25 Statusrapportering på «gamle» resultatområde 4 frå 2011

Tabell 25.1 Klimaendringar

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

4.1.1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar.

4.1.2. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990. Gjennom Klimameldinga og Klimaforliket er det slått fast at det er realistisk å ha eit mål om å redusere utslepp i Noreg med 15-17 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.

4.1.2.1. Sektormåla for reduksjon av klimagassutslepp frå klimameldinga frå 2007 skal vere oppfylte.

Nasjonal utsleppsutvikling.

4.1.2.2. Etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.

Nasjonal utsleppsstatistikk fordelt på sektorinndelinga frå Klimameldinga.

4.1.3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

4.1.4. Redusert avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD) skal gi lågare utslepp av klimagassar, og bidra til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

4.1.5. At samfunnet er mindre sårbart for klimaendringar og at Noregs tilpassingsevne er styrkt.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

4.1.1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

Noreg underskreiv i 1997 Kyotoprotokollen som vart framforhandla under FNs klimakonvensjon (UNFCCC). Der forplikta Noreg seg til at utsleppa i perioden 2008–2012 som eit gjennomsnitt ikkje skal overstige ein prosent meir enn 1990-nivå. Som ei følgje av dette fekk Noreg tildelt ei kvotemengd under Kyotoprotokollen på 250,5 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar (i gjennomsnitt 50,1 millionar tonn CO 2 -ekvivalentear årleg) i Kyoto-perioden (2008–2012). Som eit supplement til innanlandske utsleppsreduksjonar er det i Kyotoprotokollen opna for at landa kan nytte dei såkalla Kyoto-mekanismane (ulike typar kvotehandel) til å oppfylle forpliktingane. Som del av gjennomføringa av våre forpliktingar etter Kyoto-avtala vil Noreg finansiere utsleppsreduserande tiltak i andre land, i hovudsak i utviklingsland. Ein betydeleg del av reduksjonane skal skje gjennom nasjonale tiltak.

Kyoto-mekanismane består av handel med utsleppskvotar, prosjektsamarbeid mellom industriland som har ratifisert protokollen (JI), og prosjektsamarbeid med utviklingsland (CDM). Regjeringa legg opp til ei brei tilnærming for å innfri Noregs utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak, jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk . Det er etablert eit statleg kjøpsprogram for kjøp av kvotar under Kyoto-mekanismane i Finansdepartementet, jf. Prop. 1 S. (2010-2011). Stortinget har i tillegg vedteke at Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga under Kyotoprotokollen med ti prosentpoeng, eit mål som skal oppfyllast gjennom bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen.

Den nasjonale utsleppsutviklinga, norske bedrifter sine kjøp av kvotar gjennom EUs kvotehandelssystem og kjøpsprogrammet for kvotar gjer at Noreg ligg godt an til å innfri forpliktinga under Kyotoprotokollen.

Dei norske klimagassutsleppa auka igjen i 2010, etter to år med nedgang. Dette viser foreløpige tal frå utsleppsrekneskapen til Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet. Totalt var utsleppa på 53,7 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2010, ein auke på 4,8 pst. frå året før. Auka metallproduksjon og meir transport har medverka mest til oppgangen siste året. Omtrent 80 pst. av utsleppa i 2010 skuldast dei tre hovudkjeldene petroleumsverksemd, industri og transport (sjå figur 25.1). Petroleumsverksemda stod for 27 pst. av utsleppa, mens industri og transport stod for høvesvis 22 og 32 pst. Av transportutsleppa dominerer vegtrafikken med vel ti mill. tonn CO 2 -ekvivalentar eller omtrent 20 pst. av alle norske utslepp. Andre utslepp frå oppvarming av bygningar, utslepp frå avfallsdeponi med meir stod for 11 pst.

Sida 1990 har samla norske utslepp auka med åtte pst., og det er vekst i utslepp knytt til vegtrafikk og petroleumsverksemda som har ført til denne auken. Drivkreftene bak dette har vore at i denne perioden har auka velstand ført til større transportomfang, særleg for godstransport, mens petroleumsproduksjonen har auka betydeleg sidan 1990 og meir modne felt i slutten av perioden gir større utslepp pr. produsert eining.

Figur 25.1 Kjelder som har medverka til utslepp av klimagassar i Noreg frå 1990 og til og med 2010.

Figur 25.1 Kjelder som har medverka til utslepp av klimagassar i Noreg frå 1990 og til og med 2010.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet

4.1.2. Noreg skal fram til 202 0 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990. Gjennom Klimameldinga og Klimaforliket er det slått fast at det er realistisk å ha eit mål om å redusere utslepp i Noreg med 15-17 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.

4.1.2.1. Sektormåla for reduksjon av klimagassutslepp frå klimameldinga frå 2007 skal vere oppfylte.

Til trass for nedgangen i klimagassutslepp i 2008 og 2009, viser foreløpige utsleppstal for 2010 at utsleppa aukar igjen, så vi må vi vere budde på at det kan vere nødvendig å innføre fleire nye verkemiddel for å få utsleppa ytterlegare ned mot 2020. I klimaforliket vart det fastslått at det er realistisk å ha som mål å redusere utsleppa i Noreg med 15-17 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i forhold til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Referansebana frå 2007 viser utslepp i 2020 på vel 59 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar. Oppfylling av dette målet inneber at det er behov for vesentlege utsleppsreduksjonar. Arbeidet til faggruppa Klimakur 2020 som vart leia av Klima- og forureiningsdirektoratet viser at det er mogleg å nå dette målet, og at det er mange moglege måtar vi kan nå det på.

