28 Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling

28.1 Organisering

Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens kartverk, Klima- og forureiningsdirektoratet, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond. Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen, fylkeskommunane og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Innovasjon Noreg har oppgåver innanfor miljøområdet som Miljøverndepartementet styrer.

Årsverksoversikt

Tabell 28.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 1. mars 2011 under Miljøverndepartementet

Kapittel

Nemning

Tal årsverk

1400

Miljøverndepartementet

254

1427

Direktoratet for naturforvaltning

300

1429

Riksantikvaren

150

1441

Klima- og forureiningsdirektoratet

326

2465

Statens kartverk

766

1471

Norsk polarinstitutt

151

1432

Norsk kulturminnefond

8

Sum

1955

28.2 Oversikt over fornyingsarbeidet

Lovendringar om miljøansvar

Miljøverndepartementet arbeider med naudsynte lovendringar for å gjennomføre miljøansvarsdirektivet (2004/35/EF) i Noreg. Foreldingsfristen for å krevje erstatning frå forureinar for oppryddingstiltak som han er ansvarleg for, vert utvida frå tre til fem år. Desse endringane er ikkje venta å ha vektige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Nasjonal miljøprøvebank for miljøgifter

Det blir arbeidd med ein nasjonal miljøprøvebank for oppbevaring og seinare analysar av miljøgifter i ulike typar prøvemateriale. Den systematiske innsamlinga av prøvematerialet vil skje frå faste stasjonar over heile landet, inkludert arktiske område og havområde utanfor norskekysten.

Informasjonsteknologi

Informasjonsteknologi støttar og medverkar til effektiv samhandling i miljøforvaltninga og med det offentlege publikum. Måla for miljøforvaltninga sin ikt-strategi for 2011-2015 er god kunnskapsforvaltning, tydeleg miljøinformasjon og god formidling. Miljøforvaltninga skal vere ei moderne forvaltning med solide fagsystem, god organisering og samordning av miljødataarbeidet. Miljøforvaltninga sikrar oppfølging av den nasjonale ikt-politikken gjennom fokus på samhandling, digitale tenester og verdiskapande data. Miljøforvaltninga skal ha ei koordinert ikt-utvikling som understøttar forvaltninga sine mål og det skal haldast eit tydeleg fokus på informasjonstryggleik.

Nettstader og portalar

Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider med å etablere ein ny nettstad som heiter Miljøkommune.no. Dette blir gjort i samarbeid mellom Planavdelinga og seks underliggjande etatar i Miljøverndepartementet. Nettstaden skal samle og leggje til rette rettleiinga frå etatane til kommunane i kommunane sine lovbestemte miljøoppgåver, og skal medverke til miljøforbetring ved å hjelpe kommunane til å nytte miljømyndet og utføre pliktene på miljøvernområdet betre og meir effektivt enn i dag.

Klima og forureiningsdirektoratet drifter òg ein ny nettstad om farlege forbrukarvarer – Erdetfarlig.no. Her skal det vere mogleg for blant anna forbrukarane å finne informasjon om skadelege stoff og kva slag produkt dei finst i.

I løpet av dei siste åra har det komme mykje ny kunnskap om klimatilpassing frå forsking, statleg forvaltning og kommunar. Nettportalen Klimatilpasning.no har som mål å samle aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på ein stad. Portalen er laga hovudsakleg for dei som skal leggje planar og ta avgjerd lokalt og regionalt, men informasjonen skal òg vere lett tilgjengeleg og interessant for alle som er opptekne av kva klimaendringar vil bety for det norske samfunnet.

Nettstaden Miljostatus.no er Noregs største informasjonsbank om miljø. Her blir informasjon om miljøtilstand og utvikling fortløpande oppdatert og tilpassa aktuelle utfordringar.

