6.1 Innleiing
BLD har ansvaret for oppfølging av ei rekkje
rettslege og ikkje-rettslege internasjonale forpliktingar gjennom
BLD har som mål å styrkje EU/EØS-arbeidet gjennom
ei strategisk, systematisk og samordna tilnærming til det europeiske
samarbeidet. BLD har ein omfattande menneskerettsportefølje og har
som mål å sikre implementeringa av menneskerettane i Noreg.
6.2 Integrasjons- og mangfaldsområdet
6.2.1 Norden
Frå 1968 har det vore eit nordisk samarbeid
om felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. Det er gjort
avtale om gjennomføring av visse avgjerder om statsborgarrett for
nordiske borgarar frå eit anna nordisk land. Avtala er revidert
i 2010, men den endra avtala er ikkje underteikna enno og er dermed
ikkje sett i kraft. Kvart år er det nordiske embetsmannsmøte om
statsborgarskap der BLD deltek.
Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål
(NSHF)
er eit forum der landa uformelt drøftar problemstillingar på asyl-,
flyktning- og migrasjonsområde. Samarbeidet går i hovudsak på
spørsmål knytte til utlendingsregelverket, men har også oppe
tema på integreringsområdet. NSHF har to møte i året, eit embetsmøte
om hausten og eit kombinert ministermøte/embetsmøte om våren.
Det er Justis- og politidepartementet som koordinerer Noreg si deltaking
i NSHF, men BLD deltek når spørsmål knytte til integrering er på
dagsordenen.
Det eksisterer også eit
uformelt nordisk samarbeid på lågare nivå om integreringspolitikk.
Frå Noreg si side er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
(IMDi) som skjøttar dette samarbeidet.
6.2.2 EU
Utviklinga
av EU sin integreringspolitikk er i dag basert på ikkje-rettslege
tiltak og ikkje-bindande harmonisering av medlemslanda sin politikk.
Med Lisboatraktaten er det likevel introdusert ein heimel som opnar
for at fellesskapsorgana kan etablere tiltak og insentiv på feltet.
Politikk som blir utvikla i EU, påverkar Noreg, og det er derfor
viktig å samarbeide med EU også på integreringsområdet.
Drøftingar rundt integreringspolitikk baserer seg
på eit felles rammeverk for integrering som landa slutta seg til
i 2005. Rammeverket set opp ei rekkje grunnprinsipp som er retningsgivande
for medlemslanda si politikkutvikling. Utviklinga av politikken
på feltet skjer i stor grad via erfarings- og informasjonsutveksling
og via samarbeid om metodar for utvikling av integreringspolitikk. Noreg
har, som einaste ikkje-medlemsland, observatørstatus i EU-landa
sitt nettverk for integrering,
National Contact
Points on Integration
(NCP). Nettverket møtest jamleg og
er ein arena for informasjonsutveksling mellom landa. Nettverket
har møte ca. fire gonger i året.
Noreg
har delteke på alle EU sine ministerkonferansar om integrering.
Førebuinga til desse møta skjer i stor grad gjennom NCP. Den siste,
og fjerde, ministerkonferansen om integrering var i april 2010 i
Zaragoza, Spania.
I 2010 har Noreg, etter
avtale med EU-kommisjonen, ansvaret for
Peer
Review
, som er eit årleg seminar der EU-landa diskuterer
sosial inkludering. Det skal bidra til gjensidig læring gjennom utveksling
av erfaringar. Seminaret finn stad 18.–19. november 2010, og hovudtemaet
er
Immigrants entering to labour market –
success or failure.
6.2.3 Europarådet
Noreg er med i
styringskomiteen
for integrerings- og migrasjonsspørsmål
(CDMG) i Europarådet. Denne
komiteen leier arbeidet med spørsmål knytte til integrering og
innvandring i Europarådet. Komiteen følgjer opp sluttfråsegna
frå den 8. europarådskonferansen for integrerings- og migrasjonsministrar
i Kiev i 2008. I sluttfråsegna frå konferansen blir Europarådet
bedt om å utvikle ei heilskapleg tilnærming til økonomisk migrasjon,
utvikling og sosialt samhald. Europarådet blir også bedt om å
støtte medlemslanda i å setje i verk ei slik tilnærming gjennom
utveksling av informasjon og opplæring.
