingane hadde halvårseffekt og gjaldt frå 1. juli 2008.
2
I samband med revidert nasjonalbudsjett
for 2009 blei satsane for integreringstilskotet i år 1, år 2 og
år 3 auka til høvesvis 143 500 kroner, 142 000 kroner og 126 000
kroner. Aukingane hadde heilårseffekt.
Tilskot
ved busetjing av personar over 60 år og personar med alvorlege,
kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar
Ved busetjing av personar som har fylt 60 år,
får kommunen eit ekstra eingongstilskot. Satsen for 2011 er føreslått
til 138 700 kroner.
Ved busetjing av
flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar
kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov.
Ordninga har to delar, og personar som kommunane søkjer tilskot for,
kan utløyse enten tilskot 1 eller tilskot 2. Departementet føreslår
å setje satsen for tilskot 1 til 155 400 kroner (eingangstilskot)
for 2011 og satsen for tilskot 2 til inntil 776 800 kroner per år
i inntil 5 år, det vil seie for same perioden som integreringstilskotet.
Tilskota blir ikkje trekte frå ved fastsetjing av tilskot under
toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester, jf. kap.
575, post 60.
Skoletilskot
Ved busetjing av barn i grunnskolealder får
kommunane eit tilskot til språkopplæring. Tilskotet skal dekkje
den kommunale eigendelen til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring.
Satsen for 2011 vert føreslått til 10 500 kroner.
Tilskot
ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar
Kommunane får eit særskilt tilskot ved busetjing av
einslege mindreårige flyktningar, jf. kap 821, post 61. Kommunane
kan også få refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak
knytte til einslege mindreårige flyktningar, jf. kap. 864, post
65.
Oppfølging og kontroll
Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap
for integreringstilskotet. Gjennom Berekningsutvalet si kartlegging
av kommunane sine utgifter til busetjing og integrering blir det kontrollert
at det er eit rimeleg samsvar mellom dei gjennomsnittlege utgiftene
og nivået på integreringstilskotet til kommunane, jf. kap. 821,
post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging.
Integreringstilskotet er mellom anna med på
å finansiere introduksjonsprogramma til kommunane. Deltaking i
introduksjonsordninga og i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap
i kommunen skal registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR),
sjå rapportering under delmål 2.3
Rask overgang
til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram
.
Resultatrapport
2009/2010
Berekningsutvalet
si kartlegging av kommunane sine utgifter som gjaldt integreringstilskotet
i 2009, viser ein auke på 5,9 prosent. Utgifter til sosialhjelp
har blitt reduserte, utgifter til introduksjonsstønad har auka,
og utgifter til integreringstiltak og administrasjon av desse har
auka.
I 2009 blei det utbetalt integreringstilskot
for 3 141 mill. kroner. Det blei utbetalt eldretilskot for 14,6
mill. kroner, tilskot ved busetjing av flyktningar med alvorlege,
kjende funksjonshemmingar og åtferdsvanskar på 89,5 mill kroner
og skoletilskot på 61,7 mill. kroner.
Budsjettforslag
for 2011
Løyvinga på posten
er føreslått auka med:
-
3 mill. kroner til integreringstilskot for barn som
blir født inntil 6 månader etter at mor er busett i ein kommune.
-
27,2 mill. kroner til auka sats for einslege vaksne
og einslege mindreårige.
-
3,75 mill. kroner til utviding av personkrinsen for
kven som har rett og plikt til introduksjonsprogram.
I tillegg føreslår departementet å innlemme
tilskotet til tiltak for barn av nykomne flyktningar som eit ekstratilskot
i integreringstilskotordninga. Formålet med tilskotet er å gjere
kommunar og private barnehageeigarar i stand til å gi barn av nykomne
flyktningar eit barnehagetilbod når familien skal etablere seg
i busetjingskommunen. Det vert i samband med dette føreslått å
flytte 17,9 mill. kroner frå KDs kap. 231, post 60 til posten.
Regjeringa føreslår å ta imot ei kvote på
1 200 overføringsflyktningar for 2011. Av desse kan inntil 80 plassar
nyttast til tiltak for gjenbusetjing av flyktningar. Midlane på
kap. 820, post 01 og kap. 490, post 73 Gjenbusetjing av flyktningar
– støttetiltak kan nyttast under kap. 821 post 60. Sjå eigen omtale
under postane.
Det er føreslått ei
løyving på 4 304,872 mill. kroner.
Post
61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Tilskotet er flytta til dette kapitlet i 2011,
det låg tidlegare på kap. 854, post 64.
Formål
Løyvinga skal dekkje det særskilde tilskotet
som blir utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige
flyktningar blir busett.
Tildelingskriterium
Alle kommunar er inkluderte i ordninga ved busetjing
av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Tilskotet
blir differensiert frå den månaden vedkommande blir busett. Tilskotet
blir utbetalt til og med det året den einslege, mindreårige
fyller 20 år. IMDi utbetaler tilskotet til kommunane, basert på
talet på barn som blir busett i dei respektive kommunane.
Oppfølging
og kontroll
I rundskrivet frå
IMDi om tilskot blir det teke atterhald om at BLD eller IMDi og
Riksrevisjonen skal ha tilgang til å setje i verk kontroll med
at midlane blir nytta etter føresetnaden, jf. bevilgningsreglementet
§ 10.
Budsjettforslag 2011
Det er føreslått å auke tilskotet frå 119
556 kroner per barn per år i 2010 til 123 144 kroner i 2011, tilsvarande
prisjustering.
Departementet føreslår
ei løyving på 258,504 mill. kroner
Post
62 Kommunale innvandrartiltak
Formålet
med tilskotsordninga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane.
Midlane skal brukast til desse tiltaka:
-
Forsøk med gratis kjernetid i barnehagar
for tre-, fire- og femåringar i område med ein stor del minoritetsspråklege
barn.
-
Forsøksordninga
Ny
sjanse
. Formålet med denne forsøksordninga er å prøve
ut kvalifisering etter same modellen som introduksjonsordninga for
innvandrarar som ikkje har tilknyting til arbeidslivet. Forsøket
rettar seg mot innvandrarar frå utvalde land med særleg høg arbeidsløyse
eller låg sysselsetjing (Pakistan, Marokko, Tyrkia, Somalia, Afghanistan
og Irak). Kvinner frå desse landgruppene er ei hovudmålgruppe.
Forsøket rettar seg òg mot kvinner som er heime, som ikkje tek
del i noka opplæring eller kvalifisering, og som ikkje får sosialhjelp.
Målet med forsøket er kvalifisering og formidling til ordinært
arbeid.
Resultatrapport 2009/2010
Forsøk
med språkkartlegging av fireåringar på helsestasjon
Forsøksordninga med systematisk kartlegging
på helsestasjon av språkutviklinga til alle fireåringar i 12
kommunar blei starta i 2006. Ordninga vart vidareført i 2007, 2008
og 2009. Forsøksordninga blei avslutta ved utgangen av 2009.
Ordninga er omtalt under delmål 2.6.
Gratis
kjernetid i barnehagar
Forsøket
med gratis kjernetid i barnehagar i område med ein stor del barn
med innvandrerbakgrunn starta i 2006 og er gradvis utvida. I 2009
blei det tildelt 50 mill. kroner til Oslo kommune til gratis kjernetid
for alle fire- og femåringane i dei fire bydelane i Groruddalen
og bydelen Søndre Nordstrand. Denne løyvinga er vidareført med
det same beløpet i 2010. I tillegg blei forsøket i 2010 utvida til
treåringar i bydelen Gamle Oslo og i nokre område i Drammen kommune.
Til forsøket for treåringar er det for 2010 sett av totalt 10
mill. kroner.
Drammen kommune har sidan
2007 fått midlar til eit avgrensa forsøk for fire- og femåringar.
For 2009 var det tildelt 0,9 mill. kroner til Drammen til dette
forsøket. Midlane er nytta til 60 barnehageplassar for minoritetsspråklege
barn med eit gratis korttidsopphald på 17 timar per veke, og til
tilbod til foreldre. Dette forsøket blei fasa ut ved avslutninga
av barnehageåret 2009/2010.
Forsøket
er omtalt under delmål 2.6.
Ny sjanse
I 2010 blei om lag 23 mill. kroner delt på
31 kommunar/bydelar. Av desse er 16 prosjekt i bydelar i Oslo. I
fleire kommunar og bydelar er det fleire prosjekt samtidig. I 2010
kan kommunar som alt har eitt eller fleire
Ny
sjanse
-prosjekt søkje om midlar, i tillegg til kommunar med
stor innvandrarbefolkning og dei som har etablert lokalt NAV-kontor.
IMDi har i 2010 særleg fokus på å dokumentere
metodar som blir utvikla i dei lokale forsøka. Kommunane kan søkje
om særskilde midlar til å utarbeide slik dokumentasjon. IMDi har
òg fokus på overføring av kompetanse og erfaringar mellom
Ny sjanse
-prosjekt og
Kvalifiseringsprogrammet
i
NAV, som blir regulert i sosialtenestelova.
I
2009 ble det løyva 23,52 mill. kroner i Saldert budsjett.
I regjeringas pakke med tiltak for å dempe verknadene
av finanskrisa fekk
Ny sjanse
tilført ytterlegare
15 mill. kroner i 2009. Tilleggsløyvinga blei fordelt på 19 av
dei prosjekta som var i gang, og desse rekrutterte til saman 250
nye deltakarar, som alle hadde vore avhengige av sosialhjelp i fleire
år.
Ordninga er omtalt under delmål
2.5.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår å flytte 0,4 mill.
kroner frå kap. 840, post 21 og 10,5 mill. kroner frå kap. 840, post
70 til denne posten i samband med arbeidet mot tvangsekteskap og
kjønnslemlesting. Vidare føreslår departementet å flytte 0,5
mill. kroner frå kap. 821, post 71 til denne posten til styrking
av integreringsarbeidet for utsette grupper i innvandrarbefolkninga.
Departementet føreslår å løyve 107,179 mill. kroner
på posten for 2011. I dette inngår ein auke på 7 mill. kroner
til utviding av forsøket med gratis kjernetid i barnehagar.
-
68,8 mill. kroner til
forsøk med gratis kjernetid i barnehagar. Gratis kjernetid for
alle fire- og femåringar i Groruddalen og Søndre Nordstrand i
Oslo kommune blir vidareført. Forsøket i Bydel Gamle Oslo blir
vidareført i dialog med Oslo kommune. Forsøket for treåringar
i område i Drammen blir vidareført, og det blir foreslått å
utvide satsinga til å omfatte fireåringar i dei same områda i
kommunen. I tillegg blir det foreslått å utvide satsinga til område
i Bergen kommune med høg del barn med innvandrarbakgrunn. Satsinga
i Bergen må sjåast i samanheng med forslag i Prop.1 S (2010-2011)
for Kommunal- og regionaldepartementet om ein områdesatsing
same stad.
-
26,979 mill. til vidareføring av
Ny sjanse
-
10,9 mill. kroner til arbeidet mot tvangsekteskap
og kjønnslemlesting.
-
0,5 mill. kroner til styrking av integreringsarbeidet
for ustette grupper av innvandrarar
Post
70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging
Berekningsutvalet kartlegg kommunane sine utgifter
til busetjing og integrering. Sosialkontor/sosialtenester, introduksjonsprogram/introduksjonsstønad,
barne- og ungdomsverntenester, innvandrar- og flyktningkontortenester,
tolketenester, omsorg for personar med rusproblem, støttekontakt,
bustad-/og bustadadministrasjonstenester, sysselsetjingstiltak,
yrkeskvalifisering og arbeidstrening, integreringstiltak i grunnskolen, kultur-
og ungdomstiltak, barnehagar, utgifter til den kommunale helsetenesta
og felleskostnader blir rekna som integreringstiltak.
Løyvinga skal dekkje to formål: utgifter knytte til
busetjingsordninga og kartlegging av dei gjennomsnittlege utgiftene
kommunane har til busetjing, integrering og norskopplæring.
Budsjettforslag
for 2011
Departementet føreslår
å flytte 350 000 kroner frå kap. 820, post 01 til denne posten
i samband med arbeidet med kartlegginga til Berekningsutvalet.
Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner
for 2011. Av desse skal 2,27 mill. kroner nyttast til kartlegginga
Berekningsutvalet gjer av kommunane sine utgifter, og 1,75 mill.
kroner til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.
Post
71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd
Tilskotsordninga på post 71 er delt i 1) tilskot
til frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking,
dialog og samhandling, 2) tilskot til drift av landsdekkjande organisasjonar
på innvandrarfeltet som arbeidar landsomfattande og/eller med problemstillingar
av nasjonal karakter, 3) tilskot til frivillige organisasjonar sitt
haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og 4)
informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar. I tillegg
gis det middel over denne posten til innsats for særlege utsette
innvandrargrupper i samhøve med tiltaksplan mot fattigdom og til
kontakt mellom innvandrarorganisasjonar og styresmaktene.
Frivillig
verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling
Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) drift
av lokale innvandrarorganisasjonar og b) frivillig verksemd. Delar
av løyvinga er øyremerka organisasjonar og aktivitetar i Groruddalen
og Søndre Nordstrand. Hovuddelen av midlane blir fordelt av fylkeskommunane
på bakgrunn av rundskriv frå IMDi. Midlane blir fordelt mellom
fylkeskommunane ut frå talet på utanlandskfødde personar og barna
deira som er fast busette i fylket og som er fødde utanfor Norden,
Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand. Tal frå Statistisk
sentralbyrå per 1. januar det føregåande året ligg til grunn
for berekninga av tilskotet. Fylkeskommunane får 10 prosent av
tilskotsramma i administrasjonstilskot.
Mål
Formålet med driftstilskot til lokale innvandrarorganisasjonar
er å medverke til å styrkje organiseringa av innvandrarar lokalt
og auke tilgjenge til sosiale nettverk for innvandrarar slik at
innvandrarar skal kunne fremme felles interesser overfor lokale
styresmakter.
Formålet med tilskotet
til frivillig verksemd er å skape møteplassar i lokalsamfunn på
tvers av etnisk og nasjonalt opphav.
Resultatrapport
2009/2010
14,25 mill kr blei
sett av til fylkeskommunane i 2009. Av desse blei 1,46 mill. kroner
brukt til administrasjon og 12,79 mill. kroner til fordeling. I tillegg
blei det sett av 1,25 mill. kroner i statlege middel til lokalt
arbeid i samband med Groruddalssatsinga og Handlingsprogram Oslo
Sør.
I 2009 gjekk 41 prosent av løyvingane
over fylkeskommunane si tilskotsordning til aktivitetar i regi av
lokale innvandrarorganisasjonar, 26 prosent til drift av lokale
innvandrarorganisasjonar og 33 prosent til aktivitetar drive av
andre frivillige aktørar.
Tilskotsordninga
blei noko endra i 2009, ved at tilskotet til frivillig virke i lokalsamfunn
no retter seg inn mot å skape møteplassar på tvers av etnisk og
nasjonalt opphav, og blir gitt til aktivitetar som medverker til
dette. Vidare var det nytt i 2009 at også personar frå EØS-området,
utanom Norden, inngår i berekninga av innvandrarfolketalet, og
at organisasjonar med medlemmer frå land i EØS-området kan få
driftsstøtte gjennom ordninga.
Samanlikna
med 2008 var det for 2009 ein nedgang frå om lag 900 til 600 søkjarar
som fekk støtte, ein nedgang på 30 prosent. Dette kan tolkast som
om omlegginga av tilskotsordninga i 2009 har hatt ein effekt, men
at potensielle tilskotsmottakarar ikkje fullt ut har tilpassa seg
dei endra kriteria. Rapport for 2010 om bruk av midla vil kunne
gi meir informasjon om effektane av omlegginga.
Landsdekkjande
organisasjonar
Mål
Målet med tilskotsordninga for landsdekkjande organisasjonar
er å leggje til rette for organisasjonar som arbeider for å sikre
at alle har dei i same moglegheitene, rettane og pliktene når det
gjeld å delta i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar.
Tilskotsposten er delt i to målområde. Det
er høve til å gi støtte til landsdekkjande organisasjonar som
-
1. byggjer opp kompetanse
om kva som fremmar inkludering og hindrar like moglegheiter,
og som formidlar erfaringar og kompetanse til lokale og nasjonale
styresmakter, og til innbyggjarane elles
-
og/eller
-
2. medverkar til å sikre rettane til asylsøkjarar og
byggjer opp kunnskap om kva behov asylsøkjarar har for å ta vare
på interessene sine i samfunnet.
Hovudvekta av støtta vil bli gitt til organisasjonar som
rettar arbeidet sitt mot målområde 1.
Det
blir høve til å gi støtte til organisasjonar som arbeidar landsomfattande
og/eller med problemstillingar av nasjonal karakter. Organisasjonar
som berre arbeidar lokalt, og som primært legg til rette for kontakt
og dialog mellom personar med innvandrarbakgrunn og innbyggjarane elles,
kan søkje støtte til drift av lokale innvandrarorganisasjonar
og frivillig verksemd i lokalsamfunn gjennom fylkeskommunen. Organisasjonane
må, som hovudregel, representere interessene til innvandrarar i
Noreg på tvers av nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Organisasjonane
må opparbeide og formidle kunnskap basert på erfaring og på brei
kontaktflate og solid forankring i ulike innvandrarmiljø. Organisasjonar
utan slik forankring kan søkje om tilskot over andre tilskotsposter
eller poster for forsking og utgreiing. Nye organisasjonar må ha
andre arbeidsformer eller andre målgrupper enn organisasjonar som får
midlar frå tilskotsordninga.
Resultatrapport
2009/2010
I 2009 fekk ti organisasjonar
tildelt totalt 13,9 mill. kroner. For nærmare omtale sjå Prop.
1 S (2009-2010) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
For 2010 har per 9. september ni organisasjonar
fått tildelt totalt 13,9 mill. kroner. Antirasistisk Senter (ARS),
Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO), Kristent Interkulturelt
Arbeid (KIA), Minotenk – Minoritetspolitisk tenketank, MiRA Ressurssenter
for innvandrer- og flyktningkvinner, Norsk Organisasjon for Asylsøkere
(NOAS), Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering (OMOD), Selvhjelp
for innvandrere og flyktninger (SEIF) og Human Rights Service (HRS). IMDi
har innhenta opplysningar om HRS i samband med sak omtalt i media.
Opplysningane gir ikkje grunnlag for krav om tilbakebetaling av
tilskot som HRS har motteke frå IMDi i perioden 2006-2009. HRS
har innfridd dei formelle krava som har vore stilt frå IMDi si
side ved tildeling av tilskot.
Frivillige organisasjonar
sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap
Mål
Frivillige organisasjonar kan søkje om støtte
til arbeid mot tvangsekteskap. Dette er eit tiltak i
Handlingsplan mot tvangsekteskap
(2008–2011). Ordninga
blir forvalta av IMDi.
Målet med ordninga
er å mobilisere frivillige organisasjonar til å førebyggje tvangsekteskap gjennom
å motarbeide undertrykkjande haldningar og praksis i aktuelle miljø
og dermed auke sjansane for at dei unge kan ta sjølvstendige val.
Det blir gitt støtte til haldningsskapande
og førebyggjande arbeid, inkludert informasjonstiltak, nettverksbygging
og andre former for dialog og kontakt retta mot unge med innvandrarbakgrunn
og foreldra deira. Det er ein føresetnad at ein ser alle sider
ved problemet, slik at det blir ei samanhengande tiltakskjede mot
tvangsekteskap. Støtte til akutt hjelp, kriseberedskap, informasjonstelefon,
jf. tiltak 29 i handlingsplanen, blir gitt over ei eiga ordning.
Målgruppa for tilskot vil primært vere eksisterande
nasjonale og andre frivillige organisasjonar med kompetanse og nettverk
i aktuelle miljø. Organisasjonane kan også søkje støtte til
prosjekt i område som IMDi sine integreringsrådgivarar dekkjer.
Det er ein føresetnad at ein skal sjå tiltaka i samanhang med
arbeidet som organisasjonane har retta mot dei same målgruppene
i Noreg. Det er viktig at erfaringar, perspektiv og nettverk som kvinner
og ungdom med innvandrarbakgrunn har, blir brukte i arbeidet mot
tvangsekteskap.
Prosjekt og tiltak der
fleire aktørar samarbeider for å få til ei heilskapeleg satsing
og styrking av tiltakskjeda, vil bli prioriterte. Det er ønskjeleg at
organisasjonane samarbeider med det offentlege hjelpeapparatet.
Eit mål med ordninga for det førebyggjande arbeidet er at organisasjonar
skal drive prosjekt som innhaldsmessig kjem i tillegg til og representerer
noko nytt samanlikna med tidlegare tiltak. Vidare skal ordninga
medverke til auka samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av organisasjonar
og prosjekt.
Det er høve til å gi støtte
til aktivitetar knytte til prosjekt og tiltak, og nødvendig administrasjon av
desse, men ikkje til generell drift av organisasjonane. Det er ein
føresetnad for støtte at organisasjonane bidreg økonomisk. Løyvinga
dekkjer kunnskaps- og erfaringsformidling og forvaltinga av ordninga
i regi av IMDi.
Resultatrapport 2009/2010
I 2009 blei det sett av 10 mill. kroner til
frivillige organisasjonar haldningsskapande/førebyggjande arbeidet
på feltet. For nærmare omtale sjå Prop. 1 S (2009-2010) for Arbeids-
og inkluderingsdepartementet.
For 2010 blei
det sett av 10 mill. kroner til dette formålet og 23 frivillige
organisasjonar har fått støtte: Den iraksiske kurdiske asylsøker
og flyktninger organisasjon i Norge (IKAF), Det norske råd for
kurdernes rettigheter (RKR), Drammen Røde Kors, Helse og sosialgruppe
for innvandrere IHSG), Kristent interkulturelt arbeid (KIA- Trondheim),
Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner
(LLH- Trondheim), Minhaj konfliktråd, MiRA Ressurssenter for innvandrer-og
flyktningkvinner (MiRA), Norsk Folkehjelp, Primærmedisinsk verksted
(PMV), Selvstendig demokratisk kurdisk kvinneforening (SDKK), Sisters
of Lillesand, Skeiv Verden Oslo og Akershus, Stiftelsen Internasjonalt
Hus, Stiftelsen Kirkens Bymisjon Bergen, Stiftelsen Oslo Krisesenter
og Utrop. Sju organisasjonar sett i gang nye prosjekt: African Health
and Social Development, Den palestinske forening i Rogaland, Minotenk
– Minoritetspolitisk tenketank, Palestinaforening, Samfunnsstiftelsen
Ungdom mot Vold og Scilo Norge.
Det er gitt
støtte til prosjekt som rettar seg mot grupper og enkeltpersonar
gjennom nettverksarbeid, konferansar, temakveldar, dramagrupper,
empowerment-kurs og ein nettstad. Minoritetsrådgivarane er involverte
i oppfølging av prosjekta.
Informasjon og rettleiingstiltak
retta mot innvandrarar
Mål
Innvandrarar skal få informasjon som er tilpassa behova
deira. Særleg nykomne treng kunnskap om og innføring i det norske
samfunnet. Mange vil også trenge rettleiing for å styrkje deltakinga
i lokalsamfunnet. Sidan 2008 har det vore sett av midlar til ei
ordning der frivillige organisasjonar kan gi målretta informasjon
og rettleiing til innvandrarar. Innanfor denne ordninga blir det
òg tildelt midlar til frivillige organisasjonar sitt arbeid med
busetjing og integrering av flyktningar og med inkludering av innvandrarar
i lokalsamfunnet. I 2010 er ordninga med tilskot også utvida til
å omfatte vidareføring av samarbeidsavtaler mellom IMDi og frivillige
organisasjonar som medverkar til integrering av busette flyktningar
i kommunane.
Tilskotsordninga er styrkt
i 2009 og 2010. Ordninga blir forvalta av IMDi.
Resultatrapport
2009/2010
Innanfor ordninga
er det sett av 5,588 mill kroner. 20 organisasjonar har fått støtte
i 2010. Av desse er det seks vidareføringar frå 2009. Støtta
har mellom anna gått til ulike frivilligsentralar, Oslo katolske
bispedømme og eit prosjekt retta mot polske arbeidsinnvandrarar
i regi av Tømrer og Byggfagforeningen. I tillegg har dei seks frivillige
organisasjonane som IMDi har samarbeidsavtaler med, motteke støtte
i 2010. Desse er Raudekrossen i Noreg, Norsk Folkehjelp, Norges
Fotballforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening, Redd Barna og Frivillighet
Norge. Eksempel på prosjekt er nettverksbygging i lokalsamfunn,
opplæring i å etablere organisasjonar og informasjon om rettar
for minoritetar.
Innsats for særlege utsette
innvandrargrupper og dialog mellom innvandrarorganisasjonar og styresmaktene
Resultatrapport
2009/2010
For 2009 var det
satt av 2 mill. kroner til innsats for særlege utsette innvandrargrupper
i henhold til tiltaksplan mot fattigdom. Av denne løyvinga gjekk
1,4 mill kr til Primærmedisinsk verkstad. Resten av midla vil bli
nytta til tiltak retta mot somaliarar i Noreg, primært i regi av
Oslo kommune.
Det er sette av 300 000
kr til dialog mellom innvandrarorganisasjonar og styresmaktene.
Midla er mellom anna nytta til workshop for unge somaliarar.
Budsjettforslag
for 2011
Departementet føreslår
å flytte 500 000 kroner frå denne posten til kap. 821, post 62
i samband med regjeringas innsats for å styrkje integreringsarbeidet
for utsette grupper blant innvandrarar.
Departementet
føreslår ei løyving på 48,46 mill. kroner på posten for 2011.
Av dette er 14 mill. kroner sette av til landsdekkjande organisasjonar på
innvandrarfeltet og 0,3 mill. kroner til kontakt mellom innvandrarorganisasjonar
og styresmakter. 15,6 mill. kroner er sette av til lokale innvandrarorganisasjonar
og anna frivillig verksemd i lokalsamfunn, derav 1,25 mill. kroner
til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og Søndre Nordstrand.
På posten er det også sett av 1,5 mill. kroner til innsats for
særleg utsette innvandrargrupper i samsvar med
Tiltaksplan
mot fattigdom
. Det er sett av 10 mill. kroner til frivillige
organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot
tvangsekteskap og 7,06 mill. kroner til informasjon og rettleiingstiltak
retta mot innvandrarar.
Post
72 Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.
Løyvinga skal finansiere den faglege og administrative
gjennomføringa av autorisasjonsprøven for tolkar. Gjennom autorisasjonsordninga
kan tolkar få dokumentert at dei har den grunnkompetansen i tolking
som er nødvendig for å utføre tolkearbeid på ein fullgod måte.
Tilgang på godt kvalifiserte tolkar er avgjerande for å sikre
at fagpersonar og offentleg tilsette skal kunne informere, rettleie
og høyre partane på tross av språkbarrierar, slik at innvandrarar
får eit likt tilbod som resten av innbyggjarane. Tilgangen på
kvalifiserte tolkar er i dag for låg i forhold til behovet, og
det må autoriserast tolkar med fleire språk. Per 31. juli 2010
har 175 tolkar i 21 språk fått løyve som statsautorisert tolk.
Av desse er 61 prosent kvinner. Autorisasjonsprøva er svært krevjande,
og 86 prosent av kandidatane strauk i 2009. Strykprosenten er noko
lågare for kandidatar med grunnutdanning i tolking.
Oppfølging
av Nordisk språkkonvensjon
Formålet
med løyvinga er å følgje opp den forpliktinga Noreg har etter
Nordisk språkkonvensjon. Oppfølgingsarbeidet er delegert til Norsk-finsk informasjons-
og språksenter, som rapporterer til IMDi. Språksenteret er eit
kompetansesenter for tolking og omsetjing mellom norsk og finsk,
og ligg i Finnmark fylkeskommune. Tolketenestene er primært regionale,
medan omsetjingstenestene er landsdekkjande. Senteret driv i tillegg
informasjonsverksemd. IMDi bidreg med å gjere språkkonvensjonen
kjend og følgjer opp det nordiske samarbeidet rundt konvensjonen,
som ligg under Nordisk Råd.
Budsjettforslag for
2011
Departementet føreslår
å flytte 150 000 kroner frå kap. 820, post 01 til denne posten.
Departementet føreslår ei løyving på 2,369 mill.
kroner.
Post 73 Tilskot
Løyvinga blir nytta til tilskot til deltaking
i internasjonale kunnskapsforum om migrasjon og integrering og inkludering
av innvandrarar og til tilskot til prosjekt.
Resultatrapport
2009/2010
Løyvinga er mellom
anna nytta til tilskot til deltaking i
Transatlantic
Council on Immigration
og til Universitetet i Oslo sitt opplæringsprogram
for religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn.
Budsjettforslag
for 2011
Departementet føreslår
å flytte 96 000 kroner frå kap. 840, post 21 og 3 mill. kroner
frå kap. 840, post 70 til denne posten i samband med arbeidet mot
tvangsekteskap og kjønnslemlesting.
Departementet
føreslår ei løyving på 4,62 mill. kroner.
Kap.
3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Integreringstilskot
for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter
|
71 767
|
74 000
|
79 887
|
02
|
Særskilt tilskot ved busetjing av einslege
mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter
|
44 900
|
51 917
|
21 447
|
|
Sum
kap. 3821
|
71 767
|
74 000
|
101 334
|
Rekneskapstala er flytta frå
kap. 3651 og 3854 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Post
01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytte til busetjing
av overføringsflyktningar i kommunane kan, i samsvar med statistikkdirektivet
til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell
utviklingshjelp. Ein føreslår at 79,887 mill. kroner av utgiftene
på kap. 821, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp.
Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3821, post 01.
Post
02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar,
ODA-godkjende utgifter
Nokre
innanlandske utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar
i kommunane kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development
Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ein
føreslår at 21,447 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post
61 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp
blir ført som inntekt på kap. 3821, post 02.
Kap.
822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap
, kan overførast
|
15 782
|
16 180
|
21 682
|
22
|
Norskprøver
for vaksne innvandrarar
|
11 027
|
14 450
|
14 898
|
60
|
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for
vaksne innvandrarar
|
1 496 267
|
1 679 686
|
1 628 069
|
|
Sum
kap. 822
|
1 523 076
|
1 710 316
|
1 664 649
|
Rekneskapstala er flytta frå
kap. 653 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Post
21 Spesielle driftsutgifter – opplæring i norsk og samfunnskunnskap,
kan overførast
Formål
Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne
innvandrarar skal ha høg kvalitet. Det krev systematisk, langsiktig
og målretta utviklingsarbeid. Løyvinga skal nyttast til å utvikle
kompetanse, metodar, lærebøker og andre læringsressursar for
den obligatoriske opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne
innvandrarar.
Oppfølging og kontroll
Vox er pålagt å rapportere til Barne-, likestilings- og
inkluderingsdepartementet, og det vil bli halde møte på bakgrunn
av desse rapportane.
Resultatrapport 2009/2010
I 2009 blei det tildelt 16,433 mill. kroner
(inkl. overføringar frå 2008) til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
For nærmare omtale sjå Prop. 1 S (2009-2010) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
I 2010 blei det tildelt 16,18 mill. kroner til fagleg
og pedagogisk utviklingsarbeid. Midlane er fordelte mellom Vox,
IMDi og fylkesmennene med respektive 11,83 mill. kroner, 2,45 mill.
kroner og 1,9 mill. kroner. Midlane til Vox dekkjer mellom anna
lønn til dei tilsette i Vox som arbeider med faglege og pedagogiske
utviklingsoppgåver som gjeld opplæring i norsk og samfunnskunnskap
for vaksne innvandrarar. Det er eit nært samarbeid mellom Vox og
IMDi.
I 2009 blei det gjennomført leiarsamlingar, todagars,
regionvise etterutdanningskurs for lærarar, pedagogiske fagdagar,
grunnkurs i samfunnskunnskap og kurs i å førebyggje vald i barneoppsedinga.
Til saman hadde desse samlingane og kursa om lag 3 400 deltakarar.
Mange lærarar deltek på fleire kurs. Vox har òg ansvaret for
ei godkjenningsordning for private tilbydarar av opplæring i norsk
og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Vox lyste ut 1,4 mill.
kroner til utvikling av læremiddel i 2009. Pengane blei brukte
til læremiddel i språkpermmetodikk der arbeidsdomenet står sentralt,
læremiddel som kan eigne seg for analfabetar og deltakarar med
lese- og skrivevanskar og læringsressursar til bruk for døve.
Læreverk i samfunnskunnskap låg føre på to nye språk i 2009.
Det er utarbeidd ein plan for å omsetje læremiddel til nynorsk.
Vox har utvikla og halde ved like opplæringsmateriell retta mot
førebygging av tvangsekteskap, kjønnslemlesting og vald i nære
relasjonar. Dette er ei oppfølging av tiltak i
Handlingsplan
mot tvangsekteskap
(2008–2011),
Handlingsplanen
mot kjønnslemlesting
(2008–2011) og handlingsplanen
Vald i nære relasjonar
(2008–2011).
I 2010 vil Vox ta opp vald mot barn og vald i barneoppsedinga i
etterutdanningskursa for lærarar.
Budsjettforslag
for 2011
Departementet føreslår
ei løyving på 21,682 mill. kroner for 2011. Løyvinga skal dekkje
lønns- og driftsutgifter for tilsette ved Vox, kurs for lærarar, tilskot
til utvikling av lærebøker og eventuelle andre tiltak som kan
bidra til å utvikle kvaliteten på og innhaldet i opplæringa.
Departementet føreslår å auka løyvinga på posten
med 5 mill. kroner til utvikling av obligatoriske avsluttande prøver
i norsk.
Post 22 Norskprøver
for vaksne innvandrarar
I Læreplanen
for norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, som er ei
føresegn til introduksjonslova, er det fastsett at det skal vere
to avsluttande prøver i norsk, Norskprøve 2 og 3. Norskprøve
3 prøver norskkunnskapar på eit høgare nivå enn Norskprøve
2. Formålet med denne løyvinga er å sikre gode prøver og ei
effektiv gjennomføring av dei.
Resultatrapport
2009/2010
Kvar norskprøve
består av ein munnleg og ein skriftleg del. I 2009 blei det gjennomført
23 238 munnlege og skriftlege prøver. Til samanlikning blei det
i 2008 gjennomført 18 199 munnlege og skriftlege prøver. I 2009
fornya Vox etter offentleg utlysning avtala med Studieforbundet
Folkeuniversitetet om gjennomføringa av prøvene.
Budsjettforslag
for 2011
Departementet føreslår
ei løyving på 14,898 mill. kroner, som omfattar utgifter til å
utvikle prøver, til å gjennomføre prøvene, til sensur og tilbakemelding
til opplæringsstadene om resultata.
Post
60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne
innvandrarar
Formål
Målet med tilskotsordninga er å sikre at kommunane
tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller
rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, slik at dei lærer
tilstrekkeleg norsk dei første fem åra dei er i landet til at
dei kan fungere i yrkes- og samfunnslivet.
Opplæringa
skal starte så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter
at krav eller søknad om deltaking er fremma, og ho skal halde god
progresjon. Opplæringa skal skje i samsvar med introduksjonslova
med forskrifter. Kommunane skal tilby asylsøkjarar norskopplæring.
Tilskotet skal stimulere kommunane til å fremme
effektivitet, gjennomstrøyming og resultat i opplæringa, mellom
anna gjennom interkommunalt samarbeid. Kommunane kan behalde eit eventuelt
overskot av tilskotet dersom dei effektiviserer opplæringa gjennom
formålstenleg organisering og god kvalitet innanfor ramma av lov
og føresegner.
Tildelingskriterium
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap
etter introduksjonslova omfattar tre delar: persontilskot (tidlegare
per capita-tilskot), resultattilskot og grunntilskot.
Persontilskot
Kommunen vil få tilskot for kvar person i målgruppa
med rett og plikt eller rett til opplæring som har fått opphalds-
eller arbeidsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve
etter 1. september 2005. Tilskotet har to satsar, éin for personar
frå Afrika, Asia, Oseania (eksklusiv Australia og New Zealand),
Aust-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika og ein lågare sats
for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand.
Grunngivinga for å ha to satsar er at dei som har morsmål som
ligg nærmare norsk og meistrar det latinske alfabetet, lærer norsk
raskare enn andre. Ved fastsetjinga av storleiken på satsane er
det teke utgangspunkt i det forventa behovet for opplæring basert
på erfaringar og data som ligg føre.
Til
og med 2009 blei persontilskotet fordelt over fem år. Bakgrunnen
er at kommunane har plikt til å tilby opplæring i inntil fem år
frå den enkelte har fått opphalds- eller arbeidsløyve første gongen.
Tilbakemeldingar frå kommunane viser at dei har den største delen
av utgiftene for den enkelte dei første tre åra. Årsaka er at
dei fleste gjennomfører opplæringa dei første to–tre åra dei er
i Noreg. I samsvar med dette blei det lagt om til ei utbetaling
over tre år frå og med 2010. I ein overgangsperiode medfører
det at ein må ha forskjellige satsar for dei som er omfatta av
rett og plikt / rett til opplæring før og etter 1. januar 2010.
Tabell 3.2 Satsar for persontilskotet
|
2009
|
2010
Utbetaling
over 5 år
|
2010
Utbetaling
over 3 år
|
2011
Utbetaling
over 5 år
|
2011
Utbetaling
over 3 år
|
Tilskotsår
|
Låg sats
|
Høg sats
|
Låg sats
|
Høg sats
|
Låg sats
|
Høg sats
|
Låg sats
|
Høg sats
|
Låg sats
|
Høg sats
|
År
1
|
8 600
|
23 000
|
9 000
|
24 400
|
10 400
|
27 000
|
9 000
|
24 400
|
11 300
|
28 800
|
År
2
|
12 300
|
32 800
|
13 200
|
34 200
|
18 200
|
48 500
|
13 200
|
34 200
|
19 200
|
50 600
|
År
3
|
10 900
|
29 300
|
11 100
|
30 000
|
11 700
|
31 900
|
11 100
|
30 000
|
11 700
|
31 900
|
År
4
|
3 500
|
9 400
|
3 500
|
9 400
|
|
|
3 500
|
9 400
|
|
|
År 5
|
3 500
|
9 400
|
3 500
|
9 400
|
|
|
3 500
|
9 400
|
|
|
Sum
|
38 800
|
103 900
|
40 300
|
107 400
|
40 300
|
107 400
|
40 300
|
107 400
|
42 200
|
111 300
|
Resultattilskot
Formålet med dette tilskotet er å setje søkjelyset på
resultat og gjennomstrøyming i opplæringa. Tilskotet omfattar
innvandrarar som har rett og plikt eller rett til opplæring i norsk
og samfunnskunnskap. I 2011 vil tilskotet vere på 5 700 kroner per
bestått munnleg og skriftleg del av Norskprøve 2 og 3. Det inneber
at resultattilskotet vil kunne variere frå 5 700 til 22 800 kroner
per person, avhengig av kor mange prøver den enkelte går opp til
og består.
Grunntilskot
For å betre dei økonomiske rammevilkåra for
dei små og mellomstore kommunane er det etablert eit grunntilskot
for kommunar med 150 personar eller færre i personkrinsen for rett
og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter
introduksjonslova. Tilskotet blir utbetalt i to satsar, høg sats
til dei kommunane som har 4–150 personar i personkrinsen og låg
sats til dei som har 1–3 personar i personkrinsen. Høg sats vil vere
om lag 410 000 kroner og låg sats om lag 160 000 kroner. Talet
på personar i personkrinsen registrerte i NIR per 15. januar 2011
vil liggje til grunn for den endelege fastsetjinga av satsane og utbetalinga
til kommunane. Tilskotet gjer det også lettare for kommunar som
ikkje har busett flyktningar tidlegare, å etablere opplæring i
norsk og samfunnskunnskap.
Norskopplæring for
asylsøkjarar i mottak
Norskopplæringa
omfattar asylsøkjarar i ordinære mottak som er over 16 år, og
som ikkje har fått endeleg vedtak. Ordninga gjeld ikkje personar over
18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren. Asylsøkjarar som er
lenge i transittmottak fordi dei har store helseproblem, kan få
norskopplæring. Asylsøkjarar kan få inntil 250 timar opplæring.
Opplæringa skal avsluttast når den enkelte har fått 250 timer,
eller når ho eller han har fått avslag utan utsetjande verknad.
Asylsøkjarar som får positivt vedtak, har rett til opplæring
i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.
Kommunane får tilskot per person som er omfatta
av norskopplæring for asylsøkjarar. Heile tilskotet for den enkelte
blir utbetalt det året asylsøkjaren kjem til eit ordinært mottak.
Satsen for 2011 er 17 200 kroner.
Oppfølging
og kontroll
IMDi har frå 1.
januar 2009 hatt ansvaret for å forvalte dette tilskotet på nasjonalt
nivå, og fylkesmennene har ansvar for tilskotsforvaltinga på regionalt
nivå. Departementet er i ferd med å vurdere om ein skal leggje
heile ansvaret til IMDi.
Kommunane skal
ikkje leggje fram særskild rekneskap verken for tilskot til opplæring
etter introduksjonslova eller tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar.
Gjennom den årlege kartlegginga frå Berekningsutvalet vil ein
få oversikt over om det er eit rimeleg samsvar mellom kommunane sine
utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og statstilskotet.
Gjennomført norskopplæring for den enkelte som er omfatta av rett og
plikt til opplæring, blir registrert i NIR. Norskopplæring for
asylsøkjarar blir også registrert i NIR. Dersom kommunane gjennomfører
opplæring etter introduksjonslova og norskopplæring for asylsøkjarar
til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har motteke, beheld
dei tilskotet uavkorta. Dersom tilskotet er utbetalt på feilaktig grunnlag,
vil det bli gjort ei avrekning. Kommunane er ikkje forplikta gjennom
lov til gi asylsøkjarar norskopplæring, men når dei har motteke
tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar, må dei gi norskopplæring
i samsvar med retningslinjene for dette tilskotet. Dersom norskopplæring
for asylsøkjarar ikkje er gjennomført som forventa, vil det etter
ei konkret vurdering kunne bli aktuelt å krevje tilskotet tilbakebetalt.
Resultatrapport
2009/2010
Berekningsutvalet
si kartlegging for 2009 viser at utgiftene har stige frå 2008 til
2009. Berekningsutvalet kartlegg utgifter med og utan utgifter til lokale.
Dersom ein reknar med utgifter til lokale, har utgiftene auka med
8,6 prosent, og utan lokalutgifter har dei auka med 8,7 prosent.
I snitt hadde kommunane ei inntekt på 1 070 kroner per time i 2009.
Utgifta var i snitt på 1 020 kroner eksklusive utgifter til lokale
og 1 240 kroner per time inklusive utgifter til lokale. I 2009 dekte
tilskotet og andre inntekter 86,2 prosent av kommunane sine gjennomsnittlege
utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar,
medrekna utgifter til lokale. I 2008 dekte inntektene 86,5 prosent
av utgiftene.
I perioden frå 1. september
2005 til 1. september 2010 kunne innvandrarar som ikkje var omfatta
av rett og plikt eller rett til opplæring etter introduksjonslova,
få gratis opplæring etter ei overgangsordning. Mange kommunar
oppfordra aktivt innvandrarar til å nytte seg av dette høvet, noko
som førte til at mange innvandrarar som elles ikkje ville ha gjort
det, lærte norsk.
Frå 1. januar 2010
har Longyearbyen lokalstyre ansvar for norskopplæring på Svalbard
innanfor ramma av kap. 480 post 50 (Svalbardbudsjettet).
Budsjettforslag
for 2011
Departementet føreslår
ei løyving på 1 628,069 mill. kroner for 2011.
Kap.
3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
|
142 884
|
175 731
|
94 320
|
|
Sum
kap. 3822
|
142 884
|
175 731
|
94 320
|
Rekneskapstala er flytta frå
kap. 3653 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Post
01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak
av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet
til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell
utviklingshjelp. Departementet føreslår at 94,32 mill. kroner
av utgiftene på kap. 822, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp.
Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3822, post 01.
Kap.
823 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
|
5 581
|
6 060
|
6 312
|
|
Sum
kap. 823
|
5 581
|
6 060
|
6 312
|
Rekneskapstala er flytta frå
kap. 652 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Status
for verksemda
Kontaktutvalet
mellom innvandrarar og myndigheitene (KIM) skal vere eit rådgjevande
og uavhengig organ for styresmaktene og eit forum som kan fremme
synspunkt frå innvandrarbefolkninga til offentlegheita.
Utvalet skal vere ein kompetent høyringsinstans
på dei politikkområda som vedkjem innvandrarar og barna deira,
og skal sjølv ta initiativ til å setje aktuelle saker på den
politiske og offentlege dagsordenen. KIM skal, gjennom medlemmene sine,
vere i kontakt med og utveksle synspunkt og erfaringar med innvandrarorganisasjonar
og –miljø i regionane.
For å ivareta
rolla som rådgjevande organ, har KIM kontakt med offentlege styresmakter,
fag- og forskingsmiljø, politiske parti, interesseorganisasjonar
og andre relaterte samarbeidspartnarar. Utvalet møtes minst fire
gongar i året.
KIM vedtek sjølv sine
satsingsområde for kvar utvalsperiode. Satsingsområda indikerer
kva saker KIM vil prioritere i utvalsperioden, men utvalet vil også
setje søkjelyset på andre saker om nødvendig.
KIM består av leiar og 23 medlemmar med innvandrarbakgrunn
frå alle fylka i Noreg. Alle fylka har ein representant og ein
vararepresentant i utvalet, med unntak av Oslo og Akershus som har
høvesvis tre og to representantar og tilsvarande tal vararepresentantar.
Medlemmane i KIM skal representere bredde blant innvandrarbefolkninga.
Resultatrapport
2009/2010
2009 var eit aktivt
år for KIM, med auka aktivitetsnivå samanlikna med 2008. Til dømes
har utvalet hatt dei fleire møte med styresmaktene, fleire medieoppslag
og meir regional aktivitet. KIM deltek i referansegrupper og utval
og held fleire foredrag og innlegg, også internasjonalt. Viktige saker
i 2009 var mellom anna knytte til finanskrisa, statsborgarlova,
Østbergutvalet, framstilling av innvandrarar i media og godkjenning
av utanlandsk kompetanse.
KIM har, med
økonomisk støtte frå KRD, arrangert ei rekkje debattar og møte
for å auke valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn
i stortingsvalet 2009. Mellom anna har KIM hatt møte med dei politiske
partia og ungdomspartia om kor viktig det er å ha representantar
med innvandrarbakgrunn på vallistene, og kor viktig det er å setje
saker som innvandrarar er opptekne av, på dagsordenen. Satsinga
på valdeltaking har medført auka regional aktivitet i KIM.
I 2009 gjennomførte IMDi, i samarbeid med KIM
sitt sekretariat, ein nominasjonsprosess for å føreslå medlemmer
til eit nytt KIM for perioden 2010–2013. Det nye utvalet vart
sett i kraft 1. januar 2010.
Post 01
Driftsutgifter
KIM hadde i samsvar
med Statens sentrale tenestemannsregister ei bemanning per 1. mars
2010 tilsvarande 5,5 årsverk.
Departementet
føreslår ei løyving på 6,312 mill. kroner til drift av KIM i
2011.
Kap.
3823 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene
På post 01 Diverse inntekter vil det bli rekneskapsført
enkelte inntekter av mindre omfang.
Programkategori
11.10 Tiltak for familie, likestilling
og ikkje-diskriminering
Hovudinnhald
og prioriteringar
Regjeringa
har som mål at kvinner og menn skal kunne delta i arbeidslivet
og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. Slik kan samfunnet få nytte
av all den kompetansen som finst blant innbyggjarane, og både kvinner
og menn kan få brukt og utvikle evnene sine på ulike arenaer.
Den likestilte familien er mest robust i dagens samfunn. For å
nå målet om likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids-
og samfunnsliv, er det nødvendig å sjå familie-, likestillings-
og arbeidslivspolitikken i samanheng. Det er viktig med tilrettelegging, slik
at kvinner kan halde ved lag tilknytinga til arbeidslivet og ikkje
får for lange avbrekk i småbarnsfasen. Den beste strategien for
å styrkje kvinnene sin posisjon i arbeidslivet, er å stimulere fedrane
til å ta ein større del av omsorgsoppgåvene heime. Regjeringa
har styrkt fedrane sin rett til foreldrepengar, og fedrane sitt
uttak av foreldrepermisjon har auka. Departementet samarbeider med
dei største organisasjonane i arbeidslivet for å skape merksemd
om fedrane sine rettar og om behovet for å stimulere fedrar til
å ta rettane i bruk. Dette arbeidet vil halde fram.
Likelønn mellom kvinner og menn er ein føresetnad
for likestilling. Likelønn er først og fremst eit ansvar for partane
i arbeidslivet, men mangelen på likelønn er eit problem som krev
ei brei tilnærming. Regjeringa vil derfor leggje fram ei melding
for Stortinget hausten 2010 der ein drøftar ulike tiltak med sikte
på å jamne ut kjønnsbaserte lønnsforskjellar. Meldinga er ei
oppfølging av Likelønnskommisjonen si utgreiing.
Det er eit viktig mål å gi barna trygge og
stabile oppvekstvilkår. Det er nødvendig med balanse mellom familie-
og arbeidsliv for foreldra og generelt gode vilkår for barnefamiliane,
mellom anna gjennom økonomiske overføringar og permisjonsordningar.
Departementet legg òg stor vekt på tiltak for å styrkje samliv
i parforhold, skape gode relasjonar og slik førebyggje samlivsoppløysing.
I samband med samlivsbrot skal barn og foreldre ha tilbod om hjelp
for å redusere verknader for barna av konfliktar mellom foreldra. Samtalegrupper
for barn som får problem på grunn av konfliktar mellom foreldra
i samband med samlivsbrot, er eit nytt tiltak som regjeringa ønskjer
at fleire skal få tilbod om. Departementet vil vurdere tiltak som
kan sikre ei best mogleg handsaming av saker for domstolane der
det er eit høgt konfliktnivå knytt til bustad og samvær. Ein vil
òg styrkje informasjon til foreldre om godt foreldreskap. Familievernkontora
som finst over heile landet, har ei viktig rolle når det gjeld
parterapi og konfliktløysing. Familievernet er òg grunnstammen
i meklingsapparatet. Siktemålet med foreldremekling er at foreldra
skal kome fram til gode avtaler om barna etter samlivsbrot.
Vald mot kvinner er eit alvorleg og omfattande samfunnsproblem,
og regjeringa arbeider både for å førebyggje valden og for å
sikre tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Regjeringa
sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2008-2011)
Vendepunkt
er eit viktig grunnlag for
innsatsen på området. Berre ein liten del av alle menn er valdsutøvarar,
men det er hovudsakleg menn som utøver alvorleg vald i nære relasjonar.
Menn sit derfor i stor grad med nøkkelen til endring, og departementet
vil arbeide for å få menn med i kampen mot vald mot kvinner. Regjeringa
er òg i ferd med å etablere eit landsdekkjande tilbod til valdsutøvarar,
mellom anna gjennom støtte til etablering av nye Alternativ til
vold-kontor. Det er eit mål å betre tilgjenget til incestsentra
og valdtektssentra for alle aktuelle brukargrupper, inkludert personar
med nedsett funksjonsevne og personar med etnisk minoritetsbakgrunn,
og å styrkje tilbodet til gutar og menn som er utsette for incest
og seksuelle overgrep.
Likestillingspolitikken
må vere i stadig utvikling og byggje på kunnskap om dei utfordringane vi
står overfor. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg utval
som skal greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i
livsløp, etnisitet og klasse. For å summere opp og tydeleggjere politikken
på likestillingsfeltet, tek regjeringa sikte på å leggje fram
ein handlingsplan for kjønnslikestilling hausten 2010. Planen skal
gjelde for perioden 2011–-2014 og skal mellom anna vere eit verkemiddel
for å nå målet om integrering av eit likestillingsperspektiv
i all offentleg politikk.
