Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


P

Post

Til post- og teletenester foreslår Regjeringa utgifter på drygt 553 millionar kroner, ein nedgang på om lag 22 prosent frå 2010. Dette kjem hovudsakeleg som følgje av redusert behov for statleg kjøp av leveringspliktige post tenester.

Til statleg kjøp av leveringspliktige post- og banktenester foreslår Regjeringa 345 millionar kroner, ein nedgang på 31 prosent frå 2010. Dei siste åra har det vore eit sterkt volumfall i brevtrafikken, med tilsvarande fallande inntekter. Dette skyldes mellom anna at kundane søkjer å gå over til rimelegare alternativ som e-post, e-Faktura og liknande. Finanskrisa har også medverka til nedgangen. Samstundes har Posten sette i verk ein betydeleg effektivisering på kostnadssida, som for 2011 er venta å vera med på å finansiera ulønsemda ved dei leveringspliktige post- og banktenestene.

På grunn av den økonomiske situasjonen i konsernet er det føreslått at staten ikkje skal krevje utbyte frå Posten Noreg AS i 2011.

Den føreslåtte løyvinga til Post- og teletilsynet er på 208 millionar kroner, og ligg tett opp til kva Regjeringa føreslo for 2010.

Sjå også eiga pressemelding frå Samferdselsdepartementet om post og telekommunikasjon