Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Samferdsel

Regjeringa foreslår om lag 29,4 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2011. Budsjettforslaget inneber ein samla vekst i utgiftene på om lag 2,3 milliardar kroner, eller 8,5 prosent, samanlikna med saldert budsjett 2010. Når det tas hensyn til éngangsbevilgningen i 2010 til betalinger i forbindelse med overføringen av deler av riksvegnettet til fylkeskommunene, er økningen på 2,8 milliardar kroner eller 10,6 prosent.

Løyvingane til veg- og jernbanesektoren utgjer om lag 91 prosent av budsjettforslaget. Utgifter til vegformål er om lag 15,1 milliardar kroner, og utgjer om lag halvparten av dei samla utgiftene. Deretter kjem utgifter til jernbaneformål med om lag 11,5 milliardar kroner, som utgjer om lag 39 prosent av budsjettet.

Elles er til saman nær 2,8 milliardar kroner foreslått fordelt til mellom anna forsking og utvikling, luftfartsføremål, særskilte transporttiltak, posttenester og telekommunikasjon.

Se også hovudpressemelding frå Samferdselsdepartementet.