15 Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling

15.1 Organisering

Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens kartverk, Klima- og forureiningsdirektoratet, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond. Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen, fylkeskommunane og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Innovasjon Noreg har oppgåver innafor miljøområdet som Miljøverndepartementet styrer.

Det har ikkje vore store endringar i organiseringa av miljøforvaltninga, men frå 1. juli 2010 overtok Miljøverndepartementet forvaltningsansvaret for Tinglysninga frå Justisdepartementet. Frå 18. januar 2010 endra Statens forureiningstilsyn namn til Klima- og forureiningsdirektoratet. Namneendringa gjer tydeleg den samordningsfunksjonen etaten har i arbeidet med nye klimatiltak og verkemiddel.

Årsverksoversikt

Tabell 15.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 1. mars 2010 under Miljøverndepartementet

Kapittel

Nemning

Tal årsverk

1400

Miljøverndepartementet

246

1427

Direktoratet for naturforvaltning

281

1429

Riksantikvaren

154

1441

Klima- og forureiningsdirektoratet

323

2465

Statens kartverk

758

1471

Norsk polarinstitutt

149

1432

Norsk kulturminnefond

10

Sum

1 921

15.2 Oversikt over fornyingsarbeidet

Lovendringar om miljøansvar

Miljøverndepartementet arbeider med naudsynte lovendringar for å gjennomføre miljøansvarsdirektivet (2004/35/EF) i Noreg. Foreldingsfristen for å krevje erstatning frå forureinar for oppryddingstiltak som han er ansvarleg for, vert utvida frå tre til fem år. Desse endringane er ikkje venta å ha vektige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Nasjonal miljøprøvebank for miljøgifter

Det blir arbeidd med ein nasjonal miljøprøvebank for oppbevaring og seinare analysar av miljøgifter i ulike typar prøvemateriale. Den systematiske innsamlinga av prøvematerialet vil skje frå faste stasjonar over heile landet, inkludert arktiske område og havområde utanfor norskekysten.

Nettstader og portalar

Klima og forureiningsdirektoratet har lansert ein ny nettstad om farlege forbrukarvarer – Erdetfarlig.no. Her skal det vere mogleg for blant anna forbrukarane å finne informasjon om skadelege stoff og kva slag produkt dei finst i.

I løpet av dei siste åra har det komme mykje ny kunnskap om klimatilpassing frå forsking, statleg forvaltning og kommunar. Nettportalen Klimatilpasning.no har som mål å samle aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på ein stad. Portalen er laga hovudsakleg for dei som skal leggje planar og ta avgjerd lokalt og regionalt, men informasjonen skal òg vere lett tilgjengeleg og interessant for alle som er opptekne av kva klimaendringar vil bety for det norske samfunnet.

Nettstaden Miljostatus.no er Noregs største informasjonsbank om miljø. Her blir informasjon om miljøtilstand og utvikling fortløpande oppdatert og tilpassa aktuelle utfordringar.

Elektronisk søknad om rovvilterstatning og støtte til vilt- og fisketiltak

Frå og med 2010 er det eit krav at søknader om tilskot til vilttiltak, til førebyggjande og konfliktdempande rovvilttiltak og søknader om tilskot til lokale fisketiltak (gjeld ikkje kalkingsmidlar) skal fremjast i det nettbaserte søknadssystemet til Direktoratet for naturforvaltning.

15.3 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er pålagt å arbeide aktivt, målretta og planvist for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 15.2, 15.3 og 15.4 viser kjønnsfordelinga i verksemdene, totalt og på leiarnivå, samanlikning av kvinners og menns gjennomsnittslønn på ulike stillingsnivå og statistikk for menns og kvinners sjukefråvær, overtidsforbruk, uttak av permisjon på grunn av sjukt barn og bruk av seniordagar. Norsk kulturminnefond har svært få medarbeidarar og er derfor ikkje med i alle oversiktene.

