20 Resultatområde 10 Rein luft

I Noreg finn vi stort sett denne reine, klare lufta som er ein føresetnad for menneske si helse og trivsel, og som er nødvendig for at planter og dyr skal trivast. Dei høge konsentrasjonane av helseskadelege stoff vi har målt i lufta i fleire av byane våre, viser at situasjonen framleis ikkje er god nok. Overskridingar av dei nasjonale måla for lokal luftkvalitet i fleire norske byar skuldast blant anna utslepp frå mange bilar konsentrerte på eitt område, og mange personar som fyrer med ved eller olje på kalde vinterdagar. God luftkvalitet reduserer faren for helseskadar, særleg for sårbare grupper som eldre, barn og foster. Fråvær av støy har òg ein positiv innverknad på menneske sitt ve og vel, og oppleving av stille er ein viktig del av kvalitetane i friluftsområde og kulturmiljø. Den største kjelda i Noreg er vegtrafikkstøy som i følgje Verdas helseorganisasjon stel mange friske år av liva til menneske. For mange av oss er verknadene av luftforureining og sur nedbør blant dei første miljøproblema vi kan hugse. Vi såg bilete av døde trær i Schwarzwald i Tyskland. Her heime forsvann mange tusen fiskebestandar frå vassdraga våre. Sur nedbør kryssar landegrensene. Gjennom målretta internasjonalt samarbeid er tilførslene av sur nedbør vesentleg reduserte. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom ikkje utsleppa i Europa blir ytterlegare reduserte. Når det gjeld ozonlaget, som vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola, har utsleppa vore kraftig reduserte dei siste åra. Likevel vil det ta lang tid før ozonlaget kan friskmeldast.

Nasjonale mål – Rein luft

10.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO 2 , NO x , VOC, ammoniakk eller partiklar.

Indikator:

  • Areal med overskridingar av tolegrenser for forsuring.

10.2. Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO 2 ) skal framleis haldast under 22 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av SO 2 .

10.3. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NO x ) skal maksimalt vere 156 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av NO x .

10.4. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal framleis haldast under 195 000 tonn. Dei årlege utsleppa frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal framleis haldast under 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 188 000 tonn).

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av VOC.

10.5. Dei årlege utsleppa av ammoniakk skal framleis haldast under 23 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av ammoniakk.

10.6. Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM 10 ) skal ikkje overskride 50 µg/m 3 meir enn 7 dagar pr. år.

Indikator:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

10.7. Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO 2 ) skal ikkje overskride 150 µg/m 3 meir enn 8 timar pr. år.

Indikator:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

10.8. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere fasa ut innan 2010.

Indikator:

  • Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

10.9. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK).

Indikator:

  • Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

10.10. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 202 0 i forhold til 1999.

Indikator:

  • Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

10.11. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 202 0 i forhold til 2005.

Indikator:

  • Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.

10.12. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til at helse og miljø ikkje tek skade av luftforureining og at støyplagene skal reduserast.

Tilstand

Lokal luftkvalitet

Svevestøv (PM 10 og PM 2,5 ) og nitrogendioksid (NO 2 ) er dei mest dominerande stoffa i lokal luftforureining. Luftkvaliteten har generelt sett blitt betre sidan 1990-talet, men det var framleis overskridingar av nasjonalt mål for svevestøv og NO 2 i 2010. I Oslo viser modellberekningar at 60 000 personar var utsette for overskridingar av det nasjonale målet for svevestøv i 2010. Det var om lag 5 000 personar som var utsette for nivå av svevestøv over dette nasjonale målet i Trondheim. Desse anslaga er svært usikre. Men det er ikkje berre dei største byane som har vanskar med å nå nasjonalt mål. Også mindre byar og tettstader har fleire overskridingar enn det som er tillate i forhold til nasjonalt mål for svevestøv.

Når det gjeld NO 2 viser berekningar for Oslo at omkring 4 000 menneske vart utsette for nivå over det nasjonale målet. Det er stor uvisse knytt til desse modellberekningane, og målingar kan tyde på at berekna tal på personar utsette for nivå over nasjonalt mål er for lågt. I kuldeperiodar om vinteren kan det bli stilleståande luft og høge forureiningsnivå nær dei mest trafikkerte vegane. Det er òg vanleg at slik vinterkulde endar opp med inversjonslokk som hindrar utluftinga. Ofte varer slike lokk berre nokre timar, men dei kan nokre gonger vare fleire dagar, slik som i Bergen i januar i 2009/2010 og i Oslo i januar 2003 og 2009. Under slike forhold kan store delar av befolkninga bli eksponerte.