Diskriminering
er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og
samfunnet, og regjeringa arbeider for eit ikkje-diskriminerande samfunn
for alle, uavhengig av mellom anna kjønn, seksuell orientering,
funksjonsevne og etnisitet. Utvikling og effektiv handheving av
diskrimineringslovgivinga er sentralt i arbeidet med å fremme gode
verkemiddel mot diskriminering på ulike grunnlag. Departementet
arbeider òg med oppfølging av handlingsplanar med mange ulike tiltak
for å motverke diskriminering. Dette gjeld planen
Bedre
livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner
(2009–-2012),
Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering
(2009–2012) og
handlingsplan for universell
utforming og auka tilgjenge
(2009–-2013). BLD koordinerer
arbeidet med oppfølging av planane, men fleire andre departement
og andre aktørar er involverte.
God
forskingsbasert kunnskap er eit viktig grunnlag for politikkutforminga,
og departementet disponerar midlar til forsking, både programløyvingar
til Noregs forskingsråd og prosjektløyvingar med sikte på å
styrkje kunnskapsgrunnlaget på dei ulike saksområda. Departementet
driv òg informasjonsverksemd retta mot allmenta og gir tilskot
til frivillige organisasjonar som arbeider for likestilling og mot
diskriminering. Barne-, ungdoms- og familieetaten og Arbeids- og
velferdsetaten forvaltar ei rekkje verkemiddel på saksområdet.
Mål
For 2011 blir desse måla prioriterte:
Hovudmål
|
Delmål
|
3.
Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv
|
3.1:
Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna
|
|
3.2:
Ei velfungerande og tilgjengeleg familievern- og foreldremeklingsteneste
|
|
3.3:
Eit godt grunnlag for å vidareutvikle likestillingspolitikken
i eit livsløps-, klasse- og
etnisitetsperspektiv
|
|
3.4:
Eit familievennleg arbeidsliv
|
|
3.5:
Likelønn mellom menn og kvinner
|
|
3.6:
Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære
relasjonar
|
|
|
4.
Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av bl.a. kjønn,
seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet
|
4.1:
Utvikling og effektiv handheving av likestillings- og diskrimineringslovgivinga
|
|
4.2:
Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell
orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne
|
|
4.3:
Gode verkemiddel for å fremme deltaking og likestilling for personar
med nedsett funksjonsevne
|
Resultatrapport og strategiar
Delmål
3.1: Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna
Resultatrapport
2009/2010
Stabile samliv
Tilbod
om samlivskurs
Tilskotsordninga
til samlivstiltak blei ført vidare. Målgruppa er organisasjonar
som arbeider for å styrkje og halde ved like parforhold. Målet
med ordninga er å styrkje samliv i parforhold, skape gode relasjonar
og førebyggje samlivsoppløysing og gi barna trygge og stabile
oppvekstvilkår. Av løyvinga var 3 mill. kroner øyremerkte til
tiltak for å fremme likestilling mellom foreldre, til dømes pappagrupper
og kompetanseoppbygging for meklarar. I marknadsføring og gjennomføring
av samlivskurs blir det lagt vekt på at kursa skal appellere til
både kvinner og menn, og at begge kjønn skal ha utbyte av kursa.
Reform – ressurssenter for menn fekk, i samarbeid
med Voksenopplæringsforbundet (VOFO), i oppdrag å utarbeide kursmateriell
til bruk i studiegrupper for fedrar med små barn (pappagrupper).
Målgruppa er fedrar i samliv, og opplegget skal ha eit samlivsperspektiv.
Modellen blei utprøvd vinteren 2010 gjennom sju lokale forsøksgrupper
(pilotar) i fem kommunar. Røynslene frå gruppene om organisering,
innhald og metode vil bli brukte i utforming av endeleg opplegg.
Eit ferdig studieopplegg er lansert i 2010.
Ivaretaking
av barna sitt beste
Godt regelverk for
delte familiar
Regjeringa la
fram Prop. 14 L (2009–2010)
Endringer i barnelova
mv. (flytting, delt bosted, samvær, vold og foreldres samtykke
til helsehjelp),
jf. Ot.prp. nr. 104 (2008–2009), på nytt
9. oktober 2009. Stortinget vedtok den 23. mars 2010. Lova er sett
i kraft delt, høvesvis 9. april, 1. mai og 1. juli 2010. Innhaldet
i proposisjonen blei omtalt i førre budsjettproposisjon.
Godt regelverk for
fastsetjing av farskap og morskap
Eit
regjeringsoppnemnd lovutval la 15. mars 2009 fram NOU 2009:5
Farskap og annen morskap. Fastsettelse og endring
av foreldreskap
. Utgreiinga har vore på allmenn høyring,
og departementet arbeider no med ei oppfølging av utgreiinga.
Dekning
av kostnadene ved DNA-analysar rekvirerte av domstolane og Arbeids-
og velferdsdirektoratet
I 2009
utførte Rettsmedisinsk institutt (RMI) ved Universitetet i Oslo
847 DNA-analysar i farskapssaker på oppdrag frå det offentlege
(NAV og domstolane), medan det i 2008 blei utført 806 analysar.
Fleire avtaleløysingar
mellom foreldra utan bruk av domstolane
Det er ei utfordring å sikre at fleire saker
der det er eit høgt konfliktnivå mellom foreldre, blir løyste
gjennom mekling på eit tidleg stadium i regi av familievernkontora
eller eksterne meklarar. Dette vil gi raskare ro rundt omsorgssituasjonen
til barnet og hindre at konflikten eskalerer.
Det
er sett i gang utviklingsprosjekt ved fleire familievernkontor som
har som formål å få fleire foreldre med eit høgt konfliktnivå
til å nytte den frivillige delen av meklingstilbodet for å kome fram
til avtaler. Det er òg sett i gang samarbeidstiltak mellom familievernkontor
og domstolar for å bidra til fleire avtaler utan domstolsbehandling,
og at foreldre med eit høgt konfliktnivå får samordna hjelp frå
fleire instansar. Utviklingstiltaka er førte vidare i 2010 og vil
bli følgde opp vidare.
Departementet
samarbeider med Domstoladministrasjonen om gjennomføring av ti
regionale seminar (2009–2011) der dommarar, advokatar og sakkunnige
møtast for å drøfte utfordringar og gode framgangsmåtar i saker
etter barnelova. På den måten blir det mogleg å utvikle gode
samarbeidsrutinar, og deltakarane kan få felles kompetanse. På
samlingane deltek òg tilsette ved familievernkontora, noko som
vil bidra til at rettsaktørane får auka kjennskap til familievernkontora
sitt tilbod til foreldre i konflikt, og at dei dermed motiverer
foreldra til å nytte dette tilbodet. Det blei gjennomført to pilotprosjekt
i 2009 og skal gjennomførast fire regionale samlingar både i 2010
og 2011.
Når det gjeld sakshandsaminga
av barnefordelingssaker for domstolane, viser ei evaluering (Koch,
2008) at det er ei særleg utfordring å setje i verk tiltak som
reduserer dei oppattekne søksmåla.
BLD
har sett ned ei ekstern arbeidsgruppe med representantar frå Dommerforeningen, Advokatforeningen,
Psykologforeningen og Domstoladministrasjonen. Gruppa skal i 2010
sjå på kva slags tiltak som bør gjennomførast for å nå målet
om færre saker for domstolane og førebyggje og handsame oppattekne
søksmål på ein god måte. Gruppa skal finne fram til tiltak som
kan sikre betre utnytting av meklingsapparatet, tydeleggjere ansvaret/rolla
til barnevernet der det er bekymring knytt til barnet sin omsorgssituasjon, og
bidra til betre samarbeid på tvers av profesjonar. Arbeidsgruppa
skal særleg sjå på tiltak knytt til informasjon, haldningar og
kompetanse.
Likestilt foreldreskap og styrkt
samarbeid mellom foreldre som er i konflikt
Ei
god bidragsordning som byggjer på foreldra sitt ansvar for saman
å forsørgje og ta omsorg for eigne barn
Auken i talet på foreldre som ordnar barnebidraget
mellom seg utan å bruke tilbodet frå det offentlege, held fram.
Tabellen nedanfor viser at det framleis i hovudsak er menn som er
bidragspliktige, og kvinner som er bidragsmottakarar. Endringane
frå 2002 til 2009 i dei familiane som ber om at det offentlege
skal fastsetje bidraget, viser ein svak tendens i retning av at
fleire kvinner og færre menn er bidragsmottakarar, og fleire menn
og færre kvinner er bidragspliktige.
Det
samla talet på barn med offentleg fastsett barnebidrag går langsamt
ned, medan prosentdelen barn som har ein forelder som ikkje bur saman
med barnet, har halde seg stabil dei siste åra. Departementet har
rekna ut at rundt 51 prosent av bidragsbarna no har foreldre som
ordnar barnebidraget privat.
Departementet
fekk i 2009 sluttrapport frå eit prosjekt som hadde som siktemål
å gi meir kunnskap om dei barna i delte familiar som har svært liten
kontakt med den eine av foreldra. Prosjektet var eit samarbeid mellom
SSB og Agderforskning. Prosjektet er ein statistisk analyse av kor
mange desse barna er, og korleis dei fordelar seg på bakgrunnskjenneteikn,
ein litteraturstudie som held saman forsking på feltet i USA, Storbritannia
og Norden, og ein kvalitativ studie basert på intervju med store
barn i ein slik situasjon og den av foreldra dei bur saman med.
Resultata peiker i retning av at kvalitet i samværet er viktigare
enn kvantitet for barna, at konfliktar mellom foreldre er øydeleggjande,
og at staten gir liten hjelp / lite vern på dette området. Den
kvalitative studien av dei barna som hadde opplevd eit brått brot
med ein tidlegare nær forelder, eller eit meir langvarig brot med
til dels vanskeleg samvær i ein periode, tilrår at barna burde
få eit eige tilbod om rådgiving.
Tabell 3.3 Talet på bidragspliktige og bidragsmottakarar fordelt på
kjønn 2002, 2004, 2006, 2008 og 2009*
|
Totalt
|
Menn prosent
|
Kvinner prosent
|
Kjønn ikkje oppgitt
|
Bidragspliktige
|
|
|
|
|
2002
|
128 587
|
86,6
|
9,2
|
4,2
|
2004
|
107 805
|
86,8
|
8,1
|
5,1
|
2006
|
101 685
|
86,3
|
8,2
|
5,5
|
2008
|
91 374
|
86,3
|
7,7
|
6,0
|
2009
|
87 092
|
86,3
|
7,7
|
6,0
|
Bidragsmottakarar
|
|
|
|
|
2002
|
135 033
|
9,2
|
89,5
|
1,3
|
2004
|
114 799
|
8,1
|
90,4
|
1,5
|
2006
|
109 167
|
8,1
|
90,7
|
1,2
|
2008
|
98 738
|
7,7
|
91,2
|
1,1
|
2009
|
94 412
|
7,5
|
91,3
|
1,2
|
* Statistikken frå Arbeids- og
velferdsdirektoratet omfattar ikkje gruppa av bidragspliktige/bidragsmottakarar
som har inngått privat avtale utan offentleg innkrevjing. Tala
på kvinner og menn er ufullstendige sidan det ikkje er oppgitt
kjønn i alle tilfella. Dette kjem av utanlandske personar utan
norsk fødselsnummer.
Kontantstøtte
til eitt- og toåringar utan tilbod om fulltids barnehageplass
Tabell 3.4 Barn i kontantstøttealder og barn med kontantstøtte
Gjennomsnitt
|
2006
|
2007
|
2008
|
2009
|
Endring
2008/2009 (pst.)
|
Barn
i kontantstøttealder
|
111 984
|
112 498
|
114 470
|
116 315
|
1 845 (1,6)
|
Barn
med kontantstøtte
|
64 303
|
55 890
|
47 815
|
42 351
|
–5 464 (–11,4)
|
Eittåringar
med kontantstøtte
|
37 257
|
33 439
|
29 119
|
26 035
|
–3 084 (–10,6)
|
Toåringar med kontantstøtte
|
27 047
|
22 452
|
18 696
|
16 317
|
–2 379 (–12,7)
|
|
|
|
|
|
|
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet, målt i månadlege gjennomsnittstal
Nedgangen i talet på barn med kontantstøtte
frå 2008 til 2009 på 5464 barn kjem av at det var 7309 fleire
barn med heiltidsplass i barnehage, medan det var 1845 fleire barn
i aldersgruppa. Av barn med kontantstøtte hadde 23 prosent redusert
støtte. Det er 0,5 prosentpoeng fleire enn i 2008. Dei fleste har
lang deltid i barnehage med 20 eller 40 prosent kontantstøtte.
Det er flest toåringar med redusert støtte. Kontantstøtta blir
utbetalt til den av foreldra som søkjer om støtte. Det er kvinner
i om lag 89 prosent av tilfella.
Barnetrygd –
ei universell stønadsordning til forsørging av barn
Barnetrygda blei ført vidare utan endringar
i satsar eller regelverk i 2009.
Tabell 3.5 Mottakarar av barnetrygd etter kjønn. Gjennomsnittstal for
2006, 2007, 2008 og 2009
|
I alt
|
Ordinær stønad
|
Utvida stønad
|
Ekstra småbarnstillegg
|
2006:
|
|
|
|
|
I
alt
|
617 485
|
487 102
|
130 383
|
7 177
|
Kvinner
|
580 148
|
472 531
|
107 617
|
7 033
|
Menn
|
37 337
|
14 571
|
22 766
|
144
|
2007:
|
|
|
|
|
I
alt
|
622 646
|
495 742
|
126 904
|
6 643
|
Kvinner
|
581 912
|
477 806
|
104 106
|
6 513
|
Menn
|
40 743
|
17 936
|
22 978
|
130
|
2008:
|
|
|
|
|
I
alt
|
629 224
|
503 379
|
125 845
|
6 194
|
Kvinner
|
583 890
|
481 225
|
102 665
|
6 062
|
Menn
|
45 334
|
22 154
|
23 180
|
132
|
2009:
|
|
|
|
|
I
alt
|
638 365
|
510 250
|
128 115
|
6 223
|
Kvinner
|
587 670
|
483 780
|
103 890
|
6 065
|
Menn
|
50 695
|
26 470
|
24 225
|
158
|
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet
Stans
av offentlege ytingar ved barnebortføring
Utgreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar, medrekna
barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og barnebidrag ved barnebortføring
har vore på offentleg høyring. Høyringa viste at det var støtte
for forslaga, men at det var nødvendig med meir utgreiing av menneskerettar.
Regjeringa vurderer desse spørsmåla.
Strategiar
og tiltak for 2011
For å nå
målet om likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for
barna vil departementet vurdere om lovverket er godt nok, og setje
i verk tiltak som til dømes samtalegrupper og informasjon til foreldre
om godt foreldreskap. Departementet vil vidare vurdere tiltak som
kan sikre ei best mogleg handsaming av saker for domstolane der
det er eit høgt konfliktnivå knytt til bustad og samvær. For
å få gode og haldbare avgjerder er det viktig med god barnefagleg
kompetanse og god kompetanse om handsaming av sakene. Departementet
vil prioritere tiltak på desse områda i 2011:
Som ei oppfølging av NOU 2009:5
Farskap og annen morskap. Fastsettelse og endring
av foreldreskap
vil det bli fremma ein lovproposisjon med
forslag til endringar i barnelova om farskap og morskap.
Norske rettsreglar regulerer ikkje surrogati direkte.
Når personar busette i Noreg gjer avtaler med surrogatmødrer eller
kommersielle surrogatverksemder i andre land, vil det i tillegg
til dei etiske problema også reise seg komplekse juridiske problemstillingar.
Departementet vil vurdere lovendringar på området.
Regjeringa har som mål å auke vernet av barn og
styrkje rettane til foreldre i internasjonale saker om foreldreansvar
og tiltak for vern av barn. Stadig fleire barn og foreldre har forankring
i fleire land på grunn av global mobilitet. Regjeringa vil derfor
leggje til rette for gjennomføring av Haagkonvensjonen frå 1996
om foreldreansvar og tiltak for vern av barn. Konvensjonen gjeld mellom
anna på områda for avgjerd om foreldreansvar, fast bustad, samvær,
verjemål, plassering av barn i fosterheim/institusjon og forvalting
av formuen til barnet. Formålet med konvensjonen er å hindre konflikt
mellom land når det gjeld jurisdiksjon, lovval, godkjenning og
gjennomføring av dei tiltaka som er omfatta av konvensjonen. Ratifikasjon
vil bety at uregulerte tilfelle blir regulerte, og at det kan bli
færre internasjonale konfliktsaker på dei aktuelle områda.
Familievernkontora gir eit samla tilbod til
foreldre med eit høgt konfliktnivå etter samlivsbrot (mekling,
hjelp til foreldresamarbeid, terapi, samtalegrupper). Når foreldre
vel ikkje å bu saman lenger, kan samarbeidet bli kritisk. Obligatorisk mekling
etter ekteskapslova og barnelova, der målet er at foreldra kjem
fram til ei skriftleg avtale om samvær og kvar barnet skal bu,
er ei viktig sak. Det er eit mål at foreldre som er usamde om foreldreansvar,
fast bustad og samvær, får bistand til å løyse usemja på eit
lågast mogleg nivå, der saka er eigna for det. Dette vil normalt
bidra til å dempe konfliktnivået mellom foreldra. Meklinga og
det heilskaplege tilbodet hos familievernkontora er godt eigna til
å hjelpe foreldra med å kome fram til gode avtaler og betre foreldresamarbeidet om
barna etter samlivsbrot. Det er eit mål at enda fleire konfliktfylte
saker blir løyste her. Sjå omtale under delmålet
Ei velfungerande
og tilgjengeleg familievern- og foreldremeklingsteneste
.
Det er viktig å sikre ein god og konfliktdempande
prosess og robuste avgjerder i dei tilfella der det er nødvendig
at domstolane handsamar saka. Departementet samarbeider med Domstoladministrasjonen
om regionale, felles kompetansehevingstiltak for dommarar, advokatar,
sakkunnige og familievernkontor (2009–2011) for å sikre felles
kunnskap og drøftingar om gode framgangsmåtar til barnet sitt
beste i saker etter barnelova. Auka kunnskap hos rettsaktørane
om familievernkontora sitt tilbod til familiar som er i konflikt
etter samlivsbrot, skal gjere at rettsaktørane i større grad motiverer
foreldra til å nytte dette tilbodet for å få hjelp til å samarbeide
betre om barna. Departementet vil elles arbeide for at relevante
instansar styrkjer kompetansen hos dommarar, advokatar og sakkunnige
knytt til barnelovsakene, og at samarbeidet på tvers av profesjonar
blir betra.
Departementet vil ha særleg
merksemd på tiltak som kan sikre ei best mogleg handsaming av dei
oppattekne sakene. Dette er saker med eit høgt konfliktnivå knytt
til omfang og gjennomføring av samvær, og saker med problem knytt
til vald, overgrep, rus og psykiatri. Departementet vil vurdere
nærmare kva slags tiltak som vil vere mest formålstenlege, og
korleis samarbeid mellom ulike hjelpeinstansar kan nyttast betre
i desse sakene. I saker der det er bekymring knytt til barnet sin
omsorgssituasjon, er det aktuelt å sjå nærmare på barnevernet
sitt ansvar og korleis ein kan styrkje samarbeidet med barnevernet.
Regjeringa har som mål å leggje til rette
for samvær mellom barn og foreldre i tilfelle der desse ikkje bur
saman. Det er av sentral verdi for barnet å ha kjennskap til opphavet
sitt. Samvær under tilsyn legg til rette for samvær i saker der det
vil vere vanskeleg med vanleg samvær. Tilsynsordninga er ei lovpålagd
oppgåve heimla i barnelova. Departementet betaler for tilsyn opp
til 16 timar årleg.
Departementet har
initiert ein intern gjennomgang av ordninga i samråd med Barne-,
ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Bakgrunnen er auka utgifter.
Merknader i dokument til Stortinget tilseier òg at endringar i
ordninga vil bli vurderte: I St.meld. nr. 8 (2008–2009)
Om menn, mannsroller og likestilling
blei
det uttrykt ønskje om å auke ramma for talet på timar som domstolen
kan fastsetje for slikt samvær. Prop. 14 L (2009–2010) om endringar
i barnelova viser til merknader i stortingsmeldinga. Sjå også
NOU 2008:9
Med barnet i fokus
, der utvalet
går inn for ei utviding av ordninga. Departementet vil ta stilling
til oppfølging av saka etter at gjennomgangen er avslutta.
Regjeringa vil styrkje innsatsen overfor barn og
foreldre som har problem på grunn av store samarbeidskonfliktar
mellom foreldra etter samlivsbrot. Eit pilotprosjekt med tilbod
om samtalegrupper for barn og unge er sett i gang i nokre kommunar
hausten 2010. Dette tilbodet skal utvidast samstundes med at foreldra
får tilbod om hjelp frå familievernkontoret til å betre samarbeidet
om barna. Det er òg eit mål å stimulere til auka samarbeid mellom
kommunale tenester for barn og unge, mellom anna med sikte på å
fange opp barn og unge som treng særskild oppfølging tidleg. For
å vurdere effekten av tiltaket vil ein oppsummere og evaluere prosjektet
hausten 2011.
Likestilt praksis i heimen
og eit likeverdig foreldreskap bidreg til meir robuste samliv og
reduserer risikoen for samlivsbrot. Fedrar er ein viktig ressurs
som omsorgspersonar. Departementet vil leggje til rette for at
pappagrupper
kan bli eit landsdekkjande
tiltak. Kurstilbodet
Papparingen
blei
utvikla i 2009–2010 og kan nyttast av studieringar knytt til eit
studieforbund.
Tilskotsordninga til samlivskurs
blir ført vidare som eit førebyggjande og likestillingsfremmande
tiltak, jf. Resultatrapport. Departementet vil òg føre vidare
samlivstiltaket
Kva med oss? –
eit kursopplegg
for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne. Tilbodet betyr
mykje for ein del av desse foreldra når det gjeld samarbeid i ein
krevjande kvardag. Departementet vil vurdere om kursopplegget fungerer
etter formålet.
Samlivskurset
Godt Samliv
er eit parkurs for førstegangsforeldre
som blir arrangert lokalt av helsestasjonar. Bufdir har utvikla
kursopplegget og stimulerer kommunane til å tilby kurset og gjere
det kjent.
Delmål 3.2: Ei velfungerande og
tilgjengeleg familievern- og foreldremeklingsteneste
Resultatrapport
2009/2010
Ei velfungerande og tilgjengeleg
familievernteneste
God kapasitet i tenesta
Løyvinga til familieverntenesta blei i 2009
auka med tolv millionar kroner. Av desse var to millionar kroner
i revidert budsjett. Seks millionar kroner av løyvinga blei nytta
til å betre kapasiteten der behovet er størst. Dei to siste åra
har det vore ein monaleg auke i etterspørselen etter tenester frå
familievernet. Aktivitetsveksten frå 2008 heldt fram i 2009. Det
var ein auke i talet på nye saker, både når det gjaldt mekling
og kliniske saker. Totalt var det 38 500 nye saker i 2009.
Tid registrert til klientretta aktivitetar viser
ein auke frå 2008 til 2009. Statistikken viser også at fleire
klientar må vente meir enn tre veker på meklingstime eller meir
enn fire veker på tilbod om terapi og rådgiving. Kravet til ventetid
ved mekling blir nådd i 76 prosent av sakene. Det er ein nedgang
frå 82 prosent i 2008. Delen som får tilbod om første behandlingstime
innan fire veker, går ned frå 82 til 74 prosent. Auken i talet
på saker er ei av fleire årsaker til at kontora ikkje innfrir kravet
til ventetid.
Eit nyttig og relevant tilbod
til brukarane
Departementet
førte vidare arbeidet med ein gjennomgang av familieverntenesta
for å vurdere om ho i tilstrekkeleg grad er tilpassa behova i dag med
omsyn til både tenesteutforming, organisering, kompetanse og ressursar.
Departementet tek sikte på å sluttføre dette arbeidet innan hausten
2010. I samband med gjennomgangen av familieverntenesta har departementet
òg starta eit arbeid for å styrkje tilbodet til barn som lever
i konfliktfylte familiar etter samlivsbrot. Hausten 2010 er det
sett i gang eit pilotprosjekt med tilbod om samtalegrupper for barn
og unge, jf. omtale under delmålet
Likeverdig
foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna
. Eit ledd
i prosjektet er at familievernet skal gi eit tilbod til foreldre
i konflikt om hjelp til å betre samarbeidet om barna.
Bufdir har i 2009 sett i gang implementeringa av
Klient- og resultatstyrt terapi
(KOR),
eit system for brukarretta kvalitetsutvikling som ein integrert
del av terapiarbeidet for å utvikle vidare kvaliteten og tilpasse
tilbodet direkte til den det gjeld.
I
2009 blei det utvikla og vedteke ein overordna kommunikasjonsstrategi
for familievernet for perioden 2010–2012. Den nye kommunikasjonsstrategien
gir grunnlag for ei meir offensiv satsing for å synleggjere familievernet
og for å yte brukarane betre service.
Talmaterialet
frå 2008 viser at i 69 prosent av dei nye sakene var det ei kvinne
som bestilte time, i 31 prosent ein mann.
Årsrapporten
for 2009 frå Bufetat syner at det blei gjennomført 110 064 konsultasjonar
i familievernet i 2009, mot 106 122 i 2008. Av konsultasjonane i
2009 var 89 930 knytte til behandling og 20 134 meklingar, ein auke
frå 2008 på høvesvis 3,4 og 5,1 prosent. 78,2 prosent av tidsbruken
i familievernet på landsbasis i 2009 gjekk til behandlingssaker,
14,4 prosent til mekling og 7,5 prosent til utoverretta verksemd.
Som følgje av nye retningslinjer for tilsynet med
familievernkontora gav departementet fylkesmennene påbod om å
gjennomføre tilsynsbesøk ved alle familievernkontora i 2009. Dei
fleste embeta følgde opp dette på ein god måte, og tilsyn blei
gjennomført ved dei aller fleste familievernkontora i 2009.
Tabell 3.6 Årsverk i familievernet fordelte på kjønn
|
Totalt
|
Del kvinner
|
Del menn
|
Årsverk i familievernet
|
|
|
|
2006
|
387
|
¾
|
¼
|
2007
|
433
|
¾
|
¼
|
2008
|
424
|
¾
|
¼
|
Kjelde: Familivernstatistikk (SSB). Kjønnsdelte tal frå
Bufdir.
Over halvparten av
leiarane i familievernet i perioden 2006–2008 var kvinner.
Likestilt
foreldreskap og styrkt samarbeid mellom foreldre som er i konflikt
Ei
god meklingsordning for foreldre ved samlivsbrot
Eit
tilgjengeleg og kompetent meklarkorps
I 2009 blei det utført 20 185 meklingar. Det
er 1526 fleire meklingar enn året før. 39 prosent av meklingane
skjedde i samband med separasjon eller skilsmisse. 30 prosent var
i samband med samlivsbrot mellom sambuarar, medan 31 prosent var
meklingar før barnefordelingssaker for retten. I 6 saker blei foreldra
sende tilbake frå retten for å mekle. Familievernet utførte 13
584 meklingar, 67 prosent av alle meklingane. Familievernet sin
del av meklingane varierer mellom fylka frå 43 til 99 prosent.
Meklingsinstansane prøver å tilby foreldra time
til mekling innan tre veker. 29 prosent fekk ikkje tilbod om første
time innan fristen, ein auke på 3 prosentpoeng frå året før.
Dette kan kome av at foreldra sjølve ikkje ønskte å ha første
time tidlegare, eller at meklaren ikkje hadde tid før. Tala er
baserte på statistikk utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det er store variasjonar i ventetida mellom fylka og også mellom
familievernkontora.
Bufdir organiserer landsdekkjande innføringskurs
for nye meklarar. Dei siste åra har behovet for innføringskurs
vore stabilt. Det blei i 2009 gjennomført to innføringskurs med
i alt vel 40 nye meklarar.
Det er mange
meklingsmetodiske tiltak på lokale familievernkontor med formål
om å redusere konfliktnivået mellom foreldre, få foreldre til å
bruke fleire timar enn den eine obligatoriske og sikre deltakinga
til barna i mekling. Det har mellom anna vore regional og lokal
kompetansebygging om høyring av barn, bruk av barnegrupper og metodisk
utvikling av innhaldet i meklinga.
Eit godt
tilbod til foreldre med eit høgt konfliktnivå
Meklingsordninga er meint å vere fleksibel
og tilpassa dei enkelte sakene. Det er ein time obligatorisk mekling
og inntil sju timar mekling for foreldre som kan ha nytte av det.
63 prosent av alle meklingane i 2009 blei avslutta etter den første obligatoriske
timen. 33 prosent bruker to til fire timar, medan 4 prosent av foreldra
bruker fem timar eller meir. Foreldre som meklar i samband med separasjon/skilsmisse
eller brot mellom sambuarar, bruker færrast timar. Her blir 67
prosent av meklingane avslutta etter ein time. Dersom foreldre ikkje
er samde om foreldreansvar, fast bustad eller samvær, må dei gå
til retten for å få ei avgjerd. Før dette må dei mekle. I desse sakene
meklar 54 prosent i ein time, 40 prosent bruker to til fire timar,
medan 6 prosent bruker fem timar eller meir.
Departementet
og Bufdir har arbeidd vidare med tiltak som vil gjere det meir attraktivt
for foreldra å nytte meklingsapparatet for å kome fram til avtaleløysingar
om foreldreansvar, samvær og kor barnet skal bu. I 2010 vil det
bli utarbeidd informasjon til foreldra som synleggjer fordelane ved
å nytte meklingsapparatet og familievernet sitt tilbod om hjelp
til foreldresamarbeid for å kome fram til avtaler som er til barnet
sitt beste.
Universitetet i Oslo har,
på oppdrag frå departementet, eit prosjekt om metodeutvikling
i meklingar som er prega av eit høgt konfliktnivå. Prosjektet
skal kartleggje kjenneteikn på saker som er prega av sterk konflikt,
slik at meklarar lettare kan identifisere par som treng totalt sju
timar mekling, og hindre at desse fell frå, og identifisere saker
som ikkje eignar seg for mekling. Prosjektet blir avslutta hausten
2010.
Det blir stadig fleire barnefamiliar
med ein annan kulturell bakgrunn enn den norske her i landet. For
å få meir kunnskap om korleis familiebrot blir opplevd i familiar
med etnisk minoritetsbakgrunn, utarbeidde Fafo i 2009 rapporten
Familiepraksis og likestilling i innvandrede
familier
. Rapporten kastar lys over framferda til innvandrarar
og haldningar til ulike familie- og likestillingsspørsmål. Eit
av spørsmåla undersøkinga tar opp, er kva som blir oppfatta som
dei mest alvorlige konsekvensane av eit samlivsbrot. Rapporten syner
at skilsmisseratane i ulike delar av befolkninga varierer. Til dømes
skil personar med bakgrunn frå Iran seg i større grad enn befolkninga
elles, medan par der begge har bakgrunn frå Tyrkia, Pakistan og
Vietnam, har låg skilsmisserate. Samlivsbrot har ofte djuptgripande konsekvensar
for kvardagslivet til dei det gjeld, og menn er gjennomgåande meir
redde for å miste kontakten med barna som følgje av samlivsbrot enn
det kvinner er. Dei sosiale konsekvensane av eit samlivsbrot blir
oppfatta som større blant dei som har innvandra, enn blant personar
med norsk bakgrunn. Kvinner meiner i større grad enn menn at dei
vil få støtte av den nærmaste familien, samtidig som dei er meir
urolege for negative reaksjonar frå folk utanom den nærmaste familien.
Det er sett i gang ei omfattande evaluering
av meklingsordninga (Sintef 2009–2011), der evaluatoren òg skal
kome med råd knytt til framtidig innretning av meklingsordninga.
Strategiar og tiltak
for 2011
Målet er eit familievern
som sikrar eit likeverdig tenestetilbod til brukarane, har høg
kvalitet på det faglege arbeidet og utnyttar ressursane effektivt. For
å nå målet vil departementet vurdere eventuelle endringar etter
den interne gjennomgangen av familieverntenesta som blir avslutta
hausten 2010. Departementet vil føre vidare kvalitetsprogrammet
for å måle resultata av verksemda gjennom brukarmedverking. Familievernet
skal styrkje sitt samarbeid med tenesteapparatet i familiesaker
og med domstolane i meklingssaker. Departementet vil gjennom kompetanseheving,
haldningsskapande arbeid og samarbeid på tvers av profesjonar prøve
å sikre at fleire foreldre med eit høgt konfliktnivå kjem fram
til ei løysing gjennom mekling.
Familievernkontoret
skal vere den naturlege staden å søkje hjelp for samlivsproblem,
mekling eller samarbeidsproblem om felles barn. For å sikre eit
heilskapleg perspektiv i familievernet sitt arbeid skal det stimulerast
til auka samarbeid med andre delar av tenesteapparatet. Oppfølging
av kommunikasjonsstrategien for familievernet skal medverke til
at allmenta får større kjennskap til familievernkontora og tilboda
deira.
Nettstaden
familienettet.no
,
som er ein nettstad for foreldre med barn med nedsett funksjonsevne,
skal i 2011 bli ein offentleg portal med nettbasert informasjon
og ei spørsmål/svar-teneste om allmenne samlivs-, familie- og
oppsedingsspørsmål. Målgruppa er særskilt yngre personar og
menn.
Systematisk bruk av tilbakemeldingar
frå klientane vil sikre kvaliteten i tenestetilbodet i familievernet.
Bufdir vurderer kontinuerleg drifta av familievernet
og vil halde fram arbeidet for å sikre eit mest mogleg likeverdig
tilbod i regionane.
Tilboda til familiar
med valdsproblem er ein integrert del av familieverntenesta. Familievernet vil
halde fram med å styrkje kompetansen på arbeid med vald i nære
relasjonar.
Mekling etter barnelova og
ekteskapslova er ein viktig del av familievernkontora sitt heilskaplege
tilbod til foreldre etter samlivsbrot. Dei fleste foreldre kjem
fram til ei avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær etter
å ha gjennomført mekling ved familievernkontora eller hos eksterne
meklarar.
Bufetat har ansvaret for å
forvalte meklingsordninga og skal sjå til at det er nok meklarar,
slik at tilbodet er tilgjengeleg over heile landet, og at meklingsordninga
fungerer godt. Departementet har sett som mål at foreldre som hovudregel
ikkje skal vente meir enn tre veker før dei får tilbod om første
meklingstime og at meklingsapparatet skal vere så godt utbygt at
foreldre ikkje skal måtte reise meir enn to timar frå siste felles
bustad. Arbeidet med å sikre ein god fagleg meklingspraksis held
fram i 2011.
Det er eit mål at enda
fleire foreldre med eit høgt konfliktnivå får hjelp til å kome
fram til ei avtale hos familievernkontora. Der saka er eigna for
det, vil det vere ein stor fordel at foreldre kan få til ei avtale
om barna på eit tidleg stadium utan at konflikten blir eskalert.
Det skal arbeidast vidare med informasjons- og haldningsendrande arbeid
overfor foreldre og profesjonelle for å sikre betre utnytting av
meklingstilbodet. Det skal leggjast særleg vekt på å nå fram
til etniske minoritetar. Det vil òg bli satsa vidare på kompetansestyrking
av meklingskorpset, mellom anna knytt til å identifisere kva slags
saker som eignar seg for mekling, og strategiar for å oppnå vidare
mekling i saker med eit høgt konfliktnivå. Samstundes skal tilbodet
om samarbeidssamtaler i familievernet utviklast vidare slik at avtaler
om barna skal fungere best mogleg i tida etter samlivsbrotet, jf. omtale
av samtalegrupper for barn. Samarbeidet med andre hjelpeinstansar,
til dømes barnevernet, skal styrkjast slik at foreldre og barn
får meir heilskapleg hjelp og barna blir verna der det er behov for
det.
Det er særs viktig å styrkje samarbeidet
mellom familievernkontora og domstolane, sjå omtale under delmålet
Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til
beste for barna
.
Barna skal ha
ei stemme i alle saker som vedkjem dei. Derfor er det viktig å
vere merksam på barn si rolle og deltaking og arbeide for at det
blir teke i bruk gode modellar for å sikre at barna blir høyrde.
Eventuelle endringar i meklingsordninga vil bli
vurderte på bakgrunn av resultata frå evalueringa av ordninga,
som er i gang (SINTEF Helse og Senter for barneforskning) og skal
vere ferdig i 2011.
Delmål 3.3: Eit godt
grunnlag for å vidareutvikle likestillingspolitikken i eit livsløps-,
klasse- og etnisitetsperspektiv
Resultatrapport
2009/2010
Likestilling mellom kvinner
og menn
Integrert kjønns- og likestillingsperspektiv
på alle politikkområde og forvaltingsnivå
BLD prioriterte i 2009 arbeidet med å formidle informasjon
om aktivitets- og rapporteringspliktene til både offentlege og
private verksemder. Ei rettleiing for arbeidslivet i aktivitets-
og rapporteringsplikta er utarbeidd av BLD, partane i arbeidslivet
og Likestillings- og diskrimineringsombodet.
Direktoratet
for forvalting og IKT (DIFI) leverte i 2009 rapporten
På sporet av kjønnsperspektivet. Integrering
av et kjønns- og likestillingsperspektiv i budsjettarbeidet
.
Evalueringa konkluderer med at dei fleste departementa har hatt
ei utvikling i retning av at kjønnsperspektivet kjem klarare til
utrykk i fagproposisjonar. Det feltet departementa har komme lengst
på, er å dokumentere og synleggjere kjønnsforskjellar ved hjelp
av kjønnsdelt statistikk. Utfordringa framover vil vere å knyte
mål og tiltak til denne statistikken. BLD si rolle som rettleiar
og pådrivar er framheva som viktig.
Finansieringa
av dei regionale likestillingsprosjekta som blei starta i 2007,
blei avslutta i 2009 med ein nasjonal erfaringskonferanse. Prosjekta handlar
mellom anna om å gjere folk medvitne på at dei har fleire moglege
val uavhengig av kjønn, tradisjonar og kultur. Aktivitetane i prosjekta
er langsiktige, og resultata kjem derfor til syne over tid.
BLD har i ein prøveperiode frå 2008 til 2010 gitt
prosjektmidlar til regionale senter for likestilling og mangfald.
Kommunal- og regionaldepartementet har òg gitt midlar. Målet med
prosjektet har vore å styrkje det regionale likestillingsarbeidet
særleg når det gjeld kjønnslikestilling. Sentera hadde i 2009
òg ei sentral rolle i arbeidet med å gjere offentlege aktørar
merksame på ansvaret deira i samband med dei nye aktivitets- og
rapporteringspliktene knytt til etnisitet og nedsett funksjonsevne.
Sentera er evaluerte av Arbeidsforskingsinstituttet
(AFI). Evalueringa viser blant anna at sentera blir oppfatta som
ein ressurs og viktig medspelar for kommunane i arbeidet for å fremme
kjønnslikestilling.
Departementet tek
del i det nordiske samarbeidet på kjønnslikestillingsområdet.
Dette inneber deltaking i Ministerrådet for likestilling (MR-JAM). Hovudsaka
i 2009 var kjønn og makt i Norden.
Retningslinjer
for Europa-arbeidet i BLD er nedfelte i departementet sin Europa-strategi. Noreg
deltek i EUs fleirårige handlingsprogram PROGRESS og DAPHNE III
for perioden 2007–2013. Departementet har tilsett likestillings-
og ikkje-diskrimineringsråd i ny stilling ved Noreg sin delegasjon
i Brussel. Ordninga med ein nasjonal ekspert på området likestilling
mellom menn og kvinner blei ført vidare.
BLD
tek del i Europarådets styringskomité for likestilling (CDEG)
og i ekspertkomiteen for barn og familie (CS-SPFC).
Departementet arbeider kontinuerleg med å følgje
opp og implementere Noreg sine plikter i FN-systemet. BLD deltok
mellom anna på den 53. sesjonen i FNs kvinnekommisjon (CSW). Departementet
har vore ein sentral bidragsytar til
Universal
Periodic Review
(UPR), som er ei ny ordning under FN sitt
råd for menneskerettar. UPR-prosessen inneber at kvart medlemsland
må levere ein landrapport i forkant av ei høyring i FN sitt råd
for menneskerettar. Noreg blei eksaminert i desember 2009.
Likestilling mellom kvinner og menn blei teke opp
på International Labour Organization (ILO) sin arbeidskonferanse
for første gang på over tjue år. Det blei oppretta ein likestillingskomité
med norsk leiing frå Utanriksdepartementet. Ramma var ILOs agenda
for anstendig arbeid og korleis ILO sitt arbeid kan styrkje kvinner
si stilling i arbeidslivet. Temaa var globaliseringa og den økonomiske
krisa i eit kjønnsperspektiv. Store endringar i økonomien kan
påverke kvinner og menn på ulike måtar, og det er nødvendig
med eit kjønnsperspektiv når konsekvensane av utviklinga skal vurderast,
og når politikken skal utviklast vidare.
Våren
2010 deltok Noreg i møte i CSW og i FNs sosiale og økonomiske
råd (ECOSOC). Noreg var eitt av 13 land som gav ein frivillig nasjonal
presentasjon om kjønnslikestilling og kvinners stilling på ECOSOCs
høgnivåmøte.
BLD har gitt midlar
til fleire forskingsprosjekt på området i 2009. Rapporten
Utradisjonell likestilling?
frå SSB er
delt opp i fire delanalysar. Analysane viser at for majoriteten
av personane som var intervjua, er det godt samsvar mellom haldningane
deira til kjønnsroller og det dei rapporterer når det gjeld deling
av husarbeid og barneomsorg. I den grad religiøs praksis har noko
å seie for likedeling heime, har han positiv innverknad – og
berre på mannen sin innsats i det arbeidet som det tradisjonelt
er kvinner som gjer. Det er først og fremst mannen som reduserer
si deltaking i husarbeid og barneomsorg når mannen, men også når
kvinna, er funksjonshemma. Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden bidreg
til å halde ved lag ei tradisjonell fordeling av yrkesarbeidet
blant par i Noreg ved at deltid er utbreidd i mange kvinnedominerte
yrke, medan lang arbeidstid er utbreidd i mange mannsdominerte yrke.
Notatet
Arbeidsdeling i
hjemmet – et psykologisk perspektiv
(NOVA) viser at kvinner
som deler husarbeid omtrent likt med mannen, er noko meir tilfredse
med parforholdet. Blant menn har personlegdom ein klar samanheng
med deling av husarbeid. Til dømes bidreg menn som er relativt
pliktoppfyllande og omtenksame, i større grad med rydding, oppvask
og klesvask/stryking. For begge kjønn er det dei med trekk av utradisjonell kjønnsrolleorientering
som tenderer til å dele husarbeidet i større grad.
Medvit
om mannsroller
Stortingsmelding
nr. 8 (2008–2009)
Om menn, mannsroller og
likestilling
blei vedteken av Stortinget, og fleire tiltak
er sette i verk, mellom anna knytt til vald og overgrep, samlivs-
og foreldreområdet og eit meir familievennleg arbeidsliv.
Prosjektet
Berekraftige
familiar – likestilte livsløp,
administrert av AFI, blei
avslutta i 2009. Det overordna målet var å få menn til å delta
meir i familieliv og barneomsorg. Andre mål var å synleggjere
småbarnsfamilien sine kår, betre føresetnadene for likestilte
samliv, få kommunar til å forplikte seg til å involvere far i
oppveksten til barna, auke samarbeidet mellom familievernet og kommunane
og utvikle nye modellar for tilrettelegging av arbeidsplassar som
betre kan ta vare på omsorgsrolla til menn. Prosjektet har samla
røynsler og utfordringar i arbeidet med å fremme eit likestilt
familieliv og ein betre balanse mellom arbeidsliv og familieliv.
Ein av konklusjonane er at familievernkontora vil kunne medverke
til dette gjennom si utoverretta og førebyggjande verksemd.
Departementet førte vidare i 2009 støtte til
eit treårig professorat i maskulinitets- og likestillingsforsking
som blei oppretta i 2008 ved Universitetet i Oslo, Senter for kunnskap
om kjønn.
Løyvinga til Reform – ressurssenter
for menn blei auka med 1mill. kroner til 4 mill. kroner. Innsatsen
var i 2009 knytt til synliggjering av senteret, forsking på menn,
valdsførebyggjande arbeid, satsing på menn med minoritetsbakgrunn
og sosial inkludering, fedrar og aktivt farskap og oppvekst og sosialisering
for gutar.
Strategiar og tiltak for 2011
Regjeringa skal ha ein tydeleg profil når det
gjeld likestilling mellom kjønna, både nasjonalt og internasjonalt.
Det er eit satsingsområde for regjeringa å styrkje kunnskapen
om norsk likestillingspolitikk og om dei utfordringane vi står
overfor på dette feltet. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg
utval. Likestillingsutvalet blei oppnemnt i februar 2010 med professor
Hege Skjeie som leiar. Utvalet har fått i mandat å greie ut norsk likestillingspolitikk
med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse. Målet med utgreiinga
er å leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert likestillingspolitikk
for framtida. Utvalet skal levere utgreiinga til BLD innan 1. august 2012.
Regjeringa har også i 2010 etablert eit breitt samansett Kvinnepanel
som har gitt innspel til regjeringa sin likestillingspolitikk.
Ein annan sentral prosess som er sett i gang på
likestillingsfeltet, er arbeidet med ei stortingsmelding om likelønn,
jf. omtale under delmålet
Likelønn mellom
kvinner og menn
. BLD har òg sett ned ein komité som, i samarbeid
med departementa, frivillige organisasjonar og andre relevante aktørar,
førebur markeringa av 100-årsjubileet for allmenn stemmerett i
2013.
For å tydeleggjere den politikken
vi allereie har på likestillingsfeltet, tek regjeringa sikte på
å leggje fram ein handlingsplan for kjønnslikestilling hausten
2010. Planen skal gjelde for perioden 2011–2014 og skal gi ei
systematisk oversikt over dei politiske måla og tiltaka som skal
til for å oppnå reell likestilling mellom kvinner og menn. Handlingsplanen
skal mellom anna stimulere til integrering av eit likestillingsperspektiv
i all offentleg politikk. BLD vil koordinere arbeidet med handlingsplanen.
Arbeidet med å følgje opp St.meld. nr. 8 (2008–2009)
Om menn, mannsroller og likestilling
vil
bli ført vidare i 2011. Målsetjinga vil framleis vere å få menn
meir aktivt med i utviklinga av eit kjønnslikestilt samfunn. Stiftelsen
Reform er ein sentral aktør i dette arbeidet.
Det er eit mål å få meir kunnskap om dei kjønnsdelte
strukturane i arbeidsmarknaden. Den norske arbeidsmarknaden er prega
av kjønnssegregering. Samstundes manglar det i Noreg systematisk
kunnskap om dei hovuddraga og endringsprosessane som har kjenneteikna
kjønnsstrukturane på arbeidsmarknaden dei seinaste åra, ikkje minst
i lys av den auka delen av kvinner med høgare utdanning. Departementet
vil derfor setje i gang forsking på dette i 2010.
Det er viktig som grunnlag for politikkutviklinga
å følgje med på demografiske endringar (samlivsformer, fertilitet,
forsørging, likestilling). Noreg deltek derfor i eit OECD-prosjekt
som skal greie ut kva for viktige endringar ein kan vente i hushalds-
og familiestrukturen i OECD-landa dei neste tjue åra, kva for verknad
slike endringar kan kome til å få på sentrale politikkområde,
og kva for nye politiske tilnærmingar som vil bli nødvendige for
å møte utfordringane. Kunnskap om samanhengen mellom familiepolitikk,
sysselsetjing og fertilitet blir særleg interessant når ein kan
samanlikne mellom land.
Departementet
ser det som viktig at den omfattande databasen
Livsløp,
generasjon og kjønn
blir brukt til vidare forsking, og vil
i 2010 setje i gang forsking med vekt på å få fram meir kunnskap
om den moderne familien.
BLD og Kommunal-
og regionaldepartementet (KRD) har i ein prøveperiode frå 2008
til 2010 gitt prosjektmidlar til regionale senter for likestilling og
mangfald. AFI har i 2010 evaluert sentera. Med bakgrunn i evalueringa
og i samarbeid med KRD vil BLD i 2011 vurdere nærmare korleis det
regionale likestillingsarbeidet bør organiserast i framtida. Ein
vil òg vurdere dei økonomiske rammene for arbeidet. Prøveperioden
for dei tre regionale sentera for likestilling og mangfald vil derfor
bli forlenga med eit år. Dette gjeld Likestillingssenteret i Hamar,
KUN Senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for
likestilling i Kristiansand. Dei tre regionale sentera skal følgje
opp lokale og regionale verksemder gjennom rettleiing, opplæring
og erfaringsutveksling i arbeidet for å fremme likestilling. Dei
skal også bidra til at lokale verksemder gjer kjønnsperspektivet
synleg innanfor andre diskrimineringsgrunnlag. Dei regionale sentera
for likestilling og mangfald vil i 2011 òg ha ei informasjons-
og pådrivarrolle for aktivitets- og rapporteringsplikta etter likestillingslova,
diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova.
BLD vil føre vidare og styrkje samarbeidet med
fylkesmennene som pådrivar for kommunal oppfølging av aktivitets-
og rapporteringspliktene. Departementet vil i tillegg gi vidare
støtte ut 2011 til Vest-Agder fylkeskommune for
Fritt
Valg
, 10-årssatsinga for likestilling på Sørlandet.
For å fremme likestilling og mangfald i det samiske
samfunnet har BLD, saman med Sametinget og Fornyings-, administrasjons-
og kyrkjedepartementet, i 2010 oppretta ei stilling ved Gáldu,
kompetansesenter for rettar til urfolka. Dette er eit prøveprosjekt
fram til 2012 og ei oppfølging av Sametinget sin likestillingsplan.
BLD vil styrkje arbeidet for likestilling og
mot diskriminering i nordisk samarbeid, mellom anna gjennom arbeidet
i Ministerrådet for likestilling. Det er eit mål å utvide omgrepet
likestilling i det nordiske samarbeidet til å omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag
enn kjønn og nedsett funksjonsevne, så som etnisitet og seksuell
orientering, og sjå desse i samanheng.
Arbeidet
med å implementere ein aktiv Europa-politikk vil halde fram i 2011.
Departementet har styrkt dette arbeidet ved at det er oppretta ei
rådstilling ved Noregs EU-delegasjon i Brussel med barne-, ungdoms-,
familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken som arbeidsområde.
Noreg deltek i dei fleirårige rammeprogramma under EU; PROGRESS
(2007-2013) og DAPHNE III (2007-2013). BLD har ansvaret for å koordinere
den norske deltakinga i DAPHNE III.
Europarådets
ministerkomité for likestilling har vedteke ein resolusjon og ein
handlingsplan for Europarådets vidare arbeid med likestilling. Sentrale
tema er mellom anna
gender mainstreaming
.
Noreg tek aktivt del i arbeidet med å utarbeide forslag til ein
konvensjon for å førebyggje og kjempe mot vald mot kvinner og
vald i nære relasjonar. Noreg tek òg aktivt del i Styringskomiteen
for likestilling (CDEG).
Gjennom ei
rekkje FN-konvensjonar er Noreg forplikta til å fremme likestilling
og hindre diskriminering på ulike grunnlag. Departementet vil følgje
arbeidet i 3. komité under FNs generalforsamling. Departementet
har årleg halde ein kontaktkonferanse for styresmaktene og frivillige
organisasjonar for å førebu og drøfte FNs kvinnekommisjon (CSW).
I 2011 vil departementet utvide kontaktkonferansen til å handle
om alle ikkje-diskrimineringsspørsmål, og knytte konferansen til arbeidet
i 3. komité under FNs generalforsamling. Hausten 2010 har Noreg
rapportert om oppfølginga av FNs kvinnediskrimineringskonvensjon (CEDAW).
Noreg vil truleg bli eksaminert både av FNs kvinnediskrimineringskomité
og av FNs rasediskrimineringskomité i 2011.
Delmål
3.4: Eit familievennleg arbeidsliv
Resultatrapport
2009/2010
Likestilling mellom kvinner
og menn
Inga diskriminering av gravide
i arbeidslivet
Regjeringa føreslo
i Prop. 16 L (2009–2010) å lovfeste i likestillingslova eit forbod
mot å spørje om graviditet, adopsjon og familieplanlegging i ein
tilsetjingsprosess. Endringa blei vedteken av Stortinget og sett
i verk frå 9. april 2010. Spørjeforbodet inneber ei viktig klargjering
av rettstilstanden når det gjeld graviditetsdiskriminering.
