Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

2410

Statens lånekasse for utdanning

26 011 180

28 199 101

30 842 354

9,4

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

5310

Statens lånekasse for utdanning

12 016 674

12 076 723

13 291 758

10,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 411 169

4 606 550

4 824 476

4,7

Sum kategori 07.80

15 427 843

16 683 273

18 116 234

8,6

Innleiing

Utdanningsfinansieringa skal gi alle lik moglegheit til utdanning og medverke til at samfunnet og arbeids- og næringslivet har tilgang på kompetanse og utdanna arbeidskraft. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer utdanningsstøtteordningane, som er heimla i lov av 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte.

Utdanning og kompetanse er viktig for å gi kvar einskild utvikling og identitet, evne til å tenkje kritisk og ta del i demokratiske prosessar. Utdanningsstøtta legg såleis til rette for nyskaping og eit kunnskapsbasert samfunn, der den einskilde kan nytte evnene sine og medverke til å skape verdiar. Vidare er utdanningsstøtta eit sentralt verkemiddel for å nå visjonar og mål for regjeringa. Utdanningsstøtta medverkar til dømes til å sikre utdanna personale i barnehagen og i skolen, og gjer det mogleg for enkeltmenneske å nytte retten til vidaregåande opplæring og ta høgre og anna utdanning. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning, og for å leggje til rette for livslang læring. Støtteordningane legg òg til rette for rekruttering til forsking.

Utdanningsstøtta legg til rette for eit samfunn med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Utdanning og kompetanse er stadig viktigare for eit velfungerande arbeidsliv. Kunnskapsdepartementet ønskjer at utdanningsstøtteordningane skal støtte opp under at utdanningssektoren raskt kan fange opp endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft og utdanning.

Utdanningsstøtta skal vere treffsikker og leggje til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. I tillegg til generelle støtteordningar som dekkjer behova til majoriteten av støttemottakarane, må utdanningsfinansieringa også vere målretta mot grupper og personar med særskilde behov.

Mange av dei som vart råka av terroraksjonane på Utøya og i Oslo er elevar og studentar. Kunnskapsdepartementet har lagt til rette for at interessene til elevane og studentane blir tekne vare på på best mogleg måte innanfor gjeldande regelverk om utdanningsstøtte.

Mål: Utdanningsstøtteordninga medverkar til at kvar einskild står fritt i val av utdanning. Alle kan ta utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold

Tilstandsvurdering

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I undervisningsåret 2010–11 var det om lag 461 000 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning. Om lag 370 000 personar mottok stipend og/eller lån til utdanning. Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år, men i overkant av 1 000 personar var over 50 år i 2010–11. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Elevar med ungdomsrett har rett til stipend til naudsynt individuelt utstyr (utstyrsstipend). I studieåret 2010–11 nytta 92,5 pst. av dei som har rett til det, denne ordninga.

Endringar over tid i samansetninga av gruppa studentar og elevar gjer at dei ulike innretningane i støtteordninga må bli vurderte frå tid til anna. I all hovudsak er ordninga ei universell velferdsordning som skal medverke til at alle har eit likt grunnlag for livsopphald under utdanninga. Kunnskapsdepartementet arbeider for tida med å undersøkje kva for vilkår, mellom anna økonomiske, studentane i høgre utdanning lever under. Dette vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere generelle forbetringstiltak for fleirtalet av studentane.

I dei seinaste åra har det vore ein klar profil på tiltaka departementet har foreslått for Stortinget om utdanningsstøtteordninga. Departementet ser at einskilde grupper kan ha behov for meir tilrettelegging enn det dei har i dag, for at dei skal ha reell moglegheit til fritt å velje utdanning. Dette gjeld mellom anna søkjarar med redusert funksjonsevne, studentar som er sjuke over lang tid, og studentar med barn. Når det gjeld arbeid med forbetringar for einskilde grupper, må ein òg sjå situasjonen i samanheng med dekninga frå andre velferdsordningar som skal sikre sosial utjamning, som ytingar frå folketrygda eller ytingar frå fylkeskommunen eller kommunen.

Frå og med studieåret 2011–12 kan studentar som ikkje har moglegheit til å arbeide ved sida av utdanninga på grunn av redusert funksjonsevne eller funksjonshemming, få utvida støtteperioden til tolv månader samt få eit ekstra månadleg stipend. Vidare kan studentar med redusert funksjonsevne som er forseinka ut over eitt år på grunn av manglande tilrettelegging i studiesituasjonen, få tildelt basisstøtta som stipend. Desse tiltaka skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne får høve til å ta høgre utdanning, og hindre at dei får høgre gjeld etter fullført utdanning.

Mål: Utdanningsstøtteordninga medverkar til internasjonalisering av utdanning og forsking ved å sikre at dei som ønskjer det, kan ta heile eller delar av utdanninga i utlandet

Tilstandsvurdering

For å nå dei måla om auka internasjonalisering som er nedfelte mellom anna i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning , jf. Innst. S. nr. 202 (2008–2009), er det ein føresetnad at tilstrekkeleg mange har økonomisk moglegheit til å ta utdanning utanfor Noreg. Utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen er eit sentralt verkemiddel for å få til dette. I internasjonal målestokk har Noreg svært gode økonomiske ordningar for studentar som vel å ta utdanning i utlandet. Det er likevel grunn til å arbeide vidare med å byggje ned dei barrierane som finst for å velje utdanning i utlandet, særleg i ikkje-engelskspråklege land. Det er gjort mindre endringar i regelverket for å opne for at fleire studentar enn tidlegare skal få støtte til gode språkkurs i ikkje-engelskspråklege land. Frå og med studieåret 2011–12 vil det berre vere krav om at timane i det fire veker lange førebuande språkkurset blir fordelte over minst tre dagar per veke, og ikkje over fem dagar som tidlegare.