4.1.2.2. Etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.

Faggruppa Klimakur 2020 sitt overordna mandat var å utarbeide naudsynt grunnlagsmaterial for den vurderinga av klimapolitikken og behov for endra verkemiddel som skal leggjast fram for Stortinget i 2012 i form av ei klimamelding. Meldinga vil vere ein kontrollstasjon på vegen fram mot 2020, og vil vurdere i kva grad det er behov for nye eller endra verkemiddel i klimapolitikken.

Som bestemt i klimaforliket skal det årleg i samband med oppfølging av berekraftstrategien og dei ordinære budsjettframlegga leggjast fram ei rapportering/klimagassbudsjett som vurderer konsekvensane for klimagassutslepp og som rapporterer om utsleppsutviklinga og gjennomføringa av klimapolitikken. Klimagassbudsjettet har som mål å gi ei oversikt over klimagassutsleppa som følgjer av Regjeringas største satsingar i statsbudsjettet og kor vidt dei ulike satsingane bidreg i retning av å innfri dei nasjonale klimamåla. Effekten av satsingane skal vurderast anten dei gir auka utslepp som for eksempel ved enkelte vegprosjekt, eller dei gir reduserte utslepp som for eksempel satsinga på karbonfangst og -lagring. I klimagassbudsjettet bør òg tiltak som skatte- og avgiftsendringar og satsingar innan forsking og utvikling omtalast.

I tillegg er omtalt nokre saker som har verknad på klimautsleppa sjølv om desse ikkje er satsingar i budsjettet, slik som nye olje- og gassfelt som blir sette i drift.

Klimagassbudsjettet skal ha tal både for budsjettåret og for 2020, men det skal leggjast mest vekt på 2020. På den måten vil det bli tydeleg i kva grad satsingane bidreg til at Noreg når klimamåla sine, som til dømes det som er omtalt i klimameldinga og forliket om at det er realistisk å ha som mål å kutte dei innanlandske klimagassutsleppa med 15-17 mill. tonn i forhold til referansebana i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.

Regjeringa har òg innført ei klimavurdering av alle større satsingar i budsjettprosessen der det er relevant. Dette inneber at ansvarleg departement for ulike satsingsforslag leverer til Miljøverndepartementet for budsjettkonferansane ei vurdering av effektar på klimagassutslepp der det er relevant. Dette arbeidet vil kunne gi vesentleg tilleggsinformasjon om klimaeffektane av satsingane og vil derfor styrkje budsjettmaterialet på dette punktet og gi grunnlag for betre avgjerder.

Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av nokre sentrale endringar dei seinaste åra. For meir utfyllande informasjon viser ein til det enkelte departement sin budsjettproposisjon.Samferdselsdepartementet har som ein illustrasjon gjort grove overslag over klimaverknaden i 2010 og 2012 målt i tonn CO 2 -ekvivalentar av ulike tiltak og verkemiddel dei siste åra. Utan desse tiltaka ville utsleppa frå transport kunne vore 0,4 til 1 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar høgare i 2012, som er vist i tabellen under.

Tabell 25.2 Verknad av ulike tiltak og verkemiddel i klimapolitikken

Verknad 2010

Venta verknad for 2012

Lågt overslag

Høgt overslag

Lågt overslag

Høgt overslag

Innblanding biodrivstoff 1

-145 000

-416 000

-165 000

-470 000

Lågare utslepp nye personbilar 2

-105 000

-210 000

-200 000

-400 000

Jernbaneprosjekt 3

-15 000

-15 000

-45 000

-45 000

Auka drivstoffavgifter – klimaforliket

-14 000

-28 000

-14 000

-28 000

Auka CO 2 -avgift luftfart 4

-4 000

-9 000

-4 100

-9 200

El-bilar 5

-1 500

-2 000

-3 000

-4 000

Vegprosjekt ferdig i 2012

3 690

3 690

Sum

-284 500

-680 000

-427 410

-952 510

1 Det er føresett 35 pst. klimaeffekt i det låge alternativet og 100 pst. i det høge. Vidare er det føresett at biodrivstoff står for 3,5 pst. av drivstoffsalet i 2012.

2 Samanlikna med nivået før 2007 (inkl. drosjer)

3 Det er rekna at nye jernbaneprosjekt i perioden 2010-2019 gir ein reduksjon på 150 000 tonn CO 2 i 2019, dvs. ein gjennomsnittleg verknad på 15 000 i året. Konsekvensane av jernbaneprosjekt i 2010-2019 byggjer på NTP 2010-2019. Det er denne meldinga som ligg til grunn for planlegging i sektoren, men den er ikkje bindande i budsjettsamanheng.

4 10 øre auke frå 2008

5 I tabellen er det rekna med at el-bilar har halve køyrelengda som ordinære bilar og at 50–75 pst. av køyringa erstattar ordinær bilkøyring.

