6 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Miljøverndepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet og løyvingar til forsking og overvaking. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagt departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2012 er på 1 123,8 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 21,6 mill. kroner, eller 2 pst. samanlika med saldert budsjett for 2011.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

         

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

1400

Miljøverndepartementet

576 564

580 098

575 497

-0,8

1410

Miljøvernforsking og miljøovervaking

495 127

522 135

548 291

5,0

Sum kategori 12.10

1 071 691

1 102 233

1 123 788

2,0

Kap. 1400 Miljøverndepartementet

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

220 964

229 013

238 905

21

Spesielle driftsutgifter

155 682

153 405

147 532

22

Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming , kan overførast

1 768

3 000

3 000

70

Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar

41 528

42 505

49 577

71

Internasjonale organisasjonar

42 560

45 429

46 837

73

Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk , kan overførast

21 273

18 750

74

Tilskot til AMAP , kan overførast

3 700

3 700

3 700

75

Miljøvennleg byutvikling , kan overførast

35 444

31 000

31 000

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak , kan overførast

19 128

20 696

21 346

79

Den nordiske verdsarvstiftelsen

5 000

5 000

4 000

80

Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle , kan overførast, kan nyttast under post 22

450

600

600

81

Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern , kan overførast, kan nyttast under post 22

29 067

27 000

29 000

Sum kap. 1400

576 564

580 098

575 497

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Miljøverndepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Talet på tilsette har variert i løpet av den siste 10-årsperioden, frå nedgang i perioden 2001 til 2005 (frå 256 årsverk til 223 årsverk) og ei styrking opp til 254 årsverk i 2011 som følgje av auka innsats innanfor områda klima og naturmangfald.

Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter grunna det internasjonale miljøarbeidet.

Innanfor løyvinga vil departementet nytte eit beløp til kjøp av klimakvotar. Beløpet vil tilsvare dei inntektene departementet tek inn ved parkering på departementet sitt område. Desse inntektene blir førte under kap. 4400, post 02 og er berekna til om lag 100 000 kroner i 2012.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøvernforvaltningas ansvarsområde.

Miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Miljøverndepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

I 2012 er posten redusert med 5,9 mill. kroner. Reduksjonen skuldast omdisponering av midlar og flytting av tiltak til andre postar. Blant anna er 1,4 mill. kroner flytta til kap. 1441 post 01 i samband med kostnadar ved toksikologiske prøver.

Løyvingane som er foreslått i 2012-budsjettet vil blant anna bli nytta til ei styrking av planarbeidet i hovudstadsområdet. I samband med iverksetjing av ny plan- og bygningslov i 2009 er det sett av midlar til å styrkje plan- og miljøkompetansen både regionalt og kommunalt. Dette skal medverke til auka kunnskap om fagfeltet og dei høva den nye lova gir kommunane til å fatte vedtak som gir berekraftig utvikling av lokalsamfunn og miljø. Likeins finansierer posten utgifter til kompetansebygging i kommunane på naturmangfaldlova.

Utarbeiding av ein nasjonal handlingsplan for friluftsliv vidareførast med 4 mill. kroner i 2012. I 2011 vart midlane til artsprosjektet samla på posten. I 2012 er det løyvd 25 mill. kroner til prosjektet.

Post 22 Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast

Midlane under posten er knytte til underområde verkemiddel og arbeidsmåtar under virkemiddelomtala regelverk og system og resultatområde 7 Godt bymiljø.

Løyvinga på 3 mill. kroner skal nyttast til statens eigne utgifter knytt til lokalt miljøvern og universell utforming. Sjå nærare omtale under kap. 1400 post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle og post 81 Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern.

Post 70 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøvernstiftelsar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Som omtalt i Prop. 1 S (2010-2011), vil ordninga med grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar bli lagt om i 2012. Forskrift om tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar er venta fastsett i byrjinga av oktober 2011 med søknadsfrist for organisasjonane og stiftelsane tidlegast to veker seinare. Organisasjonane og stiftelsane er orienterte om innholdet i forskrifta og at det blir ei kort søknadsfrist.

