6 Petroleum, energi og miljø

Omsynet til miljøet og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak, men sektorane vil også i framtida ha verknader på miljøet.

6.1 Miljøutfordringar

  • Utslepp til luft frå petroleumssektoren medverkar mellom anna til utslepp av klimagassar.

  • Utslepp til sjø ved leiting og utvinning av olje og gass kan påverke det marine miljøet.

  • Utbygging av fornybar energiproduksjon og infrastruktur, for eksempel i form av demningar, vegar og kraftlinjer, påverkar natur- og kulturmiljøet lokalt.

Utslepp til luft

Stasjonær forbrenning, inklusive olje- og gassutvinning, står for ein monaleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO 2 ), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).

Noreg skil seg frå andre land ved at nesten heile det innanlandske elektrisitetsforbruket er dekt av vasskraft. Noregs evne til å produsere elektrisitet med vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske energibruken. Dette inneber at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Produksjon og forbruk av elektrisk kraft kan variere monaleg frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperaturforhold. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, deriblant brensle som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år.

Utsleppa frå stasjonær forbrenning, eksklusiv olje- og gassutvinning, kjem frå fleire ulike energikjelder. I industrien blir det nytta tungolje, fyringsolje, naturgass, kol og koks, mens mellom anna treforedling nyttar mykje treavfall og avlut i verksemda si. Det blir nytta søppel, fyringsolje, biomasse og gass i fjernvarmeanlegg. Til oppvarming av bygningar og bustader blir det òg nytta noko fyringsolje og fyringsparafin, i tillegg til trevirke. Samla svarer utsleppa frå stasjonær forbrenning, eksklusiv olje- og gassutvinning, til 7,7 mill. tonn CO 2 , om lag 18 pst. av dei totale utsleppa i 2009.

Utsleppa frå petroleumssektoren til luft er stort sett avgassar frå forbrenning av gass i turbinar, fakling av gass og forbrenning av diesel. Desse avgassane inneheld mellom anna CO 2 og NOx. Andre miljøskadelege stoff som blir sleppte ut er nmVOC, metan (CH 4 ) og svoveldioksid (SO 2 ).

I 2010 sleppte petroleumsverksemda ut om lag 13,8 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, inkludert utslepp knytt til forbrenning og prosess frå offshore- og landanlegg. Metoden for utrekning av utsleppsprognosar har blitt revidert i 2011, og difor er utsleppsprognosane noko endra samanlikna med kva utsleppsprognosane basert på gammal metode viste.

Kraftgenereringa i turbinane, fakling av gass og dieselforbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx. Mengda av utslepp er avhengig både av forbrenningsteknologien og kor mykje drivstoff som blir brukt. Til dømes gir forbrenning i gassturbinar lågare utslepp av NOx enn forbrenning i dieselmotorar. Petroleumsverksemda sto i 2010 for om lag 27 pst. av dei totale NOx-utsleppa i Noreg.

Petroleumssektoren er hovudkjelda til utslepp av nmVOC i Noreg, med 27 pst. av dei totale utsleppa i 2010. Sidan 2001 er utslepp av nmVOC frå olje- og gassverksemda redusert med meir enn 80 pst. Dei betydelege utsleppsreduksjonane er oppnådde som følgje av installering av anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar. Dei gjennomførte tiltaka offshore har ført til at nasjonale utslepp av nmVOC no er lågare enn forpliktinga Noreg har i 2010 i Gøteborg-protokollen.

Utslepp til sjø

Norsk petroleumsverksemd står for om lag 3 pst. av dei nasjonale utsleppa av miljøfarlege stoff til sjø. Hovudtilførselen kjem frå landbasert industri. Utsleppa til sjø frå olje- og gassverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret, og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir reinjisert i reservoaret eller reinsa før utslepp til sjø. Etter reinsing vil vatnet innehalde små mengder olje, mindre mengder andre organiske sambindingar, nokre tungmetall og restar av tilsette stoff. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Ein forskar likevel vidare på moglege langtidseffektar av eksponering av låge konsentrasjonar av miljøfarlege stoff i produsert vatn. Oljehaldig borekaks og borevæske som tidlegare stod for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå aktiviteten, vert no injiserte i eigna reservoar, eller teke til land for vidare behandling. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehalding borekaks/-væske er auka energibruk og dermed utslepp til luft frå sektoren.

