3 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område

Sektoransvaret ligg til grunn for Regjeringas miljøpolitikk

Dei fleste aktivitetane i samfunnet kan påverke miljøet på ein eller annan måte. Regjeringas miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har et sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale miljøpolitiske måla kan bli nådde. Forureinar betalar-prinsippet er ein viktig del av sektoransvaret. Både miljøvern- og sektorstyresmaktene på sentralt hald, fylkeskommunalt og kommunalt nivå i tillegg til private aktørar skal medverke til at miljøomsyn blir tatt vare på.

Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eige område som trengst for at måla i miljøpolitikken kan bli nådde. Dei har òg ansvar for å rapportere om miljøutviklinga i sektoren og om resultat av og kostnader ved verkemiddelbruk og gjennomførde miljøtiltak.

Sektoransvaret medfører eit krav til alle departementa at dei skal ta miljøomsyn når dei utformar planar og politikk på sine ansvarsområde. Dette gjeld både den økonomiske politikken generelt og politikken i dei einskilde sektorane. Miljøomsyn inneber både å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet.

Dette kapitlet omtalar Regjeringas samla miljøpolitiske satsingar slik dei kjem til uttrykk i departementa sine budsjett, sjå tabellen på neste side. Det er ikkje alltid enkelt å avgrense miljøtiltak eller utgifter til slike tiltak på ein god måte. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Miljøtiltaka er òg svært ulike; her finn ein både førebyggjande tiltak i form av til dømes kystvaktoppgåver, klassisk naturvern slik som etablering av verneområde, opprydding i forureina grunn og satsingar som gir størst effekt saman med andre typar tiltak, slik som jernbaneutbygging og støtte til kollektivtrafikk. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, mens andre har meir direkte verknader. Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa vil òg kunne føre til at nokre tal ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Tabellen må derfor tolkast med varsemd.

Miljøtiltak er her definerte og avgrensa slik:

  • utgiftene må fullt ut nyttast til miljøforbetringar, eller

  • miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller

  • utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)

Dei miljøpolitiske løyvingane i 2012

I 2012 er dei samla miljøpolitiske løyvingane berekna å utgjere til saman 41,4 mrd. kroner, som er ein auke på om lag 2,1 mrd. kroner frå 2011. I denne summen inngår kjøp av klimakvotar på 508,5 mill. kroner. Blant miljøtiltaka som blir førte vidare og prioriterte i 2012 er:

  • tiltak mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland

  • kollektivtrafikk og jernbaneutbygging

  • fornybar energi og energieffektivisering

Tabell 3.1 Miljøtiltak i statsbudsjettet for 2012 (i mill. kroner)

Departement

2011 1

Forslag 2012

Arbeidsdepartementet 2

-

-

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

7,5

6,8

Finansdepartementet 3

435,0

515,5

Fiskeri- og kystdepartementet

1 408,0

1 463,1

Forsvarsdepartementet

1 171,0

1 344,3

Helse- og omsorgsdepartementet 4

-

-

Justis- og politidepartementet

83,2

94,0

Kommunal- og regionaldepartementet

90,0

80,0

Kunnskapsdepartementet

305,0

305,0

Kulturdepartementet

939,2

1001,0

Landbruks- og matdepartementet

5121,0

5313,4

Miljøverndepartementet 5

4 184,0

4 550,5

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet 6 7

167,0

173,0

Nærings- og handelsdepartementet

625,0

734,4

Olje- og energidepartementet

4 154,0

4 465,0

Samferdselsdepartementet

12 600,0

13 600,0

Utanriksdepartementet 8

7 990,0

7 800,0

Sum alle departementa

39 280,0

41 445,8

1 Denne kolonna inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2011 og frå saldert budsjett. Alle 2011-tala er såleis ikkje berekna på same måten. Dette må ein ta omsyn til ved samanlikning av tala frå 2011 med budsjettframlegget for 2012.

2 Arbeidsdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert.

3 Løyving til kjøp av klimakvotar er inkludert her.

4 Helse- og omsorgsdepartementets miljørelaterte tiltak går ikkje direkte fram av budsjettoppstillingane. Budsjettal er derfor utelatne her.

5 Miljøverndepartementets budsjettal her omfattar berre om lag halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje føremål i tillegg til dei miljøfaglege.

6 Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.

7 Denne posten omfattar òg utgifter til Fylkesmannens miljøvernavdeling.

8 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøtiltak avvik noko frå Miljøverndepartementets definisjon.

Tabellen over viser at mange departement nyttar store økonomiske midlar til miljøbegrunna tiltak, i tråd med sektoransvarsprinsippet. Miljøverndepartementets budsjett utgjer ein viktig, men avgrensa del av dei samla miljøløyvingane, slik desse er definerte her.