Som namnet på forskrifta seier, inneber omlegginga at også miljøstiftelsar kjem inn under grunnstøtteordninga. Tilskotsordninga gjeld frivillige miljøorganisasjonar og miljøstiftelsar med hovudformål innanfor Miljøverndepartementets ansvarsområde. Ein føresetnad er at organisasjonar og stiftelsar som søkjer tilskot for første gangen må ha eksistert i minst fire år og skal kunne beskrive verksemda i årsmeldingar for dei siste fire åra før søknadsåret.

Den nye ordninga inneber elles at 70 pst. av løyvinga blir fordelt etter:

  • om tilskotsmottakaren er ein frivillig organisasjon, ein barne- og ungdomsorganisasjon, ei samanslutning av organisasjonar (paraplyorganisasjon) eller ein allmennyttig stiftelse,

  • talet på personlege medlemmer og medlemsinntekter frå personlege medlemmer

  • talet på personlege gjevarar etter skattelovas reglar for frådrag for gåver til visse frivillige organisasjonar m.m. og gjevarinntektene får desse personane,

  • talet på lokallag og fylkeslag eller regionale lag.

Dei resterande 30 pst. blir fordelte etter ei vurdering av den betydninga organisasjonane og stiftelsane har i samfunnet.

Ved den nye ordninga ser ein tilskota under den tidlegare ordninga under 70-posten i samanheng med dei øyremerkte tilskota under post 73, Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk. Post 73 blir lagd ned og dei øyremerkte tilskota går anten inn den nye tilskotsordninga eller blir overførte til ei av dei statlege verksemdene Direktoratet for Naturforvaltning, Klima- og forureiningsdirektoratet og Riksantikvaren.

Overføring til dei nemnde verksemdene heng saman med at organisasjonar med utprega faglege avgrensingar er vanskelege å passe inn i den nye tilskotsordninga, og at dei nemnde verksemdene har den faglege kontakten med dei aktuelle organisasjonane og best kan vurdere organisasjonane si betydning i samfunnet. Vi viser til omtale under kap. 1427 post 83 og kap. 1441 post 71 og 80. Tilskotet til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) er flytta til kap. 1427 post 78 for å kunne sjå tilskota innan friluftsliv i samanheng. Tilskotet til Norsk forening for fartøyvern er flytta til kap. 1429 post 74 Fartøyvern.

Tilskotsordninga vil etter dette omfatte følgjande organisasjonar og stiftelsar i 2012:

  • Den Norske Turistforening

  • Forbundet Kysten

  • Fortidsminneforeningen

  • Framtiden i våre hender

  • Grønn hverdag

  • Idébanken

  • Miljøagentene

  • Miljøstiftelsen Bellona

  • Natur og Ungdom

  • Noregs Jeger- og fiskerforbund

  • Noregs kulturvernforbund

  • Norges Miljøvernforbund

  • Norges Naturvernforbund

  • Norsk kulturarv

  • Regnskogfondet

  • Samarbeidsrådet for biologisk mangfold

  • WWF-Norge

  • Zero

Tilskotet til den einskilde organisasjon og stiftelse vil bli fastsett etter søknad og ut frå tildelingskriteria.

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar med hovudformål for verksemda innanfor miljøforvaltninga sitt ansvarsområde.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Løyvinga er foreslått auka med om lag 1,4 mill. kroner. Auken relaterer seg til ei generell prisjustering.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)

  • Interimssekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)

  • Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC) Kyotoprotokollen

  • Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)

  • Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar

  • Århuskonvensjonen om miljøinformasjon Århuskonvensjonsprotokoll om forureina utslepp og utsleppsregister (PRTR)

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonane skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast

Posten blir lagd ned etter den nye tilskotsordninga for grunnstøtte til miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar under post 70, jf. omtale under den posten. Nokre øyremerkte tilskot er flytta til kap. 1441 post 71 og post 80 medan dei ubundne midlane er flytta til kap. 1400 post 76.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga medverkar til å oppnå måla under Internasjonalt samarbeid.

Mål

Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftelsen AMAP.

Stiftelsen AMAP vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.

Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast

Midlane under denne posten er i hovudsak retta mot resultatområde 7 Godt bymiljø. Midlane skal nyttast til å styrkje innsatsen for eit betre miljø i Groruddalen.

Mål

Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007-2016.