I 2010-2011 har Olje- og energidepartementet godkjent fleire utbyggingsplanar for petroleumsinstallasjonar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO 2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på. Tabellen under gir ei oversikt over felta med godkjent plan for utbygging og drift som vil bli sette i produksjon dei næraste åra. Tala er baserte på selskapa sine overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift. Det er stor uvisse knytt til anslag for CO 2 -utslepp for 2020, men tabellen under viser at utslepp frå utbyggingar godkjent i 2010-2011 totalt kan bli nesten 900 000 tonn CO 2 -ekvivalentar.

Tabell 25.3 Felt med godkjent plan for utbygging og drift

Produksjonsperiode

Tentativt oppstartsår

Tonn CO 2 utslepp per år

Oselvar

20 år

2011

25 000–60 000

Gaupe

9 år

2011

15 600

Marulk

10 år

2012

100 000

Visund Sør

14 år

2012

2 000–25 000

Goliat

15 år

2013

125 000–156 000

Gudrun

14 (9) år

2013

100 000–210 000

Hyme

7 år

2013

2 000–24 000

Ekofisk/Eldfisk

35-40 år

2013

70 000

Knarr

6 år

2014

170 000

Valemon

11 år

2014

15 000–59 000

4.1.3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

Klimaforhandlingane i København i desember 2009 resulterte i ei politisk avtale – The Copenhagen Accord – om å avgrense menneskeskapte klimaendringar. Denne fekk ikkje status som formelt vedtak under Klimakonvensjonen, men vart stadfesta året etter i Mexico i det som er kalla Cancunavtala. Semja i Mexico var avgjerande for tilliten til dei internasjonale klimaforhandlingane i regi av FN, og legg grunnlaget for ei bindande juridisk avtale på sikt. Avtala inneheld mange konkrete oppfølgingspunkt som det blir arbeidd med fram mot årets klimaforhandlingsmøte i Sør-Afrika i desember.

Cancunavtala representerer eit gjennombrot både for styrkt finansiering av klimatiltak i utviklingsland og i arbeidet for ein internasjonal skogmekanisme. Noreg vil arbeide nært opp mot desse problemstillingane framover. Statsminister Jens Stoltenberg overtok i juni 2010 leiinga av FNs høgnivågruppe om finansiering av klimatiltak i fattige land og gruppa la fram sin rapport om moglege løysingar for mobilisering av ressursar i november 2010. I Cancun vart det bestemt å etablere eit nytt internasjonalt klimafond (Det Grøne Fondet), og det vart sett ned ein eigen komité som i løpet av 2011 skal utarbeide forslag til rammeverk og retningslinjer for å gjere fondet operativt så snart som mulig. Noreg er representert i leiinga i denne komiteen. Arbeidet her vil bli viktig for framgangen på finansieringspørsmål i Durban.

I tråd med Regjeringas klimapolitikk og klimaforliket har Noreg i klimaforhandlingane annonsert eit mål om prosentvis reduksjon i klimagassutsleppa på 30 pst. innan 2020 i forhold til 1990-nivå. I regjeringserklæringa hausten 2009 annonserte Noreg ei skjerping tilsvarande eit kutt på 40 pst. dersom det kan bidra til semje om ei ambisiøs klimaavtale der dei store landa tek på seg konkrete utsleppsforpliktingar. I januar i år 2010 melde Noreg inn utsleppsmåla sine til Københavnavtala, og dette er no formelt teke inn i Cancunavtala. Der vart det signalisert at Noreg, innanfor ramma av ei ny klimaavtale der store utsleppsland blir samde om utsleppsreduksjonar i tråd med togradermålet, vil ta på seg ei utsleppsforplikting tilsvarande kutt i utsleppa på 40 pst. basert på 1990-nivå innan 2020.

I 2011 har det vore arrangert to forhandlingsmøte under FNs klimakonvensjon. Det har vore forhandla om oppfølging av Cancunavtala og tema som det ikkje vart semje om i Cancun. Det er planlagt eit nytt forhandlingsmøte i Panama i byrjinga av oktober før det siste møtet i år i Durban i Sør-Afrika i desember.

Forhandlingane fram mot Durban vil måtte gi resultat på alle sentrale forhandlingstema, der særleg utsleppsreduksjonar, finansiering og tilpassing er viktige tema. Frå norsk side vil det bli lagt stor vekt på å få ei meir forpliktande oppfølging av innsatsen for utsleppsreduksjonar, i både i-land og u-land. Under Klimakonvensjonen har alle i-land og meir enn 40 u-land meldt inn mål og tiltak for utsleppsreduksjonar fram mot 2020. Desse landa står for meir enn 80 pst. av dei globale utsleppa. Mens dei fleste i-land i dag har forpliktingar under Kyotoprotokollen, er det framleis uklart korleis ei avtale skal utformast for u-landas tiltak og for USA og andre i-land utanfor Kyotoprotokollen. Arbeidet fram mot Durban og vidare vil vere retta mot å utvikle eit meir heilskapleg og bindande klimaregime for alle land, der Kyotoprotokollen kan vere ein del.