Tabell 15.2 Oversikt over del kvinner i pst. pr. 30.04.2010

Totalt

Leiarar

Miljøverndepartementet (MD)

54,0

48,0

Direktoratet for naturforvaltning (DN)

40,1

34,4

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif)

64,0

69,0

Norsk polarinstitutt (NP)

37,8

52,4

Riksantikvaren (RA)

62,7

63,6

Statens kartverk (SK)

47,7

21,4

Norsk kulturminnefond

72,7

33,3

Tabell 15.3 Oversikt over kvinnene si gjennomsnittslønn i pst. av mennenes pr. 30.04.2010

MD

DN

Klif

NP

RA

SK

Leiarar

96,4

99,3

97,4

95,0

101,5

84,6

Høgtlønte 1)

96,1

98,2

97,8

95,0

101,4

94,3

Saksbehandlarar

98,5

101,4

101,0

96,0

93,1

98,0

Kontor

115,6

99,1

102,2

90,5

95,8

1) Høgtlønte omfattar seniorrådgivarar, spesialrådgivarar og tilsvarande stillingar.

Tabell 15.4 Oversikt over overtid og fråvær fordelt på kvinner og menn

MD

DN

Klif

NP

RA

SK

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Overtidstimar 1)

30,8

40,6

14

12

17

39,5

6,2

2,4

2

2

7,7

21,7

Seniordagar 3)

6,4

6,5

13

10

8,2

9,2

5

2

7,6

6,4

9,8

10,9

Sjukefråvær pst. 2)

2,8

2,2

7

2,6

7,8

2,2

2,3

1,9

10

3

8

3,5

Sjukt barn 3)

4,8

5,5

4,7

3,8

4,6

4,5

1,4

1,4

4

2,5

1,6

1,2

1) For overtid er vist gjennomsnittleg forbruk pr. medarbeidar i 2009.

2) Sjukefråværsprosenten gjeld for heile året 2009.

3) For seniordagar og fråværsdagar pga. sjukt barn er vist gjennomsnittleg uttak i 2009.

I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.

Miljøverndepartementet

På toppleiarnivå i departementet (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det to kvinner og fem menn. Departementet har òg ansvar for tilsetjing av direktørane for underliggjande etatar, og blant desse er det 3 kvinner og 3 menn. Kjønnsfordelinga blant medarbeidarane i departementets avdelingar, og innan dei enkelte fagområda, er stort sett jamn, men det er eit fleirtal av kvinner i kontorstillingane (83 pst). Rekruttering og ny organisering er viktige verkemiddel for å få jamn fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen, saman med tilbod om individuell kompetanse- og karriereutvikling. Ein gjennomgang av alle eksternt kunngjorde stillingar i 2009 viser at av den totale søkjarmassen var 56 pst. kvinner. Av medarbeidarane som vart tilsette i desse stillingane var 60 pst. kvinner. Departementet tilsette 3 kvinner og 1 mann i eksternt utlyste leiarstillingar i 2009. Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medvirke til likestilling mellom kjønna. I løpet av 2009 vart det ført individuelle forhandlingar for 19 kvinner og 19 menn etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.4. For 4 kvinner og 1 mann medførte forhandlingane omgjering til høgare stillingskode. Eitt av måla i Miljøverndepartementets rekrutteringsstrategi er å auke delane av medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med redusert funksjonsevne. For å oppnå dette skal personar i målgruppene oppfordrast til å søkje på stillingar i departementet, og kvalifiserte søkjarar skal innkallast til intervju. Strategien inneheld òg tiltak for å finne fleire aktuelle kandidatar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, blant anna gjennom samarbeid med NAV. Det skal òg satsast på haldningsskapande arbeid internt, for eksempel gjennom møte for leiarar med rettleiing i å intervjue personar med innvandrarbakgrunn.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif)

Då 64 pst. av medarbeidarane er kvinner har Klif eit spesielt fokus i rekrutteringa på å auke delen av menn. Etaten har som mål å rekruttere minst 1-2 personar med redusert funksjonsevne kvart år. Det blir gitt skrivekurs og økonomisk bistand til kurs i norskopplæring for medarbeidarar med behov for språkleg tilrettelegging. Ved graviditet blir tilbode tilpassing av kontorplass, trening og fysioterapi. I forhold til omsorgsoppgåver blir tilbode redusert arbeidstid og høve til heimekontor og fjernarbeid. Tilpassing for medarbeidarar med bakgrunn frå kulturelle/religiøse minoritetar skjer blant anna ved å innvilge velferdspermisjonar og tilrettelagt kantinemat. Medarbeidarar over 62 år får 12 seniordagar pr. år. Seniorar får òg høve til redusert arbeidstid og heimekontor. I rekrutteringsprosessane skal det kallast inn til intervju minst ein søkjar med minoritetsbakgrunn, minst ein søkjar med redusert funksjonsevne og minst ein søkjar over 55 år, under føresetnad av at søkarane er kvalifiserte.

