Programkategori 12.20 Naturmangfald og friluftsliv

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslått fjellmiljø, og delvis 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap, og 8 Aktivt friluftsliv.

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på 1,591 mrd. kroner i 2012. Dette er ein auke på 185 mill. kroner eller 13,2 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2011. Dei største endringane innanfor kategorien er ein auke på 100 mill. kroner til venta erstatningsutbetalingar på nasjonalparkplanen, 40 mill. kroner i auke til å fjerne lakseparasitten gyrodactylus salaris frå vassdraga i Vefsn-regionen, 17 mill. kroner til nye forvaltarstillingar i samband med den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde, 14,5 mill. kroner til erstatning ved rovdyrtap på tamrein og 7 mill. kroner til erstatningar for fylkesvise verneområde. Frå programkategori 12.10 til 12.20 er det flytta 6,3 mill. kroner til organisasjonar innan natur- og friluftsliv.

Innsatsen mot framande arter og i høve til genmodifiserte organismar blir ført vidare på omtrent same nivå innanfor programkategorien. Hovudinnsatsen med omsyn til genmodifiserte organismar ligg innanfor programkategori 12.10, jf. kap. 1410 post 72 Tilskot til Genøk – Senter for biotryggleik.

Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

         

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

1425

Vilt- og fisketiltak

74 756

80 100

79 900

-0,2

1426

Statens naturoppsyn

201 755

211 832

218 691

3,2

1427

Direktoratet for naturforvaltning

1 109 338

1 113 531

1 292 179

16,0

Sum kategori 12.20

1 385 849

1 405 463

1 590 770

13,2

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

27 341

27 600

27 500

61

Tilskot til kommunale vilttiltak , kan overførast

121

70

Tilskot til fiskeformål , kan overførast

9 251

9 000

8 900

71

Tilskot til viltformål , kan overførast

38 043

43 500

43 500

Sum kap. 1425

74 756

80 100

79 900

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområda 2 Livskraftige elver og innsjøar, 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslått fjellandskap, men involverer òg resultatområde 8 Aktivt friluftsliv gjennom tilrettelegging for jakt og fiske.

Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1427 post 01 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet, post 71 Sektoravgifter under Viltfondet og post 72 Sektoravgifter under Statens fiskefond. Samla sett er løyvingane noko reduserte i høve til 2011. Dette skuldast at fisketiltaka er reduserte mens vilttiltaka er uendra. For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 1427, 5578 og inntektene til dei to fonda, viser vi til omtale under kap. 5578.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.

Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til føremål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Føremålet med drøftingane er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte i høve til måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå ei samla målsetjing.

Store delar av dei midlane som blir løyvde til vilt- og fisketiltak blir nytta ved at brukarar, organisasjonar og lag søkjer om midlar til konkrete tiltak. Frå 2009 vart det høve til å fremje søknader om tilskot til vilttiltak og fisketiltak i eit nettbasert søknadssenter i regi av Direktoratet for naturforvaltning. Føremålet har vore å sikre lik behandling og betre utnytting av resultata frå tiltaka som blir utførte. Det er no obligatorisk for søkjarar å sende inn søknad til dette søknadssenteret.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområda 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslått fjellandskap.

Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar som grunnlag for konkrete forvaltningstiltak, og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Løyvinga skal leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av vilt- og fiskeressursane og allmentas tilgang til desse. Posten dekkjer i tillegg til utgifter til fallvilt og drift av villreinnemndene, utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar o.a.

Framlegget til løyving utgjer ein reduksjon med 0,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2011. Reduksjonen er knytt til prosjekt og administrasjon i høve til fiske. Dette skuldast lågare inntekter frå fiskaravgiftene, jf. omtala under kap. 5578 post 72 Fiskaravgifter.

Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.

I 2012 er posten foreslått redusert med 0,1 mill. kroner. Dette skuldast nedgang i inntektene frå fiskaravgiftene. Ein viser til nærare omtale av fiskaravgiftene og fondet under kap. 5578 post 72 Fiskaravgifter.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og tiltak knytte til berekraftig bruk av bestandar av anadrom laksefisk som det kan haustast av, til beste for fiskarar og rettshavarar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god fiskeforvaltning, kultiveringstiltak og medverknad frå lokalsamfunn og rettshavarar medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot.

Tildelingskriterium

Tilskot blir gitt tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Ein kan gi tilskot til investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande formål, bruksforsking og overvaking. Tiltak kan vere direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast

       

(i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

71.1

Hjortevilttiltak

6 759

4 250

4 250

71.2

Villreintiltak

2 837

3 850

3 850

71.3

Lokale vilttiltak m.v.

22 511

28 900

28 900

71.4

Viltovervaking

5 936

6 500

6 500

Sum post 71

38 043

43 500

43 500

Midlane under posten er retta mot resultatområda 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslått fjellandskap.

Ein gjer framlegg om å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2011 som ein konsekvens av at avgiftsinntektene er venta å bli uendra i 2012.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.

Etter endringane i viltlova i 2001 krev kommunane inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. Det er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett tekne vare på ved at fylkesmennene/fylkeskommunane forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Direktoratet for naturforvaltning.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god forvaltning av viltet på nasjonalt og regionalt nivå medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot.

Tildelingskriterium

På bakgrunn av søknader via eit sentralt nettbasert søknadssenter tildeler fylkesmannen eller fylkeskommunane tilskot til regionale utviklingsoppgåver som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak. Under dette blir det gitt tilskot til tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.

Tiltak som kan få tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversyn, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å setje i verk tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan ytast tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve. Fordeling av midlane på dei ulike fylka skjer etter nøklar baserte på bl.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Underpost 71.1 Hjortevilttiltak

Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Den skal dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for utvikling og samansetjing av bestandar, og hjorteviltdelen av programmet for vilthelseovervaking. Dette er viktige grunnlagsdata for konkret forvaltning. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.

Underpost 71.2 Villreintiltak

Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak.

Underpost 71.3 Lokale vilttiltak mv.

Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av naturmangfald, lokale vilttiltak og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.

Tilskotsmidlane som fylkeskommunane nyttar er samla på denne underposten. I samband med regionreforma har fylkeskommunane overteke forvaltningsansvaret frå fylkesmannen for enkelte arter. Den einskilde fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artene. Ettersom fylkesmannen på same tid forvaltar tilskotsmidlar innanfor sitt forvaltningsområde er det krav om god samordning av bruken av midlane. Tilskotsmidlar til fylkeskommunane er derfor budsjetterte fullt ut på denne underposten.

Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver på vegne av eller i samarbeid med styresmaktene for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning.

Underpost 71.4 Viltovervaking

Midlane blir nytta som tilskot til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

71

Jeger- og fellingsavgifter

70 400

73 600

73 600

72

Fiskaravgifter

14 675

15 000

14 800

Sum kap. 5578

85 075

88 600

88 400

I tillegg til å finansiere utgifter under kap. 1425, dekkjer kap. 5578 postane 71 og 72 òg noko av utgiftene til vilt- og fiskeforsking under kap. 1410 post 50, og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1427 post 01.

Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til fonda i 2011 og 2012, jf. omtale under kvart fond nedanfor.

Post 71 Jeger- og fellingsavgifter

Jeger- og fellingsavgiftene som blir innbetalte til Viltfondet er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

I dette framlegget er løyvinga den same som i 2011.

Nærare om Viltfondet

Mål

§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:

  • Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.

  • Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.

I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet i høve til innbetalte avgifter føregåande år.

Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2011. Ein gjer ikkje framlegg om å endre desse for 2012. Satsane for dei ulike avgiftene er oppgitte i tabell 6.3.

For oversikta sin del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2012 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.

Tabell 6.2 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2012 (tal i heile kroner)

Type avgift:

Storleiken på avgifta i 2012

Estimert tal på innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp

Inntektsført

Jegeravgift generelt:

300

195 000

58 500 000

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt:

80

105 000

8 400 000

Viltfondet

Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk:

185

20 000

3 700 000 1

Viltfondet

Gebyr ekstra jegeravgiftskort:

60

2 000

120 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein:

265

3 000

795 000

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv:

155

1 200

186 000

Viltfondet

Sum statlege avgifter:

71 701 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg:

485

25 000

12 125 000

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv:

285

12 000

3 420 000

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort:

370

20 000

7 400 000

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv:

225

6 100

1 372 500

Kommunane

Sum kommunale avgifter:

24 317 500

Kommunane

1 Innkrevjing skjer etterskotsvis i 2012 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2010/2011. Talet er vurdert til ca. 20 000.

Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 6.3.

Tabell 6.3 Berekning av kapital i Viltfondet i 2012

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.10:

5 245

Budsjettert innbetalt i 2011 1 :

72 101

Budsjettert refusjon i 2011 (utbetalingar frå fondet):

-73 600

Budsjettert saldo pr. 31.12.11:

3 746

Budsjettert innbetalt i 2012 2 :

72 101

Budsjettert refusjon i 2012 (utbetalingar frå fondet):

-73 600

Budsjettert saldo pr. 31.12.12:

2 247

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Inntektene over kap. 5578 post 71 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1425 postane 01 og 71, kap. 1427 post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50. I budsjettet for 2012 gjer ein framlegg om at 5,14 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysund-registra for drifta av Jegerregisteret. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabell 6.4.