Sjølv om ein trygg økonomisk basis er viktig for å velje utdanning i utlandet, vil utdanningsstøtteordninga aldri kunne vere det einaste verkemiddelet for å få nokon til å velje utdanning i utlandet framfor utdanning i Noreg. Ein må sjå dei økonomiske støtteordningane i samanheng med mellom anna styrkt satsing på informasjon og meir praktisk hjelp til å søkje seg til utdanning i utlandet.

I dei seinaste åra har talet på studentar i høgre utdanning i utlandet auka, etter nokre år med nedgang i studenttalet. Det samla talet på støttemottakarar i Lånekassen har òg auka i den same perioden. I perioden etter 2004–05 har det ikkje vore monalege endringar i støtteordninga for studentar i utlandet. Talet på studentar i utlandet har endra seg i perioden, i takt med talet på støttemottakarar generelt. Dette tyder på at generelle endringar i talet på studentar blir reflekterte i søkjartala til støtte til utdanning i utlandet. Kunnskapsdepartementet vil arbeide vidare med å følgje opp dei tiltaka for utdanningsstøtteordninga som vart varsla i St.meld. nr. 14 (2008–2009). Tiltaka gjeld både grunnopplæringa og høgre utdanning, og fokuset vil vere å leggje til rette for at elevar og studentar kan delta på undervisningsopplegg av høg kvalitet i utlandet.

Når det gjeld internasjonalisering av grunnopplæringa er hovudmålsetjinga å auke talet på grupper av elevar som får høve til å ta eitt undervisningsår ved ein utanlandsk vidaregåande skole. Samstundes er det viktig å få på plass eit kvalitetssikringssystem for dei opplegga som blir godkjende. Deltaking frå yrkesfaglege studieprogram og alle delar av landet skal sikrast. For studieåret 2011–12 vil ei ny elevgruppe kunne ta delar av den vidaregåande opplæringa i England med støtte frå Lånekassen. Det vil også bli gitt lån til skolepengar for elevar på vidaregåande skolar i utlandet for å sikre lik handsaming av skolar i Noreg og i utlandet som er godkjende etter privatskolelova. Endringa støttar opp under prinsippet om likebehandling og vil vere i samsvar med St.meld. nr. 14 (2008–2009).

For høgre utdanning er det eit viktig mål at det skal lønne seg å velje utdanning av høg kvalitet. Til dømes kan stipenddelen av stønaden til skolepengar knytast til dette valet, slik at studenten får meir av stønaden som stipend når studiestaden kan reknast som særleg god. I arbeidet med å følgje opp St.meld. nr. 14 (2008–2009) har Kunnskapsdepartementet førebels sett på ulike måtar å skipa til ei slik ordning på. Ein føresetnad er at alle utanlandske lærestader som fyller dei grunnleggjande krava til rett til utdanningsstønad, må kunne vurderast etter eitt felles system. Arbeidet til no viser at det er komplisert å få til ein modell som kan få den verknaden på val av studiestader som er hensikta. Kunnskapsdepartementet vil derfor førebels ikkje foreslå at ei slik ordning blir innførd.

Mål: Utdanningsstøtteordninga medverkar til livslang læring

Tilstandsvurdering

For å betre kunne handtere kombinasjonen av større ungdomskull og auka interesse for å studere i åra framover har Kunnskapsdepartementet varsla tiltak som auka fleksibilitet i den høgre utdanninga og betre samarbeid mellom arbeidslivet og den høgre utdanningssektoren, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja . I byrjinga av 2000-talet vart utdanningsstøtteordninga gjort meir fleksibel med betre høve til å kombinere fleire utdanningar over tid, og med høve til å ta opp utdanningslån uavhengig av økonomi. Dette vart gjort for at personar i etter- og vidareutdanning og andre som vil kombinere jobb og utdanning, òg skal kunne nytte ordninga.

Delen støttemottakarar i Lånekassen som er 25 år og eldre, var i 2010–11 om lag 18 pst. Dette kan tyde på at utdanningsstøtteordningane framfor alt blir nytta til å skaffe seg ei første kompetansegivande utdanning. Relativt få vaksne tek opp lån for å skaffe seg ei grunnopplæring eller ei vidaregåande opplæring. Utdanning på deltid er meir utbreidd blant dei eldre studentane i høgre utdanning, og delen som vel deltidsutdanning, stig med alderen. I aldersgruppa 20–24 år var det berre 2,5 pst. som valde deltidsutdanning i 2010–11, medan heile 41 pst. av dei som tok høgre utdanning i aldersgruppa 40–44 år, tok utdanning på deltid. Sjølv om talet på deltidsstudentar har vore stabilt i dei seinare åra, har delen som desse studentane representerer av alle støttemottakarane, gått ned.

Det vil vere sentralt framover å utvikle vidare støtteordninga i tråd med satsinga på kompetanseutvikling, som varsla i St.meld. nr. 44 (2008–2009). Auka fleksibilitet i utdanningssektoren må følgjast opp med omstilling av støtteordninga der det er naudsynt.

Strategiar og tiltak

Regjeringa meiner det er viktig å halde oppe kjøpekrafta i støtta til elevar, studentar og lærlingar, og har auka satsane i utdanningsstøtteordningane kvart år for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. Basisstøtta har auka frå 80 000 kroner for undervisningsåret 2005–06 til 92 500 kroner for undervisningsåret 2012–13. Justeringa frå undervisningsåret 2011–12 til 2012–13 er på 1,9 pst.

Departementet foreslår fleire mindre justeringar av utdanningsstøtta, mellom anna i ordninga med omgjering av utdanningslån til stipend, for å medverke til eit meir smidig regelverk. For å få til auka internasjonalisering av utdanninga, som omtalt i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning , foreslår departementet mellom anna ei ny ordning med støtte til språkopplæring for studentar i enkelte land og ei utviding av talet på elevgrupper på vidaregåande nivå som kan få utdanningsstøtte til utvekslingsopphald i utlandet.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 45

293 610

320 115

301 267

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

94 071

133 612

158 974

50

Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving

3 105 278

4 661 211

5 036 446

70

Utdanningsstipend , overslagsløyving

2 787 789

2 793 512

2 976 742

71

Andre stipend , overslagsløyving

581 348

532 741

598 164

72

Rentestøtte , overslagsløyving

810 410

1 105 890

1 265 276

73

Avskrivingar , overslagsløyving

419 558

404 420

452 020

74

Tap på utlån

333 193

350 000

350 000

76

Startstipend for kvotestudentar , overslagsløyving

7 503

7 751

7 898

90

Auka lån og rentegjeld , overslagsløyving

17 578 420

17 889 849

19 695 567

Sum kap. 2410

26 011 180

28 199 101

30 842 354

Postane 01 og 45 omfattar løyvingar til drift og modernisering av Lånekassen, medan løyvingane på postane 50–90 omfattar stipend, lån, rentestøtte, avskrivingar og andre delar av utdanningsstøtteordninga.