Dei siste åra har petroleumsverksemda gjennomført omfattande tiltak for å redusere utsleppa av produsert vatn til sjø, innhaldet av dispergert olje, andre organiske sambindingar og tungmetall. Petroleumsindustrien har investert milliardar og har gjennomført tiltak som har redusert utsleppa betydeleg. Utslepp av tilsette miljøfarlege kjemikaliar frå norsk sokkel er redusert med over 99 pst. dei siste ti åra. Nullutsleppsmålet vert rekna som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det vert framleis arbeidd aktivt for å få bytt ut dei resterande miljøfarlege stoffa.

Det er venta at voluma av produsert vatn vil auke i åra fram mot 2015. Dette fordi dei store felta på norsk sokkel produserer meir vatn når dei blir eldre. Tiltaka for å redusere utslepp av olje pr. eining produsert vatn har klart å stabilisere utsleppa på det nivået som er i dag. Industrien implementerer heile tida nye tiltak for å redusere utslepp av produsert vatn.

I samband med oppdatering av forvaltingsplanen for det marine miljøet i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten blei reglane for utslepp til sjø for desse havområda endra. No skal utslepp til sjø frå petroleumsverksemda i forvaltingsplanområdet bli regulert på same måten som petroleumsverksemda på resten av norsk kontinentalsokkel.

Akutte utslepp til sjø

Olje- og gassverksemda har, i dei 40 åra med verksemd på norsk sokkel, ikkje vore årsak til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over 1 kubikkmeter (m 3 ) er avgrensa.

Totale akutte utslepp av olje til sjø i 2010 var på 111 m 3 der sju utslepp var over ein 1 m 3 . Styresmaktene har pålagt industrien å utføre risikoanalysar og å gjennomføre aktivitetane slik at risikoen for akutte utslepp er så låg som mogleg.

Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.

Inngrep

Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar, som til dømes nettutbyggingar, medfører inngrep i natur- og kulturmiljø. Rundt ein tredel av vassdraga i Noreg er påverka av inngrep med kraftproduksjon som formål. Dei siste åra har ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi komme frå små vasskraftverk (opp til 10 MW). I tida framover vil ein òg sjå ein auke i bygging av vindkraftverk.

Ved utnytting av fornybare energikjelder, og ved bygging av kraftleidningar, står ein overfor viktige avvegingar med omsyn til miljøet. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Utfordringa ved utbygging av ny produksjon og kraftoverføring er å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

6.2 Regjeringas miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet

Noreg er ein energinasjon. Vi har stor vasskraftproduksjon, og er blant verdas største eksportørar av olje og gass. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og leiande innanfor utviklinga av miljøvennleg energi.

Satsing på energiomleggingstiltak er sentralt i regjeringas miljøpolitikk på energiområdet. Det er mogleg å auke den miljøvenlege energiproduksjonen vesentleg, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.

Regjeringa vil fremje effektiv og miljømessig akseptabel energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvalting av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av fornybar kraft skjer utan at naturmangfald eller store landskapsverdiar går tapt.

Forsking og utvikling på fornybar energi er viktig for å nå miljømåla. Kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren må bli brukt til å utvikle teknologi og finne løysingar som reduserer utsleppa av klimagassar. I tillegg til vasskraft har Noreg eit stort potensial for energiproduksjon frå vindkraft til lands og til havs, bioenergi, solenergi og bølgjekraft. I tillegg kan termisk energi frå luft, vatn og grunn nyttast.

Vi skal foreine vår rolle som petroleumsprodusent med ambisjonen om å vere leiande i miljø- og klimapolitikken. Olje- og gasspolitikken skal byggje på ei kunnskapsbasert og langsiktig forvaltning av petroleumsressursane. Dei heilskaplege rammene for petroleumsverksemda blir fastlagde i forvaltningsplanane for kvart enkelt havområde.

Eit sentralt mål i regjeringa politikk for å redusere klimagassutslepp er å bidra til utvikling av løysingar for fangst og lagring av CO 2 . Gjennom mellom anna arbeidet med fullskala reinsing på Mongstad, teknologisenteret på Mongstad og forsking og utvikling støtta av CLIMIT-programmet, vil regjeringa medverke til å utvikle framtidsretta og effektive teknologiar for CO 2 -handtering. Regjeringa vil òg medverke til at den erfaringa og teknologien som blir utvikla gjennom dei norske prosjekta kan resultere i monalege reduksjonar av CO 2 -utslepp også utanfor Noreg.

6.3 Departementets arbeid med miljø og klima

6.3.1 Fangst og lagring av CO 2

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa, og har investert betydelege midlar for å utvikle norske prosjekt for fangst og lagring av CO 2 .

Regjeringa la 4. mars 2011 fram Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO 2 -håndtering . Meldinga beskriv regjeringas politikk og tiltak for CO 2 -handtering.