Samarbeidet
om statsborgarskap i Europarådet er ein del av justissamarbeidet
under
The European Committee on Legal Co-operation
(CDCJ).
Justis- og politidepartementet har koordineringsansvaret, og BLD
deltek etter behov. Europarådskonvensjonen av 6. november 1997
om statsborgarskap, som Noreg har underteikna, blei ratifisert 4.
juni 2009 og vart sett i kraft 1. oktober 2009. Konvensjonen samlar,
supplerer og utdjupar dei internasjonale konvensjonane om statsborgarskap
og har mellom anna som mål å fastsetje visse internasjonale prinsipp
og standardar på området.
6.2.4 OECD
Forsking og analysar som relevante internasjonale
organisasjonar og forum gjennomfører, er nyttige for Noreg. Det
er av særleg interesse å kunne samanlikne situasjonen for innvandrarar
og barna deira med situasjonen i land med ein tilnærma lik innvandringspolitikk,
liknande datagrunnlag og innvandrarar frå dei same opphavslanda.
Working party on migration er ein underkomité
til Komiteen for arbeid og sosiale spørsmål. Komiteen sine hovudoppgåver
er å analysere utviklinga av migrasjonsstraumar, å analysere OECD-landa
si politikkutvikling for internasjonal migrasjon og integrering
av innvandrarar og å bidra til å utvikle samanliknbar internasjonal
statistikk.
OECD har dei siste åra
sett migrasjon høgt på dagsordenen og prøver i auka grad å kople
arbeidet på migrasjonsfeltet nært saman med andre relevante fagområde,
særleg utdanning, arbeidsmarknad, økonomi og utvikling. Gjennom
arbeidet opp mot OECD får Noreg kunnskap om politikk i andre land
og resultata av politikken, og innspel på norsk innvandrings –
og integreringspolitikk. Ein meirverdi ved deltaking i migrasjonskomiteen
er at også land utanfor Europa er medlem av OECD. Departementet
vil i 2011 halde fram med å delta i OECDs migrasjonsgruppe og bidra til
rapporteringa til OECDs publikasjon
International
Migration Outlook
.
6.2.5 Global Forum on Migration and Development
(GFMD)
Global
Forum on Migration and Development
(GFMD) er ein internasjonal,
frivillig og open konsultasjonsprosess om politikk og praksis når det
gjeld migrasjon og utvikling. Forumet blei lansert i Brussel i juli
i 2007 og er ei oppfølging av dialogen i Generalforsamlinga i FN
om migrasjon og utvikling i New York i september 2006. Forumet er
uformelt og ikkje-bindande. Forumet har hatt tre møte der det har
samla meir enn 150 regjeringar og internasjonale og frivillige organisasjonar.
Tilknytinga til FN er sikra ved FNs spesialrepresentant for internasjonal
migrasjon og utvikling, og ved å formidle konklusjonane frå diskusjonane
til FNs generalsekretær. Det skal vere ein dialog på høgt nivå
om migrasjon og utvikling under FNs generalforsamling i 2013. Fram
til da vil det bli halde årlege møte i Mexico, Marokko og Spania.
Utanriksdepartementet er knutepunkt i Noreg for arbeidet mot GFMD.
6.2.6 Metropolis
Metropolis
er eit
internasjonalt nettverk og forum mellom forskarar og brukarar omkring
migrasjon, integrasjon av innvandrarar og etniske relasjonar. Forumet
sitt mål er å vere ein møteplass for forskarar og brukarar og
oppmuntre til politikkrelevant forsking og forskingsformidling om
migrasjon, integrasjon av innvandrarar og etniske relasjonar.
Vel tjue land er med i forumet, som har eit styre
der Noreg er med. Forumet arbeider gjennom ein årleg konferanse
der mellom 700 og 1000 personar tek del. Konferansane går på omgang mellom
deltakarane, og Noreg var vert for den 7. internasjonale Metropoliskonferansen
i 2002. Den 15. internasjonale Metropoliskonferansen finn stad i
Haag i Nederland 4.–8. oktober 2010 og har hovudtemaet
Justice and Migration: Paradoxes of Belonging
.
Den 16. internasjonale Metropoliskonferansen blir arrangert på
Asorane i 2011.
6.2.7 Transatlantic
Council on Migration
Departementet
har i perioden 2008 – 2010 teke del i
Transatlantic
Council on Migration
, eit uformelt forum for diskusjonar om
migrasjon mellom forskarar og politikarar frå Europa og Nord-Amerika.
