Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


I

Integrering – gratis kjernetid i barnehage

Regjeringa føreslår å vidareføre og utvide forsøket med gratis kjernetid og føreslår å auke løyvinga med 7 millionar kroner. Gratis kjernetid for alle fire- og femåringar i Groruddalen og Søndre Nordstrand i Oslo kommune blir vidareført. Forsøket i Bydel Gamle Oslo blir vidareført i dialog med Oslo kommune. Forsøket med treåringar i Drammen blir vidareført, og det blir føreslått å utvida satsinga til å omfatte fireåringar i dei same områda i kommunen. I tillegg blir det føreslått å utvide satsinga til område i Bergen kommune med høg del av barn med innvandrarbakgrunn.

For nærmare omtale, sjå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets fagproposisjon, Programkategori 11.05 Integrering og mangfald.