8 Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga

8.1 Forord

Regjeringa rapporterer årleg på 17 konkrete mål for inkludering som omfattar ansvarsområda til åtte departement. Formålet med Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga er å måle effektar av inkluderingspolitikken over tid på dei ulike samfunnsområda og å tydeleggjere for det enkelte sektororganet kva ansvar det har overfor innvandrarbefolkninga. Kvart mål har éin eller fleire indikatorar. Desse skal gi informasjon om utviklinga mot målet. Dei ansvarlege departementa rapporterer, i tråd med prinsippet om sektoransvar, årleg på måloppnåinga i sine eigne budsjettproposisjonar. Dette er det sjuande året på rad at det blir rapportert på måla. Omtala her i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin budsjettproposisjon syner den samla rapporteringa på måloppnåinga.

Det har tidlegare vore varsla at måla for inkludering, indikatorane og kor treffsikre dei er, skulle bli gjennomgått. Dette arbeidet blei sett i gang hausten 2010. Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) fekk oppdraget og leverte ein rapport i februar 2011.

Rapporteringa på Mål for inkludering gir oss eit bilete av utviklinga på integreringsfeltet. Samtidig er det viktig å vere merksam på at rapporteringa på måla ikkje gir eit fullstendig bilete av tilstanden, og at det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Endringane i samansetjinga av innvandrarbefolkninga, til dømes kor mange som kjem som arbeidsinnvandrarar, og kor mange som er flyktningar, kan vere sentrale faktorar som forklarer endringar i måloppnåing. Det same gjeld kor gamle dei er, og om dei har kort eller lang butid i landet.

Rapporteringa frå dei ansvarlege departementa syner mellom anna desse hovudtrekka:

  • Frå 2005 til 2008 steig sysselsetjinga blant innvandrarar med 6,7 prosentpoeng til 64,2 prosent. Så fallsysselsetjinga til i underkant av 62 prosent i 2009 og har til 2010 vore omtrent uendra. Sysselsetjinga i 2010 var 61,6 prosent. Alle tala er for fjerde kvartal.

  • Auken i arbeidsløyse blant innvandrarar har i store trekk følgt utviklinga i samla arbeidsløyse, men delen arbeidsledige innvandrarar er stadig om lag tre gonger så høg som for befolkninga i alt.

  • I statsadministrasjonen, som omfattar departementa og dei underliggjande etatane, er det ein liten auke i delen tilsette med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS. Frå 1. oktober 2009 til same dato i 2010 var det ein auke på 0,2 prosentpoeng, til totalt 3,8 prosent.

  • For treårsperioden 1997–1999 auka delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt. For perioden 2004–2006 var det ein nedgang i delen med låginntekt i desse gruppene, særleg for personar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa. Delen av innvandrarbefolkninga med låginntekt har halde seg relativt stabil etter dette, med ein liten nedgang i siste treårsperiode, 2007–2009. Delen innvandrarar med vedvarande låginntekt er framleis på eit høgt nivå. Av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre hadde 16 prosent vedvarande låginntekt i perioden 2007–2009 målt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala) og 26 prosent målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala). Delen innvandrarar med låginntekt fell med aukande butid.

  • Frå 2005 til 2010 auka delen av minoritetsspråklege barn i barnehage frå 54 til 71 prosent. Veksten ser til å flate ut i 2010.

  • Frå 2008 til 2010 auka delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med eitt prosentpoeng til 5,3 prosent av alle førskolelærarar i barnehagane. Likevel står ikkje delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn i dag i eit rimeleg forhold til delen minoritetsspråklege barn i barnehage, som er på 9,9 prosent.

  • Resultat frå nasjonale prøver i lesing og rekning på 5. og 8. trinn i 2010 og 2009 syner at avstanden mellom elevgruppa som heilskap og elevar med innvandrarbakgrunn har blitt mindre i lesing på begge trinna. I rekning blir òg avstanden noko mindre for 5. trinn, medan trenden går svakt i motsett retning for 8. trinn.

  • Etter nokre år med auke i den delen som kjem til landet som 13- og 16-åringar, og som fullfører og består vidaregåande opplæring, var det ein liten nedgang frå 2009 til 2010. I 2006 var det høvesvis 39 prosent av dei som kom til Noreg som 13-åringar, og 26 prosent av dei som kom til landet som 16-åringar som fullførte og bestod vidaregåande opplæring. I 2010 var desse delane høvesvis 49 og 37 prosent.

  • Delen innvandrarar som var oppe til og bestod avsluttande prøve i norsk etter fem års butid, var noko høgare i 2010 enn i åra 2004–2007, men lågare enn delen som var oppe til og bestod avsluttande prøve i norsk i 2008 og 2009.

  • Ingen innvandrargrupper hadde signifikant høgare dødsrate enn dei som er fødde i Noreg. Dette gjaldt både for kvinner og menn.

  • Delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta auka frå 2 prosent i 2005 til 3,4 prosent i 2010. I retts- og fengselsstellet auka delen tilsette med innvandrarbakgrunn frå 2,2 prosent i 2005 til 2,9 prosent i 2010.

  • Innvandrarar er ikkje ei spesifikk målgruppe i bustøtta, men er ofte overrepresenterte i grupper som får bustøtte. Talet på barnefamiliar i ordninga har auka med 15 prosent frå juni 2009 til 2011. Samtidig kan ein sjå at norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del av mottakarane av bustøtte.

8.2 Samla oversikt over måla og dei ansvarlege departementa

8.2.1 Arbeid og velferd (Arbeidsdepartementet)

  • Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre får i aukande grad tilknyting til arbeidsmarknaden, kontrollert for forholda i arbeidsmarknaden.

  • Delen innvandrarar med vedvarande låginntekt skal minke ned mot nivået for befolkninga generelt.

8.2.2 Staten som arbeidsgivar (Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)

  • Delen personar med innvandrarbakgrunn blant tilsette i staten skal auke.

8.2.3 Utdanning og oppvekst (Kunnskapsdepartementet)

  • Talet på barn med innvandrarbakgrunn som går i barnehage aukar.

  • Medverke til å få fleire førskolelærarar med innvandrarbakgrunn.

  • Barn og unge med innvandrarbakgrunn skal beherske norsk språk så tidleg som mogleg i skolegangen for å sikre eit godt læringsutbytte.

  • Delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører vidaregåande opplæring skal tilsvare delen for befolkninga totalt.

  • Delen innvandrarar som kom til landet i ungdomsskole- eller vidaregåande alder, og som fullfører vidaregåande opplæring, skal auke.

  • Delen tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring med innvandrarbakgrunn skal auke.

8.2.4 Språk og barnevern (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)

  • Vaksne innvandrarar skal lære tilstrekkeleg norsk til å fungere i samfunnet i løpet av dei første fem åra dei bur i landet.

  • Medverke til å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta.

8.2.5 Helse og omsorg (Helse- og omsorgsdepartementet)

  • Helseforskjellane mellom etniske grupper skal reduserast.

8.2.6 Politi, kriminalomsorg og rettsvesen (Justis- og politidepartementet)

  • Ein skal sikte mot ein auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i kriminalomsorga.

  • Ein skal arbeide for å auke delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn.

8.2.7 Bustad og val (Kommunal- og regionaldepartementet)

  • Innvandrarar skal sikrast trygge butilhøve og unngå utstøyting i bustadmarknadene.

  • Delen personar med innvandrarbakgrunn og stemmerett som deltek ved kommunestyreval, fylkestingsval og stortingsval skal tilsvare valoppslutninga samla.

8.2.8 Kultur og media (Kulturdepartementet)

  • Auka deltaking og auka del aktive utøvarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.

8.3 Arbeid og velferd

8.3.1 Mål

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre får i aukande grad tilknyting til arbeidsmarknaden, kontrollert for forholda i arbeidsmarknaden.

Indikatorar

  • delen sysselsette innvandrarar

  • delen tiltaksdeltakarar som er innvandrarar, samanlikna med delen innvandrarar blant registrerte ledige

  • delen arbeidsledige norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og befolkninga totalt

  • delen sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og befolkninga totalt

  • delen sysselsette innvandrarar med heiltidsstilling

  • delen sysselsette innvandrarar med deltidsstilling

Regjeringa har som mål å få fleire personar med innvandrarbakgrunn i arbeid. Fram til våren 2009 var situasjonen på arbeidsmarknaden prega av ein sterk nedgangskonjunktur både i Noreg og internasjonalt, og arbeidsløysa steig raskt ein periode. Sidan sommaren 2009 har det vore vekst i norsk økonomi. Talet på sysselsette er på veg opp, og arbeidsløysa har begynt å falle. Etter sommaren 2008 til 4. kvartal 2010 har likevel delen av befolkninga 15–74 år som er sysselsett, blitt redusert frå 72,4 til 69,1 prosent. Noko av nedgangen i sysselsetjingsraten må sjåast i samanheng med at det er blitt ein større del eldre blant personar i arbeidsdyktig alder. Trass i aukande arbeidsløyse og avgang frå arbeidsstyrken under finanskrisa i 2008 og 2009 har Noreg framleis ein stor del av befolkninga sysselsett. Det er viktig å utnytte dagens moderate oppgangskonjunktur til å redusere arbeidsløysa for innvandrarar, jf. del II, resultatområde 2, delmål 1 i Prop. 1 S (2011–2012) for Arbeidsdepartementet.