Rådet er drifta av
Migration Policy Institute
i Washington
og arrangerer møte og seminar med ulike tema i tillegg til at det
utarbeider ei rekkje notat og rapportar om ulike tema. Deltaking
i rådet skjer i samarbeid med Justis- og politidepartementet.
6.2.8 Intergovernmental Consultations
on Migration, Asylum and Refugees (IGC)
Intergovernmental Consultations
on Migration, Asylum and Refugees
(IGC) er eit uformelt forum for
gjensidig informasjonsutveksling om migrasjon og integrering mellom
styresmaktene i for tida 17 land.
FNs høgkommissariat
for flyktningar
(UNHCR), International Organization for Migration
(IOM) og EU-kommisjonen deltek også. I IGC utvekslar ein informasjon
og byggjer opp kompetanse om asyl- og flyktningpolitikk og om statsborgarskap
og andre spørsmål som gjeld integrering, mellom anna kvalifisering
av og språkopplæring for innvandrarar. Det er Justis- og politidepartementet
som har koordineringsansvaret for deltaking i forumet.
6.3 Samlivs- og likestillingsområdet
6.3.1 Norden
BLD deltek i Nordisk Ministerråd gjennom årlege ministerrådsmøte
og dei tilhøyrande embetsmannskomiteane i
-
Ministerrådet for kjønnslikestilling
(MR-JÄM)
-
Ministerrådet for sosial- og helse (MR-S)
-
Ministerrådet for lovsamarbeid (MR-LOV)
I tillegg tek BLD del i:
-
NB8 – Nordisk/Baltisk
ministersamarbeid på kjønnslikestilling
-
NIKK – Nordisk kunnskapssenter for kjønnsforsking
og likestilling
-
NVC – Nordisk velferdssenter
-
Det nordiske handikappolitiske rådet (NHR)
-
ei ekspertgruppe innan familierett
6.3.2 EU/EØS
BLD har ansvar for implementering av EØS-relevant
regelverk, EØS-finansieringsordningane og saker gjennom ESAs overvaking
av EØS-avtala, innanfor eige fagområde. BLD bidreg også til politikk-
og regelverksutvikling innan EU, mellom anna gjennom deltaking i
EUs rådgivande komité for likestilling og tilhøyrande ad hoc-grupper
i tilknyting til komiteen, og i desse gruppene på EU- og EFTA-nivå:
-
EUs høgnivågruppe for
ikkje-diskriminering
-
EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne
-
EFTAs arbeidsgruppe for likestilling og
ikkje- diskriminering
6.3.3 Europarådet
I Europarådssamarbeidet har Noreg dels rettslege
forpliktingar som følgje av når det gjeld Europarådets konvensjonar,
deriblant landrapporteringar, og dels politiske forpliktingar gjennom
deltaking i Europarådets arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeid
spesielt. BLD deltek i og følgjer opp følgjande av Europarådets
Ministerkonferansar:
-
CDCS (social cohesion)
-
CAHVIO (vald)
-
CDEG (kjønnslikestilling)
-
CHAPAH (nedsett funksjonsevne)
-
CJ-FA (ekspertkomité for familierett)
6.3.4 FN
Noreg er rettsleg forplikta til kontinuerleg
å implementere rettane som er nedfelte i FN-konvensjonane som staten
har slutta seg til og til å rapportere på implementeringa kvart
fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementering
av Noreg sine forpliktingar i
-
FNs konvensjon mot alle former for diskriminering
av kvinner
-
FNs konvensjon mot alle former for rasediskriminering
-
FNs konvensjon om rettar for personar med nedsett
funksjonsevne (som førebels ikkje er ratifisert av Noreg)
-
FNs barnekonvensjon
I tillegg har BLD fagansvar for å bidra til
implementering av og rapportering på FNs konvensjon om sivile og
politiske rettar, som blir koordinert av Justis- og politidepartementet,
og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, som
blir koordinert av Utanriksdepartementet. I tillegg bidreg BLD til
Universal Periodic Review
(UPR)-prosessen
under FNs menneskerettsråd.