Ein stor del av utdanningsstøtta blir gitt i form av lån som kan bli gjorde om til stipend ved bestått utdanning (konverteringsordninga). Alt lån som blir utbetalt, blir løyvd over kap. 2410 post 90. I tillegg blir det løyvd midlar til avsetning til konverteringsfondet på kap. 2410 post 50 tilsvarande det beløpet som ein reknar med vil bli gjort om frå lån til stipend ved fullført utdanning, sjå nærmare omtale under post 50. Etter kvart som utdanning blir bestått, blir det overført midlar frå dette fondet til Lånekassen. Løyvinga på kap. 2410 post 50 dekkjer altså avsetning til forventa framtidige utgifter til stipend, medan rekneskapen på kap. 5310 post 93 viser den faktiske omgjeringa av lån til stipend for det aktuelle året.

Utgiftene til dei andre stipenda, slik dei kjem fram på kap. 2410 postane 70 og 71, inkluderer altså ikkje lån som er konverterte til stipend under konverteringsordninga. Skal ein få oversikt over dei samla årlege stipendutgiftene, må lån som er gjorde om til stipend, leggjast til dei stipendutgiftene som kjem fram i Lånekassens rekneskap. Ved å sjå kap. 5310 post 93 og kap. 2410 postane 70 og 71 i samanheng får ein oversikt over dette.

For 2012 er det rekna med at ca. 3,6 mrd. kroner vil bli utbetalte som stipend, og at det vil bli konvertert lån til stipend tilsvarande 4,9 mrd. kroner. Med dette reknar ein med at dei samla utgiftene til stipend blir på om lag 8,5 mrd. kroner i 2012.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 gjeld midlar til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, mellom anna kostnader i samband med moderniseringsarbeidet i Lånekassen.

Mål for 2012

Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane på ein effektiv, sikker og kvalitetsmessig god måte. Samstundes skal Lånekassen tilby kundane effektive og tilgjengelege løysingar. Lånekassen skal nå måla for moderniseringsarbeidet innanfor dei tids- og kostnadsrammene som er fastsette i gjeldande styringsdokument.

Rapport for 2010

Samla sett hadde Lånekassen ei svært god måloppnåing i 2010. Mål knytte til sakshandsaminga og til kontakten med studentar, elevar, lærlingar og dei som er i ein tilbakebetalingsfase, vart i all hovudsak nådde. Målet for kurante tilbakebetalingssaker var det einaste som ikkje vart nådd i sin heilskap. Det var sett eit mål om at 43 pst. av sakene skulle vere kurante, medan resultatet vart 40 pst. Dette medførte likevel ikkje at kravet til gjennomsnittleg sakshandsaming ikkje vart nådd. Målet for gjennomsnittleg sakshandsaming var sett til ti dagar, medan resultatet vart åtte dagar for søknad om tildeling av støtte, og ti dagar for søknad om betalingsutsetjing. Det var sett mål om at 80 pst. av dei som ringde Lånekassen i 2010, skulle få svar, medan resultatet vart 87 pst. Gjennomsnittleg svartid vart tre dagar for førespurnad per e-post, som var det same som kravet til tida for sakshandsaminga. Lånekassen kan òg vise til gode resultat knytte til effektiv sakshandsaming og til digitalisering av sakshandsaminga. I 2010 vart det laga nye nett-tenester med elektroniske løysingar for kundar i tilbakebetalingsfasen, noko som har ført til at enda fleire av kundane til Lånekassen får rask sakshandsaming.

Planen til Lånekassen for det vidare arbeidet med moderniseringsprogrammet LØFT vart revidert i 2010, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet og Prop. 125 S (2009–2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010 . Arbeidet med den andre delen av andre hovudleveranse (HL2-2) av IKT-fornyinga i Lånekassen starta mot slutten av 2010. Som følgje av problem knytte til framdrift, styring, organisering og kostnader, vart nye risikovurderingar av prosjektet gjennomførd. Resultatet vart at Kunnskapsdepartementet, som eit risikoreduserande tiltak, gav Lånekassen fullmakt til å overta prosjektstyring og prosjektansvar for HL2-2 frå hovudleverandøren. Leverandøren vil fortsatt vere hovudsamarbeidspartnar. For å sikre at fornyinga blir gjennomførd innanfor vedtekne økonomiske rammer, vil fleire risikoreduserande tiltak bli gjennomførde, mellom anna ei ekstern kvalitetssikring av leveransen. Departementet har komme til at desse endringane best sikrar ei kvalitetsmessig god gjennomføring av prosjektet innanfor gjeldande kostnadsramme. Det er risiko for ei ytterlegare forskyving av sluttidspunkt for programmet, truleg til ultimo 2013. Dette vil bli avklart når nytt styringsdokument for programmet ligg føre hausten 2011.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår å styrkje løyvinga på kap. 2410 post 01 med om lag 1,7 mill. kroner for å medverke til stabile og påreknelege driftsrammer. Gjennom tiltaket vil Lånekassen bli kompensert for pålagde oppgåver og kostnader i 2012 og tidlegare, og administrative meirutgifter knytte til regelverksendringar for 2012. Sjå nærmare omtale av forslaga under budsjettforslaget for kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617.