Det langsiktige hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar.

Oslo kommune har ansvaret for den heilskaplege utviklinga i Groruddalen. Miljøverndepartementet samordnar staten sin innsats. Den felles innsatsen er organisert i fire program. Miljøverndepartementet følgjer opp program 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Målet for dette programmet er å styrkje den blågrøne strukturen og naturmangfaldet i Groruddalen, gi betre forhold for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett. Kulturminne skal vernast og brukast og forståinga for historia skal styrkjast.

Kriterium for måloppnåing

Planarbeidet skal drivast i eit breitt samarbeid mellom partane innan program 2 og føre fram til fysiske forbetringar.

I arbeidet er det lagt vekt på tre hovudstrategiar:

  • Utvikle samanhengande grønstrukturar og turvegar på langs og tvers av dalen og sjå ulike tiltak i samanheng i utvalte geografiske innsatsområde.

  • Vidareutvikle Akergardane og andre kulturminne som har potensial som møtestad med ulike tenester og kulturaktivitetar.

  • Utvikle ein bydelspark i kvar bydel som kan gi attraktive møtestader i det grøne og vere arena for både organiserte og uorganiserte aktivitetar.

Tildelingskriterium

Tildeling vil skje på grunnlag av søknad og handlingsprogram for program 2. Etatane og bydelane kjem med forslag til tiltak og samarbeider om dette i programgruppe 2.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk. Kvart tertial blir det utarbeidd rekneskapsrapportar. Det blir utarbeidd årlege rapportar og handlingsprogram for kvar programgruppe.

Evaluering

Arbeidet blir følgt opp med dokumentasjon av tilhøve ved oppstart, evaluering undervegs og midvegs og avsluttande rapport.

Post 76 Nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Midlane under denne posten gjeld alle resultatområda.

Mål

Målet for ordninga er å medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld biologisk mangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål innanfor alle resultatområda.

Målet med ordninga er òg å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på kva resultat Regjeringa ønskjer å oppnå i det nasjonale miljøarbeidet og dei pliktene Noreg har teke på seg i det internasjonale miljøsamarbeidet, under dette blant anna Noregs bidrag til klimapanelets (IPCC) arbeid med femte hovudrapport, kontingent til Climate Technology Initiative (CTI) og driftsstøtte til Grid Arendal , Noregs tilskot til sekretariat for Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) , driftsstøtte til ForUM for utvikling og miljø og tilskudd til EU’s strålevernforskning. Det er vidare sett av midlar til det internasjonale arbeidet til Norsk Institutt for Luftforsking , Norsk institutt for vannforsking og Meteorologiske institutt , og reisestøtte i samband med internasjonalt arbeid.

Departementet har vidareført 8 mill. kroner til opplæring i naturmangfaldlova. Av desse er 1 mill. kroner flytta frå kap. 1400 post 21 til denne posten for å finansiere tilskot knytt til opplæringa.

Det er vidare sett av 1,5 mill. kroner til eit samarbeidsprosjekt med Sverige med mål om å reetablere Vänern-laksen i Trysil-vassdraget.

Av løyvinga er 5,6 mill. kroner opne for søknader. Desse midlane vil departementet blant anna prioritere mot søknader som gjeld miljømerking og miljøsertifisering, avfallsrelaterte prosjekt, herunder blant anna arbeid med å redusere mengda mat som blir kasta og søknader som gjeld utvikling og dokumentasjon av berekraftig skogforvaltning. Samarbeid med andre nordiske land om prosjekt retta inn mot dei internasjonale klimaforhandlingane, under dette pilotprosjekt om etablering av sektorvise mekanismar i utviklingsland under den Nordiske arbeidsgruppa for globale klimaforhandlinger (NOAK), vil òg bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån

Ordninga med statsgaranterte miljølån i Industribanken (seinare Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND) og garanti gitt av Industribanken på vegner av staten til pålagte reinsetiltak vart avvikla frå og med 1991.

Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. Departementet har fullmakt til å utgiftsføre utan løyving fastslåtte tap under føresetnad av at det så snart det er føremålstenleg blir fremje forslag til løyving for Stortinget. Dette er gjort for at innfriinga av garantiar skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader. Denne fullmakta blir foreslått ført vidare i 2012, jf. forslag til vedtak III. Det var ingen tap på ordningane i 2010. Garantiansvaret for dei som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, var samla sett redusert frå om lag 1,34 mill. kroner pr. 31. desember 2009 til om lag 1,215 mill. kroner ved utgangen av 2010.

Tabell 6.1 Garantifullmakt under kap. 1400 post 77

II Statsgaranterte lån i private kredittinstitusjonar og Innovasjon Noreg (tidlegare SND)

(i 1000 kr)

a)

Tap i 2010

0

b)

Garantiansvar 31.12.10

1 215

c)

Fullmakt, nye tilsegner i 2011

0

d)

Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2012

0

e)

Totalramme i 2012

1 215

Post 79 Den nordiske verdsarvstiftelsen

Midlane under posten er retta mot resultatområde 6 Kulturminne og kulturmiljø.

Midlane dekkjer tilskot til Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation, NWHF).

Mål

Målet med løyvinga er å styrkje oppfølginga av UNESCOs verdsarvskonvensjon. Den nordiske verdsarvstiftelsen skal bl.a. fungere som eit knutepunkt for den samla innsatsen frå dei nordiske landa på området, tilby teknisk ekspertise, spreie informasjon og medverke til nyskapande prosjekt, reise midlar og tilby assistanse til utviklingsland.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 22

Midlane under posten er hovudsakeleg knytte til resultatområde 7 Godt bymiljø.

Posten skal ivareta oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer og føremålet universell utforming i ny plan- og bygningslov. Midlane er knytte til departementet sine tiltak i ny handlingsplan for universell utforming 2009-2013.

Dei er samordna med stimuleringsmidlar frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, knytte til handlingsplanen og særleg retta mot kommunesektoren.

Ettersom offentlege instansar har ansvaret for å resultatfølgje enkelte av tiltaka, er det behov for at ein del av midlane kan nyttast under post 22.

Mål

Ordninga skal støtte mål, strategiar og prioriterte tiltak i tråd med den nye plan- og bygningslova si styrking av universell utforming og gjennomføring av departementet sine tiltak i ny handlingsplan. Målgrupper er kommunale og regionale forvaltningsnivå, organisasjonar og offentlege og private instansar.

Kriterium for måloppnåing

Ordninga skal stimulere til nytenking i planlegging og utforming av byggverk og uteområde slik at alle, utan omsyn til funksjonsevne, kan nytte dei på ein likestilt måte. Ordninga legg til grunn at det skal vere aktiv brukarmedverknad og formidling av resultata.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang vil bli følgde opp fagleg og økonomisk.

Post 81 Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern, kan overførast, kan nyttast under post 22

Midlane under posten er hovudsakeleg knytte til resultatområde 7 Godt bymiljø. Midlane omfattar satsinga på Framtidas byar med 25 mill kroner. Det er òg avsett midlar under kap. 1400 post 21 til Framtidas byar.

Framtidas byar

Framtidas byar er eit samarbeidsprogram mellom staten, kommunane i dei største byområda og næringslivet for å få ned klimagassutsleppa, møte klimaendringane og sikre eit godt bymiljø. Programmet er eitt av tiltaka i Klimameldinga og er starta fordi det er naudsynt med felles innsats og politisk vilje både frå kommunar og stat for å nå klimamåla. Arbeidet er kopla til «Klimaløftet».

Mål

Hovudmålet er å redusere dei samla utsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk, forbruk og avfall i dei største byområda. Det skal òg gjennomførast tiltak for å møte framtidige klimaendringar. Samtidig må byane halde fram med å utvikle eit godt fysisk miljø, betre helse for innbyggjarane og gode føresetnader for næringslivet.

Kommunane har utarbeidd handlingsprogram saman med regionale styresmakter og i dialog med staten. Også næringslivet, organisasjonar og innbyggjarane er trekte med. Handlingsprogramma er grunnlag for forpliktande samarbeidsavtaler mellom byane, staten og næringslivet. Avtalene skal sikre at planar og tiltak som det er semje om, blir gjennomførte av partane.

