8 Kunnskap

Miljøvernpolitikken og all forvaltning av natur og miljø skal vere kunnskapsbasert, og jo meir kunnskap vi har jo meir presis og effektiv forvaltning får vi. Dette er fundamentet for miljøpolitikken og er forankre i naturmangfaldlovens kap. II, og gjeld alle beslutningar som rør ved naturmangfald uavhengig av lovverk. Kunnskapen blir bygd opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for god miljøpolitikk. Kunnskapsoppbygging på miljøområdet er heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar. Sektoransvaret står sentralt i for miljøarbeidet, og miljøomsyn skal ivaretakast innan rammene av styresmaktene sitt sektoransvar, inkludert forsking og overvaking.

Utviklinga av miljøpolitikken krev eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag.

Kunnskap om miljø og naturmangfaldet er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde.

Kunnskapen blir bygt opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Miljøovervakinga tek i utgangspunktet for seg kjente problemstillingar og må vere langsiktig, stabil og føreseieleg. Miljøforskinga medverkar til å avdekke og avklare nye problemstillingar, men er samtidig eit viktig supplement og korrektiv til miljøovervakinga. Kartlegging gir oss kunnskap om førekomstar og utbreiing av arter og naturtypar, og kunnskap om kor mange og kva slag arter vi har og kva livsmiljø dei er knytte til. For både forsking og overvaking er lange tidsseriar av avgjerande betydning når nye situasjonar oppstår. Rapporteringa skjer gjerne til databasar som dekkjer spesielle fagområde, f. eks. Naturbase (naturtypar, arter, statleg sikra friluftslivsområde, naturvernområde), Artskart (i regi av Artsdatabanken), Forureining, Askeladden (kulturminne) m. fl. Rapporteringsdata kjem frå både offentlege og private kjelder og kan vere lovpålagt eller frivillig. Spesielt kan nemnast KOSTRA (KOmmune STat RApportering), som skal omfatte all rapportering frå kommunane til staten (også på andre område enn miljø), med unntak av den rapporteringa til sentrale databasar som allereie er pålagt. Miljøforvaltninga samarbeider med Statistisk sentralbyrå om utvikling og produksjon av miljøstatistikk, som i hovudsak er basert på data som er henta inn gjennom overvaking og rapportering. Miljødata er stort sett stadfesta (koordinatbestemte), og det er lagt stor vekt på å utvikle digitale kart og system for å handtere geografisk informasjon. Noreg digitalt har vist seg å ha stor betydning for utveksling av stadfesta informasjon på tvers av institusjonar og forvaltningsområde. Miljøstatus i Noreg, miljøstatus.no gir oppdatert informasjonen om tilstand og utvikling for miljøet. Her er presentert miljøkunnskap i ein samanheng. Eit vesentleg mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøet sin tilstand, kva som påverkar den, konsekvensar og tiltak. Miljøstatus i Noreg inneheld miljødata for fleire viktige miljøtema. Nettstaden har i tillegg ei eiga kartløysing.

Boks 8.1 Miljøovervaking gir grunnlag for å oppdage nye problem og grunnlag for tiltak

I 2002 synte da5ta frå miljøovervaking at det var forhøgde verdiar av miljøfarlege flammehemmarar nord i Mjøsa. På dette tidspunktet var allereie nokre av desse stoffa oppførte på Noregs liste over stoff som skal avgrensast eller fasast ut.

Fordi vi hadde prøver av lagesild som var lagra i ein forløpar til Miljøprøvebanken kunne vi òg fastslå når dei skadelege utsleppa starta. Med bakgrunn i denne informasjonen kunne tiltak setjast i verk og vidare overvaking viste at vi allereie i 2010 hadde komme ned på det nivået som var før utsleppa starta.

Eksemplet viser kor viktig regelmessig miljøovervaking er og illustrerer i tillegg betydninga av lange tidsseriar for miljødata. Dette viser òg kor viktig det er med ein nasjonal miljøprøvebank der lagra prøver raskt bidreg til å fastslå bakgrunnsnivå og historiske trendar.

Noreg var tidleg ute med å fokusere på bromerte flammehemmarar, og skaffe data som kunne byggje opp under viktigheita av å fase ut fleire av stoffa. Norske data medverka til at EU forbaud dei første flammehemmarane i 2003.

Figur 8.1 Bromerte flammehemmarar i lagesild

Figur 8.1 Bromerte flammehemmarar i lagesild

Kjelde: Klima- og forureiningsdirektoratet

Like viktig som kunnskapsinnhenting er oppgåva med å formidle kunnskapen til allmenta og avgjerdsstakarar. Miljøkunnskap og miljøutfordringar er ein sentral del av avgjerdsprosessar både i offentleg og privat sektor.

Ein betydeleg del av kunnskapsoppbygginga skjer gjennom utdanningsinstitusjonane. Både grunnopplæringa, under dette fagopplæringa, og høgare utdanningsinstitusjonar tilfører nye generasjonar kunnskap, haldningar og dugleik som kan medverke til ei berekraftig utvikling. Media, internett og bibliotek spelar òg ei viktig rolle i formidling av miljøkunnskap. Produktinformasjon og grøne sertifiseringsordningar er òg kjelder til slik kunnskap.

Å hente inn og å spreie slik kunnskap er ei av dei viktigaste oppgåvene for miljøforvaltninga. Auka kunnskap i folket om miljøutfordringar og om samanhengane i naturen stimulerar miljøinteressa og medverkar til auka aksept for miljøpolitiske tiltak og verkemiddel. Pressa og frivillige organisasjonar er i denne samanhengen særleg viktige målgrupper for miljøforvaltninga sitt informasjonsarbeid. Moderne informasjonsteknologi blir i aukande grad teken i bruk for å effektivisere samhandlinga i miljøforvaltninga og med publikum.

Komplekse problem krev heilskapelege løysingar

For betre å kunne forstå miljøproblema sin komplekse natur og finne eigna løysingar, er det behov for både naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg, kulturhistorisk og (relevant) teknologisk forsking. Identifisering og analyse av miljøskade og miljøkonsekvensar har ofte utgangspunkt i naturvitskaplege fag. Utvikling av tiltak og verkemiddel for å løyse miljøproblem, nasjonalt og internasjonalt, vil krevje eit fagleg grunnlag også frå samfunnsvitskapar som jus, økonomi og planlegging. Fleirfagleg og tverrfagleg fokusering og innretning vil derfor ofte vere nødvendig.

Sektoransvaret

Miljøpolitikken er karakterisert av overgripande problemstillingar der heilskapleg tankegang og avveging av ulike samfunnsinteresser er grunnleggjande for å få gjennomslag for tiltak. Kunnskapsoppbygging på miljøområdet er derfor heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar. Mange av miljøutfordringane er i dag tverrsektorielle i forhold til styringssystemet både med omsyn til opphav, utbreiing og moglege løysingar. Sektoransvaret står sentralt i miljøarbeidet, og miljøomsyn skal ivaretakast innan rammene av styresmaktene sitt sektoransvar, inkludert forsking og overvaking. Dette inneber at sektorane har ansvar både for langsiktig kompetanseoppbygging for sektoren, og for meir forvaltningsretta overvakings- og forskingsaktivitetar innanfor miljøansvarsområda i eigen sektor. Felles forståing av verkelegheita og kunnskapsgrunnlaget mellom miljøforvaltninga og andre departement/viktige samfunnsaktørar er ein føresetnad for å møte miljøutfordringane på ein heilskapleg måte, og for å få til ein god og konstruktiv dialog.

