6 Internasjonalt arbeid

6.1 Innleiing

Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) gjennomførte i 2010 ei kartlegging av det internasjonale arbeidet i BLD. Ho såg på korleis arbeidet var organisert, og vurderte behovet for å klargjere mål og strategiar, for å styrkje samarbeidet på tvers av avdelingane og for å styrkje den sentrale koordineringa.

Difi anbefalte at BLD gjennomfører ein strategiprosess som klargjer mål og prioriteringar for det internasjonale arbeidet, med sikte på å utvikle heile organisasjonen for å få ei betre koordinering og gjennomgåande politikkutforming.

På bakgrunn av rapporten frå Difi har departementet utarbeidd desse måla for det internasjonale arbeidet:

  1. BLD skal ta vare på nasjonale interesser i all si deltaking i internasjonale aktivitetar.

  2. BLD skal vere ein kompetent og pårekneleg aktør og samarbeidspartnar i internasjonal verksemd.

  3. BLD skal delta i aktuelle internasjonale forum basert på relevans for sektorpolitikken og ressursmessig kapasitet.

  4. BLD skal følgje opp internasjonale forpliktingar/avtaler og ta initiativ til anna relevant internasjonalt samarbeid utifrå kva som kan tene den nasjonale politikkutviklinga vår.

Det er òg sett i verk organisatoriske tiltak som skal sikre god samhandling internt i departementet og oppfølging av prioriterte område.

6.2 Samarbeid i ulike institusjonar

6.2.1 Nordisk ministerråd og anna nordisk samarbeid

Noreg tek over formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012. Regjeringa har vedteke at den nordiske velferdsmodellen vil vere sentral i formannskapet. BLD vil såleis få store oppgåver knytte til det norske formannskapet.

Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren deltek i to ministerråd; Ministerrådet for likestilling og Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk.

I 2010 blei Ministerrådet for likestilling samd om eit nytt fireårig samarbeidsprogram, Likestilling skaper eit berekraftig samfunn . Programmet blei sendt over som eit ministerforslag til Nordisk råd og vedteke under sesjonen. Som ein del av arbeidet med nytt samarbeidsprogram tok formannskapet initiativ til å få evaluert Nordisk institutt for kunnskap om kjønn (NIKK) si rolle og tilknyting til Nordisk ministerråd.

Under det norske formannskapet i 2012 vil det fireårige samarbeidsprogrammet Likestilling skaper eit berekraftig samfunn for perioden 2011–2014 vere inne i sitt andre år. Noreg vil innan det nordiske likestillingssamarbeidet skape samanheng til både det tidligare finske formannskapet i 2011 og det kommande svenske formannskapet i 2013. Ein vil leggje vekt på dei to tverrgåande hovudprioriteringane; integrering av eit kjønns- og likestillingsperspektiv og aktiv deltaking av menn/gutar. Samstundes vil ein vidareutvikle samarbeidet med perspektiva livsløp, klasse og etnisitet.

Ministerrådet for sosial og helse (MR-S) har årleg eitt ministermøte og tre til fire møte i embetsmannskomiteen (EK-S) for å førebu og følgje opp MR-S. BLD er, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, medlem i EK-S. Utsette barn og unge og barnevern er del av komiteens ansvarsfelt. Departementet vil medverke til at barneperspektivet blir teke vare på gjennom det nordiske samarbeidsprogrammet på området. MR-S vedtok i juni 2010 særleg å prioritere prosjektmidlar i 2011–2012 til emnet Tidleg førebyggjande innsatsar for familiar i risiko for sosial marginalisering.

Nordisk ministerråds strategi for barn og unge i Norden frå 2010 utgjer grunnlaget for den samla aktiviteten Ministerrådet driv overfor barn og unge. Ansvaret dei ulike sektorane har for å sikre eit barne- og ungdomsperspektiv, er understreka i strategien. Med bakgrunn i strategien utarbeider Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) ein handlingsplan. I NORDBUK sin handlingsplan for perioden 2010–2013 er det mellom anna lagt vekt på å styrkje arbeidet på tvers av sektorane og inkludere globaliseringsperspektivet i arbeidet. NORDBUK rapporterer til dei nordiske samarbeidsministrane om arbeidet i dei ulike sektorane.