Lånekassens utgifter til eID på høgt tryggleiksnivå skal dekkjast gjennom rammeoverføring til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Nye berekningar syner at overføringa for 2011 var for høg, derfor foreslår Kunnskapsdepartementet at det blir rammeoverført 125 000 kroner i budsjettet for 2012 frå kap. 1560 post 22 til kap. 2410 post 01.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 2410 post 01 med om lag 27,1 mill. kroner og å auke løyvinga på kap. 2410 post 45 med om lag 22,2 mill. kroner i tråd med gjeldande finansieringsplan for LØFT-programmet. Lånekassen vil i 2012 ha behov for å inngå avtalar som krev at Lånekassen forpliktar seg økonomisk ut over den løyvinga som er foreslått for 2012. Departementet foreslår at Lånekassen får fullmakt til å inngå avtalar ut over løyvinga for 2012, sjå forslag til vedtak IV nr. 5.

Kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvinga på desse postane utgjer støttebudsjettet til Lånekassen. Endringar i Lånekassens støtteordningar har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla. I tillegg blir dei enkelte postane omtalte kvar for seg lenger nede i teksten.

Mål for 2012

Sjå omtale av måla for utdanningsstøtteordninga for 2012 under programkategori 07.80.

Rapport for 2010

Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen hadde per 1. januar 2011 om lag 898 000 kundar. Av desse er om lag 547 600 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2010–11 var det om lag 461 000 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning. Om lag 370 000 personar mottok støtte frå Lånekassen.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2010–11 på 20,5 mrd. kroner. Av dette vart i overkant av 3,4 mrd. kroner utbetalte som stipend, sjå tabell 4.18 for fordeling på dei ulike stipendformene. 17,1 mrd. kroner vart i undervisningsåret 2010–11 utbetalte som lån.

I kalenderåret 2010 vart om lag 3,4 mrd. kroner betalte ut som stipend, i tillegg vart om lag 4,5 mrd. kroner konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2010 vart dermed på om lag 7,9 mrd. kroner.

I dei tre tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i tala på kundar i Lånekassen og kunderelevante forhold både for dei kundane som får støtte, og for dei som er i ein tilbakebetalingsfase.

Tabell 4.16 Hovudtal for tildeling i dei fire siste undervisningsåra

2007–08

2008–09

2009–10

2010–11

Tal på elevar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning 1

441 463

449 658

453 140

460 900

Tal på støttemottakarar

289 575

303 468

345 959

369 544

Tal på støttesøkjarar

314 886

329 666

359 859

383 985

Tal på stipendmottakarar 2

166 980

183 636

223 030

237 633

Tal på lånesøkjarar 3

181 127

180 394

190 754

204 062

Tal på lånemottakarar

188 278

186 752

196 386

209 222

Totalt utbetalt stipend og lån (i mill. kroner)

17 062

17 361

18 898

20 495

Sum stipend (i mill. kroner)

3 049

3 035

3 226

3 386

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

18 260

16 523

14 466

14 249

Sum lån (i mill. kroner)

14 013

14 349

15 671

17 108

Gjennomsnittslån (i kroner)

74 007

76 438

79 797

81 774

1 Talet er basert på tal på elevar i vidaregåande opplæring, tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) over studentar i Noreg, og Lånekassens eigne tal på studentar i utlandet.

2 Dette er talet på stipendmottakarar eksklusive dei som mottek konverteringsstipend. Tal for mottakarar av konverteringsstipend er ikkje med her fordi konvertering skjer i ettertid, sjå omtale under kap. 2410 post 50.

3 Dei som berre søkjer om utdanningsstipend, får støtta utbetalt som lån. Desse søkjarane blir registrerte som låntakarar og ikkje som lånesøkjarar. Dette er årsaka til at det er fleire lånemottakarar enn lånesøkjarar i tabellen.

Tabellen under gir ei oversikt over kor mange som har motteke ulike stipendtypar i dei to siste undervisningsåra, samt kor mykje Lånekassen har tildelt i stipend.

Tabell 4.17 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

2009–10

2010–11

2009–10

2010–11

Grunnstipend

67 208

70 945

993

1 019

Bustipend

30 602

30 475

1 051

1 063

Utstyrsstipend

150 490

161 892

189

203

Flyktningstipend

982

1 103

61

70

Stipend til skolepengar / gebyrstipend

11 467

12 754

291

328

Tilleggsstipend

727

831

19

24

Stipend til skolepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar

427

468

29

32

Språkstipend

461

515

7

8

Reisestipend, innland og Norden

45 127

47 336

54

57

Reisestipend, utanfor Norden

18 587

20 164

101

113

Reisestipend i Noreg for utanlandsstudentar

7 009

7 544

6

7

Reisestipend under kvoteordninga

800

815

5

5

Omgjering av lån til stipend ved sjukdom 1

663

589

15

14

Foreldrestipend 1

3 836

3 329

230

196

Forsørgjarstipend

10 900

11 330

175

185

Totalt

349 286

370 090

3 226

3 324

1 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje føreligg endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2009–10 vart det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 28 mill. kroner, og ved fødsel 259 mill. kroner.

Tabellen under gir informasjon knytt til kundar i Lånekassen som er i ein tilbakebetalingsfase, og informasjon om rentestøtte under utdanning m.m.

Tabell 4.18 Hovudtal for tilbakebetaling i dei siste fire åra

2007

2008

2009

2010

Tal på tilbakebetalande låntakarar

519 297

530 700

538 494

547 617

Renteberande lån (i mill. kroner)

68 282

72 594

76 407

79 856

Betalte renter (i mill. kroner)

2 907

3 945

3 694

2 617

Avdrag (i mill. kroner)

5 235

4 877

4 819

5 501

Ettergitt/avskrive (i mill. kroner)

271

206

232

420

Rentestøtte (i mill. kroner)

1 231

1 586

1 388

810

Uteståande lån (i mill. kroner)

93 600

98 468

104 074

109 982

Uteståande renter (i mill. kroner)

2 460

2 906

2 627

2 396

I undervisningsåret 2010–11 vart alle satsane i utdanningsstøtteordningane auka med 1,6 pst. Vidare vart det i Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet foreslått tiltak for å betre høva for fleire ulike grupper elevar og studentar. Stortinget gav si tilslutning til desse forslaga.

