Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


K

Kompetansesenter for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til det nasjonale kompetansesenteret for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT) med 2 millionar kroner for å styrkje innsatsen for å sikre rettane deira. Oppbygginga av kompetansesenteret blei sett i gang i 2011.

Sentrale aktivitetar for senteret i 2012 vil mellom anna vere å følgje opp regjeringas handlingsplan Bedre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (2009-2012), under dette gjennomføring av FoU-prosjekt, etablering av eit kontaktnett på tvers av sektorane og ein kunnskapsbase på internett.

For nærmare omtale, sjå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin fagproposisjon, Programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.