Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


F

Frivillige organisasjonar – innvandrar-organisasjonar og anna frivillig verksemd

Tilskotsordninga til landsdekkjende organisasjonar på innvandringsfeltet blir lagt ned. I staden blir det oppretta ei ny ordning som gir direkte driftsstøtte til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet. Formålet skal vere å bidra til å auke deltakinga i og tilliten til samfunnet hos innvandrarbefolkninga. Tilskotet skal bli meir vridd mot arbeid mot diskriminering.

Tilskotet til lokalt frivillig arbeid blir auka med 1 million kroner.

For nærmare omtale, sjå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin fagproposisjon, Programkategori 11.05 Integrering og mangfald.