12 Resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar

Høge fossefall og skummande stryk, store innsjøar og små idylliske tjern. Dette er viktige element i vår rike og mangfaldige vassdragsnatur som gir grunnlag for naturoppleving, rekreasjon, friluftsliv og andre økosystemtenester som reint drikkevatn og arter som kan haustast. Noreg har omlag ein halv million innsjøar og vatn av ulik storleik, og i Finnmark åleine finn vi meir enn 180 000 slike. Ni av verdas 20 høgaste fossar finst i Noreg.

Alle elvar og innsjøar er ein eineståande verden av levande organismar, nøyaktig tilpassa til omgivnadene og kvarandre. Vassdraga blir ofte omtala som livsnervane i naturlandskapet. Elvane er ein føresetnad for fordeling av vatn og næring til livsmiljøet i store omliggjande naturområde.

Vassdraga er og har vore svært viktige for verdiskaping. Dei store elvane har frå gammalt av spela ein sentral rolle for busetjing og utvikling av lokalmiljø og landsdelar. I vassdrag var det ofte rike førekomstar av fleire arter av fisk, vassvegen ga gode høve til transport og produksjon av kraft førte til at det langs vassdraga vaks fram lokalsamfunn basert på industri driven av vatn.

Nasjonale mål – Livskraftige elvar og innsjøar

2.1. Utryddinga av truga arter i ferskvatn skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til ferskvatn.

2.2. Alle vassførekomstar skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand eller godt økologisk potensial der dette er relevant i løpet av 2021.

Indikatorar:

  • Talet på vassførekomstar som tilfredsstiller miljømåla i vassforskrifta og vedtekne vassforvaltningsplanar.

  • Talet på gjennomførte vilkårsrevisjonar av dei som er forfalne til revisjon.

  • Talet på vedtekne vassforvaltningsplanar.

  • Talet på restaurerte vassførekomstar.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt og utvikling i talet på dispensasjonar under motorferdslelova.

2.3. Ingen vassførekomstar skal nedklassifiserast (bli dårlegare) som følgje av auka tilførsel av næringssalt eller partiklar frå ny aktivitet, jf. krava i vassforvaltningsforskrifta.

Indikator:

  • Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsel av næringssaltar eller partiklar.

2.4. Alle bestandar som kan haustast av dyr og planter i ferskvatn skal vere forvalta økosystembasert og hausta berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Talet på arter der hausting eller anna uttak er ein viktig faktor.

2.5. Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på utvalde naturtypar knytt til ferskvatn.

2.6. Varig vern skal oppretthaldast og eit representativt utval av vassdragsnatur skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkludert årleg endring) fordelt på naturtypar knytte til ferskvatn.

2.7. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikator:

  • Talet på og del av verneområda som er truga.

2.8 Dei mest truga artene i ferskvatn skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter og bestandsutviklinga for desse.

2.9. Dei ville laksebestandane, under dette det genetiske mangfaldet, skal sikrast slik at dei opptrer i levedyktige bestandar i sine naturlege leveområde.

Indikatorar:

  • Grad av oppnåing av gytemåla for stammene.

  • Stammene sin genetiske integritet.

  • Prosentvis hausting av den enkelte villaksstamma i høve til naturleg haustingspotensial.

2.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjempings/utryddingstiltak fordelt pr. art og fylke.

  • Talet på handlingsplanar utarbeidde og sette i verk for allereie introduserte, skadelege organismar.

2.11. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Talet på tilfelle der det er påvist mengder GMO over tillatne grenseverdiar.

2.12. Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvatn som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan utgangen av 2021.

Indikatorar:

  • Delen av norske vassførekomstar som har god kjemisk og økologisk tilstand.

  • Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar.

2.13. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging av 100-metersbeltet langs vassdrag og innsjøar.

Indikatorar:

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i 100- metersbeltet langs vassdrag.

  • Talet på nybygg langs vassdrag i medhald av plan i LNFR-område.

