4 Likestillingsomtale

Likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova pålegg offentlege styresmakter å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling på alle politikkområde.

Full likestilling mellom kvinner og menn er eitt av hovudmåla for BLD. Departementet har ei særleg pådrivarrolle for å integrere kjønns- og likestillingsperspektivet på alle politikkområde og forvaltingsnivå. Likestilling handlar om begge kjønn; det er framleis eit mål å betre situasjonen til kvinnene, men det er òg viktig å ha eit mannsperspektiv i likestillingsarbeidet.

4.1 Integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i budsjettet

4.1.1 Barne- og ungdomstiltak

Departementet legg vekt på å stimulere til likeverd og likeverdige høve for jenter og gutar. Dette blir mellom anna følgt opp gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom dialog og kontakt med ungdomsmiljø. Til dømes er likeverd og likeverdige høve for jenter og gutar eit kriterium BLD legg vekt på i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn , som rettar seg mot 23 bykommunar. Her blir det kvart år gitt støtte til fleire prosjekt som bidreg til å sikre dette. Temaet blir òg teke opp på konferansar BLD arrangerer, konferansar retta både mot barne- og ungdomsmiljøet og mot kommunesektoren. Kjønnsperspektivet er òg teke hand om i arbeid retta mot mobbing og trakassering blant barn og unge. Departementet legg vekt på å vere merksam på den retten barn og ungdom av begge kjønn har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og i samfunnsutviklinga. Òg når det gjeld forsking, utvikling av statistikk og anna innhenting av kunnskap om barn og unge, legg departementet vekt på å få informasjon om både jenter og gutar.

4.1.2 Barnevernet

Barnevernstenesta gir vern og omsorg til dei mest utsette barna og familiane deira, både barn som opplever omsorgssvikt, og barn som har alvorlege åtferdsproblem. Eit hovudmål for tenesta er å gi god og tilpassa hjelp, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet barna bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2009 viser at det framleis er fleire gutar enn jenter som tek imot tiltak av barnevernet. I 2009 var det rundt 55 prosent gutar og 45 prosent jenter som fekk eit eller anna barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga er den same dersom ein ser på talet på barn som var nye i barnevernet, eller barn som tok imot barnevernstiltak per 31. desember 2009.

Det er små kjønnsskilnader både når det gjeld talet på plasseringar i fosterheim og bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det er ei overvekt av gutar i barnevernsinstitusjonar, høvesvis 55 prosent gutar og 45 prosent jenter. Det er òg ein tendens til at gutar oftare har hjelpetiltak som til dømes støttekontakt og/eller besøks- og avlastingsheim enn jenter. Dei tek òg oftare imot behandlingstilbod som MST (multisystemisk terapi, 59 prosent gutar) og PMTO (foreldreopplæring, 65 prosent gutar).

BLD og Bufdir vil framleis ved utvikling av barnevernstiltaka ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette eksempelvis i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

Kvinner er i fleirtal blant dei tilsette i den statlege barnevernstenesta. Ved årsskiftet 2009/2010 var 35 prosent av dei tilsette i tenesta menn og 65 prosent kvinner. BLD og Bufdir arbeider for å få til ei jamnare kjønnssamansetjing blant dei tilsette, slik at brukarane i større grad kan bli møtte av begge kjønna. Delen menn som blei tilsette i etaten i 2009, auka med 8 prosentpoeng frå 2008, frå 34 til 42 prosent. Blant tilsette med etnisk minoritetsbakgrunn er det ei jamnare fordeling mellom kjønna; 42,2 prosent menn og 57,8 prosent kvinner. Fordelinga av kvinner og menn i leiarstillingar er høvesvis 64 og 36 prosent.

Det er knytt særlege utfordringar til tilrettelegging for begge kjønn i omsorgstilboda for einslege mindreårige asylsøkjarar, jf. delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern . Det kjem mange fleire einslege mindreårige gutar enn jenter til landet. Om lag 85 prosent er gutar. Det må takast omsyn til dei kulturelle forskjellane mellom jenter og gutar som desse barna er vande med.

Bufdir har eit hovudansvar for implementering og vidareutvikling av eit foreldrerettleiingsprogram. Eit mål i programmet er at heile landet skal få eit likeverdig tilbod om foreldrerettleiingskurs. Det er likeins eit mål å få til grupper som er sette saman av begge kjønna, og eventuelt opprette eigne pappagrupper der det er behov for det.

4.1.3 Likestilling i innvandrarbefolkninga

I nokre innvandrargrupper er det store skilnader på menn og kvinner si deltaking i arbeidslivet. Menn har oftare røynsle frå yrkeslivet i opphavslandet og kvinner står i høgare grad utanfor arbeidslivet i Noreg enn menn. Regjeringa vil føre vidare og utvikle tiltak for å få fleire personar med innvandrarbakgrunn inn i arbeidslivet og unngå at personar med innvandrarbakgrunn fell ut av arbeidsmarknaden. Regjeringa vil særleg leggje vekt på at fleire innvandrarkvinner får arbeid.

