Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2012 på om lag 508,4 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 19,0 mill. kroner netto, samanlikna med saldert budsjett for 2011. Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner som legg vekt på å sikre at mangfaldet av viktige kulturminne og kulturmiljø ikkje går tapt og at potensialet som kulturarven representerer, blir teke meir aktivt i bruk. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til vidareføring av arbeidd med verdiskaping knytta til kulturminne og kulturmiljø.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

         

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

1429

Riksantikvaren

440 030

429 965

448 897

4,4

1432

Norsk kulturminnefond

57 039

59 480

59 480

0,0

Sum kategori 12.30

497 069

489 445

508 377

3,9

Kap. 1429 Riksantikvaren

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

115 776

115 281

117 512

21

Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under postane 72 og 73

63 056

30 915

30 915

50

Tilskot til Samisk kulturminnearbeid

3 000

3 093

72

Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø , kan overførast, kan nyttast under post 21

186 289

216 212

225 112

73

Brannsikring og beredskapstiltak , kan overførast, kan nyttast under post 21

10 788

11 953

10 953

74

Fartøyvern , kan overførast

39 700

42 004

43 712

75

Internasjonalt samarbeid , kan overførast

1 101

1 100

1 100

77

Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet , kan overførast, kan nyttast under post 21

16 480

3 000

8 000

78

Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi , kan overførast, kan nyttast under post 21

6 840

6 500

8 500

Sum kap. 1429

440 030

429 965

448 897

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementets arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel er særleg knytte til gjennomføring av ti bevaringsprogram for nasjonalt viktige kulturminne. Riksantikvaren skal stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.

I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet til fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard som regionale styresmakter for kulturminne. Tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer òg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei to nemnde inntektspostane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73

Posten dekkjer kostnader ved tiltak som gjeld høgt prioriterte freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, blant anna når Riksantikvaren står som tiltakshavar i spesielt prioriterte prosjekt. Midlane på post 21 må sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72 og 73.

Midlane skal gå til å føre vidare arbeidet innanfor Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga (2011-2015). Dette omfattar blant anna modernisering av den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, digital kulturminneportal, lokal registrering av kulturminne og registreringar av samiske bygningar. Midlane på posten blir elles nytta til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltaransvar for.

Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid

Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Posten er foreslått auka med 93 000 kroner i 2012. Midlane skal i hovudsak nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid og til skjøtsel, og blir stilte til disposisjon for Sametinget. Sjå òg tildeling i underpostane 72.2 og 72.5.

Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21

       

(i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

72.1

Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak

5 890

12 582

12 582

72.2

Vern og sikring av freda bygningar og anlegg

49 196

51 867

60 767

72.3

Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

23 750

29 257

29 257

72.4

Kystkultur

13 090

14 700

14 700

72.5

Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

3 280

4 280

4 280

72.6

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

3 975

8 808

8 808

72.7

Fartøyvernsentra

6 550

6 550

6 550

72.8

Tekniske og industrielle kulturminne

38 259

42 202

42 202

72.9

World Heritage List, nasjonale oppgåver

42 299

45 966

45 966

Sum post 72

186 289

216 212

225 112

Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap. Posten blir nytta til tiltak knytte til forvaltning og sikring av freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø og verdifulle landskap. Dette skjer gjennom direkte tilskot til vedlikehald og istandsetjing av kulturminne som i hovudsak er eigde eller forvalta av private.

Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren står for iverksetjing og gjennom-føring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under denne posten.

Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren eller fylkeskommunane.

Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad eller til prioriterte kulturminne innanfor bevaringsprogramma.

Ein stor del av løyvinga blir fordelt etter tilråding frå fylkeskommunane. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren og fylkeskommunane utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og betydninga som tiltaka har i forhold til målet for tilskotsordninga. Det skal leggjast stor vekt på at tilskota medverkar effektivt til framdrift i arbeidet med å sikre målet om ordinært vedlikehaldsnivå i 2020.

Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt fastsette av regjeringa.

I 2012 er posten auka med i alt 8,9 mill. kroner. 6,9 mill. kroner er øyremerkte til bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. Miljøverndepartementet ønskjer å klargjere rollefordelinga mellom Riksantikvaren og Kulturminnefondet slik at fondet i hovudsak skal ha ansvaret for verneverdige kulturminne, mens Riksantikvaren skal ha ansvaret for dei freda kulturminna. Øyremerkinga er første steg for å kunne ta bort føringane i fondet sine vedtekter om at minst 1/3 av avkastninga skal gå til freda kulturminne og kulturmiljø, jf. kap. 1429 post 72.2 og kap. 1432 post 50. I tillegg er 2,0 mill. kroner øyremerkte sikring og istandsetjing av samiske bygningar. Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 35 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak m.m.

