8 Omtale av miljøprofilen i budsjettet

8.1 Utfordringar knytte til miljø- og ressursforvalting på BLD sitt ansvarsområde

8.1.1 Miljøutfordringar

8.1.1.1 Forbrukarområdet

Forbruksvolum og forbruksmønster i samfunnet har innverknad på miljøet, medrekna klimaet. Miljø-, ressurs- og klimabelastninga frå forbruket i Noreg er høgare enn det som svarer til eit berekraftig nivå i global målestokk.

Omgrepet berekraftig forbruk tek opp i seg omsynet til både natur, ressursgrunnlag, helse, etikk og rettvis fordeling. Forbruksmønsteret og det samla ressursforbruket i samfunnet må tilpassast til det naturen kan tåle. Samansetjinga av forbruket må endrast slik at den normale forbruksnorma representerer ein berekraftig praksis.

Eit endra forbruksmønster og eit redusert samla ressursforbruk vil krevje endringar i både haldningar, åtferd og livsstil, så vel som i teknologi og økonomisk politikk. Det er eit gjennomgåande problem at dei fleste miljøgevinstane ved teknologiforbetringar har ein tendens til å bli meir enn oppetne av veksten i det totale forbruket.

Regjeringa sin strategi for ei berekraftig utvikling framhevar behovet for å endre produksjons- og forbruksmønstra. I forbrukarpolitikken er det eit mål å medverke til eit etisk og berekraftig ansvarleg forbruksmønster gjennom informasjon, kunnskapsformidling og haldningspåverknad.

For at forbrukarane skal kunne ta etiske og miljøtilpassa kjøpsval, må det finnast lett tilgjengeleg, påliteleg og tilstrekkeleg informasjon om etikk- og miljøaspekta ved produkta. Styresmaktene må òg leggje rammer for og gi insentiv til næringslivet i ei meir berekraftig retning.

8.1.1.2 Barn og unge

Tilrettelegging og sikring av areal og miljø for leik og aktivitet for barn og unge i byar og tettstader er viktig. Særleg når utbygging skjer som fortetting av allereie etablerte bustadområde, må kommunane ved planlegging og utbygging ta nødvendige omsyn for å sikre barn og unge eit godt oppvekstmiljø, jf. krav i plan- og bygningslova.

Utvikling av arenaer og metodar for deltaking og innverknad mellom anna gjennom barne- og ungdomsråd og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er ei viktig oppgåve for alle kommunar og fylkeskommunar for at barn og unge skal kunne delta i utforminga av oppvekstmiljøet.

8.1.2 Rapport om resultata frå 2009

8.1.2.1 Forbrukarområdet

Den økonomiske støtta til arbeidet med miljømerkeordningane Svanen og EU-blomen blei ført vidare i 2009 (jf. kap. 862 Positiv miljømerking) for å vidareutvikle dei offisielle miljømerkeordningane og gjere dei betre kjende.

Departementet gav òg i 2009 økonomisk støtte til vidareutvikling og marknadsføring av nettstaden etiskforbruk.no , som skal vere eit hjelpemiddel for interesserte til å velje produkt ut frå etiske og miljømessige kriterium. Frå 2010 vil etiskforbruk.no bli ein integrert del av miljønettstaden til Grønn Hverdag.

Departementet tok også del i ei internasjonal arbeidsgruppe som utviklar ein internasjonal standard for samfunnsansvaret til alle typar organisasjonar (ISO 26000). Arbeidet med standarden skal etter planen gjerast ferdig i 2010.

8.1.2.2 Barn og unge

BLD har, gjennom tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, stimulert til aktivitet i organisasjonar som har kultur- og miljøengasjement som aktivitet. BLD har òg delteke i Miljøverndepartementet sitt arbeid med oppfølging av Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (RPR) . Eit fleirtal av kommunane og fylkeskommunane driv eit systematisk arbeid for deltaking og innverknad frå barn og ungdom. Mange barn og unge tek del gjennom tilrettelagde prosessar i kommunar og fylke og har høve til å medverke med synspunkt på utviklinga av oppvekstmiljøet.

8.1.3 Mål for arbeidet til BLD

8.1.3.1 Forbrukarområdet

Målet på dette området er eit etisk og miljøforsvarleg forbruk. For å medverke til dette følgjer BLD ein todelt strategi som går ut på

  • å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket

  • å styrkje kunnskapen og engasjementet til den vanlege forbrukaren i spørsmål knytte til berekraftig forbruk i vid forstand

8.1.3.2 Barn og unge

BLD vil gjennom arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad bidra til at det blir lagt stor vekt på det fysiske oppvekstmiljøet for barn og unge i regional og kommunal planlegging.

Viktige mål for BLD er

  • at alle kommunane og fylkeskommunane utviklar gode og varierte oppvekstmiljø

  • at kommunane gjer ei samla vurdering av oppvekstmiljøet for barn og unge for å innarbeide mål og tiltak i kommuneplanarbeidet

  • at alle barn og unge har høve til å delta for å kunne påverke utviklinga av nærmiljøet

8.1.4 Tiltak under BLD

8.1.4.1 Forbrukarområdet

BLD vil mellom anna arbeide for å vidareutvikle frivillig positiv miljømerking (Svanen og Blomen) som verktøy for eit berekraftig forbruksmønster.

I undervisninga i forbrukaremne i skolen er det viktig å fremme kunnskap om korleis forbruk verkar inn på miljø og klima, og korleis forbrukarane og hushalda kan opptre miljømedvite. BLD gir til dømes støtte til prosjektet PERL, som er eit breitt, internasjonalt nettverk for undervisarar og forskarar som utviklar utdanning for mellom anna berekraftig forbruk og berekraftig livsstil.

8.1.4.2 Barn og unge

BLD vil medverke til at det blir lagt vekt på barn og unges oppvekstmiljø i regional og kommunal planlegging. Departementet vil føre vidare arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad, mellom anna gjennom FNs konvensjon om barnerettane, gjennom støtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og gjennom å stimulere til idé- og erfaringsutveksling mellom kommunar. Kommunen som blir kåra til Årets barne- og ungdomskommune, skal vere særskilt god på å gi barn og ungdom reell innverknad på oppvekstmiljøet.