Tilpassing er eit særleg viktig tema for lågtliggjande øystatar, som vil bli hardt ramma av havnivåstigning. Negative konsekvensar i form av tørke og svikt i vassforsyning er venta å gi store problem òg i delar av Afrika og Asia. Ei global klimaavtale bør bidra til å sikre at dei minst utvikla landa og dei mest sårbare utviklingslanda blir gitt prioritet og får effektiv og relevant støtte i tilpassingsarbeidet sitt. Eit framtidig rammeverk for tilpassing bør leggje til rette for at alle partar integrerer omsynet til effektar av klimaendringar i ordinære planleggings- og avgjerdsprosessar. Semje om ei global avtale er heilt avhengig av at ein løyser spørsmålet om finansiering. Tilpassingstiltak og kapasitetsoppbygging i utviklingsland for å klare ei klimaomstilling vil generelt sett ikkje kunne finansierast via marknadsmekanismar, og det er behov for auka offentleg støtte. Det same gjeld for innleiingsfasen for å stanse avskoging. I klimaforhandlingar er det derfor lagt stor vekt på å få semje om mekanismar og system for å sikre føreseieleg og tilstrekkeleg finansiering av slike klimatiltak i utviklingsland, og for gode og effektive styrings- og forvaltningsregime for finansiell støtte.

FNs Sjøfartsorganisasjon IMO fastsette i juli 2011 juridisk bindande klimakrav til internasjonal skipsfart. Desse krava som omhandlar energieffektiv utforming og drift av skip, vil tre i kraft 1. januar 2013. Det var Noreg som tok initiativet til at desse krava kunne vedtakast. Forhandlingsresultatet er særs viktig i det internasjonale arbeidet for å redusere klimagassutslepp, då klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart har vore uregulert fram til no.

Regjeringa etablerte i februar 2011 eit internasjonalt energi- og klimainitiativ med sikte på å auke tilgangen på energitenester og samtidig avgrense klimagassutsleppa frå energisektoren i utviklingsland. Eit internasjonalt partnarskap med givarland, utviklingsland, internasjonale organisasjonar, private aktørar og ikkje-statlege organisasjonar vart etablert og lansert under konferansen «Energy for all: Financing access for the poor» som vart halden i Oslo i oktober 2011. Initiativet vil kunne medverke til å utvikle og gjennomføre planar og tiltak for utsleppsreduksjonar og utsleppsomleggingar i energisektoren i utviklingsland, som oppfølging av Cancunavtala. Erfaringar frå initiativet kan spelast inn i klimaforhandlingane. Initiativet vil trekkje på lærdom frå det norske klima- og skoginitiativet.

Regjeringas klima- og skogprosjekt

4.1.4. Redusert avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD) skal gi lågare utslepp av klimagassar, og bidra til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

For statusbeskrivinga til Regjeringas klima- og skogprosjekt viser ein til resultatområde Stabilt klima.

4.1.5. At samfunnet er mindre sårbart for klimaendringar og at Noregs tilpassingsevne er styrkt.

Regjeringa oppnemnde eit utval i desember 2008 for å utgreie kor stor risiko klimaendringane representerer for natur og samfunn, og gjere greie for kva samfunnsområde som er mest utsette. Utvalet leverte rapporten sin 15. november 2010. Parallelt med utgreiinga har det vore arbeidd for å leggje til rette for at styresmakter og næringsliv tek omsyn til klimaendringane i samfunnsplanlegginga på dei mest utsette områda.

Nettportalen Klimatilpasning Norge , som er utvikla for å gi planleggjarar eit samla informasjonssenter for deira arbeid med klimatilpassing var i full drift i 2010. Det vart òg lansert ein rettleiar til klimatilpassing for kommunane. Kommunane og forvaltninga generelt har no tilbod om kurs i klimatilpassing. Klimatilpassing er òg ein del av andre kurstilbod, til dømes kurs i arealplanlegging.

Ei ny undersøking utført av klimatilpassingssekretariatet i Direktoratet for Samfunnsikkerheit og beredskap syner at klimatilpassing er på veg inn i kommunane si planlegging.

Klimaendringar verkar saman med andre faktorar som gjengroing, fysiske inngrep og forureining. Det er den totale belastninga som er avgjerande for kva slags effektar klimaendringane vil ha for økosystema, og det er naudsynt med ei økosystemtilnærming i arbeidet med tilpassing til. Det er sett i verk overvaking og rapportering som skal gi informasjon om endringar i økosystema, til dømes havforsuring. Dette blir vurdert i samanheng med andre faktorar for påverknad og blir følgt opp i vidare arbeid med utvikling av tiltak og målretting av verkemiddel.

Direktoratet for naturforvaltning utarbeidde i 2006-2007 ein rapport der dei viktigaste fagområda vart gjennomgått for å identifisere aktuelle tilpassingstiltak. Som følgje av denne gjennomgangen blir klimaomsynet no lagt vekt på blant anna ved vurdering av verneområde, nedkjemping av framande arter, skjøtselstiltak i kulturlandskap og i arbeidet med EUs vassdirektiv. I 2012 vil ei forskrift om innførsel og utsetjing av framande organismar, og ei forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål tre i kraft. Det vil bli forbode å setje ut fleire av dei plantene som kan føre til vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet, og det vil bli restriksjonar på kor det er lov å setje ut framande skadelege organismar.

EUs vassdirektiv blir implementert gjennom heilskapleg samarbeid på tvers av relevante sektorar. Vassregionar er etablerte med vassforvaltningsplanar som skal gjennomførast innan 2015.