I tillegg kan stoff som svoveldioksid (SO 2 ), bakkenær ozon (O 3 ), karbonmonoksid (CO), PAH og benzen bidra til dårleg lokal luftkvalitet.

Langtransportert luftforureining

Utsleppa av svovel og nitrogen i Europa er reduserte med respektive rundt 60 pst. og 20 pst. sidan 1990 og tilførslene til Noreg er reduserte omtrent tilsvarande.

Tolegrensa for forsuring av overflatevatn var i 2005 overskriden i om lag 10 pst. av Noregs areal. Dette omfanget har ikkje endra seg vesentleg dei seinare åra. Det er ingen overskridingar av tolegrenser for forsuring av skog i Noreg.

I store område i Sør-Noreg er mykje av dyrelivet i ferskvatn sterkt skadd. Skadane på botndyr og krepsdyr er framleis store og situasjonen er ustabil. Som følgje av forsuringa er rundt 15 000 fiskebestandar tapt eller sterkt skadde. Vasskvaliteten er blitt betre dei seinare åra. Det er teikn til betring med omsyn til fiskebestandar sidan 1990, sjølv om mange innsjøar framleis er fisketomme.

Areal med overskridingar av tolegrensene for overgjødsling av vegetasjon (terrestriske økosystem) minka i perioden 1980 – 1995, men har ikkje endra seg etter dette. I 2005 var tolegrensene overskridne i ca. 14 pst. av Noregs areal. Nitrogenavsetningane har ført til endringar i det biologiske mangfaldet både i Noreg og i Europa. Resultat frå norske overvakingsprogram viser klare koplingar mellom atmosfærisk avsetning av nitrogen og artssamansetning, og at nitrogennedfall påverkar markvegetasjon og algevekst negativt. I næringsfattig ferskvatn fører auka nitrogentilførsler til auka plantevekst og endringar i det biologiske mangfaldet.

Episodar med høgare ozonkonsentrasjonar i Noreg førekjem gjerne når det er høgtrykk over kontinentet, som fører til transport av forureina luft nordover. Dei høgaste verdiane blir normalt målte på strekninga frå Vest-Agder til Oslofjorden. Høge ozonkonsentrasjonar førekjem ofte som episodar over nokre timar eller dagar, som regel om våren og tidleg på sommaren. Overskridingar av grenseverdiar for bakkenært ozon med tanke på vern av helse skjer kvart år, men talet på og grad av overskridingar varierer mykje frå år til år. EUs grense for melding til befolkninga blir sjeldan overskriden i Noreg (sist i 2006).

Grenseverdien for vern av landbruksvekstar mot ozonskadar blir overskridne enkelte år, mens grenseverdien for skog sjeldan blir overskriden i Noreg.

Støy

Om lag 1,7 million menneske er utsette for eit gjennomsnittleg støynivå over 50 dB ved bustaden sin. Dette omfattar støy frå fly, jernbane, industri, og anna næringsverksemd, men for veg er det berre teke med dei som er utsette for nivå over 55 dB. Bortimot ein halv million menneske er mykje eller sterkt plaga, og rundt 200 000 menneske har problem med nattesøvnen som følgje av støy.

Støy verkar ofte saman med andre stressfaktorar som for eksempel luftforureining. Støy kan medføre psykisk stress, og kan gi helseplager som muskelspenningar og muskelsmerter. Støy kan òg vere ei medverkande årsak til høgt blodtrykk og utvikling av hjarte- og karsjukdommar. Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere å leggje støysvake vegdekke på norske vegar, tiltak for auka sal av støyreduserande bildekk og køyretøy, lågare fartsgrenser med meir. Fleire tiltak må på plass dersom vi skal nå dei nasjonale måla for støyreduksjon.

Tabell 20.1 Definisjonar

Omgrep

Definisjon

Bakkenært ozon

Ozon er ein gass som både finst nær bakken og i dei øvre laga av atmosfæren. Ozon blir danna når nitrogenoksid (NO x ) og flyktige organiske sambindingar (VOC) reagerer med kvarandre under påverknad av sollys. Hovudkjelda til bakkenær ozon i Noreg er langtransportert luftforureining frå andre europeiske land. Utslepp i Noreg medverkar òg noko til danning av bakkenært ozon, spesielt nær store utsleppskjelder. Høge nivå av ozon nær bakken kan føre til skadar på helse, vegetasjon og material. I Noreg kan nivåa komme over anbefalte grenseverdiar for helse og vegetasjon i periodar om sommaren.