Status

Frå 4. kvartal 2005 fram til 4. kvartal 2008 steig sysselsetjinga blant innvandrarar frå 57,5 prosent til 64,2 prosent. Så fall sysselsetjinga til 61,7 prosent i 4. kvartal 2009. Til året etter var sysselsetjinga blant innvandrarar omtrent uendra. Sysselsetjinga 4. kvartal 2010 var 61,6 prosent. Målt i talet på personar auka sysselsetjinga med 24 000 blant innvandrarar frå 2009 til 2010. Fordi innvandrarbefolkninga også auka, var delen sysselsette likevel nesten uendra. Det er personar med bakgrunn frå EU-land i Aust-Europa som har hatt den største auken i talet på sysselsette frå 4. kvartal 2009 til 4. kvartal 2010.

Den auka arbeidsløysa blant innvandrarar har i store trekk følgt utviklinga i samla arbeidsløyse. Frå 4. kvartal 2009 til 4. kvartal 2010 auka arbeidsløysa for innvandrarar frå 6,6 til 7,1 prosent. Arbeidsløysa i denne gruppa blir påverka av konjunkturar omtrent som for andre arbeidstakarar, og delen arbeidsledige innvandrarar er stadig om lag tre gonger så høg som for befolkninga i alt. Arbeidsløysa har auka klart mest blant personar frå EU-land i Aust-Europa sidan våren 2008. Ein viktig grunn til dette er at mange av desse arbeidde i bygg og anlegg og industri.

Ved utgangen av mai 2011 utgjorde innvandrarane 41,1 prosent av dei ordinære tiltaksdeltakarane. Til samanlikning utgjorde dei 31,3 prosent av alle registrerte arbeidsledige. Norskfødde med innvandrarforeldre har stadig lågare arbeidsløyse enn innvandrarar, men høgare arbeidsløyse enn befolkninga i alt. Delen sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre er lågare enn for innvandrarar og blei redusert frå 2009 til 2010. At sysselsetjingsdelen for denne gruppa er lågare enn for innvandrarar kan ha samanheng med at mange norskfødde med innvandrarforeldre er unge og går på skole. Blant sysselsette innvandrarar arbeidde 69,7 prosent heiltid per 4. kvartal 2010, medan 30,3 prosent arbeidde deltid. I befolkninga i alt var 71,4 prosent registrerte med heiltidsarbeid, medan 28,6 prosent arbeidde deltid. For nærmare omtale av indikatorane blir det vist til del I, punkt 3.2 Arbeidsmarknaden i Prop. 1 S (2011–2012) for Arbeidsdepartementet.

Tabell 8.1 Arbeidsløyse, sysselsetjing og tiltaksdeltaking i innvandrarbefolkninga. Prosent

Indikator

4. kvartal 2009

4. kvartal 2010

Delen sysselsette innvandrarar

61,7 Menn: 65,9 Kvinner 57,1

61,6 Menn: 65,8 Kvinner: 57,1

Delen tiltaksdeltakarar som er innvandrarar, samanlikna med delen innvandrarar blant registrerte ledige

37,5 (27,7 prosent av reg. ledige)

41,5 (30,3 prosent av reg. ledige)

Delen arbeidsledige norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og befolkninga totalt

4,7 (innvandrarar 6,6 og befolkninga totalt 2,5)

5,0 (innvandrarar 7,1 og befolkninga totalt 2,7)

Delen sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar (sjå over) og befolkninga totalt

53,6 (befolkninga totalt 69,7)

53,0 (befolkninga totalt 69,1)

Delen sysselsette innvandrarar med heiltidsstilling

71,4 Menn: 80,4 Kvinner: 60,2

69,7 Menn: 78,5 Kvinner: 58,7

Delen sysselsette innvandrarar med deltidsstilling

28,6 Menn: 19,6 Kvinner: 39,9

30,3 Menn: 21,6 Kvinner: 41,3

Kjelde: SSB

8.3.2 Mål

Delen innvandrarar med vedvarande låginntekt skal minke ned mot nivået for befolkninga generelt.

Indikatorar

  • delen innvandrarar med vedvarande låginntekt samanlikna med befolkninga sett under eitt

  • delen barn under 18 år med innvandrarbakgrunn som lever i husstandar med vedvarande låginntekt, samanlikna med alle barn

Innvandrarar, og særleg innvandrarar med landbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa, er betydeleg overrepresenterte i fleire typiske låginntektsgrupper, slik som unge, einslege, einslege forsørgjarar, par med små barn og familiar med tre eller fleire barn. Dette må ein sjå i lys av at sysselsetjinga blant innvandrarar frå dei nemnde gruppene er vesentleg lågare enn for befolkninga elles. Det er òg store skilnader i låginntekt etter innvandringsland, migrasjonsårsak og butid.

Status

Sidan første periode med måling av vedvarande låginntekt * (1997–1999) auka delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt fram til treårsperioden 2003–2005. For perioden 2004–2006 var det ein nedgang i delen med låginntekt i desse gruppene, særleg for personar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa. Delen av innvandrarbefolkninga med låginntekt har halde seg relativt stabil etter dette, med ein liten nedgang i siste treårsperiode (2007–2009). Målt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala) var 16 prosent av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre registrerte med vedvarande låginntekt i treårsperioden 2007–2009, medan delen for personar med landbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa var 19 prosent. Tilsvarande del målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala) var høvesvis 26 og 30 prosent. Delen med vedvarande låginntekt i befolkninga som heilskap i perioden 2007–2009 var 3,3 prosent (50 prosent av medianinntekta, OECD-skala) og 8,1 prosent (60 prosent av medianinntekta, EU-skala). Nedgangen i delen innvandrarar med låginntekt i dei seinare åra har funne stad samtidig som delen av befolkninga som heilskap har vore relativt stabil. Innvandrarar har i dei seinare åra hatt ei god og til dels betre inntektsutvikling samanlikna med befolkninga som heilskap. Delen innvandrarar med vedvarande låginntekt er framleis på eit høgt nivå. Da personar med innvandrarbakgrunn utgjer ein større del av befolkninga, aukar jamvel talet på innvandrarar med låginntekt.

Delen innvandrarar med låginntekt fell med aukande butid. For innvandrarar med ei butid i Noreg på tre år hadde 40 prosent låginntekt i 2008. Delen med låginntekt fall til 31 prosent for dei med butid på mellom fire og ni år og til 19 prosent for alle som hadde budd i landet i 10 år eller meir. Blant innvandrarar med landbakgrunn frå mellom anna Tyrkia, Pakistan, Irak og Somalia har ein høg del låginntekt sjølv etter 10 års butid i landet.

Figur 8.1 Personar med vedvarande låginntekt (OECD-definisjon). Prosent

Figur 8.1 Personar med vedvarande låginntekt (OECD-definisjon). Prosent

Kjelde: SSB

Figur 8.2 Personar med vedvarande låginntekt (EU-definisjon). Prosent

Figur 8.2 Personar med vedvarande låginntekt (EU-definisjon). Prosent

Kjelde: SSB

Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i låginntektsgruppa. Dette har samanheng med ein kombinasjon av svak tilknyting til arbeidsmarknaden hos foreldra og barnerike familiar. Om lag fire av ti barn i hushald med låginntekt har innvandrarbakgrunn. Delen barn med innvandrarbakgrunn i hushald med låginntekt har gått ned i siste treårsperiode (2007–2009). Ettersom innvandrarbefolkninga aukar, aukar jamvel talet på barn med innvandrarbakgrunn i husstandar med låginntekt. I treårsperioden 2007–2009 levde 27 prosent av barn under 18 år med innvandrarbakgrunn i husstandar med vedvarande låginntekt målt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala). Dette tilsvarer om lag 24 000 barn. Målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala) levde 36 prosent av barna med innvandrarbakgrunn i husstandar med låginntekt. Dette tilsvarer om lag 32 000 barn. Delen barn i familiar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa i husstandar med låginntekt er enda noko høgare. Til samanlikning høyrte høvesvis 5,0 og 7,7 prosent av alle barn til husstandar med vedvarande låginntekt i same periode.