Klimaendringane skaper òg utfordringar i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren har leia Nordisk ministerråds prosjekt (2008-2010) om kulturminne og klimaendringar. Bygningar, arkeologiske kulturminne og landskap blir påverka av endra klimaforhold, og indirekte verknader kan òg bli betydelege som følgje av endra samfunnsutvikling og klimarelaterte tiltak i andre sektorar. I januar 2011 vart publikasjonen Klimaendringar og kulturarv i Norden , som summerer opp resultat og konklusjonar frå prosjektet, utgitt på norsk og engelsk. Publikasjonen er distribuert til kulturminneforvaltninga og relevante fagmiljø og interesseorganisasjonar både i Noreg og i dei andre nordiske landa. Riksantikvaren formidlar òg kunnskap om klimaendringar og kulturminne til forvaltning og fagmiljø blant anna gjennom foredrag og presentasjonar.

Boks 25.1 Arkeologiske funn som følgje av nedsmelting

Erfaringane frå dei seinaste åra i høgfjellet i Sør-Noreg viser at mange isbrear og snøfonner ikkje har vore mindre på fleire hundre, i nokre tilfelle fleire tusen år, då arkeologiske funn kjem for dagen på grunn av den massive nedsmeltinga. Det siste store funnet er ein leirplass frå jernalderen med blant anna skinnskor, tekstilar, reiskapar, fangstutstyr og hesteutstyr som har smelta fram av Lendbreen på Lomseggen i Breheimen nasjonalpark.

På Juvass i Jotunheimen er Klimapark 2469 etablert, med mål om å drive formidling, forsking og verdiskaping knytt til klimaendringar, kulturminne og høgfjellsnatur i eit langtidsperspektiv. Kulturminna er òg ei kjelde til kunnskap, om korleis klimaet har påverka byggjeskikkar i ulike delar av landet, og korleis ulike byggjeskikkar har takla store naturlege klimavariasjonar langt tilbake i tid. Denne kunnskapen er ein viktig ressurs som bør førast inn i arbeidet med å finne gode løysingar for tilpassing til klimaendringar i framtida. Arbeidet frå Nordisk ministerråd sitt prosjekt skal følgjast opp, blant anna gjennom Riksantikvarens arbeid med å systematisere kulturminneforvaltninga sin kunnskap om korleis materialbruk og byggjemetodar kan bidra til klimarobuste bygg.

Ozonreduserande stoff

Tabell 25.4 Nedbryting av ozonlaget

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

4.2.1. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromflu orkarbon (HBFK).

Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

4.2.2. Forbruket av hydroklorfluor-karbon (HKFK) skal vere fasa ut innan 2010.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

4.2.1. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromflu orkarbon (HBFK).

Globalt er over 98 pst. av dei ozonreduserande stoffa fasa ut. Internasjonalt er ei av dei gjenståande hovudutfordringane å leggje forholda til rette for utviklingslanda slik at dei blir i stand til å oppfylle alle forpliktingane sine under Montrealprotokollen. Ei anna oppgåve er knytt til spørsmålet om høva til finansiering for å sjå til at dei ozonreduserande stoffa som er tekne ut av bruk og lagra i utstyr og tankar ikkje lek ut, men blir forsvarleg samla inn og destruerte.

196 medlemsland har ratifisert Wienkonvensjonen og Montrealprotokollen. Tabellen nedanfor viser talet på land som har ratifisert dei ulike endringane i protokollen.

Tabell 25.5 Tal på land som har ratifisert dei ulike endringane i protokollen

Talet på land som har ratifisert

Wienkonvensjonen (1988)

196

Montrealprotokollen (1988)

196

London-endring (1992)

195

København-endring (1994)

192

Montreal-endring (1999)

182

Beijing-endring (2002)

167

Over 90 pst. av landa oppfyller forpliktingane sine i protokollen. Det er etablert eit handhevingsregime som har gjort at 25 land som ikkje oppfylte forpliktingane sine, med bistand frå dette regimet har klart å overhalde dei igjen.

Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.

Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) nr. 2037/2000), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen i produktforskrifta. Ei revidert forordning om ozonreduserande stoff i EU vart vedteken 16. september 2009 og tredde i kraft for EU 1. januar 2010. Forordninga er sett på som EØS-relevant og akseptabel og vil bli gjennomført i norsk rett. Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Dei ozonreduserande stoffa som blir brukte er importerte. Det blir importert små mengder KFK, tetraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen .

4.2.2. Forbruket av hydroklorfluor-karbon (HKFK) skal vere fasa ut innan 2010

Alle dei ozonreduserande stoffa er no i ferd med å bli heilt fasa ut av bruk i Noreg. For HKFK følgjer vi EUs tidsplan for reduksjon i forbruket av HKFK. Denne er raskare enn tidsplanen i Montrealprotokollen. Frå 1. januar 2010 vart det forbode å etterfylle kulde- og klimaanlegg med ny HKFK. Frå 2015 blir det òg forbode å nytte brukt eller gjenvunnen HKFK. Det er eit unntak for bruk av halon til spesielle bruksformål. Det er likevel i EUs regulering sett tidspunkt for når denne bruken skal opphøyre. Det er òg unntak for bruk av metylbromid til behandling av visse typar produkt for eksport. I 2010 vart det ikkje importert noko til dette formålet.

