6 Omtale av særlege tema

6.1 Samfunnstryggleik og beredskap innan samferdselssektoren

Generelt

Samferdselsdepartementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap tek utgangspunkt i dei måla, oppgåvene og prioriteringane som er gitte i stortingsmeldingane om samfunnstryggleik, St.meld. nr. 39 (2003–2004) Samfunnssikkerhet og sivilt-militært samarbeid, jf. Innst. S. nr. 49 (2004–2005) og St.meld. nr. 22 (2007–2008) Samfunnssikkerhet, samvirke og samordning, jf. Innst. S. nr. 85 (2008–2009), i tillegg til St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, jf. Innst. S. nr. 300 (2008–2009).

Samferdselsdepartementet har til oppgåve å sikre at dei behova samfunnet har for transport og kommunikasjon under fredskriser, beredskap og krig i størst mogleg grad blir dekte. Det overordna målet for departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å førebyggje uønskte hendingar, og å minske følgjene av dei om dei likevel skulle oppstå. Departementet vil derfor vidareføre arbeidet med å sikre eit robust transportnett innan bane-, veg- og luftfartssektoren og innan elektronisk kommunikasjon (ekom). Både departementet, underliggjande etatar og tilknytte verksemder må vere førebudde på tilsikta så vel som utilsikta hendingar.

Oppgåver og tiltak innan samfunnstryggleik og beredskap i samferdselssektoren skal prioriterast i etatane sine ordinære budsjett og inngå som integrerte delar av det daglege arbeidet med å sikre god framkome og eit påliteleg transport- og kommunikasjonsnett. Det blir sett av midlar over budsjettet til Samferdselsdepartementet for å ta vare på den overordna beredskapen på tvers av samferdselsgreinene, m.a. til utgreiingar, analysar, planverk og samøvingar, til transportberedskapsordninga og til øvingar innan luftfart, post, elektronisk kommunikasjon og hamner.

Tiltak på strategisk nivå

På bakgrunn av det overordna målet for samfunnstryggleik og beredskap i samferdselssektoren har departementet formulert fire strategiske utgangspunkt for arbeidet. Desse kjem m.a. fram i St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019 og i «Strategi for samfunnssikkerhet og beredskap i samferdselssektoren» utgitt av Samferdselsdepartementet i 2009:

  • sektoren skal kontinuerleg arbeide med førebyggjande tiltak, med å styrkje evne og kapasitet til å handtere kritiske situasjonar og til restituering etter kriser

  • sektoren skal kontinuerleg arbeide for eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for å kunne utvikle gode beredskapsplanar og tiltak

  • sektoren skal utvikle gode arenaer for læring og gjensidig erfaringsoverføring

  • sektoren skal kontinuerleg arbeide for ei samordna beredskapsplanlegging og krisehandtering nasjonalt og gjennom deltaking i internasjonalt arbeid

For å fremme det overordna målet og dei strategiske utgangspunkta ovafor, vil departementet, etatar og verksemder halde fram med å leggje vekt på arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, krise- og beredskapsplanar, øvingar og evalueringar. Dei siste par åra har samferdselssektoren m.a. kjent konsekvensane av pandemiutbrot, flaum, ras og vulkanutbrot, og vore med på øvingar med ulike scenario. Erfaringar frå øvingar og reelle hendingar blir lagde til grunn for forbetringar i planverket. Kunnskapsgrunnlaget for arbeidet vil i 2012 m.a. bli styrkt gjennom prosjektet SAMROS II som startar i 2011. Prosjektet vil revidere ei analyse av sårbarheit og risiko i samferdselssektoren frå 2007 (SAMROS I), og knyte arbeidet opp mot oppfølging av krava til identifisering og utpeiking av kritisk infrastruktur i forskrift om objektsikkerhet og lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret. Allereie gjennomførte prosjekt som «Krisescenario i samferdselssektoren (KRISIS)» og «Sektorovergripande beredskapsplanar» har gitt kunnskap og resultat som det vil bli teke omsyn til i utviklinga av beredskapen, medan strategien for samfunnstryggleik og beredskap og Nasjonal transportplan 2010–2019 gir retning for nye prosjekt og utgreiingar.

Samferdselsdepartementet vil i 2012 halde fram med halvårlege kontaktmøte med etatane og verksemdene, og organisere møte i departementet sitt rådgjevande forum for sivil transportberedskap og med fylkeskommunane. Deltaking i samfunnstryggleiks- og beredskapsaktivitetar med andre nasjonale styresmakter og innan EU og NATO vil bli vidareført.

Særskilde utfordringar

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har i «Nasjonal sårbarhets- og beredskapsrapport (NSBR) 2011» presentert eit nasjonalt risikobilete som omfattar naturhendingar, store ulykker og tilsikta hendingar. Ekstremvêr, skred, pandemiutbrot, terror og tryggleikspolitiske kriser utgjer delar av dette biletet. I KRISIS-prosjektet blei fleire krisescenario identifiserte og drøfta. Samferdselssektoren har eit breitt og samansett risiko- sårbarheits- og trusselbilete å ta omsyn til.

Terrortrusselen har i lengre tid vore til stades i Europa. Stockholm blei utsett for eit bombeåtak i desember 2010, og 22. juli 2011 blei også Noreg råka av ei terrorhending. Samferdselsdepartementet må også framover sjå terror som eit relevant scenario i sine risiko- og sårbarheitsvurderingar og prosjekt, og følgje opp nasjonale og internasjonale krav og regelverk på dette området.

Scenario med bortfall av kritisk infrastruktur, uavhengig av om årsaka er ei tilsikta hending som terror og sabotasje, eller utilsikta hending som ulykke eller naturkatastrofe, må liggje til grunn for beredskapsplanlegginga i både transport- og ekomsektoren. I 2011 har det vore bortfall av mobilnettet til ein stor ekomtilbydar. Bortfallet gjorde det synleg for både enkeltpersonar og styresmakter kor avhengig samfunnet er av elektroniske kommunikasjonstenester. I samarbeid med Justis- og politidepartementet har Samferdselsdepartementet bede Post- og teletilsynet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap om å vurdere viktige beredskapsaktørar si sårbarheit overfor brot og andre feil i elektroniske kommunikasjonsnett. Dei skal sjå på kva slags konsekvensar denne sårbarheita kan ha for samfunnet sin samla beredskap og evne til krisehandtering. Prosjektet skal også vurdere kor avhengige andre brukarar enn beredskapsaktørane er av ekomnett, og foreslå tiltak som kan redusere samfunnet si sårbarheit for feil i slike nett.

Klimaendringar og risiko for naturhendingar må vurderast i beredskapsplanlegginga, og i samband med utbyggingsprosjekt i samferdselssektoren. I 2011 har fleire stader i Noreg blitt utsette for omfattande flaum og ras. Innan veg- og jernbanesektoren utgjer rassikring, ekstraordinært vedlikehald og reparasjonar, reservebruer og mobile ferjekaier, tiltak og ressursar som må tilpassast dei utfordringane som klimaendringane fører med seg.