Elektronisk søknad om rovvilterstatning og støtte til vilt- og fisketiltak

Frå og med 2010 er det eit krav at søknader om tilskot til vilttiltak, til førebyggjande og konfliktdempande rovvilttiltak og søknader om tilskot til lokale fisketiltak (gjeld ikkje kalkingsmidlar) skal fremjast i det nettbaserte søknadssystemet til Direktoratet for naturforvaltning.

Samfunnstryggleik og beredskap

Beredskapsarbeidet er følgt opp internt gjennom årleg revisjon av krise- og beredskapsplanverket, og avdelingane sine ROS-analysar. Vidare har departementet delteke i nasjonale beredskapsøvingar og halde intern beredskapsøving. Deltaking i nasjonale øvingar og øving av interne beredskapsrutinar blir ført vidare på same måte neste år. Departementet og underetatane vil fokusere spesielt på oppfølging av nye krav til objekttryggleik, i tråd med forskrift om objekttryggleik frå 1. januar 2011.

28.3 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er pålagt å arbeide aktivt, målretta og planvist for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 28.2, 28.3 og 28.4 viser kvinnedelen i verksemdene, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av kvinner og menn si månadlege gjennomsnittslønn på ulike stillingsnivå, statistikk for menn og kvinner sitt sjukefråvær, delen av menn og kvinner på deltid og mellombels stilling og fordeling av uttak av foreldrepermisjon. Norsk kulturminnefond har svært få medarbeidarar og er derfor ikkje med i alle oversiktene.

Tabell 28.2 Oversikt over del kvinner i pst.

Totalt

Topplei.

Mellomlei.

Høgtlønte rådg.

Saksbeh.

Kontor

MD

55,9

42,9

52,6

53,6

55,4

90,0

DN

42,4

100,0

33,3

32,0

45,5

100,0

Klif

63,5

75,0

70,0

52,1

71,4

80,0

NP

40,5

0,0

47,5

35,0

40,0

56,0

RA

61,8

66,7

58,8

57,1

66,7

66,7

SK

53,4

25,0

23,8

31,7

73,8

84,5

NKMF

77,8

0,0

50,0

0,0

100,0

100,0

Toppleiar omfattar øvste leiar og leiar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå).

Høgtlønte rådg. omfattar seniorrådgivarar, spesialrådgivarar og tilsvarande stillingar.

Tabell 28.3 Prosentoversikt over kvinnene og mennene si månadlege gjennomsnittslønn

MD

DN

Klif

NP

RA

SK

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Totalt

93,6

100

95,4

100

100

98,8

93,6

100

95,8

100

84,2

100

Toppled.

90,7

100

100

89,1

96,0

100

78,9

100

73,9

100

94,6

100

Mellomled.

100

97,4

100

98,6

98,3

100

99,2

100

99,1

100

90,9

100

Høgtlønte rådg.

94,7

100

97,4

100

97,3

100

93,3

100

98,2

100

98,3

100

Saksbeh.

96,4

100

100

98,6

100

99,1

100

99,6

97,5

100

99,7

100

Kontor

98,1

100

100

100

98,4

97,8

100

100

97,7

100

99,4

Tabell 28.4 Oversikt over deltid, mellombelse stillingar, foreldrepermisjon og fråvær fordelt på kvinner og menn

MD

DN

Klif

NP

RA

SK

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Deltid 1

18,5

10,1

19,5

2,3

23,1

8.9

8,0

6,5

17,6

11,1

22,7

12,1

Midlertidige 2

18,5

11,8

8,6

2,3

9,0

6,5

37,0

26,0

17,6

7,9

13,7

4,7

Legem. fråv. 2010

4,3

1,6

3,2

2,6

4,6

1,2

5,2

1,0

4,5

0,6

6,5

2,4

Foreldreperm. 3

84,8

15,2

91,5

8,5

89,3

10,7

71,0

29,0

85,3

14,7

79,3

20,7

1 Pst. del av kvinner/menn på deltid

2 Pst. del av kvinner/menn i mellombels stilling

3 Pst. del av det totale foreldrepermisjonsuttaket som blir teke ut av kvinner/menn

I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.