Kriterium for måloppnåing

Med bakgrunn i dei nasjonale måla og kommunane sine eigne mål for reduksjon av energibruk og klimagassutslepp, vil det bli utarbeidd informasjonssystem og indikatorar for å kunne følgje utviklinga. Det blir lagt vekt på utvikling og formidling av gode eksempel, slik at kommunane både i og utanfor programmet kan få kunnskap og inspirasjon til å gjennomføre gode og effektive tiltak. Ei samordning av tiltak og ressursar gjennom partnarskap vil venteleg føre til meir effektiv ressursbruk og raskare løysingar.

Tildelingskriterium

Regjeringa ønskjer i første rekkje avtaler med dei byane som vil gripe tak i klima- og miljøutfordringane på ein grunnleggjande ny måte, og er innstilte på å bruke verkemidla sine slik at dei byggjer opp under felles visjonar, mål og strategiar. Den statlege innsatsen vil i hovudsak vere knytt til bruk av ordinære budsjett- og tilskotsmidlar, meir samordna og sterkare retta mot måla i Framtidas byar, til dømes innanfor samferdsels- og energisektoren. Midlane på denne posten kan nyttast til kompetansebygging og andre tiltak og pilotprosjekt som er nyskapande, går på tvers av fagområda eller som utløyser andre ressursar, til dømes i næringslivet. Det er ein føresetnad at kommunane går inn med eigne midlar.

Oppfølging og kontroll

Ved sida av bruk av informasjonssystem og indikatorar, blir det lagt opp til årleg rapportering av oppnådde resultat og ressursbruk innan dei prioriterte miljøområda. Arbeidet vil bli følgt opp fortløpande både fagleg og økonomisk, blant anna gjennom faglege samlingar og bruk av fagkoordinatorar på kvart innsatsområde.

Evaluering

Ei følgjeevaluering av programmet blir nytta til læring både på lokalt og på sentralt nivå og gir grunnlag for å vidareutvikle rammevilkår og verkemiddel.

Kap. 4400 Miljøverndepartementet

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

02

Ymse inntekter

853

347

358

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

1 306

1 430

1 474

16

Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar

2 017

18

Refusjon av sjukepengar

2 056

Sum kap. 440 0

6 232

1 777

1 832

Post 02 Ymse inntekter

Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, blant anna gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 1,5 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Miljøovervaking og miljødata

143 452

159 958

171 458

50

Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

140 667

149 718

158 759

51

Forskingsprogram m.m.

166 518

167 518

167 518

53

Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

6 160

6 351

6 548

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

16 038

15 038

20 188

72

Tilskot til Genøk – Senter for biotryggleik

13 900

14 900

14 900

73

Infrastrukturtiltak til miljøinstituttene

8 392

8 652

8 920

Sum kap. 1410

495 127

522 135

548 291

Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda og verkemiddelkapitlet kunnskap. Regjeringa legg vekt på å vidareføre løyvinga til forsking og overvaking på eit høgt nivå i 2012 og fremjar forslag om å auke løyvingane til forsking og overvaking med respektive 9,5 mill. kroner og 11,5 mill. kroner i 2012. I tillegg er tiltak flytta fra andre kapitel.

Post 21 Miljøovervaking og miljødata

Løyvinga er foreslått auka med 11,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2011. Auken omfattar 5,5 mill. kroner til å følgje opp rovviltforliket i Stortinget våren 2011. Av beløpet skal 3,5 mill. kroner gå til eit forvaltningsretta forskingsprosjekt om sørsamisk reindrift og 2 mill. kroner til styrking av rovdata og overvaking av rovvilt. Til styrkt overvaking av vassressursane er det lagt inn 6 mill. kroner.

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, blant anna utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast, er dekte over andre postar på Miljøverndepartementets budsjett.

Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøvernpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, blant anna utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon.

Det er i hovudsak forskingsinstitutt og andre som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.

Situasjonen for tareskogen med tilhøyrande økosystem langs kysten er framleis alvorleg. Kunnskapen vi no har om årsaker til situasjonen gir grunnlag for å setje i verk tiltak. Det er gjort ei meir omfattande kartlegging av tilhøva for tareskogen langs heile kysten og rapporten frå denne vil liggje føre hausten 2011. Den vil gi grunnlag for meir målretta tiltak for tareskogen.

