5 Forsking og utvikling

God kunnskap og systematisk kunnskapsinnhenting gir eit sikrare og nødvendig grunnlag for politiske og faglege avgjerder. Langsiktige løyvingar til programforsking i Noregs forskingsråd, samarbeid med Statistisk sentralbyrå (SSB) om statistikkutvikling og analysar, direkte prosjektløyvingar til fagmiljø i institutt-, universitets- og høgskolesektoren og støtte til ulike kompetansesenter sikrar eit slikt grunnlag. I tillegg til å skaffe ny kunnskap kan dei same miljøa utføre oppdrag for departementet, som å utarbeide kunnskapsstatusar, gjere utgreiingar, gjennomføre kartleggingar og handsame statistikk. På fleire av ansvarsområda til departementet nyttar ein forsøk, utviklingsarbeid og brukarundersøkingar for å forbetre og reformere metodar og tenester. Forskingsbaserte evalueringar blir nytta for å undersøkje om tenester og ordningar treng å fornyast og forenklast.

Noregs forskingsråd fekk i 2011 fleire løyvingar over budsjettet til BLD. Frå 2010 tok departementa i bruk ein felles målstruktur for løyvingane sine til Forskingsrådet. Løyvingane frå BLD er knytte til delmål 1.5 Styrkt forsking i tråd med kunnskapsbehovet til sektorane og forvaltinga . Heile målstrukturen er omtalt i Prop. 1 S (2011–2012) frå Kunnskapsdepartementet.

BLD støttar programmet Kjønnsforsking (2008–2012) under Noregs forskingsråd. Programmet er eit tverrfagleg humanistisk og samfunnsvitskapleg forskingsprogram. Det overordna målet for programmet er å styrkje kjønnsforskinga som eit eige kunnskapsfelt og å få meir kunnskap om kjønn og likestilling. I alt er det 12 prosjekt i programmets portefølje. Programmet prioriterer både utvikling av kjønns- og likestillingsteori og styrking av samfunnsmessig relevant forsking om kjønn. Forskingsinnsatsen er konsentrert om fire tematiske område: arbeid og økonomi, offentlegheit, kultur og estetikk, rettar og politikk og samliv og relasjonar. BLD vil i 2012 støtte programmet med 4 mill. kroner.

BLD har i ei årrekkje teke del i finansieringa av velferdsforskinga til Noregs forskingsråd. Frå 2009 blei velferdsforskinga ført vidare i det nye programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) (2009–2018). Det er no 28 prosjekt i VAM som famnar eit breitt felt, mange disiplinar og samfunnsområde, og som omhandlar til saman 17 temaområde i programplanen. Forskingstema i programmet er aldring, konsekvensar av auka velstand og rikdom, internasjonal migrasjon og integrasjon av innvandrarar, familie og samfunn, verdiskaping og organisering i arbeidslivet og oppslutning om organisering og styring av velferdssamfunnet. VAM er eit handlingsretta program, og målet er at forskinga skal gi kunnskap som kan brukast i utforminga av politikk og forvaltinga av offentlege ordningar. BLD vil støtte programmet VAM med 17,3 mill. kroner i 2012.

BLD finansierer satsinga IT Funk (2007–2012) (IT for funksjonshemma) i Noregs forskingsråd. IT Funk skal bidra til at menneske med nedsett funksjonsevne får betre tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi og gjennom det betre tilgang til samfunnet. BLD vil føre vidare støtta til IT Funk med 5,6 mill. kroner i 2012.

Departementet legg stor vekt på å underbyggje politikk og tiltak som gjeld innvandrarar og barna deira med god forskingsbasert kunnskap, pålitelege data, påliteleg statistikk, evaluering av verkemidla på området og utvikling av metodar for det praktiske arbeidet. Sentrale spørsmål for forsking og utvikling er kva konsekvensar innvandring har for samfunnet, og kva moglegheiter og vanskar eit samfunn med aukande kulturelt, religiøst og etnisk mangfald møter. Det blir jamleg produsert statistikk om inn- og utvandring, innvandringsgrunnar, statsborgarskap, innvandrarar i Noreg, sysselsetjing og arbeidsløyse, haldningar til innvandring og innvandrarar, deltaking i val, nye innvandrarars deltaking i introduksjonsprogram, sekundærflytting og deltaking i arbeid blant flyktingar og deltaking i arbeid og utdanning blant unge med innvandrarbakgrunn. Det er under arbeid eit prosjekt som tek sikte på å gi ei heilskapleg oversikt over og forståing av innvandrarar sin veg inn i samfunnet ved å følgje utviklinga over tid.