Tilstand

Om lag 5 pst. av arealet i Noreg er dekt av ferskvatn i eit rikt mangfald av bekker, elvar, dammar, innsjøar og andre vassførekomstar. I tillegg kjem grunnvatn som ein viktig føresetnad for livet på landjorda. Vassystema er prega av mange små innsjøar og raskt strøymande elvar. Nesten alle dei store vassdraga startar i fjellet, og norske elvar er derfor prega av fossar og stryk. Glomma og Tana er dei einaste vassdraga som nærmar seg det ein kan kalle ei flod. Vi finn dei fire djupaste innsjøane i Europa i Noreg. Alle desse er djupare enn 450m.

Innhaldet av kalk i ferskvatn og surleiksgraden (pH) i vatnet er ein av dei viktigaste faktorane for kva slag arter av planter og dyr som vil trivast i vatnet. Mangfaldet av arter er generelt sett høgare i vatn med høgt kalkinnhald, sjølv om dei mest kalkrike innsjøane (kalksjøar) ofte har lågt mangfald av vassplanter. Berggrunn og jordsmonn på Sørlandet og Sørvestlandet har liten evne til å nøytralisere tilførsler av forsuring, og sur nedbør må difor kompenserast ved kalking. Artsmangfoldet er vidare normalt høgare i næringsrike vassførekomstar enn i næringsfattige. Ferskvatn i fjellet har lågt mangfald av arter grunna kort vekstsesong og derfor låg produksjon. Andre viktige miljøfaktorar i ferskvatn er straumtilhøve, temperatur og substratet sin kornstørrelse. Karplanter finnast hovudsakeleg på blaut botn med fin grus, sand, silt eller leire. På hard botn med fast fjell, store stein og grov grus slik som i dei fleste elvane i Noreg er det få eller ingen karplanter som greier å overleve. Her finn vi mest mosar, algar og dyr. Det er store forskjellar på kva slag arter vi finn i elvar og innsjøar, men elveløp som flyt roleg kan innehalde mange av dei same artene som ein finn i innsjøar. På same måten som i havområda finn vi eit mykje høgare mangfaldet av arter på botnen enn i dei frie vassmassane.

Om lag 2800 dyrearter lever heile eller delar av livet sitt i ferskvatn. Dette omfattar mange dyregrupper som fisk , amfibium, insekt, krepsdyr og ei rekkje arter av dyreplankton. Vi finn flest arter av insekt og krepsdyr. Det er registrert 45 arter av ferskvassfisk. Døme på fisk i ferskvatn er aure, røye, åbor og gjedde. Den atlantiske villaksen er nok den fiskearten som flest har eit høve til, som til dømes god mat på bordet og som grunnlag for verdiskaping eller natur- og fiskeopplevingar og rekreasjon. Noreg er i dag eitt av laksens viktigaste leveområde, og vi finn om lag ein tredel av all atlantisk villaks i Noreg. Bestandane finst langs heile kysten frå svenskegrensa i sør til grensa mot Russland i nord. Tanavassdraget er verdas mest produktive laksevassdrag. Villaksen er spesiell ved at den i løpet av livet har opphald både i ferskvatn og havvatn. Lakseyngelen veks opp i ferskvatn, men etter to til fire år gjennomgår yngelen ei forvandling til smolt, blir blank og vandrar aktivt med straumen ut frå elva til oppvekstområde ute i havet. Etter eitt til tre år i havet kjem laksen tilbake til den same elva som den vandra ut frå for å gyte. Slik tek kvar enkelt laksebestand vare på dei eigenskapane som sikrar best overleving i den elva dei høyrer heime i. Ei viss feilvandring til andre elvar motverkar innavl, og gjer at laksen kan ta i bruk nye område.