Nitrogendioksid (NO x )

NO x er ei kjemisk sambinding av oksygen og nitrogen som blir danna ved at desse reagerer med kvarandre under forbrenning ved høg temperatur.

Svevestøv

Svevestøv er ei kompleks blanding av mikroskopiske partiklar i lufta vi pustar inn. Slike partiklar kan dannast ved forbrenningsreaksjonar og mekanisk slitasje, virvlast opp av vind eller dannast direkte i atmosfæren ved kondensering av gassar. Svevestøv eller partikulært materiale (PM) er delt inn i ulike klassar etter partikkelstorleik. Dei viktigaste kategoriane er PM 10 -partiklar mindre enn 10 mikrometer (mm), PM 2,5 -partiklar mindre enn 2,5 mm og PM 0,1 -partiklar mindre enn 0,1 mm.

Sur nedbør

Svovel- og nitrogensambindingar i luft og nedbør gir opphav til sur nedbør og blir sette av i naturen anten med nedbør (våtavsetning) eller som gassar eller partiklar (tørravsetning).

Støy

Støy er uønskt lyd. Støy treng ikkje vere sterk lyd av uharmonisk karakter, som trafikkstøy eller industristøy, det kan òg vere lydar ein vanlegvis knyter til noko positivt.

Påverknader:

Lokal luftforureining

Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er trafikk med eksos og asfaltstøv frå piggdekk, vedfyring og langtransportert forureining. Den viktigaste kjelda til utslepp av NO 2 er vegtrafikk, der tunge dieselkøyretøy bidreg mest.

Helserisikoen knytt til lokal luftforureining avheng av kor høg konsentrasjonen av dei forureina stoffa er og kor lenge vi blir utsette for dei. Det er i hovudsak astmatikarar og personar med luftvegslidingar eller hjarte- og karsjukdommar som opplever helseeffektar frå luftforureining i Noreg. Av stoffa som bidreg til lokal luftforureining er det størst helserisiko knytt til svevestøv, men det er òg helserisiko knytt til nitrogendioksid (NO 2 ).

Det er venta at konsentrasjonen av svevestøv vil bli redusert i åra framover på grunn av reinare bilpark, omnar som brenn reinare og reduserte bruk av piggdekk, men det vil framleis vere overskridingar av dei nasjonale måla i ei rekkje byar i åra framover. For NO 2 er det ikkje venta store endringar i konsentrasjonane med dagens verkemiddelbruk, men trenden for NO 2 er meir usikker enn for svevestøv. Auka kunnskap om kva som er dei reelle NO x -utsleppa og betre kunnskap om korleis NO 2 /NO x -delen vil endre seg med ny bilteknologi vil kunne medføre endra prognosar for framtidige utslepp.

Langtransportert luftforureining

Sur nedbør er resultatet av utslepp av blant anna svoveldioksid (SO 2 ), nitrogenoksid (NO X ) og ammoniakk (NH 3 ). Noreg er særleg utsett for forsuring av vassdrag som følgje av tilførsle av svovel og nitrogen som kjem frå grenseoverskridande luftforureiningar. Utslepp som skjer i eitt land kan føre til betydeleg skade i andre land. Nedfallet av svovel og nitrogen i Noreg stammar først og fremst frå andre land i Europa som Storbritannia, Tyskland og Polen og frå internasjonal sjøfart i dei nære havområda.

Forsuring gir redusert vasskvalitet og har ført til at mange fiskebestandar er reduserte eller har gått tapt, særleg i Sør-Noreg. Anna dyre- og planteliv er òg påverka av sur nedbør. Sjå nærare omtale under resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar.

Nitrogen verkar òg som gjødsel og kan medverke til overgjødsling og endringar i vegetasjonen. Høge konsentrasjonar av ozon ved bakken kan føre til skadar på helse, vegetasjon og material.

Ozonreduserande stoff

Utslepp av ozonreduserande stoff har svekt ozonlaget dei siste 30 åra. Bruken av stoffa er kraftig redusert, men ozonlaget kan truleg ikkje friskmeldast før i 2050 – 2070. Ozonlaget vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Auka stråling kan blant anna føre til alvorlege sjukdomar, så som hudkreft og augesjukdomar, reduserte avlingar, svikt i matvareproduksjonen, og det kan skade havets økosystem. Dei polare marine økosystema ligg i dei områda der UV-stråling er venta å auke mest.

Støy

Vårt moderne samfunn er ei kjelde til auka støy for mange menneske. I fleire tiår har vi hatt ei utvikling med stadig auka transport. Dette gir mykje støy. Vegtrafikk er den dominerande støykjelda i Noreg. Støy frå fly- og jernbanetrafikken har blitt redusert sidan 1999, men meir støy frå vegtrafikken veg dessverre opp for denne positive utviklinga.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Forureiningslova og tilhøyrande forskrifter er sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp til luft og støy. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Dermed har ingen lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift.

I kommunale planer kan det etter plan- og bygningslova stillast krav til miljøkvalitet og grenseverdiar for tillaten forureining.

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking er eit viktig og nødvendig grunnlag for resultatområdet. Klima- og forureiningsdirektoratet er ein viktig pådrivar for at politikk blir gjennomført. God lokal luftkvalitet og fråvær av støy er òg ein føresetnad for eit godt bymiljø, blant anna er planlegging av kor ulike verksemder skal leggjast og innretning av kollektivtilbod svært viktig. Sjå omtale i resultatområde 7 Godt bymiljø.

Lokal luftkvalitet

Føresegnene om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet på området lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft og stiller krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Lovgiving har sitt utspring i EUs rammedirektiv for luftkvalitet av 2004, og er innlemma i EØS-avtala. Noreg deltek i styringsgruppa som drøftar EUs vidare strategiar og politikk for å redusere langtransporterte og lokale luftforureiningar.

Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere luftforureiningar ligg utanfor Miljøverndepartementets myndeområde. Miljøverndepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta. Ein ny rettleiar som klargjer ansvarsforhold ved innføring av tiltak, og når desse skal innførast, vart òg utarbeidd i 2011.

Det nasjonale målet er strengare enn krava i forureiningsforskrifta. For å få ein luftkvalitet som ikkje berre tilfredsstiller krava i forskrifta, men som òg betrar luftkvaliteten mot nasjonale mål har Klima og forureiningsdirektoratet fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til innskjerpa grenseverdiar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet. Utgreiinga skal ferdigstillast innan utgangen av 2012. Formålet med ei slik innskjerping er å gi kommunar og anleggseigarar eit større insitament til å betre lokal luftkvalitet.

Langtransportert luftforureining

Målet om at helse og miljø ikkje skal ta skade av luftforureining frå SO 2 , NO x , VOC, ammoniakk eller partiklar kan berre nåast gjennom internasjonalt samarbeid for å redusere langtransportert forureining. Takka vere dei internasjonale avtalene under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining , er tilførslene av sur nedbør til Noreg vesentleg reduserte sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom tilførslene av svovel og nitrogen ikkje blir ytterlegare reduserte.

Langtransportert luftforureining fører òg til overgjødsling av vegetasjon og til høge konsentrasjonar av bakkenært ozon som kan skade både helse, vegetasjon og material. Landa som deltek i samarbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining er i forskjellig grad råka av ulike skadar som følgje av luftforureiningar. Ettersom dei ulike skadane stort sett skuldast dei same stoffa og utsleppskjeldene, har konvensjonen sine partar valt å gå saman om å finne heilskaplege løysingar på dei forskjellige miljøproblema. Ei lang rekkje land har påteke seg forpliktingar om å redusere sine samla utslepp av luftforureiningar, sist gjennom Gøteborgprotokollen av 1999 om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Landa arbeider no med å revidere Gøteborgprotokollen med sikte på å einast om å gjennomføre nye utsleppskutt fram mot 2020. Noreg deltek i dette arbeidet med mål om å redusere tilførslene av skadelege luftforureiningar ytterlegare, både til Noreg og resten av avtaleområdet. Noreg ser det òg som viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Øst-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til den reviderte protokollen. Noreg vil i dette arbeidet òg leggje vekt på at landa skal redusere forureinande utslepp som medverkar til klimaendringar.

Overvakinga av langtransportert forureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofiering (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar). Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for dei fleste overvakingsprogramma.

