Programkategori 12.40 Klima – og forureining

Løyvingsforslaga under denne programkategorien er på om lag 732,4 mill. kroner.

Løyvingane rettar seg mot resultatområda Levande hav og kyst, livskraftige elvar og innsjøar, mangfaldige skogar, viltfritt miljø, rein luft og stabilt klima.

Prioriteringane i denne programkategorien konsentrerer seg i hovudsak om helse- og miljøfarlege kjemikaliar (under dette radioaktiv forureining), klima, luftforureining, vassforureining og ei rekkje sektorovergripande område slik som modernisering, forenkling og effektivisering, miljøinformasjon, miljøteknologi, Grøn stat, miljøbevisste innkjøp mv. Nokre av tiltaka er delvis finansierte under programkategori 12.10 (utgreiings- og prosjektmidlar, og midlar til forsking og overvaking), men høyrer naturleg inn under omtala av dei samla tiltaka under programkategori 12.40.

Vassforureining

Miljøvennleg skipsfart

Som ein maritim nasjon med lange tradisjonar er arbeidet med ein meir miljøvennleg skipsfart viktig for Noreg. Miljøvennleg skipsfart er òg eit område der Noreg har ei sterk stilling og stor gjennomslagskraft internasjonalt. I lys av auka skipstrafikk og behovet for strengare miljøkrav innan skipsfarten vil Regjeringa styrkje Noregs bidrag i strategisk internasjonalt arbeid, særleg på klimaområdet. Regjeringa vil òg prioritere handheving av nye og eksisterande miljøkrav og regelverk, og oppfølging av tiltaka i Regjeringas maritime strategi.

Overgjødsling og nedslamming

Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg. I ferskvatn er det særlege problem knytte til overgjødsling i område med tett busetnad og/eller landbruksintensive område. I marine område er det særleg lokale fjordområde langs kysten på strekninga svenskegrensa – Stad som er utsette på grunn av utslepp frå kommunalt avløp, industri, landbruksavrenning/avrenning frå land og fiskeoppdrett. Oppfølginga av Forskrift om rammer for vannforvaltningen (vassforskrifta) er sentral i det vidare arbeidet med å redusere problema knytte til overgjødsling og nedslamming.

Oljeforureining

Oljeforureining skuldast både akutte og operasjonelle utslepp frå offshore olje og gassverksemd, skipsfart og landbasert verksemd.

Regjeringas mål er at operasjonelle utslepp av olje ikkje skal medføre helse- eller miljøskade, eller bidra til å auke bakgrunnsnivået av olje over tid. Arbeidet for å nå målet om nullutslepp av miljøfarlege stoff frå petroleumsverksemda er viktig i denne samanhengen.

Regjeringas mål er å halde risikoen for akutt oljeforureining på eit lågt nivå og å kontinuerleg søkje å redusere risikoen ytterlegare, inkludert gjennom kravstilling til privat og kommunal beredskap.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, under dette radioaktiv forureining

Arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar både internasjonalt og nasjonalt er eitt av Miljøverndepartementets hovudsatsingsområde. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan framkalle ulike sjukdommar som kreft og allergiar, eller kan skade forplantningsevna og arvestoffet. Miljøgifter er giftige kjemikaliar som det tek lang tid å bryte ned i naturen og som hopar seg opp i næringskjedene og er derfor ein alvorleg trussel mot det biologiske mangfaldet, matforsyninga og helsa for kommande generasjonar. Bruken av verkemiddel i kjemikaliepolitikken er lagt opp for å redusere risiko frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar generelt, mens det for miljøgiftene er lagt til grunn at alle utslepp skal stansast innan 2020. Det er nødvendig med innsats både nasjonalt og internasjonalt for å kunne nå desse måla. Auka kunnskap er svært viktig i dette arbeidet. Kartlegging og overvaking, og arbeid relatert til miljøprøvebanken for miljøgifter, vil framleis vere prioritert.

REACH – eit omfattande europeisk kjemikalieregelverk

Gjennom kjemikalieregelverket i EØS-området (REACH) vil vi få vi langt meir kunnskap om dei titusenvis av kjemikaliar som er på marknaden, og samtidig vil vi òg få betre kontroll på bruk og utslepp av dei. Hovudansvaret for å gjennomføre REACH ligg hos næringslivet sjølv, men styresmaktene har òg ei rekkje omfattande arbeidsoppgåver knytte til oppfølging og utvikling av REACH. I St. meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid seier Regjeringa at Noreg skal vere ein aktiv pådrivar i nasjonal og europeisk kjemikalieforvaltning. Noreg skal blant anna vurdere 5-15 miljøgifter med sikte på å foreslå regulering på europeisk nivå. Det er derfor vidareført midlar til Klima- og forureiningsdirektoratets arbeid med oppfølging og vidareutvikling av REACH-regelverket.

