15 Resultatområde 5 Storslått fjellandskap

Klar luft, og vinden som stryk lett over kinnet. Blåne på blåne så langt augo rekk og langstrakte vidder med lav, mose, lyng og vier. Ein sint liten tass av eit lemen kjem fram frå ein stein. Dette er fjellet, og villreinen, fjellreven og jerven sitt rike. Noreg har unik natur- og kulturhistorie i fjellområda. For mange er noko av det viktigaste ved fjellet at ein kan oppleve stille og ro i tilnærma urørt natur og villmark, kjenne på naturen sine eigne lydar og lukter og sjå planter og dyr som er sjeldne eller ikkje finst i andre land i Europa. Gamal seterkultur, husdyr og blomstrande setervollar er òg viktige kjenneteikn ved norske fjellområde. Mange av fjellområda er storslåtte og dramatiske med høge tindar, djupe og tronge dalar, og isbrear. Kjensla av å vere liten kan bli overveldande, samstundes som det for mange ikkje er nokon annan stad ein føler seg så i eitt med naturen og i full harmoni. I tillegg til fjordlandskapet, er det fjellet mange turistar kjem til Noreg for å oppleve.

Planter og dyr i fjellet er tilpassa ekstreme miljøtilhøve, og det skal lite til for å forstyrre den fine likevekta som er utvikla gjennom fleire tusen år. Dei krevjande miljøtilhøva har ført til at naturtypane i fjellet har få arter samanlikna med mange naturtypar i låglandet, men det er som oftast mange individ innanfor kvar art.

Fjellområda har vore utnytta av menneske i fleire tusen år, og mange fjellområde er svært rike på kulturminne. Støling, jakt, fangst og fiske og andre haustingsaktivitetar er dei viktigaste formene for tradisjonell bruk. Reiselivsnæringa sin bruk av natur- og kulturminneverdiar i fjellområda, den landbruksbaserte turismen og nordmenns aukande interesse for friluftsliv og opplevingar i fjellheimen gir i dag den største verdiskapinga i mange fjellbygder og utmarkskommunar.

Nasjonale mål – Storslått fjellandskap

5.1. Utryddinga av truga arter i fjellet skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til fjellet.

5.2. Mangfaldet av naturtypar i fjellet skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikatorar:

  • Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON).

  • Utvikling i areal i rehabiliterte INON-område.

  • Talet på restaurerte fjellområde.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt og utvikling i talet på dispensasjonar under motorferdslelova.

5.3. Alle bestandar som kan haustast av planter og dyr i fjellet skal vere forvalta økosystembasert og hausta berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Talet på arter der hausting og anna uttak er ein negativ faktor for påverknad.

5.4. Villreinen skal sikrast i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde i Sør-Noreg.

Indikatorar:

  • Areal som inngår i nasjonale villreinområde og randsoner.

  • Talet på kommunar som har innarbeidd nasjonale villreinområde og randsoner i kommuneplanen.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt innanfor nasjonalt villreinområde og randsone.

  • Del av villreinens leveområde som er verna etter naturmangfaldlova.

5.5. Det skal årleg vere 39 ynglingar av jerv.

Indikator:

  • Talet på dokumenterte ynglingar av jerv.

5.6. Dei mest truga naturtypane i fjellet skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på utvalde naturtypar knytt til fjell.

5.7. Dei mest truga artene i fjellet skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter knytt til fjell.

5.8 Eit representativt utval av naturtypane i fjellet skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verne areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar i fjellet.

5.9. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde i fjellet der verneverdiane er truga.

  • Talet på og del av verneområde i fjellet med forvaltningsplan.

5.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på handlingsplanar utarbeidde og sett i verk for allereie introduserte skadelege, framande organismar.

  • Talet på utryddingstiltak (fordelt på art) gjennomført pr. fylke.

5.11. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging i fjellet.

Indikator:

  • Talet på regionale fjellplanar.

5.12. På Svalbard skal omfanget av villmarksprega område haldast oppe, naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking vere sikra.

Indikator:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard i samsvar med INON-klassifikasjon.

5.13. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet. Svalbards natur skal kunne opplevast uforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane.

Indikatorar:

  • Volum og fordeling av motorisert ferdsel til lands på Svalbard.

  • Tilgang på og forvaltning av snøskuterfrie område.

  • Talet på registrerte snøskuterar på Svalbard.