Tabell 6.4 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2012:

(i 1000 kr)

Formål

Sentrale fallviltutgifter (kap.1425.01):

1000

Drift villreinnemndene (kap.1425.01):

4 000

Prosjekt, administrasjon, jaktstatistikk mv., inkl. drift av Jegerregisteret (kap. 1425.01):

18 817

Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1):

4 250

Villreintiltak (kap. 1425.71.2):

3 850

Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3):

28 900

Viltovervaking (kap. 1425.71.4):

6 500

Sum under kap. 1425:

67 317

Viltforsking, NINA (kap.1410.50):

3 000

Tilskotsforvaltning i DN (kap 1427 post 01):

3 283

Totalsum:

73 600

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Sjølv om kommunane har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.

Når det gjeld fallvilt, er det framleis eit behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er derfor budsjetterte under kap. 1425 post 01 Driftsutgifter. For dei artene der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, har Direktoratet for naturforvaltning i 2011 starta å omsetje skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.

Spesielt om lisensfelling av rovvilt

Lisensfelling av rovvilt vart innført i 2005. I 2006 vart det innført ei ordning slik at dei som deltek i lisensfelling registrerer seg særskilt i Jegerregisteret. Det er førebels ikkje lagt opp til at denne gruppa jegerar skal betale særskilde avgifter slik som hjorteviltjegerar.

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Posten er foreslått redusert med 0,2 mill. kroner i høve til 2011. Reduksjonen skuldast reduserte inntekter frå fiskaravgiftene.

Nærare om Statens fiskefond

Mål

I § 30, lov om laksefisk og innlandsfisk o.a., heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet. Fiskaravgift for fiske etter innlandsfisk vart i 2002 sett til kr. 0, slik at denne i praksis er avskaffa. Fiskaravgift til staten skal etter dette berre betalast for fiske etter anadrom laksefisk. Det er innført visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål. Vidare skal det ikkje betalast fiskaravgift for fritidsfiske etter anadrom laksefisk i sjøen.

Følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond er lagt til grunn:

  • Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.

  • Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at om lag halvparten av fondsinntektene skal gå til lokale tiltak.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Avgiftsåret vart endra frå og med 1. januar 2011 og følgjer no kalenderåret. Årsavgifta gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk vart justerte i 2011 i samsvar med prisstiginga. For 2012 gjer Regjeringa ingen framlegg om å justere avgiftene.

For fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag er årsavgifta for enkeltpersonar 235 kroner, mens familieavgifta er 375 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 16 og 18 år.

Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli har ei årsavgift på 585 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli er 355 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabell 6.5.

Tabell 6.5 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2012

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.10:

1 458

Budsjettert innbetalt i 2011 1 :

15 401

Budsjettert refusjon i 2011 (utbetalingar frå fondet):

- 15 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.11:

1 859

Budsjettert innbetalt i 2012 1 :

14 979

Budsjettert refusjon i 2012 (utbetalingar frå fondet):

-14 800

Budsjettert saldo pr. 31.12.12

2 038

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 01 og 70) og kap. 1427 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.

Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabell 6.6.

Tabell 6.6 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2011:

(i 1000 kr )

Formål

Prosjekt, administrasjon mv. (kap.1425.01):

3 683

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

8 900

Sum under kap. 1425:

12 583

Administrative utgifter i DN (kap. 1427.01)

1 217

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50):

1000

Totalsum

14 800

Spesielt om lokal bruk av midlane

I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Kap. 1426 Statens naturoppsyn

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

110 638

117 244

124 103

21

Spesielle driftsutgifter

9 000

9 000

30

Tiltak i nasjonalparkar og landskapsverneområde , kan overførast

28 512

23 391

23 391

31

Tiltak i naturreservat og utvalde kulturlandskap i jordbruket , kan overførast

40 757

38 502

38 502

32

Skjergardsparkar o.a. , kan overførast

21 848

23 695

23 695

Sum kap. 1426

201 755

211 832

218 691

Kap. 1426 Statens naturoppsyn omfattar midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn og midlar til tiltak i naturvern- og friluftsområde. Midlane under kap. 1426 er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap, 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap og 8 Aktivt friluftsliv.

Rolle og oppgåver for Statens naturoppsyn

Statens naturoppsyn er etablert med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21. juni 1996 for å ta vare på dei nasjonale miljøverdiane og førebyggje miljøkriminalitet. Statens naturoppsyn skal ha eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde og skal føre kontroll med at regelverket i miljølovene som ligg under Lov om statleg naturoppsyn vert etterlevd. Oppsynet kan òg bli tillagt andre oppgåver. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling. Den nasjonale leiinga ligg i Direktoratet for naturforvaltning. Det heiltidstilsette lokale oppsynet er tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad tilknytt eit geografisk område. Dei områda der behovet for styrkt oppsyn er størst er prioriterte.

Hovudoppgåvene er førebygging av miljøkriminalitet gjennom tilsyn og kontroll med menneskelig aktivitet, og overvaking av naturtilstanden og utviklinga i denne. Dette arbeidet blir utført gjennom kontroll med at miljølovene vert etterlevde, naturrettleiing, rettleiing om regelverket og dei nasjonale miljøverdiane, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår òg viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga, bl.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knytt til den lovfesta erstatningsordninga. Statens naturoppsyn har eit overordna ansvar for lakseoppsynet og oppfølginga av ordninga med Skjergardstenesta. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området.

Verksemda er basert på eigne oppsynsstillingar i kombinasjon med kjøp av tenester og samarbeid med andre offentlege oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørane innan naturoppsyn. Dette gjeld både politiet, Kystvakta, Statskogs fjellteneste, fjelloppsynet i regi av fjellstyra og bygdeallmenningar. Samordning med politiet er særleg viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. Statens naturoppsyn samverkar med desse bl.a. gjennom miljøforum og sentrale og regionale oppsynsutval.

Statens naturoppsyn har utvikla seg i tråd med dei føringane som vart gitt i lovforarbeid og seinare styringssignal for verksemda og står no fram som eit landsdekkjande, heilskapleg og kompetent statleg naturoppsyn. Miljøverndepartementet har utvikla ei meir aktiv rolle som eigar av Statens naturoppsyn og har gitt klarare styringssignal.

Miljøverndepartementet legg vekt på Statens naturoppsyns rolle som oppsyns- og feltapparat. Departementet har dei siste åra lagt auka vekt på naturrettleiing. Statens naturoppsyn har ei viktig rolle i dette arbeidet. Som ledd i å medverke til å styrkje kunnskapen omkring berekraftig bruk av naturen, har Statens naturoppsyn i oppdrag å drive eit forprosjekt for kartlegging og formidling av tradisjonell økologisk kunnskap i Noreg.

Direktoratet for naturforvaltning, Politidirektoratet og Riksadvokaten har utvikla ei felles rolleforståing når det gjeld det fortløpande samarbeidet i dei respektive underliggjande einingane. Både Miljøverndepartementet og Justis- og politidepartementet har sagt seg nøgde med dette arbeidet.

Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet gav i brev av 25. november 2010 ei avklaring av forholdet mellom Statens naturoppsyn og fjellstyra om naturoppsynsoppdrag. Departementa legg her til grunn at oppsyn med miljøverdiar og lover som går fram av naturoppsynslova §§1-2 høyrer inn under Statens naturoppsyn. Når fjellstyra utfører oppsyn for Statens naturoppsyn legg ein til grunn at fjellstyra representerer Statens naturoppsyn, og at fjelloppsynet under utføring av slike oppdrag skal vere utstyrt med felles tenestebevis frå Statens naturoppsyn og vedkommande fjellstyre. Det er no inngått ei samarbeidsavtale mellom Statens naturoppsyn og Fjellstyresambandet, som dannar ramma for årlege avtaler mellom Statens naturoppsyn og det enkelte fjellstyret.

Fjelloppsynets lokale forankring og kunnskap er eit viktig bidrag i det totale oppsynet. Departementa understrekar at samhandlinga mellom fjellstyra og Statens naturoppsyn vil kunne medverke til at fjellstyra sin lokalkunnskap om statsallmenningane blir formidla til miljøvernstyresmaktene og kan takast med i oppgåveprioriteringa på dette feltet.

Frå før har Statens naturoppsyn samarbeidsavtaler med Statskog SF og Norsk Almenningsforbund. Desse tre samarbeidsavtalene er ei konkret oppfølging av Stortingets føresetnader ved opprettinga av Statens naturoppsyn, jf. Innst.O. nr. 64 ( 1995-96) der det blant anna er sagt at Statens naturoppsyn òg må satse på å kjøpe oppsynstenester frå styresmakter som i dag driv oppsyn på ein tilfredsstillande måte.

Miljøverndepartementet har ansvaret for kvaliteten i det samla naturoppsynet og miljøstyresmaktene må vere trygge på å ha eit oppsyn som følgjer opp miljølovverket og dei nasjonale miljøverdiane på ein einskapleg, profesjonell og føreseieleg måte.