NORDBUK arbeider i hovudsak med å leggje til rette for eigenorganisering og nordisk samarbeid mellom unge, stimulere til nye metodar for at unge skal kunne delta og ha innverknad i demokratiske prosessar, kulturelt mangfald, menneskerettar, internasjonalt samarbeid og koordinering av barne- og ungdomsforsking. NORDBUK har ei støtteordning til ungdomsarbeid retta mot organisasjonar og ungdomsmiljø. Målet med denne ordninga er å styrkje barn og unges deltaking i aktivitetar som dreier seg om kulturelle, politiske og sosiale spørsmål i Norden. Departementet sit i komiteen for Noreg.

I samband med at Ministerrådet for forbrukarspørsmål (MR-Konsument) blei lagt ned frå 1. januar 2006, vedtok forbrukarministrane å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere Embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons). Samarbeidet i NordKons er konsentrert om informasjons- og erfaringsutveksling.

Dei nordiske forbrukarministrane fastsette i 2010 eit samarbeidsprogram for det uformelle samarbeidet på forbrukarområdet for perioden 2010–2013. Av programmet går det mellom anna fram at landa vil samarbeide om å sikre eit godt forbrukarvern og ha dialog om forbrukarpolitiske forslag som blir drøfta i EU.

Departementet deltek òg i eit nordisk-estisk samarbeid om forbrukarundervising. Det er utvikla eit måldokument for oppfølging av OECDs rekommandasjon på forbrukarundervising (TemaNord 2010:567). Strategien blir følgt opp mellom anna med konferansar for lærarar og utdanningsbyråkrater i Norden og Estland.

Frå 1968 har det vore eit nordisk samarbeid om felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. Det er gjort avtale om gjennomføring av visse avgjerder om statsborgarrett for nordiske borgarar frå eit anna nordisk land. Avtala er revidert i 2010, men den endra avtala er ikkje underteikna enno og er dermed ikkje sett i kraft. Kvart år er det nordiske embetsmannsmøte om statsborgarskap der BLD deltek.

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit forum der landa uformelt drøftar problemstillingar på asyl-, flyktning- og migrasjonsområdet. Samarbeidet går i hovudsak på spørsmål knytte til utlendingsregelverket, men har også oppe tema på integreringsområdet. NSHF har to møte i året, eit embetsmøte om hausten og eit kombinert ministermøte/embetsmøte om våren. Det er Justis- og politidepartementet som koordinerer Noreg si deltaking i NSHF, men BLD deltek når spørsmål knytte til integrering er på dagsordenen.

Det eksisterer også eit uformelt nordisk samarbeid på lågare nivå om integreringspolitikk. Frå Noreg si side er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som skjøttar dette samarbeidet.

6.2.2 Barentsregionen/nordområdepolitikken

Noreg vil ha formannskapet i Barentsrådet frå 15. oktober 2011. Hovudpunkta i programmet for formannskapet vil vere

  • berekraftig næringsutvikling i ein Barentsregion rik på ressursar

  • ei miljø- og klimavennleg utvikling basert på kunnskap

  • barentsinnbyggjaren, ein regional identitet – den menneskelege dimensjonen

Barentsrådet si arbeidsgruppe på det ungdomspolitiske området har mellom anna etablert eit kontor for informasjon og rettleiing ( Barents Youth Coordination Office – BYCO) i Murmansk. Kontoret er finansiert i fellesskap av Russland, Finland, Sverige og Noreg. Kontorets hovudoppgåver er å formidle kontakt mellom organisasjonar og ungdomsgrupper i regionen, informere om høva til å finansiere felles prosjekt, aktivitetar og utvekslingar mellom landa og å vere til hjelp ved gjennomføringa av prosjekt og aktivitetar, spesielt med omsyn til visumsøknader. Kontoret er årleg involvert i om lag tretti prosjekt og tiltak. Arbeidsgruppa har medverka til at EUs ungdomsprogram kan nyttast til samarbeidsprosjekt i Barentsregionen, og har god kontakt med informasjonskontora til Nordisk ministerråd. Kontoret spelar ei vesentleg rolle i folk-til-folk-samarbeidet blant barn og unge i regionen. Det har mykje å seie for norske styresmakter og aktørar innan den frivillige sektoren når det gjeld kontakt med dei russiske regionane og forståing av russisk kultur og sosiale forhold. Ei viktig oppgåve for departementet i formannskapet for arbeidsgruppa vil vere å setje i verk ei samanslåing med regionrådet si arbeidsgruppe på ungdomsområdet. Departementets tildeling til finansiering av fleirnasjonale tiltak og prosjekt på barne- og ungdomsområdet, som blir forvalta av Barentssekretariatet, har vist seg å vere eit vellykka tiltak for å fremme mellomfolkeleg samarbeid. Ordninga blir ført vidare i 2012.