Forureina sjøbotn og forureina grunn

Regjeringa presenterte i St.meld. nr.14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid , handlingsplanar for å sikre opptrapping av arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn i fjordar og hamner og for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Handlingsplanane blir følgde opp ved at konkrete oppryddingstiltak blir sette i verk. Der forureinaren er kjent, er hovudverkemidlet for både forureina sjøbotn og forureina jord pålegg etter forureiningslova. Staten medverkar med midlar der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadene.

Radioaktiv forureining

Forureiningslova er gjort gjeldande for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. Dette dannar grunnlaget for ei heilskapleg regulering og forvaltning, under dette overvaking og kartlegging av ulike kjelder til radioaktiv forureining.

Avfall

Arbeidet på avfallsområdet skal medverke til å redusere ulike miljøproblem, under dette spreiing av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og utslepp av klimagassar. Det blir arbeidd med å redusere veksten i avfallsmengdene, stimulere til auka gjenvinning av avfall, og å redusere mengda farleg avfall som ikkje er teke forsvarleg hand om. Vidare tek ein sikte på at genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå. Det er etablert fleire verkemiddel for å nå dei nasjonale måla på avfallsfeltet, mellom anna forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak. Forvaltning av regelverk og verkemiddel på avfallsfeltet krev kontinuerleg oppfølging. I 2012 skal det i tillegg arbeidast med ei ny stortingsmelding om avfallspolitikken.

Klima, luftforureiningar og støy

Klima

Regjeringa legg til grunn at Noreg skal oppfylle utslippsforpliktinga si under Kyotoprotokollen gjennom eit breitt sett av verkemiddel:

  • I St. meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk inngår sektorvise klimahandlingsplanar der dei viktigaste sektorane med klimagassutslepp blir nærare beskrivne. Klimaforliket frå 2008 inneber blant anna skjerpa mål. Faggruppa Klimakur 2020 vart oppretta for å framskaffe underlag til ein vurdering av klimapolitikken og behov for endra verkemeddel. Arbeidet har gitt eit godt grunnlag for arbeidet med klimameldinga som skal leggjast fram våren 2012. Det norske kvotehandelssystemet er kopla til EUs system og omfattar no i underkant av 40 pst. av norske klimagassutslepp, stigande til omtrent 50 pst. frå 2013. Den nasjonale allokeringsplanen for 2008-2012 er godkjend av ESA. I medhald av EUs reviderte kvotedirektiv vil kvotesystemet frå neste periode (2013-2020) bli vesentleg utvida. Blant anna blir ei rekkje stasjonære industriinstallasjonar inkluderte. Luftfart blir òg ein del av systemet frå 2012. Det reviderte kvotedirektivet er i utgangspunktet sett på som EØS-relevant, og arbeidet med å førebu implementering av det reviderte kvoteregelverket i norsk rett er venta å krevje betydelege ressursar i 2012.

  • Lokalt klimaarbeid blir ført vidare.

  • Klimagassrekneskapen blir ført vidare gjennom løyvingar til Klima- og forureiningsdirektoratet.

  • Overvaking av klimaendringar og luftforureiningar, særleg i nordområda, er av svært stor betydning for kunnskap om verknader av klimagassutslepp og andre miljøskadelege utslepp.

Klima og skoginitiativet

Klimagassutslepp frå avskoging og degradering i utviklingsland utgjer i følgje Klimapanelets (IPCCs) vurderingar om lag 17 pst. av dei årlege globale utsleppa av klimagassar. Kyotoprotokollens utsleppsforpliktingar omfattar likevel ikkje denne typen utslepp. I følgje IPCC er reduksjon av utslepp frå avskoging og degradering av skog (REDD) eit viktig og føremålstenleg tiltak i innsatsen mot global oppvarming, fordi det er relativt sett kostnadseffektivt og kan gi store og relativt raske utsleppsreduksjonar. Snarlege tiltak mot avskoging er heilt nødvendige for å oppnå målet om at den globale middeltemperaturen ikkje skal auke meir enn med to grader Celsius i forhold til førindustrielt nivå. På denne bakgrunnen kunngjorde statsminister Jens Stoltenberg under klimaforhandlingane på Bali i desember 2007 at Noreg er budd på å trappe opp innsatsen for tiltak mot klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland til inntil 3 mrd. kroner årleg.