Miljøforvaltninga tek vare på den langsiktige kompetanseoppbygginga både ved basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta og ved finansiering av visse grunnforskingsaktivitetar innanfor enkelte av forskingsprogramma i departementet sin programportefølje. Departementet sitt eige kunnskapsbehov blir teke vare på ved dei meir handlingsretta forskingsprogramma.

Miljøforskingsinstitutta har ei sentral og sjølvstendig rolle for utvikling av kunnskap som er naudsynt for god rådgiving i miljøspørsmål. Det er viktig og naudsynt at desse institutta kan tilby ein bred kompetansebase på høgt internasjonalt nivå, at dei samarbeider med dei beste internasjonale miljøa og har kapasitet og utstyr til å møte miljøforvaltningas behov. Basisløyvingane er heilt sentrale for å oppnå dette, og har dei siste åra blitt styrkte. St. meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forsking gav eit klart signal om behovet for ein slik styrking. I tillegg til basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta blir dei fleste institutta òg tildelte nasjonale oppgåver. Dette skal bl.a. sikre at institutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i internasjonale organ ved behov. I tillegg blir det òg gitt tilskot til infrastrukturtiltak ved institutta.

Næringslivet er på same måten ein viktig samarbeidspart. Det er eit overorda forskingspolitisk siktemål at næringslivet aukar sin innsats på forsking. Næringslivet har sjølv eit ansvar for kunnskap om miljøeffektar av eigen aktivitet. Det er òg viktig med innsats frå næringslivet for utvikling av miljøteknologi, blant anna nye miljøvennlege produkt og produksjonsprosessar jf eigen omtale av miljøteknologi.

Det internasjonale perspektivet

Mange miljøproblem er av ein slik karakter at dei ikkje kan løysast berre på nasjonalt nivå. Som ein følgje av dette må forskinga i større grad enn tidlegare forankrast i internasjonale aktivitetar. Det er derfor viktig at norske forskingsmiljø deltek i internasjonale forskingsaktivitetar, etablerer internasjonale kontaktar og inngår i internasjonale samarbeidskonstellasjonar der dette er føremålstenleg og kan gi utbytte.

Internasjonalt samarbeid er ofte nødvendig blant anna for å ivareta den faglege breidda, få utfyllande vitskapleg kompetanse eller av ressursomsyn. Dette vil gi best mogleg nasjonal nytte av internasjonal forsking, og ei god kopling og synergi mellom norske og internasjonale problemstillingar.

Ein rekkje av dei miljøutfordringane vi står overfor er grenseoverskridande, og eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking og overvaking er òg ein føresetnad for at Noreg skal få gjennomslag i internasjonale forhandlingar om blant anna forpliktande utsleppsreduksjonar. Forskinga må derfor òg fokusere på at miljø- og utviklingspolitikken stadig blir meir global og internasjonalisert, med aukande tendens til bruk av multilaterale avtaler. Både utfordringa som følgjer av slike avtaler, internasjonal utvikling (for eksempel utviklingsmessige og økonomiske endringar i Asia), og internasjonale prosessar som kan påverke kunnskapsbehova på norsk side, bør gjerast synlege i dei meir nasjonalt retta forskingsaktivitetane.

Mange norske forskingsmiljø har i fleire år delteke i internasjonale forskingsprosjekt, og det er viktig å leggje til rette for ei vidareutvikling av internasjonalt forskingssamarbeid. Noreg er fullt medlem av EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Av størst interesse for miljøforvaltinga er delprogram «Environment (including climate change)». Viktig i denne samanheng er bl.a. det nye EU-verkemiddelet Joint Programming Initiatives (JPI). Dette er europeiske forskingsprogram som truleg kjem til å bli finansierte med nasjonale midlar og med eit visst bidrag frå EU.

EUs rammeprogram for forsking er Europas viktigaste arena for kunnskapsproduksjon, og gir bidrag til vidareutvikling av europeisk politikk for å møte felles utfordringar, ikkje minst på miljøområdet. Norske miljøstyresmakter deltek i styringa av miljøprogram og norske forskingsmiljø deltek aktivt i eit breitt spekter av forskingsprosjekt.

Forholdet mellom forsking og overvaking

Forsking er nødvendig for å sikre best moglege overvakingsdata, og overvakingsdata (inkl. lange tidsseriar) er viktig grunnlag for mykje forsking. Utforming av program og val av metodar og parameter i overvakinga skjer derfor i samarbeid mellom forvaltning og forskingsmiljø. Forskingsmiljøa sin kompetanse er òg sentral når overvakingsresultat skal tolkast.

Miljøforskinga har stor nytte av det kunnskapstilfanget som kjem fram gjennom overvaking. I praksis er skilnadene mellom dei ulike formene for datainnhenting ikkje alltid så store. Generelt sett er innsamling av overvakingsresultat langsiktig (5 – 100 år) og skjer etter standardiserte metodar, mens forsking trengst for å betre og utvikle metodikk for innsamling og tolking av data. Overvakingsdata gir forskarar høve til å analysere utviklingstrendar i miljøet, då dei same metodane er nytta over lange tidsperiodar. Forsking med utgangspunkt i slike data har derfor stor verdi for miljøforvaltninga.

Mange prosjekt og arbeidsmåtar ligg i grenseland mellom forsking, overvaking, og kartlegging. Det er derfor viktig, både fagleg, organisatorisk og økonomisk, å sjå ulike former for kunnskapsinnhenting i samanheng.

Satellittdata har vist seg å vere eit svært godt grunnlag for å visualisere landskapsrelaterte problemstillingar. Det er likevel behov for meir kunnskap om korleis satellittdata innanfor miljøforvaltninga sine fagområde kan supplere og rasjonalisere eksisterande metodikk, og medverke til større målretting og presisjon i nødvendig feltarbeid. Satellittdata er særleg aktuelt for problemstillingar knytte til overvaking av endringar i arealbruk, utvikling av kulturminnebestanden, effektar av utmarksturisme, utvikling i polarområda, og overvaking av klimaendringar.

Kunnskapsbehov for dei enkelte resultatområda er omtalt under omtalen av desse.

Kunnskap om naturmangfaldet

Stortinget har vedteke at forvaltninga av naturmangfaldet skal vere kunnskapsbasert. Også i naturmangfaldlova § 8 og i eit av dei nye globale måla for å ta vare på naturmangfaldet er vi forplikta til å bruke eksisterande og tilgjengeleg kunnskap i forvaltninga av naturmangfaldet. Dette er ein føresetnad for å følgje utviklinga i naturtilstanden, og er nøkkelen til å sikre at gode og effektive miljøtiltak blir gjennomførte på rett stad til rett tid. Kartlegging, overvaking og forsking er grunnleggjande verkemiddel for å betre kunnskapsgrunnlaget. Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter får styresmaktane eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet, og om verkemidla fungerer etter formålet.

Boks 8.2 Naturindeks for Noreg 2010

Naturindeks for Noreg gir eit overordna bilete av korleis det står til med norsk natur, og viser korleis dette utviklar seg over tid. Arbeidet byggjer på internasjonale metodar for liknande indeksar, men det er gjort eit betydeleg arbeid for å utvikle denne metodikken. Noreg er det første landet i verda som innfører ein offisiell naturindeks.