Figur 8.3 Barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt (OECD-definisjon). Prosent

Figur 8.3 Barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt (OECD-definisjon). Prosent

Kjelde: SSB

Figur 8.4 Barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt (EU-definisjon). Prosent

Figur 8.4 Barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt (EU-definisjon). Prosent

Kjelde: SSB

Blant innvandrarbefolkninga er det ein noko høgare del menn enn kvinner med vedvarande låginntekt. Dette gjeld for begge målemetodane for låginntekt. Sett for befolkninga under eitt har ein noko høgare del kvinner låginntekt når grensa for låginntekt blir sett til 60 prosent av medianinntekta (EU-skala), medan det er ein marginalt høgare del av menn med låginntekt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala). Nedgangen i delen med låginntekt i innvandrarbefolkninga i siste treårsperiode (2007–2009) har funne sted både hos kvinner og menn.

Låginntekt heng i stor grad saman med manglande eller lita tilknyting til arbeidslivet. Delen personar som tilhøyrer ein husstand utan nokon yrkestilknytte, er høgare i innvandrarbefolkninga, og spesielt blant innvandrarar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa, enn i befolkninga som heilskap. Sjå rapportering på målet om tilknyting til arbeidsmarknaden.

Sentrale innsatsområde i handlingsplanen mot fattigdom er tiltak for at det skal vere mogleg for alle å kome i arbeid, tiltak for at alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg, og tiltak for å betre levekåra for dei mest vanskelegstilte. Innvandrarar og barn i innvandrarhusstandar er blant målgruppene for innsatsen. Sjå omtale av innsatsen mot fattigdom i Prop. 1 S (2011–2012) for Arbeidsdepartementet.

8.4 Staten som arbeidsgivar

8.4.1 Mål

Delen personar med innvandrarbakgrunn blant tilsette i staten skal auke.

Indikatorar

  • delen personar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS * som er tilsette i statsadministrasjonen

  • delen personar med innvandrarbakgrunn tilsette i statleg heileigde verksemder

Staten som arbeidsgivar har eit særleg ansvar for å gå føre som eit godt døme ved å auke delen av dei tilsette i staten som har innvandrarbakgrunn. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for større mangfald i forvaltinga. Det er også viktig for staten sin legitimitet at forvaltinga så langt som mogleg speglar mangfaldet i befolkninga. Elles viser ein til Prop. 1 S (2011–2012) kap. 1500 for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Status

Det er ein auke i delen tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 i statsadministrasjonen. Statsadministrasjonen omfattar departementa og dei underliggjande etatane. Per 1. oktober 2010 var det 3,8 prosent blant dei tilsette som hadde ein slik bakgrunn. Dette er ein auke frå 1. oktober 2009, da det tilsvarande talet var 3,6 prosent. Per 1. oktober 2010 var det blant dei tilsette 3,9 prosent kvinner og 3,8 prosent menn frå landgruppe 2.

Tabell 8.2 Tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 i statsadministrasjonen. Prosent

2008

2009

2010

Samla tal for departementsområda

3,2

3,6

3,8

Kjelde: SSB, arbeidsmarknadsstatistikk

Som i tidlegare år var det i 2010 store variasjonar mellom departementsområda når det gjeld kor stor del av dei tilsette som hadde bakgrunn frå landgruppe 2. SSB har justert tala for 2009 i samband med oppdatering av opplysningane. At Arbeidsdepartementet har hatt ei negativ utvikling sidan 2009, kan mellom anna ha si årsak i at integreringsområdet i 2010 blei flytt frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. I BLD auka delen av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 frå 2,9 til 4,0 i same periode.

Tabell 8.3 Departementsområda med høgast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2, 4. kvartal 2009 og 4. kvartal 2010. Prosent

Departement

2009

2010

Kunnskapsdepartementet

6,3

6,8

Helse- og omsorgsdepartementet

5,1

5,4

Arbeidsdepartementet

5,1

4,4

Kjelde: SSB, arbeidsmarknadsstatistikk

Tabell 8.4 Departementsområda med høgast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 (menn), 1. oktober 2010. Prosent

Departement

2010

Kunnskapsdepartementet

8,1

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

6,2

Helse- og omsorgsdepartementet

5,9

Kjelde: SSB

Tabell 8.5 Departementsområda med høgast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 (kvinner), 1. oktober 2010. Prosent

Departement

2010

Kunnskapsdepartementet

5,6

Helse- og omsorgsdepartementet

5,2

Kommunal- og regionaldepartementet

4,4

Kjelde: SSB

Tabell 8.6 Departementsområda med lågast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2, 4. kvartal 2009 og 4. kvartal 2010. Prosent

Departement

2009

2010

Forsvarsdepartementet

0,9

0,9

Utanriksdepartementet

1,7

1,8

Miljøverndepartementet

1,9

2,0

Samferdselsdepartementet

1,7

2,0

Kjelde: SSB, arbeidsmarknadsstatistikk

Av dei 33 191 tilsette i dei heileigde statlege føretaka hadde 2 976 innvandrarbakgrunn i 4. kvartal 2010. Dette er ein auke frå 8,4 prosent i 4. kvartal 2009 til 9 prosent i 4. kvartal 2010. Som det går fram av tabellen under, har delen tilsette med innvandrarbakgrunn i dei heileigde verksemdene auka med 3,3 prosentpoeng sidan 2004.

Tabell 8.7 Tilsette med innvandrarbakgrunn i statsforvaltinga* og i heileigde statlege føretak. Prosent

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Kvinner (2010)

Menn (2010)

Statleg forvalting

6,5

6,8

7,0

7,5

8,1

8,5

8,9

5,2

3,7

– derav helseføretak

8,3

8,6

8,9

9,3

9,6

10,2

10,5

7,1

3,4

Heileigde statlege føretak

5,7

6,0

6,2

7,4

8,0

8,4

9,0

3,2

5,7

* Statsforvaltninga er avgrensa til den institusjonelle sektoren statsforvaltninga. Dette omfattar mellom anna departement, direktorat, tilsyn, Forsvaret, politi og rettsvesen, samt andre verksemder som hovudsakeleg finansierast og kontrollerast av staten. Eksempel på verksemder i sistnemnde gruppe er helseføretak, universitet og høgskolar.

Kjelde: SSB, registerbasert sysselsettingsstatistikk

Dei 25 heileigde statlege føretaka skil seg frå kvarandre både når det gjeld kva marknad dei opererer i, og når det gjeld storleik. Talet på tilsette varierer frå Posten Noreg med meir enn 20 000 tilsette til Staur Gard AS med tre tilsette. Delen av tilsette med innvandrarbakgrunn varierer frå null til 28 prosent i Norfund. Tal frå SSB frå 4. kvartal 2009 (baserte på tal frå 18 av dei 25 føretaka) syner at fire av føretaka står for 90 prosent av den totale delen tilsette med innvandrarbakgrunn i heileigde statlege føretak: Posten Noreg AS med dotterselskap (72 prosent), NSB AS med dotterselskap (10 prosent), NRK AS (5 prosent) og Vinmonopolet AS (4 prosent).

8.5 Utdanning og oppvekst

8.5.1 Mål

Talet på barn med innvandrarbakgrunn som går i barnehagar aukar.

Indikator

  • delen minoritetsspråklege barn i barnehage samanlikna med delen barn i barnehage samla

Minoritetsspråklege barn * kan ha særskilde språklege utfordringar fordi dei lærer seg både morsmålet sitt og norsk. Språkleg forståing opnar for sosiale fellesskap, og barnehagen er derfor ein viktig integrerings- og språkopplæringsarena for minoritetsspråklege barn i førskolealder. Målretta språkstimuleringstiltak i førskolealder vil kunne bidra til ein betre skolestart for barn som ikkje har norsk som morsmål, og vil på lengre sikt kunne auke barna si deltaking på alle samfunnsarenaer. Sjå Prop. 1 S (2011–2012) for Kunnskapsdepartementet, Del III, 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Status

I 2010 var det 27 455 barn med minoritetsspråkleg bakgrunn i barnehage. Dette er ein auke på knapt 2 400 minoritetsspråklege barn sidan 2009.

Ved utgangen av 2010 hadde om lag 71 prosent av alle minoritetsspråklege barn i aldersgruppa eitt til fem år barnehageplass. På same tidspunkt hadde om lag 89 prosent av alle barn i aldersgruppa barnehageplass.