Klimanøytral stat

Som ein del av ein global og ambisiøs klimaavtale der òg andre industriland tar på seg store forpliktingar, skal òg Noreg ha eit forpliktande mål om klimanøytralitet seinast i 2030, jf. St.mld. nr. 34 (2006-2007). Miljøverndepartementet starta opp prosjektet Klimanøytral stat i 2011 med ti statlege verksemder som har eit eige ønske om å bli klimanøytraliserte. Med klimanøytral stat er meint at statlege verksemdene skal berekne eigne utslepp, gjennomføre tiltak for å redusere utsleppa, utarbeide klimarekneskap og kjøpe og slette klimakvotar for restutsleppa. I prosjektet skal ein kartleggje korleis utsleppsreduksjonar kan oppnåast i praksis og lage tiltaksplan med kost/nytte-kalkylar. Det er ikkje venta at pilotverksemdene gjennomfører tiltak som medfører auka utgifter. Prosjektet vil fokusere spesielt på å vurdere og teste målesystem for klimagassutslepp, og å lage ein katalog over relevante reduksjonstiltak med estimerte kostnader og potensielle innsparingar. Koordinering av prosjektet er lagt til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Langtransporterte luftforureiningar

Internasjonalt blir det arbeidd med revisjon av Gøteborgprotokollen, med sikte på å vedta ein ny protokoll seinast våren 2012. Noreg tek del i det faglege arbeidet som vil gi nødvendig kunnskapsgrunnlag for forhandlingar om nye forpliktingar om utsleppsreduksjonar, både gjennom bidrag til det internasjonale arbeidet, og ved å vurdere nytte og kostnader for Noreg av moglege nye forpliktingar. Miljøvernforvaltninga vil framleis medverke til finansiering av internasjonale oppgåver under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining . Revisjon av EUs direktiv 2001/81/EF om nasjonale utsleppstak for visse forureinande stoff til luft er òg under førebuing. Det er no bestemt å innlemme direktivet i EØS-avtala. Noreg vil òg gjere eigne faglege vurderingar som grunnlag for forhandlingar i EØS-organa om nye utsleppsforpliktingar i eit revidert direktiv. Nasjonalt blir det arbeidd med å gjennomføre tiltak og verkemiddel som er nødvendige for å overhalde Noregs utsleppsforplikting for nitrogenoksid (NO x ) i Gøteborgprotokollen. Ei hovudoppgåve vil vere å følgje opp den nye avtala mellom Miljøverndepartementet og 15 næringsorganisasjonar for perioden 2011-2017 om reduksjon av NO x -utsleppa.

Lokal luftforureining

Det er framleis behov for å betre luftkvaliteten i fleire norske byar og tettstader. Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har gitt underliggjande etatar i oppdrag saman å vurdere korleis arbeidet med å redusere lokale utslepp bør styrkjast og førast vidare på kort og noko lenger sikt. I etterkant av dette vil behovet for endra verkemiddelbruk bli vurdert.

Støy

Regjeringa vil føre vidare og følgje opp arbeidet med handlingsplanen mot støy for å nå dei nasjonale støymåla.

Framtidsretta produksjon og forbruk (områdeovergripande tema)

Det er viktig at offentleg sektor går føre som ansvarleg forbrukar og etterspør miljøvennlege varer og varer som er tilverka etter høge etiske og sosiale standardar. Det er difor utarbeidd ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar, der tiltak knytt til klima og energi, helse- og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald har fått høg prioritet. Det er utarbeidd rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgruppar.

Statlege verksemder skal ha eit miljøleiingssystem som er godt integrert i dei andre styringssystema i verksemda. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har fått ansvaret for å følgje opp handlingsplanen på nasjonalt nivå både når det gjeld miljømedvitne innkjøp og miljøleiing. For å hjelpe statlege, kommunale og fylkeskommunale verksemder på lokalt nivå er det bygd opp ei fagleg støtteteneste i alle fylke.