Statens vegvesen, Jernbaneverket, Avinor AS og Kystverket har over fleire år arbeidd med å vurdere klimaendringane sin påverknad på eiga verksemd, ikkje minst gjennom arbeidet med Nasjonal transportplan. Målet med klimatilpassing er å oppretthalde tryggleik og framkome, også med endra klima. Dette omfattar både førebyggjande arbeid og beredskap. Klimatilpassing vil inngå som ein del av dei ordinære utgreiings- og planprosessane og i vedlikehald og fornyingstiltak.

Statens vegvesen har sett i gang eit arbeid med å oppdatere skredsikringsplanane som grunnlag for prioriteringar i forslaget frå transportetatane til Nasjonal transportplan 2014–2023. Metodikken som ligg til grunn for skredsikringsplanen er revidert, og tek no i større grad omsyn til konsekvensar av auka skredfrekvens. Oppdaterte skredsikringsplanar for riksvegnettet vil liggje føre i løpet av hausten 2011.

I 2011 har omfanget av ras og flaum svekt jernbanen sin driftsstabilitet med til dels betydelege konsekvensar for togselskapa og transportbrukarane. Det er behov for å setje i verk nye tiltak for å gjere jernbanenettet meir robust. Jernbaneverket vil utarbeide ein langsiktig plan for arbeidet med klimatilpassingar og tiltak mot ras og flaum.

Meir ekstremvêr kan føre til at lufthamner oftare må stengjast for trafikk. Avinor har gjennomført fleire tiltak for å redusere klimasårbarheita, som etablering av nye dimensjoneringskriterium for kritisk infrastruktur. Avinor vil også kartleggje sårbarheita i tilbringarsystemet til lufthamnene.

Vulkanutbrota på Island våren 2010 og 2011 gav ei påminning om naturkreftane og sårbarheita ved bortfall av lufttransport. Øvingar, utgreiingar og kontinuerleg arbeid med å forbetre planverk og regelverk nasjonalt og internasjonalt, skal gjere luftfartssektoren betre i stand til å møte liknande utfordringar i framtida.

For omtale av samfunnstryggleik og beredskap innanfor jernbane- og vegsektoren blir det vist til omtaler i del II.

6.2 Styring av store samferdselsprosjekt

Statens vegvesen har årleg meir enn 500 prosjekt under bygging og langt fleire under planlegging. Også Jernbaneverket har fleire prosjekt under bygging og planlegging. Det er viktig å ha oversikt og god styring av prosjektporteføljen.

Planlegging

Som det går fram av omtalen av effektiviseringsprosjektet til Statens vegvesen i del II i proposisjonen, er det nødvendig å sjå på ulike tiltak som kan effektivisere planlegginga av samferdselsprosjekt. Gangen fram til eit veg- eller jernbaneprosjekt blir lagt fram for Stortinget er omfattande og tidkrevjande. I tillegg til planlegging etter plan- og bygningslova er større prosjekt også omfatta av krav om ekstern kvalitetssikring. Planleggingstida er frå 5 til over 15 år. Ei normal planleggingstid på over 9 år er alt for lenge. Departementet meiner at dette går ut over samfunnet si nytte av prosjekt som er viktige for å styrkje næringsliv, regional utvikling og trafikktryggleik. Det er derfor nødvendig å sjå på tiltak som kan korta ned planleggingstida for statlege veg- og jernbaneprosjekt.

Ekstern kvalitetssikring

Finansdepartementet har rammeavtale med fleire eksterne konsulentmiljø for ordninga med ekstern kvalitetssikring av store statlege investeringsprosjekt med anslått kostnad over 750 mill. kr. Oppdragsansvarleg for eit kvalitetssikringsoppdrag er rette fagdepartement og Finansdepartementet. Målet med kvalitetssikringa er å få ein uavhengig analyse som grunnlag for statlege vedtak. Ordninga omfattar to ulike delar, KS1 og KS2.

KS1 skal gjennomførast i ein tidleg fase, normalt før prosjektplanlegging etter plan- og bygningslova tek til. Formålet med ordninga er å sikre tilfredsstillande styring med planlegging av store prosjekt på eit tidleg stadium. Samferdselsdepartementet har, i samråd med Finansdepartementet, fastsett retningsliner for ordninga. I samferdselssektoren utarbeider Statens vegvesen og Jernbaneverket konseptvalutgreiingar. Samferdselsdepartementet sender konseptvalutgreiinga til ekstern kvalitetssikring, samtidig som etatane sender utgreiinga på høyring. Konseptvalutgreiinga, høyringa og KS1 er grunnlaget for prinsippvedtak i regjeringa om val av konsept og føringar for vidare planlegging.

Sidan innføringa i samferdselssektoren i 2006 har 27 vegstrekningar, 13 byområde og 7 jernbaneprosjekt blitt omfatta av KS1-ordninga. Dei fleste prosessane har blitt organiserte slik at gjennomført KS1 skal inngå i grunnlaget for melding til Stortinget om Nasjonal transportplan. Det blei gjennomført ein del KS1 i arbeidet med Nasjonal transportplan 2010–2019, og det blir no gjennomført eit omfattande arbeid med KS1 som ledd i førebuingane til Nasjonal transportplan 2014–2023. I tillegg vil det i 2012 vere aktuelt å starte arbeidet med konseptvalutgreiingar for Nasjonal transportplan 2018–2027.

KS2 omfattar kvalitetssikring av kostnadsoverslag og styringsunderlag for eit prosjekt, før det blir lagt fram for Stortinget. Formålet med KS2 er å leggje til rette for god prosjektstyring innafor dei definerte rammene for kostnader, gjennomføringstid og prosjektomfang. Gjennom KS2 blir det gjort ei uavhengig kvalitetssikring av prosjektkostnaden og uvissa knytt til denne. Kvalitetssikringa gir grunnlag for å fastsetje kostnads- og styringsrammer for dei store investeringsprosjekta. Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet vil ved behov utvide KS2 med vurderingar av trafikkgrunnlaget, finansieringsplan, og samanlikning av utbyggingsalternativ. Kvalitetssikring av trafikkgrunnlag og finansieringsplan er obligatorisk for bompengeprosjekt over terskelverdien på 750 mill. kr, også når bompengeinnkrevinga gjeld prosjekt på fylkesvegnettet.

Kostnadsramma er grunnlaget for Samferdselsdepartementet si fullmakt frå Stortinget til å gjennomføre prosjektet og binde opp staten for framtidige budsjetterminar. Forslag om kostnadsramma skal omfatte nødvendige avsettingar for uvisse. Kostnadsauke ut over fastsett kostnadsramme må leggjast fram for Stortinget. Styringsramma er prosjektet sin forventa sluttkostnad på startstidspunktet, og den kostnaden som Samferdselsdepartementet har som mål at prosjektet skal realiserast innafor. I dei årlege budsjettframlegga gjer Samferdselsdepartementet greie for framdrifta i prosjekta og forventa sluttkostnad i høve til fastsette kostnads- og styringsrammer.

Porteføljestyring o.a.

Statens vegvesen starta i 2006 eit arbeid med å etablere eit porteføljestyringssystem for etaten. Systemet skal gjere det lettare å ha oversikt over og styre prosjektporteføljen. Formålet med systemet er m.a. å sikre optimal prosjektgjennomføring og å betre budsjettprosessane og budsjettstyringa i etaten. Jernbaneverket arbeider med å etablere eit tilsvarande system for si verksemd. Vidare har Jernbaneverket sett i gang eit arbeid kor det blir vurdert nærare kva for prosjekt som bør vere underlagd overordna strategiar eller felles retningsliner, og kor det er mest hensiktsmessig at ein finn løysingar for kvart einskild prosjekt.