Tabell 8.8 Delen minoritetsspråklege barn i barnehage og delen barn i barnehage av befolkninga totalt 2008–2010. Prosent

2008

2009

2010

Minoritetsspråklege barn

Barn totalt

Minoritetsspråklege barn

Barn totalt

Minoritetsspråklege barn

Barn totalt

1-åringar

30

66

33

69

34

70

2-åringar

48

84

55

86

56

87

3-åringar

76

94

81

95

84

95

4-åringar

91

96

92

97

92

97

5-åringar

93

97

95

97

94

97

1–5 år

67

87

71

89

71

89

Kjelde: SSB og Kunnskapsdepartementet

Det har vore ein auke i talet på minoritetsspråklege barn i barnehage dei seinare åra. Frå 2008 til 2009 auka delen av minoritetsspråklege barn i barnehage med 4 prosentpoeng, frå 67 til 71 prosent. Tilsvarande del var 54 prosent for 2005. I 2010 ser veksten ut til å flate ut. For femåringar er delen minoritetsspråklege barn med plass i barnehage 94 prosent og for fireåringar 92 prosent i 2010, om lag det same som året før. Talet for deltaking i barnehage for alle barn i desse aldersgruppene er 97 prosent. Delen minoritetsspråklege barn i alderen eitt til to år i barnehage er framleis låg (34 og 56 prosent, mot høvesvis 70 og 87 prosent av alle eitt- og toåringane), men delen er aukande samanlikna med i 2009, med ein vekst på eitt prosentpoeng i kvar aldersgruppe.

8.5.2 Mål

Medverke til å få fleire førskolelærarar med innvandrarbakgrunn.

Indikatorar

  • delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehagane

  • delen studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli førskolelærarar

Personalet i barnehagen har ei viktig rolle som førebilete for barna, og kultur- og verdiformidling i barnehagen skjer i vesentleg grad gjennom personalet. Personalet i barnehagen bør derfor representere det same mangfaldet som barna, både når det gjeld landbakgrunn og kjønn. Sjå Prop. 1 S (2011–2012) for Kunnskapsdepartementet, Del III, 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Status

Ved utgangen av 2010 var det 1 515 førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med jobb i barnehage, mot 1 148 i 2009. I 2010 utgjorde dette 5,3 prosent av alle førskolelærarane i barnehagane, og dette er ein auke på eitt prosentpoeng sidan 2008.

Hausten 2010 hadde 6,9 prosent av studentane i førskolelærarutdanninga innvandrarbakgrunn. Det er ein oppgang frå 6,1 prosent i 2009. Talet på studentar med innvandrarbakgrunn auka frå 431 i 2009 til 520 i 2010. Sidan 2007 har talet på menn med innvandrarbakgrunn i førskolelærarutdanninga halde seg stabilt på om lag 65 årleg, det vil seie 1 prosent av alle førskolelærarstudentane.

Tabell 8.9 Førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehage fordelte på kjønn, 2008–2010. Absolutte tal og prosent

2008

2009

2010

Tal

Prosent

Tal

Prosent

Tal

Prosent

Totalt

1 132

4,3

1 348

4,9

1 515

5,3

Delen menn

104

0,4

107

0,4

124

0,4

Kjelde: SSB

I dag står ikkje delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn i eit rimeleg forhold til delen minoritetsspråklege barn i barnehage, som er på 9,9 prosent. Dei siste åra har det vore ein svak auke i delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn. Det er òg ei positiv utvikling i rekrutteringa til førskolelærarutdanninga. Dagens del på 6,9 prosent er meir enn ei dobling av delen frå 2000, da 2,9 prosent av førskolelærarstudentane hadde innvandrarbakgrunn.

8.5.3 Mål

Barn og unge med innvandrarbakgrunn skal beherske norsk språk så tidleg som mogleg i skolegangen for å sikre eit godt læringsutbytte.

Indikatorar

  • delen barn og unge med innvandrarbakgrunn som får særskild norskopplæring

  • resultat frå nasjonale prøver i lesing og rekning på 5. og 8. trinn for barn med innvandrarbakgrunn, samanlikna med elevgruppa som heilskap

Status

Av i alt 615 973 elevar i grunnskolen skoleåret 2010–2011 fekk 44 080 elevar særskild norskopplæring. Det tilsvarer 7,2 prosent av elevane, jf. tabellen under. Den delen av elevane som får særskild norskopplæring, har auka dei siste seks åra. Dette er ein naturleg konsekvens av at netto innvandring har blitt meir enn dobla dei siste seks åra. Spesielt er det innvandring frå andre europeiske land som har auka. Den delen som får særskild norskopplæring, er minkande med stigande klassetrinn, frå 9 prosent av elevane på 1. trinn til 5,2 prosent av elevane på 10. trinn. Dette indikerer at mange av elevane går over til ordinær norskopplæring i løpet av grunnskolen, då talet på elevar med innvandrarbakgrunn er jamt fordelt på dei ulike trinna.

Tabell 8.10 Elevar som får særskild norskopplæring i grunnskolen. Absolutte tal og prosent

Skoleår

2005–2006

2006–2007

2007–2008

2008–2009

2009–2010

2010–2011

Prosent

6,0

6,5

6,5

6,7

6,8

7,2

Tal

37 556

40 152

40 017

41 024

41 674

44 080

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem (GSI)

Som tabellen under syner, fekk om lag 63 prosent av elevane med innvandrarbakgrunn i grunnskolen særskild norskopplæring skoleåret 2010–2011. Denne delen har minka med 10 prosentpoeng dei siste to åra. Nedgangen i den delen av elevar med innvandrarbakgrunn som får særskild norskopplæring, kan vere relatert til ei endring i elevsamansetjinga, mellom anna at fleire elevar er fødde i Noreg. Vidare har det dei siste åra relativt sett vore størst auke av innvandrarar i aldersgruppa 6–15 år frå Aust-Europa. Andre årsaker kan også spele inn. Fleire foreldre sender barna sine i barnehage enn tidlegare.

Tabell 8.11 Delen elevar som får særskild norskopplæring av elevane med innvandrarbakgrunn. Prosent

Skoleår

2005–2006

2006–2007

2007–2008

2008–2009

2009–2010

2010–2011

Del

75

71

71

73

69

63

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem (GSI) og SSB

Nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk blir gjennomførte for alle elevane på 5. og 8. trinn (og på 9. trinn i lesing og rekning i 2010). Elevane skal fordelast på tre og fem nivå for høvesvis 5. og 8. trinn. Nivåa set ein etter korleis elevane fordeler seg på nasjonalt nivå. Det går med andre ord føre seg ei standardisering der ein fast del av elevane skal liggje innanfor gitte delar. Meistringsnivå 1 tilsvarer eit lågt meistringsnivå, og ca. 25 prosent av elevane på 5. trinn skal liggje på dette nivået. For 8. trinn skal ca. 30 prosent av elevane liggje på meistringsnivå 1 og 2.

Resultata frå prøvene syner at innvandrarar har den største delen elevar med dei svakaste prestasjonane, deretter følgjer norskfødde med innvandrarforeldre. Elevgruppa som heilskap har den største delen elevar på høgaste meistringsnivå og langt færre enn dei med innvandrarbakgrunn på lågaste meistringsnivå. Ulikskapen mellom elevar med innvandrarbakgrunn og elevgruppa som heilskap er større på 8. trinn enn han er på 5. trinn, og større i lesing enn i rekning. Totalt sett har avstanden mellom elevgruppa som heilskap og elevar med innvandrarbakgrunn blitt mindre i lesing på begge trinna, da færre elevar med innvandrarbakgrunn ligg på dei lågaste meistringsnivåa i 2010 samanlikna med 2009. I rekning blir også avstanden noko mindre for 5. trinn, medan trenden går svakt i motsett retning for 8. trinn.

Det er veldokumentert at språket og den sosiale bakgrunnen til elevane har mykje å seie for ulikskap i læringsutbytte mellom majoritets- og minoritetselevar (sjå for eksempel Opheim, Grøgaard og Næss 2010 * ). Ein del av prestasjonsforskjellane mellom elevar med og utan innvandrarbakgrunn reflekterer at elevar med innvandrarbakgrunn i gjennomsnitt har foreldre med lågare utdanning og inntekt enn gjennomsnittet av elevar utan innvandrarbakgrunn.

Figur 8.5 Fordelinga av elevane på tre meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing på 5. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Figur 8.5 Fordelinga av elevane på tre meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing på 5. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Kjelde: SSB

Figur 8.6 Fordelinga av elevane på tre meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i rekning på 5. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010.  Prosent

Figur 8.6 Fordelinga av elevane på tre meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i rekning på 5. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Kjelde: SSB

Figurane over syner at ein mindre del av innvandrarelevane presterer på det lågaste nivået i lesing og rekning i 2010 samanlikna med 2009. For elevgruppa som heilskap er det derimot ein liten auke i delen som presterer på det lågaste nivået.

Figur 8.7 Fordelinga av elevane på fem meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing på  8. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Figur 8.7 Fordelinga av elevane på fem meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing på 8. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Kjelde: SSB

Figur 8.8 Fordelinga av elevane på fem meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i rekning på  8. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Figur 8.8 Fordelinga av elevane på fem meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i rekning på 8. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Kjelde: SSB

Figurane over syner at for lesing er det ein mindre del av elevane med innvandrarbakgrunn som presterer på nivå 1 og 2 i 2010 enn i 2009. Det same er ikkje tilfellet for den samla elevgruppa. For rekning er det ein svak auke i den delen av elevane med innvandrarbakgrunn som presterer på nivå 1 og 2.