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

         

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

1441

Klima- og forureiningsdirektoratet

646 159

655 482

699 154

6,7

1445

Miljøvennleg skipsfart

3 930

4 000

4 000

0,0

1447

Miljøomsyn i offentlege innkjøp

13 316

18 000

18 000

0,0

1448

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

11000

11 214

1,9

Sum kategori 12.40

663 405

688 482

732 368

6,4

Kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

307 586

331 982

337 786

21

Spesielle driftsutgifter

21 288

21 595

20 095

22

Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

574

2 025

2 025

39

Oppryddingstiltak , kan overførast

111 456

83 560

64 760

71

Grunnstøtte til frivillige miljøorganisasjoner og informasjon og kompetanseformidling om produksjon og forbruk

2 118

75

Utbetaling av pant for bilvrak , overslagsløyving

154 558

166 320

221 320

76

Refusjonsordningar , overslagsløyving

50 697

50 000

50 000

80

Miljømerking, miljøvennlig forbruk og forbruksinformasjon

1 050

Sum kap. 1441

646 159

655 482

699 154

Klima- og forureiningsdirektoratet skal setje i verk forureiningspolitikken og arbeide for å oppnå miljøforvaltningas miljømål.

Klima- og forureiningsdirektoratet skal medverke til å:

  • redusere klimagassutsleppa

  • redusere spreiing av helse- og miljøfarlege stoff

  • oppnå ei heilskapleg og økosystembasert hav- og vassforvaltning

  • auke gjenvinninga og redusere utsleppa frå avfall

  • redusere skadeverknadene av luftforureining og støy

  • sikre tilgang til oppdatert og påliteleg miljøinformasjon.

Ein viser elles til omtale under del III Miljøforvaltningas resultatområde.

Klima- og forureiningsdirektoratet utøvar følgjande roller for å medverke til å nå miljømåla:

  • overvake og informere om miljøtilstanden og utviklinga

  • utøve mynde og føre tilsyn etter forureiningslova, produktkontrollova og klimakvotelova

  • styre fylkesmennenes miljøvernavdelingar innan Klima- og forureiningsdirektoratet sitt ansvarsområde og vere klageinstans for Fylkesmannens vedtak etter forureiningslovgivinga

  • utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet

  • gjere tydeleg ansvaret til dei ulike samfunnssektorane for å oppfylle miljøpolitiske mål

  • delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og utviklingssamarbeidet på miljøområdet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og andre driftsutgifter for Klima- og forureiningsdirektoratet. Utgiftene omfattar blant anna husleige, reiser, internasjonalt arbeid, informasjon/formidling, kjøp av tenester, IKT-utgifter og drift av miljøinformasjonssystem (for eksempel Miljøstatus i Noreg, kvoteregisteret og Produktregisteret).

Klima- og forureiningsdirektoratet forvaltar fleire forskrifter som heimlar gebyr i samsvar med prinsippet om at forureinar skal betale. Utgiftene til forvaltning av desse ordningane er dekte over denne posten og dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4441, post 04. Dei aktuelle ordningane er:

  • konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta

  • tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av forskrift om klassifisering og merking mv. av farlege kjemikaliar

  • deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta

  • drift av EE-registeret, i medhald av avfallsforskrifta

  • forvaltning av klimakvoteforskrifta

  • eksport og import av avfall

Posten er føreslått styrkt med 2 mill. kroner til Klima- og forureiningsdirektoratet si drift og klimaarbeid.

Posten er auka med 1,4 mill. kroner i samband med auka kostnader til toksikologiske prøver. Dette er ei teknisk, budsjettmessig endring ved at midlane er flytta frå kap. 1400, post 21 til kap. 1441, post 01.

Posten er redusert med 2 mill. kroner til Klima- og forureiningsdirektoratets arbeid med nettløysinga for kommunane på miljøområdet. Det er gjort ei rammeoverføring, og posten er redusert med 4 mill. kroner i samband med at driftsansvaret for Miljøprøvebanken er overført til CIENS. Midlane er overførte til kap. 1410, post 70 nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta.

Posten er justert med 3,4 mill kroner på utgiftssida og på inntektssida kap. 4441, post 07, i samband med utviding av kvotesystemet.

Klima- og forureiningsdirektoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er Klima- og forureiningsdirektoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.

