5 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid

Forsyningstryggleik for gass

Norsk petroleumsverksemd er svært viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa og departementet er ansvarleg for å utforme eit ressursforvaltningssystem (rammeverk) som blant anna skal syte for leveransetryggleiken. Leveransetryggleik er først og fremst knytt til gass.

Det er oljeselskapa og Gassco som har det operative ansvaret for leveransetryggleik for gass. Oljeselskapa si evne til å yte leveransetryggleik knyter seg både til enkeltfelt på sokkelen, den samla feltporteføljen til selskapa og evna deira til å sikre seg nedstraums ved kommersielle arrangement, gasslager med meir.

Gassco er operatør for transport- og behandlingsanlegga for gass. Gassco er ansvarleg for kvaliteten på transportnettet og utfører inspeksjonar og vedlikehald.

Ved ei hending med konsekvensar for helse, miljø eller tryggleik (HMS) rapporterer operatøren til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet rapporterer vidare til blant anna Oljedirektoratet (OD). Ved hendingar utan HMS-innslag rapporterer operatøren direkte til OD. I alle tilfelle er det OD som varslar og orienterer Olje- og energidepartementet (OED) fortløpande om hendingar som inntreff.

Forsyningstryggleik for drivstoff

I situasjonar med større fysisk underskot på drivstoff innanlands har OED ansvar for drivstoffberedskapen. Ved eventuell svikt i tilførslene til OECD-området blir det ytt bidrag til eventuelle IEA-initierte krisehandteringsplanar for å dempe skadeverknadene av underskotet. Aktuelt tiltak for krisehandtering på nedstraumsida er trekk i beredskapslager av petroleumsprodukt. Oljeselskap som produserer (raffinerer) eller importerer petroleumsprodukt er lovpålagte å halde beredskapslager tilsvarande 20 dagars normalforbruk. Ved behov, det vil seie ved ein svikt i leveransane til den norske marknaden eller på verdsmarknaden, kan styresmaktene påleggje selskapa å selje frå desse lagra.

Olje- og energidepartementet

OED har det overordna ansvaret for kraftforsyninga, forvaltninga av vassressursane og for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. OED har òg ansvar og oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av dambrot, flaum og skred.

OED har følgjande overordna mål for departementets beredskapsarbeid:

  • Effektiv handtering av kriser.

  • God organisering av departementets tryggleiks-, beredskaps- og krisehandteringsapparat.

Forsyningstryggleik for elektrisitet

Stabil og effektiv kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor verdi for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å halde ved lag landet si forsvarsevne under beredskap og i krig.

Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 9. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der alle einingane i kraftforsyninga deltek.

Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak.

Statnett har vidare ansvaret for å utgreie og utvikle nødvendige verkemiddel for å sikre momentan balanse gjennom ein svært vanskeleg kraftsituasjon (SAKS) i nær kontakt med energistyresmaktene. Forslag til tiltak skal leggjast fram for NVE for godkjenning. Statnetts tiltak er mobile gasskraftverk og energiopsjonar. Tiltaka skal berre brukast i svært vanskelege kraftsituasjonar der faren for rasjonering er stor.

Ved langvarig mangel på evne til å dekkje behovet for elektrisk kraft kan styresmaktene innføre rasjonering, det vil seie å tvangsutkople forbruk og rekvirere produksjon. Rasjonering blir eventuelt vedteke av OED etter råd frå NVE.

Skred og vassdrag

Det operative ansvaret og gjennomføringa av statlege oppgåver knytt til å førebyggje skade som følgje av dambrot, flaum og skred, er delegert til NVE.

NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan også sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade.

NVE gir hjelp og rettleier kommunane med å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartleggje og informere om fareområde, gi faglege råd og retningslinjer for kommunal arealplanlegging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak, overvake og varsle flaum og skredfare. I tillegg gir NVE fagleg hjelp under beredskaps- og krisesituasjonar til kommunar, politi og andre beredskapsstyresmakter.

Olje- og energidepartementet

OEDs planverk for krisehandtering dekkjer dei ulike typane kriser som OED kan bli involvert i. Planverket viser organisering og rutinar for den interne krisehandteringa og for kontakt med andre departement og underliggjande etatar.

Tilsette i OED deltek i beredskapsgruppa til regjeringas krisestøtteeining.

Det er retta spesiell merksemd mot koordinering og informasjonsflyt. OEDs Kriseinfoplan har teke omsyn til dette. OED har gjennomført og delteke i relevante beredskapsøvingar i 2011 og vil føre vidare dette i 2012.