1 Miljøutfordringane

Ein levande natur med produktive økosystem er eit vilkår for ei berekraftig utvikling. Menneska si påverking på naturen og økosystema har aldri vore større enn i dag, med konsekvensar vi ikkje fullt ut kjenner. Fleire av dei største miljøproblema, slik som klimaendringane, har opphav i den rike og industrialiserte del av verda, som Noreg er ein del av. Desse landa har derfor eit særskilt ansvar for å finne gode løysingar og effektive verkemiddel. Vi må redusere vår eiga belastning på miljøet og på same tid hjelpe u-land til ei berekraftig utvikling. Vi må gi rom for økonomisk og sosial utvikling og framgang i fattige land, samtidig som den samla belastninga på verdas ressursar ikkje går ut over naturen si tolegrense. Dette er ei utfordrande oppgåve, men miljøarbeid og miljøpolitikk handlar om solidaritet mellom generasjonar og på tvers av land, og står såleis sentralt i regjeringa sitt arbeid.

Boks 1.1 Kva er naturmangfald

Naturmangfaldet omfattar all verdas livsformer og deira levestader, og mennesket deler jordkloden med millionar av andre arter. Å sikre naturmangfaldet handlar om å sikre livsgrunnlaget for oss sjølve og kommande generasjonar. Mangfaldet av arvemateriale, arter og naturtypar er ein føresetnad for å halde ved lag naturen sine system og prosessar, og utrydding av ei nøkkelart kan få store konsekvensar for eit økosystem. Kvar einaste dag nyttar vi «naturen sine varer og tenester» for å overleve, i form av til dømes vatn, klimaregulering og produksjon av oksygen. Naturens mangfald gir oss mat, medisinar, klede, byggverk og brensel, og er grunnlag for verdiskaping i næringar som til dømes fiskeri, akvakultur, landbruk, turisme og næringsmiddel- og medisinsk industri.

Vi har oppnådd mykje - men mykje står att å gjere

I Noreg har vi oppnådd mange gode resultat i miljøpolitikken. Forureininga av luft og vatn er redusert, og vi har klart å få ned bruken av fleire farlege miljøgifter. Vi er godt i gang med å rydde opp i forureina grunn og sjøbotn. Gjennom internasjonalt samarbeid har vi klart å redusere tilførsla av sur nedbør og ei rekkje miljøgifter til Noreg. Meir enn 16 pst. av Noregs areal er verna, som nasjonalparkar og andre typar verneområde. Naturmangfaldlova, kulturminnelova og plan- og bygningslova er gode reiskapar for å sikre og forvalte norsk natur, kulturminne og kulturlandskap på ein måte som vil komme dagens og framtidige generasjonar til gode. Forsking og overvaking av naturtilstanden gir oss eit godt kunnskapsgrunnlag for forvaltning av natur og miljø. Gjennom naturindeksen for Noreg kan vi på ein lettfatteleg måte formidle tilstanden i økosystema. Norsk raudliste for arter (2010) og naturtyper (2011) inneheld oversikt over mellom anna truga arter og naturtyper i Noreg.

Trass i resultata kan vi likevel ikkje vere nøgde. Klimagassutsleppa aukar igjen, etter ein kortvarig reduksjon under finanskrisa. Vi har utfordringar med omsyn til naturmangfaldet som blir pressa frå fleire kantar, ikkje minst frå endra arealbruk, framande organismar og klimaendringar. Strandsona og andre område for friluftsliv er under press. I byar og tettstader blir verdfulle kulturminne og kulturmiljø utsette for utbyggings- og moderniseringspress. I distrikta fører fråflytting og bruksendringar til at verneverdige kulturminne forfell eller blir rivne. Talet på ville laksebestandar har over lengre tid gått tilbake. Hav- og kystområda våre er rike, men tapet av tareskog og nedgang i talet på sjøfugl gir grunn til uro. Det blir framleis brukt kjemikaliar med ukjende følgjer for helse og miljø. Spesielle vêrtilhøve dei siste vintrane har vist oss at luftforureining i dei større byane framleis kan vere eit alvorlig helse- og miljøproblem. Vi må heller ikkje gløyme at produksjonen av mange forbruksvarer som vi importerer frå utlandet, kan medføre store miljøbelastningar.