8.5.4 Mål

Delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører vidaregåande opplæring, skal tilsvare delen for befolkninga totalt.

Indikatorar

  • delen norskfødde med innvandrarforeldre med direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring, samanlikna med årskullet som heilskap

  • delen norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse i løpet av fem år etter avslutta grunnskole, samanlikna med årskullet som heilskap

Regjeringa har som mål at flest mogleg fullfører vidaregåande opplæring, da dette minkar sannsynet for fattigdom og marginalisering seinare i livet.

Status

Tabellen under syner at forskjellen mellom norskfødde med innvandrarforeldre og elevgruppa som heilskap har vore svært stabil dei siste fem åra. For skoleåret 2010–2011 er delen norskfødde med innvandrarforeldre med direkte overgang til vidaregåande opplæring litt høgare enn for elevgruppa som heilskap.

Tabell 8.12 Direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Delen av innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og heile elevgruppa. Prosent

Avslutta grunnskole

Innvandrarar

Norskfødde med innvandrarforeldre

Alle elevar

2004–2005

*

95

97

2005–2006

*

97

97

2006–2007

83

97

96

2007–2008

80

96

96

2008–2009

80

96

97

2009–2010

77

97

96

*Tal på delen innvandrarar for 2004–2005 og 2005–2006 er ikkje med.

Kjelde: SSB

Tabellen under syner at forskjellen mellom norskfødde med innvandrarforeldre og befolkninga totalt når det gjeld kor mange som består vidaregåande i løpet av fem år, aukar med 2 prosentpoeng frå 2004 til 2005. Delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører, har vore stabil dei siste tre åra. Årsaka til oppgangen for elevgruppa som heilskap er at det er fleire som gjennomfører til normert tid samanlikna med året før.

Tabell 8.13 Delen som avslutta grunnskolen våren 2000, 2002, 2004 og 2005, og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Prosent

Fullført og bestått

Avslutta grunnskole

Norskfødde med innvandrarforeldre

Alle elevar

1999–2000

64

69

2001–2002

66

67

2003–2004

66

67

2004–2005

66

69

Kjelde: SSB

8.5.5 Mål

Delen innvandrarar som kom til landet i ungdomsskole- eller vidaregåande alder, og som fullfører vidaregåande opplæring, skal auke.

Indikator

  • delen innvandrarar som kom til landet som 13- og 16- åringar, og som fullfører og består vidaregåande opplæring innan dei fyller 30 år

Status

Dei fleste elevane i grunnskolen som har innvandra, har kome hit etter skolestart. På grunn av manglande innsamling av informasjon om kva for skolegang dei har frå før, er det vanskeleg å seie i kor stor grad dei har mist grunnskoleopplæring. Ungdommar som kjem til Noreg etter å ha fylt 16 år, har rett til grunnskoleopplæring for vaksne. Rundt kvar fjerde 18-åring som er innvandrar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS, ca. 500 i kvart årskull, går ikkje i vidaregåande opplæring og har heller ikkje fullført grunnskole. Det er ukjent om desse ungdommane faktisk ikkje har fullført nokon grunnskole, eller om det er registreringa som manglar.

Tabell 8.14 Gjennomsnittleg del innvandrarar som har fullført og bestått vidaregåande opplæring i alderen 20–30 år, og som kom til Noreg da dei var 13 og 16 år. Prosent

Alder da dei kom til Noreg

20–30 år

13 år

16 år

2006

39

26

2007

46

32

2008

50

30

2009

51*

39*

2010

49

37

* I rapporteringa på Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga i Del III i Prop. 1 S (2010–2011) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet var desse verdiane høvesvis 50 og 36. Dette kjem av feil som no er retta opp.

Kjelde: SSB

Den delen av dei som fullfører og består vidaregåande opplæring som kom til Noreg da dei var 13 år, og som i 2010 var mellom 20 og 30 år (1 791 personar), har vore relativt stabil på rundt 50 prosent dei siste tre åra. Ein stor del av desse elevane fullfører vidaregåande opplæring på meir enn normert tid. Variasjonane er store mellom årskulla. Medan 29 prosent av dei som var 21 år i 2010, har fullført og bestått vidaregåande opplæring, har 70 prosent av 27-åringane fullført og bestått. Av dei som kom til landet som 13-åringar, er det fleire jenter enn gutar som har bestått vidaregåande opplæring (høvesvis 60 og 41 prosent). I 2009 var delane jenter og gutar høvesvis 63 og 42.

Av dei som kom til Noreg da dei var 16 år, og som i 2010 var mellom 20 og 30 (2 338 personar), har i alt 37 prosent fullført og bestått vidaregåande opplæring. Dette er ein nedgang frå 2009. Berre 24 prosent av dei som var 20 år i 2010, har fullført og bestått vidaregåande opplæring, medan 60 prosent av 30-åringane har bestått vidaregåande opplæring. Også blant dei som kom til Noreg som 16-åringar, er det stor forskjell mellom gutar og jenter. I gjennomsnitt har 44 prosent av jentene og 31 prosent av gutane fullført og bestått innan dei er 30 år. For 2009 var dei tilsvarande tala for jenter og gutar 48 og 32 prosent.

Etter nokre år med auke i den delen som kjem til landet som 13- og 16-åringar, og som fullfører og består vidaregåande opplæring, var det ein nedgang frå 2009 til 2010. Indikatoren syner framleis at ein stor del av denne elevgruppa bruker meir enn normert tid på å fullføre og bestå vidaregåande opplæring, og at alderen deira når dei kjem, og kva kjønn dei har, har mykje å seie for om dei fullfører og består vidaregåande opplæring. Når ein samanliknar mellom år, må ein også ta omsyn til at samansetjinga av elevar vil variere frå år til år, mellom anna med tanke på landbakgrunn og omfang av tidlegare skolegang.

8.5.6 Mål

Delen tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring med innvandrarbakgrunn skal auke.

Indikatorar

  • delen med innvandrarbakgrunn som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse

  • delen med innvandrarbakgrunn tilsett innan undervising

Den viktigaste ressursen i grunnopplæringa er menneska som arbeider der. Kompetente tilsette er den viktigaste føresetnaden for god kvalitet og sosial utjamning i heile utdanningssystemet. Det er behov for fleire lærarar med innvandrarbakgrunn i skolen, slik at dei kan verke som positive rollemodellar for elevane. Samtidig kan desse lærarane bidra med viktig kultur- og språkkompetanse. Vidare er det viktig å heve kompetansen til fleire med innvandrarbakgrunn som allereie arbeider i skolen.

8.5.7 Status

Tabell 8.15 Delen med innvandrarbakgrunn av dei som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse, og kva kjønn dei har. Prosent

2005 *

2006

2007

2008

2009

2010

Innvandrarbakgrunn

5,1

4,0

5,0

5,9

6,1

6,2

Menn

27,1

26,5

25,8

25,1**

25,2

25,7

- menn med innvandrarbakgrunn

5,3

4,3

5,7

6,5

6,7

6,3

Kvinner

72,9

73,5

74,2

74,9**

74,8

74,3

- kvinner med innvandrarbakgrunn

5,0

3,9

4,8

5,7**

5,9

6,1

Talet på personar totalt

19 383

19 496

19 600

19 624**

20 690

22 114

* Delane kan ikkje samanliknast fullt ut med tala for seinare år pga. endringar i datagrunnlaget.

** I rapporteringa på Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga i Del III i Prop. 1 S (2010–2011) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blei det rapportert feil i desse verdiane.

Kjelde: SSB

Tabellen over syner at 6,2 prosent av dei som gjekk på utdanningar som førte til lærarkompetanse i 2010 (allmennlærarutdanning, førskolelærarutdanning, fagskolelærarutdanning, master lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning), hadde innvandrarbakgrunn. Reknar ein berre med studentar med innvandrarbakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unneteke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS (landgruppe 2), utgjer dei 4 prosent av alle som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse.

Tabellen under syner at 4,6 prosent av undervisingspersonalet i kommunale grunnskolar hadde innvandrarbakgrunn i 2010. Dette er ein auke på 0,3 prosentpoeng frå 2009. I fylkeskommunal vidaregåande opplæring har delen av dei tilsette med innvandrarbakgrunn auka dei siste fem åra og tilsvarer no 5 prosent. Blant tilsette med innvandrarbakgrunn er det ei hovudvekt av innvandrarar frå andre europeiske land både for grunnskole og vidaregåande opplæring, høvesvis 2,6 og 3,4 prosent av alle tilsette.