Alle dei seks artene av amfibium i Noreg er knytte til ferskvatn. Stor salamander er avhengig av små dammar utan fisk i for ynglinga si, særleg er gardsdammar godt eigna. I dag er mange gardsdammar grodde eller fylte igjen, og stor salamander er ei truga art hovudsakeleg fordi den har mist svært mange av yngleområda sine. For om lag 80 fuglearter er ferskvatn viktig føde og/eller reproduksjonsområde. Døme på fugl knytt til ferskvatn er ulike arter av ender og gjæser, og fossekall som er kåra til Noregs nasjonalfugl av Ni-timen. Hegre og trane er store og majestetiske fuglar som det ei oppleving å få sjå. Bever og oter er to arter av pattedyr som lever i eller nært knytt til bekkar og vatn. Beveren, som er vår største gnagar, er ofte kalla skogens entreprenør grunna sine dammar og hytter i vassdraga. Oteren er eit fascinerande rovdyr som lever i både fersk- og saltvatn. Men når den held til i marine miljø må den ha tilgang til ferskvatn for å drikke og for pelspleie. Oterens viktigaste føde er fisk.

Dei fleste plantene i innsjøar har røtene i oksygenfatting miljø, og har derfor utvikla luftekanalar og store hol i stenglar og blad der oksygen blir produsert og transportert. Ulike sumpplanter og planter med blad og blomster i eller rett under vassoverflata er det første ein legg merke til av vassplanter. Døme på slike arter er den vakre kvite nøkkerosa, ofte kalla vasslilje, og store samlingar av sumpplanter som flaskestarr, elvesnelle og dunkjevle. Totalt 97 karplanter er registrerte i ferskvatn. I tillegg finn vi ei rekkje arter av planteplankton som lever i dei frie vassmassane og algar og sopp som er festa til botn eller til andre planter og dyr. Dei fleste fiskarar har vel lagt merke til at garn blir tildekte av eit brungrønt belegg om dei får stå i vatnet ei tid. I slike tilfelle har påvekstalgane vore på ferde. Planteplankton er den mest artsrike gruppa i ferskvatn med minimum 1050 arter. I næringsfattige innsjøar med klart vatn kor lyset når langt ned finn vi små planter med ein bladrosett ved grunnen. Desse veks på botnen, ofte på fleire meters djup. Døme på slike arter er brasmegras og botnegras.

I elvar får plantene rikeleg med oksygen og lys, men straumen slit på vegetasjonen, og gjer at frø og planterøter har vanskar med å feste seg til underlaget. Ulike algar og mosar har greidd å tilpasse seg dette barske miljøet. Alle som har prøvd å gå i ein elv, veit kor vanskeleg det er å halde seg på beina på dei glatte og sleipe steinane. Dette sleipe laget består av mikroskopiske algar, blant anna kiselalgar som er ein type algar med kiselskal. Trådforma grønalgar er talrike i rennande vatn. Dei er mikroskopiske, men lette å legge merke til fordi dei ofte opptrer i store mengder. Ein reknar med at det finst minimum 900 arter av fastsitjande algar i rennande vatn i Noreg. Vi finn mosar i alle storleikar i rennande vatn, frå små såkalla levermosar som er vanskelege å sjå utan lupe, til vanleg elvemose som kan bli eit par meter lang. I mosevegetasjonen er det ein rik fauna av smådyr som til dømes ulike insektlarver og fiskeyngel. Ifølgje Naturindeksen for Noreg er tilstanden for naturmangfald i ferskvatn samla sett god med ein indeks på 0,78. Tilstanden i ferskvatn er betra sidan 1990. Tal i Vass-Nett-karakteriseringa etter vassforskrifta viser at nær halvparten av vassførkomstane i Noreg har ein mogleg risiko for ikkje å oppnå miljømålet god tilstand eller betre innan 2021.

