Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


F

Foreldrepengar – auka fedrekvote

Regjeringa føreslår å auke fedrekvoten med to veker, frå ti til tolv veker.

Den delen av foreldrepermisjonen som er til fri fordeling mellom foreldra, vert dermed ei veke kortare enn i dag. Regjeringa føreslår at endringane skjer for barn fødde eller adopterte frå og med 1. juli 2011.

For nærmare omtale, sjå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets fagproposisjon, Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon.