24 Statusrapportering på «gamle» resultatområde 3 frå 2011

Overgjødsling og nedslamming

Tabell 24.1  Overgjødsling og nedslamming

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

3.1.1 Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvatn og marine område som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan 2021.

Delen norske vassførekomstar som har god kjemisk og økologisk tilstand.

3.1.2 Ingen vassførekomstar skal nedklassifiserast (bli dårlegare) som følgje av auka tilførsel av næringssalt eller partiklar i tråd med krava i vassforskrifta.

Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1 S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1 S (2010-2011).

Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg, der dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri. Resultata frå grovkarakteriseringa i samsvar med EUs rammedirektiv for vatn, viser at problem med overgjødsling omfattar omtrent like mange vassførekomstar som forsuring og miljøgifter. Ferskvatn med overgjødslingsproblem finst særleg i område med tett busetnad eller i landbruksintensive område.

I dei marine områda er det særleg kyststrekninga frå svenskegrensa til Lindesnes som er utsett for negative effektar av overgjødsling. Sjølv om fosfor- og nitrogentilførslene til dette området er reduserte sidan 1980-talet, er mange lokale fjordarmar framleis påverka. Fiskeoppdrett er no hovudkjelda til menneskeskapte tilførsler av nitrogen og fosfor til kystområda i Nordsjøen og Norskehavet.

Tilførslene av næringssalt til hav og vatn er venta å auke som følgje av klimaendringar. Auka nedbør vil gi meir avrenning og meir næringssalt vil bli vaska ut av jorda og transportert til vatn og hav.

Næringssalt blir òg frakta til norskekysten med havstraumar frå kontinentet. Tendensen er at desse tilførslene minkar som følgje av europeiske reinsetiltak. På den andre sida har endra klimaforhold dei seinare åra ført til vindar som pressar kyststraumen nærare land. Dette overskuggar effekten av dei tiltaka som reduserer næringssalta. Eutrofiering førekjem òg i ein del fjordområde både langs Vestlandet og i Nord-Noreg.

Undersøkingar har påvist omfattande bortfall av sukkertareskog langs kysten i Sør-Noreg. Det er anslått at omlag 80 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå den norske Skagerrakkysten og at omlag 40 pst. er blitt borte langs kysten av Rogaland og Hordaland. Sukkertaren er i tillegg forsvunnen enkelte stader frå kystområda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Langs heile kyststrekninga har sukkertareskogen blitt erstatta med algar som medverkar til at partiklar i vassmassane festar seg og sedimenterer.

Årsaka til bortfallet av sukkertaren er ein kombinasjon av høgare sjøtemperaturar og store tilførsler av næringssalt og partiklar. Dette er alvorleg med tanke på at sukkertareskogen er viktig oppvekst- og næringsområde for bl.a. fisk og skaldyr.

Oljeforureining

Tabell 24.2 Oljeforureining

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

3.2.1. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje føre til helse- eller miljøskade eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje aller andre miljøfarlege stoff over tid.

Mengde operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemd.

3.2.2. Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast ytterlegare redusert. Det skal òg vere styrande for verksemd som medfører fare for akutt forureining.

Talet på og mengd operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff frå petroleumsverksemd.

Talet på og mengde akutte og operasjonelle utslepp av olje og andre miljøfarlege stoff frå skip og landbasert verksemd.

Talet på og mengde oppdaga, ulovlege utslipp av olje frå skip.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1 S (2010-2011).

3.2.1. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje føre til helse- eller miljøskade eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje aller andre miljøfarlege stoff over tid.

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. Nullutsleppsmålet gjeld heile norsk sokkel. Nullutsleppsmålet er basert på føre var-prinsippet og skulle ha vore nådd for både nye og eksisterande installasjonar innan 2005. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Basert på innrapporterte utsleppstal for 2008 og nye tilbakemeldingar på status i nullutsleppsarbeidet frå operatørane i 2009 har Klima- og forureiningsdirektoratet vurdert måloppnåinga for nullutsleppsarbeidet og behovet for vidare arbeid (Klima- og forureiningsdirektoratet, april 2010). Klima- og forureiningsdirektoratet har funne at det er behov for ytterlegare tiltak for enkelte innretningar for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd også for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er utsleppa av produsert vatn. Vassproduksjonen har auka jamleg på sokkelen. I 2010 var vassproduksjonen 158 mill. m 3 til 148 mill. m 3 . I følgje prognosar frå Oljedirektoratet vil mengda produsert vatn auke fram mot 2015 for deretter å bli redusert. Produsert vatn som kjem opp på plattformene med brønnstraumen blir reinsa, og anten pumpa tilbake i reservoaret eller reinsa og sleppt ut. Ca. 17 pst. av vatnet blir injisert. Delen har vore stabil dei siste åra. I 2010 vart det i alt sleppt ut 1443 tonn dispergert olje til sjø saman med det produserte vatnet, på same nivå som i 2009.

3.2.2. Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast ytterligare redusert. Det skal òg vere styrande for verksemd som medfører fare for akutt forureining.

Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs skipsfartsorganisasjon (IMO). Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere desse konvensjonane og syte for god handheving. Regelverket for utslepp av olje og kjemikaliar frå skip er nyleg revidert og stramma inn, mens konvensjonen som regulerer miljøgifter brukt i botnstoff på skip har tredd i kraft. Effektane av desse nye krava er ikkje kvantifiserte, men er rekna for å vere signifikante og betydelege for nokre stoff.

Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Når denne konvensjonen trer i kraft internasjonalt vil risikoen for introduksjon av framande arter frå skip bli betydeleg redusert. Ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft i 2010.

IMO har utarbeidd nye krav til luftutslepp frå skip som er venta å sterkt redusere bruk av tungolje på skip. Dette vil redusere risikoen for ulykkesutslepp, generere mindre oljehaldig avfall og slik redusere talet på ulovlege utslepp frå skipsfarten.

Frå skipsfarten utgjer dei akutte ulovlege utsleppa hovudutfordringa. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonens vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip.

Gjennom systemet Kystverkets har for overvaking og meldinger om utslepp vart det identifisert 96 ulovlege utslepp frå skip i 2010. Dette er tolv fleire enn i 2009 og seks fleire enn i 2008. Mengda utslepp var langt mindre i 2010 enn i 2009 (106 m 3 i 2010 mot 502 m 3 i 2009). Det er vanskeleg å samanlikne mengdene frå år til år, sidan enkelthendingar ofte gjev store utslag på mengdene.

Eit samarbeid mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av slike ulovlege utslepp frå skip. Ein reknar med betydelege mørketal for ulovlege utslepp frå skip.

Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. Petroleumsnæringa skal til ei kvar tid syte for dimensjonering og plassering av beredskapsfunksjonar som gir best mogleg beredskap innafor dei rammene som styresmaktene har sett, blant anna gjennom krav og vilkår i enkeltløyve. I 2010 var det i alt 106 akutte utslepp av olje på til saman omlag 348 m 3 frå offshoreverksemda på norsk sokkel. På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 33 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 33 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2010 vart det registert 203 akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert verksemd som til saman utgjorde 2224 m³. Dette er ein auke samanlikna med utsleppa i 2008. Utsleppa av olje og kjemikaliar frå landbasert verksemd varierer mykje frå år til år og er sterkt påverka av enkelthendingar.

Miljøgifter og radioaktiv forureining

Tabell 24.3 Miljøgifter og radioaktiv forureining

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

3.3.1. Utslepp av prioriterte miljøgifter skal stansast eller reduserast vesentleg innan 2010.

Utsleppsreduksjonar for prioriterte kjemikaliar som er omfatta av målet

3.3.2 Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020.

3.3.2.1 Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt

3.3.3. Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

3.3.4. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller redusert vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining.

3.3.5. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

3.3.6. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff.

Del av ulike typar radioaktivt avfall som er handtert på godkjent måte.

3.3.6.1. Effektiv gjennomføring av nytt regelverk for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall.

3.3.6.3. Redusere risiko for radioaktiv forureining av norske område frå utanlandske kjelder.

Berekna risiko for utslepp frå utvalde utanlandske kjelder som kan påverke Noreg.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

3.3.1. Utslepp av prioriterte miljøgifter skal stansast eller reduserast vesentleg innan 2010.

Det er fastsett som mål å stanse eller vesentleg redusere utsleppa av prioriterte miljøgifter seinast innan 2010 i forhold til 1995. Med vesentleg reduksjon er meint 50-90 pst. reduksjon av utsleppa. Tabell 24.4 viser oversikt over dei stoffa det gjeld (prioritetslista), oppnådde utsleppsreduksjonar i 2008 og prognose for utsleppsreduksjonar innan 2010.

Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. For dei fleste stoffa er det i 2008 oppnådd utsleppsreduksjon på same nivå som er venta innan 2010. Utsleppa av fleire av stoffa er reduserte med meir enn 90 pst. Prognosane tyder likevel på at 2010-målet ikkje vil bli nådd for bromerte flammehemmarar og arsen, og måloppnåinga er usikker for polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH). Ei nærare utgreiing for dette blei gitt i Prop. 1 S (2009-2010) frå Miljøverndepartementet. Det er òg uvisse om målet blir nådd for mellomkjeda klorparafinar (MCCP). Det er stor uvisse knytt til bruk og utslepp av MCCP frå faste importerte produkt, og tidlegare overslag over bruk og utslepp har truleg vore for låge. Det går føre arbeid for å betre datagrunnlaget.

Tabell 24.4 Utsleppsreduksjonar for prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Miljøgift

Utslepp*

1995

(ca. tonn)

Utslepp*

2008

(ca. tonn)

Utslepps- reduksjon

1995 – 2008

(ca. %)**

Prognose; Utsleppsred. 1995-2010

Storleiksorden (%)**

Stoff der utslepp skal reduserast vesentleg og forsøkast stansa innan 2005:

Enkelte tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHTMAC)

8

1

86

Ca. 90

Klorparafinar, kortkjeda (SCCP)

1

0

100

Ca. 100

Nonyl/oktylfenolar og etoksilata deira

25

2

93

Ca. 90

PCB (utfasing ståande masse)

487

150

69

Ca. 80

Pentaklorfenol (PCP)

10

0

100

Ca. 100

Stoff der utslepp skal reduserast vesentleg innan 2010:

Arsen (As)

36

26

27

25 – 30

Bly (Pb)

600

177

71

Ca. 75

Bromerte flammehemmarar

0,4

ca. 2

-

Dietylheksylftalat (DEHP) 1

285

120

58

Ca 60

1,2-dikloretan (EDC)

33

4

87

90 – 95

Dioksin (mengdeeining i g TEQ)

74

24

67

60 – 70

Heksaklorbenzen (HCB)

0,09

0,008

91

Ca. 90

Kadmium (Cd)

5

1,5

70

Ca. 70

Klorerte alkylbenzen (KAB, som EOCl)

0,08

0,02

79

60 – 75

Klorparafinar, mellomkjeda1

33

27

18

Ca. 20- 25

Krom (Cr)

100

41

59

50 – 60

Kvikksølv (Hg)

2,5

0,9

64

65 – 70

Muskxylen

0,9

0,14

77

60 – 65

PFOS og PFOS-relaterte sambindingar ***

22

0

100

100

Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH)

268

156

42

Ca. 50

Tetrakloreten (PER)

367

24

93

Ca 90

Tributyl- og trifenyltinnsambindingar (TBT og TFT)

29

0

100

100

Triklorbenzen (TCB)

Ca. 0,021

0,05

-

Ca. 70

Trikloreten (TRI)

620

31

95

Ca. 90

Nye stoff:

Bisfenol A

ikkje kjent

Decametylcyklopentasiloxan (D5)

ikkje kjent

Dodecylfenol med isomerer

ikkje kjent

PFOA

Ca. 0,015

Triklosan

1,5

2,4,6-tri-tert-butylfenol (TTB-fenol)

ikkje kjent

1 Basert på eit forbruk på 1 pst. av EUs omsetning

* Utslepp frå forureina grunn ikkje med

** Som følgje av låge utsleppsnivå kan små endringar i utsleppsdata føre til heller store endringar i den utrekna reduksjonsprosenten.

*** Mengd PFOS og PFOS-relaterte sambindingar i brannskum (utgjer hovudmengda av produkt der PFOS-sambindingar har vore brukte) 2005

Kjelde: Klima- og forureiningsdirektoratet

3.3.2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020.

3.3.2.1 Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt

Det er dei same stoffa som er omfatta av målet om å stanse utslepp innan 2020 (resultatmål 3.3.2, tabell 24.3) som er oppførte på prioritetslista i tabell 24.4. Målet om vesentleg reduksjon av utslepp av prioriterte stoff innan 2010 er dermed berre eit første steg på vegen mot målet om å stanse utsleppa av miljøgifter innan 2020. Ein viktig del av arbeidet vidare er å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan.

Miljøstyresmaktene vurderer kontinuerleg kva slag stoff som på bakgrunn av gitte kriterium skal vere omfatta av prioritetslista. Ny vitskapeleg informasjon og endra bruksmønster kan aktualisere nye stoff eller gjere andre mindre aktuelle. Førebels ligg det føre lite informasjon om forbruk og utslepp av dei nye stoffa på lista. Betre datagrunnlag er viktig for å kunne vurdere tiltak og verkemiddel, i tillegg til å utarbeide prognosar og vurdere måloppnåing. Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider med å betre datagrunnlaget.

Regjeringa nedsette i 2009 eit offentleg utval med mandat å foreslå konkrete tiltak som kan bidra til at 2020-målet blir nådd. Utvalet kom med sin utgreiing i november 2010. Utgreiinga har vore på høyring, og departementet vurderer tiltak og verkemiddel i det vidare arbeidet.

Innsatsen er i stor grad retta mot å bidra til styrking av reguleringane under EU/EØS-regelverk og internasjonale avtaler. Noreg har påteke seg å evaluere fleire stoff under EU/EØS-kjemikalieregelverket REACH. REACH omfattar registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar. Klima- og forureiningsdirektoratet har foreslått forbod mot produksjon, import, omsetning og bruk av fem kvikksølvsambindingar under REACH. Desse stoffa er nytta i visse typar polyuretanplast, for eksempel elastiske plastprodukt. Forslaget er basert på omfattande dokumentasjon av bruken av stoffa, helse- og miljøeffektar og økonomiske konsekvensar av forbodet. Stoffa blir produserte og brukte i store mengder i EU i dag. Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider òg aktivt for å få stoff omfatta av krava til godkjenning under REACH, og har blant anna påteke seg å utarbeide dokumentasjon for ulike arsensambindingar. Det går òg føre omfattande arbeid for å få stoff klassifiserte med omsyn til helse- og miljøfare. Klima- og forureiningsdirektoratet har sendt klassifiseringsforslag for sju stoff til EU, som blant anna omfattar den perfluorerte sambindinga PFOA som kan finnast i impregneringsmiddel i tekstil.

Samtidig blir behovet og handlingsrommet for strengare nasjonale reguleringar vurdert. Miljøverndepartementet sende forslag til regulering av fire stoff (mellomkjeda klorparafinar (MCCP), bly og blysambindingar, pentaklorfenol (PCP) og perfluoroktylsyre (PFOA) i forbrukarprodukt på høyring til ESA i desember 2010. Forslaget vart òg sendt på nasjonal høyring. I 2008 vart det innført nasjonalt forbod mot kvikksølv i produkt og utvida forbod mot den bromerte flammehemmaren deka-BDE.

Miljøverndepartementet har òg fokus på helse- og miljørisiko ved bruk av nanomaterial. Det er sentralt å framskaffe betre kunnskap om bruk og moglege negative verknadar som eit grunnlag for å kunne innføre tiltak. Samstundes er det viktig å få på plass gode system for å vurdere risikoen ved nanomaterial og reguleringar som sikrar tilstrekkeleg beskyttelse av helse og miljø.