Riksantikvaren (RA)

Kvinner utgjer eit fleirtal (62,7 pst.) av RAs medarbeidarar. Etaten gir kvinner og menn like moglegheiter for kompetanseutvikling, og fleire kvinner enn menn har delteke på større, individuelle kompetansetiltak. I lokale forhandlingar vil ein vere merksam på forholdet mellom menns og kvinners gjennomsnittslønn. I rekrutteringa er lagt vekt på at verken nedsett funksjonsevne eller framandspråk skal vere hinder for tilsetjing, så lenge vedkommande er kvalifisert. Det er lagt til rette for at medarbeidarar med nedsett funksjonsevne kan fungere optimalt (100 pst.) i stillinga. Innanfor HMS-arbeidet satsar etaten spesielt på førebygging gjennom ergonomisk vurdering av arbeidsplassar og trimtilbod. RA har fleire medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Mangfald er etterstreva, og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje på stillingar, vurderte særskilt og kalla inn til intervju om dei innfrir krava til utdanning og praksis. Seniorar blir tilbodne høve til utvikling og tilrettelagt arbeid på lik linje med andre medarbeidarar. Gjennomsnittleg pensjoneringsalder er 68 år.

Direktoratet for naturforvaltning (DN)

40,1 pst. av medarbeidarane og 34,4 pst. av leiarane i DN er kvinner. I 2009 utgjorde kvinner 42 pst. av dei nytilsette, og det vart tilsett to kvinner og to menn i leiarstillingar. Lønn for leiarar og rådgivarar er relativt jamt fordelt mellom kvinner og menn, men blant seniorrådgivarane tener menn i snitt noko meir enn kvinner. Ved lokale forhandlingar hausten 2009 fekk kvinner ein større del (44,7 pst.) av forhandlingspotten enn delen av kvinnelege medarbeidarar. DN tilbyr kvinner og menn same type opplæring og kompetanseutvikling. Ved kunngjering av ledige stillingar skal minst ein søkjar med nedsett funksjonsevne innkallast til intervju, under føresetnad av at vedkommande er kvalifisert. I 2009 hadde DN to avtaler om praksisplassar for personar med nedsett funksjonsevne. Mange medarbeidarar har omsorg for barn, og ein aukande del har omsorgsoppgåver for eldre eller sjuke familiemedlemmer. Desse blir tilbodne blant anna fleksibel arbeidstid og velferdspermisjon. Gjennomsnittleg pensjonsalder er 64 år. I DNs senior-/livsfasepolitikk er det etablert tiltak for å heve pensjonsalderen ytterlegare, under dette rett til 14 fridagar for medarbeidarar over 62 år.

Statens kartverk (SK)

Ved kunngjering av stillingar har SK som personalpolitisk mål å oppnå ein balansert arbeidsstyrke med omsyn til alder, bakgrunn, funksjonsevne og kjønn. I etatens strategiske personalplan er understreka leiarane sitt ansvar for å ivareta omsynet til likestilling. I lønnspolitikken er det lagt vekt på å honorere ansvar og kompetanse uavhengig av kjønn, og det blir forsøkt å rette opp eventuelle misforhold i avlønning mellom kvinner og menn. Det er avtalt 4 ekstra seniordagar i tillegg til dei 8 tariffbestemte dagane. Etaten legg aktivt til rette for småbarnsforeldre og medarbeidarar med omsorgoppgåver for eigne foreldre, innanfor dei høva som det statlege regelverket gir. Kartverkets reglar for intern varsling inneheld rutinar og tiltak ved mobbing eller trakassering. Framandspråklege medarbeidarar får arbeidsfri og økonomisk støtte for å delta i norskundervisning.