Teknologisenteret for CO 2 -fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i regjeringa satsing på å få fram teknologiar som kan redusere utslepp av CO 2 , jf. St.prp. nr. 38 (2008-2009). Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO 2 -fangst. I tillegg er det eit mål å bidra til spreiing av kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO 2 -fangst kan reduserast. Etter planen skal testing starte i 2012.

Grunna behovet for meir kunnskap om moglege effektar på helse og miljø ved bruk av aminteknologi, valde regjeringa å opne for alternative teknologiar i det vidare planleggingsarbeidet med fullskala CO 2 -handtering på Mongstad. Statoil og staten ved Gassnova signerte 5. april 2011 ei avtale, Steg 2 utviklingsavtala , som definerer nødvendig arbeid vidare mot ei investeringsavgjerd. Mellom anna vil teknologikvalifisering og teknologival vere viktig, ein prosess som er rekna å vare i tre år. Dersom ein fangstteknologi skulle bli tilstrekkeleg utvikla og kvalifisert tidlegare enn dette, skal spørsmålet om teknologival takast opp straks. Dette vil kunne bidra til raskare framdrift i prosjektet.

Vidare har Gassnova, i samarbeid med Gassco, arbeidd med planlegging og førebuing av transport- og lagringsløysingar for CO 2 frå Mongstad.

I Meld. St. 9 (2010-2011) vart det varsla at Gassnova skulle utføre ei brei og oppdatert kartlegging av høva til CO 2 -handteringsprosjekt utover Mongstad.

Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO 2 -handtering internasjonalt. Dette arbeidet har òg i 2010 vore høgt prioritert frå departementet si side. Målsetjinga for arbeidet med den internasjonale handlingsplanen er å få aksept for fangst og lagring av CO 2 som eit klimatiltak og etablere ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien, og medverke til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg. Noreg har med Sleipner- og Snøhvitprosjekta viktig erfaring med lagring av CO 2 .

Det er oppretta ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltek. Mellom anna deltek departementet i North Sea Basin Task Force, Carbon Sequestration Leadership Forum, The 4-Kingdom Initiative, og Global Carbon Capture and Storage Institute. Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora, retta mot mellom anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO 2 , i tillegg til generelt å fremje CO 2 -handtering som eit nødvendig klimapolitisk verkemiddel. For ytterlegare omtale, sjå kap. 1833, post 22 og post 73.

6.3.2 Energi og vassdrag

Energiomlegging

Energiomlegging medverkar til ei meir variert energiforsyning og betre forsyningstryggleik ved at den gjer oss mindre avhengige av vasskraft og fører til redusert energibruk. Ulike miljøomsyn, medrekna utslepp av klimagassar og miljøkonsekvensar frå utbygging av fornybar elproduksjon, og nye transportsystem, set grenser for kva slag energiløysingar som er akseptable å ta i bruk. Energiomlegging vil kunne gi eit bidrag til å redusere klimagassutslepp, i tillegg til å ha positiv effekt på kraftbalanse og forsyningstryggleik.

Satsing på energieffektivisering og på varme og elektrisitet frå fornybare energikjelder, er sentrale element i regjeringa si miljøpolitikk på energiområdet. Enova er gitt ei sentral oppgåve gjennom forvaltinga av Energifondet. Andre verkemiddel som merkeordningar og energikrav byggjer opp under satsinga.

Enova og Energifondet er departementet sine viktigaste verktøy for å stimulere til ei målretta energiomlegging. Varmeprogramma til Enova medverkar til mindre bruk av elektrisitet, fyringsolje og parafin til oppvarming. Dette gir viktige bidrag til ei meir robust og miljøvennleg energiforsyning på lang sikt.

I løpet av 2010 har Enova inngått avtaler som gir eit venta (kontraktfesta) energiresultat på om lag 2,8 TWh/år. Gjennom avtalar med industri vart det i 2010 kontraktfesta resultat på til saman 665 GWh/år. For bygningar, bustad og anleggssektorane var det kontraktfesta resultatet på 255 GWh/år. Det vart inngått avtaler om fornybar varmeproduksjon på til saman 926 GWh/år i 2010 og vindkraftproduksjon på 491 GWh/år. På området ny teknologi vart det oppnådd eit resultat på 47 GWh/år. I løpet av 2010 vart det kansellert gamle prosjekt for til saman 628 GWh/år.

I statsbudsjettet for 2011 la OED fram ei evaluering av Enova. I Prop. 101 L (2010-2011) Lov om elsertifikat, er det gitt ei utgreiing om regjeringas vidare satsing gjennom Enova og Energifondet.