Posten dekkjer vidare utgifter til delar av fylkesmennene sitt arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. inntekter under kap. 4441 post 06. Inntektene blir tilbakeførte til fylka ved at Klima- og forureiningsdirektoratet utferdar belastningsfullmakt på denne posten til fylkesmennene. Klima- og forureiningsdirektoratet er ansvarleg nasjonal styresmakt og har koordineringsansvar for oppfølging og gjennomføring av REACH i Noreg.

F-gassforordninga

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK, PFK og SF 6 . Ordninga vil styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Forskrift vart fastsett i 2010 og ordninga vart etablert i 2011.

Løyvinga på posten blir ført vidare i 2012 med 15 mill. kroner i samband med driftinga av sertifiseringsordninga for bedrifter og teknisk personell som skal handtere fluorerte klimagassar til kuldetekniske formål. Kostnadene er dekte ved gebyr for sertifisering, og inntektene blir førte på kap. 4441 post 04 Gebyrinntekter. Kap. 1441, post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4441, postane 02 Gebyrinntekter – statleg kvotesletting, 04 Gebyrinntekter, 05 Leigeinntekter, 06 Gebyrinntekter, fylkas miljøvernavdelingar og 09 Internasjonale oppdrag, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten fordeler seg på følgjande område:

Lokalt klimaarbeid

Det blir vidareført 1,4 mill. kroner til arbeidet med lokalt klimaarbeid, under dette arbeidet med statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane (SPR). Føremålet med ei slik planretningslinje er å framheve omsynet til klima og energi, og å klargjere meir konkrete forventningar for klima- og energiplanlegginga.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Midlar til arbeidet med internasjonalt kjemikaliearbeid og til særlege prosjekt som følgjer opp forslag i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er ført vidare. Løyvinga skal blant anna nyttast til å styrkje internasjonal regulering av miljøgifter og kartlegging av miljøgifter. Posten er ført vidare med midlar til oppfølging av EØS/EUs nye kjemikalieregelverk REACH.

Farleg avfall – (beredskap)

Posten dekkjer utgifter Klima- og forureiningsdirektoratet kan få ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde

Det er vidareført 5,5 mill. kroner til arbeidet med heilskapleg forvaltning av norske havområde i 2012.

Heilskapeleg vassforvaltning

Midlar til tiltak i oppfølging av vassforskrifta er vidareført med 2 mill. kroner.

CO 2 -handtering

Det er vidareført 0,5 mill. kroner til kapasitet og kunnskapsoppbygging om CO 2 -handtering.

Utsleppsrekneskap – luft

Det er vidareført midlar til betring av rapportering og berekning av utsleppsrekneskap for klimagassar og andre utslepp til luft.

Kartlegging av klimagassutslepp

Posten er redusert med 1,5 mill. kroner til kartlegging av utslepp og opptak av klimagassar frå skog under Kyotoprotokollen.

Oppdrag og utgreiingar (FoU)

I tillegg dekkjer posten utgreiingar og vurderingar knytte til etaten sine saksområde. For 2012 gjeld dette i hovudsak arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og klima (blant anna overvaking, NO x -avtala).

Post 22 Spesielle driftsutgifter – statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for ei statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar. Formålet med ordninga er å gi verksemder og privatpersonar høve til å kompensere for eigne utslepp ved at dei betaler for utsleppsreduksjon ein annan stad. Ordninga gir publikum høve til å kjøpe og få sletta godkjente klimakvotar på ein enkel måte. Kvar kvote som blir sletta, inneber ein utsleppsreduksjon på 1 tonn CO 2 . Ordninga skal vurderast i løpet av året, og Klima- og forureiningsdirektoratet skal prioritere sal mot private bedrifter.

Kvotane skal seljast med eit påslag som skal dekkje administrative kostnader inkludert etablerings- og investeringskostnader. Klima- og forureiningsdirektoratet vil gjere nødvendige justeringar av administrasjonspåslaget slik at sjølvkostprinsippet blir ivareteke, og tilpasse påslaget til ressursbruken knytt til ulike avtaler om sal av klimakvotar. Det er lagt til grunn ein pris på EUA-kvotar på 110 kroner og CER-kvotar på 85 kroner. Prognosane tilseier eit sal av 15 000 kvotar for 2012.

Det er foreslått ei løyving på 2,025 mill. kroner for 2012. Løyvinga for budsjettet for 2011 var det same.

Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4441 post 02, jf. vedtak II nr. 1.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast

Posten er knytt til resultatområde 9, Giftfritt miljø.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med farlege miljøgifter. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og føre vidare arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Løyvinga er redusert for 2012 i forhold til løyvinga for 2011, men det er sett av midlar til dei høgast prioriterte oppryddingstiltaka. Fokus vil vere oppfølging av handlingsplanane for opprydding i sjøbotn og forureina jord i barnehagar. Posten dekkjer dessutan opprydding i Vansjø, Jæren og Haldenvassdraget.

Vidare dekkjer posten utgifter til opprydding frå gruver der Miljøverndepartementet er eigar. Miljøverndepartementet er eigar av avgangsdeponiet ved Knaben gruver der det i dag blir gjennomført tiltak. Omfattande opprydding av forureina sjøbotn er gjennomført i Kristiansand, Oslo, Stamsund og ved Killingdal gruver i Trondheim.

I Tromsø er opprydding godt i gang og vil bli avslutta inneverande år. I perioden 2012/2013 er det venta oppstart av tiltak i Harstad, Trondheim (hamneområda) og Sandefjord. Redusert løyve vil likevel kunne påverke framdrifta i arbeidet. Som nemnt ligg prinsippet om at forureinar betalar til grunn for arbeidet med opprydding av forureina sjøbotn, og så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sjøbotn. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak som for eksempel:

  • Der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.

  • Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.

  • Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.

  • Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling.

  • Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område.

  • Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.

Posten er redusert med 18,8 mill. kroner. Det er foreslått at Miljøverndepartementet i 2012 kan inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet, post 39 Oppryddingstiltak, men slik at samla ramme for nye forpliktingar og gammalt ansvar ikkje overstig 25 mill. kroner. Fullmakta til å inngå forpliktingar kan nyttast til innkjøp av både tenester og materiell og å til å gi eventuelle tilsegner om tilskot, jf. vedtak VIII.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet og anna kunnskapsoppbygging.

Post 71 Tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet

Tilskotsordningane til frivillige miljøorganisasjonar og tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk er sett i samanheng og lagt om, jf. omtala under kap. 1400 post 70 og 73. Ein del av omlegginga inneber at frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftingar med ei utprega forureiningsfagleg avgrensing er flytta til denne nyoppretta posten under kap. 1441. Posten omfattar tilskot til Norsk vannforening, Norsk forening mot støy, tilskot til LOOP og Avfall Norge si «Hold Norge Rent»-kampanje.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota til frivillige organisasjonar blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonanes aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane. For 2012 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2011.

Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot.

Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving

Vrakpantordninga rettar seg mot resultatområde 9, Giftfritt miljø. Dei siste åra har det vore innlevert omlag 110 000 bilvrak årleg. Det er venta at innsamlingsnivået held seg stabilt i 2012.

Mål

Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er no ein del av avfallsforskriftas kapittel 4 om kasserte køyretøy. Sjølv om ansvaret er lagt på produsentar og importørar, vil Regjeringa inntil anna er avgjort vidareføre dagens statlege avgifts- og panteordning.

Tildelingskriterium

Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2012 blir auka frå 1500 kroner til 2000 kroner for å ta hensyn til generell prisvekst over fleire år.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde 9, Giftfritt miljø, 10 Rein luft og 11 Stabilt klima. Posten dekkjer dessutan utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane.

Det har vist seg vanskeleg å stipulere utbetalingar til ordninga og overslaga har variert.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje, transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak , kap. 5542 post 71.

Kriterium for måloppnåing

Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i underkant av 90 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2010 var total mengd innsamla spillolje på om lag 38 000 m 3 , av dette i underkant av 24 000 m 3 med rett på refusjon. Det er ikkje rekna med vesentleg endring i mengd innsamla spillolje i 2012. Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer med meir) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av blant anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Klima- og forureiningsdirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Klima- og forureiningsdirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)

Mål

Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og den er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.

Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak . Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore få utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert. Det er ikkje venta vesentlege endringar i 2012.

Tildelingskriterium

TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kroner per kilo, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjende av Klima- og forureiningsdirektoratet.

Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil ein vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre refusjonsordninga eller om ein kan sikre innlevering av TRI-haldig avfall på andre måtar.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege hjelpemedium og mindre bruk av dei mest skadelege HFK/PFK-gassane, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har større mengder HFK- og PFK-haldig avfall.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Klima- og forureiningsdirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3.