Staten dekkjer heilt eller delvis ein større del av utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar i samband med mindre, private tiltak.

Målgruppa er private tiltakshavarar.

Mål

Målet er å følgje opp dei statlege forpliktingane etter § 10 i kulturminnelova og gi heil eller delvis dekning av utgifter som følgjer av pålegg om særskilt gransking av automatisk freda kulturminne eller til andre særskilte tiltak for å verne dei.

Tildelingskriterium

Tilskot skal ytast til heil eller delvis dekning av utgifter i samsvar med kulturminnelova § 10. Posten dekkjer òg finnarlønn som blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13. 450 000 kroner skal nyttast til Klimaparkprosjektet i Oppland.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren kontrollerer at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent dekning av utgifter til mindre, private tiltak. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltningsmusea og til regional kulturminneforvaltning etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar.

Underpost 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg

Posten er auka med i alt 8,9 mill. kroner. 6,9 mill. kroner er øyremerkte bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige og 2,0 mill. kroner er øyremerkte sikring og istandsetjing av samiske bygningar. Staten gir tilskot til å dekkje meirutgifter i samband med antikvarisk sikring og istandsetjing av freda kulturminne og kulturmiljø, jf. § 15a i kulturminnelova, og til vedlikehald, jf. § 17 i kulturminnelova. Midlane bidreg til gjennomføring av bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige. Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg.

Posten må sjåast i samanheng med midlane til Kulturminnefondet, jf. kap. 1432 post 50 til disposisjon for kulturminnetiltak. Kulturminnefondets midlar skal òg brukast til freda kulturminne og kulturmiljø.

Mål

Målet er å stimulere eigarar til å sikre og restaurere bygningane og anlegga sine, og å stimulere til årleg, fortløpande vedlikehald slik at alle freda bygningar i privat eige skal ha ordinært vedlikehaldsnivå i 2020.

Tildelingskriterium

I medhald av kulturminnelova § 15a, jf. § 17, kan eigar ikkje setje i gang tiltak utan at det blir gitt dispensasjon. Ein dispensasjon blir gitt blant anna på vilkår som sikrar at arbeida skjer i samsvar med antikvariske retningslinjer. Dette er ofte fordyrande tiltak, og tilskota skal dekkje meirkostnadene heilt eller delvis. Følgjande prioriteringar gjeld: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det er få av.

Oppfølging og kontroll

Fylkeskommunen skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Dei skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med vilkår som er sette. Fylkeskommunen rapporterer vidare til Riksantikvaren. Riksantikvaren eller fylkeskommunen kan utføre kontroll på staden.

Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

Midlane skal gå til tiltak på mellomalderbygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen, slik at dei har oppnådd eit ordinært vedlikehaldsnivå i 2020.

Tildelingskriterium

Tilskot skal gå til å setje stavkyrkjene i stand, og å sikre og konservere verdifull kyrkjekunst i desse kyrkjene. Det skal òg ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Midlane frå post 72.3 bidreg dermed til måloppnåing innanfor tre bevaringsprogram: stavkyrkjeprogrammet, bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige og ruinprogrammet.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren eller fylkeskommunen skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Dei skal sjå til at tilskotsmottakar leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette.

Underpost 72.4 Kystkultur

I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn. Midlane bidreg òg til gjennomføring av bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige.

Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av freda og spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.

Tildelingskriterium

Midlane skal gå til sikring og istandsetjing av freda og spesielt verneverdige kulturminne som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. Bygningar og anlegg som forfell, kan sikrast mellombels.

Oppfølging og kontroll

Fylkeskommunen skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Dei skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Fylkeskommunen rapporterer vidare til Riksantikvaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Underpost 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på dei freda kulturmiljøa: Havråtunet i Hordaland, områda omkring Utstein kloster i Rogaland, Skoltebyen Neiden i Finnmark, Kongsberg sølvverk i Buskerud, Sogndalstrand i Rogaland, Birkelunden i Oslo og Sør-Gjæslingan i Nord-Trøndelag. Det kan òg ytast tilskot til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Tildelingskriterium

Dei freda kulturmiljøa skal prioriterast ved tildeling av tilskot. 1 mill. kroner er i 2012 som siste år av ei treårig satsing, øyremerkte skjøtsel og tilrettelegging i Mortensnes kulturminneområde i Nesseby kommune.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Dei skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen og Sametinget.

Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre arkeologiske kulturminne, under dette arkeologiske kulturminne under vatn. Midlane blir i hovudsak nytta til oppfølging av bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og bevaringsprogrammet for bergkunst.