For Statens vegvesens porteføljestyringssystem blei prosjekt- og kontraktsdata lagt inn i systemet våren 2011. Statens vegvesens prosjekt- og kontraktsportal er no basert på dette systemet. Portalen gir interesserte entreprenørar ei oversikt over ei rekkje pågåande og planlagde utbyggingsprosjekt og driftskontraktar. Det er sett i gang arbeid for å utvikle prosedyrar med sikte på å ta systemet i bruk i samband med arbeidet med statsbudsjettet for 2013. Systemet vil bidra til at sentrale data om Statens vegvesens prosjekt blir samla på ein stad, og vil betre moglegheitene for kvalitetssikring av data og analysar av heile prosjektporteføljen.

Jernbaneverket vil i 2012 etablere ein prosjekt- og kontraktsportal som vil innehalde opplysningar om planlagde kontraktsutlysningar.

Statens vegvesen sitt verktøy for utarbeiding av kostnadsoverslag (Anslag) er revidert og modernisert. Det er lagt meir vekt på å kunne identifisere uvisse og krava til kvalitet på plangrunnlaget er skjerpa. Metoden er eigna for bruk på alle trinn i utviklinga av eit prosjekt. Statens vegvesen tok nye retningsliner i bruk våren 2011.

Det er sett i verk eit arbeid for å vurdere aktuelle tiltak for å betre etterprøving og dokumentasjon i Jernbaneverket og Statens vegvesen sine metodikkar for estimering av kostnader. Dette er eit samarbeid mellom Samferdselsdepartementet, Finansdepartementet og konsulentmiljøa som er inne i rammeavtalen om ekstern kvalitetssikring av store statlege investeringsprosjekt.

Saman med Statoil ASA og Telenor ASA deltek Statens vegvesen i eit større forskingsprosjekt om praktisk styring av uvisse i utbyggingsprosjekt. Prosjektet er støtta av Noregs forskingsråd. Statens vegvesen har utarbeidd utkast til retningsliner og køyrereglar for styring av uvisse, inkl. risikostyring, ved gjennomføring av vegprosjekt. Prinsippa for styring av uvisse i gjennomføringsfasen heng nøye saman med identifiseringa av uvisse i planfasen. Målsettinga er å ta systemet i bruk i alle store utbyggingsprosjekt som skal til ekstern kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnadsoverslag (KS2) i løpet av hausten 2011.

Etterprøving

Det er ei ordning for å etterprøve store prosjekt innafor samferdsel. Formålet med ordninga er å undersøkje om dei faktiske verknadene er i samsvar med føresetnadene som blei lagde til grunn da prosjekta fekk løyving. Ordninga skal kunne gi eit betre fagleg grunnlag for planlegging av framtidige samferdselsprosjekt.

Statens vegvesen etterprøver om lag fem prosjekt årleg. Etaten har så langt etterprøvd 16 prosjekt. Etterprøvinga har fokus på dei prissette konsekvensane av tiltaket. For 12 av desse prosjekta har lønsemda vore på same nivå eller høgare enn føresett. Hovudårsaka til auka lønsemd er at trafikkveksten har vore til dels langt høgare enn i dei fylkesvise prognosane som blei lagde til grunn i plangrunnlaget. Anleggskostnader og reduksjon i ulykker er andre sentrale område der det kan vere endringar samanlikna med føresetnadene. Hovudårsaka til lågare lønsemd enn føresett har vore auka anleggskostnader.

Jernbaneverket har utvikla ein metodikk for å etterprøve jernbaneprosjekt med forventa investeringskostnad over 200 mill. kr. Metodikken har så langt vore nytta på dei to investeringsprosjekta dobbeltsporparsellane i Sande og Nationaltheatret stasjon. Jernbaneverket vil sette i gang ei etterprøving av investeringa i den nye godsterminalen på Gandal i 2013.

6.3 Entreprenørmarknaden

Statens vegvesen og Jernbaneverket nyttar store delar av sine løyvingar til bygging av infrastruktur og til drift og vedlikehald av denne. Det er derfor viktig at det finst ein vel fungerande entreprenørmarknad som gir best mogleg konkurranse om oppdraga. Vidare er det viktig at etatane har strategiar som sikrar god konkurranse og effektiv gjennomføring av oppdraga.

Anleggsmarknaden og marknaden for drift og vedlikehald er dominerte av dei same entreprenørane. Marknadene er likevel ulike. Driftsoppdraga stiller m.a. krav om at entreprenøren skal vere til stades over fleire år enn det som er tilfellet for anleggsarbeid. Kompleksiteten og spennvidda i oppgåvene er ulik. Krava og dermed risikoen, knytt til evna til å handsame ulike tilhøve, m.a. vêrtilhøva, er mykje større i driftsoppdraga.

Erfaringane er at bransjen har stor fleksibilitet i produksjonskapasiteten. Arbeidskrafta i anleggssektoren er mobil, og sjølv mindre verksemder tek på seg oppdrag over heile landet. Gjennomføringa av store anleggsprosjekt er derfor ikkje avhengig av lokal arbeidskraft. Maskinar er lett tilgjengelege og i hovudsak ikkje sett på som ein avgrensande faktor.

Anleggsarbeid

Offentlege investeringar dominerer anleggsmarknaden.

I den norske anleggsmarknaden har dei siste åra fleire mindre og mellomstore entreprenørar som tradisjonelt har vore underentreprenørar, teke på seg større og meir krevjande oppdrag. Dei inngår i aukande grad kontraktar med Statens vegvesen og Jernbaneverket. Interessa for utbyggingsoppdrag auka i 2009 og 2010, både for store og små entreprisar. Det er fleire entreprenørar i mellomsjiktet som konkurrerer med dei store entreprenørane.

Etatane registrerer ei stigande interesse for den norske marknaden frå utanlandske entreprenørar. Dei vil stimulere denne utviklinga ved å leggje til rette for at oppdrag blir så attraktive at utanlandske entreprenørar vil delta i konkurransen. I ein slik strategi vil det vere naturleg å vurdere storleiken og innhaldet i oppdraga. Oppdraga må vere av ein viss storleik for å vekkje interesse. I tillegg må ein vurdere kva for fagdisiplinar som skal inkluderast, m.a. om prosjektering, bygging, drift og vedlikehald bør inngå i same oppdrag.

Medan interessa for utbyggingsoppdrag i regi av Statens vegvesen auka i 2009 og 2010, har det i 2011 vore ei utvikling med dårlegare konkurranse, særleg på mindre oppdrag. Konkurransen i 2011 er svekt samanlikna med 2010. For mindre oppdrag nærmar konkurransen seg fleire stader eit kritisk lågt nivå. På Jernbaneverket sitt område er det generelt god konkurranse når det gjeld anleggsarbeid, med unntak av einskilde mindre lokale oppdrag.