Departementet er med i Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse og sosiale saker og Barents Helseprogram, som vurderer prosjektsøknader på helse-, sosial- og barneområdet i Nordvest-Russland. Programmet for utsette barn og unge ( Children and Youth at Risk in the Barents region – CYAR) er eit delprogram under Barents Helseprogram som blei vedteke i 2008 av Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse og sosiale saker. Dei fire hovudaktivitetane i CYAR-prosjektet er:

  • utvikling av ei situasjonsoversikt over utsette barn og unge i Barentsregionen

  • utveksling av ekspertkunnskap ved hjelp av årlege ekspertkonferansar

  • kompetansedeling på utvalde metodar og program med dokumentert effekt, ved hjelp av opplæringskurs og seminar for fagfolk som arbeider med målgruppene

  • informasjon og nettverksbygging ved etablering av ei funksjonell og regelmessig oppdatert nettside

Noreg har formannskapet for dette programmet i 2012, og Bufetat Region nord vil ta seg av dette på vegner av departementet. Bufetat Region nord rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og departementet om oppfølginga av dette programmet. Delprogrammet CYAR blir avslutta i 2012. Departementet vil i samarbeid med andre aktuelle departement vurdere korleis Barents-samarbeidet om utsette barn og unge skal handsames vidare.

6.2.3 Austersjøsamarbeidet

Noreg har hatt formannskapet i Austersjørådet fram til 1. juli 2011. Departementet har under formannskapet leidd ei arbeidsgruppe under Austersjørådet om samarbeidet innanfor det ungdomspolitiske området. Det er etablert eit særskilt sekretariat i Kiel, Tyskland, som skal betre informasjonen og utvekslinga av kunnskap om og for ungdom i regionen. Samarbeidet er regulert av ei eiga avtale som gjeld til desember 2011. Arbeidsgruppa har vedteke å føreslå å finansiere sekretariatet i eitt år til (2012). Etter det må ein eventuelt finne andre finansieringskjelder enn statlege bidrag frå medlemslanda i Austersjørådet. Tyskland tek over formannskapet for eitt år frå 1. juli 2011. Medlemslanda vil da drøfte om arbeidsgruppa skal fortsetje etter at finansieringa av sekretariatet er avslutta.

Medlemslanda i Austersjørådet skal halde fram med samarbeid og aktivitetar knytte til utsette barn og unge. Noreg deltek i Expert group for cooperation on children at risk (EGCC), som òg har ei eiga nettside, childcentre.info. Det er utarbeidd ein plan for prioriteringar i arbeidet for perioden 2011–2013. Formålet med samarbeidet er å dele kunnskap om politikk og tiltak og setje i verk ulike målretta tiltak innanfor tre prioriterte område: vern mot all seksuell utnytting av barn, vern av barn mot alle former for seksuelle overgrep og vald og dessutan rettar for barn og unge på institusjon. Noreg har mellom anna finansiert og utvikla eit opplegg for tilsyn med institusjonar for barn og unge. Dette vil bli ført vidare som kursopplegg i enkelte av medlemslanda. Barn som er utsette for overgrep generelt og menneskehandel spesielt, inngår som viktige tema i EGCC sitt arbeid.

6.2.4 Europarådet

I Europaråd-samarbeidet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av Europarådets konvensjonar, deriblant landrapporteringar, og dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådets arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeid spesielt.

Europarådets ministerkomité har i 2011 vedteke å endre komitéstrukturane, og dermed blir talet på komitear kraftig redusert. Reformarbeidet tek sikte på å leggje større vekt på direkte og understøttande aktivitetar som er knytte til Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som Noreg har ratifisert. Dei ulike komiteane og aktivitetane er fordelte og lagde inn i tre ulike søyler:

  1. Human Rights

  2. Rule of Law

  3. Democracy

Frå 2012 blir det i alt 15 styringskomitear og seks underkomitear.