Atmosfærisk tilførsel av forureinande sambindingar er overvaka ved måling av kjemiske komponentar i luft og nedbør. Formålet er å registrere nivå og eventuelle endringar i tilførsla av langtransporterte luftforureiningar. Målestasjonane er derfor plasserte slik at dei er minst mogleg påverka av lokale utsleppskjelder (bakgrunnsstasjonar).

Tilførsler av sambindingar i luft som fører til forsuring og eutrofiering er overvaka på seks stasjonar (inkludert Zeppelin-observatoriet på Svalbard). Tilsvarande sambindingar i nedbør er overvaka på 12 stasjonar. Atmosfæriske tilførsler av bakkenært ozon (og ozondannarar) er overvaka på fire stasjonar i fastlands-Noreg, og på Svalbard. Atmosfæriske tilførsler av partiklar i luft er overvaka på tre bakgrunnsstasjonar i fastlands-Noreg. Partiklar kan i særleg grad føre til helseskadar, og til skadar på material.

Forsuringsverknader på vasskvalitet er følgt gjennom overvaking av innsjøar og små nedbørfelt. Vasskvaliteten i om lag 70 innsjøar og seks små nedbørfelt blir undersøkt årleg for å gi ei regional/landsdekkjande beskriving av vassforsuringsproblemet og endringar i situasjonen. Det biologiske overvakingsprogrammet følgjer verknader på fisk gjennom regionale undersøkingar, og omfattar fiskebestandar i innsjøar og bekker, og botndyr i innsjøar. Verknader av eutrofiering i terrestrisk miljø (vegetasjonsendringar) er overvaka av Direktoratet for naturforvaltning som dekkjer delar av dette gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).

Noreg samarbeider internasjonalt om utvikling av kunnskap om utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar gjennom Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) og andre samarbeidsprogram under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining . Landa samarbeider òg innanfor ramma av denne konvensjonen om å utvikle kunnskapsgrunnlaget for val av tiltaksstrategiar for å redusere miljøskadar som følgje av langtransportert luftforureining, under dette kunnskap om moglege utsleppsreduserande tiltak og kostnader ved desse. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt , Norsk Institutt for Luftforskning og Norsk Institutt for Vannforskning medverkar i vesentleg grad til denne kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining.

Noreg har i Gøteborgprotokollen forpliktingar om å halde dei samla årlege utsleppa av svoveldioksid (SO 2 ), nitrogenoksid (NO x ), flyktige organiske sambindingar unnateke metan (NMVOC) og ammoniakk (NH 3 ) under talfesta nivå frå 2010. EU har innlemma forpliktingane i Gøteborgprotokollen i sitt miljøregelverk. Det vart i desember 2009 bestemt å innlemme EUs direktiv, «takdirektivet», om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft i EØS-avtala. Noreg har i EØS-avtala teke på seg å halde dei same utsleppstaka som dei vi har i Gøteborgprotokollen. Regjeringa ser det som svært viktig å overhalde desse forpliktingane som tilsvarer dei nasjonale måla 10.2. – 10.5.

Foreløpige utsleppstal publiserte av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011, viser at Noreg i 2010 overheldt utsleppsforpliktingane for SO 2 , VOC og ammoniakk. Utsleppa av NO x låg i 2010 om lag 32 500 tonn over forpliktinga Noreg har i Gøteborgprotokollen om eit maksimalt årleg utslepp på 156 000 tonn frå 2010, sjå nærare omtale under Statusbeskriving for måla i Prop. 1 S (2010-2011). Hovudfokuset framover vil derfor vere på å redusere utsleppa av NOx i tråd med forpliktinga i protokollen.

Av utsleppa som er omfatta av Gøteborgprotokollen, blir utslepp av SO 2 , NOx og VOC regulerte i utsleppsløyve etter forureiningslova og i tråd med føresegnene i relevante EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtala. Slik regulering har dei seinare åra vore særleg viktig for å redusere utsleppa av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen. På bakgrunn av utsleppsforpliktinga i Gøteborgprotokollen inngjekk Miljøverndepartementet og Norsk Industri (tidlegare Prosessindustriens Landsforeining) i 2001 ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Utslepp frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet. Denne avtala er no gjennomført. Miljøverndepartementet og Norsk Industri forlenga i 2010 intensjonsavtala ut 2014. Tilleggsavtala har som formål å sikre at dei årlege utsleppa av SO 2 frå prosessindustrien ikkje skal overstige 11 000 tonn. Industrien overheldt denne forpliktinga i 2010.