Miljøverndepartementet

På toppleiarnivå i departementet (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det tre kvinner og fire menn. Departementet har òg ansvar for tilsetjing av direktørane for underliggjande etatar, og blant desse er det 3 kvinner og 3 menn. Kjønnsfordelinga blant medarbeidarane i departementets avdelingar, og innan dei enkelte fagområda, er stort sett jamn, men det er eit fleirtal av kvinner i kontorstillingane. Rekruttering og ny organisering er viktige verkemiddel for å få jamn fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen, saman med tilbod om individuell kompetanse- og karriereutvikling. Ein gjennomgang av alle eksternt kunngjorde stillingar i 2010 viser at av den totale søkjarmassen var 57,5 pst. kvinner. Av medarbeidarane som vart tilsette i desse stillingane var 50 pst. kvinner. Departementet tilsette 4 kvinner og 3 menn i leiarstillingar eksternt utlyst i 2009. Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. I løpet av 2010 vart det ført individuelle forhandlingar for 27 kvinner og 20 menn etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.4. For 9 kvinner og 3 menn medførte forhandlingane omgjering til høgare stillingskode. Eitt av måla i Miljøverndepartementets rekrutteringsstrategi er å auke delane av medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med redusert funksjonsevne. For å oppnå dette skal personar i målgruppene oppfordrast til å søkje på stillingar i departementet, og kvalifiserte søkjarar skal innkallast til intervju. Strategien inneheld òg tiltak for å finne fleire aktuelle kandidatar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, blant anna gjennom samarbeid med NAV. Det skal òg satsast på haldningsskapande arbeid internt.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif)

Då fleirtalet av medarbeidarane er kvinner, har Klif eit spesielt fokus i rekrutteringa på å auke delen av menn. I lønnsoppgjeret i 2010 hadde etaten eit særleg fokus på kjønn, med sikte på å utjamne forskjellar. Klif har som mål å rekruttere minst 1-2 personar med redusert funksjonsevne kvart år. Det blir gitt skrivekurs og økonomisk hjelp til kurs i norskopplæring for medarbeidarar med behov for språkleg tilrettelegging. Ved graviditet blir tilbode tilpassing av kontorplass, trening og fysioterapi. I forhold til omsorgsoppgåver blir ein tilbode redusert arbeidstid og høve til heimekontor og fjernarbeid. Tilpassing for medarbeidarar med bakgrunn frå kulturelle/religiøse minoritetar skjer blant anna ved løyving velferdspermisjonar og tilrettelagt kantinemat. Medarbeidarar over 62 år får 12 seniordagar pr. år. Seniorar får òg høve til redusert arbeidstid og heimekontor. I rekrutteringsprosessane skal det kallast inn til intervju minst ein søkjar med minoritetsbakgrunn, minst ein søkjar med redusert funksjonsevne og minst ein søkjar over 55 år, under føresetnad av at søkjarane er kvalifiserte.

Riksantikvaren (RA)

Kvinner utgjer eit fleirtal (61,8 pst.) av RAs medarbeidarar. Etaten gir kvinner og menn like moglegheiter for kompetanseutvikling, og fleire kvinner enn menn har delteke på større, individuelle kompetansetiltak. I lokale forhandlingar vil ein vere merksam på forholdet mellom menn og kvinner si gjennomsnittslønn. Det blir arbeidd systematisk og målretta for at kjønnsvise ulikskapar i lønn blir utjamna. I rekrutteringa er lagt vekt på at verken nedsett funksjonsevne eller framandspråk skal vere hinder for tilsetjing, så lenge vedkommande er kvalifisert. Personar med nedsett funksjonsevne blir oppfordra til å søkje stillingar og det blir lagt til rette for at medarbeidarar med nedsett funksjonsevne kan fungere optimalt (100 pst.) i stillinga. Innanfor HMS-arbeidet satsar etaten spesielt på førebygging gjennom ergonomisk vurdering av arbeidsplassar og trimtilbod. RA har fleire medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Mangfald er etterstreva, og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje på stillingar, vurderte særskilt og kalla inn til intervju om dei innfrir krava til utdanning og praksis. Kompetanseutvikling for seniorar og kompetanseoverføring blir prioritert. Samtidig er det lagt vekt på å tilpasse arbeidssituasjonen til behova for den enkelte medarbeidar. Frå året ein fyller 62 får alle tilsette 8 ekstra tariffesta fridagar. Gjennomsnittleg pensjoneringsalder er 68 år.

