4 Prosjekt under utbygging

I dette kapitlet er det gitt ei samla utgreiing om kostnads- og lønsemdutviklinga for dei prosjekta der plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) er godkjend av styresmaktene, og der prosjekta framleis er under utbygging eller har komme i produksjon etter 1. august 2010. Som bakgrunn for utgreiinga har departementet innhenta opplysningar frå operatørselskapet for dei ulike prosjekta.

Tabellen under viser eit oversyn over differansen mellom operatørane sine investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira per juli 2011.

I tillegg til investeringsaktiviteten knytt til prosjekt under utbygging (jf. tabell 4.1) vil det kunne vere stor investeringsaktivitet knytt til felt i drift. Slike prosjekt krev vanlegvis ikkje PUD eller PAD, men vil like fullt ha ei behandling i Olje- og energidepartementet (OED) og andre styresmakter – tilpassa forholda ved det einskilde prosjektet.

Tabell 4.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2011-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD- estimat

Nye anslag

Endring

Endring i pst.

Gjøa inkl. Gjøa gassrøyr

2007

30 937

33 445

2 508

8,1

Skarv

2007

34 552

38 501

3 949

11,4

Valhall vidareutvikling

2007

24 401

42 989

18 588

76,2

Vega og Vega Sør

2007

6 631

10 063

3 432

51,8

Yme

2007

4 775

9 583

4 808

100,7

KEP 2010

2008

6 675

6 041

-634

-9,5

Troll P-12

2008

3 690

1 743

-1 947

-52,8

Troll B gassinjeksjon

2008

2 267

1 552

-715

-31,5

Goliat

2009

30 187

30 187

0

0,0

Oselvar

2009

4 907

4 675

-232

-4,7

Gaupe

2010

2 811

2 811

0

0,0

Gudrun

2010

20 347

19 676

-671

-3,3

Marulk

2010

4 104

3 705

-399

-9,7

Trym

2010

2 753

3 048

295

10,7

Ekofisk Sør

2011

27 300

27 300

0

0,0

Eldfisk II

2011

36 600

36 600

0

0,0

Hyme

2011

4 500

4 500

0

0,0

Knarr

2011

11 200

11 200

0

0,0

Stjerne 2011 5 300 5 300 0 0,0

Valemon

2011

19 600

19 600

0

0,0

Vigdis nordøst 2011 4 200 4 200 0 0,0

Visund Sør

2011

5 600

5 600

0

0,0

Sum

293 337

322 319

28 982

9,9

Fram mot finanskrisa hausten 2008 var utviklinga i kostnadsnivået for feltutbyggingar prega av kraftig vekst. Berekningar utført at IHS/CERA viser at utbyggingskostnadene knytte til petroleumsprosjekt internasjonalt meir enn dobla seg i perioden 2004-2008. I 2009 fall kostnadene som følgje av låg oljepris og redusert investeringsaktivitet. Auka etterspørsel etter olje, i hovudsak frå framveksande økonomiar, medførte sterk auke i oljeprisen gjennom 2010. Investeringsaktiviteten tok seg opp og kostnadene internasjonalt auka i følgje IHS/CERA med over 8 pst. frå 1. kvartal 2010 til 1. kvartal 2011.

Utviklinga i prisane på varer og tenester som blir nytta i samband med utbyggingar på norsk sokkel er i stor grad påverka av internasjonale forhold. I likskap med utviklinga internasjonalt har også kostnadsnivået på norsk sokkel vore prega av sterk vekst dei siste åra. Lista over utbyggingsprosjekta viser likevel ein meir moderat kostnadsutvikling på norsk sokkel dei siste månadene. Investeringsanslaget for fleire av dei nyare prosjekta har hatt ein nedgang sidan PUD.

Auka investeringsnivå sidan PUD på felt under utbygging er ikkje det same som kostnadsoverskridingar, og treng ikkje å vere negativt for lønsemda i eit prosjekt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka kommersiell utnytting, vil det medverke til høgare verdiskaping frå prosjekta.

Samla investeringar knytte til prosjekt under utbygging på norsk sokkel er berekna til om lag 313 mrd. kroner. Dette utgjer ein auke på om lag 29 mrd. 2011-kroner i forhold til PUD/PAD-tidspunktet, jf. tabell 4.1. Vidareutviklingsprosjektet på Valhall og utbygginga av Yme står for om lag 80 pst. av den totale auken.

Det er god lønnsemd i prosjekta som i dag er under utbygging. Samla noverdi av dei omtalte prosjekta er utrekna til om lag 170 mrd. 2011-kroner.