Ein ny europarådsstrategi basert på den nye strukturen kan bli vedteken i november 2011. Den nye komitéstrukturen innan Europarådet skal ta til å gjelde frå 2012.

Strukturen på ungdomsområdet vil for ein stor del bli oppretthalden, og prinsippet om samstyre mellom dei nasjonale departementa og barne- og ungdomsorganisasjonane (co-management) består. Departementet deltek i styringskomiteen for ungdomspolitikk. Eit særs viktig instrument for utviklinga av Europarådet sin ungdomspolitikk er dei to ungdomssentra i Strasbourg og Budapest og dessutan Det europeiske ungdomsfondet, som støttar prosjekt drivne av og for ungdom i regi av deira organisasjonar. I dei siste åra er det utvikla eit samarbeid mellom Europarådet og Europakommisjonen om enkelte spørsmål innanfor ungdomspolitikken. Det er særleg lagt vekt på å utvikle betre kunnskap om ungdom og samarbeid om leiarutdanning. Eit anna viktig tiltak er etableringa av European Knowledge Centre, som er under oppbygging med data frå ei rekkje europeiske land. Departementet prioriterer å bidra med levering av data til dette senteret og har etablert samarbeid med NOVA, Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring, om dette.

Samarbeidet om statsborgarskap i Europarådet er ein del av justissamarbeidet under The European Committee on Legal Co-operation (CDCJ). Justis- og politidepartementet har koordineringsansvaret, og BLD deltek etter behov. Europarådskonvensjonen av 6. november 1997 om statsborgarskap, som Noreg har underteikna, blei ratifisert 4. juni 2009 og blei sett i kraft 1. oktober 2009. Konvensjonen samlar, supplerer og utdjupar dei internasjonale konvensjonane om statsborgarskap og har mellom anna som mål å fastsetje visse internasjonale prinsipp og standardar på området.

6.2.5 EU/EØS

BLD har på eigne fagområde ansvar for implementering av EØS-relevant regelverk, EØS-finansieringsordningane og saker gjennom ESA si overvaking av EØS-avtala. BLD bidreg også i programsamarbeid og politikk- og regelverksutvikling i EU.

Regelverk

På forbrukarområdet er det ei stadig meir omfattande harmonisering av regelverket. Det meste av norsk forbrukarlovgiving er påverka av EØS-regelverket og vil bli ytterlegare påverka framover. Nytt direktiv om forbrukarrettar vil venteleg bli endeleg vedteke ein gong i 2011, etter nesten tre år med forhandlingar i EU.

Forslag til eit revidert direktiv om pakkereiser vil bli lagt fram mot slutten av 2011 eller tidleg i 2012. I 2011/2012 vil Kommisjonen setje fram forslag til regelverk og andre tiltak som gjeld forbrukartvistar: alternativ tvisteløysing, nettbasert tvisteløysing og kollektive tvistemål. Arbeidet med kontraktsretten, særleg ei felles referanseramme, vil vere sentralt i tida framover. Det vil også innehalde forbrukarspørsmål som ikkje kom med i forbrukardirektivet. I tillegg er det varsla ei gjennomarbeiding av ulike problemstillingar knytte til direktivet om urimeleg handelspraksis og direktivet om samanliknande og villeiande reklame, og ein vil sjå nærmare på problemet med såkalla kataloghaiar/fakturasvindel. Desse initiativa vil krevje stor innsats frå departementet si side for å medverke og påverke i prosessane med siktemål om å sikre eit best mogleg resultat sett frå norsk side.

Programsamarbeid

BLD deltek i desse EU-programma:

  • Aktiv ungdom

  • Sikrare Internett

  • Programmet for forbrukarpolitikk

  • PROGRESS

  • DAPHNE III

EU sitt ungdomsprogram Aktiv ungdom er ein viktig reiskap for at barn og ungdom skal kunne ta del i internasjonalt samarbeid og påverke internasjonale, nasjonale og lokale styresmakter. Programmet verkar for perioden 2007–2013, og departementet vil delta aktivt i arbeidet med å utforme den nye generasjonen program som skal tre i kraft frå 2014. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 30 år og dei som jobbar med ungdom. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet skal, som nasjonalt kontor for dette EU-programmet, halde ved lag det høge nivået på informasjonsarbeidet og opplæringa av brukarar av programmet også i 2012. Ungdom med særskilde behov er den viktigaste målgruppa. Dei største delprogramma gjeld utveksling av ungdomsgrupper og deltaking i volontørtenesta.