BLD deltek
også i dei årlege møta i 3. komité i FNs generalforsamling,
som dekkjer menneskerettsspørsmål knytte til likestilling og diskriminering
på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, seksuell
orientering, barn mv. (Noregs deltaking i 3. komité blir koordinert
av UD.) BLD har også oppfølgingsansvar for sentrale resolusjonar
som er vedtekne i 3. komité eller i FNs tryggingsråd.
BLD deltek på dei årlege møta i FNs kvinnekommisjon,
som er den politiske møteplassen for fagstatsrådar, sivilt samfunn
og FN-organa. Avhengig av temaa for møta deltek BLD i FNs komité
for økonomiske og sosiale spørsmål under FNs generalforsamling
på dei årlege høgnivåmøta. Vidare deltek BLD i FNs sosialkommisjon, som
arbeider med politikken for personar med nedsett funksjonsevne,
når temaa på dagsordenen tilseier det.
6.3.5 OECD
BLD deltek i sentrale forskingsprosjekt innanfor OECD,
mellom anna
International Futures Programme:
The Future of the Family to 2030
.
6.3.6 Haag-konvensjonar (internasjonal privatrett)
BLD deltek i arbeidet med utvikling, oppfølging og
implementering av ei rekkje Haag-konvensjonar innanfor internasjonal
barne- og familierett.
6.4 Forbrukarområdet
6.4.1 Norden
I samband med at Ministerrådet for forbrukarspørsmål
(MR-Konsument) blei lagt ned frå 1. januar 2006, vedtok forbrukarministrane
å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere Embetsmannsgruppa
for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons).
Samarbeidet i NordKons har hovudfokus på informasjons-
og erfaringsutveksling.
I tillegg har
Noreg delteke i eit samarbeid mellom nordiske land og Estland om
eit måldokument for forbrukarundervisning (ferdig i oktober 2009),
og i eit arbeid for å fremme nettverksbygging og relevant prosjektarbeid
mellom aktørar i Norden som er opptekne av forbrukarspørsmål.
6.4.2 EU/EØS
Dei viktigaste oppgåvene er knytte til EØS-avtala, og
til målet om størst mogleg deltaking i aktivitetar for å påverke
utforming av regelverk og politikk. Gjennom EFTAs arbeidsgruppe
for forbrukarpolitikk har departementet eit nært samarbeid med
EU-kommisjonen og kan sikre deltaking i arbeidsgrupper, ekspertmøte
og liknande. BLD tek aktivt del i det omfattande arbeidet med den gjennomgripande
revisjonen av EU-regelverket for forbrukarvern og særleg forslaget
til direktiv om forbrukarrettar som blei lagt fram i oktober 2008.
Mellom anna blei det lagt fram ei felles EFTA/EØS-fråsegn i mars
2009, og det blir vurdert ei ny fråsegn i 2010.
Noreg tek del i EU-kommisjonen sitt rammeprogram
for forbrukarpolitikk og i den rådgivande komiteen som drøfter
løyvingar og aktivitetar som blir finansierte under programmet.
Noreg deltek òg i det europeiske nettverket (
ECC-Net
)
for nasjonale forbrukarkontor. Kontora gir forbrukarane informasjon
i samband med handel i og frå andre land og hjelp i tvistar som
spring ut av kjøp over grensene. Kontora samarbeider også om å kartleggje
og løyse forbrukarproblem på den indre marknaden.
6.4.3 OECD
Departementet tok del i dei to halvårlege møta
i Komiteen for forbrukarpolitikk (Committee on
Consumer
Policy
) i OECD. Komiteen er det sentrale organet for samarbeid
om forbrukarpolitiske spørsmål av global karakter (elektronisk
handel og andre saker der samarbeid over kontinentgrensene er nyttig
og viktig).
6.5 Barne- og ungdomsområdet
6.5.1 Nordisk samarbeid
Nordisk barne- og ungdomskomité
(NORDBUK)
er viktig for Nordisk Ministerråds samordning av innsatsen retta
mot barn og unge i dei nordiske landa og sjølvstyrte områda. BLD
representerer Noreg i denne komiteen.
Departementet
er, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, medlem i Embetsmannskomiteen
for helse- og sosialsaker i Norden. Utsette barn og unge og barnevern
er del av komiteens ansvarsfelt.
6.5.2 Barentssamarbeidet
Noreg vil ha formannskapet i Barentsrådet frå hausten
2011.
