7 Omtale av miljøprofilen i budsjettet

7.1 Forbrukarområdet

7.1.1 Miljøutfordringar

Både forbruksvolum og forbruksmønster i samfunnet har innverknad på miljøet, medrekna klimaet. Miljø-, ressurs- og klimabelastninga frå forbruket i Noreg er høgare enn det som svarer til eit berekraftig nivå i global målestokk. Omgrepet berekraftig forbruk tek opp i seg omsynet til både natur, ressursgrunnlag, helse, etikk og rettvis fordeling. Miljøutfordringa knytt til forbruk, handlar om å tilpasse forbruksmønsteret og det samla ressursforbruket i samfunnet til det naturen kan tåle.

Det er òg viktig å skape ei felles forståing av kva eit etisk og berekraftig forbruk inneber i praksis. Eit endra forbruksmønster og eit redusert samla ressursforbruk vil krevje endringar i både haldningar, åtferd og livsstil og dessutan i teknologi og økonomisk politikk. Det er eit gjennomgåande problem at dei fleste miljøgevinstane ved teknologiforbetringar har ein tendens til å bli meir enn oppetne av veksten i det totale forbruket.

Regjeringa sin strategi for ei berekraftig utvikling framhevar behovet for å endre produksjons- og forbruksmønstra. I forbrukarpolitikken er det eit mål å medverke til eit meir berekraftig forbruksmønster gjennom informasjon, kunnskapsformidling og haldningspåverknad.

For at forbrukarane skal kunne ta etiske og miljøtilpassa kjøpsval, må det finnast lett tilgjengeleg, påliteleg og tilstrekkeleg informasjon om etikk- og miljøaspekta ved produkta. Det er vidare viktig med større innsyn i og kunnskap om produksjonshistoria til produkta gjennom openheit i heile verdikjeda. Styresmaktene må også leggje rammer for og gi insentiv til næringsdrivande i ei meir berekraftig retning.

7.1.2 Mål

Det viktigaste verkemiddelet under ansvarsområdet til BLD når det gjeld etisk og berekraftig forbruk, er informasjon til forbrukarane. Informasjon om miljømessige, etiske og sosiale aspekt knytte til varer og tenester, gjer det mogleg for forbrukarane å velje dei produkta som belastar miljøet minst mogleg. Medvitne, aktive og godt organiserte forbrukarar kan gjennom etterspurnaden sin påverke næringsdrivande til i større grad å leggje omsyn til berekraft til grunn for investeringar og produksjon.

BLD følgjer ein todelt strategi som går ut på å

  • leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket

  • styrkje kunnskapen og engasjementet til forbrukarane på spørsmål knytte til berekraftig forbruk

Informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved varer og tenester kan formidlast gjennom til dømes nettbasert informasjon, produkttestar, marknadsføring frå næringslivet, undervising om forbrukstema i skolen og ved positiv miljømerking. I miljømerkinga blir den relevante informasjonen samanfatta i eit symbol (Svanen eller EU-blomen) som gir eit enkelt signal til forbrukaren. Det er eit særleg mål å utvikle vidare og styrkje dei eksisterande offisielle miljømerka, slik at dei kan få enda større gjennomslag i marknaden.

7.1.3 Rapport 2010

Arbeidet med miljømerkeordningane Svanen og EU-blomen blei ført vidare i 2010. BLD løyvde i tillegg særskilde midlar til profilering av dei offisielle miljømerka. Målet var å utvikle desse vidare og gjere dei meir kjende blant folk.

I samarbeid med andre departement gjennomførte BLD i 2010/2011 ei kartlegging av forbrukarretta merkeordningar og bad Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) undersøkje forbrukarane si oppfatning av merkeordningar. Rapporten slår fast at den offentlege merkeordninga Svanen er blant dei mest kjende merka hos forbrukarane. Undersøkinga peiker også på eit behov for å gjere informasjon om dei ulike merkeordningane meir tilgjengeleg for forbrukarane.