Naturindeksen bereknar tilstanden for naturmangfaldet i dei store økosystema, samanlikna med ein referansetilstand:

  • havbotn

  • hav-pelagisk (dei opne vassmassane i havet)

  • kystvatn-botn

  • kystvatn-pelagisk (i vassmassane langs kysten)

  • ferskvatn

  • ope lågland (kulturlandskap)

  • skog

  • myr-kjelde-flaummark

  • fjell

For kvart av økosystema er det valt ut eit sett med indikatorar, til dømes data om bestandane av enkeltarter. Ved å sjå indikatorane i samanheng får ein eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet innanfor kvart økosystem, og samla for norsk natur. Naturindeksen består av 309 indikatorar fordelte på dei ni hovudøkosystema.

Kvar indikator er gitt ein verdi mellom 1 og 0. Referanseverdien er sett lik 1. Verdien 1 betyr at tilstanden for indikatoren er svært god («naturtilstand» utan negativ påverknad frå menneske), medan 0 betyr at tilstanden er svært dårleg (for eksempel at ein art er utrydda). Ved å sjå på verdien for alle indikatorar som er knytte til eit økosystem, får ein eit gjennomsnittstal som gir eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet i dette økosystemet.

Boks 8.3 Definisjon av omgrepet truga arter

Artsdatabanken nyttar følgjande kategoriar i Norsk Raudliste for arter 2010:

Utdøydd (EX): Ei art er utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er globalt utdøydd.

Utdøydd i vill tilstand (EW): Arter som ikkje lenger finst frittlevande, men der det framleis finnes individ i dyrehagar, botaniske hagar og liknande.

Regionalt utdøydd (RE): Ei art er regionalt utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er utdøydd frå aktuell region (her Noreg). For at arta skal inkluderast må den ha vore etablert reproduserande i Noreg etter år 1800.

Kritisk truga (CR): Ei art er kritisk truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for kritisk truga er oppfylt. Arta har då ekstremt høg risiko for å dø ut.

Sterkt truga (EN): Ei art er sterkt truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sterkt truga er oppfylt. Arta har då svært høg risiko for å dø ut.

Sårbar (VU): Ei art er sårbar når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sårbar er oppfylt. Arta har då høg risiko for å dø ut.

Nær truga (NT): Ei art er nær truga når den ikkje tilfredsstiller nokre av kriteria for CR, EN eller VU, men er nær ved å tilfredsstille nokre av desse kriteria no, eller i nær framtid.

Datamangel (DD): Ei art blir sett i kategori datamangel når uvissa om arta si korrekte kategoriplassering er svært stor, og klart inkluderer heile spekteret av moglege kategoriar frå og med CR til og med LC.

Definisjonane er utarbeidde av den internasjonale naturvernunionen (IUCN). Omgrepet truga arter er eit samleomgrep for kategoriane: kritisk truga, sterkt truga og sårbar.

Kartlegging i form av kartfesting av førekomst og utbreiing av arter og naturtypar er ein føresetnad for oppfølging av naturmangfaldlova på kort og lang sikt. Tilsvarande er kunnskapsoppbygging knytt til framande organismar svært sentralt for å sikre ein god og målretta innsats mot framande, skadelege organismar. Døme på kartleggingsprosjekt er naturtypekartlegging (terrestrisk og marint), kartlegging av framande arter og kartlegging av truga arter. Kartlegging og overvaking av inngrepsfrie område i Noreg (INON) er ein arealbruksindikator som byggjer på data for utrekning av inngrepsfri natur innhenta frå kommunar, fylkesmenn og nasjonale register. MAREANO er eit tverrsektorielt program for å kartleggje og styrkje kunnskapen om Noregs havbotn.

Overvaking av naturmangfaldet er grunnleggjande for å kunne danne seg eit bilete av utviklinga for arter og område over tid, kunne seie noko om årsaka til utviklinga og om tiltak har ønska effekt. Døme på overvakingsprosjekt er overvaking av sjøfugl gjennom programmet SEAPOP, terrestrisk overvaking (TOV) og overvaking av ei rekkje arter/artsgrupper (t.d. hjortevilt, rovvilt, villaks, og fjellrev). ROVDATA har ansvaret for overvaking av rovvilt og formidling av resultata.

Auka omfang av kartlegging og overvaking dei siste åra har gitt grunnlag for å utvikle ein Naturindeks for heile Noreg jf. boks 8.2. Ein slik indeks, som vart presentert for første gongen hausten 2010, er eit viktig barometer for korleis det står til med norsk natur. Alle dei store forskingsinstitutta i Noreg som gjennomfører naturovervaking har medverka i utviklinga av naturindeksen, og ei statistikkgruppe har medverka i berekningar og metodeutvikling. I alt har om lag 125 fagpersonar levert data eller ekspertvurderingar. Noreg er, saman med Nederland, eit føregangsland i arbeidet med å få til ein heilskapeleg naturindeks basert på data og ekspertvurderingar om natur.

Naturindeksen gir ei samla oversikt over tilstand og utviklingstrendar for dei store økosystema hav og kyst, ferskvatn, våtmark, skog, fjell og kulturlandskap, også i ulike delar av landet. Kunnskapen om status og trendar skal nyttast til å setje inn målretta tiltak for å stanse tapet av naturmangfald i Noreg, og medverke med formidling av status og trendar til allmenta. På mange område manglar ein framleis data, og ny kartlegging og overvaking må på plass for å få meir presis kunnskap. I løpet av 2011 er det etablert eit overvakingssystem som kontinuerleg skal tilføre naturindeksen betre og nye data. Den samla naturindeksen skal etter planen oppdaterast i 2015. I åra fram til denne oppdateringa tek ein sikte på å presentere temaindeksar for arter som blir overvaka årleg.

Den naturindeksen som vart presentert hausten 2010 er starten på eit langvarig arbeid med å måle endringar i naturen, og gi eit stadig betre grunnlag for å prioritere kor tiltak for å betre miljøet skal setjast inn og kva som bør prioriterast innanfor kartlegging og overvaking. Men naturindeksen åleine kan ikkje måle om vi når målet om å stanse tapet av naturmangfald. Sjølv om naturindeksen viser betring eller ingen endring i naturmangfaldet, kan det likevel vere alvorlege faresignal som ikkje blir fanga opp. Det er derfor viktig å supplere naturindeksen med annan kunnskap som til dømes delindeksar, andre indikatorar for berekraft og raudlister, og med ny overvaking og supplerande forsking.

Norsk raudliste for arter 2010 og Norsk raudliste for naturtypar 2011 er viktige kunnskapsgrunnlag for å vurdere bruk av ulike verkemiddel for å betre tilstanden for artene og naturtypane. Raudlistene inneheld spesifikk informasjon om mange truga arter og naturtypar som ikkje inngår i naturindeksen, men som er viktige for forvaltninga av desse artene. Det er derfor viktig at kunnskapsinnhenting knytt til raudlistene held fram med full styrke.