Om lag 7 pst.(267 arter) av dei truga artene har meir enn 20 pst. av bestanden sin i ferskvatn. Av kransalgane er 17 av 20 arter truga. Også ein stor del av amfibia (67 pst.) og augestikkarane (37 pst.) er med på Norsk raudliste for arter 2010. Billa elvesandjeger er døme på ei truga art som lever nært knytt til ferskvatn ved at den lever og jaktar på elvebreidder som blir overfløymd med jamne mellomrom. Elvesandjegeren likar ikkje kraftutbyggingar eller andre inngrep på og ved elvebredda som grustak og vegbygging. Døme på andre truga arter i ferskvatn er karplantene korsandemat og mjukt havfruegras, glasskivesnigel, edelkreps, og damfrosk. Dei to mest artsrike dyregruppene i ferskvatn, hjuldyr (288 arter) og fjørmygg (505 arter), er ikkje vurderte grunna manglande kunnskap om utbreiing. Villaksen er ikkje truga, men talet på laksebestandar har gått kraftig tilbake og mange bestandar er truga eller sårbare. Om lag 45 norske laksebestandar er utrydda, og ein tredel av dei 401 laksebestandane som er igjen er truga. Av pattedyr knytte til ferskvatn er oteren truga. Elvemuslingen held til i låglandet i elvar med stille til middels straum. Dei finst på dei fleste typar substrat, og lever av mikroorganismar dei filtrerar frå vatnet med gjellene sine. Larvane til elvemuslingen lever parasittisk i gjellene til laks eller aure og er avhengig av vertsfisken for å spreie seg. Bestanden i Noreg er av dei beste i verda, men han er likevel rekna som sårbar. Særleg sør for Dovre minkar bestanden, mykje fordi det ikkje skjer formeiring i stor nok grad. Dette har fleire årsaker, blant anna endringar i vertsdyrbestandane og at dei individa som finst er over formeiringsdyktig alder.

Vi finn sju naturtypar i ferskvatn på Norsk raudliste for naturtyper 2011. Døme på truga naturtypar er kalksjøar og klare kalkfattige innsjøar.

Om lag 15 pst. av ferskvatn er verna etter naturmangfaldlova. Gjennom Verneplan for vassdrag er 388 vassdragsområde verna mot vassdragsutbygging. Dette dekkjer 38 pst. av nedbørfelta i norsk vassdragsnatur.

Billa elvesandjeger er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova, og kalksjøar har fått sin eigen kongelege resolusjon som utvalt naturtype.

Det finst ei rekkje innsjøar og elvar på Svalbard. Innsjøar og mindre vatn finst særleg på strandflatene på Vest-Spitsbergen, og ikkje minst på Bjørnøya som har ca. 700 vatn. I tillegg finst ei rekkje større breelvar. Mange av vatna manglar avløp til sjøen, og er oftast isfrie berre 2-3 månader i året. Saman med tilgrumsing av breslam gjer dette at produksjonen av planteplankton og botnvegetasjon er låg. Dyrelivet i vatn og vassdrag er derfor avhengig av tilført plantemateriale frå landjorda. I tillegg til ein- og fleircella algar førekjem ein del små krepsdyr, og dessutan insektlarver, særleg fjørmygg og stadvis ei vårflugeart. Det er derfor berre nokre få dyrearter som hentar delar av næringa si i ferskvatn på Svalbard. Forutan svalbardrøye som er einaste ferskvassfisk, gjeld dette fjøreplytt, lommer, havelle, praktærfugl og ærfugl. Røye finst i mange mindre vassdrag og over 100 sjøar over heile Svalbard. Nokre bestandar vandrar ut i havet, mens andre er stasjonære. Dei store elvane på Svalbard er breelvar med eit svært høgt innhald av slam. Her finst inga røye, og artsmangfaldet er svært lågt. Svalbardrøya som art kan vere over 100 000 år gamal, og stasjonær Svalbardrøye er truleg blant verdas eldste røyebestandar.