Tabell 8.16 Delen med innvandrarbakgrunn blant undervisingspersonalet i kommunale grunnskolar og fylkeskommunal vidaregåande opplæring. Prosent

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Kommunale grunnskolar

3,9

3,7

3,4

3,5

4,3*

4,6*

Fylkeskommunal vidaregåande opplæring

4,0

3,9

4,0

4,5

4,8

5,0

* Tala for 2009 og 2010 for grunnskolar inkluderer også lærarar med ikkje oppgitt utdanning, tilsvarande som tala for vidaregåande skole, og kan ikkje samanliknast med tidlegare tal.

Kjelde: SSB

Tala inkluderer både hovud- og biarbeidsforhold.

8.6 Språk og barnevern

8.6.1 Mål

Vaksne innvandrarar skal lære tilstrekkeleg norsk til å fungere i samfunnet i løpet av dei fem første åra dei bur i landet.

Indikator

  • delen vaksne innvandrarar med fem års butid i Noreg som har gått opp til og stått på avsluttande prøve i norsk

Regjeringa vil sikre at innvandrarane raskast mogleg kan bidra med ressursane sine i det norske arbeidslivet og samfunnet elles. Gode kunnskapar i norsk er ein føresetnad for å kunne delta i arbeids- og samfunnslivet, og det er viktig at innvandrarar lærer norsk så snart som mogleg etter at dei er komne til Noreg. Jo raskare ein innvandrarar lærer norsk, jo raskare kan han eller ho delta i samfunnet. Sjå programkategori 11.05 Integrering og mangfald, delmål 2.2.

Status

15 727 vaksne innvandrarar hadde fem års butid i Noreg ved utgangen av 2010. Talet inkluderer ikkje personar som hadde norsk statsborgarskap da dei kom til landet.

36,5 prosent av vaksne innvandrarar med fem års butid i Noreg hadde gått opp til avsluttande skriftleg prøve i norsk, og 28,4 prosent hadde gått opp til avsluttande munnleg prøve ved utgangen av 2010.

25,6 prosent av innvandrarane med fem års butid hadde bestått den munnlege prøva ved utgangen av 2010, og 21 prosent hadde bestått den skriftlege prøva.

Figuren under syner utviklinga for innvandrarar med fem års butid i Noreg som hadde avlagt anten Språkprøva, Norskprøve 2 eller Norskprøve 3.

Figur 8.9 Innvandrarar 16 år og eldre som har gått opp til og bestått avsluttande prøve i norsk fem år etter at dei kom til landet. Prosent

Figur 8.9 Innvandrarar 16 år og eldre som har gått opp til og bestått avsluttande prøve i norsk fem år etter at dei kom til landet. Prosent

Kjelde: Norsk språktest og SSB

Figuren syner at dei som kom til Noreg i 2005, og som framleis budde i landet ved utgangen av 2010, i noko større grad enn dei som kom i åra 1999–2002, har vore oppe til og bestått avsluttande prøve i norsk, men i mindre grad enn dei som kom i 2003 og 2004. Reduksjonen frå 2003 til 2005 kan ha samanheng med at gratis norskopplæring for arbeidsinnvandrarar blei fjerna frå 1. januar 2004.

Departementet vil at fleire skal gå opp til og bestå avsluttande prøve. Det er ei utfordring at den største delen av dei som kom til landet i 2005, ikkje kan dokumentere kunnskapar i norsk fem år seinare. Ein del av dei kan ha gode kunnskapar i norsk utan å ha vore oppe til prøve, men det kan òg tyde på at mange innvandrarar ikkje har lært så mykje norsk dei fem første åra sine i Noreg at dei kan delta i arbeids- og samfunnslivet. Stortinget vedtok i juni 2011 at alle som er omfatta av rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova, skal gå opp til avsluttande prøve i norsk og samfunnskunnskap.

8.6.2 Mål

Medverke til å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta.

Indikatorar

  • delen studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagog

  • delen kvinner og menn med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagog og tilsette med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnevernstenesta

  • delen kvinner og menn med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnevernstenesta

Barnevernstenesta skal nå ut til alle familiar, barn og unge og gi formålstenleg hjelp tilpassa den enkelte sitt behov. Hjelpa skal vere basert på oppdatert kunnskap. Å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta er eit ledd i arbeidet med å auke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet. Mangfald blant dei tilsette kan føre til betre forståing av barn, unge og familiar med minoritetsbakgrunn som barnevernet er i kontakt med. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har fått tilbakemeldingar om at skepsisen til barnevernet kan vere sterkare i minoritetsmiljøa enn elles i befolkninga. Dette er uheldig, da også desse gruppene har behov for hjelp og støtte frå barnvernet. Å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta kan medverke til å gi arbeidet større legitimitet. Sjå programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge.

Status

Per 1. oktober 2010 hadde 129 studentar på barnevernsutdanningar innvandrarbakgrunn. Desse utgjer 5,8 prosent av alle studentane på barnevernsutdanningane. Dei tilsvarande tala for 2009 var 114 studentar og 5,2 prosent. Av dei med innvandrarbakgrunn var 23,8 prosent menn og 76,2 prosent kvinner. I 2009 var 26,4 prosent menn og 73,6 prosent kvinner.

Per 1. oktober 2010 arbeidde det 881 personar med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta. Desse utgjer 6,1 prosent av alle dei tilsette i barnevernstenesta. Blant tilsette med innvandrarbakgrunn var det 48,8 prosent menn og 51,2 prosent kvinner. Tilsvarande tal for 2009 var 5,6 prosent tilsette med innvandrarbakgrunn. Av desse var 46,6 prosent menn og 53,4 prosent kvinner.

Delen tilsette i barnevernstenesta med innvandrarbakgrunn er ikkje i samsvar med delen barn, unge og familiar med innvandrarbakgrunn som er i kontakt med barnevernet. Tal frå SSB syner at barn og unge som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, oftare får hjelp frå barnevernet enn barn og unge utan innvandrarbakgrunn. 49 800 barn hadde tiltak i barnevernet i 2010. Det er 7,1 prosent fleire enn året før. Til samanlikning var auken 5,3 prosent frå 2008 til 2009.

Tabell 8.17 Studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagog, 4. kvartal 2010. Absolutte tal

Tal

I alt

Menn

Kvinner

I alt

2 352

386

1 966

Innvandrarar

129

33

96

Kjelde: SSB

Tabell 8.18 Tilsette i institusjonar innan barne- og ungdomsvern* etter innvandrarbakgrunn og kjønn, 4. kvartal 2009 og 4. kvartal 2010. Absolutte tal

I alt

Menn

Kvinner

2010

2009

2010

2009

2010

2009

I alt

14 257

13 288

3 974

3 677

10 283

9 611

Ingen innvandrarbakgrunn

13 376

12 544

3 544

3 330

9 832

9 214

Innvandrarar

881

744

430

347

451

397

* Tala på tilsette i institusjonar omfattar kommunale barnevernstenester og private som tilbyr same typen barnevernstenester, medrekna fosterheimar og forsterka fosterheimar.

Kjelde: SSB

8.7 Helse og omsorg

8.7.1 Mål

Helseforskjellane mellom etniske grupper skal reduserast.

Indikator

  • dødsraten for kvinner og menn med innvandrarbakgrunn i aldersgruppa 25–64 år samanlikna med dødsraten i befolkninga generelt

Innvandrarbefolkninga i Noreg er framleis ei relativt ung befolkningsgruppe. Tala for dødelegheit er derfor låge, og det er vanskeleg å rekne ut tal for dødelegheit årleg. I staden har ein summert tal over fleire år. I fjor blei det nytta tal frå åra 2001–2006. Av tekniske grunnar har det ikkje vore mogleg å oppdatere dessa tala i år. Analysen som ligg føre, er derfor den same som i fjor. Han baserer seg på dødsraten i perioden 3. november 2001 (folke- og bustadteljingstidspunktet) til 31. desember 2006. Det er nytta same metode som i rapportane frå føregåande år, og tala i årets rapport er identiske med fjorårets rapport.

Status

Tabellen under syner at ingen innvandrargrupper hadde signifikant høgare dødsrate enn dei fødde i Noreg. Dette gjaldt både for kvinner og menn. Dette var i samsvar med rapportar frå tidlegare år. Menn fødde i Noreg, Aust-Europa, Pakistan og Afrika, hadde signifikant høgare dødsrate enn menn fødde i Asia og Vest-Europa mfl. Resultata for kvinner var hovudsakleg som for menn.