Ot.prp. nr. 24 (2008-2009) om endring i energilova knytt til innføring av energimerking av bygningar og regelmessig energivurdering av kjelar og klimaanlegg, vart vedteken 13. mars 2009, jf. Innst. O. nr. 52 (2008-2009). Noregs vassdrags- og energidirektorat vedtok energimerkeforskrifta 18. desember 2009. Forskrifta tredde i kraft 1. januar 2010, med unntak av plikta til å energimerke bygningar som tredde i kraft 1. juli 2010.

Lovendringa skal hjelpe til med å gjennomføre EUs bygningsenergidirektiv, og inneber at det blir innført krav om energimerke i samband med sal og utleige av bygningar, og ei energivurdering av tekniske installasjonar i yrkesbygningar. I tillegg skal yrkesbygningar over 1 000 m 2 ha ein gyldig og synleg energiattest til ei kvar tid. Energimerket skal bestå av ein energiattest der dei mest sentrale faktorane som påverkar energibruken blir oppstilte.

Det er tett samspel mellom utvikling i forbruk, produksjon og nett. Auka utbygging av fornybar kraftproduksjon føreset ei tilsvarande utbygging og utvikling av overføringsnettet. Det er derfor viktig å leggje til rette for god koordinering av forbruksutvikling, investeringar i nett og i ny produksjon. Etter energilova pliktar derfor nettselskapet å utgreie, søkje om og eventuelt byggje nett utan ugrunna opphald, dersom eit produksjonsprosjekt som er rasjonelt sett ut frå samfunnsomsyn krev nettinvesteringar. I dei tilfella nettselskapet ikkje meiner det er rasjonelt ut frå samfunnsomsyn, må selskapet søkje konsesjonsstyresmakta om fritak.

Det er store investeringsplanar i overføringsnettet i åra framover. Mellom anna har Statnett i nettutviklingsplanen sin planlagt investeringar med ein samla kostnad på om lag 40 mrd. kroner for dei neste ti åra. Regjeringa vil i løpet av 2011 leggje fram ei stortingsmelding om nettspørsmål som skal gi dei overordna føringar for utviklinga av det sentrale overføringsnettet. Meldinga vil òg vurdere forhold rundt avgjerder i utbyggingssaker. Regjeringa søkjer å leggje til rette for at desse blir raskare og meir effektive, og at folk skal ha tillit til behandlinga av store utbyggingssaker.

Fornybardirektivet er eit viktig direktiv for å sikre ei langsiktig samhandling med EU-landa om fornybar energi og energieffektivisering. EFTA-landa har sendt over til EU utkast til EØS-vedtak om fornybardirektivet. I utkastet legg Noreg til grunn eit norsk mål på 67,5 pst. fornybar energi i 2020. Det er ein auke på 9,5 prosentpoeng frå 2005. Noreg legg òg til grunn eit mål om 10 pst. fornybar energi i transportsektoren i 2020. Eit hovudelement i politikken frå norsk side for å nå målet i 2020 er etableringa av ein felles marknad for elsertifikat med Sverige.

Sverige og Noreg la den 8. desember 2010 fram ein protokoll om arbeidet med etablering av ein felles marknad for elsertifikat. Prop. 101 L (2010-2011) Lov om elsertifikater vart lagt fram 15. april 2011 og vedteken 31. mai 2011, jf. Innst. 379 L (2010-2011) og Lovvedtak 61 (2010-2011). Det er teke sikte på å etablere ein felles marknad frå 1. januar 2012.

Miljøomsyn knytte til vassdrags- og energiverksemd

Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova og naturmangfaldlova.

Det har vore stor interesse for og aktivitet innan vindkraft, vasskraft og kraftleidningar dei siste åra. Kapasiteten i konsesjonsbehandlinga i NVE er dobla sidan 2005. Ein stor auke i talet på søknader gjer det viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det blir derfor i saksbehandlinga søkt å få til ei mest mogleg samordna behandling av prosjekt i same område.

NVEs miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Miljøtilsynet har i 2010 til saman gjennomført 150 stadlege inspeksjonar av konsesjonsgitte anlegg. I tillegg er 44 kraftverk som er fritekne for konsesjonsbehandling inspiserte. Miljøoppfølginga av vindkraft, nettanlegg og hydrologiske pålegg vart styrkt i 2010.

Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep. Ved den avsluttande suppleringa av Verneplanen, jf. St.prp. nr. 53 (2008-2009), vart det som ledd i vern av Vefsna fastsett at det skulle etablerast eit planprosjekt i vassdraget. Prosjektet som no er i gang skal leggje til rette for mindre, skånsam kraftproduksjon i sidevassdrag, der dette ikkje er i strid med verneverdiane. OED og MD har støtta prosjektet som har ei planlagt tidsramme på tre år.

Kunnskap og systematisk oversikt over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED og NVE medverka i arbeidet med Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og Artsdatabanken. Formålet med programmet er å tette kunnskapshol og medverke til at data over naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar på nedbørfeltnivå er eit viktig tiltak for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED vil saman med NVE medverke aktivt til dette. I 2010 vart eit omfattande arbeid lagt ned i innføringa av direktivet. Mellom anna vart dei første regionale forvaltningsplanane godkjende av Kongen i statsråd. I samband med dette vart fastsetjing av miljømål i regulerte vassdrag avklart. NVE har delteke med kunnskap om vassdraga, relevante miljøtiltak, hydrologisk overvaking og oversikt over konsesjonsvilkår. Departementet har i 2010 medverka til forsking innan miljøkonsekvensar og miljøtiltak i regulerte vassdrag, mellom anna gjennom NVE sitt FoU-program om miljøbasert vassføring.

I den kommande stortingsmeldinga om nettspørsmål vil det mellom anna bli drøfta korleis utbygginga av kraftleidningar kan skje på ein samfunnsøkonomisk og miljøvis forsvarleg måte. I arbeidet med meldinga vil tiltaka i strategien for auka omsyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn ved planlegging av forsterkningar i kraftnettet som vart lagt fram i Ot.prp. nr. 62 (2008-2009) Om lov om endringar i energiloven, bli gjennomgått.

Havvind

Stortinget vedtok i 2010 lov om fornybar energiproduksjon til havs. Fornybar energiproduksjon kan etablerast etter at staten har opna bestemte område for søknader om konsesjon. Opning av areal skal baserast på konsekvensutgreiingar for å sikre at alle relevante tilhøve blir vurderte i ein tidleg fase. Hausten 2010 fekk OED overlevert rapporten Havvind – forslag til utredningsområder, som er ei grovsiling av areal utført av NVE, Direktorat for naturforvaltning, Oljedirektoratet, Kystverket og Fiskeridirektoratet. Våren 2011 fastsette OED program for strategiske konsekvensutgreiingar, og NVE har fått i oppdrag å gjennomføre utgreiingane. Regjeringa har etablert stønadsordningar i Forskingsrådet, og ei tematisk satsing på marin fornybar energiproduksjon til havs under Enova.

6.3.3 Petroleumsverksemda

Utslepp frå petroleumsverksemda blir ofte delt opp i driftsutslepp til sjø, driftsutslepp til luft og akutte utslepp. Akutte utslepp er utslepp som ikkje er planlagde og er ikkje tillatne etter forureiningslova. Driftsutslepp til sjø er hovudsakeleg produsert vatn og utbora steinmasse (borekaks) med vedheng av kjemikaliar. Utsleppa til luft er stor grad eksos frå energiproduksjon som trengst for å drive innretningane. I tillegg kjem forbrenning av gass over fakkel av tryggleiksårsaker og avdamping av lette oljekomponentar ved lagring og lasting av råolje.

Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda; frå vurdering av om eit område skal opnast for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante styresmakter er involverte.

Oppdateringar av forvaltingsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap, skal bidra til at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle relevante aktørar høve til å bli høyrde, mens NOx- og CO 2 -avgifta, i tillegg til miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa og kvoteplikt for CO 2 -utslepp, gir selskapa økonomiske insentiv til å ivareta miljøomsyn i den daglege drifta. I tillegg har styresmaktene høve til å treffe enkeltvedtak ved til dømes godkjenning av utbyggingsplanar.

Energiforsyningsløysinga til ein petroleumsinstallasjon blir behandla i samband med styresmaktene si godkjenning av ei utbygging. Dette skjer både i prosessen med konsekvensutgreiing og i den påfølgjande behandlinga av utbyggingsplanen. For å avklare i kva grad kraft frå land til felt på kontinentalsokkelen er ei mogleg løysing som kraftsystem, trengst ei konkret vurdering av kvart tilfelle.

I løpet av 2010 og 2011 vart det godkjent ei rekkje utbyggingsplanar. I 2010 vart utbyggingsplanane for Trym, Gudrun, Gaupe og Marulk behandla, og i 2011 er planane for Ekofisk sør, Eldfisk II, Knarr, Valemon og ei rekkje andre mindre felt allereie behandla. Klima- og miljøløysingar er eit viktig kriterium ved behandling av desse planane. I samband med dei nye plattformene på Ekofisk og Eldfisk legg til dømes operatøren til rette for kraftsamkøyring mellom dei to felta ved å leggje ein kabel for kraftutveksling mellom plattformene.