I St.meld. nr. 8 (2008–2009)
Om
menn, mannsroller og likestilling
går det fram at regjeringa
vil samarbeide med partane i arbeidslivet for å styrkje informasjonen
om arbeidstakarane sine rettar til å tilpasse arbeid til familieliv,
og for å utforme tiltak som stimulerer arbeidsgivarar til å ha
ein personalpolitikk med strategiar for dei som tek permisjon, og
for arbeidstakarar med barn. På bakgrunn av dette arrangerte BLD,
i samarbeid med ti av dei største organisasjonane i arbeidslivet,
ein konferanse i Oslo om familievennleg arbeidsliv i januar 2010.
Med denne konferansen ønskte regjeringa å diskutere korleis vi
kan få eit meir familievennleg arbeidsliv, med mål om både likestilte
familiar og eit likestilt arbeidsliv. Regjeringa ønskte å styrkje
samspelet mellom det sosiale ansvaret til verksemdene og dei velferdsordningane
som gjeld i dag. Konferansen gav innspel til tiltak som kan få
foreldra til å dele foreldrepermisjonen likare, slik at fleire
fedrar tek ut meir enn fedrekvota. Arbeidet for ein jamnare kjønnsbalanse
på arbeidsplassane blei også teke opp, særleg med tanke på fordelinga
av kvinner og menn i offentleg og privat sektor.
I samarbeid med Fornyings-, administrasjons- og
kyrkjedepartementet har BLD utarbeidd brosjyren
Anbefalinger
for en familievennlig personalpolitikk i staten
. Brosjyren
gir statlege arbeidsgivarar gode råd om korleis dei kan gjere verksemda
meir familievennleg. I tillegg gir brosjyren ei oversikt over dei
viktigaste rettane som foreldre har i arbeidslivet.
Omsorgspermisjon
og ammefri
Eit høyringsnotat
om rett til lønn under to veker omsorgspermisjon for far ved fødsel
og adopsjon og rett til lønn under ammefri blei sendt på høyring
14. juli 2009. Høyringsnotatet konkluderte ikkje med omsyn til
korleis ein bør gå fram for å sikre lønn under omsorgspermisjon
og ammefri, men oppmoda høyringsinstansane om å uttale seg om
tre alternative løysingar: 1) rett til lønn basert på avtale
med arbeidsgivar, 2) lovfesta rett til lønn frå arbeidsgivar eller
3) rett til ei yting frå folketrygda. 33 høyringsinstansar gav
sitt syn. Det var brei semje om at ei løysing med lønn under omsorgspermisjon
og ammefri for alle er eit mål, men det var ulike syn på korleis
dette bør løysast.
Strategiar og tiltak for
2011
For å nå målet om eit
familievennleg arbeidsliv er det nødvendig å sjå familie-, likestillings-
og arbeidslivspolitikken i samanheng. Regjeringa arbeider for at
både kvinner og menn skal kunne delta i yrkeslivet gjennom ulike
livsfasar. Noreg har høg yrkesdeltaking blant kvinner. Dette har mykje
å seie for verdiskaping og økonomiske vekst. Det å sikre høg
sysselsetjing blant foreldre krev tilrettelegging i arbeidslivet
og likestilling mellom kvinner og menn i fordelinga av omsorgsoppgåvene
i heimen. Vi har ei rekkje ordningar retta mot familien som har
til formål å styrkje fedrane si omsorgsrolle og kvinnene si deltaking
i yrkeslivet og gjere det mogleg for begge foreldra å halde ved
lag tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen. Gode barnehagar
for alle og fleksible permisjonsordningar er viktige verkemiddel.
For å følgje opp dei gode erfaringane frå arbeidslivskonferansen
i Oslo våren 2010 arrangerer departementet to regionale konferansar
i Ålesund og Bodø hausten 2010. Det er eit mål å skape merksemd
kring familie og arbeidsliv i alle delar av landet og i heile arbeidslivet.
I 2011 vil departementet derfor vurdere ulike tiltak som kan medverke
til dette, mellom anna å bidra til fleire regionale konferansar.
Det er positivt både for mor, far og barn og
for likestilling mellom foreldra at far tek ut foreldrepermisjon
og dermed tek aktivt del i omsorga i barnet sitt første leveår.
Fedrekvoten har medverka til at ein stor del av fedrane tek ut foreldrepermisjon.
Regjeringa føreslår ei utviding av fedrekvoten frå 1. juli 2011med
to veker. Den totale stønadsperioden blir utvida med ei veke øyremerka
for far. Fedrekvoten blir òg utvida med ei veke innanfor gjeldande
stønadsperiode. Når mor får uførepensjon, er far forhindra frå
å ta ut permisjon fordi mor ikkje har tent opp rett til foreldrepengar
og heller ikkje har høve til å gå ut i arbeid eller utdanning
etter fødselen. Regjeringa føreslår at far frå 1. juli 2011
skal få rett til å ta ut tolv veker permisjon i tilfelle der mor
får uførepensjon. Sjå omtale under programkategori 28.50, delmålet
Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap.
Likelønnsmeldinga vil på brei basis drøfte
tiltak som kan bidra til å styrkje kvinner sin posisjon i arbeidslivet.
Regjeringa vil vurdere spørsmålet om rett
til lønn under omsorgspermisjon og ammefri mellom anna på bakgrunn
av høyringsrunden.
Delmål 3.5: Likelønn
mellom kvinner og menn
Strategiar og
tiltak for 2011
Likelønnskommisjonen
la fram si utgreiing i 2008 og slo fast at ei rekkje tilhøve har
innverknad på lønnsutviklinga for den enkelte arbeidstakaren. Tariffavtalene
er avgjerande, men vi har òg ei sterk lovgiving som skal motverke
diskriminering. I tillegg er det om å gjere at dei familiepolitiske
ordningane, til dømes lang foreldrepermisjon, ikkje fører til
at kvinner sin plass på arbeidsmarknaden blir svekt.
På arbeidsmarknaden blir lønn fastsett i forhandlingar
mellom partane i lønnsoppgjera. I kjølvatnet av Likelønnskommisjonen
sine forslag til tiltak fekk kravet om likelønn ei sterk påakting
i lønnsoppgjeret våren 2010. I kommuneoppgjeret og i helseføretaka
gjekk partane til streik for dette kravet, og i statsoppgjeret blei
partane samde under mekling. Resultatet blei avtaler med ein viss likelønns-
og låglønnsprofil.
Regjeringa legg
til grunn ein inntektspolitikk der likestilling og likelønn står
sentralt. Dette blir stadfest i regjeringa sin politiske plattform.
Like høve og lik lønnsutvikling for kvinner og menn er ei samansett
og krevjande oppgåve som krev tiltak utover det som kan løysast
i tariffoppgjera.
Lønnsutjamning mellom
kvinner og menn har ikkje har éi løysing. Ein likelønnspolitikk
må famne breitt. Likelønnskommisjonen la fram fleire forslag der
styresmaktene må ta eit ansvar. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding
om likelønn hausten 2010 for å følgje opp desse forslaga. Det
er nødvendig å vurdere om diskrimineringsvernet er godt nok, og
om reglane i arbeidslivet gir eit like godt vern for både kvinner
og menn. Arbeidsmarknaden er i stor grad delt etter kjønn, og mange
kvinner arbeider deltid. Vi må sikre at rettar og ordningar i arbeidslivet
treff både kvinnedominerte og mannsdominerte arbeidsplassar på
ein likestilt måte.
Med ei stortingsmelding
om likelønn gir regjeringa Stortinget høve til å drøfte desse
spørsmåla i ein brei samanheng. Meldinga vil klargjere og føreslå
tiltak på område der styresmaktene har verkemiddel og eit ansvar.
Meldinga vil kaste lys over skiljet mellom retten
til frie lønnsforhandlingar og plikta styresmaktene har til å
verne mot diskriminering.
Delmål 3.6: Gode
og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar
Resultatrapport
2009/2010
Krise- og incestsenter med god
kvalitet og godt tilgjenge
Godt regelverk
for krisesentra
Lov av 19.6.2009
nr. 44 om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova) blei sett
i kraft 1. januar 2010. Lova slår fast at kommunane skal sikre
eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til personar som er utsette
for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, og som har behov
for rådgiving eller eit trygt, mellombels butilbod. Tilbodet skal
vere eit gratis lågterskeltilbod. Kommunen har vidare plikt til
å sørgje for at personar som er utsette for vald eller truslar
om vald i nære relasjonar, får ei heilskapleg oppfølging, og
at tilbodet så langt som råd blir lagt til rette for å kome brukarane
sine individuelle behov i møte. Kommunen skal føre internkontroll
med krisesentertilbodet, og fylkesmannen skal føre tilsyn med at
kommunane oppfyller pliktene dei er pålagde etter krisesenterlova
§§ 2, 3, 4 og 8. Departementet har utarbeidd ei rettleiing i internkontroll
av kommunalt krisesentertilbod for kommunane og har i samarbeid
med representantar frå fylkesmennene utarbeidd ei rettleiing i
statleg tilsyn etter krisesenterlova. For å hjelpe kommunane med
å implementere krisesenterlova har BLD, i samråd med fylkesmannen,
arrangert ti regionsamlingar om kva lova inneber for kommunane.
I overgangsåret 2010 består statstilskotet
til krisesentera av tre element: statstilskot til drift av eksisterande
krisesenter, ei tilleggsløyving på 45 mill. kroner til nødvendige
endringar for å tilpasse tilbodet til krava i lova og ei eingongsløyving
på 19 mill. kroner. Desse midlane blir administrerte av Bufdir
etter retningslinjer gitt av departementet. Det øyremerkte statstilskotet
blir lagt inn i kommuneramma i 2011. Saka gjekk inn i konsultasjonane
mellom staten og kommunesektoren i 2009. Kap. 840 Krisetiltak, post
60 Tilskot til krisesenter blir dermed føreslått avvikla frå
budsjettåret 2011.
I samband med drøftinga
av stortingsmeldinga om incestsentera (St.meld. nr. 13 (2004–2005)) bad
Stortinget regjeringa om å evaluere dei frivillig organiserte incestsentera.
Evalueringa blei gjennomført av Nordlandsforskning hausten 2008 og
våren 2009. Evalueringa omfatta incestsentera sine tilbod, organisering
og samarbeid med det offentlege hjelpeapparatet og den landsdekkjande incesttelefonen.
Ho viser at brukarane av incestsentera og samarbeidande kommunar,
som er omfatta av evalueringa, i all hovudsak er nøgde med det
tilbodet incestsentera gir. Nordlandsforskning peiker likevel på
nokre utfordringar, til dømes når det gjeld kontroll, innsyn,
etiske retningslinjer, samarbeid med det offentlege hjelpeapparatet
og finansiering.
Nordlandsforskning si
evaluering viser at incestsentera ikkje når godt nok ut til visse
brukargrupper, blant dei menn. Departementet har gitt støtte til
å opprette ein eigen nettstad for gutar og menn som er utsette
for incest og seksuelle overgrep. Nettstaden vil òg vere til hjelp
for incestsentera og vil kunne gi legar, psykologar og andre delar
av hjelpeapparatet auka kunnskap om og forståing for situasjonen
til gutar og menn som er utsette for overgrep.
Tabell 3.7 Krisesentra. Tal på tilsette fordelte på kvinner og menn
i perioden 2005–2009
Tilsette
|
2005
|
2006
|
2007
|
2008
|
2009
|
Kvinner
|
353
|
369
|
383
|
416
|
478
|
Menn
|
8
|
9
|
10
|
10
|
18
|
I
alt
|
361
|
378
|
393
|
426
|
496
|
Kjelde: Sentio Research AS
Tabell 3.8 Aktiviteten ved krisesentera 2005–2009
|
2005
|
2006
|
2007
|
2008
|
2009
|
Talet
på registrerte krisetelefonar
|
12 258
|
12 811
|
13 796
|
12 008
|
12 357
|
Talet
på dagvitjingar
|
7 550
|
8 817
|
7 640
|
7 310
|
7 546
|
-
kvinner
|
1 867
|
1 899
|
1 790
|
1 742
|
1 869
|
-
barn
|
1 486
|
1 488
|
1 420
|
1 506
|
1 734
|
-
menn
|
12
|
0
|
7
|
4
|
9
|
Gjennomsnittleg
opphaldstid på krisesentra for bebuarar (talet på døgn), av desse
for:
|
22
|
24
|
28
|
30
|
30
|
-
kvinner med norsk bakgrunn
|
18
|
18
|
24
|
22
|
22
|
-
kvinner med minoritetsbakgrunn
|
32
|
31
|
34
|
36
|
36
|
-
Bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn (i pst.)
|
51
|
56
|
58
|
59
|
61
|
Kjelde: Oversikten for 2008 og 2009 er utarbeidd av Sentio Research
AS.
Tabell 3.9 Incestsentra. Tal på brukarar og tilsette fordelte på kvinner
og menn i perioden 2005–2009
|
2005
|
2006
|
2007
|
2008
|
2009
|
Første
gongs kontakt med incestutsette
|
|
|
|
|
|
Kvinner
|
1 485
|
1 610
|
1 462
|
1 569
|
1 039
|
Menn
|
442
|
450
|
501
|
574
|
337
|
I alt
|
1 927
|
2060
|
1963
|
2143
|
1 376
|
Tilsette
|
|
|
|
|
|
Kvinner
|
75
|
87
|
104
|
131
|
120
|
Menn
|
5
|
10
|
10
|
16
|
18
|
I
alt
|
80
|
97
|
114
|
147
|
138
|
1
Tal for 2009 gjeld
berre førstegangs telefonkontakt.
Kjelde: Tal for 2009 er utarbeidd av Sentio Research AS.
Regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære
relasjonar (2008-2011)
Vendepunkt
inneheld
50 tiltak, og BLD er ansvarleg for gjennomføringa av fleire av
desse tiltaka.
Som eitt tiltak i handlingsplanen
har Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS)
utarbeidd ein rapport om menn som er utsette for vald i nære relasjonar
og deira hjelpebehov. Rapporten
Vold mot menn
i nære relasjoner
viser at mange menn som er utsette for
vald i nære relasjonar, slit med mange av dei same konsekvensane
av valden som kvinner gjer. Mange menn er usikre på kor dei kan
vende seg for å få hjelp. NKVTS meiner at ein aktiv innsats for
å leggje hjelpetilbodet til rette for menn og ein offensiv politikk
for å motverke tabu og stereotypiar, vil kunne tydeleggjere behova
til valdsutsette menn og føre til at fleire menn søkjer hjelp.
Lov om kommunale krisesentertilbod gir kommunane påbod om å sørgje
for eit krisesentertilbod også til menn. NKVTS gjennomfører òg
ein kunnskapsstudie om valdsutsette kvinner med nedsett funksjonsevne
og deira hjelpebehov.
I dei seinare åra har prosentdelen krisesenterbrukarar
med etnisk minoritetsbakgrunn vore stadig aukande. I 2009 var 61
prosent
)
av bebuarane kvinner med minoritetsbakgrunn.
NKVTS har gjennomført ein studie av årsakene til endringane i
brukarsamansetjinga og bruken av krisesentera, knytt opp mot dei
behova som ulike brukargrupper har for informasjon, hjelp og oppfølging.
Rapporten om studien
Et hjem for oss, et hjem
for deg en studie om endringer i brukersammensetningen og bruk
av krisesentrene,
(NKVTS- rapport
nr. 1/2010). Rapporten vil kunne gi viktige innspel til kommunane
i deira arbeid med å utvikle vidare og styrkje krisesentertilbodet.
NKVTS gjennomfører òg ein kunnskapsstudie om
valdsutsette kvinner med nedsett funksjonsevne og deira hjelpebehov.
Det er eit mål i regjeringas handlingsplan mot vald i nære relasjonar
at valdsutsette kvinner med nedsett funksjonsevne får eit tilbod
tilpassa deira særlege behov. I 2008 var 21 krisesenter tilrettelagde
for funksjonshemma brukarar. I 2009 var 24 senter tilrettelagde,
medan seks var delvis tilrettelagde. To senter har høyrselsslynge,
og eitt er tilrettelagt for synshemma brukarar.
Som eit anna tiltak i handlingsplanen har RVTS
sør arbeidd med forslag til korleis krisesentertilbodet skal handtere
valdsutsette kvinner med alvorlege rusproblem og/eller omfattande psykiske
problem. Desse forslaga skal sjåast i samanheng med kommunane sitt
ansvar gitt i krisesenterlova.
Bufdir
starta i 2009 arbeidet med å utvikle eit prøveprosjekt for vidaregåande
skole med særleg vekt på familierelasjonar, kommunikasjon og handsaming
av konfliktar. Prosjektet blir utvikla som eit samarbeid mellom
familievern og skole i Oslo, Namsos og Vest-Agder.
I tråd med Soria Moria-erklæringa etablerer regjeringa
eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar.
Stiftinga Alternativ til vold (ATV) er sentral i dette tilbodet.
Eit ATV-kontor er under etablering i Bergen, og ATV-kontor er under
planlegging på Hamar og Romerike. Desse tilboda kjem i tillegg
til allereie eksisterande ATV-verksemd i Oslo, Drammen, Vestfold, Asker/Bærum,
Telemark, Kristiansand, Arendal og Stavanger. Familievernkontora
i Finnmark og Alternativ til vold starta i 2009 eit utviklingsprosjekt
for å utvide tilbodet til valdsutøvarar i Finnmark. Målsetjinga
med prosjektet er tredelt: kunnskapsformidling, terapeutopplæring
og styrking av lokale faglege nettverk.
2009
var siste året i den treårige handlingsplanen mot menneskehandel.
Som ledd i handlingsplanen har BLD, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet,
Helsedirektoratet, Arbeidsdepartementet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Justis-
og politidepartementet, Oslo kommune og Stiftelsen Kirkens Bymisjon
i Oslo, initiert eit to- til treårig prosjekt med formål å tilby
trygge bustader med sosial, helserelatert og anna oppfølging
til personar som er utsette for menneskehandel. Butiltaket, som
starta opp våren 2009, blir drifta av Stiftelsen Kirkens Bymisjon
i Oslo. Tiltaket er spesielt tilrettelagt for mor og barn.
Krisesentertilbodet er framleis viktig for kvinner
som er utsette for menneskehandel. Det er eit problem at mange av
desse kvinnene blir buande for lenge på krisesentera.
Regjeringa sin treårige informasjonskampanje der
målgruppene er allmenta, sexkjøparar og potensielle kjøparar,
blei vidareført i 2009. Målet er at ein gjennom auka kunnskap,
forståing og haldningsdanning skal bidra til å redusere etterspørselen.
Innanfor ramma av kampanjen
Stopp
menneskehandel
blei desse tiltaka førte vidare i 2009 :
-
eiga kampanjenettside:
stoppmenneskehandel.no
-
nettside hos Reform –ressurssenter for
menn:
sexhandel.no
-
etikkundervisning om sexkjøp og menneskehandel
ved krigsskolane i Noreg
-
klasseundervisning på vidaregåande skolar med
formål å førebyggje at unge gutar utnyttar andre til kjøp av
sex (det har i samband med denne undervisninga vore film- og stilkonkurranse
i den vidaregåande skolen).
Strategiar
og tiltak for 2011
For å nå
målet om gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsette
for vald i nære relasjonar, skal det setjast i verk og førast
vidare ei rekkje tiltak frå departementet si side. I tillegg til
støtte til hjelpetiltak for offer er utviklinga av eit landsdekkjande
hjelpetilbod til valdsutøvarar eit viktig tiltak for å kjempe
mot vald i nære relasjonar. Menn skal også med i kampen mot vald
mot kvinner gjennom eigne tiltak retta mot menn på mennene sine
eigne arenaer.
Departementet vil utarbeide
ei rettleiing til krisesenterlova. Rettleiinga vil innehalde presiseringar
og tolkingar av lova og dessutan retningslinjer og tilrådingar
til kommunane. Bufdir skal ha ansvaret for at det blir utarbeidd
eigen statistikk om krisesentertilbodet også i 2011. Departementet
vil arrangere ein konferanse for kommunane og fylkesmennene om krisesentertilbod.
Det øyremerkte statstilskotet til krisesenter blir avvikla i 2011,
og midlane blir lagde inn i kommunane sine rammer.
Ei betring av tilgjenget til incestsentera og valdtektssentera
for alle dei aktuelle brukargruppene, inkludert personar med nedsett
funksjonsevne og personar med etnisk minoritetsbakgrunn, er ei viktig
målsetjing. Tilbodet til gutar og menn som er utsette for incest
og seksuelle overgrep, vil vere eit viktig område. Arbeidet til
incestsentera og valdtektssentera må sjåast i samanhang med det
tilbodet hjelpeapparatet elles gir til personar som er utsette for
incest og seksuelle overgrep.
BLD har
ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak i
Handlingsplan
mot vold i nære relasjoner
(2008-2011)
Vendepunkt
.
Dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk
stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane) er viktige samarbeidsinstansar
for krisetiltaka. Det er eit mål at RVTS-ane skal hjelpe det kommunale
krisesentertilbodet, incestsentera og valdtektssentera med kompetanseutvikling,
informasjon, rettleiing og etablering av nettverk. RVTS-ane kan
òg hjelpe kommunane med utviklinga av kommunale handlingsplanar
mot vald i nære relasjonar.
Resultata
frå utgreiinga til RVTS sør om rutinar for korleis valdsutsette
kvinner med alvorlege rusproblem og/eller omfattande psykiske problem
skal takast vare på i hjelpeapparatet, skal følgjast opp.
RVTS-ane vil få ei viktig rolle når det gjeld kompetanseheving
innanfor det kommunale krisesentertilbodet også i 2011.
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk
stress (NKVTS) har gjennomført fleire forskingsoppdrag på oppdrag
frå BLD knytt til hjelpetiltak til offer for vald i nære relasjonar.
Dette gjeld utgreiingar om vald mot menn i nære relasjonar og deira
hjelpebehov, vald mot kvinner med nedsett funksjonsevne og deira
hjelpebehov og endringar i bruken av og brukarsamansetjinga ved
krisesentera. For 2011 vil NKVTS arbeide vidare ned oppdraget frå
2010 om å initiere prosjekt om vald i nære relasjonar i innvandrarfamiliar.
Resultata frå desse forskingsprosjekta vil gå inn i arbeidet med
den vidare utviklinga av hjelpetilbodet til kvinner og menn som
er utsette for vald i nære relasjonar.
Arbeidet
med å utvikle eit prosjekt for vidaregåande skole med særleg
vekt på familierelasjonar, kommunikasjon og handsaming av konfliktar vil
halde fram. Prosjektet er eit samarbeid mellom familievern og skole.
I Soria Moria-erklæringa slo regjeringspartia fast
at behandlingstilbodet til valdsutøvarar skal utviklast vidare
og gjerast landsdekkjande. Hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar
har fått eit betydeleg løft dei siste åra, mellom anna gjennom
opprettinga av fleire nye Alternativ til vold (ATV)-kontor over
heile landet og eit samarbeid mellom ATV og Bufetat/familievernet
om eit tilbod i Finnmark. Frå 2011 vil BLD overta ansvaret for
forvaltinga av heile det statlege tilskotet til ATV.
Det er hovudsakleg menn som utøver alvorleg vald
i nære relasjonar, og menn sit derfor med nøkkelen til å motverke
vald mot kvinner. Det er nødvendig å få menn til å seie frå
til menn som utøver vald at slik åtferd ikkje er akseptert, og
at det finst tilbod om hjelp til valdsutøvarar som ønskjer å
endre åtferda si. Med mål om å endre haldningar og åtferd hos
menn generelt og valdsutøvarar spesielt, vil det bli sett i verk
tiltak for å nå menn gjennom fotballen. Departementet vil starte
ein kampanje i samarbeid med Norges Fotballforbund og Hvitt Bånd,
som er ein internasjonal kampanje mot vold mot kvinner driven i
regi av Reform – -ressurssenter for menn. Kampanjen vil rette
seg mot klubbar og spelarar på alle nivå og mot supporterar.
I samsvar med krisesenterlova skal dei kommunale
krisesentertilboda ta imot kvinner og menn som er offer for menneskehandel,
eller der det er mistanke om at dei er offer, uavhengig av opphaldsstatus.
Formålet er å gi akutt vern for ein kort periode. Kommunane må
følgje opp kvinnene som er i ein refleksjonsperiode og syte for
at dei får eit anna butilbod og ikkje blir buande på krisesenter
over lang tid. Ein tek sikte på å føre vidare samarbeidet med
Kirkens Bymisjon i Oslo og tiltaket Lauras Hus. Tiltaket er eit
samfinansieringsprosjekt mellom fleire statlege instansar og inneber
eit butilbod med tett oppfølging av den enkelte. Desse kvinnene
er i ein særs utfordrande livssituasjon. Mange har fødd barn og
har behov for ei rask avklaring av sin status i Noreg.
Delmål
4.1: Utvikling og effektiv handheving av likestillings- og diskrimineringslovgivinga
Resultatrapport
2009/2010
Ei samla lov mot diskriminering
på alle grunnlag
Diskrimineringslovutvalet
si innstilling NOU:14
Et helhetlig diskrimineringsvern,
med
forslag til ei samla lov mot diskriminering, blei send på høyring
med frist 30. desember 2009
.
På grunnlag
av høyringa arbeider departementet vidare med oppfølgjing. Regjeringa
føreslo i Prop. 16 L (2009–2010) endringar i arbeidsmiljølova
mv. som inneber at det blir stilt strengare krav til trussamfunn ved
forskjellsbehandling på grunn av seksuell orientering og kjønn
i samband med tilsetjingar. Lovendringane tredde i kraft 9. april
2010.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil føre vidare arbeidet for eit
samfunn med likestilling og fråvær av diskriminering for alle.
Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både
den enkelte og heile samfunnet. Likestilling vil seie at alle skal
ha like rettar, plikter og høve på alle område i livet, uavhengig
av kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne
m.m. BLD har ei pådrivar- og rettleiarrolle for å fremme likestilling
og hindre diskriminering på ulike grunnlag overfor andre departement.
Samstundes har kvart departement eit særskilt ansvar for å utvikle
mål og strategiar på sine eigne fagområde. Å integrere arbeidet
for likestilling i det ordinære daglege arbeidet og sikre at arbeidet
blir forankra i leiinga i den enkelte verksemda, er viktige verkemiddel
for å lykkast i arbeidet for å fremme likestilling på ulike grunnlag.
Departementet skal syte for ei godt fungerande lovgiving mot diskriminering
på dei ulike grunnlaga gjennom sitt ansvar som forvaltar av likestillingslova,
diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova og reglane
om lik handsaming i arbeidslivet, jf. arbeidsmiljølova kapittel
13.
BLD vil styrkje arbeidet med å sjå
dei ulike diskrimineringsgrunnlaga meir i samanheng. Arbeidet med
ei samla lov mot diskriminering på ulike grunnlag, og arbeidet
med å sikre at aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillingslova,
diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova blir følgde
opp av aktørane som er omfatta av pliktene, er viktige innsatsområde.
Departementet vil føre vidare arbeidet med
å auke kjennskapen til pliktene etter dei tre lovene, både blant
offentlege og private aktørar. Departementet tek òg sikte på
å lyse ut prosjektmidlar som kan bidra til god oppfølging av aktivitets-
og rapporteringspliktene, jf. tiltak i
Handlingsplan
for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering
(2009–2012).
For å sikre god informasjon om korleis likestillingsperspektivet
på ulike grunnlag bør bli integrert i statleg utgreiingsarbeid,
har BLD starta arbeidet med å revidere innhaldet i gjeldande rettleiingar
og utarbeide ei ny felles rettleiing på ulike grunnlag.
Delmål
4.2: Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn,
seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne
Resultatrapport
2009/2010
Inga diskriminering på grunnlag
av seksuell orientering
Regjeringas
handlingsplan
Betre livskvalitet blant lesbiske,
homofile, bifile og transpersonar
(2009–2012) forpliktar
åtte departement til å gjennomføre over seksti tiltak i planperioden.
Planen er ei tydeleggjering av staten sitt ansvar overfor lhbt-gruppene
på ei rekkje område. Det er eit mål at ulike tilbod skal utviklast
og tilpassast/styrkjast for å dekkje behov i dei aktuelle gruppene.
For BLD er handlingsplanen eit godt verktøy for å koordinere og
styrkje politikken overfor lhbt-personar.
Barne-,
ungdoms- og familiedirektoratet fordelte i 2009 midlar til prosjekt
og tiltak som kan bidra til betre livskvalitet for lhbt-personar.
BLD har gitt ut boka
Skapsprengere. Komme ut
av skapet-historier
og gitt økonomisk støtte slik at boka
Seksualitet i skolen
kunne distribuerast
til skolar over heile landet. Fafo har fått støtte til ein litteraturgjennomgang
om tilhøva for eldre lhbt-personar. På oppdrag frå BLD har Fafo
utarbeidd ein rapport om lesbiske og homofile i den samiske befolkninga.
Rapporten viser at lesbiske og homofile samar er ei gruppe nesten
ingen snakkar om. Kjønnsroller, familieband, religion, tradisjonar, diskriminering
og fordommar gjer det vanskeleg å stå fram som lesbisk eller homofil
i eit samisk miljø.
BLD har finansiert
innsamling av data om levekår i regi av SSB, med seksuell orientering som
ein bakgrunnsvariabel. Der er første gongen i norsk samanheng at
det er gjort ei representativ undersøking av samanhengen mellom
seksuell identitet og levekår. SSB offentleggjorde rapporten
Seksuell identitet og levekår
i 2010.
Homofile, lesbiske og bifile har oftare symptom på svekt psykisk
helse enn heterofile. Det er også teikn på at homofile, lesbiske
og bifile har svekte levekår på andre område, men her er resultata
usikre. I overkant av ein prosent av dei som svarte klassifiserer seg
som homofil, lesbisk eller bifil. BLD bidreg i Europarådets arbeid
for betring av tilhøva for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar
(lhbt) i Europa. Europarådet kom i 2010 med den første internasjonale
rekommandasjon om politikken på lhbt-området. Europarådet skal
følgje opp korleis medlemslanda gjennomfører rekommandasjonen,
innan tre år.
Aktiv innsats mot etnisk diskriminering
Integrert
likestillingsperspektiv for personar med etnisk minoritetsbakgrunn
på alle politikkområde
Departementet
la fram
Handlingsplan for å fremme likestilling
og hindre etnisk diskriminering
(2009–2012) i april 2009.
Innsatsen i planen er retta mot å motverke diskriminering som særleg innvandrarar
og barna deira, samar og nasjonale minoritetar kan oppleve. Planen
inneheld 66 nye tiltak som er spesielt retta mot arbeidsliv, offentleg
tenesteyting, barnehage/skole/utdanning, bustadmarknad og diskriminering
ved utestader. BLD koordinerer arbeidet med oppfølging av planen.
Tiltaka er forankra i ni departement. Regjeringa samarbeider med
partane i arbeidslivet om felles tiltak som inngår i planen. Eit
av hovudmåla med handlingsplanen er å bidra til ei god implementering
av dei nye aktivitets- og rapporteringspliktene i diskrimineringslova
og i diskriminerings- og tilgjengelova. Eit anna hovudmål for handlingsplanen
er å auke kunnskapen om arten av, omfanget av og årsakene til
diskriminering for å kunne setje i verk meir treffsikre tiltak.
Ein statusrapport per 1. januar 2010 syner at 47 av tiltaka er sette
i gang i 2009. Sju er gjennomførte.
Det
er utarbeidd ein eigen strategi for korleis aktørane som er omfatta
av aktivitets- og rapporteringsplikta, skal få auka kjennskap til
pliktene. Det er også sett i gang eit prosjekt, i samarbeid med Oslo
kommune, kor ein ønskjer å styrkje kontrollen med at utestader
følgjer forbodet mot diskriminering.
Hausten
2009 samla BLD ei rekkje kvinneorganisasjonar til utveksling av
idear for å få innspel til departementet sitt vidare arbeid for
auka likestiling for jenter og kvinner med innvandrarbakgrunn, og
for å oppmuntre organisasjonane til å samarbeide på tvers. BLD
har støtta mentorprogram på etnisitetsfeltet, nærmare bestemt
HSH Womentor og NHO Global Future. BLD er også i ein prosess med
å hente inn meir kunnskap om verknaden og utbytet av mentorordningar
for minoritetskvinner både nasjonalt og internasjonalt, og er med
i forum for utveksling av erfaringar med ulike aktørar på feltet.
Fafo avslutta prosjektet
Familiepraksis
og likestilling i innvandrede familier
hausten 2009. Studien
byggjer på registerdata, fokusgrupper og ei spørjeundersøking
blant 1800 respondentar med bakgrunn frå Pakistan, Iran, Irak,
Vietnam og personar som er fødde i Noreg av foreldre som har innvandra
frå Pakistan. I tillegg er personar med etnisk norsk bakgrunn inkluderte.
Funna i undersøkinga viser at haldningar til og praksis i familielivet
varierer både mellom og innanfor grupper av innvandrarar. Foreldre
speler ei langt større rolle når unge skal finne ein partnar i
enkelte innvandra grupper enn det som er vanleg blant personar med
etnisk norsk bakgrunn. Det er langt vanlegare å ha eit likedelt
ansvar for familiens økonomi blant etnisk norske par enn blant
innvandrarar. Fleire menn enn kvinner er i arbeid, og det er ein stor
del som meiner at mor ikkje bør jobbe utanfor heimen når ho har
barn under fire år. Oppfatninga om at menn og kvinner har hovudansvar
for ulike typar oppgåver, er langt meir framståande blant innvandrarar
enn i befolkninga sett under eitt. Medan så godt som alle med norsk
bakgrunn meiner det er sannsynleg at dei vil finne ein institusjonsplass
for foreldra sine dersom dei blir pleietrengande, er det eit mindretal
av personar som har innvandra, og norskfødde med pakistanske foreldre
som vil gjere det same.
I 2009 kom Noreg
med i EUs høgnivågruppe på ikkje-diskriminering som observatør.
Høgnivågruppa rapporterer om verksemda si til EUs årlege
Equality Summi
. Blant temaa som har vore oppe
i gruppa i 2009 og 2010, er diskrimineringslovgiving, inkludert
direktiv om ikkje-diskriminering, og arbeidet til ei EU- oppnemnd
ekspertgruppe på lhbt og etnisk diskriminering i arbeidslivet.
Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI) la
i 2009 fram sin fjerde rapport om arbeidet i Noreg for å hindre
rasisme og intoleranse.
Noreg sin 19./20.
rapport om gjennomføring av FNs konvensjon om avskaffing av alle
former for rasediskriminering (CERD) blei overlevert FN hausten
2009.
Strategiar og tiltak for 2011
Sentralt i arbeidet med å fremme gode verkemiddel
mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering,
etnisitet og nedsett funksjonsevne, står oppfølging av
handlingsplan for betre livskvalitet for lesbiske,
homofile, bifile og transpersonar
(2009-2012),
handlingsplan for å fremme likestilling og
hindre etnisk diskriminering
(2009-2012) og
handlingsplan
for universell utforming og auka tilgjenge
(2009-2013).
Innsatsen for å sikre rettane til lesbiske
og homofile, støtte homofile og lesbiske i å leve ope og aktivt
motarbeide diskriminering, blir ført vidare i 2011. Regjeringa
sin Handlingsplan for
betre livskvalitet for
lesbiske, homofile,
bifile og transpersonar,
2009-2012er det viktigaste grunnlaget for innsatsen
overfor lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) i perioden.
Det overordna målet er å få slutt på den diskrimineringa som mange
lhbt-personar opplever i ulike livsfasar og sosiale samanhengar,
til dømes innanfor arbeidsliv og idrett. Planen skal bidra til
betre levekår og livskvalitet for gruppa.
Auka
kunnskap, integrering av lhbt-kompetanse i ulike sektorar og betre
tilbod på fleire samfunnsområde er sentrale mål i handlingsplanen. For
betre å kunne nå desse måla vil BLD starte arbeidet med å etablere
eit ressurssenter for lhbt-spørsmål i 2011. Meininga er at senteret
skal få ansvar for ein nettstad for publisering av kunnskap om
lhbt-spørsmål på tvers av sektorar og fagområde, for å dokumentere,
vurdere og formidle kunnskap om lhbt-spørsmål og for å utarbeide
og gjennomføre kompetansehevingsopplegg på feltet. Den auka innsatsen
til regjeringa for å fremme likestilling og hindre diskriminering
av personar med etnisk minoritetsbakgrunn blir ført vidare i 2011.
Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre
etnisk diskriminering
(2009–2012) er det viktigaste verkemiddelet
på dette feltet i perioden. BLD koordinerer arbeidet med oppfølging
av planen og samarbeider med dei åtte hovudorganisasjonane i arbeidslivet
om felles tiltak for å hindre diskriminering i arbeidslivet.
Eitt av hovudmåla med handlingsplanen er å bidra
til ei god implementering av dei nye aktivitets- og rapporteringspliktene,
jf. omtale ovanfor. Eit anna hovudmål er å auke kunnskapen om arten
av, omfanget av og årsakene til diskriminering for å kunne setje
i verk meir treffsikre tiltak. Dei viktigaste tiltaka for BLD i
2011 er å etablere eit forum for likestillingsdata for å få betre
oversikt over kva som finst av statistikk og manglar i denne, føre
vidare arbeidet med å auke prosentdelen personar med etnisk minoritetsbakgrunn
i styra i offentleg eigde føretak, gjennomføre forskingsprosjekt
om antisemittisme, gi tilskot til ulike prosjekt og tiltak som støtter
opp om aktivitets- og rapporteringspliktene, og styrkje informasjonen
om rettane til kvinner og menn med minoritetsbakgrunn. BLD tek sikte
på å revidere handlingsplanen i 2011.
I
2009 leverte Fafo ein rapport om familiepraksis og likestilling
i innvandra familiar til departementet (sjå omtale under Resultatrapport).
Departementet ønskjer å få identifisert og drøfta likestillingspolitiske
dilemma i møte mellom familie- og sosialpolitikken i Noreg på
den eine sida og ein stadig større innvandra befolkning på den
andre sida. Det er derfor sett i gang eit prosjekt som skal bruke
Fafo-databasen til å analysere lønnsarbeid blant innvandra kvinner,
kvinner og økonomi, den innvandra mannen og familien og etterkommarar.
Det skal etablerast eit prosjekt for å utvikle sjølvforsvarskurs
for jenter og tilby dette for vidaregåande skole. Målet med kursa
skal vere å lære jenter korleis dei kan reagere på og setje grenser mot
ulike typar diskriminering, mellom anna mot usynleggjering, latterleggjering
og seksuell trakassering.
Delmål 4.3: Gode
verkemiddel for å fremme deltaking og likestilling for personar
med nedsett funksjonsevne
Resultatrapport
2009/2010
Likestilling og deltaking for
personar med nedsett funksjonsevne
Integrert
likestillingsperspektiv for personar med nedsett funksjonsevne
Diskriminerings- og tilgjengelova tredde i kraft
1. januar 2009. Likestillings- og diskrimineringsombodet, som handhevar
lova, rapporterer at saksmengda til ombodet har auka som følgje
av lova. Aktivitets- og rapporteringspliktene i diskriminerings-
og tilgjengelova har gått inn i det prioriterte formidlingsarbeidet
til BLD på feltet.
Regjeringas
handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009–2013
blei
lagd fram i 2009. Handlingsplanen støttar opp under implementeringa
av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan og bygningslov og
anna lovgiving som handlar om universell utforming. Prioriterte
innsatsområde i planen er bygg, uteområde/planlegging, transport
og IKT. 16 departement er involverte med over 200 tiltak i handlingsplanen.
Tiltaka har ei tidsramme på frå eitt til 15 år, og fleire er
større program som leverer resultat årleg. Nær 10 tiltak er avslutta
i 2009. Tiltak innanfor mellom anna kommunalt utviklingsarbeid,
informasjon, opplæring og utdanning, standardisering og indikatorutvikling
fekk støtte frå stimuleringsmidlar til handlingsplanen i 2009.
Regjeringa er i gang med å få fram indikatorar for tilgjenge som
både kan måle grad av tilgjenge og effekt av innsats for auka
tilgjenge over tid.
Deltasenteret har
i 2009 sett i gang undersøkingar av korleis tilgjenget er på nokre
utvalde område i samfunnet. Dette året var det skolar og utestader
som blei prioriterte. Det er sett i verk eit større arbeid for
å få meir forståing for korleis universell utforming kan fremme
arbeidet med ein skole for alle. Formålet er å forstå betre kva
område som bør prioriterast når ein skal utarbeide rettleiingsmateriell
og verktøy for statlege og kommunale verksemder. Arbeidet med å
utvikle indikatorar på universell utforming syner at vi har manglande
grunnlagsdata om tilgjenge. Når ein skal gjere greie for tilgjenge
i dag og følgje utviklinga over tid, er dette grunnlagsmaterialet
nødvendig. Før stortingsvalet blei det retta merksemd mot korleis
ein oppnår tilgjenge til vallokala for alle. Det er gjennomført
undersøkingar som gir meir kunnskap om i kva grad personar med
nedsett funksjonsevne deltek i lokalpolitikken, og kva som skal
til for at alle skal ha høve til å stille til val og utøve oppgåvene
sine som folkevalde.
IT
Funk
(2007–2013) er ei tverrgåande satsing knytt til personar
med nedsett funksjonsevne og ny teknologi under Noregs forskingsråd.
Gjennom fleire år har satsinga utvikla ein arbeidsform basert på
tett samarbeid mellom næringsliv, FoU-miljø, brukarorganisasjonar
og offentlege instansar.
Helsedirektoratet
fekk i 2009 midlar til FoU-tiltak som skal betre situasjonen for
personar med nedsett funksjonsevne. Midlane har mellom anna blitt
nytta til finansiering av tidsskriftet
Klar
Tale
, til basisfinansiering av Stiftelsen SOR, til å gi auka kunnskap
om funksjonshemmande barrierar gjennom dokumentasjon og utgreiing,
til å greie ut levekårsutfordringar, til trainee-program, til
prosjektet
Familieveiviser
, som skal
bidra til eit betre tenestetilbod for familiar med barn med nedsett funksjonsevne,
til informasjons- og utvilingsarbeid om fritid og til publikasjon
om rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne til offentleg
sektor.
Statens råd for likestilling
av funksjonshemma, som har til oppgåve å gi råd mellom anna til
departement og direktorat, sette i 2009 søkjelyset på sysselsetjing
av personar med nedsett funksjonsevne.
Informasjons-
og utviklingsprogrammet
Mennesker med utviklingshemming
skal heller ikke diskrimineres!
er lagt fram hausten 2010.
Programmet skal skape nytt medvit om politikken for menneske med
utviklingshemming som blei utforma i samband med ansvarsreforma
i 1990-åra.
Gjennomføring av politikken
krev respekt for menneskerettane og nasjonal lovgiving og kunnskap
om gode praktiske løysingar. Programmet skal også bidra til kunnskap
om i kva grad ein når måla for politikken, og det skal bidra til
utviklingsarbeid som styrkjer kompetansen til tenesteutøvarane
sin kompetanse. Det er laga i samarbeid med andre departement, faginstansar
og interesseorganisasjonar.
122 organisasjonar
for funksjonshemma fekk driftstilskot i 2009. Det blei i alt løyvt
102,693 mill. kroner. Kvart år blir nye organisasjonar godkjende.
Samstundes aukar medlemstalet i tidlegare godkjende organisasjonar.
Dette har ført til at fleire organisasjonar fekk lågare tilskot
enn i 2008.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
fekk høvesvis 10,7 og 0,87 mill. kroner i tilskot i 2009. I tillegg
fekk FFO ei løyving på 0,69 mill. kroner øyremerkte til lokale
ferie- og velferdstiltak.
I 2009 blei
det tildelt 26,8 mill. kroner til likemannsarbeid. Av dette gjekk
20,1 mill. kroner til likemannsarbeid ordinært fordelte på 110
organisasjonar og 6,7 mill. kroner til likemannsarbeid i samband
med attføring og arbeid fordelt på 40 organisasjonar.
I 2009 blei det fordelt 9 mill. kroner til ferie-
og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Av dette
blei 6 mill. kroner fordelte til sommarleir for barn med nedsett
funksjonsevne og særskilt store hjelpebehov i regi av funksjonshemma
sine organisasjonar. Dei resterande 3 mill. kronene blei fordelte
på ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne
i regi av frivillige organisasjonar. Det blei løyvt tilskot til
sommarleir for barn til 15 organisasjonar og tilskot til ferie-
og velferdstiltak til 100 organisasjonar.
Som
ansvarleg departement for koordinering av politikken for personar
med nedsett funksjonsevne deltok BLD i nordisk samarbeid gjennom Ministerrådet
for sosial og helse (MR-S) og Det nordiske handikappolitiske rådet.
BLD tek del i EUs høgnivågruppe for personar med
nedsett funksjonsevne som observatør. I 2009 starta høgnivågruppa
opp arbeidet med den europeiske strategien for personar med nedsett funksjonsevne
for 2010–2020.
Ministerrådet i Europarådet
vedtok i 2006 ein eigen handlingsplan for personar med nedsett funksjonsevne
for perioden 2006–2015. Det er etablert eit eige forum (CAHPAH)
som følgjer opp handlingsplanen. Noreg er med i dette forumet.
Arbeidet med førebuing av norsk ratifisering av
FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne
blei ført vidare i 2009 i samarbeid med andre departement.
Strategiar
og tiltak for 2011
For å fremme
deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne
vil BLD støtte opp under implementering av diskriminerings- og tilgjengelova.
Viktige verkemiddel på området er oppfølging av handlingsplanen
for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013, gjennomgang
av strategiplanen for familiar med barn som har nedsett funksjonsevne,
og eit nytt informasjons- og utviklingsprogram om politikken for
personar med utviklingshemming.
Arbeidet
med å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar
med nedsett funksjonsevne i alle aldersgrupper må sjåast i samanheng
med andre diskrimineringsgrunnlag som kjønn, seksuell legning og
etnisk bakgrunn.
Regjeringas handlingsplan
for universell utforming og auka tilgjenge 2009–2013skal støtte opp under implementeringa
av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan og bygningslov og
anna ny lovgiving som handlar om universell utforming. Regjeringas
visjon er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Visjonen
skal ein nå gjennom ulike sektortilpassa verkemiddel. Det blir
nytta tidfesta mål. Sentrale innsatsområde i planen er bygg, uteområde/planlegging,
transport og IKT. Ein raud tråd i planen er auka sysselsetjing
for personar med nedsett funksjonsevne. Gjennom handlingsplanen
skal departementet arbeide for at sektorstyresmaktene skal implementere
universell utforming som standard i regelverk og praksis. Det er
oppretta eit forum med deltaking frå interesseorganisasjonar, faglege
organisasjonar og faginstitusjonar for informasjon og tilbakemelding
om tiltak og framdrift i handlingsplanen. Handlingsplanen vil bli
evaluert. Regjeringa er i gang med å utvikle nasjonale indikatorar
for tilgjenge. Formålet med dette arbeidet er å få fram konkrete
indikatorar som kan måle grad av tilgjenge og seie noko om effekten
av innsats over tid.
BLD vil gå gjennom
strategiplanen for barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira. BLD
vil i dette arbeidet leggje vekt på at tenestetilbodet skal verke
meir heilskapleg og koordinert.
BLD vil
i samarbeid med andre departement følgje opp arbeidet med gjennomføring
av informasjons- og utviklingsprogrammet
Mennesker med
utviklingshemming skal heller ikke diskrimineres!
jf. Resultatrapport.
IT Funk
-programmet
skal gjennomførast i perioden 2007–2012, jf. omtale under Resultatrapport.
Det er utarbeidd ein ny strategi for
IT Funk
sitt
arbeid med forsking og innovasjon. Den nye strategien skal leggjast
til grunn for arbeidet i perioden 2010–2012.
BLD vil ta initiativ til ein gjennomgang av regelverket
for tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar.
BLD vil styrkje arbeidet for likestilling og
mot diskriminering i nordisk samarbeid, mellom anna gjennom arbeidet
i Ministerrådet for likestilling. Det er eit mål å utvide omgrepet
likestilling i det nordiske samarbeidet til å omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag
enn kjønn og nedsatt funksjonsevne, så som etnisitet, og seksuell
orientering, og sjå desse i samanheng. Noreg vil arrangere ein internasjonal
konferanse om universell utforming i 2012. Dette skjer i samarbeid
med blant andre Nordisk Ministerråd og Europarådet. Fleire departement
og fagetatar i Noreg bidreg.
Noreg tek
del som observatør i EUs høgnivågruppe for personar med nedsett
funksjonsevne. Departementet vil følgje opp EUs arbeid med rettane
til personar med nedsett funksjonsevne.
Noreg
deltek aktivt i Europarådet sitt arbeid med rettane til personar
med nedsett funksjonsevne.
BLD vil styrkje
det internasjonale arbeidet med å følgje opp FN konvensjonen om
rettane til personar med nedsett funksjonsevne. BLD stiller derfor
ressursar til disposisjon for arbeidet til FNs spesialrapportør
for personar med nedsett funksjonsevne.
Nærmare
om budsjettforslaget:
Utgifter under
programkategori 11.10 fordelte på kapittel
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Kap.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
840
|
Krisetiltak
|
270 488
|
349 418
|
99 000
|
-71,7
|
841
|
Samliv
og konfliktløysing
|
30 037
|
33 545
|
33 476
|
-0,2
|
842
|
Familievern
|
323 241
|
324 563
|
337 730
|
4,1
|
843
|
Likestillings-
og diskrimineringsnemnda
|
1 947
|
2 272
|
2 363
|
4,0
|
844
|
Kontantstøtte
|
1 514 046
|
1 418 000
|
1 437 000
|
1,3
|
845
|
Barnetrygd
|
14 782 318
|
14 820 000
|
14 950 000
|
0,9
|
846
|
Forskings-
og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
|
55 674
|
66 494
|
69 556
|
4,6
|
847
|
Tiltak
for personar med nedsett
funksjonsevne
|
196 064
|
210 003
|
213 613
|
1,7
|
849
|
Likestillings- og diskrimineringsombodet
|
48 959
|
51 128
|
52 713
|
3,1
|
|
Sum
kategori 11.10
|
17 222 774
|
17 275 423
|
17 195 451
|
-0,5
|
Utgifter under programkategori 11.10 fordelte
på postgrupper
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post-gr.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
01-23
|
Drift
|
292 342
|
286 834
|
295 066
|
2,9
|
50-59
|
Overføringar
til andre statsrekneskapar
|
65 581
|
68 297
|
64 813
|
-5,1
|
60-69
|
Overføringar
til kommunar
|
233 276
|
312 097
|
63 659
|
-79,6
|
70-98
|
Overføringar til private
|
16 631 575
|
16 608 195
|
16 771 913
|
1,0
|
|
Sum
kategori 11.10
|
17 222 774
|
17 275 423
|
17 195 451
|
-0,5
|
Inntekter under programkategori 11.10 fordelt
på kapittel
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Kap.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
3842
|
Familievern
|
7 418
|
560
|
577
|
3,0
|
3846
|
Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
|
934
|
|
|
|
|
Sum
kategori 11.10
|
8 352
|
560
|
577
|
3,0
|
Kap. 840 Krisetiltak
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter
|
25 222
|
13 919
|
5 547
|
60
|
Tilskot
til krisesenter
|
176 721
|
250 292
|
|
61
|
Tilskot
til incest- og valdtektssenter
,
overslagsløyving
|
56 555
|
61 805
|
63 659
|
70
|
Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv.
,
kan nyttast under kap. 858 post 01
|
11 990
|
23 402
|
29 794
|
|
Sum
kap. 840
|
270 488
|
349 418
|
99 000
|
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga vil bli nytta til finansiering av
tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, tiltak knytt
til implementering av krisesenterlova, tiltak mot menneskehandel
og andre valdsførebyggjande tiltak. Det er sett av 1 mill. kroner
til tiltak mot vald på typiske mannsarenaer.