Gjennom ny naturmangfaldlov som tredde i kraft 1. juli 2009, er det innført tilsynsheimlar som vil lette gjennomføringa av dei oppgåvene tilsynsstyresmakta er pålagt etter lova.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er hovudsakleg retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap, 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap og 8 Aktivt friluftsliv. Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn, både i den sentrale eininga for Statens naturoppsyn i Direktoratet for naturforvaltning, og til lokalt oppsynspersonell og naturrettleiarar, lokalt timeengasjert personell og til kjøp av ulike tenester i samband med drifta av det samla statlege naturoppsynet. Posten dekkjer utgifter til dei lokale rovviltkontaktane som arbeider med dokumentasjon av rovviltskadar, og til personell i samband med ulike statlege fellingsoppdrag. Utgifter knytte til oppdragsverksemda er førte under denne posten. Inntektene til denne verksemda er budsjetterte under kap. 4426 post 01 Ymse inntekter og post 02 Oppdragsinntekter. Andre utgifter førte under driftsposten er knytte til IT- og sambandsutstyr, køyretøy og oppsynsbåtar, feltutstyr og HMS-tiltak, uniform/arbeidsklede, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturrettleiing m.m. og utviklingskostnader.

Posten er i framlegget auka med nær 6,9 mill. kroner. Som ei oppfølging av rovviltforliket i Stortinget våren 2011 er det lagt inn 2 mill. kroner til styrking av Statens naturoppsyns drift, spesielt i samband med fellingsoppgåver. I tillegg er det lagt inn 0,8 mill. kroner til ei ny naturrettleiarstilling på rovvilt. Det er lagt inn 1,8 mill. kroner til nye naturoppsynsstillingar i Langsua og Rohkunborri nasjonalparkar. For å betre driftssituasjonen til Statens naturoppsyn generelt er det lagt inn ei generell styrking på 1 mill. kroner.

Til kompensasjon for lønnsstigninga er det lagt inn 1,3 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er hovudsakleg retta mot resultatområda 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslåtte fjellandskap. Posten skal dekkje tenestekjøp til statleg naturoppsyn som følgjer av rammeavtalene og dei årlege avtalene med Statskog SF (Fjelltenesta), fjellstyra og bygdeallmenningane. Oppsynsoppgåvene omfattar oppgåver i Lov om statlig naturoppsyn og vil i hovudsak bestå i offentlegrettsleg naturoppsyn i nasjonalparkar og andre verneområde, og oppsyn retta mot eksempelvis motorferdsel i utmark og faunakriminalitet. I tillegg kan avtala omfatte skjøtsel og tilretteleggingstiltak i verneområde, informasjon, rettleiing og registreringsarbeid.

Post 30 Tiltak i nasjonalparkar og landskapsverneområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjelllandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og tiltak i nasjonalparkar og landskapsvernområde. Midlane går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert investeringsutgifter til informasjon, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltnings-/skjøtselsplan og andre relevante styringsdokument.

Nasjonalparkar og andre større verneområde skal på ein berekraftig måte bli meir tilgjengelege for brukarane. Opparbeiding av stigar og løyper og klopping og merking er tiltak for å betre tilgjenget i verneområda og blir samstundes nytta til styring av ferdsla inntil og i sårbare verneområde. Etablering av parkeringsplassar og etablering av informasjonsordningar medverkar også til å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet blir kanalisert til bestemte område som toler slik bruk. Naturen blir lettare tilgjengeleg for brukarane, og dermed blir grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar betre.

Av løyvinga skal 450 000 kroner nyttast til tilretteleggingstiltak, opparbeiding av stigar og anna skjøtsel knytt til Klimapark 2469 i samarbeid med Norsk fjellmuseum på Lom.

Post 31 Tiltak i naturreservat og utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjelllandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap. Midlane skal dekkje feltvise utgifter i naturreservat oppretta ved kgl. res., og kulturlandskap i jordbruket. Midla går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert investeringsutgifter til informasjon, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tiltaka skal vere i tråd med godkjent forvaltnings-/skjøtselsplan og andre relevante styringsdokument.

Om lag 6 mill. kroner av løyvinga skal nyttast i utvalde kulturlandskap i jordbruket, som er eit samarbeid mellom landbruks-, kultur- og naturforvaltninga.

Post 32 Skjergardsparkar o.a., kan overførast

Posten er primært retta mot resultatområde 8 Aktivt friluftsliv. I tillegg er midlane retta mot resultatområde 1 Levande hav og kyst. Posten dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten, knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, i skjergardsparkane og i Vestkystparken. Skjergardstenesteordninga er etablert på statleg initiativ. Posten dekkjer dessutan statlege naturoppsynsoppgåver som er integrerte i skjergardstenesta og oppsynsbåtar til Statens naturoppsyn.

Regjeringa foreslår ei bestillingsfullmakt under posten på 7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI nr. 1.

Kap. 4426 Statens naturoppsyn

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Ymse inntekter

26

146

151

02

Oppdragsinntekter

31

102

105

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

81

18

Refusjon av sjukepengar

294

Sum kap. 4426

432

248

256

Post 01 Ymse inntekter

På posten er det ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, bl.a. inntekter frå oppdragsverksemda.

Post 02 Oppdragsinntekter

I samband med overføringa av Statskogs fjellteneste i Finnmark til Statens naturoppsyn, er det budsjettert med oppdragsinntekter frå Finnmarkseigedommen. Løyvinga er venta på om lag same nivå som budsjettert for 2011.

Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

144 797

155 761

196 205

21

Spesielle driftsutgifter

261 540

279 644

301 263

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde , kan overførast

59 651

36 405

36 405

31

Tiltak i friluftsområde , kan overførast

26 146

24 500

24 500

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar , kan overførast

12 787

10 950

17 950

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar , kan overførast

7 846

54 100

154 100

35

Statlege tileigningar, nytt skogvern , kan overførast

196 318

134 981

119 981

60

Tilskot til lokalt utviklingsfond

10 000

6 000

6 000

70

Tilskot til kalking og lokale fiskeformål , kan overførast

86 841

88 000

88 000

71

Forvaltningstiltak i verdensarvsområde , kan overførast

9 597

9 600

9 600

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt , overslagsløyving

141 128

136 223

150 755

73

Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga , kan overførast

74 206

68 100

68 100

74

Tilskot til friluftslivstiltak , kan overførast

19 940

23 693

17 693

75

Internasjonale avtaler og medlemskap

1 022

1 074

1 107

76

Nasjonalparksentra og andre naturinformasjonssentra , kan overførast

17 400

38 500

37 000

77

Tilskot til nasjonalparksenter , kan overførast

14 113

78

Tilskot til interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv , kan overførast

8 000

8 000

17 075

81

Verdiskapingsprogram for naturarven , kan overførast, kan nyttast under post 21

3 826

10 000

10 000

82

Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar , kan overførast, kan nyttast under post 21

14 180

28 000

33 000

83

Naturfaglige organisasjoner

3 445

Sum kap. 1427

1 109 338

1 113 531

1 292 179

Midlane under kap. 1427 er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap, 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap, 8 Aktivt friluftsliv og delvis 7 Godt bymiljø og 11 Stabilt klima.

Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver

Direktoratet for naturforvaltning er Miljøverndepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga.

Direktoratet for naturforvaltning arbeider bl.a. med etablering og forvaltning av verneområde, forvaltning av truga arter inkludert utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar, lakseforvaltning, marin naturforvaltning, vassdragsforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv. Dette arbeidet er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

Direktoratet har brei oversikt over naturtilstanden i Noreg og rapporterer fortløpande om dette. Direktoratet har fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta. Dei konkrete miljømåla som direktoratet arbeider mot er omtalte under resultatområdeomtala i del III. Hovudstrategiane for å nå måla er:

  • Sikre ein brei variasjon i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege produksjonsevna

  • Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep

  • Fremje høve til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting

  • Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande naturforvaltning.

Spesielle satsingar

I budsjettforslaget for 2012 er det innanfor programkategori 12.20 (Direktoratet for naturforvaltning og Statens naturoppsyn) og programkategori 12.10 (Miljøverndepartementet) ein auke på om lag 166 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2011. Då har ein samanlikna budsjetta når det gjeld resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap, og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (berre kulturlandskapsdelen). På resultatområde 8 Aktivt friluftsliv er budsjettet auka med 5 mill. kroner.

Teksten under omtalar spesielle satsingar i nemnde resultatområde. I samanlikninga med 2011 er det lagt til grunn tal frå saldert budsjett. Desse kan av den grunn avvike noko frå tala i budsjettproposisjonen for 2011.

Forvaltning av verneområde

Til forvaltning og skjøtsel av verneområde er det lagt inn drygt 255 mill. kroner, ein auke på 10 mill. kroner. Midla er mellom anna retta mot etablering av ein ny modell for lokal forvaltning av verneområda, hovudsakeleg til oppretting av nye stillingar som verneområdeforvaltarar under kap. 1427 post 01. Hovuddelen av midla ligg slik i budsjettet:

  • 51 mill. kroner under kap. 1426 post 01 til oppsyn og forvaltning av verneområde, ein auke på 3 mill. kroner.

  • 9 mill. kroner under kap. 1426 post 21 til tenestekjøp for statleg naturoppsyn som følgjer av rammeavtalene og dei årlege avtalene med Statskog SF (Fjelltenesta), fjellstyra og bygdeallmenningane.

  • 23,4 mill. kroner under kap. 1426 post 30 til tiltak i nasjonalparkane og landskapsvernområde.