  • Registrerte effektar på dyreliv og vegetasjon som følgje av ferdsel.

Tilstand

Om lag 30 pst. av fastlands-Noreg er fjell. Med fjell meiner ein her areal over og nord for dagens skoggrense. Elvar og vatn i fjellet er ikkje inkluderte i dette. I størstedelen av Noreg er det fjellbjørkeskogen som dannar skoggrensa. Noreg har i overkant av 1600 brear, og fjellområda sin magi blir ytterlegare understreka ved at fjordar og dalar skjer gjennom dei.

Fjellet representerer ekstreme livstilhøve for alt levande. Faktorar som vind, is, snødekke, store temperatursprang, tørke og fukt i marka, verknad av frost og kalkinnhald i jord og stein påverkar planter og dyr. På grunn av dei ekstreme tilhøva er det mange spesialistar blant planter og dyr i fjellet. Til dømes har fleire sjeldne fjellplanter svært snevre toleransegrenser for temperatur eller krev høgt kalkinnhald i jorda. For mange pattedyr og fuglar er tilgang på føde den viktigaste faktoren for å overleve. På grunn av dei spesielle tilpassingane til ekstreme miljøtilhøve er artene i fjellet svært sårbare når dei blir utsette for ytterlegare påverknader.

Vegetasjonen i fjellet er dominert av dvergbusker, gras- og starrarter, mosar og lav, og stort innslag av urter på kalkrik grunn. Tjukkleik og fordeling av snøen avgjer plantene si fordeling frå avblåst rabbe til snøleie. I snøleia blir snøen ofte liggjande til ut i juli, og ny snø kjem allereie i september/oktober. Dei plantene som veks slike stader må vere kjappe og effektive for å rekke å blomstre og setje frø før snøen kjem. Døme på planter som veks i snøleier er musøyre, moselyng og polarvier. Dei plantene som veks på rabbane har liten eller inga skjerming frå snøen om vinteren, og må tole vind, enorme variasjonar i temperatur og ofte lite og tørr jord. Døme på slike planter er krekling, greplyng, rabbetust og fleire arter av mose og lav. Den hardføre og vakre blomen mogop, som slår ut i full blom mens det enno er skiføre i fjellet, trivst òg i slike område. Dei næringsrike og lett forvitrande bergartene i delar av Dovrefjell har resultert i svært rike plantesamfunn. Reinrosa er ei art som likar seg godt i slike område. Sjeldan er fjellet vakrare enn når reinrosa kler fjellet med eit kvitt blomesterflor.

Insektfaunaen i fjellet er dominert av dei store insektgruppene tovenger, veps, biller og sommarfuglar. Typiske fjellfuglar er heilo, snøsporv og steinskvett. Ramnen er med sin karakteristiske lyd lett å oppdage. Å treffe på fjellrypa er draumen for mange jegerar.

Villreinen har gjennom utviklingshistoria tilpassa seg dei barske tilhøva i fjellet, særleg om vinteren. Pelsen er tjukk og svært tett, og sjølv mulen er hårkledd i motsetning til hos andre arter i hjortefamilien. For 200-300 år sidan levde villreinen i fjellet i heile landet, og i Nord-Noreg var villreinen framleis talrik omkring 1800. I dag finst villrein i Skandinavia berre i fjellet i Sør-Noreg som 23 meir eller mindre skilte grupper av individ. Som einaste land i Europa har Noreg fjellområde med villrein. Lemen er den mest karakteristiske av norske smågnagarar. Mange fjellvandrarar har sett forbausa ned på denne vesle gnagaren som kan sitje like framfor føtene våre og pipe og hoppe av sinne. Når det er såkalla lemenår (om lag kvart fjerde år), kan dette vesle brungule dyret setje sitt preg på heile vidda.

Boks 15.1 Villreinen sine tilpassingar til ekstrem kulde

Villreinen toler temperaturar ned til 30-40 kuldegrader utan å måtte auke stoffskiftet for varmeproduksjon. De viktigaste tilpassingane er:

  • Heile dyret er hårkledd, også mulen

  • Tjukk og tett pels – tre gonger så mange dekkhår pr. kvadratcentimeter som elg og hjort

  • Kvart enkelt hår består innerst av luftfylte margceller

Av andre pattedyr er fjellrev og jerv viktige dyr i fjellet. Fjellreven er kritisk truga, og det er sett i gang ei rekkje tiltak for å sikre at fjellreven framleis skal kunne opplevast i norsk natur. Framtida vil vise om vi kan lukkast. Der det er villrein, finn vi òg ofte jerv.