Midlar
til gjennomføring av tiltaka under handlingsplanane mot kjønnslemlesting
og tvangsekteskap, 8,7 mill. kroner, er overførte til kap. 821
og 858. Til saman 650 000 kroner er overførte til kap. 840, post
70 til finansiering av butiltak for offer for menneskehandel og
til tilskot til landskonferanse for incestoffer for ei meir korrekt
postbruk. Posten er i tillegg føreslått redusert med 440 000 kroner
til andre tiltak.
Post 60
Tilskot til krisesenter
Posten
blir føreslått avvikla frå budsjettåret 2011, jf. nærmare omtale
under delmålet
Gode og tilgjengelege tilbod
til personar utsette for vald i nære relasjonar
, Resultatrapport
2009/2010. Om lag 238 mill. kroner er innlemma i rammetilskotet
for kommunane for 2011 (571 Rammetilskudd til kommuner, post 60
Innbyggertilskudd).
Post 61 Tilskot
til incest- og valdtektssenter
Mål
Løyvinga dekkjer tilskot til incestsenter for
incestutsette og pårørande til incestutsette barn og til valdtektssenter
for valdtektsutsette og pårørande.
Tildelingskriterium
Vertskommunen for det enkelte incestsenteret eller
valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og har ansvar for økonomioppfølging.
Det blir gitt eigne retningslinjer for statstilskot til incestsentera
og valdtektssentera i rundskriv Q-22. Statstilskotet er øyremerkt.
Finansieringa er delt mellom stat og kommune, slik at 20 prosent
kommunalt tilskot, og eventuelt tilskot frå helseføretak og fylkeskommune,
utløyser 80 prosent statleg tilskot.
Oppfølging
og kontroll
Incestsentera og valdtektssentera
skal utarbeide årsrapport og statistikk for verksemda.
Budsjettforslag
for 2011
Løyvinga dekkjer tilskot
til tjue incestsenter og til to valdtektssenter. Tilskotsordninga
blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet
i rundskriv Q-22/2011.
Post
70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under
kap. 858, post 01
Løyvinga dekkjer
mellom anna tilskot til NKVTS, Blåys, Landsforeningen for seksuelt
misbrukte, Stiftelsen fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO),
og landsdekkjande hjelpetelefon til incestutsette. Midlane til FMSO
og incesttelefonen blir forvalta av Bufdir. Dette gjeld òg midlar
til valdsførebyggjande tiltak. Midlane til Bufdir kan òg nyttast
til forsøks- og utviklingstiltak.
Ansvaret
for forvaltinga av den statlege løyvinga til Alternativ til Vold
(ATV) blir overført til BLD frå 2011. Årlege driftsutgifter for
12 kontor og ATVs sentrale verksemd er stipulert til 22,5 mill. kroner
i 2011. 20,3 mill. kroner blir overførte til posten frå Justis-
og politidepartementet, kap. 440, post 01, og 1,1 mill. kroner frå
Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 764, post 72. ATV og Bufetat/familievernet
samarbeider elles om eit tilbod til valdsutøvarar i Finnmark. Tilbodet
i Finnmark blir finansiert under kap. 842, post 21.
15,7 mill. kroner er overførte til kap. 821,
av desse er 10,5 mill. kroner til butilbod for einslege mindreårige
asylsøkjarar over 18 år. 650 000 kroner er flytta frå kap. 840,
post 21 for ei meir korrekt postbruk.
Kap.
841 Samliv og konfliktløysing
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter, meklingsgodtgjersle
,
overslagsløyving
|
12 523
|
13 416
|
13 832
|
22
|
Opplæring,
forsking, utvikling mv.
|
6 113
|
6 314
|
6 010
|
23
|
Refusjon
av utgifter til DNA-analysar
,
overslagsløyving
|
6 049
|
6 243
|
6 437
|
70
|
Tilskot
til samlivstiltak
,
kan nyttast under kap. 858 post 01
|
5 352
|
4 572
|
4 344
|
71
|
Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte
familiar
|
|
3 000
|
2 853
|
|
Sum
kap. 841
|
30 037
|
33 545
|
33 476
|
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle,
overslagsløyving
Posten omfattar
godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekning av reiseutgifter
for foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike
utgifter ikkje fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta.
Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter tilsvarande
satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag
frå Justis- og politidepartementet. Satsen er føreslått til 905
kroner per time frå 1. januar 2011. Ordninga blir forvalta av Bufdir.
Post
22 Opplæring, forsking, utvikling mv.
Posten omfattar midlar til opplæring av nye
meklarar og til kompetanseheving for meklarkorpset, inkludert ei
styrking knytt til implementering av auka metodisk kompetanse i
høgkonfliktsaker. Bufdir forvaltar midlar til opplæring av meklarar. Midlane
under posten skal òg nyttast til evaluering av meklingsordninga,
kompetanseheving knytt til sakshandsaming i barnefordelingssaker,
informasjonstiltak og tiltak for å betre foreldresamarbeidet etter
samlivsbrot. Posten er føreslått redusert med 0,5 mill. kroner
til andre prioritert områder.
Post
23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving
Rettsmedisinsk institutt ved Universitetet i
Oslo utfører alle DNA-analysar rekvirerte av domstolane og Arbeids-
og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap, og departementet
refunderer utgiftene dette medfører. Utgiftene til DNA-analysar
følgjer automatisk av reglane i barnelova om fastsetjing og endring
av farskap.
Post 70 Tilskot
til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01
Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs
og utviklingstiltak. Løyvinga blir forvalta av Bufdir. Posten er
føreslått redusert med 0,66 mill. kroner i samband med interne
omprioriteringar.
Post 71
Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar
Posten skal nyttast til ulike tiltak for å
styrkje tilboda til barn som opplever sterke konfliktar i heimen
i samband med samlivsbrot. Mellom anna skal midlane gå til tilbod
om samtalegrupper for barn og unge som opplever samlivsbrot, til
å stimulere til auka samarbeid mellom kommunale tenester for barn
og unge og til å fange opp barn og unge som treng særskild oppfølging
på eit tidleg tidspunkt. Midlane skal òg nyttast til å utvikle parallelle
tilbod om samarbeidssamtaler for foreldra ved familievernkontora.
Posten er føreslått redusert med 0,24 mill. kroner til andre tiltak
på BLDs område.
Kap.
842 Familievern
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
, kan nyttast under post 70
|
195 436
|
193 176
|
202 860
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter
|
4 851
|
7 280
|
6 916
|
70
|
Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv.
,
kan nyttast under post 01
|
122 954
|
124 107
|
127 954
|
|
Sum
kap. 842
|
323 241
|
324 563
|
337 730
|
Status for verksemda
Familievernet er ei spesialteneste som har familierelaterte
problem som sitt fagfelt. Familievernet er den einaste delen av
hjelpeapparatet som har familien som hovudarbeidsområde og parbehandling
som spesialfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved
vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter §
26 i lov om ekteskap og § 51 i barnelova. Familievernkontora driv utoverretta
verksemd om familierelaterte tema, medrekna rettleiing, informasjon
og undervisning retta mot hjelpeapparatet og publikum.
Post
01 Driftsutgifter, kan nyttast under
post 70
Posten dekkjer lønn til
faste stillingar, engasjement, ekstrahjelp og godtgjersle, og utgifter
til varer og tenester i det offentlege familievernet. Løyvinga
omfattar også tilskot til oppgåvene til dei offentlege familievernkontora
knytte til samlivstiltaket
Hva med oss?
(kap.
858 Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, post 01), og dekkjer
administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora
i Bufetat.
Post 21 Spesielle
driftsutgifter
Posten dekkjer
utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet,
deriblant kompetanse på vald i nære relasjonar. Midlane blir hovudsakleg
forvalta av Bufdir, mellom anna til oppfølging av tiltak i kompetanseplanen for
familievernet og til vidareføring av arbeidet med brukarretta kvalitetsutvikling
i tenesta.
Post 70 Tilskot til
kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01
Midlane blir nytta til å finansiere drifta
av dei kyrkjelege familievernkontora. Dei kyrkjelege familievernkontora
får midlar til drifta ved tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med
avtale om drift av familievernkontor. Posten dekkjer også tilskot
til oppgåvene til dei kyrkjelege familievernkontora knytte til
samlivstiltaket
Hva med oss?
(kap. 858, post
01), og dekkjer tilskot til drift av organisasjonen Kirkens familievern.
Posten er føreslått redusert med 0,59 mill. kroner til andre tiltak
på BLDs område.
Kap.
3842 Familievern
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap
2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Diverse
inntekter
|
763
|
560
|
577
|
15
|
Refusjon
av arbeidsmarkedstiltak
|
44
|
|
|
16
|
Refusjon
av foreldrepengar
|
1 026
|
|
|
18
|
Refusjon av sykepengar
|
5 585
|
|
|
|
Sum
kap. 3842
|
7 418
|
560
|
577
|
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og
tiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.
Kap.
843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap
2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
|
1 947
|
2 272
|
2 363
|
|
Sum
kap. 843
|
1 947
|
2 272
|
2 363
|
Status for verksemda
Likestillings- og diskrimineringsnemndas kompetanse
og oppgåver er regulerte i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande
forskrift. Nemnda handhevar reglar om diskriminering i desse lovene:
likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova,
arbeidsmiljølova kap. 13 og bustadlovene. Nemnda er eit sjølvstendig
forvaltingsorgan som er administrativt underlagt departementet.
Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om nemnda si
utøving av styresmakt i handsaminga av enkeltsaker.
Nemnda er eit kollegialt organ med 12 medlemmer:
éin leiar, éin nestleiar, seks andre medlemmer og fire varamedlemmer.
Oppnemningstida for halvparten av medlemmene og varamedlemmene i
nemnda gjekk ut ved årsskiftet 2009/2010. Det er oppnemnt ny leiar,
to ny faste medlemmer og ein ny varamedlem. Éin fast medlem og
éin varamedlem held fram i sine verv.
I
kvart møte deltek fem medlemmer. Nemnda har eige sekretariat som
førebur møta, legg fram saker for nemnda, lagar utkast til vedtak
etter rådslaging i nemnda og administrerer ordninga med tvangsmulkt.
Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, mellom
anna tilsetjing i sekretariatet.
Alle
saker i nemnda blir handsama først av Likestillings- og diskrimineringsombodet,
som gir ei fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet fatte bindande
vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær
klageinstans.
Nemnda kan gjere vedtak
eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene ho er
sett til å handheve. Nemnda kan gi påbod om at det diskriminerande
tilhøvet blir stansa eller retta.
Post
01 Driftsutgifter
Posten dekkjer
lønn til medarbeidarar og andre driftsutgifter for sekretariatet,
dessutan godtgjersle og utgifter til nemndmedlemmer og eventuelle
vitne og sakkunnige som blir innkalla.
Nemnda
hadde to faste stillingsheimlar per 1. juli 2010.
Kap.
844 Kontantstøtte
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap
2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
70
|
Tilskot
, overslagsløyving
|
1 514 046
|
1 418 000
|
1 437 000
|
|
Sum
kap. 844
|
1 514 046
|
1 418 000
|
1 437 000
|
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni
1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre. Målet med
ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.
Oppfølging
og kontroll
Kontantstøtteordninga
blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt
er underlagt Arbeidsdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling
mellom Arbeidsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og BLD
om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt.
Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde
etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa
og Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Budsjettforslag
2011
Budsjettforslaget byggjer
på uendra stønadssatsar og prognosar over
-
forventa tal på barn
i kontantstøttealder basert på mellom anna SSB si siste befolkningsframskriving
-
forventa utvikling i bruk av kontantstøtteordninga
basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
måltal for nye barn i barnehage i 2010
og 2011, jf. omtale i Kunnskapsdepartementet sin Prop. 1 S (2010–-2011)
under kap. 231 Barnehagar.
Forslag
til satsar for 2011 står i tabell 3.10 nedanfor.
Tabell 3.10 Talet på barn med rett til stønad. Prognosar for 2010 og
2011
|
Gjennomsnitt 2009
|
Gjennomsnitt 2010
|
Gjennomsnitt 2011
|
Eitt-
og toåringar med kontantstøtte
|
42 351
|
38 700*
|
39 887
|
Kjelde: * Saldert budsjett 2010
Tabell 3.11 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2011 (kroner)
Avtalt
opphaldstid per veke
|
Kontantstøtte
i prosent av full yting
|
Beløp
per barn per år
|
Beløp per
barn per månad
|
Ikkje
bruk av barnehageplass
|
100
|
39 636
|
3 303
|
Til
og med 8 timar
|
80
|
31 704
|
2 642
|
9–16
timar
|
60
|
23 784
|
1 982
|
17–24
timar
|
40
|
15 852
|
1 321
|
25–32
timar
|
20
|
7 932
|
661
|
33
timar eller meir
|
0
|
0
|
0
|
Kap.
845 Barnetrygd
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap
2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
70
|
Tilskot
, overslagsløyving
|
14 782 318
|
14 820 000
|
14 950 000
|
|
Sum
kap. 845
|
14 782 318
|
14 820 000
|
14 950 000
|
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Mål
Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter
til forsørging av barn.
Tildelingskriterium
Barnetrygda er heimla i lov 8. mars 2002 nr.
4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.
Oppfølging
og kontroll
Barnetrygda blir forvalta
av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt. under
kap. 844 Kontantstøtte.
Budsjettforslag 2011
Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar frå
2010 og prognosar over
-
talet på barn med rett til barnetrygd, og talet
på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for
eitt barn meir enn faktisk barnetal)
-
talet på småbarnstillegg for einslege
forsørgjarar med barn 0–-3 år
-
talet på barn med finnmarks- og svalbardtillegg
-
forventa utgifter til etterbetalingar.
Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga
til SSB, jf. tabellane under.
Tabell 3.12 Forslag til satsar for barnetrygd 2011 ( i kroner)
|
Satsar per månad
|
Satsar per år
|
Ordinær
barnetrygd
|
970
|
11 640
|
Småbarnstillegg
til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år
|
660
|
7 920
|
Finnmarkstillegg
for barn 0–18 år
|
320
|
3 840
|
Svalbardtillegg
for barn 0–18 år
|
320
|
3 840
|
Tabell 3.13 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2009. Prognosar
for 2010 og 2011
|
Gjennomsnitt 2009
|
Gjennomsnitt 2010*
|
Gjennomsnitt 2011
|
Barn
med barnetrygd
|
1 098 318
|
1 101 810
|
1 114 300
|
Barn
med finnmarkstillegg
|
20 842
|
20 530
|
20 334
|
Barn
med svalbardtillegg
|
423
|
465
|
425
|
Kjelde: * Saldert budsjett 2010
Tabell 3.14 Talet på stønadsmottakarar i 2009. Prognosar for 2010
og 2011
|
Gjennomsnitt 2009
|
Gjennomsnitt 2010*
|
Gjennomsnitt 2011
|
Stønadsmottakarar
med barnetrygd for
|
|
|
|
-
eitt barn
|
282 688
|
287 226
|
294 018
|
-
to barn
|
245 680
|
249 641
|
251 224
|
-tre
barn
|
84 447
|
85 808
|
85 101
|
-fire
barn
|
14 118
|
14 346
|
14 061
|
-
fem eller fleire barn
|
3 509
|
3 566
|
3 606
|
Sum
stønadsmottakarar
|
638 698
|
640 587
|
648 000
|
Stønadsmottakarar
med utvida stønad
|
128 379
|
129 566
|
133 522
|
Stønadsmottakarar
med småbarntillegg til einsleg forsørgjar
|
6 223
|
6
826
|
6
410
|
Kjelde: * Saldert budsjett 2010
I
tala for stønadsmottakarar med barnetrygd for to, tre barn mv.
inngår einslege forsørgjarar som mottek ei ekstra barnetrygd (utvida
stønad), til dømes einslege forsørgjarar med to barn som får tre
barnetrygder.
Utrekning av utgifter til
barnetrygd basert på talet på barn, satsar mv. i tabellane ovanfor,
vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2011.
Avviket kjem av etterbetalingar, som særleg gjeld EØS-borgarar
med arbeid i Noreg.
Kap.
846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter
, kan nyttast under post 50
|
11 509
|
16 093
|
23 967
|
50
|
Forsking
, kan nyttast under post 21
|
9 939
|
11 348
|
6 500
|
70
|
Tilskot
|
15 579
|
15 108
|
16 587
|
71
|
Særlege
familiepolitiske tiltak
|
1 020
|
1 053
|
|
72
|
Tiltak
for lesbiske og homofile
|
7 936
|
7 341
|
9 069
|
73
|
Tilskot
til Likestillingssentre
|
5 140
|
5 304
|
5 468
|
79
|
Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid
, kan overførast
|
4 551
|
10 247
|
7 965
|
|
Sum
kap. 846
|
55 674
|
66 494
|
69 556
|
Post 21 Spesielle driftsutgifter,
kan nyttast under post 50
Forskings-
og utviklingsmidlane på denne posten blir i hovudsak nytta til
finansiering av større og mindre enkeltprosjekt av særleg relevans
på områda samliv, likestilling og antidiskriminering. Det er mellom
anna sett av midlar til gjennomføring av regjeringa sine handlingsplanar
Betre livskvalitet for
lesbiske,
homofile, bifile og transpersonar 2009–2012
, jf. òg post
72,
Handlingsplan for å fremme
likestilling og hindre etnisk diskriminering
og
den nye handlingsplanen for kjønnslikestilling. Posten dekkjer
òg utgifter knytte til rådsstilling ved EU-delegasjonen i Brussel
med ansvar for barne-, familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken.
Det er sett av 2 mill. kroner til etablering av ressurssenter for
lhbt-spørsmål neste år og midlar til 100-årskomiteen for allmenn stemmerett.
Forskingsmidlar på til saman 5,2 mill. kroner er
flytta frå kap. 846, post 50. 125 000 kroner er overførte til
kap. 846, post 70 til Gáldu for ei meir korrekt postbruk. Midlane
skal gå til ei prosjektstilling i samband med oppfølging av Sametinget sin
likestillingsplan. Løyvinga på posten er samla sett føreslått
auka med 2,3 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar
på BLDs budsjett.
Post 50
Forsking, kan nyttast under post 21
Midlane
skal nyttast til
Kjønnsforskningsprogrammet
og
programmet
Velferd, arbeidsliv og migrasjon
i
regi av Noregs forskingsråd (NFR). 5,2 mill. kroner er overførte
til kap. 846, post 21. Dette blir gjort for å reindyrke post 50
til programløyvingar til NFR.
Post
70 Tilskot
Posten blir nytta til
tiltak og prosjekt for å fremme kjønnslikestilling, og til tilskot
til frivillige organisasjonar. Departementet vil forlenge prøveperioden
for dei tre regionale sentera for likestilling og mangfald med eitt
år. Løyvinga på 4 mill. kroner til grunnfinansiering av Reform
– ressurssenter for menn blir ført vidare. BLD har gjennom ein
treårsperiode ytt midlar til finansiering av professorat i manns-
og likestillingsforsking ved Universitetet i Oslo. Denne finansieringa
held fram til og med 1. kvartal 2011. Støtta til Harry Benjamin
ressurssenter, Forum for kvinner og utviklingsspørsmål og Sametinget
sin likestillingsplan blir ført vidare. BLD løyver pengar til
drift av nettportalane Gender in Norway og
orgbase.no
.
Begge portalane er drifta av KILDEN Informasjonssenter for kjønnsforsking,
underlagt Noregs forskingsråd.
125
000 kroner er overførte frå kap. 846/21 til Gáldu. Midlane skal
gå til ei prosjektstilling i samband med oppfølging av Sametinget
sin likestillingsplan, jf. omtale under post 21.
Tilskotet til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar
er auka med 1 mill. kroner samanlikna med saldert 2010-budsjett
til 3,55 mill. kroner neste år, jf. omtale nedanfor. Kap. 846,
post 71 blir avvikla frå 2011, og midlane, 1,086 mill. kroner,
er overførte til denne posten. Samla tilskot til familie- og likestillingspolitiske
organisasjonar i 2011 er 4,636 mill. kroner.
Målet
med tilskotsordninga er å bidra til debatt, auka kunnskap og synleggjering
av familie- og likestillingspolitiske tema. Ordninga skal leggje
til rette for at dei frivillige organisasjonane kan supplere og
korrigere det offentlege familie- og likestillingspolitiske arbeidet.
Det blir gitt tilskot til drift av frivillige
organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk
og til tiltak/prosjekt som er i tråd med formålet for tilskotsordninga.
Midlane blir lyste ut, og tildeling skjer ein gong i året på grunnlag
av søknad. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer
gitte av departementet i årleg rundskriv Q-1.
Post
71 Særlege familiepolitiske tiltak
Posten
er føreslått avvikla frå 2011, og midlane, 1,086 mill. kroner
er overførte til kap. 846, post 70.
Post
72 Tiltak for lesbiske og homofile
Løyvinga
vil bli nytta til tilskot til LLH, Skeiv ungdom, bladet BLIKK og
relevante prosjekt i regi av ulike interesseorganisasjonar. Midlane
til det sistnemnde formålet er styrkt med 0,5 mill. kroner. Løyvinga
er styrkt med 1 mill. kroner som skal nyttast til driftstilskot
til LLH og Skeiv verden.
Post
73 Tilskot til likestillingssenter
Det
er sett av midlar til delfinansiering av verksemda ved Likestillingssenteret,
som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Hamar og verksemda
ved KUN – Senter for kunnskap og likestilling, som blir drifta
av stiftinga Kvinneuniversitetet Nord. Tilskotet skal mellom anna
bidra til at sentera skal jobbe for å fremme likestilling mellom
kjønna, og bidra til å utvikle kunnskapen om kjønn. Sentera skal
òg bidra til å synleggjere dei områda der det er relevant å
krysse kjønn med andre diskrimineringsgrunnlag.
Post
79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan
overførast
Noreg deltek i det
fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007-2013). Programmet inkluderer desse
områda: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår,
arbeid mot diskriminering og for mangfald. Posten er føreslått
redusert med 2,6 mill. kroner til andre tiltak på BLDs område.
Kap.
3846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Prosjektinntekter
|
934
|
|
|
|
Sum
kap. 3846
|
934
|
|
|
Kap. 847 Tiltak
for personar med nedsett funksjonsevne
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter
, kan nyttast under post 71
|
28 692
|
28 121
|
27 134
|
50
|
Forsking
|
6 683
|
5 821
|
5 600
|
70
|
Tilskot
til funksjonshemma sine organisasjonar
|
150 615
|
155 577
|
161 400
|
71
|
Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming
, kan overførast, kan nyttast under post 21
|
10 074
|
20 484
|
19 479
|
|
Sum
kap. 847
|
196 064
|
210 003
|
213 613
|
Post 21 Spesielle driftsutgifter,
kan nyttast under post 71
Løyvinga
på posten blir nytta til målretta informasjons-, forskings- og
utviklingstiltak som bidreg til å betre situasjonen for personar
med nedsett funksjonsevne. 401 000 kroner er overførte frå post
50 for ei meir korrekt postbruk. Posten er føreslått redusert
med 2,26 mill. kroner til andre tiltak på BLDs område.
Post
50 Forsking
Løyvinga på posten
skal nyttast av Noregs forskingsråd til
IT
Funk
, som er ei tverrgåande satsing knytt til personar med
nedsett funksjonsevne, og ny teknologi under Noregs forskingsråd. 401
000 kroner er overførte til post 21 for å reindyrke 50-posten
til programløyvingar til Noregs forskingsråd.
Post
70 Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar
Formålet med tilskotsordninga er å gi dei
funksjonshemma sine organisasjonar betre høve til å drive interessepolitisk
arbeid og yte service til eigne medlemmer i form av mellom anna
lokale velferdstiltak. I tillegg skal ordninga styrkje dei høva
paraplyane Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet
av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) har til å drive interessepolitisk
arbeid og yte service til medlemsorganisasjonane. Tilskotsordninga
skal òg medverke til å styrkje organisasjonane når det gjeld
sjølvhjelpsarbeid. Tilskotet skal bidra til å styrkje dei høva
organisasjonane til funksjonshemma har til å gjennomføre gode
velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne.
Organisasjonsstøtta til FFO og SAFO er auka med 1 mill. kroner.
Løyvinga skal fordelast forholdsmessig mellom dei to paraplyorganisasjonane.
Post
71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan nyttast
under
post 21, kan overførast
Post
71 skal nyttast til målretta og tverrsektorielle tiltak i Regjeringas
handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013).
Tiltaka skal mellom anna støtte opp under lov om forbod mot diskriminering
på grunn av nedsett funksjonsevne og annan relevant lovgiving.
Posten er føreslått redusert med 1,64 mill. kroner til andre tiltak
på BLDs område.
Kap.
849 Likestillings- og diskrimineringsombodet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
50
|
Basisløyving
|
48 959
|
51 128
|
52 713
|
|
Sum
kap. 849
|
48 959
|
51 128
|
52 713
|
Status og hovudoppgåver for verksemda
Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) blei
etablert 1. januar 2006. Hovudoppgåva er å fremme likestilling
og kjempe mot diskriminering uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet,
religion, funksjonsevne, seksuell orientering og alder. Ombodet
handhevar likestillingslova, diskriminerings-lova, arbeidsmiljølova
(kap. 13), diskrimineringsreglane i bustadlovgivinga og diskriminerings-
og tilgjengelova.
Ombodet skal vere
eit alternativ til domstolshandsaming av saker om diskriminering.
I tillegg har ombodet ansvaret for å overvake at norsk rett og
forvaltingspraksis er i samsvar med FNs kvinnekonvensjon og rasediskrimineringskonvensjonen.
Det vil òg få tilsvarande ansvar for FN-konvensjonen om rettane
til personar med nedsett funksjonsevne. Ei fråsegn frå ombodet
er ikkje rettsleg bindande. Ombodet kan likevel fatte bindande vedtak
om å stanse diskriminerande handling dersom eit slikt vedtak ikkje
kan vente til Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan behandle
saka, jf. diskrimineringsombodslova § 4, jf. § .
Likestillings- og diskrimineringsombodet skal vere
ein synleg og nyttig reiskap for folk i arbeidet for eit likeverdig
samfunn fritt for diskriminering.
Resultatrapport
og strategiar
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei
presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Barne- og likestillingsdepartementet.
Høg
kvalitet i lovhandhevinga
Korrekt og effektiv
saksbehandling
I 2009 fekk Likestillings-
og diskrimineringsombodet inn 302 klagesaker, ein auke frå 156
saker i 2008. Av desse sakene blei 168 ferdighandsama. I dette ligg
at ombodet anten gav ei fråsegn, avviste saka eller la ho bort.
Heile 94 prosent av sakene gjaldt eitdiskrimineringsgrunnlag. Funksjonsevne,
kjønn og etnisitet var dei hyppigaste temaa i dei sakene ombodet tok
imot i 2009.
I 2009 gjekk om lag 20
prosent av klagesakene som blei ferdighandsama hos ombodet, til nemnda.
I 2009 varsla ombodet om hastevedtak i 16 saker,
særleg knytt til ulovlege stillingsannonsar. Formålet med hastevedtak
er å stanse ei diskriminerande handling eller ein diskriminerande
praksis raskt.
Ombodet har målt handsamingstida
på klagesaker. Dei fleste som møter opp personleg hos ombodet
eller vender seg til ombodet gjennom e-post eller brev med spørsmål
om rettleiing, får svar godt innanfor den forvaltningsrettslege
fristen på tre veker. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid på klagesaker
er om lag 44 veker, ein auke med 6 veker frå 2008.
Eit forhold som særleg forklarer dette, er
den betydelege auken i klagesaker som gjeld brot på diskriminerings-
og tilgjengelova som blei sett i kraft 1. januar 2009. Det er særleg
spørsmål om brot på plikta til universell utforming som dominerer
auken i klagesaker i 2009. Spørsmål om plikt til universell utforming
reiser òg heilt nye problemstillingar som fort fører til at sakshandsamarane
må bruke lengre tid.
Eit anna forhold
som bidreg til auka sakshandsamingstid, er at ombodet fekk inn langt
fleire saker, både rettleiingssaker og klagesaker, i 2009 samanlikna
med tidlegare år.
Eit lågterskeltilbod som er
lett tilgjengeleg for brukarane
God rettleiing
I 2009 gav ombodet rettleiing i til saman 1624 saker,
ein auke på 36 prosent frå året før. Dei fleste sakene kom anten
via telefon (860) eller via e-post (633). Tidlegare har diskrimineringsgrunnlagakjønn og etnisitet dominert rettleiingssakene. I
2009 gav derimot ombodet om lag like mange rettleiingar i spørsmål
om diskrimineringsgrunnlaget funksjonsevne som for kjønn som diskrimineringsgrunnlag,
rundt 500 kvar. Deretter kom etnisitet m.m. med vel 200 saker.
Dette er naturleg sidan diskriminerings- og
tilgjengelova blei sett i kraft 1. januar 2009. Dei fleste spørsmåla
gjaldt verksemder si plikt til universell utforming av eiga hovudløysing
for dei fysiske forholda. I tillegg fekk ombodet inn langt fleire
spørsmål om diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne
i arbeidslivet enn tidlegare.
Arbeidsgivarar
som treng rettleiing om lovverket og korleis dei kan førebyggje
diskriminering og fremme likestilling, er ei viktig målgruppe.
Ein stor del av rettleiinga har vore gitt i samband med rettleiing
om aktivitets- og utgreiingspliktene og kontrollen av kommunars
utgreiingar i årsrapportar.
Innføring
av nye aktivitets- og rapporteringsplikter for etnisitet og funksjonsevne
frå 1. januar 2009 har ført til eit stort behov for å spreie
informasjon. Samstundes er det framleis stor trong for rettleiing
om aktivitets- og utgreiingsplikta når det gjeld kjønn.
LDO har rusta opp den nettbaserte informasjonen
om likestilling og mangfald i arbeidslivet, sett i gang målretta
informasjonstiltak i ulike medium og gjennomført ein landsdekkjande
informasjonsturné med fem regionale kurs og ein ekspertkonferanse.
Ombodet har gitt ut ei praktisk handbok for arbeidsgivarar
i korleis dei kan arbeide aktivt, målretta og planmessig for å
fremme likestilling og hindre diskriminering. Vidare har LDO utarbeidd
ei handbok tilpassa universitets-, høgskole – og instituttsektoren.
LDO bidrog òg i utarbeidinga av rettleiinga
Hvordan fremme likestilling og hindre diskriminering.
Veiledning for arbeidslivet i aktivitets- og rapporteringspliktene
i
samarbeid med BLD og partane i arbeidslivet
.
Offensiv
og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering
Godt
påverknadsarbeid retta mot relevante styresmakter, kompetansemiljø
og interesseorganisasjonar
I
2009 tok LDO opp 15 saker på eige initiativ, dei fleste etter tips
frå publikum, i hovudsak spørsmål om ulovlege stillingsannonsar.
Erfaringa til ombodet er at dei fleste arbeidsgivarar
ikkje har vore klar over at dei bryt lova, og at dei rettar opp
annonsen etter at ombodet har gitt fråsegn.
LDO
har dei siste åra valt å konsentrere seg om
kommunesektoren
når
det gjeld kontroll av aktivitets- og utgreiingsplikt. Hovudgrunnane
er at sektoren er landsdekkjande, og at kommunane er store arbeidsgivarar,
særleg for kvinner. Kvaliteten på likestillingsarbeidet i denne
sektoren er derfor viktig.
Få kommunar
har fått godkjent likestillingsutgreiingane sine utan merknader.
Brorparten av kommunane har store utfordringar, både når det gjeld
rutinar for å betre sjølve likestillingssituasjonen og rutinar
for utgreiingar. Kommunar som har brukt rettleiing frå LDO, kommunesektorens interesse-
og arbeidsgivarorganisasjon (KS) eller dei regionale likestillingssentera,
leverer betre likestillingsutgreiingar enn dei som ikkje har nytta
dette tilbodet.
I 2009 sende LDO likestillingsutgreiingane
frå seks kommunar til Likestillings- og diskrimineringsnemnda fordi
årsrapportane for 2006 og 2007 ikkje oppfylte kravet til aktivitets-
og utgreiingsplikt i likestillingslova.
Nemnda
påpeikte at kommunar må reknast som relativt store verksemder
samanlikna med mange private verksemder, og at likestillingsspørsmål
oppstår på mange ulike måtar og på alle nivå i kommunar. Ein
bør kunne vente seg betre rapportering frå offentlege verksemder
enn frå private.
På bakgrunn av dette
konkluderte nemnda med at det kan stillast krav om kjønnsfordelt
statistikk over lønnsforhold, arbeidstid, permisjonsuttak, vidareutdanning,
rekruttering, forfremjing og sjukefråvær når kommunane skal greie
ut om likestillingssituasjonen. Vidare må utgreiingane skildre
fordelinga av kvinner og menn på ulike stillingskategoriar og organisasjonsnivå.
Nemnda kom derfor til at utgreiingane for 2007 frå dei seks kommunane
ikkje oppfylte krava i likestillingslova.
I
2009 kontrollerte LDO likestillingsutgreiingane for 2008 frå 46
kommunar, som alle har vore kontrollerte tidlegare. Vidare starta
ombodet arbeidet med å kontrollere nye sektorar; universitets-
og høgskulesektoren og departementssektoren (fem universitet og
høgskular og to departement).
Totalt
heldt LDO 183 føredrag, innlegg og/eller kurs i 2009, rundt halvparten
om temaet arbeidsliv. Aktivitets- og utgreiingspliktene var òg eit
viktig tema i tretti av desse føredraga.
Erfaringane
frå arbeidet med aktivitets- og utgreiingsplikta i likestillingslova
viser at rapporteringa får fram relevante fakta om likestillingssituasjonen.
I 2009 tok ombodet imot 83 høyringssaker medrekna
fleire om endringar i utlendingslova og tilhøyrande forskrifter.
Ei av dei viktigaste sakene ombodet arbeidde med
i 2009, var å svare på framlegget frå Graverutvalet, NOU 2009:14
Et helhetlig diskrimineringsvern
. Ombodet
er samd i framlegget frå utvalet på dei aller fleste punkta, men
stiller seg mellom anna kritisk til om reglane for aktivitets- og
utgreiingsplikta, diskrimineringsgrunnlaget alder og vernet mot
diskriminering grunna kjønn er godt nok sikra.
Likestillings- og diskrimineringsombodet hadde
stor pågang frå media i 2009, med 418 registrerte førespurnader
frå ulike medium. LDO blei omtalt 4082 gonger i nettbaserte medium
i 2009. I tillegg til har ombodet delteke i fleire debattar i radio
og TV og jamleg vore i etermedia. LDO har dessutan hatt om lag 20
kronikkar og innlegg på trykk i 2009 i tillegg til månadlege innlegg
i ulike fagblad.
LDO fekk nye nettsider
i september 2009. Det er lagt vekt på å følgje dei standardane
som finst for god tilgang for blinde og svaksynte og andre målgrupper
med særskilde behov. LDO fekk god skår for dette i den årlege
evalueringa til
Noreg.no/DIFI
. Nettstaden
hadde i underkant av 80 000 besøk i 2009.
Ombodet
skal dokumentere førekomsten av diskriminering og grada av likestilling
i samfunnet. Dette skjer i hovudsak gjennom publikasjonane
SaLDO
og
PRAKSIS
.
SaLDO
er Likestillings- og diskrimineringsombodets
samfunnsrekneskap over grada av likestilling og omfanget av diskriminering.
SaLDO
gir likevel ikkje eit komplett bilde
av samfunnet sett i eit likestillingsperspektiv. Dette kjem mellom
anna av at nokre område og grunnlag er dårlegare dokumenterte.
SaLDO
viser at det
er store likestillingsutfordringar i Noreg. Det er framleis behov
for å overvake utviklinga på dei ulike samfunnsområda for grupper
som er særleg utsette.
PRAKSIS
gir
ei oversikt over sentrale klagesaker og rettleiingssaker som LDO
har handsama det siste året, og dei mest sentrale lovgivingsprosessane
ombodet har teke initiativ til eller delteke i.
LDO deltek i internasjonale forum og i det europeiske
nettverket
Equinet
. Nettverket består av
europeiske handhevingsorgan for likestilling og ikkje-diskriminering.
Temaa for møta er ofte innspel til praktiske døme på diskrimineringssaker
og korleis dei enkelte landa løyser problema.
Dei nordiske landa har nettverk for handhevingsorgan,
både når det gjeld kjønnslikestilling og etnisk diskriminering.
Strategiar
og tiltak for 2011
For å oppnå
ei jamnare fordeling av makt og medverknad skal LDO arbeide for
å sikre individet rett til informasjon om eigne rettar og plikter.
LDO skal vidare arbeide for at alle får same
tilgang til viktige samfunnsarenaer som utdanning, arbeidsliv og
fritid. Ombodet skal utfordre kulturelle barrierar, slik at ikkje
myter, fordommar og stereotypiar får avgrense dei høva folk har.
Gjennom rettleiing, lovhandheving, kommunikasjon
og kunnskapsspreiing skal LDO arbeide målretta for å identifisere
barrierar i samfunnet, hindre slike barrierar, hjelpe dei som møter
barrierane, og støtte dei som bryt dei. Ombodet skal bidra til
at alle, uansett kven dei er, blir behandla likeverdig.
LDO skal sjå til at likeverdig arbeid faktisk
blir verdsett likt, både i lønn og status.
Alle
som blir diskriminerte og som ønskjer hjelp, skal få prøvd saka
si hos ombodet. God kommunikasjon og lett tilgjenge er avgjerande
for at dei som opplever diskriminering, skal bruke LDO.
Ombodet arbeider kontinuerleg med at både klagesaksarbeidet
og rettleiinga av enkeltpersonar skal ha god kvalitet. Dette vil
ein leggje vekt på også i 2011. God og rask kommunikasjon både skriftleg
og munnleg er viktig for tilliten til ombodet og rettstryggleiken
til den enkelte.
LDO har ei viktig rolle
som rettleiar overfor dei som meiner at dei er utsette for diskriminering.
Like viktig er rettleiinga av arbeidsgivarar og andre som kan førebyggje
og hindre diskriminering og bidra til likestilling. Aktivitets-
og rapporteringspliktene er ein viktig reiskap for å avdekkje diskriminering
og setje i verk likestillingstiltak. I 2011 vil ombodet halde fram
med kontroll av aktivitets- og rapporteringspliktene i verksemder.
Viktige oppgåver for LDO er å dokumentere diskriminering
og avdekkje og overvake forhold i samfunnet som er til hinder for
likestilling. LDO skal òg fremme forslag til tiltak for å fjerne
hinder for deltaking og likeverd. I 2011 vil ombodet arbeide vidare
med kunnskapsspreiing om likestilling og diskriminering og analysar
av tilstanden.
Post 50 Basisløyving
Løyvinga skal dekkje lønn til medarbeidarane
og andre driftsutgifter. LDO hadde 59 tilsette per 1. mars 2010.
Av dei tilsette var 76 prosent kvinner.
Programkategori
11.20 Tiltak for barn og unge
Hovudinnhald
og prioriteringar
Eit overordna
mål for barne- og ungdomspolitikken er å sikre at alle barn og
unge har gode og trygge oppvekst- og levekår. Dette inneber at
alle skal ha eit likeverdig tilbod og like høve. Sentralt står
arbeidet for å motverke marginalisering, medverke til å jamne
ut forskjellar i levekår og fremme barn og unges medverknad og
deltaking på ulike område i samfunnet.
BLD
har ansvaret for utforminga og samordninga av den generelle barne-
og ungdomspolitikken. Politikkutforminga skjer i samspel mellom ulike
departement, andre statlege styresmakter, kommunesektoren og frivillige
organisasjonar. Departementet forvaltar fleire tilskotsordningar retta
mot barn og unge, mellom anna ei ordning retta mot barn, unge og
familiar som er råka av fattigdomsproblem. Departementet har ansvar
for utvikling av barneverns- og adopsjonspolitikken, etatsstyring
av det statlege barnevernet og forvaltinga av barnevernlova og adopsjonslova.
Departementet har òg ansvaret for Noregs oppfølging av FNs konvensjon
om barnerettane. BLD tek og del i internasjonalt samarbeid retta
mot barn og unge på ei rekkje område. Departementet har ansvar for
fleire underliggjande verksemder som tek hand om barns beskyttelse,
rettar og interesser.
Barneombodet arbeider
for at barns behov, rettar og interesser blir tekne tilbørleg omsyn
til på alle område i samfunnet. Barneombodet følgjer med på
at lovgjeving til vern om barns interesser blir følgd, og at norsk
rett samsvarer med dei pliktene Noreg har i samsvar med FNs konvensjon om
barnerettane.
Fylkesnemndene for barnevern
og sosiale saker har avgjerdsrett i dei såkalla tvangssakene etter
barnevernlova, som mellom anna omfattar saker om overtaking av omsorg
og plassering av ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Det er ein føresetnad
for rettstryggleiken og for eit velfungerande barnevern at fylkesnemndene
har tilstrekkelig kapasitet og utnyttar ressursane på best mogeleg
måte. BLD føreslår derfor å auke løyvinga til fylkesnemndene
med 10 mill. kroner for å styrkje sakshandsamingskapasiteten og
den administrative styringa.
Barne-,
ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar det statlege barnevernet.
Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under
forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig
hjelp og omsorg til rett tid, og å bidra til at barn og unge får
trygge oppvekstvilkår. Etaten har òg ulike oppgåver på adopsjonsfeltet,
forvaltar tilskotsordningar og har ansvar for at Noreg følgjer
opp EUs ungdomsprogram
Aktiv ungdom
.
Bufetat består av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
og fem regionale einheitar. Sjå delmål 1.2 for ei nærmare omtale.
Talet på barn som tek imot hjelp frå barnevernet,
har auka kvart år det siste tiåret. I 2000 tok 31 900 barn imot
slik hjelp, medan dette gjaldt 46 500 barn i 2009 – ein auke på
46 prosent. Også i høve til barnebefolkninga er auken stor. I
slutten av 2000 var det 21,8 barn med tiltak per 1 000 barn, medan det
tilsvarande talet var 29,5 i 2009. Denne utviklinga ser ut til å
halde fram fordi både talet på nye barn som kjem inn i barnevernet,
og talet på undersøkingar aukar. Samfunnet tek meir omsyn til
barn sine behov for hjelp og vern no enn tidlegare. Foreldre, familie
og andre melder òg i større grad enn før frå og ber om hjelp,
og dette tyder på at folk har fått større tillit til barnevernet.
Det er viktig å tilføre dei nødvendige ressursane til å handtere
det auka talet på barn i barnevernet. For å nå dette målet vil regjeringa
i 2011 øyremerke 240 millionar kroner til ei styrking av det kommunale
barnevernet. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til nye stillingar.
Det vil og vere mogleg å søka om midlar til enkelte andre tiltak,
til dømes kompetansetiltak, som styrkjer barnevernet lokalt. Fylkesmannsembeta,
som kjenner kommunane godt, vil handsame søknadene frå kommunane.
Ei prioritert oppgåve framover er å skape betre
samordning av tenester for utsette barn og unge. Slik kan vi gi
barn som er i risiko betre hjelp. Det er òg ei utfordring å betre
samarbeidet mellom det statlege og det kommunale barnevernet slik
at brukarane opplever eit heilskapleg barnevern. Ei viktig oppgåve
er òg å sørgje for at den hjelpa som vert tilbydd er kunnskapsbasert
og leier til varige endringar i barns liv.
Programkategori
11.20
Tiltak for barn og ungdom
inneheld
løyvingar til tiltak i barne- og ungdomsvernet, Barne-, ungdoms-
og familiedirektoratet, barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige
asylsøkjarar under 15 år, barne- og ungdomstiltak, Barneombodet,
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, Barnesakkyndig kommisjon,
adopsjonsstønad og EUs ungdomsprogram.
Mål
For 2011 blir følgjande mål prioriterte:
Hovudmål
|
Delmål
|
5.
Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom
|
5.1
Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og unges behov
|
|
5.2
Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge
|
|
5.3
Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge
|
|
5.4
Makt og påverknad for barn og unge
|
6.
Eit barnevern som gir barn og unge omsorg og vern slik at dei meistrar
liva sine og utviklar evnene sine
|
6.1
Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern
|
|
6.2
Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira
|
|
6.3
Heilskaplege og samorda tilbod og tenester
|
Resultatrapport og strategiar
Delmål
5.1: Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og unges behov
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Bidra
til samordning av politikken til departementa på barne- og ungdomsområdet
og til samarbeid mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig
sektor
Samarbeidet mellom departementa
om ein gjennomgåande politikk for barn og unge blei vidareført
gjennom ulike politiske forum, samarbeidsgrupper og arbeid med mellom
anna handlingsplanar, felles strategiar og forsøks- og utviklingsarbeid.
Publikasjonen
Satsing på barn og ungdom
, som
gir eit oversyn over mål og innsatsområde i statsbudsjettet, blei
ført vidare.
Lørenskog kommune blei
kåra til Årets barne- og ungdomskommune 2009. Kåringa skjedde
på Barne- og ungdomskonferansen 2009.
BLD
har gjennom 2009 stimulert til auka dialog og samspel mellom styresmaktene
og frivillig sektor. Det har vore systematisk kontakt med frivillige
organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom møte og konferansar.
Det har vore god kontakt med forskingsmiljø omkring frivillig arbeid
og deltaking frå ungdom. Departementet har oppfordra kommunar som
departementet er i kontakt med gjennom tilskotsordningar, til å
styrkje samspelet med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor.
Barns
oppvekstkår er i tråd med FNs konvensjon om barnerettane
Arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa
av FNs konvensjon om barnerettane, som blei sett i gang i 2008,
heldt fram i 2009 og 2010. Fleire tiltak blei sette i gang for å
markere tjueårsjubileet til konvensjonen. Generelle kommentarar
frå FN sin barnekomité (12 i alt) som gir tolking til enkelte artiklar
og viktige spørsmål i konvensjonen, blei omsette til norsk og
lagde ut på nettsidene til BLD. I 2009 blei det gjennomført seminar
for tilsette i departementa om barnekonvensjonen. Målet var å auke
kompetansen deira i spørsmål som gjeld barnets rettar. Ein konferanse
om barnekonvensjonen for landets kommunar, statlege instansar og
frivillige organisasjonar blei òg gjennomført i 2009. Målet var
både å belyse barnekonvensjonens internasjonale betyding og vise
korleis konvensjonen kan nyttast i samband med dei utfordingane
vi står ovanfor i Noreg. Det blei løyvt midlar til utarbeiding
av ein ny UNICEF-brosjyre om barnekonvensjonen. Brosjyren blei send
til skulane samen med ei nyutsending av barnekonvensjonsplakaten.
Som eit ledd i å styrkje barn og unge sine
høve til medverknad på statleg nivå blei det gjennomført eit
årleg dialogforum mellom barne- og likestillingsministeren og ungdomsrepresentantar
i mars 2009 og i mai 2010. Ungdommane blei rekrutterte frå ungdommens
fylkesting og tilsvarande forum frå heile landet. Temaa for møta
har mellom anna vore vald mot barn, bruk av rusmidlar, ungdoms helse,
behov for eit nasjonalt påverknadsorgani for ungdom og stemmerett
for 16-åringar
Eit kontaktforum mellom
departementa som har fagansvar for barnekonvensjonen, hadde jamlege
møte i 2009. Kontaktforumet spelte ei viktig rolle i førebuingane
til eksaminasjonen av Noregs 4. rapport til barnekomiteen hausten
2009. Eksaminasjonen blei gjennomført i januar 2010. Barne-, likestillings-
og inkluderingsministeren leidde Noregs delegasjon, der òg fleire
departement med ansvar for oppfølging av konvensjonen deltok. Noreg
fekk avsluttande merknader frå FNs barnekomité i januar 2010.
Merknadene inneheldt tilrådingar på mange ulike fagområde. Tilrådingane
vil bli vurderte av dei departementa det gjeld.
Ei juridisk utgreiing for å vurdere om norsk lov
på relevante område tilfredsstiller dei krava som ligg i barnekonvensjonen,
blei lagt fram hausten 2009. Same haust blei det òg lagt fram ei
kartlegging av opplæringstilbod om barnekonvensjonen i ulike utdanningar.
God
forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling
BLD har ført vidare samarbeidet med Noregs
forskingsråd innanfor ramma av forskingsprogrammet
Velferd,
arbeidsliv og migrasjon
(VAM). Det blei òg gitt tilskot til
ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Samarbeidet
med Statistisk sentralbyrå (SSB) om utarbeiding av aktuell statistikk
om barn og ungdom blei ført vidare. Dessutan blei det gitt tilskot
til utarbeiding av eksempelsamlingar, konferansar og anna kompetansebygging
om barn og ungdom.
Medie- og informasjonskanalar
tek omsyn til barn og ungdoms særlege rettar og behov
BLD har ført vidare støtta til nettportalen
ung.no
. Nettportalen har som mål å vere
ein samla informasjonskanal frå departementa til ungdom. I 2009 nådde
ung.no
ut til ein større del av målgruppa enn
tidlegare år, med om lag 2,9 mill. unike brukarar.
Hausten 2009 arrangerte Bufdir tre regionale ungdomsinformasjonskonferansar
om korleis informasjonsarbeidet retta mot ungdom kan etablerast,
gjennomførast og styrkjast i kommunane.
Departementet
tok del i arbeidet i den tverrdepartementale kontaktgruppa for å
fremme barn og ungdom sine interesser og behov i utviklinga av informasjonssamfunnet.
BLD tok òg del, saman med aktuelle departement, i oppfølginga
av EU-programmet
Sikrare Internett
(2009–2013)
.
Medietilsynets
Trygg bruk
-prosjekt arbeider for trygg
bruk av digitale medium for barn og unge. Gjennom prosjektet er
det bygt opp eit nettverk der departement, statlege etatar, forskingsinstitusjonar,
frivillige organisasjonar, bransjeorganisasjonar og føretak arbeider
saman om kunnskap, ressursar og informasjon om trygg bruk av teknologi
for barn og ungdom. I 2009 blei midlane til tiltaksplanen
Barn, unge og Internett
i hovudsak nytta
til utvikling av ei ny
Trygg bruk
-undersøking om
barn og digitale medium.
BLD gav i 2009
tilskot til organisasjonen
Barnevakten
.
Tilskotet blei brukt til organisasjonens informasjonsarbeid om media
og ny teknologi gjennom foreldremøte i skole og barnehage.
Strategiar
og tiltak for 2011
Godt samarbeid mellom ulike
departement, mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig
sektor
BLD vil arbeide for at
samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk
for barn og ungdom blir ført vidare. Dette skjer mellom anna gjennom
samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks- og utviklingsarbeid, informasjonsarbeid
og konferansar. BLD fører òg vidare samarbeidet mellom departementa
om utgiving av publikasjonen
Satsing på barn
og ungdom,
som gir oversikt over mål og innsatsområde i
statsbudsjettet.
Som ledd i arbeidet
med å stimulere kommunane til å auke satsinga på barn og ungdom, utnemner
BLD kvart år Årets barne- og ungdomskommune. Kåringa skjer på
Barne- og ungdomskonferansen, ein årleg konferanse for tilsette
i kommunar, ungdom og politikarar frå heile landet. I tillegg til
denne faste konferansen blir dialogen med kommunane og fylkeskommunane
ført vidare gjennom andre konferansar, samlingar og møte.
BLD vil òg i 2011 stimulere til dialog og samspel
mellom styresmaktene og frivillig sektor. Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar
speler ei viktig rolle, både som ein arena for læring av demokrati
og likebehandling og som tilbydar av verdifulle aktivitetstilbod
for barn og unge. Det vil bli lagt opp til kontakt med ungdomsmiljøa
gjennom systematisk kontakt med frivillige organisasjonar og grupper,
mellom anna gjennom høyringar og møte. Det vil òg bli lagt vekt
på kontakt med forskingsmiljø kring frivillig arbeid og ungdoms
deltaking. Kommunane vil bli oppfordra til å styrkje samspelet
med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor, mellom anna gjennom
departementets tilskotsordning retta mot barn og ungdom i større
bysamfunn, sjå omtale under kapittel 857
Barne-
og ungdomstiltak
, post 60
Barne- og ungdomstiltak
i større bysamfunn
.
