Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


K

Kontantstøtte - omlegging

Regjeringa føreslår å avvikle kontantstøtta for toåringar. For barn i alderen 13-18 månader føreslår regjeringa å auke satsen til 5000 kroner i månaden. Barn i alderen 19-23 månader får same sats som i dag; 3303 kroner. Regjeringa føreslår at satsstrukturen for kontantstøtte skal forenklast slik at det berre skal vere to satsar; heil og halv kontantstøtte.

For at foreldre og kommunar skal få tid til å forberede seg på endringane, føreslår Regjeringa at endringane skal skje frå 1. august 2012.

Endringane i kontantstøtteordninga vil føre til ei berekna innsparing på kontantstøttekapittelet på 135 millionar kroner i 2012. Regjeringa føreslår samstundes å kompensere kommunane med om lag 92 millionar kroner for berekna auka utgifter til barnehage som følgje av omlegginga.

For nærmare omtale, sjå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin fagproposisjon, Programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

Sjå også pressemelding om omlegging av kontantstøtta