Internasjonalt arbeid er svært viktig for å redusere bruk og utslepp av miljøgifter globalt, både med tanke på å redusere mengda langtransportert forureining og for å redusere produksjonen, omsetninga og bruken av miljøgifthaldige produkt som er produserte utanfor Noreg. Noreg arbeider med å få inn forbod og avgrensingar mot fleire stoff gjennom Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Stockholm-konvensjonen om persistente organiske miljøgifter og UNECE-protokollane om høvesvis organiske miljøgifter og tungmetall. I 2009 vart ni nye stoff omfatta av forbod eller strenge reguleringar i Stockholm-konvensjonen, mens sju nye stoff vart omfatta av UNECE-protokollen om organiske miljøgifter. Blant dei nye stoffa som vart inkluderte i desse konvensjonane var den bromerte flammehemmarane penta-BDE som var fremja av Noreg. Plantevernmiddelet endosulfan vart omfatta av avgrensingar under Stockholm-konvensjonen i 2011. Fleire stoff er under vurdering, blant anna den bromerte flammehemmaren HBCDD som er foreslått av Noreg. Vidare vart tre plantevernmiddel, under dei endosulfan, lagt til lista under Rotterdam-konvensjonen. Noreg er òg ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye globale konvensjonen om kvikksølv som no blir forhandla fram. Denne konvensjonen skal vere ferdig i 2013. Noreg støttar den globale kjemikaliestrategien SAICM. Strategien bidreg til grunnleggjande kapasitetsbygging for kjemikalieforvaltning i utviklingsland, og er ein viktig del av den norske satsinga for å redusere dei globale utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Noreg bidreg til finansiering av tiltak i utviklingsland gjennom fleire kanalar over Utanriksdepartementets budsjett, særleg gjennom Det globale miljøfondet (GEF), og ved bidrag til UNEP og program for kapasitetsbygging under dei internasjonale konvensjonane.

Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert, og opprettinga av ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter er under etablering. Miljøprøvebanken blir plassert i Forskingsparken på Blindern i Oslo og skal administrerast av forskingsinstitutta i CIENS. Miljøprøvebanken skal samle inn og ta vare på prøver av biologisk materiale, for deretter å fryse dei ned for seinare analysar av miljøgifter. Dette vil bli eit svært nyttig verktøy i forvaltning av og forsking på miljøgifter. Formålet er å kunne gjere nye analysar av prøver når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar.

3.3.3. Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Målet er at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal brukast og sleppast ut, òg frå produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade.

For å måle utslepp av helse- og miljøfarlige kjemikaliar er det utvikla ein utsleppsindikator for utvalte helse- og miljøfarlige stoff. Indikatoren tek utgangspunkt i mengde produsert, importert og eksportert av kjemikaliane kombinert med ein utsleppsfaktor basert på bruksområde. Figur 24.1 viser utviklinga i denne utsleppsindikatoren for kjemiske stoff klassifiserte med omsyn til kreft, mutagene, reproduksjonsskadelege (CMR), kronisk giftverknad, allergiframkallande effekt og miljøfare i perioden 2002 – 2009. Indikatoren i 2002 er sett lik 1.

Trenden for dei ulike gruppene varierer noko, men hovudbiletet er at utsleppet av farlege stoff er redusert frå 2002. Den største nedgangen ser vi for utslepp av dei kronisk giftige stoffa. For allergiframkallande stoff har det vore ein nedgang i utsleppa sidan 2006, og utsleppet av CMR-stoff er òg redusert sjølv om dette utsleppet har vore varierande. Utsleppet av miljøfarlege stoff steig frå 2002-2005, men har sidan 2005 gått betydeleg ned.

Figur 24.1 Utsleppsindikatorar for helse- og miljøfarlege stoff. 2002-2008, der 2002=1.

Figur 24.1 Utsleppsindikatorar for helse- og miljøfarlege stoff. 2002-2008, der 2002=1.

I tillegg til arbeidet med restriksjonar under REACH, som er omtalt tidlegare, deltek Noreg aktivt i alle komitear som er oppretta i samband med REACH, og i ei rekkje arbeidsgrupper under REACH og regelverket om klassifisering og merking av farlege kjemikaliar, omtalt som CLP. Det er samarbeid med andre nordiske land når det gjeld REACH og CLP, for eksempel med innspel til kriterium for å kunne prioritere stoff som bør evaluerast under REACH. Regelverket som regulerer visse farlege kjemikaliar i elektriske og elektroniske produkt (RoHS) vart nyleg endra. Noreg arbeidde aktivt for at dette førte til eit regelverk som gav betre vern for helse og miljø.

Regjeringa arbeider for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Klima- og forureiningsdirektoratet lanserte i 2010 nettstaden Erdetfarlig.no i samarbeid med Mattilsynet og Miljømerking. Her blir det gitt hjelp til å unngå helse- og miljøfarlege stoff i forbrukarprodukt, oversikt over produkta med dei offisielle miljømerka Svanen og Blomsten innan ulike varekategoriar, og informasjon om korleis ulike typar produkt skal blir avfall.

Produktregisteret blir lagt på nettsida Produktinformasjonsbanken ( www.pib.no ). Nettsida vart våren 2010 lansert på nytt med ny design og betre søkjetilhøve. Produktregisteret skal halde fram arbeidet sitt for å leggje til rette for at allmenta får tilgang til ytterlegare informasjon om produkt.

3.3.4. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Per 1. september 2011 er det 402 lokalitetar som er kjende av miljøstyresmaktene og der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak. Oppfølginga av lokalitetane kan innebere undersøkingar, sikring og overdekning, fjerning av masse, arealbruksrestriksjonar eller liknande. Talet på lokalitetar går ned som resultat av gjennomført oppfølging, men det vil òg kunne auke på grunnlag av for eksempel nye undersøkingar, nye utslepp eller revurdering av risiko ved forureininga.

Tabell 24.5 Grunnforureining

2006

2007

2008

2009

2010

Talet på kjende område med alvorlege grunnforureiningar

366

353

348

334

380

I arbeidet med forureina grunn er utgangspunktet at spreiing av prioriterte miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Særleg blir prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske eller der forureininga lek frå grunnen til område som er prioriterte i samband med arbeidet med forureina sjøbotn. Det blir dessutan vurdert nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn.

Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider med å gjennomføre opprydding i dei dokumentert mest alvorlege grunnforureiningslokalitetane med utslepp til prioriterte fjordar og på stader der forureininga kan føre til helserisiko for menneske, jf. St.meld. nr. 14 (2006-2007).

Ein handlingsplan for opprydding i forureina grunn i barnehagar i dei ti største byane og fem store industristader vart fremja hausten 2006. Handlingsplanen innebar at overflatejorda i barnehagane i dei ti største byane og fem store industristader skulle undersøkjast og eventuell forureining ryddast opp innan 2010.

Klima- og forureiningsdirektoratet har gjennomført handlingsplanen i samarbeid med dei aktuelle kommunane, og med unntak av ein av industrikommunane vert prosjektet ferdigstilt i sommarhalvåret 2011. Det har vore behov for tiltak i nærare 70 pst. av barnehagane. Det skuldast hovudsakleg bruk av CCA-impregnert trevirke i sandkassar og sandbasseng, i tillegg til behov for utskifting av jord i om lag ein tredel av barnehagane i desse kommunane. Klima- og forureiningsdirektoratet har komme med eit forslag til korleis dette arbeidet skal følgjast opp for barnehagar i resten av landet.

Det er eit politisk ønske at det offentlege og private skal ha kjennskap til forureina grunn, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005). Informasjon om forureining i grunnen framkjem no gjennom matrikkelen. Klima- og forureiningsdirektoratets database Grunnforurensning er kopla direkte mot matrikkelen. Funksjonen til matrikkelen er på dette området å gjere merksam på om det finst forureining av grunnen på ei matrikkeleining eller ikkje.

3.3.5. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

Handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid byggjer på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn for dei 17 høgst prioriterte områda i Noreg. Dei fylkesvise tiltaksplanane er avgrensa til dei delane av fjordane der sjøbotnen er sterkast forureina, og til kjeldeområde på land i tilknyting til desse.

Eit omfattande arbeid er sett i gang med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt på dei 17 områda. Omfattande tiltak er gjennomførte i Kristiansand, Oslo og Trondheim (opprydding knytt til Killingdal gruver). I Tromsø og Oslo blir tiltaka avslutta i 2011. Harstad og Sandefjordsfjorden og fleire andre tiltaksplanområde står for tur.

Dei aller fleste av dei om lag 100 prioriterte skipsverfta har gjennomført undersøkingar i grunnen og i sjøbotnen utanfor for å klarleggje behovet for oppryddingstiltak. Det blir fortløpande utarbeidd tiltaksplanar for dei verfta der det er behov for tiltak. Det er viktig å stanse kjelder på land før tiltak blir gjennomførte på sjøbotnen, og for dei fleste verfta er dette rekkefølja. Det er i tillegg gitt pålegg tilti0 store hamner og dei 17 største industrihamnene med utsleppsløyve i tiltaksplanområda, om å kartleggje korleis verksemda deira bidrar til å forureine sjøbotnen, og vurdere behovet for opprydding. Miljøstyresmaktene vil òg elles der det er nødvendig og juridisk mogleg gi pålegg om oppryddingstiltak for å stanse utlekking til sjøbotn.

I dei fleste av tiltaksplanområda har kommunane ei sentral rolle i oppryddingstiltaka som lokal styresmakt, ansvarleg for hamneverksemda og ansvarleg for viktige kjelder til utlekking av miljøgifter frå avfallsdeponi og kommunale avløp. Fylkesmannen har forureiningsmynde i dei fleste sakene og regulerar tiltaka etter forureiningslova og forskrifter. Etter søknad medverkar Klima- og forureiningsdirektoratet med midlar til enkelte kommunar, til kommunale prosjektleiarar, undersøkingar og oppryddingsprosjekt i forureina sjøbotn.

3.3.6. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

Det viktigaste grepet i 2011 har vore å gjere forureiningslova gjeldande òg for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. I særleg grad vil kravet om deklarasjon av radioaktivt avfall bidra til auka oversikt over og kontroll på handteringa av dette avfallet. For å redusere utslepp og risiko for utslepp har Noreg dialog med land der det finst kjelder som kan påverke Noreg, i tillegg til at miljøstyresmaktene deltek i internasjonalt arbeid. Det blir òg arbeidd med kartlegging, overvaking og forsking.

Figur 24.2 Utslepp av 131 I frå norske sjukehus i perioden 2005 – 2009.

Figur 24.2 Utslepp av 131 I frå norske sjukehus i perioden 2005 – 2009.

Figuren viser utslepp frå norske sjukehus i perioden 2005-2009. Utsleppa varierer etter aktivitetsnivået, men vi ventar noko reduserte utslepp på sikt i tråd med målsetjingane i forureiningslova.

3.3.6.1. Effektiv gjennomføring av nytt regelverk for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall.

Det nye regelverket gir eit meir heilskapeleg grunnlag for forvaltning av dette forureiningsfeltet. Det er òg utvikla eit tett samarbeid mellom Statens strålevern og Klima- og forureiningsdirektoratet for å sikre felles rutinar og godt grunnlag for lik forvaltning. Dei gjennomfører blant anna felles tilsyn og har skrive under ei samarbeidsavtale.

Det blir arbeidd med å kartleggje ulike kjelder og type verksemder som genererer radioaktivt avfall og med å lage ei oversikt over avfallsstraumar. Denne oversikta vil først komme i 2012 avhengig av årleg innlevering av deklarasjonsskjema.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive materiale frå nasjonale kjelder.