Påverknader

Endringar i arealbruk eller vassføring i nedbørfeltet eller i artene sitt leveområde er, i tillegg til forsuring, introduksjonar av framande organismar og avrenning frå landbruket, den viktigaste trusselen mot artene i elvar og innsjøar. Fysiske inngrep inkluderer gjenfylling av dammar og lukking av bekker, mudring, dumping og utfylling i strandsona og ikkje minst vassdragsreguleringar. Om lag 1/3 av innsjøarealet er påverka av vasskraftutbygging, og 15 av Noregs 20 høgaste fossefall er regulerte. Inngrep i form av vegar, drenering og gjenfylling er ein særskilt trussel mot mindre vassførekomstar. KOSTRA-tal for dispensasjonar frå byggjeforbod i 100-metersbeltet langs vatn og vassdrag viser at det i 2010 vart gitt 319 dispensasjonar. Dette er noko høgare enn dei siste åra då tala har vore på mellom 150 og 200. For hovuddelen av kommunane er det likevel ingen auke i tala. Det vart gitt 148 byggjeløyve i medhald av plan i 2010, mot 93 i 2009. Nivået for forsuring av ferskvatn er framleis over tolegrensa i 10 pst. av Noregs landareal, sjølv om forsuringssituasjonen har blitt betre dei 10-15 siste åra. Det er særleg område på Sørlandet og Vestlandet som framleis er påverka av forsuring, og dette har gjennom fleire tiår ført til store skadar på plante- og dyrelivet i ferskvatn. Mange sniglar og amfibium er gått tapt i store areal på Sørlandet, og det er anslått at 94 pst. av totalt 47 kjende bestandar av elvemusling i Vest- og Aust-Agder er borte. For enkelte grupper av vassplantar er meir enn 50 pst. av dei opphavlege artene tapt frå delar av dei mest forsura vassdraga i Sør-Noreg.

Forureining som følgje av tilførsel av næringssalt (overgjødsling) er framleis eit betydeleg forureiningsproblem, særleg i område med tett busetnad og landbruksintensive område. Dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri.

Spreiing av framande organismar er eit alvorleg trugsmål mot norske vatn og vassdrag, og lakseparasitten Gyrodactylus salaris, signalkreps, ørekyte, gjedde og sørv er døme på arter som har hatt negative konsekvensar på økosystema i ferskvatn. Skadar skuldast både at dei introduserte artene påverkar økosystema negativt og at dei fører til alvorlege sjukdommar hos dei opphavlege artene.

Dei historiske truslane mot dei ville laksestammene, som til dømes sur nedbør, vasskraftutbygging og andre inngrep i vassdrag blir i dag motverka på ein effektiv måte og vil truleg ikkje føre til ytterlegare nedgang i laksestammene. Også lakseparasitten Gyrodactylus salaris kan handterast, men her må innsatsen for å nedkjempe parasitten vidareførast. Hovudutfordringane for laksen i dag er lakselus og innblanding av oppdrettslaks i dei ville stammene.

Påverknaden på elvar og innsjøar på Svalbard som følgje av inngrep og arealbruk er minimal. Tidlegare vart røyebestandar stadvis utsette for rovfiske med garn. I dag blir det fiska mellom 200 og 400 røyer årleg. Røya på Svalbard er òg utsett for miljøgifter. Det klaraste eksemplet finst i Ellasjøen på Bjørnøya. Her er nivået av PCB i røye så høgt at det ikkje er tilrådeleg å ete storfisk. Verdiane er av dei høgaste som nokon gong er målte i Arktis.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Heilskapleg vassforvaltning

Rammedirektivet for vatn forpliktar Noreg til å utarbeide vassforvaltningsplanar for heile landet. Vassforvaltningsplanar for alt ferskvatn og grunnvatn i dei 11 vassregionane skal vere vedtekne innan 2015. Formålet med planane er å ta vare på eller forbetre miljøtilstanden i alle elvar, innsjøar, grunnvatn og kystnære område, og sikre ei heilskapeleg og økosystembasert forvaltning av alle vassførekomstar i Noreg. Dei første forvaltningsplanane vart vedtekne av Kongen i statsråd i juni 2010. Desse planane dekkjer om lag 20 pst av vatnet i Noreg. I 2012 vil arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar for resten av vatnet fortsette, samtidig som vedtekne tiltak i dei første vassforvaltningsplanen skal settast i gang.