Tildelingskriterium

Utvelging og tilrettelegging skjer gjennom eit sett kriterium, blant anna lokalt engasjement og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna.

Tilskot kan blant anna gå til sikring, skjøtsel, restaurering og formidling, under dette tiltak som gir auka tilgjenge og som medverkar til å avgrense slitasje.

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Dei skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden. Elles skjer kontrollen gjennom innsende rapportar frå tilskotsmottakar.

Underpost 72.7 Fartøyvernsentra

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til at dei tre utvalde fartøyvernsentra Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum, Hardanger Fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy.

Tildelingskriterium

Tilskot kan ytast som driftstilskot for å dekkje sentra sine utgifter til fellestenester knytte til forsking, dokumentasjon og fagleg rådgiving. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren eller fylkeskommunen skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Dei skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette, for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.

Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne

Midlane skal gå til arbeidet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å setje i stand og sikre forvaltning, drift og vedlikehald av følgjande elleve tekniske og industrielle anlegg som er valte ut for spesiell oppfølging:

  • Fetsund lenser

  • Sjølingstad Uldvarefabrik

  • Klevfoss Cellulose- & Papirfabrik

  • Næs Jernverksmuseum

  • Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (Tyssedal kraftverk)

  • Norsk Fiskeindustrimuseum/Neptun Sildoljefabrikk

  • Spillum Dampsag & Høvleri

  • Norsk Trikotasjemuseum

  • Folldal Gruver

  • Kistefos-Museet

  • Rjukanbanen

Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av dei elleve utvalde anlegga.

Tildelingskriterium

Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand dei respektive anlegga, skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det kan òg ytast tilskot til vedlikehald. Det vil bli lagt vekt på at denne typen kulturminne skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk. Ved særlege tilfelle kan midlane òg brukast til andre industrianlegg som dokumenterer norsk industrihistorie.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Dei skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar.

Underpost 72.9 Verdsarvlista, nasjonale oppgåver

Mål

Tilskotsordninga er knytt til bevaringsprogrammet for verdsarven og skal medverke til å sikre og setje i stand dei sju norske stadene på Unescos verdsarvliste:

  • Røros bergstad og Circumferensen

  • Bryggen i Bergen

  • Urnes stavkyrkje

  • Bergkunsten i Alta

  • Vegaøyan

  • Vestnorsk fjordlandskap

  • Meridianstøtta i Hammerfest og tre andre punkt i Struves meridian

Det vises òg til kap. 1427 post 71.

Tildelingskriterium

Tilskot skal ytast i tråd med forpliktingane som følgjer av Unescos verdsarvkonvensjon og i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå Unesco. Ved spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte bidreg til sikring av verdsarven.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Riksantikvaren skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21

Posten er knytt til bevaringsprogrammet for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjene. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av utvalde kulturminne og kulturmiljø.

Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunane står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under denne posten.

Mål

Tilskotsordninga skal sikre ca. 50 av landets 180 trehusmiljø og dei 28 stavkyrkjene mot brann. Tilskot blir gitt til å etablere sikring i utvalde tette trehusmiljø. Midlane går òg til drift, vedlikehald og oppgradering av brannsikringsanlegg i alle stavkyrkjene.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.

Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særlege viktige prosjekt.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Oppfølging og kontroll skjer overfor tilskotsmottakaren gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsend sluttrapport. Kontroll på staden frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennomførte på eit fagleg akseptabelt nivå.

Post 74 Fartøyvern, kan overførast

Posten er hovudsak knytt til arbeidet med bevaringsprogrammet for fartøy.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand eit representativt utval av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern. Fartøyvernet genererer viktige verdiar for eigarar, brukarar og lokalsamfunn langs kysten.

Tildelingskriterium

Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid på freda fartøy og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern.

Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: prosjekt som har allmenn interesse, er offentleg tilgjengelege, har økonomisk gjennomføringsvilje og -evne, potensial for lokalt engasjement, der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til fartøyet, tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av. Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.

I startfasen av omfattande og samansette istandsetjingstiltak skal det skje ei god planlegging og prioritering av tiltaka, for å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring.

Tilskotsmidlane blir i hovudsak fordelte etter søknad. Målgruppa er eigarar eller forvaltarar av slike fartøy.

Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.

I samsvar med det som er omtalt under kap. 1400 post 70, er grunntilskotet til Norsk forening for fartøyvern flytta til denne posten med 1,7 mill. kroner. Tilskotet blir utbetalt etter søknad frå foreininga.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren eller fylkeskommunen skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Dei skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden. Oppfølging og kontroll skjer overfor tilskotsmottakaren gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsend sluttrapport.

Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av bygningar i tre.