BLD har ansvaret
for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av
gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane. Arbeidet med
oppfølginga av barnekonvensjonen og anbefalingane frå FNs barnekomité
vil halde fram i 2011. Kontaktforumet mellom departementa som blei oppretta
i 2008, vil halde fram sitt arbeid mellom anna med å følgje opp
tilrådingane frå barnekomiteen. Som eit ledd i å styrkje barn
og unges høve til medverknad på statleg nivå blir dialogforumet
mellom barne-, likestillings- og inkluderingsministeren og ungdomsrepresentantar
òg ført vidare.
Barnekonvensjonen blei
i 2003 inkorporert i norsk rett gjennom menneskerettslova og er
dermed forpliktande for kommunane på linje med anna norsk lov.
Det er eit mål at barnekonvensjonen blir eit aktivt verktøy for
kommunane sitt arbeid med å fremme ein god barne- og ungdomspolitikk.
Fylkesmannen i Troms har fått midlar frå BLD til ei nasjonal satsing
på
Sjumilssteget
. Gjennom å fokusere
på sju sentrale rettar i konvensjonen har fylkesmannen funne et
reiskap for å kvalitetssikre kommunane sitt tilbod til barn og
unge. Det er lagt særleg vekt på tverretatleg samarbeid. Fylkesmannen
i Troms tek sikte på å arbeide med informasjon og rettleiing til
andre fylkesmannsembete om modellen i 2011.
Stimulere
til målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling
BLD ser det som viktig å stimulere til forsking, kompetanseoppbygging
og erfaringsformidling som ledd i arbeidet med å sikre ein god
politikk for barn og ungdom. Samarbeidet med Noregs forskingsråd
om forskingsprogrammet
Velferd, arbeidsliv
og migrasjon
(2009–2018) blir ført vidare. Departementet
vil føre vidare samarbeidet med Kulturdepartementet om
Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig
sektor
, for å sikre forsking på barn og unges frivillige
engasjement, mellom anna innanfor barne- og ungdomsorganisasjonane.
Samarbeidet med SSB om statistikk om barn og ungdom vil òg bli
ført vidare. Det vil bli gitt tilskot til forskingsmiljø, til
oppdrag og undersøkingar og til utarbeiding av eksempelsamlingar.
Det vil òg bli gitt tilskot til konferansar og anna kompetanseoppbygging
om barn og ungdom.
Trygg bruk av digitale medium
BLD tek del i den tverrdepartementale tiltaksplanen
Barn, unge og Internett.
Her blir barn
og foreldres haldningar til og bruk av Internett jamleg kartlagde.
Tiltaksplanen er ein del av
Trygg bruk-
prosjektet,
som blir koordinert av Medietilsynet. Prosjektet sine nettsider
(
tryggbruk.no
) er utvikla til nytte for
barn, foreldre og skolen. Departementet tek del i ei tverrdepartemental
kontaktgruppe for å fremme barn og ungdom sine interesser og behov
i utviklinga av informasjonssamfunnet. BLD vil, saman med andre
aktuelle departement, føre vidare arbeidet med oppfølginga av
EU-programmet
Sikrare Internett
(2009–2013).
Delmål 5.2: Deltaking
og like moglegheiter for alle barn og unge
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Gode
oppvekst- og levekår for ungdom i større bysamfunn
BLD forvaltar tilskotsordninga
Barne-
og ungdomstiltak i større bysamfunn
, som i 2009 omfatta 23
bykommunar. I 2009 var ordninga på om lag 50 mill. kroner. Innsatsen
er todelt: ei satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og ei særskild
satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem
(fattigdomstiltak). Satsinga retta mot ungdom utgjorde 19,2 mill.
kroner og fattigdomssatsinga utgjorde 31,5 mill. kroner. Fattigdomssatsinga
er nærmare omtalt under resultatrapporten for delmål 5.3
Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og
unge
.
Midlane til ungdomstiltak
er nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 12–25
år med særskilde behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø.
Dei fire største byane og sju prioriterte bydelar i Oslo disponerer
sjølve ei ramme til ungdomstiltak. Dei 19 andre bykommunane søkjer departementet
om midlar. Om lag 82 prosent av midlane blei fordelte mellom dei
fire store byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Oslo fekk samla
om lag 50 prosent av midlane. Om lag 18 prosent blei fordelte på
dei resterande bykommunane etter søknad. Det blei i 2009 gitt tilskot
til 87 ungdomstiltak i 21 av dei 23 bykommunane.
Om lag sju prosent av løyvinga blei forvalta
av departementet og nytta til strakstiltak og utviklingsarbeid.
Departementet har hatt eitt kontaktmøte med bykommunane som er
omfatta av ordninga. Det blei utarbeidd ein ny rettleiar for søknadshandsaminga
for 2010.
Departementet har òg teke
del i arbeidet med Groruddalssatsinga. Det blei mellom anna sett
av 15 millionar kroner på kap 857
Barne- og
ungdomstiltak
, post 73
Barne- og ungdomstiltak
i større bysamfunn
i 2009, øyremerkte arbeidet med Grorud
fleirbrukshall. Arbeidet med hallen starta i 2009, og 2 mill. kroner
av denne løyvinga blei utbetalt dette året.
Eit
oppvekstmiljø fritt for vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme,
homofobi og diskriminering
BLD
har teke del i arbeidet med
Gode krefter –
kriminalitetsforebyggende handlingsplan,
som blei lagd fram
sommaren 2009. Ei viktig målgruppe for handlingsplanen er utsette
unge. BLD har ansvar for fleire tiltak i handlingsplanen.
Gjennom tilskotsordninga
Barne-
og ungdomstiltak i større bysamfunn
er det gitt stønad til
prosjekt, ungdomsgrupper og organisasjonar som arbeider for å motverke
vald, kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering blant ungdom.
Det er gitt stønad til fleire strakstiltak for å løyse akutte problem
i ungdomsmiljøa, mellom anna prosjekt retta mot belasta kriminelle
unge og kriminelle ungdomsgrupper.
BLD
tok del som partnar i
Manifest mot mobbing
(2009–2010)
og har arbeidd særskilt med mobbing i fritidsmiljøa. Mobbing på
den digitale arenaen blei sett på dagsordenen gjennom Medietilsynets
arbeid knytt til barn og unges mediebruk i
Trygg
bruk
-prosjektet,som òg omhandlar
kjønnsrelatert mobbing, seksuell trakassering og annen risikoåtferd
på internett. BLD støtta forsking om mobbing og antisosial åtferd
i 2009.
Det blei gitt støtte til fleirkulturelle
aktivitetar i regi av organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom
tilskotsordninga
Mangfold og inkludering
,
som blei oppretta i 2008. Her kan barne- og ungdomsorganisasjonar,
fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø søkje om tilskot
til aktivitetar med fokus på mangfald, haldningar og deltaking.
Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) forvaltar
ordninga. I 2009 fekk 54 prosjekt støtte gjennom ordninga. Søkjarmassen
er variert både når det gjeld type prosjekt og kva for organisasjonar
som søkjer.
Bidra til å inkludere og gi likeverdige
tilhøve for alle barn og unge
I
2009 førte BLD vidare satsinga
Unge utanfor
, som
er retta mot ungdom som fell utanfor opplæring og arbeidsliv. Som
del av satsinga har åtte kommunar/bydelar sett i gang arbeid for
å utvikle og systematisere arbeidsmåtar og samarbeidsformer retta
mot målgruppa. Erfaringar frå utviklingsarbeidet er presenterte
i eksempelsamlinga
Veier tilbake til skole
og jobb
. Eit forskingsprosjekt om korleis ungdom i målgruppa
sjølve vurderer sin eigen situasjon, blei avslutta i 2009. Vidare
er det gjennomført utgreiingar om framgangsmåtar for korleis ein
skal kome i kontakt med ungdom som treng ekstra oppfølging, og
om dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av at unge hamnar utanfor
arbeid. Vista Analyse har gjort utgreiingsarbeidet på oppdrag frå
BLD. Rapporten understrekar verdien av eit tett samarbeid mellom
kommune, fylkeskommune og stat. Samarbeid om ressursinnsats er ofte
nødvendig for å kunne setje inn dei beste og mest effektive tiltaka,
både for dei unge og for samfunnet. Rapporten har berekningar på
kva samfunnet kan spare ved å kome inn med tidlege tiltak til ungdom
som elles risikerer å hamne på uføretrygd, og syner kor viktig
der er å setje inn verkemiddel tidleg for å hindre at unge fell
utanfor arbeidslivet.
Barn og ungdom
med innvandrarbakgrunn er ei prioritert målgruppe i arbeidet for
å betre oppvekst- og levekåra. Gjennom tilskotsordningane
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
og
Mangfold og inkludering
er det gitt støtte
til ei rekkje aktivitetar og tiltak retta mot barn og unge i denne
gruppa. Prisen
Årets forbilde
blei delt
ut for femte gong til ein vaksen med innvandrarbakgrunn som gjer
særs mykje for barn og ungdom. BLD la våren 2009 fram
Handlingsplan for å fremme likestilling og
hindre etnisk diskriminering
(2009–2012).
BLD førte i 2009 vidare arbeidet med Sametinget
for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane som skal styrkje
samisk identitet og tilknyting for barn og ungdom i lokalsamfunnet.
BLD har teke del i arbeidet med
Handlingsplan
for samiske språk
, som blei lagd fram i 2009.
Arbeid for å betre situasjonen for barn og
unge med nedsett funksjonsevne er gjort gjennom driftstilskot og
jamlege kontaktmøte med samanslutninga
Unge
funksjonshemmede
, tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar
og gjennom tilskotsordninga
Barne- og ungdomstiltak
i større bysamfunn.
Arbeid med
likeverd og like høve for jenter og gutar blei følgt opp gjennom
ulike tilskotsordningar, mellom anna
Barne-
og ungdomstiltak i større bysamfunn
, og gjennom kontakt med
organisasjonar og ungdomsmiljø.
Internasjonalt
arbeid
Utviklinga for EU-programmet
Aktiv ungdom
i 2009 var tilfredsstillande.
Talet på prosjekt auka frå 85 til 99 frå 2008 til 2009, og talet
på søknader var 146. Full effekt av meir utoverretta verksemd og
betre oppfølging av søkjarar er venta i 2010. Ungdom med særskilde
behov er den viktigaste målgruppa i
Aktiv
ungdom
-programmet. Bufetat, region nord, har ansvar for samarbeid
om betring av levekåra for utsette barn og unge i Barentsregionen.
I 2009 blei det sett i gang ein prosess med å fornye og gjere nye
samarbeidsavtaler med alle dei fire regionane i Nordvest-Russland
for perioden 2010–2012. Noreg har hatt formannskapet i Det euro-arktiske
Barentsrådets barneprogram
Children and Youth
at Risk
2008–2012 (CYAR). BLD sat også som medlem i programkomiteen
for Barents helse- og sosialprogram.
For
ei nærmare omtale av det internasjonale arbeidet i BLD sjå del
III.
Strategiar og tiltak for 2011
Gode
oppvekst- og levekår for barn og ungdom i større bysamfunn
Fleire barn blir råka av dårlege oppvekst-
og levekår i storbyane enn i andre delar av landet. Det er derfor
behov for ei særskild satsing retta mot barn og unge i større
byar.
Tilskotsordninga
Barne-
og ungdomstiltak i større bysamfunn
blir ført vidare og
vil i 2011 omfatte 23 bykommunar og sju prioriterte bydelar i Oslo.
Målet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra og dempe
dei sosiale konsekvensane av forskjellar i levekår i større bysamfunn.
Målgruppa er barn og unge, og særleg ungdom i alderen 12–25
år med spesielle behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø.
Sjå omtale under kap. 857
Barne- og ungdomstiltak
,
post 60
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
.
Gjennom Groruddalssatsinga og Handlingsprogram
Oslo Sør vil BLD framleis bidra til styrking og betring av barn
og ungdoms oppvekstvilkår i området.
Informasjon
til barn og ungdom
For styresmaktene
er det viktig å leggje til rette for samla og lett tilgjengeleg
informasjon til barn og unge. Nettstaden
ung.no
,
som blir drifta av Bufdir,tilbyr ungdom
mellom 14 og 20 år informasjon om det dei lurer på, og bidreg
til å sikre barn og unge sine rettar og interesser på informasjons-
og medieområdet.
Ung.no
skal vere den
offentlege nettstaden offentlege instansar bruker for å nå ut
til ungdom.
Ung.no
skal i 2011 innleie
samarbeid med fleire offentlege etatar og nettsider for å sikre
ungdom relevant informasjon gjennom fleire kanalar.
Innsats
mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering
Innsatsen for å motverke vald, mobbing, rus,
kriminalitet, rasisme og diskriminering i barne- og ungdomsmiljøa
blir ført vidare. Departementet har fleire tiltak i handlingsplanen
Gode krefter – kriminalitetsførebyggjande
handlingsplan
(2009–2012). Gjennom tilskotsordninga
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
vil
det òg i 2011 bli gitt stønad til tiltak som har som mål å motverke vald,
kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering og andre negative trekk
i ungdomsmiljøa.
BLD vil støtte opp
om fleirkulturelle barne- og ungdomsaktivitetar mellom anna gjennom
tilskotsordninga
Mangfold og inkludering
,
som blir forvalta av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar
(LNU). Barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus
og lokale ungdomsmiljø kan søkje om stønad til aktivitetar med
vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Sjå
omtale under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 70 Barne- og
ungdomsorganisasjonar.
BLDs innsats mot
mobbing rettar seg særskilt mot dei organiserte fritidsmiljøa.
BLD vil halde fram arbeidet for at fritidsklubbar og frivillige barne-
og ungdomsorganisasjonar skal stå fram som opne og inkluderande
møteplassar. BLD vil òg arbeide særskilt mot mobbing og trakassering via
digitale medium og mobbing relatert til kjønn.
Eit
inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn
og ungdom
BLD vil føre vidare
den særskilde satsinga retta mot ungdom i alderen 15–25 år som
står utanfor opplæring og arbeidsliv (
Unge
utanfor
). Satsinga vil omfatte innsats på fleire område
for å utvikle, støtte og styrkje bruk av arbeidsmåtar og samarbeidsformer
som gjer at ungdom kjem i opplæring eller arbeid. Arbeidet byggjer
på erfaringar frå utviklingsarbeid og forskingskunnskap om ungdom
i målgruppa og kva oppfølging dei treng. Satsinga må sjåast
i samanheng med utviklingsretta arbeid overfor tilsvarande målgruppe
på barnevernsområdet, sjå omtale under delmål 6.1
Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og
kommunalt barnevern
, og anna arbeid i regi av andre departement
og direktorat. Erfaringar og kunnskap frå arbeidet vil bli spreidde gjennom
konferansar og eigne publikasjonar.
Barn
og ungdom med etnisk minoritetsbakgrunn er ei prioritert målgruppe
i arbeidet med å sikre gode oppvekst- og levekår for alle. Verkemidla ligg
særleg innanfor tilskotsordninga
Barne- og ungdomstiltak
i større bysamfunn
og innanfor barnevernet, sjå omtale under
delmål 6.1
Gode tiltak og høg kompetanse
i statleg og kommunalt barnevern,
og gjennom tildelingar til
forsking og utviklingsarbeid. Departementet vil òg i 2011 dele
ut ein pris til ein vaksen med etnisk minoritetsbakgrunn som gjer
ein særleg innsats for barn og ungdom.
BLD
har gitt
Ressurssenter om vald, traumatisk stress
og sjølvmordsførebygging (RVTS)
,region vest,
i oppgåve å etablere kompetansetiltak for og rettleiing om religiøse
miljø og brotprosessar til tilsette i hjelpeapparatet. Etter ei
evaluering av arbeidet skal ein i 2011 vurdere korleis arbeidet skal
bli ført vidare. Det langsiktige målet er å gjere det ordinære
hjelpeapparatet betre i stand til å møte menneske med traumatiske
opplevingar knytte til religiøse miljø og brotprosessar.
Departementet vil føre vidare samarbeidet med Sametinget
for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk
identitet og tilhøyrsle og sikre at rettane til barn og unge blir
innarbeidde i kommunale planar. BLD samarbeider med Fornyings-,
administrasjons- og kyrkjedepartementet og Sametinget om
Handlingsplan for samiske språk
.
BLD vil òg i 2011 bidra til å styrkje integrering og
deltaking blant unge med nedsett funksjonsevne gjennom driftstilskot
til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og tilskotsordninga
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
.
Målet om likeverd og like høve for jenter
og gutar blir følgt opp mellom anna gjennom ulike tilskotsordningar
og gjennom kontakt og dialog med ungdomsmiljøa. Til dømes er likeverd
og like høve for jenter og gutar eit kriterium det blir lagt vekt
på i tilskotsordninga
Barne- og ungdomstiltak i
større bysamfunn
.
EUs ungdomsprogram Aktiv
ungdom
Aktiv
ungdom
er ein viktig reiskap for at barn og ungdom skal kunne
ta del i internasjonalt samarbeid og påverke internasjonale, nasjonale
og lokale styresmakter. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 30 år
og dei som jobbar med ungdom. Bufdir skal, som nasjonalt kontor
for dette EU-programmet, halde ved lag det høge nivået på informasjonsarbeidet
om og opplæringa av brukarar av programmet også i 2011. Dei største
delprogramma gjeld utveksling av ungdomsgrupper og deltaking i volontørtenesta.
Delmål
5.3: Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Redusert
fattigdom blant barn og ungdom og familiar i større bysamfunn
Den særskilde satsinga retta mot barn, unge
og familiar som er råka av fattigdomsproblem, blei ført vidare
i 2009, gjennom tilskotsordninga
Barne- og
ungdomstiltak i større bysamfunn
. 31,5 mill. kroner blei
fordelte på 167 tiltak i 22 av bykommunane, og i dei sju prioriterte
bydelane som er omfatta av ordninga. Det blei gitt støtte til ferie-
og fritidstiltak og til tiltak som kan bidra til tilknyting til
arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning. Det blei
òg gitt støtte til meir langsiktige og samordna tiltak som skal
motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem.
Departementet initierte i 2009 ei forskingsmessig
evaluering av departementets særlege satsing retta mot barn, unge
og familiar råka av fattigdom, innanfor tiltaksordninga. Evalueringa
blei utført av Fafo og NOVA i samarbeid. Rapporten blei ferdigstilt
i mai 2010 og evaluerer tilskotsordninga for perioden 2003-2009.
Rapporten omhandlar tiltaka og måten tilskotsordninga blei forvalta
i byane/bydelane som er omfatta av ordninga.
Evalueringa
viser at satsinga har bidrege til utvikling av eit stort mangfald
av ulike tiltak innanfor dei tre tiltakskategoriane det gis støtte
til, ferie og fritid, kvalifisering og langsiktig samordna tiltak.
Gjennom tiltaka har kommunane fått meir bevisstheit om fattigdomsproblematikk
som rammer barn og ungdom. Tiltaka som BLD har støtta har bidrege
til å avdekke problem og gitt brei erfaring om korleis ein kan
innrette innsatsen for å møte fattigdomsproblem. Ordninga gir
kommunane større moglegheit for å jobbe førebyggjande, og det
er nettopp her man innrettar tiltaka.
Strategiar
og tiltak for 2011
Dei aller fleste
barn og ungdommar i Noreg nyt godt av den økonomiske velstanden.
Likevel veks nokre barn og unge opp i familiar der økonomien er
eit hinder for å ta del på ulike sosiale arenaer. BLD vil bidra
til at barn og unge i område med store levekårsproblem kan ta
del på lik linje med andre, og gjennom dette bidra til inkludering
og til å motverke utstøyting, sosial isolasjon og andre negative
konsekvensar av fattigdom.
BLD vil i
2011 føre vidare den særskilde satsinga retta mot barn, unge og
familiar som er råka av fattigdomsproblem gjennom tilskotsordninga
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
.
Gjennom ordninga støttar ein ferie- og fritidstiltak for barn,
unge og familiar, tiltak som kan bidra til betre tilknyting til
arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og meir
langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av
barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. Samhandling mellom
offentlege aktørar og frivillig sektor står sentralt for å fremje
dei sosialpolitiske målsetjingane som ligg til grunn for innsatsen
mot fattigdom generelt og barnefattigdom spesielt.
Arbeidet med tilskotsordninga blir følgt opp gjennom
to årlege kontakt- og erfaringsmøte med byane. Rapporten frå
evalueringa av departementets særlege satsing retta mot barn, unge
og familiar råka av fattigdom innafor tiltaksordninga, gir fleire tilrådingar
for det vidare arbeidet, både til departementet og til kommunane
som får tilskot. BLD vil følgje opp rapporten, mellom anna gjennom
å styrkje departementets kontroll og gjennom å gjere kriteria
for måloppnåing tydelegare i rundskrivet til kommunane. BLD vil
vurdere korleis ordninga kan sjåast i samanheng med andre tilskotsordningar.
BLDs satsing retta mot barn, unge og familiar som
er råka av fattigdomsproblem i større bysamfunn inngår i regjeringas
samla satsing mot barnefattigdom. Innsatsen skjer i regi av ulike
departement og direktorat. Ei samla oversikt over regjeringas innsats
mot fattigdom finst i Arbeidsdepartementets Prop. 1 S (2010–-2011).
Delmål
5.4: Makt og påverknad for barn og unge
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Engasjerte
og samfunnsaktive barn og ungdom
BLD
støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til dei
frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Støtteordningane for
nasjonalt og internasjonalt arbeid er regulerte i
forskrift
om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar
av
29. november 2007. Forskriftableipresisert ytterligare i 2009 slik at
ho var meir i samsvar med anna diskrimineringsvern i lovverket.
Regelverket med endringar av 15. september 2009 blei gjort gjeldande
frå og med tilskotsåret 2010.
Midlane
blir fordelte av eit fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. Fordelingsutvalet
handsama 78 søknader om nasjonal grunnstøtte i 2009, og 77 av
organisasjonane fekk tilskot. Det blei handsama 31 søknader om
internasjonal grunnstøtte, og alle fekk tilskot. Fordelingsutvalet
fordelte 83,5 mill. kroner til nasjonal grunnstøtte og 3,1 mill.
kroner til internasjonal grunnstøtte.
I
tillegg blei det gitt driftstilskot til Landsrådet for Noregs barne-
og ungdomsorganisasjonar, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede. BLD
har hatt faste kontaktmøte med desse tre samanslutningane. Departementet
har òg arrangert den årlege kontaktkonferansen for dei frivillige
barne- og ungdomsorganisasjonane. Temaa for konferansen i 2009 var
demokrati og nye former for deltaking.
Brei deltaking
og medverknad frå barn og ungdom i samfunnslivet og i saker som
omhandlar dei
BLD heldt i 2009
fram med å stimulere kommunane til å auke barn og unges deltaking
i og innverknad på samfunnet. Eit forskingsprosjekt om organ for
medverking for barn og ungdom i kommunar og fylke blei ført i mål
på slutten av 2009, og departementet arbeider med oppfølging av funna
frå rapporten. Departementet har spreidd kunnskap om kor viktig
det er å involvere barn og ungdom i deira eige lokalmiljø, mellom
anna gjennom kåringa av Årets barne- og ungdomskommune og på
den årlege barne- og ungdomskonferansen for kommunesektoren. I
2009 retta departementet særskild merksemd mot kontakt med innverknadsorgan
på fylkesnivå, og inviterte desse til kontaktmøte i departementet.
Ekspertgruppa for ungdoms fritid og deltaking
leverte utgreiinga
Ungdoms fritidsmiljø. Ungdom,
demokratisk deltakelse og innflytelse
i mars 2009. Utgreiinga
har vore på høyring, og departementet arbeider med den vidare
oppfølginga av forslaga.
Strategiar og tiltak
for 2011
Det er behov for å ha
kontinuerleg søkjelys på den retten barn og ungdom av begge kjønn
har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og i samfunnsutviklinga.
Eit overordna mål for departementet er å stimulere til at stadig
fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge, slik
at dette blir ein viktig og innarbeidd del av kommunane si verksemd.
BLD vil bidra til utveksling av idear og røynsle, mellom anna gjennom kåringa
av Årets barne- og ungdomskommune, og ved at temaet blir diskutert
på konferansar og samlingar.
Brei deltaking
frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane
Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er
viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken, og BLD støttar
det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane.
Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking
og engasjement. Målet er å bidra til eit levande og mangfaldig
organisasjonsliv for og med barn og unge.
BLD
vil føre vidare tilskotsordninga retta mot sentralledda til barne-
og ungdomsorganisasjonane. Ordninga omfattar både grunnstønad
til nasjonalt og internasjonalt arbeid, jf. forskrifta om tilskot
til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar.
Kontakten og dialogen med frivillige barne-
og ungdomsorganisasjonar vil halde fram gjennom jamlege kontaktmøte
og den årlege kontaktkonferansen mellom departementet og frivillige
barne- og ungdomsorganisasjonar.
Unges makt og
deltaking
Departementet vil hausten
2010 setje ned eit offentleg utval som skal greie ut unges makt
og deltaking. Utvalet skal ha eit breitt perspektiv på arbeidet
og greie ut høve og barrierar for makt og deltaking for ulike grupper.
Det skal vurdere ulike forslag som kan bidra til å auke unges makt
og deltaking på ulike arenaer. Dessutan skal utvalet greie ut unges
makt over og høve for meistring av eigen livssituasjon, forhold
knytt til unges makt som forbrukarar og som brukarar av offentlege tenester.
Utgreiinga skal i hovudsak konsentrere seg om ungdom i alderen 12–26
år og skal leggjast fram for departementet hausten 2011.
Departementet vil i 2011 òg føre fortsetje
oppfølginga av forslag frå ekspertgruppe som vart sett ned av
BLD for å greie ut om ungdom sine høve til eit positivt fritidsmiljø
og deltaking og innverknad lokalt. Fleire av forslaga vil bli vurdert
i 2011, og vil bli sett i samanheng med utgreiingsarbeidet om unges
makt og deltaking.
Delmål 6.1: Gode tiltak
og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2008-2009).
Det
kommunale barnevernet
46 500
barn og unge tok imot tiltak frå barnevernet i 2009. Dette er 5,3
prosent fleire enn året før. Det er som i tidlegare år fleire
gutar enn jenter i barnevernet; 25 500 gutar mot 21 000 jenter tok
imot tiltak i løpet av 2009. Talet på barn med tiltak i løpet av
2009 auka i alle aldersgrupper. Den største prosentvise auken var
blant barn under 5 år. 8 prosent fleire 0-5-åringar tok imot tiltak
i løpet av 2009 enn i 2008. Det var totalt vel 8 900 barn i alderen
0-5 år som tok imot tiltak frå barnevernet i løpet av 2009. Også
i forhold til folketalet, auka barn med tiltak i barnevernet i alle
aldersgruppene. Her var den største auken i aldersgruppa 13-17
år.
Talet på undersøkingar har aldri
vore så høgt som no. I 2009 starta barnevernet over 30 100 undersøkingar.
Det er 2 300 fleire enn året før og er ein auke på 8,2 prosent.
Talet på avslutta undersøkingar auka frå 27 150 i 2008 til 29
900 i 2009. Halvparten av undersøkingane som vart avslutta i 2009,
førte til tiltak etter lov om barnevernstenester. Denne delen har
vore stabil dei siste åra. 16 prosent av dei påbyrja undersøkingane
i 2009 tok foreldra (mor/far/føresette) kontakt, men nesten like
ofte kom meldinga frå skolen (14 prosent). Barnevernstenesta sjølv
og politiet er også vanlege meldingsinstansar, med rundt 12 prosent kvar
av meldingane som førte til undersøkingar i barnevernet. Meldingar
frå barnehagar auka med 25 prosent frå 2008 til 2009. Likevel
står barnehagar bak berre 4 prosent av undersøkingane.
Vel åtte av ti barn med barnevernstiltak tek imot
hjelpetiltak, som til dømes kan vere økonomisk hjelp, besøksheim,
barnehage eller støttekontakt. I alt 38 700 barn tok imot hjelpetiltak
i 2009, ein auke på 6,6 prosent frå året før. Talet på barn med
omsorgstiltak auka derimot med tre prosent i høve til året før.
Det vil seie at om lag 200 fleire barn var under omsorg ved utgangen
av 2009 samanlikna med utgangen av 2008. Omsorgstiltak er til dømes
fosterheim og plassering utanfor heimen der barnevernet tek over
omsorga.
Det statlege barnevernet
I 2009 fekk over 7 000 barn og unge hjelp frå
det statlege barnevernet. Figur 3.1 viser aktivitetsutviklinga i
statlege tiltak over dei siste tre åra. Målt i opphaldsdagar er
veksten totalt sett på 4,5 prosent frå 2008 til 2009. Ein stor
del av veksten kom i kommunale fosterheimar med statleg forsterking. Dette
er kommunale fosterheimar som får refusjon frå staten for dei
utgiftene som overstig den kommunale eigendelen.
Vridinga bort frå institusjonsplasseringar
til fordel for auka bruk av fosterheim held fram. Talet på opphaldsdagar
i institusjonar er redusert med 2,7 prosent, medan talet på opphaldsdagar
i fosterheim har auka med 6,7 prosent samanlikna med 2008. Tala
viser at Bufetat har lykkast med vridinga frå institusjon til fosterheim.
Sjølv om det er eit mål å auke bruken av fosterheimar og redusere
bruken av institusjon, er det behovet til barnet som avgjer kva
for tiltak barnet får. Det er tilstrekkelig kapasitet i institusjonane
til å gje tilbod til barn som treng det. Når det gjeld kommunale fosterheimar
med statleg forsterking, er auken frå 2008 til 2009 på 24,1 prosent.
Denne sterke veksten kjem av at fosterheimane tek over meir kompliserte
oppgåver som følgje av vridinga frå institusjon til fosterheim.
Da vil òg bruken av statlege tilleggsressursar auke, sidan dette
ofte er ein føresetnad for at heimen skal klare oppgåva. Bruken av
hjelpetiltak i heimen har derimot blitt redusert med 6,8 prosent.
Det er ein auke i talet på opphaldsdagar i forskingsbaserte hjelpetiltak,
medan det er færre opphaldsdagar i andre statlege hjelpetiltak.
Drift av barnevernsinstitusjonar er i hovudsak ei
offentleg oppgåve. Ved kjøp frå private blir ideelle aktørar
prioriterte framfor dei kommersielle.
Målet
er at alle kjøp av private institusjonsplassar skal vere i samsvar
med reglane om offentlege anskaffingar. For å redusere delen av
kjøp som ikkje er omfatta av desse reglane, vart det i 2009 gjennomført
konkurranse om rammeavtalar som skal sikre full avtaledekking i
barneverninstitusjonar. Totalt 72 prosent av dei private plassane
vart i 2009 kjøpt innanfor regelverket.
Figur 3.1 Utvikling i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet
2007–2009, utanom Trondheim.
Kjelde: Bufdirs årsrapport for 2009
Bufetats
kommunikasjonsstrategi
Bufetat
følgjer kommunikasjonsstrategien
Eit ope barnevern
(2008–2011).
Funna i undersøkinga
Barn og ungdom 2010
tyder
på at planen verkar. Her kjem det mellom anna fram at dei fleste
barn og unge assosierer barnevernet med noko positivt, og at dei
i stor grad veit kva som hovudoppgåva til barnevernet.
Strategien gir overordna mål og føringar.
Konkrete tiltak og prosjekt er gitt i ein handlingsplan. I 2009
blei det mellom anna utarbeidd informasjons- og kommunikasjonsmateriell
om barnevernet for barn i grunnskolealder (
Skolepakka
)
og ein standardpresentasjon av barnevernet for samarbeidspartnarar.
Kunnskapsbaserte
tenester
BLD la i samarbeid med
Bufdir våren 2009 fram ein ny strategi for FoU-arbeidet på barnevernsområdet
for perioden 2009–2012.
Dei tilsette
på institusjonane har fått opplæring i forskrifta om rettar og
bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjonar. Likeeins
har ein starta arbeidet med opplæring i å avdekkje og handsame
rusproblem.
I 2009 fekk Diakonhjemmet
Høgskole Rogaland midlar til å implementere ART-metoden (Agression
Replacement Training) i norske barnevernsinstitusjonar.
MultifunC er frå 2009 ein del av det vanlege institusjonstilbodet
i barnevernet i Noreg. Effektevalueringa av denne behandlingsmodellen starta
i 2009. BLD gav tilskot til Atferdssenteret. Atferdssenteret speler
ei sentral rolle i utviklinga og implementeringa av dei evidensbaserte
metodane i arbeidet med barn og unge innanfor og utanfor institusjonane.
Departementet har støtta barnevernsforsking, mellom anna gjennom
programmet
Velferd, arbeidsliv og migrasjon
(2009–2018)
i regi av Noregs Forskingsråd.
Forsking og utvikling
Bufdir har i 2009 samarbeidd med ei rekkje andre offentlege
instansar og private institusjonar om å gjennomføre forskingsprosjekt
for å få meir kunnskap om barns psykiske helse, hjelpetiltak,
fosterheimsarbeid og brukarmedverking. Mykje av denne forskinga
var basert på tverrfagleg samarbeid mellom barnevern, psykiatri,
psykologi og barnemedisin, der formålet er å skape eit solid og heilskapleg
kunnskapsgrunnlag for vidareutvikling av barnevernsarbeidet generelt.
Nokre prosjekt blei avslutta i 2009 og har gitt ny
kunnskap om mellom anna ettervern generelt og ettervern i eit fleirkulturelt
perspektiv. Andre prosjekt blir førte vidare i 2010 og tek sikte
på å vinne ny kunnskap på område som sosiale nettverk, meistring
og psykisk helse blant einslege mindreårige asylsøkjarar, sosialt
arbeid med risikoutsett ungdom og breiare kunnskap om brukarar av
barnevernstenesta.
Tidleg og rett hjelp til grupper
av utsette barn, unge og familiane deira
Barn med innvandrarbakgrunn tek oftare imot hjelpetiltak
i barnevernet enn barn utan innvandrarbakgrunn. BLD er i gang med
eit stort arbeid for å styrkje den generelle fleirkulturelle kompetansen
i barnevernet. Hausten 2009 tilbaud fire utvalde høgskolar vidareutdanninga
Barnevernet i eit minoritetsperspektiv
.
Tilbodet er finansiert av BLD. Hovudmålet er å auke kompetansen
i arbeidet med barn, unge og familiar med minoritetsbakgrunn. Studiet
går over eitt semester, og kvar av dei fire høgskolane tilbyr
studieplassar til 30 barnevernstilsette. Utdanninga er under evaluering
av NTNU Samfunnsforsking, som skal levere sluttrapport innan 1.
oktober 2010.
BLD førte vidare mentorordninga
Nattergalen
i 2009. Målet med ordninga
er at dei tilsette i barnevernet skal bli meir kultursensitive i
møte med barn, unge og familiar, og at fleire unge med minoritetsbakgrunn
fullfører vidaregåande skole og tek høgare utdanning. Ordninga
skal prøvast ut til og med skoleåret 2010/11. Det blei sett i gang
evaluering av ordninga i 2009.
Departementet
gav i 2009 ut ei rettleiing for korleis barnevernet kan utvikle
kompetansen sin på å snakke med barn. Det følgjer med ein DVD til
rettleiaren som illustrerer samtaleteknikken.
I 2009 blei det gitt ut ei rettleiing om korleis barnevernstenesta
skal ta vare på biologiske foreldre på ein god måte etter omsorgsovertaking.
I april 2009 la utvalet som skulle vurdere kompetanseutvikling
i barnevernet, fram utgreiinga si (NOU 2009:08). Utvalet fremma
ei rekkje tilrådingar, og departementet vurderar nå oppfølginga. Tilrådingane
handlar mellom anna om:
-
styrking av det faglege innhaldet i grunnutdanningane
-
kvalitetskrav til studieopplegg
-
turnusordning / rettleia praksis
-
utgreiing av ei autorisasjonsordning for
barnevernspedagogar og sosionomar
-
etablering av eit nasjonalt fagråd
-
styrking av det generelle utdanningstilbodet
-
nasjonal strategi for rekruttering av menn
og studentar med minoritetsbakgrunn til barnevernspedagogutdanningane
BLD førte ansvaret for å styrkje innsatsen
mot barnefattigdom knytt til barnevernet over til Bufdir i 2008.
Barnevernstenesta i 29 kommunar har teke del i og motteke midlar
til å utvikle tiltak. Hovudmålet har vore å motverke og hindre
reproduksjon av fattigdom og å styrkje samarbeidet mellom barnevernstenesta
og sosialtenesta lokalt ytterlegare. Arbeidet blei avslutta i 2009.
Arbeidet har vore evaluert, og departementet fekk sluttrapport frå
evalueringa i slutten av 2009. Det går fram av rapporten at satsinga
har styrkt fokuset på barnefattigdom i dei kommunane som har teke
del. Rapporten gir konkrete råd om korleis satsinga kan førast
vidare. Departementet vil i samarbeid med Bufdir vurdere oppfølginga
av resultata frå rapporten i 2010.
Dei
siste tiltaka i
Strategi mot seksuelle og fysiske
overgrep mot barn
(2005–2009) blei sluttførte i 2009. BLD
gjennomførte planen i nært samarbeid med mellom anna Bufdir, Helse-
og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet.
NKVTS
var involvert
i å følgje opp fleire av tiltaka. Dette gjaldt mellom anna ein
kunnskapsstatus om førebyggjande tiltak som blei publisert i mars
2010. Departementa vil i 2010 vurdere behov for nye tiltak etter
planperioden utover dei tiltaka for barn som er ein del av handlingsplanen
mot vald i nære relasjonar.
BLD styrkte
innsatsen for å sikre at barn og unge som blir utsette for vald
og overgrep i nære relasjonar, får eit godt tilbod. Dei aktuelle
tiltaka i
Vendepunkt
–
handlingsplan
mot vald i nære relasjonar 2008–2011
blei førte vidare
eller sluttførte. Det blei starta eit arbeid for å utvikle ein
strategi for å førebyggje aggressiv og valdeleg åtferd blant barn
og unge. BLD førte vidare støtte til prosjektet
Barn
som lever med vald i familien
, som starta opp i 2004. Eit
hovudmål for prosjektet i 2007–2009 var kompetanse- og metodeformidling
til barnevernet. Prosjektet blei sluttført i 2009 med regionale
konferansar for barnevernet og dei instansane barnevernet samarbeider
med. Det vil kome ein sluttrapport frå prosjektet hausten 2010. Ein
landsdekkjande alarmtelefon for barn og unge blei opna i juni 2009.
Handlingsplan mot tvangsekteskap
og
Handlingsplan mot kjønnslemlesting
er
nærmare omtalte under delmål 2.4
Kjennskap
til og oppslutting om lover og grunnleggjande rettar og plikter.
Bufdir
gjennomførte tiltaka i handlingsplanen
Stopp
menneskehandelen
(2006–2009), som gjeld personar under 18
år. Bufdir gir butilbod til mindreårige offer for menneskehandel
og legg saman med dei kommunale barnevernstenestene til rette for
å tryggje og hjelpe offera. Fagteama i Bufetat har rådgivarar
med særleg ansvar for menneskehandel. Barnevernets omsorgssenter
for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år har rutinar for
kva dei skal gjere ved mistanke om menneskehandel.
I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet
har BLD over lengre tid satsa særleg på barn med foreldre som
er psykisk sjuke og/eller misbruker rusmiddel. I satsinga inngår
både informasjons-, kompetanse-, forskings- og utviklingstiltak.
For å styrkje kommunane på dette området er det tilsett fem regionale
koordinatorar og ein nasjonal koordinator i Bufdir.
BLD gir òg støtte til Nasjonalt kompetansesenter
for sped- og småbarns psykiske helse mellom anna for at senteret
skal utvikle og implementere gode kartleggingsverktøy til bruk
i det kommunale barnevernet og andre stader.
Departementet
har avslutta utviklingsarbeidet
Utsette unge
17–23 år i overgangsfasar
knytt til fattigdomsinnsatsen
gjennom barnevernet. I utviklingsarbeidet har åtte kommunar utvikla
tiltak som skal hjelpe utsette unge inn i eit sjølvstendig vaksenliv.
Arbeidet har vore retta mot å hjelpe ungdom inn i utdanning, arbeid
og bustad og mot å gje gode fritidstilbod. NOVA har i 2010 kome med
ei sluttevaluering av innsatsen. Rapporten viser mellom anna til
gode erfaringar med støttepersonar for unge i overgangen til vaksenlivet.
Departementet tok del i oppfølginga av St.meld.
nr. 20 (2005–2006)
Alternative straffereaksjonar
overfor unge lovbrytarar
(Justis- og politidepartementet)
og St.meld. nr. 37 (2007–2008)
Straff som
virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn
. Dette
har mellom anna handla om planlegginga av ungdomseiningane (ungdomseiningar
/ særskilde fengselseiningar for unge lovbrytarar) i regi av Kriminalomsorga.
Departementet førte vidare den økonomiske støtta
til nasjonal samordning og oppfølging av
Home-Start
Familiekontakten Norge
, som er eit førebyggjande tiltak for
familiar med små barn som er i ein vanskeleg livssituasjon. Departementet
gav ekstra midlar til
Home-Start Familiekontakten
Norge
til arbeidet med å støtte familiar med kronisk sjuke
barn og barn med nedsett funksjonsevne.
God
fagleg utvikling i barnevernet
Det
er eit mål å utvikle tiltak i barnevernet som er basert på ny
kunnskap og forsking. Dette gjeld heile tiltaksspekteret, både
hjelpetiltak og omsorgstiltaka.
Talet på
plasseringar i fosterheimar aukar kvart år. Ved inngangen til 2009
var om lag 8 300 barn og unge plasserte i fosterheim. Føringane
om å auke talet på plasseringar i fosterheim framfor institusjon
er følgde opp. Det var om lag 26 000 fleire opphaldsdagar i fosterheim
i 2009 enn året før.
Bufetat, region
Midt-Noreg, har klart kravet om at ventetida for å få fosterheim
skal vere under seks veker. I dei andre regionane har det vore frå tolv
til 68 barn og unge som har venta lenger. I 2009 var det til saman
120 barn og unge som venta utover seks veker. Lang ventetid heng
mellom anna saman med at det er krevjande å finne fosterheim til
barn og unge med samansette problem.
Talet
på plasseringar i institusjonar går ned, og talet på opphaldsdagar
er redusert, jf figur 3.1. Likevel er det mange barn som treng eit
tilbod på institusjon. Det er eit mål at det einskilde barnet skal
få eit individuelt og fagleg godt tilpassa institusjonstilbod,
slik at resultatet av institusjonsopphaldet vert positivt for barnet.
Direktoratet har starta eit arbeid for å utvikle eit meir likeverdig, kvalitativt
betre og kunnskapsbasert institusjonstilbod til ulike grupper av
barn og unge. Bufetat følgjer og med på praktiseringa av kvalitetsforskrifta
i institusjonane.
Nye standardkontraktar for
statlege familie- og beredskapsheimar blei tekne i bruk våren 2010. Standardkontraktane
gir oppdragstakarane gode og føreseielege rammevilkår, mellom
anna rett til tenestepensjon etter lov om pensjonsordning for oppdragstakarar
i statlege beredskaps- eller familieheimar, rett til refusjon av
utgifter til yrkesskadeforsikring, rett til fri under og mellom
plasseringar, opplæring og rettleiing, beredskap i akuttsituasjonar
og vern mot oppseiing av kontrakten.
Det
er store utfordringar med å rekruttere nok familiar som fosterheimar.
I mars 2009 blei det gjennomført ein nasjonal rekrutteringskampanje med
hovudbodskap om at
alle
med god omsorgsevne
i utgangspunktet kan bli fosterforeldre. Kampanjen resulterte i
ei firedobling av besøka på
fosterhjem.no
og
ei femdobling av besøka på dei lokale nettsidene.
Kvalitetssikring av PRIDE har vore eit prioritert
område i 2009. PRIDE (Parent’s Resources for Information, Development
and Education) er eit program for opplæring og rettleiing av fosterforeldre.
Grunnopplæringa vart fullført i 2007 og har seinare vore vidareført
i regi av Bufetat. Direktoratet har mellom anna utarbeidd felles rutinar
for gjennomføring og kvalitetssikring av PRIDE-leiaropplæringa
for kursleiarar og grunnopplæringa for fosterforeldre.
Direktoratet har utarbeidd og sett i kraft rutinar
for å handtere overgrep i fosterheimar. Det er utarbeidd rutinar
både for fosterforeldra og tenesteapparatet. Rutinane er implementerte
i regionane og går inn som ein del av PRIDE-opplæringa.
Direktoratet reviderte i 2009 melderutinar for å
sikre skole- og opplæringstilbod for barn og unge som blir plasserte
utanfor heimen med heimel i barnevernlova. Arbeidet har skjedd i
samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Rutinane omfattar barn og
unge som bur i fosterheimar, barnevernsinstitusjonar og omsorgssenter.
Direktoratet har kartlagt rutinane til regionane
for oppfølging av barn og unges skolegang i samband med plassering
utanfor heimen, og har på bakgrunn av dette starta opp arbeidet
med å lage ei rettleiing for etaten. Arbeidet skal etter planen
vere ferdig i 2010.
Bufdir har hovudansvaret
for å implementere
Program for foreldrerettleiing
,
i samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. I 2009
heldt sertifiseringa av trenarar og rettleiarar fram. Det er til
saman om lag 90 trenarar og om lag 1 600 rettleiarar i programmet.
Det er til saman 20 trenarar og 290 rettleiarar
i minoritetsprogrammet i dei største kommunane. Fleire av trenarane
arbeider med opplæring av nye rettleiarar og implementering av
programmet i sin kommune.
Det er gjennomført
tilleggsopplæring for 150 sertifiserte rettleiarar i minoritetsprogrammet
i ni kommunar for å integrere tema som kjønnslemlesting, tvangsekteskap
og vald i barneoppdraginga i foreldrerettleiinga. Bufdir bidrog
i arbeidet med å evaluere implementeringsprosessen og effektane
av programmet.
Gode omsorgstilbod til einslege
mindreårige asylsøkjarar
Ei
nasjonal koordineringsgruppe har lagt fram ein plan for utvikling
av ein heilskapleg, nasjonal praksis i arbeidet med einslege mindreårige
asylsøkjarar og flyktningar.
På regionnivå
har det vore gjennomført ulike kompetansehevande tiltak for tilsette
i omsorgssentera. Utviklinga av ein kompetanseplan starta i 2009.
Planlegginga av sentralt initierte kursopplegg for miljøpersonell
ved omsorgssentera, og fagsamlingar for tilsette med stillingsspesifikke oppgåver,
kom òg i gang. Kompetanseplanen skal vere ferdig, og kursrekkjene/samlingane
skal gjennomførast i 2010.
I 2009 tok
263 nye einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år imot eit
tilbod i regi av Bufetat. 138 barn blei busette i ulike kommunar.
Det blei oppretta tre nye statlege omsorgssenter
i 2009. Desse ligg i Grue, Bærum og Gjøvik kommune. Ved utgangen
av året var det til saman 120 statlege plassar i sju omsorgssenter.
Det er ein auke på 59 plassar frå 2008.
Tabell 3.15 Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar per. 31.12.2007–2009,
etter plassering
|
2007
|
2008
|
2009
|
Endring 07–08
|
Endring 08–09
|
Statlege
omsorgssenter
|
39
|
61
|
120
|
22
|
59
|
Private institusjonar
|
0
|
96
|
98
|
96
|
2
|
Totalt
|
39
|
157
|
218
|
118
|
61
|
Kjelde: Bufdirs årsrapport for 2009
Per 31. desember 2009 var 120 barn plasserte
i omsorgssenter, og 98 barn var plasserte i private institusjoner.
Ved utgangen av 2009 var den gjennomsnittlege
tida for opphald frå barna kom, til dei blei busette, 237 dagar.
Det individuelle busetjingsarbeidet for einslege mindreårige flyktningar
under 15 år skjer i tett samarbeid med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
(IMDi).
Bufdir samarbeider med IMDi og
Utlendingsdirektoratet om enkeltsaker gjennom regelmessige samarbeidsmøte
på sakshandsamarnivå og ved deltaking i nasjonale forum som Nasjonalt utval
for mottak og busetjing og Forum for integrering og mangfald.
Det er laga ein forenkla versjon av
rundskriv Q-05/2004 Om statsrefusjon for kommunale
barnevernutgifter for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar
som
er publisert på nettsidene til Bufdir. Målet med den forenkla
versjonen er at informasjon om statsrefusjonen blir meir tilgjengeleg og
forståeleg for kommunar, kommunerevisorar og andre samarbeidspartnarar.
I tillegg blei det utarbeidd eit rettleiande
praksisnotat til hjelp for dei som handsamar refusjonskrav. Målet
er å oppnå lik praktisering av refusjonsordninga og eit felles
grunnlag for å svare på spørsmål frå kommunar.
Strategiar
og tiltak for 2011
Styrkje kapasiteten
i det kommunale barnevernet
Talet
på barn som tek imot hjelp frå barnevernet har auka kvart år
det siste tiåret. Frå 2000 til 2009 var det ein auke på heile
46 prosent. Talet på undersøkingar veks endå meir enn talet på
barn med tiltak, og det har vært ein auke i talet på undersøkingar
på heile 72 prosent i løpet av dei siste ti åra. Det har også
vore vekst i talet på tilsette, men auken har ikkje halde følgje
med den auka saksmengda i barnevernet. Talet på årsverk i det
kommunale barnevernet har det siste tiåret auka med 32 prosent.
Auken i dei frie inntektene til kommunane la grunnlaget for ei styrking
av det kommunale barnevernet med 400 årsverk i 2010. Rapporteringane
frå kommunane første halvår 2010 tyder på at kommunane ikkje
kjem til å opprette alle desse stillingane.
Omfattande
dokumentasjon viser at det er svikt i oppfølging av lovkrav innanfor
barnevernet. Utfordringar i det kommunale barnevernet viser at det
er behov for å styrkje tenestetilbodet på området, og regjeringa
vil styrkje det kommunale barnevernet i 2011 med ei øyremerka løyving
på 240 millionar kroner. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå
til nye stillingar, men det vil og vere mogleg å søka om midlar
til enkelte andre tiltak som styrkjer barnevernet lokalt. Fylkesmannsembeta,
som kjenner kommunane godt, vil handsame søknadene frå kommunane.
Kompetansestyrking
i kommunalt barnevern
BLD vil
styrkje innsatsen for å sikre at barn og unge som er offer for
vald og overgrep i nære relasjonar, får eit godt tilbod om hjelp
og eit liv utan vald og overgrep. Det blei i juni 2009 starta eit toårig
prosjekt med ein alarmtelefon for barn som er utsette for ulike
former for vald, overgrep og vanstell. Prosjektet er administrativt
knytt til barnevernsvakta i Kristiansand. Departementet vil i 2011
ta stilling til spørsmålet om vidareføring av alarmtelefonen
utover prosjektperioden.
Også på barnevernområdet
er det eit utstrekt samarbeid mellom BLD, andre departement, kommunale
styresmakter og frivillige organisasjonar. I perioden 2008 – 2010
har BLD mellom anna støtta KS med midlar til å drive effektiviseringsnettverk
som skal medverke til interkommunalt samarbeid mellom barnevernet
i kommunane og andre kommunale tenester. Nettverket skal gjennomføre
ressurs- og kvalitetsanalysar og vil arbeide med indikatorar som
mellom anna kan gi kommunane høve til å samanlikne seg med kvarandre.
Det er nødvendig å klargjere kven som skal gjere kva i dei kommunale
tenestene for å oppdage, og hjelpe, barn så tidleg som mogleg. Systematisk
satsing på samarbeid vil bidra til meir effektiv bruk av ressursar.
Utvikle
tiltaka i det statlege barnevernet
BLD
arbeider for at tiltaka i det statlege barnevernet skal vere
baserte på kunnskap og ny forsking. Mellom anna er det utvikla
eit behandlingstiltak, multifunksjonell behandling i institusjon
og nærmiljø (MultifunC), som rettar seg mot ungdom i alderen 14
til 18 år med alvorlege åtferdsvanskar som har behov opphald
i institusjon før dei kan dra nytte av hjelp i heimen. Det er sett
i gang arbeid for å utvikle eit tilbod som betre kan ta omsyn til
ungdom med samansette problem der rusmisbruk er ein del av problema.