Noreg deltek i rammeprogrammet for forbrukarpolitikk 2007–2013. Under programmet deltek Noreg i samarbeid om handheving av forbrukarregelverk over landegrensene (CPC) og ECC-net, eit nettverk av nasjonale kontor som hjelper forbrukarar ved kjøp over landegrensene, særleg med informasjon og tvisteløysing.

PROGRESS (2007–2013) er ei samanslåing og vidareføring av dei fire EU-programma om sosial ekskludering, ikkje-diskriminering, sysselsetjing og kjønnslikestilling. PROGRESS skal gi finansiell støtte til aktivitetar som kan bidra til gjennomføringa av EUs mål innan dei sysselsetjings- og sosialpolitiske områda. Arbeidsdepartementet har koordineringsansvaret for programmet og samarbeider med BLD om aktivitetar som gjeld BLD sitt fagområde.

Noreg har nyleg takka ja til å delta i Europakommisjonens nye program om utveksling av erfaringar om kjønnslikestilling for 2011–2012. Programmet, som er finansiert under PROGRESS , omfattar tre møte mellom medlemslanda i året og dessutan høve til å vere medarrangør av eller medlemsland som gir innspel til ein erfaringsutvekslingskonferanse innan temaet kjønnslikestilling. BLD koordinerer Noregs deltaking i dette programmet.

DAPHNE III (2007–2013) har som mål å førebyggje og nedkjempe alle former for vald både innanfor det offentlege og private mot barn, ungdom og kvinner, inkludert seksuell utnytting og menneskehandel. BLD koordinerer Noregs deltaking i DAPHNE III .

EØS-finansieringsordningane

EØS og Noregs finansielle ordningar er etablerte for å gjennomføre EFTA/EØS-landas bidrag til sosial og økonomisk jamstelling i Europa. Ordninga omfattar 15 medlemsland i EU. Ordninga har to delar, éin der Noreg, Island og Liechtenstein deltek, og éin der berre Noreg er med. Ordninga gjeld for fem år om gongen. Perioden vi no er inne i, gjeld frå 2009 til 2014.

Ordninga byggjer på bilaterale avtaler mellom EFTA/EØS-landa og Noreg på den eine sida og mottakarlanda på den andre sida. Det er fastsett 12 innsatsområde og 32 programområde. Dette er programområda som er aktuelle for BLD: fond for ikkje-statlege organisasjonar, utsette barn og unge, kjønnslikestilling, kapasitetsbygging og samarbeid mellom offentlege institusjonar og kjønnsbasert vald. Dei bilaterale forhandlingane er ikkje avslutta enno.

Politikkutvikling

BLD bidreg også til politikk- og regelverksutvikling innan EU, mellom anna gjennom deltaking i EUs rådgivande komité for likestilling og tilhøyrande adhocgrupper i tilknyting til komiteen, og i desse gruppene på EU- og EFTA-nivå:

  • EUs høgnivågruppe for ikkje-diskriminering

  • EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne

  • EFTAs arbeidsgruppe for likestilling og ikkje- diskriminering

Noreg arbeider aktivt med å få plass som observatør i EUs høgnivågruppe for likestilling mellom kvinner og menn.

Utviklinga av EU sin integreringspolitikk er i dag basert på ikkje-rettslege tiltak og ikkje-bindande harmonisering av medlemslanda sin politikk. Med Lisboatraktaten er det likevel introdusert ein heimel som opnar for at fellesskapsorgana kan etablere tiltak og insentiv på feltet. Politikk som blir utvikla i EU, påverkar Noreg, og det er viktig å samarbeide med EU også på integreringsområdet.

Drøftingar rundt integreringspolitikk baserer seg på eit felles rammeverk for integrering som medlemslanda landa slutta seg til i 2005. Rammeverket set opp ei rekkje grunnprinsipp som er retningsgivande for medlemslanda si politikkutvikling. Utviklinga av politikken på feltet skjer i stor grad via erfarings- og informasjonsutveksling og via samarbeid om metodar for utvikling av integreringspolitikk. Noreg har, som einaste ikkje-medlemsland, observatørstatus i EU-landa sitt nettverk for integrering, National Contact Points on Integration (NCP). Nettverket har jamlege møte og er ein arena for informasjonsutveksling mellom landa. Nettverket har møte ca. fire gonger i året.