Departementet gav i 2010 økonomisk støtte til vidareutvikling og integrering av nettstaden etiskforbruk.no i miljønettstaden til Grønn Hverdag, gronnhverdag.no . Målet er at informasjon om etisk og miljøvennleg forbruk blir formidla saman, slik at medvitne forbrukarar får ei enklare oppgåve når dei leiter etter slik informasjon på nett.

BLD deltok i ei internasjonal arbeidsgruppe som utvikla ein internasjonal standard for organisasjonars samfunnsansvar (ISO 26000). Arbeidet med standarden blei sluttført i 2010.

7.1.4 Tiltak

Departementet vil arbeide for å skape større medvit om miljø- og klimakonsekvensar av forbruksval og av det samla private forbruket, og medverke til å konkretisere kva eit berekraftig forbruk betyr i praksis.

BLD vil arbeide for å vidareutvikle frivillig positiv miljømerking (Svanen og Blomen) som verktøy for eit meir berekraftig forbruksmønster. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke, og at forbrukarar i større grad spør etter slike.

Det er viktig at næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa si. Forbrukarombodet, som forvaltar marknadsføringslova, arbeider for at forbrukarane skal få riktig og relevant informasjon også om etiske og miljømessige forhold ved varer og tenester.

I undervisinga i forbrukaremne i skolen er det viktig å fremme kunnskap om korleis forbruk verkar inn på miljø og klima, og korleis forbrukarane og hushalda kan opptre miljømedvite. BLD gir til dømes støtte til eit breitt internasjonalt nettverk for undervisarar og forskarar (PERL), som mellom anna utviklar undervisingsmateriell og utvekslar kompetanse om berekraftig forbruk og livsstil.

7.2 Barn og unge

7.2.1 Miljøutfordringar

Tilrettelegging og sikring av areal og miljø for leik og aktivitet for barn og unge i byar og tettstader er viktig. Særleg når utbygging skjer som fortetting av allereie etablerte bustadområde, må kommunane ved planlegging og utbygging ta nødvendige omsyn for å sikre barn og unge eit godt oppvekstmiljø, jf. krav i plan- og bygningslova. Utvikling av arenaer og metodar for deltaking og innverknad mellom anna gjennom barne- og ungdomsråd og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er ei viktig oppgåve for alle kommunar og fylkeskommunar for at barn og unge skal kunne delta i utforminga av oppvekstmiljøet.

7.2.2 Rapport og resultat

BLD har gjennom tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar stimulert til aktivitet i organisasjonar som har kultur- og miljøengasjement som aktivitet. BLD har òg delteke i Miljøverndepartementets arbeid med oppfølging av Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (RPR). Eit fleirtal av kommunane og fylkeskommunane driv eit systematisk arbeid for deltaking og innverknad frå barn og ungdom. Mange barn og unge tek del gjennom tilrettelagde prosessar i kommunar og fylke og har høve til å medverke med synspunkt på utviklinga av oppvekstmiljøet.

7.2.3 Mål for arbeidet

BLD vil gjennom arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad bidra til at det blir lagt stor vekt på det fysiske oppvekstmiljøet for barn og unge i regional og kommunal planlegging.

Viktige mål for BLD er at

  • alle kommunane og fylkeskommunane utviklar gode og varierte oppvekstmiljø

  • kommunane gjer ei samla vurdering av oppvekstmiljøet for barn og unge for å innarbeide mål og tiltak i planarbeidet til kommunane

  • alle barn og unge har høve til å delta for å kunne påverke utviklinga av nærmiljøet

7.2.4 Tiltak

BLD vil medverke til at det blir lagt vekt på barn og unges oppvekstmiljø i regional og kommunal planlegging. Departementet vil føre vidare arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad, mellom anna gjennom FNs konvensjon om barnerettane, gjennom støtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og gjennom å stimulere til idé- og erfaringsutveksling mellom kommunar. Kommunen som blir kåra til Årets barne- og ungdomskommune , skal vere særskilt god på å gi barn og ungdom reell innverknad på oppvekstmiljøet.