Regjeringa vil framleis ha stor merksemd på introduksjonsordninga, som er eit viktig tiltak for at dei som kjem til landet fordi dei har behov vern, skal kunne få arbeid. Det er viktig å vidareføre dei gode resultata. Samstundes ser ein at kjønn og landbakgrunn har mykje å seie for resultata i introduksjonsprogrammet. Til dømes viser tal frå SSB at av menn frå Afghanistan går 81 prosent over til ordinært arbeid eller utdanning etter introduksjonsprogrammet. Tilsvarande resultat for kvinner frå Somalia er 34 prosent. Innvandrarane si tilknyting til arbeidsmarknaden blir sterkare med auka butid. Det gjeld også deltakarar i introduksjonsprogrammet, særleg kvinner. Av kvinnene som var ferdige med programmet i 2005, var 43 prosent i arbeid og/eller utdanning i november 2006, og talet auka til 57 prosent i november 2008. Mennene hadde ikkje ei tilsvarande positiv utvikling, men dei hadde høgare deltaking like etter at dei var ferdige med programmet.

Ny sjanse prøver ut kvalifiseringsprogram, etter den same modellen som introduksjonsprogrammet, for innvandrarar som over fleire år har mangla tilknyting til arbeidslivet. Innvandrarkvinner som er heime med barn, og som ikkje får sosialhjelp, har vore og er ei av målgruppene. Resultatrapporten frå IMDi for 2009 viser at 626 personar var deltakarar i Ny sjanse i 2009. Meir enn 50 prosent hadde bakgrunn frå Somalia (40 prosent) eller Irak (17 prosent). Den tredje største gruppa hadde bakgrunn frå Pakistan (10 prosent). 71 prosent av dei var kvinner. I snitt gjekk 42 prosent av alle deltakarane i 2009 til arbeid eller utdanning (40 prosent av kvinnene og 46 prosent av mennene). Resultata held seg på eit stabilt og høgt nivå. Frå starten i 2005 og fram til 2009 har totalt 43 prosent av deltakarane gått over til arbeid eller utdanning.

Forsøket med Ny sjanse blir ført vidare i 2011. Det blir retta særleg inn mot utvalde landgrupper med særleg høg arbeidsløyse eller låg sysselsetjing. Kvinner frå desse utvalde landgruppene vil vere ei hovudmålgruppe.

4.1.4 Forbrukarområdet

På forbrukarområdet er informasjon om og undervisning i forbrukaremne sentrale verkemiddel for å jamne ut ulikskapar mellom kvinner og menn, gutar og jenter. Undersøkingar i den vidaregåande skolen har tidlegare vist at gutar gjennomgåande skårar høgare enn jenter på kunnskap og dugleik som gjeld personleg økonomi, medan jenter skårar høgare enn gutar på tema knytte til mat og matvareutgifter.

BLD arbeider for å styrkje undervisninga i relevante forbrukaremne, slik at både gutar og jenter skal få betre føresetnader for å meistre praktiske forhold i kvardagslivet relaterte til forbruk. Tiltaka rettar seg mot elevar både i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, og mot lærarstudentar. Departementet har gjennom fleire år medverka til eigne fagdagar for lærarstudentar og lagt til rette for undervisningsstoff på Skolenettet og via Skolemagasinet . Foreldrepraten ( foreldrepraten.no ), som er eit diskusjonsopplegg for foreldremøte, er eit anna tiltak som framleis er aktuelt. I dette er det lagt inn oppgåver som problematiserer ulike vurderingar i synet på forbruket til gutar og jenter som det har vist seg at foreldre har.

Forbrukarrådet er den verksemda på forbrukarområdet som har den mest direkte kontakten med forbrukarar som treng råd og hjelp. Årleg får Forbrukarrådet over 100 000 telefonar og e-postar. Det er ingen klare skilnader mellom kvinnene og mennene som vender seg dit. Brukarundersøkingar har heller ikkje avdekt klare skilnader når det gjeld kor godt nøgde kvinner og menn er med hjelpa dei får.

4.2 Likestilling internt i BLD

4.2.1 Statistiske data

Det har vore ein auke i delen menn i departementet, frå 25 prosent i 2003 til 35 prosent i 2009. I 2008 var talet 34 prosent.

Kjønnsfordelinga i BLD er framleis skeiv. I mars 2010 var det 66 prosent kvinner av dei tilsette i BLD og 34 prosent menn.

