19 Resultatområde 9 Giftfritt miljø

Vi har alle rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir tekne vare på. Forureininga av Akerselva i Oslo vinteren 2011 viste kor viktig rein natur er for innbyggjarane, og medvitet vårt om miljøgifter aukar når det for eksempel blir påvist helse- og miljøfarlege stoff i barneleiker. I framtida bør alle produkt vi omgjer oss med vere trygge for helse og miljø. Eit reint miljø er ein føresetnad for eit rikt dyre- og planteliv, og for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er òg avhengig av eit reint miljø.

Miljøgifter blir sakte nedbrotne i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Luft og havstraumar transporterer miljøgifter til område langt frå utsleppskjelder, og miljøgifter utgjer derfor ein trussel også i arktiske område.

Ressursane i avfallet skal takast vare på og nyttast om igjen i størst mogleg grad. Sluttbehandling av avfall, anten ved forbrenning eller deponering, skal skje slik at miljøet blir minst mogleg påverka. Dette gjeld òg dei radioaktive avfallsstraumane som no blir kartlagde.

Nasjonale mål – Giftfritt miljø

9.1. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020.

9.2. Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Indikator:

  • Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

9.3. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller redusert vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Indikator:

  • Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining.

9.4. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

Indikatorar:

Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem.

9.5. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

Indikatorar:

  • Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

  • Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff.

  • Del av ulike typar radioaktivt avfall som er handtert på godkjent måte.

  • Berekna risiko for utslepp frå utvalde utanlandske kjelder som kan påverke Noreg.

9.6. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Indikator:

  • Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

9.7. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå.

Indikator:

  • Delen av ordinært avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling.

9.8. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Indikatorar:

  • Mengd farleg avfall med ukjent disponering.

  • Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling.

9.9. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

Tilstand

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan gi både akutte effektar og langtidseffektar. Mykje er gjort for å redusere risikoen for helse og miljø frå ulike kjemikaliar, men det er ikkje tilstrekkeleg for å møte dei langsiktige utfordringane. Kjemikaliar bidreg i stor grad til auka velferd og til viktige produkt og tenester i samfunnet. Samtidig har mange kjemikaliar eigenskapar som medfører ein uakseptabel risiko for helse eller miljø. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan framkalle ulike sjukdomar som kreft og allergiar eller skade forplantningsevne og arvestoff. Kjemikaliar kan òg forårsake skade på immunforsvaret og nervesystemet. Skadelege helseeffektar kan førekomme ved bruk av kjemikaliar, ved innanding av forureina luft eller ved inntak av mat eller drikkevatn som er forureina. Miljøgifter blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Dyr på toppen av næringskjedene er særleg utsette for miljøgiftforureining. Miljøgiftene er derfor ein alvorleg trussel mot naturmangfald, matforsyning og kommande generasjonar si helse.

Nivåa i miljøet av enkelte kjente miljøgifter som PCB er på veg ned, og forbod nasjonalt og internasjonalt gir viktige resultat. Industriutsleppa av miljøgifter er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, og dei samla utsleppa av prioriterte miljøgifter er vesentleg reduserte dei siste 15 åra. Produkt vi nyttar til dagleg er likevel ei stadig større kjelde til utslepp av miljøgifter. Sjølv om vi har ført ein effektiv kamp mot ei rekkje forureinande utslepp dei siste tiåra, gjenstår framleis store oppgåver. Utslepp av farlege stoff og radioaktiv forureining utgjer framleis truslar for miljøet, og kjemikaliar påverkar menneskas helse.

Miljøgifter frå tidlegare tider ligg mange stader som forureiningar i grunnen på land eller i botnsediment i sjø og ferskvatn. Noreg mottek òg betydelege langtransporterte tilførsler av miljøgifter via luft- og havstraumar. Arktis er spesielt utsett for langtransporterte tilførsler av miljøgifter på grunn av dei dominerande hav- og luftstraumane. Dette går særleg ut over dyr høgt i næringskjeda, som isbjørn, polarmåke og spekkhoggarar.