Dei store utfordringane

Klimaendringar er den største utfordringa vi står overfor. Dei øydeleggjande konsekvensane vi har sett frå skred og flaumar den siste tida, både i vårt land og i andre delar av verda, viser oss noko av det vi kan vente oss meir av i framtida. Den sterkt minkande havisen i Arktis viser at nord- og polarområda er sårbare for aukande temperaturar, og desse endringane påverkar dessutan klimaet på jorda.

Vi har ein rik og variert natur i landet vårt. Likevel er om lag 2400 arter rekna som truga på Norsk raudliste for arter 2010. På verdsbasis er det rekna at dersom tapet av arter held fram som i dag, kan kvar tiande av verdas dyre- og plantearter vere historie om 25 år. Arealbruksendringar er den viktigaste årsaka til tapet av naturmangfald. Mange arter vil òg vere sterkt utsette for endringar i temperatur og klima. På same tid vil klimaendringane òg føre til at arter og organismar flytter seg til nye område. Klimagassen karbondioksid gjer havet surare, noko som trugar ei rekkje livsformer og dermed produksjonen av mat frå havet. Dette viser at miljøutfordringar heng saman. Klimatiltak og trygging av naturmangfaldet må ikkje bli sette opp mot kvarandre, men må sjåast i samanheng.

Boks 1.2 Naturen har eigenverdi

Naturen er eit komplekst system som sikrar biologisk liv som fenomen, og livsprosessane og det biologiske livet er grunnleggjande uavhengige av mennesket. Dette gir naturen ein verdi i seg sjølv. Naturen sin verdi i seg sjølv er eit viktig argument for å ta omsyn til naturmangfaldet når vi tenkjer økonomi og teknologi. Det enorme mangfaldet av arter som vi finn på jordkloden, dei fantastiske tilpassingane og den komplekse og utruleg finmaska «veven» som naturen består i bør gi grunn for respekt, audmjukskap og ærefrykt.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Kjemikaliar finst i produkt og inngår i dei fleste industriprosessane. Helse- og miljøverknadene av mange kjemikaliar er ukjende. Det trengst derfor meir kunnskap på dette feltet.

Kulturminna og kulturmiljøa viser spora etter menneskeleg aktivitet frå lang tid tilbake. Kulturminna gir identitet og viser samanheng i historia og er viktig bakgrunn for vegen vidare. Kulturarven må derfor sikrast til beste for både dagens og framtidige generasjonar.

Miljøpolitikken må styrkjast, og miljøomsyn må bli ein del av all politikkutforming

Når somme miljøproblem blir løyste og nye dukkar opp, må òg miljøpolitikken utviklast vidare. Gode resultat må inspirere til fornya innsats.

Det er viktig med godt samarbeid mellom forvaltningsnivåa og mellom ulike område og interesser i samfunnet. Mange miljøproblem kan løysast lokalt. Næringslivet har eit sjølvstendig ansvar, og frivillige organisasjonar er viktige støttespelarar og pådrivere i miljøpolitikken. Førebyggjande miljøtiltak er ofte rimelegare enn å reparere skadar etterpå. Slik vil tiltak i dag medverke til å redusere framtidige kostnader.

Norsk miljøpolitikk byggjer på føre var-prinsippet som inneber at tvil skal komme naturen til gode, på prinsippet om at forureinaren skal betale, og på prinsippet om samla belastning. Sistnemnde står sentralt i økosystemtilnærminga. Prinsippet om samla belastning inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknader på naturmiljøet, både område og arter, når planar skal utformast og vedtak skal fattast. Den gradvise forvitringa av leveområde er eit alvorleg trugsmål mot naturmangfaldet. Inngrepa skjer gjerne gradvis til den samla belastninga er så stor at naturmangfald kan gå tapt. Dette gjeld både påverknad frå lokale kjelder og påverknad i form av klimaendringar eller langtransporterte forureiningar. Både forvaltningsplanane for havområda og forvaltningsplanane etter vassforskrifta er viktige reiskapar for å sjå belastningar i samanheng.

