2 Hovudprioriteringar i Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2012

Regjeringas miljøsatsing blir ført vidare i 2012. Veksten i Miljøverndepartementets budsjett held fram. Regjeringa har dei siste åra teke ei rekkje nye miljøpolitiske initiativ i form av konkrete satsingar og fornya lov- og regelverk. I 2012 vil arbeidet med å sikre naturmangfaldet ha høg prioritet, saman med klimatiltak. I tråd med sektoransvaret går ei rekkje miljørelaterte tiltak over andre departement sine budsjett, jf. kapittel 3.

Regjeringas miljø- og klimasatsing er forankra i Soria Moria-erklæringa, der ein ambisiøs miljøpolitikk står sentralt, og i Klimaforliket i Stortinget i 2008. Regjeringa vil leggje fram ei ny stortingsmelding om klimapolitikken i 2012. Miljøverndepartementet har ansvar på norsk side for klimaforhandlingane i regi av FN, der det før jul i år skal haldast eit viktig partsmøte i Durban i Sør-Afrika. Noreg spelar ei sentral rolle i desse forhandlingane, blant anna som pådrivar og som brubyggjar mellom ulike parter under møta. Noreg har óg vert ein viktig aktør innan internasjonalt samarbeid om å redusere klima- og gassupslipp frå skogsektoren utvekslingsland.

Miljøverndepartementets samla budsjettforslag for 2012 er på 4 893,5 mill. kroner, mot 4 594,5 mill. kroner i 2011. Dette er ein auke på 6,5 prosent.

Miljøpolitikken må byggje på kunnskap om naturtilstanden og om kjeldene for miljøproblema. Regjeringa satsar vidare på miljøforsking og på kunnskaps- og datainnhenting og i 2012 aukes løyvinga med 21 mill. kroner til 548,3 mill. kroner. Regjeringa går inn for å inkludere Nansensentret i basisfinansieringsordninga frå 2012.

Til å ta vare på naturmangfald gjer Regjeringa framlegg om ei løyving på om lag 1,5 mrd. kroner i 2012. Dette er ein auke på i overkant av 180 mill. kroner eller 13,3 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2011. Dei største endringane her er ein auke på 100 mill. kroner til venta erstatningsutbetalingar til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, 40 mill. kroner i auke til å fjerne lakseparasitten gyrodactylus salaris frå vassdraga i Vefsn-regionen, 17 mill. kroner til nye forvaltarstillingar i samband med den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde, 14,5 mill. kroner til erstatning for tamrein som er teke av rovdyr og 10 mill. kroner til oppfølging av rovdyrforliket, 9 mill. kroner til styrkt vassforvaltning og 7 mill. kroner til erstatningar for fylkesvise verneområde. Regjeringa går inn for å løyve 5 mill. kroner i 2012 til ulike tiltak for å redusere den faren kraftliner utgjør for hubroen. For å auke omfanget av bandlegging av friluftsområde, gjer regjeringa framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med 20 mill. kroner til 55 mill. kroner. Dette vil gi rom for å bandlegge nye område for 56,4 mill. kroner i 2012.

Kartleggingsprogrammet MAREANO skal innhente kunnskap om naturmangfaldet på havbotnen, som grunnlag for ei berekraftig forvaltning. Dette er eit samarbeid med Fiskeri- og kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. I 2012 blir det føreslått å løyve 26,5 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett til Mareano. Dette er ein auke på 12 mill. kroner frå 2011.

Regjeringa føreslår òg ein auke til viktige oppgåver innanfor freding av kulturminne og kulturmiljø. Til sikring av freda bygningar blir det føreslått 225,1 mill. kroner i 2012, som er ein auke på 8,9 mill. kroner frå 2011. Til fartøyvern blir det føreslått 43,7 mill. kroner. Til verdiskapingsbasert arbeid knytta til kulturarven føreslår regjeringa 8 mill. kroner i 2012, mot 3 mill. kroner i 2011.

I 2012 føreslår Regjeringa å føre vidare løyvinga til oppbygging av plan- og miljøkompetansen både regionalt og kommunalt. Samla innsats til denne oppgåva blir på 12,7 mill. kroner.

Regjeringa fører vidare handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp med framlegg om ei løyving på 18 mill. kroner i 2012. Det er utarbeidd ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp og det er utarbeidd rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgrupper. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) følgjer opp handlingsplanen på dei områda som gjeld miljøomsyn.

Prosjektet Framtidas byar, som er eit samarbeid mellom staten og 13 bykommunar om eit betre miljø og reduserte klimagassutslepp, blir ført vidare i 2012 med ei løyving på 34,5 mill. kroner. Som vist i neste kapittel omfattar Regjeringas miljøpolitikk òg mange viktige aktivitetar på andre departement sine budsjett. Dette gjeld ikkje minst på klima- og energifeltet, der Miljøverndepartementet har eit tett samarbeid med andre departement.

Store miljørelaterte løyvingar som til dømes karbonfangst og lagring ligg på budsjettet til Olje- og energidepartementet. Dei store løyvingane til kollektivtrafikk ligg på Samferdselsdepartementets budsjett. Løyvinga til skog- og klimatiltak på Utanriksdepartementets budsjett er eit anna døme. Løyvinga til statlege kjøp av klimakvotar ligg på Finansdepartementets budsjett. CO 2 -avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgiftsproposisjonen. Arbeidet med å leggje om bilavgiftene i meir miljøvennleg retning blir ført vidare i 2012.