Arbeidet med heilskapelege vassforvaltningsplanar krev betydelege ressursar i fylkeskommunane, kommunar, hjå Fylkesmannen og i dei andre statlege etatane. Ein del av tiltaka medfører store kostnader for den enkelte sektor, til dømes innan avløp og kloakk, avrenning frå landbruksverksemd, og nedkjemping av framande organismar. Det blir viktig å finne fram til dei mest kostnadseffektive tiltaka, og å få til eit godt samarbeid om gjennomføring av tiltak.

Frå første fase av forvaltningsplanane etter vassforskrifta ser ein at ansvar og kostnadar blir avdeka gjennom tiltaksanalysane. I Haldenvassdraget til dømes, vert omfang og fordeling av kostnadane for å oppnå god tilstand talfesta og ein får på det viset eit bilete av dei tiltaka som gir best verknad for kvar krone som blir sett inn. Dette gjer vala tydelegare for ansvarleg styresmakt.

Vern av vassdrag

Talet på inngrep i vassdragsnatur aukar, til dømes gjennom utbygging av små vasskraftverk. Det følgjer av vassforskrifta at ein vassførekomst, om mogleg, skal oppretthalde god tilstand sjølv om den er utsett for inngrep, og det er eit mål at vassførekomstar som allereie er påverka av kraftutbygging eller andre inngrep oppnår godt økologisk potensial innan kommande planperiode, det vil seie innan 2021. Samtidig veit vi at talet på nye vasskraftsaker vil auke kraftig dei kommande åra på grunn av satsinga på fornybar energi og ordninga med el-sertifikat. Konfliktnivået vil òg auke, fordi dei minst konfliktfylte og mest lønnsame prosjekta i stor grad allereie er utbygd. Det store og aukande talet på søknader om nye vasskraftutbyggingar gjer at ein kan realisere dei prosjekta som har størst samfunnsnytte og minst miljøpåverknad.

Miljøforvaltninga er involvert i vasskraftsaker, både gjennom utsegner til enkeltsaker, ved å vere ansvarleg for naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar og i utforminga av meir samlande retningslinjer og planar. Det er viktig å styrke samarbeidet på tvers av sektorane, og auke kompetansen på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå om konsekvensane av små vasskraftverk på vassdragsnaturen. Dette gjeld både konsekvensane av enkeltprosjekt og dei samla effektane av fleire utbyggingar. Kunnskap om miljøverdiane i dei aktuelle prosjektområda må òg betrast.

Det er ikkje eit generelt byggjeforbod langs vassdrag, men forbod kan fastsetjast gjennom kommuneplanen. Dei fleste kommunane har innført eit slikt byggjeforbod langs vatn og vassdrag. I den nye plan- og bygningslova er det innført ei plikt for kommunane til å vurdere behovet for eit slikt forbod. Nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging fastslår at det skal takast omsyn til allmenne interesser langs vassdrag, og at det er forventa at kommunane vurderer behov for byggjeforbod i ei sone på inntil 100 meter langs vassdrag i kommuneplanen. Utbyggingspresset langs vatn og vassdrag varierer, og kommunane ser i stor grad ut til å følgje opp sine eigne reglar om byggjeforbod i kommuneplanen. I ein del pressområde er det likevel behov for ein innskjerpa politikk og betre plangrunnlag for å sikre strandsona for allmentas bruk. Det blir òg viktig framover å ha fokus på flaum, som blir forsterka av klimaendringane, og omsyn til naturmangfald. Departementet vil derfor i si rettleiing framover leggje vekt på behovet for heilskapleg planlegging av arealbruk langs vassdraga.