Posten dekkjer òg overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av data frå det kommunale kartleggingsprogrammet, bestandsovervaking av rovvilt, vidareføring av sjøfuglprogrammet SEAPOP og auka overvaking av truga og sårbare arter, blant anna tareskog.

Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Løyvinga i 2012 er foreslått auka med 9,0 mill. kroner til 158,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2011, for å styrkje den langsiktige kompetanseoppbygginga i sektoren. Posten dekkjer grunnløyvinga til fordelingsarena for miljøinstitutt (miljøforskingsinstitutta og Transportøkonomisk institutt) og dei strategiske instituttløyvingane til miljøforskingsinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Bioforsk, Jord og miljø på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt. Frå 2012 dekkjer posten òg at Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center) er inkludert i den statlege basisfinansieringa på fordelingsarena for miljøinstitutt med 4,4 mill. kroner.

I 2012 vil 5 pst. av grunnløyvinga bli omfordelt etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular (avlagte doktorgrader og bistillingar), internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.

Mål

Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt fornaturforsking (NINA) , Norsk Institutt for Kulturminneforsking (NIKU) , Norsk Institutt for Vannforsking (NIVA) , Senter for klimaforsking (CICERO) , Nansensenteret og Transportøkonomisk institutt (TØI) som er sentrale institutt innanfor sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal innanfor sine område tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Norsk forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov.

Post 51 Forskingsprogram m.m.

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområde.

Posten er uendra i forhold til saldert budsjett 2011. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd, med unntak av 0,3 mill. kroner til NIBR som går til forskingsprosjektet «Water pollution Abatment in a system of Multilevel Governance: A study of Norway`s implementation of EUs Water Framework Directive» (WAPABAT). Dette er eit prosjekt med medverknad frå brukarane.

Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.

Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking om biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. Miljøverndepartementet ønskjer å sikre at også dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Forsking er nærare omtalt under dei enkelte resultatområda i Del III i denne proposisjonen. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyra.

Mål for Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd forvaltar tiskot frå i alt 16 departement. Det er utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem (MRS) for departementa sine tildelingar av midlar til Noregs forskingsråd. Systemet vart teke i bruk frå og med budsjettåret 2010. Målstrukturen består av eit overordna mål som er operasjonalisert i tre mål med tilhøyrande delmål. Basert på desse måla er det utvikla eit sett med styringsparameter som vil vere grunnlaget for Forskingsrådets rapportering til departementa. Departementa samarbeider med Forskingsrådet for å utvikle det nye MRS-systemet vidare.

Måla for departementa sine tildelingar er som følgjer:

Overordna mål:

Forskingsrådet skal medverke til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn. Noreg skal vere blant dei fremste samfunna når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga skal framskaffe kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for vår erkjenning.

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

Mål 2: God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

Mål 3: Resultata til forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

For nærare omtale av systemet og måla, sjå Prop. 1 S (2011-2012) Kunnskapsdepartementet.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek vare på den norske medlemskapen.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Mål

Målet er å syte for at alle miljøinstitutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøvernforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøvernforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, kvalitetssikring av data, og etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar m.m.

Løyvinga inkluderer 1,5 mill. kroner til driftsstøtte for luftmålestasjon NILU på Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund, og 0,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2011 til CIENS – Forskingssenter for miljø og samfunn for utarbeiding av heilskaplege informasjonspakkar for kunnskapsstatus frå forskinga.

Det ligger óg inne 4 mill. kroner i driftsstøtte til CIENS som har fått ansvar for å drifte ny miljøprøvebank. Denne løyvinga lå tidlegare på kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet, post 01, driftsutgifter.

Vidare ligger det 1,15 mill. kroner til Cicero. Desse midlene lå tidlegare på kap 1400, post 76, Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.

Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

Mål

Løyvinga skal sikre utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Post 73 Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta

Posten er auka med 0,3 mill. kroner til 8,9 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2011.

Mål

Løyvinga skal sikre drift av NINAs forskingsstasjon på Ims som blir nytta til overvaking av villaks, med 3 mill. kroner, og skal òg støtte andre naudsynte infrastrukturtiltak i institutta.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for bruken av infrastrukturtiltaka i samband med drøftingane av dei nasjonale oppgåvene.