Driftskontraktar

Driftskontraktane for Statens vegvesen blir lyste ut kvart femte år. Dei første kontraktane tok til å gjelde i perioden 2003–2006. Desse kontraktane er rekna som første generasjon driftskontraktar. I dei første åra med konkurranseutsetting var det ein klar reduksjon i kostnadene samanlikna med kostnadsnivået før konkurranseutsettinga. Det er krevjande å samanlikne kontraktane fordi innhaldet er endra i samband med dei nye utlysingane. Årsakene til kostnadsauken etter dei første kontraktane er fleire, m.a. auka arbeidsomfang, skjerping av kvalitetskrav, opning av nye vegar, endra vinterstrategi frå vinterveg til bar veg, og ein vesentleg prisauke som følgje av entreprenørane sine erfaringar med kva det faktisk kostar å drifte vegnettet i kontraktperioden. Kostnadene for nye driftskontraktar med heilårsverknad for åra 2009–2011 auka med høvesvis 41 pst., 44 pst. og om lag 80 pst. samanlikna med dei kontraktane som dei erstatta. Kontraktane med heilårsverknad frå 2012 viser ein gjennomsnittleg kostnadsauke på vel 60 pst. samanlikna med dei kontraktane som dei erstattar. I dei nye kontraktane er det gjort endringar som gir ei meir balansert risikodeling mellom byggherre og entreprenør. Samferdselsdepartementet reknar med at dette er hovudårsaka til at kostnadsauken har stagnert. Talet på tilbydarar har auka sidan 2010, frå 2,8 til 3,7 i gjennomsnitt for kvar kontrakt.

Asfaltmarknaden

Gjennomsnittleg prisstigning for heile kontraktporteføljen i 2011 er rekna til om lag 5 pst. ved tidspunkt for anbod. Dette er mellom 2 og 3 pst. lågare enn verknaden av prisendringar på innsatsfaktorar (materialar, løn, transport osb.). 2011 verkar å vere eit år med relativt god konkurranse for store delar av landet. I utkantområda er det lite asfaltlegging, noko som gir lågare konkurranse. Det blir arbeidd med andre verkemiddel for å ha kontroll med prisnivået i desse områda.

Etter at Statens vegvesen inngjekk kontraktane for 2011 har det skjedd endringar i eigarstrukturen i entreprenørmarknaden for asfalt. Etter samanslåinga av to sentrale entreprenørar har desse nær halvparten av det totale asfaltvolumet for Statens vegvesen i 2011. Dette vil kunne svekkje konkurransesituasjonen i asfaltmarknaden. Statens vegvesen sine oppdrag, som utgjer om lag 30 pst. av marknaden, er årvisse, godt geografisk fordelte og på eit stabilt nivå. Det er likevel vesentlege svingingar frå år til år i dei marknadsdelane som entreprenørane har for Statens vegvesen.

Konkurransetilsynet etterforskar moglege brot på konkurranseregelverket om prissamarbeid og marknadsdeling mellom Vegdekke og NCC Roads. Etter at denne etterforskinga er avslutta, vil Statens vegvesen lyse ut eit oppdrag for å granske heile asfaltindustrien. For nærare omtale sjå del II under Vegformål.

Tiltak for auka konkurranse og effektivitet

I det alt vesentlege har Statens vegvesen og Jernbaneverket ut frå marknadssituasjonen valt å nytte utføringsentreprise og kontraktar med einingsprisar på utbyggingsoppdrag, og har dermed ein stor portefølje av mindre oppdrag. For driftskontraktar har utviklinga gått i retning av redusert risiko for entreprenørane og meir detaljerte bestillingar. Det er sett i gang forsøk med å dele driftskontraktane i reine fagkontraktar.

Auka volum innafor samferdselssektoren og andre delar av anleggsmarknaden gjer det nødvendig å leggje til rette for ein meir differensiert strategi for å sikre effektiv gjennomføring og dermed større kapasitet både gjennom å betre dei tradisjonelle kontraktformene, og å auke bruken av andre kontraktformer. Det er òg nødvendig å gjennomgå prosjekt- og oppgåvestrukturen ved å sjå lengre strekningar i samanheng, vurdere samordning av likearta oppgåver og verkemiddel som spesialisering og standardisering.

Kontraktstrategien må vere i samsvar med den kapasitet og kompetanse marknaden kan tilby og slik at den totale kapasiteten aukar. Ein meir differensiert strategi må leggje til rette for mindre, mellomstore og større nasjonale og internasjonale aktørar, og gjere utviklinga av leverandørmarknaden føreseieleg.

Saman med bransjeorganisasjonane søkjer derfor Statens vegvesen og Jernbaneverket å utvikle både utbyggings- og driftsoppdraga for å oppnå auka effektivitet og optimal risikofordeling. Bruk av totalentreprise, samhandlingskontraktar og kontraktstildeling etter konkurranseprega dialog, vil medverke til dette. Det blir òg arbeidd for å auke bruken av andre kriterium i tillegg til pris ved tildeling av oppdrag.

Ansvarsdelinga i eit konkret arbeid blir definert i entreprisen, og er regulert gjennom det standardiserte kontraktsinnhaldet (Norsk standard). Standarden er forhandla fram mellom entreprenør og byggherre. Kontrakttypen deler risiko gjennom val av kva måte oppgåva blir formulert, detaljeringsgrad, reglar for oppgjer, prisreguleringsklausular m.m. Dette er hovudelementa i alle kontraktar. Det er ikkje uvanleg å nytte ulike kombinasjonar av desse elementa. Insentiv og prosedyrar for samhandling er viktige moment for auka samhandling innafor alle kontrakttypar. Det skjer ei systematisk utvikling for å utnytte moglege kombinasjonar som finst, gjennom tilpassingar i kontraktane. Den aktuelle marknadssituasjonen er blant dei momenta som blir vurdert særskilt. Auka prosjektstorleik vil generelt sett auke moglegheita til å gjere tilpassingar i kontrakten.

I tilknyting til arbeidet med Nasjonal transportplan 2014–2023 vil det bli gjort analysar av gjennomføringsstrategi og kapasitet ved ulike nivå på omsetnaden.

Statens vegvesen, Jernbaneverket og fylkeskommunane har saman med rådgivar- og entreprenørbransjen oppretta ei gruppe der kompetanseutvikling, kapasitetsutnytting, vidareutvikling av kontraktformer og modellar for gjennomføring er viktige tema. Det er indikasjonar på at byggje- og anleggsnæringa har hatt ein svakare produktivitetsvekst enn andre næringar. Det er eit mål å medverke til betring gjennom oppdragsspesifikasjonar og kontraktutforming.

Jernbanespesifikke anlegg

Jernbaneverket opplever framleis at det er mangel på ressursar innafor fleire jernbanespesifikke fag. Dette gjeld sjølv om fleire utanlandske entreprenørar no viser interesse for den norske marknaden og har fått oppdrag av Jernbaneverket i 2011. Jernbaneverket arbeider m.a. med å stimulere marknaden, for å få til ei betring av konkurransen innanfor desse faga, både ved å få inn nye aktørar og ved faglege samansettinga av oppdraga.

Rådgivingsbransjen

Rådgivingsbransjen er bidragsytarar av kompetanse og kapasitet innafor veg- og jernbanesektoren. Bistand til både etatane og entreprenørane skjer innafor områda planlegging, prosjektering, anlegg og byggeleiing. Ei framtidig utfordring vil vere å ha god nok kapasitet innafor desse områda.