Kjønnsfordelinga varierar mellom avdelingane, frå 24 prosent til 48 prosent menn. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågast lønte stillingane, spesielt gjeld dette kontorstillingane. Samstundes er det ei overvekt av kvinner i leiarstillingar: 60 prosent av ekspedisjonssjefane og 69 prosent av avdelingsdirektørane med personalansvar er kvinner.

I seniorrådgivargruppa er 62 prosent kvinner. Her er det ein auke i kvinnedelen med 5 prosentpoeng samanlikna med året før.

Samla sett ligg gjennomsnittslønna til menn 1,1 lønnstinn høgare enn gjennomsnittslønna for kvinner. Skilnaden var 1,5 lønnstrinn i favør av menn i 2008. Hovudforklaringa på lønnsskilnaden er den høge delen av kvinner i dei lågare stillingskategoriane. Ser ein på dei ulike stillingskategoriane, er det ingen vesentlege skilnader i avlønning av kvinner og menn.

Overtidsstatistikken for 2009 viser at det er samsvar mellom delen av kvinner i departementet og delen av kvinner som arbeider overtid.

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der kvinnedelen er høg. Departementet har òg vore merksam på å kalle inn kvalifiserte mannlege søkjarar til intervju. Tala viser likevel ein nedgang i delen av mannlege søkjarar til stillingar i departementet samanlikna med året før, frå 35 prosent i 2008 til 30 prosent i 2009. Det har likevel vore ein auke i delen tilsette menn, frå 30 prosent i 2008 til 40 prosent i 2009. Departementet har i 2009 praktisert moderat kjønnskvotering. Det inneber at dersom ei kvinneleg og ein mannleg søkjar er like kvalifiserte for stillinga, er det mannen som skal tilsetjast. Nedgang i talet på mannlege søkjarar er likevel i seg sjølv eit argument for å vurdere fleire tiltak for å betre kjønnsfordelinga.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne, har regelen i BLD vore at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er kvalifisert. Det same prinsippet gjeld for personar med innvandrarbakgrunn. Generelt ser det ut til at tiltaka til no ikkje har hatt stor effekt med sikte på å få fleire tilsette av desse underrepresenterte gruppene.

Det er eit overordna mål at samansetjinga av departementet langt på veg skal gjenspegle mangfaldet i samfunnet når det gjeld kjønn, alder, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. Samstundes skal kvalifikasjonsprinsippet vere rådande ved tilsetjingar, nemleg at den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast.

Skal BLD rekruttere fleire menn, personar med nedsett funksjonsevne og fleire med innvandrarbakgrunn, utan å svekkje kvalifikasjonsprinsippet, blir tiltak som kan auke talet på søkjararfrå desse gruppene særleg viktige. Det inneber at departementet må leggje større vekt på profilering i aktuelle medium og på nettstader som når desse gruppene. Dei siste åra har BLD nytta nettstaden inkludi.no for å nå potensielle søkjarar med innvandrarbakgrunn. I 2011 vil departementet utvide bruken av nettstader og andre medium for å nå fram til dei underrepresenterte gruppene.

Deltaking på arbeidslivsdagar på universiteta skal fortsette og eventuelt forsterkast mot enkeltstudiar for å profilere departementet betre ovanfor studentar.

Samstundes som BLD skal gjere profileringa eksternt meir målretta, skal departementet interntgå gjennomadministrative system og ordningar som innkjøpsrutinar, nettstader, lokalar, tilsettingsrutinar, og kompetansetiltak for å sikre best mogleg universell utforming. BLD vil vidare delta i felles traineeordning for personar med nedsett funksjonsevne.

BLD skal setje i verk tiltaka som er nemnde ovanfor i løpet av 2011.

Tabell 4.1 Tilsette/årsverk etter kjønn, tenesteforhold og etat per 1. mars 2010

Tilsette

Talet på årsverk totalt

Menn

Kvinner

I alt

Av desse

Årsverk menn

I alt

Av desse

Årsverk kvinner

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

189

183 65 63 2 65 124 96 28 118

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

209

200

82

77

5

80

127

107

20

120

Barne-, ungdoms- og familieetaen

4 951

4 329

1 711

1 198

513

1 477

3 240

2 300

940

2 852

Barneombodet

17

16

4

4

0

4

13

9

4

12

Forbrukarombodet

31

31

16

15

1

16

15

14

1

15

Forbrukarrådet

135

123

57

47

10

54

78

55

23

70

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

89

82

22

16

6

20

67

50

17

62

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

192

186

67

65

2

66

125

113

12

120

Likestillings- og diskrimineringsombodet

59

56

14

14

0

14

45

35

10

42

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

1

1

1

1

0

1

0

0

0

0

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene 6 5,5 1 1 0 1 5 4 1 4,5

Sekretariatet for marknadsrådet og forbrukartvistutvalget

8

8

3

3

0

3

5

4

1

5

Statens institutt for forbruksforsking

54

49

20

15

5

17

34

31

3

32