Som ei oppfølging av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vart det gjort justeringar i regelverket for tildeling av utdanningsstøtte for å redusere barrierane for å ta høgre utdanning i utlandet. Det blir no gitt utdanningsstøtte til studentar i land utanfor Norden frå og med semesteret etter at generell studiekompetanse i Noreg er oppnådd. Samstundes vart vilkåret om at utdanning i utlandet må vere offentleg godkjend i studielandet, fjerna. Dette inneber at det for gradsutdanning er tilstrekkeleg kvalitetssikring at Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) kan godkjenne utdanninga. For delstudium er det tilstrekkeleg kvalitetssikring at den norske lærestaden godkjenner utdanninga i utlandet som ein del av den utdanninga studentane er i gang med i Noreg. I 2009–10 auka talet på norske studentar i utlandet med 8 pst. frå året før, denne trenden heldt fram i 2010–11 med ein auke på 9,2 pst. Vidare vart St.meld. nr. 14 (2008–2009) følgt opp ved å opne for at to nye elevgrupper i vidaregåande opplæring kunne ta utvekslingsopphald i utlandet. Ei gruppe vart godkjend for opphald i England, og ei gruppe vart godkjend for opphald i Russland. I 2010–11 fekk 1 934 elevar støtte frå Lånekassen for utvekslingsopphald i utlandet.

Kvoteordninga er ei ordning der studentar frå utviklingsland og land på Vest-Balkan, Aust-Europa og Sentral-Asia kan søkje støtte gjennom Lånekassen til studium ved ein norsk lærestad. Ordninga er populær blant både studentane og lærestadene, og kvart år studerer om lag 1 100 kvotestudentar i Noreg. I 2010 vart det løyvd om lag 7,5 mill. kroner til ei ordning med startstipend, tilsvarande basisstøtte i to månader, til nye kvotestudentar. Dette skal sikre at kvotestudentar som kjem til Noreg, ikkje blir sette i ein vanskeleg situasjon utan midlar til livsopphald. Det kan ta lang tid å få utbetalt den ordinære utdanningsstøtta ettersom desse studentane må ha norsk personnummer og bankkonto før dei kan søkje lån. I 2010 var det i alt 424 kvotestudentar frå 36 lærestader som fekk om lag 7,5 mill. kroner i startstipend. Lånekassen har gjennomført ei kartlegging blant lærestadene som har kvotestudentar, og det har vore mange positive tilbakemeldingar. Det at studentane får midlar til livsopphald raskare, sørgjer for at dei også kan kjøpe læremiddel og delta i studentmiljøet frå starten av. For lærestadene er det ein stor fordel at Lånekassen står for utbetalinga til studentane, og at skolane berre legg til rette. Departementet meiner ordninga fungerer etter intensjonen, og vil følgje med vidare på situasjonen for nye kvotestudentar. Det vart også gjort to mindre endringar for kvotestudentane i 2010. Det vart opna for støtte til ei heimreise den første sommaren for studentar som startar utdanninga si i vårsemesteret. Vidare vart det opna for støtte om sommaren for kvotestudentar som er forseinka i det siste semesteret av utdanninga, og som kan fullføre utdanninga i løpet av ein til to månader om sommaren. Desse tiltaka gjer utnyttinga av kvoteordninga meir smidig for lærestadene og studentane.

For studentforeldre vart det i 2010 gjort to endringar i regelverket for Lånekassen. Foreldrestipendet blir no rekna ut på grunnlag av den studiebelastninga søkjaren har hatt i oppteningstida, ikkje på grunnlag av planlagd studiebelastning som tidlegare. Dette harmoniserer med prinsippa for berekning av foreldrepengar etter folketrygdlova, er meir føreseieleg, og reduserer moglegheitene for tilpassing til regelverket. Samstundes vart aldersgrensa for rett til sjukestipend ved omsorg for eigne sjuke barn heva frå ti til tolv år. Dette betrar situasjonen for ei lita gruppe studentar, dei med sjuke barn. Også dette forslaget inneber ei harmonisering med regelverket i folketrygda.

For å sørgje for likebehandling mellom elevar som tek kurs for å få generell studiekompetanse, vart det gjort ei mindre endring i regelverket. Tidlegare fekk elevar som gjekk rett over i slike kurs, støtte etter same regelverket som elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring, medan elevar som tok ein pause for deretter å ta eit slikt kurs, fekk støtte etter same regelverket som studentar i høgre utdanning m.m. No får alle desse søkjarane støtte etter den delen av regelverket som gjeld høgre utdanning, fagskoleutdanning, folkehøgskoleutdanning og anna utdanning som ikkje er omfatta av opplæringslova § 3-1. Dei fleste av desse søkjarane vil sannsynlegvis oppleve endringa som riktig, sidan mange av dei er ganske vaksne og dei ikkje opplever behovsprøving mot inntekta til foreldra som naturleg.

Elevar som bur på institusjon på grunn av særlege behov, får dekt buutgifter m.m. av fylkeskommunen og har derfor ikkje rett til støtte frå Lånekassen. I tilfelle der kostnadene til nødvendig utstyr ikkje blir dekte av fylkeskommunen eller av andre offentlege midlar, meiner likevel departementet at det er riktig å gi utstyrsstipend. Det vart derfor innført eit unntak i 2010 for å tildele utstyrsstipend til elevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Dette tiltaket er med på å fremme lik rett til utdanning for elevar som av ulike grunnar må bu på institusjon.

I 2009 vart det innført ei ordning med avskriving av utdanningsgjeld for låntakarar som fullførte visse lærarutdanningar innanfor realfag eller språk. I 2010 vart ordninga utvida med utdanningar i samiske språk. Ordninga bør få verke i fleire år før ein kan måle resultat av henne, og ho er foreslått ført vidare i 2012. Ordninga med avskriving generelt vart nytta av 250 personar i 2010.