Sentrale styresmakter utarbeidde retningslinjer for fylkesvise planar for små vasskraftverk i 2009 og oppfordra fylkeskommunane til å ta i bruk dette verktøyet. Planane skal medverke til at naturmangfald, friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje går tapt samtidig som talet på små vasskraftverk aukar. Vedtekne fylkesvise planar er ikkje bindande for den endelege konsesjonsbehandlinga, men søknadar i område som i fylkesplanen er vurderte som spesielt konfliktfylte, vil normalt ikkje få konsesjon. Retningslinjene blir òg lagt til grunn for konsesjonsbehandlinga av enkeltprosjekt. Dei fylkesvise planane er meint å romme viktige heilskapelege vurderingar og vil derfor vere ein viktig del av grunnlaget for konsesjonsbehandlinga. Så langt har to fylke utarbeidd slike planar.

Miljørevisjonar av gamle vasskraftkonsesjonar vil vere eit sentralt verkemiddel for å betre miljøtilstanden i regulerte vassdrag. Det vil venteleg komme eit stort tal saker til behandling dei næmraste åra og desse inneber eit stort potensial for store miljøforbetringar i dei regulerte vassdraga. Det blir arbeidd med sluttføring av retningslinjene for korleis desse sakane skal behandlast frå oppstart til sluttbehandling.

Verneplan for vassdrag omfattar 38 pst. av nedbørfelta i Noreg. Desse vassdraga er beskytta mot større vasskraftutbyggingar, men ikkje mot andre inngrep. Gjennom mange år har mange av desse vassdraga blitt utsette for ei rekkje små inngrep, ofte i form av små kraftverk. Vi har lenge sett ei «bit for bit»-utbygging der summen av ei rekkje små inngrep gradvis reduserer verneverdiane. Gjennom arbeidet med karakteriseringa av vassførekomstane knytt til gjennomføringa av vassforskrifta, vil det komme mykje informasjon om inngrepsstatus for dei verna vassdraga. Dette vil gi eit viktig grunnlag for ei styrkt forvaltning av desse.

Auka innsats for å unngå overgjødsling

Vassforvaltningsplanane vil gi grunnlag for styrkt innsats mot overgjødsling. I jordbruksoppgjeret for 2011 vart midlar til tiltak mot avrenning frå jordbruket auka som ei følgje av desse planane.

Kalking av vassdrag

Nivået for forsuring av ferskvatn er framleis over tolegrensa i om lag 10 pst. av Noregs landareal, og fram mot 2030 er det berre venta små betringar i forsuringssituasjonen. Det vil derfor vere naudsynt å halde fram med kalking av vatn og vassdrag i lang tid framover. Det er særleg område på Sørlandet og Vestlandet som framleis er påverka av forsuring, og forsuringa har gjennom fleire tiår ført til store skadar på plante- og dyrelivet i ferskvatn. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i desse områda må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen. Arbeidet med revisjon av denne protokollen er no i gang med sikte på å vedta ein ny protokoll i 2012.

Prioriterte arter og utvalde naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest tenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova. Det er eit delmål at dei mest truga artene og dei mest truga naturtypane i ferskvatn innan 2013 skal ha status som høvesvis prioriterte arter eller utvalde naturtypar. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet kan også arter og naturtypar som er knytte til elvar og innsjøar bli vurderte. Ein vil òg følgje opp artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, òg dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Forvaltning av villaks

Statusrapporten til Vitskapeleg råd for lakseforvaltning viser at innsiget av villaks til Noreg var historisk lågt i 2010. Kalking av sure laksevassdrag, ei god forvaltning av leveområda i ferskvatn og arbeid med å nedkjempe lakseparasitten Gyrodactylus salaris vil bli vidareført. Det er gjennomført rotenonbehandling av vassdrag i Vefsn-regionen og aluminiumsbehandling i Lærdalselva. Vefsn-regionen vil bli følgt opp med ytterlegare behandling i 2012. Det er vidare naudsynt å sikre eit berekraftig laksefiske. Tiltak mot lakselus og rømt oppdrettslaks er omtalt i Fiskeri- og kystdepartementet sin budsjettproposisjon.

