Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


I

Integrering – entreprenørskap for innvandrarar

Gründerverksemd blant innvandrarar er eit positivt bidrag til verdiskapinga i samfunnet. Innvandrarar som ønskjer å etablere eige verksemd møter særlege utfordringar samanlikna med etablerarar elles. Dei kan ha særskilt behov for tilrettelagt opplæring, rettleiing og støtte under og etter etableringa.

Regjeringa føreslår å styrkje entreprenørskap for innvandrarar, og foreslår ein løyving på 3,3 millionar kroner til etablering av eit nasjonalt senter.

For nærmare omtale, sjå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets fagproposisjon, Programkategori 11.05 Integrering og mangfald.