I 2010 vart det også gjort endringar i systemet for å fastsetje renter i Lånekassen. Frå 1. juli 2010 vart både den faste og den flytande renta fastsette seks gonger i året mot tidlegare fire. Observasjonsperioden for flytande renter er to månader, og ny rente trer i kraft to månader etter avslutta observasjonsperioden. Observasjonsperioden for faste renter er ein månad, og ny fastrente gjeld frå første månad etter avslutta observasjonsperiode. Endringa la til rette for at rentebanen i Lånekassen i større grad enn tidlegare kunne følgje renteutviklinga i marknaden. Fastrentetilbod blir no gitt seks gonger i året mot tidlegare fire. Endringa har ikkje hatt innverknad på talet på terminar kundane skal betale inn, det er framleis fire forfall i året.

For å auke fleksibiliteten i tilbakebetalingsfasen vart det også foreslått å gjere det mogleg å gå ut av fastrenteavtalar etter berekning av over- eller underkurs. Dette vart gjort gjeldande frå 1. juli 2010. Kundane kan sjølve sjå berekninga av kostnadene ved dette på Dine sider på Lånekassens nettsider.

Verkeleg verdi

Som det vart varsla i Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet, har det vore arbeidd med å anslå den verkelege verdien av dei fordringane staten har i låneordningane i Lånekassen. For å rekne ut den verkelege verdien av utlånsporteføljen er det laga ein modell som skil mellom kostnader knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i støtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på 112,4 mrd. kroner ved utgangen av 2010. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette skyldast både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til støtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som skuldast at kundane ikkje oppfyller betalingspliktane sine. Tabellen under syner kva for element det er justert for, når ein har berekna verkeleg verdi av porteføljen. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på fire pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2010 anslått til om lag 102,1 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og anslått verkeleg verdi utgjer om lag 10,3 mrd. kroner. Av dette er om lag 9 mrd. kroner knytte til stipend, rentestøtte og avskrivingar, medan om lag 1,3 mrd. kroner skuldast tap som følgje av kredittrisiko. Den verkelege verdien er dermed anslått til å vere 91 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2010. Kunnskapsdepartementet vurderer tapet som følgje av kredittrisiko som lågt, særleg med tanke på at låna blir gitt utan sikkerheit.

Tabell 4.19 Verkeleg verdi

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2009

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2010

Opphavleg portefølje

  • tilbakebetalarar

78 460

81 634

  • elevar og studentar

28 242

30 745

Sum opphavleg portefølje

106 702

112 379

Justeringar 1

  • omgjering til stipend

3 308

3 083

  • rentefritak studentar

1 797

1 994

  • rentefritak tilbakebetalarar

1 902

2 005

  • ettergitt dødsfall

366

386

  • ettergitt sjukdom

659

694

  • ettergitt bustad

512

540

  • ettergitt Aust-Europa/u-land 2

293

309

Justert portefølje

97 865

103 368

  • nedskriving

1 202

1 265

Verdi

96 663

102 103

1 I modellen er ikkje tal for over-/underkurs av fastrentelån inkludert. Per 31.12.2010 er overkurs rekna til om lag 185 mill. kroner.

2 Ettergiving til tidlegare kvotestudentar frå utviklingsland blir i hovudsak dekt inn gjennom ein årleg refusjon over Utanriksdepartementets kap.165 post 70.

Ved å leggje til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein anslå noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabell 4.20 syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 63 øre for kvar nye krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Av dei 37 øra av kvar krone som ein ikkje kan forvente blir betalt tilbake, utgjer stipend, rentestøtte og avskrivingar over 36 øre. Under eitt øre per nye krone i nytt utlån blir forventa tapt som følgje av at låntakaren ikkje betaler. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen, og skil ikkje på dei ulike gruppene av lån og låntakarar.

Tabell 4.20 Noverdien av 1 krone i nytt utlån

Verdi i kroner per 31.12.2009

Verdi i kroner per 31.12.2010

Opphavleg portefølje

  • tilbakebetalarar

0,000

0,000

  • elevar og studentar

1,000

1,000

Justeringar

  • omgjering til stipend

0,286

0,284

  • rentefritak studentar

0,051

0,052

  • rentefritak tilbakebetalarar

0,012

0,013

  • ettergitt dødsfall

0,002

0,002

  • ettergitt sjukdom

0,004

0,004

  • ettergitt bustad

0,003

0,003

  • ettergitt Aust-Europa/u-land

0,002

0,002

Justert portefølje

0,638

0,640

  • nedskriving

0,007

0,007

Verdi

0,631

0,633

Grunna avrunding er det i kolonnen for 2009 avvik mellom sumtala og tala som står ovanfor summane. Summane er i samsvar med verkeleg verdi.

Budsjettforslag for 2012

Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, som skal gjelde frå undervisningsåret 2012–13, og forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar, som skal gjelde frå 1. januar 2012, blir sende ut til alminneleg høring medio oktober 2011. Departementet foreslår at alle støttesatsar i Lånekassen blir justerte med 1,9 pst. for undervisningsåret 2012–13.

Departementet foreslår at unge som er forsørgde av barnevernet og som er i ettervern, og som bur i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, skal få utdanningsstøtte til høgre utdanning m.m. på lik linje med studentar som bur saman med foreldra. Dette vil medverke til at denne gruppa får tilgang til utdanningsstøtte på lik linje med andre unge, noko som vil gjere det lettare for desse å gjennomføre høgre utdanning. Departementet foreslår å løyve 50 000 kroner i rentestøtte til tiltaket, i tillegg kjem auka utlån på 4,4 mill. kroner i 2012.

