Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


V

Veg

Regjeringa foreslår drygt 15 milliardar kroner til vegformål, ein auke på 1 milliard kroner, eller 7,3 prosent frå saldert budsjett 2010. Tek ein omsyn til ei eingongsløyving til betalingar i samband med overføringa av delar av riksvegnettet til fylkeskommunane, er auken på 1,5 millionar kroner, eller 11,2 prosent.

Det er budsjettert med 7,2 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald, ein auke på nær 1 milliard kroner, eller 16 prosent frå saldert budsjett 2010. Denne auken skal medverka til at veksten i vegforfallet blir stansa. Med budsjettforslaget kan det bli lagt om lag 1 000 kilometer med asfalt.

Det er for 2011 budsjettert med 6,9 milliarder kroner til riksveginvesteringar, ein auke på 444 millionar kroner, eller 6,9 prosent frå saldert budsjett 2010. Dette inkluderar statlige løyvingar til rassikring, vegutbygging i Bjørvika, prosjektet E16 over Filefjell og prosjektet E6 vest for Alta.

Større riksvegprosjekt (over 100 millionar kroner) der det er føreslått midlar til prosjektering, førebuande arbeid og mogleg anleggsstart:

  • E18 Melleby – Momarken i Østfold
  • E18 Sydhavna i Oslo
  • Rv 2 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark
  • E18 Gulli – Langåker i Vestfold
  • E39 Astad – Knutset i Møre og Romsdal
  • E134 Skjold – Solheim i Rogaland
  • Rv 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud
  • E6 Fønhus – Bagn i Oppland
  • E6 Oppdal sentrum i Sør-Trøndelag
  • E136 Tresfjordbrua i Møre og Romsdal
  • E105 Storskog – Hesseng i Finnmark

 

Større riksvegprosjekt som blir opna for trafikk i 2011:

  • E39 Vigeland – Osestad, strekningen Fardal – Osestad i Vest-Agder
  • E6 Dal – Minnesund og Skaberudkrysset i Akershus og Hedmark
  • Rv 70 Brunneset – Øygarden i Møre og Romsdal
  • Rv 80 Røvika – Strømsnes i Nordland.

 

Les meir i pressemelding frå Samferdselsdepartementet om vegføremål.