Barentsrådet si arbeidsgruppe
på det ungdomspolitiske området har mellom anna etablert eit kontor
for informasjon og rettleiing i Murmansk. Kontoret er finansiert
i fellesskap av Russland, Finland, Sverige og Noreg. Kontorets hovudoppgåve
er å formidle kontakt mellom organisasjonar og ungdomsgrupper i
regionen, informere om høva til å finansiere felles prosjekt,
aktivitetar og utvekslingar mellom landa og hjelpe til med gjennomføringa
av prosjekt og aktivitetar, spesielt med omsyn til visumsøknader.
Kontoret er årleg involvert i om lag 30 prosjekt og tiltak.
BLD er medlem i Barentsrådet si arbeidsgruppe
for helse- og sosialsaker og
Barents Helseprogram
,
som vurderer prosjektsøknader på helse-, sosial- og barneområdet
i Nordvest-Russland.
Children and Youth at
Risk in the Barents region
(CYAR) er eit delprogram under
Barents Helseprogram
som blei vedteke
i 2008 av Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse- og sosialsaker.
Dei fire hovudaktivitetane i CYAR-prosjektet er
-
utvikling av ein situasjonsoversikt
over utsette barn og unge i Barentsregionen
-
utveksling av ekspertkunnskap ved hjelp
av årlege ekspertkonferansar
-
kompetansedeling på utvalde metodar og
program med dokumentert effekt, ved hjelp av opplæringskurs og
seminar for fagfolk som arbeider med målgruppene
-
informasjon og nettverksbygging ved etablering
av ei funksjonell og regelmessig oppdatert nettside.
Noreg har formannskapet for barneprogrammet
i 2010, og Bufetat, region nord, vil handsame dette formannsskapet.
6.5.3 Austersjøsamarbeidet
Noreg har formannskapet i Austersjørådet fram
til 1. juli 2011.
Departementet leiar
arbeidsgruppa om samarbeidet innanfor det ungdomspolitiske området. Formålet
med denne gruppa er å sikre informasjon og utveksling av kunnskap
om og for ungdom i regionen.
Medlemslanda
i Austersjørådet skal halde fram med samarbeid og aktivitetar
knytte til utsette barn og unge i ei eiga ekspertgruppe i Austersjørådet
(EGCC). I formannskapet skal departementet, i samarbeid med Justis-
og politidepartementet, arbeide med problema knytte til menneskehandel,
særleg når det gjeld barn.
6.5.4 EU/EØS
EU sitt ungdomsprogram,
Aktiv
ungdom
, vil verke i perioden 2007–2013. Programmet er innlemma
i EØS-avtala. Det gir ungdom i Noreg høve til auka deltaking i
internasjonalt samarbeid. Bufdir er nasjonalt kontor for gjennomføringa
av dei desentraliserte delane av programmet (sjå nærmare omtale
under kap 859, EUs ungdomsprogram).
Det
er etablert eit nytt rammeverk for EU sin ungdomspolitikk for åra
2010–2018. Vedtaket inneber at EU legg vekt på ein sterkare tverrsektoriell
struktur i arbeidet sitt, som byggjer på å skape fleire høve
for ungdom, skape betre tilgang og deltaking og fremme solidaritet.
Ordninga med finansiell stønad til dei nye medlemslanda
frå EFTA/EØS-landa og Noreg blei fornya med verknad frå 1. mai
2009 og gjeld for ein periode på fem år. Innanfor ramma av dei prioriterte
områda vil departementet arbeide for at prosjekt og tiltak som
er med på å betre levekåra til barn og ungdom og styrkje det
sivile samfunnet, får tilskot frå stønadsordninga.
6.5.5 Europarådet
BLD deltek i styringskomiteen for ungdomspolitikk
som del av strukturen innanfor Europarådet.
Særs
viktige instrument for utvikling av Europarådets ungdomspolitikk
er dei to ungdomssentera i Strasbourg og Budapest og Det europeiske ungdomsfondet,
som støttar prosjekt drivne av og for ungdom i regi av deira organisasjonar.
I dei siste åra er det utvikla eit samarbeid
mellom Europarådet og Europakommisjonen om enkelte spørsmål innanfor
ungdomspolitikken. Det er særleg lagt vekt på å utvikle betre
kunnskap om ungdom og samarbeid om leiarutdanning. Eit anna viktig
tiltak er etableringa av
European Knowledge
Centre
, som er under oppbygging med data frå ei rekkje europeiske
land.