I følgje Naturindeksen for Noreg er tilstanden for naturmangfald i fjellet samla sett god med ein indeks på 0,69, men i enkelte sentrale fjellområde i Sør-Noreg er tilstanden dårlegare. Berre 4,2 pst. (158 arter) av dei truga og nær truga artene lever i fjellet. Dette betyr ikkje nødvendigvis at den negative påverknaden på naturmangfaldet her er mindre enn i andre system, men heller at delen av arter knytt til fjellet er låg. Døme på truga arter i fjellet er plantene masimjelt, knuthørapp, aksveronika og brannmyrklegg, og fugleartene dobbeltbekkasin og snøugle. Av pattedyra er jerv truga, i tillegg til fjellreven. Villreinen er ikkje ein truga art, men blir rekna som ein norsk ansvarsart som vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Døme på truga naturtypar i fjellet er fuglefjell, jordpyramide og polarørken.

Om lag 75 pst. av areala i nasjonalparkane ligg i fjellområde. Dette vil auke litt til når nasjonalparkplanen er gjennomført. I tillegg finn vi om lag 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata i fjellet. Det er førebels ikkje nokon prioriterte arter eller utvalte naturtypar i fjellområda.

Vi finn ein stor del av den inngrepsfrie naturen i fjellområda. Det var ein nedgang i bortfallet av inngrepsfri natur frå perioden 1988-1994 og fram til og med perioden 1998-2003, mens det i siste måleperiode (2003-2008) har vore ein auke frå perioden før. Bortfallet av inngrepsfri natur i siste periode (2003-2008) var 1027 km 2 .

Talet på fritidsbustader i snaufjell, og i og nær villreinområde er gode indikatorar på om kommunane og fylka har følgt opp nasjonal politikk på desse viktige arealpolitiske områda. Det var 32 400 fritidsbustader i snaufjellet i 2007. Talet på fritidsbustader innanfor 4 km frå villreinområde var 64 800 i 2007. Statistikken på desse tema blir oppdatert kvart femte år som eit oppdrag frå Miljøverndepartementet til SSB, og blir revidert i løpet av hausten 2011.

Det totale talet på snøskutarar har auka jamt frå om lag 53 500 i 2003 til nesten 69 000 ved utgangen av 2010. Talet på barmarkskøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til over 33 300 køyretøy pr. 31. desember 2010. Dette betyr at omfanget av motorferdsle i utmark har auka kraftig.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdselslova og den nasjonale forskrifta viser at det i 2010 vart behandla meir enn 14 500 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart 95 pst. godkjende, ein stor del av desse handla om motorferdsle i fjellet. I tillegg kjem dispensasjonar som er gitt for fleire år, slik at det i 2010 var i overkant av 25 000 aktive dispensasjonar. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 1910 søknader i 2010. Svalbard har mykje villmark, men det er likevel mange spor etter menneske i naturen. Restar etter tidlegare forsking, fangst, gruvedrift og ekspedisjonar finst mange stader. Det meste av Svalbard er likevel utan tyngre tekniske naturinngrep. Ca. 98 pst. av landområda kan kallast villmark utan større tekniske inngrep. Plante- og dyrelivet på land er i dag lite påverka av inngrep og arealbruk. 65 pst. av landområda på Svalbard er verna som naturreservat og nasjonalparkar, og omfattar eit representativt tverrsnitt av naturmangfaldet på øygruppa. Forvaltninga av desse verneområda er svært viktig for miljøtilstanden i Svalbard sine fjell- og tundraområde.