  • 38,5 mill. kroner under kap. 1426 post 31 til tiltak i naturreservat og kulturlandskapsområde.

  • 41,5 mill. kroner under kap. 1427 post 01 til stillingar som områdeforvaltarar og til skjøtsel i nasjonalparkar.

  • 35 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til prosesskostnader, konsekvensutgreiingar mv. til gjennomføring av nasjonalparkplanen, utarbeiding av forvaltningsplanar, tilsynsutval og lokal forvaltning av nasjonalparkar og verneområde, inkludert drift av dei lokale nasjonalparkstyra.

  • 37 mill. kroner til nasjonalparksenter og andre informasjonssenter knytte til verneområde under kap. 1427 post 76, ein reduksjon på 1,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2011.

Utover dette er samla budsjett til erstatningar for vern (utanom skog) på 172 mill. kroner, ein auke på 107 mill. kroner i høve til 2011. Den primære årsaka er at posten til erstatningar for vern under nasjonalparkplanen (kap. 1427 post 34) er auka med 100 mill. kroner. I tillegg er posten som erstattar fylkesvise verneområde (kap. 1427 post 32) styrkt med 7 mill. kroner. Begge endringane er gjort i høve til venta utbetalingar i 2012. Sjå nærare omtale under postane.

Prioriterte arter og utvalde naturtypar

Verkemidla prioriterte arter og utvalde naturtypar er sentrale i naturmangfaldlova, jf. Ot.prp. nr. 52 (2008-2009). Til å innarbeide lova i den kommunale og statlege forvaltninga, utarbeide faggrunnlag for prioriterte arter og utvalde naturtypar, følgje opp handlingsplanar for desse og andre verdifulle eller trua arter, ligg det inne 95 mill. kroner. Dette er ein auke på 5 mill. kroner i høve til 2011. Hovuddelen av midla ligg slik i budsjettet:

  • 8 mill. kroner til opplæring og kompetansebygging i kommunane om den nye naturmangfaldlova, av dette 7 mill. kroner på kap. 1400 post 21 og 1 mill. kroner i tilskotsmidlar under kap. 1400 post 76.

  • 47,6 mill. kroner til å utarbeide faggrunnlag for nye prioriterte arter og utvalde naturtypar, og følgje opp handlingsplanar for prioriterte arter og utvalde naturtypar (gamle og nye) under kap. 1427, post 21.

  • 4,5 mill. kroner til å følgje opp handlingsplanar for andre verdifulle eller truga arter, kap. 1427 post 01.

  • 33 mill. kroner under kap. 1427 ny post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, ein auke på 5 mill. kroner til hubro.

Villaks

I budsjettforslaget for 2012 legg ein opp til å nytte 189 mill. kroner til villaksføremål. Dette er ein auke på 34 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2011. Hovuddelen av midla ligg slik i budsjettet:

  • 8,9 mill. kroner under kap. 1425 post 70 til lokale og sentrale fisketiltak.

  • 6,7 mill. kroner under kap. 1426 post 01 til lakseoppsyn m.m.

  • 118 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til særskilte tiltak for villaksen. Det er lagt inn ein auke på 40 mill. kroner til tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Vefsn-regionen, slik at innsatsen mot parasitten kjem opp i inntil 101 mill. kroner på landsbasis.

  • 40 mill. kroner av løyvinga på 88 mill. kroner under kap. 1427 post 70 går til kalkingstiltak forsuringsramma laksevassdrag.

Vassforvaltning

I budsjettet for 2012 er det under Miljøverndepartementet foreslått løyvd til saman 63,3 mill. kroner til å setje i verk EUs vassrammedirektiv. Dette er ein auke på 9 mill. kroner i høve til 2011. Midlane er fordelte slik:

  • 6,9 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til utgreiingsoppgåver.

  • 16,4 mill. kroner under kap. 1410 post 21, ein auke på 6 mill. kroner til styrkt overvaking av vassførekomstane.

  • Nær 30 mill. kroner under kap. 1427 post 21, ein auke på 1,05 mill. kroner grunna gebyrinntekter ved kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Posten dekkjer elles regionale og sentrale oppgåver som vassregioninstansane utfører. Også i 2012 skal det nyttast midlar til tiltak mot krypsiv.

  • 2 mill. kroner under kap. 1441 post 21 til tiltak i oppfølging av vassforskrifta.

  • 8 mill. kroner under kap. 1441 post 39 til tiltak i utvalde vassområde med særskilte miljøutfordringar, spesielt Haldenvassdraget, Vansjø og Jærvassdraga. Dette er ein auke på 2 mill. kroner. Ein gjer merksom på at beløpa under kap. 1441 post 39 ikkje var nemnde i denne oversikta i 2011-budsjettet, jf. Prop. 1 S (2010-2011).

Havforvaltning

Det er føreslått om lag 52 mill. kroner til arbeidet med heilskapleg og økosystembasert forvaltning av dei norske havområda, og kartleggingsprogrammet MAREANO. Hovuddelen av midla ligg slik i budsjettet:

  • 14,5 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til arbeidet med forvaltningsplanar for havområda.

  • 2,8 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til forvaltningsplanar for norske havområde.

  • 26,47 mill. kroner til MAREANO under kap. 1465 post 21, ein auke på 12 mill. kroner. Ein gjer merksam på at beløpa under kap 1465 post 21 ikkje var nemnde i denne oversikta i 2011-budsjett, jf. Prop. 1 S (2010-2011).

Rovvilt

I budsjettforslaget for 2012 er det foreslått å nytte omlag 275 mill. kroner til rovvilt, ein auke på 24,5 mill. kroner i høve til 2011. Av auken er 10 mill. kroner lagt inn som ei direkte oppfølging av rovviltforliket i Stortinget våren 2011, mens 14,5 mill. kroner skuldas auka tapserstatninger. Hovuddelen av midla ligg slik i budsjettet:

  • 28,6 mill. kroner under kap. 1410 post 21 til bestandsovervaking, ein auke på 5,5 mill. kroner i samband med rovviltforliket med 3,5 mill. kroner til forskingsprosjekt på sørsamisk reindrift og 2 mill. kroner til styrking av rovdata.

  • 18,8 mill. kroner under kap. 1426 post 01 til skadefelling i regi av tilsette i Statens naturoppsyn, drift av kontaktnettet for rovvilt og lønn til jegerar som Statens naturoppsyn engasjerer ved ekstraordinære fellingsoppdrag. I beløpet ligg i samband med rovviltforliket ei styrking på 2,8 mill. kroner til drifta, i sær utgifter ved fellingsoppdrag.

  • 7,1 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til drift av fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjering for dei regionale rovviltnemndene, drift og sekretariat (hos fylkesmennene) for rovviltnemndene. Det er lagt inn ei styrking på 1,7 mill. kroner i samband med rovviltforliket.

  • 150,8 mill. kroner under kap. 1427 post 72 til erstatningar for beitedyr tekne av rovvilt, ein auke på 14,5 mill. kroner grunna auka erstatningsutbetalingar for tamrein i 2010.

  • 68,1 mill. kroner under kap. 1427 post 73 til førebyggings- og konfliktdempande tiltak.

Rovvilt – oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 687 av 17. juni 2011

Av forliket går det fram at norsk rovviltforvaltning framleis skal skje innanfor ramma av føresegnene i naturmangfaldlova og Stortingets behandling av denne, Bernkonvensjonen og den todelte målsetjinga etter rovviltforliket av 2004, og den vidare oppfølginga av dette. Det vil seie at desse rammevilkår ligg fast og blir ført vidare som sentrale og avgrensande element i forvaltninga av rovvilt. Vidare går det fram at rovviltforvaltninga er basert på ein politikk der omsynet til å sikre overlevinga til alle dei store rovviltartene i norsk natur må kombinerast med ei forvaltning som totalt sett medverkar til å dempe konflikten og motverke utryggleik innanfor den todelte målsetjinga.

Til hovudpunkta i forliket vil departementet uttale:

Bestandsovervaking og registrering

Det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt vart etablert i 2000, og omfattar dei fire store rovdyra gaupe, jerv, bjørn og ulv, og kongeørn. Rovdata vart etablert i oktober 2010, og representerer ei styrking av overvakinga og kartlegginga av artene. Rovdata har ansvaret for det faglege innhaldet, formidling, drift og utvikling av overvakingsprogrammet, og er ein uavhengig leverandør av overvakingsdata for dei fem nemnde artene i Noreg. Fagrådet for Nasjonalt overvakingsprogram for rovvilt skal ha ansvaret for å utføre den fortløpande vurderinga av best mogleg overvakingsmetodikk. Rovdata er sekretariat for Fagrådet. Stortinget peiker på at beitenæring og lokalbefolkning elles skal involverast meir aktivt i bestandsregistreringane av rovvilt, og at det i større grad skal leggjast til rette for dette gjennom blant anna innsamling av DNA-materiale. Vidare peiker Stortinget på at kongeørn må inngå i overvakingsprogrammet på lik linje med dei andre rovviltartene, og at kartlegging av kongeørnbestanden må ferdigstillast så raskt som mogleg. I budsjettforslaget her er det foreslått ein auke på 2 mill. kroner til Rovdata og overvaking av rovvilt, og Statens naturoppsyn (SNO) blir styrkt med 2 mill. kroner.