Post 80 Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål

Miljømerking er eit viktig ledd i ein førebyggjande miljøvernpolitikk og gir informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Miljømerking er òg viktig for å fremje miljøtiltak langs heile produktkjeda, frå uttak av råvarer til produktet blir avfall. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svanen og Blomsten er eit viktig supplement til lovpålagte krav. Ordningane er nærare omtalt i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon.

Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking.

Kriterium for måloppnåing

Miljøverndepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med utvikling av miljøkriterium slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning, slik at forbrukarane får betre høve til å gjere miljørette val. Dette vil blant anna vere produktgrupper der innhald av helse- og miljøfarlege stoff og klimagassar er eit problem. Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor dei områda der det er utvikla kriterium og til å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden. Merkinga tek òg omsyn til klima ved utviklinga av kriterium.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på verksemda sitt resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Kap. 4441 Klima- og forureiningsdirektoratet

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

02

Inntekter, statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

499

2 161

2 161

04

Gebyr

33 898

40 759

40 759

05

Leigeinntekter

411

333

343

06

Gebyrer, fylkas miljøvernavdelingar

15 493

22 000

22 000

07

Gebyrinntekter (Kvotesystemet)

6 845

7 200

10 600

09

Internasjonale oppdrag

7 144

5 779

5 958

16

Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar

4 187

18

Refusjon av sjukepengar

2 972

Sum kap. 4441

71 449

78 232

81 821

Post 02 Inntekter – statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

Post 02 Inntekter, statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar har ei løyving på 2,161 mill. kroner i budsjettet for 2012, det same som i saldert budsjett 2011, jf. omtale under kap 1441 post 22 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar.

Post 04 Gebyrinntekter

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet. Posten omfattar Klima- og forureiningsdirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå utferding av sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (forskrift om fluorerte gassar). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF 6 gjennom krav til blant anna lekkasjetesting og kvalifikasjonar til teknisk personell

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta)

  • gebyr for tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av forskrift om klassifisering og merking mv. av farlege kjemikaliar

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Klima- og forureiningsdirektoratet kjøp av tenester ved drift av systemet

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som omset elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar anten å ha eit eige retursystem som tek seg av desse produkta når dei blir avfall, eller å melde seg inn i eit kollektivt retursystem som tek seg av desse forpliktingane på deira vegner

  • gebyr for eksport- og import av avfall. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette.

I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel:

  • Gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt. Biociddirektivet vart ein del av EØS-avtala i 2003 og har blitt implementert i norsk lovverk gjennom biocidforskrifta. Biociddirektivet krev at nasjonale styresmakter etablerer gebyrordningar som dekkjer dei kostnadene styresmaktene har ved gjennomføring av direktivet.

Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 05 Leigeinntekter

Inntektene omfattar dei leigeinntektene Klima- og forureiningsdirektoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 06 Gebyrinntekter – fylkas miljøvernavdelingar

Forureiningsforskrifta vart frå 2007 endra slik at Fylkesmannen kan krevje gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. Fylkesmannens gebyrinntekter er førte under denne posten. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 07 Gebyrinntekter (kvotesystemet)

Klima- og forureiningsdirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Klima- og forureiningsdirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 8 i kvoteforskrifta skal Klima- og forureiningsdirektoratets kostnader ved dette arbeidet finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Det er ikkje knytt meirinntektsfullmakt til denne posten.

Klima- og forureiningsdirektoratet har òg ansvaret for å etablere og drifte det elektroniske kvoteregisteret. Få 1. januar 2012 vil óg utslepp av CO 2 frå luftfart vere omfatta av kvoteplikta.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene er knytte til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid med Utanriksdepartementet, Norad og andre. Inntektene skal nyttast til for eksempelinstitusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp, jf. kap. 1441 post 01 Driftsutgifter. Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1445 Miljøvennleg skipsfart

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter

3 930

4 000

4 000

Sum kap. 1445

3 930

4 000

4 000

Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon IMO, EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. I tillegg skal direktoratet medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten medverkar til å dekkje lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO 2 , NO x og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Det arbeidast for ein ny konvensjon som tek sikte på forsvarleg opphogging av skip. Vidare dekkjer posten midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.