Artsdatabanken har sidan starten i 2005 hatt ansvaret for arbeidet med raudlistene og Norsk Svarteliste, som byggjer på ei økologisk risikovurdering av framande arter. Artsdatabanken spelar ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om mangfaldet i naturen tilgjengelege for brukarar i areal- og miljøforvaltninga. Talet på observasjonar i rapporteringsverktøyet Artsobservasjonar i regi av Artsdatabanken har no passert 4 millionar. I tillegg til at denne portalen tilfører mykje kunnskap om førekomstar av arter, er den eit verktøy som aukar engasjement og kunnskap hjå brukarane.

Det norske Artsprosjektet skal sikre langsiktig kartlegging og kunnskapsoppbygging om arter i norsk natur, med spesiell fokus på arter og artsgrupper vi har lite kunnskap om. Det blir òg viktig å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, blant anna via internett. Arbeidet skjer i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet. I september 2009 underteikna miljøvernministrane i Sverige og Noreg ei avtale om å samarbeide om å auke kunnskapen og kompetansen om biologisk mangfald i svensk og norsk natur. Ambisjonen både i Sverige og Noreg er å kartleggje alle fleircella arter av planter og dyr i dei to landa. Prosjektet er administrativt plassert under Artsdatabanken, og er leia av ei styringsgruppe med representantar frå Artsdatabanken, Kunnskapsdepartementet, Direktoratet for naturforvaltning og den svenske ArtsDatabanken. Både datainnhenting, dataflyt og forsking blir samordna med anna tilgrensande aktivitet gjennom breitt samansette rådgivande grupper. Det blir no viktig å få på plass forskingsdelen i prosjektet.

Det er gjennom åra samla inn ei stor mengd data gjennom naturkartlegging. Dette er data som det er viktig at alle dei som gjer vedtak har tilgang til, og på ein slik måte at dei er lette å bruke som grunnlag for ulike avgjerder og samfunnmessige avvegingar. Som ei følgje av dette er det gjennom åra utvikla fleire system og verktøy for å gjere data frå kartlegging og overvaking tilgjengelege. Naturbasen, som er utvikla av Direktoratet for naturforvaltning, er ei kartinnsynsløysing som i stor grad er basert på data frå kartlegging. Artsdatabanken har utarbeida ei kartteneste kalla Artskart, der ein kan søkje stadfesta informasjon om over 1800 arter. Artsdatabanken arbeider òg med utvikling av ein naturtypebase basert på klassifiseringssystemet Naturtypar i Noreg (NiN).

Vass-nett er utvikla i samband med gjennomføringa av EUs vassdirektiv i Noreg, og inneheld data om vassdrag, grunnvatn og kystområde, medan målet med Vassmiljøsystemet er å systematisere data og gjere data om tilstand og utvikling i miljøkvaliteten i vatn tilgjengeleg for bruk i det offentlege.

Det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt vart etablert i 2000, og omfattar dei fire store rovdyra gaupe, jerv, bjørn og ulv, og kongeørn. Rovdata vart etablert i oktober 2010, og representerer ei styrking av overvakinga og kartlegginga av artene. Rovdata har ansvaret for det faglege innhaldet, formidling, drift og utvikling av overvakingsprogrammet, og er ein uavhengig leverandør av overvakingsdata for dei fem nemnde artene i Noreg. Dette er i tråd med rovviltforliket inngått i Stortinget våren 2011, jf. Representantforslag 163 S (2010-2011). Rovdata er etablert som ei sjølvstendig eining, med eigen leiar og stab, i Norsk institutt for naturforsking (NINA). Direktoratet for naturforvaltning (DN) er, som sentral faginstans innanfor all viltforvaltning, ansvarleg for overvakingsprogrammet. Rovdata koordinerer overvakinga på landsbasis og syter for nasjonal og einskapleg gjennomarbeiding, samanstilling, rapportering og formidling av data. Rovdata arbeider for å styrkje lokal deltaking i kartlegginga og overvakinga av artene, og har blant anna, i samarbeid med Artsdatabanken, etablert ei nettbasert publikumsløysing for innmelding av observasjonar av dei store rovdyra. Rovviltførekomstane i Noreg har nær tilknyting til rovviltførekomstane i nabolanda våre, og for Rovdata er det ei sentral oppgåve å vidareutvikle samordninga av overvakingsmetodar og samanstilling av bestandsdata på tvers av landegrensene i Fennoskandia. Fagrådet for Nasjonalt overvakingsprogram for rovvilt vart etablert våren 2007 og består av ekspertar på ulike kompetanseområde med relevans for overvakingsarbeidet. Fagrådet arbeider for at overvakinga av gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn skal vere best mogleg, og deira hovudoppgåve er å kvalitetssikre metodar og tilrå betringar i overvakingsprogrammet. Rovdata har sekretariatsansvaret for Fagrådet, og alle som ønskjer det kan gi innspel til Fagrådet på moglege betringar i rovviltovervakinga.

Internasjonalt skjer det òg mykje arbeid for å framskaffe eit betre kunnskapsgrunnlag om naturmangfald og økosystemtenester. På det 10. partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald i oktober 2010 vart det vedteke at «innan 2020 er kunnskapsgrunnlaget om biologisk mangfald, og verdiar, funksjon, status og trendar knytte til dette, styrkte og tekne i bruk som grunnlag for vedtak».

FNs generalforsamling har òg vedteke å opprette eit internasjonalt naturpanel etter modell av klimapanelet (IPCC). Naturpanelet skal vere eit vitskapleg uavhengig panel som skal gi kunnskap om jordas naturmangfald og økosystemtenester og fremje forslag til ny politikk. Frå norsk side er det ei prioritert oppgåve å få naturpanelet raskt i gang, og Regjeringa vil arbeide for at FNs miljøprogram og andre relevante FN-organisasjonar aktivt skal støtte opp om naturpanelet sitt arbeid framover. Noreg anerkjenner utviklingslanda sitt behov på kapasitetsbygging for å lage nasjonale vurderingar (assessments) på dette feltet og har tilbode å opprette eit eige delsekretariat for dette i Trondheim for å understøtte panelet sitt arbeid. Det vil vere nødvendig med nasjonale vurderingar som medverkar inn til regionale og globale vurderingar. Dette viser òg at det er nødvendig å framskaffe eit betre kunnskapsgrunnlag i Noreg som så kan spelast inn i arbeidet under naturpanelet.

Kunnskap om klimautfordringa

Det er behov for auka kunnskap om klimatilpassingstiltak og sårbarheit i Noreg og i utviklingsland. På klimaområdet har vi i dag komme langt i utviklinga av regionale klimamodellar som gir indikasjonar om venta klimautvikling i landet. Det er no behov for kunnskap om kva effektar desse endringane vil medføre på alt frå biomangfald til landbruk og fiskeri. Det er vidare nødvendige å utvikle betre forståing for korleis vi på best mogleg måte skal kunne tilpasse oss nødvendige samfunnsendringar i forhold til dei klimaendringane som er venta. Dette inkluderer konsekvensar for alt frå busetnad og transport til friluftsliv, turisme og lokalisering av næringsverksemd. Dette er berre nokre eksempel på område der det manglar sentral kunnskap for å utvikle ein meir heilskapleg og effektiv miljøvernpolitikk. Forsking er det sentrale verkemiddelet for å byggje opp nødvendig kunnskap om denne typen problemstillingar. Regjeringa vil prioritere overvaking av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringar i nordområda.

