Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


L

Luftfart

Regjeringa foreslår i budsjettet for 2011 å nytta om lag 958 millionar kroner til luftfartsføremål, ein auke på 1,7 prosent frå saldert budsjett 2010.

Statleg kjøp av flytransport utgjer den største utgiftsposten på luftfartsbudsjettet. Regjeringa føreslår 693 millionar kroner til slikt kjøp, ein auke på 10 prosent frå saldert budsjett 2010.

Løyvinga på 14,6 millionar kroner til flygeinformasjonstenestene (AFIS-tenestene) ved ikkje-statlege lufthamner er ei vidareføring av løyvinga i 2010.

12 millionar kroner er ei vidareføring av eit statleg tilskot for å oppretthalda drifta ved Stord lufthamn, Sørstokken, som har ein viktig regional transportfunksjon.

Føreslått budsjett for Luftfartstilsynet i 2011 er på nær 180 millionar kroner, ein auke på nær 7 prosent frå 2010.

Sjå også eiga pressemelding frå Samferdselsdepartementet om luftfart