Den store auken innafor veg- og jernbaneutbygging krev noko omstilling og kompetanseoppbygging hos rådgivarane. Langsiktige planar gjer at fleire firma satsar sterkare på samferdsel, og ein kan derfor vente tre til fem tilbod i konkurransar om store prosjekteringsoppdrag i høve til val av trasé og gjennomføring av anlegg.

Innanfor prosjektering av jernbanespesifikke anlegg opplever Jernbaneverket framleis at det er manglande ressursar innafor fleire jernbanetekniske fag. Jernbaneverket arbeider også her med å stimulere marknaden, for å få til ein betre konkurranse.

6.4 Intelligente kommunikasjonsløysingar

EUs direktiv for ITS (intelligente transportsystem) trådde i kraft i 2010 og vil etter planen bli teke inn i EØS-avtalen. Samferdselsdepartementet vil i samarbeid med Vegdirektoratet arbeide med å implementere direktivet.

ITS-direktivet er eit rammeverk for å utvikle spesifikasjonar som er nødvendige for å sikre koordinert innføring og samanhengande ITS i Europa. Direktivet er knytt til EU-kommisjonen sin handlingsplan for ITS (ITS Action Plan). Denne handlingsplanen inneber m.a. ei tydelegare prioritering av ITS i vegsektoren.

Direktivet vil støtte opp under norsk samferdselspolitikk, og vil kunne vere bra for avanserte norske teknologiverksemder. I direktivet er det òg lagt viktige føringar for personvernet. Direktivet inneheld seks prioriterte tiltak som gjeld multimodal reiseinformasjon, sanntids trafikkinformasjon, trafikktryggleiksrelatert trafikkinformasjon, harmoniserte reglar for eCall, og informasjonssystem og bestillingstenester for sikre og trygge parkeringsplassar for lastebilar og nyttekøyretøy.

Det er meininga å få til samanhengande tenester og felles europeiske løysingar der det er føremålsteneleg. Samferdselsdepartementet deltek i arbeidet med støtte frå norske fagmiljø. Det er starta eit ITS-råd under leiing av Statens vegvesen kor det er meininga at næringsliv, organisasjonar og forsking deltek. Etter direktivet har EU-kommisjonen fullmakt til å definere spesifikasjonar for utvalde ITS-tenester som er bindande for medlemslanda om slike tenester blir etablerte nasjonalt. Dette vil påverke framtidige løysingar. Samferdselsdepartementet prioriterer derfor at Noreg medverkar i utforminga av slike spesifikasjonar. Behovet for endringar i lover og/eller forskrifter vil bli vurdert fortløpande. Statens vegvesen vil med støtte i ITS-rådet koordinere norsk faginnsats i dette arbeidet.

6.5 Organisering og forvaltning av transportsektoren

God koordinering av luftfarts-, sjøtransport-, veg- og jernbanepolitikken medverkar til å sikre effektiv ressursbruk innafor transportsektoren og legg grunnlaget for å løyse samfunnet sine transportoppgåver for personar og gods på ein god måte. Det er viktig å sjå transportformene i samanheng. Eit nærare samarbeid eller ei samanslåing av statlege transportetatar og -verksemder er moglege verkemiddel for betre samordna langsiktig planlegging og utbygging av transportinfrastrukturen. I diskusjonen av dei føremoner nærare samarbeid eller samanslåing kan ha, må ein òg ta omsyn til at reformer av denne typen vil kunne ha negative effektar.

Det er i dag eit betydeleg samarbeid mellom dei tre transportetatane Statens vegvesen, Jernbaneverket og Kystverket, og Avinor AS. Eit viktig døme på slikt samarbeid er utarbeidinga av grunnlagsmaterialet til Nasjonal transportplan, men det blir òg samarbeidd på andre område der departementet eller verksemdene meiner dette er tenleg. Eit alternativ til samanslåing kan derfor vere å styrkje og vidareutvikle eksisterande tverrgåande koordineringsfunksjonar eller etablere nye der dette kan medverke til betre og meir effektiv organisering og samhandling.

I samband med ei vurdering av ei eventuell samanslåing av transportetatar og -verksemder er det viktig å sortere ut kva for utfordringar det er mogleg å løyse ved ei samanslåing, og kva for utfordringar som best kan løysast gjennom å vidareutvikle eksisterande samordningsmekanismar. M.a. kan det vere aktuelt å vurdere andre og mindre omfattande organisatoriske grep i forkant av ei ev. samanslåing.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet kartlagt organiseringa av forvaltninga av transportsektoren i Sverige, Finland og Danmark. Formålet var å få oversikt over dei organisatoriske løysingane med vekt på likskapar og skilnader frå organiseringa i Noreg.

I rapporten frå Difi er situasjonen i dag og utviklinga dei siste åra gjennomgått når det gjeld struktur, ansvar, roller og oppgåvefordeling mellom ulike organ og verksemder. Vidare er det sett på finansieringsformer og regulering i Sverige, Finland og Danmark. Det er m.a. sett på:

  • samanslåing eller utskilling av einingar/verksemder

  • endringar i organisasjonsform og eigarskap

  • bakgrunn og grunngiving for viktige endringar.

Samferdselsdepartementet meiner det er nødvendig å analysere dei konkrete utfordringane ved samordning av transportetatane og -verksemdene i Noreg. Dette bør gjerast før ein tek stilling til om, og i kva for grad, organisatoriske reformer gjennomført i andre land også kan vere relevante i Noreg. I ein slik analyse må ein m.a. sjå nærare på organisering av statsorgan og statleg verksemd i Noreg samanlikna med dei andre landa.

Samferdselsdepartementet vil vurdere nærare kva for område samordninga mellom transportetatane/-verksemdene i Noreg kan bli betre. Det vil bli sett særskilt på moglegheitene for å ytterlegare styrkje samordninga av overordna planlegging (og utbygging) av veg-, jernbane- og annan transportinfrastruktur. Departementet vil deretter, m.a. på bakgrunn av Difi-rapporten, vurdere om det bør setjast i gang eit meir omfattande utgreiingsarbeid for å sjå nærare på organisering og samarbeid mellom transportetatane/-verksemdene i Noreg.

6.6 Likestilling i transportsektoren

Arbeidet med å fremje likestilling mellom kjønna er viktig på alle politikkområde. Transportpolitikken skal òg medverke til likestilling mellom menn og kvinner. Vidare skal menn og kvinner få same høve til å delta i planlegging og avgjerder innafor transportområdet.

Universell utforming av transportsystemet er eit av hovudmåla i Nasjonal transportplan 2010–2019. Målet i planperioden er å gjere kollektivtransportsystemet meir universelt utforma. Saman med den kraftige satsinga på kollektivtransport som regjeringa legg opp til i planperioden vil dette òg virke utjamnande fordi m.a. kvinner og låginntektsgrupper vil få eit betre transporttilbod. Departementet viser elles til omtalen av universell utforming i pkt. 5.2.4.

Nedafor blir det gitt ein oversikt over status for likestillinga i Samferdselsdepartementet og underliggande etatar.

Status for likestilling i Samferdselsdepartementet og underliggande etatar

Generelt

Status for likestillinga i departementet og underliggande etatar er gitt i to tabellar for den einskilde verksemda. Ein viser kjønnsfordelinga etter stillingskategoriar og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategoriar. Den andre viser kjønnsfordelinga for deltid, midlertidig tilsette, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær.