Direktoratet for naturforvaltning (DN)

I direktoratet er 41 pst. av dei tilsette kvinner. Av eksternt utlyste stillingar i 2010 vart det tilsett kvinner i 54 pst. av tilfella. Av utlyste leiarstillingar i 2010 vart det tilsett 1 kvinne og 5 menn. Ved høve vil moderat kvotering av kvinner bli gjennomført. Kvinnelege leiarar og saksbehandlarar tener noko meir enn menn i tilsvarande stilling, men blant seniorrådgivarane tener menn i snitt noko meir enn kvinner. I løpet av 2010 vart det gjennomført individuelle lønnsforhandlingar for 14 menn og 12 kvinner etter HTA pkt. 2.3.4. Ved dei lokale lønnsforhandlingane etter HTA pkt. 2.3.3 hausten 2010 fekk kvinner 42 pst. av forhandlingspotten. DN tilbyr kvinner og menn same type opplæring og kompetanseutvikling. Ved kunngjering av ledige stillingar skal minst ein søkjar med nedsett funksjonsevne innkallast til intervju, under føresetnad av at vedkommande er kvalifisert. I 2010 hadde DN to avtaler om praksisplassar for personar med nedsett funksjonsevne. Mange medarbeidarar har omsorg for barn, og ein aukande del har omsorgsoppgåver for eldre eller sjuke familiemedlemmer. Desse blir tilbodne blant anna fleksibel arbeidstid og velferdspermisjon. Gjennomsnittleg pensjonsalder er 64 år. I DNs senior-/livsfasepolitikk er det etablert tiltak for å heve pensjonsalderen ytterlegare, under dette rett til 14 fridagar for medarbeidarar over 62 år.

Statens kartverk (SK)

Statens kartverk har i dag en kvinnedel på 53,4 pst. Ved kunngjering av stillingar har SK som personalpolitisk mål å oppnå ein balansert arbeidsstyrke med omsyn til alder, bakgrunn, funksjonsevne og kjønn. I etaten sin strategiske personalplan er understreka leiarane sitt ansvar for å ivareta omsynet til likestilling. I lønnspolitikken er det lagt vekt på å honorere ansvar og kompetanse uavhengig av kjønn, og det blir forsøkt å rette opp eventuelle misforhold i avlønning mellom kvinner og menn. Det er avtalt 4 ekstra seniordagar i tillegg til dei 8 tariffbestemte dagane. Etaten legg aktivt til rette for småbarnsforeldre og medarbeidarar med omsorgoppgåver for eigne foreldre, innanfor dei høva som det statlege regelverket gir. Kartverkets reglar for intern varsling inneheld rutinar og tiltak ved mobbing eller trakassering. Framandspråklege medarbeidarar får arbeidsfri og økonomisk støtte for å delta i norskundervisning.