Det er og viktig å hugse at miljøpolitikk ikkje først og fremst handlar om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk o.a.

Nedanfor er nokre av departementa sine miljørelaterte tiltak kort omtalte. Ein viser elles til departementa sine eigne budsjettproposisjonar for ein nærare gjennomgang.

Olje- og energidepartementet vil bruke 4 465 mill. kroner til miljørelaterte tiltak ei 2012, mot 4 154 mill. kroner i 2011. Regjeringa har ei satsing på energiomlegging gjennom Enova og Energifondet blir ført vidare. Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering har etter siste innskot ein kapital på 25 mrd. kroner. Avkastinga frå Grunnfondet i 2011 er på totalt 996 mill. kroner. Heile avkastinga er føreslått overført til Energifondet i 2012. Det blir vidare gjort framlegg om ei løyving på 20 mill. kroner til Energifondet, til demonstrasjon og utvikling av havenergi. I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet, får Energifondet inntekter frå eit påslag på nettariffen på 1 øre/kWh, som er berekna til om lag 780 mill. kroner, og renteinntekter på om lag 130 mill. kroner i 2012. Energifondets samla inntekter i 2012 er berekna til om lag 1,93 mrd. kroner.

Til forsking på miljørelevant teknologi (i energisektoren, i petroleumssektoren og til Carbon Capture and Storage -CCS) blir det gjort framlegg på om lag 500 mill. kroner over Noregs forskingsråds budsjett. Det blir gjort framlegg om ei samla overføring til forskings-programmet RENERGI på 225 mill. kroner i 2012. RENERGI stør mellom anna forsking og utvikling knytt til effektive og fornybare energiteknologiar og til effektive energisystem der miljøomsyn står sentralt. Til satsing og oppfølging av CO 2 -handteringsprosjekta (Mongstad fullskala, transport og lagring av CO 2 frå Mongstad, teknologisenteret på Mongstad og CCS muligheitsstudie utover Mongstad) er det samla føreslått om lag 2,75 mrd. kroner. Arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå petroleumsverksemda blir ført vidare. Regjeringa legg vekt på å redusere CO 2 -utsleppa frå norsk sokkel.

Samferdselsdepartementet sine oppgåver omfattar både tiltak for å endre transportstrukturen i miljøvennleg retning og tiltak som i seg sjølve kan ha negative miljøkonsekvensar som må reduserast. Eitt av hovudmåla i Norsk Transportplan 2010-2019 er at transportpolitikken skal medverke til å avgrense klimagassutsleppa, redusere miljøskadelege verknader frå transport og medverke til å nå nasjonale mål og internasjonale plikter Noreg har på miljøområdet. Samferdselsdepartementet legg opp til å nytte 13,6 mrd kroner til miljørelaterte tiltak i 2012, mot 12,6 mrd. kroner i 2011. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli løyvd 9 948,2 mill. kroner, mot 9 266,4 mill. kroner i saldert budsjett 2011. Desse tiltaka skal betre kapasiteten og regulariteten i trafikkavviklinga og gi rom for å føre over meir gods- og persontransport til jernbane. Denne hausten blir fleire store nyanlegg på jernbana fullførte og tekne i bruk: Gevingåsen tunnel på strekninga mellom Trondheim og Stjørdal blei innvia i august. Det nye dobbeltsporet Lysaker – Sandvika på om lag 7 km som vart opna i september, gjer at det no er fire spor mellom Lysaker og Asker og dermed større kapasitet på den tett trafikkerte Drammenbanen. Seinare i år blir og det om lag 8 km nye dobbeltsporet Barkåker-Tønsberg på Vestfoldbanen tatt i bruk. Arbeidet på det om lag 14 kilometer lange dobbeltsporanlegget Holm-Nykirke, med ny Holmestrand stasjon inne i fjellet, går vidare i 2012, med sikte på opning i 2015. I 2012 startar òg arbeid med den 23 km lange Eidanger-parsellen, som er ei full omlegging av strekninga Larvik – Porsgrunn, og ei 17 km lang dobbeltsporstrekning på Dovrebanen langs Mjøsa. Planlegginga av nytt dobbeltspor Oslo S-Ski held fram i 2012. Arbeidet med totalfornying av jernbanens infrastruktur i Oslo (Etterstad-Lysaker) vil bli fullført neste år. Det er vidare ein auke på til saman om lag 100 mill. kroner til kollektivtiltak og til gang- og sykkeltiltak langs riksvegnettet. Belønningsordninga for auka kollektivtrafikk i dei større byområda får ei løyving på 411 mill kroner.