Konfliktdempande og førebyggjande tiltak

Myndigheitsforhold

Modellen med regional forvaltning blir ført vidare i det nye rovviltforliket, og det skal framleis vere rovviltnemndene som har hovudansvaret for rovviltforvaltninga i dei ulike forvaltningsregionane. Rovviltnemndene skal, som i dag, ha mynde til å fastsetje kvotar for jakt- og felling av store rovdyr når dei regionale bestandsmåla er nådde, men får i tillegg utvida mynde for bjørn.

Sjølv om det nasjonale bestandsmålet ikkje er nådd, blir myndet til å fastsetje kvotar for felling av bjørn overført frå Direktoratet for naturforvaltning til dei regionale rovviltnemndene når 10 ynglingar er nådde, med mindre det ligg føre særskilte grunnar for noko anna. Endringa krev endringar i forskrift av 18. mars 2005 om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta), og Miljøverndepartementet vil sjå dette i samanheng med prosessen for endring av bestandsmålet for bjørn som òg krev endring av rovviltforskrifta.

Direktoratet for naturforvaltning har mynde til å fatte vedtak om korleis og kvar ekstraordinære uttak skal setjast i gang for så langt som mogleg å få teke ut resterande lisensfellingskvote. Dette skal skje etter drøfting med rovviltnemndene. Rovviltnemndene skal òg sjølve kunne ta initiativ til ei slik drøfting. Miljøverndepartementet vil presisere dette forholdet i kommentarane til forskrift av 18. mars 2005 om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta).

Stortinget understrekar at det ligg eit særskilt ansvar på Miljøverndepartementet for å følgje opp at vedtak gjort av rovviltnemndene er innanfor våre internasjonale forpliktingar. Miljøverndepartementet skal gi retningslinjer til dei regionale rovviltnemndene der bestandsmålet ikkje er nådd. Vidare går det fram av rovviltforliket at rovviltnemndene sitt syn òg skal ha betydeleg vekt i dei tilfella der regionalt bestandsmål ikkje er nådd. Miljøverndepartementet vil presisere dette forholdet i kommentarane til forskrift av 18. mars 2005 om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta). Det er foreslått 0,5 mill. kroner på budsjettet for 2012 til styrking av rovviltnemndene sine sekretariat til beredskap hos fylkesmennene.

Bestandsmål

Bestandsmåla for gaupe og jerv, på høvesvis 65 og 39 årlege ynglingar skal førast vidare på same nivå som fastsett av Stortinget i 2004, og det blir presisert at rovviltforvaltninga skal skje på ein slik måte at talet på ynglingar blir halde så nær dei fastsette bestandsmåla som mogleg.

Det nasjonale bestandsmålet for bjørn skal reduserast frå 15 til 13 årlege ynglingar. Endring av bestandsmålet og ny fordeling av bestandsmålet for bjørn krev endring i forskrift av 18. mars 2005 om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta), og Miljøverndepartementet vil sende endringsforslag på høyring hausten 2011.

Bestandsmålet på tre årlege heilnorske ynglingar innanfor forvaltningsområdet for ynglande ulv blir ført vidare. Samtidig skal det, straks etter at Sverige er ferdig med si rovdyrutgreiing 1. juli 2012, arbeidast vidare for ei avtale med Sverige om nytt bestandsmål for ulv og fordeling av dette, under dette forvaltning av ulv som lever i grenserevir. Det skal takast endeleg stilling til bestandsmål for ulv når ei avtale med Sverige er på plass, seinast innan utgangen av 2013. Dersom avtale med Sverige ikkje blir oppnådd, skal forlikspartane drøfte bestandsmål for ulv på nytt. Vidare vil Miljøverndepartementet setje ned eit utval som skal evaluere ulvesona. Målsetjinga vil vere at evalueringa er ferdigstilt seinast innan utgangen av 2012,og blir sett i samanheng med den svenske rovdyrutgreiinga og anna oppfølging i ei ny norsk vurdering av bestandsmålet for ulv.

Uttak av rovvilt

Det eksisterer i dag beredskapsordningar hos fylkesmennene som tek vare på behovet for rask behandling av søknader om skadefelling i beitesesongen. Direktoratet for naturforvaltning vurderer fortløpande ressurssituasjonen hos dei ulike fylkesmennene, relatert til førekomsten av rovvilt og tapsproblematikk for husdyr og tamrein, og skal syte for at føringa frå Stortinget om rask behandling blir følgt opp på ein god og føremålstenleg måte.

Stortinget ber om at søknader og klager om jakt og felling utanfor beitesesongen så langt det er mogleg blir behandla før saka mister aktualitet. Miljøverndepartementet vil innan beitesesongen for sau 2012 vurdere konkrete tidsfristar for å svare på førespurnader og klager knytte til skadefelling, og komme tilbake til Stortinget med dette.

Stortinget peiker på at det offentlege sitt økonomiske ansvar for skadefelling skal styrkjast og klargjerast, og at deltakarar i kommunale fellingslag skal få økonomisk kompensasjon frå første dag. Miljøverndepartementet følgjer opp dette gjennom ei endring av forskrift av 18. mars 2005 om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta).

Ordninga med kompensasjon ved pålegg om beiterestriksjonar på grunn av rovvilt i medhald av dyrevelferdslova blir ført vidare under Landbruks- og matdepartementet.

Uttak i prioriterte beiteområde

Forliket legg til grunn at det ikkje skal vere rovdyr som representerer eit skadepotensial i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein, og uttak av rovdyr som gjer skade i prioriterte beiteområde skal gjerast raskt. I slike område skal miljøforvaltninga i større grad enn i dag medverke til å effektivisere slikt uttak.

Uttak av jerv gjennomført av miljøforvaltninga skal så langt det er mogleg gjennomførast under lisensfellingsperioden, men likevel slik at uttak blir gjennomført på ein kostnadseffektiv måte.

Forholdet til sørsamisk tamreindrift

Det skal setjast i verk nødvendige tiltak både innanfor rovdyrforvaltninga og reindrifta med sikte på å sikre situasjonen for sørsamisk tamreindrift. På budsjettet for 2012 er det sett av 3,5 mill. kroner til eit forskingsprosjekt i sørsamiske reindriftsområde som skal dreie seg om tamrein og rovvilt. Prosjektet skal halde fram til 2016.

Utviding av lisensfellingsperioden for bjørn, auka høve til lisensfelling av hannbjørnar i prioriterte beiteområde og uttak av resterande lisensfellingskvote

Stortinget har bestemt endring av lisensfellingsperioden for bjørn slik at den skal starte 21. august, grunngitt med at dette vil føre til samordna jaktstart for bjørn med Sverige og at det vil gi ein periode før elgjakta der bjørn kan jaktast meir spesielt. Samtidig vil det gi høve til å kombinere lisensfelling av bjørn med reinsjakt i område der dette kan vere aktuelt. Miljøverndepartementet vedtok regelendringa 6. juli 2011, og den tredde i kraft straks, noko som betyr endra starttidspunkt for lisensfelling av bjørn frå og med hausten 2011. Ein utvida lisensfellingsperiode vil medverke til auka høve til lisensfelling, slik forliket legg opp til for å redusere førekomsten av hannbjørnar i prioriterte beiteområde. Departementet vil i denne samanhengen peike på at dei fastsette kvotane i dei fleste tilfella ikkje har blitt fylte, og at kvotestørrelsen derfor i lita grad har vore avgrensande for lisensfellingsresultatet av bjørn i prioriterte beiteområde.

Stortinget vil at miljøforvaltninga så langt som mogleg skal syte for at resterande lisensfellingskvote blir teken ut i dei tilfella der lisensfelling ikkje gir tilfredsstillande utteljing, og at uttak i det som av rovviltnemndene er definert som prioriterte beiteområde i dei enkelte regionane blir prioritert. For å bidra til dette vil departementet leggje opp til ei god samhandling og dialog mellom dei ulike forvaltningsledda, og at vedtak om kvotar for lisensfelling blir gjort med tydeleg grunnlag i rapporterte bestandsvurderingar frå Nasjonalt overvakingsprogram for rovvilt. Vedtak om korleis og kvar ekstraordinære uttak av rovvilt skal setjast i gang vil òg skje etter drøfting med rovviltnemndene.

Miljøverndepartementet presiserer at uttak av rovvilt berre kan skje i medhald av føresegnene i naturmangfaldlova med forskrifter. Dette inneber at det skal utførast ei konkret og heilskapleg vurdering av den enkelte situasjonen i tråd med dei krava som er nedfelte i regelverket. I prioriterte beiteområde skal det likevel praktiserast ein låg terskel for løyve til uttak av rovvilt for å avverje skade på husdyr og tamrein. Vidare skal Statens naturoppsyn styrkjast for å bidra til effektivisering av uttak når rovvilt gjer skade på beitedyr i prioriterte beiteområde. På budsjettet for 2012 er det foreslått ei styrking av Statens naturoppsyn.

Av rovviltforliket i 2011 går det fram at soneinndelinga må forvaltast tydeleg. Det vil seie at det skal vere ulik forvaltningspraksis i prioriterte rovviltområde på den eine sida og prioriterte beiteområde på den andre. Miljøverndepartementet viser til at dette legg klare føringar om at tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak skal prioriterast til prioriterte rovviltområde. Departementet viser òg til at ei arbeidsgruppe nedsett av Landbruks- og matdepartementet våren 2011 leverte ein rapport med forslag til retningslinjer/standardar for behandling av søknader om omstilling av drift på grunn av rovvilt. Rapporten vil bli følgd opp med vidare prosess hausten 2011.