Det trengst ny forskingsbasert kunnskap på mange område. Betre kunnskap om årsaker til og verknader av klimaproblemet vil vere eit viktig grunnlag for framtidige klimaforhandlingar, og utgjere ein fagleg basis for politiske avgjerder om nødvendige utsleppsreduksjonar. Utvikling av ny teknologi for produksjon og bruk av energi er vidare ein svært viktig del av arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar nasjonalt og internasjonalt. Klima- og miljøforsking er òg høgt prioritert internasjonalt, både i enkeltland og innanfor større samarbeidsarenaer.

For at forskingsresultata skal kunne komme til nytte, er det viktig at resultata blir formidla vidare til styresmakter, politikarar, næringsliv og allmenta elles.

Kunnskap om helse og miljøfarlege kjemikaliar

Kunnskapsheving er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Regjeringa arbeider for å auke kunnskapen om kjemiske stoff og kartleggje miljøgifter i naturen og i produkt. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak. Det er dyrt å rydde opp når miljøgifter først er spreidde i naturen. I dei fleste tilfella er det òg umogleg då miljøgifter blir spreidde diffust over store område. Det er derfor svært viktig å oppdage spreiing av ulike miljøgifter i tide slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk. Gjennomslag i arbeidet med å styrkje internasjonale reguleringar er òg heilt avhengig av at det blir gjort ein betydeleg innsats i å leggje fram god dokumentasjon. Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert. Opprettinga av ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter vart derfor etablert i 2011. Miljøprøvebanken er plassert i Forskingsparken i Oslo og skal administrerast av forskingsinstitutta i CIENS. Miljøprøvebanken for miljøgiftar skal samle inn og ta vare på prøver av biologisk materiale. Prøver av til dømes fisk, blåskjel, krabbe, fugleegg, slam og mosar vil bli nedfrosne for seinare analysar og undersøkingar. Innsamlinga skjer frå dei same lokalitetane kvart år. Formålet er å kunne gjere nye analysar av prøver når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar. Dette vil bli eit svært nyttig verktøy i forvaltning av og forsking på miljøgifter.

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forureiningar. Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for dei fleste overvakingsprogramma.

Langtransporterte luftforureiningar omfattar forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofi (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar).

Atmosfærisk tilførsel av forureinande sambindingar blir overvaka ved måling av kjemiske komponentar i luft og nedbør. Formålet er å registrere nivå og eventuelle endringar i tilførsla av langtransporterte luftforureiningar. Målestasjonane er derfor plasserte slik at dei er minst mogleg påverka av lokale utsleppskjelder (bakgrunnsstasjonar).

Tilførsler av sambindingar i luft som fører til forsuring og eutrofi er overvaka på fem stasjonar (inkludert Svalbard). Tilsvarande sambindingar i nedbør er overvaka på 12 stasjonar.

Bakkenært ozon kan skade menneske si helse, vegetasjon og materialar. Atmosfæriske tilførsler av bakkenært ozon (og ozondannarar) er overvaka på fire stasjonar i fastlands-Noreg, og på Zeppelinobservatoriet på Svalbard.

Atmosfæriske tilførsler av partiklar i luft er overvaka på tre bakgrunnsstasjonar i fastlands-Noreg. Partiklar kan i særleg grad føre til helseskadar, og til skadar på materialar. Atmosfæriske tilførsler av miljøgifter er overvaka på tre stasjonar (i luft og nedbør på Birkenes og Andøya og i luft på Zeppelinfjellet)

Forsuringsverknader på vasskvalitet blir følgt gjennom overvaking av innsjøar og små nedbørfelt. Vasskvaliteten i ca. 70 innsjøar og seks små nedbørfelt blir undersøkt årleg for å gi ei regional/landsdekkjande beskriving av vassforsuringsproblemet og endringar i situasjonen. Det biologiske overvakingsprogrammet følgjer verknader på fisk gjennom regionale undersøkingar, og omfattar fiskebestandar i innsjøar og bekkar og botndyr i innsjøar.

Eutrofiverknader er overvaka av Direktoratet for naturforvaltning som dekkjer delar av dette gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).

(Verknader av) langtransporterte miljøgifter er overvaka med nokre års mellomrom i innsjøar (fisk og sediment).

Noreg samarbeider internasjonalt om utvikling av kunnskap om utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar gjennom Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) og andre samarbeidsprogram under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining . Landa samarbeider innanfor ramma av denne konvensjonen også om å utvikle kunnskapsgrunnlaget for val av tiltaksstrategiar for å redusere miljøskadar som følgje av langtransportert luftforureining, under dette kunnskap om mogleg utsleppsreduserande tiltak og kostnader ved desse. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vannforskning medverkar i vesentleg grad til denne kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining .

Auka kunnskap om – og for polarområda

Miljøet i nordområda skal takast vare på gjennom berekraftig bruk og vern, og verdiskaping skal skje på ein slik måte at miljøverdiane og økosystemas struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald blir haldne ved lag. Dette blir best sikra gjennom ei heilskapeleg og langsiktig forvaltning basert på beste tilgjengelege kunnskap.

Kunnskap er derfor sjølve navet i nordområdesatsinga, slik det er formulert i Nordområdestrategien (2006) og Nye byggesteiner i nord (2009). Norsk Polarinstitutt med senter ICE (Ice, Climate & Ecosystems) representerer saman med Framsenteret (Fram – High-North Research Centre on Climate and the Environment) viktige ledd i den nasjonale forskingssatsinga for å bringe fram meir kunnskap for å møte miljøutfordringane i nord – og polarområda.

Norsk Polarinstitutt og Framsenteret si forsking vil samstundes gi viktige kunnskapsbidrag til det internasjonale miljø- og klimaarbeidet.

Miljøet i nord har vore påverka både av ytre faktorar og lokal aktivitet. Dei viktigaste ytre faktorane er klimaendringar, forsuring av havet og langtransporterte tilførsler av miljøgifter. Lokal påverknad omfattar ulike typar arealbruk og ressursutnytting der fiske, oppdrett, reindrift og utbygging av energi- og transportinfrastruktur er viktige faktorar. Det finst òg ei rekkje lokale kjelder og potensielle kjelder til forureining. Dette omfattar til dømes skipsfart, petroleumsverksemd, industriverksemd og atominstallasjonar i Noregs nærområde.

Klimaprosessane knytte til snø, is, permafrost og havsirkulasjon i Arktis er av stor betydning for kor raskt og korleis klimaet vil bli endra lokalt, regionalt og globalt.

Betre kunnskap om klimaprosessane i Arktis er derfor kritisk for å kunne seie noko om framtidige klimaendringar, og auka kunnskap om klimaendringane er òg ein føresetnad for ei kunnskapsbasert, heilskapeleg og langsiktig forvaltning for å sikre miljøet og livsgrunnlaget i nord.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statlege institusjonen for kunnskapsproduksjon om polarområda for forvaltninga gjennom kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta, naturfagleg forsking i Arktis og Antarktis. Instituttet si forskingsverksemd er konsentrert om klimaprosessar og klimaendringar, og effektane av desse på naturen, og om økotoksikologi i Arktis og Antarktis. Instituttet leier òg overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis, og har lange tidsseriar frå både det fysiske miljøet og økosystemet.

Norsk Polarinstitutt har dei heilårige forskingsstasjonane Troll i Antarktis og Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund på Svalbard.