Kostnadsendringar på enkeltprosjekt

Investeringane knytte til vidareutviklingsprosjektet på Valhall var ved PUD-tidspunktet berekna til 15,4 mrd. 2011-kroner. Desse berekningane var berre knytte til den nye innretninga på feltet. Kostnadene knytte til denne innretninga er i dag estimerte til 22,2 mrd. 2011-kroner. I tillegg var ei rekkje andre investeringar ein føresetnad for utbygginga. Desse investeringane omfatta boring og seinare oppgraderingar. Det totale investeringsnivået var ved PUD anslått til om lag 24,4 mrd. 2011-kroner. Det oppdaterte investeringsoverslaget for Valhall vidareutvikling viser ein auke på om lag 18,6 mrd. kroner samanlikna med PUD. Endringa skuldast til dels ein auke i anslag for boring, både som følgje av fleire forventa brønnboringar, og ein auke i kostnadene for boring av kvar brønn. Vidare har utbygging av nye fasilitetar vist seg å vere dyrare enn ein trudde ved PUD, som følgje av endringar i utforming og kostnadsvekst. I tillegg har avgjerd om å installere havbotnseismikk og behov for ekstra flotell medverka til kostnadsauken.

Det oppdaterte investeringsoverslaget for Yme viser ein auke på om lag 4,8 mrd. kroner. Auken skuldast til dels høgare borekostnader enn venta som følgje av høgare riggratar og boring av ekstra brønnar. I tillegg kjem ekstrakostnader knytte til forlenga prosjektvarigheit og venting på vêr for installasjon. Kostnadsauken og forseinka produksjonsstart påverkar noverdien i prosjektet, men lønnsemda er god.

Skarv har ein auke i investeringsoverslaget på om lag 3,9 mrd. kroner samanlikna med PUD. Auken skuldast at kontraktane for levering av produksjonsskip og undervassanlegg vart inngått til høgare prisar enn venta. I tillegg var arbeidsomfanget noko underestimert. Investeringsanslaget er oppjustert sidan førre omtale, men lønnsemda i prosjektet er framleis god. Vidare auke i investeringsoverslaget er venta i neste kostnadsrevisjon på grunn av forseinka ferdigstilling av produksjonsskipet på verftet, utan at dette vil påverke lønnsemda mykje.

Produksjonen frå Vega og Vega sør starta i desember 2010. Det oppdaterte investeringsanslaget viser ein auke på om lag 3,4 mrd. kroner samanlikna med PUD. Auken kjem som følgje av høgare prisar på undervassutstyr, kombinert med auka borekostnader som følgje av endra brønndesign. Totalanslaget er oppjustert sidan tilsvarande rapportering i fjor. Det er framleis god lønnsemd i prosjektet.

Produksjonen frå Gjøa tok til i november 2010. Det oppdaterte investeringsoverslaget for prosjektet viser ein auke på om lag 2,5 mrd. kroner sammenlikna med PUD. Omkring halvparten av auken kan knytast til plattform og brønnramme og skuldast eit høgare kostnadsnivå, designendringar og generelle utbetringar. Resten av auken skuldast forventningar om fleire boredøgn enn tidlegare anteke og modifikasjonar på røyr. Investeringsanslaget for Gjøa er noko nedjustert sidan førre omtale. Til trass for eit høgare investeringsanslag er lønnsemda i prosjektet framleis god.

For KEP2010 er overslaget om lag 0,6 mrd. kroner lågare enn tidlegare rapportert. Grunna lågare investeringar i prosjektet enn venta, er prosjektreservane no tekne ut.

Prosjekta på Troll har fått justert ned investeringsanslaga med 2,7 mrd. kroner. For Troll P-12 skuldast dette at den delen av prosjektet som gjeld Kollsnes no er teken ut. Endringa på Troll B gassinjeksjon kjem som følgje av lågare borekostnader enn venta, og lågare forbruk knytt til anlegg.

For Gudrun er investeringsoverslaget redusert med 0,7 mrd. kroner sammenlikna med PUD. Endringa skuldast blant anna eit noko redusert omfang.

Det oppdaterte investeringsoverslaget for Marulk er om lag 0,4 mrd. kroner lågare enn venta sammenlikna med PUD, som følgje av ein gunstig marknadssituasjon ved kontraktsinngåingane.

Investeringane knytte til utbygginga av Trym er anslått til å bli om lag 0,3 mrd. kroner høgare enn berekna ved PUD. Auken kjem som følgje av høgare kompletteringskostnader i samband med boring av brønnar.

For Gaupe, Goliat og Oselvar er endringane marginale. Prosjekta Ekofisk sør, Eldfisk II, Hyme, Knarr, Stjerne, Valemon, Vigdis nordøst og Visund sør er alle godkjende i 2011 og for desse utbyggingane er det framleis investeringsanslaga frå PUD som gjeld.