Tabell 8.19 Dødsrate 2001–2006, etter fødeland, 25–64 år

Fødeland

Døde per 100 000 personår, aldersjustert

Talet på døde

Talet på personar

Relativ risiko 3

Personar som har flytt ut av landet i perioden 2001–2006 (prosent)

MENN

Noreg

358

20 647

1 094 169

1

0,6

Vest-Europa mfl. 1

307

643

45 628

0,86

12,7

Aust-Europa

383

140

9 588

1,07

6,0

Pakistan

435

98

5 627

1,22

4,1

Vietnam

250

47

4 330

0,70

1,7

Rest-Asia 2

271

173

23 378

0,76

6,4

Afrika

387

122

10 613

1,08

9,5

KVINNER

Noreg

215

12 540

1 059 609

1

0,5

Vest-Europa mfl. 1

175

375

44 605

0,81

10,3

Aust-Europa

178

79

11 430

0,83

5,0

Pakistan

306

48

4 751

1,42

3,1

Vietnam

194

27

4 049

0,90

2,0

Rest-Asia 2

163

122

23 444

0,76

4,2

Afrika

247

42

7 158

1,15

7,8

1 Vest-Europa, Canada, USA, Australia, New Zealand

2 Asia utanom Pakistan og Vietnam

3 Relativ risiko samanlikna med dei fødde i Noreg, justert for alder

Kjelde: Nasjonalt folkehelseinstitutt

SSB publiserte ein rapport i 2010 om sosiale skilnader i helsa til innvandrarar. * Rapporten syner at helsa i innvandrarbefolkninga varierer etter faktorar som utdanning, språkevne, religion, sysselsetjing, økonomi, bustad, arbeidsmiljø, sosial kontakt, opplevd diskriminering osv. Det kjem fram at innvandrarar med ein sterk sosioøkonomisk posisjon har betre helse enn innvandrarar utan desse fordelane. Dei same faktorane spelar også ei rolle for psykisk helse.

8.8 Politi, kriminalomsorg og rettsvesen

8.8.1 Mål

Ein skal sikte mot ein auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i kriminalomsorga.

Indikatorar

  • delen tilsette med innvandrarbakgrunn innanfor politi- og påtalemakta

  • delen tilsette med innvandrarbakgrunn innanfor retts- og fengselsvesenet.

Status

I 2010 hadde 3,4 prosent av dei tilsette i politi- og påtalemakta innvandrarbakgrunn, mot 3,3 prosent i 2009. Dette utgjorde 553 personar. Av desse var 241 menn og 312 kvinner. 208 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 62 frå Afrika, medan 152 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Som det går fram av tabellen under, har det vore ei jamn stigning sidan 2005.

Tabell 8.20 Tilsette i politi- og påtalemakta med innvandrarbakgrunn. Prosent og absolutte tal

År

Prosent

Tal

Menn

Kvinner

4. kvartal 2005

2,0

299

124

175

4. kvartal 2006

2,2

334

134

200

4. kvartal 2007

2,6

398

155

243

4. kvartal 2008

2,8

437

183

254

4. kvartal 2009

3,3

520

221

299

4. kvartal 2010

3,4

553

241

312

Kjelde: SSB

I 2010 hadde 2,9 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet innvandrarbakgrunn, mot 2,7 prosent i 2008 Dette utgjorde 191 personar. Av desse var 92 menn og 99 kvinner. 56 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 18 frå Afrika, medan 45 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Også her har det vore ei jamn stigning sidan 2006, da 1,9 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet hadde innvandrarbakgrunn.

Tabell 8.21 Tilsette i retts- og fengselsvesenet med innvandrarbakgrunn. Prosent og absolutte tal

År

Prosent

Tal

Menn

Kvinner

4. kvartal 2005

2,2

144

62

82

4. kvartal 2006

1,9

122

57

65

4. kvartal 2007

2,1

130

61

69

4. kvartal 2008

2,4

151

79

72

4. kvartal 2009

2,7

180

87

93

4. kvartal 2010

2,9

191

92

99

Kjelde: SSB

Rekruttering til politiyrket skjer gjennom Politihøgskolen (PHS). PHS har drive aktivt og systematisk rekrutteringsarbeid retta mot søkjarar med minoritetsbakgrunn gjennom fleire år. Tabellen under syner tal for søkjarar til bachelorutdanninga og studentar med minoritetsbakgrunn som er tekne opp på utdanninga. I 2011 var det 131 søkjarar som har opplyst at dei har minoritetsbakgrunn, og av desse er det teke opp 23 studentar i årets opptak, 17 menn og 6 kvinner.

Tabell 8.22 Søkjarar med minoritetsbakgrunn til bachelorutdanninga ved Politihøgskolen. Absolutte tal

År

Talet på søkjarar totalt

Talet på søkjarar med minoritetsbakgrunn

Studentar med minoritetsbakgrunn som er tekne opp

Menn

Kvinner

2005

2 265

88

7

2006

1 965

79

9

6

3

2007

1 889

105

29

22

7

2008

1 990

134

29

23

6

2009

2 851

88

30

24

6

2010

3 220

93

22

19

3

2011

2 760

131

23

17

6

Kjelde: Politihøgskolen (Høgskolen har bedt søkjarar sjølve opplyse om dei har minoritetsbakgrunn. Dei som har kryssa av for minoritetsbakgrunn, er tatt med i rapporteringa.)

I 2010 blei det teke opp 175 aspirantar på Fengselsskolen. I 2011 blei det teke opp 209 aspirantar. I det ordinære opptaket for 2010 i 2009 var det 14 aspirantar med fleirspråkleg bakgrunn utover engelsk. Desse utgjorde 7 prosent av dei rekrutterte aspirantane. I det ordinære opptaket for 2011 i 2010 var det 17 aspirantar med fleirspråkleg bakgrunn utover engelsk. Desse utgjorde 8,1 prosent av dei rekrutterte aspirantane, noko som er ein auke på eitt prosentpoeng frå 2009.

Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS) gjennomførte i 2009 eit omfattande informasjons- og rekrutteringsarbeid for å få ein større og breiare søkjarmasse til Fengselsskolen, med sikte på å få både fleire samisktalande aspirantar og fleire med annan etnisk og kulturell bakgrunn. Kriminalomsorga har dei siste åra samarbeidd med NAV for å kvalifisere fleire søkjarar med fleirkulturell bakgrunn for opptak til Fengselsskolen.

8.8.2 Mål

Ein skal arbeide for å auke delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn.

Indikator

  • delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn

Status

Det er lovfest at lekdommarutvala skal ha ei allsidig samansetjing, slik at utvala på best mogleg vis representerer alle delar av befolkninga, sjå Prop. 1 S (2011–2012) for Justis- og politidepartementet, programkategori 06.20 Rettsvesen. I lekdommarutvala som gjeld for perioden 1. mai 2008 til 1. januar 2013, har 3,7 prosent av lekdommarane innvandrarbakgrunn. Av desse har 1,8 prosent bakgrunn frå land utanfor Europa og Nord-Amerika. Dette er ein auke frå perioden 2004–2008, da dei tilsvarande prosenttala var høvesvis 2,8 og 1.

8.9 Bustad og val

8.9.1 Mål

Innvandrarar skal sikrast trygge butilhøve og unngå utstøyting i bustadmarknadene.

Indikatorar

  • delen innvandrarar som mottek statleg bustøtte

  • delen bustadlause med fødeland utanfor Europa og Nord- Amerika

Regjeringa har som mål at alle skal bu trygt og godt, noko som er ein viktig føresetnad for inkludering og deltaking i samfunnet. Gode og trygge buforhold legg til rette for gode oppvekstvilkår for barn og ungdom, samtidig som det gir vaksne eit viktig fundament for aktiv deltaking i samfunnslivet elles. Derfor er regjeringa oppteken av at innvandrarar blir sikra trygge butilhøve og ikkje blir utstøytte i bustadmarknadene.

Status

Innvandrarar er ikkje ei spesifikk målgruppe i bustøtta. Bustøtta er ei ordning som gir rett til støtte for husstandar med låge inntekter og høge buutgifter. Frå 1. juli 2009 blei eit nytt regelverk for ordninga sett i kraft. Ei første evaluering av det nye regelverket syner at bustøtta no når fleire enn tidlegare, og at ordninga er meir treffsikker når det gjeld å betre levekåra og buforholda for dei med låge inntekter. * Det nye regelverket vil truleg på sikt føre til 35 000 nye bustøttemottakarar. Einslege utan trygd som ikkje har barn, er særleg høgt representerte blant dei nye mottakarane. Mange av desse var tidlegare ekskluderte frå ordninga. Talet på barnefamiliar i ordninga har auka med 15 prosent frå 25 400 i juni 2009 til 29 100 i 2011. For gruppa utan trygdeytingar har auken i same periode vore 73 prosent. Talet på nye mottakarar har auka med 19 prosent frå 109 000 i juni 2009 til 130 000 i juni 2011.

Delen innvandrarar som mottek statleg bustøtte, har auka jamt i perioden frå 2006 til 2009. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del av bustøttemottakarane.

Resultata tyder på at i dei lågaste inntektsgruppene har innvandrarar større problem med å dekkje jamlege buutgifter enn befolkninga generelt.