Norsk Polarinstitutts forsking i Antarktis gir viktige bidrag inn i det internasjonale samarbeidet om forvaltninga av Antarktis for å verne kontinentets særeigne og svært sårbare miljø. Denne forskinga er òg viktig for å oppretthalde verdien av Antarktis som referanseområde, og auke kunnskapen om området si rolle i dei globale miljøsystema og som indikator for planetens miljøtilstand. Vi har vore eit føregangsland i forskinga i Antarktis, og det er viktig at Noreg bidreg til internasjonal polarforsking med sine spesielle fortrinn med stasjonar både i Antarktis og på Svalbard. Zeppelinstasjonen, der NILU har det faglege ansvaret, spelar ei viktig nasjonal og internasjonal rolle for kartlegginga av klimaendringar; stratosfæreozon- og UV-endringar; miljøgifter (persistente organiske forureiningar som PCB, tungmetall som kvikksølv); og langtransporterte luftforureiningar (sur nedbør, partiklar, overgjødsling, bakkenær ozon).

Zeppelinstasjonen høyrer til ei lita gruppe av svært viktige globale atmosfærestasjonar; andre stasjonar finst på Hawaii, Sydpolen og Samoa i Stillehavet og i Alaska, Vest-Irland, Tasmania og Zugspitze/Jungfraujoch i Alpene.

Framsenteret

Framsenteret i Tromsø er eit sentralt tiltak i oppfølginga av Nordområdestrategien (2006) og «Nye byggesteiner – neste trinn i regjeringens nordområdestrategi» (2009).

Framsenterets faglege profil er fastsett ut frå utfordringane i nordområda først og fremst med omsyn til miljø- og samfunnsmessige konsekvensar av klimaendringar og miljøgifter, og til kunnskapsbehov knytte til forvaltninga av miljøet og naturressursane i nordområda

Framsenteret skal bidra til å utvikle kunnskap om klima og miljø som vil setje Noreg i stand til å forvalte våre hav- og landområde i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte. Framsenteret skal òg utviklas vidare til eit internasjonalt leiande senter for forsking på klima og miljø i nordområda, og bidra til at Tromsø blir eit tyngdepunkt for kunnskap og kompetanse på klima- og miljøfeltet som vil styrkje vår rolle og gjennomslag innanfor det internasjonale samarbeidet i nord, og dermed bidra til at norske interesser blir ivareteke på ein best mogleg måte.

19 institusjonar deltek i dag i Framsenteret. Det er Norsk Polarinstitutt, Statens kartverk, Statens strålevern, miljøinstitutta, Akvaplan-niva, Havforskingsinstituttet, SINTEF, NGU, Kystverket, Veterinærinstituttet, Noregs Veterinærhøgskole, Universitetet i Tromsø, Bioforsk, NORUT, NOFIMA og UNIS.

Det vil vere omfattande fleirfagleg/tverrfagleg forsking i eit tett samarbeid mellom naturvitskap, teknologi og samfunnsvitskap innanfor dei faglege satsingsområda (flaggskipa):

  • Havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk,

  • Effektar av klimaendringar på fjord- og kystøkologi i nord

  • Effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk

  • Havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn

  • Miljøgifter – effektar på økosystem og helse

Vidare er formidling, å kople rekruttering, utdanning og forsking, og utvikling av tverrfaglege perspektiv og metodar viktige, gjennomgåande satsingsområde.

Boks 8.4 Felles global referanseramme

Statens kartverk deltek i det internasjonale samarbeidet om ei felles global referanseramme, blant anna gjennom ein målestasjon i Ny-Ålesund. Dette er avgjerande for bruk av alle typar satellitteknologi som satellittkommunikasjon, satellittnavigasjon og andre teknologiar som er baserte på ei felles verdstid. Referanseramma er i tillegg naudsynt for å kunne overvake globale endringar, blant anna i havnivået. Observatoriet i Ny-Ålesund treng ei oppgradering då det ikkje er godt nok for dagens brukarbehov.

Geografisk informasjon

Alle land treng tilfang av grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata. Informasjonen er viktig og nødvendig, for mange samfunnsområde er geodata naudsynt for dokumentasjon, verdivurderingar, analysar og statistikk og gir viktige bidrag til overvaking og kunnskap om klima.

Informasjonen må vere tilgjengelege for heile samfunnet, både offentleg sektor, privat næringsliv og den enkelte. Data er viktige for samfunnsplanlegging, samfunnstryggleik og areal- og ressursforvaltning, Ein treng oppdaterte data for verdiskaping og utvikling av tenester og informasjon retta mot næringsliv og innbyggarar, og for medverknad og opne demokratiske prosessar.

Eigedomsinformasjon både frå matrikkel og grunnbok er viktig grunnlagsinformasjon i all eigedoms- og arealforvaltning. Statens kartverk har ansvar for tinglysinga og for formidling av eigedomsinformasjon både frå matrikkelen og grunnboka ut til brukarane både i offentleg og privat sektor.

Plan- og miljøoppgåvene i kommunane kan ikkje løysast utan best mogleg bruk av kunnskap om arealdata og ressursar. Dette føreset godt samarbeid og informasjonsdeling. Internett og digitale kart medverkar til forenkla tilgang til informasjon og til medverknad i plan- og vedtaksprosessar. Eit moderne samfunn er avhengig av geografisk informasjon og infrastruktur. Skip, fly og redningsteneste må finne vegen. Grunneigarane sine rettar må sikrast. Areal- og reguleringsplanar må vise juridisk bindande vedtak om arealbruk – og lagrast i planregister for ettertida. Kart viser ikkje lenger berre kor ting er, men fungerer òg som analysereiskapar i planlegging for berekraftig utvikling. Geografisk informasjon kopla med statistikk gir instrument for å planleggje for ei berekraftig framtid og for å vurdere konsekvensane av ulike tiltak.

Nasjonale mål – geografisk informasjon

1. Landet skal dekkjast av relevant geografisk informasjon av høg kvalitet som skal nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Indikatorar:

  • Tal på kommunar med nytt nasjonalt høgdegrunnlag (NN2000).

  • Oppdateringsgrad og kvalitet.

  • Dekningsgrad og kvalitet.

  • Datasett som det er etablert tenester til etter krava i geodatalova.

2. Tinglysing i fast eigedom og del i burettslag blir gjort forsvarleg, effektivt og med kvalitet.

Indikatorar:

  • Saksbehandlingstid.

  • Svartid på kundesenteret.

  • Kvalitet.

Tilstand

Kart og geografisk miljøinformasjon er tilgjengeleg døgnet rundt og styrkjar grunnlaget for å fatte gode og berekraftige vedtak. Geodata er tilgjengelege via internett, mobiltelefon og ulike elektroniske kartløysingar. Brukarane kan blant anna søkje etter adresse, stadnamn eller matrikkelnummer og i tillegg velje målestokk eller måle avstandar. Elektronisk tilgang til geodata har auka bruken av geografisk informasjon vesentleg dei siste åra. For å dekkje brukarane sine ulike og samansette behov for geodata må innsamlinga, koordineringa og lovverket rundt dette famne ei rekkje ulike aktivitetar og fagfelt, som blant anna sjømåling, satellittovervaking og eigedomsregisering.

Pålitelege, oppdaterte geodata gir grunnlag for auka tryggleik i ferdsel til sjøs og til lands. Det gir grunnlag for effektiv og betre bergingsteneste. Det gir bidrag for effektiv og døgnopen forvaltning, trygging av eigedomsrett og ein fungerande marknad for eigedommar.

Pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem gir betre tryggleik til sjøs. Det er laga samanhengande elektroniske sjøkart for heile norskekysten, men framleis manglar det nye, moderne djupnemålingar i mange område. Det er viktig at dette arbeidet held fram utan avbrot for å få betre tryggleik i skipstrafikken langs kysten.

Alle kommunar har no teke i bruk ny horisontal referanseramme basert på internasjonal standard, og arbeidet med nytt nasjonalt høgdegrunnlag har starta. Høgpresisjon stadfesting i sann tid med ei grannsemd betre enn 1 cm er innan rekkevidde, og dette får stor betyding for til dømes kor nøyaktig ei gravemaskin kan arbeide.

Autorisert offentleg eigedomsinformasjon og tilgang til denne er viktig for å sikre eigedomsretten og er naudsynt for eigedomsmarknaden. Tinglysingslova og Matrikkellova er sentrale verktøy her.

Regelverket stiller krav til saksbehandling, gjennomføring av oppmålingsforretningar og føring av matrikkelen. Matrikkellova skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar.

Det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, under dette bygningar, bustader og adresser. Grenser og eigedomsforhold blir klarlagde. Tinglysing av heimlar og rettar i fast eigedom og burettar skjer i eit eige register, grunnboka.

Statens kartverk deltek i det internasjonale samarbeidet om ei felles global referanseramme, blant anna gjennom ein målestasjon i Ny-Ålesund. Referanseramma er naudsynt for å kunne overvake globale endringar, blant anna i havnivået.

Bruk av geografisk informasjon grip inn på omtrent alle miljøområda. Betre tilgang til geodata er ein føresetnad for god miljøpolitikk og god miljøforvaltning, for forsking, statistikk og for rasjonell offentleg forvaltning. På europeisk nivå er det rekna med at denne typen tiltak vil gi både miljømessige og breiare samfunnsvinstar, inkludert vinstar for privat sektor.

Påverknader

Påverknader kjem frå mange kantar. Teknologiutvikling og døgnope løysingar gjer tilgangen til geografisk informasjon svært god. Det at fleire sektorar brukar data og stiller krav til oppdaterte og gode data, er med på å auke kvaliteten og tilgangen. Den økonomiske utviklinga gjer for eksempel at stadig fleire og meir djuptgåande skip seglar i område der det tidlegare ikkje har vore slik trafikk og derfor ikkje tilstrekkeleg kvalitet på sjøkarta.

Nasjonale felleskomponentar og internasjonale standardar og direktiv er med på å skape geografiske data som kan brukast av stadig fleire i Noreg og over landegrensene.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Miljøverndepartementet har ansvar for nasjonal kart- og geodatapolitikk, og tinglysinga. Statens kartverk er det nasjonale fagorganet for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Dei har under dette ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og halde register oppdaterte. Kommunane har ansvar på lokalt nivå, blant anna som lokal matrikkelstyresmakt og for at det ligg føre eit oppdatert offentleg kartgrunnlag for planlegging og saksbehandling etter plan- og bygningslova.

Statens kartverk fører opplysningar inn i grunnboka. Bankar, meklarar og andre aktørar innan eigedomsmarknaden kan i ei viss grad sende elektroniske dokument for tinglysing ved bruk av digital signatur.

Miljøverndepartementet har arbeidd aktivt med å utarbeide forskrifter og nasjonale produktspesifikasjonar for framstilling av arealplanar og digitalt planregister. Målsetjinga med dei nye reglane er å få på plass eit system som mogleggjer ei god oversikt over noverande og framtidig arealbruk i Noreg. Oppbygging og utvikling av planregister er ei viktig utfordring framover. Kartverket har ei sentral rolle i etablering, drift og forvaltning av eit nasjonalt planregister og regelverket rundt dette. Eit slikt register vil gi vesentleg betre tilgang til spesifikke plandata for innbyggjarane og lokale styresmakter, og betre oversikt på nasjonalt nivå over arealutfordringane.

Geodatalova skal sikre betre tilgang til geografisk miljøinformasjon i Noreg og over landegrensene. Noreg har vedteke å innarbeide det europeiske INSPIRE-direktivet. Dette gir ei forplikting på å opprette tenester for tilgang til og deling av miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata mellom offentlege etatar både nasjonalt og innan EU/EØS-området.

Statens kartverk leier og administrerer arbeidet med den nasjonale geografiske infrastrukturen av stadfesta informasjon gjennom Noreg digitalt. Meir enn 600 offentlege partar deltek i dette samarbeidet. Noreg digitalt bidreg til enkel og effektiv tilgang til kart og geodata på tvers av organisatoriske og geografiske skilje.

Informasjon og kommunikasjon

Miljøforvaltninga sitt kommunikasjonsarbeid byggjer på prinsippa i staten sin kommunikasjonspolitikk. Vi legg vekt på å vise fram regjeringa sin miljøpolitikk og fakta om miljøtilstanden på ein forståeleg måte. God informasjon er viktig for at innbyggjarane, næringslivet, det offentlege og organisasjonar skal kunne ta omsyn til miljø i den daglege verksemda si.

Informasjonen skal vere tydeleg og tilgjengeleg og nå fram til ulike målgrupper og dei som blir berørte av tiltak. Det er viktig å gi informasjon om rettar, plikter og moglegheiter. Kommunikasjonstiltaka skal medverke til at folk blir engasjerte og medvitne på miljøspørsmål og får ei djupare forståing og kunnskap.

Miljøverndepartementet tek i bruk ulike kommunikasjonskanalar. Ein viktig kanal er departementet si nettside regjeringen.no/md . Departementet sine internettsider er ein formidlingskanal i pakt med lov om rett til miljøinformasjon og Regjeringas kommunikasjonsstrategi. Eitt døme er høyringssaker, og høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet. Internasjonale standardar for tilgjenge, WAI (Web accessability initiative) er innarbeidde på internettsidene. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departement sine nettsider på regjeringen.no/md.

Miljøstatus i Noreg ( www.miljostatus.no ) er inngangsporten til fakta og anna informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøpolitiske resultatområda. Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper. Eit døme på tilrettelegging av informasjon til forbrukarane er nettsida www.erdetfarlig.no, ei nettside om miljøgifter.

Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementet sine nettsider og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss.

I tillegg til nettsidene nyttar departementet ulike sosiale medium som Facebook, Twitter og Flickr. Konferansar, seminar og kurs er døme på andre kanalar som òg blir nytta til å spreie informasjon.

Sidan 2007 har Miljøverndepartementet hatt ei eiga satsing på klimainformasjon gjennom Klimaløftet, som koordinerer Regjeringas samla klimainformasjon retta mot folk flest. Klimaløftets informasjons- og kommunikasjonstiltak er særleg retta mot dei unge gjennom opplegg i skulen og allmenta generelt. Klimaløftet formidlar oppdatert og vitskapleg basert informasjon om klimaendringar og har fleire ulike tiltak som byggjer opp kunnskap om klimaendringar og råd til folk flest om klimavennlege tiltak i kvardagen. Klimaløftet samarbeider med bedrifter, kommunar, frivillige organisasjonar og andre medspelarar i arbeidet for eit meir klimavennleg samfunn. Informasjonstiltak retta mot befolkninga generelt er mobiliserande kampanjar og aktivitetar i massemedia og sosiale media, utgjeving av vedlegg, stønad til tv- og filmproduksjon og nettsider, og støtte og utvikling av verktøy som til dømes klimakalkulator. Døme på mobiliserande aktivitetar er Redesign – som fleire byar tek del i. Dette er folkelege arrangement som set søkelys på eit meir berekraftig forbruk, ved å vise i praksis korleis vi kan ta betre vare på produkta våre, gjenvinne og omskape dei.