Regjeringa la 26. juni 2011 fram Meld. St. 28 (2010-2011) En næring for framtida – om petroleumsvirksomheten . Denne meldinga går gjennom status og viktige utviklingstrekk på miljøområdet for petroleumsverksemda. I tillegg er forvaltingsplanen for Lofoten og Barentshavet oppdatert i 2011. Fram til no har det vore strengare krav til utslepp til sjø i desse havområda. No skal utslepp til sjø frå petroleumsverksemda i forvaltningsplanområdet bli regulert på same måten som petroleumsverksemda på resten av norsk kontinentalsokkel.

6.3.4 Forsking og utvikling

Forsking og utvikling er viktig for å førebyggje og løyse miljø- og ressursproblem. Med bakgrunn i klimaforliket vart løyvingane til forsking og utvikling på fornybare energikjelder og CO 2 -handtering auka med 600 mill. kroner samla i 2009 og 2010. Satsinga styrkte dei mest relevante FoU-programma i Noregs forskingsråd knytte til fornybar energi og fangst og lagring av CO 2 , inklusive Forskingssentra for miljøvennleg energi (FME). Midlane vart løyvde over fleire departement sine budsjett, av dette totalt om lag 350 mill. kroner over OEDs budsjett. Satsinga vil resultere i høg aktivitet innanfor desse områda dei næraste åra.

Energi21 vart etablert i 2008 og er styresmaktene og energibransjen sin FoU-strategi for forsking og teknologiutvikling i energisektoren. Energi21-strategien står sentralt i satsinga på forsking og utvikling av teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO 2 -handtering. Eit styre beståande av representantar for energiselskap, industri, forskings- og utdanningsinstitusjonar og styresmakter overleverte i juni 2011 ein revidert Energi21-strategi til olje- og energiministeren. Den er meir konkret og operativ enn strategien frå 2008 og vil vere styrande for innrettinga av departementet sin FoU-innsats framover. Strategiske føresetnader er justert i høve til utviklinga i energisektoren nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er det skildra forskingsområde og tiltak for realisering av mål. Den reviderte strategien presenterer seks prioriterte satsingsområde og eit sett med anbefalingar knytte til implementeringa av satsingsforslaga. Dei seks satsingsområda er:

  • Solceller – styrkt næringsutvikling

  • Offshore vind – næringsutvikling og ressursutnytting

  • Balansekraft – auka ressursutnytting

  • CCS – verdiskaping og verdisikring

  • Fleksible energisystem – SmartGrids

  • Energiutnytting – konvertering av lågtemperatur varme til el

Den nasjonale teknologistrategien for olje- og gassverksemda i Noreg, OG21, vart etablert i 2001. Med basis i kravet i klimaforliket er det lagt opp til å rette betydeleg oppmerksemd mot klima i den offentleg finansierte petroleumsforskinga er det etablert ei forståing med OG21 om å sikre eit best mogleg fokus på miljø i den nasjonale petroleumsforskinga innen OG21-strategien. Det er lagt vekt på ein tydelegare miljøprofil i petroleumsprogramma. Satsinga på energieffektivisering i petroleumssektoren som var starta i forskingsprogrammet PETROMAKS i 2010 står sentralt i denne samanhengen.

Forskingsrådet sitt RENERGI-program (Framtidas reine energisystem) støttar mellom anna forsking og utvikling på effektive og fornybare energiteknologiar og effektive energisystem. RENERGI har òg ei viktig rolle innanfor satsinga på nye teknologiar i pilot-/prototypfasen, slik at ny teknologi kan bli testa ut i mindre skala. Budsjettauka i 2009 og 2010 som ei følgje av regjeringa sitt klimaforlik har ført til ei stor opptrapping av RENERGI sine aktivitetar. Dette har ført til ein stor auke i prosjektporteføljen for 2010, då 54 nye prosjekt vart støtta. Mellom anna vart det løyvd midlar til 14 pilot-/demoprosjekt innanfor fornybar energi. Til saman 209 FoU-prosjekt vart støtta gjennom RENERGI-programmet i 2010.