I kommande år vil det bli lagt stor vekt på å sikre dei ville laksebestandane i nordområda. Betring av kunnskapsgrunnlaget, reguleringar tilpassa bestandssituasjonen og lokal forvaltning i Tanavassdraget vil stå sentralt i dette arbeidet.

Det blir arbeidd med ein revisjon og modernisering av lakse- og innlandsfisklova. Eit forslag har vore på høyring, og ein tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon innan utgangen av 2011.

Miljøverndepartementet arbeider med å utvikle ei kvalitetsnorm for villaks som kan heimlast i naturmangfaldlova § 13. Norma skal vere eit verktøy i Miljøverndepartementets forvaltning av villaksen, men òg i forvaltninga av villaksen på tvers av sektorane. Forslaget inneber ei modernisering av gjeldande forvaltningsprinsipp, og medverkar til å klargjere korleis Noreg kan oppfylle sine målsetjingar om å bevare villaksen samtidig som det blir lagt til rette for hausting av eit overskot.

Tiltak mot uønska spreiing av framande organismar

Det er eit delmål at tiltak mot dei mest skadelege, etablerte framande organismane skal vere sette i gang innan 2015. Det er under utarbeiding ein handlingsplan for utrydding av eksotiske fiskeslag i ferskvatn, og fleire fylke lagar eigne regionale handlingsplanar med målretta tiltak mot framande skadelege artar i ferskvatn. Nedkjempinga av bl.a. Gyrodactylus salaris og krepsepest vil halde fram i 2012. Ny forskrift for innførsel og utsetjing av framande organismar vil etter planen tre i kraft i 2012. Forskrifta vil blant anna omfatte føresegner om utsetjing av fisk utanfor deira naturlege utbreiingsområde, og innførsel og hald av akvarieorganismar og organismar i hagedammar. Det vil i tillegg bli foreslått krav om reingjering og behandling av fiskereiskap, båtar og anna utstyr.

Dei siste åra har ein brukt store ressursar på nedkjemping av Gyrodactylus salaris , og innsatsen mot krepsepest har òg kravd store ressursar. Dette arbeidet blir ført vidare i 2012. Arbeidet med å avgrense førekomstane av krypsiv vil òg bli ført vidare. Det er ikkje sikkert at krypsiv må reknast som framand organisme i dei vassdragsstrekningane der den i dag skaper problem, men den kraftige veksten har gjort det nødvendig å setje i gang nedkjempingstiltak.

Betring i kunnskapsgrunnlaget

Det er stort behov for meir kunnskap om miljøtilstanden i vassdraga for å kunne oppfylle krava i EUs vassdirektiv. Særleg basisovervakinga er eit viktig område for vidare satsing. I tillegg skal det satsast på sektorbasert overvaking av tilstanden som følgje av påverknader og verknaden av tiltak mot desse.

Gjennom Vass-Nett, informasjonsverktøyet i tilknyting til vassforskrifta, kan alle gå inn og finne «si» vassførekomst og sjekke tilstanden. Dette gjer at alle kan bidra med informasjon om det lokale vassmiljøet.

Det er naudsynt med vidare overvaking av villaksbestandane og meir kunnskap om truslar og effekten av tiltak. Samtidig skal vi ta i bruk den omfattande kunnskapen som allereie finst.

Nærare om Svalbard

Det er behov for betre kunnskap som grunnlag for forvaltning av røyebestandane på Svalbard og regulering av fiske i vatn og vassdrag der dette er tillete. Det er laga ei eiga forskrift for røyefiske på Svalbard, og det blir arbeidd med ein eigen røyestrategi for å få betre kunnskap om bestandane i dei ulike vassdraga. Klimaendringane kan i framtida føre til interesse for oppdrett på Svalbard. Svalbardmiljølova gir eit høgt vernenivå i høve til all verksemd som kan påverke røyebestandane. Miljøgiftnivåa i svalbardrøya skuldast langtransporterte tilførsler.