Avfallsmengdene aukar framleis, og er ei kjelde til blant anna utslepp av miljøgifter og klimagassar. Dei siste åra har veksten i avfallsmengdene vore noko større enn den økonomiske veksten, mens gjenvinningsgraden har vore stabil på om lag 78 pst. av det ordinære avfallet. Mengda farleg avfall aukar òg, men stadig mindre blir handtert på ukjent måte. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvenleg teknologi medverka til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Utsleppa av metan har gått ned sidan 1990. Frå 1. juli 2009 vart det forbode å deponere biologisk nedbryteleg avfall som restavfall, papir/papp, trevirke og tekstilar av naturstoff (ull og bomull). Krav til oppsamling av deponigass og forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall vil gi reduserte utslepp av klimagassen metan. Når det gjeld utslepp av miljøgifter i sigevatn, vil krav om oppsamling av sigevatn frå deponi redusere faren for at miljøgifter fører til forureining.

Radioaktive stoff har liknande eigenskapar og potensielle skadeverknader på det ytre miljøet som tungmetall og andre miljøgifter. Dei kan spreiast i miljøet gjennom fysisk utslepp eller tilførsler i form av gass, væske eller partiklar. Dei kan bli i naturen i lang tid, kan lagrast og akkumulerast i næringskjeda og forårsake alvorlege skadar på menneske og andre organismar i form av kreft, arvestoffskade og forstyrring i reproduksjonen. Radioaktiv forureining kan òg ha samverkande effekt med andre miljøgifter, noko som kan gi ein gjensidig forsterkande effekt.

Resultatet frå dei nasjonale programma for overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø viser vidare nedgang som følgje av reduserte utslepp frå Sellafield. Den marine delen av overvakingsprogrammet er revidert noko med sikte på tilpassing til arbeidet med forvaltningsplanane og til arbeidet med marin overvaking i OSPAR. For nukleærindustrien går utsleppa ned, men for ikkje-nukleær industri går utsleppa framleis opp. Noreg har vesentleg høgare utslepp frå petroleumsverksemda enn dei andre nordsjølanda. Den norske delen av utsleppa gjekk ned frå 59 pst. av dei totale utsleppa i 2007 til 51 pst. i 2009. Trollfeltet utgjer om lag 40 pst. av dei norske utsleppa. Om desse utsleppa blir haldne utanfor, er utsleppa frå Noreg og Storbritannia av omtrent same størrelse.

Miljøstyresmaktene har òg teke i bruk forureiningslova for å regulere og sikre ei heilskapeleg forvaltning av radioaktive utslepp og radioaktivt avfall. For å redusere utslepp og risiko for utslepp frå andre land har Noreg dialog og samarbeid med dei landa der det finst kjelder som kan påverke Noreg. I tillegg deltek Noreg i internasjonalt arbeid, og satsar på kartlegging, overvaking og forsking.

Tabell 19.1 Definisjonar

Viktige omgrep

Definisjon

Farleg avfall

Avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr

Gjenvinning

Fellesnemning på ombruk, materialgjenvinning og forbrenning med energiutnytting og kompostering

Materialgjenvinning

Utnytting av avfall slik at materialet blir teke vare på heilt eller delvis, f.eks. produksjon av skrivepapir frå returpapir

Miljøgift

Lite nedbrytelege helse- og miljøfarlege kjemikaliar som hopar seg opp i næringskjedene og i miljøet, eller andre stoff som gir tilsvarande grunn til bekymring

Boks 19.1 Kvikksølv – nødvendig med tiltak internasjonalt

Kvikksølv er blant dei farlegaste miljøgiftene. Det blir transportert over store avstandar langt frå utsleppskjeldene og utgjer ein trussel mot miljøet og menneske si helse. Kvikksølv kan blant anna skade nervesystemet, og foster og barn er særleg utsette.

Dei samla utsleppa av kvikksølv til luft, jord og vatn frå norske kjelder vart reduserte frå om lag 6 tonn i 1985 til 2,5 tonn i 1995 og vidare til om lag 1 tonn i 2008. Det nasjonale utsleppet til luft er i dag betydeleg mindre enn dei mengdene som blir tilførde Noreg via luftstraumar frå andre land. Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for enkelte arter av ferskvassfisk på grunn av høgt innhald av metylkvikksølv, og dei nyaste undersøkingane av kvikksølv i ferskvassfisk i Sør-Noreg (åbor og aure) har vist auka konsentrasjonar av kvikksølv.