Kap. 1447 Miljøomsyn i offentlege innkjøp

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter

13 316

18 000

18 000

Sum kap. 1447

13 316

18 000

18 000

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) vart oppretta under Fornyings- og administrasjonsdepartementet frå 1. januar 2008. Eitt av hovudarbeidsområda for direktoratet vil vere å leggje til rette for samfunnstenlege, kostnadseffektive og kvalitetsretta offentlege innkjøp og arbeide for at miljøbelastninga knytt til offentlege innkjøp blir minimert. Miljøbevisste offentlege nyskaffingar vil vere hovudarbeidsområdet til direktoratet innafor Miljøverndepartementets ansvarsområde. Det vil vere heilt sentralt for direktoratet å sikre at miljøomsyn blir integrerte som ein naturleg del av den generelle innkjøpspolitikken i all offentleg verksemd. Direktoratet har ansvar for å følgje opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar på dei områda som gjeld miljøomsyn.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal medverke til å dekkje lønn til faste stillingar og driftsutgifter for Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sitt arbeid med miljøbevisste offentlege nyskaffingar og miljøleiing. Dette vil omfatte ansvar for å vidareutvikle verkemiddel og sikre at handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar blir gjennomført i praksis, under dette å fremje bruken av miljøleiingsystem i stat og kommune, og vidareføringa av Grøn stat.

Krav til miljøomsyn i offentlege bygg er ein del av handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar. Bygg- og anleggsbransjen står for rundt 40 pst. av samfunnets ressurs- og energibruk. Her er det høve til store miljøforbetringar, særleg ved energieffektivisering dersom dei riktige krava blir stilte. Direktoratet for forvaltning og IKT vil styrkje innsatsen på dette området blant anna til bistand i anbodsprosessar, utarbeiding av miljøkriterium knytte til bygg m.m.

Kompetanseoppbygging er eit heilt sentralt element i handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar og det er etablert ei fagleg støtteteneste (knutepunkt) i kvart fylke/region som skal hjelpe offentlege verksemder i den operative gjennomføringa. Posten skal vidare dekkje drifts- og utgreiingsmidlar, informasjon, faglege råd til Miljøverndepartementet som grunnlag for politikkutforming, bistand til Miljøverndepartementet i internasjonalt arbeid på området og formidling relatert til miljøspørsmål. Direktoratet skal setje i verk Regjeringas politikk på områda miljøansvar ved offentlege nyskaffingar og miljøleiingssystem.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) skal vere eit nasjonalt kompetansesenter for miljø- og samfunnsansvarlege offentlege anskaffingar. Vidare skal den fylkesfaglege støttetenesta, knutepunkta, og arbeidet med miljøleiing i statlege etatar vidareførast. Miljøvennlege offentlege byggherrar skal òg styrkjast og direktoratet skal kartleggje potensialet for innovative, offentlege anskaffingar, deriblant å auke det offentlege sin kompetanse på metodikk og tiltak for å gjennomføre anskaffingar som fremjar utvikling av miljøteknologi.

Kap. 1448 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

11 000

11 214

Sum kap. 1448

11 000

11 214

Rolle og oppgåver for Statens strålevern:

Statens strålevern er Miljøverndepartementets direktorat på området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet, og forvaltar som ledd i dette dei delane av stråle- og miljøvernlovgivinga som regulerer dette fagområdet. Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet. Dette blir gjennomført i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø.

Resultat frå dei nasjonale programma for overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet viser ingen dramatiske endringar i nivå eller trendar. Nivåa av technetium-99 langs norskekysten viser vidare nedgang som følgje av reduserte utslepp frå Sellafield etter 2002. Den marine delen av overvakingsprogrammet er revidert noko med sikte på tilpassing til arbeidet med forvaltningsplanane og til arbeidet med å utvikle ei ny avtale om marin overvaking i OSPAR. Strålevernet deltek i leiinga av komiteen i OSPARs radioaktivitetskomité (RSC) i perioden 2009-2011 og leiar ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norskrussiske miljøvernkommisjonen.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Giftfritt miljø.

Statens strålevern si fremste oppgåve er å styrkje forvaltning og rådgivingsverksemd under Miljøverndepartementets ansvarsområde. Dette omfattar kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar, arbeide med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs målsetjingar og formidling. Midlane i 2012 vil i første rekkje bli brukte til å implementere ny miljøforskrift, intensivere arbeidet med ny forvaltningsplan for nordområda og samarbeid i ekspertgruppa under den norskrussiske miljøkommisjonen.

Posten dekkjer utgifter som Statens strålevern har til lønn og godtgjeringar for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytt til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytt til etatens samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.