Tildelingskriterium

Midlane på posten blir nytta til tilskot til faglege samarbeidsprosjekt med andre land i samsvar med norske politiske og fagpolitiske prioriteringar. Løyvinga dekkjer òg medlemsavgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norskrussiske miljøvernsamarbeidet under den bilaterale miljøvernavtala.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjerder blant anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar, årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.

Post 77 Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Posten er foreslått auka med 5,0 mill. kroner i 2012 til fase 2 av verdiskapingsprogrammet, sjå òg kap. 1432 post 50.

Mål

Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet har som mål å stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling. Hovudaktiviteten i 2011 har vore å samanfatte og formidle erfaringar frå fase 1, og å greie ut grunnlaget for vidare arbeidd med verdiskaping knytta til kulturminne og kulturmiljø. Hovudmålet i verdiskapingsarbeidet er å fremje kulturminnebasert verdiskaping basert på erfaringane frå fase 1. Samarbeidet med Norsk kulturminnefond om programmet skal førast vidare.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling. Det skal leggjast vekt på prosjekt som koplar kulturarv og natur, involverer lokalt og regionalt næringsliv og frivillige. Det er ein føresetnad at fylkeskommunane og kommunane er aktive deltakarar. Arbeidet med Pilegrimsleden vil bli prioritert.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar.

Post 78 Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi, kan overførast, kan nyttast under post 21. Posten er foreslått auka med 2,0 mill. kroner i 2012 til sikring av arkeologiske kulturminneverdiar.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til ei god fagleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne.

Målgruppa er forvaltningsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrifter.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til nødvendig fagleg assistanse til fylkeskommunane og Sametinget i forvaltningssaker, utgifter til nødvendige sikringsundersøkingar og anna sikringsarbeid, samt hjelp i kulturminnekriminalitetssaker ved dei arkeologiske forvaltnings- og sjøfartsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea. Midlane skal òg dekkje nødvendig fagleg underlagsmateriale for Riksantikvarens forvaltningsoppgåver som blir utførde av NIKU.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering om bruk av midlane.

Kap. 4429 Riksantikvaren

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

02

Refusjonar og diverse inntekter

7 512

3 930

4 052

09

Internasjonale oppdrag

3 783

1 453

1 498

16

Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar

1 049

18

Refusjon av sjukepengar

2 360

Sum kap. 4429

14 704

5 383

5 550

Post 02 Refusjonar og diverse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

57 039

59 480

59 480

Sum kap. 1432

57 039

59 480

59 480

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Framlegget til løyving på posten svarer til den samla avkastninga av kapitalen i Norsk kulturminnefond som er budsjettert under kap. 4432 post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond. Midlane under post 50 blir stilte til disposisjon for dei formåla og prosjekta Norsk kulturminnefond støttar opp under. Delar av midlane vil gå til forvaltning av fondet, blant anna lønn til tilsette i sekretariatet og til administrative funksjonar, styrehonorar og reiser.

Samarbeidet med Riksantikvaren om verdiskaping knytta til kulturminne og kulturmiljø skal førast vidare. Det er øyremerkt 8,0 mill. kroner til formålet i 2012, sjå òg kap. 1429 post 77.

Mål

Målet med fondet er å leggje til rette for auka samspel mellom offentlege og private midlar til vern og utvikling av verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø. Ordninga skal stimulere til auka verneinnsats frå eigarar og næringsliv, og til meir effektive samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar. Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål. Fondet sine midlar skal gå til både freda og ikkje freda, verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tildelingar frå Kulturminnefondet til freda kulturminne må sjåast i samanheng med kap. 1429 post 72.2.

Kulturminnefondet skal vidareføre samarbeidet med Riksantikvaren når det gjeld bevaringsprogrammet for freda kulturminne og kulturmiljø.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Tilskot blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø og til prosjekt som fremjar verdiskaping, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet. Prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats, skal prioriterast.

Oppfølging og kontroll

Kulturminnefondet skal prioritere oppfølging av gitte tilsegner. Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Post 90 Fondskapital

Fondskapitalen er på i alt 1,4 mrd. kroner. Fondskapitalen er plassert som kontolån i Statskassen med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.

Kap. 4432 Norsk kulturminnefond

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

85

Avkastning frå Norsk kulturminnefond

57 039

59 480

59 480

Sum kap. 4432

57 039

59 480

59 480

Post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond

Posten gjeld avkastninga frå Norsk kulturminnefond. Avkastninga skal nyttast til tilskot til kulturminnetiltak og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. kap. 1432 post 50. Fondsmidlane er plasserte som kontolån i Statskassen med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.

Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1432 post 50, jf. forslag til vedtak II nr. 1.