Erstatningsordningane

Miljøverndepartementet sette i 2010 ned eit ekspertutval og ei prosjektgruppe som skulle utgreie erstatningsordninga for høvesvis husdyr og tamrein som blir drepne eller skadde av rovvilt. Miljøverndepartementet tok imot sluttrapport om erstatningsordninga for tamrein den 15. april 2011 og sluttrapport om erstatningsordninga for husdyr den 1. juli 2011. Miljøverndepartementet vil hausten 2011 vurdere tilrådingane og i tråd med det nye rovviltforliket følgje opp rapportane på eigna måte overfor Stortinget i budsjettet for 2013.

Naudverje hund

Høve til naudverje for hund under direkte angrep av rovvilt vil krevje endring av føresegna om naudverje i naturmangfaldlova. Ei lovendring krev at det blir gjennomført ein ordinær lovendringsprosess. Forlikspartane skal takast med på råd før lovforslaget blir fremja for Stortinget. Miljøverndepartementet tek sikte på å fremje lovforslag for Stortinget i løpet av første kvartal 2012.

Kompetanse og informasjon

Kompetansehevande tiltak med opplæring og kurs er framheva i fleire punkt i det nye rovviltforliket. Dette gjeld kommunal kompetanse i rovviltområda, forvaltningskompetanse hos rovviltnemndene, jakt- og fellingskompetanse blant lisensjegerar og skadefellingslag, og kurs for lokale rovviltkontaktar. Erfaringar frå inn- og utland om tiltak for å gjere rovdyr mindre nærgåande og førebyggje frykt skal gåast gjennom. Vidare har Stortinget lagt vekt på informasjonsarbeid og kunnskap om blant anna møte mellom folk og dei store rovdyra. Miljøverndepartementet vil byggje opp strukturar som tek vare på kurs-, informasjons- og opplæringsbehov i samarbeid med Norges Jeger- og Fiskarforbund og Statens naturoppsyn. Det er foreslått 2 mill. kroner til kurs- og rettleiingsverksemd og kunnskap om møte mellom folk og dei store rovdyra i budsjettet for 2012.

Vidare oppfølging

Stortinget har som del av rovviltforliket vedteke at den regionale forvaltninga og dei regionale bestandsmåla av rovvilt skal evaluerast innan fem år. Miljøverndepartementet vil følgje opp dette.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap, 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap, 8 Aktivt friluftsliv og delvis 7 Godt bymiljø og 11 Stabilt klima.

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette. Den dekkjer òg ulike driftsutgifter i form av husleige, IT-utgifter, informasjon, innanlands- og utanlandsreiser og internasjonalt arbeid i Direktoratet for naturforvaltning. For ei utgreiing av kva slags føremål løyvinga dekkjer, viser vi til omtala under «Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver» i innleiinga til dette budsjettkapitlet.

Posten er auka med 40 mill. kroner. Til nye stillingar som lokale naturforvaltarar i verneområde er det lagt inn ein auke på 17 mill. kroner. For å samle hovuddel av midlane til naturforvaltarane på ein og same post, er det i tillegg flytta 16,5 mill. kroner frå kap. 1427 post 21. Desse midlane har i 2011 gått til å dekkje allereie tilsette naturforvaltarar. Posten skal også dekke om lag 8 mill. kroner til verneområdestyra som dei kan nytte til skjøtsel og tilrettelegging i verneområde i tråd med forvaltningsplanen.

Direktoratet skal på nyåret 2013 flytte til nye lokale, og til dette er det lagt inn ei eingongsløyving på 4,5 mill. kroner til investeringar i nytt utstyr og inventar. Til kompensasjon for lønnsoppgjeret i staten i 2011 er det lagt inn 2,350 mill. kroner.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap, 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap og 8 Aktivt friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427. Løyvinga er foreslått auka med 21,6 mill. kroner.

Det er lagt inn 40 mill. kroner til tiltak for villaksen mot lakseparasitten gyrodactylus salaris i Vefsn-regionen, etter at det vart oppdaga smitte i dei store vatna i vassdraga. Løyvinga følgjer opp ei ekstraløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett 2011 på 57,2 mill. kroner til førebuing av tiltak og til første runde med behandling som vart gjennomført i august 2011. Samstundes er det teke ut ei eingongsløyving på 5 mill. kroner til villaks frå 2011-budsjettet i samband med utviding i oppdrettskapasiteten.

Det er lagt inn ein auke på 5 mill. kroner til «den naturlege skulesekken», og som ei oppfølging av rovviltforliket er posten styrkt med 1,7 mill. kr. Av dette går 0,5 mill. kroner til styrking av rovviltnemndenes sekretariat og beredskap, mens 1,2 mill. kroner går til vidare forsking på rovdyr si åtferd i forhold til folk og folk si frykt for rovdyr, spesielt når det gjeld bjørn og menneske.

For å samle hovuddel av utgiftene til naturforvaltarar i verneområde på same post, er det flytta 16,5 mill. kroner frå kap. 1427 post 21 til kap. 1427 post 01, jf. omtale under sistnemnde.

Posten dekkjer elles er rekkje miljøverntiltak. Dette gjeld blant anna hovuddelen av bevaringsarbeidet for villaksen med vekt på tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris . Budsjettert på posten er òg midlar til vassforvaltning og å følgje opp EUs vassrammedirektiv. Vidare finansierer posten arbeidet med prioriterte arter og utvalde naturtypar og andre verdifulle og truga arter, arbeidet med naturindeks, villrein (spesielt knytt til Snøhetta-området), sjøfugl, oppfølging av strategi mot framande og skadelege arter, norsk oppfølging av det globale naturpanelet, og arbeidet med genmodifiserte organismar. I samband med rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene.

Posten dekkjer saksutgiftene i samband med skogvern, marin verneplan, tematiske verneplanar, nasjonalparkar og drift av forvaltningsordningar, inkludert utgifter til drift av tilsynsutval og verneområdestyre. Vidare er direktoratets utgifter i samband med verdsarvområda finansierte frå posten, likeins oppfølging av norske forpliktingar i Ramsarkonvensjonen, norsk implementering av det europeiske verneområdenettverket Emerald Network, verneplan for vassdrag, og juridisk bistand til kommunar til arbeid med strandsona. I løyvinga ligg òg 2 mill. kroner til skjøtsel og ei interkommunal stilling i samband med vernet av Trillemarka-Rollagsfjell og midlar til heilskapleg forvaltning av norske havområde.

Elles blir utgifter til internasjonale bistandsoppdrag, jegerprøveordninga og drifta av Songli forsøksgard dekte over posten.

Posten er foreslått auka med 1,7 mill. kroner grunna fleire internasjonale oppdrag dei siste åra. Desse oppdraga får direktoratet betaling for, og inntektsløyvinga er derfor auka tilsvarande under kap. 4427 post 09.

Direktoratet for naturforvaltning vil i 2012 ta i bruk sin heimel til å krevje refusjon for sine utgifter knytte til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Posten er av den grunn auka med 1,05 mill. kroner med grunnlag i venta inntekter under kap. 4427 post 54. Ein viser til nærare omtale under sistnemnde post.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 09 og post 54, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Regjeringa held fram arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område nær store befolkningskonsentrasjonar blir sikra. Det er òg viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar.

Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilte friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32 Skjergardsparkar o.a.). Staten investerer i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv. Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.

Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle ved ekspropriasjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene.

Investeringsmidlane blir utbetalte når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at statens vilkår er oppfylte.

På posten ligg det 2 mill. kroner til oppfølging av markalova.

Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner, ein auke på 20 mill. kroner i høve til 2011, jf. forslag til vedtak VII.

Post 31 Tiltak i friluftsområde, an overførast

Posten er retta mot resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Posten skal dekkje utgifter til ulike praktiske tiltak og skjøtsel som følgjer av statleg sikring av viktige friluftslivsområde, jf. omtale av slik sikring under kap. 1427 post 30. Prioritert vert naturvenlege tiltak for opparbeiding og anna praktisk tilrettelegging med grunnlag i godkjent forvaltningsplan for å kunne betre tilhøva for mange brukarar og ulike brukargrupper. Posten dekkjer berre utgifter innan forvaltningsordningar etablerte på statleg initiativ eller etter særskild avtale.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen). Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.

Posten er styrkt med 7 mill. kroner for å møte venta erstatningsutbetalingar i 2012.

Ut frå dei kostnadsoverslaga vi har i dag medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 10,3 mill. kroner i 2012, jf. forslag til vedtak VII.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen).

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.

Gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991-1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge , vil i det alt vesentlege sluttførast i 2011-2012. Det står att fem verneplanar. To av dei – Treriksrøysa og Tysfjord-Hellemobotn – er førebels utsette. For dei resterande tre blir det gjennomført prosessar for å finne fram til gode løysingar. Dette gjeld framlegg til nasjonalparkane Goahtteloubal og Lahku (Sundsfjordfjella), og utviding av nasjonalparken Øvre Anarjohka.