Påverknader

Endra arealbruk er vurdert som den viktigaste påverknaden på naturen i fjellet. Sjølv om få menneske bur fast i fjellområda, er ei rekkje av desse områda sterkt prega av og forma av mennesket. Husdyrbeite i fjellet og fjellbjørkeskogen er ein gammal aktivitet i fjellområda som etter kvart utvikla seg til å bli ein viktig del av jordbruket gjennom etablering av setrar i fjell og fjellnære strøk. Frå om lag 50 000 setrar som var i drift i 1850, var vi nede i 1237 setrar i 2008 som i avgrensa grad utnytta utmarka. Mange kulturpåverka naturtypar knytte til tidlegare tiders seterbruk i fjellet er derfor i sterk tilbakegang. Sjølv om seterdrifta er kraftig redusert, er det framleis omfattande husdyrbeiting i fjellområda våre. Moderat beite har ein positiv effekt for mange arter. Dei økologiske effektane av beite varierer sterkt avhengig av type beitedyr og mengda av dei. Utrekningar frå Hardangervidda viser at enkelte område har beitegrunnlag for meir sau, mens det i Setesdalsheiane er område med meir sau enn det er beitegrunnlag for. Delar av Finnmark er i dag vurdert som overbeita, og på Finnmarksvidda, som er viktig vinterbeite for tamrein, er lavdekket blitt betydeleg redusert. Reduksjon i hogst og slått, og endring i husdyrbeite i områda langs skoggrensa har ført til gjengroing, og på sikt vil desse områda utvikle seg til skogsmark dominert av fjellbjørk, vier og andre vedaktige planter.

Ein reknar med at truslane mot naturmangfaldet i fjellet er aukande. Gjennom dei siste tiåra har fjellområda vore utsette for fleire store fysiske inngrep slik som vasskraftutbyggingar som gir store fysiske inngrep utanom sjølve vassdraget i form av blant anna vegar og neddemming av areal. Vegbygging og bygging av kraftlinjer fører til fragmentering av område og påverkar trekkmønsteret til villrein og truleg òg andre dyr som trekkjer over større område. Hyttebygging skjer som oftast i randsonene av fjellet, men gir òg ringverknader oppover i fjellet. Det er eit generelt press for utbygging inn mot fleire verneområde, og randsoneproblematikken har høg prioritet i kommuneplanlegging og regional planlegging. Den tradisjonelle bruken og stølsdrifta går framleis tilbake, og tregrensa er flytta høgare opp mange stader.

Aukande motorferdsle er i ferd med å redusere mange fjellområde sin kvalitet som tur- og turistobjekt, både innanfor og utanfor verneområda. Undersøkingar viser at stille for mange, ikkje minst utanlandske turistar, er noko av det som er oppfatta som unikt ved den norske fjellheimen. Motorferdsle har òg negative effektar på dyre- og plantelivet. I sårbare område med liten tilvekst gjer barmarkskøyring stor skade. Sår i terrenget brukar lang tid på å lækjast, nokre gror aldri til. For planter og annen vegetasjon er skadane langt mindre for snøskuter enn for barmarkskøyring. Men også køyring på vinterføre kan gi mekaniske skadar på dvergbjørk og vier i lynghei og dvergbjørkhei som resultat av den direkte kontakten mellom skuter og buskene. Køyring med snøskuter på mark som ikkje er snødekt gir stor skade på vegetasjonen og øvre jordlag. Snøskuterens sjanse til å komme fram over alt og stor fart aukar stressbelastninga på dyrelivet, og opnar for tilgjenge til tidlegare uforstyrra område. Forstyrringar gjer at dyra får mindre beitetid, noko som igjen kan føre til mindre tid for inntak av mat. Dette gjeld blant anna for villrein, kongeørn og andre rovfuglar. Hekkande rovfuglar kan oppleve mislykka hekkingar på grunn av auka bruk av snøskuter.

Klimaendringar vil blant anna gi mildare klima og lengre vekstsesong. Dette vil ha store konsekvensar for dei artene som er tilpassa fjellmiljøet, og resultere i betydelege endringar i samansetjinga av arter. Endra miljø for enkelte nøkkelarter kan føre til endringar i næringsnettet. Eit døme på dette er smågnagarar som tidlegare hadde toppar med 3-5 års mellomrom i nordleg del av Skandinavia. Dei siste tiåra har smågnagarsyklusane vore betydeleg svakare med mindre toppar og lengre tid mellom toppane. Klimaendringane aukar også prosessen med gjengroing.