Det er berekna at Justis- og politidepartementet nyttar 94 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak i 2012. For Justisdepartementet er det ei prioritert oppgåve å motverke miljøkriminalitet. I følgje ei trusselvurdering frå Økokrim, er forureiningskriminalitet i form av utslepp eller nedgravd avfall den største miljøtrusselen mot samfunnet. I Økokrim blir miljøkriminalitet følgt opp av eit eige miljøteam og av eigne miljøkoordinatorar i politidistrikta. Justisdepartementet har og ansvaret for dei viktige miljøoppgåvene til Sysselmannen på Svalbard. Sysselmannen vil prioritere førebygging, informasjonsarbeid, rettleiing og tilsyn med ferdsel og av verksemd på øygruppa. Over Svalbardbudsjettet blir det gjort framlegg om 14,6 mill. kroner til å starte bygging av eit reinseanlegg ved kolkraftverket i Longyearbyen. Tiltaket vil redusere utsleppa av støv, SO 2 og NO x og på denne måten innfri kravet frå Klima- og forureiningsdirektoratet om reduserte utslepp til luft.

Fiskeri- og kystdepartementets budsjett vil om lag 1 463 mill. kroner bli nytta til ulike miljøtiltak i 2012, mot 1 408 mill. kroner i 2011. Oljevernet blir styrka med 15 mill. kroner, og det blir ein auke på 30 mill. kroner til BarentsWatch, som gir betre oversikt over overvåkingsdata, inkl. miljøovervåkinga. Kartleggingsprosjektet for havområda –Mareano -får ei auka løyving på 12 mill. kroner.

Kommunal- og regionaldepartementet vil i 2012 nytte om lag 80 mill. kroner på miljørelaterte tiltak, i hovudsak knytt til bustadar, bumiljø og bygg. Det er eit viktig mål å redusere energibruken i bustader og bygningar. Miljøhandlingsplanen for bustad- og byggsektoren 2009-2012 Bygg for framtida blir følgt opp vidare. Her inngår mellom anna å formidle kunnskap om energi- og andre miljøkrav i den nye plan- og bygningslova. I den nye byggtekniske forskrifta som tok til å gjelde 1. juli i år, blei krava til energiforsyning skjerpa. Det er mellom anna innført forbod mot å installere oljekjel til bruk som hovudvarmekjelde. Kommunal- og regionaldepartementet vil òg bidra i samarbeidsprogramma Framtidas byar og Lågenergiprogrammet i 2012.

Framlegget til statsbudsjett inneber at Utanriksdepartementet vil nytte 7 800 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2012. Regjeringa vidarefører innsatsen mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland, som utgjer om lag ein sjettedel av dei samla klimagassutsleppa i verda. Innsatsen til rein energi og klimatilpassing aukar.

Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nordområda. Miljøsamarbeidet med Russland omfattar økosystembasert forvaltning av heile Barentshavet. Samarbeidet om klimaendringar og følgjene av dei skal òg byggjast opp. Samarbeidet om miljøforvaltning i grenseområdet og overvaking av forureiningane frå Nikel skal førast vidare og styrkast. Det same gjeld samarbeidet om kontroll av petroleumsverksemd offshore, forureiningskontroll og handtering av miljøfarleg avfall. Atomsikringssamarbeidet med Russland skal blant anna medverke til å redusere risikoen for ulukker og forureining, hindre at radioaktivt materiale kjem bort og styrkje russisk forvaltning på området. Hovudprioriteringar i 2012 vil vere å sikre og å rehabilitere lageranlegget for brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall i Andrejevbukta på Kola, å fullføre arbeidet med å fjerne strålefarlege kjelder frå fyrlykter i russisk del av Austersjøen, i tillegg til samarbeid innanfor tilsyn, beredskap og miljøovervaking med eit felles tokt til Karahavet. I samarbeidet om felles miljøutfordringar vil ein leggje særleg vekt på å tryggje havmiljøet og på grensenært samarbeid, naturmangfald, klima og miljøgifter.

Satsinga på klima i utviklingssamarbeidet skal både medverke til å redusere klimaskadelege utslepp og å lette dei fattige landa si tilpassing til klimaendringane. Regjeringa vil derfor auke løyvingane til klimatilpassing. Noreg prioriterer òg å hjelpe utviklingslanda i å utnytte fornybare energiressursar (vassraft, sol og vind), i staden for auka bruk av fossile energikjelder. Det norske initiativet Rein energi for utvikling utgjer ein sentral del av den samla norske politikken på klima- og energiområdet. Satsinga på rein energi blir styrkt i 2012-budsjettet.

I tillegg til klima- og miljøsatsing innenfor bistandsbudsjettet, vil Regjeringen gjennom EØS Finansieringsordningane 2009-2014 styrke arbeidet med miljø, klima og karbonfangst og lagring. EØS. Finansieringsordningane er totalt på 1 788,5 mill. Euro. Minst 30 pst. under EØS-ordningen skal benyttes til miljøvern og tiltak mot klimaendringer. Dette utgjør om lag 296,5 mill. Euro. I tillegg skal minst 20 pst. av den norske ordningen benyttes til karbonfangst og –lagring.