Regjeringa varsla i 2002 at den skulle sjå nærare på erstatningane ved vern av nasjonalparkar og landskapsvernområde. Alle grunneigarar og rettshavarar som ønskja det, fekk utsett erstatningsoppgjeret i påvente av nye reglar. Det gjaldt så og seie alle. Nye erstatningsreglar ble vedtekne av Stortinget saman med ny naturmangfaldlov våren 2009. Etter dette har Direktoratet for naturforvaltning og regjeringsadvokaten arbeidd med å planleggje gjennomføringa av erstatningsoppgjera. Erstatningssakene utgjer ei stor saksmengde etter at det i ca. 10 år har samla seg opp saker der vurderinga av erstatning til grunneigarar og rettshavarar har blitt utsett.

Det er gjort ei ny vurdering av verna område der erstatningsfastsetjinga ikkje er gjort opp. I tillegg er òg planlagt verna område gjennomgått. Gjennomgangen visar at verdien av områda må setjast vesentleg høgare, nærare vurdert til om lag 400 mill. kroner meir enn tidlegare anslag. Det er verdien av skogen i områda som dreg opp, både når det gjeld omfang og kvalitet. Samstundes har tømmerprisane auka merkbart dei siste åra. På toppen av dette kjem betydelege renteutgifter på grunn av at mange område har lege i opp til 10 år utan erstatningsoppgjer, og det blir rekna rente frå vernetidspunktet.

For å handtere venta erstatningsutbetalingar i 2012 er posten derfor styrkt med 100 mill. kroner.

I tillegg må tilsegnsfullmakta aukast med 248 mill. kroner til 350 mill. kroner i 2012, jf. forslag til vedtak VII.

Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 4 Mangfaldige skogar. Posten er redusert med 15 mill. kroner til 120 mill. kroner.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, vederlagsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.

Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 140 mill. kroner jf. forslag til vedtak VII.

Post 60 Tilskot til lokalt utviklingsfond

Tilskotsordninga under denne posten rettar seg mot resultatområde 4 Mangfaldige skogar.

I samband med Regjeringas avgjerd om utvida vern i Trillemarka-Rollagsfjell blir det etablert eit felles utviklingsfond for dei tre kommunane Rollag, Sigdal og Nore og Uvdal på 30 mill. kroner. Det er lagt opp til at løyvinga blir fordelt over fem år med eit årleg beløp på 6 mill. kroner. Dette er fjerde året med løyving. Eit styre samansett av ordførarane i dei tre kommunane og to representantar oppnemnde av Innovasjon Noreg i Buskerud forvaltar fondet.

Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde Livskraftige elvar og innsjøar, men er elles relaterte til resultatområde 8 Aktivt friluftsliv og resultatområde 10 Rein luft.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på naturmangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg.

Tilførsla av sur nedbør har blitt sterkt redusert dei seinaste åra, men den positive utviklinga har flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg forsuringsskadd og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen. Arbeidet med revisjon av denne protokollen er no i gang med sikte på å vedta ein ny protokoll i 2012.

Kriterium for måloppnåing

Hovudkriteriet for måloppnåing er at ein oppnår god vasskvalitet i dei områda som blir kalka.

Tildelingskriterium

Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil bl.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking for perioden 2011-2015, og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan bl.a. bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir gitt tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer dessutan informasjon om effektar av utførte tiltak og rettleiing om kalking i vatn og vassdrag. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.

Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., og kommunar.

Ved tildeling av midlar skal det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a.

Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i dei kalka vassdraga.

Post 71 Forvaltningstiltak i verdsarvområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap. Frå posten blir det gitt tilskot til arbeidet for norske verdsarvområde med viktige naturverdiar. Midlane må sjåast i samanheng med midlar til dei norske verdsarvområda under kap. 1429 post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Vega-øyan vart tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004. Det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart ført på lista i 2005.

Det er stort behov for forvaltningstiltak som kan halde ved lag dei verdiane som ligg til grunn for utpeikinga som verdsarvområde. Det er oppretta ei tverrdepartemental arbeidsgruppe for å sikre ein samordna og målretta bruk av statlege verkemiddel inn mot dei viktigaste utfordringane i verdsarvområda slik dei kjem fram i ein tiltaksplan kommunane har utarbeidd.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde med viktige naturverdiar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus.

Tildelingskriterium

Midlane til verdsarvområde skal gå til å følgje opp forvaltinga av slike område i Noreg som har viktige naturverdiar. Mottakarar er i hovudsak organisasjonar som arbeider med oppfølging av verdsarvområda.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

       

(i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

72.1

Erstatning for husdyr

73 923

88 621

88 621

72.2

Erstatning for tamrein

67 205

47 602

62 134

Sum post 72

141 128

136 223

150 755

Midlane under posten er retta mot resultatområda 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslåtte fjellandskap. Posten omfattar erstatningar for dokumentert og sannsynsleggjort tap av husdyr og tamrein som følgje av rovdyrangrep. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.

Posten er styrkt med 14,5 mill. kroner på grunnlag av ein auke i erstatningsutbetalingane i 2010, særlig knytt til tap av tamrein.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra mykje dei to siste åra som følje av at innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skadedokumentasjonen.

Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast

Midlane er retta mot resultatområda 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslåtte fjellandskap. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga.

Midlane på posten kan nyttast til utviklingsarbeid med klar relevans til målet med posten.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur , jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010-2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter eit eige regelverk. Det er utarbeidd ei eiga nettside for bl.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengelege for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber bl.a. at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 8 Aktivt friluftsliv. Posten er redusert med 6 mill. kroner som skuldast at midlane til Forum for natur og friluftsliv er flytta til kap. 1427 post 78.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, med vekt på å styrkje allmenta sine interesser innan friluftslivsaktivitetar.

Midlane skal nyttast til arbeid med- og konkrete tiltak for å fremje friluftslivet som utgangspunkt for gode helsevanar og miljøhaldningar. Innsatsen vil i første rekkje rettast inn mot barn, unge, funksjonshemma og etniske minoritetar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Tildelingskriterium

Tiltak som fremjar aktivitet og betre folkehelse vil vere særleg aktuelle for tildeling av stimuleringsmidlar i 2012. Primær målgruppe er lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, og å setje Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Direktoratet for naturforvaltning og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

Posten skal dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Post 76 Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter, kan overførast

Tilskotsordninga på posten er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap, 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap og 8 Aktivt friluftsliv. Løyvinga er redusert med dei 1,5 mill. kroner som Stortinget la inn på posten i budsjettet for 2011.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter og naturinformasjonssenter. Sentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av natur- og verneområde. Enkelte senter skal i tillegg vere knutepunkt for den nye forvaltningsmodellen for verneområde.

I 2012 har vi 15 autoriserte nasjonalparksenter. Desse sentra kan søkje om eit årleg grunntilskot til informasjonsformidling. Tilskotet skal dekkje løpande aktivitet ved sentra knytttil administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak. Grunntilskotet i 2012 er auka til 750 000 kroner pr. senter. Fire nasjonalparksenter er autoriserte for meir enn ein nasjonalpark og får dobbelt grunntilskot.

I 2012 vil det starte ei tilsvarande autorisasjonsordning for naturinformasjonssenter. Det vil bli ein open søknadsrunde i første kvartal der senter kan søkje om å bli autoriserte naturinformasjonssenter med fokus på våtmark eller rovvilt. Naturinformasjonssentra skal vere spydspissar i formidling av kunnskap om våtmark og rovdyr til lokalbefolkninga og tilreisande, spesielt barn og unge.

Tilskotsordninga omfattar òg drift av dei to informasjons- og kompetansesentra for villrein på Skinnarbu i Tinn kommune og på Hjerkinn i Dovre kommune. Villreinsentra sin hovudfunksjon er å formidle kunnskap om villrein, dei livsvilkåra den har, krav til leveområde mv., og på denne måten medverke til ei god forvaltning av villreinen i Noreg. Tilskot til stiftelsen Kunnskapssenter for laks og vassmiljø i Namsos er òg omfatta av posten. I tillegg er det over kap. 1426 post 30 sett av 450 000 kroner til tilretteleggingstiltak, opparbeiding av stigar og anna skjøtsel knytt til Klimapark 2469 i samarbeid med Norsk fjellmuseum på Lom. Det er også satt av midlar under kap. 1429 Riksantikvaren til føremålet.

Tabellen under visar planlagt fordeling av midla:

Tabell 6.7 

Type senter

(i 1000 kr)

Nasjonalparksenter

15 000

Forvaltningsknutepunkt, nasjonalparkar

6 600

Villreinsenter

6 000

Naturinformasjonssenter, våtmark

4 500

Naturinformasjonssenter, rovvilt

3 000

Klimapark 2469

1000

Laksesenter, Namsos

900

Sum

37 000

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar.

For nasjonalparksentra blir måloppnåing òg vurdert på bakgrunn av årlege rapportar i samsvar med Policy og retningslinjer for miljøforvaltningens samarbeid med nasjonalparksentrene (Rapport 2005-1). Naturinformasjonssenter som blir autoriserte vil få tilsvarande retningslinjer å halde seg til.

Tildelingskriterium

Tilskot blir gitt til forprosjektering og etableringskostnader, drift, informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved sentra.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.