I 2011 vil to barneverninstitusjonar med 3-5 plassar kvar opne.
Bufdir vil òg få i oppdrag å vidareutvikle samarbeidet med helseføretaka
slik at ungdom som har rusproblem kan få det tilbodet dei treng frå
spesialisthelsetenesta.
BLD skal sikre at
institusjonane har høg kvalitet. Private institusjonar skal godkjennast
etter forskrift om godkjenning, og akkurat som dei statlege institusjonane
skal dei følgje forskrift om kvalitet. Departementet vil sørgje
for eit godt og målretta tilsyn med barn som bur på barnevernsinstitusjonar,
og med barnevernet i kommunane. Tilsyn er viktig for å ta hand
om barnas rettstryggleik når dei ikkje kan bu heime, men må bu
på ein barnevernsinstitusjon eller i ein fosterheim. Fosterforeldra
skal følgjast opp betre, og ny fosterheimsavtale er under utarbeiding.
BLD vil òg styrkje butilbodet for barn utsette for menneskehandel.
Bufetat region aust har hatt det mellombelse nasjonale
koordinerings- og driftsansvaret for arbeidet med einslege mindreårige
asylsøkjarar under 15 år. Sett i lys av svingingane i framkomsttala
vil departementet sjå på organiseringa av dette arbeidet fremover.
Kunnskapsutvikling
i barnevernet
I 2011 vil departementet
arbeide vidare med å utvikle kunnskapsgrunnlaget på fleire område
i barnevernet. Dette skal skje gjennom konkrete FoU-prosjekt og
utvikling av materiell. Ved utvikling av tiltaka vil ein ta omsyn
til tilrettelegging for begge kjønn der det er naturleg.
Eit av dei sentrale måla i barnevernet er å gjere
tenesta meir kunnskapsbasert. Satsinga vil byggje på Bufdirs og
BLDs langsiktige forskings- og utviklingsstrategi (2009–2012)
på barnevernsområdet. Der det passar inn i enkelte prosjekt, bør prosjekta
inkludere problemstillingar og variablar som kjønn, etnisitet,
urfolk og sosial status.
Helse- og omsorgsdepartementet
og BLD arbeider med å slå saman barnevernets utviklingssenter
og regionsenter for barn og unges psykiske helse til felles senter.
Samanslåingar vert i 2010 planlagde i region nord og region vest,
og dei samanslådde sentra vil frå 2011 få eit felles oppdragsbrev.
Målsetjinga med endringa er å skipe meir heilskaplege kompetansemiljø
knytte til barn og unges utvikling og behova deira for samansette
tenester.
Oppfølging av NOU 2009:8 Kompetanse
i barnevernet
Regjeringa si satsing
på auka kapasitet i det kommunale barnevernet er omtalt tidlegare.
I tillegg til stillingar, er kompetanse ein sentral komponent i
styrkinga av det kommunale barnevernet.
NOU
2009:8
Kompetanse i barnevernet
viste
til mellom anna styrking av det faglege innhaldet i grunnutdanningane,
kvalitetskrav til studieopplegg, rettleidd praksis og eventuelt
innføring av ei autorisasjonsordning for barnevernspedagogar og
sosionomar. Departementet vil òg sjå nærmare på tilrådinga
om etablering av eit nasjonalt fagråd, styrking av det generelle
utdanningstilbodet og utvikling av ein nasjonal strategi for rekruttering av
menn og studentar med minoritetsbakgrunn til barnevernspedagogutdanningane.
Utvikle
tiltak for å identifisere rusproblem hos barn og unge og utvikle
tilbod til barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke foreldre
Styrkinga av det førebyggjande arbeidet i barnevernet
skal halde fram, slik at ein kan kome tidleg inn med tiltak og såleis
unngå problemutvikling i familiar med barn og ungdom. Saman med
Bufdir vil BLD styrkje kompetansen i barnevernet for å bli betre
på å handsame rusproblem hos ungdom.
Departementet
vil arbeide vidare saman med modellkommunane med å utarbeide modeller
for tverrfagleg samarbeid for barnas beste.
Utvikle
og setje i verk tiltak i samarbeid med Kunnskapsdepartementet som
medverkar til like høve, inkludert skoleresultat og fullføring
av utdanning
BLD skal vidareføre
innsatsen mot barnefattigdom gjennom barnevernet for å styrkje
skole- og arbeidstilknytinga til marginaliserte unge. Det vil bli
arrangert ein internasjonal konferanse om barnevernsbarns skoleresultat
i samråd med Kunnskapsdepartementet, og departementet vil halde fram
arbeidet med utsette unge i overgangsfasar.
Vidareføre
evalueringa av barnevernsreforma
Evalueringa
av forvaltingsreforma i barnevernet blei sett i gang i 2010. Forskingsdelen
av evalueringa er konsentrert om fire område: samhandling og gjensidig
påverknad mellom det statlege barnevernet og andre relevante aktørar,
institusjonstilbodet, fagleg og økonomisk styring og oppgåve-
og finansieringsansvaret i statleg og kommunalt barnevern. Departementet
vil få levert rapportar om desse områda hausten 2011. Ei forskingssamanstelling
av rapportane med overordna analysar vil bli levert våren 2012.
Saman med innspel frå eit barnevernspanel og dialogmøte med viktige
stemmer i barnevernsfeltet vil departementet bruke forskingsevalueringa
til å sjå på kva som må gjerast for å utvikle feltet vidare.
Arbeide
for ei tydelegare ansvarsdeling mellom statleg, regionalt barnevern
og kommunane
Ein føresetnad
for å få til gode løysingar og tiltak for utsette barn og unge,
er eit godt samarbeid mellom statleg regionalt barnevern og kommunane.
Departementet vil i 2011, i samarbeid med Bufdir, arbeide for ei
tydelegare ansvarsdeling mellom statleg regionalt barnevern og kommunane.
Implementering av ei rettleiing for samarbeid og lokale samarbeidsavtaler
mellom statleg regionalt barnevern (fagteama) og kommunalt barnevern
vil vere viktige verkemiddel for å nå dette målet. Denne rettleiinga
vil vere ein sentral del av Program 2010, sjå omtale av organisering og
drift av Bufetat under delmål 1.2
Effektiv
organisering og drift av tilknytte verksemder.
Handlingsplanar
mot tvangsekteskap og kjønnlemlesting
BLD
skal følgje opp
Handlingsplan mot tvangsekteskap
som
gjeld frå 2008 til og med 2011. Det statlege barnevernet skal i
handlingsplanen etablere eit tilpassa tilbod om bustad for unge
under 18 år i kvar av dei fem regionane. Unge i konflikt med familien
grunna seksuell legning høyrer med i målgruppa. Frivillige organisasjonar
har spelt ei sentral rolle i hjelpetilbodet for ungdom som er utsette
for tvangsekteskap, ved at dei har disponert krisebustadene til
denne målgruppa.
BLD skal følgje opp
Handlingsplan mot kjønnslemlesting
som
gjeld frå 2008 til 2011. Planen skal mellom anna sikre ei effektiv
handheving av lovverket, auka kompetanse og kunnskapsformidling og
førebygging og haldningsskapande arbeid. BLD har mellom anna ansvaret
for tiltak, kartlegging av saksomfanget og kompetansebehovet i det
kommunale barnevernet knytt til kjønnslemlesting og for å utarbeide
eit opplæringsprogram for kompetanseheving for tilsette i barnevernstenesta.
Desse tiltaka vil bli følgde opp i 2010.
Delmål
6.2: Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Stortinget vedtok i 2009 endringar i barnevernlova
som vil medverke til å styrkje barnets rettar i barnevernet, jf.
Ot. prp. nr. 69 (2008–2009). Enkelte av endringane blei sette
i kraft 1. juli 2009, dei øvrige 1. januar 2010.
Stortinget vedtok i 2010 endringar i adopsjonslova
og barnevernlova som opnar for ein rett til kontakt mellom barnet
og dei biologiske foreldra etter ein adopsjon utan samtykke frå
foreldra etter barnevernlova § 4-20 der dette er til barnets beste, jf.
Prop. 7 L (2009–2010)
om endringar i adopsjonsloven
og barnevernloven
. Lovendringa trer i kraft 1. oktober 2010.
Departementet har sendt ut eit høyringsnotat om
endringar av
Forskriften om rettigheter og
bruk av tvang under opphold i barnevernsinstitusjoner.
Stortinget meiner det er nødvendig å justere praksis
i kommunane når det gjeld å fremme saker om samtykke til adopsjon
av barn etter barnevernlova § 4-20 for fylkesnemnda, jf. Innst.
O. nr. 121 (2008–2009), pkt. 2.4. Departementet meiner det er
viktig at fleire slike saker blir fremma for og prøvd av fylkesnemnda.
Departementet er i ferd med å utarbeide retningslinjer eller ei
rettleiing for kommunane til bruk ved vurderinga av barnets beste
i desse sakene.
Departementet har fått
greidd ut forholdet mellom FNs barnekonvensjon og norsk rett. Oppgølginga
av rapporten
Barnets rettigheter på barnets
premisser – utfordringer i møtet mellom FNs barnekonvensjon og
norsk rett
, vil bli vurdert av BLD og dei einskilde fagdepartementa.
Det er eit mål med høgst eitt års sakshandsamingstid
i Bufdir for søknader om rettferdsvederlag frå tidlegare barneheims-
og fosterheimsbarn (etter St.meld. nr. 24 (2004–2005)). For saker
etter St.meld. nr. 24 har gjennomsnittleg sakshandsamingstid vore
ti månader. Mot slutten av 2009 var sakshandsaminga for desse sakene
om lag seks månader.
Stortinget vedtok
i 2009 å opprette ein eigen barnesakkunnig kommisjon for å sikre
kvaliteten på alle rapportar frå sakkunnige i barnevernssaker.
Kommisjonen blei oppretta og har vore i virke frå januar 2010.
God,
forsvarleg og effektiv handsaming i fylkesnemndene for barnevern
og sosiale saker
Sjå omtale
under delmål 1.2
Effektiv organisering og
drift av tilknytte verksemder
.
Alle meldingar
og undersøkingssaker skal gjennomførast i samsvar med tidsfristane
i lova
Frå 1. januar 2010 blei
det overordna faglege ansvaret for tilsynet med barnevernet overført
til Statens helsetilsyn. Frå denne datoen har Statens helsetilsyn
det overordna ansvaret for tilsynet som fylkesmannen utøver med
barnevernstenesta i kommunane og med barnevernsinstitusjonar, omsorgssentera
for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år og senter
for foreldre og barn. Statens helsetilsyn skal mellom anna bidra
til kontinuerleg overvaking av område med fare for svikt, ha ansvar
for oppbygging og vedlikehald av kompetanse og innhente, oppsummere
og formidle tilsynsrøynsler.
Etter barnevernlova
skal kommunane gå gjennom alle meldingar innan éi veke frå meldingane er
mottekne. Figuren under viser talet på meldingar i åra frå 2004
til 2009, fordelt på meldingar som er gjennomgått innan ei veke,
og meldingar der fristen på ei veke ikkje er halden.
Figur 3.2 Meldingar 2004–2009
I 2009 var 97 prosent av meldingane gjennomgåtte før
det var gått ei veke. Det er 0,5 prosentpoeng færre enn i 2007.
Barnevernet sette i gang undersøking for i overkant
av 82 prosent av meldingane. Det skal ikkje gå meir enn tre månader,
i særlege tilfelle seks månader, frå ei undersøking er sett
i gang, til ho er ferdig. Figuren under viser talet på undersøkingar,
fordelt på talet på handsama saker innan fristen og fristoversittingar.
Figur 3.3 Undersøkingar 2004–2009
Det var fristoversittingar i om lag 17 prosent
av undersøkingssakene i 2009. Dette er ein auke på eitt prosentpoeng
frå 2008. Det var store skilnader mellom kommunane og variasjonar
frå fylke til fylke.
Femti prosent av
dei avslutta undersøkingane blei lagde bort etter undersøking.
Delen er uendra frå 2008.
Effektivt og målretta
tilsyn
Fylkesmannen førte òg
i 2009 tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barnevernstenesta
i kommunane. Lovpålagte tilsyn i institusjon er gjennomført i
95 prosent av tilfellene. Fylkesmennene har i ulik grad følgt opp
krav om systemrevisjon i institusjonane. Rapportar frå desse embeta
kan tyde på at ei rekkje saker som skulle vore følgde opp av barnevernet
med meir undersøking, blei lagde bort. Departementet følgjer opp
dette i sin kontakt med fylkesmennene.
Halvårsrapporteringane
frå kommunane til fylkesmennene viste at kommunane per 31. desember
2009 hadde tilsynsansvar for 6 971 barn. Av desse hadde 88,5 prosent
tilsynsførar. 63 prosent av desse barna hadde fått tilsyn i samsvar
med lovkrav. Det er vanskeleg å nå målet om at alle skal ha tilsynsførar,
mellom anna fordi det alltid vil ta noko tid frå eit barn flyttar
inn i ein fosterheim eller beredskapsheim, til tilsynsføraren for
barnet er på plass. Dette er spesielt aktuelt i akuttsakene. I
enkelte høve kan det òg vere vanskeleg å skaffe tilsynsførarar.
Fylkesmennene følgjer dette opp overfor kommunane, og BLD tek opp
problemstillinga med KS.
Ungdom med tiltak i
barnevernet skal ha god oppfølging også etter fylte 18 år
88,7 prosent av alle under omsorg som fylte
18 år i siste halvår av 2009, har fått ført vidare tiltak etter fylte
18 år. Samla låg prosentdelen unge som fekk ført vidare tiltak,
på same nivå som i andre halvår av 2008 (88,3 prosent), etter
å ha stige svakt i første halvår av 2009 (til 89,7 prosent).
Per 31. januar 2009 var totalt 9,6 prosent av dei som var mottakarar
av hjelpetiltak, i alderen 18–23 år. Denne delen er litt høgare
enn ved utgangen av 2008 (8,7 prosent).
Sikre
barns interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon
Stortinget vedtok i 2010 innstramming i reglane om
å godkjenne utanlandske adopsjonar. Adopsjonar gjennomførde i
adoptantens statsborgarland skal ikkje lenger være automatisk gyldige
i Noreg dersom adoptanten var busett her i landet da adopsjonen
blei gjennomført. Endringa trer i kraft 1. oktober 2010. Utanlandske
statsborgarar som er busette i Noreg, vil da, som alle norske statsborgarar
busette i Noreg, måtte søkje norske adopsjonsstyresmakter om godkjenning
på førehand, jf. Prop. 7 L (2009–2010)
Endringer
i adopsjonsloven og barnevernloven
.
Departementet
er i ferd med å vurdere å ratifisere den reviderte europeiske
konvensjon av 27. november 2008 om adopsjon av barn. Det regjeringsoppnemnde
utvalet, som blei sett ned i 2008, avleverte utgreiinga si i oktober
2009. Utvalet har mellom anna sett nærmare på dei oppgåvene og det
ansvaret styresmaktene bør ha i saker om adopsjon. Utgreiinga har
vore på ei brei høyring, og departementet er på bakgrunn av høyringsrunden
i ferd med å vurdere den vidare oppfølginga av utgreiinga.
Det blei òg i 2009 gitt tilskot til eit forskingsprosjekt
som gjeld den sosiale utviklinga til utanlandsadopterte barn. Delprosjekt
om utenlandsadopterte barns sosiale utvikling er ein del av eit
større longitudinelt forskingsprosjekt om barns sosiale utvikling
frå spedbarnsalderen. Målet er å analysere likskap og skilnader
i sosial utvikling mellom barn som er fødde i Noreg, og utanlandsadopterte
barn. Samstundes vil ein kunne analysere utviklingsmønsteret innan
adoptivgruppa, særleg med omsyn til variablar som adopsjonsalder
og kjønn. Prosjektet skal vere ferdig innan 2011.
Tilbodet om adopsjonsførebuande kurs for dei som
søkjer om å adoptere eit barn for første gong, heldt fram i 2009.
Strategiar
og tiltak for 2011
Barnevern
Departementet har sendt ut eit høyringsforslag om
utvida bruk av politiattest i barnevernet og tek sikte på å sende
Stortinget eit lovforslag om dette. Departementet har i tillegg
sendt ut eit høyringsforslag om revisjon av
forskrift
om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barnevernsinstitusjoner
,
og vil deretter vedta reviderte forskrifter.
Adopsjon
Departementet vil sikre ei mest mogleg lik handsaming
av saker som gjeld søknad om adopsjon både i og mellom dei fem
regionane i Bufetat. Departementet vil derfor følgje utviklinga
av praksis nøye.
Adopsjonsfeltet har
nylig vore gjenstand for ein brei gjennomgang i NOU 2009: 21
Adopsjon – til barnets beste
, der det
mellom anna er føreslått endringar når det gjeld sakshandsaming
av søknad om adopsjon og kva for krav som bør stillast til adopsjonssøkjarar.
NOU 2009:21 har vore ute på høyring, og departementet er i ferd
med å vurdere utvalets forslag i lys av fråsegna til høyringsinstansane.
Talet på adopsjonar har dei siste åra gått
ned, og ventetida for adoptivsøkjarar er aukande. Som følgje av
dette har adopsjonsorganisasjonane særlege utfordringar knytte
til mellom anna finansieringa av verksemda. Det er viktig at organisasjonane
på ein formålstenleg og effektiv måte heile tida er i stand til
å ta hand om dei særskilde omsyna som gjer seg gjeldande i arbeidet
med adopsjonsformidlinga av barn frå utlandet.
Departementet vil vurdere ei ratifisering av den
reviderte europeiske konvensjonen om adopsjon av barn som blei signert
i november 2008.
Rettferdsvederlag
Målsetjinga om høgst eitt års sakshandsamingstid i
Bufdir for søknader om rettferdsvederlag frå tidlegare barneheims-
og fosterheimsbarn (etter St.meld. nr. 24 (2004–2005)) ligg fast.
Delmål
6.3: Heilskaplege og samorda tilbod og tenester
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
BLD har i samarbeid med KS etablert ei forsøksordning
med tvisteløysingsorgan for gråsonesaker der det er tvist mellom
kommune og stat om betalingsansvaret. Sakene er avgrensa til å omhandle
grensa mellom statens betalingsansvar etter barnevernlova og kommunens
betalingsansvar etter andre lover. Ordninga blei sett i kraft i
1. januar 2010.
BLD og KS sette i 2008
i gang det treårige prosjektet
Betre samordning
av tenester til utsette barn og unge
, der 15 kommunar prøver
ut eit forpliktande samarbeid. Barnevernstenesta, PP-tenesta, sosialtenesta,
helsestasjonen, barnehagesektoren og skolesektoren er involverte
i samarbeidet. Målet for prosjektet er å få røynsle med gode
samarbeidsmodellar som ein kan spreie til alle kommunar i landet.
Prosjektet blei følgt opp i 2009 og er vidareført i 2010.
BLD førte vidare støtta til effektiviseringsnettverka
Ein lærings- og utviklingsarena for barnevernstenesta
i
regi av KS. Fleire kommunar fekk høve til å ta del i dette nettverket.
Strategiar
og tiltak for 2011
Følgje opp NOU 2009:22
Det du gjør, gjør det helt – betre samordning av tenester for
barn og unge
NOU-en blei send
på brei høyring våren 2010. Høyringsfristen var 1. september
2010. BLD vil i samarbeid med aktuelle departement gå gjennom høyringsfråsegnene
og deretter vurdere vidare oppfølging. NOU-en inneheld ei rekkje
forslag til tiltak for betre samordning av tenester for utsette barn
og unge, til dømes personleg koordinator for barn og unge som har
behov for hjelp frå fleire tenester, felles institusjonar for barnevern
og psykisk helsevern for barn og unge, eit eige tvisteløysningsorgan
og betre samordning av lovverk.
Vidareutvikle
samarbeid med KS
BLD har samarbeidd
med KS om utvikling av barnevernet. I 2011 vil dette samarbeidet
omfatte heile barne- og ungdomsgruppa med vekt på utsette barn
og unge. Målet er å få til betre samordning av tenester og utvikling
av eit heilskapleg tenestetilbod for utsette barn og unge. Formålet er
å styrkje legitimitet og førebyggjande innsats i barnevernet og
sikre kvalitetsutvikling i barnevernet.
Stønad
til organisasjonar på barnevernsområdet
BLD ønskjer brukarmedverknad og at alle partane
på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Departementet har kontakt
med ei rekkje organisasjonar som gjer ein stor innsats på feltet.
Departementet støttar og samarbeider med organisasjonar som
Norsk fosterhjemsforening
,
Landsforeningen for barnevernsbarn
,
Barnevernsambandet
,
PAG-stiftelsen
med
fleire.
Landsforeningen for barnevernsbarn
er ei
interesseorganisasjon som arbeider for å fremme barnevernsbarnas
interesser.
Stønad til utsette familiar og til
familiar som har barn med særskilde behov
BLD vil vidareføre stønaden sin til familierettleiingsprogram
og støtteprogram for utsette familiar og barn med særskilde behov.
Nærmare
om budsjettforslaget
Utgifter under
programkategori 11.20 fordelte på kapittel
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Kap.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
850
|
Barneombodet
|
11 223
|
12 423
|
12 912
|
3,9
|
852
|
Adopsjonsstønad
|
13 192
|
16 677
|
14 896
|
-10,7
|
853
|
Fylkesnemndene
for barnevern og sosiale saker
|
|
118 276
|
132 448
|
12,0
|
854
|
Tiltak
i barne- og ungdomsvernet
|
672 945
|
668 393
|
811 184
|
21,4
|
855
|
Statleg
forvalting av barnevernet
|
5 029 267
|
4 931 508
|
5 280 933
|
7,1
|
856
|
Barnevernets
omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
|
475 176
|
580 500
|
229 077
|
-60,5
|
857
|
Barne-
og ungdomstiltak
|
199 613
|
198 600
|
202 506
|
2,0
|
858
|
Barne-,
ungdoms- og familiedirektoratet
|
207 724
|
224 935
|
252 569
|
12,3
|
859
|
EUs ungdomsprogram
|
8 715
|
6 962
|
7 274
|
4,5
|
|
Sum
kategori 11.20
|
6 617 855
|
6 758 274
|
6 943 799
|
2,7
|
Utgifter under programkategori 11.20 fordelte
på postgrupper
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post-gr.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
01-23
|
Drift
|
5 706 945
|
5 678 793
|
5 759 827
|
1,4
|
30-49
|
Nybygg
og anlegg
|
31 329
|
64 997
|
66 427
|
2,2
|
50-59
|
Overføringar
til andre statsrekneskaper
|
19 982
|
20 621
|
9 300
|
-54,9
|
60-69
|
Overføringar
til kommunar
|
597 017
|
728 462
|
920 983
|
26,4
|
70-98
|
Overføringar til private
|
262 582
|
265 401
|
187 262
|
-29,4
|
|
Sum
kategori 11.20
|
6 617 855
|
6 758 274
|
6 943 799
|
2,7
|
Inntekter under programkategori 11.20 fordelte
på kapitler
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Kap.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
3850
|
Barneombodet
|
835
|
|
|
|
3855
|
Statleg
forvalting av barnevernet
|
1 118 869
|
999 046
|
953 795
|
-4,5
|
3856
|
Barnevernets
omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
|
300 575
|
424 928
|
136 900
|
-67,8
|
3858
|
Barne-,
ungdoms- og familiedirektoratet
|
4 904
|
433
|
433
|
0,0
|
3859
|
EUs ungdomsprogram
|
2 910
|
2 300
|
2 300
|
0,0
|
|
Sum
kategori 11.20
|
1 474 447
|
1 478 624
|
977 975
|
-33,9
|
Kap. 850 Barneombodet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
|
11 223
|
12 423
|
12 912
|
|
Sum
kap. 850
|
11 223
|
12 423
|
12 912
|
Status og hovudoppgåver for verksemda
Barneombodet er eit uavhengig og sjølvstendig organ,
oppretta gjennom eiga lov (lov av 6. mars 1981 nr. 5 om barneombod).
Hovudoppgåva er å fremme barns interesser overfor det offentlege
og private, og følgje med i utviklinga av barns oppvekstkår. Barneombodet
har inga formell avgjerdsmakt og driv derfor ikkje sakshandsaming
av enkeltsaker etter forvaltingslova. Ombodet skal særleg følgje
med på at lovgiving til vern om barns interesser blir følgd, og
at norsk rett samsvarar med dei pliktene Noreg har etter FNs konvensjon
om barns rettar.
Barneombodets hovudoppgåve
i 2011 er å arbeide for at tilrådingane frå FNs komité for barn sine
rettar blir implementerte i Noreg.
Resultatrapport
og strategiar
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei
presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Tryggleik
for barn og unge
Barneombodet
hadde i 2009 spesiell merksemd på kommunalt ansvar for barns rettssikring. Ombodet
politimelde leiinga i Nittedal kommune fordi Barneombodet meiner
kommunen i lengre tid har forsømt sitt ansvar for å verne barn
mot vald og overgrep i ei konkret skolesak. Saka blei lagd bort
på grunn av forelding. Ombodet har no sendt saka over til Sivilombodsmannen
for vurdering.
Barneombodet har òg retta
førespurnad til Fylkesmannen i Vestfold om tilsyn med kommunale
og fylkeskommunale instansar i samband med Kodalsaka. Fylkesmannen
gjennomførte tilsyn og kom med alvorleg kritikk av skolen og tilsette.
Barneombodet bad Statsadvokaten gjere greie for saksgangen. Barneombodets
engasjement knytte seg til perioden etter rettskraftig dom i saka.
Barneombodet ønskte på bakgrunn av Kodalsaka
å sjå nærmare på praksisen ved å sløyfe tiltale frå påtalestyresmaktene.
Dette arbeidet starta opp på slutten av 2009 og er ført vidare
i 2010.
Barneombodet gjennomførte hausten
2009 eit prosjekt der ein såg på i kva grad tilsyns- og klagesystemet
etter opplæringslova sikrar elevane ei forsvarleg opplæring. Resultatet
av prosjektet går fram av rapporten
Forskjellen
mellom å ha rett og å få rett. Tilsyns- og klagesystemet i skolen.
Rapport nr. 4 – 2009.
Konklusjonane i rapporten viser at det
ikkje er heimel for sanksjonar i opplæringslova som kan leggje
press på skoleeigaren der svikt og manglar blir avdekte. Elevar
er derfor ofte prisgitte skolens evne og vilje til å gi forsvarleg
opplæring, setje inn tiltak og rette opp feil.
Ombodet har, i tillegg til prosjektet med tilsyn i
skolen, hatt eit prosjekt som ser på korleis tilsyns- og klagesystemet
kontrollerer at barnevernet sikrar rettane til barn og unge. Prosjektet omhandla
særleg i kva grad tilsynet sikrar at barnevernet følgjer opp pliktene
sine etter barnevernlova og barnekonvensjonen. Det er laga ein prosjektrapport
som er publisert i mai 2010.
I 2009 informerte
Barneombodet barn om barnevernet. Barneombodet får, gjennom samtalar med
barn, informasjon om at skolen i lita grad informerer om barnevernet
og korleis barnevernet kan hjelpe barn. På alle sine reiser i Noreg
har Barneombodet derfor nytta høvet til å oppfordre lokale barnevernskontor
til å synleggjere arbeidet sitt på dei lokale skolane.
I supplerande rapport til FNs barnekomité uttrykte
Barneombodet bekymring for ressurssituasjonen og strukturen i barnevernet
som ei av hovudutfordringane for norske styresmakter framover.
Barneombodet sende åtte uromeldingar til barnevernet
i 2009.
Ombodet har bedt om innsyn i
to barnevernssaker for å kunne gi ei balansert vurdering av om barna
sine interesser er tekne vare på, og for å få betre innsyn i
barnevernets arbeid og utfordringar.
Barneombodet
sende i 2009 brev til alle politidistrikta for å kartleggje kva
for distrikt som har familievaldskoordinatorar og seksuelle overgrepsteam.
Resultatet av kartlegginga ble brukt i eit prosjekt om politi- og
påtalestyresmaktene si handtering av saker som gjeld barn. Prosjektet
blei avslutta i juni 2010, og Barneombodets tilrådingar blei sende
til Justis- og politidepartementet.
Ombodet
har hatt fleire besøk på barnehusa og hatt innlegg ved arrangement
på barnehuset i Hamar. Barneombodet meiner at det varierer i kva
grad domstolane nyttar seg av tilbodet på barnehusa, og ombodet
har derfor retta ein skriftleg førespurnad til Justis- og politidepartementet
for å sikre at barnehusa blir brukte.
Ombodet
har vore i aktiv dialog med Utlendingsnemnda i samband med utarbeiding
av retningsliner for høyring av barn.
Ombodet
brukte i 2009 innsynsretten sin til å gå djupare inn i ein del
utlendingssaker. Målet med dette var å klarleggje i kva grad barn
sine behov blir analyserte og tydeleggjorde i vedtaka frå utlendingsstyresmaktene.
Basert på dei sakene Barneombodet fekk innsyn i, utarbeidde ombodet
ein intern rapport til bruk i arbeidet.
Barneombodet
har vore engasjert i arbeidet for å innføre obligatoriske, rutinemessige
dødsstadsundersøkingar når sped- og småbarn døyr brått og
uventa. Det er viktig at foreldre i ein kjenslevar situasjon skal
sleppe å ta stilling til om dei ønskjer ei dødsstadsundersøking
eller ikkje. Samstundes er det viktig at foreldre ikkje blir unødvendig
mistenkeleggjorde når eit barn plutseleg døyr. Lovendringa som
opnar for frivillige dødsstadsundersøkingar i regi av helsetenesta,
er berre eit delvis gjennomslag i denne saka, fordi foreldre no
får høve til å takke nei. Barneombodet meiner at den vedtekne
ordninga likevel er betre enn inga dødsstadsundersøking.
Som eit resultat av uroa for at barn har for
liten tilgang til klageinstansar i Noreg, starta ombodet i 2009
ein dialog med Sivilombodsmannen og Helse- og sosialombodet i Oslo.
Måla er å få til ei betre fordeling av klager frå barn og å
gi barn betre kontakt med viktige klageorgan.
God
helse for barn og unge
Barneombodet
er uroa for den manglande satsinga på helsestasjons- og skolehelsetenesta
til barn og unge. Ombodet har i media framheva helsestasjons- og
skolehelsetenesta som viktige lågterskeltilbod og kome med innspel
til Flatø-utvalet. Barneombodet har òg rapportert uroa i supplerande
rapport til FNs barnekomité.
Barneombodet
fokuserte i 2009 på tiltak for å betre habiliteringstenestene
for barn med funksjonsnedsettingar og ei betre samhandling mellom
tenestene. Barneombodet rapporterte bekymringa si både til FNs
komité for barn sine rettar og til Flatø-utvalet. Uroa til ombodet
heng saman med at kommunane ikkje oppfyller barns rett til individuell
plan, og til uvisse rundt ansvarsdelinga mellom skolen, barnevernet
og sosialtenesta for tiltak til barn med funksjonsnedsettingar.
Deltaking
og innverknad frå barn og unge
Gjennom
2009 arbeidde Barneombodet med eit prosjekt om tolketenester i Noreg.
Prosjektet blei starta fordi ombodet var uroleg for at utilstrekkelege
tolketenester fører til ulik tilgang til tenester for barn. Dette
kan skape diskriminering av minoritetsspråklege familiar.
Barneombodet er uroleg for situasjonen til rom-barn
når det gjeld skolegang, barnevern og helsetenester. Ombodet gav
derfor innspel til ein handlingsplan for romfolket i Oslo i 2009,
men er ikkje nøgd med barnefokuset i denne planen og vil arbeide
vidare med dette i 2010.
Ombodet har
gitt innspel i fleire høyringar om endringar i opplæringslova.
Hovudvekta har lagt på retten til spesialundervisning og tilpassa
opplæring, fråfall og behovet for auka kompetanse blant lærarar
og leiinga i skolen. Ombodet etterlyser òg andre faggrupper i skolen
for betre å kunne verne om barns rettar. Ombodet har i rapporten
Tilsyn og klage i skolen
peikt på at
elevane har rettar, men at systemet ikkje sikrar dei desse rettane.
Ombodet heldt i 2009 fram med å arbeide for samiske
barns rett til opplæring i og på samisk. Ei av oppgåvene i 2009
var å engasjere seg i oppvekstmiljøet i Karasjok kommune.
Ombodet meiner at offentlege dokument, saksutgreiingar
og domstolsavgjerder i lita grad refererer til barnekonvensjonen,
og har i rapport til FN tilrådd at barnekonvensjonen i større
grad blir gjort synleg i offentlege dokument som handlar om barn.
På ei barnehøyring i Oslo gav til saman 59 barn
innspel til korleis barnekonvensjonen bør følgjast opp, og kva
slags utfordringar Noreg står overfor. Konklusjonane frå høyringa
blei samla i ein rapport som blei sendt til FNs komité for barns
rettigheter før Noreg skulle eksaminerast
Fylkesmannen
i Nordland har etablert sjekklister til bruk i kommunane for å
registrere om barn sine rettar etter barnekonvensjonen er oppfylte.
Ombodet meiner dette er ein god måte å sikre at kommunane følgjer
opp pliktene sine, og har derfor promotert denne løysinga rundt
om i landet. Målet er at alle fylka skal etablere denne typen system.
Som eit ledd i å fremme barnekonvensjonen og
gjere han kjent har Barneombodet vore redaktør for boka
BARN
. Målet med boka er å vise fram ulike
sider av barnekonvensjonen i norsk kvardag. Forfattarinntektene
av boka går til UNICEF-kampanjen
Den eine
.
Barneombodet har arbeidd aktivt med å promotere
reell deltaking på kommunenivå gjennom stemmerett for 16-åringar.
Ombodet har i denne prosessen også delteke på ei rekkje samlingar
for barn og unge ulike stader i landet og snakka om barn og unge
sin rett til deltaking.
Tilbakemeldingar
til Barneombodet tyder på at det er ein vesentleg mangel på kompetanse
og kunnskap om skolemiljøutval i lokalsamfunnet. Ombodet har vore
på turné for å opplyse om skolemiljøutval som ein viktig arena
for barns medverknad i skolen og delteke på Elevorganisasjonens
skolemiljøkonferanse 2009.
I 2009 etablerte
Barneombodet eit eige deltakingsteam for deltaking på tre nivå:
gjennom ekspertgrupper, ekspertmøte og ungdomspanel.
Ombodet utarbeidde ein egen intern mal for arbeid
med ekspertgrupper. Det blei etablert ei ekspertgruppe av barn med
foreldre i fengsel, ei gruppe med incestutsette barn og ei gruppe
av jenter med minoritetsbakgrunn.
I
2009 held ombodet fram samarbeidet med ekspertgruppa av valdsutsette
barn. Gruppa gav innspela sine til politidirektør Ingelin Killengren, noko
som resulterte i endra rutinar for politiets handsaming av familievaldssaker.
Rapporten frå ekspertgruppa blei publisert i februar 2010.
Gruppa med barn som har vore utsette for incest,
har gitt råd til Barneombodet, kunnskapsministeren og representantar
for politiet om handtering av barn som har vore utsette for seksuelle overgrep.
Som eit ledd i arbeidet for tidleg intervensjon arrangerte
ombodet eit ekspertmøte mellom ungdom i risikosona for kriminalitet
og Det kriminalitetsførebyggjande rådet (KRÅD). Ombodet ønskte
å leggje til rette for at barn blei høyrde i prosessen med at
KRÅD skulle utarbeide ei rettleiing for tidleg intervensjon.
Barneombodet hadde gjennom året tre ekspertmøte
med barn som hadde opplevd samlivsbrot. I desse møta fekk ombodet
innspel til korleis ein kan sikre barnets beste i denne prosessen,
og kva som er viktig for barn når foreldra går frå kvarandre.
Innspela skal trykkjast i plakatform som
Barnas
ønskjeliste
i oktober 2010.
I
2009 utarbeidde Barneombodet meir omfattande informasjon for barn
på nettsidene og publiserte dokumentmalar for foreldre og barn
som ønskjer å klage på skolemiljø og barnevernstenester.
Barneombodet har i 2009 òg arbeidde internasjonalt.
Formålet var å kunne promotere barneombodsordninga ved å samarbeide
med, og lære av, andre ombod.
Barneombodet
har tidlegare vore deltakar i menneskerettsdialog med Kina. I 2009
var ombodet deltakar i dialogen med Indonesia, men heldt fram med
Kina gjennom eit eige prosjekt.
Etter
det årlege møtet i 2009 mellom dei nordiske barneomboda har alle
dei nordiske landa intensivert sitt arbeid på tannhelsefeltet.
Strategiar
og tiltak for 2011
Barneombodet
vil i 2011 arbeide for å verkeleggjere barnekonvensjonens rettar
i Noreg ved å sikre rettane til barn gjennom betre lovgiving, betre
samordning av tenester for barn og betre fordeling av ressursar
til barn.
Barneombodet vil vidare arbeide
for at dei generelle prinsippa i barnekonvensjonen blir sikra i
Noreg. Dette inneber å arbeide mot diskriminering som gjeld alder,
urfolks- og nasjonal minoritetsstatus og etnisk minoritetsbakgrunn.
Barneombodet vil i 2011 òg arbeide for å sikre retten til tanke-,
samvits- og religionsfridom for barn og sikre at barn har tilgang
til rett informasjon.
For å oppnå auka
respekt for synspunkta til barn vil Barneombodet arbeide for at
barn skal ha rett til å uttale seg i saker som vedkjem dei sjølve, og
at barn skal ha rett til aktiv deltaking i samfunnet.
Barneombodet meiner òg at det er viktig å auke
medvitet om barnas beste. Barneombodet vil derfor setje eit særlig
søkjelys på instansar som handsamar saker der barn er involverte.
Barneombodet vil arbeide vidare med å fremme informasjonsarbeid
om barnevernstenesta.
Arbeidet for å
sikre barns rettar i familien og under alternativ omsorg er viktig.
Barneombodet ser behov for at behandlinga av barn som er skilde
frå foreldra, bør bli betre, og at barn bør få betre rettar
i familiesameiningssaker. Det same gjeld barn som er fråtekne familiemiljøet,
og barn som er utsette for vald og omsorgssvikt.
Dei siste åra har Barneombodet arbeidd med
å betre helsa for barn. Arbeidet har særleg vore retta mot tilhøva
for barn med nedsett funksjonsevne, helsetenester for barn og levestandarden
for barn som lever i fattigdom. Barneombodet vil arbeide vidare
med desse sakene i 2011.
Det er viktig
at alle barn har tilgang til utdanning, fritid og kulturelle aktivitetar.
Barneombodet vil arbeide for å betre tilgangen til tilpassa undervisning,
til eit godt skolemiljø, oppnåing av målsetjinga for utdanning
og betre kunst- og kulturtilbod for barn.
Barneombodet
vil arbeide for at barn får spesielle forsvarstiltak. Dette gjeld
spesielt flyktningbarn, barn som er i konflikt med lova, barn som
er utsette for utnytting eller menneskehandel, og barn som høyrer
til minoritetsgrupper eller urfolk.
Post
01 Driftsutgifter
Løyvinga skal
dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Barneombudet.
Barneombudet hadde 17 tilsette per 1. mars 2010. Av dei tilsette var
13 kvinner.
Kap.
852 Adopsjonsstønad
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
70
|
Tilskot til foreldre som adopterer barn frå
utlandet
, overslagsløyving
|
13 192
|
16 677
|
14 896
|
|
Sum
kap. 852
|
13 192
|
16 677
|
14 896
|
Post 70 Tilskot til foreldre som
adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Om
tildelinga av adopsjonsstønad
Eingongsstønad
ved adopsjon av barn frå utlandet blei innført frå og med 1992
for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar knytt til
foreldras økonomi som følgje av dei høge kostnadene ved adopsjon
frå utlandet. Bufdir, som forvaltar tilskotsordninga, tok imot
315 søknadar om adopsjonsstønad i 2009, mot 327 søknadar i 2008.
347 adopsjonar blei formidla i 2009.
Stønaden
blir ytt adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av
norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet.
Adopsjonen må anten vere gjennomført i Noreg, eller han må vere
gjennomført i utlandet og registrert i det sentrale adopsjonsregisteret
i Bufdir. Direktoratet skal ha motteke dei rette dokumenta frå
opphavslandet til barnet før det kan handsame søknaden. Eit vilkår
for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg da
dei fekk barnet i si omsorg, og da adopsjonen blei gjennomført
eller registrert her i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn
av forhold i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert
i Noreg. Det er likevel høve til å gi eingongsstønad dersom barnet
har kome til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk
var busette her i landet da dei fekk barnet i si omsorg.
Tilskotet til foreldre som adopterer barn frå utlandet
er i 2010 på 41 280 kroner per barn. Stønaden blir auka til 42
560 kroner tilsvarande prisjustering i 2011. Løyvinga er føreslått
redusert med 1,781 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett
for 2010, da det er venta færre adopsjonar i 2011.
Kap.
853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
|
|
118 276
|
132 448
|
|
Sum
kap. 853
|
|
118 276
|
132 448
|
Status for verksemda
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har
avgjerdsmakt i dei såkalla tvangssakene i barnevernlova, sosialtenestelova
og smittevernlova. Over 90 prosent av sakene er saker etter barnevernlova.
Resultatrapport, strategiar og tiltak for fylkesnemndene er omtalt
under programkategori 11.00 Administrasjon, under delmål 1.2
Effektiv organisering og drift av tilknytte
verksemder.
Likestilling
Per 31. desember 2009 var det 94 tilsette i
fylkesnemndene. Av desse var 76,6 prosent kvinner. 34 av 55 fylkesnemndsleiarar
var kvinner, og to kvinner og to menn var tilsette som regionleiarar.
Post
01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer
lønnsutgifter og andre driftsutgifter mellom anna knytte til opplæring,
drift og leige av lokale og kjøp av varer og tenester i dei 12 fylkesnemndene
for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til
lønn og andre driftsutgifter i den nye sentraladministrasjonen. Om
lag ein tredjedel av løyvinga på posten blir nytta til saksutgifter
i nemndene.
Det har vore ein kraftig
auke i talet på saker til handsaming i fylkesnemndene. BLD føreslår
at løyvinga til fylkesnemndene blir auka med 10 mill. kroner. Midlane
skal nyttast til å auke talet på fylkesnemndsleiarar, samt til
å styrkje den administrative leiinga av verksemda.
I samband med utskilinga av fylkesnemndene som
eige forvaltingsorgan føreslår BLD å flytte 1,098 mill. kroner
til Finansdepartementets kap 1605 Senter for statleg økonomistyring,
post 01 Driftsugifter grunna overføring av lønns- og budsjettoppgåver
frå Servicesenteret for departementa til Senter for statleg økonomistyring.
Bruken av midlane er uendra.
Kap.
854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
– Fylkesnemndene for sosiale saker
|
115 149
|
|
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter
, kan nyttast under post 71
|
48 565
|
36 846
|
73 432
|
50
|
Forsking
|
13 294
|
13 719
|
5 000
|
60
|
Kommunalt
barnevern
|
|
|
240 000
|
64
|
Særskilt
tilskot ved busetting av einslege mindreårige asylsøkjarar
og flyktningar
, overslagsløyving
|
147 871
|
185 752
|
|
65
|
Refusjon
av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige
asylsøkjarar og flyktningar
, overslagsløyving
|
289 032
|
372 762
|
457 400
|
70
|
Tilskot
til Rostad ungdomsheim og Rostad ettervernsheim
|
2 530
|
|
|
71
|
Utvikling
og opplysningsarbeid mv.
,
kan nyttast under post 21
|
56 504
|
48 048
|
23 737
|
72
|
Atferdssenteret
|
|
11 266
|
11 615
|
|
Sum
kap. 854
|
672 945
|
668 393
|
811 184
|
Post 21 Spesielle driftsutgifter,
kan nyttast under post 71
Posten
dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, mellom anna kjøp
av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar
i barnevernet, evaluering av barnevernsreforma, adopsjon, arbeid
retta mot barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke foreldre, til
familierådslag og liknande tiltak. Posten dekkjer òg kostnader
til konferansar, kjøp frå ulike frivillige og offentlege organisasjonar, tilsynsopplæring,
informasjon, kompetanseutvikling i kommunane og internasjonale forpliktingar. Posten
blir òg nytta til drift av Barnesakkyndig kommisjon og Barnevernets
tvisteløysingsnemnd og driftstilskot til Alarmtelefonen for barn
og unge.
Det er føreslått ein auke
i løyvinga posten på 0,9 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar
på BLDs budsjettt.
Det er føreslått
å flytte 5,4 mill. kroner frå kap. 854, post 50 Forsking til posten.
Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Det er føreslått å flytte 28,3 mill. kroner
frå kap. 854, post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a. til posten.
Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Post
50 Forsking
Løyvinga på posten
skal nyttast av Noregs forskingsråd til forskingsprogramma
Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM)
og
Program for rusmiddelforsking
. Det er
føreslått å flytte 5,4 mill. kroner til kap. 854, post 21 Spesielle
driftsutgifter. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer
postbruken korrekt.
Det er føreslått
å flytte 2,9 mill. kroner til kap. 854, post 71 Utvikling og opplysningsarbeid
o.a. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken
korrekt.
Post 60 Kommunalt
barnevern
Formål
Løyvinga skal dekkje særskilt tilskot til
kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet.
Tildelingskriterium
Løyvinga blir fordelt av fylkesmennene etter
søknad frå kommunane. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til
nye stillingar, men det vil og vere mogleg å søkje om midlar til
enkelte andre tiltak, til dømes kompetansetiltak, som styrkjer
barnevernet lokalt.
Oppfølging og kontroll
Løyvingar og tilskot frå denne posten blir
kontrollerte gjennom kommunanes rapportering til fylkesmannen.
Budsjettforslag
for 2011
Det er føreslått ei
løyving på 240 mill. kroner til å dekkje utgifter i kommunane
til oppretting av nye stillingar i barnevernet og enkelte andre
tiltak. Delar av midlane vil bli nytta til administrasjon.
Post
64 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar
og flyktningar, overslagsløyving
Det
er føreslått å flytte tilskotet til kapittel 821
Busetjing
av flyktningar og tiltak for innvandrarar
slik at alle tilskota
til kommunane frå BLD ved busetjing av asylsøkjarar og flyktningar
står på same kapittel.
For ein nærmare
omtale av tilskotet sjå kap. 821
Busetjing
av flyktningar og tiltak for innvandrarar
, post 61
Særskilt tilskot ved busetjing av einslege
mindreårige asylsøkjarar og flyktingar.
Post
65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til
einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Formål
Løyvinga skal dekkje statsrefusjon for kommunale utgifter
til barnevernstiltak. Frå 2011 skal det ikkje lenger førast refusjon
for utgifter for barn i statlege tiltak. Målet med statsrefusjonen
er å oppnå busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og
flyktningar så raskt som mogleg og å sikre gode bu- og omsorgstiltak.
Mange bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige er kommunale
tiltak som blir drifta av kommunane i samband med busetjing (til
dømes bukollektiv). Bufetat har ansvaret for å gi rettleiing til
kommunane ved val av butiltak med meir. Dersom utgiftene til bu-
og omsorgstiltak med stønad og oppfølging er høgare enn den kommunale
eigendelen, skal utgiftene refunderast av staten. Bufetat har ansvaret
for å administrere refusjonsordninga.
Tildelingskriterium
Alle kommunane blir omfatta av ordninga dersom dei
set i verk barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar
og flyktningar. Etter fullmakt frå BLD er det Bufetat som betaler
ut refusjon til kommunane, jf.
Rundskriv om
statsrefusjon
for kommunale barnevernutgifter
for enslige mindreårige
asylsøkere
og flyktninger (Q-05/2004
).
Oppfølging
og kontroll
BLD har tilgang til
å setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene
for løyvinga, jf. løyvingsreglementet § 10.
Budsjettforslag
for 2011
Det er føreslått å
auke eigendelen frå 14 180 kroner per månad i 2010 til 14 605
kroner per månad i 2011, tilsvarande prisjustering. Ein forventar
at det blir utbetalt refusjon for om lag 955 barn i 2011 mot 814
i 2010.
Det er føreslått å auke løyvinga
på posten med 84,6 mill. kroner frå saldert budsjett 2010.
Post
71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 21
Posten dekkjer tilskotet til ulike tiltak innanfor barnevernet
og tilskotet til formål som dekkjer særlege behov for tilbod hos
utsette barn, unge og familiar. Midlane blir i hovudsak retta inn
mot organisasjonar som kan styrkje arbeidet med førebygging av
problemutvikling blant barn og unge, tiltak som kan betre oppfølginga
av barn i fosterheim og institusjon, og vidareutvikling av desse tiltaka.
Departementet føreslår å auke løyvinga til
dei tre godkjende adopsjonsorganisasjonane med 0,8 mill. kroner.
Forslaget om å auke løyvinga er i tråd med synspunkta i NOU 2009:21
Adopsjon – til barnets beste
. Det er
òg føreslått å auke løyvinga til Landsforeningen for barnevernsbarn
med 0,2 mill. kroner. I samband med omprioriteringar i budsjettet
for 2011 er posten føreslått redusert med 0,4 mill. kroner.
Det er føreslått å flytte 28,3 mill. kroner
til post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette påverkar ikkje bruken
av midlane, men gjer postbruken meir korrekt.
Det
er føreslått å flytte 2,9. mill. kroner frå post 50 Forsking
til posten. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken
meir korrekt.
Post 72 Tilskot
til Atferdssenteret
Posten dekkjer
tilskotet til forsking ved Atferdssenteret.
Kap.
3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
04
|
Refusjon
av ODA-godkjende utgifter
|
44 900
|
51 917
|
|
16
|
Refusjon
av foreldrepengar
|
211
|
|
|
18
|
Refusjon av sykepengar
|
1 243
|
|
|
|
Sum
kap. 3854
|
46 354
|
51 917
|
21 447
|
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende
utgifter
Posten er føreslått
flytta til kapittel 3821
Busetjing av flyktningar
og tiltak for innvandrarar
på grunn av flyttinga av kapittel
854
Tiltak i barne og ungdomsvernet
,
post 64
Særskilt tilskot ved busetjing av einslege,
mindreårige asylsøkjarar og flyktningar
til kapittel 821
Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar, post 61
Særskilt tilskot ved busetjing av einslege
mindreårige asylsøkjarar
, jf. omtale under kapittel 854,
post 64.
For ein nærmare omtale sjå
kapittel 3821
Busetjing av flyktningar og tiltak
for innvandrarar
, post 02
særskilt tilskot
ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjerar, ODA-godkjente
utgifter.
Kap.
855 Statleg forvalting av barnevernet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
, kan nyttast under post 22 og post 60
|
3 210 059
|
3 114 157
|
3 391 000
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter
|
53 877
|
65 112
|
64 130
|
22
|
Kjøp
av private barnevernstenester
,
kan nyttast under post 01
|
1 573 888
|
1 517 294
|
1 564 330
|
45
|
Større
nyanskaffingar og vedlikehald
,
kan overførast
|
31 329
|
64 997
|
66 427
|
60
|
Tilskot til kommunane
,
kan nyttast under post 01
|
160 114
|
169 948
|
175 046
|
|
Sum
kap. 855
|
5 029 267
|
4 931 508
|
5 280 933
|
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast
under
post 22 og post 60
Posten omfattar
mellom anna lønnsutgifter, utgifter til leige og drift av lokale,
utgifter til opplæring og andre utgifter til varer og tenester
i det statlege, regionale barnevernet. Posten dekkjer òg driftsutgifter
ved statlege barnevernsinstitusjonar og drift av andre statlege
barnevernstiltak.
Det er venta ein auke
i talet på klientar i det statlege barnevernet. Samstundes er etaten
inne i ein prosess for å sikre betre utnytting av dei tilgjengelege
ressursane, og departementet meiner at noko av meirutgiftene kan
dekkjast av kostnadsreduserande tiltak. Det er føreslått å auke løyvinga
på posten med 20 mill. kroner som følgje av klientvekst i det
statlege barnevernet.
Som følgje av
innføring av standardkontraktar for statlege beredskaps- og familieheimar
føreslår BLD å auke løyvinga med 120 mill. kroner.