Ordninga med omgjering av lån til stipend etter bestått eksamen (konvertering) vart innført frå hausten 2002. Ordninga inneber at søkjarane får tildelt heile basisstøtta som lån, og så blir delar av lånet (inntil 40 pst.) gjort om til stipend etter kvart som søkjaren fullfører utdanninga. Det er eit krav at søkjaren bur utanfor foreldreheimen for å kunne få ei slik omgjering. Konverteringsordninga er ei komplisert ordning som har vist seg å ha nokre manglar som det er behov for å rette på. Departementet foreslår at ordninga blir endra på to punkt. For det første at skilet mellom heimebuar og bortebuar skal etablerast allereie ved tildelinga av støtte; søkjarens bustatus vil dermed ikkje vere ein faktor på det seinare tidspunktet når konvertering skal gjennomførast. For det andre at konvertering alltid skal starte frå og med det semesteret eksamen er avlagd. Endringa vil innebere at søkjarar som er forseinka i utdanninga, og som byter bustatus (ein eller fleire gonger) i løpet av støtteperioden, kan få konvertering som dei ikkje ville fått i dagens system. Endringane departementet foreslår, vil sikre likebehandling av søkjarane og gjere ordninga meir føreseieleg og enklare å etterprøve for studentane Dei foreslåtte endringane er i tråd med intensjonen i konverteringsordninga om å stimulere til auka studiepoengproduksjon. Samstundes vil det bli enklare for studentane å halde seg oppdaterte på kva dei har fått, og kva dei kan få av konvertering. Departementet foreslår å løyve 2,6 mill. kroner til tiltaket.

Vidare blir det foreslått ei endring i regelen om at lån kan bli konverterte til stipend i åtte år bakover i tid. Noverande ordlyd opnar for at det kan bli gitt konvertering for meir enn åtte år bakover i tid dersom søkjaren sender inn eksamensresultat lang tid etter at utdanninga er teken. Departementet foreslår derfor å endre utgangspunktet for åtteårsfristen slik at han blir rekna frå det tidspunktet Lånekassen mottek eksamensresultata frå søkjaren. Det er rekna som eit rimeleg krav at dei som tek utdanning som gir grunnlag for konvertering, også sender inn dokumentasjon på dette, slik at fristen på åtte år blir reell. Departementet foreslår at løyvinga blir redusert med 139 000 kroner som følgje av tiltaket. Departementet foreslår også ei tidsavgrensing på åtte år for kor lenge overskottsresultat kan føre til konvertering for seinare periodar. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 93 000 kroner.

Utdanningsstøtta gjennom Lånekassen er ein del av eit større offentleg velferdssystem, og behovsprøving er eit viktig fordelingspolitisk verkemiddel. I dag blir utdanningsstipend og forsørgjarstipend behovsprøvde for studentar i høgre utdanning m.m. mot personinntekt, trygde- og pensjonsytingar og mot formue. Departementet foreslår at det også skal behovsprøvast mot kapitalinntekt. Forslaget inneber at det blir etablert eit felles innslagspunkt for behovsprøving mot person- og kapitalinntekt samla. Det er vidare naturleg å sjå behovsprøving mot formue og kapitalinntekt i samanheng; departementet foreslår derfor at innslagspunktet for behovsprøving mot formue blir auka med om lag 15 pst. frå same tidspunkt. Dette vil innebere at nokre fleire får omgjort stipend til lån på grunn av inntekt, mens nokre færre vil få omgjort på grunn av formue. Behovsprøvinga avgrensar berre kor stor del av lånet som kan gjerast om til stipend. Det vil ikkje påverke likviditeten i studietida, fordi søkjaren kan velje å ta opp fullt lån. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Det blir vist til omtale av Gründerskolen under programkategori 07.60. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 2410 post 71 med 760 000 kroner og løyvinga på kap. 2410 post 90 med 330 000 kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 260 post 50.

I St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vart det framheva at studentmobilitet er eit viktig aspekt ved internasjonalisering av utdanning, og det vart omtalt at stimulering til å ta utdanning i for eksempel Russland og Kina burde gjerast i form av språktiltak. Departementet foreslår derfor ei forsøksordning med å innføre rett til utdanningsstøtte til språkutdanning i utvalde land, sjølv om utdanninga ikkje er på nivå med høgre utdanning i Noreg. Forslaget inneber rett til utdanningsstøtte i opptil eitt år til språkutdanning i Kina, Russland, Brasil og India. Departementet foreslår å løyve 1,2 mill. kroner til tiltaket, i tillegg kjem auka utlån.

For å nå målet om auka internasjonalisering i vidaregåande opplæring foreslår departementet å løyve 822 000 kroner til å gi tre elevgrupper rett til å ta vidaregåande opplæring i utlandet med støtte frå Lånekassen. Det gjeld eitt opplegg der Hordaland fylkeskommune har eit samarbeid med fem forskjellige vidaregåande skolar i Basse-Normandie i Frankrike. Det gjeld vidare eit opplegg mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Armadale Academy i Skottland, samt eit opplegg mellom Storhamar videregående skole i Hedmark fylke og tre vidaregåande skolar i Canada.

Som følgje av at det likevel ikkje var mogleg å innføre støtte til eit år i utlandet til studieførebuande påbygging for elevar på yrkesfagleg utdanningsprogram i 2011–12, blir det foreslått å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011).

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Heile basisstøtta til studentar i høgre utdanning m.m. blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Løyvinga på post 50 dekkjer avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekkjer midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend. Ved budsjettering av posten blir det lagt til grunn at elleve pst. av utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje blir bestått og derfor ikkje gir omgjering frå lån til stipend. Utdanningsstipendet blir behovsprøvd mot inntekt og formue. Ved budsjettering av posten er det òg føresett at delar av stipenda blir gjorde om til lån etter den etterskottsvise behovsprøvinga mot inntekt og formue. Avsetninga på posten er altså redusert for den delen av låna som ikkje er forventa å bli konvertert fordi utdanninga ikkje blir gjennomført, og for den delen av stipenda som er forventa å bli rekonvertert til lån i samband med likningskontrollen.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld utstyrsstipend, grunnstipend og bustipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, samt flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og forsørgjarstipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekning av reise, skolepengar og språkkurs i innland og utland.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer kostnaden med at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Tidlegare vart også rentefritak i tilbakebetalingsperioden ført på denne posten. Frå 2010 vart dette flytt til post 73, sidan rentefritak under tilbakebetaling blir sett i samanheng med andre avskrivingar som låntakarane har rett til etter forskrifta.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på post 73 er heimla i forskriftene til Lånekassen og i lov om utdanningsstøtte nr. 37 av 3. juni 2005. Avskrivingane på posten omfattar blant anna avskriving grunna sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar og for personar som er busette og arbeider i Finnmark. Restgjeld blir automatisk avskrive når restbeløpet er under minimumsbeløpet for innkrevjing i forskriftene.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.21 Post 73 Avskrivingselement