Gassnova SF vil i samarbeid med Noregs forskingsråd føre vidare aktivitetane i det offentlege støtteprogrammet for utvikling av miljøvennlege teknologiar for fangst og lagring av CO 2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri (CLIMIT). På kort sikt er verksemda retta mot å kvalifisere og få ned kostnader knytte til CO 2 -fangst og etablere metodar og byggje tillit til sikker geologisk lagring av CO 2 . På sikt vil det vere viktig å kunne betre eller utvikle teknologiar med potensial for høgare verknadsgrad og lønsemd. OED finansierte i 2010 forsking, utvikling og demonstrasjon av miljøvennlege teknologiar for kraftproduksjon med CO 2 -handtering gjennom CLIMIT-programmet. CLIMIT har i 2010 støtta 42 prosjekt som byggjer opp under programmet sine to hovudmål; teknologiutvikling slik at kostnadene ved å fange CO 2 vert reduserte, og oppbygging av kunnskap slik at lagring av CO 2 kan skje på ein sikker og akseptert måte. I 2010 vart CLIMIT sitt mandat utvida til òg å gjelde CO 2 -utslepp frå industriprosessar.

Dei åtte Forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) som vart etablerte i 2009 har høg aktivitet og var alle i drift i 2010. Målet med forskingssentra er å samle dei beste forskingsmiljøa i landet om ei felles satsing på utvalde tema på energiområdet. Sentra skal vare i åtte år og er ei oppfølging av Energi21-strategien og klimaforliket. Senter er etablerte innanfor fangst og lagring av CO 2 (to senter), vindturbinar til havs (to senter), energieffektivisering i bygningar, solceller, bioenergi og innfasing av ny fornybar energi i vasskraftsystemet. Det vart i 2010 utlyst midlar til oppstart av tre nye FME innanfor samfunnsvitskapleg energi- og klimaforsking, og i februar 2011 vart dei nye sentra offentleggjort. To av dei er støtta av Olje- og energidepartementet og eitt av Kunnskapsdepartementet.

  • CREE skal bidra til innsamling og utvikling av kunnskap om korleis rammevilkåra påverkar både energimarknaden og teknologisk utvikling

  • CICEP har hovudfokus på forsking om internasjonal klima- og energipolitikk

  • CenSES skal bidra med eit faktabasert kunnskapsgrunnlag for strategiske vedtak i forvaltning og næringsliv

Hydrogenrådet heldt fram sitt arbeid i 2010. Rådet består av representantar frå næringslivet, forskingsinstitusjonar, interesseorganisasjonar og styresmakter.

OED løyvde også i 2010 midlar til forskingsprogrammet PROOFNY, som er organisert under programmet «Havet og kysten». PROOFNY ser på langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda.

I 2010 har OED, Miljøverndepartementet og Oljebedriftenes landsforeining (OLF) finansiert sjøfuglprogrammet SEAPOP. Programmet skaffar fram grunnleggjande kunnskap om norsk sjøfugl og skal kartleggje og overvake sjøfuglbestandar langs norskekysten, Svalbard og i havområde som høyrer til.

6.4 Klimagassbudsjett

Under følgjer ei oversikt over viktige tiltak med betydning for utslepp av klimagassar på OEDs område.

Forsking og utvikling (FoU)

Satsinga på forsking og utvikling innanfor petroleumssektoren, energisektoren og CO 2 -fangst og -lagring vil på kort sikt ikkje ha direkte effekt på utslepp av klimagassar. Ei satsing på FoU vil:

  • byggje opp kunnskap og kompetanse av samfunnsfagleg karakter, eksempelvis om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, vassføring, flaum, snø og bresmelting, vindstyrkar, redusert oppvarmingsbehov etc.) og konsekvensar av utslepp på energi- og petroleumsområdet (CO 2 -utslepp, klimagassutslepp etc.).

  • byggje opp kunnskap og kompetanse om nye, meir miljøvennlege teknologiar på energi- og petroleumsområdet.

  • utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar som på sikt kan bli tekne i bruk innanfor energi- og petroleumssektoren, blant anna fornybare energiteknologiar, energieffektivisering, CO 2 -handteringsteknologiar, og teknologiar for meir energieffektiv petroleumsproduksjon.

Ut over dei meir generelle og overordna, kvalitative resultata av FoU-satsinga, blir det frå år til år rapportert på programnivå meir kvantifiserbare resultat som mellom anna:

  • tal på støtta prosjekt

  • tal på avlagte doktorgrader og støtta doktorgradsstipendiatar

  • tal på deltakande bedrifter

  • tal på nye produkt og prosessar og tal på patent.