Norsk Polarinstitutt (NP)

Etaten har som overordna mål å vere ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda. Det er oppretta eit likestillingsutval som har laga handlingsplanar for likestilling og mot trakassering, og ein intern likestillingskontakt arbeider aktivt for likestilling på alle plan. Ved rekruttering skal både ein mannleg og ein kvinneleg kontaktperson oppgivast i kunngjeringsteksten, og begge kjønn skal vere representerte i utveljingsprosessen. Kvinner/menn blir oppfordra til å søkje om det finst mindre enn 40 pst. av eit kjønn i ein type stilling. NP har inngått samarbeidsavtale med INN Tromsø for å integrere utanlandske medarbeidarar i det norske samfunnet på best mogleg måte. I tillegg blir det tilbode norskkurs, både grunnkurs og kurs for vidarekomne. Ved foreldrepermisjon blir det lagt rette for at mannlege medarbeidarar kan ta ut meir enn fedrekvota. Tidspunkt for møte og tilstellingar i verksemda blir tilpassa tider for henting av barn i skule og barnehage. Gravide får etter førespurnad tilpassa arbeidsplassen. Før permisjonar som er lengre enn 4 månader blir det gjennomført ein obligatorisk medarbeidarsamtale. Eventuelle lønnsskilnader som følgje av kjønn blir kartlagde på alle nivå og forsøkt utjamna ved lokale forhandlingar.

15.4 Likestillingsvurdering på fagbudsjettområda

Offentlege verksemder er i likestillingslova §1a pålagt å arbeide for likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Dette inneber blant anna å vurdere kjønns- og likestillingsperspektivet på departementets fagbudsjettområde der det er relevant og føremålstenleg.

Naturmangfald og friluftsliv

Kartlegging har vist at kvinner deltek i mindre grad enn menn i ein del statlege råd og utval på naturforvaltningsområdet. Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltningsområdet. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre, men kommunar og organisasjonar blir no bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Det er lagt inn krav i tildelingsbrevet til Direktoratet for naturforvaltning og til Fylkesmannen om å sikre at likestillingslova blir følgt ved oppnemning til og nyoppnemning av statlege råd og utval som direktoratet eller Fylkesmannen har ansvar for.

I følgje TNS Gallups Natur- og miljøbarometer (siste tal frå 2004) betyr kjønn lite for nordmenn si interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er her godt ivareteke. Vi ser òg at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.

Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Noregs jeger- og fiskarforbund auka frå 3 til nærare 10 pst., og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.

Dei fleste budsjettpostane som Direktoratet for naturforvaltning disponerer innafor sitt verkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål

Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er bl.a. nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Kap. 1427 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, post 74 Tilskot til friluftstiltak og 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd

Desse postane har indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og fokuserer på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, bidra til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innafor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

15.5 Oppfølging av IA-avtala

I styringsdialogen med etatane har Miljøverndepartementet lagt opp til tett oppfølging av IA-måla. I samsvar med IA-avtala er det lagt vekt på behovet for førebyggjande tiltak og systematisk HMS-arbeid. IA-måla blir i stor grad utforma av kvar enkelt etat og tilpassa lokale forhold.

Resultatutvikling og tiltak

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at verksemdene i miljøforvaltninga hadde eit samla legemeldt fråvær i 2009 på 3,8 pst. Det legemelde sjukefråværet gjekk dermed opp i forhold til 2008 (3,4 pst.) Eigemeldt sjukefråvær er ikkje inkludert i tala.

Verksemdene i miljøforvaltninga har sett i gang fleire tiltak for å førebyggje sjukefråvær, spesielt er vektlagt tiltak for å fremje fysisk aktivitet blant medarbeidarane. Andre førebyggjande tiltak omfattar blant anna fysioterapi og tilpassing av arbeidsplassar. I forhold til IA-mål 2 og 3, rekruttering av personar med redusert funksjonsevne og auke i pensjonsalder, har verksemdene sett individuelle mål og sett i verk eigne tiltak, for eksempel tilbod om praksisplassar og karriereutvikling for seniormedarbeidarar.