Forsvarsdepartementets budsjett er det rekna at vel 1,3 mrd. kroner går til miljøtiltak i 2012. Kystvaktas oppgåver i samband med miljø- og ressursovervaking utgjer vel 40 prosent av dei miljørelaterte utgiftene under Forsvarsdepartementet, slik dei her er definerte. Gjennom mange år har Forsvaret sine skyte- og øvingsaktivitetar medført ulike former for belastningar på naturmiljøet. Opprydding i tidlegare skyte- og øvingsfelt og andre eigedommar som blir avhenda, mellom anna det store Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell, blir ført vidare i 2012. Ein tek sikte på at store delar av arealet på Hjerkinn skal kunne tilfredsstille krava til vern etter naturmangfaldlova og bli ein del av tilgrensande verneområde. Tidlegare forsvarsområde blir mange stader tekne i bruk til friluftsliv.

På Landbruks- og matdepartementets område blir det gjort framlegg om ein auke i dei miljørelaterte utgiftene på 192 mill. kroner, frå 5 121 mill. kroner i 2011 til 5 313,4 mill. kroner i 2012. Den langt største delen av desse midlane (90 prosent) går over Jordbruksavtala. Kulturlandskap, vassmiljø og klima er prioriterte i avtala i år (med budsjettverknad for 2011). Midlane til miljø- og klimatiltak i Jordbruksavtala går opp med 210 mill. kroner, som blant anna er fordelt på tiltak for å sikre eit ope og variert jordbruks- og kulturlandskap, redusert forureining frå jordbruket og tiltak for å betre vasskvalitet. Det blir arbeidd med å vidareutvikle miljørapporteringa i landbruket, herunder å kome fram til betre indikatorar for oppnådde miljøeffektar.

Nærings- og handelsdepartementets område går 734,4 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2012, mot om lag 625 mill. kroner i 2011. Auken frå 2011 til 2012 skuldast i hovudsak at Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard (DMF) har fått om lag 60 mill. kroner til pålagde tiltak mot forureining frå den tidlegare gruveverksemda på Løkken i Sør-Trøndelag. Vidare er tilsagnsbeløpet til prosjekt der føremålet er miljøforbedring under innovasjon Norge noko høgare enn i fjor. Til den etablerte ordninga for miljøteknologi i Innovasjon Noreg blir det løyvd 257 mill. kroner.

Finansdepartementet har ansvar for å legge grunnlaget for effektiv ressursforvaltning. Gjennom arbeidet med den økonomiske politikken vil Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på et miljømessig forsvarlig grunnlag. Direkte miljørelaterte løyvingar over departementet sitt driftsbudsjett i 2012 er rekna til 2 mill. kroner og gjeld mellom anna finansiering av klimarelatert økonomisk forsking og utgreiing, arbeid i tilknyting til dei internasjonale klimaforhandlingane og handel med klimakvotar (sjå nedanfor). Arbeidet med å leggje om bilavgiftene i meir miljøvennleg retning blir ført vidare.

Handel med klimakvoter

Som følgje av Kyoto-protokollen har Norge tatt på seg ein forpliktelse knyttet til utslepp av klimagassar i perioden 2008–2012. På usikkert grunnlag er det rekna at staten har eit årlig overskot i høve til pliktene i avtalen. Det er vedtatt at Noreg skal overoppfylle Kyoto-avtala for inneverande periode (2008–2012) med 10 pst., noko som svarar til 5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar årleg. I tillegg har Regjeringen valt å overoppfylle med 1,5 mill. tonn CO 2 årleg gjennom å avstå frå å bruke kvotar frå tilvekst i skog.

For 2012 blir det gjort framlegg om ei løyving på 508,5 mill. kroner til kjøp av klimakvoter og ein fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av utslippskvoter innanfor ei samla ramme på 2 800 mill. kroner. Av dette beløpet er 1000 mill. kroner knytt til kvotar som blir levert etter 2012. Ordninga med kvotekjøp for statsansatte sine flyreiser blir føreslått avvikla. Kvotekjøp under denne ordninga skjer etterskotsvis to gonger årleg, på grunnlag av registrerte reiser. Det er rekna at det i 2012 trengst 5 mill. kroner til kjøp av slike kvotar, mot 10 mill. kroner i 2011.

Som nemnt over er miljøtiltak på andre departement sine område nærare omtalte i budsjettproposisjonane frå dei einskilde departementa. Her finn ein òg ei omtale av:

  • utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltning på departementa sine ansvarsområde

  • mål for departementa sitt arbeid med desse utfordringane

  • oppnådde resultat i 2010

  • ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2012.