Ein heilskapleg miljøpolitikk krev at tiltak og verkemiddel på mange område blir samordna og tilpassa kvarandre. Miljøproblem må møtast på brei front og med fleire verkemiddel: Miljøpolitikken skal vere forankra i solid fagleg kunnskap. Vi skal nytte den til ei kvar tid best tilgjengelege teknologien, og vi skal utforme skattar og avgifter slik at dei stimulerer til miljøvennleg åtferd og ressursbruk. Alle sektorar i samfunnet har eit ansvar for å sjå til at aktivitetane deira ikkje skadar miljøet. På denne måten handlar miljøvern om korleis vi organiserer og innrettar samfunnet vårt, om dei val og prioriteringar vi gjer og om korleis vi nyttar fellesskapet sine ressursar.

Internasjonalt samarbeid og betre teknologi har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene av sur nedbør og utslepp av ozonskadelege gassar. Klimagassutslepp og tap av naturmangfald er meir krevjande utfordringar. Noreg har i denne samanhengen eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Arbeidet med å hente inn meir og betre kunnskap om tilhøva i nord er eit viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet.

Globalisering av verdsøkonomien fører til at miljøutfordringane og dermed miljøpolitikken i aukande grad blir internasjonalisert. Mange utfordringar er felles over landegrensene, og det må òg løysingane så langt mogleg vere. Dei globale miljøutfordringane krev at miljøomsyn blir innarbeidde i fleire delar av det internasjonale samarbeidet, til dømes internasjonal handel.

Miljøutfordringane har mange årsaker og er ofte tett knytte til økonomi og samfunnsorganisering. Finanskrisa i 2008-2009 og det økonomiske tilbakeslaget i kjølvatnet av denne utløyste ei rekkje initiativ for ein grøn økonomi. Krisepakkene i mange land inneheldt store løyvingar til beste for miljøet. Parallelt har det oppstått eit ønskje om at vekst- og utviklingsstrategiane framover bør ha ei anna retning og byggje på eit anna grunnlag. Miljøutfordringar er på denne måten òg økonomiske ufordringar.

UNEPs Green Economy Initiative, OECDs Green Growth Strategy og EUs Resource Efficiency Strategy byggjer alle på innsikta om at naturgrunnlaget spelar ei avgjerande rolle for menneskas velferd. FN sitt arbeid med "berekraftig produksjon og forbruk" tek utgangspunkt i at økonomisk vekst ikkje samstundes skal føre til auka miljøbelasting. Desse initiativa viser behovet for å integrere miljøverdiar i dei økonomiske avgjerdsprosessane. På det tiande partsmøtet for konvensjonen om biologisk mangfald i Nagoya i Japan i 2010 vart det vedteke eit mål om at deltakarlanda seinast innan 2020 skal ha sett i verk tiltak i tråd med planar om berekraftig produksjon og forbruk og sytt for at belastninga på naturgrunnlaget held seg innanfor trygge økologiske grenser. Toppmøtet i Rio de Janeiro sommaren 2012 må syne korleis grøn økonomi kan fremje og ikkje hemme vekst og framgang i utviklingslanda. Stern-rapporten peikar på at klimaendringane også er ei global økonomisk utfordring og at kostnadseffektiv og ambisiøs handling no er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Prosjektet The Economics of Ecosystems and Biodiversity (TEEB-prosjektet) legg vekt på at økosystema har stor økonomisk verdi, og at dette må integrerast i rammevilkåra for næringsliv og forbrukarar, jamfør omtale på side 254-255.

Miljøøydeleggingar råkar ofte hardast dei som har minst evne til å tilpasse seg store endringar. I Noreg har vi betre føresetnader for å tilpasse oss konsekvensar av klimaendringar enn mange andre land. Den globale utviklinga framover vil likevel påverke oss og vil krevje at vi deltek i internasjonalt samarbeid for å møte utfordringane.

Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken. Noreg skal vere ein pådrivar og arbeide for ambisiøse og forpliktande internasjonale miljøavtaler. Dersom alle land skal bli einige før ein kan handle, vil viktige internasjonale miljøoppgåver aldri bli løyste. Vi må vise at rike industriland kan omstille seg til grøne økonomiar, med høg livskvalitet og betra velferd innanfor naturens tolegrenser, slik at andre land lettare kan følgje etter. Miljøsatsinga i Norden og Europa er viktig for å vise vegen. Vi må samarbeide med utviklingslanda og støtte dei i deira arbeid for å løyse miljøutfordringane og setje dei i stand til å møte endringane som kjem. Det norske klima- og skoginitiativet er eit døme på slikt samarbeid.