Utsleppa av produsert vatn varierer med aktivitetsnivået på sokkelen. Målsetjingane i OSPAR er at utsleppa av naturleg førekommande radioaktive stoff òg skal reduserast gradvis slik at konsentrasjonen av stoffa i miljøet er nær bakgrunnsnivå innan 2020. Basert på prognosar om mengder produsert vatn ligg Noreg ikkje an til å nå målet om ein gradvis reduksjon, men usleppet i 2020 ser ut til å bli lågare enn i 2009.

Det er framleis betydeleg mangel på kunnskap om radioaktiv forureining av det ytre miljøet. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane og betre grunnlag for overvaking skal derfor førast vidare.

Figur 24.3 Utslepp av 226 Ra, 228 Ra og 210 Pb med produsert vatn frå olje og gassverksemda på norsk sokkel for perioden 2005 – 2009.

Figur 24.3 Utslepp av 226 Ra, 228 Ra og 210 Pb med produsert vatn frå olje og gassverksemda på norsk sokkel for perioden 2005 – 2009.

3.3.6.3. Redusere risiko for radioaktiv forureining av norske område frå utanlandske kjelder.

Forureining med cesium-137 er framleis betydeleg i dei områda som vart ramma av nedfall frå Tsjernobylulykka. Erfaringane frå overvaking av utmarksbeitande dyr og overvakingsprogrammet for radioaktivitet i terrestrisk miljø er at forureininga varer lengre enn ein trudde tidligare og at tiltak vil vere nødvendige i fleire tiår framover. Arbeidet med å samle inn data om aktuelle nivå i hjortevilt og bær held fram.

Figur 24.4 Cesium-137 i aure og røye etter Tsjernobyl- ulykken. Høysjøen, Nord-Trønderlag

Figur 24.4 Cesium-137 i aure og røye etter Tsjernobyl- ulykken. Høysjøen, Nord-Trønderlag

Kjelde: Norsk institutt for naturforskning, 2008. www. miljøstatus.no

Eit verkemiddel for å nå målet om at utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå er å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske område frå utanlandske kjelder.

Sannsynet for at ei alvorleg atomhending skal inntreffe og ramme Noreg er vurdert som lågt i Nasjonal sårbarhets- og beredskapsrapport (NSBR) 2011 . Risiko varierer mellom ulike potensielle kjelder. Sannsynet for ei atomulykke er påverka av teknisk standard, organisasjon, myndigheitskontroll og sikkerheitskultur. Også konsekvensane av ei atomulykke vil avhenge av ei rekkje faktorar, for eksempel kor ulykka skjer, type og mengde radioaktive stoff som er involverte, korleis utsleppa blir transporterte og evne til å handtere og setje i verk tiltak. Sannsynet for atomulykker heng saman med talet på anlegg der slike ulykker kan oppstå. Med uendra sikkerheitsnivå vil sannsynet for ulykker auke i takt med talet på anlegg.

Miljøverndepartementet deltek i arbeidet med gjennomføringa av Regjeringas handlingsplan for oppfølging av St.meld. nr. 34 (1993-94) om atomverksemd og kjemiske våpen i våre nordlege nærområde . Noreg har gjennom denne planen arbeidd for å sikre forholda rundt det radioaktive avfallet i Nordvest-Russland. Noreg har dei seinaste åra lagt vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter, og har lagt vekt på at konsekvensar for miljøet må vurderast før ulike tiltak blir sette i verk, slik at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. St.meld. nr. 11 (2009-2010) Samarbeid med Russland om atomvirksomhet og miljø i nordområdene gir ei oppdatert oversikt over den norske innsatsen dei siste åra og trekkjer opp prioriteringane vidare framover. Samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining er òg styrkt gjennom miljøvernkommisjonen si ekspertgruppe.

Miljøverndepartementet deltek òg i Embetsgruppa for koordinering av atomberedskapen i Noreg og har dekt sin del av kristutvalet sin langtidsplan for oppgradering av den norske atomberedskapen. Det blir vidare arbeidd med å sikre at departementet og dei underliggjande etatane er godt eigna til å redusere konsekvensane for helse og miljø så godt som mogleg i tilfelle ei alvorleg atomhending.

Lagra av høgaktivt flytande avfall (HAL) ved Sellafieldanlegget er i løpet av dei siste åra reduserte frå om lag 1500 til om lag 900 tonn. Britiske styresmakter sett no krav om at avfallsmengda skal reduserast til 5-600 tonn innan 2015. Ein rapport frå Statens strålevern viser at eit mogleg uhell ved Sellafieldanlegga kan ramme Noreg hardt. Behovet for rask reduksjon av mengdene av flytande, høgradioaktivt avfall og styrkt tryggleik har vore teke opp med britiske styresmakter ei rekkje gonger. Det er nær kontakt om dette mellom dei norske og britiske styresmaktane, både på departements- og fagnivå.

Avfall og gjenvinning

Tabell 24.6 Avfall og gjenvinning

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

3.4.1. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

3.4.2 Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå.

Delen av ordinært avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling.

3.4.3. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Mengd farleg avfall med ukjent disponering.

Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling

3.4.4. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

For dei fleste miljøproblema som har si årsak i avfall er det fastsett eigne resultatmål, blant anna for utslepp av klimagassar og for miljøgifter. Verkemiddelbruken på avfallsfeltet må derfor sjåast i samanheng med verkemiddelbruken på desse områda.