Fangst og lagring av CO 2

Arbeidet med fullskala fangst, transport og lagring av CO 2 på Mongstad held fram. Eit slikt fangstanlegg vil kunne føre til ein reduksjon i CO 2 -utsleppa på om lag 1,3 mill. tonn pr. år i forhold til om kraftverka hadde produsert på full kapasitet utan fangst og lagring av CO 2 -utsleppa frå denne produksjonen. Dagens informasjon tilseier at eit samla investeringsgrunnlag for fullskala fangst, transport og lagring av CO 2 frå Mongstad kan leggjast fram for Stortinget seinast i 2016.

Teknologisenteret på Mongstad vil kunne representere eit vesentleg norsk bidrag til internasjonal teknologiutvikling innan CO 2 -fangst. Føremålet med teknologisenteret er å identifisere, teste og kvalifisere mogelege teknologiske løysingar for fangst av CO 2 , som på sikt vil kunne medverke til betydelege utsleppsreduksjonar. I tillegg er det eit mål å bidra til spreiing av kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO 2 -fangst kan reduserast.

Stasjonær energiforsyning

Sluttforbruket av energi i stasjonær energiforsyning (utanom fiske) var 159 TWh i 2010, ein oppgang på om lag 7 pst. frå året før. Auken skuldast mellom anna at 2010 var eit kaldt år. Utslepp av klimagassar i stasjonær energiforsyning er knytte til bruk av fyringsolje og gass til energiformål i industri, gasskraft, fjernvarme og oppvarming av bygningar.

Naturgass har i stor grad erstatta oljeprodukt. Det samla sluttforbruket av naturgass i stasjonær energiforsyning var 304 mill. Sm 3 i 2010, ein nedgang på 3,2 pst frå året før, Utsleppet av CO 2 var 0,7 mill. tonn. Utsleppet av CO 2 frå forbrenning av naturgass er om lag 20-30 pst. lågare per kilo brensel enn ved forbrenning av fyringsolje (avhengig av bruksområde). Forbruket av olje i stasjonær energiforsyning kan variere betydeleg frå år til år avhengig av forholdet mellom pris på elektrisitet og olje. Det kan derfor ikkje leggjast for stor vekt på endringar i forbruket frå år til år når ein vurderer effekten av politikken. Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO 2 spesielt er:

  • CO 2 -avgifter på olje og naturgass

Andre verkemiddel som har innverknad på bruken av olje er:

  • Grunnavgift og svovelavgift på fyringsolje.

  • NOx-avgift

  • Klimakvotar

  • Støtteordningar til investering i fornybar energi og energieffektivisering

  • Administrative verkemiddel gjennom plan- og bygningslova

Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygg. I nokre tilfelle kan varmen erstatte oppvarming frå olje, i andre tilfelle frå elektrisitet og andre energiberarar. Enova anslår at om lag halvparten av energiresultatet på varmeområdet erstattar eksisterande oljeforbruk. Enovas program for energibruk i industri, bygningar, bustad og anlegg rettar seg både mot forbruk av energi til oppvarming og forbruk av energi til elspesifikke formål. Reduksjonen av oljeforbruk vil derfor ofte vere mindre per kWh enn for fjernvarme og lokale energisentralar. Enova anslår at 30-40 pst. av energiresultatet på industriområdet, og drygt 10 pst. innan bustad, bygningar og anlegg, er redusert oljefyring. Samla sett anslår Enova at dei i 2010 støtta prosjekt for fornybar varme og energibruk som er venta å medverke til eit redusert oljeforbruk på 90 000 tonn per år når prosjekta er gjennomførde. Dette svarer til reduserte utslepp på om lag 290 000 tonn CO 2 per år. Det er stor uvisse knytt til anslaget.

Petroleumsverksemda

Petroleumsverksemda stod for om lag 27 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg i 2010. I 2010-2011 har departementet godkjent fleire utbyggingsplanar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO 2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på. Tabellen under gir ei oversikt over felta med godkjent plan for utbygging og drift som vil bli sette i produksjon dei næraste åra. Tala er baserte på selskapa sine overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift.

Tabell 6.1 Felt med godkjent plan for utbygging og drift

Produksjonsperiode

Tentativt oppstartsår

Tonn CO 2 utslepp per år

Oselvar

20 år

2011

25 000 – 60 000

Gaupe

9 år

2011

15 600

Marulk

10 år

2012

100 000

Visund Sør

14 år

2012

2 000 – 25 000

Goliat

15 år

2013

125 000 – 156 000

Gudrun

14 (9) år

2013

100 000 – 210 000

Hyme

7 år

2013

2 000 – 24 000

Ekofisk/Eldfisk

35-40 år

2013

70 000

Knarr

6 år

2014

170 000

Valemon

11 år

2014

15 000 – 59 000