Generelt er samferdselssektoren eit mannsdominert område kor mange har ein teknisk bakgrunn. Samferdselsdepartementet har ein kvinnedel på litt under 50 pst. Av etatane er det berre Statens jernbanetilsyn kor eit fleirtal av dei tilsette i 2010 var kvinner. For dei andre ligg kvinnedelen på mellom 20 og 37 pst. av dei tilsette. Kvinnedelen varierer òg mellom dei ulike stillingskategoriane.

Kvinner tente i 2010 generelt mindre enn menn i alle verksemdene, men det er i mange tilfelle ikkje vesentlege forskjellar i løna for menn og kvinner. Lønsforskjellane varierer også mellom dei ulike stillingskategoriane.

Menn står for størstedelen av overtida i verksemdene i 2010, med unntak av Statens jernbanetilsyn.

Med unntak av dei to store etatane, Statens vegvesen og Jernbaneverket, arbeidde få tilsette deltid i 2010 og få var midlertidig tilsette.

Sjukefråværet for departementet og etatane er gjennomgåande lågt. For dei fleste av desse var sjukefråværet i 2010 høgare for kvinner enn for menn. Fleire av verksemdene har etter måten få tilsette, slik at m.a. langtidsfråvær vil slå sterkt ut i fråværsprosenten.

Samferdselsdepartementet

Ved utgangen av 2010 hadde Samferdselsdepartementet 143 tilsette. Kvinnedelen var på 46,4 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabellen under.

Kjønnsbalanse

Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)

Menn pst.

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Menn

Kvinner

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2010

53,6

46,4

143

47 164

43 138

45 297

2009

55,3

44,7

140

43 999

40 132

42 265

Toppleiing (departementsråd, ekspedisjonssjef)

2010

66,8

33,2

6

85 521

89 916

86 986

2009

66,8

33,2

6

79 229

83 166

80 542

Fagdirektørar

2010

100

2

51 766

51 766

2009

Mellomleiing (avdelingsdirektør)

2010

84,6

15,4

13

61 143

62 900

61 413

2009

84,6

15,4

13

58 187

59 891

58 449

Underdirektør, seniorrådgivar mv.

2010

50,0

50,0

74

44 981

44 919

44 950

2009

53,6

46,4

69

42 831

42 081

42 454

Seniorkonsulent

2010

100

6

33 817

33 817

2009

100

6

31 623

31 623

Rådgivar, førstekonsulent

2010

54,0

46,0

37

35 382

34 724

35 079

2009

53,5

46,5

43

32 966

32 963

32 964

I dei stillingskategoriane kor begge kjønn er representerte er det eit fleirtal av menn, med unntak av i stillingskategorien underdirektør, seniorrådgivar mv., kor kjønnsfordelinga var 50 pst. Det er ikkje vesentlege forskjellar i lønsnivået mellom kvinner og menn i dei stillingskategoriane kor begge kjønna er representerte.

Tabellen under viser tal for deltid og midlertidig tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.

Deltid (tal)

Midlertidig tilsette (tal)

Overtid (pst.)

Foreldrepermisjon (pst.)

Legemeldt sjukefråvær (pst.)

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

2010

3

2

0

0

69,6

30,4

33,3

66,7

0,8

1,3

2009

2

2

1

1

72,1

27,9

16,7

83,3

3,0

3,7

Menn arbeidde meir overtid enn kvinner i 2010, men frå 2009 til 2010 har kvinnene sin del av overtida auka noko. Sjukefråværet er noko høgare for kvinner enn for menn, men har gått ned for begge kjønna frå 2009 til 2010.

Statens vegvesen

Ved utgangen av 2010 hadde Statens vegvesen 5 956 tilsette. Kvinnedelen var på 37,2 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabellen under.

Kjønnsbalanse

Gjennomsnittelg brutto månadsløn (kr)

Menn pst.

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Menn

Kvinner

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2010

62,8

37,2

5 956

38 293

33 790

36 610

2009

62,7

37,3

5 578

36 826

31 863

34 968

Etatsleiing

2010

66,7

33,3

9

88 722

81 083

86 176

2009

60,0

40,0

10

86 930

79 396

83 917

Leiarar

2010

65,6

34,4

384

51 132

50 670

50 967

2009

69,1

30,9

327

48 636

49 452

48 865

Merkantile saksbehandlarar

2010

33,0

67,0

1 960

34 860

30 445

31 897

2009

32,0

68,0

1 898

32 429

28 302

29 604

Tekniske saksbehandlarar

2010

79,4

20,6

3 022

39 138

37 949

38 957

2009

80,3

19,7

2 811

37 337

36 148

37 289

Inspektørar

2010

79,8

20,8

470

31 957

31 952

31 956

2009

85,3

14,7

423

30 562

29 955

30 443

Arbeidarstillingar

2010

76,1

23,9

71

30 662

27 735

29 822

2009

75,7

24,3

70

29 182

25 373

28 193

Reinhald mv.

2010

12,5

87,5

40

5 034

18 530

17 592

2009

11,4

88,6

39

4 816

17 685

16 776

Med unntak av i stillingskategoriane merkantile saksbehandlarar og reinhald mv. var fleirtalet av dei tilsette menn. Menn tente meir enn kvinner i alle stillingskategoriane med unntak av i kategorien reinhald. I kategorien inspektørar var løna lik.

Tabellen under viser tal for deltid og midlertidig tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.

Deltid (tal)

Midlertidig tilsette (tal)

Overtid (pst.)

Foreldrepermisjon (pst.)

Legemeldt sjukefråvær (pst.)

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

2010

231

445

68

60

80,2

19,8

35,3

64,7

2,7

5,4

2009

194

418

90

45

80,6

19,4

22,3

77,7

2,7

5,7

Menn arbeidde vesentleg meir overtid enn kvinnene. Sjukefråværet blant kvinner var dobbelt så høgt som blant menn.

Statens vegvesen arbeider systematisk og på mange område for å fremje likestilling og hindre diskriminering både når det gjeld kjønn, nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Vegvesenet ser dette som nødvendig for å styrkje moglegheitene for Statens vegvesen til å rekruttere, utvikle og halde på kvalifisert arbeidskraft og gjennom det sikre at etaten når sine overordna mål.

I rekrutteringa er no Statens vegvesen særleg oppteken av mangfald. Hovudtiltaket med å talfeste mål for rekrutteringa har betra inkluderinga i etaten. Det er no 35 pst. kvinner i leiarstillingar, ein auke på 28 pst. frå 2009. I 2010 var sju pst. av dei nytilsette personar med nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn som er betre enn måltalet på fem pst. for statens etatar. Statens vegvesen vil halde fram innsatsen for å bli en meir inkluderande arbeidsgivar.

I årsrapporten for 2010 har Statens vegvesen gjort greie for ulike tiltak som etaten arbeider med for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Det blir m.a. arbeidd med å få gode kvinnelege søkjarar til leiarstillingar og likeløn. Etaten haldt fram med å byggje opp kompetansen om det å vere leiar og tilsett i ei kulturelt mangfaldig verksemd.

Jernbaneverket

Ved utgangen av 2010 hadde Jernbaneverket 3 601 tilsette. Kvinnedelen var på 20,7 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabellen under.

