Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 1 Levande hav og kyst, 5 Storslått fjellandskap og 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Regjeringa prioriterer høgt å styrkje forsking og overvaking i polarområda som ledd i å følgje globale miljøendringar og effektane av desse, og auka fagleg aktivitet ved Framsenteret i Tromsø. Samtidig vil kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde vere viktig. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald. Det er behov for å framskaffe ny kunnskap om viktige delar av Barentshavets økosystem, bl.a. påverknaden frå klima, miljøgifter og hausting. Kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, arter som er sentrale for forvaltninga av Svalbard som villmarksområde, og raudlistearter som har regelmessig opphald på Svalbard, vil ha prioritet. Langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil ha særleg fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for klima, miljøgift og økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har dessutan eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene.

Arbeidet med gjennomføring av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er prioritert av Regjeringa. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innanfor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanane skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i dei norske havområda blir sikra for kommande generasjonar.

Framsenteret i Tromsø, Nordområdesenteret for klima- og miljøforsking, har etter den offisielle opninga i september 2010 vore inne i ein aktiv etableringsfase. Det er til saman 19 norske institusjonar som tek del i senteret, og det faglege forskingsarbeidet er godt i gang på alle dei fem tematiske flaggskipsområda (ref. kap. 1474).

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

         

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

1471

Norsk Polarinstitutt

246 510

246 520

246 414

0,0

1472

Svalbard miljøvernfond

13 164

11 730

11 730

0,0

1473

Radioaktiv forureining av det ytre miljø

11000

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning

13 941

37 023

37 099

0,2

Sum kategori 12.60

284 615

295 273

295 243

0,0

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

189 162

184 127

186 521

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

56 924

61 895

59 395

50

Stipend

424

498

498

Sum kap. 1471

246 510

246 520

246 414

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93) Norsk polarforskning , fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare:

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse i miljøforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • ivareta forvaltningas kunnskapsbehov

  • fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan det bilaterale norskrussiske miljøvernsamarbeidet

  • fokusere forskinga si på klimaprosessar og klimaendringar, effektane av desse på naturen, og økotoksikologi i Arktis og Antarktis

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • leie Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av Barentshavet og havområda utanfor Lofoten

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Framsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg

  • drive utovervend informasjon om polarområda, blant anna gjennom samarbeid med Polaria.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst 5, Storslått fjellandskap og 11 Stabilt klima.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd, inklusive satsinga på ICE (Senter for is, klima og økosystem).

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr.1.

Midlar til arbeidet med gjennomføringa av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er vidareført med 3 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot Internasjonalt samarbeid. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Noreg deltek òg i viktige klimaforskingsprosjekt. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat og utgifter til flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II nr.1.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 1 Levande hav og kyst, 5 Storslått fjellandskap og 11 Stabilt klima.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Sals- og utleigeinntekter

6 922

9 107

9 389

03

Inntekter frå diverse tenesteyting

51 482

50 192

51 748

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 066

18

Refusjon av sjukepengar

1 187

21

Inntekter, Antarktis

10 278

11 211

11 559

Sum kap. 4471

70 935

70 510

72 696

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Overføring til Svalbard miljøvernfond

13 164

11 730

11 730

Sum kap. 1472

13 164

11 730

11 730

Svalbards miljøvernfond er føresett oppretta i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005.

Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for kort og for felling i samband med hausting, gebyr for teoretisk eksamen ved jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Svalbards miljøvernfond har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond.

Inntektene til fondet gir grunnlag for tildeling til dei formåla som skal dekkjast av fondet i samsvar med svalbardmiljølova.

Post 50 Overføring til fondet

Posten er knytt til Internasjonalt samarbeid. Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond

13 158

11 705

11 705

Sum kap. 5578

13 158

11 705

11 705

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Posten er knytt til Internasjonalt samarbeid. Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med Svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

       

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter , kan nyttast under postane 50 og 70

659

4 023

4 099

50

Tilskot til stateleg mottakarar , kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70

13 282

13 000

13 000

70

Tilskot til private mottakarar , kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50

20 000

20 000

Sum kap. 1474

13 941

37 023

37 099

Midlane under dette kapitlet skal gå til å utvikle vidare og styrkje kunnskap om klima og miljø som vil setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte. Betre kunnskap om klima og miljø er av stor betydning for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet.

Kap. 1474 vart styrkt med 20 mill. kroner i 2011 og løyvinga vert ført vidare på dette nivået. Dette vil styrkje den faglege aktiviteten innanfor ramma av dei fem faglege satsingsområda (flaggskipa).

Desse er:

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Havforskingsinstituttet

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk Institutt for Luftforsking

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

Midlane under denne posten skal nyttast til felles føremål for Framsenteret. Det gjeld særleg:

  • drift, fellesfunksjonar og administrasjon av senterbygget i Tromsø, ved driftsselskapet Framsenteret AS

  • sekretariat for Sentermøtet, det høgaste organet i Framsenteret

  • felles profilering og formidling av senteret

  • insentivmidlar som kan byggje fellesskap og kontaktar på tvers av fag- og institusjonsgrenser, og på tvers av dei fem tematiske flaggskipa

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70

Midlane skal gå til dei statlege partnerane i Framsenteret, til etablering av ny forsking i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid innanfor rammene av den faglege hovudsatsinga for senteret. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50.