Miljøvernforvaltninga si satsing på skule og kunnskapsoppbygging

Formålet med miljøvernforvaltninga si skulesatsing er å byggje opp kunnskap om dei samla miljøutfordringane og skape nyfikne og vitetrong for natur og miljø i den oppvaksande generasjonen.

FN har som mål at omgrepet berekraftig utvikling skal integrerast i landa sine utdanningssystem. Regjeringa har slutta seg til FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling 2005-2014. Miljøvernforvaltninga si skulesatsing har derfor òg som mål, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, å medverke til at berekraftig utvikling blir eit omgrep som alle elevar forstår og har eit forhold til.

Elevar og lærarar treng fleire innfallsvinklar for å setje miljøfaglege tema på timeplanen, og Miljøverndepartementet har derfor, i samarbeid med skulesektoren utvikla fleire pedagogiske program og prosjekt. Mest ressursar blir nytta på Den naturlege skulesekken som er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Den naturlege skulesekken (DNS) støttar utviklinga av undervisningsopplegg som er tilpassa læreplanverket for Kunnskapsløftet og kompetansemåla for faga naturfag (biologi, kjemi og fysikk), samfunnsfag og kroppsøving. Faga bli òg knytte til grunnleggjande dugleik som matematikk, lesing, skriving og bruk av IKT. Eit berande pedagogisk omgrep er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til samfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet som organisasjonar, museum, nasjonalparksenter osv., blitt ein anerkjent pedagogisk metode i undervisninga. Den naturlege skulesekken har fått svært positive tilbakemeldingar og evalueringar. Det er viktig at prosjekt som får støtte har overføringsverdi til andre skular, og å få fram prosjekt som inkludere fleire fagdisiplinar.

Andre skuleprosjekt i miljøforvaltning, som f. eks. Miljøambassadørar og Miljøjournalisten, har som mål å inspirere lærarar og elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skular og er tilpassa kompetansemåla i læreplanen for desse trinna. Direktoratet for naturforvaltning sitt prosjekt Friluftsliv i skulen tek for seg betydninga av naturoppleving som innfallsport til naturforståing, og nasjonalparksentra er viktige formidlarar til skular i nærleiken av dei aktuelle parkane. Statens kartverks Kart i skulen er eit gratis webatlas som tilbyr oppdaterte norske kart og temakart eigna for bruk i mange fag. I tillegg driv òg Statens naturoppsyn naturformidling til skulen.

Frå august 2011 vil ein person bli tilsett i eiga stilling for å koordinere skulesatsinga i miljøvernforvaltninga. Det betyr ei opptrapping av satsing på tiltak retta mot skulen. Vedkommande skal ha ansvar for å følgje opp Den naturlege skulesekken, andre pågåande skuleretta prosjekt, og for initiere nye prosjekt.

Miljøteknologi

Miljøteknologi er ein viktig føresetnad for å løyse dei store miljøutfordringane som verda står overfor. Dei mange områda der miljøteknologi blir utvikla, utgjer i dag verdas mest lovande teknologimarknader. Dette gir betydelege høve til verdiskaping, og grøne arbeidsplassar innan energiproduksjon og miljøteknologi vil kunne bli ei ny vekstnæring i Noreg. Dette krev ei betydeleg mobilisering av næringslivet si evne til innovasjon, problemløysing og effektivisering. Samtidig må styresmaktene etablere rammevilkår som gjer det privatøkonomisk lønsamt å tilby og etterspørje gode miljøløysingar. Regjeringa la før sommaren fram ein nasjonal strategi for miljøteknologi - Næringsutvikling og grønn vekst . Strategien har to hovudformål: Å leggje til rette for nasjonal verdiskaping og næringsutvikling og å bidra til å nå våre miljømål. Regjeringas politikk for miljøteknologi er blant anna forankra i fleirtalsregjeringas regjeringsplattform, St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand , St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk og i St.meld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge . Regjeringas visjon er at Noreg skal utvikle seg til å bli ein sentral leverandør av miljøteknologiske løysingar. Derfor legg Regjeringas strategi til rette for utvikling av internasjonalt konkurransedyktige norske miljøteknologinæringar og nasjonale og internasjonale marknader for miljøteknologi. Strategien inneber tiltak og innsats for å utvikle tilbodssida, etterspørselssida og for å betre kunnskapsbasen for vidare politikk- og teknologiutvikling. Det største enkelttiltaket i strategien er Program for miljøteknologi på 500 mill. kroner over tre år (2011-13). Programmet skal fremje private investeringar knytte til kommersialisering av miljøteknologi og stimulere til nettverksbygging og strategisk samarbeid mellom leverandørar for levering av samansette system og løysingar. Programmet kjem i tillegg til løyvingar til miljøteknologiordninga som er forvalta av Innovasjon Noreg og som vart etablert i 2010. Dei andre dimensjonane av strategien inneber fleire tiltak som skal styrkje forsking og kompetanseutvikling, inkludert å leggje til rette for koplingar mot utviklinga av internasjonalemiljøavtaler. Vidare er det fokusert på:

  • Bidra til reguleringar som òg fremjar utvikling av marknader for miljøteknologi.

  • Bidra til å fremje etterspørsel etter miljøteknologi i offentlege og private verksemder.

  • Stimulere til nettverks- og næringssamarbeid på tvers av tradisjonelle næringsklynger.

  • Bidra til utvikling av betre kunnskap om marknadene for miljøteknologi og kunnskap til bruk i vidare politikkutvikling.

Oppfølginga av strategien inkluderer etablering av eit programråd som blant anna skal gi råd om bruk av midlar under programmet. Programrådet består av deltakarar frå dei mest sentrale aktørane innan det offentlege verkemiddelapparatet og frå relevante etatar, og inkluderer representantar frå Innovasjon Noreg, SIVA SF, Noregs forskingsråd, GIEK, Enova, Eksportfinans, Transnova, Gassnova og Klima- og forureiningsdirektoratet. Rådet er etablert med ein uavhengig leiar. Programrådet sitt mandat omfattar blant anna å stimulere til dialog og koordinering mellom deltakarane og andre verkemiddelaktørar, under dette eventuell koordinering av utlysningar og søknader. Dette kan for eksempel innebere samanfallande prioriteringar i utlysningstekstar, samfinansiering av prosjekt og samarbeid om gode søknader. Programrådet er vidare bedt om å fremje forslag til vidareutvikling av Regjeringas strategi. Regjeringa vil komme tilbake med ei vurdering av utvikling og val av verkemiddel under programmet i budsjettdokumenta for 2013, der forslag frå programrådet vil inngå. Strategien inngår som ein sentral del av både næringspolitikken og miljøpolitikken. Ein viser til omtale av miljøteknologiprogrammet i Prop. 1 S (2011-2012) frå Nærings- og handelsdepartementet.