Kjønnsbalanse

Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)

Menn pst.

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Menn

Kvinner

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2010

79,3

20,7

3 601

33 482

33 738

33 610

2009

81,0

19,0

3 313

33 778

34 376

34 077

Leiing

2010

87,8

12,2

535

51 994

57 332

52 502

2009

89,4

10,6

510

46 520

47 832

46 620

Saksbehandlarar/utgreiarar

2010

45,6

54,4

502

43 475

36 949

39 946

2009

50,0

50,0

452

40 851

34 032

37 458

Ingeniørar

2010

83,3

16,7

928

50 831

47 775

50 293

2009

83,7

16,3

839

48 534

43 320

47 665

Køyreveg/trafikk

2010

75,0

25,0

754

46 759

43 469

46 019

2009

77,7

22,3

737

43 621

41 925

43 265

Arbeidarstillingar

2010

97,9

2,1

813

44 277

28 846

43 887

2009

97,9

2,1

784

41 218

34 746

41 098

Kontorstillingar

2010

17,9

82,1

78

31 694

22 245

24 088

2009

20,3

79,7

79

37 565

21 956

24 794

I stillingskategoriane saksbehandlarar/utgreiarar og kontorstillingar er eit fleirtal av de tilsette kvinner. I dei andre kategoriane er det eit klart fleirtal av menn. Med unntak av for stillingskategorien leiing er mannsløna høgare enn kvinneløna.

Tabellen under viser tal for deltid og midlertidig tilsette og sjukefråvær fordelt på kjønn.

Deltid (tal)

Midlertidig tilsette (tal)

Overtid (pst.)

Permisjon (pst.)

Sjukefråvær (pst.)

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

2010

127

130

60

40

93,4

6,6

39,5

60,5

3,5

1,1

2009

118

123

64

39

94,4

5,6

4,4

1,5

Nesten all overtida blei utført av menn. Sjukefråværet er høgare for menn enn for kvinner.

Jernbaneverket har i 2011 utarbeidd ein likestillingspolitikk som vil bli implementert i løpet av året.

I 2010 sette Jernbaneverket i gang ei omfattande leiartrening som i dag omfattar 284 personar, med ein kvinnedel på 22,2 pst.

I stillingsutlysingar blir kvinner og dei med minoritetsbakgrunn oppmoda til å søkje stillingar. Oppmodinga vil bli utvida til å omfatte personar med nedsett funksjonsevne. I samband med rekruttering er etaten bevisst på å bruke bilete av ulike personar med omsyn til alder, etnisitet og kjønn.

Post- og teletilsynet

Ved utgangen av 2010 hadde Post- og teletilsynet 153 tilsette. Kvinnedelen var på 33 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabellen under.

Kjønnsbalanse

Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)

Mennpst.

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Menn

Kvinner

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2010

67

33

153

43 292

40 133

42 500

2009

66

34

158

41 625

37 892

40 067

Leiing

2010

71

29

21

54 967

62 083

56 742

2009

71

29

21

52 517

55 575

53 833

Seniornivå

2010

79

21

77

43 292

42 500

43 292

2009

76

24

67

42 400

40 850

41 625

Juniornivå

2010

47

53

55

36 708

36 100

36 708

2009

54

46

66

35 292

34 075

34 658

På juniornivå var eit fleirtal av tilsette kvinner, medan det på dei to andre nivåa var eit fleirtal av menn. På leiarnivå tente kvinner meir enn menn. På dei to andre nivå var ikkje lønnsforskjellen mellom kvinner og menn vesentleg, sjølv om menn tente meir enn kvinner.

Tabellen under viser tal for deltid og midlertidig tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.

Deltid (tal)

Midlertidig tilsette (tal)

Overtid (pst.)

Foreldrepermisjon (pst.)

Legemeldt sjukefråvær (pst.)

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

2010

3

3

1

2

90

10

12,7

87,3

2,7

1,1

2009

3

3

4

3

86

14

14,7

85,3

1,7

2,4

Nesten all overtida blei utført av menn. Sjukefråværet var i 2010 lågare for kvinner enn for menn.

Post- og teletilsynet utarbeider kvart år ein likestillingsrapport som gjer greie for statusen for likestillingsarbeidet i etaten. Rapporten medverkar til å oppfylle tilpassingsavtalen i Hovudavtalen som m.a. har som formål å oppnå reell likestilling mellom kjønna og størst mogleg mangfald.

Post- og teletilsynet har i 2010 arbeidd for å få ei tilnærma proporsjonal fordeling mellom kjønna i råd, delegasjonar, prosjekt og utval. Ein ny lønspolitikk er framforhandla i etaten som m.a. skal medverke til å fjerne eventuelle forskjellar som har si årsak i kjønn, og leggje til rette for at eldre arbeidstakarar kan arbeide lengre. Det er sett i verk tiltak for å rette opp lønsforskjellane i samsvar med likestillingslova.

Det blir teke omsyn til behova til den einskilde t.d. ved utforming av arbeidsplassen. Etaten har også gjennomført tiltak for å ivareta tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne.

Luftfartstilsynet

Ved utgangen av 2010 hadde Luftfartstilsynet 170 tilsette. Kvinnedelen var på 33,5 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabellen under.

Kjønnsbalanse

Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)

Menn pst.

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Menn

Kvinner

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2010

66,5

33,5

170

45 406

45 314

45 394

2009

67,1

32,9

170

47 310

43 683

43 881

Toppleiing

2010

75.0

25,0

8

69 046

67 417

68 639

2009

72,7

27,3

11

66 386

61 992

63 188

Mellomleiing

2010

85,7

14,3

14

55 694

54 983

55 592

2009

75,5

25,0

16

54 825

48 731

53 302

Seniorrådgivar mv.

2010

75,2

24,8

105

47 697

44 204

46 832

2009

81,7

18,3

93

46 813

42 988

46 114

Rådgivar mv.

2010

50,0

50,0

24

39 138

35 203

37 170

2009

40,0

60,0

25

36 510

32 572

34 147

Førstekonsulent mv.

2010

22,2

77,8

9

21 710

33 469

30 856

2009

12,5

87,5

8

29 167

30 968

30 711

Konsulent/sekretær mv.

2010

20,0

80,0

10

31 771

29 858

30 241

2009

22,2

77,8

9

29 908

28 246

28 616

For rådgivarar var kjønnsfordelinga 50 pst. I stillingskategoriane førstekonsulent mv. og konsulent/sekretær mv. var det eit fleirtal kvinner. Berre i stillingskategorien førstekonsulent mv. hadde kvinner eit høgare lønsnivå enn menn.

Tabellen under viser tal for deltid og midlertidig tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.

Deltid (tal)

Midlertidig tilsette (tal)

Overtid (pst.)

Foreldrepermisjon (pst.)

Legemeldt sjukefråvær (pst.)

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

2010

3

2

4

2

80,5

19,5

6

94

1,5

3,6

2009

2

2

4

1

83,5

16,5

20

80

3,3

4,1

Nesten all overtida blei utført av menn. Sjukefråværet var over dobbelt så høgt for kvinner som for menn.

Luftfartstilsynet utarbeider no ein ny handlingsplan for likestilling for etaten som er venta ferdig hausten 2011.