Norsk Polarinstitutt (NP)

Etaten har som overordna mål å vere ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda. Likestillingsutvalet ved NP har i 2011 utarbeidd reviderte handlingsplanar for likestilling og mot trakassering, og ein intern likestillingskontakt arbeider aktivt for likestilling på alle plan. Ved rekruttering skal både ein mannleg og ein kvinneleg kontaktperson oppgivast i kunngjeringsteksten, og begge kjønn skal vere representerte i utveljingsprosessen. Kvinner/menn blir oppfordra til å søkje om det finst mindre enn 40 pst. av eit kjønn i ein type stilling. Det blir gjennomført utviklingssamlingar for medarbeidarane med fokus på intern kommunikasjon, språk, samspel og relasjonar. NP har laga ein plan for universell utforming, med intensjon om å vere ein arbeidsplass som fremjar like moglegheiter til samfunnsdeltaking og hindrar diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. NP har inngått samarbeidsavtale med INN Tromsø for å integrere utanlandske medarbeidarar i det norske samfunnet på best mogleg måte. I tillegg blir det tilbode norskkurs, både grunnkurs og kurs for vidarekomne. Ved foreldrepermisjon blir det lagt til rette for at mannlege medarbeidarar kan ta ut meir enn fedrekvoten. Tidspunkt for møte og tilstellingar i verksemda blir tilpassa tider for henting av barn i skule og barnehage. Gravide får etter førespurnad tilpassa arbeidsplassen. Før permisjonar som er lengre enn 4 månader blir det gjennomført ein obligatorisk medarbeidarsamtale. Eventuelle lønnsskilnader som følgje av kjønn blir kartlagde på alle nivå og forsøkt utjamna ved lokale forhandlingar.

28.4 Likestillingsvurdering på fagbudsjettområda

Offentlege verksemder er i likestillingslova § 1a pålagt å arbeide for likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Dette inneber blant anna å vurdere kjønns- og likestillingsperspektivet på departementets fagbudsjettområde der det er relevant og føremålstenleg.

Naturmangfald og friluftsliv

Kartlegging har vist at kvinner deltek i mindre grad enn menn i ein del statlege råd og utval på naturforvaltningsområdet. Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltningsområdet. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre, men kommunar og organisasjonar blir no bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Det er lagt inn krav i tildelingsbrevet til Direktoratet for naturforvaltning og til Fylkesmannen om å sikre at likestillingslova blir følgt ved oppnemning til og nyoppnemning av statlege råd og utval som direktoratet eller Fylkesmannen har ansvar for.

I følgje TNS Gallups Natur- og miljøbarometer (siste tal frå 2004) betyr kjønn lite for nordmenn si interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er her godt ivareteke. Vi ser òg at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.

Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Noregs jeger- og fiskarforbund auka frå 3 til nærare 10 pst., og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.

Dei fleste budsjettpostane som Direktoratet for naturforvaltning disponerer innanfor sitt verkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.

Kap. 142 5 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål

Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er bl.a. nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Kap. 1427 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, post 74 Tilskot til friluftstiltak og 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd

Desse postane har indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og fokuserer på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

28.5 Oppfølging av IA-avtala

I styringsdialogen med etatane har Miljøverndepartementet lagt opp til tett oppfølging av måla i den nye avtala om eit inkluderande arbeidsliv. I samsvar med IA-avtala er det lagt vekt på behovet for førebyggjande tiltak og systematisk HMS-arbeid. IA-måla blir i stor grad utforma av kvar enkelt etat og tilpassa lokale forhold.

Resultatutvikling og tiltak

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at verksemdene i miljøforvaltninga hadde eit samla legemeldt fråvær i 2010 på 4,0 pst. Det legemelde sjukefråværet gjekk dermed opp i forhold til 2009 (3,8 pst.). Eigemeldt sjukefråvær er ikkje inkludert i tala.

Verksemdene i miljøforvaltninga har sett i gang fleire tiltak for å førebyggje sjukefråvær, spesielt er vektlagt tiltak for å fremje fysisk aktivitet blant medarbeidarane. Andre førebyggjande tiltak omfattar blant anna fysioterapi og tilpassing av arbeidsplassar. I forhold til IA-mål 2 og 3, rekruttering av personar med redusert funksjonsevne og auke i pensjonsalder, har verksemdene sett individuelle mål og sett i verk eigne tiltak, for eksempel tilbod om praksisplassar og karriereutvikling for seniormedarbeidarar.