Tiltak internasjonalt er viktig for å få redusert global spreiing av kvikksølv. Noreg er derfor ein av initiativtakarane til ei ny global avtale om redusert bruk og utslepp av kvikksølv.

Påverknader

Kjemikalieutsleppa stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, frå bruk av produkt i heimen, i industri og arbeidsliv, frå spreiing av gammal forureining lagra i grunn og sjøbotn og frå avfallsbehandling. Det er titusenvis av kjemikaliar på den europeiske marknaden, og desse går inn i talrike produkt. For fleirtalet av desse kjemikaliane har vi liten eller avgrensa kunnskap om deira helse- og miljøverknader. Talet på stoff med moglege helse- og miljøskadelege verknader er stort, og det er aukande utfordringar frå nye stoff. Uvisse om mogleg helse- og miljørisiko ved auka bruk av nanomaterial er òg ei utfordring, og det er naudsynt med auka kunnskap. Vi veit òg lite om kva samla verknader bruken av mange kjemikaliar kan medføre. Produkt vi omgir oss med, som reingjeringsmiddel, klede, møblar, leiketøy og hobbyprodukt, PC-ar og mobiltelefonar, kan innehalde stoff vi har liten eller ingen kunnskap om helse- og miljøverknaden av. Tilsvarande vil gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kunne føre til at helse- og miljøskadelege stoff blir spreidde til omgivnadene. Kjemikaliar som er hamna i jordmassar blir lite uttynna, dei blir som regel verande på same staden over lang tid og lek sakte ut til omgivnadene. Forureiningar som ligg avleira i sjøbotnen, kan spreiast til omgivnadene gjennom bl.a. oppvirvling og beiting og utgjer då først og fremst ein trussel mot planter og dyr i sjøen. Forureiningar blir førte vidare gjennom næringskjedene i sjøen og kan ende opp i fisk og skaldyr som folk et.

Sluttbehandling av avfall vil òg kunne føre til fare for utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Det er gjennomført omfattande reguleringar for å avgrense utsleppa av miljøskadelege stoff frå avfallsdeponi og forbrenningsanlegg. Utan slike førebyggjande tiltak kan avfallsdeponi potensielt føre til at forureina sigevatn slepp ut i naturen, med spreiing av miljøgifter og næringssalt som resultat. Utsleppa frå sluttbehandling er vesentleg redusert som følgje av reguleringar, men avbøtande tiltak ved deponi og forbrenningsanlegg vil ikkje heilt kunne eliminere miljøskadelege utslepp. Dei potensielle miljøskadane frå avfallsbehandling gjer det viktig å minimere mengda avfall som blir sluttbehandla. I tillegg inneheld mange typar avfall material som det kan vere miljømessig gunstig å nytte om igjen. Ved å stimulere til meir gjenbruk og gjenvinning, reduserer vi mengda avfall som går til sluttbehandling samtidig som vi utnyttar ressursane i avfallet betre.

Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke.

Stadig fleire produkt inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå slike produkt aukar. Farleg avfall kan ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr.

Radioaktive stoff er nytta til ei rekkje ulike formål i Noreg, som i behandling av pasientar på sjukehus og ved forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Dette kan føre til utslepp av radioaktive stoff og det oppstår radioaktivt avfall som må takast hand om. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall oppstår òg som følgje av oppkonsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass. Radioaktivt avfall oppstår ved framstilling av radioaktive stoff og ved drift av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk (IFE) .

Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan innehalde ulike nuklidar med svært forskjellig faregrad og halveringstid, og i ulike konsentrasjonar. Faregrad og halveringstid er avhengig av dei ibuande eigenskapane til dei radioaktive stoffa og må takast med i vurderinga når det skal avgjerast kva som er forsvarleg handtering av avfallet.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Verkemiddelbruken har som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. For miljøgifter er det lagt til grunn at bruk og utslepp skal stansast innan 2020. Målet om vesentleg reduksjon av utslepp av prioriterte stoff innan 2010 var eit første steg på vegen mot 2020-målet. Det er dei same stoffa som er omfatta av målet om å stanse utslepp innan 2020 som er oppførte på lista over prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar (rapportering for utslepp av prioriterte stoff er omtalt under statusrapportering på Prop. 1 S (2010-2011). Ein viktig del av arbeidet vidare er òg å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker.