3.4.1. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Veksten i økonomien har tradisjonelt gitt auka avfallsmengder. Miljøproblema som følgjer av dei auka avfallsmengdene kan delvis motverkast ved gjenvinning. Det er likevel grenser for kor store delar av avfallet det er miljømessig føremålstenleg, økonomisk forsvarleg og teknisk mogleg å gjenvinne. Tilsvarande avgrensingar gjeld for utsleppsreduksjonar frå sluttbehandlingsanlegga. Utan avfallsreduksjon vil derfor miljøproblema frå avfall halde fram med å auke. Resultatmålet inneber at same økonomiske aktivitetsnivå i framtida skal medføre vesentleg mindre avfall. I dette legg Regjeringa at det skal vere ein forskjell som monnar og som varer ved.

Tabell 24.7 Avfallsmengder

2005

2006

2007

2008

2009

Mill. tonn avfall

9,8

10,1

10,7

10,9

10,4

Den samla avfallsveksten frå 1995 til 2009 var på 41 pst. Dette er litt høgare enn veksten i BNP målt i faste prisar, som var på 40 pst. i same periode. Avfall frå næringsverksemd utgjer om lag 80 pst. av den totale avfallsmengda. Veksten i næringsavfallet minka med fem pst. frå 2008 til 2009. Dette heng saman med redusert byggjeaktivitet i same periode. Framleis står industrien for det meste av avfallet, og veksten her har vore stabil (SSB 2010). Denne utviklinga kjem truleg i betydeleg grad av endringar i aktivitetsnivået i dei ulike næringane. Endringar i datagrunnlag og omlegging av avfallsstatistikken kan òg ha påverka utviklinga i indikatoren.

Avfallsmengda frå hushalda auka med 70 pst. frå 1995 til 2009. Dette er meir enn auken i hushalda sitt økonomiske forbruk. Frå 2008 til 2009 gjekk mengda hushaldsavfall ned med nær 2 pst. mens hushalda sitt forbruk var uendra. Det er første gongen etter at statistikken vart oppretta i 1992 at genereringa av hushaldsavfall er redusert (SSB 2009). Tal for 2010 viser ei auke på hushaldsavfallet igjen frå 2009–2010.

Figur 24.5 Utvikling i avfallsmengder og BNP (faste prisar)

Figur 24.5 Utvikling i avfallsmengder og BNP (faste prisar)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (2009)

Ei fråkopling av avfallsgenereringa frå den økonomiske veksten kan skje gjennom endra samansetjing av produksjon og forbruk, og gjennom auka materialeffektivitet i dei enkelte produkta og produksjonsprosessane. Miljøverndepartementet har her ei særleg pådrivarrolle.

3.4.2 Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå.

Gjenvinning av avfall omfattar materialgjenvinning, biologisk behandling, forbrenning med energiutnytting og bruk av massar som fyll- eller dekkmassar. Gjenvinningsgraden har vore stabil sidan 2005. Farleg avfall er då halde utanom. I 2009 vart 78 pst. av avfallet gjenvunne (SSB 2010). Dette inkluderer 46 pst. til materialgjenvinning, 25 pst. til energiutnytting og det resterande til kompostering eller til bruk som dekkmasse eller fyllmasse. Det blir kontinuerleg arbeidd med å sikre ei opptrapping mot 80 pst. gjenvinning.

Tabell 24.8 Gjenvinning av avfall

2005

2006

2007

2008

2009

Gjenvinningsdel av avfallet i pst.

77

79

78

77

78

Figur 24.6 Mengd vanleg avfall i Noreg etter behandling1. Endelege tal 1995-2008, førebelse tal 2009. Prosent av kjent behandling

Figur 24.6 Mengd vanleg avfall i Noreg etter behandling 1 . Endelege tal 1995-2008, førebelse tal 2009. Prosent av kjent behandling

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (2009)

Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til gjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for enkelte typar avfall.

Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad.

Omlag 1,9 mill. tonn avfall vart deponert i 2009. Dette inkluderer ei betydeleg mengd farleg avfall som blir lagt i eigne deponi. Omlag ein firedel av det tidlegare deponerte avfallet er truleg nedbryteleg avfall som er årsak til metanutslepp frå deponia (SSB 2010).

Då forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall vart fastsett, var det venta at det ville ta omlag fem år før tilstrekkeleg alternativ behandlingskapasitet var etablert. Det vart derfor vurdert som nødvendig å opne for mellombelse dispensasjonar frå forbodet. Det vart gitt dispensasjon for ei relativt stor mengd avfall i den første tida etter at forbodet vart innført. Frå 2013 vil det vere få eller ingen dispensasjonar frå forbodet. Samtidig har marknaden for avfallsforbrenning endra seg slik at det ikkje lenger er same mangel på forbrenningskapasitet. Uro i forbrenningsmarknaden, og då særleg at norske forbrenningsanlegg opplevde at dei hadde dårlegare konkurransevilkår enn svenske anlegg, var òg årsak til at Regjeringa i Prop. 126 LS (2009-2010) Endringar i skatte – og avgiftsreglane mv. foreslo å avvikle sluttbehandlingsavgifta på forbrenning frå 1. oktober 2010.

Registrert eksport av avfall har auka klart. I 2009 var eksporten av avfall (ordinært avfall og farleg avfall) om lag 770 000 tonn, ein betydelig auke frå året før. Meir enn 70 pst. gikk til forbrenning med energiutnytting. Eksport av avfall i 2003 var til samanlikning 146 000 tonn. Auken skuldast for ein stor del eksport av brennbart avfall til energigjenvinning i Sverige. Så langt har ikkje røynsla gitt grunnlag for særskilte tiltak for å setje grenser for mengda avfall som blir eksportert eller importert.