Noreg har delteke på alle EU sine ministerkonferansar om integrering. Førebuinga til desse møta skjer i stor grad gjennom NCP. Den siste, og fjerde, ministerkonferansen om integrering var i april 2010 i Zaragoza, Spania.

På ministerkonferansen i Zaragoza, og seinare i ministerrådet, blei det semje om at det skal utviklast europeiske modular for integrering - eit standardisert konsept med ulike komponentar som landa kan ta i bruk i sitt nasjonale integreringsarbeid. Det skal utviklast modular på tre område: 1) Introduksjons- og språkkurs, 2) Engasjement frå styresmakter og storsamfunnet, og 3) Aktiv deltaking i samfunnsliv. Noreg har deltatt på dei tre ekspertseminara som har blitt organisert i samband med utvikling av modulane. Resultata av arbeidet skal presenterast i løpet av 2011.

Consumer Policy Network er eit kontakt- og diskusjonsorgan på høgt nivå mellom Kommisjonen og embetsverket for forbrukarpolitikk i EØS-landa. Kommisjonen bruker nettverket mellom anna til å diskutere/sondere forslag til nye initiativ og til å drøfte pågåande aktivitetar. Deltaking i denne gruppa frå norsk side opnar for informasjon og medverknad til politikkutforminga på fagområdet. Noreg deltek også i ekspertgruppa knytt til Kommisjonen sitt arbeid med ulike forbrukar- og marknadsundersøkingar, inkludert Consumer Market Scoreboard (resultattavla for forbrukarmarknader). Deltaking i dei ulike gruppene og aktivitetane under forbrukarprogrammet er viktige for å sikre tilgang til informasjon og medverknad på politikkområdet.

Det er etablert eit nytt rammeverk for EU sin ungdomspolitikk for åra 2010–2018. Vedtaket inneber at EU legg vekt på ein sterkare tverrsektoriell struktur i arbeidet sitt, som byggjer på å skape fleire høve for ungdom, skape betre tilgang og deltaking og fremme solidaritet. Rammeverket tek for seg områda utdanning og opplæring, arbeid, kreativitet og entreprenørskap, deltaking, helse og idrett, frivillig arbeid, sosial inkludering og ungdommen og verda. Det er lagt vekt på at ungdomspolitikken i EU og medlemslanda skal vere kunnskapsbasert. Gjennomføringa av framlegget skal byggje på den opne samordningsmetoden. Noreg vil, innanfor ramma av EØS-avtala, bidra til oppfølging av meldinga til Europakommisjonen.

I EU sin strategi Europa 2020 er det fremma forslag om ulike flaggskip som skal bidra til gjennomføringa av strategien. To av dei, Youth on the move og An agenda for new skills and jobs, er særleg viktige for det ungdomspolitiske området. Det er lagt opp til at ungdomsprogrammet og rammeverket for framtidig ungdomspolitikk skal bidra til gjennomføring av dei måla som er sette i strategien Europa 2020 .

Lisboa-traktaten frå 2009 har opna opp for innlemming av barnepolitikk i EU-politikken. På bakgrunn av dette har EU-kommisjonen utarbeidd ein EU-strategi for å fremme og sikre barn sine rettar i EUs interne og eksterne politikk og for å støtte medlemslands innsats på dette feltet. I februar 2011 gav kommisjonen ut meldinga An EU Agenda for the Rights of the Child, som presenterer generelle prinsipp som skal sikre at EUs handlingar harmonerer med FNs barnekonvensjon og menneskerettar. I tillegg definerer meldinga ei rekkje handlingar på det barnepolitiske området som EU kan bidra med. Handlingane er retta mot barns deltaking, barnefattigdom og barns vern og tryggleik. I 2012 vil Noreg halde fram med å følgje arbeidet og utviklinga på EUs barnepolitiske felt.