På Svalbard er ferdsla knytt til turisme, friluftsliv og forsking aukande. I vårmånadene er ferdsla med snøskuter stor i mange område på det sentrale Spitsbergen. Motorisert ferdsel på land kan føre til støy, køyrespor frå ulovleg køyring på barmark og lokal luftforureining. Motorferdsle fører òg til at moglegheitene for å drive tradisjonelt friluftsliv utan forstyrringar er redusert rundt busetjingane i periodar av året. Det er foreløpig ikkje dokumentert negative endringar i bestandane av rein, rev eller gjæser i dei områda der snøskutertrafikk og annan ferdsel har auka mest.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Sikring av verneverdiane i nasjonalparkane

Når nasjonalparkplanen er gjennomført, vil om lag 27 pst. av fjellområda vere verna gjennom naturmangfaldlova. På denne måten har vi sikra juvelane og noko av den mest storslåtte naturen i Noreg, og vi oppfyller dei globale måla for vern av fjell. Dei verna områda representerer store ressursar og mangfaldige høve til opplevingar, samtidig som dei er sårbare og spesielle. Føremålet med vernet har nettopp vore å sikre naturverdiar for å bevare områda sin funksjon som leveområde for planter og dyr, og som område for opplevingar for menneske. Framover blir det auka fokus på å ta vare på verneverdiane i verneområda. Å ta vare på verneverdiane er ein føresetnad både for å bevare dei sårbare økosystema i fjellet, for framtidige opplevingar og for verdiskaping i fjellbygdene no og i framtida. Alle verneområde skal, der det er naudsynt, ha skjøtsels- og forvaltningsplanar. Slike planar gir konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området, retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel, og eventuell tilrettelegging. På den måten medverkar forvaltningsplanane til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområda. Fjellområda er ofte populære turområde. For å ta vare på fjellnaturen blir det i enkelte område opparbeidd stigar for å kanalisere trafikken vekk frå sårbare område. Formidling av informasjon er eit anna viktig verkemiddel for å sikre naturverdiane.

Arealplanlegging i fjellet

Plan- og bygningslova er det viktigaste verktøyet for arealplanlegging i fjellområda, og denne lova er òg viktig for styring av bruk av randsonene til verneområda. Ny plan- og bygningslov gjer det mogleg å innføre omsynssoner i randsonene til nasjonalparkar og landskapsvernområde, blant anna for å hindre øydelegging av verneverdiane. Det kan òg bli gitt retningslinjer om avgrensing av verksemd og særlege omsyn samtidig med fastsetjing eller revisjon av verneforskrift eller forvaltningsplan. Det er i 2011 avsett midlar til Direktoratet for naturforvaltning for å utgreie nærare om bruk av plan- og bygningslova som verkemiddel i naturforvaltninga.

Fritidsbustadene skal lokaliserast og utformast med vekt på omsyn til allment friluftsliv, landskap, estetikk og naturmangfald. Landskaps- og stadanalysar må brukast for å ta vare på kvaliteten ved områda under planlegging av nye bustader. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har utarbeidd ein rettleiar for metode i landskapsanalyse som no er under utprøving i fleire kommunar. I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging er det ei forventning at fylkeskommunane legg til rette for ei meir miljøbasert utbygging av fritidshus, der omsynet til landskap, naturmangfald, ressursbruk, energibehov og estetikk blir vektlagt.

Fjellområda skal òg i framtida gi høve til utøving av det enkle, tradisjonelle friluftslivet der stille og ro er ein viktig føresetnad. Samtidig skal òg meir moderne friluftsaktivitetar som til dømes kiting, terrengsykling, alpint og elvepadling kunne finne stad utan at natur- og kulturhistoriske verdiar blir øydelagde, jf. resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar er eit utviklingsprogram med mål om at verneområda og andre verdifulle naturområde skal vere ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Samtidig skal områda forvaltast slik at naturens mangfald blir teke vare på. Programmet går føre seg i perioden 2009-2013 og har 15 prosjekt fordelte over heile landet. Gjennom programmet ønskjer ein å utvikle og spreie kunnskap om samanhengen mellom naturarven, naturvern og sosial, kulturell og økonomisk utvikling.

Lokal forvaltning av verneområde

Statens naturoppsyn spelar ei viktig rolle i arbeidet med å ta vare på naturverdiane i fjellet. Statens naturoppsyn driv utstrekt naturrettleiing i fjellområda, og dei fører oppsyn med at føresegnene i ei rekkje miljølover blir etterlevde. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling.

Etablering av den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde er godt i gang. Dei fleste verneområdestyra er no etablerte, og nasjonalparkforvaltarane skal etter planen vere på plass i løpet av 2012. Verneområdestyra har representantar frå kommunar, fylkesting og frå Sametinget i område med samiske interesser. God kunnskap skal liggje til grunn for forvaltninga, og det skal utviklast faglege fellesskap gjennom oppbygging av lokale/regionale forvaltningsknutepunkt, i hovudsak knytte til nasjonalparksenter eller andre typar av naturinformasjonssenter. På denne måten blir nasjonalparksentra lokale kunnskapsbasar for forvaltning av verneområda, og lokale/regionale faglege fellesskap der nasjonalparkforvaltaren sin kunnskap om forvaltning av verneområda og deira sårbarheit blir kombinert med fagpersonar som har kunnskap om naturrettleiing, guiding og naturbasert reiseliv.