Noreg har i mange år vore i forkant av dei internasjonale retningslinjene når det gjeld reduksjon i bruken av ozonreduserande stoff. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 99 pst. i perioden 1986 til 2010.

Luftforureining

Tabell 25.6 Luftforureiningar

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

4.3.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO 2 , NO x , VOC, ammoniakk eller partiklar.

4.3.1.1 Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO 2 ) skal framleis haldast under 22 000 tonn

Venta areal med overskridingar av tolegrenser for forsuring

Utviklinga i nasjonale utslepp av SO 2 , NO x , VOC og ammoniakk

4.3.1.2 Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NO x ) skal maksimalt vere 156 000 tonn.

4.3.1.3 Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal framleis haldast under 195 000 tonn. Dei årlege utsleppa frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal framleis haldast under 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 188 000 tonn).

4.3.1.4 Dei årlege utsleppa av ammoniakk skal framleist haldast under 23 000 tonn.

4.3.1.5 Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO 2 ) skal ikkje overskride 150 µg/m 3 meir enn 8 timar pr. år.

Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

4.3.1.6 Døgnmiddel-konsentrasjonen av svevestøv (PM 10 ) skal ikkje overskride 50 µg/m 3 meir enn 7 dagar pr. år.

Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1S (2010-2011).

4.3.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO 2 , NO x , VOC, ammoniakk eller partiklar.

Gjennom internasjonale avtaler er tilførsla av sur nedbør til Noreg vesentleg redusert. Etter dei nyaste berekningsmetodane har Norsk institutt for vannforskning anslått at tolegrensene for forsuring av overflatevatn var overskridne på om lag 29 pst. av arealet i Noreg i 1980. I 2005 var dette redusert til om lag 10 pst. Det er ingen tydelege reduksjonar i tilførslene dei siste åra, og overskridingane av tolegrensene er derfor truleg framleis like store som i 2005. Det er venta at tolegrensene for forsuring av vassdrag vil vere overskridne på store areal i Agder-fylka og Rogaland òg i åra framover. Vasskvaliteten har betra seg dei fleste stader i landet i løpet av dei siste ti åra. Sjølv om tilførslane av forureiningar er reduserte, vil det ta tid før vasskvaliteten er tilfredsstillande til å oppretthalde levedyktige fiskebestandar. Det er framleis tydelege skadar på dyrelivet på grunn av sur nedbør. Sur nedbør vil framleis vere ein trussel mot det biologiske mangfaldet i ferskvatn i delar av Noreg. Sjå nærare omtale av luftforureiningane sine skadeverknader på økosystem under resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar.

Tabell 25.7 Del av Noregs areal der tolegrensene for forsuring av overflatevatn er overskridne (pst.)

1980

1990

2000

2005

29

16

12

10

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse problema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Gøteborgprotokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO 2 ), nitrogenoksid (NO x ), ammoniakk (NH 3 ) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Det er gjennomført evalueringar som viser at Gøteborgprotokollen har vore effektiv. Utsleppa er reduserte. Det er mindre fare for forsuring, overgjødsling og verknader av bakkenært ozon og partiklar. Det vil likevel vere store område i Europa som blir utsette for forureiningar som overstig kritiske belastningsgrenser òg med full effekt av protokollen. Store avsetningar av nitrogen vil framleis vere eit problem for Europas økosystem.

Partane til Gøteborgprotokollen har bestemt å revidere protokollen, med sikte på å vedta ein ny protokoll i 2012. Det er lagt opp til at den reviderte protokollen òg skal regulere landa sine utslepp av helseskadelege partiklar. Det blir vidare vurdert korleis ein kan ta klimapolitiske omsyn ved revisjon av Gøteborgprotokollen , gjennom å redusere utsleppa av forureiningar som òg bidreg til klimaendringar.

Ein treng omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden for å utvikle effektive internasjonale avtaler som byggjer på tolegrensene i naturen og kritiske belastningsgrenser for menneskeleg helse. I 2010 og 2011 har det vore arbeidd med det faglege grunnlaget for revisjon av protokollen.

4.3.1.1 Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO 2 ) skal framleis haldast under 22 000 tonn

Utsleppa av svoveldioksid (SO 2 ) var 15 700 tonn i 2009, mens foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011 syner at utsleppa av SO 2 var på om lag 18 300 tonn i 2010. Noreg overheld med det forpliktinga i Gøteborgprotokollen der dei årlege utsleppa frå 2010 må haldast under 22 000 tonn. Det er venta at Noreg vil overhalde utsleppsforpliktinga si for SO 2 i Gøteborgprotokollen med dei verkemidla som allereie er sette i verk.

4.3.1.2 Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NO x ) skal maksimalt vere 156 000 tonn.

Utsleppa av nitrogenoksid (NO x ) var 180 600 tonn i 2009. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011 syner at utsleppa av NO x var på 188 500 tonn i 2010. Dette er ein auke på fire pst. frå 2009. Denne utsleppsveksten var venta som følgje av auka aktivitet i fleire næringar som metallindustrien, bygg og anlegg og i transportsektoren inkludert sjøtransport. Utsleppa låg i 2010 om lag 32 500 tonn over forpliktinga Noreg har i Gøteborgprotokollen om eit maksimalt årleg utslepp på 156 000 tonn frå 2010. Tidlegare berekningar har anslått at denne overskridinga ville vere om lag 12 000 tonn når det blir teke omsyn til effekten av miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa.