Departementet vil arbeide for å få fram fleire analysar som samanliknar integrasjonen av innvandrarar i Noreg med situasjonen i andre land, og støttar eit utviklingsprosjekt som skal finne fram til sentrale indikatorar for å måle integrasjon av innvandrar mellom land innanfor ramma av arbeidet til migrasjonsgruppa i OECD. Departementet vil i 2012 halde fram med å bidra til rapporteringa til OECDs publikasjon International Migration Outlook . Departementet bidreg òg til eit nordisk prosjekt som samanliknar integrasjonen av innvandrargrupper frå same opphavsland i dei skandinaviske landa over tid med vekt på deltaking i utdanning og deltaking i arbeidsmarknaden. Prosjektet kjem med resultat i 2012.

BLD koordinerer arbeidet med Handlingsplan mot kjønnslemlesting (2008–2011) og Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011). Desse planane blir evaluerte fortløpande, og metodar og erfaringar frå arbeidet blir formidla vidare til kommunar, etatar og andre som møtar dei unge.

BLD har sidan 2010, på vegner av fleire departement, koordinert finansieringa av ei undersøking om haldningar til jødar og jødedom blant innbyggjarane i Noreg. Undersøkinga vil òg omfatte haldningar til romfolket og muslimar. Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter gjennomfører undersøkinga i tett samarbeid med internasjonale ekspertar på feltet. Undersøkinga vil òg få midlar i 2012.

BLD koordinerer arbeidet med å følgje opp regjeringas Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013). Planen prioriterer innsatsområda uteområde/planlegging, bygningar, transport og IKT. Visjonen er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Dette vil medføre kostnader for samfunnet, og det er eit behov for betre metodar og kostnads- og nyttedata for dei samfunnsøkonomiske analysane som blir gjennomførte. Prosjekt for å utvikle metodar og skaffe slike data, blir sette i verk i samråd med andre departement.

BLD ser det som viktig å støtte forsking som kan bidra til å sikre betre kunnskap om barn og ungdoms oppvekst og levekår. Under Noregs forskingsråd sitt program VAM (sjå over) er det sett i gang fleire større prosjekt knytte til marginalisering og barns oppvekstkår. Det blir òg gitt tilskot til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Mellom anna blei det i 2011 sett i gang eit større forskingsprosjekt for å evaluere metodar og resultat i Losprosjektet , som blir gjennomført i utvalde kommunar. Målgruppa for prosjektet er ungdom mellom 14 og 23 år som står i fare for å falle utanfor skole og arbeid. Ein undervegsrapport vil liggje føre i 2012. Sluttrapporten skal liggje føre i 2014.

Departementet legg stor vekt på å utvikle eit barnevern bygt på kunnskap. Satsinga på målretta FoU-arbeid med praksisrelatert forsking, utvikling av tiltak bygde på kunnskap, kunnskapsspreiing og implementering, er grunnsteinen i eit kunnskapsbasert barnevern. Kunnskap frå forsking skal nyttast for å sikre gode og individtilpassa tenester til barn, unge og familiane deira. I dei siste åra er det satsa på bruk av tiltak som gjennom forsking kan dokumentere positive effektar for enkelte målgrupper innanfor barnevernet. Dette gjeld spesielt behandlingsmetodar i nærmiljøet for barn og unge med alvorlege åtferdsproblem. Saman med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har BLD ein langsiktig forskings- og utviklingsstrategi på barnevernsfeltet for perioden 2009–2012. Siktemålet med strategien er å utvikle og styrkje forskingsmiljø gjennom systematisk satsing på å hente inn, bruke og setje i verk forsking for å utvikle tenestene vidare. Forskinga skal medverke til at barnevernstiltaka fungerer etter målsetjingane og gir barna eit betre liv.

God dokumentasjon om forbrukarane si stilling i Noreg er ein føresetnad for ein aktiv forbrukarpolitikk. Det meste av BLDs investeringar i FoU på forbrukarområdet skjer gjennom ei basisløyving til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO). SIFO har i tillegg eigne prosjektinntekter. SIFO skal følgje med på åtferda til forbrukarane og utviklinga i ulike forbrukarmarknader, mellom anna når det gjeld pris- og konkurranseforhold, og skal formidle kunnskap av relevans for den forbrukarpolitiske debatten. SIFO har ei sentral rolle for å få fram, forvalte og formidle slik kunnskap. SIFO bidreg òg til å oppretthalde kompetanse og aktivitet på prioriterte område som forbruk og miljø og barn og unges forbruk. SIFO sine tre satsingsområde i 2011 er reguleringspolitikk, etnisitet og forbruk og materiell kultur. Sjå meir under programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken, delmål 7.4. Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken .

Departementet legg vekt på å medverke til grunnleggjande datainnsamling og statistikkutvikling på sine ansvarsområde. I 2012 vil mellom anna det vidare arbeidet med eit forum for likestillingsdata halde fram. Samarbeidet med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår blant innvandrarar blir ført vidare, og arbeidet med databasen livsløp, generasjon og kjønn (LOGG) held fram i samarbeid med SSB og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).