Post
21 Spesielle driftsutgifter
Posten
dekkjer utgifter til forsking, utviklingstiltak og opplæring for
å styrkje kvaliteten og effektiviteten i barnevernet. Dette gjeld
mellom anna etablering og utprøving av nye metodar i barnevernet
og studiar av effektane av ulike behandlingsopplegg.
Posten er føreslått redusert med 3 mill. kroner som
følgje av redusert tilskot til Atferdssenteret.
Post
22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01
Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Kjøp
av plassar er underlagt forskrift for offentlege innkjøp.
Post
45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Posten dekkjer større utstyrskjøp, mellom
anna bilar til barnevernsinstitusjonar.
Post
60 Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01
Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjonar
av utgifter som overstig satsen for kommunale eigendelar til forsterking
av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak.
Kap.
3855 Statleg forvalting av barnevernet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Diverse
inntekter
|
23 355
|
25 868
|
26 670
|
02
|
Barnetrygd
|
3 419
|
3 372
|
3 477
|
03
|
Refusjon
for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar
|
110 406
|
73 060
|
|
15
|
Refusjon
av arbeidstiltak
|
1 024
|
|
|
16
|
Refusjon
av foreldrepengar
|
30 909
|
|
|
17
|
Refusjon
lærlingar
|
48
|
|
|
18
|
Refusjon
av sykepengar
|
84 079
|
|
|
60
|
Kommunale eigendelar
|
865 629
|
896 746
|
923 648
|
|
Sum
kap. 3855
|
1 118 869
|
999 046
|
953 795
|
Post 01 Diverse inntekter
Dei budsjetterte inntektene på posten gjeld
ulike prosjekt og tiltak. Storleiken på inntektene varierer frå
år til år.
Post 02 Barnetrygd
På posten er det budsjettert med barnetrygd
for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter motsvarande refusjonane
blir rekneskapsførte på kap. 855
Statleg
forvalting av barnevernet.
Post
03 Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar
På posten blei det tidlegare rekneskapsført
refusjonar til Bufetat for einslege mindreårige flyktningar og
asylsøkjarar for kostnader utover den kommunale eigendelen knytt
til bruk av statlege plassar eller kjøp av plassar. Utgifter motsvarande
refusjonane blei tidlegare rekneskapsførte på kap. 854
Tiltak i barne- og ungdomsvernet
, post
65
Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak
knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.
Frå 2011 skal det ikkje lenger førast refusjon for
statlege utgifter, og behovet for løyvinga fell bort.
Post
60 Kommunale eigendelar
På posten
er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald
i barnevernsinstitusjonar, fosterheimar eller ved tiltak i heimen.
Det blir føreslått å prisjustere kommunanes eigendelar for barn
under behandling av statleg barnevern frå inntil 33 358 kroner
til inntil 34 359 kroner per barn per månad for tiltak i institusjon. For
andre tiltak blir eigendelen på inntil 26 850 kroner per barn per
månad.
Kap.
856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
|
472 052
|
580 500
|
229 077
|
21
|
Spesielle driftsutgifter
|
3 124
|
|
|
|
Sum
kap. 856
|
475 176
|
580 500
|
229 077
|
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentera for
einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år og til arbeidet
med busetjing. Som følgje av at det er venta ei nedgang til 100
einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år under barnevernet
si omsorg i 2011, er posten føreslått redusert. Det vil vere 164
plassar i statlege omsorgssentera for einslege, mindreårige asylsøkjarar
ved inngangen til 2011. Det er ikkje realistisk å byggje ned kapasiteten
til 100 plassar. Løyvinga på posten blir derfor føreslått redusert
til å dekkje 115 plassar. Det blir på den bakgrunn føreslått
å redusere løyvinga posten med 351,4 mill. kroner frå saldert budsjett
2010.
Kap.
3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Diverse
inntekter
|
288
|
|
|
04
|
Refusjon
av ODA-godkjende utgifter
|
293 000
|
424 928
|
136 900
|
16
|
Refusjon
av foreldrepengar
|
1 861
|
|
|
17
|
Refusjon
lærlingar
|
1
|
|
|
18
|
Refusjon av sykepengar
|
5 425
|
|
|
|
Sum
kap. 3856
|
300 575
|
424 928
|
136 900
|
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende
utgifter
Nokre innanlandske utgifter
knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs
(Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som
offisiell utviklingshjelp. Det blir føreslått at 136,9 mill. kroner
av utgiftene på kap. 856, post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp,
jf. kap. 167
Flyktningstiltak i Norge godkjent
som utviklingshjelp (ODA),
post 21
Spesielle
driftsutgifter
, på Utanriksdepartementet sitt budsjett. Tilsvarande
beløp blir ført som inntekt på denne posten.
Som følgje av færre einslege mindreårige
asylsøkjarar i omsorgssentera blir det føreslått å redusere
posten med 288 mill. kroner.
Kap.
857 Barne- og ungdomstiltak
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter
, kan nyttast under post 71
|
2 569
|
2 288
|
12 655
|
50
|
Forsking
|
6 688
|
6 902
|
4 300
|
60
|
Barne-
og ungdomstiltak i større bysamfunn
, kan overførast
|
|
|
48 537
|
70
|
Barne-
og ungdomsorganisasjonar
|
95 543
|
97 596
|
100 621
|
71
|
Utviklingsarbeid
, kan nyttast under post 21
|
10 275
|
11 038
|
4 000
|
73
|
Barne-
og ungdomstiltak i større bysamfunn
, kan overførast
|
52 899
|
47 078
|
|
79
|
Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid
mv.
, kan overførast
|
31 639
|
33 698
|
32 393
|
|
Sum
kap. 857
|
199 613
|
198 600
|
202 506
|
Post 21 Spesielle driftsutgifter,
kan nyttast under post 71
Posten
vil bli nytta til utgifter i samband med konferansar, informasjonsmateriell,
utgreiingar, forsking, statistikk og anna som inngår i arbeidet med
å sikre eit godt oppvekstmiljø for barn og ungdom. Midlar til
nettportalen
ung.no
inngår òg i posten.
Det vil òg bli brukt midlar frå posten til delar av ei satsing
på ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv (satsinga
Unge utanfor
).
Det
er føreslått å flytte 2,816 mill. kroner frå post 50
Forsking,
7,38 mill. kroner frå post
71
Utviklingsarbeid
og 100 000 kroner
frå kap. 857, post 79
Tilskot til internasjonalt
ungdomsarbeid o.a.
til posten. Dette påverkar ikkje
bruken av midlane, men gjer postbruken meir korrekt.
Post
50 Forsking
Løyvinga på posten
skal nyttast av Noregs forskingsråd til forskingsprogrammet
Velferd, arbeidsliv og migrasjon
.
Det er føreslått å flytte 2,816 mill. kroner
til post 21
Spesielle driftsutgifter
.
Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Post
60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast
Målsetjing
Posten blir nytta til tilskotsordninga
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
.
Formålet er å bidra til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar; Oslo
(sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand,
Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø,
Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg,
Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.
Tildelingskriterium
Løyvinga har barn og unge, og særleg ungdom
i alderen 12-25 år som målgruppe, og blir nytta til tiltak og
prosjekt som rettar seg mot barn og unge med spesielle behov og
utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Ordninga er todelt, ho
har ei særleg satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og ei særleg
satsing retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem.
Barn og unge med innvandrarbakgrunn står overfor spesielle utfordringar,
og arbeid som fremmer integrering, har høg prioritet. Bykommunane
blir invitert til å søkje om tilskot til tiltak som:
-
bidreg til sosial inkludering
og førebyggjer uønska sosial åtferd som mellom anna vald, mobbing,
kriminalitet, rus og rasisme, og motverkar fordommar, diskriminering
og fremmer gjensidig aksept.
-
bidreg til deltaking og medverknad for barn, ungdom
og ungdomsgrupper som i liten grad nyttar seg av dei eksisterande
kultur- og fritidstilbod.
-
bidreg til kvalifisering og inkludering
av ungdom, mellom anna gjennom etablering av alternative meistringsarenaer.
-
motverkar eller dempar fattigdomsproblem blant
barn, unge og deira familiar.
-
fremmer likeverd og like høve for jenter
og gutar.
-
fremmer deltaking og likeverdige høve for barn
og ungdom med nedsett funksjonsevne.
Bykommunane kan søkje om midlar til lokale
tiltak og prosjekt på fire ulike måtar:
-
spesialsatsing (ungdomstiltak), som omfattar dei
fire største byane, Oslo (sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim
og Stavanger
-
tilskot til ungdomstiltak i 19 bykommunar (Kristiansand,
Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø,
Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg,
Halden, Moss, Hamar og Gjøvik)
-
tilskot til tiltak mot fattigdom blant barn,
unge og familiar, som omfattar alle dei 23 bykommunane og sju prioriterte
bydelar i Oslo
-
tilskot til strakstiltak, som omfattar alle
dei 23 bykommunane og sju prioriterte bydelar i Oslo.
I overkant av ein tredel av løyvinga blir nytta
til ungdomstiltak. Det blir gitt ei ramme til dei fire største
byane, Oslo (sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim og Stavanger
(pkt. 1), medan dei 19 andre byane får tildelt tilskot etter søknad
(pkt. 2). Om lag tre femtedelar av løyvinga er sett av til tiltak
og prosjekt retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem
(pkt. 3). Ein kan søkje om tilskot til ferie- og fritidstiltak,
tilskot til tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for
unge med lite eller mangelfull utdanning, og tilskot til meir langsiktige
og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge
som er råka av fattigdomsproblem. Løyvinga kan òg nyttast til
strakstiltak for å løyse oppgåver og problem av akutt karakter
i ungdomsmiljøa (pkt. 4). Bydelar, frivillige organisasjonar, ungdomsgrupper,
offentlege og private aktørar kan søkje. Departementet kan òg
ta initiativ til å støtte enkelte prioriterte område. I tråd
med Soria-Moria-erklæringa vil tiltak i Groruddalen bli særleg
prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom kommunanes
rapportering og rekneskap til departementet.
Budsjettforslag
for 2011
Det er føreslått å
flytte 48,537 mill. kroner som tidlegare blei løyvde på kap. 857,
post 73, til posten. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men
gjer postbruken korrekt.
Post
70 Barne- og ungdomsorganisasjonar
Målsetjing
Posten omfattar tilskot til frivillige barne-
og ungdomsorganisasjonar sitt arbeid.
Formålet er å leggje til rette for barn og
ungdoms deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Tilskotet
skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sikre
organisasjonane som arena for medverknad og demokrati.
Tildelingskriterium
Den nasjonale grunnstøtta til frivillige barne-
og ungdomsorganisasjonar blir regulert av ei eiga forskrift.
Forskrift av 29. november 2007 med endringar
av 15. september 2009
blei gjeldande frå tilskotsåret 2010.
Midlane blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat
i Bufdir. For å syte for ein enklare søknadsprosess for dei om
lag 80 organisasjonane som får stønad, vil det i 2011 blir teke
i bruk elektronisk innlevering av skjema. BLD er klageinstans for
vedtak fatta av Fordelingsutvalet.
Det
blir òg gitt nasjonalt driftstilskot til LNU, Ungdom & Fritid
og Unge funksjonshemmede. Også midlar til tilskotsordninga
Mangfold og inkludering
inngår i posten.
Ordninga blei oppretta i 2008 og blir forvalta av LNU. Det blir
òg nytta midlar frå posten til forsking på barne- og ungdomsorganisasjonar.
Oppfølging
og kontroll
Krav til revisjon,
rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av
forskrift om tilskot til frivillige barne- og
ungdomsorganisasjonar
og instruks for Fordelingsutvalet. Andre
tilskot som blir gitte gjennom denne posten, blir kontrollerte gjennom
rapportering og rekneskap.
Post
71 Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21
Målsetjing
Posten blir nytta til å støtte forsking og
utviklingsarbeid som kan gi auka kunnskap og bidra til å styrkje
oppvekstmiljøet for barn og ungdom.
Tildelingskriterium
Frå posten blir det vidare gitt tilskot til
utviklingsarbeid, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling som
ledd i gjennomføringa av dei måla som departementet har sett for
arbeidet på barne- og ungdomsområdet. Posten vil òg bli nytta
til delar av ei satsing på ungdom som står utanfor opplæring
og arbeidsliv (satsinga
Unge utanfor
).
Oppfølging
og kontroll
Løyvingar og tilskot
frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.
Budsjettforslag
for 2011
Det er føreslått å
flytte 7,38 mill. kroner til post 21
Spesielle
driftsutgifter
. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men
gjer postbruken korrekt.
Post
73 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast
Det er føreslått å flytte midlane til post
60
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
.
Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Post
79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid, o.a. kan overførast
Målsetjing
Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til
internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene
er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og
grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og
ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.
Hovuddelen av posten blir nytta til Noreg sitt bidrag
til deltaking i EU-programma
Aktiv ungdom
,
Sikrare Internett
og
Daphne
III
, som varer fram til 31. desember 2013. Posten dekkjer
òg Noreg sitt bidrag til Det europeiske ungdomsfond i Europarådet,
kostnader i samband med bilateralt samarbeid, samarbeidet i nærområda,
særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet
og Austersjørådet, og andre tiltak knytte til det mellomstatlege
samarbeidet på ungdomsområdet. Vidare får dei frivillige barne- og
ungdomsorganisasjonane grunnstønad til sitt internasjonale arbeid.
LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om
tilskot til sitt internasjonale arbeid.
Tildelingskriterium
Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir
fastsette etter ein fordelingsnøkkel nedfelt i EØS-avtala. Storleiken
på bidraget til Det europeiske ungdomsfondet blir fastsett av Ministerkomiteen
i Europarådet. Tilskot til bilateralt samarbeid, til samarbeidet
i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av
departementet ut frå gjeldande avtaler og prinsipp. Tilskotet til dei
frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet
etter kriterium fastsette i eiga forskrift. Søknader frå LNU,
Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma om tilskot til internasjonalt
arbeid blir handsama av Bufdir.
Oppfølging og
kontroll
Europarådets ungdomsdirektorat
og Europarådets revisjonsstyre kontrollerer Det europeiske ungdomsfondet.
Revisjonsretten i EU og EUs internrevisjon kontrollerer bruken av
budsjettmidlar til dei programma Noreg tek del i. Departementet
har eit ansvar for å etablere rutinar for sakshandsaming og kontroll
av tildelinga av tilskot frå programmet
Aktiv
ungdom
. Tilskotet til ungdomssamarbeid i Barentsregionen blir
forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet gitt av departementet
blir følgt opp ved kontroll av rapport og rekneskap. Bufdir og
Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging av og kontroll med dei
tilskota dei forvaltar til organisasjonane sitt internasjonale arbeid.
Budsjettforslag
for 2011
Hovuddelen av løyvinga
blir nytta til dei pliktene Noreg har gjennom internasjonale avtaler,
spesielt EØS-avtala. Løyvinga skal dekkje kostnader til ungdomsprogrammet
til EU,
Aktiv ungdom
,
Sikrare
Internett
og
Daphne III
, som går
fram til 31. desember 2013. Dessutan skal løyvinga dekkje dei pliktene
Noreg har overfor Europarådet på det ungdomspolitiske området.
Løyvinga skal òg dekkje kostnader knytte til gjennomføringa av bilaterale
avtaler, samarbeidet i nærområda og kostnader til departementet
sitt internasjonale engasjement på barne- og ungdomsområdet.
Det er føreslått ein reduksjon på 2 mill.
kroner på posten for å finansiere interne omprioriteringar.
Det er føreslått å flytte 100 000 kroner
til post 21
Spesielle driftsutgifter
og
250 000 kroner til kap. 800, post 21
Spesielle
driftsutgifter
. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men
gjer postbruken korrekt.
Kap.
858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
, kan nyttast under kap. 855 post 01
|
176 456
|
176 540
|
202 805
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter
|
2 120
|
19 198
|
19 662
|
22
|
Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar
|
29 148
|
29 197
|
30 102
|
|
Sum
kap. 858
|
207 724
|
224 935
|
252 569
|
Status for verksemda
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
er etatsleiar for Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), som
igjen omfattar fem regionar. Regionkontora har underliggjande utøvande
einingar innanfor barnevern og familievern. Regionkontora handsamar
òg søknader om førehandssamtykke om utanlandsadopsjon og søknader
om innanlandsadopsjon. Direktoratet har ansvaret for fagleg, økonomisk
og administrativ styring, koordinering og utvikling av Bufetat.
Direktoratet handsamar klager på saker der regionane er første
instans.
Hovudoppgåva til etaten er
å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak
med høg og riktig kvalitet i heile landet.
Ansvarsområda
for etaten omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:
-
kap. 840 Krisetiltak
-
kap. 841 Samliv og konfliktløysing
-
kap. 842 Familievern
-
kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd,
tilskot o.a.
-
kap. 847 Tiltak for personar med nedsett
funksjonsevne
-
kap. 852 Adopsjonsstønad
-
kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
-
kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
-
kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for
einslege mindreårige asylsøkjarar
-
kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
-
kap. 859 EUs ungdomsprogram
Likestilling
Per 31. desember 2009 var det 5 340 tilsette
i Bufetat. Av desse var 65 prosent kvinner.
Delen
av kvinner som var tilsette i etaten, har blitt redusert med 2 prosentpoeng
sidan 2008. Det var totalt 493 leiarstillingar i Bufetat per 31. desember
2009. Kvinner hadde 64 prosent av desse stillingane. Tilsette med
stillingar som seksjonssjef, avdelingsleiar og leiar utgjer dei
største leiargruppene i verksemda. Innanfor gruppa seksjonssjefar
og avdelingsleiarar var kvinnedelen høg (høvesvis 70 og 74 prosent),
noko som òg må sjåast i lys av delen kvinnelege tilsette i heile
etaten. Dei kvinnelege tilsette hadde per 31. desember 2009 i gjennomsnitt
eitt lønnstrinn høgare lønn enn mennene.
Post
01 Driftsutgifter, kan nyttast under
kap. 855 post 01
Løyvinga dekkjer
lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir, mellom anna knytte
til opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester.
Midlar skal òg brukast til administrasjon av
Hva
med oss?
og til rettleiing og oppfølging av kommunane i samband
med
Godt samliv!.
Posten
er føreslått redusert med 5,869 mill. kroner som følgje av redusert
aktivitet i tiltaka
Hva med oss?
og
Godt samliv!
.
Det er føreslått ein auke på posten med 21,2 mill.
kroner som følgje av overføring av oppgåver frå Helsedirektoratet.
Midlane er knytte til ein sekretariatsfunksjon for Statens råd
for funksjonshemma, Deltasenteret og sosial inkludering og er flytta
frå kap. 720 Helsedirektoratet, post 01 Driftsutgifter.
Det er føreslått å flytte 4,25 mill. kroner
til posten frå kap. 840 Krisetiltak, post 21 Spesielle driftsutgifter
til arbeid mot kjønnslemlesting og tvangsgifte.
Post
21 Spesielle driftsutgifter
Posten
dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak og utbetalingar
av godtgjeringar for medlemmene i Fordelingsutvalet.
Posten er føreslått redusert med 131 000 kroner.
Post
22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar
Posten skal dekkje reguleringspremie til KLP
og fylkeskommunale pensjonskassar.
Kap.
3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Diverse
inntekter
|
1 922
|
433
|
433
|
16
|
Refusjon
av foreldrepengar
|
1 535
|
|
|
17
|
Refusjon
lærlingar
|
75
|
|
|
18
|
Refusjon av sykepengar
|
1 372
|
|
|
|
Sum
kap. 3858
|
4 904
|
433
|
433
|
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og
tiltak. Inntektene er knytte til eigendelar i samband med deltaking
i
Hva med oss?
og inntekter i samband med
andre samlivstiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år
til år.
Kap.
859 EUs ungdomsprogram
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
, kan overførast
|
8 715
|
6 962
|
7 274
|
|
Sum
kap. 859
|
8 715
|
6 962
|
7 274
|
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og
tenester på det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein
må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3859 EUs ungdomsprogram,
som omhandlar Europakommisjonen sitt bidrag til drift av det nasjonale
kontoret og Eurodesk. Nettokostnaden på posten etter frådrag for
inntektene under kap. 3859 er Noreg sin nasjonale del av drifta
av det nasjonale kontoret for EU-programmet
Aktiv
ungdom
. Posten kan òg nyttast til å dekkje kostnader knytte
til evalueringa av programmet.
Kap.
3859 EUs ungdomsprogram
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Tilskot
frå Europakommisjonen
|
2 547
|
2 300
|
2 300
|
16
|
Refusjon
av foreldrepengar
|
216
|
|
|
18
|
Refusjon av sykepengar
|
147
|
|
|
|
Sum
kap. 3859
|
2 910
|
2 300
|
2 300
|
Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen
Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen
til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av EUs ungdomsprogram
Aktiv ungdom
. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
utarbeider ein årleg arbeidsplan for det nasjonale kontoret, og planen
blir godkjend av BLD og Europakommisjonen.
Programkategori
11.30 Forbrukarpolitikken
Hovudinnhald
og prioriteringar
Dei fleste
forbrukarane i Noreg nyt godt av høg og aukande velstand og kjøpekraft.
Vare- og tenestetilbodet blir stadig utvida og endra som følgje
av teknologisk og økonomisk utvikling og kulturell endring. Samtidig
kjem det til syne sosiale og økonomiske grenser for ein vidare
forbruksvekst. Dette stiller nye krav til både forbrukarane og
forbrukarpolitikken.
Materielt forbruk,
og særleg forbruk av ressursar som ikkje kan fornyast, er ei belastning
for naturgrunnlaget. Det økologiske systemet stiller nye krav til
forbruket . Det er nødvendig med kollektive tiltak for å redusere
eller endre forbruket. Samtidig er det nødvendig at den enkelte
forbrukaren tenkjer igjennom og korrigerer forbruksvanane sine ut
frå omsyn til miljøet. Det er derfor viktig med tilgjengeleg informasjon
som legg tilrette for opplyste val.
Ny
teknologi, særleg digital informasjonsteknologi, endrar kvardagslivet
på mange område. Teknologien medverkar til stadig nye og betre tenester
og til nye omsetningsformer som nett- og mobilhandel. Nyskaping
og hyppige endringar fører til at forbrukarane heile tida må omstille
seg og ta til seg ny kompetanse. Fleire sentrale tenester blir utførte
elektronisk og på nett, inkludert samhandling med det offentlege.
Dermed blir det nødvendig å meistre bruk av teknologien for å fungere
godt i samfunnet. Det er viktig å hindre at det oppstår nye klasseskilje
mellom dei som meistrar teknologien, og dei som ikkje gjer det.
Handel og kommunikasjon over opne nett inneber også store utfordringar
mellom anna når det gjeld personvern og informasjonstryggleik.
Økonomisk globalisering, i tydinga at nasjonale marknader
blir opna, blir meir like og vevde saman gjennom auka internasjonal
handel, endrar også situasjonen til forbrukarane. Produksjonsstaden
er blitt mindre viktig fordi særpreg og forskjellar knytte til
opphavslandet til produkta blir viska ut når alt blir standardisert
og produksjonen skjer i regi av store multinasjonale selskap. På
den andre sida engasjerer mange forbrukarar seg når det kjem fram
opplysingar om uakseptable forhold ein stad i verdikjeda, til dømes
miljøkriminalitet, barnearbeid, eller rovdrift på arbeidskraft.
Behovet for informasjon om pris, kvalitet og standardane som leverandørane
følgjer, gjeld både varer og tenester.
Kompleksiteten
og informasjonsgrunnlaget som forbrukarane står overfor i eit moderne
samfunn, gjer at risikoforhold knytte til varer eller tenester blir
vanskelege å få oversikt over. I dei seinare åra har det til
dømes blitt utvikla nye produkt innanfor marknadene for bank-,
finans- og forsikringstenester som det ofte er vanskeleg for forbrukarane
å forstå og velje imellom. Spørsmåla om til dømes mogleg helsefare
knytt til stråling frå trådlause nett og mobiltelefonar, illustrerer også
kompleksiteten og utryggleiken som mange forbrukarar opplever kring
nye produkt.
Det ligg store utfordringar
i å sikre forbrukarane gode rettar og god informasjon når dei
skal gjere val som har store konsekvensar for privatøkonomien,
til dømes i samband med kjøp og sal av bustader. Ofte oppstår
det konfliktar som kunne vore unngått om informasjonsgrunnlaget
hadde vore betre.
Undersøkingar viser
at mange av dei som i dag får gjeldsordning, ikkje berre har økonomiske vanskar,
men også helse- og sosiale problem. Mange klarer ikkje å gjennomføre
gjeldsordninga, og ein relativt stor del av dei som klarer det,
får raskt nye gjeldsproblem. Utfordringa framover blir å sørgje
for at denne gruppa får tilstrekkeleg støtte og oppfølging. Det
er også nødvendig å sjå på tiltak for å førebyggje gjeldsproblem.
Universell utforming handlar om planlegging og
utforming av produkt og omgivnader for å oppnå eit inkluderande
samfunn med full deltaking og likestilling for alle. Dette inneber
at produkt og tenester skal vere utforma slik at flest mogleg kan nytte
dei utan spesialløysingar. Forbrukarinformasjon må til dømes
leggjast til rette for blinde og svaksynte og menneske med nedsett
kognitiv funksjon. Det er også viktig at informasjon om plikter
og rettar for forbrukarar blir gjort tilgjengeleg for grupper som
ikkje meistrar norsk.
Samanlikna med
mange andre land, har Noreg sterke forbrukarrettar. Ein må likevel
arbeide vidare både nasjonalt og internasjonalt med å tryggje
dei rettane som er etablerte, og med å utvikle dei i tråd med
nye behov.
Forbrukarpolitikken skal gi
forbrukarane ei sterk stilling i samfunnet, og medverke til eit
meir etisk og miljøforsvarleg forbruk. Forbrukarorganisasjonane
har ei viktig rolle i dette arbeidet ved å uttrykkje brukarane
sine interesser overfor både næringsliv og offentlege verksemder,
og ved å bidra til at det blir teke omsyn til forbrukarane i samband
med offentlege vedtak.
BLD har hovudansvaret
for å fremme forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet
forvaltar viktige forbrukarlover, og har ansvar for fleire sjølvstendige
institusjonar som tek hand om rettane og interessene til forbrukarane.
Forbrukarpolitikken er elles prega av at ansvaret for viktige tiltak
og regelverk er fordelt på mange departement og tilsynsorgan som
ofte må samarbeide for å ta hand om omsynet til forbrukarane.
Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken inneheld
løyvingar til Forbrukarrådet, Forbrukarombodet, Statens institutt
for forbruksforsking, Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet,
Stiftelsen Miljømerking, og forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt
samarbeid. Budsjettforslaget på programkategorien inneber ei styrking
på om lag 2,9 prosent samanlikna med vedteke budsjett for 2010.
Forbrukarrådet er den største og mest vidfamnande
reiskapen for å oppfylle måla for forbrukarpolitikken. Formålet
for Forbrukarrådet er å arbeide for auka forbrukarinnverknad i
samfunnet, bidra til ei forbrukarvennleg utvikling, og fremme tiltak
som kan betre stillinga til forbrukarane.
Forbrukarombodet
har som hovudoppgåve å føre tilsyn med at marknadsføringa og
avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova.
Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har
som formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå
omsynet til forbrukarane. Instituttet medverkar med forskingsbasert
kunnskap til styresmakter, politikarar, næringsliv, organisasjonar
og forbrukarar.
Forbrukartvistutvalet
(FTU) avgjer mellom anna klagesaker i samband med forbrukarkjøp
og handverkartenester, når handsaminga til Forbrukarrådet ikkje
fører fram.
Marknadsrådet (MR) avgjer
saker etter marknadsføringslova, når forhandlingar mellom Forbrukarombodet
og næringsdrivande ikkje fører fram.
Stiftelsen
Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte
Svanen, den fellesnordiske ordninga for positiv miljømerking av varer
og tenester. Miljømerking er i tillegg ansvarleg organ i Noreg
for Blomen, miljømerkeordninga til EU.
Mål
For 2011 blir desse måla prioriterte:
Hovudmål
|
Delmål
|
7.
Ei sterk stilling for forbrukarane
|
7.1:
Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane
|
|
7.2:
God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet
|
|
7.3:
Informerte og opplyste forbrukarar
|
|
7.4:
Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken
|
8.
Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk
|
8.1:
Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av
forbruksval
|
Resultatrapport og strategiar
Delmål
7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009) under kap.
860 Forbrukarrådet, kap.865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt
samarbeid og kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking.
Forbrukarrådet evaluerte fleire spareprodukt
i 2009, deriblant strukturerte spareprodukt, eigedomsinvesteringar
og individuell pensjonssparing (IPS). Evalueringane danna grunnlag
for dialog med utvalde finansinstitusjonar som tilbyr slike produkt.
Bankklagenemnda uttalte seg i 2009 i favør
av ein kunde som hadde kjøpt eit lånefinansiert spareprodukt hos
DnB NOR, men tapt pengar. Bankklagenemnda meinte den venta avkastinga
av produktet var for låg i forhold til kostnadene, og at kunden
burde bli stilt som om investeringa ikkje var gjort. Banken ønskte
ikkje å følgje uttalen til nemnda. Forbrukarrådet valde derfor
å støtte kunden i ein rettsleg prosess for å få slått fast
at det er uakseptabelt av finansleverandørar å tilby produkt som
dei veit eller burde vite ikkje er til gunst for kundane. Tingretten
gav i juni 2010 kunden medhald, men banken har varsla at saka vil
bli brakt vidare i rettssystemet.
Forbrukarrådet
undersøkte korleis det nye regelverket for sal av investeringstenester
frå bankar og verdipapirføretak (MiFID-reglane) verkar. Undersøkinga
viste at det i over halvparten av dei undersøkte finansielle rådgivingssamtalane
blei gjort brot på reglane for korleis spareprodukt skal seljast.
Undersøkinga såg nærmare på opplæringa som bransjen har av
seljarane. Forbrukarrådet har medverka til at det no er etablert
ei autorisasjonsordning for finansielle rådgivarar. Ordninga blir
driven av ein eigen organisasjon etablert av bransjen sjølv. Målet
er å styrkje kvaliteten på den finansielle rådgivinga overfor
kundane.
Forbrukarrådet arrangerte fleire
tema- og rundbordskonferansar om seljar- og rådgivarrolla innanfor
bank- og finansnæringa. Gjennom fleire utspel i media tok Forbrukarrådet
også opp tvilsamt sal av spareprodukt. Målet var å skape større
aktsemd blant forbrukarar mot denne typen produkt.
Forbrukarrådet fremma i media alternative perspektiv
på fleire typar finansielle produkt som blir marknadsførte som
veldig fordelaktige eller uunnverlege. Forsikringar mot ID-tjuveri
og barneforsikringar er døme på slike produkt som Forbrukarrådet
stilte spørsmål ved.
Finansportalen
(
finansportalen.no
) stod sentralt i arbeidet
med å få presentert forsikringsvilkår på ein meir forståeleg
og samanliknbar måte for forbrukarane. I 2009 blei det mellom anna
utvikla normvilkår for skadeforsikringar.
Forsikringsbransjen
etablerte i 2009 ei godkjenningsordning for forsikringsseljarar.
Forbrukarrådet var ein av pådrivarane for ordninga, som venteleg
vil føre til meir balanserte salsprosessar der det blir lagt større
vekt på etikk og på forsikringsbehova til kundane. Forbrukarrådet
og bransjen stiller felles krav til undervisningsopplegget. Per
1. august 2010 var 142 bedrifter tilslutta ordninga med bransjegodkjenning.
Forbrukarrådet heldt fram med å påverke styresmakter
nasjonalt og på EU-nivå for å få etablert lovvern av forbrukarrettar
som er formålstenlege og balanserte på marknaden for digitale
varer og tenester. Gjennom eit prosjekt om personvern, nettnøytralitet
og tryggleikskopiering sette Forbrukarrådet i tillegg søkjelyset
på det manglande vernet rådet meiner kundane har i samband med kjøp
av digitale ytingar.
Ei vurdering av
personvernet i nye sosiale medium resulterte i at Forbrukarrådet
våren 2010 klaga inn mellom andre Facebook til Datatilsynet for
ikkje å ta nok omsyn til personvernet.
Forbrukarrådet
førte vidare kontakta si med Konkurransetilsynet og Kredittilsynet
(no Finanstilsynet) for å sikre at det blir lagt større vekt på forbrukaromsyn
i handsaminga av tilsynssaker.
Forbrukarrådet
fremma fleire forslag i samband med prosessen som er i gang om gjennomføring
av EU-forordninga om passasjerrettar på jernbane og forordninga
om passasjerrettar i vegtransportsektoren. Forbrukarrådet tok mellom anna
til orde for at reglane frå forordningane bør bli tekne inn i
ei eiga forbrukarlov om passasjerrettar. Prosessane om EU-forordningane
blei ikkje avslutta i 2009, og Forbrukarrådet har derfor arbeidd
vidare med dette inn i 2010. Forbrukarrådet gav innspel til ein
pendlargaranti som skal gi kompensasjon for gjentekne avvik i rutetilbodet.
Forbrukarrådet sluttførte eit arbeid for å
sikre forbrukarrettane i samband med at det skal innførast justerplikt
og eit nytt takstsystem (parallelltakst) for drosjer.
Forbrukarrådet arbeidde vidare med å få etablert
betre klageordningar for reisande med kollektive transportmiddel.
Forbrukarrådet la stor vekt på omsynet til
universell utforming i samband med endringar av Forbrukarportalen
og Finansportalen.
Forbrukarrådet gjorde
ei undersøking av informasjonen som blir gitt ved kjøp av mobiltelefon
og mobiltelefonabonnement i butikk. Undersøkinga såg også på
lønnsemda ved å kjøpe mobiltelefon med og utan binding til eit
abonnement. Undersøkinga viste at det oftast lønner seg å kjøpe abonnement
på Internett.
Ei ny marknadsføringslov
blei vedteken i 2008 og sett i kraft 1. juni 2009. Ei ny forskrift
om sakshandsaminga til Forbrukarombodet og Marknadsrådet blei vedteken
5. juni 2009. Forskrifta er ei oppdatering og forenkling av tidlegare
forskrifter etter den gamle marknadsføringslova. BLD og Forbrukarombodet
samarbeidde gjennom 2009 om å arrangere seminar for næringslivet
og andre interesserte om den nye lova.
Eit
forslag om ei ny lov om varer av edelt metall blei fremma for Stortinget
i Prop. 98 L (2009–2010) og vedteke i vårsesjonen 2010. Ordninga
med ein eigen edelmetallkontroll fell bort, og tilsynet med varer
av edle metall vil i staden frå årsskiftet 2010–11 bli gjort
av Justervesenet. Det gjeldande regelverket for merking av varer
av edle metall blir ført vidare, med nokre endringar. Den største
endringa er at minstekrava til finleik blir reduserte samanlikna
med det som gjeld for norskproduserte varer i dag. For gullvarer
er finleik den delen reint gull som blir stempla på vara.
På oppdrag frå BLD såg Statens institutt
for forbruksforsking (SIFO) nærmare på korleis det går med dei
som har vore gjennom ei gjeldsordning. Rapporten viste at situasjonen
jamt over har blitt betre på mange viktige punkt, men at mange år
med gjeldsproblem har sett klare spor hos skuldnarane.
BLD fekk i 2008 greidd ut om eit såkalla gjeldsregister
vil vere eit godt tiltak for å motverke gjeldsproblem i norske
hushald. Høyringa av utgreiingsrapporten stadfeste at det er ulike syn
på dette. BLD har førebels ikkje konkludert i saka.
EU-kommisjonen la i 2008 fram forslag til eit nytt
direktiv om forbrukarrettar. Direktivforslaget reviderer og erstattar
dei gjeldande direktiva om fjernsal, sal utanfor fast utsalsstad,
forbrukarkjøp og urimelege avtalevilkår, som alle er gjennomførte
i norsk rett. Forslaget baserer seg på totalharmonisering, slik
at medlemslanda ikkje kan ha reglar som avvik frå direktivet innanfor
dei områda dette gjeld for. Justis- og politidepartementet og BLD
samarbeider om oppfølginga av forslaget.
Utgangspunktet
for dei norske synspunkta er at forbrukarrettane samla sett ikkje
skal svekkjast. Noreg har gitt uttrykk for skepsis mot totalharmonisering
og samtidig føreslått forbetringar av reglane.
I 2009 blei det arbeidd aktivt for å påverke
prosessen i ulike EU-organ. Mellom anna blei det utarbeidd ei felles
EFTA/EØS-fråsegn i mars 2009.
For å
få til gode og balanserte standardar er det viktig med forbrukarinnverknad
i standardiseringsarbeid. Samarbeidet mellom Forbrukarrådet, Standard
Norge og departementet om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat
i Standard Norge blei ført vidare i 2009.
Takstlovutvalet
leverte sin rapport med forslag til nye reglar om kjøp og sal av
bustader til BLD i 2009 (NOU 2009:6
Tilstandsrapport
ved boligsalg
). Målet var å skape større tryggleik og betre
informasjon ved kjøp og sal av bustader. I utgreiinga blir det
mellom anna tilrådd reglar som skal auke bruken av tilstandsrapportar
om den tekniske tilstanden på brukte bustader som blir lagde ut
på sal til forbrukarar. Forutan informasjon om den tekniske tilstanden,
blei det føreslått at tilstandsrapportane skal innehalde opplysningar
om energiutnyttinga og førekomsten av radonproblem. Utgreiinga
blei sendt på høyring med høyringsfrist 1. november 2009. Saka
ligg no til vurdering i Justis- og politidepartementet som har ansvar
for avhendingslova.
Forbrukarrådet
deltok i ei arbeidsgruppe under Standard Norge som ser på høvet
til å få etablert ein Norsk Standard (NS) for tilstandsanalyse
av bustader som blir omsette i forbrukaravtaleforhold. Vidare arbeidde
Forbrukarrådet med spørsmålet om å etablere ei autorisasjonsordning for
bygningssakkyndige gjennom Standard Norge og ei arbeidsgruppe i
regi av Riktig utførte bygg (RUB).
Forbrukarrådet
medverka i arbeidet til regjeringa med å fremme fleire forslag
om endringar i lov- og regelverket for burettslag. Forslaga vil
medverke til å gjere det økonomisk tryggare å bu i burettslag
og gjenreise tilliten til burettslagsforma.
Strategiar
og tiltak for 2011
Samanlikna
med mange andre land, har Noreg sterke forbrukarrettar. Ein må
likevel arbeide vidare både nasjonalt og internasjonalt med å trygge
dei rettane som er etablerte, og å utvikle dei i tråd med nye
behov.
Eit viktig arbeid har vore å
påverke forslaget EU-kommisjonen kom med i 2008 om eit nytt direktiv
om forbrukarrettar (jf. nærmare omtale under
Resultatrapport
2009/10
). Forslaget til direktiv blir no handsama parallelt
i Rådet for Den europeiske union (Rådet) og Europaparlamentet.
Kommisjonen har gitt uttrykk for at det ikkje lenger er realistisk
med totalharmonisering av heile direktivet, og at det er meir aktuelt
med harmonisering av utvalde reglar. Ulike løysingar blir no vurderte
av dei ulike EU-organa, og innhaldet i eit endeleg direktiv er framleis
usikkert. Det er ikkje klart når direktivet blir vedteke, men handsaminga
vil truleg halde fram utover i 2011. BLD vil arbeide for at det endelege
direktivet blir mest mogleg i samsvar med norske forbrukarinteresser.
Ferieprodukt har i dei seinare åra vore inne
i ei stor utvikling. Direktiv 2008/122/EF av 14. januar 2009 om
deltidsbruksrett, langtidsferieprodukt, vidaresal og byte erstattar
det gjeldande timesharedirektivet frå 1994. Med
timeshare,
eller
tidspart,
meiner ein rett til bruk av
til dømes ein feriebustad i ein avgrensa periode av året.
Useriøse næringsdrivande har halde fram med dei
marknadsføringsmetodane som ein ønskte å stoppe med det gamle
direktivet. Nye produkt som liknar på timeshare, har kome til.
Desse produkta, til dømes ferieklubbar, fell ofte utanom verkeområdet
til det gamle timesharedirektivet. Det nye direktivet vil tette
fleire av hola som ein har sett i regelverket, og forbrukarvernet
vil bli styrkt.
Fristen for EU-landa
til å gjennomføre direktivet er 23. februar 2011. Det er enno
ikkje klart kva for frist Noreg vil få.
Det
er også venta at Europakommisjonen vil kome med forslag om eit
nytt og oppdatert direktiv om pakkereiser våren 2011. Eit slikt
forslag vil få konsekvensar for den norske pakkereiselova.
Gjeldsproblema blant private hushald er aukande.
Stadig fleire slit med å betale forbruksgjeld. Talet på misleghaldne
lån viser ein stigande tendens. Eit av dei viktigaste tiltaka for
å avhjelpe gjeldsproblema i private hushald er gjeldsordningslova.
Saksmengda etter gjeldsordningslova viser også ein stigande tendens.
Forsking, mellom anna frå SIFO, viser at det kan vere vanskeleg
for ein del svake grupper både å kome inn under lova og å gjennomføre
ei gjeldsordning.
Med heimel i marknadsføringslova
som tok til å gjelde 1. juni 2009, finst det fleire forskrifter
som gir tenesteytarar i ulike bransjar påbod å opplyse om prisane
på produkta og tenestene sine på ein bestemt måte. I tillegg
til særskilde forskrifter om serveringsstader, elektrisk kraft
og tannlegetenester finst det generelle forskrifter om varer og
tenester. Formålet med forskriftene er mellom anna å gjere det
enklare for forbrukarane å samanlikne prisar. Da den nye marknadsføringslova
blei sett i verk, blei det lagt til grunn at ein seinare skulle
sjå gjennom forskriftene med tanke på å oppdatere dei og styrkje
rettane til forbrukarane. Målet er at nye, reviderte forskrifter
kan tre i kraft i 2011.
I samband med
den nye marknadsføringslova blei det i 2009 innført nye og strengare
reglar om telefonsal. Målet med dei nye reglane er mellom anna
å gjere reservasjonsordninga mot telefonsal meir effektiv. På
oppdrag frå BLD skal SIFO i 2010 gå i gang med å evaluere korleis
reglane om telefonsal verkar. Evalueringa skal skje i fleire omgangar
og vere endeleg avslutta i 2014.
Arbeidet
med å utforme nasjonale og internasjonale standardar er ope for
alle interessentar som ønskjer å delta. Representantar for næringslivet
er ofte sterkt involverte. Det er derfor viktig å leggje til rette
for at forbrukarinteressene også kan få innverknad på arbeidet,
slik at ein får gode og balanserte standardar.
Forbrukarsekretariatet i Standard Norge er oppretta
for å fremme forbrukaromsyn og stimulere til forbrukardeltaking
i standardiseringa. Sekretariatet, som er eit samarbeid mellom BLD, Forbrukarrådet
og Standard Norge, vil bli ført vidare i 2011. Sentrale oppgåver
for sekretariatet er å koordinere og formidle forbrukarinformasjon som
er viktig i standardiseringa. Sekretariatet har vidare ei viktig
rolle når det gjeld opplæring av og rettleiing for deltakarar
i standardiseringsverksemd.
Delmål 7.2: God
og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St. prp. nr. 1 (2008–2009) under kap.
860 Forbrukarrådet, kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt
samarbeid og kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.
I november 2009 sette regjeringa ned eit utval som
skal greie ut det utanrettslege tvisteløysingstilbodet for forbrukarsaker.
Utvalet er sett saman av representantar frå mellom andre Forbrukarombodet,
Forbrukarrådet, Næringslivets hovedorganisasjon, Finansnæringens
fellesorganisasjon, Forbrukartvistutvalet og Forsikringsklagekontoret.
Mandatet har som utgangspunkt at den noverande tvisteløysingsmodellen,
som kombinerer eit offentleg tilbod gjennom Forbrukartvistutvalet
og bransjevise nemnder, skal førast vidare. Etter mandatet skal
utvalet greie ut kva for saker som bør omfattast av det utanrettslege
systemet, og korleis handsaminga bør leggjast opp for å bli mest mogleg
heilskapeleg og effektiv både i Forbrukartvistutvalet og i nemndene.
Utvalet skal leggje fram rapporten sin innan 31. desember 2010.
Forbrukarrådet arbeidde i 2009 for å oppnå
ei meir effektiv tvisteløysing i saker som var like for fleire
forbrukarar (småkravsprosess og gruppesøksmål). Rådet førte
også prinsipielle forbrukarsaker i rettsapparatet. I nokre saker
blei det inngått forlik.
Sekretariatet
for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet tok imot 1216 saker
til handsaming i FTU i 2009, mot 1029 saker i 2008. Sakene hadde
i snitt ei handsamingstid på 129 dagar, mot 154 dagar i 2008. Målet
om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader blei
dermed nådd. Reduksjonen i sakshandsamingstida heng mellom anna
saman med at det i dei seinare åra har vore arbeidd mykje med å
betre dei interne sakshandsamingsrutinane i sekretariatet.
Det kom i 2009 inn 18 saker til Marknadsrådet, mot
12 i 2008. Fire av sakene som kom inn, var såkalla orienteringssaker
frå Forbrukarombodet. Marknadsrådet gjorde vedtak i 13 saker.
Den gjennomsnittlege handsamingstida var på to og ein halv månad,
og målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og
ein halv månad blei dermed nådd.
Det
kom ikkje inn saker til Marknadsrådet frå Helsedirektoratet om
alkohol- og tobakksreklame.
For å gjere
det enklare å klage på kjøp i eit anna EU- eller EØS-land, har
Europakommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar
etablert eit nettverk av forbrukarkontor i dei fleste europeiske
landa. Nettverket blir kalla European Consumer Centre Network (ECC
Net). Kontoret i Noreg heiter Forbrukar Europa, og er lokalisert
saman med Forbrukarrådet. Forbrukar Europa kan vere til hjelp ved
alle tvistar knytte til kjøp av varer og tenester frå næringsdrivande
i utlandet. Kontoret kan berre yte hjelp i saker som gjeld handel
over landegrensene i EØS-området.
Forbrukar
Europa registrerte 1507 førespurnader i 2009. Av desse kom 1155
frå forbrukarar som hadde behov for juridisk bistand. Resten (352)
kom frå forbrukarar som ønskte informasjon, som regel i forkant
av kjøp. 80 prosent av førespurnadene kom frå norske forbrukarar.
Sidan oppstarten i 2007 har talet på førespurnader til Forbrukar Europa
auka med rundt 9 prosent kvart år.
Strategiar
og tiltak for 2011
Det er eit
viktig forbrukarpolitisk mål at forbrukarane har tilgang til rimeleg
og effektiv tvisteløysing. Samtidig skal handsaminga sørgje for
gode konkurranseforhold mellom dei næringsdrivande. Tilbodet for
utanrettsleg handsaming består hovudsakleg av Forbrukartvistutvalet
(FTU) og frivillige nemnder oppretta gjennom avtale mellom Forbrukarrådet
og dei enkelte bransjane.
Eit viktig
mål for FTU er at tilbodet om ei kostnadsfri og forenkla tvisteløysing
er allment kjent, at sakshandsaminga er rask og god, og at sentrale prinsipp
om rettstryggleik blir sikra. Sakene skal ha ei gjennomsnittleg
handsamingstid på under seks månader. Ein grunnleggjande føresetnad
for funksjonen til FTU som konfliktløysar og førebyggjande organ
er at utvalet har tillit, og at organet blir oppfatta som uavhengig
og nøytralt. Avgjerdene må ha god kvalitet, noko som mellom anna inneber
at dei er forståelege og godt grunngitte.
I
saker for Marknadsrådet som gjeld klage på marknadsføring etter
marknadsføringslova, er målet å oppnå ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid
på under tre og ein halv månad, rekna frå sakene kjem inn til
sekretariatet, til vedtaka blir sende ut til partane. For saker
som gjeld alkohol- og tobakksreklame, er det ikkje fastsett noko
mål for sakshandsamingstida. Sakene om alkoholreklame som har vore
oppe for Marknadsrådet til no, har vore store og med omfattande
innlegg frå begge sider. Ein må derfor rekne med noko lengre sakshandsamingstid
for desse. Som avgjerdene til FTU må også avgjerdene til Marknadsrådet
ha god kvalitet, vere forståelege og godt grunngitte. Det er viktig
at sakene får ei rask avgjerd med eit eventuelt forbodsvedtak og
tvangsgebyr, slik at Forbrukarombodet og Sosial- og helsedirektoratet
kan nytte vedtaka i sine tilsyn for effektivt å kunne stanse ulovleg
marknadsføring.
Rapporten frå utvalet
om det utanrettslege tvisteløysingssystemet vil bli sendt på høyring. BLD
vil vurdere eventuelle tiltak etter at høyringa er gjennomført.
Delmål
7.3: Informerte og opplyste forbrukarar
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St. prp. nr. 1 (2008–2009) under kap.
860 Forbrukarrådet og kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt
samarbeid.
Forbrukarrådet hadde omfattande
kontakt med forbrukarane gjennom om lag 85 000 telefonsamtalar,
23 000 e-postar og 3 millionar unike brukarar av Forbrukarportalen
(
forbrukerportalen.no
). Mange forbrukarar
nytta den nettbaserte klagerettleiinga som finst på Forbrukarportalen.
I 2009 svarte 80 prosent av dei spurte at dei var
godt nøgde med telefonsvartenesta til Forbrukarrådet. E-posttenesta
blei også undersøkt, og her svarte 64 prosent at dei var nøgde.
Berre 15 prosent svarte at dei var misnøgde.
Det har i dei seinare åra ikkje vore større
endringar i kva forbrukarane vender seg til Forbrukarrådet om.
Framleis er kjøp av bil, husleige og datamaskinar dei tre områda
Forbrukarrådet får flest spørsmål om.
BLD
finansierte i 2009 drift og vidare utvikling av Finansportalen (
finansportalen.no
). Portalen skal gi informasjon
til forbrukarane om tilbodet av finansielle tenester. Dagleg oppdatert
prisinformasjon gjer det enklare for forbrukarane å orientere seg
i marknadene for sparing, lån og forsikring.
Finansportalen
lanserte i 2009 både eit
Bytt bank
-verktøy,
normvilkår for skadeforsikringar, og ei løysing for samanlikning
av prisar på kredittkort og forbrukslån. I tillegg blei det gjort
ferdig ein foreløpig kravspesifikasjon for ein priskalkulatorar
på skadeforsikring (bil-, villa-, innbu- og reiseforsikringar).
Priskalkulatoren skal etter planen lanserast tidleg i 2011.
I arbeidet med å vidareutvikle Finansportalen er
det lagt vekt på finne fram til løysingar som skal lette bruken
av portalen for blinde og svaksynte.
Finansportalen
hadde i 2009 i overkant av 693 000 besøk. Dette var ein auke på
8,6 prosent frå 2008. Det var gjennom året relativt store svingingar
i trafikken. Statistikk viser at per 31. desember 2009 hadde til
saman 7 878 forbrukarar sendt e-post gjennom
Bytt
bank
-verktøyet. Av desse hadde 2955 gitt banken sin ein ny
sjanse, 3650 hadde bedt om tilbod frå ein ny bank, og 1273 hadde
bedt om å få byte bank.
Forbrukarrådet
gjennomførte fleire testar av servicenivået i kommunane. Det kom
fram at mange kommunar ikkje oppfyller pliktene dei har til å gi
rettleiing og informasjon til innbyggjarane.
Forbrukarrådet
har etablert kontakt med Kunnskapssenteret for helsesektoren og
Nasjonal eining for pasienttryggleik for å lette arbeidet med å
få på plass ein meir open helsesektor med gode kvalitetsindikatorar.
BLD samarbeidde med Forbrukarrådet om å gjere
informasjonsbrosjyrar om grunnleggjande forbrukarrettar tilgjengelege
på fleire språk. Det blei utvikla informasjon på engelsk, somali,
urdu og arabisk om kjøp av mobiltelefon, bruktbil, husleige, inkasso
og privatøkonomi. Det blei også etablert eit samarbeidsnettverk
mellom Vox – nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, Integrerings-
og mangfalddirektoratet, Oslo voksenopplæringssenter og Kontaktutvalget
mellom innvandrarar og myndigheitene (KIM) som skal fremme betre
forståing av forbrukarrolla og marknadsmekanismane hos forbrukarar
med etnisk minoritetsbakgrunn.