Ei vesentlig årsak til det høge utsleppstalet for NOx er at vi no har betra metodane for berekning av utslepp både frå vegtrafikken og frå delar av industrien. Desse utsleppa har tidlegare vore underestimerte og er no oppjusterte. Ein annen faktor som kan bidra til å forklare dei høge berekna utsleppa for 2010, er at effekten av tiltak som er gjennomførte i medhald av miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane ikkje fullt ut er reflektert i den foreløpige utsleppsrekneskapen. Dette vil vi få meir kunnskap om når den endelege utsleppsrekneskapen for 2010 ligg føre i februar 2012.

Miljøverndepartementet har på grunnlag av tidlegare utsleppsframskrivingar anslått at Noreg vil kunne overhalde dei internasjonale NOx-forpliktingane frå 2012, jf. Prop. 1 S (2010-2011).

4.3.1.3 Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal framleis haldast under 195 000 tonn. Dei årlege utsleppa frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal framleis haldast under 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 188 000 tonn).

Noregs utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) var i 2007 for første gongen lågare enn forpliktinga i Gøteborgprotokollen om at dei samla årlege utsleppa av VOC skal haldast under 195 000 tonn innan 2010.

I 2009 var utsleppa av VOC 141 000 tonn. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011 syner at utsleppa av VOC i 2010 var om lag 135 000 tonn. Frå 2001 til 2010 vart utsleppa reduserte med 65 pst. Noreg har i VOC-protokollen av 1991 ei særskilt forplikting til å redusere utsleppa av VOC frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegrad. Vi overheld også denne forpliktinga i 2010. Det er venta at Noreg vil overhalde utsleppsforpliktingane sine for VOC i dei to protokollane med dei verkemidla som allereie er sette i verk.

4.3.1.4 Dei årlege utsleppa av ammoniakk skal framleist haldast under 23 000 tonn.

I 2009 var utsleppa av ammoniakk 23 000 tonn. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011 syner at utsleppa av ammoniakk i 2010 var om lag 22 800 tonn. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite i åra framover utan nye tiltak. For å innfri krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk på maksimalt 23 000 tonn, dvs. om lag på same nivå som no.

Figur 25.2 Utslepp til luft, (langtransporterte luftforureiningar (tonn)

Figur 25.2 Utslepp til luft, (langtransporterte luftforureiningar (tonn)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og klima- og forureiningsdirektoratet

4.3.1.5 Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO 2 ) skal ikkje overskride 150 µg/m 3 meir enn 8 timar pr. år.

Utslepp av NO x (NO + NO 2 ) frå vegtrafikk er betydeleg redusert dei seinare åra, men dette er foreløpig ikkje spegla i NO 2 -konsentrasjonane som har vore stabile sidan målingane starta på midten av 1990-talet. Utviklinga viser ingen eintydig trend og det er heller ikkje gjennomført spesifikke tiltak for å redusere nivåa utover avgasskrav til NO x .

Vegtrafikk er den dominerande kjelda til lokal luftforureining. For NO 2 -konsentrasjoner i byar og langs vegar er eksosgassar frå vegtrafikk hovudkjelda.

Nasjonalt mål for talet på overskridingar av NO 2 vart overskride i Oslo og Bergen allereie i løpet av dei første dagane i 2010. I desse dagane var det svært høge verdiar og store overskridingar av nasjonalt mål for NO 2 . Dette skuldast spesielle vêrforhold, men ein må vere budd på at slike forhold kan inntreffe i framtida òg. I desse byene har det vore svært mange overskridingar av nasjonalt mål også gjennom året.

I tillegg til Bergen og Oslo kan det òg ventast at det nasjonale målet for NO 2 ikkje vil bli nådd i Trondheim, Bærum, Drammen, Kristiansand og Stavanger.

Norske utrekningar gjennomført ved Norsk institutt for luftforsking (NILU) viser at forholdet mellom NO 2 og NO x har stor betyding for talet på eksponerte over nasjonale mål for lokal luftkvalitet. Med ein høgare NO 2 -del i eksos enn tidlegare, viser modellberekningar at det vil vere overskridingar av både nasjonale mål og grenseverdiane for NO 2 (årsmiddel og timemiddel) i 2020. Dette betyr at byane må innføre fleire og sterkare verkemiddel for å oppnå grenseverdiane for NO 2 enn det ein så langt har lagt til grunn, spesielt tiltak som kan redusere utslepp frå vegtrafikk. Utan slike tiltak vil ikkje det nasjonale målet bli nådd dei næraste 10-15 åra.

Boks 25.2 Nitrogendioksid og svevestøv

Svevestøv består av partiklar som er så små at dei kan pustast inn. I dei store byane er det særleg svevestøv som gir størst risiko for helseskadar. De største av disse partiklene avsettes i de øvre luftveiene. Mindre partiklar, med diameter under 10 µm (PM 10 ), kan følgje med lufta vi pustar heilt ned i lungene.