Som ein del av rekrutteringsprosessen blir kvinner oppmoda til å søkje på stillingar i Luftfartstilsynet.

Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda til å søkje stillingar i Luftfartstilsynet. Minst ein søkjar med innvandrarbakgrunn skal innkallast til intervju når dei oppfyller kvalifikasjonskrava i utlysingsteksten.

Statens jernbanetilsyn

Ved utgangen av 2010 hadde Statens jernbanetilsyn 36 tilsette. Kvinnedelen var på 56 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabellen under.

Kjønnsbalanse

Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)

Menn pst.

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Menn

Kvinner

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2010

44

56

36

54 986

47 171

50 645

2009

44

56

34

52 835

45 440

48 703

Toppleiing

2010

100

1

85 475

0

85 475

2009

100

1

1

80 383

0

80 383

Mellomleiing (avdelingsdirektør)

2010

50

50

4

68 249

69 316

68 782

2009

50

50

4

66 841

66 841

66 841

Seniorrådgivar

2010

60

40

22

50 599

51 257

50 868

2009

59

41

18

50 704

48 770

49 737

Rådgivar, førstekonsulent

2010

0

100

7

0

40 304

40 304

2009

33

67

9

40 710

38 654

39 339

Sekretær

2010

0

100

2

0

30 674

30 674

2009

0

100

2

0

29 410

29 410

I stillingskategoriar kor begge kjønn er representerte var det i kategorien seniorrådgivar eit fleirtal av menn, medan i kategorien mellomleiing var fordelinga 50 pst. I dei to kategoriane kor begge kjønn var representerte, tente kvinner meir enn menn. Forskjellane var ikkje vesentlege.

Tabellen under viser tal for deltid og midlertidig tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.

Deltid (tal)

Midlertidig tilsette (tal)

Overtid (pst.)

Foreldrepermisjon (pst.)

Legemeldt sjukefråvær (pst.)

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

2010

0

2

3

2

43

57

26

74

0,39

2,24

2009

0

1

1

1

59

41

3

97

0,64

2,44

Over 50 pst. av overtida blei utført av kvinner. Sjukefråværet var høgare for kvinner enn for menn.

Likestillingsarbeidet i Statens jernbanetilsyn er integrert i løns- og personalarbeidet.

Statens havarikommisjon for transport

Ved utgangen av 2010 hadde Statens havarikommisjon for transport 42 tilsette. Kvinnedelen var på 31 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabellen under.

Kjønnsbalanse

Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)

Menn pst.

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Menn

Kvinner

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2010

69

31

42

51 750

47 213

50 347

2009

69

31

42

49 542

44 316

47 924

Toppleiing (direktør)

2010

0

100

1

0

85 475

85 475

2009

0

100

1

0

80 383

80 383

Mellomleiing (avdelingsdirektør)

2010

83

17

6

65 483

65 483

65 483

2009

83

17

6

64 133

64 133

64 133

Fagstab

2010

33

67

3

56 758

52 962

54 228

2009

33

67

3

52 517

51 854

52 075

Havariinspektør

2010

84

16

24

49 085

50 094

49 211

2009

87

13

24

46 900

47 517

46 977

Administrative stillingar

2010

25

75

8

42 912

34 435

36 554

2009

25

75

8

39 308

30 890

32 994

I stillingskategoriar kor begge kjønn var representerte var det berre i kategorien administrative stillingar kor det var eit fleirtal av kvinner. I stillingskategorien havariinspektør tente kvinner noko meir enn menn, medan det for mellomleiinga var løna lik for kvinner og menn.

Tabellen under viser tal for deltid og midlertidig tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.

Deltid (tal)

Midlertidig tilsette (tal)

Overtid (pst.)

Foreldrepermisjon (pst.)

Legemeldt sjukefråvær (pst.)

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

2010

1

1

0

0

84,7

15,3

100

0

0,4

1,2

2009

1

1

0

0

91,2

8,8

100

0,04

4,5

Menn utførte ein vesentleg del av overtida. Kvinner hadde eit høgare sjukefråvær enn menn, men for begge kjønna var det lågt.

Kvinner blir oppmoda til å søkje stillingar i Havarikommisjonen for transport. Kvalifiserte kvinner blir innkalla til intervju. Etaten har no tilsett kvinner i alle avdelingane.

6.7 Omtale av tilsetjingsvilkåra for leiarar i heileigde statlege verksemder

Nedafor blir det gjort greie for tilsetjingsvilkåra for dagleg leiar i dei heileigde statlege verksemdene som ligg under Samferdselsdepartementet i august 2011. Med heileigd statleg verksemd forstår ein her selskap eigd av staten ved Samferdselsdepartementet eller staten ved dei forvaltningsorgana som ligg under departementet.

Ut frå dei nemnde føresetnadene gir departementet nedafor opplysningar om tilsetjingsvilkåra for dagleg leiar i NSB AS, Posten Norge AS, Avinor AS og Baneservice AS. For Posten Norge AS og Baneservice AS er tala henta frå årsrekneskapen for 2010. Både NSB AS og Avinor AS har fått ny konsernsjef i 2011, og det er tilsetjingsvilkåra for dei som det blir opplyst om. Tala er i heile tusen kr.

Staten ved Statens vegvesen eig Svinesundsforbindelsen AS. Selskapet har ikkje tilsett dagleg leiar. Leiinga av selskapet blir ivareteke av ein innleigd konsulent. Avtalen med konsulenten som gjekk ut 30.06.2011, er forlenga med to år til 30. juni 2013 i tråd med opsjon i kontrakten.

NSB AS – konsernsjef Geir Isaksen

Årsløn

3 200 000 kr

Vilkår ved oppseiing

12 månaders sluttløn, utan rett og plikt til å arbeide i oppseiingstida. Fråtrekk for andre inntekter dei siste 6 månadene.

Spesielle vilkår

Bonus med maksimal ramme på 4 månadsløner. Bilgodtgjersle

Pensjon

66 pst. av løn ved avgang. Pensjonsalder 67. Årleg pensjonskostnad 680 000 kr.

Posten Norge AS – konsernsjef Dag Mejdell

Årsløn

3 197 000 kr

Vilkår ved oppseiing

6 månaders løn i oppseiingstida. 9 månaders etterløn som etter 3 månader blir avkorta mot anna inntekt.

Spesielle vilkår

Bonus på maksimalt 25 pst. av årsløn. Bilgodtgjersle.

Pensjon

66 pst. av løn ved avgang. Pensjonsalder 65 år. Årleg pensjonskostnad 2 061 000 kr.

Avinor AS – konsernsjef Dag Falk-Pedersen

Årsløn

2 200 000 kr inkludert godtgjersle for styrearbeid i dotterselskapa i konsernet.

Vilkår ved oppseiing

3 månaders løn i oppseiingstida. 12 månaders etterløn.

Spesielle vilkår

Bilgodtgjersle.

Pensjon

Ikkje avklara

Baneservice AS – administrerande direktør Lars Skålnes

Årsløn

1 217 000 kr

Vilkår ved oppseiing

6 månaders løn i oppseiingstida. 6 månaders etterløn.

Spesielle vilkår

Rett til lån frå selskapet til kjøp av bil, avgrensa til 350 000 kr.

Pensjon

Pensjonsalder 67 år. Årleg pensjonskostnad 54 000 kr.