Utslepp av desse gassane er òg regulerte i forskrifter etter forureiningslova, produktkontrollova og relevant sektorlovgiving. Til dømes er utsleppa av NO x frå køyretøy regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krav til kvaliteten på bensin og autodiesel til køyretøy, ikkje-veggåande maskiner og landbrukstraktorar er fastsette i forskrift til produktkontrollova. Innhaldet av svovel i fyringsolje er regulert i forskrift til forureiningslova. Krav til utslepp av VOC frå lagring, distribusjon og påfylling av bensin, frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og VOC i måling og lakk er regulerte i forskrifter til forureiningslova og produktkontrollova.

Nærare 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. For å oppfylle Noregs forpliktingar i Gøteborgprotokollen om utslepp av ammoniakk, har Landbruks- og matdepartementet innarbeidd nye krav til utforming av husdyrrom og gjødsellager for ekstra store svine- og fjørfebesetningar i forskrift om gjødselvarer mv., av organisk opphav.

Avgiftspolitikken er òg viktig for å stimulere til reduserte utslepp til luft. Noreg har i fleire år hatt avgift på svovelinnhaldet i mineraloljer. Avgifta bidreg til å redusere svovelutsleppa. NO x -avgifta og Miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane av 2008 om reduksjon av NO x -utsleppa er særleg viktige verkemiddel for å redusere desse utsleppa, sjå nærare omtale i boks 20.1. Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane har forlenga NOx-avtala for perioden 2011-2017. Klima- og forureiningsdirektoratet har som oppgåve å sjå til at organisasjonane overheld sine forpliktingar i NO x -avtala. Direktoratet har stadfesta at organisasjonane oppfylte reduksjonsforpliktingane på 2 000 tonn for 2008, 4 000 tonn for 2009 og 5 000 tonn for 2010.

Boks 20.1 Avgifta på utslepp av NO x og Miljøavtala om reduksjon av NO x -utsleppa

I tråd med Stortingets vedtak sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på utslepp av NO x . For 2011 er avgifta sett til 16,43 kr/kg NO x . Stortinget vedtok i samband med innføring av NO x -avgifta at utsleppskjelder omfatta av miljøavtale med staten om gjennomføring av NO x -reduserande tiltak i samsvar med eit fastsett miljømål kan få mellombels fritak for avgift. Den 14. mai 2008 vart det inngått ei slik avtale mellom staten ved Miljøverndepartementet og 14 organisasjonar. Det overordna målet for avtala er å redusere dei samla årlege NO x -utsleppa frå kjelder som er omfatta av avtala til maksimalt 98 000 tonn. Ifølge avtala tek næringsorganisasjonane på seg å redusere dei årlege NO x -utsleppa med 30 000 tonn. Som følgje av endringar i utsleppsframskrivingane og i tråd med føresegnene i avtala, er denne forpliktinga nedjustert til 18 000 tonn, og av dette kan tiltak som reduserer dei årlege utsleppa med 7 000 tonn gjennomførast i løpet av 2011. Verksemder som slutta seg til avtala fekk fritak for NO x -avgift i tre år – 2008, 2009 og 2010. Dersom næringsorganisasjonane har oppfylt mindre enn 90 pst. av den årlege forpliktinga innan fristen, må verksemdene betale avgift for det aktuelle året. Avgiftssatsen blir i så fall redusert med den prosentvise delen av forpliktinga som er oppnådd.

Miljøverndepartementet og 15 næringsorganisasjonar inngjekk 14. desember 2010 ei ny NO x -avtale for perioden 2011-17. Den nye avtala omfattar dei same kjeldekategoriane som den første. I tillegg er utslepp frå avfallsforbrenning omfatta. EFTAs overvakingsorgan (ESA) bestemte 19. mai 2011 å godkjenne vidare fritak for NO x -avgift for åra 2011-17 på grunnlag av den nye avtala, som foreineleg med EØS-avtala.