Då miljøgifter blir transporterte over store strekningar med luft- og havstraumar, og gjennom handel med produkt, er internasjonalt arbeid svært viktig for å handtere utfordringane vi står overfor. Noreg er aktivt med i arbeidet under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Basel-konvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar og miljøgiftsprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE). Noreg støttar òg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Vidare tek Noreg aktivt del i arbeidet med kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, FNs Sjøfartsorganisasjon IMO, Nordsjø-deklarasjonane og FNs miljøprogram (UNEP). Under FNs miljøprogram blir det no gjennomført forhandlingar om ei ny global avtale for å redusere bruk og utslepp av kvikksølv. Noreg har spelt ei sentral rolle for å få i gang dette arbeidet. Noreg deltek òg aktivt i Europakommisjonens ekspertgrupper, og har gjennom mange år vore pådrivar for å få til eit høgare beskyttelsesnivå i EU/EØS-lovgivinga.

Nasjonalt er forureiningslova og tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp, under dette utslepp av kjemikaliar. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Ingen har såleis lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift. Streng regulering av utslepp av farlege kjemikaliar frå industri og prosessar er lagt til grunn gjennom forvaltninga etter forureiningslova. Som den klare hovudregelen blir pålegg etter forureiningslova og nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sjøbotn. For å sikre ein samla og effektiv verkemiddelbruk i dette arbeidet er det i tillegg utarbeidd ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, basert blant anna på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn i dei 17 høgast prioriterte områda i landet.

I tillegg til forureiningslova er produktkontrollova og forskrifter gitt i medhald av dette sentrale juridiske verkemiddel på kjemikalieområdet. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU. For ein del stoff og bruksområde er det likevel rom for nasjonal regulering. Produktregelverket omfattar blant anna krav til testing av kjemikaliar, merking av farlege kjemikaliar og reguleringar eller forbod for å sikre forsvarleg handtering og reduksjon i utslepp av farlege kjemikaliar. I 2008 vart det innført eit nytt omfattande kjemikalieregelverk i EU/EØS om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket). Utviklinga av dette regelverket vidare vil vere svært viktig i kjemikaliepolitikken, og Noreg bidreg aktivt i dette arbeidet for styrkt regelverk. Vidare er informasjon eit viktig verkemiddel for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Avgifter blir òg nytta for å avgrense bruk av enkelte stoff. Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemical Agency), som har sete i Helsinki, er ein viktig aktør i EUs kjemikaliearbeid. ECHA registrerer alle kjemikaliar, og er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget. Noreg har ein nasjonal ekspert tilsett i byrået og er representert i styret i ECHA.

Det aller meste av transport av kjemikaliar globalt skjer med skip. Det er gjennom MARPOL-konvensjonen etablert svært strenge globale krav for å unngå miljøskadelege utslepp frå slik transport. I tillegg har IMO etablert ein eigen konvensjon som regulerer bruk av miljøgifter i botnstoff brukt på skip. Denne konvensjonen forbyr bruk av organotinn.

Kunnskapsheving gjennom forsking, kartlegging av potensielt farlege stoff i produkt og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt i arbeidet internasjonalt for å redusere utslepp av miljøgifter. Data frå Arktis er svært nyttig fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem. Fordi dei lokale utsleppa er låge, eignar nordområda seg godt til å registrere langtransporterte miljøgifter og til å følgje utviklinga over tid.

Avfall

Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Det er viktig å minimere utslepp av lokal forureining, klimagassar og miljøgifter frå avfall. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av avfallet som ressurs. Politikken på avfallsfeltet skal medverke til at meir avfall blir halde i krinsløp og kjem til nytte som råvarer.

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom det som blir gjenvunne, og det som blir brent eller deponert. Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til gjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for enkelte typar avfall. Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad.

Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema frå avfall. Kjemikaliepolitikken har som mål å redusere bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, noko som vil medverke til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, såkalla kvalitativ avfallsreduksjon. I tillegg blir det gjort ein særleg innsats for å auke innsamlinga av prioritert farleg avfall. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land. Klima- og forureiningsdirektoratet har styrkt samarbeidet med Toll- og avgiftsdirektoratet og andre styresmakter for å gjennomføre ein mest mogleg effektiv kontroll med ulovleg eksport og import av farleg avfall.

I juli 2011 fastsette FNs sjøfartsorganisasjon IMO nye krav til utslepp av avfall frå skip (anna avfall enn olje, kjemikaliar og kloakk). Hovudregelen er at det er forbode å sleppe ut avfall frå skip. Regelverket inneheld òg særskilte vilkår for utslepp av visse typar avfall. Noreg tok i 1999 opp problema knytte til opphogging av skip, og fremja etableringa ev eit internasjonalt bindande regelverk i regi av FNs sjøfartsorganisasjon. Noreg har sidan saka kom på dagsordenen arbeidd for å etablere eit internasjonalt bindande rammeverk i regi av IMO, for å få eit grunnlag for å løyse dei store utfordringane knytte til helse og miljø på området.

EU la i januar 2011 fram ein strategi for auka ressurseffektivitet med forslag til både sektorvise og sektorovergripande tiltak. Noreg har gitt innspel til Europakommisjonen der vi har lagt vekt på avfall og gjenvinning. Miljøverndepartementet følgjer aktivt med på EUs vidare arbeid for auka ressurseffektivitet.

Regjeringa har vedteke å leggje fram ei stortingsmelding om avfallspolitikken. Betre utnytting av ressursane i avfallet og førebygging av avfall vil vere sentrale tema i stortingsmeldinga.

Radioaktive stoff

Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte. Radioaktiv forureining av norske land- og havområde kjem både frå nasjonale og internasjonale kjelder, slik som utslepp og avfall frå petroleumsindustrien, gruveverksemd, sjukehus og forsking og frå historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Risiko for framtidige ulykker er i hovudsak knytt til anlegg i våre nærområde, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland. Forureiningslova gjeld no òg radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. Noreg har derfor god kontrollreiskap med sikte på å redusere utslepp og risiko for utslepp nasjonalt og for å sikre eit heilskapeleg og miljømessig forsvarleg system for handtering av radioaktivt avfall. Innføring av eit deklarasjonssystem for radioaktivt avfall er eit viktig verkemiddel for å sikre kartlegging av avfallet. Gjennomføring av regelverket, kartlegging av dei ulike sektorane og å sikre ei god avfallshandtering er høgt prioritert i 2012. I tillegg blir det utført forsking på den verknaden radioaktiv stråling har i det ytre miljøet. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane av dei og eit betre grunnlag for overvaking skal òg førast vidare.

Miljøforvaltninga sitt ansvars område

Miljøforvaltninga har hovudansvaret for gjennomføring og oppfølging av forureiningslova. Miljøforvaltninga har ansvaret for å motverke skadelege verknader av kjemikaliar på naturmiljøet og på forbrukarane. Påverknad av arbeidstakarane si helse er arbeidsmiljøstyresmaktene sitt ansvarsområde. Miljøforvaltninga sitt ansvar for helsepåverknad er òg avgrensa til enkelte bruksområde for kjemikaliane. Vidare er ansvaret avgrensa til enkelte eigenskapar ved stoffa. Brann- og eksplosjonsfare ved bruken av kjemikaliar fell utanfor miljøforvaltninga sitt ansvar. Miljøstyresmaktene på kjemikalieområdet er Miljøverndepartementet, Klima- og forureiningsdirektoratet og Fylkesmannen.

Miljøstyresmaktene har hovudansvaret for avfallspolitikken. Enkelte verkemiddel ligg likevel under andre departement sine ansvarsområde. Miljøstyresmaktene på avfallsfeltet er Miljøverndepartementet, Klima- og forureiningsdirektoratet, Fylkesmannen og kommunen.

Miljøforvaltninga har òg ansvar for å verne det ytre miljøet mot skadelege verknader av radioaktiv forureining, blant anna frå utslepp og frå radioaktivt avfall. Miljøstyresmaktene på radioaktivitetsfeltet er Miljøverndepartementet og Statens strålevern.