6.2.6 FN

Noreg er rettsleg forplikta til å implementere rettane som er nedfelte i FN-konvensjonane som staten har slutta seg til, og til å rapportere på implementeringa kvart fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementeringa av Noreg sine forpliktingar som følgjer av

  • FN-konvensjonen om barnets rettar

  • FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner

  • FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering

  • FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (som førebels ikkje er ratifisert av Noreg)

På bakgrunn av Noregs fjerde rapport til FN om oppfølging av barnekonvensjonen har Noreg i 2010 motteke avsluttande merknader frå FN sin barnekomité. BLD har sett i gang eit systematisk arbeid for å gå gjennom merknadene og tilrådingane. Det er etablert eit samarbeid både med relevante departement og frivillige organisasjonar om oppfølginga, og dette arbeidet vil halde fram i 2012. Barnekomiteen har bede om at Noregs femte rapport om oppfølging av barnekonvensjonen blir levert i 2016.

I 2012 skal Noreg eksaminerast av FN sin kvinnediskrimineringskomité på bakgrunn av Noreg sin åttande rapport til komiteen. I 2012 held BLD fram arbeidet med å følgje opp anbefalingane som det fekk frå FN sin rasediskrimineringskomité i mars 2011.

I tillegg har BLD fagansvar for å bidra til implementering av og rapportering på FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som blir koordinert av Justis- og politidepartementet, og FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, som blir koordinert av Utanriksdepartementet. I tillegg bidreg BLD til Universal Periodic Review (UPR)-prosessen under FN sitt menneskerettsråd.

BLD deltek også i dei årlege møta i tredje komité i generalforsamlinga i FN, som dekkjer menneskerettsspørsmål knytte til likestilling og diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, barn mv. BLD har også oppfølgingsansvar for sentrale resolusjonar som er vedtekne i tredje komité eller i FNs tryggingsråd.

BLD deltek på dei årlege møta i FN sin kvinnekommisjon, som er den politiske møteplassen for fagstatsrådar, sivilt samfunn og FN-organa. Avhengig av temaa for møta deltek BLD i FN sin komité for økonomiske og sosiale spørsmål under FN si generalforsamling på dei årlege høgnivåmøta. Vidare deltek BLD i FN sin sosialkommisjon, som arbeider med politikken for personar med nedsett funksjonsevne, når temaa på dagsordenen tilseier det.

Som fagdepartement for likestilling mellom kvinner og menn deltek BLD på styremøta i UN Women saman med Utanriksdepartementet i den perioden Noreg har plass i styret, frå 2011 til 2014.

FNs høgkommissariat for flyktningar (UNHCR)

Working Group on Resettlement (WGR) blei oppretta i 1995 av ti gjenbusetjingsland som da hadde årlege kvotar med overføringsflyktningar: USA, Canada, Australia, New Zealand, Finland, Sverige, Noreg, Danmark, Sveits og Nederland. Arbeidsgruppa for gjenbusetjing har normalt møte i Genève to til tre gonger i året. Frå 1995 har det også vore eit årleg møte mellom UNHCR og frivillige organisasjonar som er involverte i dette arbeidet, Annual Tripartite Consultations on Resettlement (ATCR). I starten var møta i WGR og ATCR åtskilde, men no går dei faglege diskusjonane hovudsakleg føre seg i eit samla forum. Formannskapet går på omgang. Australia tok over formannskapet i juli 2011. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet deltek i WGR og ATCR, i tillegg deltek BLD på møte når integreringsspørsmål står på dagsordenen. Justis- og politidepartementet er hovudkontakt mot UNHCR når det gjeld gjenbusetjing av flyktningar.

6.2.7 Andre internasjonale forum

OECD

BLD deltek i sentrale forskingsprosjekt innanfor OECD, mellom anna International Futures Programme: The Future of the Family to 2030 .

Departementet deltek i OECD sin komité for forbrukarsaker. Evaluering og revisjon av retningslinjene frå 1999 om elektronisk handel starta i 2010 og skal sluttførast i 2015. Tema for dette arbeidet i 2011 og 2012 er forbrukarvern ved betaling via mobiltelefon og Internett, forbrukarvern ved kjøp av digitale produkt og ved deltaking i sosiale nettverk på Internett. Komiteen har utvikla ei verktøykasse for utvikling av forbrukarpolitikk som no skal brukast på området kommunikasjonstenester. Miljø, forbrukarundervising og forbrukarundersøkingar er døme på andre tema komiteen arbeider med.