Sikring av inngrepsfrie område

Dei attverande naturområda i Noreg utan tyngre tekniske inngrep finst i stor grad i fjellet. Det er eit delmål at slike attverande inngrepsfrie naturområde skal takast vare på. Der det er mogleg, er det òg eit delmål å restaurere område med «gamle» tekniske inngrep. Einskilde inngrep, som til dømes utviding av eksisterande hytter, vil ikkje kvar for seg påverke fjellnaturen i vesentleg grad. Men samla effekt av fleire mindre inngrep fører til ei gradvis fragmentering og påverknad av den sårbare fjellnaturen og naturverdiane her. Å unngå irreversible inngrep i desse områda handlar om å sikre den viktigaste kapitalen for ei naturbasert turistnæring.

I Nasjonale forventinger til regional og kommunal planlegging er det ei forventning at omsynet til inngrepsfrie naturområde utan tyngre tekniske inngrep (INON-område) blir vektlagd i planlegginga.

Energitiltak er ei hovudårsak til reduksjon av inngrepsfrie naturområde. For å møte denne utfordringa er det blant anna utarbeidd Retningslinjer for små vannkraftverk (Olje- og energidepartementet 2007) og Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg (Miljøverndepartementet/Olje- og energidepartementet 2007) om blant anna forholdet til inngrepsfrie naturområde i saksbehandlinga for små vasskraftverk og vindkraftanlegg.

Sikring av villreinen

Det er i Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging venta at aktuelle fylkeskommunar utarbeider og vedtek regionale villreinplanar innan 2013. Planane vil gi grunnlag for avgrensing av ti nasjonale villreinområde og to europeiske villreinregionar, og vil bli lagt til grunn for vidare regional og kommunal planlegging.

For villreinen, som Noreg har eit særleg ansvar for å ta vare på, er større samanhengande og lite forstyrra område ein føresetnad for å overleve. Verneområda i fjellet dekkjer berre delar av villreinen sitt leveområde, og kommunal og regional planlegging er eit svært viktig verktøy for betre forvaltning av villreinen. Fylkeskommunane har fått i oppdrag innan 2012 å utarbeide regionale planar for fastsetjing av grensa for nasjonale villreinområde i Sør Noreg. Planane skal balansere bruk og vern, og sikre ei langsiktig og heilskapeleg planlegging på tvers av kommunegrenser. Planane skal følgjast opp gjennom regionale handlingsplanar, og vil gi føringar både for sektorstyresmakter og den kommunale planlegginga. For dei andre fjellområda skal også regionale planar nyttast for å sikre ei heilskapleg forvaltning av fjellområde.

Planforslaga for dei regionale planane for Hardangervidda og Rondane/Sølnkletten har vore på høyring og offentleg ettersyn i første halvdel av 2011. For dei regionale planane for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei (Heiplanen), Forollhogna og Ottadalen ligg det føre godkjent planprogram, og planforslaga er under utarbeiding. For Nordfjella og Dovrefjell (Snøhetta/Knutshø) er planprogram under utarbeiding.

Fjellreven

Arbeidet for å ta vare på fjellreven blir ført vidare i 2012. Framleis er Finnmarksprosjektet som omfattar raudrevkontroll på Varangerhalvøya, og avlsprosjektet for utsetjing av fjellrev i naturen to viktige tiltak. Overvaking av fjellrev blir gjennomført årleg.

Rovviltforvaltning

Jerven finn vi hovudsakelig i fjellområda langs riksgrensa mot Sverige og Finland, frå Sør-Trøndelag og nordover. Det finnst også ein mindre bestand i sentrale fjellstrøk lengre sør i Noreg. Bestandsmålet for jerv er 39 årlige ynglingar i året. I 2010 blei det registrert 66 ynglingar av jerv. Dette er ein auke på 13 ynglingar frå 2009. Lisensfelling er hovudverkemiddelet i bestandsreguleringa av jerv, men i enkelte område har ikkje lisensfellinga gitt tilfredsstillande resultat. I dei siste åra har miljøstyremaktene gjennomført ekstraordinære uttak av jerv etter lisensfellingsperiodens slutt. I 2010 blei 12 av dei 66 registrerte ynglingane tatt ut gjennom slike ekstraordinære uttak.