EU vedtok 19. november 2008 eit nytt rammedirektiv for avfall (2008/98/EF). Direktivet erstattar det tidlegare rammedirektivet for avfall, direktivet om farleg avfall og direktivet om spillolje. Det nye rammedirektivet vart innlemma i EØS-avtala med verknad frå 2. juli 2011. Norsk avfallsregelverk er vurdert å vere i tråd med rammedirektivet. Direktivet krev derfor ikkje endringar i norsk rett. Miljøverndepartementet har likevel gitt Klima- og forureiningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til endring av avfallsforskrifta, og grunnlagsmateriale til enkelte endringar i forureiningslova, med sikte på å bringe omgrepa i avfallsregelverket meir i samsvar med EU-retten. Direktiv om handtering av avfall frå mineralindustrien vart vedteke i EU i 2006, og er innlemma i EØS-avtala. Krava i direktivet er i stor grad i tråd med gjeldande rett, men forslag til gjennomføring av direktivet er sendt på høyring i 2011. Når det gjeld returordninga for innsamling av elektrisk og elektronisk avfall, har EU-kommisjonen foreslått nye reglar for å effektivisere ordningane og auke innsamlingsmåla. Endringane vil venteleg bli vedtekne i EU hausten 2011, og vil medføre enkelte endringar i avfallsforskrifta kapittel 1. Regjeringa vedtok i februar 2011 å leggje fram ei stortingsmelding om avfallspolitikken.

3.4.3. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Sjå delmål 3.4.4. for samla rapportering.

3.4.4. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

Ein million tonn helse- og miljøfarleg avfall gjekk til godkjent behandling i 2009, ein liten reduksjon i forhold til året før. Lågare aktivitet i industrien er truleg hovudårsaka til denne nedgangen. Sidan 1998 er mengda meir enn dobla. Mykje av denne auken reknar ein med kjem frå betring i datagrunnlaget, og den reelle auken kan derfor vere mindre enn det statistikken viser. Ifølgje SSB sine berekningar gjekk 2 000 tonn mindre av farleg avfall til ukjent handtering i 2009 enn i 2008. Sidan toppen i 2004 har mengda farleg avfall til ukjent handtering avteke med 43 000 tonn, eller 38 pst. Hovudårsaka er auka innsamling av oljehaldig farleg avfall, og at berekningane viser nedgang i mengd avfall som oppstår frå kreosothaldig trevirke. Ei fornying av regelverket i 2003 førte til at fleire avfallstypar vart rekna som farlege, deriblant impregnert trevirke, eternitplater (asbestsement) og plast med bromerte flammehemmarar. Det vart registrert 48 000 tonn slike nye typar farleg avfall til godkjent behandling i 2009, over dobbelt så mykje som i 2003. I same perioden vart mengda til ukjent handtering av dei same avfallstypane redusert med nær ein tredjedel, til 33 000 tonn. Ukjent handtering kan bety at avfallet er gått til godkjent handtering, men at det ikkje er registrert. Men det kan òg bety at avfallet har blitt handtert på uforsvarleg vis eller er hamna i naturen.

Nær 85 pst., tilsvarande 850 000 tonn, av det farlege avfallet som gjekk til godkjent behandling i 2009, vart behandla i Noreg. Resten, tilsvarande 150 000 tonn, vart eksportert for å bli behandla i utlandet. Til saman 22 pst. av det farlege avfallet vart gjenvunne, det vil seie materialgjenvunne eller energiutnytta, mens resten vart sluttbehandla, hovudsakleg på deponi. I desse resultata er behandling i utlandet rekna med. I 2007 vart 16 pst. av det farlege avfallet gjenvunne. Mange typar farleg avfall, bl.a. frå industrien, er vanskelege å gjenvinne, og dette kan vere ei forklaring på den høge slutthandteringsprosenten. Ein stor del av det sluttbehandla avfallet blir stabilisert og nytta til landskapsrestaurering.

Stadig fleire produkt inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå slike produkt aukar. I Klima- og forureiningsdirektoratets strategi for farleg avfall for perioden 2008–2010 har innsatsen særleg vore retta mot auka innsamling av farleg avfall med prioriterte miljøgifter. Klima- og forureiningsdirektoratet vil òg framover ha spesiell merksemd på avfall som inneheld prioriterte miljøgifter.

Regelverket for grensekryssande transport av avfall krev stor ressursinnsats i Klima- og forureiningsdirektoratet til saksbehandling og kvalitetssikring av meldingane om import/eksport og auka innsats på tilsyn og kontroll.

Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land. Klima- og forureiningsdirektoratet har styrkt samarbeidet med Toll- og avgiftsdirektoratet og andre styresmakter for å gjennomføre ein mest mogleg effektiv kontroll med ulovleg eksport og import av farleg avfall med skip.

Konvensjonen om gjenvinning av skip

Den 15. mai 2009 vart « Hong Kong International Convention for the Safe and Environmentally Sound Recycling of ships » fastsett på diplomatkonferanse i IMO. Den nye konvensjonen inneheld miljøkrav til skip gjennom heile skipet sin livssyklus, den stiller krav om godkjenning av opphoggingsstadene og inneheld føresegn om gjennomføringa av sjølve opphoggingsprosessen. Det nye regelverket vil utgjere grunnmuren i arbeidet med å betre både miljøforholda og forholda for tilsette i skipsgjenvinningsindustrien. Regjeringa tek sikte på ei snarleg behandling av norsk tiltreding av konvensjonen.

Gjennom arbeid i internasjonale fora tek departementet òg initiativ for å få betre regulering og kontroll med industriverksemd om bord på skip i internasjonalt farvatn.