Tabell 8.23 Personar som mottek statleg bustøtte og del av mottakarane som har innvandrarbakgrunn, 2006-2010

Talet på mottakarar av bustøtte

Delen innvandrarar

Delen norskfødde med innvandrarforeldre

2006

121 600

21

0,2

2007

129 700

28

0,4

2008

126 100

35

0,5

2009

136 000

39

0,6

2010

151 900

39

0,5

Kjelde: SSB og Husbanken

Tabell 8.24 Bustadlause etter fødeland, 1996, 2003, 2005 og 2008

Bustadlause

1996

2003

2005

2008

Talet på bustadlause i Noreg totalt

6 200

5 200

5 500

6 100

Delen med Noreg som fødeland

82

86

82

81

Delen med fødeland i Norden, Vest-Europa, Nord-Amerika og Australia

3

2

3

2

Delen med fødeland i resten av Europa

1

1

2

2

Delen med fødeland utanfor Europa og Nord-Amerika

13

10

13

13

Kjelde: Dyb, E. og K. Johannessen (2009): Bostedsløse i Norge – en kartlegging . NIBR-rapport 2009:7.

Kartlegginga omfattar berre dei som er i kontakt med hjelpeapparatet. Det vil derfor alltid vere ein del mørketal i kartleggingar av bustadlause.

Kartlegginga av bustadlause * i 2008 syner at fire av fem bustadlause er fødde i Noreg, 7 prosent i Afrika og 5 prosent i Asia/Oseania. Vidare syner ho at det er store forskjellar mellom kommunar og kommunegrupper. I Oslo er 18 prosent av dei bustadlause frå Afrika, medan 8 prosent er fødde i Asia/Oseania. Tala frå 2008 varierer lite frå tidlegare kartleggingar.

Sjå Prop. 1 S (2011–2012) for Kommunal- og regionaldepartementet, hovudmål 2.

8.9.2 Mål

Delen personar med innvandrarbakgrunn og stemmerett som deltek ved kommunestyreval, fylkestingsval og stortingsval skal tilsvare valoppslutninga samla.

Indikatorar

  • delen innvandrarar som stemde ved siste lokalval, samanlikna med valoppslutninga totalt

  • delen innvandrarar som stemde ved siste stortingsval, samanlikna med valoppslutninga totalt

Regjeringa har som mål at flest mogleg deltek ved politiske val. Dette gjeld alle med stemmerett, med og utan innvandrarbakgrunn. For at eit representativt demokrati skal fungere slik det er tenkt, er det viktig at ikkje valoppslutninga blir for låg. Samtidig som borgarane ved å stemme aukar innverknaden sin over sin eigen kvardag, medverkar deltaking ved val til å gjere borgarane ansvarlege og medvitne.

8.9.3 Status

Valdeltakinga varierer sterkt mellom dei ulike innvandrargruppene. Valdeltakinga i 2009 auka blant veljarar med afrikansk, irakisk, iransk og pakistansk bakgrunn, syner tal frå SSB. Men gjennomsnittleg er deltakinga på same nivå som i 2005.

Ei undersøking frå SSB * syner at berre 52 prosent av innvandrarane med norsk statsborgarskap nytta stemmeretten ved stortingsvalet i 2009. Den generelle valdeltakinga var på 76,4 prosent.

Forskjellane mellom deltaking for kvinner og menn har jamna seg ut. Stortingsvalet i 2005 viste at dei som hadde stemmerett av innvandrarkvinner og norskfødde kvinner med innvandrarforeldre, hadde 4 prosentpoeng høgare deltaking enn mennene. Ved valet i 2009 var denne forskjellen utjamna, slik at både kvinner og menn hadde ei deltaking på 52 prosent.

Valdeltakinga aukar med butid. Det var flest som stemde blant dei som har budd lengst i Noreg. Som for veljarar elles er det slik at dei eldste deltek i større grad enn dei yngre, men desse skilnadene varierer mellom dei ulike innvandrargruppene. At mange av dei største landgruppene har låg valdeltaking, kan delvis forklarast ved at det er ein stor del unge i desse gruppene. Særleg låg er valdeltakinga til unge frå Vietnam og Balkan. I desse gruppene var det færre enn ein av tre som stemde i 2009.

Ved stortingsvalet i 2009 var valdeltakinga til innvandrarar med norsk statsborgarskap 24 prosentpoeng lågare enn den generelle valdeltakinga på 76,4 prosent. Ved stortingsvalet i 2005 var det 53 prosent valoppslutning blant norske borgarar med innvandrarbakgrunn, mot 77,4 prosent i befolkninga totalt.

Valdeltakinga til innvandrarar med norsk statsborgarskap har halde seg stabil på dette nivået dei tre siste stortingsvala, men har gått ned sidan valet i 1997, da ho var på 63 prosent.

Ved kommunestyrevalet i 2007 var den totale valoppslutninga 61,7 prosent, medan ho var 57,5 prosent for fylkestingsvalet. Av innvandrarar med norsk statsborgarskap stemde totalt 40 prosent. Ved lokalvalet i 2003 var oppslutninga i denne gruppa 41 prosent. Valoppslutninga blant personar med norsk statsborgarskap og landbakgrunn frå EU/EØS, USA, Canada, Australia og New Zealand ligg over gjennomsnittleg valoppslutning på landsbasis. Av innvandrarar med stemmerett, men utan norsk statsborgarskap stemde totalt 36 prosent ved valet i 2005, mot 34 prosent ved valet i 2003.

8.10 Kultur og media

8.10.1 Mål

Auka deltaking og auka del aktive utøvarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.

Indikatorar

  • delen arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren

  • delen statleg oppnemnde styremedlemmer med innvandrarbakgrunn i teater- og orkesterinstitusjonar

  • delen norske skjønnlitterære boktitlar forfatta av personar med innvandrarbakgrunn innkjøpt av Norsk kulturråd

Regjeringa vil synleggjere det fleirkulturelle perspektivet på alle felt i kulturlivet og medverke til å skape betre møteplassar mellom majoritets- og minoritetskulturar.

Det er eit mål i kulturpolitikken å sikre at alle får tilgang til kunst- og kulturopplevingar og å syte for at høvet til å ytre seg gjennom kunst og kultur ikkje skal vere avhengig av geografi og sosiale skiljelinjer. Det er viktig at dei etablerte kulturorganisasjonane blir reelt fleirkulturelle, både i kunstuttrykk og repertoarval, og at kunstnarar med innvandrarbakgrunn blir gitt plass.

Gjennomføringa av markeringsåret for kulturelt mangfald i 2008 hadde som langsiktig mål å sikre at stimulering av kulturelt mangfald blir eit markant og gjennomgåande trekk ved norsk kulturpolitikk. Arbeidet som blei sett i gang i markeringsåret, følgjast systematisk opp.

Regjeringa vil stimulere til mangfald og kvalitet i norske medium. Dette er nødvendig for at media skal kunne tilby truverdig informasjon som dekkjer behova til alle grupper i samfunnet vårt. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Det er derfor viktig at behova til minoritetane blir dekte av media.

Status

Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn utgjer 7,3 prosent av alle arbeidstakarar innan kultur- og mediesektoren. Av desse er 4 prosent kvinner og 3,3 prosent menn. Resultata syner ein auke frå 2009, da arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren utgjorde 6,6 prosent.

Tabell 8.25 Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn i kultur- og mediesektoren, 2010. Absolutte tal og prosent

Sektor

Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn

Arbeidstakarar totalt

Totalt

Kvinner

Menn

Prosent

Prosent kvinner

Prosent menn

Film og video

286

122

164

7,9

43

57

3 640

Radio og fjernsyn

235

112

123

3,9

48

52

5 992

Sjølvstendig kunstnarleg verksemd

363

182

181

9,6

50

50

3 792

Drift av lokale knytt til kunstnarleg verksemd

76

33

43

11,1

43

57

687

Bibliotek og arkiv

281

203

78

7,2

72

28

3 876

Museum, vern av historiske stader og bygningar

327

211

116

9,1

65

35

3 580

Kjelde: SSB, registerbasert sysselsetjingsstatistikk

Av dei 242 statleg oppnemnde styremedlemmene i teaterinstitusjonane og symfoniorkestra har 28 styremedlemmer innvandrarbakgrunn. Dette utgjer 11,6 prosent. Rapporteringa omfattar 17 scenekunstinstitusjonar (teater, opera, ballett) og sju orkesterselskap med fast årleg tilskot frå Kulturdepartementet.

I 2010 omfatta innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur for vaksne 219 titlar. Fem av titlane var skrivne av innvandrarar (fire menn og éi kvinne). Innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur for barn og unge omfatta 138 titlar totalt, to skrivne av innvandrarar (éin mann og éi kvinne).

Innkjøpsordninga for sakprosa omfatta 69 titlar totalt, fire skrivne av innvandrarar (tre kvinner, éin mann). Innkjøpsordninga for faglitteratur for barn og unge omfatta 25 titlar totalt, éin skriven av ein innvandrar (mann) (kjelde: Norsk kulturråd).