Tiltak

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Sjukdom

78 376

80 000

81 000

Dødsfall

46 821

48 000

49 000

Automatisk avskriving

1 946

1 700

1 700

Avskriving for lærarutdanning

12 152

15 000

15 000

Finnmarks-avskriving

108 944

112 000

114 600

Avskriving kvoteordninga

27 184

27 600

29 000

Rentefritak

144 134

150 400

161 700

Sum

419 558

434 700

452 000

Tabell 4.22 Post 73 Avskrivingar

Tap på opphavleg hovudstol

266 000

Tap på årets renter

47 000

Tap på tidlegare opptente renter

139 000

Sum

452 000

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne rekneskapsmessig som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta under viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.23 Post 74 Tapselement

Tiltak

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

SI-permanent

283 857

300 000

300 000

Lån etter gjeldsordning

43 537

40 000

40 000

Andre forhold

5 799

10 000

10 000

Sum

333 193

350 000

350 000

Tabell 4.24 Post 74 Tap på utlån

Tap på opphavleg hovudstol

250 000

Tap på årets renter

6 000

Tap på tidlegare opptente renter

94 000

Sum

350 000

Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom SIs arbeid fører fram og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet og handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet rekneskapsmessig blir overført til SI. Frå 1996 til og med 2010 har 53 536 kundar fått gjelda permanent overført til SI med eit samla beløp på 5,75 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn nær 2,1 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2010 for permanent overførte studielån vart på 251 mill. kroner mot 207 mill. kroner i 2009 og 209 mill. kroner i 2008. Det vart overført lån permanent frå Lånekassen til SI på om lag 284 mill. kroner i 2010, 277 mill. kroner i 2009 og 306 mill. kroner i 2008. Innkrevjinga til SI av overførte studielån er berekna til 240 mill. kroner i 2012.

Gjeldsslette etter gjeldsordning er berekna til 40 mill. kroner i 2012. Andre tapselement, mellom anna forelda renter, utanrettsleg gjeldsordning samt heil og delvis ettergiving av fordringar som det er uråd å drive inn, er berekna til om lag 10 mill. kroner.

Post 76 Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetaling av stipend tilsvarande basisstøtte for to månader. Startstipendet blir utbetalt til kvotestudentane når dei kjem til lærestaden i Noreg for første gong.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer Lånekassens samla nye utlån i 2012, og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Tidlegare vart berekna renter som vart betalte i året, også førte på denne posten, med ein tilsvarande motpost på inntektssida under kap. 5310 post 90. Dette vart endra frå 2010 ved at begge løyvingane blir nedjusterte, slik at det berre er dei rentene som ikkje blir betalte ved utgangen av budsjettåret som er synlege på denne posten som auke i låneløyvinga. Endringa inneber ikkje endringar for korleis renteinntektene blir førte på kap. 5617 post 80. Belasta gebyr blir ikkje lenger førte på post 90.

Nye utlån til kundar samt omgjeringar er berekna til å utgjere om lag 18,1 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til å utgjere om lag 1,6 mrd. kroner. Den totale løyvinga på posten blir da om lag 19,7 mrd. kroner i 2012.

Tabell 4.25 Post 90 Oppsplitting i lånetypar

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Konverteringslån

6 204

6 430

Utdanningslån

9 414

9 756

Skole-/reiselån

1 884

1 949

Diverse utlån til omposteringar

-61

-65

Utlån til opptente, ikkje-betalte renter

1 257

1 626

Sum

18 698

19 696

Rekneskapen inneheld ikkje oppsplitting i lånetypar. Oppsplittinga er berekna størrelsar.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

03

Diverse inntekter

813

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

24 000

24 000

16

Refusjon av foreldrepengar

1 042

18

Refusjon av sjukepengar

3 324

29

Termingebyr

27 647

27 265

25 500

89

Purregebyr

84 698

93 409

91 009

90

Redusert lån og rentegjeld

7 407 479

7 220 800

8 235 800

93

Omgjering av studielån til stipend

4 491 671

4 711 249

4 915 449

Sum kap. 5310

12 016 674

12 076 723

13 291 758

Kapitlet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane og ulike refusjonar.

Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.

Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flytter til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).

Post 29 gjeld gebyr på 35 kroner for førstegongsvarsling ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved andregongsvarsel og 490 kroner ved tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing).

Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er frå 2010 splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar. Avskriving av ikkje-renteberande lån samt avskriving av renteberande lån over kap. 2410 postane 73 og 74 som tidlegare vart førte på post 91, vart frå 2010 førte på post 90. Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna til å utgjere om lag 6,2 mrd. kroner i 2012. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til å utgjere om lag 1,3 mrd. kroner i 2012. Tilbakebetaling frå tap/kostnadsløyvingar utgjer om lag 700 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410 postane 73 og 74). Innbetalte gebyr og rentefritak vart frå 2010 ikkje lenger førte på denne posten.

Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, sjå omtale under kap. 2410 post 50.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

80

Renter

3 411 169

4 606 550

4 824 476

Sum kap. 5617

3 411 169

4 606 550

4 824 476

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskottspostar til å dekkje statens kostnader på lån som er rentefrie under utdanninga, og på lån som er avskrivne.

Rentestøtta er berekna til å utgjere om lag 1,4 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,8 mrd. kroner i 2012. Opptente ikkje-betalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,6 mrd. kroner, medan årets renter frå tap/kostnadsløyvingar er berekna til å utgjere om lag 50 mill. kroner i 2012. Belasta gebyr vart frå 2010 ikkje lenger førte på denne posten.