Hos sårbare grupper kan det å ande inn nitrogendioksid (NO 2 ) gi auka hoste, bronkitt, mindre motstand mot infeksjonar, forsterka allergisk respons og auka eksponering for sjukdom. Astmatikarar reagerer med nedsett lungefunksjon sjølv etter kort tids eksponering. Friske menneske toler forholdsvis høg NO 2 - forureining utan at det gir negativ helseeffekt. I tillegg til å gi helseeffektar, kan NO 2 òg bidra til regionale forsuringsproblem og til overgjødsling.

Disse stoffane gir auka førekomst av ulike typar luftvegslidingar. Svevestøv kan også medføre hjarte- og karsjukdommar og auka dødelegheit.

4.3.1.6 Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM 10 ) skal ikkje overskride 50 µg/m 3 meir enn sju dagar pr. år.

Luftkvaliteten i byane har blitt betre, og konsentrasjonen av PM 10 har vist markant nedgang dei siste åra (figur 11.3). Dette skuldast mindre bruk av piggdekk blant anna som følgje av piggdekkgebyr, innførte avgasskrav, overgang til omnar som brenn reint, miljøfartsgrense og målretta driftstiltak mot vedlikehald av vegane.

Målingar viser likevel at det nasjonale resultatmålet for svevestøv som skulle oppnåast innan 2010, framleis blir overskrid i fleire byområde i Noreg. I 2010 vart det i 11 byområde meir enn sju dagar registrert overskridingar av målet på 50 µg/m 3 pr. år, jf. figur 11.3. Det kan i tillegg vere andre, mindre byar som har overskridingar av nasjonale mål, men det finst ikkje målingar på dette. Overskridingane skjer i hovudsak i sentrumsnære område og langs dei mest trafikkerte vegane.

Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er vegtrafikk, vedfyring og langtransportert forureining. I Noreg står vegtrafikken på årsbasis for 44 pst. av PM 10 -utsleppet, men på dagar med høge nivå av luftforureining i byområde bidreg trafikken med 60-80 pst. av PM 10 . Når ein vurderer eksponeringa overfor menneske er vegtrafikken heilt dominerande. Dette skuldast at eksos og vegstøv blir sleppt ut ved bakken, ofte under spesielle meteorologiske forhold som hindrar ein effektiv uttynning i atmosfæren.

Det er ikkje definert ei nedre grense for kva nivå av svevestøv som kan vere årsak til negative helseeffektar. Samtidig aukar den delen av befolkninga som er karakterisert som sårbar for luftforureiningar. Mange blir dermed utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper, òg ved nivå under nasjonale mål.

Nasjonalt mål om svevestøv vil ikkje bli nådd i nær framtid, utan forsterka innsats.

Forureiningsforskrifta er det viktigaste verkemidlet vi har for å betre den lokale luftkvaliteten. Det nasjonale målet er meir ambisiøst enn krava i forureiningsforskrifta. Dei fleste kommunar og anleggseigarar har hatt større vekt og fokus på å overhalde krava i forureiningsforskrifta, som er juridisk bindande krav. Miljøverndepartementet har i samarbeid med Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, gitt underliggjande direktorat i oppdrag å vurdere ei innskjerping av grensene i forureiningsforskrifta. Denne vurderinga skal liggje føre innan 2012. Det blir òg arbeidd med å avklare ansvarsforhold og høve til å innføre uilke tiltak for å redusere lokale uttslepp.

Figur 25.3 Antal overskridingar av grenseverdien (stipla linje) og nasjonalt mål (hel linje) for svevestøv 2004–2010.

Figur 25.3 Antal overskridingar av grenseverdien (stipla linje) og nasjonalt mål (hel linje) for svevestøv 2004–2010.

Støy

Tabell 25.8 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Støy

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

4.4.1. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999.

Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

4.4.2. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1S (2010-2011).

4.4.1. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999.

Det er stadig betre dokumentasjon på at støy gir helseskade. Støy frå samferdsel utgjer til saman opp mot 90 pst. av kartlagt støyplage, der vegtrafikk åleine står for nesten 80 pst. Støy frå fly- og jernbanetrafikken har blitt redusert sidan 1999, men auka støybelastning frå vegtrafikken oppveg denne positive utviklinga. Ulike tiltak gjer at dei som var utsette for støy i 1999, var noko mindre plaga i 2007. Tilflytting til støyutsette område og befolkningsvekst gjer likevel at fleire totalt sett er utsette for støy.

Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøstyresmaktene engasjerer seg – i samspel med sektorstyresmaktene – med sikte på at det blir utvikla meir støysvake køyretøy, bildekk og vegdekke. Miljøstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportsbaner og enkelte produkt.

Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innanfor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

4.4.2. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Same omsyn som for føregåande mål ligg føre òg for arbeidet med innandørs støynivå. Tala frå 2007 viser at det er om lag 46 000 personar som er utsette for eit innandørs støynivå over 38 dB. Miljøforvaltninga tek sikte på å endre grensa for gjennomføring av støyreduserande tiltak i 5. kapittel i forureiningslova. Miljøverndepartementet har motteke forslag til endringar av kapittel 5 i forureiningsforskrifta med tilhøyrande konsekvensutgreiing frå Klima- og forureiningsdirektoratet. Dette er til behandling i 2011. Frist for måloppnåing av støymåla er 1. januar 2020.