Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


I

Integrering – tilskot ved busetjing av flyktningar

Regjeringa føreslår at kommunane frå 2011 får eit høgare tilskot ved busetjing av einslege vaksne enn for andre vaksne og eit høgare tilskot for einslege mindreårige enn for andre barn.

Regjeringa føreslår òg at barn som blir født inntil 6 månader etter at mor er busett i ein kommune vil vere omfatta av målgruppa for integreringstilskot.

For nærmare omtale, sjå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets fagproposisjon, Programkategori 11.05 Integrering og mangfald.