Forsking og analysar som relevante internasjonale organisasjonar og forum gjennomfører, er nyttige for Noreg. Det er av særleg interesse å kunne samanlikne situasjonen for innvandrarar og barna deira i Noreg med situasjonen for tilsvarande grupper i land med ein tilnærma lik innvandringspolitikk, eit liknande datagrunnlag og innvandrarar frå dei same opphavslanda.

Working party on migration er ein underkomité til Komiteen for arbeid og sosiale spørsmål. Hovudoppgåvene til komiteen er å analysere utviklinga av migrasjonsstraumar, å analysere OECD-landa si politikkutvikling for internasjonal migrasjon og integrering av innvandrarar og å bidra til å utvikle samanliknbar internasjonal statistikk.

OECD har dei siste åra sett migrasjon høgt på dagsordenen og prøver i auka grad å kople arbeidet på migrasjonsfeltet nært saman med andre relevante fagområde, særleg utdanning, arbeidsmarknad, økonomi og utvikling. Gjennom arbeidet opp mot OECD får Noreg kunnskap om politikken i andre land og resultata av politikken og dessutan innspel på norsk innvandrings- og integreringspolitikk. Ein meirverdi ved deltaking i migrasjonskomiteen er at også land utanfor Europa er medlemmer av OECD. Departementet vil i 2012 halde fram med å delta i OECDs migrasjonsgruppe og bidra til rapporteringa til OECDs publikasjon International Migration Outlook .

Global Forum on Migration and Development (GFMD)

GFMD er ein internasjonal, frivillig og open konsultasjonsprosess om politikk og praksis når det gjeld migrasjon og utvikling. Forumet blei lansert i Brussel i juli i 2007 og er ei oppfølging av dialogen i generalforsamlinga i FN om migrasjon og utvikling i New York i september 2006. Forumet er uformelt og ikkje-bindande. Det har hatt fire møte der det har samla meir enn 150 regjeringar og internasjonale og frivillige organisasjonar. Tilknytinga til FN er sikra ved FNs spesialrepresentant for internasjonal migrasjon og utvikling, og ved at konklusjonane frå diskusjonane blir formidla til FNs generalsekretær. Det skal vere ein dialog på høgt nivå om migrasjon og utvikling under FNs generalforsamling i 2013. Fram til da vil det bli halde årlege møte. Utanriksdepartementet er knutepunkt i Noreg for arbeidet mot GFMD.

Metropolis

Metropolis er eit internasjonalt nettverk og forum mellom forskarar og brukarar omkring migrasjon, integrasjon av innvandrarar og etniske relasjonar. Forumet sitt mål er å vere ein møteplass for forskarar og brukarar og å oppmuntre til politikkrelevant forsking og forskingsformidling om migrasjon, integrasjon av innvandrarar og etniske relasjonar.

Vel tjue land er med i forumet, som har eit styre der Noreg er med. Forumet arbeider gjennom ein årleg konferanse der mellom 700 og 1 000 personar tek del. Konferansane går på omgang mellom deltakarane. Den 16. internasjonale Metropolis-konferansen finn stad i Ponta Delgada på Asorane 12.–16. september 2011 og har hovudtemaet Migration Futures: Perspectives on global changes .

Transatlantic Council on Migration

Noreg har frå 2008 teke del i Transatlantic Council on Migration , eit uformelt forum for diskusjonar om migrasjon mellom forskarar og politikarar frå Europa og Nord-Amerika. Rådet er drifta av Migration Policy Institute i Washington og arrangerer møte og seminar med ulike tema i tillegg til at det utarbeider ei rekkje notat og rapportar om ulike tema. Deltaking i rådet skjer i samarbeid med Justis- og politidepartementet.

Intergovernmental Cosultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC)

IGC er eit uformelt forum for gjensidig informasjonsutveksling om migrasjon og integrering mellom styresmaktene i for tida 17 land. FNs høgkommissariat for flyktningar (UNHCR), International Organization for Migration (IOM) og EU-kommisjonen deltek også. I IGC utvekslar ein informasjon og byggjer opp kompetanse om asyl- og flyktningpolitikk og om statsborgarskap og andre spørsmål som gjeld integrering, mellom anna kvalifisering av og språkopplæring for innvandrarar. Det er Justis- og politidepartementet som har koordineringsansvaret for deltaking i forumet.