Motorferdsle i fjellet – fråvær av støy

Det er viktig å skjerme viktige friluftsområde mot støy frå køyretøy på bakken, småfly og helikopter gjennom oppfølging og handheving av føresegnene i motorferdslelova. Utviklinga i talet på dispensasjonar og i tal på kjøretøy gir god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover. Det er spesielt viktig å skjerme fjellheimen og dei sårbare områda nord i Noreg mot terrengskadar som følgje av bruk av barmarkskjøretøy.

Det er Regjeringas mål å regulere motorferdsle i utmark for å ivareta naturmiljøet, fremje trivsel og sikre stille og ro i naturen.

Direktoratet for naturforvaltning la i 2008 fram eit forslag til nytt motorferdsleregelverk. Miljøverndepartementet vedtok i 2009 enkelte endringar i motorferdselsforskrifta. I tråd med Regjeringas felles plattform vil gjennomgangen av motorferdselsregelverket bli fullført.

I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging er det venta at kommunar med eit visst omfang av motorisert ferdsel i utmark tek dette opp som tema i planlegginga.

Finnmark er det einaste fylket med opne løyper for motorferdsel på barmark. Ein rapport frå barmarksprosjektet i Finnmark med anbefalingar for å avgrense barmarkskøyring i Finnmark vart send Miljøverndepartementet frå Direktoratet for naturforvaltning 15. februar 2011. Regjeringa vil vurdere anbefalingane i prosjektet i samband med arbeidet med å fullføre gjennomgangen av motorferdsleregelverket.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Det er eit delmål at dei mest truga artene skal ha status som prioriterte arter og dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar innan 2013. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar knytte til fjellet bli vurderte. Mellom anna er fjellrev ein kandidat til å bli prioritert art. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane. I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging ligg ei forventning om at dei alminnelege føresegnene i naturmangfaldlova om berekraftig bruk blir lagd til grunn for planlegging som påverkar naturmangfald. Førekomstar av utvalde naturtypar og prioriterte arters økologiske funksjonsområde skal innarbeidast i planlegging på land, og for utvalde naturtypar også i sjø.

Sikring av villmarksnaturen på Svalbard

Villmarksnaturen på Svalbard er i utgangspunktet godt verna gjennom opprettinga av verneområde som dekkjer 65 pst. av landarealet, eit utstrekt vern av arter og eit generelt strengt miljøregelverk som omfattar all lokal aktivitet som kan påverke villmarkspreget og naturmangfaldet. På Svalbard blir det no arbeidd med forvaltningsplanar for verneområda. Det er utarbeidd forvaltningsplanar for Hopen og Bjørnøya naturreservat. Desse reservata dekkjer til saman 6.168 km 2 land- og sjøareal, og det ligg dermed føre forvaltningsplanar for ca. 5 pst. av verneområda sitt samla areal. Sysselmannen er i gang med å utarbeide eit forslag til forvaltningsplan for naturreservata på Aust-Svalbard som skal høyrast våren 2012. Når denne planen er fastsett vil det bli utarbeidd forvaltningsplanar for nasjonalparkane som skal sikre at ferdsla og annen aktivitet skjer i samsvar med verneformålet.

Sysselmannen på Svalbard skal òg sjå på behovet for betre tilrettelegging for ikkje-motorisert friluftsliv i eit eige prosjekt. I denne samanhengen vil forholdet til snøskutertrafikken vere det sentrale.

Ei meir nøyaktig kartlegging av inngrepsfrie naturområde på Svalbard i samsvar med den INON-klassifikasjonen som er nytta på fastlandet er under utarbeiding av Direktoratet for naturforvaltning. Dette vil gi eit betre grunnlag for å måle endringar i inngrepsstatus.

Det finst inga detaljert vegetasjonskartlegging på Svalbard eller systematisk overvaking av effektar av ferdsel på vegetasjon. Norsk Polarinstitutt har avtaler med ulike forskings- og utgreiingsinstitusjonar om etablering av overvaking i markvegetasjonen på Svalbard. Dette skjer i regi av Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ), og vil òg omfatte effektar av ferdsel.