BLD fekk
i 2009 gjennomført eit prosjekt som kartlegg kva som finst av spesifikasjonar,
retningslinjer og standardar for universell utforming på ulike
tenesteområde, med sikte på vidare standardiseringsarbeid for
varer og tenester. Dette er eit av tiltaka i handlingsplanen til
regjeringa for universell utforming og auka tilgjenge 2009–2013.
Saman med dei andre nordiske landa og Estland
sluttførte Noreg arbeidet med å lage eit nytt måldokument om
innhaldet i forbrukarundervisinga i skolen. Arbeidet var ei vidareføring
av den nye rekommandasjonen frå OECD om forbrukarundervisning for
perioden 2009–2012. Noreg har teke del i utforminga av tilrådinga,
som særleg peikar på bindingane mellom forbruk og miljø og på
krava som barn og unge møter i det nye medie- og teknologisamfunnet.
Frå 2007 til 2009 leidde Høgskolen i Hedmark EU-prosjektet
Consumer Citizenship Network (CCN) under Sokrates-programmet i EU.
Representantar for 138 fagmiljø og organisasjonar i 33 land var
med. Prosjektet blei gjennomført med økonomisk bidrag frå Kunnskapsdepartementet og
BLD.
Arbeidet med å styrkje forbrukarundervisninga
i skolen blei vidareført gjennom eigne fagdagar for lærarstudentar
og ved at det blei lagt til rette for undervisningsstoff på Skolenettet
og i Skolemagasinet. Samarbeidet med VOX om digital kompetanse og
formidling av undervisningsstoffet blei også vidareført.
Strategiar
og tiltak for 2011
Informasjon
er eit av dei mest sentrale verkemidla i forbrukarpolitikken. At
forbrukarane har god og tilstrekkelig informasjon om tilbodet og
kunnskap om gjeldane rettar og plikter, er ein føresetnad for at
konkurransen i marknaden skal verke tilfredsstillande. Informasjon
fremmar forbrukarmakt og gjer det mogleg for forbrukarane å ta
velinformerte og medvitne val. Det offentlege forbrukarapparatet
har ei viktig informasjonsoppgåve overfor forbrukarane.
Tenestene til Forbrukarrådet er det viktigaste bidraget
i den offentlege forbrukarinformasjonen. Forbrukarrådet treff forbrukarane
kvar dag gjennom ulike kanalar: Forbrukarportalen (
forbrukerportalen.no
),
Finansportalen (
finansportalen.no
), Forbrukar
Europa (
forbrukereuropa.no
), Forbrukartelefonen,
e-post, klagenemnder, skriftleg kontakt og besøk på regionkontora.
Kontakten med forbrukarane er stabil og omfattande, og det er venta
kontakt med omkring 120 000 personar på telefon og e-post og 3
millionar unike brukarar av Forbrukarportalen i 2011. Forbrukarrådet
har som mål å gi hjelp til sjølvhjelp for flest mogleg forbrukarar
gjennom kompetent, effektiv og tilgjengeleg service. Forbrukarportalen
er sentral i servicearbeidet. For at forbrukarane skal kunne ta
aktive og informerte val, vil Forbrukarrådet halde fram med å
produsere og publisere informasjon og tenestetestar på denne portalen.
Økonomien til forbrukarane er eit sentralt område.
Finansportalen skal presentere nøkkelinformasjon om finansielle
produkt på ein enkel og oversiktleg måte. Dagleg oppdatert prisinformasjon
gjer det enklare for forbrukarane å orientere seg i marknadene
for banktenester, sparing, lån og forsikring. Ved å gjere det
lettare å samanlikne finansielle tenester vil portalen også bidra
til å stimulere konkurransen i personkundemarknadene.
Tidlig i 2011 skal det på Finansportalen lanserast
ei løysing der kundane kan samanlikne vilkåra for og prisane på
ei rekkje forsikringstenester. Løysinga er utforma i samarbeid
med forsikringsbransjen og er basert på at forsikringsselskapa
frivillig registrerer sine data. Nettsida vil også omfatte ei eiga
oversikt over prisar og ulike pengeoverføringstenester til utlandet.
Løysinga (
Sende pengar heim
), som blir
lansert hausten 2010, vil vere til nytte mellom anna for innvandrarar
som sender pengar til heimlandet. Private pengeoverføringar frå
innvandrarar til mottakarar i deira tidlegare heimland er på verdsbasis
fleire gonger større enn all internasjonal bistand til saman. Kostnadene
ved denne typen overføringar er også monalege. Målet med nettsida
er at marknaden for denne typen tenester skal bli meir gjennomsiktig,
og at transaksjonane dermed skal bli billegare, tryggare – og
i større grad skal skje i lovlege former.
Også
Forbrukarombodet og SIFO legg stor vekt på å bruke informasjon
som verkemiddel. Forbrukarombodet rettar informasjonen både til
forbrukarar og næringsdrivande for å førebyggje ulovleg marknadsføring
og bruk av urimelege kontraktar. Informasjon om den digitale marknadsplassen,
mellom anna om personvern, korleis ein kan unngå nettsvindel, og
vilkåra for mobile innhaldstenester, er område som er aktuelle
for ombodet framover. SIFO skal halde fram med å medverke aktivt
i samfunnsdebatten, med nyhende frå forbruksforskinga, og med kunnskap
om stillinga til forbrukarane og maktforholda i marknaden.
Departementet legg til rette for undervisning
i forbrukaremne i skolen. Elevane skal rustast til å meistre forbrukarrolla
og gjerast i stand til å opptre som bevisste og sjølvstendige
forbrukarar. Det er viktig å stimulere til sunne og kritiske haldningar
til reklame og annan informasjon, gjere barn og unge medvitne om
samanhengane mellom forbruk og miljø, og gjere dei dyktige på
den digitale arenaen. Departementet har teke initiativ til ei evaluering
av forbrukarkunnskapane til elevane når dei begynner på vidaregåande
skole. Evalueringa skal vere ferdig i første halvår av 2011. Venteleg
vil evalueringa gi eit godt grunnlag for å vurdere kva for forbrukaremne
som bør styrkjast vidare.
Delmål 7.4: Godt
kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St. prp. nr. 1 (2008–2009) under kap.
866 Statens institutt for forbruksforsking.
Innanfor
fagområdet
vitskapleg kunnskap om samanhengen
mellom teknologi, produkt, forbrukskultur og miljø
blei det
sett i gang seks nye prosjekt med ekstern finansiering til SIFO.
Det blei publisert fire tidsskriftsartiklar og åtte bokartiklar.
Forskingsresultata frå fagområdet blei formidla gjennom om lag
tretti registrerte føredrag.
To store
nye prosjekt om tekstilar blei starta opp med finansiering frå
Noregs forskingsråd (NFR). Eit prosjekt om forbruk av klede, mat
og velvere i Noreg og Sverige blei i 2009 vidareført gjennom eit
samarbeid med russiske forskarar. Vidare studerte SIFO funksjonelle,
tryggleiksmessige og miljømessige eigenskapar ved produkt. SIFO
koordinerte også to EU-prosjekt innanfor det sjuande rammeprogrammet
for forsking (BARENERGI og NANOPLAT).
Innanfor
fagområdet
vitskapleg kunnskap om økonomien,
kompetansen og åtferda til forbrukarane
blei det sett i gang
fire nye prosjekt med ekstern finansiering. Det blei publisert fire
tidsskriftsartiklar og sju bokartiklar. Forskingsresultata frå
fagområdet blei formidla både via føredrag og pressa.
Den årlege SIFO-surveyen skal auke innsikta i
korleis forbrukarane orienterer seg og gjer val. I 2009 svarte respondentane
mellom anna på spørsmål om økonomi, reklame og miljø. Det kom
mellom anna fram at personar over seksti år er dei som har det
minst aktive forholdet til sin eigen bankøkonomi, og som i minst
grad byter bank.
SIFO arbeidde vidare
med å utvikle kvaliteten på og nytteverdien av standardbudsjettet
for forbruksutgifter. Standardbudsjettet er ikkje eit minimumsbudsjett,
og det blei derfor også arbeidd med å utvikle moglege minstestandardar
for forbruksutgifter.
To prosjekt om
gjeldsrådgiving, finansierte av NAV, blei starta opp. Internasjonalt
følgde instituttet opp samarbeid med The European Credit Research
Institute (ECRI), Handelshøjskolen i København og miljø i Storbritannia
om gjeldsproblematikk.
SIFO forska elles
på spørsmål knytt til utvikling og forbruk av breibandsbaserte
produkt og tenester, på stillinga til forbrukarane i samband med
elektronisk handel og på barn som brukarar av digitale medium,
medrekna spel. Eit arbeid for å stille saman kunnskapane instituttet
allereie har om kjønn og forbruk, blei starta opp.
Innanfor fagområdet
Forbrukarmarknader
og politikk
blei det sett i gang tre nye prosjekt med ekstern
finansiering. Det blei publisert seks tidsskriftsartiklar og seks
artiklar i bøker. Forskingsresultata blei formidla gjennom nærmare
førti registrerte føredrag og gjennom media.
I 2009 studerte SIFO mellom anna ulike forhold
knytt til mobiltelefonmarknaden og marknaden for brune- og kvitevarer.
Instituttet deltok i fleire EU-prosjekt, mellom anna Animal Welfare, som
ser nærmare på korleis ein kan kome fram til merkeordningar på
EU-nivå som kan medverke til å gjere forbrukarane meir medvitne
om dyrevelferd. SIFO deltok også i fleire prosjekt om kvalitetsmerking
av mat og i studiar om forholdet mellom mat og helse.
Av totalt 45 tilsette forskarar ved SIFO i 2009 hadde
15 doktorgrad. Seks av forskarane hadde forskar I-kompetanse. Elleve
doktorgradsprosjekt var under arbeid i 2009. Fem av desse blei etablerte
i 2009. Ein doktorgrad blei fullført.
Prosjekt
finansierte av Forskingsrådet, utgjorde 20 prosent av totalbudsjettet,
eller 50 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga frå departementet.
Dette er klart høgare enn i 2008. Den delen av prosjekta som var
finansiert frå forskingsprogrammet til EU, var på vel 5 prosent, eller
14 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga. Dette er om lag
det same som i 2008.
Formidlinga frå
SIFO av forskingsresultat gjennom føredrag, populærvitskapelige
artiklar, kronikkar og medieomtale var omfattande. Instituttet både
deltok i og var arrangør av konferansar og seminar om ulike forbrukartema.
Syttiårsjubileet til SIFO blei brukt til å profilere og diskutere forbruksforskinga.
Instituttet hadde 15 publiseringar i tidsskriftsartiklar
med fagfellevurdering (
referee
). Fire
av dei 15 artiklane hadde ekstern medforfattar. Vidare hadde instituttet
12 pressemeldingar, 2114 medietreff og 12 kronikkar.
Strategiar
og tiltak for 2011
Ein aktiv forbrukarpolitikk
føreset god dokumentasjon om tilhøva for forbrukarane i Noreg.
Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har ei sentral rolle
når det gjeld å få fram, forvalte og formidle kunnskap som er
viktig for situasjonen til forbrukarane. Kunnskapen skal vere til
nytte for styresmakter, politikarar, næringsliv, organisasjonar
og forbrukarar.
For departementet er
det avgjerande at SIFO overvaker og følgjer utviklinga i ulike
forbrukarmarknader og formidlar kunnskap som er relevant for den
forbrukarpolitiske debatten. Ei oppgåve i 2011 vil vere å vedlikehalde
og vidareutvikle SIFO sitt standardbudsjettet for forbruksutgifter.
I samband med dette skal det mellom anna utviklast minstestandardar
og standardar for bestemte formål, og det skal gjennomførast forsking
retta mot bruken av standardbudsjettet. Gjennom regelbunden datainnsamling
frå eit representativt utval av forbrukarar (SIFO-surveyen) og
vidareføring av samarbeidet med departementet, Forbrukarombodet
og Forbrukarrådet også om andre undersøkingar, vil stillinga
til forbrukarane i sentrale marknader bli kartlagd.
Hausten 2010 blir det gjennomført ein kvalitativ
studie om kjøp og sal av brukte bustader. Bustadomsetjing er krevjande
og inneber mange utfordringar for både kjøpar og seljar, og transaksjonskostnadene
er høge. Målet er at studien skal føre fram til eit samarbeid
i 2011 med dei aktuelle bransjeorganisasjonane om å leggje forholda betre
til rette for forbrukarane i bustadmarknaden. Studien skal også
utdjupe og supplere biletet av stillinga til forbrukarane som avteiknar
seg gjennom resultattavla for forbrukarmarknadene som EU-kommisjonen
arbeider med. Resultattavla – Consumer Markets Scoreboard –
er produktet av eit omfattande system for å overvake og dokumentere
situasjonen for forbrukarane i den indre marknaden. Det blir samla
inn store mengder data om mellom anna utsalsprisar, klagesaker og
produkttryggleik, og om kor tilfredse forbrukarane er i ulike marknader.
Vidare blir det gjort eigne studiar av enkeltmarknader eller -sektorar,
til dømes e-handel, finansielle tenester og elektrisitet. Under
EØS-avtala og rammeprogrammet for forbrukarpolitikk blir det arbeidd
for at flest mogleg av desse undersøkingane om forbrukarforhold
også skal inkludere data frå Noreg. Noreg er til dømes med i
ei omfattande forbrukarundersøking (survey) som dekkjer 51 vare-
og tenestemarknader i alle medlemslanda. Resultata frå undersøkinga
blir publiserte av EU hausten 2010.
Regionkontora
til Forbrukarrådet har, gjennom sin forbrukarservice, ein viktig
funksjon som kontaktpunkt mot enkeltforbrukarar. Statistikken over
desse kontaktane gir god oversikt over kva problem som finst. Dette
kunnskapstilfanget gir, saman med annan informasjon (til dømes
resultata frå nasjonale forbrukarundersøkingar og den europeiske
resultattavla), grunnlag for prioritering av arbeids- og satsingsområde
i forbrukarpolitikken.
Delmål 8.1: Medvit
og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval
Resultatrapport
2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt
i delmåla som blei presenterte i St. prp. nr. 1 (2008–2009) under kap.
860 Forbrukarrådet, 862 Positiv miljømerking og kap. 865 Forbrukarpolitiske
tiltak og internasjonalt samarbeid.
BLD
gav økonomisk støtte til Stiftelsen Miljømerking i Noreg for
å vidareutvikle og styrkje dei offisielle miljømerka Svanen og
Blomen.
Miljømerking nådde målet
for Svanen om å utvikle miljømerkingskrav for tre nye produktområde
i 2009.
Det blei gitt ut 133 nye lisensar
og registreringar for Svanen innanfor ulike produktgrupper. Målet
var å gi ut 60 nye norske lisensar og registreringar. I tillegg
blei fleire lisensar og registreringar utvida med nye produkt. Sidan
fleire lisensar og registreringar gjekk ut som følgje av reviderte
og skjerpte kriterium, blei nettoauken i lisensar og registreringar
på 92. Totalt var det ved utgangen av året 477 gyldige lisensar
og registreringar i Noreg, mot 385 ved utgangen av 2008.
For 2009 hadde Miljømerking som mål at 90 prosent
av innbyggjarane skulle ha kjennskap til Svanen. Ei undersøking
viste at kjennskapen var på rundt 94 prosent. Dette er det same
som i ei tilsvarande undersøking i 2008.
For
Blomen er det eit langsiktig mål å auke kjennskapen til 30 prosent.
Ei undersøking i 2009 synte at kjennskapen var på rundt 14 prosent.
Det var ingen signifikante skilnader i kjennskapen
til Svanen mellom kvinner og menn. For Blomen viste undersøkinga
at 19,1 prosent av kvinnene hadde kjennskap til merket, mot 9,4
prosent av mennene.
For å få til miljøforbetring
av varer og tenester blir miljømerkingskrava reviderte og skjerpte kvart
tredje til femte år. I 2009 blei åtte kriteriedokument reviderte,
medan målet var å revidere 15. Avviket frå målet hadde samanheng
med at nokre revisjonar kravde meir ressursar enn planlagt.
For å miljøforbetre varer og tenester er det også
viktig at lisensar og registreringar som går ut, blir fornya etter
skjerpte krav. I 2009 blei 56 lisensar og registreringar fornya.
Målet var å fornye 40.
Miljømerking
vidareførte arbeidet med informasjon om miljømerkte produkt som
enkle og trygge miljøval i kvardagen. Informasjonen er særleg
retta mot småbarnsforeldre og personar som arbeider med barn. Miljømerking
gjennomførte også ein kampanje for å auke kunnskapen om at svanemerkte
produkt er gode klimaval. Det er utarbeidd ei rettleiing for lisensinnehavarar
om korleis dei meir aktivt kan bruke Svanemerket i marknadsføringa
av produkt.
BLD gav økonomisk støtte
til vidareutvikling og marknadsføring av nettstaden
etiskforbruk.no
. Denne nettstaden skal
vere eit hjelpemiddel til personar som ønskjer å velje produkt
ut frå etiske og miljømessige kriterium. Frå 2010 vil
etiskforbruk.no
bli ein integrert del
av miljønettstaden til Grønn Hverdag.
BLD
gav i 2009 også økonomisk støtte til det nordiske prosjektet
Nice Fashion, som tek sikte på å fremme etisk og miljømessig
ansvar innanfor klede- og motebransjen via nettsida
nicefashion.org
.
Forbrukarrådet gjennomførte ei kartlegging av
vilkåra forbrukarane har for å gjere berekraftige val når dei
handlar daglegvarer. I kartlegginga blei prisen og eksponeringa
på utvalde produkt i 62 butikkar i Oslo, Bergen, Trondheim og Akershus
undersøkt.
Med heimel i merkelova er
det gitt ei rekkje forskrifter om merking av ulike typar varer,
mellom anna energimerking av hushaldsapparat og nye personbilar.
BLD la våren 2010 fram eit lovforslag (Prop. 99 L (2009–2010))
om endringar i merkelova og nokre andre lover. Lovendringane blei vedtekne
i juni. Endringane skal medverke til eit meir effektivt tilsyn og
betre etterleving av forskriftene. Det blir mellom anna innført
ein heimel for Noregs vassdrags- og energidirektorat og Statens
vegvesen til å gripe inn med tvangsmulkt og/eller gebyr ved brot
på forskriftene som dei fører tilsyn med (forskriftene om energimerking
av hushaldsapparat og nye personbilar).
I
tråd med handlingsplanen til regjeringa for miljø og etikk i offentlege
innkjøp, er det utforma ei rettleiing for etiske krav i offentlege
innkjøp. Rettleiinga blei lansert i januar 2009 og send ut til alle
statlege verksemder, kommunar og fylkeskommunar. Det operasjonelle
ansvaret for oppfølginga av tiltak i handlingsplanen knytt til
etikk i offentlege innkjøp er lagt til Direktoratet for forvalting
og IKT (Difi).
BLD deltok i ei internasjonal
arbeidsgruppe som utviklar ein ISO-standard for samfunnsansvaret
til alle typar organisasjonar. Standarden er venta ferdig mot slutten
av 2010.
Strategiar og tiltak for 2011
Departementet vil arbeide for å skape større
medvit om miljø- og klimakonsekvensar av forbruksval og av det
samla private forbruket, og medverke til å konkretisere kva eit
berekraftig forbruk betyr i praksis. Det er eit mål å skape større
engasjement i samfunnet om løysingar som fører til eit meir bærekraftig
forbruksmønster.
For at det skal være
mogleg for forbrukarane å gjere etiske og miljøtilpassa val, må
dei næringsdrivande finne det lønnsamt å produsere og investere
etisk, sosialt og berekraftig, slik at det finst reelle alternativ.
Det må også finnast lett tilgjengeleg, påliteleg og tilstrekkeleg
informasjon om etikk- og miljøaspekta ved produkta. Større innsyn
i og kunnskap om produksjonshistoria til produkt, gjennom openheit
i heile verdikjeda, er ein viktig føresetnad for at forbrukarane
ved bevisst og koordinert etterspørsel skal kunne medverke til
at næringsdrivande endrar produktsortiment og produksjonsmåtar.
Frivillige merkeordningar er ein metode for
å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om vala
som er gode for miljøet. Departementet vil medverke til å styrkje
og utvikle dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen vidare. For
å sikre at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden
aukar, er det viktig at forbrukarar og innkjøparar i enda større
grad etterspør slike. Departementet vil arbeide vidare med å auke
truverdigskapen til miljømerka Svanen og Blomen og kunnskapen om
dei, ikkje minst kunnskapen om at miljømerking tek klimaomsyn.
Etter oppdrag frå Stortinget skal BLD lage
ei oversikt over alle forbrukarretta merkeordningar, mellom anna
miljømerka, som er offisielle eller får offentleg støtte, og
formålet med ordningane. Den offentlege støtta vil bli vurdert
opp mot måloppnåinga til merkeordningane. Sidan oppdraget til BLD
delvis er overlappande med eit oppdrag Helse- og omsorgsdepartementet
(HOD) har fått om å gå igjennom reglane for matmerking, er det nedsett
ei arbeidsgruppe som skal sjå på ein del felles spørsmål. I
arbeidsgruppa deltek forutan BLD og HOD, også Fiskeri- og kystdepartementet,
Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet .
Departementet vil medverke til å utvikle informasjon
om etiske aspekt ved produkt og produksjonsmåtar. Slik informasjon
kan vere eit hjelpemiddel til å velje produkt ut frå etiske og
miljømessige kriterium. Også Forbrukarrådet vil halde fram med
arbeid for å gjere det enklare for forbrukarane å gjere etiske
og miljøforsvarlege kjøpsval, mellom anna ved å gjennomføre
produkttestar og ved å gi informasjon på Forbrukarportalen.
Det er viktig at næringsdrivande ikkje nyttar miljø-
og etikkargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa
si. Forbrukarombodet, som forvaltar marknadsføringslova, skal sjå
til at dette ikkje skjer, og arbeider for at forbrukarane skal få
riktig og relevant informasjon også om etiske og miljømessige
forhold ved varer og tenester.
Skolar
og barnehagar er ein viktig arena for å skape forståing for etikk-,
miljø-, ressurs- og klimaproblema og for å skapa sunne haldningar
til forbruk. Arbeidet til departementet med forbrukarundervisning
tek opp tema knytt til dette. Mellom anna blir det gitt støtte
til eit prosjekt, PERL – The Partnership for Education and Research about
Responsible Living, som er eit breitt, internasjonalt nettverk for
undervisarar og forskarar som utviklar utdanning for berekraftig
forbruk, sosial innovasjon og ansvarleg og berekraftig livsstil.
Nettverket legg mellom anna vekt på ei brei kompetanseutveksling
og på å skape nye læremiddel. Prosjektet blir støtta mellom
anna av EU-kommisjonen, UNEP og UNESCO.
I
tillegg til informasjon og haldningsarbeid med sikte på å endre
forbruket i ei meir berekraftig retning, er det behov for å utvikle
metodar for å beskrive den samla miljøbelastninga frå det private
forbruket på samfunnsnivå. Tidligare anslag som er foretatt indikerer
at effekten av betre teknologi og av meir miljøtilpassa produkt
omtrent blir utlikna av auken i det materielle forbruket over den
seinaste, slik at miljøbelastninga frå forbruket er omtrent uendra.
Eit mål er å bidra til at det kan målast ein nedgang i den samla
miljøbelastninga frå forbruket innan fem år.
Nærmare
om budsjettforslaget:
Utgifter under
programkategori 11.30 fordelte på kapittel
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Kap.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
860
|
Forbrukarrådet
|
94 137
|
105 449
|
108 760
|
3,1
|
862
|
Positiv
miljømerking
|
4 532
|
4 677
|
5 822
|
24,5
|
865
|
Forbrukarpolitiske
tiltak og internasjonalt samarbeid
|
22 882
|
13 028
|
13 432
|
3,1
|
866
|
Statens
institutt for forbruksforsking
|
25 660
|
26 481
|
27 041
|
2,1
|
867
|
Sekretariatet
for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet
|
6 852
|
7 536
|
7 752
|
2,9
|
868
|
Forbrukarombodet
|
21 212
|
20 888
|
21 495
|
2,9
|
|
Sum
kategori 11.30
|
175 275
|
178 059
|
184 302
|
3,5
|
Utgifter under programkategori 11.30 fordelte
på postgrupper
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post-gr.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
01-23
|
Drift
|
46 570
|
37 068
|
38 159
|
2,9
|
50-59
|
Overføringar
til andre Statsrekneskapar
|
119 797
|
131 930
|
135 801
|
2,9
|
70-98
|
Overføringar til private
|
8 908
|
9 061
|
10 342
|
14,1
|
|
Sum
kategori 11.30
|
175 275
|
178 059
|
184 302
|
3,5
|
Inntekter under programkategori 11.30 fordelte
på kapittel
|
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Kap.
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
Pst. endr.
10/11
|
3867
|
Sekretariatet
for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet
|
159
|
|
|
|
3868
|
Forbrukarombodet
|
1 330
|
|
|
|
|
Sum
kategori 11.30
|
1 489
|
|
|
|
Kap. 860 Forbrukarrådet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
50
|
Basisløyving
|
94 137
|
97 149
|
99 203
|
51
|
Marknadsportalar
|
|
8 300
|
9 557
|
|
Sum
kap. 860
|
94 137
|
105 449
|
108 760
|
Status for verksemda
Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon
som skal gjere forbrukarar dyktige og påverke styresmakter, organisasjonar
og næringsdrivande til å opptre meir forbrukarvennleg enn dei
elles ville gjort. I tillegg skal Forbrukarrådet gi bistand til
forbrukarar som har fått problem i samband med at dei har kjøpt
ein vare eller teneste, og som til dømes treng hjelp til å fremje
ei klage.
Forbrukarrådet er organisert
som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter
og eit styre.
Dei ti regionkontora til
Forbrukarrådet har ansvaret for lokale tenester til forbrukarane,
og har ein viktig funksjon som kontaktpunkt. Det forbrukarpolitiske
arbeidet blir leidd frå hovudkontoret i Oslo.
Forbrukarrådet hadde 135 tilsette fordelte
på 123,5 årsverk per 1. mars 2010. Av dei tilsette var 57 (42
prosent) menn og 78 (58 prosent) kvinner.
Post
50 Basisløyving
Posten dekkjer
lønnsutgifter til faste medarbeidarar, godtgjering til medlemmene
av styret, kontordrift og politiske aktivitetar, samt husleige i
Forbrukarrådet. Vidare dekkjer løyvinga kostnader med å greie
ut aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, og
kostnader med å bringe prinsipielle spørsmål inn for domstolane for
å få avklart kva som er gjeldande forbrukarrett. Løyvinga skal
også dekkje nasjonale utgifter i samband med deltakinga i
European Consumer Centres
-nettverket.
Løyvinga kan ha kjønnsrelevans, idet Forbrukarrådet
– særleg gjennom informasjonsverksemda si – kan medverke til
å jamne ut ulikskapar i til dømes kunnskapar som kvinner og menn
kan ha om forbrukarspørsmål.
Som forvaltingsorgan
med særskilde fullmakter er Forbrukarrådet gitt fritak frå det
statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet
§ 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulerte
i lov om statens tjenestemenn. Forbrukarrådet leverer årsrapport
til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten
§ 1.5.1.
Budsjettforslaget for 2011
er på 99,203 mill. kroner. Løyvinga på posten er føreslått
redusert med 0,958 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar.
Post
51 Marknadsportalar
Finansportalen,
som vart opna i januar 2008, skal gjere det enklare for forbrukarane
å samanlikne dei mange ulike produkta som finst på marknaden for
sparing, lån og forsikring, og medverke til betre konkurranse innanfor
finansnæringa. Den føreslåtte løyvinga skal dekkje kostnadene
til ordinær drift og vidareutvikling av Finansportalen. Løyvinga
dekkjer også ordinære driftskostnader til ei ny teneste for samanlikning
av kostnader ved å sende pengar til utlandet for privatpersonar.
Budsjettforslag for 2011 for post 51 er 9,557 mill.
kroner. Forslaget inneberer ei styrking på 1 mill. kroner for å
dekkje dei årlege driftskostnadene som har vist seg å vere noko
høgare enn det som vart lagt til grunn i det opphavlege budsjettoverslaget.
Kap.
862 Positiv miljømerking
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
70
|
Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv
miljømerking
|
4 532
|
4 677
|
5 822
|
|
Sum
kap. 862
|
4 532
|
4 677
|
5 822
|
Status for verksemda
Formålet med miljømerking er å stimulere
til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande
forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for
miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt og å rettleie
forbrukarar og innkjøparar.
Stiftelsen
Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte
Svanen, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking
av varer og tenester. Miljømerking er også ansvarleg organ i Noreg
for Blomen, miljømerkeordninga til EU.
Miljømerking
blir leidd av eit styre som består av representantar oppnemnde
av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon,
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, LO, Forbrukarrådet,
handelskjedene og miljøorganisasjonane.
Miljømerking
fekk i 2009 om lag 4,5 mill. kroner i statleg driftsstøtte frå
BLD. Av desse vart om lag 2,3 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som
følgjer av rolla som ansvarleg organ i Noreg for Blomen. I tillegg
fekk Miljømerking litt over 1 mill. kroner i støtte frå Miljøverndepartementet. Dei
samla inntektene var på om lag 22 mill. kroner. Hovuddelen av desse
var knytte til lisensiering av Svanen.
Miljømerking
hadde per 1. mars 2010 24 tilsette. Av desse var 14 kvinner.
Post
70 Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking
Posten dekkjer tilskot til administrasjon av
den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla
som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.
Det blir foreslått ei løyving på 5,822 mill.
kroner. Posten er auka med 1 mill. kroner. Styrkinga skal bidra
til å gjere merkene Svanen og Blomen betre kjent og byggje opp
statusen deira som offisielle miljømerke.
Kap.
865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
21
|
Spesielle
driftsutgifter
, kan overførast
|
18 506
|
8 644
|
8 912
|
79
|
Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk
, kan overførast
|
4 376
|
4 384
|
4 520
|
|
Sum
kap. 865
|
22 882
|
13 028
|
13 432
|
Post 21 Spesielle driftsutgifter,
kan overførast
Midlane på posten
blir i hovudsak nytta til å finansiere enkeltprosjekt, medrekna
utgreiingar, utviklings- og informasjonstiltak, som har særleg
relevans på forbrukarområdet. Ressursar blir nytta mellom anna
til arbeid med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skolen
og til informasjon om miljøkonsekvensar av forbruksval.
Løyvinga kan ha kjønnsrelevans, særleg ved
at informasjonstiltak og tiltak retta mot skolane kan medverke til
å jamne ut ulikskapar i kunnskapar og haldningar som kan finnast
hos gutar og jenter, kvinner og menn på forbrukarområdet.
Budsjettforslaget for 2011 er på 8,912 mill.
kroner.
Post 79 Rammeprogrammet
til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast
Mål
EFTA- og EØS-landa har sidan 2000 delteke i
rammeprogrammet til EU-kommisjonen om forbrukarpolitikk, på like
vilkår som EU-landa. Rammeprogrammet inneber at høvet for norsk
deltaking og medverknad blir forbetra. Midlane under programmet
blir nytta til å finansiere EU-kommisjonen sine eigne tiltak, samarbeidstiltak
mellom EU-/EØS-statane og støtte til europeiske forbrukarorganisasjonar.
Kriterium
for tildeling
Utgiftene Noreg
har i dei ulike programma til EU, blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel
som er nedfelt i EØS-avtalen og vil variere med utviklinga av nasjonalprodukta
(BNP) i EFTA- og EØS-landa.
Oppfølging og kontroll
Revisjonsretten i EU og internrevisjonen til
EU kontrollerer bruken av budsjettmidlane til dei programma som
Noreg deltek i, jf. elles EØS-avtalen.
Budsjettforslag
2011
Løyvingane på posten skal
dekkje kostnadene ved deltaking i rammeprogrammet til EU for forbrukarpolitikk.
Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierer med
svingingane i eurokursen, utviklinga i BNP, den faktiske aktiviteten
under programmet og det endelege EØS-budsjettet.
Det blir føreslått ei løyving på 4,52 mill.
kroner på posten.
Kap.
866 Statens institutt for forbruksforsking
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
50
|
Basisløyving
|
25 660
|
26 481
|
27 041
|
|
Sum
kap. 866
|
25 660
|
26 481
|
27 041
|
Status for verksemda
Statens institutt for forbruksforsking (SIFO)
har til formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut
frå omsynet til stillinga og rolla til forbrukarane i samfunnet.
Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter,
politikarar, næringslivet, organisasjonar og forbrukarar.
SIFO er organisert som eit forvaltingsorgan med
særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Drifta er finansiert
med ei basisløyving over statsbudsjettet og med prosjektinntekter.
Instituttet utfører prosjekt med finansiering frå statlege verksemder,
Noregs forskingsråd, EU, næringslivet og ulike organisasjonar.
Driftsinntektene til SIFO var i 2009 på vel
42,2 mill. kroner, mot 41,2 mill. kroner i 2008. Av desse var 25,6
mill. kroner basisløyving frå BLD. Resten, 16,6 mill. kroner,
var inntekter frå ulike eksterne oppdrag. I 2008 var basisløyvinga
frå BLD på 25,1 mill. kroner og inntektene frå eksterne prosjektoppdrag
på 16,1 mill kroner.
SIFO hadde 54 tilsette
fordelte på 48,7 årsverk per 1. mars 2010. Av dei tilsette var
34 (63 prosent) kvinner.
Post 50 Basisløyving
Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjering,
og utgifter til drift ved instituttet.
Basisløyvinga
omfattar fire hovudelement: løyving til grunnfinansiering av instituttet,
løyving til forvaltingsrelaterte oppgåver, løyving til strategisk
kompetanseutvikling og løyving til laboratorie- og testverksemda
til instituttet.
Som forvaltingsorgan
med særskilde fullmakter er SIFO gitt fritak frå det statlege
bruttobudsjetteringsprinsippet, jf.
Bevilgningsreglementet
§
3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva for dei tilsette er regulerte
i lov om statens tenestemenn. SIFO leverer årsrapport til departementet,
jf.
Bestemmelser om økonomistyring i staten
§
1.5.1.
Løyvinga har kjønnsrelevans
ved at kjønn er ein sentral variabel i mange av forskingsarbeida som
instituttet gjennomførar.
Det blir
føreslått ei løyving på 27,041 mill. kroner på posten.
Kap.
867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
|
6 852
|
7 536
|
7 752
|
|
Sum
kap. 867
|
6 852
|
7 536
|
7 752
|
Status for verksemda
Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet (FTU)
og Marknadsrådet har i oppgåve å førebu saker som skal avgjerast
i FTU og Marknadsrådet. Førebuinga av sakene for FTU legg beslag
på størstedelen av ressursane.
Forbrukartvistutvalet,
som består av ein leiar, tre nestleiarar og ti medlemmer, handsamar tvistar
om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande
og forbrukar, eller mellom private partar. Vedtaka er bindande for
partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir brakt
inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe
inn for FTU, må først ha vore handsama ved eit av regionkontora til
Forbrukarrådet. I dei seinare åra har det vore ein jamn auke i
talet på saker til FTU. Ein veit lite om grunnen til dette.
Marknadsrådet, som består av ein leiar, nestleiar
og sju medlemmer med personlege vararepresentantar, handsamar hovudsakleg
saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet.
I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkeføresegnene
i tobakkskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova.
Marknadsrådet er også klageinstans for vedtak som Statens medieforvaltning
har gjort i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame
for livssyn eller politiske bodskap.
Sekretariatet
hadde 8 tilsette (7,8 årsverk) per 1. mars 2010. Av desse var 5
kvinner.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til lønn for faste
medarbeidarar og andre driftsutgifter ved Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet
og Marknadsrådet. Posten dekkjer også godtgjersle og utgifter
til medlemmene i Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.
Det blir føreslått ei løyving på 7,519 mill.
kroner på posten.
Kap.
3867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
18
|
Refusjon av sykepengar
|
159
|
|
|
|
Sum
kap. 3867
|
159
|
|
|
Kap. 868 Forbrukarombodet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Driftsutgifter
|
21 212
|
20 888
|
21 495
|
|
Sum
kap. 868
|
21 212
|
20 888
|
21 495
|
Status og hovudoppgåver for verksemda
Forbrukarombodet skal føre tilsyn med at marknadsføringa
og avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova.
Saker som forbrukarombodet ikkje greier å løyse gjennom frivillige
ordningar, kan bringast inn for Marknadsrådet. Marknadsrådet kan
fatte forbodsvedtak mot aktuelle tiltak. Saman med forbodsvedtak skal
det som hovudregel også fattast vedtak om tvangsmulkt som den næringsdrivande
må betale dersom vedtaket ikkje blir følgt. I tillegg kan det etter
marknadsføringslova fattast vedtak om gebyr for lovbrot som allereie
har skjedd. Forbrukarombodet handhevar forskrifter om fibermerking
og vedlikehaldsmerking av tekstilar, og fører tilsynet med reglar
gitte i medhald av kringkastingslova og kredittkjøpslova. Forbrukarombodet er
nasjonalt kontaktpunkt for ehandel etter ehandelslova. Dessutan
har Forbrukarombodet ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring
av alternativ behandling. Gjennom marknadsføringslova fører Forbrukarombodet
også tilsyn med at rettane til forbrukarane i anna lovverk (til
dømes angrerettlova) blir tekne vare på. Forbrukarombodet skal
leggje vekt på å gjere verksemda kjent blant publikum og på å
informere publikum og næringsdrivande om innhaldet i lova og om
praksis.
Hovudmålet til Forbrukarombodet
er redusert førekomst av lovstridig marknadsføring og betre vern
for forbrukarar i standardkontraktar.
Resultatrapport
og strategiar
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei
presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Redusert
førekomst av lovstridige marknadsføringsmetodar
Den 1. juni 2009 blei ei ny marknadsføringslov
sett i kraft. Forbrukarombodet har brukt store ressursar på å
gi god informasjon til næringsdrivande om det nye regelverket.
Ombodet har utarbeidd fleire nye rettleiingar og hatt fleire møte
med bransjeorganisasjonar og større verksemder om ulike emne i
lova.
Forbrukarombodet har i 2009 òg
arbeidd mykje med prismarknadsføring og prismerking. Ombodet handsama
fleire store saker innan møbelbransjen og fekk fleire verksemder
til å slutte med villeiande salsmarknadsføring. I daglegvarebransjen
sette ein større aktør i verk ei omfattande prissamanlikning med
namngitte konkurrentar. Forbrukarombodet inviterte bransjen til
å utarbeide ei norm for bruk av prissamanlikningar, og norma blei
lagd fram i vår. Hausten 2009 hadde Forbrukarombodet ein omfattande kontroll
for å sjekke prismerking i daglegvareforretningar. Kontrollen viste
at prismerkinga i mange butikkar var mangelfull, og at det ikkje
var godt nok samsvar mellom prisen på vara og den prisen som blei
slått inn i kassa. Dette blei teke opp med aktørane. Ein tilsvarande
aksjon i vår synte at merkinga no var noko betre.
Forbrukarombodet handsamar framleis mange saker
om prisopplysningar i ekombransjen. Talet på saker har gått noko
ned, men Forbrukarombodet ser stadig nye variantar av villeiande
prisinformasjon i denne marknaden. Forbrukarombodet leier eit stort
prosjekt om prisstrukturar i mobilmarknaden, og dette er i rute.
Alle tiltaka i ein rapport om forbrukarmarknaden for mobiltelefoni
frå februar 2008 er vurderte og følgde opp gjennom ei rekkje møte
både i arbeidsgruppa (Post- og teletilsynet, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet)
og med mobiltilbydarane. Eit viktig, men omfattande tiltak er ei
bransjenorm for betre informasjon på fakturaer for å sikre at
forbrukarane får betre oversikt over forbruket sitt, og samtidig
gjere det enklare å samanlikne tilbod. Samarbeidet med bransjen
er i sluttfasen, og bransjenorma vert sett i kraft 1. november 2010.
SIFO har laga ein rapport (
Bundet til mobilmasten
)
som mellom anna peiker på fleire uheldige bindingar i denne bransjen,
både på tenester og mellom tilbydarar/distributørar/detaljistar.
Arbeidsgruppa har ein dialog om korleis ein skal redusere den uheldige
effekten av desse bindingane.
Forbrukarombodet
arbeidde mykje med finansielle spørsmål i 2009 og har mellom anna
kartlagt og laga eit omfattande notat om Individuell pensjonssparing
(IPS). I vidareføringa av dette har ombodet utarbeidd ei rettleiing
med krav til marknadsføring av IPS. Forbrukarombodet tek sikte på
å gjennomføre kontrollar med marknadsføringa av slike produkt
ved årsskiftet.
Ombodet har kartlagt
marknadsføringa av helseforsikring og barneforsikring og diskutert
saka med Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet
og forsikringsbransjen. Forbrukarombodet har sendt brev til bransjen
der det har klargjort sitt syn på korleis ein kan marknadsføre
slike produkt.
Forbrukarombodet har
sett krav til bankar som ønskjer å marknadsføre seg som gebyrfrie, og
det er sendt brev til bankane der ombodet stiller krav om betre
prisopplysningar på bankane sine heimesider. Forbrukarombodet fekk
ikkje medhald i Marknadsrådet i at det var urimeleg handelspraksis
å bruke vervekampanje i marknadsføringa av kredittkort.
Stadig fleire forbrukarar ønskjer å ta miljømessige
eller etiske omsyn i forbruket sitt. Da er det viktig at dei næringsdrivande
ikkje bruker miljø- og etikkargumentasjon på uriktig eller villeiande
måte i marknadsføringa. Forbrukarombodet har derfor utarbeidd
ei rettleiing for bruk av miljøargument i marknadsføring. Forbrukarombodet
har arrangert ein konferanse om bruk av klimapåstandar i marknadsføring
og utarbeidd ei rettleiing om emnet. Forbrukarombodet gjorde også
ferdig ei rettleiing for bruk av miljøpåstandar i marknadsføringa
av energiberarar til bustadoppvarming. Forbrukarombodet handsama
i 2009 mange saker om forskjellige miljøpåstandar og om bruk av
private miljømerke.
Barn og unge blir
utsette for mykje marknadsføring og kommersielt press. Eit viktig
tema for Forbrukarombodet har derfor vore å få avklart avtalekompetansen
til barn når dei bruker mobiltelefon og nett. Forbrukarombodet
har hatt diskusjonar med Justis- og politidepartementet og Stortinget
om dette og gitt innspel til den nye verjemålslova. I forarbeida
til lova er det no gjort ei rekkje viktige avklaringar om barn sin
avtalekompetanse på desse marknadene. Forbrukarombodet har også
diskutert dette med dei andre nordiske forbrukaromboda og teke opp
konkrete saker saman med dei.
Forbrukarombodet
har samarbeidd med Post- og teletilsynet, Forbrukarrådet, Barnevakten
og Telenor om mellom anna reglane om registrering av barn som brukarar
av telefon. Forbrukarombodet har dessutan vore svært aktivt med
informasjon til foreldre om kva dei kan gjere for å unngå at barna
får problem med store rekningar, og om kva dei kan gjere dersom
barna likevel får problem. Samtidig har Forbrukarombodet også
handsama svært mange klager på mobile innhaldstenester.
Betre
vern for forbrukarar i standardkontraktar
Forbrukarombodet arbeidde i 2009 med at standardkontraktar
som forbrukarar, skal vere klare og balanserte, og at dei ikkje
skal vere urimelege. I 2009 kom Forbrukarombodet til semje med bransjen
etter lange forhandlingar om ei bransjenorm for Internett-aksess.
Forbrukarombodet fekk medhald i Marknadsrådet i at vilkåra frå straumselskapa
om bindingstid og gebyr for å gå ut av straumavtala var urimelege.
Forbrukarombodet deltok i arbeidet med å lage ei rekkje nye standardkontraktar
for bustadoppføring og arbeid på bustad i Standard Norge. Kontraktane
blei lanserte 1. desember 2009, men dei er førebels ikkje tekne
i bruk av bransjen. Forbrukarombodet har også delteke i eit utval
utpeikt av Barne- og likestillingsdepartementet som har sett nærmare
på korleis ein kan gjere forbrukarane meir tilfredse med handverkartenester.
Den 1. desember 2009 blei det lansert ein rapport med ulike tiltak. Mange
bruker store summar på å leige bustad. Forbrukarombodet har gått
gjennom ei lang rekkje leigekontraktar frå studentsamskipnader og
har utarbeidd ein mønsterkontrakt som fleire samskipnader no har
teke i bruk. Forbrukarombodet har òg gått gjennom vilkåra til
ei rekkje private utleigarar.
Ein enklare og
tryggare marknad for elektronisk handel og kommunikasjon
Forbrukarombodet får kvart år inn mange klager frå
forbrukarar som har dårlege erfaringar med telefonsal. Forbrukarombodet
fekk fleire klager på telefonsal etter at den nye marknadsføringslova blei
sett i kraft. Over 800 klaga på at dei blei ringde opp sjølv om
dei hadde reservert seg mot telefonsal i Brønnøysundregisteret.
Forbrukarombodet fatta forbodsvedtak mot Intermedia for omfattande
oppringing til forbrukarar som hadde reservert seg. I denne saka
tok Forbrukarombodet for første gong i bruk sanksjonane som blei lagde
inn i marknadsføringslova frå 1. juni, men vedtaket blei oppheva
av Marknadsrådet.
Forbrukarombodet
fekk medhald i Marknadsrådet i at marknadsføringa av gratisturar
i eit selskap var villeiande. Forbrukarombodet vann også ei sak
om negativt sal i Romerike tingrett.
Forbrukarombodet
handsamar framleis mange klager på spam og vil leggje fram fleire saker
for Marknadsrådet til vurdering i 1. kvartal av 2010. Det ligg
førebels ikkje føre noko vedtak frå Marknadsrådet i desse sakane.
Mykje spam inneheld svindelkonsept. Forbrukarombodet deltek i ei
styringsgruppe for eit prosjekt om ID-tjuveri. Ombodet deltok òg
i den verdsomspennande aksjonen
Fraud Prevention
Month
.
Redusert førekomst av urimeleg
marknadsføring over landegrensa
Den
nye marknadsføringslova innfører mellom anna eit europeisk regelverk
som forbyr urimeleg marknadsføring. Europeisk samarbeid er derfor viktigare
enn tidlegare. Forbrukarombodet deltek aktivt i det europeiske nettverket
for organ tilsvarande ombodet i andre europeiske land (CPC) både
i møte, saker og prosjekt. Forbrukarombodet leidde eit prosjekt
om skattar og avgifter i flymarknaden. Rapporten frå prosjektet
blei lansert på ein pressekonferanse saman med EU-kommissær Meglena
Kuneva i Oslo. Forbrukarombodet deltok på to europeiske seminar
om tolkinga og praktiseringa av direktivet om urimeleg handelspraksis
(UCP-direktivet) som ligg til grunn for store delar av den nye marknadsføringslova.
Forbrukarombodet har òg gitt sitt syn på EU-kommisjonens rettleiing
om direktivet (UCP-guidelines), både skriftleg og munnleg. Forbrukarombodet arbeider
aktivt mot EU-kommisjonens framlegg til direktiv om forbrukarrettar,
og ombodet har mellom anna hatt møte med representantar i EU-parlamentet
og med EU-kommisjonen.
Ombodet har eit
nært samarbeid med dei andre nordiske forbrukaromboda og deltek
i eit verdsomspennande nettverk av organ motsvarande ombodet.
Strategiar
og tiltak for 2011
Redusere førekomsten
av lovstridig marknadsføring
Forbrukarombodet
skal bidra til å avdekkje når forbrukarane blir villeidde av usanne
påstandar om sal, førprisar og prisgarantiar. Det er viktig at opplysningar
som blir gitte i marknadsføringa, gir eit riktig bilete av innhaldet
i og kostnadane ved tenestene. Forbrukarombodet vil i 2011 prioritere marknadsføring
av bustader og prisinformasjon på telefonmarknaden. I tillegg vil
Forbrukarombodet sjå på telefonsal og spam på e-post og i tekstmeldingar.
Med den nye marknadsføringslova fall forbodet
mot tilgift og konkurransar vekk. Forbrukarombodet meiner slike
marknadsføringsformer kan innebere urimeleg marknadsføring til
barn. Forbrukarombodet vil følgje med på utviklinga av bruken
av slike verkemiddel og gripe inn mot lovstridige tiltak.
Forbrukarombodet vil bidra til å hindre at barn
og unge blir utsette for direkte kjøpsoppmaningar. Den aukande
bruken av Internett og mobiltelefon inneber at mindreårige kan
gjere avtaler og bruke pengar utan at dei møter seljaren fysisk.
Forbrukarombodet vil arbeide for å hindre at mindreårige gjer
avtaler der dei ikkje har rettsleg kompetanse.
Forbrukarombodet vil halde fram det internasjonale
arbeidet for å betre forbrukarvernet. I EU er det sett i gang eit
stort arbeid som tek sikte på å slå saman fleire direktiv til
eitt større (forbrukarrettsdirektivet). Forbrukarombodet har vore
kritisk til dette arbeidet, da direktivet skulle totalharmonisere
viktige spørsmål frå kontraktretten. Forbrukarombodet har arbeidd
tett med fleire departement og Forbrukarrådet mot dette direktivet. Arbeidet
med å påverke innhaldet i direktivet held fram i 2011. Forbrukarombodet
vil òg følgje opp EU-kommisjonens arbeid med ein felles europeisk
kontraktsrett, som blei lansert i ei grønbok før sommaren 2010.
Den nye marknadsføringslova frå 2010 er delvis
ei implementering av eit totalharmonisert europeisk regelverk som
forbyr urimeleg marknadsføring. Forbrukarombodet vil arbeide kontinuerleg
med å påverke tolkinga av direktivet, slik at terskelen for kva
som er villeiande eller urimeleg, blir sett på det nivået vi ønskjer
i Noreg.
Forbrukarombodet skal nytte
samarbeidet med dei andre europeiske landa til å redusere ulovleg
marknadsføring eller urimelege vilkår i tilfelle der utanlandske
selskap rettar seg til norske forbrukarar, og der norske selskap
rettar seg til forbrukarar i andre europeiske land.
Betre
vernet for forbrukarar i standardkontraktar
Forbrukarombodet vil i 2011 gjere ei vurdering
av standardkontraktar på ulike livsområde. Generelt er det viktig
at kontraktane er klare og balanserte, og at dei ikkje er urimelege.
Dei seinare åra har det vore ei stor utbygging av
moderne bustadkompleks. På grunn av til dømes svingande økonomi
har slike utbyggingar teke svært lang tid. Mange forbrukarar har
lidd økonomiske tap på grunn av den lange ventetida. Kontraktane
som er nytta i slike samanhenger, har ikkje alltid regulert forbrukarens
rettar ved forseinking på ein god nok måte. Forbrukarombodet vil
sjå til at kontraktane som no blir nytta, er betre på dette punktet,
og at dei elles ikkje er urimelege. Forbrukarombodet vil fortsetje
gjennomgangen av kontraktar for feriebustader.
Forbrukarombodet vil bidra til at kontraktane
i til dømes telefonmarknaden, TV-marknaden og privatskolemarknaden
ikkje inneheld bindingar som er urimelege for forbrukarane.
Handel på nett held fram med å auke. Forbrukarombodet
vil bidra til at forbrukarane ikkje blir utsette for urimelege kontraktar,
og at prosessane for å gjere avtaler må vere enkle og trygge.
Post
01 Driftsutgifter
Løyvinga skal
dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Forbrukarombodet.
Forbrukarombodet hadde 31 tilsette per 1. mars 2010. Av desse var
48 prosent kvinner.
Kap.
3868 Forbrukarombodet
|
|
|
|
(i 1 000 kr)
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2009
|
Saldert
budsjett 2010
|
Forslag
2011
|
01
|
Diverse
inntekter
|
783
|
|
|
16
|
Refusjon
av foreldrepengar
|
414
|
|
|
18
|
Refusjon av sykepengar
|
133
|
|
|
|
Sum
kap. 3868
|
1 330
|
|
|