Den nye avtala inneber at det skal gjennomførast tiltak som reduserer dei årlege NO x -utsleppa frå kjeldekategoriane som er omfatta med 16 000 tonn, etter følgjande tidsplan: 2011: 3 000 tonn, 2012: 2 000 tonn, 2013-14: 4 000 tonn, 2015-16: 4 000 tonn og 2017: 3 000 tonn. Forpliktinga i den nye avtala for 2011 kjem i tillegg til tiltaka som skal gjennomførast dette året i medhald av den første avtala. Organisasjonane har òg forplikta seg til å oppretthalde effektane som er oppnådde gjennom den første avtala ut den nye avtaleperioden.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon IMO og IMO-konvensjonen MARPOL, vedlegg VI, for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. Etter initiativ frå blant anna Noreg, fastsette IMO i 2008 nye krav til utslepp av NO x . Frå 1. januar 2011 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 15-22 pst. lågare utslepp enn dei tidlegare krava. Det er òg vedteke krav til utslepp av NO x frå eksisterande maskineri over 5 000 kW og sylindervolum over 90 liter installert på skip bygde i perioden 1990-1999. Regjeringa vurderer, saman med dei andre Nordsjølanda, å søkje IMO om å gi Nordsjøen status som spesiell region med strengare krav til utslepp av NO x .

Gjennom MARPOL-konvensjonen, vedlegg VI, er det etablert eit svovelkontrollområde i Nordsjøområdet (sør for 62. breiddegrad, aust for 4. lengdegrad). Dette inneber at skip må nytte drivstoff med maksimalt 1,0 vektprosent svovel i dette området, mens den alminnelege grensa i MARPOL er 4,5 vektprosent. Frå 1. januar 2012 er den alminnelege grensa sett til 3,5 vektprosent svovel.

Det er vedteke at svovelkravet i svovelkontrollområda skal være 0,1 vektprosent i 2015 og at kravet i andre havområde skal vere 0,5 frå 2020, eller seinast 2025 dersom IMO vedtek utsetjing. Svovelkrava for skipsfarten vil medføre ein sterk reduksjon i bruken av tungolje.

Ozonreduserande stoff

Noreg har oppnådd gode resultat i reduksjon og stans i bruk av ozonreduserande stoff. Vi oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen og vi har ei målsetjing om å utvikle dette avtaleverket vidare til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff både nasjonalt og internasjonalt. Bindande internasjonale avtaler er avgjerande for å løyse dei globale og grenseoverskridande miljøutfordringane.

Miljøstyresmaktene arbeider òg aktivt med å fase ut all bruk av ozonreduserande stoff i Noreg. Det er likevel framleis attståande utfordringar som må følgjast opp for at ozonlaget skal restituerast innan rimeleg tid. Blant anna gjeld dette reduksjon i forbruket av gjenvunnen HKFK, og å sikre at stoff som ikkje lenger er i bruk blir forsvarleg teke hand om og destruert.

Montrealprotokollen er ei internasjonal avtale som forpliktar medlemslanda til betydelege reduksjonar i utslepp av gassar som er skadelege for ozonlaget. Reduksjonane er strengast for dei rikaste landa, som har stått for størsteparten av utsleppa. FNs miljøprogram, UNEP, har rekna ut at utan Montrealprotokollen ville mengda av ozonreduserande gassar i stratosfæren i år 2050 ha vore fem gonger større enn i dag.

Støy

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav til gjennomføring av utbetringstiltak for personar som er utsette for innandørs støy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet. Støy frå blant anna industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova, mens lov av 11. juni 1976 nr. 79 om produktkontroll med underliggjande forskrifter heimlar støykrav til ulike produkt.

Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere støyplager ligg utanfor Miljøverndepartementets myndeområde. Miljøverndepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene. Norske styresmakter har sett eit mål om at støyplaga skal reduserast innan 2020. Det er utarbeidd ein nasjonal handlingsplan mot støy som angir kva slag tiltak som er nødvendige for å nå måla.

Mange av dei mest støyutsette bustadane har fått fasadeisolering og støyskjerming, men for å nå måla må vi i tillegg redusere støyen der den oppstår. Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere å leggje støysvake vegdekke på norske vegar, tiltak for auka sal av støyreduserande bildekk og køyretøy, lågare fartsgrenser med meir.

EU arbeider òg med å avgrense støy frå ulike kjelder som køyretøy, fly og flypassar, og ei rekkje maskiner til utandørs bruk. Gjennom EØS-avtala er det stilt krav til at Noreg blant anna skal utarbeide støykart og ein handlingsplan for å redusere støy (frist juni 2013).