Post 78 Tilskot til interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 8 Aktivt friluftsliv. Posten er auka med 9 mill. kroner grunna endringar i poststrukturen. Frå kap. 1427 post 74 er det flytta 6 mill. kroner i tilskotsmidlar til Forum for natur og friluftsliv (FNF) og 3,075 mill. kroner frå kap. 1400 post 70 i tilskot til Friluftslivets Fellesorganisasjon (FRIFO), jf. omtala under kap. 1400 post 70.

Friluftsrådas Landsforbund (FL) er ein paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. FL vart oppretta i 1986, er i jamn vekst, og har i dag 19 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer 170 kommunar med opp mot 2/3 av befolkninga i landet. FRIFO er paraplyorganisasjon for 15 friluftslivsorganisasjonar med til saman nesten 680 000 medlemsskap. FL, FRIFO og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har gått saman om å etablere fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv).

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmentas interesser for og deltaking i friluftslivet gjennom det arbeidet som skjer gjennom dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir bl.a. vurdert ut frå oppnådde resultat i friluftsorganisasjonane sitt arbeid med sikring, opparbeiding og skjøtsel av friluftsområde og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak.

Tildelingskriterium

Tilskotsordninga har to formål. For det første skal ordninga gi grunnstøtte til FL, dei interkommunale friluftsråda, FNF og FRIFO. Vidare er den retta mot praktiske friluftslivstiltak i deira regi. FL står for organisering av arbeidet med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegner av det offentlege.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med FL, FNF og FRIFO.

Post 79 Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Levande hav og kyst og 2 Livskraftige elvar og innsjøar. I samband med opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vedtok Stortinget at enkelte nasjonale laksefjordar skal vere oppdrettsfrie innan 2011, jf. Innst. S. nr. 134 (2002-2003). Stortinget vedtok at det skal bli gitt «rimelig kompensasjon» for verksemder som må flytte ut av nasjonale laksefjordar som følgje av vedtaket. Dette gjeld tre oppdrettsanlegg.

Stortinget vedtok i samband med behandlinga av St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005 , jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005), at Miljøverndepartementet kan gi tilsegn om å dekkje dokumenterte flyttekostnader for oppdrettsanlegga innafor ei total ramme på 6,75 mill. kroner, dvs. inntil 2,25 mill. kroner pr. konsesjon, jf. forslag til vedtak VII. Dei aktuelle oppdrettsanlegga hadde frist til innan 1. august 2011 med å flytte ut av fjordane. Flyttekostnadene må dokumenterast før utbetaling av kompensasjon kan skje. Det betyr at kompensasjon først blir ytt etter at anlegga har flytta. Når og om krava kjem inn, vil Regjeringa komme tilbake med forslag om løyving.

Post 81 Verdiskapingsprogrammet for naturarven, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen).

Mål

Verdiskapingsprogrammet for naturarven har som hovudmål å medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Programmet skal medverke til at verdien av naturområda blir auka med infrastruktur og tilrettelegging som mange kan ha nytte av. Programmet skal òg medverke til betre samarbeid og kunnskap om verneområda.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir bl.a. vurdert gjennom ei ekstern evaluering som starta hausten 2009. Evalueringa vil sjå på om prosjekta når målsetjingane i programmet og syte for årleg rapportering frå prosjekta.

Tildelingskriterium

Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete tiltak knytte til verdiskaping med utgangspunkt i naturarven, og til leiing av prosjekta som får støtte. Prosjekta skal ha potensial for miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping og dei skal ha geografisk og tematisk spreiing. Prosjekta skal medverke til at måla i verdiskapingsprogrammet blir nådde, og dei skal innehalde mange tiltak og delprosjekt som til saman blir ein heilskap. Prosjekta skal ha ein overføringsverdi slik at kunnskap om korleis naturarven kan medverke til verdiskaping blir bygd opp og spreidd.

Midlane blir òg nytta til å dekkje Direktoratet for naturforvaltning sine utgifter til drift og til evaluering av verdiskapingsprogrammet.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Direktoratet for naturforvaltning og prosjekta som er med i verdiskapingsprogrammet og gjennom at Fylkesmannen deltek i prosjektas styrande organ der det vert fatta avgjerder bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

       

(i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

82.1

Tilskotsordning – prioriterte arter

7 194

14 000

19 000

82.2

Tilskotsordning – utvalde naturtypar

6 986

14 000

14 000

Sum post 82

14 180

28 000

33 000

Posten er oppretta som følgje av naturmangfaldlova og er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjelllandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen). Posten er delt i to underpostar, ein for prioriterte arter og økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, og ein for utvalde naturtypar. Posten aukar med 5 mill. kroner som er lagt inn til tiltak for å ta vare på hubro. Hubro er klassifisert som sterkt truga på den norske raudlista. Hubroen likar å sitje på straummaster for å få utsyn i terrenget, men det store vingespennet gjer at mange av dei døyr ved straumgjennomgang som følgje av samtidig kontakt med fleire straumførande leidningar (elektrokusjon). Tiltaka skal vere spesielt retta mot dette.

Mål

Underpost 1: Målet med tilskotsordninga er å ta vare på dei plante- og dyrearter i Noreg som blir valde ut som prioriterte arter. Målet er òg å ta vare på dei økologiske funksjonsområda til prioriterte arter. Når det gjeld hubro, er målet å gjennomføre naudsynte tiltak for hindre at hubro døyr som ei følje av at dei nyttar straumstolpar som sitjeplass, og kjem i kontakt med straumførande luftleidningar. Underpost 2: Målet med tilskotsordninga er å ta vare på utvalde naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Underpost 1: Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til prioriterte arter og økologiske funksjonsområde. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda. Underpost 2: Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til førekomstar av utvalde naturtypar.

Tildelingskriterium

Underpost 1: Midlane skal gå til tiltak som sikrar prioriterte arter og til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på eller gjenopprette økologiske funksjonsområde for prioriterte arter. Midlane til hubro skal i hovudsak gå til konkrete tiltak som å isolere straumleidningar, få fortgang i arbeidet med å flytte transformatorstasjonar ned på bakken, byggje plattformar som hubro kan sitje på, og andre tiltak som vil bidra til å redusere den generelle belastninga på hubro i samanhang med kraftlinjer. Noko av midlane kan òg nyttast til å kartleggje stolpekonstruksjonar som utgjer ein fare for hubro. Det blir lagt opp til eit nært samarbeid med netteigarar, og det skal normalt stillast krav om medfinansiering frå aktuell samarbeidspart.

Underpost 2: Midlane skal gå til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på førekomstar av utvalde naturtypar.

Oppfølging og kontroll

Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Post 84 Naturfaglege organisasjonar

Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen).

Tilskotsordninga til frivillige miljøorganisasjonar er lagt om, jf. omtala under kap. 1400 post 70. Omlegginga inneber bl.a. at utprega faglege organisasjonar er flytta til postar under dei statlege verksemdene som har å gjere med fagområda som organisasjonane arbeider innanfor. Utprega naturfaglege organisasjonar er flytta til denne posten.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe demokratisk oppbygde, landsomfattande naturfaglege organisasjonar, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i slike spørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til:

  • Foreningen Våre Rovdyr

  • Norsk Biologforening

  • Norsk Botanisk Forening

  • Norsk Entomologisk Forening

  • Norsk Ornitologisk Forening

  • Noregs Sopp- og nyttevekstforening

  • Norsk Zoologisk Forening

For 2012 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2011. Tilskot til den einskilde organisasjon blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.

Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Ymse inntekter

515

3 044

3 138

09

Internasjonale oppdrag

10 476

6 291

7 986

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

2 585

18

Refusjon av sjukepengar

2 161

54

Gebyr

3 027

3 074

4 298

Sum kap. 4427

18 764

12 409

15 422

Post 01 Ymse inntekter

På posten er det budsjettert med enkelte oppdragsinntekter, inntekter frå sal av rapportar utarbeidde av Direktoratet for naturforvaltning, og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01 Driftsutgifter.

Løyvinga under kap. 1427 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt bl.a. miljødirektoratas avtale med Norad i samband med miljøretta bistand, samarbeid med institusjonar i utviklingsland og bilateralt miljøs amarbeid med Russland. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter.

Posten er auka med 1,7 mill. kroner på grunnlag av meirinntekter tidligare år og venta meirinntekter i 2012.

Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 54 Gebyr

Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, til utgifter i samband med merkjepliktig vilt, og til utgifter ved kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftskonsesjonar.

Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr. Gebyret vart sist endra i 2009, og ein gjer framlegg om å prisjustere gebyret med 15 kroner, slik at gebyret for 2012 blir 280 kroner. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter til å drive eksamensordninga. Gebyrendringa er venta å gi 174 000 kroner i auka inntekter, og løyvinga på posten er endra likeins. Tilsvarande auke er gjort under kap. 1427 post 21.

Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om ivaretaking av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret er sett til 400 kroner pr. individ. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1427 post 21.

Direktoratet for naturforvaltning vil i 2012 vil ta i bruk sin heimel til å krevje refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57-58 og den enkelte konsesjon. Dette er venta å gi ei meirinntekt på 1,05 mill. kr. Sistnemnde utgifter er ikkje tidlegare budsjetterte på posten. Samsvarande auke er gjort under kap. 1427 post 21.

Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.